9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Organisasjonsendringar av klareringsstyresmaktene vil føre til økonomiske og administrative konsekvensar. Omfanget av konsekvensane vil bero på val av løysing av dei fire skisserte alternativa. Alle alternativa bør kunne gje synergieffektar som samla sett vil føre til mindre bruk av ressursar.
Departementet sitt forslag til løysing, ei justert vidareføring av dagens modell der blant anna fylkesmennene si klareringsstyresmakt blir samla, er det alternativ som vil føre til minst konsekvensar. Som opplyst ovanfor vil denne løysinga ikkje rokke med prinsippa i dagens struktur, herunder klageordninga.
Det er klart at dette forslaget vil ha bering på fylkesmennene, særleg dei to nevnte embeta som overtar dei øvrige fylkesmennene sine klareringssaker. Departementet kan ikkje sjå at dette skulle føre til vesentlege konsekvensar for dei aktuelle fylkesmennene, nettopp fordi det er tale om relativt få saker. Fylkesmannen i Oslo og Akershus og fylkesmannen i Rogaland må rekne med at sentraliseringa innan deira ansvarsområde vil medføre eit merarbeid tilsvarande ca. ei halv stilling.