St.meld. nr. 15 (2000-2001)

Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar

Til innhaldsliste

Ord og uttrykk

Kultur

blir i denne meldinga brukt om summen av kunnskap som blir overlevert menneske frå tidlegare generasjonar gjennom ein dynamisk prosess. Kunnskapen består av verdiar, skikkar, normer, kodar, symbol og uttrykksformer. Det dynamiske i ei kulturell overlevering kjem til uttrykk ved evna til å tilpasse seg nye forhold, til nyskaping og til å finne nye uttrykk for innsikt og erfaring. 'Kultur' er følgjeleg ikkje statisk eller fastlåst, men stadig i endring.

Nasjonal minoritet

Etnisk, religiøs og/eller språkleg minoritet med langvarig tilknyting til landet (jf. pkt. 3.5).

Urfolk

Folkegruppe som blir sedd på som opphavleg ved at folkegruppa budde i eit område før dette området kom under eintydig jurisdiksjon under ein stat ved at området blei kolonisert, erobra eller på annan måte lagt inn under staten (jf. pkt. 3.3).

Innvandrar

Person fødd i utlandet, fast busett i Noreg, som har foreldre som begge er fødde i utlandet.

Assimilering

Prosess der individ eller grupper med ulik minoritetsbakgrunn skifter ut sin kultur, sitt språk og sin levemåte med språket, kulturen og levemåten til majoritetsbefolkninga og dermed etterkvart blir ein del av majoriteten. Prosessen kan gå raskt eller han kan skje over fleire generasjonar. Assimilering kan være frivillig eller vere eit resultat av oppmuntring, politisk press og tvang. Assimilering i majoritetsbefolkninga i Noreg blir òg omtalt som fornorsking. Politikk frå dei norske styresmaktene si side med sikte på å assimilere minoritetar i majoritetsbefolkninga, ved oppmuntring, press eller tvang, blir omtalt som fornorskingspolitikk eller assimilasjonspolitikk.

Integrering

Inkludering av individ eller av grupper (som minoritetar) på like vilkår i samfunnet, i ein organisasjon eller på ulike samfunnsområde (som utdanningssystemet, arbeidslivet, bustadmarknaden). Omgrepet føreset ei gjensidig tilpassing mellom gruppene i samfunnet.

Til forsida