5 Anna nordisk regjeringssamarbeid
5.1 Det utanrikspolitiske samarbeidet
Siste året har det nordiske utanrikspolitiske samarbeidet vore meir aktivt enn på lenge.
Dei nordiske utanriksministrane, statssekretærane og politiske direktørar i utanriksdepartementa møtest jamleg til uformelt samråd om aktuelle spørsmål. Vidare er det tett nordisk kontakt på ei lang rekkje fagområde. Femlandssamarbeidet utgjer hovudramma for dette samarbeidet.
På same tid er samarbeidet i mindre nordiske format i utvikling. Noreg, Finland og Sverige utdjupar samarbeidet i spørsmål som gjeld våre felles utfordringar i nordområda; her dreier det seg både om nye utfordringar som klima, energi og miljø og om naboskapet med Russland. Vidare skjer det ei styrking av samarbeidet med Danmark og Island i spørsmål som gjeld det nordlege Atlanterhavet og Arktis. Det særlege tryggingspolitiske samarbeidet med Island utviklar seg vidare, i pakt med den ambisjonen regjeringa har om å auke merksemda i NATO og dei allierte landa om dei særlege utfordringane vi står overfor i nordområda.
På norsk initiativ vart dei nordiske utanriksministrane i juni 2008 samde om å setje i gang ein uavhengig studie som skal sjå på korleis det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet kan utviklast og utdjupast dei neste 10–15 åra. Tanken er å stimulere til ein breiare debatt om desse spørsmåla, samtidig som studien skal sjå på korleis det nordiske samarbeidet kan styrkjast i nærområda og globalt. Tidlegare utanriks- og forsvarsminister Thorvald Stoltenberg er bedd om å ta ansvar for utarbeidinga av studien, som etter planen skal liggje føre innan utgangen av året. Stoltenberg skal ha støtte i ei nordisk referansegruppe med to deltakarar frå kvart land.
Noreg står utanfor EU og deltek difor ikkje i det daglege samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske EU-medlemmene (NB 6). Utanriksministrane og statssekretærane møtest likevel årleg i den nordisk-baltiske krinsen (NB 8), i 2008 under estisk samordning. Regionale spørsmål, til dømes Austersjøsamarbeidet og behovet for å vitalisere det, og forholdet til og samarbeidet med Russland, har ein sentral plass i samarbeidet.
Nordisk tryggingspolitisk dialog og samarbeid har gjennomgått ei vesentleg styrking dei siste åra. Tidlegare tryggingspolitiske skiljelinjer i Norden er erstatta av eit positivt samarbeidsrom. Sverige og Finland har utvikla eit tett partnarskapsforhold til NATO, og Noreg er ein aktiv deltakar i krisehandtering under EU-leiing. Dei tradisjonelle institusjonelle rammene og innskrenkingane er vesentleg endra og tilpassa nye oppgåver og behov. Slik vert det mogeleg å utvikle eit supplement til dei etablerte institusjonelle samarbeidsstrukturane, anten det gjeld NATO eller EU.
Det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeid er med dette vorte meir sektoroverspennande. I tillegg til samarbeid innanfor dei tradisjonelle FN-rammene omfattar det no militær krisehandtering og forsvarssamarbeid, konsultasjonar om felles tryggingspolitiske utfordringar, godt styresett, menneskerettar, freds- og forsoningsprosessar, reform av tryggingssektoren, internasjonal terrorisme og organisert kriminalitet. Regjeringa har som ambisjon å utvide og utdjupe samarbeidet i åra som kjem.
Dei nordiske landa deler eit sterkt humanitært og fredsskapande engasjement og eit ønske om å medverke til internasjonale fredsoperasjonar, anten det er i ein FN-, ein NATO- eller EU-kontekst. Dei avgrensa ressursane våre (særleg på personellsida) gjer det vanskeleg å yte substansielle bidrag åleine. Nordisk samarbeid gir auka gjennomslagskraft og gjer at ressursane rekk lenger.
Dei nordiske landa prøver difor å koordinere ei rekkje av bidraga sine innanfor ei nordisk ramme i NATO- og EU-operasjonane i Afghanistan og på Balkan. Med utgangspunkt i ein felles handlingsplan vert det òg lagt opp til større politisk og sivil koordinering av innsatsen i Afghanistan. Regjeringa legg vekt på at dei fem landa skal kunne tale med éi stemme når verdssamfunnet skal vurdere den vidare utviklinga av engasjementet sitt i landet. Det vert dessutan vurdert fleire konkrete fellestiltak med sikte på sterkare internasjonal koordinering og støtte til FN/UNAMA, oppfølging av Afghanistan Compact, støtte til EUPOL og rettssektoren, militært samarbeid og kamp mot narkotika.
Saman med dei andre nordiske landa deltek Noreg i det forsvars- og tryggingspolitiske samarbeidet i EU. Våren 2008 stod eit norsk personell på 150 i beredskap i den svenskleidde EU-innsatsstyrken (Nordic Battle Group), og Noreg, Sverige og Finland – i tillegg til Estland og Irland – skal gjenta dette samarbeidet i 2011. Regjeringa er oppteken av vidare deltaking innanfor desse rammene, som gir Noreg høve til å delta i den vidare utforminga av det tryggingspolitiske EU-samarbeidet.
Dei nordiske landa planlegg å etablere ein felles styrke som skal delta i FN-operasjonar i Afrika, og vil hjelpe dei afrikanske landa med kompetansebygging innan fredsoperativ innsats. Norden samarbeidde i den sivile observatørgruppa Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM) frå opprettinga i 2002 til gruppa måtte trekkje seg ut i februar 2008. Hausten 2006 stod Noreg og Island att som dei einaste styrkebidragsytarane, mens Danmark, Finland og Sverige framleis engasjerte seg som politiske og økonomiske støttespelarar til observatørstyrken. Noreg og Sverige har ambisjonar om eit tettare samarbeid om fred og forsoning på Afrikas Horn, og har til saman ei leiande rolle i det lokale arbeidet i Nairobi i tilknyting til den internasjonale kontaktgruppa for Somalia.
Nordisk FN-samarbeid går i dag føre seg på fleire plan. Det vert samarbeidd om fellesnordiske kandidatur og sett opp felles rotasjonslister for verv. Nordiske land held dessutan felles innlegg i ulike forum, mellom anna i Generalforsamlinga og i opne temamøte i Tryggingsrådet. Det vert fremja felles démarchar, dvs. formelle presentasjonar av synspunkt, i ulike saker. Vidare møtest dei nordiske FN-ambassadørane kvar veke, og andre utsende medarbeidarar i New York møtest jamleg. FN-ansvarlege i dei fem hovudstadene møtest halvårleg.
Det islandske tryggingsrådskandidaturet (2009–2011) prega arbeidet fram mot den 63. generalforsamlinga hausten 2008. Ansvaret for å følgje opp kandidaturet overfor dei ulike medlemmene av FN er fordelt mellom dei fem nordiske landa. For å styrkje den nordiske profilen i FN-hovudkvarteret i New York og samtidig støtte opp om det islandske kandidatur har Island halde fellesnordiske innlegg i Tryggingsrådet.
Noreg arbeider for å styrkje det nære nordiske FN-samarbeidet, som er basert på tradisjonar og stor grad av fellesskap i kultur, verdiar og prioriteringar. Samtidig respekterer vi at nordiske EU-medlemmer må ta omsyn til dei krava dei er pålagde som medlemmer. Dei nordiske landa fordjupar FN-samarbeidet på ei rekkje område som klimaspørsmål, likestillingsspørsmål, fredsbyggingsoppgåver – medrekna tiltak til tryggingssektorreform og styrking av rettsstaten – og FN-reformer, mellom anna administrativ reform og reform av Tryggingsrådet.
Dei nordiske utanrikstenestene har elles eit tett administrativt og konsulært samarbeid. Embetsmenn i departementa møtest jamleg, og det er oppretta nordiske arbeidsgrupper på ei rekkje relevante fagområde. Det nordiske samarbeidet ved utanriksstasjonane har fleire former. Det kan vere samlokalisering av ambassadar, felles administrative støttefunksjonar, felles visumseksjonar, avtalar om gjensidig representasjon når det gjeld visumbehandling m.m., og bistand i konsulære saker og akutte kriser når det trengst. Ved fleire nordiske utanriksstasjonar er eller har det vore innplassert utsende tenestemenn frå andre nordiske land. Dei norske ambassadane samarbeider lokalt med dei andre nordiske ambassadane om krise- og beredskapsplanlegging og om kriseøvingar. På norsk side vert det lagt stor vekt på det nordiske samarbeidet på dette feltet, og det vil verte vidareført på fleire nivå.
5.2 Utanrikshandel
Det utanrikshandelspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er i dag meir uformelt enn tidlegare. Det er jamleg kontakt mellom dei nordiske hovudstadene, mellom delegasjonane/representasjonane i Brussel, mellom dei nordiske ambassadane og mellom EU-delegasjonane og sekretariatet i Nordisk Ministerråd. I tillegg er Nordisk Ministerråd ein arena for regelmessig nordisk samråd om aktuelle EU- og EØS-saker. Dei nordiske utanrikshandelsministrane møtest årleg til uformelt samråd om aktuelle utanrikshandelspolitiske saker. I 2008 møttest dessutan dei nordiske statssekretærane med ansvar for handelspolitiske spørsmål. På dagsordenen stod grensehinderspørsmål, implementering av tenestedirektivet, Austersjøsamarbeidet, Lisboastrategien og forholdet til tredjeland, WTO-forhandlingane og forholdet mellom handel og utvikling og handel og klima.
Spørsmål om EØS og den indre marknaden har fått større plass i det nordiske utanrikshandelspolitiske samarbeidet. Likeins er samarbeidet med Nordens nærområde på det økonomiske og handelspolitiske området vorte viktigare. Noreg deltek i ei uformell nordisk-baltisk-polsk samrådsgruppe i arbeidet med EU-direktivet for å lette handelen med tenester. Formålet er å utveksle informasjon og synspunkt i samband med det nasjonale arbeidet med tenestedirektivet for på den måten å kunne medverke til lik forståing.
Den ytre handelspolitikken i EU har Kommisjonen ansvaret for, og det er såleis ikkje aktuelt med eit formelt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles posisjonar i WTO. Det er likevel god uformell kontakt i WTO-spørsmål gjennom kontakt mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og med dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. Gjennom denne kontakten får Noreg informasjon om drøftingane i EU, og dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved Kommisjonen.
Regjeringa legg stor vekt på at det utanrikshandelspolitiske samarbeidet må pleiast og vidareutviklast.
5.3 Forsvar
Det nordiske forsvars- og tryggingspolitiske samarbeidet er omfattande og vert høgt prioritert. Det er stort samanfall i tryggingspolitiske vurderingar og interesser mellom dei nordiske landa, og samarbeidet fungerer godt trass i ulik forankring i EU og NATO. Den nordiske samarbeidsramma gir gjensidig nytteverdi ved at ho for land som Noreg og Island gir tilknytingspunkt til EU-samarbeidet, mens ho for land som Sverige og Finland gir innsyn og medverknad i NATO.
Dei nordiske landa deler ei rekke føresetnader på forsvarssida som i mange tilfelle gjer eit samarbeid både aktuelt og gjensidig gunstig. Det nordiske samarbeidet er difor ein eigna arena for å samordne ei rekkje tryggings- og forsvarspolitiske saker av felles interesse. For Noreg er det nordiske samarbeidet ein viktig arena som medverkar til å realisere ei rekkje forsvarspolitiske ambisjonar.
Det nordiske samarbeidet er karakterisert av ei rekkje samarbeidsprosjekt på mange område. Dei nordiske landa har godt etablerte strukturar for samarbeid på forsvarssida, og det vert halde faste møte på statsråds-, departementsråds- og ekspedisjonssjefnivå. Også forsvarssjefane har faste møte i nordisk og nordisk-baltisk samanheng.
Dei nordiske landa deler eit sterkt humanitært og fredsskapande engasjement og har fokus på og eit sterkt ønske om å bidra til fredsbevarande operasjonar. Avgrensa ressursar, spesielt på personellsida, gjer at vi vanskeleg kan yte substansielle bidrag til fredsbevarande operasjonar åleine. Gjennom det nordiske samarbeidet får vi større operativ evne enn vi kunne oppnådd på eiga hand, og vi styrkjer det nordiske samhøyret. Med eit Norden som samarbeider tettare i forsvars- og tryggingspolitikken, kan vi yte endå større bidrag til fredsskapande og stabiliserande operasjonar. Dei nordiske landa prøver difor å koordinere fleire av bidraga sine innanfor ei nordisk ramme. Mellom anna er det semje om å arbeide for å få til eit felles nordisk bidrag til ein fredsstøttande FN-operasjon i Afrika. Det er òg ei målsetjing å styrkje det nordiske samarbeidet i regi av NATO-operasjonen i Afghanistan. Vidare deltek Noreg i den svenskleidde EU-stridsgruppa (EU Nordic Battle Group) i 2008 og 2011.
Tryggingssektorreform er eit stadig viktigare verkemiddel for å leggje til rette for ei demokratisk utvikling og etablere varig fred i tidlegare konfliktområde. Dei nordiske landa har over lengre tid gitt støtte til samarbeidet om reformtiltak i tryggingssektoren. Mellom anna har dei nordiske landa medverka til å omstille og byggje opp ein sjølvstendig forsvarssektor i dei baltiske landa. I dag har dei nordiske landa fem fellesprosjekt på Vest-Balkan, i høvesvis Makedonia, Serbia, Albania, Bosnia og Montenegro. I tillegg har dei nordiske og baltiske landa hatt eit samarbeidsprosjekt i Ukraina sidan 2006. Tiltaka omfattar mellom anna omskolering av overflødig militært personell og hjelp til å utøve demokratisk kontroll over militære styrkar. Dei nordiske landa har ein ambisjon om å byggje vidare på desse initiativa. Tryggingssektorreform står i dag fram som ein nisjekapasitet der dei nordiske landa kan gi vesentlege bidrag med avgrensa personellressursar.
Det nordiske landa arbeider òg for felles innsats til støtte for kapasitetsbygging i Afrika. Den overordna målsetjinga er å fremje ein operativ konfliktførebyggjande kapasitet og styrke den regionale tryggingsarkitekturen i Afrika. Det vil vere med og setje dei afrikanske partnarane våre betre i stand til å handtere eigne tryggingsutfordringar.
NORDCAPS (Nordic Coordinated Arrangement for Peace Support) fungerer som eit viktig instrument for å koordinere og samordne nordiske bidrag til fredsbevarande operasjonar og som ei ramme for nordiske bidrag til tryggingssektorreform. Det nordiske forsvarssamarbeidet står òg sterkt i materiellsektoren gjennom NORDAC (Nordic Armaments Cooperation). Helikopter, stormpanservogner, artillerilokaliseringsradarar og pansra hjulgåande personellkøyretøy er eksempel på system som har vore gjenstand for kostnadseffektivt nordisk innkjøpssamarbeid av stor industriell, operativ og kompetansemessig verdi.
Den norske og svenske forsvarssjefen har lagt fram ein forstudie til eit forsterka norsk-svensk forsvarssamarbeid. Formålet med dette samarbeidet er å utnytte komparative fordelar, effektivisere verksemder og skape stordriftsfordelar innanfor styrkeproduksjon, logistikk og anna støtteverksemd. Slik kan det oppnåast innsparingar som set landa betre i stand til å oppretthalde breidda og kvaliteten i forsvarsstrukturen, og som kan medverke til at ein større del av strukturen er tilgjengeleg for operativ bruk. Finland har òg slutta seg til dette samarbeidet gjennom bi- og trilaterale forstudiar. Det er lagt til rette for at alle dei nordiske landa kan inngå i eit forsterka nordisk forsvarssamarbeid basert på konseptet i forstudien.
Regjeringa legg til grunn at samarbeidet ikkje skal gå på kostnad av, men komme i tillegg til, norske plikter og samarbeidsordningar i alliansen.
5.4 Utviklingssamarbeid
Noreg har eit nært samarbeid med dei andre nordiske landa for å betre bistandseffektiviteten gjennom det utvida Nordic Plus -samarbeidet, der Irland, Nederland og Storbritannia òg er med. Kjernen er Pariserklæringa om bistandseffektivitet frå 2005. Samarbeidet går dels føre seg i internasjonale forum der fokuset no er på førebuingane til det tredje høgnivåforumet for bistandseffektivitet, som skal haldast i Ghana i september 2008. Vidare går det føre seg eit utstrekt samarbeid på hovudstadsnivå med halvårlege møte mellom bistandssjefane, og det vert samarbeidd på landnivå, i nokre tilfelle ved at bistandsmidlar vert kanaliserte gjennom ein annan Nordic Plus -gjevar (delegert samarbeid).
Noreg, Sverige, Danmark og Finland er mellom dei største bidragsytarane til FNs operative innsats på det utviklingspolitiske og humanitære området, som i hovudsak vert finansiert med frivillige midlar. Det er utstrekt kontakt og samarbeid mellom nordiske land om dette, både i samband med møta i Generalforsamlinga i FN og arbeidet gjennom særorganisasjonar, fond og program, slik det òg er samarbeid med andre likesinna land i og utanfor EU. Dei nordiske EU-medlemmene spelar òg ei viktig rolle innanfor EU på dette området.
Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ein omfattande nordisk koordineringsprosess og ei rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa. I Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane har Noreg i dei fleste sakene samanfallande interesser med dei andre nordiske landa, og i styra i institusjonane er det tett nordisk samarbeid. Felles posisjonar vert utforma, og det vert halde felles innlegg under årsmøte og møte i utviklingskomiteen i Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet (IMF). Dei nordiske landa legg vekt på å sikre at den overordna målsetjinga om fattigdomsreduksjon vert styrande for utforminga og gjennomføringa av verksemda i utviklingsbankane.
Det nordiske utviklingsfondet ( Nordic Development Fund, NDF) er ein samnordisk bistandsorganisasjon som er finansiert over bistandsbudsjetta i dei nordiske landa. NDF samfinansierer med andre multilaterale institusjonar, hovudsakleg Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane. Den største delen av kredittane til NDF har vore nytta til å finansiere leveransar av varer og tenester frå dei nordiske landa. I 2005, etter mislukka påfyllingsforhandlingar, konkluderte dei nordiske utviklingsministrane med at det var semje om å avvikle aktivitetane til NDF. Det er likevel dei nordiske samarbeidsministrane som skal gjere formelt vedtak om avvikling. Dersom Nordisk Ministerråd skulle gjere eit formelt vedtak om nedlegging, vert det nødvendig å avgjere kva som skal skje med ressursane som vert genererte gjennom tilbakebetaling av lån over ein periode på 35 år etter nedlegginga. Styret har fått utarbeidd ein rapport med tre ulike løysningar på korleis midlane best kan kanaliserast til klimatilpassingstiltak i u-land: anten gjennom eit nordisk fond i Verdsbanken, gjennom NIB/NEFCO eller ved hjelp av ei mellomløysing der NDF består med eit revidert mandat som reflekterer eit nytt fokus på klimatilpassing. Frå norsk side vert det lagt avgjerande vekt på at det må veljast ei løysing som sikrar at NDF-kapitalen vert brukt til mest mogeleg effektiv og fattigdomsorientert utviklingsbistand, samtidig som etablerte nordiske institusjonar vil vere å føretrekkje.
5.5 Forbrukarpolitikk
Ministerrådet for forbrukarspørsmål vart lagt ned frå 1. januar 2006 som følgje av at ministerrådsstrukturen vart omorganisert. Forbrukarministrane vedtok då å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons), samansett av medlemmene i det tidlegare EK-Konsument.
Samarbeidet i NordKons var i 2007 hovudsakleg avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. I tillegg uttalte gruppa seg om nokre få prosjektsøknader. To av prosjekta som NordKons tilrådde (eitt knytt til etisk forbruk, eitt til berekraftig forbruk), oppnådde å få støtte frå strukturpuljen under NSK/MR-SAM.
Hausten 2007 vart det arrangert ein forbruksforskingskonferanse i Finland, finansiert med nordiske midlar, der også representantar for ulike forbrukarstyresmakter og –organisasjonar deltok. Elles finst enkelte uformelle nettverk og kontaktforum for representantar for forbrukarstyresmakter og -organisasjonar i Norden.
5.6 Samferdsel
Etter at den nye ministerrådsstrukturen tok til å gjelde 1.1. 2006, er ikkje lenger transportsektoren ein del av det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 vart det gjort vedtak om å halde fram med transportsamarbeidet utanfor ramma av Nordisk Ministerråd. Det var brei semje om at eit vidare samarbeid er viktig for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å oppretthalde det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.
Det nordiske regjeringssamarbeidet på transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokusert på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg vert det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa. Spesielt er det grunn til å framheve dei gode resultata som er oppnådde innan trafikksikring og miljøpolitikk. Her har dei nordiske landa mange fellestrekk sjølv om dei er ulike på somme område. Norden er føregangsland på verdsbasis når det gjeld trafikktryggleik, og det er nødvendig med kontinuerleg fokus på området dersom Norden skal ha ein slik posisjon også i framtida. Samarbeidet mellom dei nordiske landa og nærområda har vore viktig for overføring og utvikling av kunnskap om trafikktryggleik.
Dei seinare åra har EU/EØS-spørsmål fått stadig større merksemd, og samarbeidet har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjon. Etter EU-utvidinga har EU-relaterte spørsmål fått ytterlegare aktualitet. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på auka samarbeid med dei baltiske landa, og det er halde eigne nordisk-baltiske ministermøte (NB8) i tilknyting til dei vanlege nordiske ministermøta.
Innanfor den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eitt årleg sommarmøte mellom transportministrane. Ordninga frå dei seinare åra, der dei nordiske transportministrane møtest før rådsmøta i EU, skal vidareførast. Sverige arrangerte sommarmøtet i år. Det fann stad i Strømstad 22.–23. mai. Hovudtema på møtet var klimaforandringar og transport. I tillegg vart infrastrukturplanlegging, TEN-reviderte retningslinjer og ein eigen EU-strategi for Austersjøsamarbeidet diskutert.
5.7 Samar og nasjonale minoritetar
Ministrane med ansvar for samiske saker og sametingspresidentane i Finland, Sverige og Noreg etablerte i 2000 eit fast samarbeid for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målsetjinga med samarbeidet er å styrkje og utvikle samefolkets språk, kultur, næringar og samfunnsliv. Samarbeidet har uformell, men nær tilknyting til Nordisk Ministerråd.
Regjeringane i Finland, Sverige og Noreg er samde om å vidareføre arbeidet med utkastet til ein nordisk samekonvensjon, i første omgang gjennom nasjonalt arbeid med å ferdigstille analysar. Sameministrane og sametingspresidentane tek sikte på at landa hausten 2008 skal ha avklart eit eventuelt forhandlingsopplegg for ein nordisk samekonvensjon. Konvensjonsutkastet, som er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe, tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg. Utkastet er utarbeidd på bakgrunn av dei internasjonale dokumenta dei tre landa er bundne av.
Sametinga i Finland, Noreg og Sverige har organisert arbeidet sitt gjennom Samisk parlamentarisk råd i saker der det er naturleg å føre ein samordna politikk for å vareta det samiske folkets felles interesser i dei nordiske landa. Russiske samar er observatørar i rådsmøta. Regjeringa ser på Samisk parlamentarisk råd som eit viktig organ for det nordiske samarbeidet og eit organ som har betydning i internasjonale samanhengar for å styrkje samarbeidet urfolk imellom og mellom urfolk og andre aktørar.
Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar er oppretta på embetsmannsnivå mellom dei departementa i Sverige, Finland og Noreg som er ansvarlege for å rapportere om korleis landa gjennomfører Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Europarådets språkcharter for region- og minoritetsspråk. I 2008 har Noreg ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet teke initiativ til ein samanliknande studie som skal oppsummere erfaringane om gjennomføring, politikkutvikling og tiltak i dei tre landa. Studien vert utført av National Center for Human Rights, Oslo, og skal vere ferdig i juli 2009.