Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

8 Finansieringsopplegg

Finansieringa av Bypakke Tenk Tromsø er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg er det lagt til grunn at Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune skal føre tilbake til Bypakke Tenk Tromsø all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i pakka.

Bompengar

Som det går fram av kapittel 6, reknar ein med at det skisserte bompengeopplegget vil gje eit samla bompengebidrag til prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Tenk Tromsø på om lag 3 800 mill. 2021-kr i perioden 2022–2037.

Fylkeskommunale og kommunale midlar

I tråd med dei nye retningslinene for porteføljestyrte bypakker er det lagt til grunn at fylkeskommunen og kommunen skal bidra med ein eigendel på minst 20 pst. av investeringskostnaden (eks. meirverdiavgift) ved investeringar på kommunal eller fylkeskommunal veg. I tillegg er det føresett at all meirverdiavgift som staten refunderer for desse prosjekta skal førast tilbake til bypakka.

Det er rekna ut at investeringar på lokalt vegnett vil kunne vere på om lag 3 780 mill. 2021-kr, inkludert meirverdiavgift. Refusjon av meirverdiavgift vil utgjere om lag 630 mill. 2021-kr. Lokale bidrag frå Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune er førebels rekna til om lag 630 mill. 2021-kr. Desse to postane vil til saman utgjere om lag 1 260 mill. 2021-kr. Endeleg nivå på den lokale eigenandelen og kompensasjonen for meirverdiavgift er avhengig av kor stor del av investeringsmidlane som faktisk blir brukt til prosjekt og tiltak på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet.

Statlege midlar

Prioritering av store riksvegprosjekt skjer på bakgrunn av Nasjonal transportplan, og eventuell igangsetting må vurderast i dei årlege statsbudsjetta. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn om lag 680 mill. 2021-kr i statlege midlar til delfinansiering av E8 Flyplasstunnelen i Tromsø (tidligere rv. 862 Tverrforbindelsen Tromsø) i siste seksårsperiode.

Samferdselsdepartementet, Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune har i dag ein belønningsavtale for perioden 2020–2023. Denne avtalen gir 65 mill. 2020-kr pr. år i belønningsmidlar. I tillegg er det føresett 20 mill. 2020-kr pr. år i tilskot til reduserte billettprisar i fireårsperioden. Dei statlege bidraga vil bli vurderte på nytt ved ein eventuell reforhandling av belønningsavtalen, og vil bli fastsette i dei årlege statsbudsjetta. Samferdselsdepartementet vil leggje til rette for å vidareføre belønningsmidlane og tilskot til reduserte billettprisar på minst same nivå som i dag. I finansieringsopplegget for Bypakke Tenk Tromsø er det derfor førebels lagt til grunn statlege bidrag gjennom belønningsordninga på 85 mill. 2020-kr pr. år i perioden 2021–2029. Omrekna til 2021-kr blir det om lag 88 mill. 2021-kr pr år, totalt om lag 790 mill. 2021-kr.

Drift av kollektivtransport inngår i bypakka. Samferdselsdepartementet legg til grunn at staten ikkje vil bidra til å dekke driftsutgifter til kollektivtransport ut over eventuelt tilskot gjennom belønningsordninga. Bompengar skal heller ikkje brukast til å finansiere driftstiltak for kollektivtransport.

Innkrevjing av bompengar, statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, samt statens refusjon av meirverdiavgift for prosjekt og tiltak i pakka er rekna å gi eit samla bidrag til gjennomføring av Bypakke Tenk Tromsø på om lag 6 500 mill. 2021-kr. Dette gir eit samsvar mellom rekna inntekter og kostnader i bypakka.

Det er ikkje lagt til grunn eventuelle statlege bidrag som følgje av at det kan bli inngått ein byvekstavtale med Tromsø.