St.meld. nr. 36 (2007-2008)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Globaliseringsinitiativet

Ei globalisert verd der endringane skjer i stadig aukande tempo, krev grenseoverskridande løysingar på globale spørsmål. Økonomi og teknikk endrar seg fort, mens strukturane for felles politiske vedtak og internasjonale samarbeidsformer i stor grad følgjer tradisjonelle mønster. Dei globale utfordringane er omfattande og krev stor merksemd globalt, og også i dei nordiske landa. Men framtida byr òg på nye positive utsikter for det nordiske samarbeidet og for Nordens rolle i verda.

I nesten alle internasjonale samanlikningar plasserer Norden seg i toppen. Ikkje berre når det gjeld barn, likestilling, velferd og ein stor offentleg sektor, men òg på område som vekst og produktivitet skårar Norden høgt. Det er såleis inga motsetning mellom ein velutvikla økonomi og ein stor offentleg, fellesskapsfinansiert sektor, slik ein del økonomar tidlegare har hevda. Norden som region har eit sterkt fellesskap i kjerneverdiar som dannar eit unikt utgangspunkt for å søkje mot felles løysingar. Den nordiske samfunnsmodellen har stor grad av sosial tryggleik, er open mot omverda, gir innbyggjarane rom til å delta og velje, viser evne til omstilling og samarbeid og er kjenneteikna av eit høgt utdanningsnivå og balanse mellom vekst og berekraft. På den eine sida er dette eit eineståande utgangspunkt for å søkje mot felles løysingar, på den andre sender det ein viktig bodskap ut over dei nordiske grensene. På same tid som det vert ei stor utfordring å oppretthalde og vidareutvikle modellen, har Norden her eit potensial til å påverke den globale politikken ytterlegare. Den nordiske velferdsmodellen er interessant og relevant for andre.

Dei nordiske statsministrane la dei overordna føringane for ein fornya fellesnordisk innsats for å møte globaliseringa på sommarmøtet i Punkaharju i juni 2007. Dei politiske satsingane fremjar forsking, innovasjon, klima, energi og miljø. Fjorten konkrete forslag er til behandling i dei respektive fagkomiteane eller arbeidsgruppene:

  • Globaliseringsforum

  • Nordisk toppforsking

  • Innovasjonsrepresentasjonar i Asia

  • Ny nordisk innovasjonspris

  • Felles nordisk EnergiExpo

  • Verdsutstillinga i Shanghai i 2010

  • Nordisk engasjement som innspel til klimaforhandlingane

  • Arbeid mot grensehinder i Norden

  • Overordna plan for utvikling av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet (NORIA)

  • Plan for å fremje høgare utdanning i Norden

  • Prosjektplan for god opplæring til ungdom og vaksne

  • Søkjelys på klimaendringane og deira konsekvensar for naturressursane i Norden

  • Utvikling og profilering av Norden som senter for kreative industriar

  • Harmonisering av den nordiske el-marknaden

Hausten 2008 skal det gjerast vedtak om implementering og oppfølging. Samarbeidsministrane er ansvarlege for arbeidet, mens generalsekretæren i Nordisk Ministerråd skal koordinere utviklinga av dei konkrete innsatsane. Prosessen vert gjennomført i samarbeid med landa, fagministerråda og nordiske institusjonar. Globaliseringsaktivitetane skal i hovudsak finansierast innanfor den gjeldande budsjettramma i Nordisk Ministerråd, men det er venta at dei vil utløyse tilleggsmidlar frå andre kjelder. Det føreslåtte toppforskingsprogrammet skal ha fokus på klima, energi og miljø, med helse og velferd som neste steg. I tillegg til nordiske og nasjonale midlar vert det nødvendig å finansiere dette programmet med synergikoplingar til næringsliv, EU-program og andre kjelder.

Eit globaliseringsforum samla dei nordiske statsministrane og representantar for næringsliv og forskingsmiljø 8.–9. april 2008. Målsetjinga med forumet var å stimulere til brei diskusjon om ei nordisk tilnærming til dei framtidsutsiktene globaliseringa opnar for. Det neste globaliseringsforumet skal haldast på Island i slutten av februar 2009.

Sjå elles dei enkelte fagområda.

Pressemelding frå møtet mellom statsministrane i Punkaharju i juni 2007 er lagd ved.

Erklæring frå statsministrane etter globaliseringsforumet 8.–9. april 2008 er lagd ved.

2.2 Grensehinder

Grensehinder er til ulempe for alle innbyggjarar og verksemder og til skade for samfunnsøkonomien. I ei tid då stadig fleire nordiske innbyggjarar driv grensekryssande aktivitetar i form av arbeid, næringsverksemd, studium og anna, møter mange av dei hindringar som skaper utfordringar i kvardagen.

Formålet med å byggje ned grensehinder er å fremje integrasjon mellom dei nordiske landa, gjere kvardagen enklare for nordbuar som kryssar grensene i Norden, og i størst mogeleg grad å skape eit «grenselaust» Norden, mellom anna for å styrkje velferda og auke konkurranseevna i regionen.

Nordisk Ministerråd har dei seinare åra teke initiativ til ei lang rekkje tiltak for å sikre at innbyggjarane i Norden kan reise mest mogeleg fritt og uhindra mellom landa.

Innbyggjarane i Norden har forventningar til det nordiske samarbeidet på grensehinderområdet, men fullstendig nedbygging av grensehinder er verken realistisk eller ønskeleg. Dei nordiske landa kjem framleis til å ha ulike lover og regelverk på mange område, sjølv om det vert arbeidd aktivt for å oppnå større grad av harmonisering på mange felt. Utfordringa vert å fjerne hinder der det er mogeleg, å redusere konsekvensane av hinder som vert ståande, og ikkje minst å sørgje for at informasjon om relevante regelverk er lett tilgjengeleg for innbyggjarane. Samtidig må det arbeidast for å unngå at ny lovgiving skaper nye hinder.

Grensehinderforum

Dei nordiske statsministrane vedtok på møtet i juni 2007 at det skal arbeidast aktivt for å fjerne hinder som innbyggjarane støyter på i nordisk samhandling.

Den etablerte ordninga med eigne pådrivarar på næringslivs- og sosial- og helseområdet er fasa ut. Grensehinderforum vart oppretta av samarbeidsministrane hausten 2007 og skal vidareføre arbeidet.

Grensehinderforum ( www.regjeringen.no) skal ha ansvar for å identifisere hinder, vurdere innrapporterte problem og prioritere mellom desse. Vidare skal forumet sjå til at nasjonale styresmakter og departement engasjerer seg i arbeidet med å komme fram til konkrete løysingsforslag for dei aktuelle problema. Forumet skal ha tilgang til ministrar, departement og styresmakter for å sikre politisk støtte, og det skal ikkje minst drøfte og finne svar på dei enkelte problema. Grensehinderforum skal òg lette mobiliteten mellom landa ved å styrkje informasjonen om regelverk i dei ulike landa. Vidare legg forumet stor vekt på at forvaltninga i landa må vere på vakt mot å la ny lovgiving skape nye hinder. Dette gjeld mellom anna ved implementering av EU-direktiv.

Den finske ambassadøren Ole Norrback er leiar for Grensehinderforum. Saman med generalsekretæren i Nordisk Ministerråd rapporterer han til dei nordiske statsministrane. Tidlegare stortingsrepresentant og fiskeri- og samarbeidsminister, riksrevisor Bjarne Mørk-Eidem, er norsk representant i Grensehinderforum. Han har teke opp konkrete grensehinder i møte med politikarar og høgare embetsmenn på ei rekkje sektorar.

Grensehinderforum skal òg dra nytte av erfaringar frå det bilaterale grensehinderarbeidet. Difor er det etablert ei norsk-svensk arbeidsgruppe under leiing av grensehinderrepresentantane for dei to landa. Arbeidsgruppa skal hente fram eksempel på bilaterale hinder og lansere konkrete løysingsforslag. Gruppa hadde sitt første møte i juni 2008.

Næringspolitisk sektor

Arbeid med grensehinder er eit viktig område også næringspolitisk.

I august 2007 la NICe fram ein rapport, «Frå grensehinder og problem til forenkling og mark­nadsopning», som gjer greie for kva NICe gjer for å fjerne grensehinder for næringslivet i Norden. Rapporten inneheld forslag til strategiar og tiltak for å fremje eit grenselaust nordisk næringsliv, og er samtidig eit innspel til det nordiske stats­ministerinitiativet på grensehinderområdet.

For å møte dei særskilde utfordringane dei nordiske grenseregionane står overfor og utnytte potensialet deira, er det særleg viktig å setje fokus på konkrete grensehinder. Med sitt fokus på den territoriale dimensjonen i samfunnsutviklinga har regionalpolitikken ei spesiell rolle som strategisk bindeledd mellom ulike politikkområde og sektorinteresser.

Arbeidsmarknaden

Ein felles nordisk arbeidsmarknad utan grenser har eksistert lenge, og vart formalisert gjennom ein avtale så tidleg som i 1954. Frå 1986 til 2006 har vi i Noreg hatt ei nettoinnvandring på noko over 17 000 svenske, om lag 5000 danske og drygt 2500 finske statsborgarar. Av 73 000 busette innvandrarar som var sysselsette i fjerde kvartal 2006, var heile 33 000 frå dei nordiske landa.

Gode konjunkturar og høge lønningar påverkar arbeidskraftvandringane og viser korleis nordiske innbyggjarar aktivt utnyttar den felles nordiske arbeidsmarknaden.

I ministerrådet for arbeidsliv held det aktive samarbeidet fram med sikte på å vidareutvikle den geografiske mobiliteten og tilpassingsevna på den nordiske arbeidsmarknaden. Landa har kontakt om gjennomføring av nye EU-direktiv i nasjonal lovgiving for å unngå at nye grensehinder oppstår.

Som følgje av at arbeidsmarknadene i Norden er vorte stadig tettare integrerte, deltok dei nordiske finansministrane hausten 2007 i ei erfaringsutveksling om mobilitet og pendling i dei nordiske arbeidsmarknadene og dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av dette. Sjølv om integrasjonen har vore vellykka, står det framleis att grensehinder som svekkjer mobiliteten på arbeidsmarknaden. I denne samanhengen vart det offentleggjort to rapportar om drivkrafta bak og effektane av mobilitet og pendling mellom dei nordiske landa.

Trygdesektoren

I trygdesektoren har det vore arbeidd aktivt med grensehinderproblematikken sidan 2003. Den nordiske trygdegruppa (sosialforsikringsgruppa) har eit hovudansvar for dette arbeidet og skal mellom anna vurdere konkrete problemstillingar og foreslå løysingar med tanke på å avskaffe grensehinder på området.

Døme på saker som gruppa har sett på, er forskjellane landa imellom når det gjeld fastsetjing av rett til uførepensjon, mellom anna reglane om rehabilitering og attføring.

Når det gjeld retten til uførepensjon, har det vore foreslått å la vurderinga av uføregrad i eitt nordisk land gjelde også i dei andre nordisk landa. Dette er eit ønske om harmonisering av regelverka i Norden som mellom anna kom til uttrykk i Nordisk Råds rekommandasjon nr. 5/2003.

Den nordiske trygdegruppa har vurdert problemstillinga ved fleire høve, men det har vist seg vanskeleg å finne støtte for ei slik løysing. Det er eit faktum at det er store forskjellar i reglar og kriterium mellom landa, og ein kan ikkje utan vidare leggje samanfallande fastsetjing og gradering av uførleik til grunn.

Sjølv om verknadene berre gjer seg gjeldande i tilfelle med bustad og arbeid i minst to av landa, får ei harmonisering av uførekriteria budsjettmessige følgjer og reiser spørsmål om endringar i lovgivinga. I dei nordiske landa har det dei seinare åra generelt vore lagt vekt på å unngå varig pensjonering og å hjelpe den enkelte tilbake i arbeid. Etter ei nøktern vurdering er det neppe realistisk å få i stand ei samanfallande uførevurdering eller å komme dit at kvart land i det minste skal godta dei vurderingane dei andre gjer på dette punktet. Det er gitt klare signal om at dette ikkje er aktuelt.

Den nordiske trygdegruppa har på denne bakgrunnen konkludert med at både ulikt lovgrunnlag og ulike vurderingsprinsipp gjer det vanskeleg å overføre rettar direkte og å harmonisere regelverket i dei nordiske landa på dette området. Desto viktigare vert det ifølgje gruppa å konsentrere innsatsen om administrative forenklingar og forbetringar, og på initiativ frå gruppa er det utvikla ein samarbeidsmodell for å styrkje den administrative samhandlinga og få til ei raskare, betre samkøyrd og meir effektiv behandling av desse sakene i Norden. Målet er at saksopplysningar som vert oversende til eit anna land, skal vere klare nok til å stette krava i mottakarlandet. Det kan gi gode resultat på relativt kort sikt.

Internettportalar

Ein nordisk internettbasert portal om trygdeytingar i Norden vart opna under sosialministermøtet i Visby i juni 2008 (www.nordsoc.org).

På det økonomiske og finanspolitiske området er det òg gjennomført tiltak for å byggje grensehindera mellom dei nordiske landa ytterlegare ned, mellom anna i samband med den nordiske skatteportalen som vart oppretta i 2005.

Nordisk skatteportal

Nordisk eTax er utvikla i samarbeid med Nordisk Råd og skattestyresmaktene i Sverige, Finland, Noreg og Island (www.Nordisketax.net).

Hallo Norden

Hallo Norden er Nordisk Ministerråds informasjonsteneste for personar og småbedrifter i Norden. Formålet med Hallo Norden er å kartleggje problem og manglar i det nordiske regleverket og samarbeide med relevante aktørar på nasjonalt og nordisk nivå for å fjerne grensehinder (www.hallonorden.org).

Grensetenesta i Morokulien

Grensetenesta i Morokulien er eit grense- og styresmaktoverskridande samarbeid med sikte på å lette økonomisk aktivitet og vekst på begge sider av den svensk-norske grensa. Nøkkelord er informasjon, fjerning av grensehinder på lokalplan og arbeidsformidling/rekruttering. I organiseringa av verksemda inngår eit grenseråd beståande av styresmaktpersonar og andre samarbeidspartnarar frå dei to landa. Rådet møtest to gonger i året. Ved at ulike styresmakter frå begge landa deltek, vert det skapt ein arena der aktuelle aktørar kan møtast i løysingsorienterte arbeidsgrupper og diskutere ulike forhold i dei respektive landa (www.grensetjansten.no). På norsk side er verksemda finansiert over dei tre mest relevante departementa: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Også lokale og regionale styresmakter og aktørar medverkar.

2.3 Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet. I tillegg til nær og kontinuerleg kontakt i nordiske og andre internasjonale spørsmål har statsministrane regelmessige møte. På dagsordenen står både nordiske, europeiske og andre internasjonale spørsmål. Sidan den førre stortingsmeldinga om det nordiske samarbeidet har det vore tre møte mellom statsministrane. Det første var i tilknyting til sesjonen i Nordisk Råd i Oslo frå 29. oktober til 1. november 2007, det andre under globaliseringsforumet i Riksgränsen 8.–9. april 2008 og det siste i Vadstena 15.–16. juni 2008.

Særleg på møtet i samband med sesjonen står nordiske spørsmål sentralt på dagsordenen. Under sesjonen er det òg møte med Nordisk Råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Det neste nordiske statsministermøtet finn stad i tilknyting til Nordisk Råds sesjon i Helsingfors i oktober 2008.

Statsministrane har stadfest sitt engasjement for ein samla innsats i møtet med ei globalisert verd. Generalsekretæren i Nordisk Ministerråd orienterte om framdrifta i globaliseringsinitiativet under sesjonen og på sommarmøtet i Vadstena.

Globaliseringsforum, med statsministrane som deltakarar, finn neste år stad på Island, som står som arrangør i samarbeid med sekretariatet i Nordisk Ministerråd. Andre deltakarar vert representantar for næringsliv, politikk, forskarmiljø og frivillige organisasjonar.

Når det gjeld avvikling av grensehinder mellom dei nordiske landa, har statsministrane avgjort at det årleg skal leggjast fram ei oversikt over aktuelle grensehinder og løysingsalternativ på statsministermøtet under sesjonen.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest fem gonger i året, i 2008 under den svenske formannskapen. For­nyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2005.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Nordisk Ministerråd hadde eit budsjett for 2007 på 858,6 millionar danske kroner. Dei største sektorane i budsjettet var utdannings- og forskingssamarbeid (26 %), kultursamarbeid (19 %) og nærings-, energi- og regionalpolitikk (14 %). Den norske delen av budsjettet var i samsvar med den nordiske fordelingsnøkkel på 25,2 %. Fordelingsnøkkelen tek utgangspunkt i kvart lands del av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta.

Etter behandling i budsjettgruppa i Nordisk Råd og med tilslutning i Nordisk Råd vart budsjettet for Nordisk Ministerråd for 2008 fastsett til 858,6 millionar danske kroner. I tillegg vart budsjettet tilført 35 millionar danske kroner frå Nordisk Ministerråds samla likviditetsoverskot. For å redusere overskotet ytterlegare vart same beløpet tilbakeført til landa. Den norske delen av budsjettet er i 2008 på 26,6 %.

Som eit resultat av globaliseringssatsinga til statsministrane vart det sett av 60 millionar danske kroner i ein globaliseringspott. I budsjettforslaget for 2009 går ein inn for å halde budsjettet på same nivå som i 2007 og 2008, altså i underkant av 860 millionar danske kroner. Forslaget om at globaliseringsinitiativa skal vidareførast i 2009 med 60 millionar danske kroner, inneber reduksjonar på alle sektorområde i budsjettet på 2–10 %.

Budsjettreformene tredde i kraft frå og med budsjettet for 2008 for at prioriteringar og satsingsområde skal gå tydelegare fram. Budsjettkontrollen er òg vorte enklare. I forslaget til 2009-budsjett vert ikkje midlane til globaliseringsinitiativ lagde i ein eigen pott, men fordelte på eigne postar og lagde inn under ansvarsområda til relevante sektorar.

Sjølvstyrte område og deira stilling i det nordiske samarbeidet

Samarbeidsministrane vedtok på møtet på Åland i september 2007 å styrkje dei sjølvstyrte områda som deltakarar i det nordiske samarbeidet i samsvar med Helsingforsavtalen. Nordisk Råd slutta seg til det såkalla Ålandsdokumentet under Nordisk Råds 59. sesjon i Oslo i oktober 2007.

Ålandsdokumentet inneber at dei sjølvstyrte områda i visse samanhengar vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk Ministerråd. Mellom anna kan dei vere leiarar av ministermøte, embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Helsingforsavtalen vert ikkje endra, men vert tolka slik at landsstyra og landsskapsregjeringa får rett til å vere adressat for og svare på rekommandasjonar og spørsmål frå Nordisk Råd så langt dei har kompetanse til det. Langt på veg var dette realiteten frå før.

Ålandsdokumentet gir dessutan dei sjølvstyrte områda høve til å søkje om fullt medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan. Dokumentet stadfester at dette gjeld så sant området har ei «særskild og påviseleg interesse» av institusjonen. Dei sjølvstyrte områda har meldt inn dei institusjonane dei vil ha ei særleg interesse av å delta med stemmerett i. I dokumentet vert institusjonar og samarbeidsorgan dessutan oppmoda om å kontakte dei sjølvstyrte områda når spørsmål ein trur har interesse for dei, skal behandlast i institusjonen.

Til forsida