5 Trafikkgrunnlag
Trafikkgrunnlaget for Bypakke Tenk Tromsø har vorte rekna ut ved hjelp av Regional transportmodell (RTM). Ein har sett på korleis trafikantane reagerer på innføring av bompengar.
Utan bompengeinnkrevjing er totaltrafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane rekna til om lag 165 500 køyretøy per døgn (ÅDT). Modellkøyringane viser at innføring av bompengeinnkrevjing med det takstnivået som det er gjort framlegg om, vil redusere trafikken med om lag 18 pst. Dette inneber at ÅDT i dei planlagde bomstasjonane vil vere om lag 136 220 køyretøy.
Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det føresett at det ikkje blir vekst i biltrafikken i løpet av bompengeperioden – heller ikkje for næringslivstransportar. Sidan målet om nullvekst berre gjeld for persontransport med bil, er det likevel grunn til å rekne med at det vil bli noko trafikkvekst i bompengeperioden.