2 Førebyggjande tryggleiksteneste
Den førebyggjande tryggleikstenesta er av defensiv karakter, og består av fysiske, organisatoriske, personellmessige og logiske tiltak som skal søkje å hindre at spionasje, sabotasje og terrorhandlingar blir i satt i verk mot skjermingsverdig informasjon eller objekt. Desse tiltaka er regulert i sikkerhetsloven. Førebyggjande tryggleiksteneste blir gjerne delt inn i kategoriane informasjonstryggleik, objektstryggleik og personelltryggleik.
Det utøvande ansvaret for førebyggjande tryggleiksteneste ligg hos Nasjonalt tryggings-organ (NSM). Kvart einskild departement har det overordna ansvaret for førebyggjande tryggleik i eiga sektor; sektorprinsippet. I sivil sektor har Justisdepartementet eit overordna ansvar. På same måte har Forsvarsdepartementet det overordna ansvaret i militær sektor. Forsvarsdepartementet har vidare det administrative ansvaret for Nasjonalt tryggingsorgan, samt forvaltningsansvaret for sikkerhetsloven.