2 Politisk grunnlag for eit kulturelt mangfaldig Noreg
Denne meldinga tek for seg politikken overfor jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar. Dei nemnde gruppene er nasjonale minoritetar i Noreg.
Også samane i Noreg er ein nasjonal minoritet i folkerettsleg meining, men politikken overfor samane vil ikkje bli drøfta i denne meldinga. Samepolitikken er prinsipielt avklart gjennom § 110a i Grunnlova, samelova og samane sin status som urfolk. Regjeringa legg fram ei prinsippmelding om samepolitikken kvart fjerde år. Den neste blir lagd fram i 2001.
Meldinga tek heller ikkje opp innvandringspolitikken eller politikken overfor minoritetar som nyleg er etablerte i Noreg. Desse spørsmåla blei drøfta i St.meld. nr. 17 (1996-1997) Om innvandring og det flerkulturelle Norge.
Sjølv om omgrepet «nasjonal minoritet» ikkje er klart avgrensa, er det semje om at minoritetsgrupper som har ei langvarig historie i det landet dei bur i, er å rekne som nasjonale minoritetar. I erklæringa frå Wien-toppmøtet i Europarådet i 1993 blir det vist til at den omskiftelege historia i Europa har medverka til å etablere dei nasjonale minoritetane.
Meldinga er ei oppfølging av at Noreg 17. mars 1999 ratifiserte Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar. Ho er òg ei oppfølging av St.meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum - Handlingsplan for menneskerettigheter, der ein gjennomgang av politikken overfor nasjonale minoritetar var eit av dei varsla tiltaka.
Meldinga vil likevel ta opp ein del generelle minoritetspolitiske spørsmål, og ho vil såleis ha konsekvensar for heile det feltet vi kallar politikk for eit kulturelt mangfaldig samfunn.
2.1 Noreg - kulturelt mangfaldig
Regjeringa legg til grunn at Noreg alltid har vore kulturelt mangfaldig. Alt lenge før den norske staten blei etablert, budde både samar og nordmenn i det området som no utgjer Noreg. Kvener, skogfinnar og romanifolket kjem til syne i Noregs-historia ved overgangen frå mellomalderen til ny tid, på 1500- og 1600-talet. Alle dei nasjonale minoritetane har ei meir enn hundre år lang historie i landet.
Likevel har førestellinga om Noreg som eit kulturelt einsarta samfunn stått sterkt, og i den offentlege samtalen er minoritetar og urfolk i ein del tilfelle blitt framstilte som unntak som stadfestar regelen om at Noreg eigentleg er homogent.
Regjeringa tek utgangspunkt i at Noreg ikkje er kulturelt einsarta. Det er mange måtar å vere norsk på, og kulturelt mangfald er ein rikdom for fellesskapet.
2.2 Fellesskap, toleranse og like rettar
Alle som bur i Noreg, same kva bakgrunn dei har, skal ha reelt like høve, like rettar og like plikter til å delta i alle delar av samfunnet og til å bruke sine eigne ressursar. Dette prinsippet ligg òg til grunn for politikken overfor dei nasjonale minoritetane.
Eit ope, mangfaldig samfunn må bindast saman av gjensidig toleranse, respekt og tverrkulturell dialog. Fellesskap, solidaritet, fridom og like rettar for alle er viktige verdiar for samfunnet.
Regjeringa slår fast at nokre verdiar og premissar, som respekten for menneskerettane og grunnleggjande demokratiske prinsipp, må vere felles for alle i Noreg. Dette er ein føresetnad for at dialogen mellom grupper, individ og styresmakter skal bli vellykka, trass i skilnader når det gjeld kultur, verdiar, uttrykksformer, livssyn og måtar å leve på.
Det er stor variasjon i bakgrunn, levekår og oppfatningar blant dei nasjonale minoritetane. Alle, same kva bakgrunn dei har, har den same retten til å bli sedde som individ, ikkje berre som ein del av ei gruppe. Ein person som tilhøyrer ein nasjonal minoritet, har rett til sjølv å avgjere om ho eller han vil bli behandla som tilhøyrande ein nasjonal minoritet eller ikkje. Dette må både staten og minoritetane ha for auga når ulike tiltak skal utformast.
Etter regjeringa sitt syn er det avgjerande å sjå på alle personar som eineståande individ. Alle har rett til å skape sin eigen identitet, og alle med tilknyting til ein minoritet skal sjølve få avgjere om dei vil bli behandla som tilhøyrande ein nasjonal minoritet eller ikkje. Individperspektivet er òg viktig for å kunne identifisere aktuelle problemområde. Alle - kvinner, menn, barn og unge - skal få kome til orde med sine forteljingar og oppfatningar.
Alle barn og unge, utan omsyn til kulturell, språkleg eller religiøs tilknyting, kjønn, sosial bakgrunn eller kvar i landet dei bur, skal ha høve til å skape sin eigen identitet og si eiga framtid. Oppveksttilhøva for barn og unge er eit av dei viktigaste satsingsområda for regjeringa. Eit overordna mål er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og høve til utvikling.
Likestilling mellom kjønna er eit anna overordna politisk mål i Noreg, og dette målet gjeld for utviklinga av politikken overfor nasjonale minoritetar på same måten som for resten av samfunnslivet i Noreg. Det skal vere reelt like rettar for kvinner og menn. Dette gjeld både sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.
Forsking omkring likestillingsspørsmål har, som forskinga på andre område, fokusert på majoritetsbefolkninga. Vi har derfor ikkje nok kunnskap om eventuelle spesielle utfordringar når det gjeld likestilling innanfor dei gruppene denne meldinga tek for seg.
Prinsippet om ikkje-diskriminering er ein viktig del av vårt verdigrunnlag. Rasisme og diskriminering er i strid med dei mest grunnleggjande verdiane våre og må motarbeidast aktivt.
Erfaringa er at språklege, kulturelle og religiøse minoritetar ikkje alltid opplever opninga for deltaking i samfunnet som reell. Vi må sjå i auga at diskriminering av dei nasjonale minoritetane har skjedd, og at denne diskrimineringa på somme felt held fram også i dag (jf. pkt. 6.10 nedanfor). På bakgrunn av dette er det i visse tilfelle nødvendig å setje inn særskilde tiltak med sikte på at minoritetane skal oppnå reell likskap med majoritetsbefolkninga på alle område av det økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle livet.
Regjeringa ser det som eit mål at behova til minoritetane så langt råd er skal bli møtte innanfor dei generelle ordningane. I somme tilfelle kan ei god løysing vere å tilpasse dei generelle ordningane slik at dei også treffer behova til dei nasjonale minoritetane.
Når det gjeld grunnleggjande velferdstenester, som helsetenestene og sosialtenesta, har regjeringa som mål at dei skal vere tilpassa behova til kvar enkelt person. Det inneber at slike tenester også skal vere tilpassa behova til personar som tilhøyrer dei nasjonale minoritetane. Dei lokale helse- og sosialtenestene må ha eller kunne skaffe seg tilstrekkeleg kompetanse til å kunne syte for slik tilpassing til brukarane.
2.3 Minoritetsrettar
I FN-konvensjonen av 1966 om sivile og politiske rettar er det slått fast at personar som tilhøyrer ein etnisk, religiøs eller språkleg minoritet, ikkje skal bli nekta retten til, saman med andre medlemmer i si gruppe, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk (artikkel 27). Gjennom menneskerettslova frå 1999 er denne føresegna no ein del av det norske lovverket.
Regjeringa vil arbeide for eit samfunn som fremmar dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som tilhøyrer minoritetar, skal kunne uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin identitet, både innanfor si eiga gruppe og i møte med resten av samfunnet.
Kulturarven til dei nasjonale minoritetane er ein del av kulturarven i Noreg. Norske styresmakter har såleis eit særskilt ansvar for å ta vare på kulturarven og dei kulturelle tradisjonane til minoritetane. Ved å ratifisere Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk, har staten teke på seg eit spesielt ansvar for å støtte tiltak med sikte på å ta vare på, styrkje og vidareutvikle kulturen til dei nasjonale minoritetane og minoritetsspråka kvensk/finsk, romanes og romani. Det er òg mogleg å sjå på slike tiltak som ein kompensasjon for den fornorskingspolitikken som blei ført tidlegare.
Regjeringa legg til grunn at ein del av behova til dei som tilhøyrer minoritetane, berre kan bli møtte gjennom særtiltak overfor gruppene som fellesskap, til dømes når det gjeld media og utdanning.
Ein potensiell fare ved å fokusere for sterkt på slike rettar som minoritetsgrupper har i fellesskap, er at ein kan kome til å sjå bort frå skilnader innanfor kvar gruppe. Dette kan stadfeste og legitimere makta til enkeltpersonar innanfor gruppa og truge rettane til barn og unge eller kvinner. Det er viktig å slå fast at den retten minoritetar har til å uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin kultur, ikkje skal kunne brukast av nokon til å krenkje rettane til andre personar.
Alle skal kunne vere med på å utforme tiltak og ordningar som gjeld dei sjølve. Det er viktig at gruppene sjølve får vere med og avgjere kva for tiltak som skal prioriterast, og korleis tiltaka skal utformast.
Regjeringa ser på retten til deltaking i samfunnslivet i Noreg, og særleg på deltaking i dei politiske avgjerdsprosessane, som grunnleggjande rettar. Minoritetane sine organisasjonar har ei viktig rolle å spele her, og organisasjonane får økonomisk støtte over statsbudsjettet for å fylle denne rolla.
Styresmaktene fører dialog med dei organisasjonane som representerer gruppene. Samstundes må personar som på eigne vegner gir stemme til ulike syn, bli høyrde.
2.4 Minoritetsidentitet
Utforminga av den personlege identiteten høyrer inn under privatsfæren og ikkje under feltet for staten sin politikk. Hovudregelen må vere at den det gjeld, sjølv får avgjere om ho eller han tilhøyrer ein nasjonal minoritet. Det vil seie at prinsippet om sjølvidentifisering gjeld.
Det er individ som har ein kulturell identitet, ikkje grupper. For personar som tilhøyrer ein nasjonal minoritet, vil tilknytinga til minoriteten gjerne vere ein meir eller mindre viktig del av den personlege identiteten. Opplevinga av kor viktig denne delen av identiteten er, kan vere ulik i ulike samanhengar. Mange opplever at dei har sin eigen identitet knytt til fleire folkegrupper.
Det er fleire døme på at dei som har tilknyting til ei gruppe, er usamde om korleis grensene for gruppa skal trekkjast, og synet på majoritetskulturen varierer mykje. I alle gruppene er det ordskifte om identitet og avgrensing, historisk opphav og kulturell endring. Det er ikkje ei oppgåve for styresmaktene å delta i slike ordskifte. Samstundes har staten ei plikt, mellom anna ut frå Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar, til å leggje forholda til rette for at personar med minoritetstilknyting kan uttrykkje, halde oppe og utvikle sin eigen identitet.
Mange personar med bakgrunn i ein av dei nasjonale minoritetane har vore utsette for eit sterkt fornorskingspress, utan at minoritetsidentiteten dermed er blitt viska ut. For mange av desse personane er det avgjerande for sjølvkjensla og sjølvrespekten at identiteten deira blir stadfesta og styrkt, både av andre som tilhøyrer minoriteten, og av representantar for storsamfunnet.
Opplevinga av å høyre til ein minoritet kan vere nokså ulik for ulike personar med tilknyting til den same gruppa. Innanfor fleire av dei nasjonale minoritetane er det ein del som ser på ein klar og stolt minoritetsidentitet som eit ideal, medan andre er ambivalente når det gjeld eigen identitet.
Minoritetane sitt arbeid med å byggje opp ein positiv minoritetsidentitet krev mykje tid og arbeidsinnsats og støyter ofte på motstand innanfor gruppa. Mange ber på vonde minne av å ha blitt stempla som ein som tilhøyrde ein minoritet, til dømes i barndomsåra.
Å skape og halde ved like ei positiv sjølvkjensle, å vere stolt av sitt eige, kan vere eit viktig element i å leggje til rette for eit godt liv både for individ og grupper. Synleggjering og styrking av dei nasjonale minoritetane, til dømes gjennom kulturtiltak, kan vere med på å skape ei slik positiv sjølvkjensle. Arbeid av denne typen gir ikkje meining utan at det har utspring i gruppa sjølv. Møtet mellom majoritets- og minoritetskultur kan berre bli eit godt møte når det er mogleg for personar som tilhøyrer minoriteten, å halde på sin eigen identitet.
2.5 Minoritetspolitikk på ulike forvaltningsnivå
Staten Noreg har skrive under ulike internasjonale menneskerettskonvensjonar og har gjennom dette teke på seg plikter overfor minoritetane.
Regjeringa vil likevel understreke at kommunar og fylkeskommunar har den same plikta som staten til å vere med på å oppfylle dei minoritetspolitiske forpliktingane som Noreg har teke på seg. Dette tyder mellom anna at omsynet til dei nasjonale minoritetane skal vere med i dei politiske vala som må gjerast lokalt.
Noko tilsvarande kan ein seie om fristilte statlege institusjonar, som universiteta, høgskolane og NRK. Overfor staten sine eigne institusjonar kan det dessutan vere aktuelt å gi særlege styringssignal gjennom konsesjonsvilkår og tildelingsbrev.
2.6 Oppgjer med tidlegare politikk
Den politikken staten tidlegare har ført overfor dei nasjonale minoritetane, har i lange periodar hatt assimilasjon (fornorsking) og kontroll som målsetjing.
Særleg overfor romanifolket (taterane/dei reisande) har det skjedd grove overgrep gjennom ein stor del av 1900-talet. Tiltak som busetting, plassering på institusjon, omsorgsovertaking av barn og sterilisering - formelt eller reelt grunngitt med at den det gjaldt var «omstreifar» - blei kopla saman på ein slik måte at det heile fekk eit sterkt element av tvang. Sett samla gir tiltaka eit bilete av ein samanhengande og sterkt undertrykkjande politikk frå storsamfunnet overfor ein utsett minoritet. Denne politikken var støtta og positivt sanksjonert av offentlege styresmakter (Stortinget, regjeringa, sentral og lokal forvaltning), og blei i stor utstrekning sett ut i livet av organisasjonen Norsk misjon blant hjemløse.
11. februar 1998 gav daverande kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad på vegner av styresmaktene i Noreg ei offisiell orsaking til romanifolket for dei overgrepa som har skjedd. Regjeringa tek sterk avstand frå dei overgrepa som har vore gjorde mot romanifolket og ber om orsaking for den uretten som har skjedd. Noko liknande må aldri få hende igjen.
Regjeringa seier seg òg lei for den fornorskingspolitikken som har råka alle dei nasjonale minoritetane, og vil på staten sine vegner be om orsaking for den måten minoritetane er blitt behandla på.
Overgrepa mot romanifolket var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Tiltak for å styrkje og fremme kulturen til romanifolket kan sjåast som ei form for kompensasjon for kontroll- og fornorskingspolitikken, særleg for dei verknadene denne politikken har hatt for å svekkje kulturen. Regjeringa vil derfor gjere framlegg om at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket. Senteret plasserast på Glomdalsmuseet på Elverum med sikte på byggjestart i 2002 (jf. kapittel 6).