6 Evaluering av dagens ordning
Ot. prp. nr. 59 (2004-2005) blei utarbeida på grunnlag av arbeidsgrupperapporten «Grenseland mellom rettssikkerhet og personellsikkerhet». Rapporten drøfta den klareringsstyresmaktsstruktur som gjeld i dag. Det blei konkludert med at dagens høge tal av klareringsstyresmakter, førte til ein uakseptabel situasjon med omsyn til rettstryggleiken.
Arbeidsgruppa gjekk gjennom ei rekkje saker frå ulike klareringsstyresmakter. Denne gjennomgangen viste at fleire saker blei underlagt ulik sakshandsaming og fekk ulike resultat. Dette trass i sams regelverk og tilsynsorgan.
Departementet meiner på denne bakgrunnen at det er grunnlag for å hevde at stor fragmentering og utbreid geografisk spreiing av klareringsstyresmaktene, fører til risiko for at klareringssaker kan bli underlagt ulik sakshandsaming, slik at like saker kan få ulike resultat. Det må såleis setjast i verk tiltak for å redusere talet på klareringsstyresmakter.