4 Den økonomiske dimensjonen
Den økonomiske dimensjonen i OSSE er viktig for å identifisere potensielle trugsmål mot tryggleiken knytt til økonomiske og økologiske tilhøve i OSSE-regionen. Denne dimensjonen vart i 2001 ytterlegare vektlagd mellom anna fordi fleire land i lang tid har ønskt å balansere arbeidet opp mot den menneskelege og den militærpolitiske dimensjonen. Den økonomiske dimensjonen var òg ei av prioriteringane til det rumenske formannskapet i 2001. Arbeidet har vorte konkretisert det siste året, mellom anna i eit vedtak på ministermøtet i Bucuresti. Vidare har OSSE styrkt samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som er aktive innan økonomi og miljø, til dømes EU, EBRD, OECD, UNECE, UNEP og UNDP.
OSSE-feltkontora har det siste året vorte trekte sterkare med i arbeidet i den økonomiske dimensjonen. Sendelaga rapporterer jamleg om saker som gjeld økonomi og økologi. Særleg merksemd har sendelaga i Sentral-Asia fått. Det årlege middelhavsseminaret for middelhavspartnarane til OSSE, som vart halde i Dubrovnik i oktober 2001, skapte òg blest om den økonomiske dimensjonen.
Under det økonomiske forumet i 2000 vart det konkludert med at den økonomiske dimensjonen skulle få ei viktigare rolle i arbeidet innanfor OSSEs faste råd. Ministermøtet i Bucuresti i desember 2001 vedtok å opprette ein underkomité for den økonomiske dimensjonen. I tillegg til å identifisere og fokusere på spesifikke saker med eit tryggingsførebyggjande aspekt vil komiteen auke medvitet om potensielle tryggingstrugsmål og inspirere til diskusjon hos medlemslanda.
Århus-konvensjonen, som er eit FN-dokument, er eit viktig dokument i arbeidet innanfor den økonomiske dimensjonen. Århus-konvensjonen handlar om å fremje den offentlege deltakinga i avgjerdsprosessen i miljøvernsaker. Dei ikkje-statlege organisasjonane si deltaking og sitt engasjement står sentralt i arbeidet med den økonomiske dimensjonen. Det vart i 2001 oppretta ein eigen vevstad på Internett om Århus-konvensjonen, særleg retta mot landa i Sentral-Asia.
Det årlege økonomiske forumet i Praha er den sentrale hendinga innanfor den økonomiske dimensjonen, der økonomiske og økologiske spørsmål av stor verdi for tryggleiken vert diskutert. I tillegg til at det vert halde tre førebuingsseminar før kvart økonomiske forum, vert det halde nokre oppfølgingsseminar. Temaet for det økonomiske forumet i mai 2001 var innsyn og god styring i økonomisaker (Transparency and Good Governance in Economic Matters). Under det økonomiske forumet i fjor vart det registrert auka deltaking av representantar frå næringslivet og frå ikkje-statlege organisasjonar.
Diskusjonane i arbeidsgruppene fokuserte på betringar av lovverket, reform i offentleg forvalting, kamp mot korrupsjon, fremjing av små- og mellomstore føretak, og økologisk styring (environmental governance). Det vart fremja ei rekkje tilrådingar. OSSE utarbeidde etterpå ein handlingsplan for oppfølging av tilrådingane frå det økonomisk forumet.
Sjølv om det har vore gjort store betringar dei seinare åra, har nok ikkje det økonomiske forumet funne si endelege form. Mellom anna vil underkomitéen kunne medverke til sterkare fokus på og meir konkretisering av arbeidet. Medlemslanda har ulike oppfatningar om kva som bør vere omfatta av den økonomiske dimensjonen. Til dømes synest land i Sentral-Asia å leggje større vekt på at marknadstilgang og utanlandske investeringar skal takast med i arbeidet, medan vestlege land i større grad ser på tryggingspolitiske utfordringar.
Det vert framleis arbeidd for at den økonomiske dimensjonen skal verte meir resultatorientert og operasjonell, og etableringa av underkomitéen er eit tiltak med sikte på dette. Vidare er det semje om at ein må fokusere på å trekkje dei sentralasiatiske landa nærare inn i arbeidet. Dessutan er det i dette området ein finn dei største utfordringane innanfor denne dimensjonen.
I 1998 fekk OSSE-sekretariatet ein eigen samordnar for økonomi og miljø. Han skulle samordne arbeidet og gje støtte til formannskapet på dette feltet. Stillinga var ledig i store delar av 2001. Det har vore eit ønske at samordnaren skal medverke til å betre kvaliteten på OSSE-arbeidet innanfor denne dimensjonen.