5 Verksemda til Kredittilsynet i 2008
Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde. Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ei nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga til Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsføretak, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsformidlarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 14, jamfør verdipapirhandellova § 15-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 30, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, tilsynet med revisorar og revisjonsføretak etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jamfør kredittilsynslova § 1 nr. 12 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jamfør kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter kredittilsynslova § 1 nr. 18. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av styresmaktene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på eit føremålstenleg og trygt vis i samsvar med lov og føresegner og med det føremålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjere dei undersøkingane om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jamfør kredittilsynslova § 3.
Kredittilsynet blir leia av eit styre på fem medlemmer, oppnemnt av Kongen for ein periode på fire år, jamfør kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 1. mars 2006. Styret i Kredittilsynet har i 2008 vore samansett slik:
Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar
Advokat Endre Skjørestad, nestleiar
Tingrettsdommar Marianne Berg, styremedlem
Professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem
Advokat Eli Aas, styremedlem
Professor Mette Bjørndal, første varamedlem
Avdelingsdirektør Jostein Skaar, andre varamedlem
Representantar for dei tilsette:
Internasjonal koordinator Nina Moss
Spesialrådgivar Knut Godager
Fagdirektør i Noregs Bank, Birger Vikøren, har vore observatør i styret. Fagdirektør Arild J. Lund har vore varamedlem.
Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga:
«Ved utgangen av 2008 var det 235 fast tilsette i Kredittilsynet, mot 220 ved utgangen av 2007. Av dei fast tilsette er det 54 prosent kvinner. Blant dei tilsette har 88 prosent høgare utdanning. I leiargruppa var det 43 prosent kvinner i 2008. Av alle som har leiaransvar var det òg 43 prosent kvinner. Lønna til kvinnene var 88,5 prosent av lønna til mennene i 2008, mot 89,5 prosent i 2007.
(...) Ved utgangen av 2008 hadde Kredittilsynet 55 medarbeidarar med god erfaring (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn. Utskiftingsprosenten blant medarbeidarane var på ti i 2008, mot 11 i 2007. Kredittilsynet lykkast såleis etter måten godt med å halde på både medarbeidarar med lang tilsynserfaring og medarbeidarar med høg kompetanse som er utvikla internt. For å få til dette er det naudsynt med ein fleksibel lønns- og personalpolitikk.»
Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var i overkant av 236 millionar kroner i 2008 (samla budsjett), ein auke på 19,1 prosent frå 2007. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing av avgift frå dei tilsynspliktige, med unnatak av eit tilskot på om lag 10,9 millionar kroner frå Noregs Bank til dekking av meirutgifter til husleige som følgje av at Kredittilsynet ikkje kunne flytte inn i lokala i Noregs Bank på opphavleg planlagt tidspunkt hausten 2008. Dette gjorde det naudsynt å inngå kortsiktige leigekontraktar med noverande huseigar.
Kredittilsynet si årsmelding inneheld nærare omtale av administrative tilhøve i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknadene og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til Kredittmeldinga 2008. Samstundes med årsmeldinga for 2008 la Kredittilsynet fram ein eigen rapport om «Tilstanden i finansmarkedet».