St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

10 Årsrapport om gjennomføringa av avtalen om tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Bosnia- Hercegovina (artikkel II i vedlegg 1B) og avtalen om subregional rustingskontroll (artikkel IV i vedlegg 1B i Dayton-avtalen) 1. januar - 30. november 2001

Generalmajor Claudio Zappulla (Det italienske flyvåpenet) OSSE-formannens personlege representant

Innleiande merknader

Eg er svært glad for å kunne rapportere at gjennomføringa av Avtalen om tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Bosnia-Hercegovina (artikkel II) og Avtalen om subregional rustingskontroll (artikkel IV) går godt.

Denne rapporten er delt inn i to delar: Gjennomføring og Framtidige aktivitetar.

Del I: Gjennomføring

Avtalen om tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Bosnia-Hercegovina (artikkel II)

1. Inspeksjonar/vitjingar på våpenproduksjonsanlegg. Det vart gjennomført tjueseks (26) inspeksjonar dette året. Tjueseks OSSE-land gav tilskot anten ved å leie lag eller ved å stille sakkunnige til rådvelde. Det var seks (6) vitjingar på våpenproduksjonsanlegg. Stort sett vert inspeksjonsordninga gjennomførd på ein regelmessig og profesjonell måte.

2. Årleg utveksling av informasjon. Dei årlege informasjonsutvekslingane vert stadig betre når det gjeld openskap, fullstendige data, og etterleving av dei omsamde formata.

3. Vedtak som er gjorde i møte i Den felles rådgjevande kommisjonen og den tredje tilsynskonferansen.

A. Partane vedtok ein protokoll om observasjon frå lufta,som støttar Tiltak III (risikoreduksjon). Fleire nasjonar, særleg Danmark, Den tsjekkiske republikken, og Frankrike, deltok aktivt i prøveflygingar for å validere føresegnene i protokollen.

B. Protokollen om eksisterande typar av utstyr (POET) vart ajourført dette året. Det vart sletta utstyr frå kategoriane pansra personellkøyrety, artilleri og kampfly, og det vart lagt til utstyr i kategoriane stormpanservogner og stormpanservognliknande køyrety. POET er ajourført i samsvar med dette.

C. Protokollen om meldingar og utveksling av informasjon vart ajourført. I framtida skal partane ta med lister over historiske samlingar og våpenproduksjonsanlegg og ei liste over helgedagar. Det vart òg avtala andre tekniske betringar.

D. Partane ajourførte Protokollen om våpenproduksjonsanlegg og samdest om ein definisjon av «våpenproduksjonsanlegg».

E. Det viktigaste vedtaket som vart gjort dette året, var kan hende vedtaket om å ajourføre den faktiske avtalen. Artikkel II-avtalen vart underskriven 26. januar 1996. Sidan den gongen har Den felles rådgjevande kommisjonen kome saman ved meir enn 35 høve og tre gonger til ein tilsynskonferanse. I heile denne tida vart gjort vedtak som påverkar gjennomføringa, og partane var difor samde om at avtalen måtte ajourførast for å spegle desse vedtaka. Den ajourførde versjonen er først og fremst til «operasjonell» bruk, for å hjelpe dei som deltek mest aktivt i inspeksjonar, osv. Grunnavtalen er framleis uendra.

4. Frivillige tiltak. Partane deltok aktivt i frivillige program. Nokre av dei viktigaste aktivitetane i året som gjekk, er nemnde her:

A. Åtferdskodeks. Tyskland, Finland og Romania stilte til rådvelde sakkunnige, som heldt tre åtferdskodeksseminar. Ein kan merke at dei oppmøtte deltek mykje meir aktivt og viser mykje større interesse. Liknande seminar står på programmet for neste år.

B. Øvingar i observasjon frå lufta. Som nemnd tidlegare var det to slike øvingar dette året som var utforma med sikte på å validere føresegnene i Protokollen om observasjon frå lufta. Sjølv om den opphavlege meininga med denne ordninga var å auke risikoreduksjonstiltaka, har protokollen vorte utvida til å omfatte flygingar til støtte for humanitære innsatsar (i Bosnia-Hercegovina).

C. Inspektøropplæring. NATO-skulen i Oberammergau støttar framleis Dayton-avtalen ved å halde kurs for inspektørar. Opplæringskursa for inspektørar vil halde fram i dei komande åra. For å unngå overlapping og duplisering ber vi om at alle bilaterale og andre initiativ vert samordna med kontoret til den personlege representanten.

D. Arbeidsgruppa for felles handbøker. Denne gruppa har som oppgåve å utarbeide skriftlege prosedyrar for korleis dei respektive væpna styrkane i Eininga skal flytte seg når dei kryssar grenselina i Eininga for å yte hjelp under naturkatastrofar eller menneskeskapte katastrofar.

E. Revisjonar. Etter nesten to år vart budsjetta til forsvarsdepartementa for dei væpna styrkane i Eininga reviderte. Føderasjonen Bosnia-Hercegovina gav eit lag av internasjonale revisorar løyve til å undersøkje forsvarsdepartementa sine journalar. Republika Srpska gjennomførte ein intern revisjon utan hjelp frå internasjonale revisorar. Begge revisjonsrapportane vert oppbevart i dei respektive forsvarsdepartementa. Republika Srpska og Føderasjonen Bosnia-Hercegovina har vorte gratulert for denne øvinga i tillitsskaping og vil verte oppmoda til å verte endå opnare i framtida.

5. Samandrag. Gjennomføringa av Protokollen om verifisering og Protokollen om meldingar og utveksling av informasjon held fram nesten utan lyte. Som i alle inspeksjonsordningar førekjem det problem, men med tanke på det unike miljøet der denne avtalen vert gjennomførd, er det godt gjort at partane greier å gjennomføre inspeksjonane sine så rutinemessig og utan vanskar. Eg ønskjer i denne samanhengen å rose SFOR, og særleg generalløytnant Sylvester, for framifrå støtte og samarbeid frå han og personalet hans. Partane kan gratulerast med dei ulike protokollane som vart vedtekne i året som gjekk, og med dei viktige vedtaka som vart gjorde i møte i Den felles rådgjevande kommisjonen og på den tredje tilsynskonferansen. Militære kontaktsendelag er framleis eit diskusjonsemne. Den opphavlege tanken med desse sendelag har vorte innhenta (på ein positiv måte) av det som har hendt. Høgtståande militære sjefar i dei respektive væpna styrkane i Eininga har direkte kontakt med og deltek aktivt i Den felles militærkomiteen. Den felles rådgjevande kommisjonen vurderer korleis ein mest effektivt kan bruke militære kontaktsendelag.

Til slutt er det verdt å leggje særleg merke til at ein i denne rapporten ikkje har nemnt politisk uro, noko som ein ofte har gjort tidlegare. Tidleg på året forlét visse kroatiske representantar i forsvarsdepartement i føderasjonen postane sine, mellom andre mange soldatar og offiserar, men gjennomføringa av avtalen vart ikkje negativt påverka.

Avtalen om subregional rustingskontroll (artikkel IV)

  1. Inspeksjonar. Dei planlagde inspeksjonane er gjennomførde (med dei unntaka som er nemnde nedanfor).

  2. Årleg utveksling av informasjon. Kvaliteten på den årlege informasjonsutvekslinga vert betre for kvart år, nemleg når det gjeld presisjonen på data.

  3. Samandrag. Stor sett er Artikkel IV-avtalen gjennomførd fullt ut, med eitt unntak: inspeksjonar ved Bosnia-Hercegovina. Avtalen gjev alle partar rett til gjennomføre inspeksjonar. Men Bosnia-Hercegovina har ikkje vore i stand til å gjennomføre slike inspeksjonar. Tekniske problem vart fullstendig løyste då Føderasjonen Bosnia-Hercegovina gav ein inspeksjonskvote til Bosnia-Hercegovina. Det er berre «politiske» hindringar som står i vegen for inspeksjonar ved Bosnia-Hercegovina. Republika Srpska er framleis den einaste parten som blokkerer slike inspeksjonar.

Del II: Framtidige aktivitetar

Avtalen om tillits- og tryggleiksskapande tiltak i Bosnia-Hercegovina

Det vert teke tilbørlig omsyn til prosessen med å straumlineforme dei internasjonale organisasjonane i Bosnia-Hercegovina. Eg vil halde fram med å arbeide nært saman med dei andre internasjonale organisasjonane i Sarajevo for å minske overlapping og å sikre at eg er i harmoni med den kollektive sluttstatusen. Eg vil enno ein gong nemne at det er eit svært nært samarbeid med SFOR og OHR. Det er eit endå nærare samarbeid mellom meg og ambassadør Beecroft. Eit av dei langsiktige måla mine er å stadig auke organisasjonar og institusjonar på statleg nivå i Bosnia-Hercegovina. Når det gjeld gjennomføringa av avtalen, er hovudfokuset mitt framleis å føre tilsyn med inspeksjonsordninga, sjølv om det vert lagt meir vekt på frivillige tiltak. Det er gjennom desse frivillige tiltaka at sann tillit og tryggleik vert utvikla. Eg vil difor halde fram med å aktivt oppmode partane til å delta i kvar aktivitet som fremjar tillit og openskap. Eg vil halde fram med å arbeide for større innsyn i militærbudsjetta og fremje åtferdskodeksseminar.

Avtalen om subregional rustingskontroll

Eg trur at sjølv om dei strenge våpenkontrolltiltaka i denne avtalen vert gjennomførde, kan ein oppnå meir. Eg vil halde fram med å oppmode partane til å undersøkje om ein kan minske talet på ulike utstyrseiningar som ein no har i unnatekne kategoriar. Eg vil støtte alle forsøk på å gjennomføre tillits- og tryggleiksskapande tiltak som er utforma med sikte på å få større openskap og innsyn.

Konklusjon

Partane i begge avtalane held fram med å betre gjennomføringa og dei årlege informasjonsutvekslingane. Sjølv om OSSE framleis gjev støtte til begge ordningane, er ikkje støtte eit absolutt krav for å få ei vellukka gjennomføring. Eg ser fram til ei tid då OSSE si deltaking i gjennomføringa av begge ordningane er mindre, og då partane har teke på seg større eigarskap i dei respektive ordningane sine.

Til slutt ønskjer eg å takke dei mange OSSE-landa som konsekvent støttar Dayton-fredsprosessen, og oppmodar til å gje slik støtte i år òg. Men særleg ønskjer eg å takke landa som har gjeve frå seg tenestemenn til personalet til den personlege representanten i året som gjekk, og i tidlegare år.

Til forsida