3 Nordens naboar
3.1 Nordisk Ministerråd og samarbeidet med Nordens naboar
Nordisk Ministerråd samarbeider med Nordvest-Russland, Estland, Latvia og Litauen og med dei regionale råda Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Samarbeidet omfattar òg innsats overfor Kviterussland.
Nabolandspolitikken har form av konkrete samarbeidsaktivitetar og deltaking i møte med dei regionale råda. Aktivitetane er komplementære til nasjonal innsats og til aktivitetar i andre organ. Formålet er å styrkje dialogen mellom dei nordiske landa og naboane deira. Samarbeidet skal konsentrerast til område der det nordiske engasjementet gir meirverdi og synergiar og medverkar til betre samordning av aktivitetar.
Nordisk Ministerråd har eit eige russlandsprogram med fokus på nettverksbygging og kunnskapsoverføring. Det rettar seg mot organisasjonar og styresmakter i Norden og Russland. Det er mellom anna etablert prosjekt innan lokal forvaltning, kamp mot menneskehandel, sosial- og helsevesen og frivillige organisasjonar. Ministerrådet har russisk hovudkontor i St. Petersburg, med underkontor i Kaliningrad, Murmansk, Arkhangelsk og Petrozavodsk. Russlandssamarbeidet er nært knytt til EU-politikken og støttar opp om Den nordlege dimensjon, der Ministerrådet er deltakar. Frå norsk side vert det lagt stor vekt på å styrkje dialogen og samarbeidet mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland. Samarbeidet er basert på retningslinjer som er godkjende av samarbeidsministrane. Nye retningslinjer for 2009–2013 skal vere klare i løpet av hausten 2008.
Nordisk Ministerråd samarbeider aktivt med EU om demokratistøtte til Kviterussland gjennom støtte til eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) i Vilnius. Hittil har EHU fått støtte frå Nordisk Ministerråd, Europakommisjonen og bilateralt frå enkelte nordiske land, deriblant Noreg, og det er administrert av Ministerrådets kontor i Vilnius. Samarbeidsministrane har sett behovet for betre styring og administrasjon av universitetet. I 2008 godkjende dei eit opplegg for å opprette eit eige Trust Fund for EHU som skal gi rom for meir langsiktig finansiering og deltaking frå ein breiare givarkrins. Noreg held fram med å yte bilateral støtte.
Det nordisk-baltiske samarbeidet er veletablert og legg vekt på å vere politisk retta og til gjensidig nytte, basert på eit felles verdigrunnlag. Samarbeidsministrane har godkjent eit utkast til nye retningslinjer for samarbeidet med dei baltiske landa frå 2009 som landa skal samrå seg om i løpet av hausten. Prioriterte område er i) utdanning, forsking og innovasjon, ii) næringsliv, «klyngje»-samarbeid og kreative verksemder, iii) klima, energi og miljø – m.a. miljøtilstanden i Austersjøen, iv) helse og velferd og v) grenseregionalt samarbeid til fremme av demokratiske verdiar.
Samarbeidet med nabolanda er konkretisert nedanfor og dessutan omtalt i kapitla om råda og under utanrikspolitisk samarbeid.
Dei baltiske landa og Polen er trekte direkte med i det nordiske samarbeidet på arbeidslivsområdet gjennom deltaking i ei såkalla EU-informasjonsgruppe under embetsmannskomiteen for arbeidsliv. Gruppa følgjer utviklinga på arbeidsmarknads-, arbeidsretts- og arbeidsmiljøfeltet i EØS-området. Formålet er å utveksle informasjon om synspunkt på aktuelle saker som er til behandling i EU. Gruppa drøftar også meir generelle EU-tema som kan vere av felles interesse for dei nordiske og baltiske landa og Polen. NIVA – Nordisk arbeidsmiljøutdanning – tilbyr kurs for å vidareutdanne ekspertar på arbeidsmiljø i Norden. Kursa er opne for deltakarar frå dei baltiske landa. NIVA organiserer elles eit eige kurs i Nordvest-Russland.
Nordatlantsamarbeidet (NORA) vil i 2009 framleis setje søkjelyset på klimaendringane og kva dei får å seie for den havbaserte økonomien i samarbeidslanda og for næringslivet der, og slik bidra til den pågåande klimadebatten. Med gjennomføringa av ein OECD-analyse av NORA-regionen ventar NORA å kunne vere med og heve kunnskapsgrunnlaget for avgjerder som kan styrkje samarbeidet i den nordatlantiske regionen. Vidare vert utviklinga av samarbeidet med naboregionane til NORA-landa i vest (Canada og Skottland) eitt av dei prioriterte innsatsområda i 2009.
Det vert arbeidd med å utforme nye satsingsområde for kultursamarbeidet med Nordvest-Russland og Estland, Latvia og Litauen. Ei ny innretning på kultursamarbeidet med Nordvest-Russland er i støypeskeia som resultat av ein omfattande utviklingsprosess. Kulturministrane har sett ned ei policygruppe som arbeider med å utvikle ein kulturpartnarskap for Den nordlege dimensjon. Ei rekkje aktørar har vore og er aktive innan kultur- og folk-til-folk-samarbeidet.
I mai vart det halde eit nordisk-baltisk kulturministermøte. Eitt av hovudtemaa på møtet var etableringa av eit nordisk-baltisk mobilitets- og residensprogram frå 2009. Programmet byggjer på det noverande nordiske mobilitets- og residensprogrammet og skal omfatte nettverksbygging, mobilitet og kunstnarresidensar. Det er nyleg utført ei evaluering av dei noverande nordisk-baltiske mobilitetsprogramma Sleipnir og Closer Culture Neighbours som viser at det er interesse og behov for å vidareføre eit programsamarbeid.
I rammeprogrammet for mobilitets- og utvekslingsprogrammet Nordplus for perioden 2008–2011 deltek no Estland, Latvia og Litauen på lik linje med dei nordiske landa.
I samferdselssektoren er det etablert ei arbeidsgruppe der regionale styresmakter og vegstyresmakter på norsk og russisk side deltek. Formålet med samarbeidet er å betre samferdselstilbodet i grenseområda. Transportsambanda mellom dei to landa skal evaluerast, og norske og russiske utbyggingsplanar skal samanhaldast. På lengre sikt er transportbehova i grenseområda prega av større uvisse. Fleire forhold kan påverke transportutviklinga, mellom anna utvikling i olje- og gassindustrien, utbygginga av Storskog grensestasjon, fiskeeksport til Russland, satsinga på Murmansk hamn og etablering av ny gruvedrift i Sør-Varanger.
I samspel med landa og andre regionale råd speler Nordisk Ministerråd ei aktiv rolle i helse- og sosialsamarbeidet i nærområda. Helsesituasjonen i Baltikum, og særleg i Russland, er vesentleg verre enn i Norden. Smittsame og livsstilsrelaterte sjukdommar er langt meir utbreidde. Nordisk Ministerråd er med i partnarskapen for helse og livskvalitet i Den nordlege dimensjon. I 2008–2009 er Noreg leiar og Russland nestleiar. Noreg leier arbeidet for å styrkje helsa i fengsla. Nordisk Ministerråd har særleg retta innsatsen sin mot menneskehandel og utsette barn og unge.
Ein annan viktig samarbeidsstruktur er Barentsrådets arbeidsgruppe for helse og sosiale saker. Denne arbeidsgruppa for nasjonale og regionale representantar er òg open for urfolksrepresentasjon. Noreg leier gruppa saman med Murmansk fylke. I tillegg til å koordinere bilateral innsats gjennomfører arbeidsgruppa eit program mot hiv og aids og utviklar ei satsing retta mot utsette barn og unge.
På justisområdet tok Europarådet i 1998 initiativ til eit samarbeidsprosjekt med russisk fengselsvesen, Twin Prison Project. Deltakarar i dette prosjektet er Russland, Noreg og tre tyske forbundsstatar. Samarbeidet mellom norsk og russisk fengselsvesen må karakteriserast som vellykka. Det praktiske samarbeidet har i hovudsak vore konsentrert om Nordvest-Russland, og det har fått ein god del merksemd på sentralt hald i Russland. Mellom anna er forholda for kvinner i fengsel eit viktig tema i den faglege dialogen. Samarbeidet har ikkje berre vore knytt til fengselstenesta, men òg til dei andre justisstyresmaktene. Våren 2006 vart det underteikna ein generell justispolitisk samarbeidsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen skal følgjast opp med toårige handlingsplanar, og den første vart underteikna i 2007.
3.2 Den nordlege dimensjon
Den nye nordlege dimensjon (ND), som tok over etter EUs nordlege dimensjon, vart formelt oppretta i november 2006 i Helsingfors. EU, Russland, Island og Noreg er likeverdige partnarar. Nordisk Ministerråd, dei andre regionale råda og internasjonale finansieringsinstitusjonar (IFI) er deltakarar i tillegg til lokale styresmakter, subregionale organisasjonar, universitet og høgskular, næringslivet, institusjonar i området, frivillige organisasjonar og andre relevante aktørar.
To partnarskapar, miljøpartnarskapen (NDEP) og helsepartnarskapen (NDPHS) er vidareførte frå EUs nordlege dimensjon. Dei største og mest vellykka prosjekta er gjennomførte i regi av miljøpartnarskapen. Miljøpartnarskapen har to vindauge, eitt for nukleære prosjekt og eitt for ikkje-nukleære. Noreg har løyvd 10 millionar euro til det nukleære vindauget og 6 millionar kroner til det ikkje-nukleære.
Den nordlig dimensjons partnarskap for helse og livskvalitet samordnar og koordinerer helseinitiativ i Den nordlege dimensjon og er aktiv innanfor smittsame sjukdommar, livsstilsrelaterte problemstillingar og oppbygginga av helsevesen. Noreg tok i november i fjor over som formann i helsepartnarskapen for to år. Russland er medformann. Utanriksdepartementet overfører i år 17,5 millionar til Helse- og omsorgsdepartementet til bruk i helsepartnarskapen og Barents-helseprogrammet.
Det er konkret drøfta å opprette ein ny partnarskap for transport og logistikk. Det er òg sett fram forslag om ein partnarskap for kultur. I tillegg vert program for energieffektivisering og fornybar energi truleg oppretta som ein del av miljøpartnarskapen.
Andre mogelege samarbeidsområde innanfor ND er utdanning og forsking, ungdomsutveksling og grenseregionalt samarbeid.
Ifølgje stiftingsdokumenta skal Noreg og Island ha full tilgang til dei fire samarbeidsromma mellom Russland og EU i det området som utgjer ND. Dette har førebels avgrensa seg til informasjon frå Europakommisjonen og Russland.
Den nordlege dimensjon er ein ny møteplass i utvikling. Han kan styrkje dei integrasjonsprosessane som går føre seg mellom Russland og Europa. Dei nordiske landa er sentrale i denne samanhengen. Finland har spelt ei særleg aktiv rolle i ND.
3.3 Austersjørådet
Latvia har hatt formannskapen i Austersjørådet i perioden juni 2007 til juni 2008 og har særleg lagt vekt på dei prioriterte områda utdanning, energi og sivil tryggleik. Danmark følgjer Latvia i formannskapen fram til juni 2009. Danmark vert sterkt engasjert i å gjennomføre reforma av Austersjørådet som vart vedteken i juni 2008, med desse prioriteringane: miljø, energi, utdanning, økonomisk utvikling og samarbeid og sivil tryggleik for innbyggjarane i regionen.
På utanriksministermøtet i Austersjørådet i juni 2007 fekk Latvia i oppdrag å leie ein reformprosess for samarbeidet i regionen med vekt på ein gjennomgang av Austersjørådet og sekretariatet i rådet. Reforma skal byggje på prioriteringar som det er oppnådd semje om gjennom forhandlingar. Rammevilkåra for samarbeidet i regionen er vesentleg endra dei seinare åra. Uttrykk for dette er mellom anna at Polen, Estland, Latvia og Litauen er vorte medlemmer av både NATO og EU/EØS.
Parallelt med reformarbeidet i Austersjørådet har EU sett i gang eit eige arbeid med ein strategi for samarbeidet i Austersjøregionen. Europaparlamentet har i resolusjons form vedteke å be EU om at det vert utarbeidd ein strategi for regionen. Eit førebuande arbeid er i gang, og Europakommisjonen deltek i førebuingane til eit første utkast til ein slik strategi. Det er mellom anna dei store miljøproblema i regionen, først og fremst i Austersjøen, som ligg bak behovet for ein strategi. Samtidig vil strategien reflektere det store potensialet regionen har som eit livskraftig økonomisk område. Dette må utnyttast med særleg vekt på konkurransekraft, slik at regionen kan stå best mogeleg rusta i møtet med globaliseringa.
Det er ingen direkte samanheng mellom reformarbeidet i Austersjørådet og EU-strategien. Ein reformdeklarasjon om Austersjørådet er alt vedteken og skal innleiingsvis setjast i verk under den danske formannskapen frå juli 2008, mens EU-strategien skal liggje føre seinast i juni 2009 og setjast i verk under den svenske formannskapen i EU hausten 2009. Men både reforma og deklarasjonen kan takast som uttrykk for at det hastar med å setje sterkare søkjelys på utviklinga i regionen, auke den politisk merksemda og finslipe prioriteringane og måla for samarbeidet. Desse prioriteringane skal leggjast til grunn: miljø og klimaendring, energi og energitryggleik, energieffektivisering og fornybar energi, utdanning og kultur, økonomisk samarbeid, sivil tryggleik og humanitære spørsmål, mellom anna innsats mot trafficking. Austersjørådet skal i aukande grad utviklast til ein meir prosjektbasert organisasjon. Noreg har slutta aktivt opp om reformprosessen og mellom anna peikt på kor viktig det er å trekkje med dei mange aktørane som arbeider for utvikling av regionen, til dømes det lokale og fylkeskommunale nivået og parlamentarikarsida. Den nordlege dimensjon må vere den overordna ramma for det vidare arbeidet. Noreg ser dessutan positivt på EU-vedtaket om å utarbeide ein eigen austersjøstrategi. Ein EU-strategi vil ikkje omfatte Russland, Noreg og Island, som alle er medlemmer av Austersjørådet. Frå norsk side er det difor lagt vekt på at dei tre landa, og Austersjørådet som organisasjon, vert trekte med i arbeidet med strategien. Den nordlege dimensjon er ei passande ramme for informasjon om framgangen i arbeidet med strategien og for eventuelle konkrete innspel i prosessen.
3.4 Barentsrådet
Barentssamarbeidet kom i stand på norsk initiativ. Kirkeneserklæringa frå 1993 nemner ei rekkje prioriterte samarbeidsfelt med berekraftig utvikling og styrkt stabilitet som overordna mål. Samarbeidet går føre seg på to politiske nivå: det mellomstatlege i Barentsrådet (Barents Euro-Arctic Council, BEAC) og det regionale i Regionrådet (Barents Regional Council, BRC).
Medlemmer i Barentsrådet er Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og Europakommisjonen. Ni land har observatørstatus.
Tretten fylke eller tilsvarande regionale einingar utgjer Regionrådet saman med representantar for dei tre urfolka i regionen, samar, nenetsar og vepsar. Finland, Noreg, Russland og Sverige har skiftevis formannskapen i Barentsrådet. Noreg hadde sist formannskapen i 2003–2005, mens Russland no er formann fram til hausten 2009. Oulu er formann i Regionrådet. Frå norsk side deltek dei tre nordnorske fylka aktivt i det regionale samarbeidet. Fleire arbeidsgrupper er oppretta under BEAC og BRC. Det finst òg felles BEAC/BRC-arbeidsgrupper. Arbeidsgruppa for urfolksspørsmål har rådgivande funksjon overfor BEAC og BRC.
Frå januar i år har det internasjonale Barentssekretariatet vore i drift i Kirkenes. Det skal støtte arbeidet på alle nivå. Målet er å betre koordineringa og styrkje kontinuiteten og effektiviteten i samarbeidet.
Dei konkrete oppgåvene er å styrkje og fremje regionalt samarbeid over eit breitt spekter: næringsliv, miljø, samferdsel og kommunikasjon, utdanning og forsking, helse, kultur, urfolk, justisspørsmål og redningssamarbeid. Det er gode kontaktar mellom forretningsverksemder i barentslanda og mellom kommunar i dei ulike landa. Barentssamarbeidet har vore med på å bryte ned gamle skiljelinjer i nord og har utvikla ein sterk folk-til-folk-dimensjon. Lokale og regionale aktørar speler ei viktig utanrikspolitisk rolle i samarbeidet.
For Noreg er tilhøvet til Russland ei viktig utanrikspolitisk side ved Barentssamarbeidet. Norsk-russiske samarbeidsprosjekt har hatt Nordvest-Russland som særskilt innsatsområde. Dei fleste prosjekta, også tiltak som gjeld atomtryggleik, er gjennomførte i Barentsregionen.
I regi av Barentsrådet er det etablert ein komité som behandlar grenseoverskridande redningsfaglege spørsmål i Barentsregionen. Det er utarbeidd ein redningsavtale for Barentsregionen. Avtalen skal etter planen underteiknast i 2008. Øvinga Barents Rescue 2009 skal haldast i Murmansk hausten 2009. Det ligg føre ein bilateral sjøredningsavtale mellom Russland og Noreg om samarbeid ved søk etter sakna personar og redning av menneske i naud i Barentshavet. Denne bilaterale avtalen er framforhandla i samsvar med FNs internasjonale konvensjon om søk og redning til sjøs, 1979 (SAR-konvensjonen). Det vert halde årlege sjøredningsøvingar mellom Noreg og Russland i samsvar med avtalen frå 1995.
3.5 Arktisk råd
Arktisk råd er det einaste regionale samarbeidsorganet som omfattar alle dei åtte arktiske landa: dei fem nordiske landa, USA, Canada og Russland. Rådet har i tillegg faste deltakarar som representerer urfolka i den arktiske regionen. Seks slike grupperingar er med, mellom anna Samerådet, som representerer samane i Sverige, Finland og Russland. Ikkje-arktiske land, mellomstatlege og ikkje-statlege organisasjonar og parlamentarikarorganisasjonar deltek som observatørar. Den arktiske parlamentariske samarbeidskomiteen er blant dei organisasjonane som har fast observatørstatus.
Gjennom Arktisk råd kan vi supplere bilaterale kontaktar med multilaterale drøftingar. Arktisk råd er eit forum der dei nordiske landa møter sine store naboar i aust og vest, og der dei kan trekkje desse med når det gjeld å løyse felles problem. Både russisk og amerikansk politikk i dei nordlege områda er svært viktig for Noreg. Det er i norsk interesse å utdjupe og vidareutvikle samarbeidet i Arktisk råd som eit organ for sirkumpolart samarbeid.
Under Arktisk råd er det seks permanente arbeidsgrupper som dekkjer desse programområda:
Overvaking av forureining og klima ( Arctic Monitoring and Assessment Programme – AMAP)
Bevaring av flora og fauna ( Conservation of Arctic Flora and Fauna – CAFF)
Beredskap mot akutt forureining ( Emergency Prevention, Preparedness and Response – EPPR)
Vern av det marine miljøet ( Protection of the Arctic Marine Environment – PAME)
Berekraftig utvikling ( Sustainable Development Working Group – SDWG)
Handlingsprogrammet mot forureining ( Arctic Contaminants Action Programme – ACAP).
Noreg har formannskapen i Arktisk råd. Formannskapsprogrammet er utarbeidd i samråd med Danmark og Sverige, som er dei to neste formannskapslanda etter Noreg. Koordinerte program for den nordiske formannskapsperioden i Arktisk råd 2006–2013 gir eit meir langsiktig og fokusert arktisk samarbeid. Programmet har tre hovudprioriteringar: heilskapleg ressursforvaltning, klimaendring og effektivisering av samarbeidet.
Utnytting av energi- og mineralressursane er av stor og aukande verdi i nordområda. Formannskapen i Arktisk råd vil vere eit viktig verkemiddel for å dele røynslene frå norsk ressursforvaltning i nord. Noreg leier eit samarbeidsprosjekt for å samle røynslene til medlemslanda i økosystembasert ressursforvaltning innanfor det arktiske området.
Arktisk råd har gjennomført ein klimastudie, Arctic Climate Impact Assessment (ACIA), som gav oss ei grundig kartlegging av kunnskapen om klimaendringane i Arktis og verknadene dei har for regionen og verda elles. På ministermøtet i Arktisk råd i Salekhard i oktober 2006 var det semje om å halde fram med arbeidet med innhenting av kunnskap om klimaendringane. Noreg har difor etablert eit prosjekt som skal gjere opp status for klimaendringane i dei isfylte områda i nord og vurdere konsekvensane. Det skal ta for seg nedsmeltinga av havisen og Grønlandsisen og reduksjonen i permafrost og snødekke. Prosjektet vart godkjent i april 2008 og skal halde fram i heile den norsk-dansk-svenske formannskapsperioden.
Ministermøtet i Salekhard gav òg mandat til auka samarbeid om tilpassing til klimaendringane i nord. Rådet har starta arbeidet med ein brei studie av kva som ligg føre av kunnskap om tilpassing til arktiske klimaendringar. Ut frå kunnskapsstudien vil ein samle ekspertar for å drøfte vidare prioriteringar i samarbeidet. Målet er å auke evna hos urfolk og andre lokale innbyggjarar til å hanskast med verknadene av klimaendringane.
Ein viktig del av det norsk-dansk-svenske samarbeidet i Arktisk råd er etableringa av eit felles sekretariat i Tromsø fram til 2013. Sekretariatet har tre internasjonalt tilsette og vart operativt hausten 2007.
3.6 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål
Dei nordiske landa har ei rekkje felles interesser og synspunkt når det gjeld utviklinga i EU. Sjølv om dei nordiske landa har ulik tilknyting til EU, knyter EØS-avtalen dei saman i ei felles marknadsramme. EØS-avtalen er dermed vår viktigaste nordiske samarbeidsavtale.
Det nordiske samarbeidet er ei viktig ramme for å koordinere nordisk europapolitikk, og europaspørsmål er difor faste innslag på dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøte. Noreg deltek dessutan jamleg på nordiske eller nordisk-baltiske formøte før rådsmøte i EU. Dette gjeld særleg rådsmøte om miljø, energi og samferdsel.
Kontakten mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-delegasjonane i Brussel er tett og god. Sett frå norsk side er det særleg viktig å sørgje for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i den nordiske krinsen på eit tidleg tidspunkt. Dette gjeld ikkje minst EØS- og Schengen-relaterte spørsmål. Slik kan Noreg oppnå indirekte innverknad på dei interne drøftingane i EU i saker som er viktige for oss. Difor er det viktig at norske styresmakter på alle nivå arbeider vidare med å utvide og utdjupe kontaktnettet i nordiske EU-krinsar.
Sverige har formannskapen i EU hausten 2009, og Danmark tek over våren 2012. I desse halvårsperiodane vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg. Inngangsporten til sentrale EU-prosessar vert ofte vidare med eit nordisk naboland ved EU-roret. Dette gjeld både informasjonsflyt og møtedeltaking i interessante EU-forum. Den finske formannskapen hausten 2006 viste dette på ein god måte.
Dei mest konkrete og synlege eksempla på nordisk samarbeid i EU-samanheng dei siste åra er etableringa av den nordiske militære innsatsstyrken (Nordic Battle Group, NBG) som stod i beredskap våren 2008, og innlemminga av Noreg og Island som aktive deltakarar i det EU-initierte samarbeidet i Den nordlege dimensjon. Likevel er det enno slik at Austersjø- og Barentssamarbeidet til tider kan vere prega av at mange prosjekt er forankra i EU gjennom naboskapspolitikken (ENP) eller Interreg. Dei nordiske naboane våre er difor opptekne av nære kontaktar med Brussel, og EU-kommisjonen deltek òg i Austersjø- og Barentssamarbeidet. For Noreg betyr det auka innsats for og merksemd om nordområda.
Også på justis- og innanriksområdet har nordisk samarbeid betydning. For Noreg er det viktig å oppretthalde dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Eksempel på slike område er det konsulære samarbeidet, politisamarbeidet og visumsamarbeidet. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan vi bidra til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører det sjølv når liknande samarbeid vert forsterka på EU-nivå.
Avtalen mellom Noreg, Island og EU om institusjonelle løysingar for den norske og islandske deltakinga i Schengen-samarbeidet har gjort at den nordiske passunionen kan bevarast. Avtalen inneber òg at alle dei nordiske landa er ein del av eit større europeisk område med reisefridom. Det er godt samarbeid mellom dei nordiske landa i spørsmål som er relevante for Schengen.