1 Beslutningane frå Bucuresti-møtet
Vedtak nr. 1. Kampen mot terrorismen
Dei 55 deltakarstatane i OSSE står saman mot terrorismen, ei svepe i vår tid.
Deltakarstatane i OSSE fordømmer resolutt dei barbariske terrorhandlingane som vart sette i verk mot USA 11. september 2001. Dei representerte eit åtak på heile det internasjonale samfunnet og på folk frå alle trusretningar og kulturar. Desse avskyelege handlingane, til liks med andre terrorhandlingar, same kva form dei har og korleis dei ytrar seg, og same kvar og når og av kven dei vert utførte, utgjer ein trussel mot freden, tryggleiken og stabiliteten internasjonalt og regionalt. Det må ikkje finnast nokon trygg tilfluktsstad for dei som set i verk eller finansierer slike kriminelle handlingar, eller for dei som gjev dei ansvarlege ly eller støttar dei på andre måtar. Terrorisme kan ikkje rettferdiggjerast, kva som enn er motivasjonen eller opphavet til han.
Deltakarstatane i OSSE vil ikkje gje etter for truslar frå terroristar, men føre kamp mot dei med alle middel, i samsvar med dei internasjonale forpliktingane dei har. Dette vil krevje ein langvarig og vedvarande innsats, men dei hentar styrke frå den breie koalisjonen dei utgjer, som strekkjer seg frå Vancouver til Vladivostok. Dei vil forsvare fridomen og verne innbyggjarane sine mot terrorhandlingar, samtidig som dei fullt og heilt vil respektere folkeretten og menneskerettane. Dei tek sterk avstand frå å identifisere terrorismen med nokon spesiell nasjonalitet eller religion, og stadfester på nytt dei normene, prinsippa og verdiane som OSSE byggjer på.
Deltakarstatane i OSSE forpliktar seg til å styrkje og utvikle det tosidige og fleirsidige samarbeidet innanfor OSSE, med Dei sameinte nasjonane og med andre internasjonale og regionale organisasjonar, for å føre kamp mot terrorisme i kvar form, same korleis han ytrar seg, og utan omsyn til kvar eller av kven han vert utførd. OSSE er, som ei regional ordning etter kapittel VIII i FN-pakta, fast bestemt på å medverke til å oppfylle dei internasjonale forpliktingane som er nedfelte i mellom anna resolusjon 1373 (2001) frå Tryggingsrådet i FN, og organisasjonen vil handle i samsvar med føremåla og prinsippa i FN-pakta. Deltakarstatane i OSSE forpliktar seg til å bli part i alle dei 12 FN-konvensjonane som omhandlar terrorisme, og dei tilhøyrande protokollane, så snart det lèt seg gjere. Dei ber om at forhandlingane om ein omfattande FN-konvensjon om internasjonal terrorisme vert sluttførde raskt.
Deltakarstatane i OSSE har kome saman i politisk solidaritet for å gjennomføre felles tiltak. Dei ser fram til det viktige tilskotet som Den internasjonale konferansen om auka tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia, som skal haldast i Bisjkek 13. og 14. desember 2001, kan yte til den globale innsatsen mot terrorismen, og dei vil på oppmoding støtte dei sentralasiatiske partnarane, mellom anna ved å gje dei fagleg hjelp, slik at dei kan svare på terrortruslar utanfrå.
For dette føremålet vedtek OSSEs ministerråd Bucuresti-handlingsplanen for kamp mot terrorisme, som eit vedlegg til dette vedtaket.
Bucuresti-handlingsplanen for kamp mot terrorisme
I. Føremålet med handlingsplanen
1. Terrorismen utgjer ein trussel mot freden og tryggleiken i verda, både i OSSE-området og andre stader. OSSE er klar til å yte eit tilskot til kampen mot terrorismen, i nært samarbeid med andre organisasjonar og forum. Dette tilskotet skal vere i samsvar med Plattforma for kooperativ tryggleik og skal dra nytte av eit samspel mellom den globale og den regionale innsatsen mot terrorisme under leiing av FN. Deltakarstatane i OSSE vil setje sin politiske vilje og sine ressursar og praktiske reiskapar inn på å gjennomføre det dei har forplikta seg til i eksisterande internasjonale konvensjonar om terrorisme, og lovar å intensivere innsatsen, både på nasjonalt, bilateralt og multilateralt plan, for å få bukt med terrorismen.
2. OSSE vil prøve å gje eit tilskot til den verdsomspennande innsatsen for å få bukt med terrorismen ut ifrå særtrekka, dei sterke sidene og dei komparative fordelane til organisasjonen: omgrepet full tryggleik, som bind saman den politiske og militære, den menneskelege og den økonomiske dimensjonen; den breie samansetjinga av medlemmene; organisasjonen si erfaring frå felten, og den sakkunna organisasjonen har når det gjeld tidleg varsling, førebygging av konfliktar, krisehandtering, atterreising etter konfliktar og oppbygging av demokratiske institusjonar. I tillegg fell mange effektive tiltak mot terrorismen innanfor område der OSSE allereie er aktiv og har kompetanse, til dømes politiopplæring og politiovervaking, reformering av lovgjeving og rettsstell og overvaking av grenser.
3. Siktemålet med handlingsplanen er å opprette ei ramme for omfattande tiltak frå OSSE si side, som deltakarlanda og organisasjonen i sin heilskap skal gjennomføra for å motverke terrorismen, med full respekt for folkeretten, medrekna den internasjonale lovgivinga om menneskerettar og andre relevante normer i folkeretten. Handlingsplanen har som mål å utvide eksisterande aktivitetar som medverkar til kampen mot terrorismen, leggje til rette for samhandling mellom statar og eventuelt finne på nye åtgjerder. Handlingsplanen, som byggjer på ei erkjenning av at kampen mot terrorismen krev ein vedvarande innsats, skal både fastsetje tiltak som skal setjast i verk straks, og tiltak som skal gjennomførast på mellomlang og lang sikt.
II. Internasjonale juridiske og politiske forpliktingar
4. FN-konvensjonane og resolusjonane frå Tryggingsrådet i FN (UNSCR) utgjer den globale juridiske ramma for kampen mot terrorismen. UNSCR 1269 (1999) og UNSCR 1368, 1373 og 1377 (2001) utgjer grunnlaget for denne ramma, saman med dei 12 relevante FN-konvensjonane om spørsmål som gjeld kampen mot terrorismen, og dei tilhøyrande protokollane, og dei omfattar ei rekkje spesifikke element for å motverke terrorismen. I tillegg gjer ei rad OSSE-dokument, mellom anna toppmøteerklæringar frå Helsingfors til Istanbul, greie for OSSE sitt engasjement for å få bukt med terrorismen, i samsvar med FN-pakta. Det må arbeidast for og sikrast at så mange som råd er av deltakarstatane deltek i og gjennomfører eksisterande dokument og forpliktingar når det gjeld kampen mot terrorismen.
5. Deltakarstatane: Erkjenner den viktige rolla som parlamentarikarar kan spele når det gjeld ratifisering og andre prosessar i tilknyting til antiterrorlovgjevinga, og forpliktar seg til å gjere ein innsats for å bli part i alle dei 12 FN-konvensjonane som gjeld terrorisme, og dei tilhøyrande protokollane, innan 31. desember 2002, dersom det let seg gjere. Statane vert oppmoda til å informere Det faste rådet om steg dei tek i denne samanhengen. Dei skal delta på ein konstruktiv måte i dei pågåande forhandlingane i FN om ein omfattande konvensjon mot internasjonal terrorisme og ein internasjonal konvensjon til førebygging av kjernefysiske terrorhandlingar, med sikte på ei snarleg og vellukka sluttføring av forhandlingane.
6. Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR): Skal, etter formell oppmoding frå interesserte deltakarstatar og der det er behov for det, tilby fagleg hjelp og rådgjeving når det gjeld formulering av lover som krevst for ratifisering av internasjonale dokument, i nært samarbeid med andre organisasjonar, mellom dei FNs kontor for kontroll med narkotika og førebygging av kriminalitet (UNODCCP).
7. Deltakarstatane: Vil vurdere korleis OSSE kan dra nytte av praksis og erfaringar frå andre relevante grupper, organisasjonar, institusjonar og forum, på område som samarbeid med politi og rettsstell, førebygging og forhindring av finansiering av terrorisme, forbod mot andre former for støtte, grensekontrollar, medrekna visum- og dokumentkontroll, og tilgang til opplysningar for politi og rettsstell.
8. Deltakarstatane vil også bruke Forum for tryggingssamarbeid (FSC) for å styrkje innsatsen sin i kampen mot terrorismen, gjennom full og rettidig gjennomføring av alle relevante tiltak som OSSE har vedteke. For dette føremålet vil dei betre gjennomføringa av eksisterande politiske og militære avtalar og engasjement, særleg Åtferdskodeksen for politiske og militære sider ved tryggleiken og Dokumentet om handvåpen og lette våpen (SALW).
FSC vil undersøkje kor relevante dei andre dokumenta til forumet er for kampen mot terrorismen, og vurdere om det er behov for å utarbeide ytterlegare retningsliner og tiltak. Tryggingsdialogen kan tene som eit høveleg grunnlag for jamlege samråd om desse spørsmåla innanfor FSC.
Deltakarstatane vil leggje fram svar på spørjeskjemaet om åtferdskodeksen, som gjev betre innsyn i internasjonale, nasjonale og regionale forpliktingar i kampen mot terrorismen, særleg relevante FN-konvensjonar og FN-resolusjonar. FSC vil vurdere korleis Dokumentet om SALW, mellom anna del V om tidleg varsling, konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konfliktar, kan gjennomførast fullt ut. FSC vil undersøkje om det er råd å få til betre innsyn når det gjeld nasjonale registreringssystem, eksport og import og nasjonale våpenlagringsrutinar og tryggingsprosedyrar, primært ved å gå gjennom dei opplysningane som vert utveksla på denne måten, og utarbeide så gode retningsliner som råd er. Oppfølgingskonferansen om åtferdskodeksen og seminaret om SALW, som begge vil finne stad i 2002, kan styrkje bruken av desse dokumenta ytterlegare i kampen mot terrorismen.
III. Førebyggjande tiltak mot terrorisme i OSSE-området
9. Det finst ingen omstende eller årsaker som kan rettferdiggjere terrorhandlingar. Samtidig er det ei rad sosiale, økonomiske, politiske og andre faktorar, mellom anna valdeleg separatisme og ekstremisme, som skaper miljø som terroristorganisasjonar kan rekruttere og skaffe seg støtte frå. OSSEs utvida tilnærming til tryggleik gjev komparative fordelar i kampen mot terrorisme gjennom kartlegging av og fokusering på desse faktorane i alle relevante OSSE-dokument og OSSE-strukturar.
10. Utvikling av institusjonar og styrking av rettsstaten og statlege styresmakter: ODIHR: Vil føre vidare og auke innsatsen når det gjeld å fremje og gje hjelp til utvikling av demokratiske institusjonar, når ein stat ber om slik hjelp, mellom anna ved å hjelpe til med å styrkje den administrative kapasiteten, lokale og sentrale styresmakter og parlamentariske strukturar, domstolane, ombodsmannsinstitusjonar og det sivile samfunnet. Vil leggje til rette for utveksling av erfaring og dei beste framgangsmåtane mellom deltakarstatane i denne samanhengen. Vil halde fram med å utvikle prosjekt for å styrkje demokratiske institusjonar og det sivile samfunnet og fremje god maktutøving.
11. Fremjing av menneskerettar, toleranse og kulturelt mangfald: Deltakarstatane/Det faste rådet/ODIHR/Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM)/Representanten for frie medium: Skal fremje toleranse, sameksistens og harmoniske relasjonar mellom etniske, religiøse, språklege og andre grupper, til liks med konstruktivt samarbeid mellom deltakarstatane i så måte. Skal sørgje for tidleg varsling om og høvelege reaksjonar på vald, intoleranse, ekstremisme og diskriminering mot desse gruppene og samtidig fremje respekten deira for rettsstaten, demokratiske verdiar og fridomen til det einskilde mennesket. Skal arbeide for å sikre at personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, har rett til fritt å gje uttrykk for, halde ved lag og utvikle sin etniske, kulturelle, språklege og religiøse identitet.
12. Representanten for frie medium: Skal vurdere utvikling av prosjekt med sikte på å fremje toleranse for folk med andre overtydingar og andre livssyn gjennom bruk av media. Skal fremje tiltak for å førebyggje og motarbeide aggressiv nasjonalisme, rasisme, sjåvinisme, framandfrykt og antisemittisme i media. Skal halde fram med å oppmuntre til pluralistisk debatt og auka merksemd frå media når det gjeld å fremje toleranse for etnisk, religiøst, språkleg og kulturelt mangfald, og skal fremje brei folkeleg tilgang til media og halde oppsyn med hatefulle ytringar.
13. Fokus på negative sosio-økonomiske faktorar: Deltakarstatane/sekretariatet: Vil gå inn for å kartleggje økonomiske spørsmål og miljøspørsmål som undergrev tryggleiken, til dømes dårleg styring, korrupsjon, illegal økonomisk verksemd, stor arbeidsløyse, utbreidd fattigdom og store ulikskapar, demografiske faktorar og uforsvarleg bruk av naturressursar, og vil freiste å motverke slike faktorar med hjelp frå kontoret til Samordnaren for OSSEs økonomiske og miljømessige aktivitetar (OCEEA), etter eiga oppmoding, og fungere mellom anna som katalysator for tiltak og samarbeid.
14. Førebygging av valdeleg konflikt og fremjing av fredelege løysingar på tvistar: OSSE: Vil gjere bruk av heile sin kapasitet og føre vidare og intensivere arbeidet med tidleg varsling og høveleg reaksjon, førebygging av konfliktar, krisehandtering og atterreising etter konfliktar, vil styrkje evna si til å løyse konfliktar, vil styrkje innsatsen for å finne varige løysingar på uløyste konfliktar, mellom anna ved å fremje prinsippa for rettsstaten og førebyggje kriminalitet i slike konfliktsoner gjennom auka samarbeid med Dei sameinte nasjonane, Den europeiske unionen og andre internasjonale organisasjonar, og vil utvikle vidare evna si til rask utplassering (REACT) i krisesituasjonar.
15. Handsaming av flyktningproblem som vert langvarige: Deltakarstatane/ODIHR/HCNM/Representanten for frie medium:Vil studere korleis det er råd å styrkje OSSEs potensial når det gjeld å medverke til varige løysingar, ved å støtte og samarbeide nært med andre aktuelle organisasjonar, særleg kontoret til FNs høgkommissær for flyktningar. Vil halde nøye auge med situasjonar der flyktningproblem dreg ut.
16. Styrking av den nasjonale antiterrorlovgjevinga: Deltakarstatane: Vil engasjere seg for å gjennomføre alle forpliktingar dei har teke på seg i relevante konvensjonar og protokollar som gjeld terrorisme, til liks med FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, med tilhøyrande tilleggsprotokollar, utveksle informasjon og metodar i den samanhengen og vurdere, på tosidige og subregionale møte og møte der heile OSSE er med, korleis ein kan samarbeide om gjennomføringa.
17. OSSEs parlamentarikarforsamling: Vil føre vidare innsatsen for å fremje dialog mellom parlamentarikarane i OSSE, med sikte på å styrkje lovgjeving som er viktig for kampen mot terrorismen.
18. ODIHR: Skal, på oppmoding frå interesserte deltakarstatar og der det er aktuelt, tilby fagleg hjelp/rådgjeving når det gjeld gjennomføring av internasjonale konvensjonar og protokollar mot bruk av terror, og korleis denne lovgjevinga skal samsvare med internasjonale standardar, i tråd med vedtak frå Det faste rådet, og gå inn for samarbeid med andre organisasjonar, særleg med UNODCCP, for dette føremålet. Skal vurdere korleis det kan leggjast til rette for kontakt mellom nasjonale sakkunnige for å fremje utveksling av informasjon og dei beste framgangsmåtane når det gjeld antiterrorlovgjeving.
19. Hjelp til handheving av lovene og kamp mot organisert kriminalitet: Deltakarstatane: Har merka seg dei nære banda mellom terrorisme og organisert kriminalitet over landegrensene, ulovleg handel med narkotika, kvitvasking av pengar og ulovleg våpenhandel og vil gjennomføre dei tiltaka som krevst for å hindre at det på territoriet deira vert drive verksemd av personar, grupper eller organisasjonar som oppmodar til, finansierer, organiserer, legg til rette for eller er med og gjennomfører terrorhandlingar eller anna illegal verksemd med det siktemålet å styrte det politiske regimet i ein annan deltakarstat med valdelege middel. Vil gje kvarandre all hjelp dei kan, når det gjeld informasjon i samband med etterforsking av brotsverk eller rettssaker som gjeld utvising på grunn av brotsverk i samband med terrorhandlingar, i samsvar med deira nasjonale lovgjeving og internasjonale forpliktingar.
20. Det faste rådet: Vil vurdere å arrangere regelmessige møte mellom tenestemenn frå politi og rettsstell i deltakarstatane og, der det lèt seg gjere, sakkunnige frå OSSE med relevant erfaring på området, for å drøfte kva som er dei beste framgangsmåtane, og korleis samarbeidet kan betrast.
21. Sekretariatet: Vil på oppmoding hjelpe deltakarstatane gjennom tiltak for å få bukt med handelen med menneske, narkotika og handvåpen og lette våpen, i samsvar med aktuelle vedtak frå Det faste rådet, og vil hjelpe til med å leggje til rette for betre grenseovervaking, der dette trengst. Vil òg, på oppmoding frå og etter avtale med dei, gje deltakarstatane rådgjeving og hjelp til omstrukturering og/eller atterreising av politiet, kontroll med og opplæring av eksisterande politikorps, mellom anna opplæring når det gjeld menneskerettar, og styrking av kapasiteten, mellom anna i form av støtte til integrerte eller fleiretniske politikorps. Vil for dette føremålet styrkje dei eksisterande politirelaterte aktivitetane i samband med konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konfliktar.
22. ODIHR: Skal på oppmoding tilby deltakarstatane kontinuerleg rådgjeving når det gjeld styrking av dei nasjonale lovene og institusjonane som rettsstaten kviler på, til dømes lovhandhevingsorgan, domstolane og påtalestyresmaktene, advokatforeiningar og forsvarsadvokatar. Skal styrkje innsatsen for å få bukt med menneskehandelen og hjelpe dei som er offer for denne handelen. Skal gje støtte til fengselsreformer og betring av straffeprosessen, der dette er aktuelt.
23. Representanten for frie medium: Skal på oppmoding hjelpe til med å lage utkast til lover til førebygging av misbruk av informasjonsteknologi til terroristføremål, og sørgje for at slike lover er i samsvar med det dei har forplikta seg til når det gjeld ytringsfridom og fri flyt av informasjon.
24. Tiltak for å forhindre finansiering av terrorisme. Deltakarstatane: Vil, innanfor ramma av FN-konvensjonen om kamp mot finansiering av terrorisme og UNSCR 1373 (2001), gjennomføre tiltak for å førebyggje og forhindre finansiering av terrorisme, kriminalisere bevisst yting eller innsamling av midlar til terroristføremål, og fryse terroristaktiva, også med tilvising til UNSCR 1267 (1999). Vil gje rask respons på spørsmål frå ein annan deltakarstat eller aktuelle internasjonale organisasjonar om informasjon, i samsvar med deira nasjonale lovgjeving og pliktene deira etter folkeretten.
25. Deltakarstatane/sekretariatet: Vil òg, innanfor ramma av dei økonomiske aktivitetane og miljøaktivitetane for 2002, vurdere korleis dei kan motverke økonomiske faktorar som kan leggje til rette for at terrorisme utviklar seg, økonomiske følgjer av terrorisme og finansiell støtte til terroristar. Vil vurdere korleis OSSE, innanfor ramma av arbeidet med innsyn og kampen mot korrupsjon, kan medverke til den meir omfattande internasjonale innsatsen for å få bukt med terrorismen. Vil vurdere å ta på seg ei rolle som katalysator gjennom å tilby målretta prosjekt for opplæring av personell i innanlandske finansinstitusjonar på område som gjeld kampen mot terrorismen, mellom anna i korleis ein overvaker pengestraumar og hindrar kvitvasking av pengar. Deltakarstatane vil delta konstruktivt i dei komande forhandlingane i FN om eit globalt dokument mot korrupsjon, med sikte på ei snarleg og vellukka sluttføring av dei.
26. Tiltak for å hindre terroristar i å ferdast fritt: Deltakarstatane: Vil hindre rørslefridommen til terroristar og grupper av terroristar gjennom effektive grensekontrollar og kontroll med utferding av identitetspapir og reisedokument, til liks med tiltak for å forvisse seg om at identitetspapir og reisedokument er ekte, og hindre at dei vert etterlikna, forfalska eller brukte på ulovleg vis. Vil bruke slike kontrolltiltak samtidig som dei tek omsyn til pliktene dei har etter internasjonal lovgjeving om flyktningar og menneskerettar. Vil, gjennom korrekt bruk av utestengingsklausulane i Konvensjon om flyktningar sin status av 1951 og tilhøyrande protokoll av 1967, sikre at det ikkje vert gjeve asyl til personar som har delteke i terrorhandlingar. Vil sørgje for rask fengsling og rettsforfølging eller utvising av personar som er sikta for terrorhandlingar, i samsvar med pliktene dei har etter folkeretten og nasjonal lovgjeving.
IV. Tiltak innanfor ramma av Plattform for kooperativ tryggleik - samarbeid med andre organisasjonar
27. Dei sameinte nasjonane er ramma for den globale kampen mot terrorismen. Eit nært samarbeid og tett samordning mellom alle aktuelle aktørar må sikrast. OSSE kan ta på seg ei rolle som samordnar for mellomregionale og intraregionale initiativ. OSSE når ut gjennom tette band til ikkje-statlege organisasjonar, det sivile samfunnet og parlamentarikarar, noko som skaper eit stadig tettare nettverk for den internasjonale koalisjonen mot terrorisme.
28. Deltakarstatane/sekretariatet: Vil styrkje samarbeidet og utvekslinga av informasjon, både formelt og uformelt, med andre aktuelle grupper, organisasjonar og institusjonar som er involverte i kampen mot terrorismen. Vil styrkje samarbeidet med Den europeiske unionen om analyse og tidleg varsling og forsterke synergien med Stabilitetspakta for Søraust-Europa og Det sentraleuropeiske initiativet på område som er relevante for kampen mot terrorismen. Vil fremje dialog innanfor OSSE-området om spørsmål som gjeld nye truslar og utfordringar. Vil utvide dialogen med partnarane utanfor OSSE-området, til dømes samarbeidspartnarane ved Middelhavet og samarbeidspartnarane i Asia, Organisasjonen for samarbeid i Shanghai, Konferansen om samkvem og tillitsfremjande tiltak i Asia, Organisasjonen for den islamske konferansen, Den arabiske ligaen, Den afrikanske unionen og dei statane som grensar til OSSEs område, for å utveksle erfaringar og gode framgangsmåtar frå arbeidet for å motverke terrorismen, som kan brukast innanfor OSSE-området.
V. Oppfølging
29. «Den internasjonale konferansen om auka tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia: styrking av det omfattande arbeidet for å motverke terrorismen», som skal haldast 13. og 14. desember 2001 i Bisjkek, vil vere eit første høve til å:
drøfte konkrete erfaringar og dei beste framgangsmåtane for å få bukt med den internasjonale terrorismen med eit breitt utval av deltakarar og på grunnlag av denne handlingsplanen, og
bruke aktuelle punkt i denne handlingsplanen til å gje praktisk støtte til deltakarstatar i Sentral-Asia, på grunn av dei særeigne tryggingsutfordringane som denne regionen er prega av, medrekna økonomisk og fagleg hjelp på område som er av konkret interesse for dei.
30. Generalsekretæren skal, innan 27. desember 2001, rapportere til FNs antiterrorkomité om tiltak som OSSE har gjennomført i kampen mot terrorismen, og han skal deretter informere FN når det krevst. I tillegg vil han regelmessig opplyse Det faste rådet om OSSE sine aktivitetar innanfor ramma av denne handlingsplanen. Han skal utarbeide ein rapport som skal leggjast fram for det neste ministerrådsmøtet/toppmøtet, om aktivitetar som OSSE sine organ gjennomfører i kampen mot terrorismen, og deretter rapportere på oppmoding frå Det faste rådet.
31. Alle OSSE-organ som vert bedne om å gjennomføre tiltak innanfor ramma av denne planen, skal utarbeide og leggje fram for Det faste rådet eit «vegkart» for korleis desse tiltaka skal gjennomførast, medrekna tidsplan, ressurskonsekvensar og opplysningar om aktivitetar som krev ytterlegare vedtak frå Det faste rådet.
På grunnlag av informasjon frå andre OSSE-organ skal sekretariatet utarbeide ei orienterande vurdering av dei administrative og økonomiske følgjene av denne handlingsplanen, medrekna eit eventuelt behov for å opprette ei antiterroreining eller eit kontaktpunkt i sekretariatet, og kome med tilrådingar, som skal godkjennast av Det faste rådet, om naudsynte ressursar på 2002-budsjettet. Det faste rådet skal, mellom anna gjennom det sitjande formannskapet og med hjelp frå sekretariatet, overvake gjennomføringa av denne handlingsplanen. Det skal også kartleggje kjelder som kan støtte gjennomføringa av antiterroråtgjerder, medrekna grupper av sakkunnige, og eventuelle tilleggsoppgåver som Det faste rådet kan leggje på OSSEs feltoperasjonar, i nært samarbeid og etter avtale med vertsregjeringane.
Vedtak nr. 2. Erklæring frå Ministerrådet
(1)
1. Sidan vi møttest siste gongen, i Wien i november 2000, har OSSE halde fram med å medverke aktivt i Albania, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Den føderale republikken Jugoslavia. Vi har vore vitne til framgang i store delar av Søraust-Europa, men vi har også vorte konfronterte med nye utfordringar. OSSE har halde fram med å yte vesentlege tilskot til konfliktførebygging, krisehandtering og stabilisering etter konfliktar, og har med dette fremja fred og stabilitet i området. I denne samanhengen understrekar vi kor viktig regionalt samarbeid er for utviklinga i regionen, og særleg samarbeid innanfor ramma av Plattforma for kooperativ tryggleik og EUs stabiliserings- og assosieringsprosess.
2. Vi stadfester på nytt at fred, velstand og stabilitet i Søraust-Europa er ei av dei strategiske prioriteringane for OSSE. Vi stadfester vår forplikting andsynes Stabilitetspakta for Søraust-Europa, under leiing av OSSE, som eit viktig initiativ for å fremje målsetjingane demokratisk konsolidering, økonomisk velstand og forsvarleg tryggleik. Vi helsar med glede resultata frå den regionale konferansen 25. og 26. oktober 2001 i Bucuresti. Denne konferansen sende eit sterkt politisk signal om at landa i regionen vil føre vidare arbeidet sitt for reformer og regionalt samarbeid, og at det internasjonale samfunnet vil oppretthalde si sterke støtte til berekraftig stabilisering, demokratisering, institusjonsoppbygging og økonomisk atterreising i Søraust-Europa. Vi oppmodar òg til tettare band mellom pakta og andre regionale initiativ, til dømes Den sørausteuropeiske samarbeidsprosessen. Vi støttar initiativ som vil styrkje Stabilitetspakta ved å fokusere på nytt og omprioritere verksemda framover. Vi helsar med glede det styrkte regionale samarbeidet om spørsmål som gjeld flyktningar og internt fordrivne personar og oppmodar til vidare samarbeid om dette spørsmålet.
3. Vi støttar fullt ut den territoriale integriteten og dei ukrenkjelege grensene til statane i Søraust-Europa og fordømmer alle terrorhandlingar, utan omsyn til kva som er opphavet til dei eller motivasjonen for dei, og alle former for vald med utspring i etnisk nasjonalisme og separatisme. Vi forventar full etterleving av internasjonale forpliktingar, særleg Den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina (fredsavtalane frå Dayton/Paris) og fullt samarbeid frå alle sider med Den internasjonale domstolen for krigsbrotsverk i det tidlegare Jugoslavia, og vi er glade for dei stega som landa i regionen har teke i den samanhengen. Stadig fleire av dei som er tiltalte for krigsbrotsverk, sit no på tiltalebenken i Haag. Alle dei som er tiltalte av domstolen, må utleverast til ICTY, slik at dei kan stillast for retten.
4. Vi gler oss over sluttføringa av rammeavtalen 13. august 2001 og rosar parlamentet for vedtakinga av dei konstitusjonelle endringane 16. november 2001. I den samanhengen verdset vi tilskota frå den sitjande formannen og hans personlege utsending, i nært samarbeid med spesialutsendingane frå Den europeiske unionen og Sambandsstatane, til løysing av krisa. Vi stadfester på nytt at vi forpliktar oss til å respektere suvereniteten, den territoriale integriteten og den einskaplege karakteren til staten, og vi tilbyr oss å gje kontinuerleg hjelp til og støttar sterkt opp om ei fullstendig og rettidig gjennomføring av rammeavtalen. I den samanhengen helsar vi med glede oppmodinga om å medverke til gjennomføring av avtalen, og særleg vedlegg C, medrekna programma for politiopplæring og politireform, media og interetniske tilhøve. Etter avtale og i nært samarbeid og partnarskap med regjeringa vil OSSE stille si erfaring til rådvelde på alle aktuelle område av rammeavtalen, mellom anna for ei vidare styrking av tiltaka for å fremje tillit mellom folkegruppene. Vi ser fram til at den reviderte lova om lokalt sjølvstyre vert vedteken, og vi strekar under at det er viktig at det vert kalla saman til ein gjevarkonferanse så snart som råd etter dette, for å støtte realiseringa av målsetjingane i rammeavtalen og byggje opp att økonomien. Vi fordømmer nye ekstremistiske valdshandlingar og understrekar endå ein gong at berre fredelege politiske løysingar kan sikre ei stabil og demokratisk framtid for landet og ei vidareføring av reformprosessane, noko som vil leggje til rette for utvikling av eit nærare og meir integrert forhold til det euroatlantiske nasjonsfellesskapet, styrkje ytterlegare det fleiretniske demokratiet og fremje fredelege og harmoniske tilhøve mellom innbyggjarane. Eit stabilt og fredeleg land er ein føresetnad for ein meir stabil og velståande region.
5. Vi rosar konsolideringa av demokratiet i Den føderale republikken Jugoslavia og den innsatsen som er gjort for å styrkje rettsstaten, respekten for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane, mellom anna rettane til personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar. Vi merkar oss tilskotet frå styresmaktene i Den føderale republikken Jugoslavia til stabiliteten i regionen. Vi er glade for oppnemninga av og arbeidet til OSSEs sendelag til Den føderale republikken Jugoslavia. Vi er klare til å hjelpe det jugoslaviske folket og regjeringa med å styrkje demokratiet. Vi gler oss over den vedvarande innsatsen til regjeringane i Jugoslavia og Serbia for å gjennomføre planen for den sørlege delen av Serbia, og oppmodar alle involverte partar om å vidareføre innsatsen for å sikre ei vellukka gjennomføring. Vi er nøgde med framstega som er gjorde når det gjeld tillitsfremjande tiltak i Sør-Serbia, særleg dei som gjeld fleiretnisk politiopplæring. Vi støttar eit demokratisk Montenegro innanfor eit demokratisk Jugoslavia og oppmodar til dialog mellom dei føderale og dei republikanske styresmaktene.
6. Vi stadfester på nytt at vi er forplikta til full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244 om Kosovo i Den føderale republikken Jugoslavia, medrekna etablering av eit trygt samfunn, som kan sikre at alle flyktningar og internt fordrivne personar kan vende tilbake til heimane sine trygt og uhindra og på permanent basis, og som kan ta opp problemet med sakna personar. Vi rosar vedtaket av eit felles UNMIK-FRY-dokument og forventar at det vert gjennomført fullt ut. Vi helsar med glede at det vart halde val i Kosovo 17. november 2001 og er nøgde med OSSE og andre internasjonale organisasjonar og institusjonar sine tilskot for å leggje til rette for eit fritt, rettferdig og inkluderande val. Valet var eit viktig steg i gjennomføringa av resolusjon 1244 frå Tryggingsrådet i FN, og det markerer byrjinga på fasen med mellombels demokratisk sjølvstyre, i samsvar med den konstitusjonelle ramma. Tilhøva må leggjast til rette for at alle medlemmene av den nye forsamlinga og alle dei etniske folkegruppene skal få høve til å delta fullt ut i denne prosessen. Vi oppmodar dei som er valde, og alle dei etniske gruppene om å delta i denne prosessen på ein ansvarleg måte.
7. Vi støttar dei demokratisk valde styresmaktene i Bosnia-Hercegovina, både på statleg nivå og i dei einskilde einingane, og oppmodar dei til å gjere vidare framsteg, særleg når det gjeld å styrkje dei statlege institusjonane, opprette eit einskapleg økonomisk område og gje flyktningar og internt fordrivne personar høve til å vende tilbake, i samsvar med fredsavtalane frå Dayton/ Paris. Ei kontinuerleg utvikling av det sivile samfunnet og aukande lokal overtaking av reformprosessen vil vere nøkkelprioriteringar for det vidare engasjementet frå OSSE si side. Vi rosar høgrepresentanten og OSSEs sendelag for deira vedvarande innsats for å betre samordninga og effektiviteten i det internasjonale engasjementet når det gjeld den sivile gjennomføringa av fredsavtalane frå Dayton/Paris. Vi ønskjer ei rask avgjerd når det gjeld kva som best kan etterfølgje UNIPTF for å få til ein mjuk og omfattande overgang. OSSE har erfaring som kan stillast til rådvelde i denne samanhengen.
8. Vi rosar regjeringa i Albania for den positive rolla ho har spela i det regionale samarbeidet. Vi meiner at valet til nasjonalforsamlinga i Albania i 2001 innebar ein framgang i høve til tidlegare val. Vi bed styresmaktene i Albania om å gjennomføre tilrådingane i sluttrapporten frå OSSE/ODIHR om parlamentsvalet i 2001, og vi oppmodar den politiske opposisjonen til å delta fullt ut i den politiske prosessen.
9. Vi gler oss over den kontinuerlege framgangen dei kroatiske styresmaktene kan vise til når det gjeld å gjennomføre demokratiske og økonomiske reformer, og vi er også glade for dei positive stega som dei kroatiske styresmaktene har teke for å skape stabilitet i regionen, gjennom ein vesentleg utvikling av det regionale samarbeidet. Det er i Kroatia og heile regionen si interesse at det vert arbeidd vidare med slike tiltak. Vi er glade for den vedvarande innsatsen til OSSEs sendelag til Kroatia i 2001, og vi vil gje sendelaget omfattande støtte i det vidare arbeidet og samarbeidet med kroatiske styresmakter. Vi ser fram til at det vert gjennomført ytterlegare tiltak både i Kroatia og i andre land i regionen for å finne forsvarlege løysingar på det vanskelege problemet med flyktningar og internt fordrivne personar, slik at dei mellom anna får full rett til å vende heim og ta tilbake eigedomane sine i heile regionen.
10. Vi rosar OSSEs kontinuerlege arbeid for å medverke til gjennomføringa av artiklane II og IV i vedlegg 1-B til fredsavtalane frå Dayton/Paris. I denne samanhengen støttar vi tiltak for auka innsyn i og auka demokratisk kontroll med dei væpna styrkane, utveksling av informasjon og andre samarbeidsaktivitetar, i samsvar med artikkel II, som medverkar til å styrkje den gjensidige tilliten og stabiliteten, og arbeid i samsvar med artikkel IV når det gjeld våpenkontroll. Vi ser fram til eit utvida samarbeid om gjennomføringa av Firenze-avtalen. Vi er også glade for vedtakinga av sluttdokumentet frå forhandlingane etter artikkel V i vedlegg 1-B til fredsavtalane frå Dayton/Paris. Vi gler oss over støtte frå Stabilitetspakta for Søraust-Europa til gjennomføring av våpenkontroll og tillits- og tryggleiksfremjande tiltak.
11. Vi understrekar på nytt engasjementet vårt for å finne ei løysing på problemet med den overdrivne og destabiliserande oppsamlinga og ukontrollerte spreiinga av handvåpen og lette våpen, mellom anna og særleg gjennom OSSEs dokument om handvåpen og lette våpen. Vi er glade for tiltak som landa set i gang med dette for auge.
12. Vi har rosande ord om tilskota frå alle landa i Søraust-Europa når det gjeld å styrkje det regionale samarbeidet og fremje tryggleik og stabilitet i regionen.
(2)
1. Vi merkar oss innsatsen i 2001 frå Republikken Moldova og meklarane frå OSSE, Den russiske føderasjonen og Ukraina for å forhandle fram ei omfattande politisk løysing på Transdnjestr-problemet. Vi understrekar på nytt at løysinga på dette problemet må omfatte ein garanti for suvereniteten og den territoriale integriteten til Republikken Moldova. Vi understrekar behovet for eintydig framgang i 2002. Vi oppmodar i den samanhengen begge sidene, og særleg styresmaktene i Transdnjestr, til snarast å ta opp att forhandlingane, i det eksisterande formatet, om status for Transdnjestr-regionen, slik meklarane nyleg har kome med framlegg om. Vi merkar oss òg behovet for å ta opp andre aktuelle spørsmål innanfor ramma av forhandlingsprosessen, mellom anna spørsmålet om ei styrking av grense- og tollkontrollen.
2. Vi er glade for at Den russiske føderasjonen før den avtalte fristen har oppfylt dei forpliktingane landet tok på seg på OSSEs toppmøte i Istanbul i 1999 om tilbaketrekking og fjerning av materiell som er omfatta av avgrensingane i CFE-avtalen, frå Transdnjestr-regionen i Republikken Moldova før slutten av 2001. Vi rosar Den russiske føderasjonen for å ha gjennomført dette, og vi rosar dei andre partane for deira tilskot til prosessen. Vi meiner dette bør tene som modell for eit konstruktivt og fruktbart samarbeid i andre spørsmål.
3. Vi ser fram til rettidig oppfylling av andre forpliktingar som deltakarstatane i OSSE tok på seg i Istanbul i 1999 når det gjeld Moldova. Vi merkar oss i den samanhengen framgang i 2001 i form av at tilbaketrekkinga frå Transdnjestr-regionen i Republikken Moldova av russisk militært materiell som ikkje er omfatta av CFE-avtalen, har byrja, og at det er gjort førebuingar til tilbaketrekking eller øydelegging av ammunisjon som tilhøyrer Den russiske føderasjonen, på ein heilt open måte. Vi takkar dei deltakarstatane som yter tilskot til det frivillige fondet som skal gjere OSSE i stand til å hjelpe Den russiske føderasjonen til å oppfylle i rett tid dei forpliktingane landet tok på seg på toppmøtet i Istanbul i 1999. Vi oppmodar også deltakarstatane til å gje ytterlegare tilskot eller eventuelt førstegongstilskot til det frivillige fondet.
(3)
1. Vi forpliktar oss fullt og fast til å støtte sjølvstendet, suvereniteten og den territoriale integriteten til Georgia og stadfester på nytt tidlegare dokument om Georgia frå OSSE-toppmøte og frå Det faste rådet.
2. Vi er glade for utviklinga i fredsprosessen i Tsjkhinvali-regionen/Sør-Ossetia. Vi set stor pris på arbeidet til OSSEs sitjande formannskap og OSSEs sendelag til Georgia, Europakommisjonen og særleg Den russiske føderasjonen, som har resultert i konkrete framsteg, til dømes praktiske tiltak for å redusere mengda av handvåpen og lette våpen i denne regionen, og semje om eit tidsskjema for framtidige ekspertmøte og møte i den felles kontrollkommisjonen. Vi er glade for den økonomiske hjelpa frå Den europeiske unionen. Vi helsar med glede underskrivinga av den georgisk-russiske avtalen om økonomisk atterreising. Vi ser fram til vidare framgang i 2002, på grunnlag av den auka forståinga mellom partane, særleg når det gjeld definisjonen av den politiske statusen til Tsjkhinvali-regionen/Sør-Ossetia innanfor den georgiske staten.
3. Vi stadfester på nytt den leiande rolla som Dei sameinte nasjonane spelar i Abkhasia i Georgia, og rolla til Genève-prosessen som den viktigaste ramma for forhandlingane. Vi fordømmer nedskytinga av eit UNOMIG helikopter 11. oktober og ber innstendig om at alle avtalar vert oppfylte på ærleg vis, medrekna våpenkvileavtalen av 14. mai 1994 frå Moskva. Vi oppmodar partane til å ta opp igjen den konstruktive dialogen, med sikte på å finne ei fullverdig løysing, mellom anna med ein definisjon av den politiske statusen til Abkhasia som ei suveren eining innanfor staten Georgia. Vi er framleis urolege når det gjeld situasjonen for menneskerettane i Abkhasia i Georgia. Vi er overtydde om at det må skapast grunnlag for ei forsvarleg, trygg og verdig tilbakevending for flyktningar og internt fordrivne personar til dei stadene der dei budde fast tidlegare, som dei har vorte tvungne til å flytte frå som følgje av masseøydelegging og tvangsdeportering.
4. Vi verdset det viktige tilskotet til stabilitet og tillit i regionen som OSSEs grenseovervakingsoperasjon har stått for langs grensa mellom Georgia og Den tsjetsjenske republikken i Den russiske føderasjonen. Vi pålegg Det faste rådet å sjå nærare på framlegg om å utvide grenseovervakingsoperasjonen til grensa mellom Georgia og Den ingusjiske republikken i Den russiske føderasjonen.
5. Vi gler oss over framgangen vi har sett dette året med omsyn til oppfylling av forpliktingane frå Istanbul når det gjeld framtida til russiske styrkar i Georgia. Stenginga av den russiske basen i Vaziani og tilbaketrekkinga av utstyret frå den russiske basen i Gudauta var viktige steg framover. Vi ser fram til at dei andre forpliktingane frå Istanbul vert gjennomførde. Vi ber om at Georgia og Russland tek opp att forhandlingane om å finne høvelege ordningar for innsyn når det gjeld stenginga av basen i Gudauta. Vi håpar på ei snarleg rettsleg overføring av infrastrukturen på den tidlegare russiske militærbasen i Gudauta. Vi ser òg fram til ein snarleg avtale om tidsfrist og nærare reglar for verksemda til resten av dei russiske militæranlegga. Vi er glade for tilskota frå deltakarstatane til det frivillige fondet til støtte for tilbaketrekkinga frå russiske anlegg, og vi er samde om å handsame framlegg frå partane om bruk av fondet som hastesaker.
6. Vi er glade for ambisjonen om godt granneskap og utvikling av samarbeid som kom til uttrykk på møtet mellom presidenten i Russland, Vladimir Putin, og presidenten i Georgia, Eduard Sjevardnadse 30. november 2001, og vi er også glade for avtalen om å oppnemne ein blanda kommisjon som skal etterforske dei rapporterte tilfella av bombardement i grenseområda på den georgiske sida.
(4)
1. For ti år sidan erklærte landa i den sentralasiatiske delen av OSSE-regionen seg sjølvstende og vart medlemmer av organisasjonen. Vi merkar oss med takksemd utviklinga dei har vore gjennom på denne korte tida. Vi konstaterer tilfredse at OSSEs engasjement for å samarbeide med dei fem deltakarstatane i Sentral-Asia har halde fram med å vekse i alle dimensjonane. På grunnlag av si omfattande, tredimensjonale tilnærming til tryggleik skal OSSE finne effektive måtar å fremje vidare politisk og økonomisk utvikling på i Sentral-Asia, i samarbeid med andre internasjonale institusjonar og på grunnlag av Plattforma for kooperativ tryggleik. OSSEs støtte til sosiale, økonomiske og demokratiske reformer vil medverke til stabilitet og velstand i regionen. Vi støttar arbeidet til dei sentralasiatiske deltakarstatane for å fremje samarbeid om økonomisk utvikling.
2. Truslar mot stabiliteten og tryggleiken som kjem frå internasjonal terrorisme, valdeleg ekstremisme, organisert kriminalitet, narkotika og våpenhandel, er problem som vedkjem alle deltakarstatane i OSSE, og dei vert møtte med felles innsats, mellom anna gjennom Bucuresti-handlingsplanen for kamp mot terrorismen. Vi erkjenner dei særskilde problema som dei sentralasiatiske deltakarstatane har i denne samanhengen, som granneland til Afghanistan, og vi vonar at den komande internasjonale konferansen i Bisjkek om auka tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia vil verte eit verdifullt tilskot til kampen mot desse problema.
3. Vi er merksame på dei mange utfordringane dei står framfor, og understrekar på nytt sterkt vårt konsekvente engasjement for å støtte dei i arbeidet for å utvikle moderne samfunn og for å skape trygge, stabile og gunstige tilhøve i regionen.
(5)
1. Vi ser med stor uro på at det ikkje har lukkast å finne ei løysing på konflikten i Nagorno-Karabakh, trass i den intensiverte dialogen mellom partane og den aktive støtta frå medformennene i Minsk-gruppa. Vi held fast ved at ei snarleg løysing på denne langvarige konflikten vil medverke til varig fred, tryggleik, stabilitet og samarbeid i Sør-Kaukasus-regionen.
2. Vi understrekar på nytt kor viktig det er at fredssamtalane held fram, og vi oppmodar partane om å føre vidare arbeidet for å finne ei snarleg løysing på konflikten, på grunnlag av normene og prinsippa i folkeretten. Vi oppmodar òg partane til å prøve å finne fram til ytterlegare tiltak som kan styrkje den gjensidige trua og tilliten, mellom anna frigjeving av krigsfangar.
3. Vi er glade for at partane har forplikta seg til våpenkvile og til å finne ei fredeleg og samla løysing. Vi oppmodar partane til å halde fram med arbeidet for å finne ei rettferdig og varig løysing, med aktiv støtte frå medformennene.
Vedtak nr. 3. Fremjing av OSSEs rolle som forum for politisk dialog
Ministerrådet -
som erkjenner kor viktig det er å fremje OSSEs rolle som forum for politisk dialog i det euroatlantiske området,
som er klar over kor viktig den politiske dialogen er, slik at viktige spørsmål som gjeld tryggleik og samarbeid i Europa, kan verte gjennomdrøfta av deltakarstatane,
som er merksam på behovet for å gje politisk rettleiing til leiarane for institusjonar og feltoperasjonar,
som er merksam på at den utvida tilnærminga til tryggleik omfattar den politiske og militære, den økonomiske og den miljømessige og menneskelege dimensjonen, og at utviklinga av sakkunne på desse områda kan medverke til å gjere Det faste rådet sine eigne debattar og konklusjonar djupare og meir verdifulle -
gjer følgjande vedtak:
Som det viktigaste organet for kontinuerlege politiske samråd og vedtak i OSSE, skal Det faste rådet:
gje ei permanent ramme for politisk dialog for deltakarstatane,
konsentrere dei regelmessige møta kvar veke om å drøfte spørsmål som er av interesse for deltakarstatane,
halde fram med å gjennomgå rapportar frå OSSEs feltoperasjonar med jamne mellomrom, med deltaking frå dei respektive leiarane for operasjonane; normalt vil det på førehand verte distribuert skriftlege aktivitetsrapportar til deltakarstatane og halde uformelle og opne drøftingar mellom delegasjonane og leiaren for den aktuelle feltoperasjonen,
halde fram med å drøfte rapportar frå leiarane for OSSEs institusjonar med jamne mellomrom, med full respekt for deira respektive mandat,
gjere bruk av Førebuingskomiteen i arbeidet med å gjere vedtak og for å få til målretta politiske samråd mellom deltakarstatane,
halde drøftingar med representantar frå andre internasjonale organisasjonar, når dette er aktuelt, og med andre som kan medverke til den politiske dialogen om tryggingsspørsmål,
vedta offentlege erklæringar og fråsegner om emne som er av interesse for regjeringane, det sivile samfunnet og den offentlege opinionen, når det måtte vere behov for det.
Ministerrådet minner om paragraf 18 i Tryggingspakta for Europa og pålegg Arbeidsgruppa for rettsleg handleevne å halde fram med arbeidet sitt og freiste å løyse dette problemet.
Samordninga og samarbeidet, særleg med OSSEs parlamentarikarforsamling, for å fremje demokratiske verdiar og respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane, bør styrkjast. Til dette formålet bør det utviklast ein aktiv kommunikasjon og aktiv samhandling, som bør omfatte felles aktivitetar, mellom Parlamentarikarforsamlinga og andre OSSE-strukturar, alt etter som.
Deltakarstatane stadfester på nytt at dei er forplikta til å løyse tvistar med fredelege middel, slik det er fastsett i FN-pakta og i Sluttakta frå Helsingfors.
Som ei prioritert målsetjing vil OSSE fornye innsatsen for å løyse konfliktar i OSSE-området, i samsvar med dei standardane og dei prinsippa som er nedfelte i dokumenta til organisasjonen, og som deltakarstatane har slutta seg til. OSSE vil halde fram med å hjelpe deltakarstatane i arbeidet deira med å løyse slike konfliktar, og organisasjonen vil på oppmoding frå deltakarstatane involvere seg aktivt for å leggje til rette for eller føre forhandlingar med partane i slike konfliktar.
Møta i Ministerrådet, som det sentrale organet for politiske samråd, vedtak og styring i OSSE, skal førebuast på ein effektiv måte av Det faste rådet, m.a. gjennom:
fastsetjing av timeplan og organisatoriske reglar, m.a. for kva internasjonale organisasjonar og institusjonar som skal inviterast til møtet,
utarbeiding av dokument som skal leggjast fram for Ministerrådet, i Førebuingskomiteen eller i opne arbeidsgrupper oppnemnde for dette formålet i god tid i førevegen,
tilbørleg gjennomgang i Det faste rådet, Førebuingskomiteen eller ei eigna arbeidsgruppe av dei ulike stega i førebuingane.
Møta i Det faste rådet og møta i Førebuingskomiteen, andre komitear og i arbeidsgrupper vil verte haldne på ein måte som er inkluderande og på basis av likskap og fri utveksling av synspunkt, for å ta opp interessene til alle deltakarstatane og finne område der dei kan samarbeide og finne kompromiss.
For å styrkje den politiske og militære dimensjonen i OSSE skal Forumet for tryggingssamarbeid, som OSSEs organ for kontroll med gjennomføringa av organisasjonen sine forpliktingar på områda våpenkontroll og fremjing av tillit og tryggleik, og for å forhandle fram tiltak på områda våpenkontroll og fremjing av tillit og tryggleik:
ta for seg dei aspekta ved dei nye tryggingsutfordringane som fell innanfor forumet sitt mandat, og oppdatere si verksemd i tråd med dette,
vere nærare knytt til det samla arbeidet med aktuelle tryggingsspørsmål som skjer innanfor OSSE, samtidig som det held på sjølvstendet sitt og kompetansen sin når det gjeld å gjere vedtak, og, til dette formålet, på oppmoding frå Det faste rådet, stille til rådvelde sitt sakkunnige råd om spørsmål av politisk og militær art. Dette kan, alt etter behov, omfatte råd i politiske og militære spørsmål som gjeld OSSEs feltoperasjonar, i samsvar med deira respektive mandat. Forumet for tryggingssamarbeid kan òg gje råd til Det faste rådet eller til den sitjande formannen på eige initiativ,
halde fram med å oppfylle mandatet sitt og leggje til rette for gjennomføring av eksisterande politiske og militære engasjement, og fungere som ein møtestad der det kan forhandlast fram tiltak på det politiske og militære området, for å auke tryggleiken ved å fremje stabilitet, innsyn og visse.
For å leggje til rette for samhandling mellom Det faste rådet og Forumet for tryggingssamarbeid skal OSSEs formannskap vere representert på forumet sine troikamøte. Formannskapet i forumet vil også vere representert på OSSE sine troikamøte om spørsmål som vedkjem FSC.
Ministerrådet helsar med glede forumet sin gjennomgang av framgangsmåtane til formannskapet og tiltaka for å auke den organisatoriske effektiviteten.
Med tanke på behovet for å styrkje samarbeidet i den økonomiske og miljømessige dimensjonen, og med det siktemålet å betre organisasjonsstrukturen på dette området, er det hermed oppretta ein underkomité for økonomiske spørsmål og miljøspørsmål ved Det faste rådet, utan at dette skal ha innverknad på oppgåvene til Det økonomiske forumet. Han skal normalt kome saman i uformelt format og vanlegvis rapportere til Det faste rådet gjennom Førebuingskomiteen. Han skal ha følgjande oppgåver:
å gje ei kontinuerleg ramme for dialog mellom deltakarstatane om økonomiske spørsmål og miljøspørsmål, og gje tilrådingar til Det faste rådet, m.a. om prosjekt som skal gjennomførast,
å hjelpe til med førebuingane til møta i Det økonomiske forumet og gje tilrådingar til Det faste rådet om det framtidige arbeidsprogrammet, m.a. om tiltak for oppfølging av tilrådingar frå forumet,
å studere viktige eller dagsaktuelle økonomiske spørsmål eller miljøspørsmål som er relevante for OSSE, på oppmoding frå Det faste rådet eller på initiativ frå ein av deltakarstatane,
å gje råd til Det faste rådet, når det er behov for det, om økonomiske og miljømessige aktivitetar i samanheng med OSSE sine feltoperasjonar, i samsvar med dei respektive mandata til desse.
Når det er behov for det, kan underkomiteen innby representantar for næringslivet, samanslutningar av føretak, og aktuelle statlege og ikkje-statlege organisasjonar, det akademiske miljøet og statar som ikkje er med i OSSE, særleg samarbeidspartnarar, til å delta i møta.
OSSEs samordnar for økonomiske og miljømessige aktivitetar vil gje støtte til arbeidet med aktivitetane i underkomiteen, i samsvar med mandatet sitt.
Vedtak nr. 4. av Ministerrådet
Ministerrådet -
som merkar seg vedtaket av Det faste rådet som tek sikte på å betre effektiviteten av møte om den menneskelege dimensjonen (PC.DEC/428 av 19. juli 2001) -
pålegg Det faste rådet å på ny gå gjennom reglane om møte om den menneskelege dimensjonen innan 30. juni 2002.
Vedtak nr. 5. av Ministerrådet
Ministerrådet -
som stadfestar at det er uroleg over uttrykk for aggressiv nasjonalisme, rasisme, sjåvinisme, framandfrykt og antisemittisme og valdelig ekstremisme, same kvar dei er,
som tek opp att at det er oppsett på å gjennomføre alle OSSE-forpliktingane som gjeld tiltak i denne samanhengen -
oppmodar deltakarstatane til å fremje toleranse og ikkje-diskriminering m.a. gjennom opplysningskampanjar og utdanning,
oppmodar OSSE-institusjonane, særleg ODIHR, Høgkommissæren for nasjonale minoritetar og Representanten for frie medium, til å vere meir merksame på uttrykk for aggressiv nasjonalisme, rasisme, sjåvinisme, framandfrykt og antisemittisme og valdelig ekstremisme, til å svare på intoleranse og diskriminering på grunnlag av rasemessig eller etnisk opphav eller religiøs, politisk eller anna oppfatning og til å fremje respekt for prinsippa for rettsstaten, demokratiske verdiar, menneskerettar og grunnleggjande fridomar, til dømes ytringsfridom, tankefridom, samvitsfridom, religionsfridom og trusfridom,
pålegg Det faste rådet å vurdere å utarbeide ytterlegare tiltak i denne samanhengen.
Vedtak nr. 6. Av Ministerrådet
Ministerrådet -
som på ny stadfestar forpliktinga si til å kjempe mot alle former for menneskehandel, som påverkar alle deltakarstatane,
som stadfestar forpliktinga si til å utvikle samarbeidet og samhandlinga mellom deltakarstatane når det gjeld tiltak mot menneskehandel og skylde brotsverk -
oppmodar deltakarstatane til å underskrive og ratifisere FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og den supplerande Protokollen for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born,
helsar velkomen den vellukka fullføringa av OSSEs åtferdskodeks og retningsliner mot menneskehandel samt utdelinga av dei til OSSE-personellet,
stadfestar på ny at det støttar arbeidet som vert gjort i ODIHR, feltoperasjonar og Stabilitetspakta si spesialgruppe for nedkjemping av menneskehandel,
oppmodar til informasjonsutveksling med sikte på å styrkje etterforsking, handheving av lova og kriminalitetsførebygging,
oppmodar deltakarstatane til å skunde på gjennomføringa av dei tiltaka som krevst for å oppfylle forpliktingane dei har etter ministerrådsmøtet i Wien, som omfattar førebygging av menneskehandel, vern av offer og rettsforfølging av handlarar og deira medskuldige.
Vedtak nr. 7. Av Ministerrådet
Ministerrådet -
som merkar seg konklusjonane frå Bucuresti-konferansen om like høve for roma- og sintifolket,
som uttrykkjer støtte til arbeidet til Kontaktpunktet for roma- og sintispørsmål og at det står ved forpliktinga si til å styrkje Kontaktpunktet -
pålegg ODIHR å utarbeide ein handlingsplan med målretta aktivitetar som fastsett av Istanbul-toppmøtet, som ein måte å styrkje Kontaktpunktet si evne til å hjelpe deltakarstatane med å oppfylle forpliktingane dei har til å betre situasjonen for roma- og sintifolket, og å leggje han fram for Det faste rådet,
oppmodar Kontaktpunktet for roma- og sintispørsmål til å halde fram arbeidet sitt i nært samarbeid med deltakarstatane, Europarådet og andre aktuelle organisasjonar og å opplyse Det faste rådet om dette arbeidet.
Vedtak nr. 8. Av Ministerrådet
Ministerrådet -
som erkjenner at likestilling mellom kvinner og menn er avgjerande for berekraftig demokrati og stabilitet i OSSE-området,
som er overtydd om kvinnene si evne til å medverke til konfliktførebygging, forsoning og fredsskapande prosessar,
som stadfestar forpliktinga si til å verne og fremje kvinnerettar, og som er klar over at kvinner er sårbare, særleg under og etter konfliktar,
som er oppsett på å kjempe mot alle former for vald mot kvinner, mellom anna vald i heimen,
som erkjenner behovet for rehabiliteringssenter for kvinner som er utsette for vald,
som helsar velkome at i løpet av dette året var OSSE meir oppteken av problemet med vald mot kvinner, som er eit problem for alle deltakarstatane i OSSE -
oppmodar til å gjennomføre handlingsplanen for kjønnsspørsmål, pålegg Det faste rådet å vurdere korleis OSSE kan medverke til å førebyggje vald mot kvinner.
Vedtak nr. 9. Politirelaterte aktivitetar
Ministerrådet -
som på ny stadfestar oppfatninga på Istanbul-toppmøtet om at nye risikoar og utfordringar med omsyn til tryggleiken har oppstått globalt og i OSSE-området, og at desse nye utfordringane - internasjonal terrorisme, valdeleg ekstremisme, organisert kriminalitet og narkotikahandel samt den store og destabiliserande oppsamlinga og ukontrollerte spreiinga av handvåpen og lette våpen - representerer veksande utfordringar med omsyn til tryggleiken,
som på ny stadfestar Istanbul-forpliktinga til å samarbeide meir aktivt og nært med kvarandre for å møte desse utfordringane og til å styrkje vernet mot desse nye risikoane og utfordringane,
som merkar seg forpliktinga frå Istanbul om å møte felles utfordringar og oppfatninga om at sterke demokratiske institusjonar og rettstryggleik utgjer grunnlaget for vernet mot desse nye risikoane og utfordringane,
som stadfestar at effektiv politiverksemd er avgjerande for å oppretthalde rettstryggleiken og å forsvare demokratiske institusjonar,
som òg stadfestar at meir samarbeid mellom og blant deltakarstatane i politirelaterte aktivitetar kan medverke til å møte desse nye risikoane og utfordringane,
som minner om at deltakarstatane i OSSE forplikta seg på Istanbul-toppmøtet til å styrkje evna til å utføre politirelaterte aktivitetar for å medverke til å oppretthalde prinsippa for rettsstaten,
som òg minner om forpliktingane i artikkel 44 og 45 i Tryggingspakta for Europa, vedteken i Istanbul, som tek sikte på å styrkje OSSE si rolle i sivile, politirelaterte aktivitetar som ein integrerande del av organisasjonens innsats i konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konfliktar,
som òg minner om Istanbul-forpliktinga til å fremje utviklinga av sjølvstendige rettssystem som spelar ei nøkkelrolle når det gjeld å sørgje for at det vert teke rettslige steg mot brot på menneskerettane, og når det gjeld å gje råd og hjelp til reformer av fengselsvesenet,
og til å samarbeide med andre internasjonale organisasjonar om å opprette politiske og rettslege rammer for politiet sitt arbeid, i samsvar med demokratiske prinsipp og prinsippa for rettsstaten, i samsvar med ministerrådsvedtaket av 28. november 2000 om politirelaterte aktivitetar og samtidig som ein merkar seg diskusjonen på møtet for politisakkunnige som vart halde i Wien 28. og 29. juni 2001,
som merkar seg ministerrådsvedtaket av 4. desember 2001 om nedkjemping av terrorisme og lovnaden som alle deltakarstatane i OSSE gav der om å styrkje og utvikle det bilaterale og multilaterale samarbeidet innan OSSE, med Dei sameinte nasjonane og med andre internasjonale og regionale organisasjonar for å kjempe mot alle former og uttrykk for terrorisme, same kvar og av kven det vert gjort, i samsvar med dei internasjonale forpliktingane sine,
som òg erkjenner rolla som lovhandheving spelar når det gjeld å fremje ministerrådsvedtaket av 28. november 2000 om å styrkje OSSE-innsatsen for å nedkjempe menneskehandel, og når det gjeld å gjennomføre vedtaket om Forumet for tryggingssamarbeid av 24. november 2000 i samband med OSSE-dokumentet om handvåpen og lette våpen, og
som merkar seg at deltakarstatane oftare ber OSSE om hjelp i politirelaterte aktivitetar, og at organisasjonen nyleg har utvida innsatsen når det gjeld å overvake politiaktivitetar og å gje politiopplæring, mellom anna i fleiretniske og/eller fleirreligiøse politistyrkar, under kriser og etter konfliktar -
Semst om at når det gjeld utarbeiding av planar for OSSE sine politirelaterte aktivitetar for å møte nye tryggingsutfordringar og for å styrkje OSSE sine politirelaterte aktivitetar retta mot konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konflikt, skal OSSE:
streve etter å sikre kontinuitet i institusjonsoppbygging og ein funksjonell overgang frå og avvikling av internasjonal hjelp,
greie ut og byggje på rolla til politiopplæringa, særleg den integrerte politiopplæringa, når det skal byggjast opp polititenester som heile folket kan ha tillit til, og som eit tillitsskapande tiltak, og
sjå nærare på høva og vilkåra for å kunne spele ei rolle når det gjeld handheving av lova.
Vedtek å styrkje OSSEs eksisterande politirelaterte aktivitetar innan konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konfliktar, mellom anna, på oppmoding frå deltakarstatane og med samtykke frå dei, ved å gje råd og hjelp om omstrukturering og/eller atterreising av polititenester; overvaking og opplæring av eksisterande polititenester, mellom anna opplæring om menneskerettar og grunnleggjande fridomar; og kapasitetsoppbygging, mellom anna støtte til integrerte eller fleiretniske polititenester, der det høver.
Vedtek å auke og fremje samarbeidet mellom deltakarstatane når det gjeld å svare på nye utfordringar med omsyn til tryggleiken, mellom anna ved:
på oppmoding frå deltakarstatane og med samtykke frå dei og, så langt det krevst etter gjeldande OSSE-prosedyrar, etter vedtak i Det faste rådet, å yte og samordne OSSEs politiopplæring, mellom anna på subregionalt nivå, med sikte på:
å betre politiet sin operasjonelle og taktiske kapasitet,
å betre dugleiken til politiet på viktige område, mellom anna når det gjeld respekt for menneskerettar og grunnleggjande fridomar og eventuelt handtering av dei kriminelle sidene ved ulovleg migrasjon, og
å styrkje lokalpolitiet sin kapasitet til å kjempe mot narkotika, korrupsjon og terrorisme, og
på oppmoding frå deltakarstatane og med samtykke frå dei:
å gje råd eller å ordne med at det vert gjeve sakkunnige råd om krav til effektiv politiverksemd (behovsvurderingar) og korleis krava skal stettast, mellom anna ved å leggje til rette for eller skaffe finansiering for å gjennomføre slike råd frå OSSE, frå deltakarstatane gjennom finansiering utanom budsjettet, eller frå andre aktuelle internasjonale eller regionale organisasjonar, og,
der det høver, å oppmode til utveksling av informasjon mellom deltakarstatane om røynsler og beste politipraksis når det gjeld å svare på desse nye tryggingsutfordringane.
Til støtte for dei ovannemnde aktivitetane og forpliktingane og i samsvar med Plattforma for kooperativ tryggleik skal OSSE:
kalle saman, som høveleg og helst kvart år, til eit møte for politisakkunnige frå deltakarstatane i OSSE og representantar for andre aktuelle internasjonale og regionale særorganisasjonar,
sikre at OSSE sine aktivitetar på politirelaterte område vert utførde i samordning med andre aktuelle aktørar og organisasjonar, og skal mellom anna gå gjennom dei og om mogeleg få dei meir i samsvar med den subregionale, regionale og internasjonale innsatsen, med sikte på å gjere dei så effektive som råd og nytta for organisasjonen og vertsdeltakarstaten så stor som råd, og å unngå at ein står utan kompetanse eller har same eller overlappande kompetanse på somme område, og
styrkje evna og kapasiteten til organisasjonen til å utforme, gjennomføre og leie ei effektiv politiopplæring, overvaking og kapasitetsoppbygging ved OSSE, mellom anna ved å utvikle samband til andre aktuelle organisasjonar og nasjonale organ og dei viktigaste humanitære hjelpeorganisasjonane.
I samsvar med dei ovannemnde forpliktingane forpliktar deltakarstatane seg til:
å styrkje samarbeidet om politirelaterte spørsmål seg imellom med sikte på å svare på nye risikoar og utfordringar med omsyn til tryggleiken, både bilateralt og multilateralt, og, der det høver, ved meir kontakt mellom aktuelle organ, og
å dele OSSE-sakkunne og -lærdom ein har fått i politirelaterte aktivitetar, med andre aktuelle internasjonale organisasjonar som dei er medlemmer av, med sikte på meir effektive internasjonale tiltak for å svare på desse nye risikoane og utfordringane med omsyn til tryggleiken.
Det faste rådet skal kvart år gå gjennom OSSE sine politirelaterte aktivitetar på grunnlag av ein årsrapport om OSSE sine politirelaterte aktivitetar frå Generalsekretæren, mellom anna med sikte på å vurdere korleis desse aktivitetane best kan medverke til å svare på utfordringar med omsyn til tryggleiken, og å fastsetje høvelege oppfølgingstiltak i samsvar med OSSE sine framgangsmåtar.
Vedtak nr. 10. Neste ministerrådsmøte/toppmøte
Ministerrådet -
som helsar velkome tilbodet frå Portugal om å vere vert for neste ministerrådsmøte -
vedtek at ministerrådsmøtet skal haldast i Porto i desember 2002, med mindre ministrane, etter tilråding av Det faste rådet, vedtek noko anna.
Vedtak nr. 11
Ministerrådet vedtek at Nederland skal ha OSSE-formannskapen i år 2003.
Vedtak nr. 12. Sluttdokument frå forhandlingane etter artikkel V i vedlegg 1-B i den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina
Ministerrådet -
som takkar ambassadør Henry Jacolin, formannskapets spesialrepresentant, og medarbeidarane hans for det framifrå arbeidet dei har gjort med å arrangere og leie forhandlingane,
helsar velkome at sluttdokumentet frå forhandlingane etter artikkel V i vedlegg 1-B i Den allmenne rammeavtalen for fred i Bosnia-Hercegovina vart vedteke;
understrekar kor viktig det er at Den allmenne rammeavtalen vert gjennomført fullt ut, og ser på vedtakinga av sluttdokumentet som eit viktig steg i denne prosessen,
helsar òg velkomen, som eit verdifullt tilskot til innsatsen som OSSE gjer i kampen mot terrorisme, forpliktinga som deltakarstatane etter artikkel V har teke på seg i sluttdokumentet til å hindre at dei respektive territoria deira vert brukte i samband med førebuing, organisering eller utføring av ekstreme valdshandlingar, mellom anna terroristaktivitetar, mot andre deltakarstatar og innbyggjarane deira.
Vedtak nr. 13. Å rå ministerrådet til å nemne opp att ambassadør Ján Kubiš som OSSEs generalsekretær
Det faste rådet -
som minner om vedtaka som Ministerrådet gjorde på det tredje møtet sitt i Stockholm i 1992 om oppnemning av ein generalsekretær og om mandatet hans,
som òg minner om at mandatperioden til den sitjande generalsekretæren går ut 14. juni 2002, og at ambassadør Ján Kubiš søkjer om å verte oppattnemnd,
rår Ministerrådet til å nemne opp att ambassadør Ján Kubiš som OSSEs generalsekretær unntaksvis for ein periode på tre år med verknad frå 15. juni 2002. Dette unntaket bør ikkje tolkast som ei endring av reglane om oppnemning av OSSEs generalsekretær.