9 Rapport frå medformennene i Minsk-gruppa
Dykkar Eksellense
Vi har æra av å framleggje for Dykk rapporten frå medformennene i OSSEs Minsk-gruppe til det niande ministermøtet.
Motta, Dykkar Eksellense, forsikringa om vår høgaste vørdnad.
Frankrik
Ambassadør Philippe de SUREMAIN
Den russiske føderasjonen
Ambassadør Nikolai GRIBKOV
Sambandsstatane
Ambassadør Rudolf PERINA
H.E. Mircea Dan GEOANä
Sitjande formann i OSSE
Utanriksminister i Romania
Bucuresti
I året som er gått sidan OSSEs ministermøte i november 2000, har medformennene i Minsk-gruppa intensivert arbeidet med å leggje til rette for ei fredeleg løysing på konflikten om Nagorno-Karabakh. Medformennene vitja regionen fire gonger i løpet av denne tida (i desember, mai, juni og november). Dei var ofte i kontakt og hadde mellom anna samråd med deltaking av regionale sakkunnige i juni og oktober, for å samordne aktivitetane sine. Medformennene rapporterte jamleg til formannen gjennom heile året, orienterte andre medlemmer i Minsk-gruppa i mai og november og rapporterte til Det faste rådet i september.
Direkte dialog mellom dei to presidentane, som saman ber ansvaret for å finne ei politisk løysing, er framleis eit viktig element i fredsprosessen. Presidentane i Armenia og Aserbajdsjan drøfta fredsprosessen med president Chirac i Paris i januar og mars og med president Putin i Minsk i mai, i Sotsji i august og i Moskva i november i samband med toppmøtet til Samveldet av uavhengige statar.
I fredssamtalane i Key West i april såg medformennene stor framgang i retning av ein resolusjon, då presidentane Alijev og Kotsjarjan førte forhandlingar i fire dagar. Kvar av presidentane hadde møte med president Bush i Det kvite huset etter drøftingane i Key West. Sjølv om medformennene framleis deltek aktivt, har ikkje framdrifta etter Key West vore like stor.
Medformennene støtta sterkt fleire tillitsskapande tiltak overfor partane under ei regional vitjing i november. Desse tillitsskapande tiltaka bør betre stemninga og lette vanskane som denne uløyste konflikten har medført. Medformennene trur fast at desse stega vil gje eit tilskot til fredsprosessen og er i begge partane si interesse.
Presidentane Alijev og Kotsjarjan har på ny stadfesta overfor medformennene forpliktinga si til ei samla og fredeleg løysing der begge sidene inngår kompromiss. At denne konflikten framleis er uløyst etter tretten år, mellom anna ni år med OSSE-mekling, gjer alle sider frustrerte. Sjølv om det var færre brot på våpenkvila langs den internasjonale grensa og kontaktlina i 2001, må partane halde fram med å minske spenninga og å styrkje våpenkvila, som framleis er skjør. Medformennene har arbeidd nært saman med formannens personlege representant for å nå dette målet.
Både armenarane og aserbajdsjanarane erkjenner at den globale situasjonen har endra seg etter dei tragiske hendingane september 11 og har difor slutta seg til den internasjonale koalisjonen i kampen mot terrorisme. Utviklinga har gjort det viktigare å få løyst denne konflikten og har skapt nye sjansar som alle sider må gripe. Ein situasjon der det korkje er krig eller fred, kan ikkje stå i staden for ei samla løysing.
Samarbeidet mellom medformennene er framleis framifrå, og dei er framleis forplikta til å hjelpe partane med å få til ei rettferdig, rimeleg og varig løysing som alle sider kan godta.