3 Alliansen og forholdet til partnarlanda
3.1 Det euroatlantiske samarbeidsrådet (EAPC)
NATO sitt strategiske konsept frå 1999 identifiserer partnarskapssamarbeidet som ei av dei grunnleggjande tryggingsoppgåvene i alliansen. Dette samarbeidet utgjer eit viktig ledd i arbeidet med å fremje tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området. Her har Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) sidan starten i 1997 vore eitt av dei viktigaste fora for konsultasjon og samarbeid. EAPC er sett saman av dei 19 landa i NATO og 26 partnarland (Kroatia vart medlem i 2000), og fokuserer mellom anna på regionale problemområde, fredsbevaring, forsvarsøkonomiske forhold, sivil beredskapsplanlegging og internasjonal terrorisme.
EAPC har utvikla seg til å bli eit svært viktig forum for regelmessige konsultasjonar og samarbeid mellom dei allierte og partnarlanda. EAPC er både inkluderande og sjølvdifferensierande. Det vil seie at medlemslanda sjølve kan bestemme korleis og på kva samarbeidsområde dei vil engasjere seg. Kvart år vert det halde to utanriksministermøte og to forsvarsministermøte i EAPC.
Arbeidet i 2000 har fokusert på innsatsen til partnarlanda og dei allierte på Balkan og på styrking av partnarane sine evner til samvirke med allierte styrkar i fredsoperasjonar. Den omfattande partnardeltakinga i dei kompliserte fredsoperasjonane under NATO-leiing er i seg sjølv prov på at EAPC/PfP kan yte konkrete bidrag til bygging av europeisk tryggleik.
Utsiktene for regionalt samarbeid om Søraust-Europa og Kaukasus, internasjonal terrorisme, humanitære tryggingsspørsmål, fredstrygging, økonomiske spørsmål i samband med forsvaret, miljøspørsmål og spørsmål knytte til spreiing av masseøydeleggingsvåpen har også vore drøfta i EAPC.
Både dei politiske konsultasjonane og dei praktiske samarbeidsaktivitetane er vesentleg utvida sidan EAPC vart oppretta. Spesielt viktig var vedtaket på toppmøtet i Washington i 1999 om eit eige politisk-militært rammeverk for NATO-leia krisehandteringsoperasjonar ( Political-Military Framework - PMF), som gav partnarlanda høve til å delta i alle fasar - frå planlegging til iverksetjing - av slike operasjonar.
På norsk side har ein òg lagt stor vekt på at EAPC må styrkjast og utviklast vidare som eit konsultasjonsforum mellom NATO-landa og partnarane. Rådet må ha ei sentral stilling når ein drøfter den vidare utviklinga av partnarskapssamarbeidet. Det er etter norsk syn særs viktig at partnarane får høve til å uttale seg om retninga og prioriteringane i partnarskapsarbeidet før formelle vedtak vert fatta av dei allierte. Dette er på mange måtar ein parallell til dei ordningane vi sjølve ønskjer i høve til EU i ESDP-spørsmål.
EAPC-arbeidsprogrammet for 1998-2000 ( EAPC Action Plan 1998-2000) spenner over eit breitt saksfelt. I 1999 vart det til dømes oppretta ei ad-hoc-arbeidsgruppe for Kaukasus og ei ad-hoc-gruppe for Søraust-Europa. Frå norsk side har ein sett på ad-hoc-arbeidsgruppene for drøfting av spørsmål av regional karakter som viktige bidrag til å gjere den politiske konsultasjonsprosessen meir relevant for kvart partnarland. Såleis har ein støtta forslag om at det vart oppretta ei ad-hoc-gruppe også for Sentral-Asia. Arbeidsgruppene, som er opne for alle EAPC-land, har utarbeidd forslag til konkrete tiltak som skal fremje samarbeid og stabilitet i dei respektive regionane. Det var semje om å føre vidare desse drøftingane i 2000.
I arbeidsgruppa for Søraust-Europa har ein frå norsk side lagt vekt på initiativ til støtte for Stabilitetspakta. Noreg var ein av dei fremste bidragsytarane til omskoleringsprogrammet for overflødige offiserar i Bulgaria og Romania. Programmet vart iverksett i 2000 i samanheng med NATO-initiativet for Søraust-Europa (SEEI), som vart vedteke på toppmøtet i Washington, og er eitt av NATO sine viktigaste bidrag til Stabilitetspakta. Noreg støtta òg aktivt at arbeidsprogrammet for EAPC vart utvida til å omhandle humanitære tryggingsspørsmål som minerydding og kamp mot ulovleg handel med handvåpen. Også desse spørsmåla vert handterte i eigne arbeidsgrupper. Gruppene har mellom anna utarbeidd eigne kapittel om sine respektive område i arbeidsprogrammet for PfP. Ein har her lagt vekt på å byggje på eksisterande aktivitetar innanfor ramma av PfP. I arbeidet med humanitære tryggingsspørsmål legg ein stor vekt på at aktivitetane skal vere komplementære til det arbeidet som vert gjort i andre fora, slik at ein unngår duplisering.
Noreg var ein av hovudbidragsytarane til eit EAPC-fond som vart oppretta i 2000 for destruksjon av heile lageret av antipersonellminer i Albania.
Etter at ad-hoc-gruppa for samarbeid om fredstrygging avslutta arbeidet med eit kompendium om humanitære sider ved fredstrygging i 1999, fokuserte gruppa i 2000 på korleis EAPC kan bidra innanfor tidleg varsling av konfliktar og konfliktførebyggjande tiltak.
Aktivitetane innanfor Det euroatlantiske koordineringssenteret for katastrofehjelp ( Euro-Atlantic Disaster Response Coordination Centre - EADRCC), som vart oppretta i 1998, vart førte vidare, og EAPC har fått ei operativ evne i samanheng med krisehandtering og katastrofehjelp. I denne samanhengen har ein på norsk side lagt stor vekt på å nytte dei ressursane Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) disponerer til å hjelpe partnarane med å byggje opp fungerande sivile beredskapsstrukturar.
3.2 Partnarskap for fred (PfP)
Sidan opprettinga i 1994 har den overordna målsetjinga for Partnarskap for fred (PfP) vore å fremje eit stabilt og demokratisk Europa gjennom praktisk militært samarbeid. Det formelle grunnlaget for partnarskapen er likelydande rammeavtalar mellom NATO og dei 27 partnarlanda (alle EAPC-landa unnateke Tadsjikistan). Kroatia var det siste landet som slutta seg til partnarsamarbeidet i mai 2000.
Samarbeidet vart bygt ut og gjort meir operativt i samband med ei rekkje praktiske initiativ som følgde toppmøtet i Washington i 1999, mellom anna det politisk-militære rammeverket for NATO-leidde PfP-operasjonar ( Political-Military Framework - PMF), forsvarsplanleggings- og tilsynsprosessen for PfP ( Planning and Review Process - PARP), det operative kvalifikasjonskonseptet ( Operational Capabilities Concept - OCC) , det konsoliderte trenings- og utdanningsprogrammet ( Training and Education Enhancement Programme - TEEP) og den utvida og meir operative partnarskapen ( Enhanced and More Operational Partnership - EMOP). NATO og partnarlanda har i løpet av 2000 utvikla desse praktiske samarbeidstiltaka vidare med auka evne til å operere saman som det overordna målet.
PfP har vist seg å vere eit fleksibelt instrument. Det einskilde partnarlandet står nokså fritt med omsyn til målsetjing for og omfang av eige engasjement. For nokre partnarland, som Sverige og Finland, gjev deltaking i PfP høve til å delta i førebuingar til fredsoperasjonar under NATO-leiing og tettare militært samarbeid med NATO, utan at det er naudsynt for dei å ta stilling til medlemskap. For andre partnarland er PfP viktig i arbeidet med å kvalifisere seg til medlemskap. Andre partnarland igjen ser på PfP primært som eit konsultasjonsorgan og som eit teikn på ei formell tilknyting til det etablerte euroatlantiske tryggingssamarbeidet.
PfP gjev ikkje tryggingsgarantiar, men rett til konsultasjonar med NATO dersom partnarane ser tryggleiken sin trua. Denne mekanismen vart nytta i samanheng med krisa i Kosovo, der fleire partnarar hadde individuelle konsultasjonar med NATO. Røynslene med partnarskapssamarbeidet og partnardeltaking i ikkje-artikkel-5-operasjonar har vore svært gode. Ikkje minst har samarbeidet i Bosnia og Kosovo synt kor viktig partnarstøtta er for å oppretthalde effektive, fleirnasjonale fredsoperasjonar over tid. Mykje tyder såleis på at NATO i røynda vil vere avhengig av støtte frå partnarane i framtidige, større og meir langvarige fredsoperasjonar.
Arbeidsprogrammet for PfP dekkjer ei lang rekkje område, spesielt på det militære og forsvarspolitiske planet. På grunnlag av programmet og presentasjonsdokumentet kvart land legg fram, vert det årleg utarbeidd individuelle partnarskapsprogram. Dei konkrete målsetjingane med desse programma er blant anna å skape større transparens rundt spørsmål knytte til nasjonal forsvarsplanlegging og forsvarsbudsjett, auka demokratisk kontroll med væpna styrkar, betre evne til sivil beredskapsplanlegging og katastrofehandsaming og betre evne til deltaking i NATO-leidde PfP-operasjonar.
For NATO er det eit viktig mål å knyte partnarane stadig nærare til det daglege PfP-arbeidet i alliansen, i NATO sine ulike komitear og i praktisk arbeid på ulike felt. Til dømes er partnarlanda integrerte i kommandostrukturen i NATO gjennom såkalla PfP Staff Elements på dei to øvste nivåa i kommandostrukturen, der offiserar frå partnarlanda arbeider i internasjonale stillingar side om side med allierte offiserar. På same måten er det utarbeidd retningslinjer for ei praktikantordning som skal gje sivilt personell frå partnarlanda høve til opphald ved NATO-hovudkvarteret for å gjere seg kjende med korleis den sivile staben ved PfP arbeider. For å ta hand om militær planlegging og for å koordinere militære fellesaktivitetar er det oppretta ei samordningsgruppe ( Partnership Coordination Cell - PCC) ved SHAPE.
Arbeidet med å gjennomføre NATO sitt PMF-rammeverk har halde fram i lys av konkrete røynsler frå SFOR og KFOR. I tida etter Washington-toppmøtet oppstod det misnøye blant partnarane med måten alliansen gjennomførte PMF på. På norsk initiativ vart det difor ført ein diskusjon om korleis intensjonane i rammeverket kunne gjennomførast, spesielt korleis partnarane kunne komme nærare inn i vedtaksprosessane for operasjonar der dei sjølve medverkar med styrkar eller andre militære ressursar. Som et resultat av dette var det våren 2000 konsensus om å styrkje PMF med både jamlege politiske konsultasjonar og militær involvering. Partnarland og allierte som deltek i KFOR- og SFOR-styrkane møtest med jamne mellomrom på politisk og militært nivå for å konsultere om den vidare utviklinga av desse fredsoperasjonane. Dermed vert dei politiske prosessane og den operative iverksetjinga knytte tettare saman. Noreg har såleis fått eit godt resultat etter initiativet om å styrkje partnarlanda si deltaking. Etter norsk syn styrkjer dette også NATO si evne til å gjennomføre krisehandteringsoperasjonar.
Arbeidet med rammeverket har vore nært knytt til vidare utvikling av forsvarsplanleggingsprosessen for partnarlanda, som no i større grad reflekterer dei prosedyrane som vert lagde til grunn i forsvarsplanleggingsprosessen på alliert side. Av spesiell interesse for det forsvarsrelaterte og militære samarbeidet er PARP-prosessen. Prosessen og dokumenta som vert brukte i PARP, ligg no svært nær opp til den som vert brukt i styrkeplanlegginga på alliert side. Totalt tek 17 land del i PARP.
I samband med PARP har NATO teke initiativ til det separate kandidatprogrammet for land som ønskjer medlemskap i NATO, MAP. MAP skal gje partnarlanda konkrete råd og målretta tilbakemelding og dermed hjelpe til med å gje «forbetringsprosessen» eit realistisk preg og støtte moderniseringa av dei nasjonale forsvarsstrukturane i dei ni partnarlanda som førebels tek del i programmet.
Gjennom konseptet for operative evner, OCC, er partnarane sine evner til å operere saman med allierte styrkar i framtidige NATO-leidde PfP-operasjonar ytterlegare auka. Hovudformålet med OCC er å styrkje dei operative aspekta ved PfP, evna hos partnarane til militært samvirke med alliansen, og å førebu alliansen si evne til å setje saman formålstenlege «styrkepakkar» for NATO-leidde PfP-operasjonar. Dette vert søkt gjort gjennom utviklinga av nye mekanismar og ei meir rasjonell utnytting av eksisterande mekanismar i PfP. Dei mest sentrale elementa i OCC er opprettinga av ein database med informasjon om partnarlanda sine potensielle bidrag i form av militære einingar og andre ressursar til NATO-leidde operasjonar, utviklinga av ein mekanisme for å evaluere partnaren si støtte opp mot gjeldande NATO-standardar og å utvikle vidare praktiske samarbeidsformer i fredstid.
Ein har også søkt å styrkje den operative sida ved samarbeidet gjennom å samordne dei ulike utdanningssentra i PfP-området, samtidig som det vert utarbeidd mekanismar for å kanalisere operative krav til praktisk utdanning i samanhang med til dømes fredsoperasjonar. Det vert også arbeidd med å opprette multinasjonale einingar for framtidige krisehandteringsoppgåver.
Dei overordna rammene for treningsprogrammet, TEEP, vart først ferdig utvikla våren 2000. Sentrale verkemiddel er mellom anna betre samordning av eksisterande program gjennom å utvikle felles standardar og kriterium for utdanning, og opprette og bruke samarbeid mellom PfP-treningssentra i partnarlanda.
Det har i løpet av året vore ei positiv utvikling i ulike former for regionalt tryggingssamarbeid innanfor EACP/PfP. Dette gjeld spesielt NATO-initiativet for Søraust-Europa (SEEI), som vart ytterlegare styrkt ved å etablere ei styringsgruppe (SEEGROUP). Formålet med programmet er framfor alt å byggje ut eit nettverk av praktisk samarbeid og dermed bidra til å integrere landa i Søraust-Europa i eit forpliktande tryggingspolitisk samarbeid. Hovudansvaret for å setje i verk aktivitetar innanfor denne kategorien samarbeid kviler på landa i regionen, medan NATO hovudsakleg har rolla som tilretteleggjar. Denne typen arbeid utgjer ei viktig støtte til regional stabilitet og er eit alternativ for land som ikkje tek del i PfP sine målretta samarbeidsprogram. Alliansen har òg eit særskilt samarbeidsprogram med Albania som vart intensivert i samband med krisa i Kosovo. Støtta til Albania omfattar mellom anna forsvarleg lagring av ammunisjon, sivil beredskapsplanlegging, krisehandtering og grensekontroll.
For partnarland som deltek i handlingsplanen for medlemskap ( MAP), er det utvikla ein utvida evalueringsprosedyre i samanheng med PfP-aktivitetar (sjå avsnitt 3.3). Det er ein føresetnad at PfP eller PfP-liknande aktivitetar også inngår som ein viktig del av iverksetjinga av NATO-initiativet for Søraust-Europa. På same måten har NATO opna for at slike aktivitetar i visse tilfelle kan gjerast tilgjengelege for deltakarane i middelhavsdialogen.
Dei ovannemnde samarbeidstiltaka utgjer i utgangspunktet eit effektivt og omfattande instrument for å utvikle partnarane sine forsvarsstrukturar og evne til samarbeid med allierte styrkar. Frå norsk side vert det arbeidd med å utnytte dei eksisterande programma og tiltaka på ein slik måte at potensialet i dei nemnde rammene vert nytta fullt ut. Eit viktig arbeid i så måte er å effektivisere dei ulike prosessane slik at ein unngår dobbeltarbeid, reduserer kostnadene og oppnår ein kvalitativt betre prosess. Det vil også vere viktig å ha eit realistisk syn på kva som er råd å gjennomføre innanfor eit visst tidsperspektiv. Noreg utfyller dertil PfP-samarbeidet gjennom årlege bilaterale forsvarsrelaterte tiltaksplanar med ei rekkje partnarland. I løpet av året gjennomførte Noreg forsvarsrelaterte samarbeidsaktivitetar med Estland, Litauen, Latvia, Slovakia, Romania og Bulgaria, og i mindre grad med Russland og Ukraina.
Regjeringa har helsa velkomme arbeidet med å gjere PfP-samarbeidet meir operativt. Dei ulike tiltaka som er i ferd med å verte sette i verk, har ikkje ei rein politisk målsetjing, men vil også kunne gje heilt konkrete militære vinstar ved at partnarane si evne til å operere saman med allierte i framtidige NATO-leidde PfP-operasjonar vil verte styrkt. Vidare hevar PfP-samarbeidet den generelle standarden innanfor dei væpna styrkane og stimulerer demokratiutviklinga i partnarlanda.
Noreg har også, til liks med ei rekkje andre nasjonar, peika på utfordringane som gjeld alliansen og partnarane si reelle evne til å absorbere ymse aktivitetar, både når det gjeld kostnader og når det gjeld kva som er praktisk mogeleg å gjennomføre på kort sikt. Korkje den einskilde partnar eller alliansen er tent med at det vert utvikla program som enten ikkje let seg realisere av økonomiske eller personellmessige årsaker, eller som krev at store ressursar må overførast frå naudsynt økonomisk og sosial utvikling til militær oppbygging. Dette kan både skade reformprosessane og føre til at opinionen i desse landa blir meir skeptisk til NATO og medlemskap i alliansen.
3.3 Utvidinga av NATO/MAP
Under toppmøtet i Washington i 1999 slo stats- og regjeringssjefane i NATO fast at døra er open for nye medlemmer. Dei vedtok òg at utvidinga av NATO skal vere eitt av hovudtema på neste toppmøte, som vil finne stad i Praha i andre halvdel av 2002.
Samstundes vedtok dei handlingsplanen for NATO-medlemskap ( Membership Action Plan - MAP). Dette skal vere eit praktisk instrument for den intensiverte dialogen med partnarar som ønskjer NATO-medlemskap, og for å utvikle dei ulike kandidatlanda sine føresetnader for medlemskap. Forutan dei tre baltiske landa Estland, Latvia og Litauen tek Albania, Bulgaria, Makedonia, Romania, Slovakia og Slovenia del i MAP. Dialogen med kandidatlanda går føre seg i årlege syklusar som tek til på hausten når dei nasjonale programma for førebuing til medlemskap ( Annual National Programme - ANP) vert lagde fram. Programma gjer greie for det enkelte kandidatlands status og mål når det gjeld politiske, økonomiske, forsvars- og militære, ressurs-, tryggings- og juridiske spørsmål. Dei nasjonale programma vert oppdaterte årleg. I vårhalvåret utgjer dei individuelle evalueringsrapportane som vert utarbeidde av NATO, m.a. på grunnlag av besøk av ekspertteam frå NATO i kvart kandidatland, eit viktig grunnlag for dei individuelle møta med NATO sitt faste råd. Ein framdriftsrapport for MAP-prosessen vert lagd fram for utanriksministermøtet på våren og markerer avslutninga på kvar syklus.
Sidan toppmøtet i Washington er nær to MAP-syklusar gjennomførte, og erfaringane har så langt vore positive. Kandidatlanda har utvikla ei meir systematisk og koordinert tilnærming i sine førebuingar til NATO-medlemskap. Medlemskap i NATO og EU er deira høgst prioriterte utanrikspolitiske mål. Dei forfølgjer desse parallelt, og ser dei som komplementære og gjensidig forsterkande. Utanriksministrane i kandidatlanda understreka dette i ei fråsegn underteikna i Vilnius 19. mai. Dei vonar at NATO vil skrive ut nye invitasjonar i 2002.
I dialogen med kandidatlanda har Noreg og dei andre allierte særleg understreka behovet for realisme når det gjeld mål, tilgang på ressursar, prioriteringar og tidsfristar. Kvalitet framfor kvantitet og omsyn til andre delar av dei nasjonale reformprosessane har vore gjennomgåande råd til kandidatlanda. På norsk side har ein også lagt vekt på regionalt samarbeid, integrering av minoritetar og forhold til naboland.
Kandidatlanda sine framskritt i MAP vil vere eit viktig grunnlag for NATO når ein skal invitere nye land, men er ingen garanti for medlemskap. Kva som vil vere best med omsyn til alliansen sine strategiske interesser og kva ein vil vere best tent med når det gjeld tryggleik og stabilitet i Europa, vil vere avgjerande i denne samanhengen. Det er brei semje blant dei allierte om at omsynet til Russland er særleg viktig. Men det inneber ikkje at Russland vil få noka form for veto eller avgjerande innverknad på prosessen. Frå norsk side er det særleg streka under at dei baltiske statane må målast etter same målestokk som dei andre kandidatane.
3.4 Russland
Samarbeidet mellom NATO og Russland har sakte, men sikkert utvikla seg positivt sidan grunnakta om gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen ( Founding Act on Mutual Relations, Cooperation and Security between NATO and the Russian federation) vart underteikna i 1997. Samarbeidet er institusjonalisert gjennom møte i det permanente samarbeidsrådet mellom NATO og Russland ( Permanent Joint Council - PJC) på både sivilt og militært nivå.
I mars 1999 valde Russland å leggje samarbeidet med NATO på is, grunna den militære operasjonen mot Jugoslavia. Då Russland mot slutten av 1999 viste interesse for å ta opp att samarbeidet, vart det avgrensa til dei månadlege møta i PJC og mellom dei militære representantane i motstykket til PJC på militær side (PJC-MR). Frå russisk side avviste ein å drøfte andre saker enn situasjonen i Bosnia og i Kosovo og spørsmål i tilknyting til samarbeidet i SFOR og KFOR. Trass i forskjellar i vurderinga av situasjonen på russisk og alliert side har dialogen og samarbeidet om Balkan vore konstruktivt.
Kontakten vart teken opp att i tilnærma full breidd i løpet av 2000. Den positive politiske utviklinga på Balkan hausten 2000, som resulterte i at Milosevic miste makta og alliansen kunne innleie ein konstruktiv dialog med president Kostunica, har òg ført til at Russland har nærma seg dei allierte. Det kom gradvis fram større grad av semje i synet på situasjonen på Balkan, særleg om forholda i den tidlegare jugoslaviske republikken og i Bosnia. Det er verdt å merkje seg at Russland heile tida har halde oppe sitt engasjement i SFOR, og vart med i KFOR-styrken heilt frå starten av. Samarbeidet i felten mellom russiske einingar og kontingentane frå NATO og andre troppebidragsytande land har i det store og heile vore godt, også i den perioden der resten av PJC låg nede. På norsk side har ein sett samarbeidet i Kosovo og Bosnia-Hercegovina som eit prov på at det er mogeleg for Russland og NATO å samarbeide om å nå sams tryggingspolitiske mål i Europa.
Etter at PJC-samarbeidet vart teke opp att i 2000, vart det frå NATO si side lagt vekt på at dialogen måtte bli følgd opp i brei skala. Det har skjedd ein gradvis prosess i retning av å utvide samarbeidet. Innanfor alliansen har ein byrja å sjå nærare på korleis møtestrukturen kan endrast, i von om at dette kan bidra til å gjere samarbeidet meir smidig og effektivt. Men det kjem ikkje på tale å gjere PJC om til et vedtaksforum, slik ein på russisk side ønskjer.
Frå norsk side har ein heile tida sett stor verdi i PJC-samarbeidet. Det vil etter norsk syn ikkje vere mogeleg å byggje eit stabilt Europa på lang sikt utan at det samstundes vert etablert ein partnarskap mellom alliansen og Russland. Siktemålet må vere å integrere Russland tettast mogeleg i ulike euroatlantiske samarbeidsfora. PJC utfyller òg den bilaterale dialogen mellom Noreg og Russland. På det praktiske planet tek det opp ei rekkje spørsmål som er viktige for Noreg også frå ei bilateral side, mellom anna forsvarsrelatert miljøvern, atomtryggleik, omstrukturering av forsvarsindustri, omskolering av militært personell og andre militære reformtiltak. Politisk og militært bidreg PJC etter norsk syn til å bryte ned skiljeliner og å leggje grunnlaget for ei felles tilnærming til internasjonal tryggingspolitikk.
Utanriksministermøtet i Firenze i mai 2000 vart det første PJC-møtet på ministernivå etter krisa i Kosovo. Møtet var prega av kritiske røyster og open debatt på begge sider. Særleg ordskiftet om den russiske politikken i Tsjetsjenia vart hardt. Men ein rekna det likevel som eit steg mot ei normalisering, i og med at den russiske utanriksministeren deltok. Under forsvarsministermøtet i juni 2000 var tonen positiv, og Russland uttrykte at det var på tide å starte samarbeidet på nytt og leggje bak seg dei kontroversane ein hadde hatt sidan Kosovo-krisa. Under møtet vart det lagt vekt på dei positive røynslene frå samarbeidet i KFOR mellom Russland og NATO, som operativt sett har synt seg å vere vellykka.
Under ministermøta hausten 2000 kritiserte likevel Russland NATO for manglande etterleving av resolusjon 1244 frå Tryggingsrådet i FN om statusen til Kosovo i framtida, og for manglande initiativ i forhold til det nye regimet i Beograd. Ministermøta i desember var òg prega av at dei allierte igjen kritiserte den russiske politikken i Tsjetsjenia og av Russland si langsame oppfølging av saker i tilknyting til CFE-avtalen.
Eit særleg positivt element i samarbeidet Russland-NATO er at det under utanriksministermøtet i desember endeleg vart semje om vilkåra for opninga av eit informasjonskontor i Moskva, slik Grunnakta legg opp til. Belgia skal som vertsland for Russland sin misjon til NATO ha informasjonskontoret som ein del av sin ambassade i Moskva. Russland sin samarbeidsvilje i dette spørsmålet har tidvis vore moderat, mellom anna når det gjeld personellet sine rettar og lokaliseringa av kontoret. Den russiske haldninga skuldast også motstand frå einskilde sentrale aktørar mot å få etablert eit organ i Russland som skal drive med «propaganda» for NATO. Ein delegasjon frå NATO som besøkte Moskva hausten 2000 for å diskutere spørsmåla nærare, møtte ei meir positiv haldning, og kontoret skulle etter planen vorte opna i desember 2000. Som ein reaksjon på vestleg kritikk av Russland sin politikk i Tsjetsjenia, vart opninga i desember utsett. Informasjonskontoret vil likevel bli opna i februar 2001 av generalsekretær Robertson. Den endelege opninga av kontoret har stor symbolverdi for forholdet mellom Russland og NATO.
Eit anna samarbeidsprosjekt som har vore planlagt i lang tid, er etableringa av eit liaisonkontor (sambandskontor) i Moskva, tilsvarande den ordninga Russland i dag har ved SHAPE i Belgia. Ein har rekna det for viktig å etablere eit slikt kontor for å gjere det lettare å etablere og samordne militære samarbeidstiltak mellom NATO og Russland. Alliansen sitt mål er at opning skal skje i løpet av 2001.
Den tragiske Kursk-ulykka i august 2000 førte til at eit nytt kapittel vart opna i det militære samarbeidet med Russland. Russland tok initiativ til å etablere ei permanent arbeidsgruppe for Russland/NATO, sett saman av ekspertar på søk og redningsoperasjonar til havs. Denne arbeidsgruppa skal sjå nærare på notifikasjon, opplæring og trening av redningsteam, produksjon av redningsutstyr og standardisering. Under forsvarsministermøtet i desember vart eit særskilt samarbeidsprogram om søk og redning til havs vedteke.
Den norske innsatsen etter ulykka og engasjementet vårt overfor Russland i nord var eit naturleg utgangspunkt for vår rolle som pådrivar i denne saka. Frå norsk side støtta ein difor det russiske forslaget, både fordi det i seg sjølv vil kunne vere spesielt nyttig for Noreg, som har tilgrensande havområde til Russland, og fordi røynslene frå Balkan har synt at samarbeidet mellom NATO og Russland fungerer best når det er praktisk og konkret.
Det militære samarbeidet med Russland har også famna konstruktive konsultasjonar om spreiing av masseøydeleggingsvåpen (atomvåpen, kjemiske og biologiske våpen). Eit ekspertseminar vart halde i november om desse spørsmåla, og arbeidet vil verte ført vidare med nye ekspertmøte framover. Dette emnet vart òg drøfta i PJC. Det var semje om at ekspertmøtet hadde vore særs positivt, og at Russland og NATO har felles interesser når det gjeld spreiingsproblematikken.
Enno gjenstår russisk deltaking i samarbeidet i EAPC og Partnarskap for fred. Russland ønskjer å ha ein særskild dialog med NATO, og vil difor ikkje prioritere fora der Russland er eitt av fleire partnarland.
Alliansen har generelt teke vel imot president Putin sine klare signal om at samarbeidet med NATO er ei prioritert sak for Russland. Samstundes har russisk utanrikspolitikk i Putin sitt første år ved makta ikkje ført med seg store endringar i tilhøvet til alliansen, jamvel om den russiske politikken no verkar fastare. Det er positivt at ramma for samarbeidet stadig vert utvida med ein dagsorden som mellom anna omfattar situasjonen på Balkan, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, sivil krisehandtering, infrastruktur, forsvarsrelatert miljøvern og søk og redning til havs.
3.5 Ukraina
NATO har gjennom 2000 fortsett å byggje ut samarbeidet med Ukraina innanfor ramma av NATO-Ukraina-charteret ( Charter on a Distinctive Partnership between the North Atlantic Treaty Organisation and Ukraine) frå 1997. Det gjeld både møte- og seminarverksemd, besøksutveksling og praktiske samarbeidstiltak. Det har jamleg vore halde møte på ambassadørnivå i NATO-Ukraina-kommisjonen ( NATO-Ukraine Commission - NUC). Våren 2000 vart det halde eit ambassadørmøte i NUC i Ukraina. Det viktigaste formålet med NUC er å gje politisk støtte til Ukraina sin status som sjølvstendig stat og å bidra til naudsynte militære reformer.
Så langt har framdrifta gått seinare enn ein først hadde håpa. Dette skuldast hovudsakleg manglande vilje og evne til å gå inn ein substansiell dialog frå ukrainsk side, noko som igjen har ført til minkande interesse mellom dei allierte landa. Dårleg økonomi er nok ei av årsakene til at ein på ukrainsk side ikkje er i stand til å følgje opp sine ambisjonar i praksis.
Dokumentasjons- og informasjonssenteret som NATO oppretta i mai 1997 i Kiev, er vorte fullt ut operativt sidan 1999. Senteret driv ei aktiv informasjonsverksemd. NATO sine sivile og militære liaisonoffiserar spelar òg ei viktig rolle i førebuingane til samarbeid mellom NATO og Ukraina, ikkje minst når det gjeld ukrainsk deltaking i samarbeidet i Partnarskap for Fred.
Det viktigaste innslaget i samarbeidet med Ukraina i 2000 har vore reforma av dei væpna styrkane i Ukraina. Arbeidet rører ved alle sider av reformprosessen i Ukraina - politisk, økonomisk og militært. Samstundes er det eit område der ein frå alliert side har føresetnader for å bidra mellom anna med rådgjeving. Eit tiltak som ein frå norsk og anna alliert hald har sett store voner til, er ei felles arbeidsgruppe som mellom anna skal samordne ulike allierte tosidige tiltak for å støtte reformer i det ukrainske forsvaret. Fleire allierte har eit omfattande tosidig engasjement i Ukraina, og den felles arbeidsgruppa for militær reform er eineståande i sitt slag i partnarsamanheng.
Den ukrainske langtidsplanen for utvikling av forsvaret fram mot 2005 vart lagd fram sommaren 2000. Langtidsplanen utgjorde eit sentralt element i dialogen mellom NATO og Ukraina. Planen er i hovudsak ei omfattande liste over målsetjingar og aktivitetar som er utførte eller planlagde i tida framover. Planen seier lite om korleis reformprogrammet skal gjennomførast og om kva konkrete utfordringar ein står overfor i omstillingsarbeidet. NATO har i arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR) utarbeidd tilrådingar om gjennomføringa av omstillingane i det ukrainske forsvaret. Alliansen har mellom anna tilrådd ein meir effektiv bruk av verkemiddel frå PfP-programmet og ulike arbeidsgrupper.
I løpet av 2000 vart det oppnådd semje med Ukraina om å utvide bruken av PARP-prosessen som eit verktøy for å støtte direkte opp om dei ukrainske reformplanane. Dette vil vere første gongen PARP vert brukt til eit slikt formål. Vidare vart det bestemt at NATO skal yte direkte støtte til arbeidet med å gjennomføre dei målsetjingane Ukraina har teke på seg i PARP. I tillegg vart ein samd om å auke den gjensidige utvekslinga av informasjon og ei betre alliert samordning av bilaterale samarbeidsaktivitetar.
Alliansen verdset også Ukraina si deltaking i dei NATO-leia fredsoperasjonane på Balkan, ikkje minst av di deltaking i slike operasjonar frå eitt av dei største landa i Europa er viktig frå ein politisk synsvinkel. Ein avgrensande faktor er økonomien i Ukraina. Mellom anna for å sikre vidare ukrainsk deltaking med ei helikopteravdeling i KFOR sa fleire allierte og partnarar, blant desse Noreg, seg villige til å dekkje utgiftene med eit slikt engasjement.
Generelt syner den politiske leiinga i Ukraina stor interesse for ei vidare utbygging av samarbeidet med NATO. Det vert ofte fremja forslag om nye initiativ og tiltak. Samstundes som NATO helsar denne interessa velkommen, ser ein frå alliert side eit klart behov for å prioritere tiltak som allereie er vedtekne og under iverksetjing. Dette er langsiktige problem som berre i visse høve kan rettast på med meir ressurser frå alliert side, der ressurstilgangen også er avgrensa.
Samstundes vekte den innanrikspolitiske utviklinga i Ukraina hausten 2000 bekymring innanfor alliansen. Det er semje om at samarbeidet krev at innanrikspolitiske føresetnader vert oppfylte og at ein har ein motpart i den politiske leiinga i Ukraina som tek ansvar og aktivt følgjer opp samarbeidet med NATO.
3.6 Middelhavsdialogen
Stabiliteten i Middelhavsregionen er viktig for tryggleiken i heile det euroatlantiske området. Middelhavsdimensjonen er ein av pilarane i den europeiske tryggingsstrukturen. Middelhavsdialogen i NATO utfyller andre tillitsskapande prosessar i regionen, mellom anna Barcelonadialogen i EU, middelhavsdialogen i OSSE og ikkje minst fredsarbeidet i Midtausten.
Dialogen vart formelt etablert i 1995, og omfattar no sju land (Algerie, Egypt, Israel, Tunisia, Marokko, Mauretania og Jordan). Algerie slutta seg til sommaren 2000, noko som vert vurdert som positivt for utviklinga av stabilitet og fredeleg sameksistens i Maghreb-området. Forutan å styrkje den europeiske tryggleiken generelt, er formålet med dialogen å gjere politikken og verksemda til alliansen betre kjend i Middelhavsområdet. Den årlege politiske dialogen gjev NATO høve til å presentere sine synspunkt i aktuelle tryggingspolitiske saker, og deltakarlanda kan ta opp spørsmål som er viktige for dei. I januar 1998 ble det opprette NATO-kontaktambassadar i alle dialoglanda. Også dette fører til auka kontakt og kjennskap.
Dialogen er i prinsippet basert på eit bilateralt tilhøve mellom kvart land og alliansen. Han er ikkje-diskriminerande i den forstand at alle land får det same tilbodet om innhald og form i sin kontakt med alliansen. Toppmøtet i Washington vedtok at dialogen skulle styrkjast og utdjupast. I aukande grad deltek representantar frå dialoglanda i ulike NATO-aktivitetar, mellom anna forskingsseminar, kurs og informasjonstiltak og som observatørar under øvingar. Israel er framleis den mest aktive brukaren, men NATO-innsatsen på Balkan har i stor grad ført til at dei arabiske landa i dag har ei meir positiv innstilling til alliansen. Høgtståande NATO-tenestemenn har besøkt fleire av landa i løpet av året for å føre politiske samtalar. Vidare er det teke initiativ til å inngå bilaterale tryggingsavtalar på linje med PfP-landa med sikte på å gje dialoglanda tilgang på graderte opplysningar under øvingar, kurs og seminar.
Alliansen er no inne i ein fase der ein prøver å konkretisere samarbeidsområde der dialogen kan vitaliserast. Sivil beredskap, minerydding, handvåpen og spreiing av masseøydeleggingsvåpen er blant dei forslaga som dialoglanda sjølve har fremja. Det er noko ulik oppfatning blant dei allierte om kor langt ein skal gå, men det er brei semje om å oppretthalde ein kvalitativ skilnad mellom partnarland og dialogland.
Noreg deler den oppfatninga at tryggleiken i Middelhavsområdet er viktig for stabiliteten i heile det euroatlantiske området, og at NATO-dialogen er ein eigna reiskap til auka tillit. Vår haldning er at alliansen bør søkje å utdjupe dialogen gjennom konkrete samarbeidstiltak, samtidig som ein bør halde på det naturlege skiljet mot partnarlanda.