1 Saker som er behandla av Finansdepartementet i 2008 etter finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova, banklovane og einskilde andre lover
Oversikta gir opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er stilt vilkår. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.
Forkortingar:
børsl. – lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børslova); lov 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet (børslova)
fbl. – lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker
finl. – lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsverksemdslova)
forsl. – lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringslova)
spbl. – lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker
vphl. – lov av 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova); lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel
vprl. – lov 5. juli 2002 nr. 64 om registrering av finansielle instrumenter (verdipapirregisterlova)
e-pfl. – lov 13. desember 2002 nr. 74 om e-pengeforetak
Fem løyve til å drive forsikringsverksemd og endring av vilkår
28.05.2008 – 07/1683
Netfonds Livsforsikring AS. Utvida løyve til å drive livsforsikringsverksemd.
Heimel: forsl. § 2-1.
27.06.2008 – 08/1211
DnB Nor ASA. Løyve til å etablere skadeforsikringsselskap. Vilkår.
Heimel: forsl. § 2-1.
03.07.2008 – 07/1829
Maris Energy Insurance AS. Endring av løyvevilkår.
Heimel: forsl. § 2-1.
11.07.2008 – 08/252
Gabler & Partners AS. Løyve til å drive forsikringsverksemd. Vilkår.
Heimel: forsl. § 2-1.
11.09.2008 – 06/3655
Hammersborg Forsikring AS. Utvida løyve. Vilkår.
Heimel: forsl. § 2-1.
Fire løyve til å drive finansieringsverksemd og endring av vilkår
31.01.2008 – 08/569
Skandiabanken Bilfinans AS. Fritak frå krava til styresamansetjing.
Heimel: finl. § 2-8.
29.05.2008 – 08/1166
Bank Centigo. Løyve til å etablere forretningsbank. Vilkår.
Heimel: fbl. § 8 første ledd.
30.05.2008 – 08/2781
Frontier Fund KS og Global Fund KS. Løyve til å drive finansieringsverksemd. Vilkår.
Heimel: finl. § 3-3 første ledd jamfør kgl. res. 10. juni 1988 nr. 457.
27.05.2008 – 08/1244
Landkreditt Finans AS. Løyve til å drive verksemd som kredittføretak. Vilkår. Felleskjøpet AB fekk godkjenning til å eige 34 pst. av aksjane i Landkreditt Finans AS. Landkreditt Bank AS fekk godkjenning til å eige 56,01 pst. av aksjane i Landkreditt Finans AS.
Heimel: finl. §§ 2a-3, 2a-7, 2a-11, 3-3 og 3-10.
Elleve vedtak i samband med finanskonsernreglane
08.01.2008 – 07/4028
Storebrand Livsforsikring AS. Endring av vilkår i løyve 16. november 2007 til erverv av SSP-gruppen. Vilkår.
Heimel: finl. §§ 2a-3, 2a-6, 2a-7, 2a-7, 2a-8, forsl. §§ 3-7, 6-1.
16.01.2008 – 07/952
Kaupthing Bank hf. Avslag på søknad om løyve til å erverve 25 pst. av aksjane i Storebrand ASA.
Heimel: finl. §§ 2-2, jamfør 2-3.
31.01.2008 – 07/4952
DnB Nor Finans AS. Løyve til å erverve alle aksjar i Leasing AB (Bilfinans Sverige). Godkjenning av ny konsernstruktur som følgje av ervervet av Skandiabanken Bilfinans AS og Leasing AB (Bilfinans Sverige). Vilkår.
Heimel: finl. §§ 2a-3, 2a-6.
14.02.2008 – 02/257
Statnett SF og Affärsverket Svenska Kraftnät. Mellombels dispensasjon til kvar å eige 50 pst. av aksjane i Nord Pool ASA. Vilkår. Nord Pool ASA fekk mellombels dispensasjon til å eige alle aksjar i Nord Pool Clearing. Vilkår.
Heimel: børsl. § 35, vphl. § 13-1.
13.06.2008
DnB Nor Bank ASA. Godkjenning til å eige alle aksjar i Nordlandsbanken ASA. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-6.
03.07.2008 – 08/1792
Sparebanken Sør. Godkjenning til å erverve 10 pst. av aksjane i Frende Holding AS.
Heimel: forsl. § 2-1 første ledd, jamfør finl. § 2-3.
10.10.2008 – 08/5161
Gjensidige Forsikring BA. Godkjenning til å eige 24,99 pst. av aksjane i Storebrand ASA. Vilkår.
Heimel: finl. § 2-2.
17.10.2008 – 08/1410
Nord Pool International AS. Mellombels dispensasjon til å eige alle aksjar i Nord Pool Clearing ASA. Vilkår. OMX Nordic Exchange Stockholm AB. Løyve til å drive oppgjersverksemd i Noreg.
Heimel: vphl. § 13-1.
04.12.2008 – 08/5994
Bankar i Sparebank 1-alliansen. Løyve til å erverve alle aksjane i Glitnir Bank ASA. Vilkår.
Heimel: finl. § 2-2, jamfør §§ 2-3 og 2-6.
19.12.2008 – 08/5994
Bankar i Sparebank 1-alliansen. Justering av løyve. Samarbeidende Sparebanker Bankinvest AS fekk løyve til å eige 20 pst. av aksjane i Glitnir Bank ASA.
Heimel: finl. § 2-2, jamfør § 2-3.
23.12.2008 – 03/3530
DnB Nor ASA/DnB Nor Bank ASA. Godkjenning til å eige inntil 19,2 pst. av aksjane i Oslo Børs VPS Holding ASA. Vilkår.
Heimel: børsl. § 35, vprl. § 5-2.
To fusjonar mellom finansinstitusjonar
28.03.2008 – 08/498
Sparebanken Telemark og Sparebanken Grenland. Løyve til å slutte seg saman. Vilkår.
Heimel: spbl. § 47, jamfør § 5.
13.08.2008 – 08/3194
Sandsvær Sparebank, Sparebanken Vestfold og Sparebank 1 Buskerud-Vestfold. Løyve for Sandsvær Sparebank og Sparebanken Vestfold til å slutte seg saman med Sparebank 1 Buskerud-Vestfold.
Heimel: spb. § 47, jamfør § 5.
Tre vedtak om oppretting av filial og dotterselskap i utlandet
29.04.2008 – 03/3538
Gard Marine & Energy Limited. Godkjenning til å opprette filial i Sverige. Vilkår.
Heimel: finl. § 2a-3 fjerde ledd.
19.05.2008 – 08/2749
DnB Nor. Godkjenning til å opprette filial i Santiago de Chile. Vilkår.
Heimel: § 2a-3 fjerde ledd.
26.08.2008 – 08/3301
International Maritime Exchange ASA. Løyve til å ha dotterselskap i Italia. Vilkår.
Heimel: børsl. § 8.