7 ESA-saka
Den Norske Bankforening (frå 01.01.2000 Finansnæringens Hovedorganisasjon) klaga 7. november 1995 Husbanken inn for EFTA sitt organ for overvaking, European Surveillance Authority (ESA). Foreininga la ned påstand om at vilkåra for Husbankens utlån til nye bustader var i strid med reglane i EØS-avtalen om konkurranse i kredittmarknaden.
Saka vart avgjort av ESA 9. juli 1997. Klagemålet vart avvist, men i september same året klaga Finansnæringens Hovedorganisasjon avvisingsvedtaket inn for EFTA-domstolen. Foreininga meinte at saka var handsama feil og at grunngjevinga var mangelfull. Det vart også hevda at EØS-avtalen var brukt på feil måte.
Den 3. mars 1999 kunngjorde Efta-domstolen dom i saka. ESA sitt vedtak av 9. juli 1997 vart kjent ugyldig, og saka vart sendt tilbake til ESA for ny handsaming. EFTA-domstolen tok ikkje stilling til realiteten i saka.
Den 28. juni 2000 tok ESA ny avgjerd i saka. Klagemålet vart på nytt avvist med den grunngjevinga at Husbankens vilkår er omfatta av unntak i EØS-avtalen, såleis at dei ikkje er i strid med dei generelle konkurransereglane i avtalen. ESA avslutta med at Husbankens system er rimeleg tilpassa måla for bustadpolitikken, og at det ikkje er noko som tyde på at utlånsverksemda til Husbankens påverkar marknadsutviklinga på ein uheldig måte.
ESAs avgjerd av juni 2000 er ikkje påklaga, og saka er såleis avslutta.