1 Erklæringar og kommuniké
1.1 Ministermøte i Det nordatlantiske rådet, Firenze, 24. mai 2000. Sluttkommuniké
I Firenze i dag seier vi oss på nytt forplikta til å arbeide for fred, stabilitet og fridom gjennom ein sterk Atlanterhavsallianse grunnlagd på demokrati, respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippet. Vi gav rettleiing til vidare gjennomføring av vedtaka frå Washington-toppmøtet, og oppsummerte resultata NATO har oppnådd i den pågåande innsatsen for å skape varig fred og stabilitet i Søraust-Europa.
NATO går heilt og fullt inn for å fremje tryggleik, stabilitet, fred og demokrati i Søraust-Europa. At vi står fast på å nå desse måla, viser dei NATO-leia fredsstøtteoperasjonane i Bosnia-Hercegovina og Kosovo og NATO-initiativet for Søraust-Europa. Vi takkar NATO-partnarane og andre land for den viktige innsatsen dei gjer i dette arbeidet. Særleg gler vi oss over den innsatsen Albania og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei næraste nabolanda til Kosovo, gjer for å støtte KFOR. Vi stadfester at vi går inn for territorial integritet og suverenitet for alle land i regionen. Gjennom Det faste rådet og Militærstyresmaktene i NATO følgjer vi nøye med på det som skjer i heile regionen. Vi rosar det militære personellet frå alle land som gjer teneste på Balkan for den profesjonelle og heilhjarta innsatsen dei gjer til beste for fred og stabilitet. Vi uttrykkjer djup medkjensle med familiane til dei som har mist livet og med dei som er blitt såra under oppdraget.
Vi gler oss over dei demokratiske endringane i Kroatia etter dei epokegjerande parlaments- og presidentvala som nyleg vart gjennomførte. Vi oppmuntrar Kroatia til å halde fram med det omfattande reformprogrammet sitt, som kan tene som eit føredøme for dei landa i regionen som enno ikkje er med i det euroatlantiske fellesskapet. Vi støttar fullt opp om det betra tilhøvet Kroatia har etablert med Bosnia-Hercegovina. Vi gler oss over at Kroatia på forpliktande grunnlag går inn for full gjennomføring av Dayton-avtalen, fortare tilbakeføring av flyktningar utan forskjellsbehandling, samarbeid med ICTY og utvida tryggingsinnsats i regionen. Vi ser fram til at den kroatiske utanriksministeren i morgon skal underteikne Rammedokumentet for PfP, og at Kroatia vil delta i det påfølgjande ministermøtet i EAPC. Vi vil samarbeide nært med Kroatia i EAPC og PfP, særleg innanfor fredsstøtteoperasjonar og reform av og demokratisk styring med dei militære styrkane i Kroatia.
Vi forpliktar oss framleis til full gjennomføring av dei måla det internasjonale samfunnet har fastsett for Kosovo i Tryggingsrådets resolusjon nr. 1244. Vi arbeider for eit fredeleg, fleirkulturelt og demokratisk Kosovo der alle folkegruppene, utan omsyn til etnisk opphav eller religion og på likeverdig grunnlag, kan leve trygt og nyte godt av allmenngyldige menneskerettar og fridomar, også rettane til personar som høyrer til minoritetar, mellom anna gjennom full deltaking i demokratiske institusjonar.
Eitt år etter at den internasjonale, NATO-leia tryggingsstyrken (KFOR) vart utplassert, er det gjort god framgang i Kosovo. Tryggingssituasjonen i Kosovo er no markert betra. Sidan KFOR kom, har meir enn ein million flyktningar og fordrivne personar, offer for ein brutal etnisk utrenskingsaksjon, vendt tilbake.
Vi uttrykkjer vår sterke støtte til FN-oppdraget i Kosovo (UNMIK) og spesialutsendingen for FNs generalsekretær. Vi er glade for at samordninga og samarbeidet mellom KFOR og UNMIK fungerer så godt i gjennomføringa av Tryggingsrådets resolusjon nr. 1244. UNMIK har etablert felles, mellombels forvaltningsstrukturar der folket i Kosovo samarbeider om å etablere eit demokratisk samfunn grunnlagt på rettsstatsprinsippet, toleranse og respekt for menneskerettane og dei kulturelle rettane. Vi gler oss over motet som er vist av dei kosovoserbarane som saman med kosovoalbanarar og andre folkegrupper har valt å finne sin plass i desse strukturane. Vi oppmuntrar leiarane for alle folkegruppene, særleg kosovoserbarane, til å bli med i denne prosessen. Full deltaking i strukturane vil vere med på å sikre ei multietnisk framtid for Kosovo.
Med same siktemål oppmodar vi alle medlemer av Kosovo-samfunnet til å ta del i kommunevala til hausten. Vi rosar OSSE for den faste viljen organisasjonen viser i arbeidet med å organisere og kontrollere val som skal vere trygge og frie. KFOR vil ha ein viktig støttefunksjon. Valet av ei ny, representativ leiing på kommunenivå i heile Kosovo vil vere med på å styrkje rettsstaten, det kommunale sjølvstyret og demokratiutviklinga. Vi ser med glede at også andre statlege og ikkje-statlege organisasjonar yter viktige bidrag til normaliseringsprosessen i Kosovo.
Sjølv om det er gjort viktige framsteg, er mykje ugjort, særleg når det gjeld vern av etniske grupper og minoritetar. Dessverre er minoritetsgrupper utsette for valdshandlingar frå kosovoalbanske terroristar. Dette representerer ei av dei største utfordringane KFOR og UNMIK står overfor. Vi fordømmer alle valdshandlingar, enten dei har etniske, politiske eller kriminelle motiv. Vi rosar KFOR for handlekrafta som vert vist i arbeidet med å stanse ekstremistar frå alle sider og gjere livet tryggare for alle etniske grupper og minoritetar. Vi rosar og støttar innsatsen UNMIK gjer for å intensivere kampen mot organisert kriminalitet, våpensmugling, ulovleg våpeninnehav og prostitusjon og for å utvikle eit fullt fungerande politi- og rettsvesen. Vi går inn for at alle fordrivne personar skal kunne gjere bruk av retten til å vende tilbake til Kosovo. Vi strekar under at det er ei plikt for lokale leiarar å ta klar avstand frå vald mot minoritetar og å tale det fleirkulturelle Kosovo si sak, og å stå ved det dei har forplikta seg til. Etnisk vald kan ikkje godtakast og vil undergrave framtidig støtte til Kosovo frå verdssamfunnet si side.
Mitrovica er ein stad der spenningane mellom dei etniske gruppene har hatt lett for å blusse opp, og krev vidare oppfølging. Vi rosar KFOR og UNMIK for framgangen dei har hatt i arbeidet for sameksistens og eit udelt og trygt Mitrovica. Vi ser med glede på at ein regional administrator for Mitrovica nyleg er utnemnd, og tek dette som eit nytt prov på at UNMIK har vilje til å bruke sine fullmakter i heile Kosovo. Vi fordømmer alle forsøk frå Beograd eller frå anna hald på å hisse til etnisk spenning i byen.
Vi ser med uro på at valden og ustabiliteten held fram i området langs den indre grensa mellom Kosovo og Serbia. Vi støttar fullt og heilt opp om dei tiltaka KFOR har sett i verk for å få større kontroll med dei indre og ytre grensene i Kosovo og om den bestemte haldninga som vert vist mot dei som vil bruke Kosovo som base for å eksportere valden. Vi ser på all uro og ustabilitet i desse områda som ein trussel mot innsatsen for å skape fred og stabilitet i heile regionen.
Vi ser med glede på framgangen i arbeidet med å etablere Vernestyrken for Kosovo (KPC) som eit sivilt, upartisk, multietnisk organ som skal arbeide til beste for alle fokegrupper under tett oppsikt av UNMIK og KFOR. Vi set pris på at det er fastsett disiplinærretningsliner for KPC og eit regelverk for avtalehandheving, og strekar under at eventuelle brot vil bli møtte på ein resolutt måte. Vi sluttar oss til at KFOR kontrollerer at disiplinærretningslinene vert følgde og samtidig står for operativ rettleiing og oppgåvetildeling til KPC frå dag til dag, med spesialutsendingen for Generalsekretæren i FN som øvste ansvarlege. Vi gler oss over handlekrafta KFOR viser i inndraging og øydelegging av ulovlege våpen.
Vi støttar fullt ut arbeidet til FNs internasjonale straffedomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Å stille for retten dei som står bak krigsbrotsverk, vil styrkje rettsstaten og danne grunnlaget for forsoning mellom innbyggjarane i Kosovo. KFOR vil samarbeide vidare med ICTY i gjennomføringa av mandatet for domstolen.
Vi ser med glede på at Eurocorps har overteke den roterande kommandoen over NATOs KFOR-hovudkvarter.
Vi er fast forplikta til full gjennomføring av Dayton-avtalen. Vi støttar konklusjonane frå ministermøtet i Fredsgjennomføringsrådet som vart halde i Brussel 23. mai 2000, og deler rådet sin faste vilje til å integrere Bosnia-Hercegovina i dei euroatlantiske strukturane som ein samla, multietnisk og demokratisk stat. Vi meiner at det no er på tide at Bosnia-Hercegovina tenkjer gjennom sin plass i det vidare europeiske tryggingssystemet. Skal styresmaktene i Bosnia-Hercegovina nærme seg målet om euroatlantisk integrasjon, må det skje fundamentale endringar. På tryggingsområdet må dei særskilt:
støtte vidareutviklinga av Den faste komiteen for militære saker (SCMM) til ein statleg forsvarsinstitusjon,
utvikle ein felles tryggingspolitikk for Bosnia-Hercegovina med ein samla kommando over dei militære styrkane,
syte for auka innsyn og tillit mellom dei væpna styrkane i begge delane av landet,
gå med på ei grunnleggjande omstrukturering av dei væpna styrkane i begge delar av landet så dei kan bli opne, økonomisk forsvarlege og i tråd med langsiktige tryggingsbehov, og
som neste etappe på vegen mot dette, redusere den militære bemanninga og forsvarsutgiftene på begge sider med 15 % i inneverande år, slik dei har forplikta seg til.
Vi oppmodar leiarane i Bosnia-Hercegovina sterkt til å ta større ansvar for gjennomføringa av fredsprosessen. I denne samanhengen gler vi oss over den første reduksjonen på 15 % i militær bemanning og forsvarsutgifter som vart oppnådd i 1999. Vi gler oss òg over den viktige framgangen i arbeidet med å auke talet på tilbakevende flyktningar, i den sivile gjenreisinga og i opprettinga av Brcko-distriktet og demilitariseringa av dette. Vi ber alle partar halde fram med å samarbeide med kvarandre og med det internasjonale samfunnet om å fremje denne prosessen.
Vi gler oss over den vellukka gjennomføringa av kommunevala den 8. april. Desse vala stadfesta at Bosnia-Hercegovina no er på veg mot pluralisme og demokrati. Vi ser fram til parlamentsvala som skal haldast i november i år under oppsyn av OSSE, og håpar at desse vil vere eit skritt vidare i denne retninga. Vi støttar alle folkevalde leiarar og offentleg tilsette som arbeider aktivt for ei fullstendig gjennomføring av fredsavtalen frå Dayton, mellom anna ved å leggje til rette for at flyktningar og fordrivne kan vende tilbake.
Trass i oppmuntrande framsteg står viktige utfordringar att. Av desse er marknadsreform, økonomisk gjenreising og oppretting av ein sjølvberande økonomi, tilbakevending for flyktningar og fordrivne til område der dei er i mindretal, vidare framgang med humanitær minerydding, betra effektivitet i alle fellesinstitusjonar - særleg Ministerrådet i Bosnia-Hercegovina - og betra samarbeid mellom dei to delstatane, overføring til ICTY av personar tiltala for krigsbrotsverk, kamp mot korrupsjon, organisert kriminalitet og ulovlege hemmelege tenester, reform i politi og rettsvesen og full etablering av ei statleg grenseteneste.
Vi er nøgde med den vellukka omstruktureringa av SFOR og har tillit til at denne mindre, meir fleksible styrken vil vere fullt i stand til å utføre sitt mandat. SFOR vil framleis medverke til tryggleik og stabilitet i Bosnia-Hercegovina, i nært samarbeid med kontoret til Den høge representanten og med andre organisasjonar, mellom dei FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), Den internasjonale spesialpolitistyrken og FNs internasjonale straffedomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Vi stiller oss fullt og heilt bak den sterke støtta SFOR framleis yter til ICTY i arbeidet med å stille for retten personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Vi gler oss over at SFOR fleire gonger den siste tida har vist seg i stand til å oppfylle dette mandatet på ein handfast og rettferdig måte.
Vi uttrykkjer støtte til arbeidet for demokratisk endring i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), og oppmuntrar alle politiske krefter som arbeider mot dette målet. Vi merkjer oss med stor uro den undertrykkinga regimet i Beograd driv mot uavhengige medium og fredelege studentprotestar, særleg dei innrapporterte masseinterneringane av studentar og andre opposisjonelle. Overtakinga av Beograd TV Studio B og Radio B2-92 er det siste opplagde brotet på ytringsfridomen i FRJ. Vi er òg sterkt uroa over den klart politiske dommen som nyleg vart felt av ein serbisk domstol over 143 kosovoalbanarar som var tiltala for terrorisme. Vi oppmodar dei serbiske styresmaktene om å avstå frå slike politiske rettssaker og å halde seg til internasjonale strafferettsreglar. Berre ekte demokratisk endring som sikrar respekten for menneskerettane og grunnleggjande fridomar og vernar om rettane til alle minoritetar, vil leggje tilhøva til rette for at FRJ kan vende tilbake til den euroatlantiske familien av nasjonar og bli integrert i det internasjonale samfunnet.
Vi er uroa over den vedvarande spenninga mellom regimet i Beograd og den demokratisk valde regjeringa i Montenegro, og følgjer situasjonen svært nøye. Vi minner om at stabilitet og tryggleik i regionen og i Montenegro framleis er i vår interesse, og ber partane gjere opp på ein fredeleg og pragmatisk måte og avstå frå alle destabiliserande tiltak.
Alliansen går framleis inn for at alle landa i Søraust-Europa skal bli integrerte i den euroatlantiske fellesskapen. Samarbeidet med land i regionen gjennom EAPC, PfP og Initiativet for Søraust-Europa, som vart lansert på toppmøtet i Washington, tener som støtte og oppmuntring til regionalt samarbeid og hjelper enkeltland med å nærme seg dei euroatlantiske institusjonane. NATO-innsatsen har som siktemål å setje landa i regionen i stand til å samarbeide om å sikre sin eigen tryggleik og såleis støtte og utfylle Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Vi fekk i dag ein framdriftsrapport om dei ulike tiltaka innanfor Initiativet for Søraust-Europa og om NATO-innsatsen for å nå måla i Stabilitetspakta, og ser med glede på framgangen i dette arbeidet. Vi applauderer samarbeidet mellom Alliansen, Verdsbanken og Bulgaria og Romania, som det er lagt til rette for gjennom stabilitetspakta, om å omskolere og integrere tidlegare militæroffiserar i arbeidsmarknaden. Vi ser fram til å vere med i arbeidet som skjer innanfor Stabilitetspakta med sikte på å utvikle ein regional sørausteuropeisk sivil-militær krisekapasitet. NATO vil framleis søkje slike høve til felles handling og samarbeid med andre institusjonar, særleg innanfor Stabilitetspakta. Vi er spesielt oppmuntra over det aukande talet på regionale initiativ som viser ønsket hos landa i regionen om å ta ansvar for eiga utvikling.
Vi pålegg Det faste rådet å halde fram med sitt arbeid i tilknyting til Initiativet for Søraust-Europa og med Alliansen sitt bidrag til oppfylling av Stabilitetspakta, og å rapportere om vidare framgang før vårt neste møte.
Vi såg på gjennomføringa av Initiativet for betra forsvarsevne (DCI), som vil dekkje det presserande behovet for styrkar og evner i Alliansen i møte med tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret. Vi gler oss over framgangen i gjennomføringa av DCI til no, og ser fram til ytterlegare forbetringar i Alliansens militære evner og til auka interoperabilitet mellom styrkane. Operasjonane den seinare tida, særleg i Kosovo, har vist at det trengst forbetringar på ei rekkje område, spesielt i NATO si evne til å flytte styrkar fort dit det er behov for dei, å støtte dei så lenge det trengst, mellom anna gjennom rotasjon, å skaffe dei dei middel dei treng for å oppfylle sitt oppdrag ordentleg og utan urimeleg risiko og å setje dei i stand til å kommunisere og samarbeide lett og effektivt med kvarandre. DCI set opp konkrete tiltak som Alliansen som heilskap og dei allierte kvar for seg må gjennomføre på desse felta.
Hovudansvaret for ei vellukka gjennomføring av DCI ligg hos statane. Vi erkjenner at for somme allierte kan fleirnasjonale samarbeidsordningar vere beste løysinga på område der det i dag er mangel på ressursar. Her vil kollektive tiltak som samanslåing og deling av ressursar, fleirnasjonal fellesfinansiering og innkjøpssamarbeid vere viktige verkemiddel. Alle nasjonar må vere parat til å stille med dei ressursar som trengst for å nå måla med DCI.
DCI vil også fremje samvirket mellom alliansestyrkane og mellom styrkar frå alliert side og partnarland der dette er aktuelt. DCI er avgjerande for å styrkje den europeiske forsvarsevna og den europeiske pilaren i NATO, slik at europeiske allierte kan yte eit sterkare og meir einsarta bidrag til NATO. Det vil òg gjere dei betre skikka til å ta på seg EU-leia operasjonar der Alliansen ikkje grip inn samla. Fordi partnarane har ei viktig rolle i framtidige NATO-leia operasjonar, gler vi oss over at dei engasjerer seg i delar av DCI, og vi vil sjå nærare på korleis dette engasjementet kan forbetrast.
Radiofrekvensar er ei nasjonal mangelvare. Etableringa av ein marknad i radiofrekvensar har auka presset for å få stilt ein større del av frekvensspekteret til disposisjon for kommersiell bruk. Vi tek omsyn til at innkrevjing av betaling for bruk av frekvensar er eit nasjonalt ansvar, men rår til at NATO-landa gjev gratis tilgang til radiofrekvensar for militære styrkebesøk frå NATO - dette på gjensidig grunnlag og etter konkrete avtalar som bør dekkje mellombels styrkebesøk, mellom anna i samband med operasjonar, trening eller øvingar, og styrkar som er stasjonerte på ubestemt tid. Dersom det nasjonale lovverket krev at det skal takast betalt for bruk av radiofrekvensar, bør avgifter som stammar frå styrkebesøk eller gjestestyrkar takast hand om av vertsnasjonen.
Vi er framleis forplikta til å styrkje den europeisk pilaren i NATO. Utviklinga av ein sterk og effektiv europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) vil òg vere ein styrke for Alliansen, der vi står parat til å arbeide mot felles tryggingspolitiske mål der det er mogeleg. På dette feltet arbeider Alliansen, slik det vart bestemt under Washington-toppmøtet og idet vi tek omsyn til utviklinga av relevante ordningar i EU, mellom anna med å komme fram til metodar for å sikre utviklinga av effektivt samråd, samarbeid og innsyn på grunnlag av dei mekanismar som eksisterer mellom NATO og VEU; deltaking for europeiske allierte utanfor EU; praktiske ordningar for å sikre at EU får tilgang til planleggingsressursane i NATO og på ein enkel måte kan gjere seg nytte av NATOs kollektive ressursar og evner - dette frå sak til sak og ved konsensus.
Dei allierte vil måtte ta omsyn til dei vedtak EU gjer på møtet i Det europeiske rådet i Feira. Det faste rådet vil samordne arbeidet på NATO-sida og stå klar til dialog.
Vi merkte oss framdriftsrapporten om oppfølginga av toppmøtevedtaka frå Washington om ESDI, og påla Det faste rådet å intensivere arbeidet på dette feltet. Vi er klar til å innleie diskusjonar med EU om ei reell sakliste for felles arbeid, mellom anna i følgjande spørsmål:
fastsetjing av nærare reglar for samråd, samarbeid og innsyn mellom NATO og EU, med basis i eksisterande mekanismar mellom NATO og VEU og idet det vert teke omsyn til framlegga til konsultasjonsordningar mellom NATO og EU som for tida er oppe til drøfting i Den europeiske unionen,
praktiske ordningar for å sikre at EU får tilgang til planleggingsressursane i NATO og på ein enkel måte kan gjere seg nytte av NATOs kollektive ressursar og evner - dette frå sak til sak og ved konsensus slik det vart vedteke i Washington,
ordningar for utveksling av informasjon, som er det mest presserande behovet, og prioritering av arbeidet med ein tryggingsavtale. Vi har difor gjeve Generalsekretæren i oppdrag straks å opprette kontaktar med EU og å rydde veg for dei framtidige tryggingsordningane mellom dei to organisasjonane i påventa av dei konsultasjonane ein ser føre seg i dette spørsmålet.
Vi vil intensivere arbeidet med deltaking for allierte utanfor EU, og ser i denne samanhengen fram til å vurdere dei vedtaka EU kjem til å gjere på møtet i Feira:
vi understrekar, som vi gjorde på toppmøtet i Washington, at det er viktig og nødvendig å finne fram til løysingar som alle allierte kan godta og som gjer at europeiske allierte utanfor EU kan engasjere seg i strukturane som EU er i ferd med å etablere for å sikre nødvendig dialog, samråd og samarbeid med europeiske NATO-medlemmer utanfor EU i spørsmål som gjeld europeisk tryggings- og forsvarspolitikk og krisehandtering. Vi merkjer oss opprettinga av mellombels politiske og militære strukturar innanfor EU. Vi gler oss over møtet som vart halde den 11. mai mellom EU og dei europeiske allierte utanfor EU,
vi merkjer oss at dei europeiske NATO-medlemmene som ikkje er med i EU, etter eige ønske vil kunne delta i ein eventuell operasjon der NATO sine ressursar og evner vert tekne i bruk, og at dei etter vedtak i EU vil får høve til å ta del i andre EU-leia operasjonar. Vi merkjer oss at det vil bli halde samråd når ein EU-leia operasjon vert vurdert, for såleis å gje rom for utveksling av synspunkt og diskusjon om tilknytte tryggingsspørsmål som måtte bli tekne opp av dei aktuelle landa. Dersom EU aktivt vurderer å ty til NATO-ressursar, vil det bli lagt spesiell vekt på samråd med dei seks NATO-medlemmene utanfor EU. Vi ser på desse EU-vedtaka som viktige steg på vegen mot dei måla stats- og regjeringssjefane våre sette seg på toppmøtet i Washington. Ved å la europeiske allierte utanfor EU delta, vil effektiviteten i EU-leia militæroperasjonar auke, noko som vil medverke direkte til effektiviteten og vitaliteten i den europeiske NATO-pilaren. For EU-leia operasjonar der NATOs ressursar og evner vert tekne i bruk, må det avtalast nærare reglar dersom Canada vel å delta.
Vi merkjer oss at EU arbeider med å utvikle dei nye evnene som det vart teke til orde for under drøftingane om Hovudmålet («Headline Goal») på toppmøtet i Helsingfors, for såleis å medverke til å forbetre og styrkje dei europeiske militærevnene. I denne samanhengen merkjer vi oss at EU har tenkt å halde ein konferanse om forpliktande kapasitetsmålsetningar («Capabilities Commitment Conference») seinare i år. Det er og vil vere viktig at dei europeiske allierte utanfor EU tek del i denne prosessen. Alliansens Initiativ for forbetra forsvarsevne verkar alt no som ei støtte for styrkte europeiske evner. EUs hovud- og kapasitetsmålsetningar («Headline and Capability Goals») og måla som går fram av NATOs DCI, vil verke gjensidig forsterkande. NATO står klar - med atterhald om nødvendige vedtak - til å skaffe EU den militære planleggingskompetansen som trengst for å vidareutvikle EU sine hovud- og kapasitetsmålsetningar, mellom anna ved å utnytte forsvarsplanlegginga i NATO og PARP, og til å vurdere nærare korleis forsvarsplanleggingssystemet i NATO kan tilpassast ytterlegare til i større grad å omfatte tilgangen på styrkar til EU-leia operasjonar.
Tilhøvet mellom NATO og EU vil byggje på mekanismane som eksisterer mellom NATO og VEU, og relasjonane mellom desse utviklar seg godt. I samband med dette gav den nyttige CMX/CRISEX-øvinga som nyleg vart halden, verdifull lærdom til samarbeidet mellom NATO og VEU, særleg på områda kommando og kontroll og tilgang til NATO-ressursar.
Vi er nøgde med dei pågåande kontaktane mellom generalsekretæren i NATO, Lord Robertson, og EUs høge representant for felles utanriks- og tryggingspolitikk, Javier Solana. Desse kontaktane bør styrkjast og vidareutviklast. Vi gler oss over at dr. Solana deltok på møtet vårt.
Vi pålegg Det faste rådet å syte for ei kontinuerleg gjennomføring av alle vedtak frå toppmøtet i Washington i denne samanhengen, idet det vert teke omsyn til utviklinga av relevante ordningar i EU, og å rapportere til oss neste gong vi møtest.
Vi minner om vedtaka frå toppmøtet i Washington og stadfester at Alliansen er forplikta til å vere open for nye medlemmer. Eit år etter at Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen tiltredde, er vi endå meir overtydde om at utvidingsvedtaket vårt var eit viktig strategisk val for Alliansen og for den euroatlantiske tryggingspolitikken. Dei tre landa som gjekk inn i NATO i 1999, vil ikkje bli dei siste. Alliansen reknar med at ein i åra som kjem vil tilby medlemsskap til fleire land som har evne og vilje til å ta på seg ansvaret og pliktene som medlemskap inneber etter kvart som NATO finn at dette vil tene dei samla politiske og strategiske interessene til Alliansen og føre til større tryggleik og stabilitet i Europa sett under eitt.
På Washington-toppmøtet vedtok stats- og regjeringssjefane å gå gjennom utvidingsprosessen på neste toppmøte, som vil bli halde seinast i 2002, og gav oss i oppdrag å halde prosessen, mellom anna gjennomføringa av Handlingsplan for medlemskap (MAP), under kontinuerleg oppsyn. Vi tok i dag føre oss ein samla framdriftsrapport frå Det faste rådet om MAP-aktivitetane det første året. Vi har gjeve Det faste rådet pålegg om å halde fram med gjennomføringa av MAP og å sjå nærare på korleis funksjonen kan forbetrast, i samråd med aspirantlanda der dette høver.
Vi gler oss over at dei ni aspirantlanda sluttar sterkt opp om MAP og om reform og samarbeid, slik det vart stadfest i Vilnius 19. mai, og er nøgde med framgangen per i dag i gjennomføringa av MAP. Det har i vår vore halde møte mellom Det nordatlantiske rådet og sentrale regjeringsmedlemmer frå kvart av søkjarlanda for å granske framdrifta. Råd, tilbakemeldingar og bistand frå Alliansen og einskilde NATO-medlemsland har gjort førebuingane til framtidig medlemskap meir målretta på alle område som kjem inn under MAP, mellom anna i politiske og økonomiske spørsmål, forsvars- og militærsaker og ressursmessige, tryggingspolitiske og rettslege spørsmål. MAP-relaterte partnarskapsmål og skreddarsydde PfP-program er avtala med aspirantane for å hjelpe dei i arbeidet med å nå måla dei har sett seg på det forsvars- og militærpolitiske området. Desse måla er utfordrande. Prioritering og løyving av tilstrekkelege midlar hos aspirantlanda vil vere avgjerande for å nå dei.
Vi står som før fast på å styrkje EAPC og PfP for å oppnå auka samarbeid, innsyn og tillit blant alle medlemmene av det euroatlantiske fellesskapet. Vi gler oss over aktivitetane innanfor EAPC/PfP for å fremje praktisk regionalt samarbeid og varig fred og tryggleik i Søraust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia. Vi gler oss òg over framgangen innanfor EAPC/PfP til støtte for breiare innsats mot handvåpen og lette våpen og for globale humanitære mineryddingstiltak.
Vi ser fram til møtet i Det euroatlantiske partnarskapsrådet i morgon, der spesialkoordinator for Stabilitetspakta for Søraust-Europa, Bod Hombach, vil vere til stades. På dette møtet vil vi diskutere korleis EAPC/PfP kan gjerast meir effektive i konfliktførebygging og krisehandtering.
Vi slutta oss til rapportar vi fekk i dag om ein forbetra og meir operativ partnarskap, om gjennomføringa av konseptet for operativ evne og om programmet for betre trening og opplæring. Vi set stor pris på den gode framgangen sidan toppmøtet i Washington i gjennomføringa av dei viktige vedtaka om vidare styrking av Partnarskap for fred og om å gjere det meir operasjonelt. Vi ser fram til at vi på vårt neste møte skal ta for oss framgangen i desse initiativa og i gjennomføringa av det politisk-militære rammedokumentet for NATO-leia PfP-operasjonar, på grunnlag av ein framdriftsrapport og i lys av gjennomgangen vi snart skal ha med partnarane.
Vi står fast på å byggje ein sterk, stabil og varig partnarskap med Den russiske føderasjonen i samsvar med Grunnakta mellom NATO og Russland. Vi gler oss over stega som nyleg er tekne i retning av å ta opp att konsultasjonane og samarbeidet innanfor PJC i eit breiare spekter av spørsmål. Vi ser fram til ministermøtet i PJC i ettermiddag.
Vi verdset det vedvarande samarbeidet mellom NATO og Russland i Bosnia og Kosovo. Vi merkjer oss at dialogen og samarbeidet innanfor Det faste fellesrådet (PJC) held fram i spørsmål rundt operasjonane i Bosnia og Kosovo, på grunnlag av verdifulle røynsler frå det praktiske samarbeidet med russiske styrkar både i SFOR og KFOR. Vi ber Russland stå fast ved sine lovnader til ICTY, mellom anna ved å følgje opp tiltalar frå ICTY.
Ei snarleg oppretting av eit NATO-informasjonskontor i Moskva, slik Grunnakta legg opp til, vil vere eit viktig ledd i å utdjupe samarbeidet. Vi strekar under at det snarleg bør opprettast eit militært sambandskontor for NATO i Moskva, som Grunnakta òg tek til orde for, og ser fram til ei vidare utvikling av samarbeidet på militært nivå.
Vi oppmodar Russland om å ta opp att konsultasjonane og samarbeidet i full breidde slik Grunnakta føreset. I denne samanhengen oppmodar vi Russland om å delta aktivt i EAPC og PfP.
Vi er djupt uroa over den pågåande konflikten i Tsjetsjenia, særleg den vanskelege situasjonen for fordrivne personar, og over rapportane om utbreidde brot på menneskerettane på alle sider og den overdrivne og vilkårlege bruken av russisk militærmakt. Vi merkjer oss FN-erklæringane om desse rapportane og kunngjeringa i Moskva den 17. april om at det skulle nedsetjast ein granskingskommisjon for å undersøkje dette. Vi minner om resolusjonen som FN-kommisjonen for menneskerettane nyleg la fram, og strekar under at ein granskingskommisjon, for å vere effektiv, må vere uavhengig og breitt samansett og må arbeide fort, grundig og ope. Vi ber Russland innstendig om å gje innreiseløyve til Tsjetsjenia for representantar for alle internasjonale organisasjonar, særleg bistandsgruppa i OSSE og FN sine spesialutsendingar for menneskerettane. Sjølv om Russland har rett til å verne om sin territoriale integritet og har rett og plikt til å verne alle sine borgarar mot kriminalitet og terrorisme, som vi fordømmer i alle sine former, ber vi Russland innstendig om å oppfylle sine internasjonale plikter som medlem av FN, OSSE og Europarådet og dei relevante prinsippa som er nedfelte i Grunnakta.
Vi meiner framleis at det ikkje finst noka militær løysing på denne konflikten. Vi ber den russiske regjeringa innstendig om å prøve alle vegar til ei politisk løysing på konflikten, mellom anna gjennom ein reell dialog med dei tsjetsjenske representantane. Vi forventar at den tsjetsjenske sida samarbeider i beste meining om å finne ei løysing på konflikten, og at dei fordømmer terrorismen og set i verk mottiltak.
Vi gler oss over at utviklinga av ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina har framgang, slik møtet i NATO-Ukraina-kommisjonen i Kiev nyleg er eit klart teikn på. Vi ser fram til møtet i NATO-Ukraina-kommisjonen i morgon.
Vi gler oss over at Ukraina har gått inn i PfP-programmet. Verkhovna Rada har nyleg godkjent ratifikasjonen av SOFA-avtalen, og vi er overtydde om at dette er eit viktig skritt framover mot eit auka ukrainsk bidrag til PfP, mellom anna gjennom øvingar med Ukraina som vertsnasjon. Vi oppmodar om at den ukrainske regjeringa snarleg må gjennomføre den nødvendige omstruktureringa av dei væpna styrkane i landet. For å oppnå dette er vi villige til å vidareføre NATO-støtta til gjennomføring av forsvarsreformer, og gler oss over den pågåande innsatsen i Felles arbeidsgruppe for forsvarsreform. Vi vil takke Ukraina for bidraget til KFOR. Det ukrainske nærværet i Kosovo viser kor stor vekt landet legg på stabilitet i regionen.
Vi er tilfreds med at NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter og NATOs sambandkontor i Kiev no er fullt bemanna og i drift, og at dei alt gjer sitt til å konsolidere partnarskapen ytterlegare.
Med tilvising til vedtaka frå Washington om Middelhavsdialogen ser vi med glede på den interessa partnarane våre ved Middelhavet viser for å utvikle dialogen, mellom anna gjennom auka samarbeid på område der NATO kan tilføre meirverdi, særleg på det militære området. Vi er glade for framdriftsrapporten om Middelhavsdialogen som vi fekk i dag, som mellom anna handlar om finansieringsdetaljar og tilhøyrande praktiske ordningar, og det positive utfallet av reisene som høgtståande politiske NATO-representantar har gjort til deltakarlanda i Middelhavsdialogen. Vi oppmuntrar allierte og middelhavsland til å arrangere liknande samkommer som i Roma og Valencia. Vi erkjenner at kontaktpunktambassadane spelar ei viktig rolle. Sidan dette er ein framoverretta dialog med vekt på likebehandling, er vi parate til å vurdere metodar for å vidareføre og utdjupe dei politiske og praktiske dimensjonane i det samarbeidstilhøvet vi har med alle middelhavspartnarane.
Vi gler oss over at Algerie no er med i dialogen, og er overtydde om at Algerie vil vere med på å fremje siktemåla med dialogen, mellom anna ved å styrkje tryggleiken og stabiliteten i regionen.
Tilpassinga av CFE-avtalen vil sikre at avtalen kan bli ståande som ein hjørnestein i eit stabilt og trygt Europa. Vi er glade for at nye statar får høve til å tiltre den tilpassa avtalen. Allierte statar er no i gang med å førebu iverksetjinga av den tilpassa avtalen. Vi går inn for at avtalen må bli sett i kraft snarast råd, men dette kan ikkje skje utan at alle avtalepartane etterlever dei avtala rustings- og utstyrsnivåa i tråd med Sluttakta for CFE-avtalen. Vi etterlyser snarleg og effektiv gjennomføring av dei russiske lovnadene om å redusere og trekkje tilbake styrkar frå Moldova og Georgia. I denne samanhengen ser vi med glede på den innsatsen allierte og OSSE-partnarar gjer for å lette gjennomføringa av desse forpliktande lovnadene. Vi ser med uro på at nivået av russisk avtaleavgrensa utstyr i Nord-Kaukasus framleis er høgt i høve til grensene i artikkel V i avtalen («flankegrensene»). For at avtalen skal kunne setjast ut i livet, må mengdene av slikt utstyr reduserast til dei avtala grensene, og dette må skje på ein måte som er i samsvar med avtala reglar og framgangsmåtar for teljing. Vi har merkt oss forsikringane frå russisk side om at dette brotet på CFE-grensene vil vere av mellombels art, og forventar at Russland vil oppfylle sin lovnad om å redusere til CFE-grensene snarast råd og i mellomtida gje maksimalt innsyn når det gjeld styrkar og utstyr i Nord-Kaukasus. Det er på dette grunnlaget dei allierte vil arbeide vidare for å få den tilpassa avtalen sett i verk. I påvente av at denne prosessen skal fullførast, er det avgjerande at den eksisterande avtalen med tilhøyrande dokument vert ståande ved lag.
Vi gler oss over at Ukraina har ratifisert avtalen om opne luftrom. Vi ber Russland og Kviterussland ratifisere avtalen slik at han kan setjast i verk snarast råd.
Vi ser det framleis som svært viktig at internasjonale nedrustings- og ikkje-spreiingsregime fullt ut vert gjennomførte og etterlevde. Idet vi feirar 25-årsdagen for iverksetjinga av Konvensjon om biologiske og toksiske våpen (BTWC), ser vi det framleis som ei prioritert oppgåve å sluttføre forhandlingar om eigna tiltak, mellom anna mogelege verifikasjonstiltak og forslag til å styrkje konvensjonen, som kan innarbeidast i eit juridisk bindande dokument der dette høver. Vi seier oss på nytt forplikta til å arbeide for å få i stand eit slikt dokument snarast råd før den femte tilsynskonferansen for BTWC i 2001. Vi går inn for at konvensjonen om kjemiske våpen må bli gjort gjeldande for alle land og bli iverksett fullt ut, og forpliktar oss til å styrkje kontrollregimet for missilteknologi (MTCR) som eit viktig element i vår innsats for å motverke spreiing av leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen (WMD).
NATO-allierte ser på ikkje-spreiingsavtalen for kjernevåpen (NPT) som hjørnesteinen i ikkje-spreiingsregimet for kjernevåpen og som eit uunnverleg grunnlag for atomnedrusting. Allianselanda har redusert talet på kjernevåpen og leveringssystem dramatisk, og stadfester at dei forpliktar seg til å arbeide for vidare reduksjonar i kjernevåpen på verdsbasis. Vi gler oss over det positive utfallet av tilsynskonferansen for NPT. Konferansen var samd om at universell oppslutnad om og etterleving av NPT er viktig, og konferansen stadfesta at alle avtalepartane er forplikta til nedrusting, sikringstiltak og fredeleg samarbeid i kjernefysiske spørsmål. Dei allierte stadfester sine lovnader frå tilsynskonferansen for NPT, og vil gjere sitt for at konklusjonane frå konferansen kan setjast ut i livet.
På toppmøtet i Washington forplikta NATO-leiarane Alliansen til å vurdere alternativ for tillits- og tryggingsskapande tiltak, verifikasjon, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting, sett i lys av den generelle strategiske utviklinga og det faktum at kjernevåpen ikkje lenger spelar den same dominerande rolla som før. På ministermøtet i desember 1999 sette vi denne prosessen i gang. I dag mottok vi ein framdriftsrapport om konsultasjonane som finn stad i dei ansvarlege NATO-organa, og vi gler oss over at ein omfattande og integrert gjennomgang er i godt gjenge. Vi ser fram til å få ein substansiell rapport for vurdering på ministernivå i desember 2000. Vi har pålagt Det faste rådet å gje Den (utvida) øvste politiske komiteen i oppdrag å overvake og samordne arbeidet med prosessen ved som neste steg å fastsetje rammene for denne rapporten. NATO-vedtaket om å setje denne prosessen i gang demonstrerer ytterlegare dei allierte sin vilje til å fremje rustingskontroll og nedrusting og å styrkje det internasjonale ikkje-spreiingsregimet.
Vi gler oss over at Russland har ratifisert START II. Vi legg stor vekt på at START III må bli inngått snarast råd, og at ABM-avtalen samtidig må bevarast og styrkjast som ein hjørnestein i den strategiske stabiliteten og som grunnlag for vidare reduksjonar i strategiske angrepsvåpen. Ut frå behovet for å redusere uvissa omkring substrategiske kjernevåpen i Russland meiner vi at ei stadfesting - og kanskje ei kodifisering - av presidentinitiativa frå 1991/92 kunne vere eit første, men ikkje tilstrekkeleg, skritt i den lei. Vi er framleis forplikta til ei snarleg iverksetjing av avtalen om fullstendig prøvestans (CTBT), og det gler oss her at Dumaen og Føderasjonsrådet i Russland har godkjent russisk ratifikasjon av CTBT. I påvente av at CTBT skal tre i kraft, ber vi alle statar med kjernevåpenstyrkar om å respektere eit moratorium på prøvesprengingar av kjernevåpen eller andre kjernefysiske sprengingar og å avstå frå alle handlingar som er i strid med føresegnene i CTBT. Som ei prioritert oppgåve går vi òg inn for omgåande forhandlingar om og snarleg inngåing av ein ikkje-diskriminerande, multilateral og internasjonalt og effektivt verfiserbar og universell avtale om stans i all produksjon av spaltbart materiale. Vi meiner at eit moratorium på produksjon av spaltbart materiale til kjernevåpen eller andre kjernefysisk sprengladningar bør overhaldast til desse forhandlingane er fullførte. Vi appellerer til alle statar om å delta konstruktivt i nedrustingskonferansen og dei ulike aktivitetane i samband med denne.
Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for slike kan vere ein direkte militær trussel mot Alliansen sine befolkningar, territorium og styrkar, og er difor ei sak som valdar Alliansen stor uro. Det overordna ikkje-spreiingsmålet for Alliansen og medlemmene er å hindre at spreiing skjer, eller å reversere spreiinga med diplomatiske middel dersom det har skjedd. I denne samanhengen legg vi stor vekt på rustingskontroll og på regima for ikkje-spreiing og eksportkontroll som middel til å hindre spreiing.
Vårt svar på ABC-trusselen bør vere i tråd med den udelelege alliansetryggleiken. Vi stadfester at Alliansen må ha ei forsvarsinnretning med evne til å treffe høvelege og effektive tiltak mot farane ved spreiing av ABC-våpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi merkjer oss at NATO mellom anna arbeider med eit taktisk rakettforsvar for punkt- og områdeforsvar, og særleg at det tidlegare i år vart vedteke å setje i gang eit forprosjekt til eit mogeleg system for forsvar av utplasserte NATO-styrkar.
Alliansen har gjort vesentleg framgang i gjennomføringa av WMD-initiativet som vart godkjent under Washington-toppmøtet. Eit WMD-senter er etablert og vil betre samordninga av dei WMD-relaterte aktivitetane i NATO-hovudkvarteret, og vil styrkje dei politiske konsultasjonane i ikkje-spreiings-, rustningskontroll- og nedrustingsspørsmål, samt den forsvarspolitiske innsatsen for å setje Alliansen betre i stand til å reagere på farane ved WMD og leveringsmiddel for slike våpen. Vi har auka konsultasjonane mellom dei allierte i nedrustings- og ikkje-spreiingsspørsmål generelt. Vi har òg gått inn i nye konsultasjonar med Russland om ikkje-spreiingsspørsmål gjennom Det faste fellesrådet, og har likeins hatt diskusjonar med Ukraina i NATO-Ukraina-kommisjonen. Gjennom desse konsultasjonane har vi fått høve til å diskutere felles interesser og felles mål når det gjeld reaksjonar på spreiing.
Vi har sett i gang ein aktiv konsultasjonsprosess innanfor Alliansen i samband med at USA vurderer ei mogeleg avgrensa utplassering av eit nasjonalt rakettforsvar. Vi set pris på dei omfattande orienteringane styresmaktene i USA har gjeve i dette spørsmålet og på meiningsutvekslinga blant dei allierte. Vi gledde oss over forsikringa frå USA om at synspunkta til dei allierte vil telje med når dei skal vurdere planane vidare. Vi vil framleis følgje nøye med i diskusjonane mellom USA og Russland om START III og ABM-avtalen, og stolar på at utfallet vil innebere ei styrking av rolla til ABM-avtalen og gje rom for vidare reduksjonar i dei strategiske styrkane i USA og Russland. Vi gav Det faste rådet i oppgåve å diskutere desse spørsmåla vidare.
Terrorisme er ein alvorleg trussel mot fred, tryggleik og stabilitet, og kan setje den territoriale integriteten til statar i fare. Vi fordømmer dette uvesenet sterkt, og seier oss på nytt fast bestemte på å slå terrorismen tilbake i samsvar med våre internasjonale lovnader og nasjonale lovverk. Terroristtrusselen mot utplasserte NATO-styrkar og NATO-installasjonar krev vidare vurdering og utvikling av eigna vernetiltak, der det òg må takast fullt omsyn til ansvarsområda til vertsnasjonane.
Vi gler oss over framstega som er gjorde i gjennomgangen av planlegginga for sivile naudsituasjonar (CEP) i NATO. Denne gjennomgangen, som siktar mot meir effektiv bruk av sivile ressursar, vil sikre at CEP vert tilpassa for å tilfredsstille behova ved dei grunnleggjande tryggingsoppgåvene til Alliansen. Eit nært samarbeidstilhøve mellom det sivile og det militære samfunnet vil medverke til ein meir effektiv bruk av sivile allianse- og partnarressursar i allianseaktivitetar som til dømes fredsstøtteoperasjonar. Vi rådfører oss for tida med partnarane, som vi alt har utvikla eit framifrå samarbeid med på dette området. Vi gjev Det faste rådet i oppdrag å fullføre reforma av CEP i nær framtid.
Vi takka general Wesley Clark for den framifrå måten han har tent Alliansen på i heile si tenestetid som SACEUR, og gler oss over utnemninga av general Joseph Ralston til etterfølgjar.
Vi uttrykkjer vår djupe takksemd overfor regjeringa i Italia som har vore vertskap for dette møtet.
1.2 Det permanente fellesrådet NATO-Russland. Møte på ministernivå i Firenze, 24. mai 2000. Erklæring
Det permanente fellesrådet NATO-Russland (PJC) møttest på utanriksministernivå onsdag 24. mai 2000 i Firenze.
Ministrane streka under at det er viktig for tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området å ha ein sterk, stabil og varig partnarskap mellom NATO og Russland på grunnlag av felles interesser, gjensidige tiltak og innsyn, slik Grunnakta NATO-Russland legg opp til. Her minte dei om NATO-generalsekretæren si gjesting i Moskva den 16. februar, der det vart avtala at NATO og Russland skulle arbeide for å intensivere dialogen seg imellom i PJC med sikte på betra samarbeid i eit breitt spekter av saker.
Ministrane merkte seg viktige konsultasjonar i spørsmål om situasjonen i det tidlegare Jugoslavia, der ein byggjer på samarbeidet mellom styrkar frå NATO og Russland i SFOR og KFOR.
Ministrane merkte seg med særleg interesse den viktige utvekslinga av synspunkt og informasjon om strategi, militærdoktrine og utviklingsprogram for infrastruktur under PJC-møta på ambassadørnivå, som vart avvikla nyleg som eit middel til tillitsskaping og auka innsyn og for å rydde mistydingar av vegen. Dei avtala djuptgåande oppfølgingsdiskusjonar om desse spørsmåla. Ministrane merkte seg òg konsultasjonane som nyleg er haldne i PJC om ikkje-spreiingsspørsmål, nedrusting og rustingskontroll og om vitskapleg samarbeid.
Ministrane gjekk gjennom situasjonen i det tidlegare Jugoslavia og utveksla synspunkt på samarbeidet mellom NATO og Russland i den internasjonale tryggingsstyrken i Kosovo (KFOR). Dei såg særskilt på statusen i gjennomføringa av dei tryggingsmessige sidene ved resolusjon 1244 frå Tryggingsrådet i FN, og streka under at dei står fast på å oppfylle alle måla som er fastsette der. Dei er bestemte på å arbeide saman for å sikre eit multietnisk Kosovo, få slutt på valden mot etniske minoritetar, leggje til rette for at flyktningar og internt fordrivne kan vende tilbake utan omsyn til etnisk opphav, for å styrkje strukturane i lokaldemokratiet, etablere eit fungerande rettsvesen og slå ned på organisert kriminalitet, våpen- og narkotikasmugling og ulovleg innehav av våpen. NATO og Russland var samde om å samarbeide nært på alle desse områda og i innsatsen for å verne alle etniske grupper i Kosovo. Dei streka under at provokasjonar og andre forsøk på å undergrave fredsprosessen ikkje vil bli tolererte.
Ministrane godkjende eit arbeidsprogram for PJC for resten av år 2000 og avtala å halde fram med arbeidet som er i gang, samtidig som det vart skissert ei rekkje andre tema for konsultasjonar og praktisk samarbeid.
Ministrane stadfesta at dei går inn for oppretting av eit NATO-informasjonskontor i Moskva, slik Grunnakta legg opp til. Dei var samde om å sluttføre forhandlingane snarast råd, samtidig som dei minte om at det trengst større forståing blant publikum for det stadig tettare samkvemmet mellom NATO og Russland.
Ministrane var samde om å ta vare på den positive framdrifta som dette møtet i Firenze har demonstrert, og avtala å møtast på nytt i desember i Brussel for å vurdere konsultasjonane og samarbeidet mellom NATO og Russland etter Grunnakta, og å gå vidare i diskusjonane om spørsmål av felles interesse.
1.3 Møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på utanriksministernivå i Firenze. Erklæring
NATO-Ukraina-kommisjonen var samla til utanriksministermøte i Firenze den 25. mai 2000.
Ministrane gledde seg over at den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina har utvikla seg positive sidan sist dei var samla, noko som særleg kom til uttrykk i det første møtet nokon gong i NATO-Ukraina-kommisjonen på ambassadørnivå i Kiev i mars 2000, og no sist i møtet i Brussel mellom statsministeren i Ukraina og generalsekretæren i NATO.
Medlemmene i kommisjonen merkte seg som positivt at Ukraina har støtta vedtaka på utanriksministermøtet i Det nordatlantiske rådet den 24. mai 2000. Dei allierte ministrane merkte seg interessa frå ukrainsk side for prosessen med å utvikle ein effektiv ESDI og utviklinga av konsultasjonsordningar mellom NATO og EU.
Statsråd Tarasjuk informerte kommisjonen om dei siste skritta i gjennomføringa av den ukrainske politikken for europeisk og euroatlantisk integrasjon. Kommisjonen sa seg glad for den vedvarande innsatsen president Leonid Kutsjma og regjeringa i Ukraina gjer for å vidareføre denne prosessen.
Ministrane diskuterte tryggingssituasjonen i det euroatlantiske området. Dei såg med glede på at partnarskapen mellom NATO og Ukraina er med på å auke tryggleiken i Europa, særleg gjennom den vellukka ukrainske deltakinga i PfP-programmet. Verkhovna Rada har nyleg ratifisert SOFA-avtalen, noko som vil styrkje det ukrainske bidraget til PfP ytterlegare. Ministrane uttrykte støtte til forsvarsreforma i Ukraina og bad om at landet fører denne prosessen vidare.
Ministrane tok opp regionale tryggingsspørsmål, mellom anna Balkan og Kaukasus, og merkte seg ein stor grad av samanfallande synspunkt.
Ministrane gjekk gjennom situasjonen i Kosovo. Dei merkte seg at det er gjort god framgang eitt år etter at KFOR og FN-styrken i Kosovo (UNMIK) vart utplasserte. Sjølv om tryggingssituasjonen var betra, stod mykje att å gjere, særleg med omsyn til vern av etniske grupper og minoritetar. Ministrane appellerte til alle etniske grupper om å gjere slutt på valden og å støtte eit multietnisk og demokratisk Kosovo innanfor FRJ på grunnlag av rettsstatsprinsippet, toleranse og respekt for menneskerettane. Ministrane sa seg uroa over dei vedvarande valdshandlingane i området langs den indre grensa mellom Kosovo og Serbia, og gav full støtte til KFOR i innsatsen for å skaffe seg større kontroll over dei ytre og indre grensene i Kosovo og likeins til den handfaste måten KFOR går fram på mot dei som vil bruk Kosovo som base for å eksportere valden.
Ministrane stadfesta at dei går inn for full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244. Dei var fullt ut nøgde med statusen i samarbeidet mellom NATO og Ukraina i KFOR, og såg med glede på den føreståande utplasseringa av den polsk-ukrainske bataljonen i Kosovo i juli. Kommisjonen såg positivt på NATO-Ukraina-arbeidsplanen for år 2000 og diskuterte prioriteringar for resten av året. Ministrane gledde seg over den føreståande PfP-øvinga «Cooperative Partner 2000» frå 19. til 30. juni, som Ukraina skal vere vertskap for, og over førebuingane til den første øvinga i Det euroatlantiske samordningssenteret for katastrofehjelp i Ukraina i september. Ministrane sa seg òg nøgde med samarbeidsaktivitetane på det økonomiske og vitskaplege området og i informasjonssektoren, og streka under den viktige rolla NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter og NATO-sambandskontoret i Ukraina spelar i denne samanhengen. Dei gledde seg over det ukrainske vedtaket om å sende offiserar til partnarskapsstabane i nær framtid.
Kommisjonen merkte seg handlingsplanen om «status og hovudretningar for utviklinga av samarbeidet mellom NATO og Ukraina på materiellområdet», som NATO og Ukraina har godkjent.
Kommisjonen gledde seg over utanriksministermøtet i Det permanente fellesrådet NATO-Russland som vart halde i går.
Ministrane takka dei italienske styresmaktene for den varme mottakinga dei har fått.
1.4 Møte i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå, Brussel 8. juni 2000. Sluttkommuniké
Forsvarsministrane i Det nordatlantiske rådet møttest i Brussel den 8. juni 2000.
Vi konsentrerte oss om situasjonen på Balkan og framgangen i gjennomføringa av vedtaka stats- og regjeringssjefane gjorde på møtet i Washington i fjor. Når det gjeld det siste, diskuterte vi særleg gjennomføringa av initiativet for forbetra forsvarsevne, arbeidet med den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten og Alliansens tilnærmings- og samarbeidsaktivitetar, mellom anna Partnarskap for fred, utvidinga og handlingsplanen for medlemskap, likeins Middelhavsdialogen og samkvemmet med Ukraina og Russland, der vi mellom anna peika på behovet for å etablere eit militært sambandskontor i Moskva snarast råd. Vi sluttar oss heilt og fullt til erklæringa om desse og andre saker som forsvarsministrane våre gav på møtet i Firenze sist månad.
Vi har lagt fram eigne erklæringar om situasjonen på Balkan og om initiativet for forbetra forsvarsevne.
1.5 Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe, 8. juni 2000. Sluttkommuniké
Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe i Organisasjonen for Atlanterhavspakta var samla til ministermøte i Brussel den 8. juni 2000.
Forsvarsplanlegginga underbyggjer det politiske samhaldet i Alliansen og dei transatlantiske banda. Denne planlegginga er kjernen i NATO-arbeidet med å sikre at Alliansen kollektivt har dei militære evnene han treng for å førebu og gjennomføre alle sine oppdrag, frå fellesforsvar til krisetiltak og fredsstøtteoperasjonar. Den kollektive forsvarsplanleggingsprosessen er eit avgjerande ledd i å oppnå dei sentrale kapasitetsforbetringane som er fastsette i det initiativet for forbetra forsvarsevne som vart presentert av stats- og regjeringssjefane våre på toppmøtet i Washington i fjor. Vi har i dag vedteke eit nytt sett NATO-styrkemål for tidsrommet fram til 2006. Vi skal sikre at desse får høg prioritet i dei nasjonale styrkeplanane og at dei nødvendige ressursane vert tilførte.
Vi gledde oss over at Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen har delteke fullt ut i denne styrkemålsyklusen som medlemmer av Alliansen.
Styrkemål 2000 tek opp dei sentrale behova som må stettast for å sikre at dei militære styrkane i Alliansen er bemanna, utstyrte og opplærte til å møte dei tryggingsoppgåvene dei måtte bli sette til. Det er teke omsyn til lærdommane frå NATO-operasjonane på Balkan, særleg i Kosovo. Styrkemåla tek òg framleis omsyn til behovet for støtte til eventuelle VEU-leia operasjonar. Vi er framleis parat til å definere og vedta, slik det vart skissert på toppmøtet i Washington, nødvendige ordningar for å tilpasse forsvarsplanleggingssystemet i NATO ytterlegare slik at det i framtida også kan omfatte styrkar som står til disposisjon for EU-leia operasjonar.
Styrkemåla for 2000 tek òg omsyn til dei sentrale kapasitetsforbetringane som DCI legg opp til, og er sette i samband med desse der det har høvd slik. For statane som deltek i den kollektive forsvarsplanlegginga i Alliansen, vil gjennomføringa av desse styrkemåla vere eit vesentleg steg i retning av å setje DCI ut i livet. Vi gler oss over den auka fokuseringa på den kollektive forsvarsplanleggingsprosessen som DCI har medført og den nye framdrifta dette har skapt; vi tek imot utfordringa om å kunne vise til vesentleg framgang på dette området i den årlege forsvarsgjennomgangen.
På det neste møtet vårt i desember skal vi oppsummere framgangen i gjennomføringa av styrkemåla, godkjenne ei ny ministerrettleiing som vi utveksla synspunkt på i dag, og vi skal gjere opp status for gjennomgangen av styrkestrukturen i NATO.
På møtet i Den kjernefysiske planleggingsgruppa gjekk vi gjennom status for kjernevåpenstyrkane i NATO og ei rekkje tilknytte aktivitetar. Vi er nøgde med at det reduserte kjernevåpenoppsettet fullt ut samsvarar med det strategiske konseptet for Alliansen. Kjernevåpenstyrkane i NATO er eit truverdig og effektivt element i den allierte strategien for å hindre krig, og dei er haldne på det minimumsnivået som trengst for å bevare fred og stabilitet. Vi er forvissa om at kjernevåpna til Alliansen og lagringa av desse framleis oppfyller dei strengaste tryggingskrav.
Vi gler oss over det positive utfallet av tilsynskonferansen for avtalen om ikkjespreiing av kjernefysiske våpen, som nyleg vart avvikla, og stadfester dei tilsegnene vi gav under konferansen. Dei NATO-allierte forpliktar seg òg til straks å setje i gang og snarast mogleg fullføre forhandlingar om ein ikkje-diskriminerande, multilateral og internasjonalt og effektivt verifiserbar og universell avtale om stans i all produksjon av spaltbart materiale.
Vi gler oss over at Russland har ratifisert START II-avtalen og prøvestansavtalen. Begge delar er viktige steg på vegen mot endå større reduksjonar og etter kvart avskaffing av kjernevåpen i global skala. Vi ser fram til gjennomføringa av START II og forsikrar USA og Russland om vår fulle støtte til forhandlingane dei fører på grunnlag av ein rammeavtale for START III som vil redusere arsenala av utplasserte strategiske stridshovud med 80 % i høve til toppnivåa frå den kalde krigen. Vi ber på nytt om at Russland må fullføre dei reduksjonane i talet på taktiske kjernevåpen som dei kunngjorde i 1991 og 1992, og at dei framleis må vurdere sine langt større arsenal av taktiske kjernevåpen med sikte på ytterlegare vesentlege reduksjonar.
Vi tok imot ein rapport om tiltak som er sette i verk til støtte for eit breiare opplagt arbeid i Alliansen når det gjeld alternativ for tillits- og tryggingsskapande tiltak, verifikasjon, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting.
Vi ser fram til vidare meiningsutvekslingar mellom NATO og Den russiske føderasjonen i ei rekkje kjernevåpenspørsmål under oppsyn av Det permanente fellesrådet NATO-Russland.
1.6 Møte i NATO-Ukraina-kommisjonen på forsvarsministernivå, NATO-hovudkvarteret 8. juni 2000. Erklæring
NATO-Ukraina-kommisjonen møttest 8. juni 2000 på forsvarsministernivå i NATO-hovudkvarteret i Brussel. Ministrane gledde seg over den positive utviklinga i den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina sidan dei sist møttest, som særleg kom til uttrykk i det første møtet nokon gong i NATO-Ukraina-kommisjonen på ambassadørnivå i Kiev i mars 2000, gjestinga leiaren i Militærkomiteen gjorde i Ukraina i mai og no sist møtet mellom statsministeren i Ukraina og generalsekretæren i NATO i Brussel.
Kommisjonen sa seg glad for innsatsen president Leonid Kutsjma og regjeringa i Ukraina gjer for stabilitet og tryggleik i det euroatlantiske området. Ministrane gjekk gjennom situasjonen i Kosovo og stadfesta at dei er forplikta til full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244. Ministrane var vel nøgde med statusen i samarbeidet mellom NATO og Ukraina i KFOR, og gledde seg over den føreståande utplasseringa av den polsk-ukrainske bataljonen i Kosovo i juli 2000.
Kommisjonen gledde seg over bidraget partnarskapen mellom NATO og Ukraina yter til tryggleiken i Europa, særleg gjennom den vellukka ukrainske deltakinga i PfP-programmet. Dei allierte rosa Ukraina i samband med at Verkhovna Rada nyleg ratifiserte styrkestatusavtalen med PfP, og merkte seg at dette vedtaket representerte eit stort steg framover mot auka praktisk samarbeid, mellom anna i form av framtidig bruk av PfP-opplæringssenteret i Javoriv. Ministrane gledde seg over den føreståande PfP-øvinga «Cooperative Partner 2000», som Ukraina skal vere vertskap for frå 19. til 30. juni 2000.
Kommisjonen merkte seg utgreiinga frå statsråd Kuzmuk om Ukraina sine planar for omstrukturering og utvikling av dei væpna styrkane i landet. Dei allierte stadfesta at dei er forplikta til å hjelpe Ukraina med utvikling og gjennomføring av planar for utviklinga av dei væpna styrkane landet treng for å møte utfordringane i framtida. Dei gledde seg over vedtaket i det nasjonale tryggings- og forsvarsrådet nyleg om utviklingsprogrammet for dei væpna styrkane i Ukraina, og bad i denne samanhengen Ukraina innstendig om å vidareføre denne prosessen. Kommisjonen tok også føre seg framgangen i den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform, og merkte seg med spesiell glede utviklinga i samarbeidet mellom Det nasjonale forsvarsakademiet (Kiev), NATOs forsvarscollege (Roma) og SHAPE-skulen (Oberammergau) med sikte på auka gjensidig forståing og interoperabilitet. Her kan nemnast at det i september 2000 vart innført eit treverkerskurs ved det nasjonale forsvarsakademiet for ukrainske offiserar som skal gjere teneste i NATO-/fredsstøtteoperasjonar i Ukraina og utanlands. Ministrane diskuterte prioriteringane til Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform for resten av året, og gledde seg over eit møte på overordna nivå som skal finne stad seinare i år.
Ministrane sa seg nøgde med samarbeidsprogrammet mellom NATO og Ukraina og streka under den viktige rolla NATO-sambandskontoret og NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter i Ukraina spelar for å vidareføre den særskilde partnarskapen. Dei gledde seg over det ukrainske vedtaket om å sende offiserar til PfP-stabselement i nær framtid. Kommisjonen gledde seg òg over handlingsplanen om «status og hovudretningar for utviklinga av samarbeidet mellom NATO og Ukraina på materiellområdet», som er godkjend av NATO og Ukraina.
1.7 Fråsegn om situasjonen på Balkan. Framlagd på forsvarsministermøtet i Det nordatlantiske rådet i Brussel 8. juni 2000.
Alliansen er framleis forplikta til å fremje tryggleik, stabilitet, fred og demokrati på Balkan, mellom anna gjennom dei NATO-leia operasjonane i Bosnia-Hercegovina og Kosovo. Vi stadfestar vår støtte til territorial integritet og suverenitet for alle landa i regionen. Vi seier oss oppriktig glade for den framifrå innsatsviljen, profesjonaliteten og motet tenestepersonell frå alle land viser både i SFOR og KFOR. Vi uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane til dei som har mist livet og med dei som er blitt skadde under desse operasjonane. Vi er takksame for det uvurderlege bidraget NATO-partnarar og andre nasjonar yter til stabilisering og gjenreising i regionen.
Vi står fast på å gjere vårt for å oppfylle måla til det internasjonale samfunnet slik dei er uttrykte i UNSCR 1244. Vi vil arbeide vidare for eit fredeleg, multietnisk, multikulturelt og demokratisk Kosovo der alle, utan omsyn til etnisk opphav eller religion, kan leve fredeleg og trygt og på likeverdig grunnlag nyte godt av allmenne rettar og fridommar, også dei som gjeld for menneske som tilhøyrer etniske minoritetar, mellom anna gjennom full deltaking i demokratiske institusjonar. KFOR deltek fullt ut i arbeidet med å støtte den internasjonale humanitære innsatsen i Kosovo. Vi merkjer oss den store framgangen som er oppnådd i det året som er gått etter at KFOR vart utplassert i Kosovo. På denne tida har tryggingssituasjonen i Kosovo betra seg markant. Sidan KFOR kom har meir enn ein million flyktningar og fordrivne menneske, offer for ein særdeles brutal etnisk utrenskingsaksjon, vendt tilbake til heimane sine. Valdskriminaliteten er enno eit problem, men har minka dramatisk. Styrkar frå Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) opptrer generelt i tråd med vilkåra i den militær-tekniske avtalen. Vi stadfester at vi går inn for opprettinga av eit sivilt, upartisk, multietnisk vernekorps for Kosovo (KPC), som skal arbeide til beste for alle grupper under nært oppsyn av FN-styrken i Kosovo (UNMIK) og under tilsyn og dagleg operativ leiing av KFOR. Det må sikrast at disiplinærregelverket for KPC vert respektert. I samband med dette strekar vi under at det vil bli slått hardt ned på alle brot på dette regelverket. Vi gler oss over innsatsen KFOR gjer med å inndra og øydeleggje ulovlege våpen. Vi uttrykkjer sterk støtte til UNMIK og spesialrepresentanten for Generalsekretæren. Vi legg stor vekt på vidare og nær samordning med UNMIK, og vil etter evne støtte UNMIK-innsatsen for å opprette eit multietnisk, demokratisk samfunn grunnlagt på rettsstatsprinsippet, toleranse og respekt for menneskerettane. Men mykje er ugjort, særleg når det gjeld vern av personar som tilhøyrer etniske minoritetar. Dette representerer ei av dei største utfordringane for KFOR og UNMIK. Vi er djupt takksame for den praktiske og politiske støtta som nabolanda, særleg Albania og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 1
, framleis yter til KFOR. Vi set pris på det vedvarande samarbeidet mellom styrkar frå NATO og Russland i Bosnia og i Kosovo, og er framleis forplikta til vidareutvikling av det fagmilitære samarbeidet med Russland i samsvar med Grunnakta NATO-Russland.
Trass i den relativt stabile tryggingssituasjonen i Kosovo er vi uroa over at spenninga og valden mellom dei etniske gruppene framleis ligg på eit høgt nivå. Vi fordømmer alle valdshandlingar, enten motivet er etnisk, politisk eller kriminelt. Vi rosar KFOR for den handfaste måten dei opptrer på overfor ekstremistar frå alle sider. Vi seier oss djupt leie for at minoritetsgrupper framleis vert utsette for valdshandlingar frå kosovoalbanske ekstremistar. Vi er òg uroa over at Kosovska Mitrovica framleis er ein stad der spenningane mellom dei etniske gruppene har lett for å blusse opp. Utnemninga av ein regional administrator for Mitrovica for kort tid sidan er eit klart teikn på at UNMIK står fast på å utøve sine fullmakter i heile Kosovo. Vi oppmuntrar KFOR og UNMIK til vidare innsats for å fremje sameksistens og sikre eit trygt miljø for alle folkegruppene i denne byen. Vi gler oss over og støttar den innsatsen UNMIK gjer for å intensivere kampen mot organisert kriminalitet, våpensmugling, ulovleg våpeninnehav og prostitusjon, og likeins arbeidet for å utvikle eit velfungerande politi og rettsvesen. Vi fordømmer alle åtak på KFOR. Vi gler oss over det modige vedtaket frå kosovoserbisk side i april om å delta saman med kosovoalbanarar og andre i felles, mellombels forvaltningsstrukturar (JIAS). Vi merkjer oss med sorg at kosovoserbarane mellombels har valt å trekkje seg frå vidare deltaking, og oppmodar dei på det sterkaste til å komme tilbake. Vi ber alle medlemmer av JIAS om å samarbeide på ein konstruktiv måte. Vi ber alle medlemmer av Kosovo-samfunnet ta del i kommunevala til hausten. Vi er særleg uroa over situasjonen i området langs den indre grensa mellom Kosovo og Serbia. Vi støttar fullt opp om innsatsen KFOR gjer for å skaffe seg større kontroll med Kosovos indre og ytre grenser og om handlekrafta styrken viser overfor alle som vil bruke Kosovo som samlingsområde for støtte til valdshandlingar andre stader. Vi ser på all uro og ustabilitet i desse områda som ein trussel mot innsatsen for å etablere fred og stabilitet i heile regionen. Vi åtvarar sterkt mot alle forsøk på å destabilisere situasjonen ytterlegare.
Vi står fast på at styrkenivået og kapasiteten til KFOR må vere tilstrekkeleg til å ta hand om dei utfordringane styrken vil stå overfor i framtida. Blant desse er å skape eit trygt miljø i eit Kosovo som enno ikkje har falle til ro, å førebyggje og hindre etnisk vald, hjelpe til med retur av flyktningar enten dei er av albansk, serbisk eller annan nasjonalitet og å støtte OSSE i gjennomføringa av frie og trygge kommuneval til hausten.
Vi takkar Eurocorps som stiller kommandant og kjernepersonell til NATOs KFOR-hovudkvarter.
Vi er nøgde med den vellukka omstruktureringa av SFOR, og har tillit til at denne reduserte og meir fleksible styrken framleis vil vere fullt i stand til å utføre sitt mandat. SFOR vil også heretter vere med på å sikre eit trygt miljø i Bosnia-Hercegovina for å sikre vilkåra for framgang i retning av full militær og sivil gjennomføring av Daytonavtalen. Vi rosar SFOR for den rolla styrken spelar i demilitariseringa av Brcko, i den vellukka gjennomføringa av kommunevala for kort tid sidan og likeins for den sterke støtta til og det nære samarbeidet med kontoret til den høge representanten, ICTY (som ytterlegare arrestasjonar av personar tiltala for krigsbrotsverk viser), FNs internasjonale politistyrke, Organisasjonen for samarbeid og tryggleik i Europa (OSSE) og FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR). Vi støttar utfallet av ministermøtet i Rådet for gjennomføring av freden 23.-24. mai 2000, som vil vidareføre prosessen med å integrere Bosnia-Hercegovina i dei euroatlantiske strukturane som demokratisk stat. Vi sluttar oss til Den høge representanten når han legg vekt på at tempoet i returen av flyktningar må haldast oppe, at grunnleggjande økonomiske reformer må gjennomførast og at statsinstitusjonar må utviklast.
Mykje står likevel att å gjere, og vi vil sikre at SFOR etter evne arbeider vidare for framgang på område som tilbakevending for minoritetar, vala til hausten, utvikling av ein felles tryggings- og forsvarspolitikk for Bosnia-Hercegovina, auka samarbeid mellom dei væpna styrkane i dei to delane av landet og ytterlegare arrestasjonar av personar sikta for krigsbrotsverk. Vi vil likeins sjå til at SFOR støttar kontoret til Den høge representanten og FN-styrken i Bosnia-Hercegovina i kampen mot ulovlege hemmelege tenester, korrupsjon, organisert kriminalitet og i gjennomføringa av reformer i politi- og rettsvesenet. Vi ber styresmaktene i Bosnia-Hercegovina arbeide vidare for full gjennomføring av Daytonavtalen og for å nå måla som er fastsette av Rådet for gjennomføring av freden, som mellom anna går ut på å omdanne Den faste komiteen for militære spørsmål til ein forsvarsinstitusjon på statleg nivå og gjere denne meir effektiv, å utvikle eit nasjonalt tryggingspoliti og ytterlegare å redusere og omstrukturere dei væpna styrkane i begge delar av landet i samsvar med langsiktige tryggingsbehov. Vi gler oss her over dei første resultata som vart oppnådde i 1999 og over tilsegna om ytterlegare styrkereduksjonar på 15 % og om lågare og opnare forsvarsbudsjett i dei to delane av landet. Vi var samde om å skaffe det som trengst av ressursar og støtte til det omstrukturerte SFOR.
Vi støttar fullt opp om arbeidet til Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), og ber alle medlemmer av FN om å gjere like eins. Arbeidet ICTY gjer for å stille enkeltpersonar til ansvar for sine krigsbrotsverk, utan omsyn til etnisk opphav, vil gje rettsstatsprinsippet auka gjennomslag og medverke til varig fred. Vi stadfester at SFOR og KFOR er forplikta til vidare og nært samarbeid med ICTY.
Å få landa i Søraust-Europa med i det euroatlantiske nasjonsfellesskapet er avgjerande for fred og utvikling i regionen. Alliansen arbeider for dette gjennom Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC), Partnarskap for fred (PfP) og Initiativet for Søraust-Europa (SEEI), som alle støttar og utfyller måla i Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Vi fekk i dag ein rapport om SEEI og Alliansen sitt bidrag til å nå måla i Stabilitetspakta. Rapporten legg vekt på framgangen i arbeidet med å fremje stabilitet gjennom auka regionalt samarbeid, og peikar på område der det må gjerast meir. Vi ser fram til å få rapport om framgangen i dei ulike SEEI-tiltaka på vårt neste møte.
Dei epokegjerande endringane vi nyleg har sett i Kroatia, er eit vendepunkt i arbeidet for regional stabilitet og kan tene som føredøme for dei landa i regionen som enno ikkje er med i det euroatlantiske fellesskapet. Vi oppmodar Kroatia til å gå vidare i sitt omfattande reformprogram. Vi helsar Kroatia velkommen som medlem av EAPC og PfP. Vi vil samarbeide nært med Kroatia i desse institusjonane, særleg på område som fredsstøtteoperasjonar og reform og demokratisk styring med dei væpna styrkane i Kroatia.
Vi ser fram til ei tid då demokratiet får blomstre også i FRJ. Vi er sterkt uroa over den undertrykkinga regimet i Beograd driv overfor media og protestar frå opposisjonen, særleg etter rapportane om massearrestasjonar av studentar og andre opposisjonelle. Den klart politiske dommen ein serbisk domstol nyleg felte over 143 kosovoalbanarar som stod tiltala for terrorisme, er òg ei sak som uroar oss sterkt. Vi ber dei serbiske styresmaktene avstå frå slike politiske rettssaker og å følgje internasjonale strafferettsreglar. Vi beklagar at kosovoalbanarar og medlemmer av andre folkegrupper i Kosovo vert haldne i varetekt i serbiske fengsel, og ber om at dei straks vert sette fri og kan vende heim utan fare, og at det vert gjort greie for alle sakna personar. Berre sann demokratisk forandring som sikrar respekten for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og vernar om rettane til alle minoritetar, også i Vojvodina og Sandjak, vil bane veg for at FRJ kan vende tilbake til den euroatlantiske nasjonsfellesskapen og bli integrert i det internasjonale samfunnet. Vi er òg uroa over dei vedvarande spenningane mellom Beograd og den demokratisk valde regjeringa i Montenegro, og held situasjonen under oppsikt. Vi minner om at stabilitet og tryggleik i regionen og i Montenegro også er i vår interesse, og ber begge sider gjere opp på ein fredeleg og pragmatisk måte og avstå frå alle destabiliserande tiltak. Vi forventar at lokalvala den 11. juni vil gå fredeleg og rett føre seg.
Vi takkar general Wesley Clark, ein soldat og leiar utanom det vanlege, for det framifrå arbeidet han har gjort som SACEUR, og ønskjer etterkommaren, general Joseph Ralston, velkommen.
1.8 Fråsegn om Initiativ for forbetra forsvarsevne. Framlagd på forsvarsministermøtet i Det nordatlantiske rådet, 8. juni 2000
Vi tok føre oss gjennomføringa av Initiativ for forbetra forsvarsevne (DCI). Dette initiativet vart presentert på toppmøtet i Washington i fjor, og skal sikre at Alliansen har den kapasiteten som trengst til alle aktuelle oppdrag for å møte tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret. Operasjonane den seinare tida, særleg i Kosovo, har vist at det trengst forbetringar på ei rekkje område, spesielt når det gjeld evna til å flytte NATO-styrkane dit det er behov for dei på kort varsel, å støtte dei så lenge det trengst og å rotere dei ved behov, å forsyne dei med dei ressursar dei treng for å utføre sine oppdrag ordentleg, å sikre dei betre vern og å setje dei i stand til å kommunisere og operere problemfritt med kvarandre. DCI set opp konkrete tiltak som Alliansen som heilskap og dei allierte kvar for seg må setje i verk for å forbetre forsvarsevna og auke samvirkeevna mellom styrkane.
Vi er sterkt forplikta til å sikre at DCI kan lukkast. Å oppnå desse måla vil også styrkje den europeiske forsvarsevna og den europeiske pilaren i NATO, slik at dei europeiske allierte vert i stand til å yte eit større og meir einsarta bidrag til NATO. Det vil òg gje dei betre evne til å ta på seg EU-leia operasjonar der Alliansen ikkje engasjerer seg samla. EU sine hovudmål og evnemålsetningar og måla som følgjer av DCI, vil vere gjensidig forsterkande. I tillegg vil initiativet gjere styrkar frå dei allierte og partnarane betre skikka til å operere i lag i NATO-leia krisehjelpsoperasjonar. Vi er difor glade for og vil oppmuntre til at partnarane våre forbetrar sine militære evner i tråd med DCI.
Vi fekk rapport frå leiaren for høgnivågruppa (HLSG) som har i oppdrag å føre tilsyn med gjennomføringa av initiativet. Vi gler oss over den framgangen rapporten viser. Som eksempel kan vi alt no vise til framgang på områda strategisk transport, drivstoffylling i lufta, presisjonsstyrte sprengladningar, luftforsvar, utveksling av informasjon om multilaterale formasjonar og arbeid for harmonisering av forsvarsplanleggingsprosessar. Initiativet har ført til auka framdrift og eit meir målretta arbeid nasjonalt og i Alliansen for å få til dei mest presserande forbetringane. Vi gler oss over rapportane som fleire land har lagt fram om korleis dei nærmar seg DCI. Desse viser klart at dei allierte tek omsyn til initiativet i sine nasjonale planar. Vi merkjer oss med interesse innspelet frå USA om sikring av forsvarshandelen (US Defence Trade Security Initiative); vi vil sjå nøye på det og ser fram til den positive effekten det kan ha på det transatlantiske samarbeidet i forsvarsindustrien.
Men mykje står ugjort, og auka engasjement på lang sikt vil vere avgjerande for å sikre vesentlege forbetringar i forsvarsevna. Nasjonane har hovudansvaret for gjennomføringa av DCI. Alle allierte må stå klar til å yte dei ressursar som trengst for å nå måla med DCI gjennom mest mogeleg effektiv bruk av tilgjengelege ressursar. Mest mogeleg effektiv bruk av ressursar vil krevje omprioritering og/eller omfordeling av ressursar, auka bruk av fleirnasjonal felles- og samfinansiering (også i form av naturalia) og andre effektive tiltak som samanslåing og deling av ressursar og samordna innkjøp. Vi trur at fleirnasjonale ordningar vil gje dei mest framtidsretta løysingane på nokre av dei meir kostnadskrevjande kapasitetsmanglane vi har i dag, samtidig som det vil auke interoperabiliteten og gjere det lettare for alle allierte å delta. Vi gler oss her over at dei fellesfinansierte programma stadig vert tilpassa tryggingsbehova i Alliansen i samsvar med det nye strategikonseptet og initiativet for forbetra forsvarsevne, mellom anna når det gjeld ressursforvaltninga.
1.9 Det permanente fellesrådet NATO-Russland. Møte på ministernivå i Brussel 9. juni 2000. Fråsegn
Det permanente fellesrådet NATO-Russland (PJC) møttest på forsvarsministernivå fredag 9. juni 2000 i Brussel.
Ministrane streka under den viktige rolla partnarskapen mellom NATO og Russland spelar for stabiliteten og tryggleiken i det euroatlantiske området. Dei allierte og Russland gledde seg over det som er gjort etter at generalsekretæren i NATO gjesta Moskva i februar i fjor for å styrkje samrådet og samarbeidet i Det permanente fellesrådet i eit breiare spekter av saker. I denne samanhengen vart dei samde om å intensivere dialogen og samarbeidet på det forsvars- og militærpolitiske området på grunnlag av felles interesser, gjensidig tillit og innsyn, slik Grunnakta NATO-Russland tek til orde for.
Ministrane diskuterte situasjonen i det tidlegare Jugoslavia og merkte seg at det framleis er godt samarbeid i felten mellom styrkane frå NATO og Russland i SFOR og KFOR; dei var samde om å arbeide for ytterlegare forbetra samarbeid på alle nivå. Dei streka under at dei samla står fast på å gjennomføre føresegnene i tryggingsrådsresolusjon 1244. Dei stadfesta forsettet om å stanse valden mot etniske minoritetar, yte motstand mot ekstremistar og stå samla mot provokasjonar eller andre forsøk på å undergrave fredsprosessen. Saman står dei fast på å nå sine mål - eit multietnisk Kosovo, tilbakevending for flyktningar og internt fordrivne utan omsyn til etnisk opphav, styrking av lokale demokratiske institusjonar, oppretting av eit fungerande rettsvesen og siger i kampen mot organisert kriminalitet, våpen- og narkotikasmugling og ulovleg innehav av våpen.
Ministrane utveksla synspunkt på dei forsvars- og militærpolitiske prioriteringane for dialogen og samarbeidet mellom NATO og Russland. Dei la vekt på at det er viktig å diskutere gjennomføringa av strategi og militærdoktrine som eit middel til å skape større innsyn, byggje tillit og rydde mistolkingar av vegen og dermed sikre stabiliteten. Dei var samde om å føre slike diskusjonar både i PJC og med militære representantar i PJC-MR i regi av PJC. Dei merkte seg arbeidsprogrammet for PJC for resten av år 2000, som vart avtala i Firenze. Ministrane merkte seg det positive utfallet av møtet mellom stabssjefane i PJC for kort tid sidan, og merkte seg framgangen som seinare er gjort med ein arbeidsplan for møta mellom militære representantar.
Ministrane såg med glede på den positive dynamikken i det femte forsvarsministermøtet i PJC, og avtala å møtast igjen i Brussel i desember.
1.10 Handlingsplan for EAPC 2000-2002. 15. desember 2000
Del I: Korttidsplanlegging">
Organisering av EAPC-arbeidet (arbeidsprogram for periodane mellom ministermøta, med politiske og tryggingsrelaterte konsultasjonar og praktisk samarbeid)
Handlingsplanen for EAPC dekkjer ein toårsperiode. Handlingsplanen for perioden 2000 til 2002 er oppdatert i haust, 2000, og vil bli gjennomgått hausten 2001 for å utvikle handlingsplanen for EAPC for neste toårsperiode. Etter framlegging for ambassadørane vil handlingsplanen bli godkjend av ministrane når dei trer saman i desember.2.Som oppfølging av dei regulære møta mellom utanriks- og forsvarsministrane i EAPC vil EAPC-ambassadørane setje opp eit arbeidsprogram for konsultasjonar i politiske og tryggingsrelaterte spørsmål og om praktiske samarbeidsaktivitetar etter handlingsplanen for EAPC som førebuing til neste ministermøte. Diskusjonsemna i denne perioden vil vere dikterte av politiske og tryggingsrelaterte utviklingstrekk og rette seg etter dei ministermøta som nettopp er avslutta. Programmet kan justerast etter behov. Andre møte, til dømes i formatet Alliansen+n eller anna, vil bli sette opp frå sak til sak. Formannen for EAPC vil halde Rådet informert om relevante utviklingstrekk innanfor Alliansen.
I følgje Grunnlagsdokumentet for EAPC kan dei konkrete emneområda der allierte og partnarar kan rådføre seg med kvarandre innanfor ramma av EAPC, mellom anna «omfatte, men ikkje vere avgrensa til: politiske og tryggingsrelaterte saker, krisehandtering, regionale spørsmål, rustingskontroll, spreiing av og forsvar mot biologiske og kjemiske våpen (ABC), internasjonal terrorisme, forsvarsplanlegging og -budsjett og forsvarspolitikk og -strategi, tryggingspolitiske konsekvensar av den økonomiske utviklinga. Det vil òg vere rom for konsultasjonar og samarbeid i saker som: sivil naud- og katastrofeberedskap, materiellsamarbeid under oppsyn av Konferansen av nasjonale materielldirektørar (CNAD), kjernefysisk tryggleik, forsvarsrelaterte miljøspørsmål, sivil-militær samordning av leiing og kontroll av lufttrafikk, vitskapleg samarbeid og spørsmål i tilknyting til fredsstøtteoperasjonar».
Som arbeidsmetode kan opne grupper av EAPC-medlemmer på ad-hoc-basis utarbeide diskusjonsdokument om konkrete saker eller regionale tryggingssamarbeidsspørsmål for å stimulere til fokuserte og resultatorienterte diskusjonar i plenumssesjonen i EAPC. EAPC i plenum vil formidle idear og forslag til praktisk samarbeid til relevante komitear for eventuell oppfølging. I 2000 vart det sett ned fire opne ad-hoc-arbeidsgrupper som tillegg til det pågåande arbeidet i EAPC/PMSC si ad-hoc-gruppe for samarbeid om fredsbevaring, som undersøkjer mogelege EAPC-bidrag til følgjande: globale humanitære mineryddingstiltak, utfordringa i handvåpen og lette våpen, utsikter for regionalt samarbeid i Søraust-Europa og i Kaukasus. EAPC vil på grunnlag av aukande praktisk erfaring vurdere om desse arbeidsmetodane treng forbetrast, tilpassast eller utvidast.
Ein stor del av arbeidsprogrammet vil vere vigd til vidare utvikling og gjennomføring av dei partnarskapsrelaterte initiativa som vart presenterte på Washington-toppmøtet som ledd i arbeidet for ein forbetra og meir operativ partnarskap, nemleg politisk-militære rammer for NATO-leia PfP-operasjonar (PMF), ein utvida og tilpassa planleggings- og revisjonsprosess (PARP), konsept for operativ kapasitet i NATO-leia PfP-operasjonar (OCC) og PfP-programmet for betre opplæring og utdanning (T&EEP).
Gjennomføringa av konkrete aktivitetar som inngår i denne arbeidsplanen vil vere avhengig av tilgang på nødvendige ressursar.
Del II: Langtidsprogram for samråd og samarbeid">
Politiske og tryggingsrelaterte spørsmål">
Emne
Regionale saker, mellom anna Søraust-Europa og Kaukasus.
Samarbeid om spørsmål i samband med Stabilitetspakta (Arbeidstabell 3).
Samarbeid med OSSE og andre internasjonale institusjonar i tryggingsspørsmål.
Lærdommar frå Kosovo.
Oppfølging av dei politisk-militære rammene for NATO-leia PfP-operasjonar.
Praktiske samarbeidsspørsmål.
Anna.
Aktivitetar
Seminar, arbeidssamlingar, møte i opne ad-hoc-arbeidsgrupper, orienteringar og informasjonsutveksling om Bosnia-Hercegovina og Kosovo.
Planlagde tilstellingar i 2001
Tre seminar/arbeidssamlingar om regionalt tryggingssamarbeid, mellom anna:
Arbeidssamling om «Innsamling av ulovlege handvåpen og lette våpen (SALW) og regionale kontrollsystem for slike» (andre halvår 2001, dato etter nærare diskusjon), med den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia 2
som vertskap.
Seminar om «Regionalt samarbeid om varsling og oppfølging av grensekryssande krisesituasjonar, sett i miljøvernperspektiv», med den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia som vertskap (første halvår 2001).
Møte mellom NATOs regionale ekspertar og ekspertar frå partnarland (datoar seinare).
Arbeidssamling om gjennomføring av dei politisk-militære rammene for NATO-leia PfP-operasjonar (etter nærare diskusjon).
Eiga tilstelling for å markere tiårsjubileet for opprettinga av Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC), arbeidstittel «Partnarskap og samarbeid dei neste ti åra sett i lys av tiårsjubileet»; Brussel (dato etter nærare diskusjon).
Komitéstøtte
EAPC ved Politisk komité, PMSC i EAPC/PfP-format, Gruppe for politisk samordning med EAPC-partnarar.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar.
Politikkplanlegging">
Emne
Utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål på mellomlang og lang sikt.
Aktivitetar
Møte i NATOs rådgjevingsgruppe for atlantisk politikk i EAPC-format.
Planlagde tilstellingar i 2001
Eitt møte i APAG i EAPC-format i Riga, Latvia.
Komitéstøtte
EAPC ved Politisk komité.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat.
Rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing">
Emne
Rustingskontroll.
Politisk og forsvarspolitisk innsats mot spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og rakettar.
Utfordringa i handvåpen og lette våpen.
Globale humanitære mineryddingstiltak.
Aktivitetar
Konsultasjonar og ekspertmøte, møte i opne ad-hoc-arbeidsgrupper.
Planlagde tilstellingar i 2001
Handvåpen og lette våpen: oppfølging av Thun-seminaret i mars 2000 om arsenaltryggleik og -handtering (dato/stad etter nærare diskusjon).
Globale humanitære mineryddingstiltak: orientering på ambassadørmøte i EAPC ved direktøren for Det internasjonale senteret for minerydding i Genève, ambassadør Martin Dahinden.
Komitéstøtte
EAPC ved Politisk komité, PMSC i EAPC/PfP-format.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat; Direktorat for forsvarspolitisk partnarskap og samarbeid, Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar.
Gjennomføring av rustingskontrollavtalar">
Emne
Konvensjonell rustingskontroll, gjennomføring og verifisering.
Aktivitetar
Konsultasjonar, ekspertmøte, seminar, arbeidssamlingar.
Opplæring og kurs i støtte til gjennomføring av rustingskontroll.
Planlagde tilstellingar i 2001
Innføringskurs i generell rustingskontroll ved NATO-skulen i Oberammergau, 8.-15. januar og 23.-30. juli.
Framhald og tillemping av program for felles multilaterale inspeksjonsgrupper for samarbeidspartnarar i CFE.
Vidare drift og utvikling av databasen VERITY.
Årleg arbeidssamling med alle CFE-partane for å leggje data frå informasjonsutvekslinga i CFE inn i VERITY-basen, januar.
Årleg arbeidsmøte med alle CFE-partane for å revidere aktuell innmeld styrkestruktur i VERITY, september.
Seminar om gjennomføring av rustingskontrollavtalar for konvensjonelle våpen (medrekna CFE), med regionalt fokus, etter behov.
Komitéstøtte
Verifiserings- og koordineringskomiteen.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat.
Internasjonal terrorisme">
Emne
Identifisere truslar ved og reaksjonar mot internasjonal terrorisme.
Aktivitetar
Møte med Spesialkomiteen i NATO.
Planlagde tilstellingar i 2001
Oppfølging av møtet i Spesialkomiteen i EAPC-format den 4. oktober 2000.
Komitéstøtte
Spesialkomiteen i EAPC-format.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, NATOs tryggingskontor.
Fredsbevaring">
Emne
Felles forståing av konsept og prinsipp for fredsbevaring, mellom anna:
humanitære aspekt ved fredsbevaring og sivil-militære relasjonar.
lærdommar frå fredsbevaring.
tidleg varsling og konfliktførebygging.
Kunnskap om og bruk av humanitær folkerett.
Aktivitetar
Møte i ad-hoc-gruppa for samarbeid innan fredsbevaring i EAPC/PMSC, der internasjonale organisasjonar og andre aktuelle grupper vert inviterte etter som det passar (datoar etter nærare diskusjon). Utvida kontaktar og dialog med FN og OSSE om teoretisk tilnærming til fredsbevaring.
Spesialkurs på området fredsbevaring og konfliktløysing.
Planlagde tilstellingar i 2001
Orientering ved ICRC-presidenten på ambassadørmøte i EAPC.
Oppfølging av arbeidssamlingar/seminar om humanitær folkerett og multilaterale styrkar (London, november 2000). Nøyaktig format er enno ikkje avgjort.
Seminar om brot på den humanitære folkeretten, Sveits tredje kvartal 2001.
Komitéstøtte
Ad-hoc-gruppa for samarbeid om fredsbevaring i EAPC/PMSC.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Politisk direktorat; Avdeling for forsvarsplanlegging og operasjonar.
Forsvarsøkonomiske spørsmål">
Emne
Forsvarsrelaterte saker:
Forsvarsutgifter og ressursforvaltning.
Innsyn i forsvarsplanlegging og budsjettering.
Overgang frå verneplikt til yrkesforsvar.
Forvaltning av tidlegare militæranlegg.
Omstrukturering av forsvarsindustri (også privatisering).
Regionale saker.
Tryggingspolitiske aspekt ved den økonomiske utviklinga - utvalde tema (t.d. regionalt samarbeid, skuggeøkonomi, investeringsklima).
Aktivitetar
Seminar, arbeidsmøte, ekspertmøte, årleg kollokvium.
Planlagde tilstellingar
Årleg NATO-kollokvium i økonomi, vertskap Romania (føreslått dato: 2.-4. mai 2001).
Konferanse i Ukraina om «Omskolering av militærpersonell» (forslag til dato: 1. semester 2001).
Seminar i Armenia om «Tryggingskonsekvensar av økonomiske vanskar i samfunn under omlegging - den regionale dimensjonen (forslag til dato: månadsskiftet mai/juni 2001).
Seminar i Slovenia om «Ti års forsvarsøkonomi: tilfellet Slovenia» (forslag til dato: 2. semester 2001).
Konferanse i Tyskland om utvalde forsvarsbudsjettspørsmål, arrangert i samarbeid med Marshall Center (Garmisch) og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (forslag til dato: september 2001).
Seminar i Bulgaria om «Privatisering og omstrukturering av forsvarsindustri, med særleg vekt på oppnådd framgang i Søraust-Europa» (dato blir fastsett seinare).
Serie presentasjonar/opplæringskurs i forsvarsøkonomiske spørsmål, leia av ekspertar, for utvalde deltakarar frå landa i Sør-Kaukasus (dato blir fastsett seinare).
Meiningsutvekslingar om «Reelle forsvarsutgifter målt i kjøpekraftsparitetar» (format blir fastsett seinare).
Komitéstøtte
EAPC ved Økonomisk komité.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for politiske saker, Økonomidirektoratet, eventuelt samordning med andre avdelingar.
Forsking og vitskap">
Emne
Deltaking i aktivitetane i NATOs sivile vitskapsprogram, som fokuserer på å knyte saman vitskapsfolk frå partnarland og NATO. Dei fire underprogramma er:
Forskingsstipend
Vitskaps- og teknologisamarbeid
Støtte til forskingsinfrastruktur
Vitskap for fred
Aktivitetar
Prosjektstøtte til anvendt forsking og teknologi i tilknyting til industri-, miljø- eller tryggingsproblem under programmet Vitskap for fred.
Møte i Vitskapskomiteen i EAPC-format minst ein gong i året.
Deltaking av vitskapsfolk frå partnarland i institutt for avanserte studium (ASI) og avanserte forskingsseminar (ARW), pluss avvikling av slike møte i partnarland.
Deltaking av vitskapsfolk frå partnarland i ordningar for samarbeidsstipend, forskingsstipend og stipend til ekspertbesøk.
Sende referat frå forskingsmøte i NATO til eit sentralt bibliotek i kvart aktuelt partnarland og spreie annan litteratur om vitskapsprogrammet til vitskapsfolk i partnarland.
Støtte ekspertbesøk frå partnarland etter invitasjon frå prosjektleiarar i NATO-medlemsland.
Hjelp til partnarland med å utvikle datanettverk med internettilknyting for å lette kontakten og fremje meir effektivt samarbeid mellom forskarar. Dette vert gjort med tilskot til nettverksinfrastruktur og eigne nettverkstillegg til samarbeidsstipend.
Planlagde tilstellingar i 2000-2002
Rundt 1000 forskarar frå EAPC-landa deltek kvart år i aktivitetar med støtte frå NATOs vitskapsprogram. Felles søknader vert innleverte av partnar- og NATO-land for å gjennomføre samarbeidsaktivitetar. Tilskot vert så tildelt på grunnlag av det vitskaplege innhaldet i søknadene. Tilnærma tal på tildelingar til nye aktivitetar kvart år er:
60 avanserte forskingsseminar
35 institutt for avanserte studium
1300+ stipend
300 samarbeidsstipend
35 prosjekt innanfor Vitskap for fred
50 ekspertbesøk
15 tilskot til datanettverkinfrastruktur
Komitéstøtte
Vitskapskomiteen i EAPC-format.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for vitskaps- og miljøsaker.
Utfordringar i moderne samfunn">
Emne
Forsvarsrelaterte miljøspørsmål.
Andre emne for pilotstudiar av interesse for partnarar.
Aktivitetar
Møte i Komiteen for utfordringane i moderne samfunn (CCMS) i EAPC-format minst ein gong i året.
Deltaking av partnarekspertar i møte, arbeidssamlingar, konferansar og seminar om pilotstudiar, avvikling av pilotstudiemøte i partnarland.
Spreiing av informasjon om CCMS-pilotstudiar, arbeidssamlingar, konferansar og seminar, og godkjende rapportar til partnarar.
Følgjande emne for igangverande eller nyleg vedtekne pilotstudiar vil bli reviderte kvart år revisjon i samråd med partnarar:
Reine produkt og prosessar.
Modellar for berekraftig forvaltning av økosystem i kystlagunar.
Modellar for tilførsle og verknader av næringsstoff i elvar og elvemunningar.
Utvikling av eit integrert kystsoneforvaltningsprogram (INCOM) gjennom overvaking og modellering av kyst og sokkel i Svartehavet.
Evaluering av utprøvde og nye hjelpetiltak og teknologi for behandling av forureina jord og grunnvatn.
Metode, mål, evaluering og omfang av miljøkonsekvensanalysar.
Miljøforvaltningssystem i militær sektor.
Aktiv vurdering av nye forslag til pilotstudiar frå NATO- eller partnarland, m.a.:
Miljøorienterte vedtaksprosessar for berekraftig utvikling i Sentral-Asia.
Former for miljøutdanning i dei væpna styrkane og kva desse har å seie for utviklinga av ei miljøvennleg innstilling.
Planlagde tilstellingar i 2000-2002
Arbeidssamling om miljøforvaltningssystem i militær sektor.
Seminar om «Miljøet og militær aktivitet: kontroll med risikoavfall etter militære øvingar og aktivitetar, innsamling, transport og handtering, resirkulering og rekultivering av forureina område og risikoområde», med den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia som vertskap.
Arbeidssamling om «Kontroll med miljøeffektane ved bruk av militær teknologi og ammunisjon i fredstid og under militære aktivitetar» (dato etter nærare diskusjon).
Komitéstøtte
Komité for utfordringane i moderne samfunn i EAPC-format.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Avdeling for vitskaps- og miljøspørsmål.
Informasjon">
Emne
Bidrag til auka forståing i NATO- og EAPC/PfP-spørsmål og til ein meir opplyst debatt om tryggingsspørsmål.
Undersøking av kva forventningar som vert stilte til informasjonsprogrammet, også blant publikum.
Aktivitetar
Informasjon om NATO-politikk og EAPC/PfP-spørsmål vil bli gjort tilgjengeleg for målgrupper i partnarland, til dømes utvalde institusjonar og organisasjonar, via ambassadar for NATO-medlemsland som tener som kontaktpunkt, og andre kanalar.
Vidare og intensivert informasjonssamarbeid med relevante institusjonar i partnarland som kan tilby nødvendige installasjonar, støttepersonell og tenester.
Besøk i NATO av målgrupper.
Støtte til ekspertar frå partnarland til deltaking i tryggingsrelaterte seminar i allierte land.
Delfinansiering av seminar/arbeidssamlingar og utdanningsaktivitetar med relevans for euroatlantiske tryggings- og forsvarsspørsmål.
Presentasjonar ved føredragshaldarar frå NATO- og partnarland på utvalde arrangement.
Stipend til akademikarar (individuell og institusjonell støtte).
Auka spreiing av NATO-dokumentasjon og informasjonsmateriell i partnarland, spreiing av informasjon med elektroniske hjelpemiddel.
Distribusjon av NATO-videoar og foto.
Presserundturar til NATO- og partnarland.
Planlagde tilstellingar i 2001
Regelmessige møte i Komité for informasjons- og kultursamarbeid (CICR) med EAPC-partnarar (dato(ar) etter nærare diskusjon).
Komitéstøtte
Komité for informasjons- og kultursamarbeid (CICR) i EAPC-format.
Stabsstøtte
Internasjonal stab, Informasjons- og pressekontoret.
Del III: Sivil naudplanlegging og katastrofeberedskap">
Emne
Sivil naudplanlegging og katastrofeberedskap.
Aktivitetar
Vidareutvikling av ein euroatlantisk katastrofekapasitet (dette tiltaket vil omfatte Den euroatlantiske katastrofereaksjonseininga (EADRU) og øving av den samla kapasiteten).
Aukande høve for partnarland til å delta i aktuelle planleggingsnemnder og -komitear (PB&C).
Diskusjon om sivil-militært samspel innanfor sivil naudplanlegging og katastrofeberedskap (etter diskusjon).
Gjennomføring av resultata frå gjennomgangen av CEP.
Komitéstøtte
Overordna sivil naudplanleggingskomité i EAPC-format.
Stabsstøtte
EADRCC, Internasjonal stab/Avdeling for infrastruktur, logistikk og sivil naudplanlegging, NMA der det passar.
Del IV: PfP-samarbeidsområde">
Som fastsett i Grunnlagsdokumentet for EAPC vil Partnarskap for fred i si utvida form vere eit klart identifiserbart element i den fleksible ramma som Det euroatlantiske partnarskapsrådet har etablert. PfP vil framleis representere «Alliansen+1», prinsippet som dei individuelle partnarskapsprogramma byggjer på, og vere basert på sjølvdifferensiering. I denne samanhengen vil PfP gje auka rom for regionale samarbeidsaktivitetar.
Emne og aktivitetar som PfP tek for seg er omfatta av arbeidsprogrammet for PfP, som er eit eige dokument. Nedanfor følgjer dei generelle samarbeidsområda som er avtala, og som vil bli oppdaterte annakvart år.
Luftforsvar og tilknytte saker (ADF).
Forvaltning og kontroll av luftrom (ASM).
Konsultasjon, kommando og kontroll, mellom anna kommunikasjons- og informasjonssystem, navigasjons- og identifikasjonssystem, interoperabilitet, prosedyrar og terminologi (C3).
Sivil naudplanlegging (CEP).
Krisehandtering (CRM).
Demokratisk kontroll med styrkar og forsvarsstrukturar (DCF).
Forsvarsplanlegging, budsjettering og ressursforvaltning (DPB).
Planlegging, organisering og leiing av nasjonale forsvarsinnkjøpsprogram og internasjonalt samarbeid på materiellområdet (DPM).
Forsvarspolitikk og strategi (DPS).
Planlegging, organisering og leiing av nasjonal forsking og teknologi på forsvarsområdet (DRT).
Militær geografi (GEO).
Globale humanitære mineryddingstiltak (HMA).
Språkopplæring (LNG).
Forbrukarlogistikk (LOG).
Helsetenester (MED).
Meteorologisk støtte til NATO- og partnarstyrkar (MET).
Militær infrastruktur (MIF).
Politisk og forsvarsmessig innsats mot spreiing av ABC-våpen (NBC).
Teoretiske, planleggingsmessige og operative sider ved fredsbevaring (PKG).
Handvåpen og lette våpen (SLW) 3.
Operative, materielle og administrative sider ved standardisering (STD).
Militære øvingar og tilknytte opplæringsaktivitetar (TEX).
Militær utdanning, opplæring og doktrine (TRD).
Som det går fram av kapitlet «Korttidsplanlegging» i dette dokumentet, vil ein stor del av innsatsen bli vigd til vidare utvikling og gjennomføring av partnarskapsrelaterte initiativ som vart lanserte på Washington-toppmøtet.
1.11 Erklæring om NATO-Ukraina. Møte på utanriksministernivå, Brussel 14. desember 2000
NATO-Ukraina-kommisjonen møttest på utanriksministernivå i NATO-hovudkvarteret den 14. desember 2000.
Ministrane diskuterte spørsmål i tilknyting til regional tryggingspolitikk i det euroatlantiske området, og gledde seg over bidraget partnarskapen mellom NATO og Ukraina yter til tryggleiken i Europa. Medlemmene av kommisjonen takka for den ukrainske innsatsen til fordel for auka regional stabilitet, gode naboforhold og løysingar på konfliktar som framleis finst i regionen.
Ministrane diskuterte situasjonen på Balkan. Dei gledde seg over det ukrainske bidraget til KFOR, både i form av ei helikopteravdeling og den ukrainske komponenten i den polsk-ukrainske bataljonen. Ministrane sa seg på nytt forplikta til full gjennomføring av UNSCR 1244 for å sikre eit multietnisk og demokratisk Kosovo innanfor FRJ.
Statsråd Zlenko orienterte dei allierte statsrådane om utspelet frå den ukrainske presidenten om å utarbeide ein omfattande strategi for konfliktførebygging, mellom anna med forbetringar i førebuingane til fredsstøtteoperasjonar.
Statsråd Zlenko informerte kommisjonen om det siste i gjennomføringa av den ukrainske politikken for europeisk integrasjon og utviding av tilhøvet mellom NATO og Ukraina på grunnlag av pakta om ein eigen partnarskap. Kommisjonen sa seg glad for den vedvarande innsatsen frå president Kutsjma si side for å føre denne prosessen framover. Medlemmene av kommisjonen merkte seg interessa Ukraina har vist for utviklinga i arbeidet med ordningar mellom NATO og Ukraina.
Ministrane såg det som viktig at den parlamentariske dimensjonen i NATO-Ukraina-samarbeidet nyleg var teken opp att. Ministrane gledde seg over at Verkhovna Rada den 16. november 2000 hadde underteikna prøvestansavtalen, og såg på dette som eit praktisk steg frå ukrainsk hald for ytterlegare å styrkje tryggleiken og stabiliteten i Europa.
Kommisjonsmedlemmene merkte seg den gode framgangen i samarbeidet mellom NATO og Ukraina i samsvar med pakta sidan dei sist møttest i Firenze. Dei gledde seg over gjensidige gjestingar med høg profil og eit breitt spekter av konsultasjonar på politisk og fagleg nivå. Dei streka under den vesentlege forbetringa i samarbeidet mellom NATO og Ukraina, mellom anna i den felles arbeidsgruppa for sivil naudplanlegging og gjennom den første EAPC-øvinga der det euroatlantiske samordningssenteret for katastrofetiltak (EADRCC) og den euroatlantiske katastrofetiltakseininga (EADRU) har teke del - «Trans-Carpathia 2000» - med Ukraina som vertskap, vidare i den opne felles arbeidsgruppa for økonomisk tryggleik, i fellesprogrammet mellom NATO og Ukraina for omskolering av avgått ukrainsk militærpersonell og i eit kurs i forsvarsøkonomi for ukrainske tenestemenn, arrangert i Kiev, og i opprettinga av den felles arbeidsgruppa for vitskap og miljø.
Ministrane sa seg nøgde med arbeidet og resultata som er oppnådde i den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform. Dei streka under resultata frå møtet på overordna nivå i den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform den 5. oktober 2000, og gav uttrykk for sine store forventningar til det omfattande aktivitetsprogrammet som Gruppe for 2001 har utarbeidd. Kommisjonsmedlemene såg med glede på at planleggings- og tilsynsprosessen for PfP er teken i bruk for å støtte det nasjonale programmet for reform og utvikling av dei væpna styrkane i Ukraina for tidsrommet fram til 2005.
Ministrane utveksla synspunkt på gjennomføringa av NATO-initiativet om masseøydeleggingsvåpen til støtte for ikkje-spreiingsarbeidet, og var samde om å sjå nærare på korleis konsultasjonar og samarbeid mellom NATO og Ukraina i WMD-spørsmål kan avviklast.
Ministrane slutta seg til ein ambisiøs arbeidsplan for 2001. Dei la særleg vekt på vidare politiske konsultasjonar og praktisk samarbeid på ei rekkje område, mellom anna forsvarsreform, økonomi, vitskap og teknologi, sivil naudplanlegging, militær-teknisk samarbeid, materiell og standardisering. Ministrane gledde seg over det som er gjort for å gjennomføre det ukrainske statsprogrammet for samarbeid (USPC) med NATO for tidsrommet fram til år 2001 og for å utarbeide eit liknande program for tidsrommet 2001-2004.
Kommisjonsmedlemmene sa seg nøgde med arbeidet i NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter og NATO-sambandskontoret i Ukraina, og var samde om at dei framleis ville støtte desse aktivt i arbeidet med å utføre sine respektive oppdrag.
Ministrane sa seg glade for at president Kutsjma har vedteke å stengje atomkraftanlegget i Tsjernobyl.
Kommisjonen avtala å halde neste utanriksministermøte i Budapest i mai 2001.
1.12 Rapport om alternativ for tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM), verifisering, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting
1.12.1 Innleiing
NATO-politikken med støtte til rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing har vore og vil framleis vere eit viktig middel til å nå tryggingsmåla til Alliansen. NATO har lenge vore forplikta til dette, og vil også heretter sikre at det er harmoni mellom dei overordna målsetningane for forsvar, rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing.
På toppmøtet i Washington i april 1999 vart det vedteke at Alliansen skulle auke innsatsen mot masseøydeleggingsvåpen (WMD) og leveringsmidla for slike våpen. WMD-initiativet har ført til ein livlegare og meir strukturert debatt om WMD-spørsmål. Hovudmålet for Alliansen og medlemmene er framleis å sjå til at spreiing ikkje skjer, og i motsett fall å reversere spreiinga med diplomatiske middel.
Som det går fram av Strategikonseptet frå 1999, er Alliansen forplikta til å medverke aktivt til utviklinga av avtalar om rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing og til tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM). Dei allierte er fullt klar over si framtredande rolle i å fremje ein breiare, meir omfattande og meir verifiserbar internasjonal rustingskontroll- og nedrustingsprosess. Dei ser på tillitsskaping, rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing som viktige komponentar i konfliktførebygging. NATO-programma for partnarskap, samarbeid og dialog gjev eit eineståande høve til å fremje desse måla. Her er Alliansen sine langvarige forpliktingar og noverande aktivitetar på området rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing i seg sjølv handfaste bidrag til det overordna målet om å skape meiningsfylte CSBM og ei kooperativ tilnærming til internasjonal tryggleik.
På Washington-toppmøtet var dei allierte, i lys av den samla strategiske utviklinga og den mindre framtredande rolla atomvåpna spelar i dag, samde om å vurdere alternativ for CSBM, ikkje-spreiing og rustingskontroll og nedrusting. Sidan toppmøtet har dei ansvarlege NATO-organa sett i gang ei omfattande evaluering av utviklinga sett under eitt, dei har oppsummert Alliansen sin innsats på desse områda og har vurdert ei rekkje alternativ for framtida.
1.12.2 Utviklinga det siste tiåret innanfor kjernefysiske, kjemiske og biologiske våpen
1.12.2.1 Risikoar ved masseøydeleggingsvåpen
Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for slike våpen er ei kjelde til stor uro for Alliansen. Trass i kjærkommen framgang i arbeidet med å styrkje dei internasjonale ikkje-spreiingsregima, står store utfordringar att når det gjeld spreiing. Alliansen erkjenner at spreiing kan førekomme trass i alt som vert gjort for å hindre det, og kan utgjere ein direkte militær trussel mot allierte befolkningar, territorium og styrkar.
Somme statar, mellom anna i NATO-utkanten og i andre regionar, sel eller skaffar seg eller prøver å skaffe seg ABC-våpen og leveringsmiddel. Ikkje-statlege aktørar har vist at dei har potensial til å lage og bruke nokre av desse våpna.
NATO har redusert dei kjernefysiske styrkane sine mykje det siste tiåret. Men eksistensen av kraftige kjernevåpen utanfor Alliansen utgjer ein faktor som Alliansen ikkje kan sjå bort frå om tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området skal oppretthaldast. Russland har framleis store mengder kjernevåpen av alle typar. Kina har modernisert sine kjernevåpenstyrkar gjennom heile det siste tiåret. I tillegg gjennomførte India og Pakistan i 1998 kjernefysiske prøvesprengingar, ei alvorleg utfordring mot ikkje-spreiingsregimet og ei opptrapping av faren for regional konflikt.
1.12.2.2 Kjernevåpen
1.12.2.2.1 Bilateral og nasjonal utvikling
2.2.1.1 USA - Russland
USA og Russland er inne i ein viktig bilateral rustingskontrollprosess med sikte på store reduksjonar i talet på strategiske kjernevåpen.
START I, som tredde i kraft i 1994, var den første avtalen som faktisk reduserte talet på strategiske kjernefysiske angrepsvåpen. Når avtalen er fullt gjennomført, vil han ha redusert talet på utplasserte amerikanske og russiske strategiske våpen frå godt over 10 000 til 6 000 på kvar side. Sidan 1988 har USA demontert meir enn 13 300 kjernefysiske stridshovud og bomber, eliminert meir enn eit dusin ulike typar kjernefysiske stridshovud og redusert den samla behaldninga av kjernefysiske stridshovud med 59 % - 80 % av den ikkje-strategiske kjernefysiske behaldninga og 47 % av den strategiske behaldninga på amerikansk side. Fram til i dag har USA eliminert over 900 strategiske leveringsmiddel. Desse leveringsmidla var i START-avtalen knytte til 4 400 stridshovud. Samla reduksjon av leveringsmiddel omfattar 478 interkontinentale ballistiske missil (ICBM), 368 ubåtavfyrte ballistiske missil (SLBM) og 67 tunge bombefly. I tillegg er rundt 234 leveringsmiddel deaktiverte og ventar på å bli øydelagde innan avtalefristen den 5. desember 2001. USA og republikkane i det tidlegare Sovjetunionen (FSU) ligg an til å kunne fullføre alle reduksjonar i samsvar med avtalen innan fristen den 5. desember 2001.
START II vart underteikna i 1993 og ratifisert av USA i 1996 og av Russland i 2000. Avtalen kan ikkje tre i kraft før USA har ratifisert START II-protokollen av 1997, som utvidar gjennomføringsfristen for avtalen frå 2003 til 2007, og visse andre forhold knytte til det russiske vedtaket om ratifikasjon er avklara. START II byggjer på START I og reduserer ytterlegare talet på utplasserte strategiske våpen på kvar side til mellom 3 000 og 3 500, og eliminerer alle landbaserte interkontinentale ballistiske missil som fører fleire stridshovud. Når START II er gjennomført, vil USA ha redusert sine strategiske kjernevåpenstyrkar med to tredelar frå toppnivåa under den kalde krigen.
Amerikanske strategiske bombefly med kjernevåpen om bord er ikkje lenger i beredskap, og USA har til dagleg ikkje noko land som mål for sine strategiske kjernefysiske styrkar. Amerikanske bakkestyrkar og overflateskip fører ikkje lenger kjernevåpen, og amerikanske kryssarmissil som kan avfyrast frå utskytingseiningar til sjøs er ikkje lenger utplasserte på noko marinefartøy. Det er ikkje gjennomført prøvesprengingar av kjernevåpen sidan 1992, og USA har avslutta produksjonen av spaltbart materiale for kjernevåpen. USA har permanent fjerna rundt 226 tonn høgt opprika uran (HEU) og plutonium frå sine kjernefysiske lager og har sett i verk tiltak for å sikre at materialet aldri meir kan brukast til våpenformål. Dette materialet vil bli gjort tilgjengeleg for inspektørar frå IAEA så snart det er praktisk mogeleg. USA vil òg prøve å finne fram til ytterlegare kvanta av spaltbart materiale som kan fjernast frå våpenprogramma for godt. Vidare har USA løyvd over 5 milliardar USD til Russland, Ukraina og Kasakhstan sidan 1992 for å leggje til rette for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing.
I Helsingfors i mars 1997 vart presidentane Clinton og Jeltsin samde om å starte forhandlingar om ein START III-avtale, som for første gong skulle omfatte innsyn i lagra av kjernefysiske stridshovud og øydelegging av strategiske kjernefysiske stridshovud. Når START III er gjennomført, vil avtalen redusere talet på utplasserte amerikanske og russiske kjernefysiske stridshovud til eit tak på 2 000 til 2 500 kvar, noko som for USA sin del utgjer ein reduksjon på rundt 80 % samanlikna med toppnivåa under den kalde krigen.
Avtalen om anti-ballistiske missil (ABM-avtalen), som vart underteikna av USA og Sovjetunionen i 1972 og endra i 1974, gjev kvar side løyve til å ha eitt ABM-system med 100 ABM-utskytingsrampar og 100 ABM-avskjeringsmissil utplasserte på ein enkelt stad på sitt territorium. Russland har for tida eit operativt ABM-system utstyrt med kjernefysiske stridshovud rundt Moskva; USA deaktiverte sitt ABM-system midt på 70-talet og har i dag ikkje noko operativt ABM-system. Etter oppløysinga av Sovjetunionen tok USA i 1993 initiativ til forhandlingar for å løyse etterfølgjarspørsmålet i samband med ABM-avtalen og for å skilje mellom ABM-system og forsvarssystem mot kortdistansemissil (Theatre Missile Defense - TMD). I september 1997 underteikna USA avtalar med Russland, Kviterussland, Kasakhstan og Ukraina der desse fire statane fekk etterfølgjarstatus i ABM-avtalen, og der det vert trekt klarare skiljelinjer mellom ABM-system, som er avgrensa av avtalen, og TMD-system, som ikkje er avgrensa av avtalen i seg sjølv. Desse avtalane har enno ikkje tredd i kraft.
I Köln i juni 1999 stadfesta presidentane i USA og Russland at dei etter artikkel XIII i ABM-avtalen var forplikta til å vurdere endringar i den strategiske situasjonen som har følgjer for ABM-avtalen, og eventuelt mogelege forslag for å gjere avtalen meir gjennomførbar. USA har føreslått endringar i ABM-avtalen som er nødvendige for å tillate utplassering av eit avgrensa, nasjonalt missilforsvarssystem. Sidan august 1999 er det ført fleire rundar med diskusjonar på høgt nivå mellom USA og Russland både om ABM-avtalen og START III. USA har halde dei NATO-allierte orienterte om desse diskusjonane.
INF-avtalen om kjernefysiske mellomdistansevåpen vart underteikna av USA og Sovjetunionen i desember 1987 og tredde i kraft i mai 1988. Avtalen er ikkje tidsavgrensa, og har føresegner om eliminering og permanent forbod mot ein heil klasse amerikanske og sovjetrussiske bakkeavfyrte ballistiske missil og kryssarmissil for korte og middels avstandar, dvs. med ei rekkevidd frå 500 til 5 500 kilometer. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst, er dei 12 etterfølgjarstatane blitt part i avtalen, men berre fire av dei - Kviterussland, Kasakhstan, Den russiske føderasjonen og Ukraina - deltek saman med USA i INF-inspeksjonsprogrammet, som vert avslutta 31. mai 2001.
Hausten 1991 kunngjorde presidentane Bush og Gorbatsjov to einsidige initiativ om reduksjonar i talet på kjernevåpen. President Bush lova mellom anna at USA skulle øydeleggje alle sine kjernefysiske artillerigranatar og stridshovud for ballistiske kortdistansemissil og trekkje tilbake alle taktiske kjernevåpen frå amerikanske overflateskip, angrepsubåtar og landbaserte marinefly. Som svar på dette utspelet frå den amerikanske presidenten (PNI) kunngjorde president Gorbatsjov at Sovjetunionen ville: eliminere all kjernefysisk artilleriammunisjon, alle kjernefysiske stridshovud for taktiske missil og kjernefysiske miner, trekkje tilbake alle taktiske kjernevåpen frå overflateskip, fleirfunksjonsubåtar og landbaserte marinefly, eliminere ein del av dei sjømilitære, taktiske kjernevåpna og lagre resten på «sentrale lagerstader», og samle resten på «sentrale basar». I januar 1992 stadfesta og utvida president Jeltsin lovnadene frå Gorbatsjov.
Den 6. september 2000 vart president Clinton og president Putin samde om eit samarbeidsinitiativ for strategisk stabilitet som eit konstruktivt grunnlag for å styrkje tilliten mellom dei to sidene, og om vidare utvikling av avtala tiltak for å styrkje den strategiske stabiliteten og hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, missil og missilteknologi på verdsbasis. USA og Russland har eliminert mellom- og kortdistansemissil som kjem inn under START II-avtalen med tilhøyrande protokollar, 1997-avtalane om ABM-spørsmål og avtalen om full kjernefysisk prøvestans (CTBT) og å arbeide for ei snarleg realisering av felleserklæringa frå Helsingfors om parametrar for framtidige reduksjonar i kjernevåpenstyrkar (START III). USA og Russland er òg førebudde på å ta opp att og utvide samarbeidet på TMD-området.
Sidan 1995 har USA underteikna dei aktuelle protokollane om ei afrikansk kjernevåpenfri sone og ei kjernevåpenfri sone i det sørlege Stillehavet. Saman med avtalen om ei latinamerikansk kjernevåpenfri sone aukar dette talet på kjernevåpenfrie statar som har rett til juridisk bindande negative tryggingsforsikringar frå alle dei fem kjernevåpenstatane til nær 100.
2.2.1.2 Britiske reduksjonar
Det siste tiåret har Storbritannia gjennomført mange viktige kjernevåpenreduksjonar og andre tiltak. Sidan 1992 har Storbritannia sagt frå seg sine tidlegare kjernefysiske oppgåver med Lance-missil og artilleri for amerikanske kjernevåpen som både britisk og amerikansk side sat med nøkkel til. Landet har fullført demonteringa av sine maritime taktiske kjernevåpen, slik at overflateskip frå Royal Navy ikkje lenger har evne til å føre eller utplassere kjernevåpen. Alle luftleverte kjernevåpen er trekte ut av teneste og demonterte, og ein er i gang med å demontere stridshovuda av Chevaline-typen frå dei gamle Polaris-ubåtane.
Som ei følgje av dette er Trident no det einaste kjernevåpensystemet i Storbritannia. I sin strategiske forsvarsgjennomgang frå 1998 kunngjorde Storbritannia at det i framtida ville ha eit redusert arsenal på mindre enn 200 operativt tilgjengelege stridshovud, ein reduksjon på meir enn 70 % i samla sprengkraft for det britiske avskrekkingsapparatet sidan slutten på den kalde krigen. Berre éin Trident-ubåt vil vere på patrulje om gongen, på redusert beredskapsnivå - normalt med eit «eldgjevingsvarsel» målt i dagar snarare enn dei få minutta som gjaldt under den kalde krigen - og med 50 % færre stridshovud enn det taket Storbritannia tidlegare har kunngjort. Alle britiske Trident-missil har vore utan faste mål sidan mai 1994. Sidan 1995 har Storbritannia underteikna og ratifisert avtalen om full prøvestans, underteikna protokollane til Pelindaba-avtalen og underteikna og ratifisert protokollane til Raratonga-avtalen.
Storbritannia kunngjorde i 1995 at det hadde slutta med produksjon av spaltbart materiale til kjernevåpen. Storbritannia har òg offentleggjort kor store lager det i alt har av spaltbart materiale, har lagt spaltbart materiale som ikkje lenger trengst til forsvarsformål inn under internasjonale kontrollordningar, har gjort alle opprikings- og gjenvinningsanlegg i Storbritannia tilgjengelege for internasjonal inspeksjon og er i gang med å gjere greie for alt spaltbart materiale som historisk er produsert i landet. Storbritannia har starta eit program for å utvikle kompetanse til å verifisere reduksjonar og eliminering av kjernevåpen. Storbritannia har skaffa 250 supercontainerar og 20 tunge lastebilar som skal hjelpe til med ei trygg tilbaketrekking av alle Sovjetunionens kjernevåpen til territoriet til Den russiske føderasjonen, og har også ytt anna hjelp med sikring og teljing av atomvåpen hos statane i det tidlegare Sovjetunionen.
Storbritannia har gjort det klart at når ein er tilfreds med framgangen i retning av global eliminering av kjernevåpen, vil dei britiske kjernevåpna bli tekne med i multilaterale forhandlingar.
2.2.1.3 Franske reduksjonar
For å tilpasse formatet på sine avskrekkingsstyrkar til den nye situasjonen, har Frankrike valt å stanse utviklinga av fleire program og redusert både dei kjernefysiske lagra og utgiftene til militær kjernefysisk sektor.
Følgjande steg vart tekne i 1991 og 1992:
Innstilling av programmet for kjernefysiske bakke-til-bakke-missil av typen S45, som det var meininga skulle erstatte S3D-missila på Plateau d'Albion,
Tidleg tilbaketrekking av dei kortrekkande bakke-til-bakke-missila av typen Pluton,
Tidleg utsjalting og demontering av atombombene av type AN 52 for flytypane Jaguar og Mirage III,
Reduksjon i talet på SSBN (atomdrivne ubåtar med interkontinentale ballistiske missil) i teneste frå 6 til 5 og utviding av tidsskjemaet for produksjon av ein ny generasjon SSBN,
Reduksjon i programmet for kortrekkande bakke-til-bakke-missil av typen Hadès frå 120 til 30 einingar og vedtak om at systemet skulle setjast i «opplag» og ikkje utplasserast.
I 1996 sette den franske presidenten ei grense på 4 i talet på SSBN som sjøbasert komponent, i staden for 5 som tidlegare vedteke. Av denne styrken er berre tre SSBN i operativ syklus.
Vedtaka i 1996 har ført til at dei strategiske flya av typen Mirage IV er trekte ut av kjernefysisk teneste. Berre fly av typane Mirage 2000N og Super-Étendard har framleis evne til å frakte kjernefysiske mellomdistansemissil av luft-til-bakke-type (ASMP).
I 1996 kunngjorde den franske presidenten at bakke-til-bakke-komponenten på Plateau d«Albion skulle takast ut av teneste, at anlegget skulle stengjast og at våpensystemet Hadès skulle trekkjast tilbake for godt og missila demonterast.
Atten strategiske missil type S3D med megatonnstridshovud var ferdig demonterte i 1998, likeins tretti Hadès kortdistansemissil i 1997. Frankrike er no den einaste kjernevåpenstaten som heilt har eliminert sine tidlegare utplasserte kjernevåpensystem av bakke-til-bakke-type.
Reduksjonane i 1996 kom i tillegg til dei i 1991 og 1992. Frankrike har såleis gjort vesentlege kutt i talet på kjernefysiske våpensystem sidan den kalde krigen tok slutt. Av dei seks systema som var utplasserte i 1990 (strategiske fly type Mirage IV, ubåtavfyrte missil, strategiske bakke-til-bakke-missil på Plateau d'Albion, kortrekkande bakke-til-bakke-missil, fly type Jaguar og Mirage III med kjernefysiske luft-til-bakke-bomber, Mirage 2000N og Super Étendard med mellomdistansemissil av luft-til-bakke-type), er berre to att (ubåtavfyrte ballistiske missil og fly med luft-til-bakke-missil).
I tillegg til dette er talet på leveringsmiddel redusert med meir enn halvparten. Tilsvarande er den delen av forsvarsbudsjettet som går til kjernevåpen, redusert med 58 % sidan 1990.
Etter det einsidige moratoriet på atomprøvesprengingar som vart vedteke i april 1992 og ein siste serie prøvesprengingar, kunngjorde Frankrike 29. januar 1996 stans i alle kjernefysisk testing. Dette vedtaket fekk til praktisk følgje at demonteringa av testanlegga i Stillehavet, som vart kunngjort så tidleg som 22. februar 1996, var fullført i slutten av juli 1998.
Frankrike var den første staten som fatta og gjennomførte eit vedtak om å demontere anlegg for produksjon av spaltbart materiale til kjernevåpen. Frankrike innstilte alt i 1992 all produksjon av plutonium til forsvarsbruk (Marcoule-anlegget) og gjennomførte eit liknande tiltak fire år seinare for høgt opprika uran (uranopprikingsanlegget i Pierrelatte). Gjenvinningsanlegget for brukt brennstoff i Marcoule vart stengt fullstendig på slutten av 1996. Arbeidet med å demontere anlegget er no i gang. Vedtaket om endeleg nedlegging og demontering av uranopprikingsanlegget i Pierrelatte vart gjort i 1996 og straks gjennomført.
Frankrike underteikna og ratifiserte avtalen om totalforbod mot atomprøvesprengingar i 1998. I tillegg til Antarktistraktaten av 1959 er Frankrike part i protokollane til avtalane om Tlatelolco (ratifisert i 1974 og 1992), Raratonga (ratifisert i 1996) og Pelindaba (ratifisert i 1996).
1.12.2.2.2 Multilaterale utviklingstrekk
2.2.2.1 NPT
Avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) er hjørnesteinen i det globale ikkje-spreiingsregimet og det vesentlege grunnlaget for kjernefysisk nedrusting. Avtalen vart forlenga på ubestemt tid under tilsyns- og forlengingskonferansen (NPTREC) i 1995. Denne konferansen gjorde òg vedtak som styrkte tilsynsprosessen for avtalen, og vedtok eit sett «Prinsipp og målsetningar for kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting» som rettesnorer for full realisering og effektiv gjennomføring av avtalen.
Siste tiåret har tilslutninga til NPT auka til nær det fullstendige idet berre fire land (Cuba, India, Israel og Pakistan) no står utanfor. Viktige nye partar har tiltredd avtalen, deriblant to kjernevåpenstatar som avtalen har godkjent - Frankrike og Kina, og i tillegg Sør-Afrika, Argentina, Brasil, Ukraina, Kasakhstan og Kviterussland. Utanom Russland har alle statane i det tidlegare Sovjetunionen sagt frå seg retten til å ha kjernevåpen og slutta seg til NPT.
Irak og Nord-Korea oppfyller ikkje NPT, og det vert arbeidd vidare med å få dei til å rette seg etter avtalen. I 1993 gav Nord-Korea melding om at dei akta å trekkje seg frå NPT, men landet er framleis med i NPT sjølv om det enno ikkje oppfyller sikringsavtalen. Atomprøvesprengingane i India og Pakistan i 1998, som NATO-ministrane fordømde, var eit tilbakeslag for det kjernefysiske ikkje-spreiingsarbeidet. Medlemmene av Alliansen insisterer framleis på full gjennomføring av NPT og dei aktuelle resolusjonane til Tryggingsrådet i FN.
Tilsynskonferansen for NPT i 2000 vart halden i New York frå 24. april til 19. mai 2000. Konferansen hadde 158 avtalepartar og 11 internasjonale organisasjonar og 141 ikkje-statlege organisasjonar som deltakarar.
Tilsynskonferansen i 2000 greidde å vedta eit omfattande og innhaldsrikt sluttdokument, noko berre to av fem tidlegare tilsynskonferansar har lukkast med. Konklusjonane i sluttdokumentet nemner mellom anna vedvarande støtte til fullstendig tilslutnad til NPT, streng etterleving av NPT-føresegnene, styrkte kontrollordningar for Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), framtidige tiltak til kjernefysisk nedrusting, mellom anna eintydige tilsegner frå kjernevåpenstatane om å eliminere alle sine kjernefysiske arsenal og såleis medverke til kjernefysisk nedrusting, slik alle avtalepartane er forplikta til etter artikkel VI i NPT, og ei stadfesting av at det endelege målet for nedrustingsprosessen er generell og fullstendig nedrusting under effektiv internasjonal kontroll.
2.2.2.2 CTBT
Å oppnå iverksetjing av avtalen om full atomprøvestans (CTBT) var det første av dei 13 praktiske stega i retning kjernefysisk nedrusting som var avtala i sluttdokumentet frå tilsynskonferansen for NPT. Det er ein viktig post som står att på NPT-saklista. Avtalen, som vart forhandla under nedrustingskonferansen (CD) mellom 1994 og 1996 og opna for underteikning i 1996, forbyr alle prøvesprengingar av kjernefysiske våpen og andre kjernefysiske sprengingar overalt i verda. CTBT vil tre i kraft etter at dei 44 landa som er nemnde i vedlegg 2 til avtalen har ratifisert. I alt 13 ratifikasjonar etter vedlegg 2 manglar, mellom anna frå India og Pakistan og frå Nord-Korea, som enno ikkje har underteikna avtalen. Frankrike og Storbritannia ratifiserte avtalen i 1998. USA har underteikna men ikkje ratifisert avtalen. Alle andre allierte har underteikna og ratifisert avtalen. Dei allierte er forplikta til å arbeide for å sikre dei underteikningane og ratifikasjonane som trengst for at CTBT skal kunne tre i kraft på eit tidleg tidspunkt.
2.2.2.3 Spaltbart materiale
Ein avtale om å forby produksjon av spaltbart materiale til kjernevåpen eller andre kjernefysiske sprengladningar representerer ei logisk oppfølging av CTBT og har høg prioritet. I 1995 avtala nedrustingskonferansen å opprette ein ad-hoc-komité med mandat til å forhandle ein slik avtale. Komiteen vart samankalla for første gong i 1998, men det har ikkje vore ført reelle forhandlingar og komiteen har ikkje vore samla sidan. Sluttdokumentet frå tilsynskonferansen for NPT i 2000 oppmoda sterkt om at nedrustingskonferansen måtte avtale eit arbeidsprogram som omfattar omgåande innleiing av forhandlingar om ein slik avtale med sikte på fullføring innan fem år.
Dei allierte ser med aukande uro på den manglande framgangen i arbeidet med ein avtale om stans i all produksjon av spaltbart materiale (FMCT). På to år har nedrustingskonferansen - det einaste permanente forhandlingsforumet på nedrustingsfeltet - ikkje greidd å vedta arbeidsprogram eller å setje i gang arbeid med noko nytt nedrustingsspørsmål, sjølv etter den vellukka gjennomføringa av tilsynskonferansen for NPT i mai 2000. Vi vil arbeide vidare saman med andre medlemmer av konferansen for å få avklara både materielle og prosessuelle spørsmål for å sikre at forhandlingane om FMCT kan takast opp att snart.
1.12.2.3 Biologiske og kjemiske våpen
Det er allment kjent at spreiing av biologiske og kjemiske våpen (BCW) er eit aukande internasjonalt tryggingsproblem, både i mellomstatlege konfliktar og som ein potensiell dimensjon i terrorismen.
Genèveprotokollen frå 1925 forbyr bruk av kjemiske og biologiske våpen. Partane i konvensjonen om biologiske og toksiske våpen (BTWC), som tredde i kraft i 1975, er samde om ikkje å utvikle, produsere, lagre eller skaffe seg biologiske stoff og tilhøyrande utstyr som kan brukast til fiendtlege formål. Noko som lenge har vore rekna som eit svakt punkt, er at BTWC ikkje inneheld nokon verifiseringsmekanisme, i motsetnad til liknande rustingskontrollavtalar. For å auke tilliten til at BTWC vert etterlevd, vart tilsynskonferansen i 1986 samd om eit sett tillitsskapande tiltak. I 1994 oppretta ein spesialkonferanse ei ad-hoc-gruppe av konvensjonspartar som skulle vurdere eigna tiltak, mellom anna mogelege verifiseringstiltak, og utkast til forslag til styrking av konvensjonen på nødvendige punkt, i ein juridisk bindande protokoll. Den fjerde tilsynskonferansen i 1996 vedtok at ein slik protokoll skulle utarbeidast snarast råd før den femte tilsynskonferansen tok til i 2001. Under det første møtet i Firenze den 24. mai 2000 gjentok NATO-ministrane at dei allierte var forplikta til «innsats for å komme fram til eit slikt dokument snarast råd før den femte tilsynskonferansen for BTWC i 2001».
For å forby kjemiske våpen og hindre spreiing av slike våpen vart konvensjonen om kjemiske våpen (CWC) forhandla under nedrustingskonferansen mellom 1980 og 1992, og tredde i kraft i 1997. Kvar part går med på aldri å utvikle, produsere, skaffe seg, lagre eller halde tilbake kjemiske våpen, ikkje å bruke eller førebu seg på å bruke kjemiske våpen, og ikkje å hjelpe andre til å opptre i strid med føresegnene i konvensjonen. Konvensjonen krev òg at partane øydelegg dei kjemiske våpna dei måtte ha og alle sine produksjonsanlegg for kjemiske våpen. Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW), som vart etablert i 1997, er ansvarleg for å ta hand om gjennomføringsspørsmål. Dei samla oppgjevne arsenala i verda, 70 000 tonn kjemiske våpen og meir enn 8 millionar ladningar, er inspiserte av OPCW-inspektørar; dei fire landa som har oppgjeve at dei har kjemiske våpen, er alle aktivt i gang med å øydeleggje dei, men eitt av dei, Russland, har visse vanskar med dette. Alle dei 60 oppgjevne produksjonsanlegga for kjemiske våpen rundt om i verda er inspiserte og forsegla. Trass i denne positive framgangen har det vore store problem med å gjennomføre den nødvendige øydelegginga av kjemiske våpen. Særleg har Russland framleis store vanskar med å skaffe dei nødvendige midlane til å destruere alle sine kjemiske våpen innan fristen i konvensjonen.
Australiagruppa (AG) vart oppretta i 1984 for å sikre at industrien i deltakarlanda ikkje med vilje eller uforvarande hjelpte statar som søkte å skaffe seg biologiske og kjemiske våpen ved å forsyne dei med materiale og utstyr med dobbelt bruksområde. Dei 32 landa som deltek i AG har sett i verk nasjonale eksportreguleringar på alle varer på kontrollistene til AG. Desse listene inneheld kjemiske forløparar, biologiske toksin, patogen og mikroorganismar, og kjemisk og biologisk produksjonsutstyr. Handel med varer på AG-listene er ikkje forbode; AG-deltakarane tek derimot på seg å regulere eksporten av varer på listene for å sikre at dei ikkje vert brukte i BCW-program. AG-deltakarane utvekslar informasjon om tendensar til spreiing av BCW og gjennomfører støtteaktivitetar rundt om i verda for å oppmuntre ikkje-deltakarland til å vedta effektive eksportreguleringar på kjemiske og biologiske varer med to bruksområde. Alle deltakarlanda i AG er partar i CWC og BTWC. Dei meiner at nasjonalt ansvar for eksportreguleringar er avgjerande for å oppnå målsetningane med konvensjonane om avskaffing av BCW og å lette bruken av kjemisk og biologisk teknologi til fredelege formål ved å sikre at tobruksvarer ikkje vert overførte til BCW-relaterte formål.
1.12.2.4 Missil og andre leveringsmiddel
Spreiing av missilteknologi er eit spørsmål som gjev grunn til stor uro. Ballistiske missil er blitt det føretrekte våpensystemet for fleire statar, og mange av desse søkjer å auke rekkevidda og presisjonen til desse leveringsmidla. Kryssarmissilteknologien er òg i forbetring, og omfattar ulike modellar som har antiskips- og bakkeangrepsoppgåver. Tekniske forbetringar i missila ville utfordre tradisjonelle forsvarssystem. Slik teknologi kan gje større rekkevidd og auka presisjon, og kan omfatte mottiltak og signaturreduksjon. Relativt rimelege missil er i dag lett tilgjengelege og representerer ein aukande risiko som potensielle leveringsmiddel for ABC-stridshovud. Risikoane og truslane ved missilteknologien omfattar òg taktiske luft-til-bakke-missil.
Kontrollregimet for missilteknologi (MTCR), som vart etablert i 1987, er eit regime av 32 statar (inklusive alle dei 19 NATO-medlemmene) som søkjer å avgrense spreiinga av missil og missilteknologi. MTCR er ikkje ein traktat. MTCR-partnarane regulerer eksporten av ei felles liste av regulerte varer (utstyrs- og teknologivedlegget til MTCR) etter ein felles eksportreguleringspolitikk (MTCR-retningslinjene). Retningslinjene og vedlegget vert gjennomførte etter kvart lands eigne nasjonale lover og forskrifter. Utover dei som er med i regimet kan MTCR-retningslinjene og vedlegget gjennomførast einsidig av alle nasjonar. MTCR-medlemmene utvekslar òg informasjon om spreiingstruslar og -tendensar og samarbeider om å stanse konkrete sendingar som det knyter seg spreiingsmistanke til. Medlemsstatane evaluerer no måtar å handtere kvalitativt nye utfordringar på, mellom anna den aukande nasjonale produksjonen og eksporten av missil og missilteknologi hos ikkje-medlemmer i regimet. Siste året har MTCR-partnarane òg fokusert stadig meir på nye idear for å møte den stadige globale missiltrusselen og reaksjonar for å møte utfordringa med nasjonale missilprogram og eksport. På plenumsmøtet i Helsingfors i oktober 2000 heldt MTCR-medlemmene fram med å drøfte eit sett prinsipp, forpliktande tilsegner, tillitsskapande tiltak og insitament som kunne danne eit regelverk mot missilspreiing. Dei vedtok òg å forhøyre seg med land utanfor regimet for å få dei med i eit breiare forsøk på å komme fram til eit multilateralt instrument som er ope for alle statar.
1.12.3 Utviklingstrekk siste tiåret innanfor rustingskontroll og nedrusting på det konvensjonelle området
Dei siste åra har vi sett fleire lovande tendensar innanfor konvensjonell rustingskontroll og tilknytte tillits- og tryggingsskapande tiltak.
1.12.3.1 Vellukka tilpassing av CFE-avtalen
Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) av 19. november 1990 sette juridisk bindande grenser for fem kategoriar avtaleavgrensa utstyr (TLE), og innførte føresegner om uvanleg omfattande informasjonsutveksling og meldingsordningar, i tillegg til nærgåande stadlege inspeksjons- og verifiseringsordningar. Meir enn 3 000 inspeksjonar har funne stad. Denne innsynsretten i rustingsarsenala er eit eineståande trekk ved ein rustingskontrollavtale. Avtalen førte til dramatiske reduksjonar i TLE innanfor Europa. Meir enn 50 000 utstyrseiningar er øydelagde eller fjerna. Under tilsynskonferansen for avtalen i 1996 erkjende partane at det var behov for å tilpasse CFE-avtalen slik at han også i framtida kunne spele ei nøkkelrolle i dei europeiske tryggingsordningane i eit miljø i endring.
Tilpassingsforhandlingane tok til i mai 1996 som svar på dei fundamentale endringane som hadde skjedd sidan 1990, mellom anna i form av sameininga av Tyskland, oppløysinga av Warszawapakta og USSR, tilveksten av nye etterfølgjarstatar som auka medlemstalet i avtalen frå 22 til 30 statar, demokratiseringa i Sentral- og Aust-Europa og slutten på spenninga mellom blokkene.
Tilpassingsprosessen var fullført med underteikninga av den juridisk bindande avtalen om tilpassing av CFE-avtalen på OSSE-toppmøtet i Istanbul i november 1999, ein avtale som vil tre i kraft når partane har ratifisert. I Istanbul vart òg ei sluttakt vedteken. Den politisk bindande teksten inneheld alle tilsegnene om avgrensing og stegvise reduksjonar i utstyrskvotar som partane i tillegg har bydd seg til å gjennomføre i samanheng med avtaletilpassinga. Dei allierte er uroa over at Russland enno ikkje har oppfylt lovnaden om å gå tilbake til dei tilpassa flankenivåa så snart som mogeleg.
I påvente av at ratifikasjonsprosessen skal bli fullført, er det avgjerande at avtalen med tilhøyrande dokument framleis vert oppfylt fullt ut.
Når den tilpassa avtalen trer i kraft, vil det sikre at CFE-avtalen vert ståande ved lag som ein hjørnestein for tryggleik og stabilitet i Europa. Den tilpassa avtalen vil gje auka tryggleik i heile Europa, ikkje minst fordi han innfører ein strengare struktur med nasjonale og territoriale tak men samtidig er fleksibel nok til å tillate rutinemessige opplæringsformål og effektiv krisehandtering. Den tilpassa avtalen vil òg gje høve for nye partar til å tiltre, og styrkjer avtalekrava om samtykke frå vertsnasjonen til nærvær av utanlandske styrkar.
1.12.3.2 Wien-dokumentet
På Istanbul-toppmøtet i november 1999 vedtok medlemsstatane i OSSE også Wiendokumentet av 1999, som styrkjer dei tillits- og tryggingsskapande tiltaka (CSBM) som vart innførte ved Wien-dokumenta av 1990, 1992 og 1994. Wien-dokumentet av 1999 styrkjer dei eksisterande tiltaka og strekar under regionalt samarbeid som eit viktig element.
1.12.3.3 Opne luftrom
Ein annan viktig faktor for større innsyn på det militære området er avtalen om opne luftrom frå mars 1992, der partane gjev kvarandre løyve til å overfly nasjonalt territorium.
Tanken bak avtalen om opne luftrom er å skape større tillit, lette tilsynet med at eksisterande eller framtidige rustingskontrollavtalar vert etterlevde og å styrkje evna til å føresjå og deretter handtere kriser ved å tillate gjensidig overflyging av nasjonalt territorium.
Ei rekkje prøveflygingar har funne stad dei siste åtte åra, men det fullstendige regimet med observasjonsflygingar som avtalen føreset, har ikkje tredd i kraft enno. Dei allierte stør framleis ratifikasjon av denne avtalen, og oppmodar sterkt om at signatarstatane som enno ikkje har ratifisert, Russland og Kviterussland, må gjere dette slik at avtalen kan tre i kraft snarast råd.
1.12.3.4 Handvåpen og lette våpen
Spreiing av handvåpen og lette våpen (SALW) gjennom ulovlege og uansvarlege overføringar nører opp under mellomstatlege og innanlandske konfliktar der sivile i aukande grad er både mål og offer for valden.
Internasjonalt har stadig fleire dei siste åra sett behovet for å hindre destabiliserande opphopingar og omsetnad av SALW og å redusere mengdene av slike våpen. FN, EU, OSSE og andre internasjonale organisasjonar har komme med ei rekkje utspel på globalt, regionalt og lokalt nivå. Generalforsamlinga i FN har sagt seg villig til å kalle inn til ein internasjonal konferanse om alle sider ved ulovleg våpenhandel i 2001. Sidan januar 1999 har medlemsstatane i Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) gjort unna mykje praktisk arbeid på dette området.
1.12.3.5 Antipersonellminer
Siste tiåret har det internasjonale samfunnet aktivisert seg stadig meir i kampen mot dei humanitære problema som antipersonellminer er årsak til. NATO-landa har demonstrert sitt engasjement i kampen mot dette vondet.
I desember 1998 vart protokollen om forbod mot eller restriksjonar på bruken av miner, minefeller og andre innretningar, endra 3. mai 1996, sett i kraft. Dette er protokoll II til konvensjonen av 1980 om forbod mot eller restriksjonar på bruken av visse konvensjonelle våpen.
Konvensjonen om forbod mot bruk, lagring, produksjon og overføring av antipersonellminer og om øydelegging av slike vart underteikna i Ottawa den 3. desember 1997. Konvensjonen tredde i kraft 1. mars 1999 og er ratifisert av over 100 statar.
1.12.4 Alliansepolitikken til støtte for rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing
1.12.4.1 Kva rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing gjer for alliansetryggleiken
Arbeidet for å få i stand meir stabile internasjonale tilhøve på lågare militære styrke- og materiellnivå, gjennom effektive og verifiserbare rustingskontrollavtalar og tillitsskapande tiltak, har lenge vore ein integrert del av tryggingspolitikken i NATO.
Alliansepolitikken til støtte for rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing vil også heretter spele ei viktig rolle for å nå tryggingsmåla til Alliansen. Det er ein politikk som utgjer ein nøkkelkomponent i den breie tryggingspolitiske tilnærminga NATO praktiserer, som dessutan erkjenner at politiske, økonomiske, sosiale og økologiske faktorar spelar ei stor rolle i tillegg til den uomgjengelege forsvarsdimensjonen.
Alliansen er eit sentralt konsultasjonsforum for medlemmene i alle forsvars- og tryggingsspørsmål, mellom anna om rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing. Konsultasjonsfunksjonen tener til å fremje alliansemåla på desse områda. Slik rådføring gjer at dei allierte, seg imellom og saman med partnarane og landa i Middelhavsdialogen, kan vurdere kva rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing har å seie for tryggleiken i det euroatlantiske området og å vurdere måtar å fremje desse aktivitetane på. Konsultasjonar skjer i alle NATO-organ, men mest utprega i dei ulike spreiingsgruppene innanfor NATO og Det euroatlantiske partnarskapsrådet, Det permanente fellesrådet NATO-Russland og NATO-Ukraina-kommisjonen. I tillegg møtest NATO-organ regelmessig med ekspertar på nedrusting, særleg før viktige internasjonale samlingar som tilsynskonferansen for NPT, Førstekomiteen i FN og Nedrustingskonferansen. Spesielt er det verdt å merkje seg at NATO dei siste månadene har vore eit verdifullt forum for konsultasjonar om følgjene for alliansetryggleiken og den strategiske stabiliteten på globalt plan av ulike alternativ for forsvar mot kortdistansemissil (TMD) og spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og for utveksling av synspunkt på det føreslåtte nasjonale antimissilforsvaret i USA.
Dei allierte har ei eiga rolle i å fremje ein breiare, meir omfattande og meir verifiserbar internasjonal rustingskontroll- og nedrustingsprosess. Denne innsatsen medverkar sterkt til tryggleiken i det transatlantiske området, og styrkjer samtidig tryggleiken og stabiliteten på verdsbasis.
Det er viktig å sikre at alliansetilnærminga til rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing er med på å sikre tryggleiken til Alliansen. NATO-landa har som felles syn at rustingskontroll og CSBM bør auke tryggleiken for alle allierte, og samtidig sikre at avskrekkingsstrategien dei praktiserer er truverdig og effektiv. Rustingskontrolltiltak bør ta omsyn til den strategiske einskapen og det politiske samhaldet i Alliansen og sikre prinsippet om udelt alliansetryggleik ved å unngå at det oppstår område med ulik tryggleik.
Rustingskontrolltiltak og ikkje-spreiing bør òg setje Alliansen i stand til å medverke til effektiv konfliktførebygging og å engasjere seg aktivt i krisehandtering, mellom anna i operasjonar som svar på kriser. I denne samanhengen bør rustingskontrolltiltak vere baserte på vidfemnande partnarskap, samarbeid og dialog med andre land i det euroatlantiske området.
Effektiv og påliteleg verifikasjon er eit grunnleggjande krav til rustingskontrollavtalar. Om eit rustingskontrollregime skal vere effektivt og skape tillit, må det vere eit sentralt omsyn for Alliansen at dei føreslåtte rustingskontrolltiltaka kan etterprøvast. Framgang innan rustingskontroll bør òg målast mot historisk etterleving av eksisterande avtalar. Avtala rustingskontrolltiltak må sikre tilstrekkelege hindringar mot omgåing.
Dei overordna måla til dei allierte på dette området er å fremje stabilitet og transatlantisk velferd ved å gjere felles innsats for det kollektive forsvaret og for bevaring av fred og tryggleik. For å klare dette må Alliansen reagere på potensielle truslar ved å utvikle tilsvarande evner. Ikkje-spreiings- og nedrustingsavtalar er viktige bidrag til å redusere truslane mot Alliansen og til å sikre opne tilhøve rundt militære aktivitetar og våpenarsenal. Dei allierte går inn for å fremje og styrkje slike avtalar som ein integrert del av sitt samla svar på dei utfordringane Alliansen står overfor.
NATO-landa er styrte av ei rekkje viktige omsyn og prinsipp som gjeld støtte til rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing. Prinsippa og måla til Alliansen på dette området er stadfesta i det strategiske konseptet frå 1999, og vil bli tekne opp til ny vurdering etter kvart som tryggingsmiljøet endrar seg.
1.12.4.2 Alliert støtte til rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing sidan 1990
1.12.4.2.1 Reduksjonar i kjernevåpenstyrkar
Samanhengen som den allierte kjernevåpenpolitikken går inn i, er fastlagd i det strategiske konseptet frå 1999: «For å verne freden og hindre krig og alle former for tvang vil Alliansen, så langt fram som vi kan sjå i dag, halde fast ved ei eigna blanding av kjernevåpenstyrkar og strategiske styrkar, baserte i Europa og med dei oppdateringar som trengst, men på eit tilstrekkeleg minimumsnivå. Sett på bakgrunn av mangfaldet av risikoar som Alliansen kan bli stilt overfor, må han oppretthalde dei styrkane som er nødvendige for å sikre truverdig avskrekking og syte for eit breitt utval av konvensjonelle reaksjonsalternativ. Men dei konvensjonelle styrkane til Alliansen kan ikkje åleine sikre truverdig avskrekking. Kjernevåpen er eit unikt verkemiddel til å gjere risikoane ved angrep på Alliansen ubereknelege og uakseptable. Difor er desse våpna avgjerande for å sikre freden.»
Under den kalde krigen spela kjernevåpenstyrkane i NATO ei framtredande rolle i alliansestrategien. Dei var integrerte i heile NATO-styrkestrukturen (bakke, sjø og luft), og Alliansen hadde mange ulike målplanar som kunne setjast i verk på kort varsel. Denne rolla innebar høge beredskapsnivå for store delar av dei kjernefysiske NATO-styrkane.
Ettersom den kalde krigen er over, har Alliansen sidan 1991 gjennomført omfattande tiltak for å vere i strategisk, politisk og styrkemessig samklang med det forbetra tryggingspolitiske klimaet. NATO har gjort seg radikalt mindre avhengig av kjernefysiske styrkar. Strategien går framleis ut på å hindre krig, men er ikkje lenger dominert av utsiktene for kjernefysisk opptrapping. Kjernevåpna er ikkje lenger innsikta mot noko land, og den typen situasjonar der det kunne bli nødvendig å vurdere å bruke dei, vert i dag rekna som svært fjern.
Dei substrategiske styrkane til NATO er dramatisk reduserte i typar og tal, og talet på landbaserte kjernefysiske stridshovud i Europa er redusert med over 85 %. I tillegg er substrategiske stridshovud under normale tilstandar ikkje lenger utplasserte på overflatefartøy og angrepsubåtar. System som kjernefysiske landminer, kjernefysikk artilleri, luft-til-bakke-missil, antiubåt-djupvassminer, bakke-til-luft-missil og kort- og mellomdistansemissil av bakke-til-bakke-type er alle fjerna frå Europa, og ei rekkje moderniserings- eller utskiftingsplanar for oppfølgingssystem er lagde til sides av kjernevåpenmaktene i Alliansen. I tillegg har NATO sine lager av kjernefysiske våpen gjennomgått ein massiv reduksjon på rundt 80 % etter kvart som våpensystem er fjerna og talet på lagra våpen redusert.
Dei einaste landbaserte substrategiske kjernevåpna NATO har til disposisjon i dag, er amerikanske atombomber som kan leverast frå fly med dobbel evne (DCA). Desse gjenverande gravitasjonsbombene er trygt lagra på svært få lagringsstader og under svært sikre forhold. I tillegg til dei substrategiske amerikanske kjernevåpna finst nokre få britiske Trident SSBN-våpen som kan setjast inn i ei substrategisk rolle.
På grunn av det nye tryggingspolitiske klimaet har NATO også sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere talet og beredskapsnivået på fly med dobbel evne. På høgdepunktet av den kalde krigen kunne ein del av desse flya vere på vengene i løpet av nokre minutt, mens kjernevåpenberedskapen no vert målt i veker og månader. NATO har ikkje lenger substrategiske kjernevåpenstyrkar i beredskap i Europa.
1.12.4.4.2 Alliansensepolitikken mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen
Etter å ha erkjent at spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ein trussel mot tryggleiken internasjonalt, gav stats- og regjeringssjefane i NATO i 1994 pålegg om å intensivere og utvide innsatsen mot spreiing. I juni 1994 offentleggjorde forsvarsministrane «Rammer for Alliansens politikk mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen», eit offentleg dokument som slår fast at hovudmålet til Alliansen og medlemsstatane er å hindre at spreiing skjer, eller å bruke diplomatiske middel til å reversere spreiing som likevel måtte førekomme. Dokumentet påpeika òg at spreiing kan førekomme trass i internasjonale normer og avtalar om ikkje-spreiing, og at masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen kan utgjere ein direkte militær trussel mot NATOs territorium, befolkningar og styrkar. Sidan 1994 har Alliansen i aukande grad konsentrert seg om dei forsvarsevnene som er nødvendige for å gjere spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen mindre attraktivt. Forsvarstiltaka mot farane ved WMD må aukast ytterlegare for å gjere dei militære NATO-styrkane mindre operativt sårbare, på same tid som fleksibiliteten og effektiviteten må kunne oppretthaldast også der det finst, vert trua med eller brukt ABC-våpen.
1.12.4.2.3 Alliansens WMD-initiativ
For å svare på risikoane mot alliansetryggleiken som spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen inneber, lanserte Alliansen i 1999 eit initiativ som byggjer på arbeidet som er gjort sidan Brussel-toppmøtet for å auke den samla politiske og militære innsatsen frå Alliansen si side på dette feltet. WMD-initiativet sikrar ein livlegare og meir strukturert debatt i NATO som fører til auka felles forståing blant dei allierte om WMD-spørsmål og korleis ein bør handtere dei, forbetrar kvaliteten og kvantiteten på etterretning og informasjonsdeling, støttar utviklinga av ein informasjonsstrategi overfor publikum, aukar den eksisterande militære evna hos dei allierte til å operere i eit WMD-miljø og å motverke WMD-truslar, styrkjer prosessen med informasjonsutveksling om dei allierte sine nasjonale program for bilateral øydelegging av WMD og hjelp til dette, gjer det lettare for allierte å hjelpe kvarandre med å verne sivilbefolkningane, og har oppretta eit WMD-senter innanfor den internasjonale staben som skal støtte opp om denne innsatsen. Frå og med mai 2000 er WMD-senteret i funksjon og har sett opp eit robust arbeidsprogram for framtida.
Dei tre høgnivågruppene i NATO som vart oppretta for å ta hand om den politiske og forsvarsmessige innsatsen mot WMD-spreiing (der Politisk-militær seniorgruppe for spreiingsspørsmål (SPG) og Overordna forsvarsgruppe mot spreiing (DGP) skal ta seg av høvesvis den politiske og den forsvarsmessige dimensjonen ved NATO-responsen, og Felleskomiteen mot spreiing (JCP) skal koordinere og kombinere arbeidet med politisk og forsvarsmessig innsats), har gått inn i ein fornya og livlegare diskusjon og debatt om rustingskontroll-, nedrustings- og ikkje-spreiingsspørsmål. SGP vurderer ei rekkje faktorar på det politiske, tryggingspolitiske og økonomiske området som kan føre til eller influere på spreiing, og diskuterer politiske og økonomiske middel for å hindre eller reagere på dette. DGP tek føre seg dei militære evnene som trengst for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, gjere truslar om og bruk av slike våpen uinteressant og å verne befolkningane, territoriet og styrkane til NATO-landa.
1.12.4.2.4 Bidrag til framgang innan konvensjonell rustingskontroll og ikkje-spreiing
Med tilpassinga av CFE-avtalen i 1999 kulminerte ei rekkje utspel og initiativ frå alliansemedlemmene si side for å sikre at denne avtalen framleis skulle vere hjørnesteinen i tryggingsarbeidet i Europa og på ein effektiv måte skulle møte dei nye tryggingspolitiske realitetane. Under forhandlingane i Wien la Alliansen fram ei lang rekkje detaljerte forslag som omhandla alle sider ved tilpassinga. Desse hadde til mål å sikre at det militære miljøet i Europa framleis skal vere føreseieleg og gjennomsiktig og i tillegg meir stabilt, og såg føre seg ytterlegare reduksjonar i lagera av avtaleavgrensa utstyr (TLE) hos avtalepartane i CFE, i pakt med behovet for konflikt- og krisehandtering. Under forhandlingane og i tidsrommet fram til iverksetjing har alliansen dessutan forplikta seg til å vere, og er, tilbakehalden når det gjeld omfang og utplasseringar av styrkar i alle delar av verkområdet for avtalen. I tillegg gav fleire allierte i Wien uttrykk for at dei vil godta grenser for nasjonale utstyrskvotar som er meir restriktive enn i den gamle avtalen.
Ei spesialgruppe på høgt nivå (HLTF) er framleis hovudforum for utarbeiding og samordning av alliansepolitikken for rustingskontroll på det konvensjonelle området. HLTF fungerer òg som ekspertgruppe og skal engasjere partnarane i spørsmål av gjensidig interesse. Samordningskomiteen for verifiseringstiltak (VCC) står som før for samordning av dei allierte verifiseringsaktivitetane på det konvensjonelle rustingsområdet, og følgjer opp ulike gjennomføringsspørsmål. Med sikte på å styrkje gjennomføringa av CFE-avtalen utarbeidde VCC eit program for intensivert samarbeid som partnarstatane i CFE fekk tilbod om å delta i i 1993. Programmet held fram og omfattar oppretting av felles fleirnasjonale inspeksjonslag der allierte og partnarar deltek, felles opplæring av inspektørar ved NATO-skulen og tilgang til NATO-databasen for rustingskontroll. VCC støttar kvart år fleire seminar og arbeidssamlingar.
Til den tilpassa avtalen er ratifisert og trer i kraft, er det avgjerande at den eksisterande avtalen med tilhøyrande dokument vert gjennomført fullt ut. Dei allierte er i gang med å førebu seg på gjennomføringa av den tilpassa avtalen. Alliansen går inn for at denne må tre i kraft snarast råd, men dette kan ikkje skje utan at alle avtalepartane rettar seg etter materiell- og utstyrsnivåa i avtalen.
Alle desse tiltaka frå Alliansen si side har medverka til å oppnå stabilitet og tryggleik i den euroatlantiske regionen. I røynda er dette i seg sjølv tillits- og tryggingsskapande tiltak.
1.12.5 NATO si rolle i framtida: Alternativ for CSBM, verifisering, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting
I lys av den samla strategiske utviklinga og den mindre framtredande plassen kjernevåpen no har, har Alliansen vurdert alternativ for tillits- og tryggingsskapande tiltak, verifisering, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting. Arbeidet som er utført innanfor Alliansen, er samla i ei omfattande og integrert tilnærming. Resultatet er konsentrert om konkrete politiske alternativ for framtida, som vert oppsummerte nedanfor.
1.12.5.1 Kjernefysisk politikk
1.12.5.1.1 Kjernevåpenstyrkane si rolle i NATO-strategien
Trass i positive trekk i utviklinga i det strategiske miljøet er tryggleiken til Alliansen framleis utsett for eit breitt spekter av risikoar, både militære og ikkje-militære, som verkar i fleire retningar og ofte er vanskelege å føresjå. Som det vert slått fast i strategikonseptet av 1999, er eksistensen av kraftige kjernefysiske styrkar utanfor Alliansen ein faktor som Alliansen må ta omsyn til om stabiliteten og tryggleiken skal kunne sikrast i det euroatlantiske området. NATO har gjort seg radikalt mindre avhengig av kjernevåpen og gjennomført ein dramatisk reduksjon i dei substrategiske styrkane, ei vesentleg oppmjuking av beredskapskriteria for styrkar med kjernefysiske roller og oppheving av kjernefysiske beredskapsplanar i fredstid.
Konklusjonane og tilrådingane om den kjernefysiske politikken er baserte på arbeidet som er gjort av dei aktuelle allierte på følgjande hovudområde:
føreslåtte CSBM med Russland
innsynstiltak
kjernefysisk spreiing
Bakgrunn for omgrepet CSBM
Tillits- og tryggingsskapande tiltak er dei tiltaka som har til mål å redusere faren for væpna konflikt, å unngå feiltolking og feilberekning av militære aktivitetar og såleis medverke til stabilitet. CSBM, særleg slike som gjeld konvensjonelle styrkar, er i Europa først og fremst gjennomførte i samband med Konferansen om tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), og har hovudsakleg vore av multilateral art. Kjernefysiske CSBM har på den andre sida typisk vore sette i samband med rustingskontrollavtalar og har vore av bilateral art. Somme CSBM har òg vore einsidige, mellom anna presidentinitiativa (PNI) frå Bush og Gorbatsjov/Jeltsin i 1991/1992. Sjølv om desse var einsidige, hadde dei som eit klart siktemål å utløyse ein tilsvarande reaksjon frå motparten. Dei negative tryggingsforsikringane frå kjernevåpenstatane er òg ei verdifull form for CSBM og er ein viktig komponent i ikkje-spreiingsregimet.
Bakgrunn for negative tryggingsforsikringar
Negative tryggingsforsikringar (NSA) er stadfesta erklæringar frå kvar av dei tre kjernevåpenstatane i NATO og Russland om at dei ikkje vil bruke kjernevåpen mot ikkje-kjernevåpenstatar som er part i avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen anna enn i tilfelle av invasjon eller anna åtak på dei, deira territorium, deira væpna styrkar eller andre soldatar, deira allierte eller på ein stat som dei har ein forpliktande tryggingsavtale med, når slike åtak vert gjennomførte eller støtta av slik ikkje-kjernevåpenstat i samarbeid eller allianse med ein kjernevåpenstat. NSA er eit nasjonalt ansvar for kjernevåpenstatane.
5.1.1.1 Tillits- og tryggingsskapande tiltak med Russland
Med det omfattande kjernefysiske arsenalet Russland har, er tilhøvet mellom NATO og Russland eit sentralt punkt i vurderingane av alternativ for kjernefysiske tillits- og tryggingsskapande tiltak (CSBM). Grunnakta NATO-Russland etablerte ein mekanisme, Fellesrådet NATO-Russland, for konsultasjonar i eit breitt spekter av spørsmål for å utvikle ein sterk, stabil og varig partnarskap, på ope og gjensidig grunnlag. To av spørsmåla som er nemnde i Grunnakta som område for konsultasjon og samarbeid er å føre gjensidige meiningsutvekslingar om kjernevåpenspørsmål, også doktrine og strategi, og samråd i spørsmål om kjernefysisk tryggleik i full breidd. NATO har sagt at konsultasjonar med Russland om framtidige kjernefysiske CSBM er ønskjeleg, bør byggje på føresegnene i Grunnakta og bør finne stad innanfor PJC. Dette er i tråd med konklusjonen frå ministermøtet i PJC den 24. mai 2000 om at Grunnakta er basis for alt samarbeid mellom NATO og Russland.
NATO aktar å samarbeide vidare med Russland om fire konkrete CSBM for å auke den gjensidige tilliten og fremje ei opnare haldning i spørsmål om kjernevåpen og atomtryggleik:
Forbetre og utdjupe dialogen i saker som gjeld kjernevåpenstyrkar,
Utveksle informasjon om beredskapsstatusen til kjernevåpenstyrkane,
Uveksle informasjon om tryggingsføresegner og sikringsmekanismar for kjernevåpen,
Utveksle data om amerikanske og russiske substrategiske styrkar.
A. Forbetre og utdjupe dialogen i saker som gjeld kjernevåpenstyrkar
Det vil vere viktig å etablere ei hyppigare og djuptgåande utveksling av synspunkt, vurderingar og informasjon om kjernefysiske styrkar, for dermed å skape betre forståing for intensjonar og aktivitetar på det kjernefysiske området enn det som har vore vanleg til no. Når det gjeld målsetninga om ein forbetra og utdjupa dialog, vil NATO føreslå, gjennom seminar, arbeidssamlingar og andre møte på ekspertnivå, ei hyppigare og djuptgåande utveksling av synspunkt, vurderingar og informasjon om kjernefysiske styrkar med Russland.
B. Utveksle informasjon om beredskapsstatusen til kjernevåpenstyrkane
Utveksling av informasjon om beredskapsstatusen til kjernevåpenstyrkane vil demonstrere for Russland kva for einsidige tiltak Alliansen set i verk for å redusere beredskapsstatusen til styrkane sine, og på same tid gje Alliansen betre innsikt i beredskapsstatusen til dei russiske styrkane. Dette forslaget vil omfatte følgjande to element:
Ein diskusjon om dei einsidige tiltaka NATO-landa og Russland alt har gjennomført for å redusere alarmtilstanden og beredskapen til kjernevåpenstyrkane sine, mellom anna tiltaka USA har sett i verk som ein del av PNI (fjerna alle taktiske/ikkje-strategiske kjernevåpen frå skip i fredstid, teke strategiske bombefly ut av alarmtilstand, teke 450 Minuteman II-missil som skulle eliminerast etter START I ut av alarmtilstand på eit tidleg tidspunkt), tiltaka Storbritannia har sett i verk som resultat av sin strategiske forsvarsgjennomgang (mellom anna vesentlege reduksjonar i talet på stridshovud, berre éin Trident-ubåt på avskrekkingspatrulje i redusert beredskap), og tidlegare tiltak frå NATO si side for å ta fly med kjernevåpenevne ut av alarmtilstand. Det vil vere forventa at Russland presenterer dei tiltak dei set i verk som ledd i PNI.
Ei generisk klargjering av noverande alarmstatus for kjernevåpen i NATO-land og Russland.
C. Utveksle informasjon om sikringsføresegner og sikringsmekanismar ved kjernefysiske våpen
Dette forslaget går mellom anna ut på å utveksle opplysningar om sikringsreglar for lagring og transport av kjernevåpen og om sikringsmekanismar og prosedyrar for å hindre tjuveri og uautorisert bruk eller for å minimalisere risikoen for ulukker. Følgjande element er aktuelle i dette forslaget:
Sikrings- og tryggingsmakanismar for kjernefysiske våpen.
Halde møte for å diskutere på gjensidig grunnlag dei lærdommar kjernevåpenstatane har trekt i saker knytte til sikrings- og tryggingspraksis.
Felles tilsynspraksis med program for kvalitetssikring av personell.
Utveksle informasjon på gjensidig grunnlag om program for kvalitetssikring av personell, to-personsprinsippet eller andre metodar for å sikre mot uautorisert tilgang til kjernevåpen.
Gjensidig observasjon av øvingar.
Invitere Russland på gjensidig basis til å observere ei øving i «reaksjon på atomuhell». Formålet ville vere å skape betre forståing for rutinane som skal følgjast ved svar på eit uhell, samordning som trengst mellom sivile og militære organisasjonar osv.
Fellesøvingar mellom NATO og Russland.
Invitere Russland til å delta i ei «felles» øving i reaksjon på atomuhell. Formålet ville vere å auke det gjensidige samarbeidet og å forbetre evna til å setje i verk tiltak ved uhell.
Følgjande CSBM vil òg kunne forfølgjast i samanheng med beredskapstiltak:
«Skugge»-utvekslingsprogram for offiserar : Etablere eit offiserutvekslingsprogram mellom SHAPE og ein tilsvarande militær organisasjon i Den russiske føderasjonen, liknande den utvekslinga som skjer mellom russiske militære og den amerikanske strategikommandoen (STRATCOM). Utvekslinga kunne starte på flaggoffisernivå og etter kvart utvidast nedover til avdelingsnivå.
D. Utveksle data om amerikanske og russiske substrategiske kjernevåpenstyrkar
Etter dette forslaget kunne det på gjensidig basis utvekslast informasjon med Russland innanfor PJC. Målet ville vere å auke innsynet og kunnskapen om omfanget av arsenala hos USA og Russland.
5.1.1.2 Innsyn
NATO er forplikta til meiningsfylt publikumskontakt, både med enkeltpersonar og grupper, mellom anna diskusjonar om tilpassingane som Alliansens styrkeoppsett har gjennomgått siste tiåret som svar på endringane i tryggingssituasjonen. NATO er likeins forplikta til å diskutere alliansepolitikken når det gjeld støtte til kjernefysisk rustingskontroll og nedrusting. I så måte vil Alliansen halde fram med å utvide kontakten med interesserte ikkje-statlege organisasjonar, akademiske institusjonar og publikum, og vil medverke aktivt til diskusjon og debatt om kjernefysiske våpen og spørsmål som gjeld kjernefysisk rustingskontroll og nedrusting.
Etter kvart som NATO har reagert på endringane dei siste ti åra, har det utarbeidd ei rekkje dokument som gjer greie for fakta og grunngjevingar for Alliansens kjernefysiske styrkeoppsett. Strategikonseptet frå 1991 og revisjonen frå 1999 er offentlege dokument. I tillegg har kommunikea frå utanriks- og forsvarsministermøta i NATO gjort greie for reduksjonane i Alliansens kjernevåpenstyrkar og andre endringar i styrkeoppsettet etter kvart. Fleire dokument er utarbeidde av dei aktuelle allierte for å ta opp kjernefysiske spørsmål. Desse dokumenta er først og fremst tenkte til bruk for allierte representantar som skal svare offentleg på spørsmål. Grunnfaktadokumenta og eit fersk dokument om «NATOs kjernevåpenoppsett» er no tilgjengelege på internettsidene til NATO.
Hovudsiktemålet med innsyn er å medverke til tillits- og tryggingsskaping og ikkje-spreiing, og å sikre offentleg og politisk støtte ved å forklare grunngjevingane for den kjernefysiske politikken og innretninga til NATO. Følgjande prinsippspørsmål er spesielt viktige:
Rolla til kjernevåpna i tryggingsmiljøet etter den kalde krigen.
Det finst ei klar logisk grunngjeving for vidare, men sterkt redusert nærvær av substrategiske styrkar i Europa. Dette er i tråd med Alliansens grunnleggjande prinsipp om felles engasjement, gjensidig samarbeid og kollektiv tryggleik; byrdene og risikoane ved å stå for det kjernefysiske innslaget i avskrekkingsevna til NATO skal ikkje berast av kjernevåpenmaktene åleine.
NATOs styrkeinnretning etter den kalde krigen.
Drastiske nedskjeringar og vesentleg oppmjuking av beredskapen er gjennomført for kjernevåpenstyrkane i Alliansen etter at den kalde krigen tok slutt.
Sikre, trygge og levedyktige kjernevåpen.
NATO er open i størst mogeleg grad om sikring, tryggleik, overlevingsevne og lagringstilhøve for USA-kjernevåpen. Kjernevåpen og prosedyrar for slike er utvikla med det for auge å sikre at våpna vert trygt og sikkert lagra og handterte.
5.1.1.3 Spreiing av kjernevåpen
Spreiing av kjernevåpen er framleis ei kjelde til uro både for regjeringar og folk. Det rører ved spørsmål om kjernefysisk politikk, kjernefysisk rustingskontroll og nedrustingspolitikk, og tradisjonell ikkje-spreiingspolitikk. Aktuelle allierte har undersøkt - på breiast mogeleg grunnlag - kvifor nasjonar skulle prøve å skaffe seg eller allereie har skaffa seg kjernevåpen trass i føresegnene i avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen.
Aktuelle allierte har konkludert med at den viktigaste motivasjonen for å søkje å skaffe seg og å utvikle kjernevåpen framleis ligg i «lokale» trusseloppfatningar, regionale ambisjonar og global prestisje. At spreiingsstatar vurderer den vidare militære og tryggingspolitiske situasjonen før dei bestemmer seg for å utvikle masseøydeleggingsvåpen, er berre rimeleg. Men det er ikkje funne noko som viser at spreiingsstatar skaffar seg kjernefysisk kapasitet på grunn av at NATO har kjernevåpenstyrkar ståande i Europa for å tryggje Alliansen. Det substrategiske kjernevåpenarsenalet NATO har att - som er dramatisk redusert og dei land-baserte styrkane sette i lågare beredskapstilstand og kjernevåpna skrudde frå kvarandre, er ikkje ansvarlege for kjernefysisk spreiing.
Kjernevåpenoppsettet i NATO har utvikla seg etter kvart som realitetane i den euroatlantiske tryggingssituasjonen har endra seg. Det siste tiåret har Alliansen faktisk revidert både doktrine og innretning på kjernevåpenområdet kontinuerleg. Etter å ha konkludert med at kjernvåpenstyrkane til NATO i dagens miljø har ei grunnleggjande politisk rolle, har Alliansen redusert det operative/militære fokuset på desse våpna kraftig. Til støtte for slike endringar er kjernevåpenarsenalet og kjernevåpenstyrkane til NATO dramatisk reduserte i omfang og beredskap, og dei attverande landbaserte styrkane er sette i lågare beredskapstilstand og våpna skrudde frå kvarandre. Desse tiltaka speglar den reduserte rolla kjernevåpna spelar i dagens tryggingssituasjon. Dei tener òg som støtte for NATO-prinsippet om at kjernevåpna til Alliansen skal haldast på lågast mogeleg nivå som er tilstrekkeleg til å bevare fred og stabilitet. Dette aukar tryggleiken i og utanfor den euroatlantiske regionen.
NATO-landa er fast forplikta til realistiske og praktiske tiltak i retning av rustingskontroll og nedrusting på kjernevåpenområdet. Til dette formålet har NATO og kjernevåpenstatane i organisasjonen teke einsidige steg, inngått bilaterale avtalar, teke på seg CSBM og retta seg etter ei rekkje multilaterale avtalar som støttar opp om rustingskontroll og nedrusting. Det er verdt å merkje seg at alle allierte regjeringar er part i ikkje-spreiingsavtalen og signatarstatar til avtalen om totalforbod mot atomprøvesprengingar. Derimot har spreiingsstatar ikkje vist særleg interesse for å gjere tilsvarande - verken ved å justere sitt eige styrkeoppsett eller gjennom tiltak for å fremje nedrusting og rustingskontroll. Følgja av dette har vore at kjernevåpenprogramma deira har redusert, ikkje styrkt, tryggleiken og stabiliteten i og utanfor regionane deira. Her igjen viser spreiingsstatane ei heilt anna innstilling i praksis, trass i erklæringar om påstått støtte til fullstendig nedrusting.
1.12.5.2 Støtte frå alliansemedlemmer til ikkje-spreiingsavtalen
Som partar i ikkje-spreiingsavtalen er alle allierte forplikta til og vil halde fram med å følgje opp prinsippa og måla med NPT som hjørnestein i det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet og viktigaste grunnlag for arbeidet med kjernefysisk nedrusting.
Alliansenasjonane har redusert talet på kjernevåpen og leveringssystem dramatisk, og seier seg på nytt forplikta etter artikkel VI i NPT til å føre forhandlingar i god tru om effektive tiltak i tilknyting til snarleg stans i det kjernefysiske våpenkappløpet og til kjernefysisk nedrusting, og om ein avtale om generell og fullstendig nedrusting under streng og effektiv internasjonal kontroll.
Dei allierte har teke godt imot vedtaka om tidsuavgrensa forlenging av NPT og «Prinsipp og målsetningar for kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting», som vart vedtekne av tilsynskonferansen for NPT i 1995. Dei gler seg elles over det positive utfallet av tilsynskonferansen for NPT i 2000. Konferansen var samd om at det er viktig å oppnå fullstendig oppslutnad om og etterleving av NPT, og har stadfesta at alle partane vil engasjere seg til fordel for nedrusting, sikringsmekansimane til IAEA og fredeleg bruk av kjerneenergi i samsvar med NPT. Dei allierte stadfester tilsegnene dei gav under tilsynskonferansen for NPT og vil medverke til å vidareføre og setje i verk konklusjonane som vart trekte der.
NATO-medlemmene støttar alle føresegnene i sluttdokumentet frå tilsynskonferansen for NPT i mai 2000, også alle følgjande praktiske tiltak for systematisk og stegvis gjennomføring av artikkel VI i NPT og avsnitt 3 og 4 c) i vedtaket frå 1995 om «Prinsipp og mål for kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting»:
Det er presserande at prøvestansavtalen (CTBT) vert underteikna og ratifisert, omgåande og utan vilkår og i samsvar med konstitusjonelle prosessar, slik at avtalen kan setjast i verk snarast.
Det må innførast moratorium på prøvesprengingar av kjernevåpen og andre kjernefysiske sprengingar i påvente av at den nemnde avtalen skal tre i kraft.
Det må setjast i gang forhandlingar under nedrustingskonferansen om ein ikkje-diskriminerande, multilateral og internasjonalt og effektivt verifiserbar avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale til kjernevåpen eller andre kjernefysiske sprengladningar i samsvar med erklæringa frå spesialkoordinatoren i 1995 og mandatet i denne; det må her takast omsyn både til kjernefysisk nedrusting og kjernefysiske ikkje-spreiingsmålsetningar. Nedrustingskonferansen vert innstendig oppmoda om å komme fram til eit arbeidsprogram som omfattar omgåande igangsetjing av forhandlingar om ein slik avtale med sikte på fullføring innan fem år.
Det må etablerast eit eigna underorgan innanfor nedrustingskonferansen med mandat til å ta hand om kjernefysisk nedrusting. Nedrustingskonferansen vert oppmoda om å komme fram til eit arbeidsprogram som omfattar omgåande oppretting av eit slikt organ.
Prinsippet om irreversibilitet må gjerast gjeldande for kjernefysisk nedrusting og for rustingskontroll og reduksjonstiltak for kjernevåpen og på andre tilknytte område.
Kjernevåpenstatane må einsidig forplikte seg til fullstendig avskaffing av sine kjernefysiske arsenal med sikte på å oppnå slik kjernefysisk nedrusting som alle partar forpliktar seg til i artikkel VI.
START II må snarast setjast i verk og gjennomførast fullt ut, og START III fullførast snarast råd, samtidig som ABM-avtalen må bevarast og styrkjast som hjørnestein i den strategiske stabiliteten og som grunnlag for ytterlegare reduksjonar i strategiske angrepsvåpen slik avtalen krev.
Det trilaterale initiativet mellom USA, Den russiske føderasjonen og Det internasjonale atomenergibyrået må fullførast og setjast i verk.
Alle kjernevåpenstatane må setje i verk tiltak med sikte på kjernefysisk nedrusting på ein måte som fremjar internasjonal stabilitet, på grunnlag av prinsippet om lik tryggleik for alle:
Kjernevåpenstatane må setje i verk ytterlegare einsidige tiltak for å redusere sine kjernefysiske arsenal.
Kjernevåpenstatane må gje større innsyn når det gjeld kjernevåpenkapasitet og gjennomføring av avtalar inngådde i medhald av artikkel VI, også som eit frivillig tillitsskapande tiltak til støtte for vidare framgang innan kjernefysisk nedrusting.
Talet på ikkje-strategiske kjernevåpen må reduserast ytterlegare, på grunnlag av einsidige tiltak og som ein integrert del av prosessen for kjernefysisk rustingskontroll og nedrusting.
Det må avtalast konkrete tiltak med sikte på ytterlegare reduksjonar i den operative statusen til kjernevåpensystema.
Kjernevåpna si rolle i tryggingspolitikken må reduserast for å minimalisere risikoen for at desse våpna nokon gong skal bli brukte, og for å lette prosessen med å avskaffe dei heilt.
Alle kjernevåpenstatane må så snart det er tenleg bli involverte i prosessen som skal føre til at kjernevåpna deira vert fullstendig avskaffa.
Alle kjernevåpenstatar må snarast råd gå med på at spaltbart materiale som dei kvar for seg seier at dei ikkje lenger treng til militære formål, vert sett under kontroll av IAEA eller annan relevant internasjonal verifikasjon, og må avtale ordningar for bruk av slikt materiale til fredelege formål for å sikre at slikt materiale for alltid vert halde utanfor militære program.
Det må stadfestast at det endelege målet med nedrustingsprosessen er generell og fullstendig nedrusting under effektiv internasjonal kontroll.
Alle partar må, innanfor rammene av den styrkte tilsynsprosessen for NPT, rapportere regelmessig om gjennomføringa av artikkel VI og avsnitt. 4 c) i vedtaket frå 1995 om «prinsipp og mål for kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting»; det må her minnast om rådgjevande fråsegn frå Den internasjonale domstolen av 8. juli 1996.
Verifikasjonskapasiteten må vidareutviklast der det er nødvendig for å garantere at kjernefysiske nedrustingsavtalar vert etterlevde med sikte på å gjere verda kjernevåpenfri for alltid.
1.12.5.3 Rustingskontrollspørsmål som gjeld verdsrommet
Medlemsstatane i Alliansen støttar det synet at det er særleg viktig for det internasjonale samfunnet å ta vare på dei økonomiske og tryggingsmessige fordelane som dagens bruk av verdsrommet byr på, og samtidig hindre at det oppstår nye og farlege militære konkurransesituasjonar i framtida. Det finst alt ei rekkje avtalar som skal hindre bruk av verdsrommet til anna enn fredeleg aktivitetar, og som fastset rammene for ein legitim militær bruk av verdsrommet. Alliansestatane har ei felles, konkret interesse i og har alt uttrykt støtte til følgjande aktivitetar:
Arbeidet som vert gjort i FN-komiteen for fredeleg bruk av verdsrommet (COPUOS).
At det i samband med eit arbeidsprogram for nedrustingskonferansen vert oppretta eit underorgan som skal diskutere spørsmål som gjeld verdsrommet.
1.12.5.4 Tillitsskaping gjennom konsultasjonar med partnarane og dialoglanda
Dialogen mellom NATO partnarlanda spelar ei viktig rolle i den samla innsatsen Alliansen gjer for å fremje ein breiare, meir omfattande og meir verifiserbar rustingskontroll- og nedrustingsprosess og for å nå dei ikkje-spreiingsmåla Alliansen har sett seg.
NATO erkjenner at tillit og tiltru er nødvendige vilkår for ein irreversibel nedrustingsprosess og for at ikkje-spreiingsarbeidet skal lukkast, og at tillit og tiltru berre kan skapast gjennom innsyn. Alliansen har vedteke omfattande tiltak for auka innsyn i spreiingsrelaterte saker, mellom anna konsultasjonar med partnarane om evna til å operere saman under trusselen om bruk av masseøydeleggingsvåpen.
1.12.5.4.1 Konsultasjonar med Russland
Det permanente fellesrådet NATO-Russland (PJC) vart oppretta i medhald av Grunnakta NATO-Russland frå mai 1997. Grunnakta legg opp til faste møte i PJC på ambassadørnivå og møte på utanriksministernivå annakvart år. Formålet er å tene som møteplass for konsultasjonar, samarbeid og konsensusskaping i politikk og tryggingsspørsmål. I denne samanhengen er det semje om at NATO-medlemsstatane og Russland skal møtast på ekspertnivå for å diskutere politisk og forsvarsmessig innsats mot spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen, også noverande risikoar. Det er òg avtala at fagfolk skal rådføre seg med kvarandre i forsvarssaker, mellom anna om trusseloppfatningar, utviklinga av felles språk og terminologi i saker som gjeld spreiing av masseøydeleggingsvåpen og om forsvarsreaksjonar på truslar om spreiing av masseøydeleggingsvåpen.
I dei faglege konsultasjonane mellom NATO og Russland i spreiingsspørsmål har det hittil vore ført svært produktive diskusjonar om spreiingsrelaterte forsvarsspørsmål og meir djuptgåande samtalar om konkrete spreiingsrisikoar. Et meir langsiktig arbeidsprogram for konsultasjonane er under utvikling i samarbeid med Russland, og det er venta at dette programmet vil omfatte viktige spørsmål om kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel.
1.12.5.4.2 Konsultasjonar med Ukraina
NATO-Ukraina-kommisjonen vart oppretta på vilkåra i charteret om ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina, som vart underteikna i juli 1997. Kommisjonen møtest minst to gonger i året for å diskutere framgangen i utviklinga av forholdet mellom NATO og Ukraina. Konsultasjonane med Ukraina i spreiingsspørsmål har omfatta ei generell meiningsutveksling om ulike risikoar, rolla og effektiviteten til multinasjonale regime og spørsmål om hjelp til eksportregulering. Ukraina har streka under sin eigen innsats i det globale ikkje-spreiingsarbeidet: etter at det vart sjølvstendig, vart landet part i ikkje-spreiingsavtalen i 1994 og gav avkall på å eigne kjernevåpen, ratifiserte CTBT i november 2000 og er aktivt med i internasjonale fora for ikkje-spreiing, mellom anna i Spesialgruppa for Sør-Asia. Vidare konsultasjonar med Ukraina er under aktiv planlegging.
Dialogen som Alliansen fører med Russland og Ukraina i spreiingsspørsmål, er handfaste tiltak for å nå det overordna CSBM-målet. Alliansen vil gå inn for å utvide og utdjupe den etablerte og breie dialogen med Russland på gjensidig grunnlag innanfor ramma av Grunnakta NATO-Russland. Vidare vil Alliansen vidareføre den breie dialogen med Ukraina i saker som gjeld spreiing av masseøydeleggingsvåpen, mellom anna i form av forsvarskonsultasjonar med sikte på å fremje samarbeid som med tida kan føre til interoperabilitet i forsvarsinnsatsen mot dei risikoane masseøydeleggingsvåpna står for. Vi tilrår at desse konsultasjonane vert vidareførte og forbetra.
1.12.5.4.3 Konsultasjonar med EAPC-partnarane og dialoglanda i Middelhavsregionen
Dei allierte ser at det er viktig å føre konsultasjonar på eit passande stadium med andre partnarar i Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og med landa i Middelhavsdialogen i saker som gjeld spreiing av masseøydeleggingsvåpen, slik det er lagt opp til i initiativet om masseøydeleggingsvåpen frå Washington-toppmøtet. Alliansen bør halde fram med å definere kva art og omfang konsultasjonane med EAPC-partnarane og landa i Middelhavsdialogen skal ha, og bør føre slike konsultasjonar med sikte på å fremje samforståing og informasjonsdeling i spreiingsrelaterte spørsmål. Slike konsultasjonar vil vere eit nyttig innslag i det tillitsskapande arbeidet.
1.12.5.5 Informasjon om aktivitetane til andre internasjonale organ som tek del i ikkje-spreiingsarbeidet
Som ein del av ein brei innsats på tryggingsområdet støttar NATO-landa aktivt opp om rustingskontroll og nedrusting og om arbeidet som vert gjort for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Alliansen har sett i gang aktivitetar på dette området som utfyller andre internasjonale organisasjonar, utan å gjere dobbeltarbeid. Eitt av måla med WMD-initiativet til Alliansen er å sikre ein livlegare og meir strukturert debatt innanfor NATO som kan føre fram til større felles forståing mellom dei allierte om korleis WMD-spørsmåla kan løysast. Ein slik livlegare og meir strukturert debatt vil vere tent med ei klarare forståing av måla og aktivitetane til andre internasjonale organisasjonar som er engasjerte i rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing. Difor er det ganske viktig for dei NATO-allierte å sikre og auke informasjonsstraumen med og om aktuelle internasjonale organ på dette området.
1.12.5.6 Konvensjonell rustingskontroll
1.12.5.6.1 CFE-prosessen
CFE-prosessen tok til i 1990 og har ført til ein monaleg reduksjon i mengdene av konvensjonelt materiell og utstyr hos avtalepartane, og det er etablert eit nytt mønster i samkvemmet mellom avtalepartane på tryggingsområdet. Fleire gjennomføringsspørsmål står likevel uløyste, og desse må takast opp når vi no nærmar oss den neste tilsynskonferansen for CFE i 2001. Avtalen om tilpassing av traktaten om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE) vart underteikna på OSSE-toppmøtet i Istanbul 19. november 1999, og vil sikre CFE-avtalen vidare liv som hjørnestein i tryggleiken og stabiliteten i Europa. Den vellukka fullføringa av desse forhandlingane er eit viktig ledd i den samla prosessen med å auke tryggleiken og stabiliteten i Europa, og viser at dei allierte står samla bak ønsket om samarbeid i tryggingspolitikken.
Å sikre at CFE-avtalen framleis kan vere effektiv og truverdig, vil òg vere eit viktig ledd i den samla prosessen for auka rustingskontroll. Her har NATO-ministrane på møtet i Firenze gjort det klart at Alliansen «går inn for at avtalen må bli sett i kraft snarast råd, men dette kan ikkje skje utan at alle avtalepartane etterlever dei avtala rustings- og utstyrsnivåa i tråd med Sluttakta for CFE-avtalen. Vi etterlyser snarleg og effektiv gjennomføring av dei russiske lovnadene om å redusere og trekkje tilbake styrkar frå Moldova og Georgia.» Men vi er framleis uroa over dei store mengdene av russisk avtaleavgrensa utstyr i høve til grensene i artikkel V i avtalen («flankegrensene»). Desse mengdene må reduserast til avtala nivå i samsvar med dei reglar og prosedyrar for teljing som er fastsette. Det er på eit slikt grunnlag dei allierte vil arbeide vidare for å setje den tilpassa avtalen i verk. Til denne prosessen er ferdig, er det avgjerande at CFE-avtalen med tilhøyrande dokument vert respektert fullt ut.
NATO-landa er i gang med å løyse oppgåver i samband med gjennomføringa av den tilpassa CFE-avtalen. Dette vil omfatte utarbeiding og/eller oppdatering av prosedyrar for koordinering mellom allierte i gjennomføringa av den tilpassa CFE-avtalen og vurdering av prosedyrar for auka samarbeid med CFE-partnarar.
Tiltredingsreglane i den tilpassa CFE-avtalen legg opp til å auke talet på avtalepartar og å utvide det nye CFE-mønsteret for tryggingspolitisk samkvem basert på fredeleg samarbeid til statar utover dei 30 noverande avtalepartane. Etter desse føresegnene kan opptak av nye partar i den tilpassa CFE-avtalen, etter individuell vurdering, tene til å skape opnare, meir føreseielege og meir stabile tilhøve i den euroatlantiske regionen.
Alliansen ser på konvensjonell rustingskontroll både som ein viktig reiskap til å hindre konflikt og som ein integrert del av alternative reaksjonar på kriser. Det kan vere rom for å vise konkret til føresegner om rustingskontroll i dei planleggingsdokument Alliansen har for krisehandtering.
1.12.5.6.2 Vegen vidare i den konvensjonelle rustingskontrollen
Forhandlingane om Wien-dokumentet 1999 viste at det noverande dokumentet set ein høg standard når det gjeld innhaldet i nye paneuropeiske tryggings- og tillitsskapande tiltak, CSBM. Dei allierte er samde om at dei framtidige utfordringane innanfor konvensjonell rustingskontroll og CSBM mest vil liggje i regionale og subregionale spørsmål.
I den euroatlantiske regionen er det utvikla eit omfattande system for konvensjonell rustingskontroll. Dette kan tene som eksempel for andre regionar i verda. På dette området vil Alliansen og dei allierte framleis kunne tilby ekspertise og komme med innspel i diskusjonar om regionale ordningar.
Det kan vere rom for å oppmuntre til meir omfattande diskusjonar i eigna forum om stabiliserande tiltak i visse spente regionar.
Når den tilpassa CFE-avtalen trer i kraft, kan deltakarstatar i OSSE som har territorium i området mellom Atlanterhavet og Uralfjella, søkje om å tiltre den tilpassa avtalen og dermed yte eit viktig bidrag til stabilitet og tryggleik i Europa. Alliansen er glad for at den tilpassa avtalen tillet opptak av nye partar, og står klar til å gje relevant informasjon til tiltredingskandidatar om dei rettar og plikter partane har.
Alliansen vil halde fram diskusjonane med Russland, Ukraina og andre EAPC-partnarar i spørsmål om konvensjonell rustingskontroll etter kvart som høvet byr seg.
1.12.5.7 Tiltak frå NATO- og EAPC-hald som gjeld handvåpen og lette våpen (SALW)
NATO har saman med FN, EU, OSSE og andre internasjonale organisasjonar teke ei rekkje initiativ på globalt, regionalt og lokalt nivå. Allianse-medlemmene har engasjert seg i ein dialog med NATO-partnarar i EAPC om praktiske tiltak som kan setjast i verk for å møte dei utfordringane handvåpen representerer. Ad-hoc-arbeidsgruppa for handvåpen og lette våpen i EAPC har teke opp spørsmål om lagerhandtering og tryggleik, nasjonal eksportregulering og handhevingsmekanismar og innsamling og øydelegging av våpen i samband med fredsbevarande operasjonar. Allierte og partnarar har saman støtta ei rekkje seminar og arbeidssamlingar som har teke føre seg fleire av desse spørsmåla. NATO og partnarland har mellom anna gjennom SFOR og KFOR ytt vesentlege bidrag til kontroll, inndraging og øydelegging av handvåpen på Balkan, og vil halde fram med dette. NATO-medlemmene bør byggje vidare på det fruktbare samarbeidet som har vore i EAPC for å finne fram til nye metodar for å møte utfordringa med SALW. I denne samanhengen ser alliansemedlemmene fram til å delta aktivt i FN-konferansen om dei ulike sidene ved ulovleg handel med handvåpen og lette våpen, som skal haldast i 2001.
1.12.5.8 NATO og antipersonellminer
Landminer kan krevje urimelege sivile offer i konfliktar, seinke gjenoppbygginga i landområde etter konfliktsituasjonar og vere ein vesentleg risiko mot NATO-styrkar i fredsstøtteoperasjonar. NATO-landa har vist engasjement for å takle dette problemet.
NATO har vore aktivt engasjert i landminespørsmål gjennom arbeidet i ad-hoc-arbeidsgruppa for globale humanitære mineryddingstiltak i EAPC og gjennom arbeidsprogrammet for Partnarskap for fred (PfP). Konkrete tiltak har mellom anna vore opprettinga av eit PfP-fond for rydding av antipersonellminer og fleire seminar og arbeidsmøte.
Soldatar frå land i og utanfor NATO som er med i fredsstøtteoperasjonane i Bosnia-Hercegovina (SFOR) og Kosovo (KFOR), gjennomfører dagleg operativ minerydding til støtte for militære operasjonar og for å sikre eigen tryggleik, fri ferdsle og fullføring av tildelte oppgåver.
Minerydding etter humanitær standard, som garanterer at området er så godt som fritt for miner (meir enn 99 % rydda), kjem inn under ansvarsområdet til FNs mineryddingstenester (UNMAS). Men IFOR/SFOR, og i den seinare tid KFOR, har ytt og yter framleis hjelp til internasjonale organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og lokale organisasjonar i den humanitære mineryddingsinnsatsen i Bosnia-Hercegovina og Kosovo.
1.13 Sluttkommuniké frå utanriksministermøtet i Det nordatlantiske rådet halde i NATO-hovudkvarteret i Brussel 14. og 15. desember 2000
På møtet gjekk vi gjennom framgangen i NATOs kontinuerlege innsats for å skape varig fred og stabilitet i Søraust-Europa og gav rettleiing om den vidare gjennomføringa av vedtaka på Washington-toppmøtet.
Vi stadfestar NATOs sterke engasjement i å oppnå tryggleik, stabilitet, fred, demokrati og respekt for menneskerettane i Søraust-Europa og vil halde fram med å søkje å nå dette målet sterkt, fyrst og fremst gjennom dei NATO-leidde fredstryggjande operasjonane i Bosnia og Hercegovina og i Kosovo. Vi ynskjer velkomen framgangen som er oppnådd i tilhøvet vårt til Kroatia, og dei store endringane som har funne stad i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ). Desse oppmuntrande endringane gjev ny von om varig stabilitet i regionen og vidare framgang mot regional integrering. Dei fører oss òg nærare den dagen då alle landa i regionen tek sin plass i dei euroatlantiske strukturane.
Vi heidrar alle lands menn og kvinner som gjer teneste i SFOR og KFOR, for deira profesjonalisme og truskap i kampen for fred og stabilitet. Vi uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane til dei som har mista livet eller vorte skadde under oppdrag. Vi takkar NATO-partnarar og andre nasjonar for den store medverknaden deira i denne innsatsen. Enno ein gong vil vi gje ros til Albania og den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia sin kontinuerlege innsats til støtte for KFOR.
Vi støttar enno ein gong den territoriale integriteten og suvereniteten til alle landa i regionen. Vi strekar under at vi er fast bestemde på å fremje langsiktig stabilitet grunna på regional forsoning, godt granneskap, tillitsskapande tiltak, regionalt samarbeid, ei varig løysing på problemet med flyktningar og fordrivne personar, og samarbeid med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY).
Vi ynskjer velkomne resultata frå toppmøtet mellom Den europeiske unionen og landa i stabiliserings- og assosiasjonsprosessen halden i Zagreb 24. november 2000. Dette møtet var eit viktig steg på vegen mot forsoning, auka regionalt samarbeid og langsiktig stabilisering. Vi ynskjer i denne samanhengen òg velkome det uformelle toppmøtet for Prosessen for samarbeid i Søraust-Europa, som vart halde i Skopje 25. oktober, og der alle dei sørausteuropeiske landa deltok. Dette møtet var òg det fyrste møtet på toppmøtenivå der dei nye demokratiske styresmaktene i FRJ deltok.
Vi ynskjer velkomne dei demokratiske endringane som har funne stad i Den føderale republikken Jugoslavia etter parlamentsvalet og presidentvalet i september. Vi ynskjer FRJ varmt velkomen som medlem i Dei sameinte nasjonane, OSSE og andre internasjonale fora. Vi ynskjer òg velkomen FRJs medlemskap i Stabilitetspakta for Søraust-Europa og normaliseringa av landets diplomatiske tilhøve til allierte. Vi støttar dei demokratiske aspirasjonane til folket i FRJ og president Kostunicas arbeid for å føre landet sitt inn på vegen mot demokrati, respekt for menneskerettane, rettsstatens normer og full internasjonal deltaking. Vi ser fram til det komande parlamentsvalet i Serbia og vonar at det vil styrkje den demokratiske prosessen.
Dei demokratiske endringane i FRJ vil leggje grunnlaget for auka stabilitet i heile regionen og gje nye høve til regionalt samarbeid. Vi ynskjer velkomen FRJs vilje til å betre tilhøvet til grannane, og til å samarbeide om full gjennomføring av Den allmenne rammeavtala for fred i Bosnia-Hercegovina og FNs tryggingsråds resolusjon 1244. Vi merkar oss at FRJ har ei meir samarbeidsvillig haldning til Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia og ser fram til at det vert teke vidare steg i denne retninga. Vi ynskjer velkomne den minska spenninga mellom Serbia og Montenegro og drøftingane som er i gang om det framtidige statsrettslege tilhøvet mellom dei innanfor FRJ.
Valdshandlingane utført nyleg av opprørselement i Presevodalen og i tryggingssona (GSZ) ved den interne grensa mellom Kosovo og Serbia, uroar NATO og KFOR. Vi rår til at KFOR hindrar støtte frå Kosovo til desse elementa. Vi fordømmer ekstremistvalden og oppmodar gjerningsmennene til å slutte med den ulovlege verksemda med ein gong. Ekstremistverksemd og faren for ei opptrapping av valden utgjer ein vedvarande trussel mot stabiliteten i regionen, særleg for grannelanda. Vi merkar oss at dei noverande styresmaktene i FRJ har forplikta seg til å etterleve Den militærtekniske avtala (MTA) og å bruke Den felles gjennomføringskommisjonen til å ta seg av dette kjenslevare området, og godkjenner den atterhaldspolitikken dei fører no. Vi uttrykkjer vår sterke støtte til dei tiltaka COMKFOR har gjort for å styrkje kontrollen og tryggleiken, og ynskjer velkomen den positive brevvekslinga mellom president Kostunica og Generalsekretæren i det siste.
Vi stadfestar vår vilje til å gjennomføre FNs tryggingsråds resolusjon 1244 fullt ut. Vi er fast bestemde på å halde fram med å arbeide mot eit fredeleg, multietnisk, multikulturelt og demokratisk Kosovo, der alle Kosovos folk, utan omsyn til etnisk opphav eller religion, kan leve i fred og tryggleik og nyte universelle menneskerettar og fridomar på like fot, mellom anna ved å delta i demokratiske organ. Vi uttrykkjer vår sterke støtte til FNs mellombelse administrasjon i Kosovo (UNMIK) og Generalsekretærens spesialutsending, og rosar det framifrå samarbeidet mellom KFOR og UNMIK om gjennomføringa av FNs tryggingsråds resolusjon 1244. Vi takkar dr. Bernard Kouchner for innsatsen han gjorde som Generalsekretærens spesialutsending, og ynskjer velkomen oppnemninga av Hans Hækkerup, forsvarsminister i Danmark, som skal byrje i stillinga i januar.
Kommunevalet sist i oktober var ein milestolpe for den demokratiske utviklinga i Kosovo. Vi gratulerer med gjennomføringa av dette valet og rosar det nære samarbeidet mellom KFOR og UNMIK om å støtte OSSEs leiarrolle i prosessen. Dette valet gjev eit viktig grunnlag for den vidare utviklinga av mellombelse demokratiske sjølvstyrte organ, i samsvar med FNs tryggingsråds resolusjon 1244.
Vi støttar fullt ut innsatsen til Generalsekretærens spesialutsending for å opprette lokale demokratiske sjølvstyrte organ i Kosovo. Vi oppmodar dei nye representantane i kommunestyra i Kosovo til å utføre pliktene sine på ein ansvarleg måte, i nært samarbeid med det internasjonale samfunnet. Vi oppmodar alle folk i Kosovo å delta fullt ut i denne prosessen.
Vernet av og tryggleiken til alle folk i Kosovo vert framleis prioritert. KFOR vil framleis spele ei nøkkelrolle når det gjeld å sikre den offentlige tryggleiken i Kosovo og utføre pliktene sine på ein handfast og upartisk måte. I denne samanhengen rosar vi sterkt at KFOR held fram med å kverrsetje og destruere ulovlege våpen. Vi merkar oss at det har vore monaleg framgang i arbeidet med å minske valden i Kosovo. Vi kan ikkje godta vald, korkje etnisk, politisk eller kriminell, frå noko hald. Særleg fordømmer vi bombinga nyleg av FRJs kontaktkontor i Pristina og det politisk motiverte drapet på Xhemajl Mustafa, som var rådgjevar til Ibrahim Rugova. Vi er framleis urolege over den store organiserte kriminaliteten, som er ein stadig trussel mot folk i Kosovo og grannelanda. Vi oppmodar alle innbyggjarane i Kosovo om å støtte den store innsatsen som KFOR og UNMIK gjer for å styrkje rettsstaten. Vi ynskjer velkomen auken i talet på UNMIK-polititenestemenn, som no er utplasserte i heile provinsen, og understrekar at det framleis er viktig med støtte på eit høgt nivå til UNMIK i dette området. Vi rosar òg innsatsen til OSSE når det gjeld opplæring og oppretting av eit politivesen i Kosovo (KPS). Vi støttar innsatsen til det internasjonale samfunnet for å opprette eit fungerande rettssystem i Kosovo, men erkjenner at det står att mykje arbeid på dette området.
Det hastar med å setje fri alle kosovo-albanarar som sit fengsla i Serbia utan rimeleg grunn, og med å gjere nøye greie for alle sakna personar, mellom anna i Kosovo. Vi merkar oss med glede at UNMIK og FRJ har starta konstruktive samtalar for å medverke til å løyse desse sakene. I denne samanhengen ynskjer vi særleg velkomen frigjevinga av menneskerettsforkjempar Flora Brovina som eit steg i rett retning. Vi understrekar òg retten som alle fordrivne personar og flyktningar, mellom andre kosovo-serbarar og andre etniske minoritetar, har til å kome heim att, under sikre tilhøve. Vi oppmodar alle samfunn i Kosovo til å arbeide mot dette målet i samarbeid med KFOR og UNMIK.
Vi merkar oss framgangen som er gjort når det gjeld å opprette Styrken for vern av Kosovo (KPC), og nedgangen i talet på tilfelle av manglande etterleving. Vi er klare over at det framleis krevst forbetringar, særleg med omsyn til full etterleving, og vil støtte freistnader på å sikre at KPC har middel og tilbørlege oppgåver til å oppfylle si fastsette sivile rolle. KFOR vil framleis overvake KPC nært.
Vi ynskjer velkomen avgjerda til forsvarsministrane våre om å halde ved lag KFORs allmenne styrkenivå slik det er i dag, og om at Det faste rådet bør gå gjennom KFORs rolle og oppdrag ein gong til.
Vi er framleis fast bestemde på å gjennomføre Den allmenne rammeavtala for fred i Bosnia-Hercegovina fullt ut. Vi støttar fullt ut målsetjingane til Fredsgjennomføringsrådet (PIC) fastsett på Rådets ministermøte som vart halde i Brussel i mai 2000, og at Rådet er bestemt på å integrere Bosnia og Hercegovina som ein multietnisk, demokratisk stat i euroatlantiske strukturar. Etter vala nyleg vonar vi å sjå dei nye utøvande og lovgjevande styresmaktene, både på stats- og områdeplan, på plass og fungere effektivt så snart som råd. Vi vil halde fram med å arbeide nært, særleg gjennom SFOR, saman med Den høge representanten og med andre organisasjonar, til dømes FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), Den internasjonale politistyrken (IPTF) og Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY).
Fem år etter at Dayton-avtala vart inngådd, og trass i den vedvarande innsatsen og ressursane frå det internasjonale samfunnet, står det klart for oss at det må gjerast større og raskare framgang i Bosnia og Hercegovina i retning av eit sjølvberande multietnisk demokrati. Ansvaret for å oppnå dette ligg hjå leiarane i samfunna i Bosnia og Hercegovina, som for ofte har vore uvillige til å sjå lenger enn til truskapen sin mot eiga folkegruppe.
Vi ynskjer velkomen den vellukka gjennomføringa av parlamentsvalet i november under overvaking av OSSE. Den auka støtta til moderate parti gleder oss, medan den vedvarande dragnaden til ekstreme nasjonalistiske parti framleis er ei kjelde til uro. Vi oppmodar dei nyvalde leiarane i Bosnia og Hercegovina til å forplikte seg til full gjennomføring av Dayton-avtala og til å ta på seg større ansvar for og eigarskap til prosessen. Særleg oppmodar vi dei til å fordoble innsatsen for å få organa på statsplan til å fungere betre.
Vi ynskjer velkomen framgangen som er gjort så langt med omsyn til fleire heimvende flyktningar, sivil atterreising, reduksjon i talet på soldatar og forsvarsutgifter i områda, innsetjinga av Statsgrensetenesta og framleis etterleving av opprettinga av Brcko-distriktet og demilitarisering av dette distriktet. Likevel står det att viktige utfordringar. Særleg må ein få større framgang i marknadsreformer, økonomisk atterreising og skaping av ein sjølvberande økonomi og eitt økonomisk område; domsseiing i eigedomstvistar slik at flyktningar og fordrivne personar kan vende heim, særleg til område der den etniske gruppa dei tilhøyrer, er i mindretal; betring av effektiviteten til alle organ på statsplan og samarbeid mellom områda; overføring til Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia av personar som er tiltala for krigsbrotsverk; kampen mot korrupsjon, organisert kriminalitet og ulovlege hemmelege tenester; reform av rettsvesenet og politiet; og ei velfungerande statsgrenseteneste. Vi støttar Den høge representanten sin bruk av den mynda han har fått for å fremje denne dagsordenen.
Vi ber innstendig leiarane i Bosnia og Hercegovina om å gjennomføre målsetjingane i vedlegg I B i Dayton-avtala om tillitsskapande tiltak og tryggingstiltak. Vi oppmodar formannskapet til å prioritere, gjennom Den faste komiteen for militære saker (SCMM), dei aktuelle militære sakene som Fredsgjennomføringsrådet tok opp i mai 2000. Bosnia og Hercegovina treng væpna styrkar med samla leiing og kontroll som kan utplasserast saman og handle saman under internasjonale og regionale tryggingsorganisasjonar. Vi ynskjer velkomen tilleggsreduksjonen på 15 % i områda sine soldatar og forsvarsutgifter, som vil verte fullførd innan årsskiftet, og ber om rask framgang når det gjeld å redusere og omstrukturere områda sine væpna styrkar ytterlegare, i samsvar med utviklinga og gjennomføringa av ein felles forsvarspolitikk. Vi støttar SFORs innsats i denne samanhengen og SFORs innsats for å styrkje Den faste komiteen for militære saker. Vi stadfestar at vi vil medverke ytterlegare til å betre stabiliteten og tilliten i Bosnia og Hercegovina og til å styrkje samarbeidet mellom områda sine væpna styrkar. Vi oppmodar grannelanda til Bosnia og Hercegovina til å støtte full gjennomføring av Dayton-avtala, særleg dei landa som har underskrive denne avtala.
Vi støttar SFORs kontinuerlege nære arbeidsforhold til dei sivile organa i Bosnia og Hercegovina. Vi stadfestar at SFOR framleis vil støtte Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia, men understrekar at områda framleis må ha hovudansvaret for å stille personar tiltala for krigsbrotsverk for retten.
Vi ynskjer velkomne konklusjonane til forsvarsministrane våre, som gjekk gjennom styrkenivåa og strukturen til SFOR og konkluderte med at dei bør vere som dei er i dag. Dei bad dei faste representantane våre kome med råd om ein strategi på mellomlang sikt, med mellom anna ei oversikt over alle moglege storleikar og strukturar SFOR kan ha i framtida, som dei kan handsame på det neste møtet sitt. Vi merkar oss mellom anna behovet for å utstyre Dei fleirnasjonale spesialeiningane fullt ut slik det er oppnådd semje om.
Vi mottok den samanfattande framdriftsrapporten om gjennomføringa av alliansens Initiativ for Søraust-Europa (SEEI). Vi merka oss med glede resultata som er oppnådde så langt av Initiativet for Søraust-Europa, som vart lansert på Washington-toppmøtet, som støttar og oppmuntrar til regionalt samarbeid og hjelper dei einskilde landa i deira freistnader på å kome nærare euroatlantiske organ. NATO freistar å setje landa i regionen i stand til å arbeide saman for å sikre deira eigen tryggleik og på den måten støtte og utfylle målsetjingane i Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Vi ynskjer velkomen framgangen som landa i regionen har oppnådd når det gjeld å gjennomføre dei særlege aktivitetane innanfor ramma av NATOs Initiativ for Søraust-Europa, under dette Styringsgruppa for tryggleikssamarbeid i Søraust-Europa (SEEGROUP) og Det regionale felles vurderingsdokumentet om regionale tryggleiksutfordringar (SEECAP). Gjennom slike initiativ har Initiativet for Søraust-Europa også medverka i stor grad til Stabilitetspakta, særleg til Arbeidsgruppa for tryggleiksspørsmål.
Vi rosar samarbeidet mellom alliansen, Verdsbanken, Bulgaria, Kroatia og Romania, tilrettelagt gjennom Stabilitetspakta, om å omskule og integrere tidlegare militæroffiserar i den sivile økonomien på nytt. Alliansen står klar til å hjelpe til med å utarbeide eit liknande program for Albania. Vi ser fram til å medverke i arbeidet i samband med Stabilitetspakta for å utvikle ein sørausteuropeisk, regional, sivilmilitær krisehandteringskapasitet gjennom Katastrofeførebyggings- og vernebuingsinitiativet i Stabilitetspakta.
Vi ser fram til ein ny framdriftsrapport frå Det faste rådet om gjennomføring av Initiativet for Søraust-Europa og rapporten sitt bidrag til Stabilitetspakta på det neste faste møtet vårt våren 2001.
Vi gjekk gjennom framgangen som er gjort så langt når det gjeld å gjennomføre Initiativet for betre forsvarsevne (DCI), og støttar fråsegna frå forsvarsministrane våre om dette emnet. Initiativet for betre forsvarsevne vil gje dei styrkane og den kapasiteten som alliansen så sårt treng for å møte tryggingsutfordringane på 2000-talet ved å sikre effektiviteten til framtidige fleirnasjonale operasjonar i alle slags oppdrag alliansen deltek i. Føremålet med Initiativet for betre forsvarsevne er å lette alliansens utvikling mot styrkar som er meir interoperable, meir mobile, lett utplasserbare og svært dugande. Fremjing av måla i Initiativet for betre forsvarsevne krev framleis ein vedvarande innsats - både i NATO og i hovudstadane. Vi meiner at vi har nådd eit viktig stadium i gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne. Vi vil framleis stille til rådvelde tilstrekkelege ressursar for å sikre gjennomføringa av initiativet. Vi vil òg bruke ressursane så effektivt som råd og finne nye måtar å overvinne manglar i ressursar ved å dra nytte av nasjonale bidrag og moglege samarbeidsordningar og -mekanismar og kollektive ordningar og mekanismar, til dømes fleirnasjonal og felles finansiering. Men til sjuande og sist vil gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne stå og falle på kor dekkjande dei nasjonale forsvarsbudsjetta er. Vi støttar vedtaket til forsvarsministrane våre om å forlengje til 2002 mandatet til Styringsgruppa på høgt nivå, som har ansvaret for å føre tilsyn med gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne, for å halde oppe det naudsynte høge nivået på engasjementet hjå nasjonane i initiativet.
Initiativet for betre forsvarsevne vil også fremje større interoperabilitet mellom styrkane i alliansen og eventuelt mellom allierte styrkar og partnarstyrkar. Freistnadene til alliansen og allierte nasjonar på å gjennomføre Initiativet for betre forsvarsevne og freistnadene til EU på å styrkje den europeiske kapasiteten styrkjer kvarandre. Difor vil også gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne styrkje den europeiske søyla til alliansen og betre kapasiteten til europeiske allierte til å gjennomføre EU-leidde operasjonar der alliansen som eit heile ikkje deltek. Fordi partnarane har ei viktig rolle å spele i framtidige NATO-leidde operasjonar, ynskjer vi velkomen deira noverande deltaking i delar av Initiativet for betre forsvarsevne.
Vi gjorde opp status for framgangen som er gjort så langt når det gjeld utviklinga av Den europeiske tryggleiks- og forsvarsidentiteten i samsvar med vedtaka som vart gjorde på Washington-toppmøtet og seinare ministermøte. Vi stadfesta viljen vår til å styrkje den europeiske søyla til NATO og vil framleis ha eit balansert og dynamisk transatlantisk partnarskap. Vi deler målet som vart støtta av medlemsstatane i EU då Det europeiske rådet kom saman i Nice, for eit ekte strategisk partnarskap i krisehandtering mellom NATO og EU. Alliansen vil framleis utgjere grunnlaget for det kollektive forsvaret av medlemmene og vil framleis aktivt spele si viktige rolle i krisehandtering som fastsett i Strategikonseptet. Partnarskapen mellom NATO og EU og utviklinga av ein dugande og effektiv europeisk tryggings- og forsvarspolitisk identitet, i samsvar med prinsippa fastsett på Washington-toppmøtet og seinare ministermøte, vil styrkje alliansen, og gjennom alliansen står vi klare til å søkje å nå felles tryggingspolitiske mål der det er mogleg.
Vi ynskjer velkomen intensiveringa av dialogen mellom alliansen og Den europeiske unionen sidan det siste møtet vårt i Firenze. I denne samanhengen ser vi fram til arbeidsmiddagen mellom utanriksministrane i NATO og Den europeiske unionen seinare i dag, som er eit viktig steg mot å opprette eit nært, tillitsfullt og gjensidig gagnleg tilhøve mellom dei to organisasjonane. Vi har gjort framgang i NATO/EUs felles ad hoc-arbeidsgrupper, som har møtst for å drøfte tryggingsspørsmål, faste ordningar for samråd og samarbeid, nærare reglar for EUs tilgang til NATOs ressursar og evner, og styrkemål - samtidig som det vart teke omsyn til alle relevante tilhøve, mellom anna når det gjeld deltaking. Saman med dei to møta i Det nordatlantiske rådet og EUs mellombelse utanriks- og tryggingspolitiske komité i september og november har dei auka forståinga hjå dei to organisasjonane og medlemmene deira av korleis dei mest effektivt kan samarbeide i framtida. Vi ser fram til deira framtidige arbeid og til framtidige møte i Det nordatlantiske rådet og Den utanriks- og tryggingspolitiske komiteen med sikte på å utvikle alle elementa i dei NATO-EU-tilhøva ein ser føre seg. Vi ynskjer òg velkomen opprettinga av ei mellombels tryggingsavtale mellom dei to organisasjonane og merkar oss at NATO er klar til å inngå ei fast tryggingsavtale med Den europeiske unionen og prioritere dette arbeidet.
Dei europeiske allierte er forplikta til å styrkje ytterlegare sin militære kapasitet og til å styrkje den europeiske søyla til alliansen. Dette vil styrkje evna deira til å yte bidrag både til alliansens oppdrag og til EU-leidde operasjonar for å utføre Petersberg-oppgåver der alliansen som eit heile ikkje deltek. Vi merkar oss at denne prosessen ikkje medfører at det skal opprettast ein europeisk hær, og at forplikting av nasjonale ressursar til EU-leidde operasjonar vil vere grunna på suverene vedtak. Vi ynskjer velkomen innsatsen som er gjort i EU for å oppnå EUs hovudmål innan 2003, som fastsett av Det europeiske rådet på møtet i Helsinki, og på den måten medverke til at den europeiske militære kapasiteten vert betre og sterkare. Sakkunnige i alliansen har på grunnlag av eit rådsvedtak ytt militære og tekniske råd til EU-sakkunnige som arbeider med ein katalog over styrkar og evner til EUs hovudmål. Vi merkar oss at EU verdset dette bidraget. Med atterhald om naudsynte vedtak står NATO klar til å yte ytterlegare sakkunnige råd på oppmoding frå EU. Vi ynskjer velkomne lovnadene som vart gjorde på EUs ressursforpliktings konferanse nyleg, og merkar oss at EU set pris på dei monalege tilleggsbidraga som vart tilbode av europeiske allierte utanfor EU til dei samla styrkane som er tilgjengelege for EU-leidde operasjonar. Slike bidrag er, som det vart gjeve uttrykk for den 21. november 2000 på eit møte mellom EU og europeiske allierte utanfor EU, viktige og vil styrkje omfanget av evner som kan vere tilgjengelege for EU. Vi merkar oss EU si forståing for behovet for ytterlegare evnebetringar. Alliansens Initiativ for betre forsvarsevne støttar òg auken i europeisk kapasitet. Måla som følgjer av NATOs Initiativ for betre forsvarsevne og EUs hovudmål, styrkjer kvarandre.
Vi merkar oss og ynskjer velkomne framlegga frå Det europeiske rådet på møtet i Nice om faste ordningar for å sikre full openskap, samråd og samarbeid mellom NATO og EU. Vi er samde om at samrådet og samarbeidet vil utviklast mellom dei to organisasjonane om spørsmål av felles interesse i samband med tryggleik, forsvar og krisehandtering, slik at kriser kan møtast med den mest høvelege militære reaksjonen og effektiv krisehandtering kan sikrast. Vi ser fram til at slike gjensidig tilfredsstillande ordningar vert oppretta snart på grunnlag av prinsippa framsett i Washington og på seinare ministermøte, som det vil verte teke omsyn til i rammeavtala der desse ordningane vert fastsette. Desse ordningane er nøkkelen til eit nært, tillitsfullt og ope tilhøve mellom dei to organisasjonane, slik det vart gjeve uttrykk for på Washington-toppmøtet. Vi ynskjer velkomen intensjonen til Den europeiske unionen om at denne dialogen skal følgjast opp gjennom eit fast mønster for møte på ministernivå, Det nordatlantiske råd/Den utanriks- og tryggingspolitiske komité-nivå, militærkomiténivå og sakkunnig nivå og gjennom kontaktar med sekretariata for å sikre samråd, samarbeid og openskap. Vi støttar EUs standpunkt om at kontaktane og møta skal trappast opp i krisefasen av kriser. Alliansen meiner at utanfor krisetider bør det haldast møte mellom Det nordatlantiske rådet og Den utanriks- og tryggingspolitiske komiteen minst tre gonger, og ministermøte minst ein gong, per EU-formannskap, og kvar av organisasjonane kan be om fleire møte om det trengst. Vi ynskjer velkomne Nice-føresegnene om invitasjonar til NATOs generalsekretær, formannen i Militærkomiteen og DSACEUR, i samsvar med hans mandat, til EU-møte. Vi på vår side vil invitere EU-formannskapet og Generalsekretæren/Den høge representanten til NATO-møte. Formannen i EUs militærkomité eller representanten hans vil på same måte verte invitert til møte i NATOs militærkomité. Alliansen er samd i at desse framlegga utgjer grunnlaget for den faste NATO/EU-avtala. Vi står klare til å arbeide for å få sluttført denne avtala omgåande.
Vi understrekar, som vi gjorde på Washington-toppmøtet og på seinare ministermøte, at det er viktig å finne løysingar som er tilfredsstillande for alle allierte, i spørsmålet om deltaking. Vi merkar oss føresegnene som vart vedtekne av Det europeiske rådet på møtet i Nice, om dialog, samråd og samarbeid med europeiske allierte utanfor EU om saker som gjeld tryggings- og forsvarspolitikk og krisehandtering samt nærare reglar for deltaking i EU-leidde militære operasjonar. Vi ynskjer velkomen viljen til å intensivere samråd i krisetider, som også gjer at europeiske allierte utanfor EU kan uttrykkje si uro når dei meiner at dei tryggingspolitiske interessene deira kan vere involverte. Det er særleg viktig i denne samanhengen at europeiske allierte utanfor EU kan be om møte med Den europeiske unionen og kome med framlegg til saker på dagsordenen. Dei allierte ser fram til ei brei og effektiv praktisk gjennomføring av desse ordningane, særleg for samråd og samarbeid med EUs utanriks- og tryggingspolitiske komité og EUs militærkomité og eventuelt med EUs militærstab, for å sikre at dei allierte som det gjeld, får maksimal nytte av dei, og for å setje dei allierte som det gjeld, i stand til å medverke effektivt. I denne samanhengen og i samsvar med Washington-traktaten understrekar vi at den vekta vi legg på respekten for tryggleiksinteressene til alle dei allierte og på pliktene som dei allierte har overfor kvarandre som allierte. Vi ynskjer òg velkomen EUs vedtak i Nice om fyrste framlegg for å utvikle dialog, samarbeid og samråd med Canada, under dette ein vilje til å intensivere samråd i krisetider, særleg når EU vurderer ein operasjon med bruk av NATO-ressursar og NATO-kapasitet.
Samtidig som det vert teke omsyn til utviklinga av relevante ordningar i EU, går det føre seg eit arbeid med ESDI innan alliansen slik det vart gjeve pålegg om på Washington-toppmøtet og vedteke på seinare ministermøte. Det har vorte utført etter prinsippet om at ikkje noko vil verte vedteke før alt er vedteke - spørsmålet om deltaking er òg relevant i denne samanhengen. På dette grunnlaget og i samsvar med vedtaka gjorde i Washington og på seinare ministermøte har det vorte arbeidd med dei ulike aspekta ved Washington-dagsordenen. I samsvar med denne aktar vi å opprette ordningar for: sikra tilgang for EU til NATOs planleggingsevner som kan medverke til militær planlegging av EU-leidde operasjonar; presumpsjonen om at førehandsidentifiserte NATO-evner og felles ressursar til bruk i EU-leidde operasjonar er tilgjengelege for EU; identifisering av ei rekkje europeiske kommandoalternativ for EU-leidde operasjonar, som vidareutviklar rolla til DSACEUR slik at han kan utføre dei europeiske arbeidsoppgåvene sine fullt ut og på ein effektiv måte; og ytterlegare tilpassing av alliansens forsvarsplanleggingssystem, samtidig som det vert teke omsyn til aktuelle aktivitetar i og framlegg frå Den europeiske unionen. Dei allierte vil verte rådspurte om EUs føreslegne bruk av ressursar og kapasitet før det vert vedteke å frigje desse ressursane og evnene og vil verte haldne opplyste under operasjonen.
Det står att viktig arbeid som må gjerast, og som vi vil gjennomføre med intensitet. Vi pålegg Det faste rådet å halde fram arbeidet med gjennomføringa av ESDI-vedtaka på grunnlag av dagsordenen ovanfor og å rapportere til oss på det neste møtet vårt.
Vi merkar oss vedtaka som vart gjorde på ministermøtet i VEU som vart halde i Marseille i november, særleg om at VEU/NATOs rutinemessige samrådsmekanismar vil verte innstilte, med unntak av dei som framleis må brukast i overgangsperioden, særleg i studien av felles øvingar neste år, JES 2001, som vi ser fram til. Vi set pris på VEUs viktige bidrag til utviklinga av den europeiske tryggleiks- og forsvarsarkitekturen. Vi har verdsett det nære samarbeidet mellom NATO og VEU og set pris på arbeidet som er gjort av VEU- og NATO-tilsette til støtte for det.
Vi minner om vedtaka som vart gjorde på Washington-toppmøtet og stadfestar alliansens vilje til å vere open for nye medlemmer. Alliansen reknar med å sende ytterlegare invitasjonar i dei komande åra til nasjonar som er villige til og kan ta på seg oppgåvene og pliktene som følgjer med eit medlemskap, dersom NATO kjem fram til at innlemming av desse landa vil tene dei allmenne politiske og strategiske interessene til alliansen, og at innlemming samla sett vil styrkje den europeiske tryggleiken og stabiliteten. Kvart europeisk demokratisk land vil verte vurdert dersom opptaket av landet oppfyller målsetjingane i Washington-traktaten, utan omsyn til geografisk plassering, og kvart land vil verte vurdert individuelt.
Prosessen fastsett i Handlingsplanen for medlemskap (MAP) understrekar NATOs skyldnad overfor open dør-politikken sin ved å hjelpe dei ni søkjarlanda i freistnadene deira på å førebu seg til eit mogleg framtidig medlemskap. Vi ynskjer velkomen arbeidet med å straumlineforme denne prosessen, som vi har gjennomført i samråd med søkjarlanda, for å gjere prosessen meir effektiv. I den andre årssyklusen av Handlingsplanen for medlemskap held vi fram med å gje råd, tilbakemelding og hjelp til søkjarlanda når det gjeld førebuingane deira til eit mogleg framtidig medlemskap. Vi merka oss ein rapport om gjennomføringa av den andre årssyklusen til no. Vi ynskjer velkomen søkjarlanda sin framleis sterke vilje til reform, mellom anna til forsvarsreform og modernisering av dei væpna styrkane, som det vart gjeve uttrykk for av forsvarsministrane deira, og oppmodar dei til å byggje på framgangen som er oppnådd så langt. Søkjarlanda bør framleis sterkt søkje å nå dei utfordrande måla dei har sett seg, og sikre at det vert fastsett klare prioriteringar, og at det vert løyvd tilstrekkelege ressursar til dei.
Vi ser fram til å få ein samanfattande framdriftsrapport om resultata frå den andre årssyklusen av Handlingsplanen for medlemskap på det neste møtet vårt som ein del av den gjennomgangen av utvidingsprosessen vi held på med, mellom anna av gjennomføringa av Handlingsplanen for medlemskap. Stats- og regjeringssjefane skal gå gjennom denne prosessen på neste toppmøte, som skal haldast seinast i 2002.
Vi prioriterer framleis høgt å styrkje partnarskapen vår med alle medlemmer i det euroatlantiske samfunnet gjennom Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og Partnarskap for fred. Vi meiner at partnarskap står sentralt i alliansen si rolle i fremjing av tryggleik og stabilitet i den euroatlantiske regionen og medverkar til å auke alliansen sin kapasitet når det gjeld krisehandtering. Vi ynskjer velkomne aktivitetane innanfor ramma for EAPC/PfP for å styrkje openskap, tillit og samarbeid mellom alle medlemmene i det euroatlantiske samfunnet, og vi er framleis fast bestemde på at utviklinga av EAPC skal halde fram som eit nøkkelforum for politisk samråd og praktisk samarbeid om euroatlantiske saker som gjeld tryggleiken.
Vi merkar oss med glede dei mange EAPC/PfP-aktivitetane for å fremje praktisk regionalt samarbeid i Søraust-Europa samt i Kaukasus og Sentral-Asia. Vi verdset den rolla dei regionale ad hoc-arbeidsgruppene for Søraust-Europa og Kaukasus spelar for å fremje og støtte regionalt samarbeid. Vi ynskjer velkome at det framleis vert gjort ein innsats innanfor ramma for EAPC/PfP for å støtte ein breiare innsats som er i gang for å løyse problemet med spreiing av handvåpen og lette våpen, og som støttar globale humanitære tiltak mot miner og fremjing av internasjonal humanitær rett, mellom andre område som er prioriterte av EAPC. Særleg ynskjer vi velkomen opprettinga nyleg av eit PfP-fond for destruering av lager av antipersonellminer og ser fram til regelmessige rapportar om verksemda til fondet. Vi støttar tiltak for å styrkje EAPC/PfP-samarbeidet om fremjing av konfliktførebygging og krisehandtering, som vil utfylle arbeidet til andre relevante organ. Vi støttar òg initiativ for å vidareutvikle samarbeid om informasjons- og hjelpeprosjekt og ynskjer velkomen partnarane si stadige interesse i samarbeid om sivil vernebuing.
Vi merka oss rapportar om eit styrka og meir operativt partnarskap og gjennomføringa av Konseptet for operativ kapasitet. Vi verdset høgt den stadige framgangen når det gjeld å gjere Partnarskap for fred meir operativt, og ser fram til å gå gjennom framgangen i arbeidet med desse initiativa på det neste møtet vårt. Vi ser fram til å utforske saman med partnarane våre korleis vi kan medverke til å støtte arbeidet deira med å omorganisere og omstrukturere forsvaret og dei væpna styrkane sine, og vil framleis gjere full bruk av dei eksisterande informasjonsformidlingsmekanismane for å hjelpe partnarar med å sikre optimal bruk av knappe ressursar i dette reformarbeidet. Vi har framleis sterk vilje til å gjennomføre Den politisk-militære ramma for NATO-leidde PfP-operasjonar fullt ut. Innanfor denne ramma legg vi sterk vekt på å styrkje partnarane sine roller i politisk rettleiing og oversikt, planlegging og kommandoordningar for NATO-leidde krisehandteringsoperasjonar. Vi ser fram til å få på det neste møtet vårt ein rapport frå Det faste rådet om framdrifta i gjennomføringa av Den politisk-militære ramma.
Vi vil framleis byggje eit sterk, stabilt og varig partnarskap med Den russiske føderasjonen i samsvar med Grunnakta NATO-Russland og på grunnlag av prinsippa om openskap og eit gjensidig tilhøve. Vi ynskjer velkomen framgangen når det gjeld å ta opp att samråd og samarbeid om ei lang rekkje saker innanfor ramma av Det faste fellesrådet (PJC).
Vi legg stor vekt på å halde fram med dialogen og samarbeidet innanfor ramma av Det faste fellesrådet om saker som gjeld operasjonane i Bosnia og Kosovo, og å byggje på dei verdifulle erfaringane med praktisk samarbeid med russiske styrkar i både SFOR og KFOR.
Vi verdset det stadige samrådet og samarbeidet vårt med Russland innanfor ramma av Det faste fellesrådet om saker som strategi, forsvarspolitikk og militære doktrinar, infrastrukturutviklingsprogram, kjernevåpen, ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytingsmiddel for desse, kortdistansemissilforsvar, luftforsvar og andre nedrustings- og våpenkontrollsaker, mellom anna CFE-avtala og Avtala om opne luftrom, vitskaplege saker, miljøsaker, sivil vernebuing og omskuling av dimittert militært personell. Særleg ser vi fram til å gjennomføre programmet om samarbeid mellom NATO og Russland om ettersøking og berging til sjøs, som PJC-forsvarsministrane vart samde om 5. desember 2000, og til snarleg underteikning av eit omsamd memorandum med Russland om miljøvern. Vi ynskjer velkome at Russland har byrja å delta meir og meir i EAPC att, og ynskjer velkomen ei aktiv russisk deltaking i PfP.
Vi ynskjer velkomen brevvekslinga om oppretting av eit NATO-informasjonskontor i Moskva og ser fram til å utvikle NATOs informasjonsverksemd i Russland. Vi legg stor vekt på den vidare utviklinga av militær-til-militær-samarbeidet og forhandlar med Russland med sikte på å opne eit militært NATO-sambandskontor i Moskva i nær framtid, som det krevst i Grunnakta.
I samband med situasjonen i Nord-Kaukasus stadfestar vi at det hastar og er viktig med å få til ei gjensidig tilfredsstillande, rettferdig og varig løysing på konflikten i Tsjetsjenia, og at partane må gjere tiltak for å byrje ein dialog som kan føre til forlik. Sjølv om vi erkjenner at Russland har rett til å bevare den territoriale integriteten sin og retten sin til og ansvaret sitt for å verne alle borgarane sine mot kriminalitet og terrorisme, som vi fordømmer alle former av, ber vi innstendig Russland om å respektere dei internasjonale pliktene landet har som medlem i FN, OSSE og Europarådet, og på grunn av dei relevante prinsippa nedfelt i Grunnakta. Vi ber tsjetsjenarane samarbeide i god tru for å finne ei løysing på konflikten og å fordømme og gjere tiltak mot terrorisme.
Vi ber innstendig den russiske regjeringa få fortgang arbeidet med å få OSSEs hjelpegrupper attende til Tsjetsjenia med det noverande mandatet. Vi ser med uro på at liv framleis går tapt, og at sivile vert påført materielle skadar; dette krev omgåande og uavhengig etterforsking av brot på menneskerettane og folkeretten. Vi minner om den vekta vi legg på innsatsen som dei humanitære hjelpeorganisasjonane gjer for å lindre lidinga til dei fordrivne, og oppmodar Russland til å støtte dei fullt ut.
Vi verdset tilhøvet vårt til eit sjølvstendig, demokratisk og stabilt Ukraina og Ukrainas bidrag til sikringa av stabiliteten i Sentral- og Aust-Europa og kontinentet som eit heile. Vi er nøgde med den vellukka gjennomføringa av samarbeids- og samrådsaktivitetane etter arbeidsplanen mellom NATO og Ukraina, som har medverka til ei stadig utdjuping av denne partnarskapen. Vi er fast bestemde på å byggje på desse resultata i 2001 og å sikre vidare gjennomføring av NATO-Ukraina-pakta.
Vi er nøgde med at Ukraina deltek meir i PfP, både i PfPs militære og ikkje-militære aspekt. Vi vil framleis støtte gjennomføringa av Ukrainas forsvarsreform og ynskjer velkomen den større rolla og dei nye initiativa til Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform. Vi oppmodar Ukraina til å halde fram med dette arbeidet, og i den samanhengen ynskjer vi velkomen godkjenninga av Ukrainas statsprogram for reform av dei væpna styrkane og presidentforordninga om gjennomføring av det, som kom for kort tid sidan. Vi tek opp att at vi set pris på Ukrainas vedvarande bidrag til KFOR, som er eit uttrykk for Ukrainas vektlegging av det arbeidet vi gjer saman for å byggje fred og stabilitet i regionen. Samarbeidet vårt i KFOR medverkar òg til å betre interoperabiliteten mellom styrkane til Ukraina og styrkane til dei allierte. Vi ynskjer velkomen Verkhovna Radas ratifikasjon av Avtala om absolutt forbod mot atomprøvesprengingar.
Vi legg framleis særleg vekt på NATO-sambandskontoret, som spelar ei nøkkelrolle når det gjeld å styrkje Ukrainas deltaking i PfP. Vi verdset òg den viktige rolla til NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter i Kiev som eit middel til å auke den offentlege merksemda kring partnarskapen vår og for å styrkje han.
NATOs middelhavsdialog er ein vesentlig del av alliansens samarbeidstilnærming til tryggleik ettersom tryggleik i heile Europa er nært knytt til tryggleik og stabilitet i middelhavsområdet. Vi er nøgde med framgangen som er oppnådd så langt med omsyn til gjennomføringa av vedtaka om å styrkje middelhavsdialogen gjorde på Washington-toppmøtet, og ser fram til samarbeid på områda ettersøking og berging, sjøtryggleik, evakuering av sjuke og såra, og humanitær hjelp. Vi stadfestar at dialogen er av progressiv art, og vil framleis vurdere måtar å styrkje dei politiske og praktiske dimensjonane ved samarbeidstilhøva våre med alle middelhavspartnarane i samsvar med vedtaka på Washington-toppmøtet på område der NATO kan tilføre meirverdi, og der partnarane har uttrykt interesse. Vi pålegg Det faste rådet å rapportere på det neste møtet vårt om det politiske og praktiske samarbeidet i dialogen. Vi vonar at konferansen om middelhavsdialogen, som opphavleg skulle haldast i november, vil verte fastsett til eit nytt tidspunkt så snart som råd.
Sjølv om alliansen ikkje er med i fredsprosessen i Midtausten, støttar vi han sterkt og ber innstendig alle deltakarane om å framleis vere fast forplikta til han.
Vi gratulerer med 25-årsdagen for underskrivinga av Helsinki-sluttakta. Vi ynskjer velkomen den store rolla som OSSE spela i det euroatlantiske området, særleg i Søraust-Europa. Vi oppmodar til ei rask gjennomføring av pliktene som vart påtekne og initiativa som vart lanserte på Istanbul-toppmøtet for å styrkje OSSEs operative kapasitet, og som dermed betrar OSSEs krisehandteringskapasitet. Vi minner om NATOs støtte til Plattforma for kooperativ tryggleik, der OSSE erklærte at organisasjonen akta å arbeide saman med andre organ. Vi ynskjer velkomen den store framgangen som er gjort i gjennomføringa av plattforma, særleg dei styrka kontaktane og samarbeidet mellom NATO og OSSE i saker av felles interesse.
Vi ynskjer velkomen OSSEs arbeid med å hjelpe til i gjennomføringa av Dayton-avtala og Paris-avtala og OSSEs medverknad i opprettinga av ei ramme for fred og stabilitet i Søraust-Europa. Vi oppmodar statane som deltek i forhandlingane om regional stabilitet etter avtalene, om å gjere bruk av den friske framdrifta som deltakinga til Den føderale republikken Jugoslavia i OSSE skaper, med sikte på å fullføre arbeidet sitt innan den avtala fristen. NATO står klar til å støtte gjennomføringa av ei slik avtale innanfor ramma av Stabilitetspakta for Søraust-Europa.
Vi minner om alliansens gamle forplikting til måla våpenkontroll, nedrusting og ikkje-spreiing og ynskjer velkomen den omfattande rapporten om moglege løysingar for tillits- og tryggleiksskapande tiltak (CSBM), verifikasjon, ikkje-spreiing og våpenkontroll og nedrusting som stats- og regjeringssjefane våre kravde i Washington. Vi pålegg Det faste rådet å arbeide energisk med gjennomføringa av tilrådingane i denne rapporten, mellom anna saman med Russland i Det faste fellesrådet. Ein offentleg rapport har vorte frigjeven som eit NATO-dokument.
På 10-årsdagen for underskrivinga av CFE-avtala erkjenner vi at avtala har medverka på avgjerande måte til stabiliteten og tryggleiken i Europa. Den samla gjennomføringa av avtala sidan ho tredde i kraft i 1992, har gjeve positive resultat, mellom anna monaleg reduserte arsenal av avtaleavgrensa utstyr og større openskap og visse. Men både når det gjeld innhaldsmessige og tekniske tilhøve er det framleis uro over særlege aspekt ved gjennomføringa av CFE, og desse må drøftast. Når vi no nærmar oss den neste Tilsynskonferansen for CFE i 2001, vil vi intensivere innsatsen for å løyse desse sakene. I påvente av at prosessen med ratifisering av den tilpassa avtala skal verte ferdig, er det avgjerande at avtala og tilhøyrande dokument framleis vert gjennomførde fullt ut.
Tidleg iverksetjing av den tilpassa CFE-avtala, som vart underskriven i fjor av stats- og regjeringssjefane på OSSE-toppmøtet i Istanbul, vil sikre at CFE framleis kjem til å vere ein hjørnestein i europeisk tryggleik og stabilitet. Vi er forplikta til dette målet og er glade for at den tilpassa avtala vil tillate tilslutning av nye statar. Men, som vi har gjort det klart heilt sidan Istanbul, trur vi at regjeringane våre vil ratifisere avtala berre dersom alle partane etterlever nivåa på materiell og utstyr fastsette i avtala, og dersom dei etterlever pliktene som er nedfelte i CFE-sluttakta. I denne samanhengen ynskjer vi velkomen president Putins stadfesting nyleg av at Russland aktar å oppfylle alle pliktene sine etter CFE-avtala. Vi ventar konkrete resultat i samsvar med denne forsikringa. Vi er særleg urolege over det framleis høge nivået på russisk avtaleavgrensa utstyr i høve til grensene fastsette i artikkel V i avtala («Flanke»). Vi legg framleis særleg vekt på tidleg og fullstendig oppfylling av Russlands forsikringar av 1. november 1999 om at Russlands noverande utstyrsnivå i Nord-Kaukasus er av mellombels art og vil verte reduserte til CFE-grensene så snart som råd, i full openskap og på ein måte som er i samsvar med avtala teljereglar og framgangsmåtar.
Vi ventar ikkje noko mindre enn rettidig og effektiv oppfylling av pliktene i CFE-sluttakta som krev reduksjon og tilbaketrekking av russiske militærstyrkar frå Georgia og Moldova i samsvar med fristane avtala i Istanbul. Vi ynskjer velkomen framgangen ein har oppnådd så langt i Georgia, men merkar oss verdien av full russisk tilbaketrekking av for mykje avtaleavgrensa utstyr innan utgangen av året og av faktisk stenging av fastlagde russiske militærbasar innan fyrste halvår neste år. Men det har vorte lite konkret framgang i gjennomføringa av den bindande plikta til fullstendig tilbaketrekking av russiske styrkar frå territoriet til Moldova. For å oppfylle fristane fastsett i Istanbul bør tilbaketrekkinga gå fortare. Vi applauderer og støttar det arbeidet som einskilde allierte og OSSE-partnarar gjer for å lette desse aktivitetane ved å gje økonomisk og anna hjelp.
Vi legg framleis stor vekt på ratifikasjon av Avtala om opne luftrom og oppmodar Russland og Kviterussland til å ratifisere avtala slik at ho kan tre i kraft så snart som råd. Felles prøveobservasjonsflygingar utført av signatarane, mellom andre Russland, har vist potensialet som Avtala om opne luftrom har for å styrkje tryggleik og tillit.
Spreiinga av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og utskytingsmiddel for desse er framleis ei kjelde til alvorleg uro for alliansen fordi spreiinga er ein fare for internasjonal og regional tryggleik og kan vere ein direkte militær trussel mot folket, territoriet og styrkane til dei allierte. Det viktigaste ikkjespreiingsmålet til alliansen og medlemmene i alliansen er uendra: å hindre spreiing frå å skje, eller, om det skjer, å reversere spreiinga med diplomatiske middel. I denne samanhengen legg vi framleis stor vekt på ikkjespreiingsordningar, internasjonal våpenkontroll og nedrusting, og eksportkontrollordningar som middel til å hindre spreiing.
Reaksjonen vår på ABC-trusselen bør vere i samsvar med tanken om at den allierte tryggleiken ikkje kan delast. Vi stadfestar at alliansen må ha ei forsvarshaldning som gjer at ein kan ta for seg, på ein høveleg og effektiv måte, farane i samband med spreiing av ABC-våpen og utskytingsmiddel for desse. Vi merkar oss det pågåande arbeidet i NATO om mellom anna kortdistansemissilforsvar (TMD) for punkt- og områdeforsvar, og særleg om føregranskinga av eit mogleg system for forsvar av utplasserte NATO-styrkar. Vi vil halde fram med samråd i alliansen om TMD-spørsmål.
Avtala om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen er hjørnesteinen i ordninga for kjernefysisk ikkje-spreiing og det avgjerande grunnlaget for arbeidet med kjernefysisk nedrusting. Allianselanda har dramatisk redusert dei kjernefysiske våpna og utskytingssystema sine og stadfestar nok ein gong at dei vil arbeide for ytterlegare reduksjon av kjernefysiske våpen globalt. Vi stadfestar at vi støttar fullt ut og er forplikta til gjennomføringa av konklusjonane frå Tilsynskonferansen for Ikkjespreiingsavtala, der ein vart samde om verdien av universell tilknyting til og etterleving av Ikkjespreiingsavtala og stadfesta på nytt plikta som alle deltakarlanda har til nedrusting, tryggingstiltak og fredeleg kjernefysisk samarbeid.
I mai i fjor ynskte vi velkomen den russiske ratifiseringa av START II-avtala. Vi legg framleis svært stor vekt på ei snarleg iverksetjing av denne avtala og på ei snarleg sluttføring av ei START III-avtale, samtidig som ABM-avtala vert bevart og styrkt som ein hjørnestein for strategisk stabilitet og eit grunnlag for ytterlegare reduksjonar av strategiske offensive våpen. Ettersom det er eit behov for å minske uvissa kring substrategiske kjernefysiske våpen i Russland, meiner vi at nok ei stadfesting - og kanskje kodifisering - av presidentinitiativa frå 1991 og 1992 kan vere eit fyrste, men ikkje uttømmande, steg i denne retninga. Vi er framleis forplikta til ei snarleg iverksetjing av Avtala om absolutt forbod mot prøvesprengingar (CTBT), og i mellomtida oppmodar vi alle land til å avstå frå kvar handling som vil verke mot målet og føremålet med avtala. På same måten er vi framleis forplikta til å omgåande byrje forhandlingar i Nedrustingskonferansen om ei avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale i samsvar med mandatet til spesialsamordnaren.
Vi understrekar framleis verdien av universell tilknyting og tiltreding til, samt full etterleving av, Konvensjonen om kjemiske våpen. Vi ser framleis på sluttføringa av forhandlingar om høvelege tiltak, mellom anna moglege verifiseringstiltak og framlegg for å styrkje Konvensjonen om biologiske og toksiske våpen (BTWC), som skal takast med på tilbørlig måte i eit lovleg bindande dokument, som ei prioritert sak. Vi tek opp att at vi er forplikta til arbeidet med å få til eit slikt dokument så snart som råd før Den femte tilsynskonferansen for BTWC i 2001. Vi er framleis sterkt forplikta til Kontrollregimet for raketteknologi (MTCR) som eit viktig element i arbeidet vårt for å motverke spreiing av utskytingsmiddel for masseøydeleggingsvåpen. I løpet av det siste året har MTCR-partnarane i stadig større grad fokusert på nye idear for å ta opp den stadige, globale rakettrusselen og tiltak for å møte utfordringa som sjølvstendige missilprogram og eksport utgjer. Vi vil oppmuntre landa som ikkje er med i MTCR, om å slutte seg til og vedta prinsippa, pliktene, tillitsskapande tiltak og sporane i regimet. Vi støttar pågåande arbeid for å få til reglar mot spreiing av ballistiske missilar på grunnlag av desse ideane.
Vi har framleis samråd om USA si vurdering av eit avgrensa nasjonalt missilforsvarssystem. Vi merka oss president Clintons vedtak om å ikkje gjere tiltak no for å byrje å utplassere eit slikt system. Som presidenten kommenterte var synspunktet til NATO-allierte eit avgjerande omsyn i denne saka. NATO vil halde fram med samråda sine om dette emnet.
Vi er nøgde med at gjennomføringa av Initiativet om masseøydeleggingsvåpen (WMDI) går så bra, og at det nyleg etablerte Senteret for masseøydeleggingsvåpen (WMD-senteret) alt medverkar til å betre samordninga av alle WMD-skylde aktivitetar i NATO-hovudkvarteret, mellom anna styrkinga av pliktene våre overfor våpenkontroll og ikkje-spreiing.
Alliansen er for tida engasjert i svært produktive samråd med Russland i Det faste fellesrådet om spreiingsrelaterte saker, og vi held fram med å førebu drøftingar med Ukraina i NATO - Ukraina-kommisjonen med partnarar innanfor EAPC/PfP-ramma og med middelhavsdialoglanda.
Vi ser med djup uro på dei siste terroråtaka mot innbyggjarar i fleire NATO-land og på dei tragiske dødsfalla. Terrorisme utgjer ein trussel mot intern og internasjonal tryggleik, mot fredelege samband mellom land og mot deira territorielle integritet, mot utviklinga av og verkemåten til demokratiske organ i heile verda og høvet til å nyte menneskerettar og borgarrettar. Vi fordømmer sterkt alle utgåver av denne svepa og tek opp att at vi vil kjempe viljefast mot terrorisme i fullt samsvar med alle dei internasjonale pliktene våre og den nasjonale lovgjevinga vår.
Alliansen har fullført vurderinga av rolla til sivil kriseplanlegging i NATO og samst om den politiske retninga for framtida. For tida vert denne retninga omsett til strukturar og framgangsmåtar. Retninga identifiserte fem roller for sivil kriseplanlegging samtidig som det vert teke omsyn til resultata frå Washington-toppmøtet, særleg alliansens nye strategikonsept, røynsle i Bosnia og Kosovo, og råd frå dei militære styresmaktene i NATO. Desse er: sivil støtte til alliansens militære operasjonar etter artikkel 5; sivil støtte til andre krisehandteringsoperasjonar enn etter artikkel 5; støtte til nasjonale styresmakter i sivile kriser, mellom anna katastrofehjelp; støtte til nasjonale styresmakter ved vern av folk mot effekten av masseøydeleggingsvåpen ; og samarbeid med partnarar. Vi erkjenner den viktige rolla som Det euroatlantiske samordningssenteret for katastrofehjelp spelar for å samordne EAPC-landa si humanitære hjelp under katastrofar, med FNs leiande rolle i minne. Særleg med tanke på å sikre effektiv leiing av andre krisehandteringsoperasjonar enn etter artikkel 5 må NATOs sivile kriseplanlegging meir og meir samordnast med arbeidet til FN, som har hovudansvaret for humanitær hjelp, og med andre internasjonale organisasjonar. Partnarane vil delta aktivt i dette arbeidet og vil kunne gje eit verdifullt bidrag til at arbeidet vert ein suksess.
Vi rosar forsvarsministrane våre si positive mottaking av det pågåande arbeidet og framgangen som er gjort for å betre ressursstyringa i dei militære fellesfinansierte budsjetta til alliansen.
Ein eigen gjennomgang med sikte på å sikre større openskap og effektivitet trengst det òg av det sivile budsjettet til NATO. Vi gjev Det faste rådet i oppgåve å kome med tilrådingar, som vi kan handsame nærmare på det neste møtet vårt.
Vi vedtok å halde det neste NATO-toppmøtet i Praha og gav Det faste rådet i oppgåve å finne ein høveleg dato.
1.14 Møte i Det nordatlantiske rådet på forsvarsministernivå halde i Brussel den 5. desember 2000. Sluttkommuniké
Det nordatlantiske rådet møttest på forsvarsministernivå i Brussel den 5. desember 2000. Vi gjekk gjennom situasjonen på Balkan og hovudpunkta på alliansens forsvars- og tryggingsagenda.
I samband med den siste, omfattande politiske utviklinga på Balkan stadfestar vi nok ein gong NATO si plikt til å fremje tryggleik, stabilitet og demokrati i regionen. Vi tek opp att støtta vår til den territorielle integriteten og suvereniteten til alle landa i regionen. Særleg ynskjer vi velkomne dei demokratiske endringane i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), som inneber lenge venta høve for vidare utvikling av gode grannetilhøve i Søraust-Europa og for styrking av den regionale stabiliteten. Vi ynskjer velkomne opptaket av FRJ i FN, OSSE, Stabilitetspakta for Søraust-Europa, og andre internasjonale fora, og normaliseringa av sambandet med dei allierte. Vi ser fram til fleire positive tiltak frå Beograd. Vi oppmodar styresmaktene i FRJ til å betre bidraget sitt til gjennomføringa av FNs tryggingsråds resolusjon 1244 og Dayton-avtala. Vi er klare til å samarbeide med den nye føderale regjeringa i Beograd for å føre denne positive utviklinga vidare.
Vi er framleis takksame for det monalege bidraget som NATO sine partnarar, mellom andre Russland og Ukraina og andre bidragsytande land, gjev til tryggleik, stabilisering og økonomisk atterreising. Vi verdset det samarbeidet som går føre seg mellom NATO og russiske styrkar i Bosnia og Hercegovina og i Kosovo, og er framleis forplikta til å vidareføre det nære samrådet med Russland om Balkan i samsvar med Grunnakta mellom NATO og Russland. Vi stadfestar på nytt plikta vår til å halde ved like tryggleiken i regionen, mellom anna gjennom det bidraget som dei NATO-leidde operasjonane gjev. For tida vil styrkane våre framleis vere på dagens totalnivå.
Vi rosar mennene og kvinnene i SFOR og KFOR for deira oppslutnad om og urokkelege innsats til støtte for fred og atterreising under vanskelege og ofte farlege tilhøve. Vi uttrykkjer djup sympati med familiane til dei som har mist livet, og til dei som har vorte skadde i si støtte til fred på Balkan.
Vi vil framleis spele ei full rolle for å støtte måla til det internasjonale samfunnet i Kosovo, i samsvar med mandatet i FNs tryggingsråds resolusjon 1244. Vi arbeider for eit fredeleg, demokratisk Kosovo der alle folkeslaga, same kva etnisk opphav eller religion dei har, kan leve trygt og nyte universelle menneskerettar og fridom på eit likeverdig grunnlag, mellom anna gjennom full deltaking i demokratiske organ. Vi er nøgde med det svært gode samarbeidet mellom UNMIK og KFOR, og rosar FNs generalsekretærs spesialutsending for framleis ihuga innsats for å få til ein fullt ut funksjonerande, sivil administrasjon. Vi gratulerer KFOR og UNMIKs politi med å ha sikra at kommunevala i Kosovo den 28. oktober, som vart haldne under overvaking av OSSE med støtte av UNMIK, fann stad i eit trygt miljø. Vi er framleis svært takksame for den praktiske og politiske støtta som grannelanda, særleg Albania og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia framleis gjev KFOR.
Vi gjekk gjennom statusen for dei NATO-leidde operasjonane i regionen. KFOR held fram innsatsen sin for å skape eit trygt og sikkert miljø i Kosovo, men det er framleis valdshendingar, og potensielle tryggleiksbrennpunkt og andre høve for konfrontasjon står att. Vi ser med uro på at det framleis førekjem etnisk og politisk motiverte åtak og truslar. Vi fordømmer bombinga av sambandskontoret til FRJ i Pristina nyleg og mordet på Xhemajl Mustafa, ein nær rådgjevar til Rugova. KFOR vil framleis handtere alle handlingar som set eit trygt miljø i fare, på ein rettferdig, men fast måte i nært samarbeid med UNMIK-politistyrken. Vi er framleis svært urolege for aktiviteten til opprørske element i det sørlege Serbia og rosar arbeidet som KFOR gjer for å hindre støtte frå Kosovo til desse elementa, mellom anna ved å trappe opp kontrollen av den indre grensa med det sørlege Serbia. Vi merkar oss at FRJ-styrkane framleis etterlever føresegnene i Den militærtekniske avtala (MTA), og at Det felles gjennomføringsrådet (JIC) har fått til handfaste resultat innanfor ramma si. Vi ynskjer velkomen deltakinga av russiske offiserar i JIC. Vi er framleis forplikta til at Styrken for vern av Kosovo (KPC) skal lukkast, og vil framleis støtte arbeidet for å sikre at han vert skikkeleg leidd, og at han er tilstrekkeleg finansiert og utrusta for den sivile rolla si.
KFOR si støtte til offentleg tryggleik er monaleg og er framleis avgjerande. Vi ynskjer velkomne både auken av talet på UNMIK-polititenestemenn, som no utøver funksjonane sine i heile provinsen, og det jamt aukande bidraget frå Kosovos politistyrkar. Organisert kriminalitet er framleis ei alvorleg utfordring for folket i Kosovo, forverra av eit skrøpeleg rettsvesen og straffevesen, som skaper eit klima for straffridom og undergrev innsatsen til KFOR på dette området. KFOR sitt viktigaste ytre og indre grensekontrollarbeid vert fokusert på støtte til UNMIK for å hindre smugling for på den måten å betre den offentlege tryggleiken i Kosovo og byggje tillit i regionen. Forplikting til grensekontroll er framleis avgjerande. Vi stadfestar på nytt støtta vår til ei ordna tilbakeføring av Kosovo-serbarar og andre etniske minoritetar til Kosovo og oppmodar til tidlegast mogleg utvikling for å bygge opp att tilliten, særleg gjennom frigjeving av kosovo-albanske fangar i Serbia og framleis innsats for å spore opp dei som er sakna, frå alle partar.
Vi ynskjer velkome at KFOR framleis støttar, med dei midla og ressursane dei har, humanitært arbeid med særleg fokus på evaluering av sivile behov og det pågåande programmet for å kunne møte vinteren. I denne samanhengen har mellom anna transport av 105 000 tonn humanitær hjelp, hovudsakleg bygningsmaterialar og matvarer, og transport av brensel til dei to kraftstasjonane i Kosovo, vore svært vellukka. Vi ynskjer òg velkomen framgangen som både KFOR og ikkje-statlege organisasjonar, samordna av FNs minesenter, har gjort for å fjerne landminer og ueksplodert ammunisjon i Kosovo, og KFORs suksess med å finne våpen og med det kommersielle øydeleggingsprogrammet, der ein har teke ut over 15 000 våpen og fem millionar skot ammunisjon av sirkulasjon. Vi støttar sterkt at KFOR held fram arbeidet med å kverrsetje ulovlege våpen.
Vi gjekk gjennom KFOR sine totale styrkjenivå, som førebels vil verte haldne ved lag. Vi gav dei faste representantane våre i oppdrag å gå gjennom KFOR si rolle og oppgåver ein gong til før vårmøtet vårt neste år.
Vi merkar oss resultatet av dei siste vala i Bosnia og Hercegovina, organiserte og overvakte av OSSE. Vi oppmodar alle styresmakter i Bosnia og Hercegovina til å styrkje innsatsen sin for full gjennomføring av Dayton-avtala og for å nå dei måla som er fastsette av Fredsgjennomføringsrådet (PIC), under dette styrking av tillits- og tryggleiksskapande tiltak som fastsett i vedlegg 1B i avtala. Vi oppmodar formannskapet til å prioritere, gjennom Den faste komiteen for militære saker (SCMM), dei aktuelle, militære spørsmåla som Fredsgjennomføringsrådet tok opp i mai 2000. PIC-erklæringa la vekt på at det må verte grunnleggjande endringar. Bosnia og Hercegovina må ha væpna styrkar med ein einskapleg kommando og kontroll som kan gjennomføre felles utplassering og felles innsats under internasjonale og regionale tryggingsorganisasjonar. Vi krev rask framgang i omstruktureringa av områda sine væpna styrkar. Vi rosar den rolla som SFOR spela i denne samanhengen og vil framleis støtte alt arbeid for å styrkje SCMM. Vi merkar oss Verdsbankens tilbod om å finansiere omskuling av soldatar som har vorte overflødige på grunn av denne omstruktureringa, når leiarane i regionen presenterer ein god plan. Vi stadfestar på nytt plikta vår til å gjere meir for å styrkje stabilitet og tillit i Bosnia og Hercegovina og å styrkje samarbeidet mellom områda sine væpna styrkar gjennom Programmet for tryggleiksamarbeid mellom NATO og Bosnia og Hercegovina for 2001. Vi oppmodar grannelanda til Bosnia og Hercegovina til å støtte full gjennomføring av Dayton-avtala.
Vi merkar oss at det framleis er framgang i gjennomføringa av dei sivile aspekta i Dayton-avtala. Vi ynskjer velkomne dei stega som har vorte tekne for å styrkje Bosnia og Hercegovinas sentrale organ, under dette opninga av ei statsgrenseteneste, men trur vi at det trengst mykje større framgang i denne samanhengen. Vi rosar Høgkommissæren for hans gjennomtenkte, men faste tilnærming til innføringa av viktig lovgjeving, mellom anna eigedomslover, som har medverka til å skunde på tilbakeføringa av fordrivne og flyktningar. Vi gratulerer SFOR med å ha bevart det trygge miljøet, som gjev flyktningar tru på at dei kan byggje seg opp att etter å ha fått livet rive opp av konflikt.12.Vi støttar SFOR sitt nære samarbeid med dei sivile organa i Bosnia og Hercegovina, mellom anna SFOR si støtte til Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), og særleg SFOR sin innsats for å arrestere personar som er tiltala for krigsbrotsverk. Vi stadfestar på nytt full støtte til ICTY. Vi vil halde fram arbeidet med å stille krigsforbrytarar for retten.
Vi gjekk gjennom styrkenivåa og strukturen til SFOR og konkluderte med at dei bør vere som dei er i dag. Vi bad dei faste representantane våre kome med råd om ein strategi på mellomlang sikt, med mellom anna ei oversikt over alle moglege storleikar og strukturar SFOR kan ha i framtida, som vi kan handsame på det neste møtet vårt.
Vi merka oss med glede det bidraget frå NATOs initiativ for Søraust-Europa (SEEI) til regional dialog og samarbeid med sikte på å styrkje langsiktig tryggleik og stabilitet på Balkan. NATO arbeider for å setje landa i regionen i stand til å arbeide saman for å sikre sin eigen tryggleik og på den måten støtte og utfylle måla i Stabilitetspakta for Søraust-Europa, mellom anna i arbeidsgruppa for tryggleiksspørsmål. Styringsgruppa for tryggleikssamarbeid i Søraust-Europa har vorte etablert og fremjar praktisk, regionalt samarbeid på området tryggleik og forsvar, under dette harmonisering av tryggingshjelp. Vi ynskjer velkomen innsatsen til landa i regionen for å forhandle fram ein felles vurderingsrapport om regionale tryggingsutfordringar og -høve, som skal hjelpe landa i regionen til å verte samde om felles tryggingsoppfatningar. Samarbeidet mellom NATO og Verdsbanken for å hjelpe Bulgaria, Romania og Kroatia med å omskule tidlegare militære offiserar for sivil sysselsetjing gjev òg monaleg høve til å forsterke måla i Stabilitetspakta. Vi gav dei faste representantane våre i oppgåve å overvake og støtte den vidare utvikling av SEEI og bidraget frå SEEI til Stabilitetspakta, og rapportere til oss på det neste ordinære møtet vårt våren 2001.
Vi ynskjer velkomne resultata av toppmøtet mellom Den europeiske unionen og landa i Stabiliserings- og tilknytingsprosessen, som vart halde i Zagreb den 24. november 2000. Dette møtet var eit viktig steg på vegen mot forsoning, meir regionalt samarbeid og langsiktig stabilisering. Vi ynskjer i denne samanhengen òg velkome det uformelle toppmøtet i Den sørausteuropeiske samarbeidsprosessen, som vart halde i Skopje den 25. oktober med deltaking av alle dei sørausteuropeiske landa, og som var det fyrste møtet på toppmøtenivå der dei nye, demokratiske styresmaktene i FRJ var til stades.
Vi gjekk gjennom dei framstega som hittil er gjorde med å gjennomføre Initiativet for betre forsvarsevne (DCI), som stats- og regjeringssjefane vedtok på toppmøtet i Washington, og som har som mål å betre forsvarsevna til alliansen for å sikre effektiviteten til framtidige fleirnasjonale operasjonar i alle slags oppdrag alliansen deltek i. Føremålet med Initiativet for betre forsvarsevne er å lette alliansens utvikling mot styrkar som er meir interoperable, meir mobile, lett utplasserbare og svært dugande. Initiativet vart lansert for å sikre at styrkane til alliansen kan utplasserast raskt, kan verte forsynte, forsterka og støtta i ein lengre periode borte frå heimebasane sine, og at dei kan operere meir effektivt, med betre vern, i dei mest krevjande miljøa, under effektive kommando- og kontrollordningar. For å nå måla i Initiativet krevst det framleis ein vedvarande innsats av alle dei allierte - både i NATO og i hovudstadene - på dei områda som ein har kome fram til er svake. Ein slik innsats vil òg styrkje den europeiske søyla til alliansen, når vi tek omsyn til at dei måla som følgjer av DCI og EUs hovudmål, styrkjer kvarandre.
Vi er oppmuntra av dei siste kunngjeringane om tilbodet om strategisk luft- og sjøtransport, planar om å utvikle ei meir robust evne til å tanke i lufta, planar om å samarbeide om innkjøp og lagring av presisjonsstyrt ammunisjon, og steg som vert tekne for å skunde på framgangen med å få betre samråds-, kommando- og kontrollkapasitet. Det er vesentleg at denne framdrifta vert halde ved like. Vi meiner at vi har nådd eit viktig steg i gjennomføringa av DCI. Vi er framleis forplikta til å sørgje for tilstrekkelege ressursar til å sikre gjennomføringa. Vi vil òg bruke ressursane så effektivt som råd og finne nye måtar å overvinne manglar i ressursar ved å dra nytte av nasjonale bidrag og moglege samarbeidsordningar og -mekanismar og kollektive ordningar og mekanismar, til dømes fleirnasjonal og felles finansiering. Dei siste initiativa frå ei rekkje allierte for å kalle inn til møte for å vurdere omfanget av styrkt samarbeid på viktige prosjektområde, mellom anna strategisk luft- og sjøtransport, tanking i lufta, felles innkjøp og handtering av logistikklager, innkjøp og lagring av presisjonsstyrt ammunisjon og taktiske kommunikasjonssystem, er difor oppmuntrande og bør, samordna med arbeidet til dei aktuelle NATO-komiteane, gje ny drivkraft på desse områda. Vi er klare til personleg å støtte slike samarbeidstiltak. Vi ynskjer òg velkomen innsatsen for å skunde på arbeidet med eit bakkeovervakingssystem for alliansen. Men til sjuande og sist vil gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne stå og falle på kor dekkjande dei nasjonale forsvarsbudsjetta er. For å halde oppe det naudsynte høge nivået på engasjementet i gjennomføring av DCI vart vi samde om å utvide mandatet til Styringsgruppa på høgt nivå, som har ansvaret for å føre tilsyn med gjennomføringa av DCI, til 2002.
Vi gjorde opp status for den framgangen som har vorte gjort når det gjeld Den europeiske tryggleiks- og forsvarsidentiteten, utvikling av prinsipp og nærare reglar for samråd, samarbeid og openskap mellom NATO og EU, og emne som heng saman med dette.
Dei europeiske allierte er forplikta til å halde fram med å styrkje dei militære ressursane sine og å styrkje den europeiske søyla til alliansen. Dette vil betre evna deira til å gje eit tilskot både til oppgåvene til alliansen og til EU-leidde operasjonar. I lys av dei vedtaka som vart gjorde i Washington og på seinare ministermøte, ynskjer vi velkome dette arbeidet og særleg den framgangen som er oppnådd på EUs ressursforpliktingskonferanse for å møte EUs hovudmål innan 2003, og merka oss EU sin ros av dei monalege tilleggsbidraga som dei europeiske allierte utanfor EU har tilbode dei samla styrkane som er tilgjengelege for EU-leidde operasjonar. Slike bidrag er, som det vart gjeve uttrykk for den 21. november 2000 på eit møte mellom EU og europeiske allierte utanfor EU, viktige og vil styrkje omfanget av ressursar som kan vere tilgjengelege for EU. Vi merkar oss EU si forståing for behovet for ytterlegare ressursforbetringar.
Vi ynskjer velkomen den intensiverte dialogen mellom NATO og EU. NATO/EUs felles ad hoc-arbeidsgrupper har møtst for å diskutere tryggingsspørsmål; faste ordningar for samråd og samarbeid; nærare reglar for EUs tilgang til NATOs ressursar og kapasitet; og styrkemål - samtidig som det vart teke omsyn til alle relevante tilhøve, mellom anna når det gjeld deltaking. Desse drøftingane, saman med to møte i Det nordatlantiske rådet og EUs mellombelse utanriks- og tryggingspolitiske komité, har betra forståinga i dei to organisasjonane og blant medlemmene deira om korleis dei kan samarbeide mest effektivt. Vi ynskjer velkomen etableringa av ei mellombels tryggingsavtale mellom dei to organisasjonane og merkar oss at det er eit arbeid i gang om ei fast tryggingsavtale.
Sakkunnige i alliansen har, på grunnlag av eit rådsvedtak som følgje av ei oppmoding frå EU, ytt militære og tekniske råd til EU-sakkunnige som arbeider med å lage ein katalog over styrkar og ressursar til EUs hovudmål. Vi merkar oss at EU verdset dette bidraget frå NATO. Vi er klare til å vurdere kvar ny førespurnad om sakkunnige råd frå EU.
Samtidig som det vert teke omsyn til utviklinga av relevante ordningar i EU, går det føre seg eit arbeid med ESDI innan alliansen slik det vart gjeve pålegg om på Washington-toppmøtet og vedteke på seinare ministermøte. Det har vorte utført etter prinsippet om at ikkje noko vil verte vedteke før alt er vedteke - spørsmålet om deltaking er òg relevant i denne samanhengen. På dette grunnlaget og i samsvar med vedtaka gjorde i Washington og på seinare ministermøte har det vorte arbeidd med dei ulike aspekta ved Washington-dagsordenen. I samsvar med denne aktar vi å opprette ordningar for: garantert tilgang for EU til NATOs planleggingsressursar som kan medverke til militær planlegging av EU-leidde operasjonar; presumpsjonen om at førehandsidentifisert NATO-kapasitet og felles ressursar til bruk i EU-leidde operasjonar er tilgjengelege for EU; identifisering av ei rekkje europeiske kommandoalternativ for EU-leidde operasjonar, som vidareutviklar rolla til DSACEUR slik at han kan utføre dei europeiske arbeidsoppgåvene sine fullt ut og på ein effektiv måte; og ytterlegare tilpassing av alliansens forsvarsplanleggingssystem, samtidig som det vert teke omsyn til aktuelle aktivitetar i og framlegg frå Den europeiske unionen. Dei allierte vil verte rådspurte om EUs føreslegne bruk av ressursar og kapasitet før det vert vedteke å frigje desse ressursane og denne kapasiteten, og vil verte haldne opplyste under operasjonen.
Det står att viktig arbeid som må gjerast, og som vi vil gjennomføre med intensitet. Vi ser fram til å vurdere vedtaka som skal takast av Europarådet i Nice om framlegg til faste ordningar for samråd og samarbeid mellom NATO og EU, og om tilbod om deltaking av allierte som står utanfor EU. I denne samanhengen og i samsvar med Washington-traktaten understrekar vi den vekta vi legg på respekten for tryggleiksinteressene til alle dei allierte og på pliktene som dei allierte har overfor kvarandre som allierte.
Vi pålegg Det faste rådet å halde fram arbeidet med gjennomføringa av ESDI-vedtaka som vart fastsette som ei prioritert sak i Washington, og ta omsyn til utviklinga av aktuelle tiltak i EU, mellom anna gjennom samråd med EU framleis.
Vi merka oss dei vedtaka som vart gjorde på det siste ministermøtet i VEU i Marseille nyleg. Vi har verdsett det nære samarbeidet mellom NATO og VEU. Vi ynskjer velkomen den avgjerande rolla som VEU spelar, og set pris på VEUs viktige bidrag til utviklinga av den europeiske tryggleiks- og forsvarsarkitekturen. Vi ser fram til studien av felles øvingar mellom NATO og VEU neste år.
Alliansen held fram med å betre dei interne strukturane og prosedyrane sine. Innføringa av den nye kommandostrukturen i NATO, som vil betre evna til alliansen til å utføre heile spekteret av oppgåvene sine, er vel i gang; den siste framgangen har inkludert overføring av kommandomynd til alle dei hovudkvartera det gjeld. I denne samanhengen går gjennomføringa av CJTF-konseptet framover. Styrkestrukturen i alliansen gjennomgår ei omfattande revurdering. Dette er eit av dei viktigaste elementa i omstruktureringa av alliansen som svar på dei utfordringane som vart identifiserte i NATOs strategikonsept. Revurderinga legg særleg vekt på behova for fleirnasjonalitet, evne til å verte utplassert, uthald og vernebuing. I den vidare tilpassinga av strukturen i alliansen vil det vere naudsynt å ta omsyn til det nære, gjensidige tilhøvet mellom CJTF-konseptet, gjennomføringa av den nye kommandostrukturen i NATO og denne gjennomgangen av styrkestrukturen. Vi påla dei faste representantane våre, på grunnlag av råd frå NATO sine militære styresmakter, å rapportere til oss på møtet vårt til våren, med konklusjonar og tilrådingar om vurderinga av styrkestrukturen.
Vi gjekk gjennom, og støtta, framgangen for gjennomføringa av det vi har lært av røynslene frå Kosovo-konflikten. Vi gjentok verdien av slik lærdom for å sikre at alliansen kan svare effektivt på liknande tilfelle i framtida. Vi legg òg stor vekt på å straumlineforme og betre forsvarsplanleggingsdisiplinane til alliansen, mellom anna utviklinga av konsoliderte kapasitetsmål for alliansen.
Vi rosar det arbeidet som er utført på det viktige området betring av ressurshandtering i alliansens militære fellesfinansierte budsjett, med mål om å etablere eit resultatbasert, integrert og ope ressurshandteringssystem. Vi ser fram til ytterlegare rapportering om statusen for denne vurderinga på det neste møtet vårt, som vil innehalde ein indikasjon på sannsynlege resultat på kort sikt.
Vi stadfestar nok ein gong at alliansen er forplikta til open dør-politikken sin, slik det vart fastsett i Washington. Alliansen reknar med å sende ytterlegare invitasjonar i dei komande åra til nasjonar som er villige til og kan ta på seg oppgåvene og pliktene som følgjer med eit medlemskap, dersom NATO kjem fram til at innlemming av desse landa vil tene dei allmenne politiske og strategiske interessene til alliansen, og at innlemming samla sett vil styrkje den europeiske tryggleiken og stabiliteten. Vi er nøgde med gjennomføringa av Handlingsplanen for medlemskap (MAP), og særleg innsatsen som vert gjord for å hjelpe søkjarlanda med å utvikle vernebuinga til forsvarsstrukturane sine, mellom anna gjennom Planleggings- og tilsynsprosessen i PfP (PARP). Vi ser fram til ein konsolidert framdriftsrapport neste vår for å kunne følgje med på søkjarlanda sine førebuingar til eit mogleg framtidig medlemskap.
Vi ynskjer velkomen den sterke plikta til forsvarsreform og moderniseringa av dei væpna styrkane deira som dei ni forsvarsministrane frå søkjarlanda gav uttrykk for på møtet sitt i Sofia den 12.-13. oktober 2000. Forsvarsreform er svært viktig for NATO-medlemskap, og vi stadfestar enno ein gong at søkjarlanda må gå realistisk fram med gjennomføringa av føremålstenlege og varige forsvarsplanar. Vi er framleis fast forplikta til å hjelpe dei med å nå måla sine på forsvars- og militærområdet.
Vi prioriterer framleis høgt å styrkje partnarskapen vår med alle medlemmene i det euroatlantiske samfunnet gjennom EAPC og Partnarskap for fred. Vi meiner at partnarskap er krumtappen i alliansen si rolle for å fremje tryggleik og stabilitet i den euroatlantiske regionen og medverkar til å styrkje evna til alliansen til å handtere kriser. Vi ynskjer difor velkomne dei diskusjonane som er i gang innan EAPC om EAPCs moglege rolle i konfliktførebygging og krisehandtering og i utviklinga for å fremje regionalt samarbeid i Søraust-Europa samt i Kaukasus og Sentral-Asia. Vi er òg oppmuntra av framgangen når det gjeld utviklinga av praktisk samarbeid for å ta opp breiare tryggingsutfordringar, til dømes spreiing av handvåpen og lette våpen. Vi ynskjer velkomen og støttar fullt ut opprettinga nyleg av eit PfP-fond for destruering av lager av antipersonellminer og ser fram til regelmessige rapportar om verksemda til fondet.
I dag merka vi oss rapportar om eit styrka og meir operativt partnarskap og gjennomføringa av Konseptet for operativ kapasitet (OCC). Desse rapportane illustrerer kor omfattande og viktig samarbeidet vårt med partnarane har vorte innan ei lang rekkje aktivitetar innan alliansen. Vi har framleis sterk vilje til å gjennomføre Den politisk-militære ramma for NATO-leidde PfP-operasjonar fullt ut. Vi legg stor vekt på utviklinga av OCC som eit middel til å styrkje evna til alliansen til å setje i gang og halde ved like krisehandteringsoperasjonar med deltaking av partnarane, til dømes dei pågåande operasjonane i Kosovo og i Bosnia og Hercegovina. Vi har difor gjeve Det faste rådet i oppdrag å sørgje for ein rapport om gjennomføringa av OCC, med mellom anna ei orientering frå NATO sine militære styresmakter, når vi møtest våren 2001.
Vi rosar det pågåande arbeidet med gjennomføringa av Programmet for styrka opplæring og utdanning, som stadig vert viktigare ettersom PfP utviklar seg til ein sterkare partnarskap med meir krevjande opplæringsbehov. Vi ynskjer velkomen den vellukka fullføringa av den fyrste Konferansen for opplærings- og utdanningsinstitusjonar, til dømes PfP-opplæringssentra, som vart halden i Oberammergau i Tyskland i november 2000. Vi ynskjer òg velkomen oversendinga av utkastet til sluttrapport om distribuert læring og simulering frå NATOs modellerings- og simuleringsgruppe, som eit prov på potensialet til PfP innan opplæring og utdanning.
Vi er svært nøgde med utviklinga av Planleggings- og tilsynsprosessen i PfP, som er eit nøkkelbidrag til partnarskapen vår ved at han fremjar interoperabilitet mellom styrkane til alliansen og andre partnarar. I tillegg har PARP vorte eit verdifullt instrument i samband med MAP ved at han hjelper søkjarlanda til å tilpasse forsvarsplanane og styrkestrukturane sine til krava som eit medlemskap stiller.
Som forsvarsministrar legg vi særleg vekt på forsvarsreform. Vi ser fram til å utforske saman med partnarane våre korleis vi kan medverke til å støtte arbeidet deira med å omorganisere og omstrukturere forsvaret og dei væpna styrkane sine, og vil framleis gjere full bruk av dei eksisterande informasjonsformidlingsmekanismane for å hjelpe partnarar med å sikre optimal bruk av knappe ressursar i dette reformarbeidet. Samarbeidet mellom NATO og Ukraina om forsvarsreform er eit eksempel på korleis PfP-reiskapar kan tilpassast for å støtte krava til forsvarsreform betre. Vi oppmodar alle partnarane til å utnytte PfP-reiskapane og -mekanismane fullt ut i arbeidet med forsvarsreformer.
Vi ser fram til møtet i Det faste fellesrådet NATO - Russland (PJC) på ministernivå seinare i dag. Vi stadfestar på nytt målet vårt, slik det er fastsett i Grunnakta mellom NATO og Russland, om ein ekte og truverdig partnarskap med Den russiske føderasjonen. Vi ynskjer å byggje på den positive røynsla frå samarbeidet mellom NATO og Russland på Balkan. Vår felles tilnærming, som omfattar praktisk samarbeid mellom styrkane våre på staden, samtidig som ein har ein pågåande dialog på det politiske nivået, kan tene som modell for vidare utviklinga av samarbeidet vårt.
Vi ynskjer velkome at Russland har byrja å delta meir og meir i EAPC og PfP att. Det er monaleg spelerom for å styrkje partnarskapen mellom NATO og Russland på dei forsvarsmessige og militære felta. Vi er klare til å medverke til eit arbeidsprogram på dette området grunna på prinsippa om openskap og eit gjensidig tilhøve, som vil vere til felles nytte. Vi ynskjer velkome det russiske framlegget om å engasjere seg i diskusjonar om samarbeid om ettersøking og berging til sjøs. Vi ser fram til å godkjenne ein statusrapport og verte samde om eit arbeidsprogram seinare i dag i PJC. Vi vonar at eit slikt samarbeid vil oppmuntre Russland til å ta opp att eit breiare spekter av kontaktar og aktivitetar.
Vi legg stor vekt på dialogen vår og samarbeidet vårt med Russland innanfor ramma av Det faste fellesrådet om saker som strategi, forsvarspolitikk og militære doktrinar, infrastrukturutviklingsprogram, kjernevåpen, ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytingsmiddel for desse, kortdistansemissilforsvar, luftforsvar og andre nedrustings- og våpenkontrollsaker, mellom anna CFE-avtala og Avtala om opne luftrom, vitskaplege saker, miljøsaker, sivil vernebuing og omskuling av dimittert militært personell. Vi har gått inn i ein nyttig dialog om desse sakene og ser ei opning for ei omfattande utveksling av idear og perspektiv om euroatlantiske tryggingsspørsmål. Vi understrekar ynsket vårt om i nær framtid å opne eit militært NATO-sambandskontor i Moskva, slik det står i Grunnakta. Vi ser òg fram til ei snarleg opning av NATOs informasjonskontor i Moskva.
I samband med situasjonen i Nord-Kaukasus stadfestar vi at det er viktig og hastar med å få til ei gjensidig tilfredsstillande, rettferdig og varig løysing på konflikten i Tsjetsjenia, og at partane må gjere tiltak for å byrje ein dialog som kan føre til forlik. Vi oppmodar den russiske regjeringa til å gje full støtte til innsatsen som dei humanitære hjelpeorganisasjonane gjer for å lindre lidinga til dei fordrivne.
Det vart gjorde oppmuntrande framgang i løpet av det siste halvåret for å fremje den særskilde partnarskapen mellom NATO og Ukraina, særleg på området forsvarsreform. Vi ynskjer velkomen godkjenninga av Ukrainas statsprogram for reform av dei væpna styrkane. Vi hyllar sterkt resultata av det fyrste møtet i Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform på seniornivå i oktober 2000. Vi oppmuntrar og støttar dei stega som er tekne for å styrkje demokratisk og parlamentarisk kontroll over dei væpna styrkane. Vi ynskjer velkomen handlingsplanen som utvidar samarbeidsaktivitetane til nye område og gjer full nytte av Planleggings- og tilsynsprosessen i PfP for å støtte gjennomføringa av Ukrainas planar for dei væpna styrkane sine. Med dette for auge vil Ukraina og dei allierte arbeide for å styrkje tosidig samarbeid, samtidig som ein harmoniserer arbeidet for å møte Ukrainas forsvarsreformmål. Vi støttar fullt ut dei initiativa som ein vart samde om for å styrkje det militære samarbeidet ytterlegare i 2001. Vi tek opp att at vi set pris på Ukrainas bidrag til KFOR.
Vi legg framleis stor vekt på det arbeidet som er utført av NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter og NATOs sambandskontor i Kiev som middel til å auke den offentlege merksemda kring partnarskapen vår og for å styrkje han. Vi ser fram til møtet i NATO - Ukraina-kommisjonen i morgon.
NATOs middelhavsdialog er ein vesentlig del av alliansens samarbeidstilnærming til tryggleik. Vi er nøgde med å merke oss dei stega som er tekne for å utvikle ein middelhavsdialog på både politiske og praktiske område der NATO kan tilføre meirverdi, særleg på felta ettersøking og berging, sjøtryggleik, evakuering av sjuke og såra, og humanitær hjelp, slik det vart førespegla på toppmøtet i Washington. Vi merkar oss i denne samanhengen verdien av at ein held fram samtalen mellom landa i middelhavsdialogen, og vonar at den årlege Middelhavsdialogkonferansen, som opphavleg skulle haldast i november 2000, snart vil finne stad. Vi stadfestar at dialogen er av progressiv art, og ynskjer velkomne framlegg som kan utvikle han innanfor den ramma det vart semje om på toppmøtet i Washington. Vi merkar oss den interessa som somme middelhavsdialogland har uttrykt for særleg skreddarsydde militære og forsvarsrelaterte aktivitetar, og støttar det pågåande arbeidet for å gjennomføre dei i samsvar med den ramma for middelhavsdialogen som det vart semje om.
Spreiinga av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og utskytingsmiddel for desse er framleis ei kjelde til alvorleg uro for alliansen fordi spreiinga er ein fare for internasjonal og regional tryggleik og kan vere ein direkte militær trussel mot folket, territoriet og styrkane til dei allierte. Det viktigaste ikkjespreiingsmålet til alliansen og medlemmene i alliansen er å hindre spreiing frå å skje, eller, om det skjer, å reversere spreiinga med diplomatiske middel.
Ikkjespreiingsavtala er hjørnesteinen i ordninga for kjernefysisk ikkje-spreiing og det avgjerande grunnlaget for arbeidet med kjernefysisk nedrusting. Vi stadfestar plikta vår til å medverke til å vidareføre gjennomføringa av dei konklusjonane som ein kom fram til på Tilsynskonferansen for Ikkjespreiingsavtala, og oppmodar alle land til å slutte seg til avtala, å etterleve føresegnene i avtala fullt ut, og å støtte det styrka sikringssystemet til Det internasjonale atomenergibyrået. Vi legg framleis vekt på verdien av at Konvensjonen om kjemiske våpen vert tiltredd, fasthalden og fullt ut etterlevd av alle, og er fast bestemde på å aktivt fremje sluttføringa av forhandlingane om ein effektiv protokoll for å styrkje gjennomføringa av Konvensjonen om biologiske og toksiske våpen før Den femte tilsynskonferansen for BTWC, som skal haldast i november 2001.
Vi er nøgde med at gjennomføringa av Initiativet om masseøydeleggingsvåpen går så bra. Det nyleg etablerte Senteret for masseøydeleggingsvåpen (WMD-senteret) medverkar både til betre samordning av alle WMD-skylde aktivitetar i NATO-hovudkvarteret og til å styrkje ikkjespreiingsskylde politiske samråd. Vi støttar alt arbeid som er i gang i alliansen for å betre evna til dei militære styrkane til NATO og dei allierte til å operere effektivt trass i trusselen om eller mogleg bruk av ABC-våpen, under dette arbeid med å tilpasse forsvarsvernebuing og å betre opplæring og øvingar i NATO. NATO vil halde fram samråda om spørsmål i samband med mogleg amerikansk iverksetjing av eit avgrensa nasjonalt rakettforsvarsprogram.
Alliansen styrkjer samråda med Russland om spreiingsrelaterte spørsmål i Det faste fellesrådet og med Ukraina i NATO - Ukraina-kommisjonen. Vi held fram med å førebu diskusjonar med partnarar innanfor ramma av EAPC/PfP og med middelhavsdialoglanda innanfor middelhavsdialogen.
På 10-årsdagen for underskrivinga av CFE-avtala erkjenner vi at avtala har medverka på avgjerande måte til stabiliteten og tryggleiken i Europa. Den samla gjennomføringa av avtala sidan ho tredde i kraft i 1992, har gjeve positive resultat, mellom anna monaleg reduserte arsenal av avtaleavgrensa utstyr og større openskap og visse. Men både når det gjeld innhaldsmessige og tekniske tilhøve er det framleis uro over særlege aspekt ved gjennomføringa av CFE, og desse må drøftast. Når vi no nærmar oss den neste Tilsynskonferansen for CFE i 2001, vil vi intensivere innsatsen for å løyse desse sakene. I påvente av at prosessen med ratifisering av den tilpassa avtala skal verte ferdig, er det avgjerande at avtala og tilhøyrande dokument framleis vert gjennomførde fullt ut.
Tidleg iverksetjing av den tilpassa CFE-avtala, som vart underskriven i fjor av stats- og regjeringssjefane på OSSE-toppmøtet i Istanbul, vil sikre at CFE framleis kjem til å vere ein hjørnestein i europeisk tryggleik og stabilitet. Vi er forplikta til dette målet og er glade for at den tilpassa avtala vil tillate tilslutning av nye statar. Men, som vi har gjort det klart heilt sidan Istanbul, trur vi at regjeringane våre vil ratifisere avtala berre dersom alle partane etterlever nivåa på materiell og utstyr fastsette i avtala, og dersom dei etterlever pliktene som er nedfelte i CFE-sluttakta. I denne samanhengen ynskjer vi velkomen president Putins stadfesting nyleg av at Russland aktar å oppfylle alle pliktene sine etter CFE-avtala. Vi ventar konkrete resultat i samsvar med denne forsikringa. Vi er særleg urolege over det framleis høge nivået på russisk avtaleavgrensa utstyr i høve til grensene fastsette i artikkel V i avtala («Flanke»). Vi legg framleis særleg vekt på tidleg og fullstendig oppfylling av Russlands forsikringar av 1. november 1999 om at Russlands noverande utstyrsnivå i Nord-Kaukasus er av mellombels art og vil verte reduserte til CFE-grensene så snart som råd, i full openskap og på ein måte som er i samsvar med avtala teljereglar og framgangsmåtar.
Vi ventar ikkje noko mindre enn rettidig og effektiv oppfylling av pliktene i CFE-sluttakta som krev reduksjon og tilbaketrekking av russiske militærstyrkar frå Georgia og Moldova i samsvar med fristane avtala i Istanbul. Vi ynskjer velkomen framgangen ein har oppnådd så langt i Georgia, men merkar oss verdien av full russisk tilbaketrekking av for mykje avtaleavgrensa utstyr innan utgangen av året og av faktisk stenging av fastlagde russiske militærbasar innan fyrste halvår neste år. Men det har vorte lite konkret framgang i gjennomføringa av den bindande plikta til fullstendig tilbaketrekking av russiske styrkar frå territoriet til Moldova. For å oppfylle fristane fastsett i Istanbul bør tilbaketrekkinga gå fortare. Vi applauderer og støttar det arbeidet som einskilde allierte og OSSE-partnarar gjer for å lette desse aktivitetane ved å gje økonomisk og anna hjelp.
Vi legg framleis stor vekt på ratifikasjon av Avtala om opne luftrom og oppmodar Russland og Kviterussland til å ratifisere avtala slik at ho kan tre i kraft så snart som råd. Felles prøveobservasjonsflygingar utført av signatarane, mellom andre Russland, har vist potensialet som Avtala om opne luftrom har for å styrkje tryggleik og tillit.
Alliansen har gjort ein gjennomgang av rolla til sivil kriseplanlegging i NATO. Resultatet vil ta omsyn til vedtaka frå toppmøtet i Washington og røynslene frå Bosnia og Hercegovina og Kosovo, og vil ta opp rolla til sivil kriseplanlegging i sivil støtte til alliansens militære operasjonar etter artikkel 5; støtte til andre krisehandteringsoperasjonar enn etter artikkel 5; støtte til nasjonale styresmakter i sivile kriser, mellom anna katastrofehjelp; støtte til nasjonale styresmakter ved vern av folk mot effekten av masseøydeleggingsvåpen; og samarbeid med partnarar. Vi erkjenner den viktige rolla som Det euroatlantiske samordningssenteret for katastrofehjelp spelar for å samordne EAPC-landa si humanitære hjelp under katastrofar, men har FNs leiande rolle i minne. Sivil kriseplanlegging spelar òg ei rolle når det gjeld å ta opp utplassering og mobilitetstilrådingar etter Initiativet for betre forsvarsevne. Som det vart semje om på toppmøtet i Washington er det rom for å utveksle nasjonal informasjon om ressursar som kan vere tilgjengelege på oppmoding for å hjelpe råka land å handtere følgjene av eit åtak med masseøydeleggingsvåpen. Denne utvekslinga vil omfatte informasjon om tiltak for konsekvenshandteringsvernebuing som er gjeve frivillig av landa.
Vi ser med djup uro på dei siste terroråtaka mot innbyggjarar i fleire NATO-land og på dei tragiske dødsfalla. Terrorisme utgjer ein alvorleg trussel mot fred, tryggleik og stabilitet og kan true den territorielle integriteten til land. Vi fordømmer sterkt terrorisme, og, som forsvarsministrar, står vi framleis fast på avgjerda vår om å kjempe mot terrorisme i samsvar med dei internasjonale pliktene våre og den nasjonale lovgjevinga vår.
1.15 Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og i Den kjernefysiske planleggingsgruppa den 5. desember 2000. Sluttkommuniké
Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Atlanterhavspaktorganisasjonen møttest på ministernivå i Brussel den 5. desember 2000.
Kollektiv forsvarsplanlegging er framleis hjørnesteinen i alliansen si evne til å sørgje for forsvar og tryggleik for medlemmene sine. I dag har vi gått gjennom dei allierte sine nasjonale forsvarsplanar for perioden 2001-2005 og utover og har vedteke ein femårig styrkeplan som tek for seg behova i det framtidige tryggleiksmiljøet.
Ved gjennomgangen av dei allierte sine planar retta vi særleg merksemd mot framdrifta i gjennomføringa av Initiativet for betre forsvarsevne (DCI), som vart lansert av stats- og regjeringssjefane i alliansen i Washington i fjor. Vi konkluderte med at DCI i monaleg grad har påverka dei allierte sine framtidige styrkeplanar, og vi ynskte velkome det arbeidet som er i gang for å betre alliansens kapasitet på slike avgjerande område som innkjøp av strategisk sjø- og lufttransport, presisjonsstyrt ammunisjon og ytterlegare framgang når det gjeld samråds-, kommando- og kontrollkapasitet. Vi innser likevel at det vil ta noko tid før dei allierte har utvikla fullt ut mykje av den kapasiteten som vart vektlagd i DCI, noko som delvis speglar avgrensa ressursar. I denne samanhengen vurderte vi òg forsvarsutgiftsplanane til dei allierte. Vi merka oss at i år førespeglar fleire allierte ein reell auke i forsvarsutgiftene enn det som var tilfelle i fjor, og det vert lagt større vekt på betringar i styringa av forsvarsressursane og dei moglege føremonene ved fleirnasjonale, fellesfinansierte prosjekt som metodar for å sikre større kostnadseffektivitet ved innkjøp av den militære kapasiteten som alliansen treng. På den andre sida innser vi at det i mange tilfelle synest turvande med tilleggsfinansiering for å oppnå dei naudsynte kapasitetsbetringane som er fastsette i DCI.
Vi vart samde om behovet for å halde fram med å arbeide for meir effektivitet i bruken av forsvarsutgiftene og å sikre at bruken av utgifter til forsvar vert prioritert i samsvar med dei fastsette behova til alliansen. Vi vart òg samde om å framleis arbeide for naudsynte ressursar til å sikre at styrkane våre er skikkeleg utstyrte, har nok folk og får nok opplæring og støtte til å kunne løyse alle oppgåvene til alliansen. Som ein del av det vanlege styrkeplanleggingsarbeidet vårt vil vi halde fram med å evaluere innsatsen vår, ut frå ei rekkje viktige indikatorar.
Som ein del av den årlege forsvarsgjennomgangen i år merka vi oss òg dei planlagde bidraga frå mange allierte til støtte for EUs hovudmål, som vart kunngjorde på Ressursforpliktingskonferansen. Vi ventar at målsetjingane i hovudmålet og DCI vil styrkje kvarandre og gje ytterlegare framdrift til utviklinga av den militære kapasiteten til dei landa det gjeld. Slik forsterkande kapasitet vil òg styrkje alliansen si evne til å medverke til å sikre tryggleik og stabilitet. For kvart land er det berre eitt sett styrkar og ressursar. Den moglege overlappinga av NATO- og EU-behov bør takast opp og samordnast av dei to organisasjonane på ein samanhengande, open og fast måte for å harmonisere desse behova og å vurdere framgangen med å oppfylle dei. I alle tilfelle bør sjølvstendet i NATOs og EUs institusjonelle avgjerdsprosessar respekterast fullt ut. Vi vil difor framleis ta omsyn til pliktene som dei allierte det gjeld, har teke på seg overfor andre organisasjonar, så langt dei har følgjer for styrkeplanlegginga i NATO.6.På denne bakgrunnen godkjende vi ei ny ministerrettleiing for å gje ei ramme for NATOs og nasjonal forsvarsplanlegging i perioden fram til 2008 og endå lenger. Det arbeidet som alliansen måtte gjere i fjor for å få slutt på den humanitære krisa i Kosovo og den ustabiliteten som framleis finst i denne og i andre regionar, er ei kraftig påminning om behovet alliansen har for å ha monalege og robuste styrkar som kan handle raskt overfor gryande kriser. Alliansen si evne og vilje til å møte kriser som ikkje kjem inn under artikkel 5, og som truar den euroatlantiske tryggleiken, er nært knytt til alliansen si evne og vilje til å framleis skremme frå og forsvare seg mot aggresjon retta mot allierte. Den nye ministerrettleiinga legg difor vekt på verdien av å ha tilstrekkelege styrkar med dei evnene som trengst til alle sannsynlege oppgåver, som kan utplasserast raskt og halde ut så lenge som det trengst, som kan utføre oppgåvene sine og verne seg effektivt, og som kan operere effektivt saman med styrkar frå andre land som er med i desse operasjonane.
På møtet vårt i Den kjernefysiske planleggingsgruppa gjekk vi gjennom statusen for NATO sine kjernefysiske styrkar og andre skylde spørsmål og aktivitetar. Vi sette pris på orienteringane frå den amerikanske forsvarsministeren, som mellom anna inneheldt ytterlegare opplysningar om det amerikansk-russiske arbeidet med å få etablert eit felles datautvekslingssenter i Moskva med sikte på å utveksle opplysningar om rakettoppskytingar frå tidleg varsling-system.
Vi stadfesta at det grunnleggjande sett politiske føremålet og dei prinsippa som dei kjernefysiske styrkane til dei allierte er grunna på, står ved lag slik det er fastsett i alliansens strategikonsept frå 1999. NATO sine kjernefysiske styrkar er eit truverdig og effektivt element i alliansens strategi for å hindre krig, og dei vert haldne ved like på eit tilstrekkeleg minstenivå for å bevare fred og stabilitet og under tilhøve som tilfredsstiller dei strengaste krava til tryggleik. Kjernefysiske styrkar som er baserte i Europa, og som er forplikta til NATO, utgjer framleis eit avgjerande politisk og militært band mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemmene i alliansen.
Vi stadfesta nok ein gong at dei allierte framleis legg vekt på full gjennomføring og etterleving av internasjonale ordningar for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. Vi stadfesta lovnadene vi gav på Tilsynskonferansen om Avtala om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) i år, og vil medverke til å føre vidare dei resultata som kom ut av konferansen. Dei allierte i NATO støttar framleis ratifisering, tidleg iverksetjing og full gjennomføring av Avtala om absolutt forbod mot prøvesprengingar (CTBT), og er framleis forplikta til ei omgåande byrjing og rask sluttføring av forhandlingar om ei ikkje-diskriminerande, fleirsidig og internasjonalt og effektivt verifiserbar og universell avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale.
Vi gav uttrykk for full støtte til USA og Den russiske føderasjonen for ei tidleg gjennomføring av START II og for framtidige forhandlingar på grunnlag av ei omsamd START III-ramme for å redusere monaleg talet på utplasserte, strategiske kjernefysiske stridshovud i begge landa. Vi minna òg om dei drastiske reduksjonane av NATO sine kjernefysiske styrkar i det nye tryggingsmiljøet og fornya oppmodinga vår til Russland om å fullføre reduksjonane i lagra sine av ikkje-strategiske kjernefysiske våpen slik det vart lova i 1991 og 1992 skulle gjennomførast innan utgangen av år 2000.
Vi ynskte velkomen vidareføringa av utvekslingar med Den russiske føderasjonen om ei rekkje spørsmål om kjernefysiske våpen under oppsyn av Det faste fellesrådet NATO - Russland, og vi ser fram til ytterlegare utvekslingar i ei ånd av større openskap og eit heilt gjensidig tilhøve.
På toppmøtet i Washington i 1999 samdest alliansen om å vurdere opningar for tillits- og tryggleiksskapande tiltak, verifisering, ikkje-spreiing, rustningskontroll og nedrusting i lys av den samla strategiske utviklinga og at kjernefysiske våpen spelar ei mindre rolle. Vi fekk ein omfattande sluttrapport om dei kjernefysiske elementa i dette arbeidet og støtta konklusjonane i han, særleg dei framlegga som vart gjorde på området tillits- og tryggleiksskapande tiltak og større openskap som eit grunnlag for styrkt forståing, tillit og samarbeid. Vi rosar Høgnivågruppa for dette verdifulle bidraget til alliansen sitt samla arbeid for å oppfylle toppmøtets mandat.
1.16 Erklæring om NATO - Ukraina. Møte på forsvarsministernivå, Brussel, 6. desember 2000
NATO - Ukraina-kommisjonen (NUC) møttest i dag på forsvarsministernivå i NATO-hovudkvarteret i Brussel. NATO-ministrane rosa Ukraina for bidraget som landet har gjeve til dei NATO-leidde operasjonane på Balkan, særleg deltakinga av den ukrainske helikopterskvadronen og den polsk-ukrainske bataljonen i KFOR.
Kommisjonen ynskte velkomen framgangen i gjennomføringa av Ukrainas planar om ytterlegare omstrukturering av dei ukrainske væpna styrkane, under dette presidentforordninga som kom for kort tid sidan , og som gav pålegg om ein gjennomgang av Ukrainas nasjonale tryggings- og forsvarskonsept og utvikling av ein strategi for å skipe sivil kontroll på forsvarsområdet.
Ministrane ynskte òg velkomne resultata av møtet på seniornivå i Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWG), særleg den meir omfattande bruken av Planleggings- og tilsynsprosessen i PfP (PARP) for å støtte Ukrainas plan for reform av dei væpna styrkane; og utviklinga av spesifikt samarbeid innan militære aktivitetar i andre tryggingsstrukturar, til dømes Grensevakta, Innanriksdepartementet og sivile krisestyrkar.
Ministrane rosa det omfattande aktivitetsprogrammet om forsvarsreform for 2001 som er identifisert av JWG. Desse aktivitetane, som skal utførast av dei rette ukrainske organa og NATO-organa innanfor ramma av JWG, omfattar gjesting av grupper av sakkunnige på trygg lagring og øydelegging av ammunisjon, nedlegging av basar, kurs i tryggleik og forsvar for representantar og tilsette i Rada, og eit seminar på seniornivå om kooperativ tryggleik, som skal haldast i Kiev i juli 2001. Ministrane var nøgde med at dei ulike sivile og militære styresmaktene alt har byrja å gjennomføre desse aktivitetane.
Ministrane merka seg «Den ajourførte arbeidsplanen for dei militære representantane og forsvarssjefane innanfor ramma av NATO - Ukraina-pakta» og det avgjerande bidraget frå NATO og ukrainske militærstyresmakter for å fremje interoperabilitet og forsvarsreform.
Ministrane merka seg òg verdien av meir openskap og samordning når det gjeld tosidige program, og samdest om å sjå nærare på potensielle samordningsmekanismar som kan styrkje tosidige og fleirsidige aktivitetar som har som mål å gjennomføre forsvarsreform. Eit fyrste møte om dette emnet skal haldast i London våren 2001.
Kommisjonen ynskte velkomen den vellukka gjennomføringa av PfP-avtala om status for styrkane og gjennomføringa av PfP-øvinga Samarbeidspartnar 2000 i Ukraina.
Ministrane var nøgde med samarbeidsprogrammet mellom NATO og Ukraina og det viktige bidraget frå NATOs sambandskontor og NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter for å føre dette arbeidet framover. Dei ynskte velkomen oppnemninga av to ukrainske offiserar til hovudkvartera for SACLANT og AFSOUTH.
Ministrane merka seg den store verdien dei meiner møta på seniornivå i Den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform har, og samdest om å gå gjennom framgangen i forsvarsreform når dei møtest att våren 2001.
1.17 VEUs ministerråd i Porto 15. og 16. mai 2000. Porto-erklæringa
Utanriksministrane og forsvarsministrane i VEU-landa møttest i Porto den 15. og 16. mai. Møtet i VEUs ministerråd vart halde etter at forsvarsministrane i dei 13 medlemslanda i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen hadde hatt eit møte, der kollegaene deira frå Austerrike, Finland og Sverige og, for fyrste gong, kollegaene deira frå Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen, òg deltok.
Ministrane ynskte velkomen framgangen Den europeiske unionen hadde hatt med å føre framover vedtaka som vart gjorde på Det europeiske rådet sine møte i Köln og Helsinki for å styrkje europeisk tryggleik og forsvar. Dei ynskte velkomen NATOs arbeid med den vidare gjennomføringa av vedtaka om ESDI på NATO-toppmøtet i Washington for å styrkje den europeiske søyla til alliansen. Dei var overtydde om at desse utviklingstrekka vil medverke til å styrkje det euroatlantiske partnarskapet. Dei såg fram til dei ytterlegare tiltaka som skal gjerast på Det europeiske rådet sitt møte i Feira, som vil styrkje den felleseuropeiske tryggleiken og forsvarspolitikken ved mellom anna:
ytterlegare arbeid med prosessen med å utarbeide hovudmålet. Dei minte med glede om at dei europeiske NATO-medlemmene som ikkje er EU-medlemsstatar, og andre land som er kandidatar til å tiltre Den europeiske unionen, vil verte inviterte til å medverke til denne forbetringa av europeisk militær kapasitet,
framlegg om høvelege ordningar som, samtidig som dei respekterer EUs sjølvstendige avgjerdsrett, vil gje desse landa høve til å medverke til EUs militære krisehandtering,
framlegg om prinsipp for samråd mellom EU og NATO om militære saker og tilrådingar om utarbeiding av nærare reglar for tilhøvet mellom EU og NATO som gjere det mogleg å samarbeide om ein høveleg militær reaksjon på ei krise, slik det vart fastsett i Washington og i Köln,
den vidare utviklinga av den ikkje-militære krisehandteringa. I denne samanhengen minte ministrane også om den uformelle refleksjonen over tryggleik og forsvar i Europa som VEU hadde gjort i dei atten siste månadene, som hadde vist at det finst ein felles vilje til å utarbeide tilfredsstillande ordningar som tener interessene til alle VEU-land.
Ministrane samdest om at VEU stod klar til å støtte, etter som det trengst, utviklinga av funksjonar som er identifiserte av EU som naudsynte for å oppfylle dei nye pliktene dei har når det gjeld Petersberg-oppgåvene. Dei erkjente at EU si oppfylling av desse nye pliktene ville få store følgjer for VEU som organisasjon. Dei erkjente at i dei komande månadene må det gjerast relevante vedtak om VEUs framtidige rolle og påla Det faste rådet å gå gjennom heile spekteret av tiltak som må takast på høveleg tidspunkt i VEU, i samsvar med utviklinga i EU. I denne samanhengen:
merka dei seg at før det neste møtet deira vil Militærkomiteen i ein rapport/overgangsplan vise følgjene av denne utviklinga for verksemda til VEUs militærstab,
understreka dei at VEU framleis står klar til å stille VEUs satellittsenter og VEUs institutt for tryggleiksstudiar til rådvelde for Den europeiske unionen, om han ynskjer det. På eit høveleg tidspunkt må ein drøfte framtida til desse institusjonane,
rosa dei kompetansen og innsatsen til VEUs internasjonalt tilsette og deira svært verdifulle bidrag til arbeidet i organisasjonen. Ministrane uttrykte vilje til å gjere sitt beste for å medverke til at det vert funne høvelege løysingar som tek omsyn til den profesjonelle sakkunna og dei legitime forventningane til dei tilsette i VEU, og påla Generalsekretæren å kome med framlegg til Det faste rådet om dette.
Ministrane ynskte velkomne tiltaka som vart gjorde under det portugisiske formannskapet i VEU for å utarbeide arven frå dei verdifulle erfaringane som VEU kan tilby på området krisehandtering. Dei ynskte òg velkomne dei ordningane som er sette i verk, med sikte på å gjennomføre vedtaka som vart gjorde på ministermøtet i Luxembourg, for å gje organa under Rådet for Den europeiske unionen, etter som det trengst, direkte tilgang til sakkunna til dei operative strukturane i organisasjonen og til arbeidet og analysane til VEU.
Ministrane ynskte særleg velkomne dei viktige resultata under det portugisiske formannskapet:
den aller fyrste VEU/NATOs felles krisehandteringsøving CMX/CRISEX 2000, som vart halde frå 17. til 23. februar med deltaking frå 30 land, og som vart observert av EU-stabar og andre organisasjonar og nasjonar. Øvinga var ei viktig prøve på ESDI-skylde konsept og ordningar som har vorte utvikla sidan NATOs ministermøte i Berlin i 1996 om handtering av VEU-leidde operasjonar med bruk av NATO-ressursar og NATO-kapasitet, til dømes VEU/NATOs samrådsordningar og rammedokument. Ministrane ynskte også velkomen rapporten om denne øvinga, som vart lagd fram av formannskapet og godkjend av VEU-landa, og som medverkar til å trekkje nyttig lærdom av det praktiske samarbeidet mellom VEU og NATO for ein VEU-leidd operasjon med bruk av NATO-ressursar og NATO-kapasitet,
oversendinga til Den europeiske unionen av ein pakke med VEU-konsept av politiskmilitær art, som EU kan nytte slik EU sjølv måtte finne høveleg. Denne pakken speglar ein del av arven frå ti års erfaring, som VEU kan gje EU på området krisehandtering,
vidareføringa av den uformelle refleksjonen over tryggleik og forsvar i Europa gjennom seminaret som vart halde den 27. januar med direktørar for tryggingspolitikk frå utanriks- og forsvarsdepartement, og oversendinga av formannskapets skriftlege rapport til EU,
VEU - EU-seminaret den 11. april, som tok opp dei politisk-militære sakene i samband med dei ulike fasane i eit mogleg europeisk-leidd humanitært oppdrag, og som gav eit høve til å leggje fram og forklare mange aktuelle aspekt ved erfaringa som VEU har fått,
formannskapet si arrangering av Middelhavsseminaret om konfliktførebygging, som vart halde den 14. og 15. februar, og den etterfølgjande utarbeidinga og separate oversendinga til EU av elementa for refleksjon over VEU-bidraget til Barcelona-prosessen. Dette dokumentet speglar arbeidet som er gjort i samband med VEUs middelhavsdialog, og tek sikte på å medverke til ein heilskapleg tenkjemåte i EU omkring middelhavssaker,
utarbeidinga og den separate oversendinga til EU av dokumentet om erfaringane VEU har gjort med fredstrygging i Afrika, som omfattar ei kronologisk oversikt over aktivitetar, ei vurdering og høveleg lærdom om ei mogleg rolle for ein europeisk fleirnasjonal organisasjon på dette området.
Med omsyn til VEU-operasjonar var ministrane nøgde med:
arbeidet til Det fleirnasjonale rådgjevande politielement (MAPEXT) og meinte det var eit effektivt bidrag til opprettinga av ein levedyktig politistyrke i Albania etter europeiske normer. Dei ynskte velkomen EUs intensjon om ei ytterlegare utviding av oppdraget under EUs noverande mandat til 31. desember 2000 og bad Det faste rådet om å gjere eventuelle naudsynte vedtak,
utvidinga av mandatet til VEUs mineryddingshjelpeoppdrag for Den kroatiske republikken (WEUDAM) med eitt år, til 9. mai 2001, og rosa Sveriges leiarrolle i dette oppdraget, som vart utført av VEU på oppmoding frå EU. I denne samanhengen ynskte ministrane velkomen at EU aktar å støtte bøna frå WEUDAM/CROMAC om eit geografisk informasjonssystem for Kroatia, som skal gjennomførast av VEUs satellittsenter.
Ministrane merka seg VEUs øvingsprogram og ynskte i denne samanhengen velkomen utarbeidinga av ein studie av fellesøvingar mellom VEU og NATO, som skal gjennomførast i Nederland i juni 2001, og som tek sikte på å styrkje interoperabilitet og å utvikle felles framgangsmåtar for VEU og NATO for å opprette og drive eit operasjonshovudkvarter i samanheng med ein VEU-leidd CJTF-skyld operasjon med bruk av NATO-ressursar og NATO-kapasitet.
Ministrane merka seg med interesse rapporten frå formannskapet om militærkomitémøtet som vart halde i Lisboa den 13. og 14. april. Dei ynskte velkomen godkjenninga av VEUs vertsnasjonsstøttekonsept og Dei faste operasjonsprosedyrane (SOP) for VEUs undersøkingsoppdrag og sivilmilitært samarbeid.
Ministrane ynskte velkomen godkjenninga av VEU-ramma for å lage eit utkast til eit dokument om statusen til styrkar som skal nyttast i VEU-operasjonar, som ikkje fastset ein mal for slike ordningar, men gjev ei nyttig ramme der ein kan få hjelp og rettleiing i det konkrete tilfellet. Dei merka seg oversending av ramma til EU.
Når det galdt ei mogleg VEU-deltaking i eit fleirnasjonalt europeisk satellittprogram i utvikling, merka ministrane seg framdriftsrapporten om intraterminkonseptet for å betre tilgangen til satellittbilete. I denne samanhengen ynskte ministrane velkomen VEUs intensiverte tilhøve til Den europeiske unionen når det galdt romfartsarbeid under det portugisiske formannskapet. Dei merka seg godkjenninga av bruksreglane i det omsamde memorandumet om levering av Helios-produkt til VEU.
Ministrane ynskte velkomen at dei italienske og britiske styresmaktene arrangerte VEUs faste råd sine vitjingar til hovudkvartera til høvesvis EUROFOR og ARRC. Dei gav eit godt høve til å vurdere samarbeidet og kapasiteten til styrkane til europeiske land til å verke på fellesplan.
Ministrane ynskte velkomen den komande EOLO 2000-øvinga, som vil prøve ut ein fredsstøtteoperasjon under kontroll av eit kombinert felles hovudkvarter, med utplassering av monalege luft-, sjø- og landstridskrefter (over 12 000 soldatar) frå dei fire EUROFOR/EUROMARFOR-landa, pluss Hellas og Tyrkia når det gjeld sjøstridskrefter, og som tek sikte på å betre den operative vernebuinga, mellom anna interoperabiliteten til system og framgangsmåtar. Dei merka seg den stadige innsatsen til EUROFOR-statane for å styrkje kapasiteten til EUROFOR og ynskte velkomen at styrken er operativ.
Ministrane ynskte velkomen dei tiltaka som vart gjorde i slutten av 1999 av dei fem medlemsstatane i Eurocorps innanfor ramma av gjennomføringa av Köln-vedtaket for å tilpasse Eurocorps, og særleg Eurocorps' hovudkvarter, til det nye strategiske miljøet og for å utvikle Eurocorps til ein europeisk styrke for innsetting på kort varsel tilgjengeleg for aksjonar i regi av Den europeiske unionen og Atlanterhavsalliansen. Ministrane ynskte velkome tilbodet frå dei fem medlemsstatane i Eurocorps til dei europeiske partnarane sine om å delta i Eurocorps sine aktivitetar og moglege operasjonar og å plassere sambandsoffiserar i Eurocorps-hovudkvarteret i Strasbourg. Dei ynskte velkomen viljen til hovudkvarteret til denne store europeiske fleirnasjonale eininga som kjernen for KFOR III-hovudkvarteret. Denne viljen viser at gjennomføringa av vedtaka som vart gjorde av Den europeiske unionen i Köln og Helsinki når det galdt å styrkje den europeiske forsvarskapasiteten, medverkar til å auke truverdet til den europeiske tryggings- og forsvarspolitikken og livskrafta til Atlanterhavsalliansen.
Ministrane nemnde på nytt at dei la vekt på dialogen og samarbeidet som VEU har utvikla med Den russiske føderasjonen i dei seinare åra. Dei minte om at Ukraina er ein viktig europeisk partnar, og framheva dessutan VEUs dialog og samarbeid med Ukraina, som særleg har vorte ført gjennom handlingsplanen som vart inngådd i juni i fjor.
Ministrane ynskte velkomen at Ukraina hadde ratifisert Avtala om opne luftrom. Dei oppmoda Russland og Kviterussland til å ratifisere Avtala om opne luftrom utan opphald. Dei oppmoda til vidareføring av initiativa som VEU-landa tok i denne samanhengen.
Ministrane ynskte velkomen at Den russiske føderasjonen hadde ratifisert Avtala om absolutt forbod mot prøvesprengingar og START II-avtala.
Ministrane gav uttrykk for uro når det galdt brot på menneskerettane i Den tsjetsjenske republikken i Den russiske føderasjonen, og understreka at det hastar med å gje eit tilfredsstillande svar for å stille denne uroa.
Ministrane ynskte velkomen framgangen som Kroatia hadde gjort på vegen mot demokrati og når det galdt å møte dei internasjonale pliktene landet har, særleg etter Dayton-avtala og Paris-avtala.
Ministrane tok opp att at det krevst verkeleg framgang når det galdt å skape demokrati og respekt for menneskerettane og grunnleggjande fridomar i Den føderale republikken Jugoslavia.
Ministrane merka seg med glede dialogen som går føre seg mellom Kypros 4
og VEU, som utviklar seg i tråd med utviklinga av sambandet mellom Kypros og Den europeiske unionen, som det går føre seg forhandlingar om tilmelding med.
Ministrane takka den franske formannen i Det transatlantiske forumet for den vellukka utviklinga av programmet til forumet.
Ministrane merka seg dei innleiande tiltaka som OSSE hadde sett i verk for å gjennomføre vedtaka som vart gjorde på OSSE-toppmøtet i Istanbul i november i fjor, mellom anna Plattforma for kooperativ tryggleik. Særleg ynskte dei velkomen utviklinga mot realisering av REACT-konseptet, «Raske eksperthjelp- og samarbeidsgrupper», og auken i studentar og uteksaminerte ved OSSEs politiskule i Kosovo. På grunnlag av resultatet av eit OSSE-seminar om handvåpen og lette våpen som vart halde i Wien nyleg, vart dei samde om at OSSE var godt stilt til å halde fram med å utarbeide og vedta i haust eit omfattande dokument om handvåpen og lette våpen for å kjempe mot ulovleg handel og destabiliserande oppsamling og spreiing av slike våpen.
Ministrane ynskte velkome valet av Klaus Bühler som president i VEU-forsamlinga og rosa arbeidet til presidenten som no går av, Lluis Maria de Puig. Ministrane erkjente det monalege bidraget som VEU-forsamlinga hadde gjeve til debatten om europeisk tryggleik og forsvar. I denne samanhengen merka dei seg det nye Lisboa-initiativet frå forsamlinga.
Ministrane ynskte velkomen erklæringa som vart lagt fram av Frankrike om programmet for landets komande formannskap i VEU.
Materiellsamarbeid
Forsvarsministrane i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG) heldt eit særskilt møte den 15. mai, fyrst og fremst for å drøfte saka om framtida til WEAG og WEAO i den framveksande europeiske tryggingsarkitekturen ytterlegare, slik dei hadde vedteke å gjere på møtet dei hadde i Luxembourg i november i fjor.
I Luxembourg vart ministrane i WEAG samde om at Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen kan delta i WEAG-aktivitetar, og difor var det ministrar frå 19 land til stades på møtet den 15. mai. I denne samanhengen ynskte ministrane varmt velkomne kollegaene sine frå Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen, som var til stades på eit WEAG-ministermøte for fyrste gong.
Ministrane merka seg erklæringane frå Austerrike og Finland der søknadene frå desse landa om fullt medlemskap i WEAG vart lagde fram, og påla dei nasjonale materielldirektørane å gjennomføre dei tilhøyrande framgangsmåtane som dei hadde vorte samde om på møtet i Luxembourg.
Ministrane hadde ei nyttig meiningsutveksling om framtida til WEAG og WEAO, som tok sikte på å gje rettleiing om gjennomføringa av ytterlegare studiar. Dei støtta framlegga frå dei nasjonale materielldirektørane om vegen vidare og:
stadfesta at WEAG og WEAO har ei rolle å spele i utviklinga av den europeiske materiellpolitikken,
vedtok å førebels halde ved like WEAG og WEAO slik dei er no, samtidig som ein framleis gjer bruk av føresegnene i den modifiserte Brussel-avtala og dei skylde Paris-avtalene,
påla dei nasjonale materielldirektørane å byrje på arbeidet med å undersøkje kva praktiske tiltak som krevst for å sikre framtida til WEAG og WEAO på kort sikt, der dei kan rådføre seg med andre organ etter som det trengst, og å leggje fram for dei ein fyrste rapport på deira neste møte saman med ein fasedelt arbeidsplan for meir inngåande studiar om framtida til WEAG og WEAO på lang sikt, om mellom anna deira konstruktive rolle i og bidrag til den europeiske materiellpolitikken, med sikte på å maksimere materiellsamarbeidet og minimere kostnadene. Dei sakene som skal studerast, bør mellom anna omfatte mål, funksjonar og organisering, samtidig som det vert teke omsyn til den politiske og institusjonelle ramma for framtidig europeisk materiellsamarbeid. Arbeidsplanen bør vere fleksibel og bør skildre korleis ein skal gå fram steg for steg. Etter den fyrste rapporten hausten 2000 skal den fasedelte arbeidsplanen strukturerast med tanke på ein sluttrapport hausten 2001.
Ministrane skreiv òg under endringar i dei ulike omsamde memoranduma som regulerer forskings- og teknologisamarbeid under WEAG og WEAO for å gjere dei meir gjennomførlege og fleksible og for å lette deltakinga i forskings- og teknologisamarbeidsprosjekt.
Ministrane merka seg til slutt arbeidet som er gjort med å skipe det planlagde europeiske materiellbyrået, der framdrifta er i samsvar med Hovudplanen.
VEU-rådet (medlemmene i WEAG) vedtok konklusjonane til forsvarsministrane i WEAG.
1.18 VEUs ministerråd i Marseille 13. november 2000. Marseille-erklæringa
VEUs ministerråd møttest i Marseille den 13. november 2000. VEU-rådsmøtet vart halde etter eit forsvarsministermøte i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG), der Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Finland, Ungarn, Polen og Sverige vart fulle medlemmer.
Ministrane ynskte velkomen den avgjerande rolla som VEU hadde spela, særleg etter at VEU vart aktivert på nytt og plassert i Brussel, og sette pris på VEUs viktige bidrag til utviklinga av europeisk tryggleik og forsvarsarkitektur.
Ministrane ynskte velkomen framgangen som EU hadde gjort på området europeisk tryggings- og forsvarspolitikk, og støtta frå Atlanterhavsalliansen til denne prosessen. Dei minte om bindinga si til denne politikken, ein politikk som vil tene interessene til alle VEU-landa, gjennom utvikling av tilfredsstillande ordningar.
I tråd med ministerrådsmøtet i Porto og med tanke på vedtaka som Det europeiske rådet vil gjere i Nice, samdest ministrane om ei rekkje tiltak som var meint å ta opp følgjene for VEU av endringane som var på veg.
I denne samanhengen,
godkjende ministrane VEUs attståande funksjonar og strukturar, som vil vere på plass seinast 1. juli 2001 og vil setje medlemsstatane i stand til å oppfylle pliktene etter den modifiserte Brussel-avtala, særleg etter artikkel V og IX, som medlemsstatane stadfestar at dei er bundne av. Ministrane bad om at dei naudsynte forvaltingsmessige tiltaka og innkvarteringstiltaka måtte verte tekne no for å sikre at dei attståande VEU-strukturane er på plass når EU vert operativ,
rosa ministrane på nytt kompetansen og innsatsen til dei tilsette i VEUs generalsekretariat og deira svært verdifulle bidrag til arbeidet i organisasjonen. Dei tok opp att tilsegna dei gav på dette området i Porto. I denne samanhengen oppmoda dei Generalsekretæren til å halde fram med innsatsen for å finne fram til høvelege løysingar som tek omsyn til den profesjonelle sakkunna og dei legitime forventningane til dei tilsette i VEU. Dei støtta òg sosialplanen, som vil vere til hjelp for dei VEU-tilsette det gjeld,
rosa ministrane arbeidet til VEUs militærstab og merka seg at han førebur seg på å avslutte aktivitetane sine i samsvar med overgangsplanen som vart godkjend den 17. oktober av sjefane for forsvarsstabane. Ministrane erkjente òg at det vart teke tilbørleg omsyn i EU til spørsmålet om høvelege kontaktar mellom militæroffiserar i land utanfor EU/VEU og dei nye militære strukturane i EU,
erkjente ministrane verdien av dialogen og samarbeidet som VEU med 28 og 21 har utvikla med tredjeland i dei seinare åra. VEU vil slutte med å utføre desse arbeidsoppgåvene, som det er meint skal verte tekne opp innanfor den gjeldande ramma for politisk dialog mellom EU og dei landa det gjeld,
samdest dei òg om å oppheve bruken av dei gjeldande mekanismane for rutinemessig samråd mellom VEU og EU, med atterhald for samarbeidet som krevst innanfor ramma av overgangsprosessen. På tilsvarande måte vil bruken av dei gjeldande mekanismane for rutinemessig samråd mellom VEU og NATO verte oppheva, med unntak av dei som det framleis er bruk for i overgangsperioden, særleg dei som gjeld øvinga JES 2001,
merka ministrane seg med glede Den europeiske unionens prinsippavtale om å skipe, i form av institusjonar innanfor EU, eit satellittsenter og eit institutt for tryggleiksstudiar, som skal ha dei relevante eigenskapane ved tilsvarande institusjonar under VEU. Dei påla Det faste rådet å vise alle forvaltingsmessige og økonomiske følgjer av desse vedtaka. Ministrane erkjente òg at det vart teke tilbørleg omsyn i EU til spørsmålet om høveleg medverknad frå land utanfor EU/VEU i aktivitetane til Instituttet for tryggleiksstudiar og Satellittsenteret,
gav ministrane uttrykk for at dei var fast bestemde på å avvikle Transatlantisk forum. Dei ynskte velkomen at Den europeiske unionen aktar å styrkje den transatlantiske dialogen ved å overlate forpliktande aktivitetar tilsvarande dei som no går føre seg i Transatlantisk forum, til ISS, i samsvar med nærare reglar som skal avtalast, noko som gjer at alle land det gjeld, kan delta i desse aktivitetane,
merka ministrane seg Den europeiske unionens prinsippavtale om å ta over, når tida kjem, den direkte leiinga av MAPE-oppdraget om politisamarbeid med Albania. VEU er klar til å forlengje oppdraget på gjeldande vilkår i ei viss tid etter at det noverande mandatet går ut den 31. desember 2000,
vil mineryddingshjelpeoppdraget for Republikken Kroatia under Sveriges leiing verte forlengd innanfor VEU-ramma til 9. mai 2001, då det noverande mandatet går ut,
merka ministrane seg verdien av at samarbeidet mellom medlemmene i VEU-gruppa av partar i Avtala om opne luftrom held fram, eit samarbeid som i lang tid enno vil verte samordna direkte mellom medlemmene eller frå hovudstadane og medlemmene sine stasjonar i Wien,
minner ministrane om dei aktuelle føresegnene i den modifiserte Brussel-avtala, og merka seg med interesse arbeidet til VEUs parlamentarikarforsamling om strategisk refleksjon over europeisk tryggleik og forsvar,
merka ministrane seg at WEAG vil halde fram med å utføre oppgåva si med refleksjon og samarbeid på materiellområdet,
ynskte ministrane velkomen orienteringa som Nederland gav om sitt komande formannskap.
Materiellsamarbeid">
Forsvarsministrane i dei tretten medlemsstatane i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG), det europeiske forumet for materiellsamarbeid, møttest saman med kollegaene sine frå Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Finland, Ungarn, Polen og Sverige i Marseille den 13. november 2000.
Dei gjekk gjennom utviklinga på materiellområdet og dei særskilte materiellsamarbeidsaktivitetane som ligg under WEAG. Dei drøfta særleg Det europeiske materiellpartnarskapet, deltaking frå Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen i WEAGs forskings- og teknologisamarbeid, og framtida til WEAG og WEAO.
Når det galdt Det europeiske materiellpartnarskapet, hadde forsvarsministrane på møtet sitt i Luxembourg i november 1999 samst om ein framgangsmåte som gjer at Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Finland, Ungarn, Polen og Sverige kan verte fulle medlemmer i WEAG. Sidan har desse landa formelt søkt om fullt medlemskap, og på grunnlag av tilrådinga frå dei nasjonale materielldirektørane samdest forsvarsministrane om at dei skulle få fullt medlemskap i WEAG. Frå no av har WEAG 19 fulle medlemmer med dei same rettane og arbeidsoppgåvene.
Forsvarsministrane merka seg òg ynsket frå Austerrike, Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen om å delta i WEAGs forskings- og teknologisamarbeid gjennom det omsamde memorandumet SOCRATE. For dette føremålet gav forsvarsministrane den sitjande formannen mandat til å be VEU-rådet om å godkjenne ei utviding av den sentrale kontraktsverksemda til WEAOs eksekutivorgan under SOCRATE til desse fire landa, og samdest på dette grunnlaget om å skrive under dei naudsynte endringane i SOCRATE-OM-et.
Når det gjaldt framtida til WEAG og WEAO, hadde forsvarsministrane gjeve dei nasjonale materielldirektørane, på det særskilte møtet i Porto, i oppgåve å byrje på arbeidet med å undersøkje kva praktiske tiltak som krevst for å sikre framtida til WEAG og WEAO på kort sikt, og å utarbeide ein fasedelt arbeidsplan for meir inngåande studiar om framtida på lang sikt. Forsvarsministrane merka seg med glede at dei nasjonale materielldirektørane har samst om vegen framover med omsyn til framtida til WEAG og WEAO på kort sikt, og at arbeidet har byrja på grunnlag av den omsamde fasedelte arbeidsplanen. Forsvarsministrane hadde ei nyttig meiningsutveksling om den fyrste rapporten som vart lagd fram av dei nasjonale materielldirektørane, og gav rettleiing om vidareføringa av arbeidet mot ein sluttrapport, som skal leggjast fram på møtet deira hausten 2001.
Vidare merka forsvarsministrane seg arbeidet som hadde vorte gjort av panela og gruppene i WEAG. Særleg uttrykte dei glede over sluttføringa av og støtta nyleg frå dei nasjonale materielldirektørane til ei handbok om 'Prinsipp, framgangsmåtar og metodar for harmonisering av militære krav og tilrettelegging av materiellsamarbeid i Europa', og over vegen framover som dei nasjonale materielldirektørane hadde vorte samde om for Hovudplanen for eit europeisk materiellbyrå.
Til slutt uttrykte forsvarsministrane glede over Den vesteuropeiske forsvarsmateriellorganisasjonen (WEAO), som har nådd måla sine når det gjeld å lansere forskings- og teknologiprosjekta EUCLID og THALES, og mellom anna har inngått forskings- og teknologikontraktar med det europeiske næringslivet under EUCLID-programmet. For den komande perioden er målet ein 10 prosent auke i nye prosjekt, med minst sytten EUCLID-kontraktar med ein samla verdi på 119 millionar euro, under dette 34 millionar frå eigne investeringar i industri.
Formannskapet i WEAG, som går på rundgang mellom medlemmene, vil gå over frå Hellas til Italia for år 2001 og 2002, medan WEAO-styret skal leiast av Italia i eitt år frå 1. januar 2001.
VEU-rådet (medlemmene i WEAG) vedtok konklusjonane til forsvarsministrane i WEAG.
Fotnotar
Tyrkia godtek Republikken Makedonia under sitt konstitusjonelle namn.
Tyrkia godtek Republikken Makedonia under sitt konstitusjonelle namn.
Handvåpen og lette våpen er eit nytt samarbeidsområde i PWP. Nummereringa av samarbeidsområde er difor endra frå og med punkt t.
Tyrkia tek avstand frå denne tilvisinga ved å reservere seg på dette punktet.