St.meld. nr. 36 (2007-2008)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa prioriterer det nordiske samarbeidet. Norden, naboområda og nordområda dannar eit naturleg utgangspunkt for hovudprioriteringar i norsk utanrikspolitikk. Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa legg særleg vekt på dialog med dei nordiske landa og vil utvikle potensialet i samarbeidet, også sett i samanheng med europeiske samarbeidsspørsmål.

Samtidig som aukande globalisering er med på å tone ned tradisjonelle skilje mellom landa, vert regionane viktigare som politiske samarbeidsarenaer. Norden som region, med det kultur- og språkfellesskapet vi har her, har særleg gode føresetnader for å sameine krefter i møtet med dei utfordringane framtida byr på. Det nordiske samarbeidet er prega av ein ny dynamikk med stor breidd og nye initiativ. Med den nordiske velferdsmodellen står dei nordiske landa godt rusta til å møte den nye tida som følgjer med globaliseringa.

Globaliseringsinitiativet i erklæringa frå statsministrane etter sommarmøtet i Punkaharju i 2007 peikte ut retninga for eit utdjupa samarbeid om utfordringar som landa står overfor. Initiativet legg særleg vekt på klima, miljø, energi, forsking, innovasjon og grensehinder, prioriteringar som samsvarer godt med norsk politikk. Samla kan dei nordiske landa få til meir enn kvar for seg.

Dei roterande, eittårige formannskapane gir landa høve til å setje sitt politiske preg på aktivitetane i Ministerrådet ( www.norden.org), med felles nordisk nytte som forankring. Den svenske formannskapen i 2008 har arbeidd med å følgje opp globaliseringsinitiativet. Formannskapsprogrammet legg vekt på Norden som føregangsregion på sentrale samfunnsområde som teknologiutvikling og forsking, og understrekar potensialet som ligg i dette når det gjeld å styrkje konkurranseevna og minske faren for sosial utestenging. Nye initiativ skal styrkje avviklinga av grensehinder.

Ei svært viktig side ved det nordiske regjeringssamarbeidet er det kontinuerlege samarbeidet på ulike politikkområde som dei nordiske institusjonane støttar opp om. Arbeidet i fagministerråda utvidar og utdjupar det nordiske fellesskapet. Det nordiske samarbeidet er dessutan ein viktig kanal for å påverke regelverksutviklinga i EU. Samarbeidet med frivillige aktørar, ikkje minst Norden-foreiningane, forsterkar den folkelege forankringa.

Under sesjonen i Oslo i 2007 stilte Nordisk Råd seg bak forslaget frå Ministerrådet om å styrkje dei sjølvstyrte områda (Færøyane, Grønland og Åland) som deltakarar i det nordiske samarbeidet.

Dei seinare åra har Ministerrådet lagt stor vekt på samarbeid mellom Norden og nabolanda. Det er utvikla eit nært samarbeid med dei andre regionale råda (Arktisk råd, Barentsrådet, Austersjørådet). Den nordlege dimensjonen er viktig for eit forsterka nordisk samarbeid med Nordvest-Russland.

I kapittel 2 i meldinga vert det orientert om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet. Globalisering og grensehinder vert spesielt trekte fram. Kapittel 3 ser på samarbeidet med nabolanda til Norden. Kapittel 4 er vigd til samarbeidet på faglege område. Kapittel 5 orienterer om anna nordisk regjeringssamarbeid, mellom anna det utanriks- og forsvarspolitiske samarbeidet.

Lenkje til det svenske formannskapsprogrammet for 2008 er www.regeringen.se.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd ut­arbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Til forsida