5 Alliert militært samvirke
5.1 Forsvarsplanlegging. Oppfølging av initiativet for forbetra forsvarsevne (DCI)
Forsvarssamarbeidet i NATO er forankra i ein kollektiv og løpande prosess, underbygd av ein einskapleg og integrert militær struktur som vert halden ved like gjennom felles øvingar og trening. Den generelle tryggingspolitiske utviklinga har medført fleire og meir samansette krav til forsvarssamarbeidet og dei integrerte militære strukturane. På denne bakgrunnen har det vore naudsynt å vidareutvikle forsvarssamarbeidet, ikkje minst med tanke på deltaking i ulike typar fredsoperasjonar og eit utvida samarbeid med aktørar utanfor alliansen. Den vidare utviklinga av forsvarssamarbeidet og tilpassinga av dei militære styrkane vil vere ein kontinuerleg prosess, som òg vil gå føre seg i åra framover. Det ligg ei hovudutfordring i å famne over eit breiare spektrum av oppgåver innanfor ein og same struktur, i ein situasjon prega av reduksjonar i nasjonale forsvarsbudsjett, nedbygging av dei militære styrkane og mindre vilje mellom allierte til å auke dei nasjonale bidraga til dei ulike fellesbudsjetta i NATO.
Komiteen for forsvarsplanlegging ( Defence Planning Committee - DPC) er det øvste styringsorganet i det forsvarspolitiske samarbeidet i alliansen. Her vert dei fleste saker som gjeld forsvarssamarbeidet drøfta, med hovudvekt på den kollektive forsvarsplanlegginga. DPC heldt i 2000 fram arbeidet med å tilpasse alliansen sine forsvarsstrukturar til den nye tryggingspolitiske situasjonen, i samsvar med det reviderte strategiske konseptet. DPC hadde også ei sentral rolle i arbeidet med å integrere DCI i den årlege styrkeplanprossessen. Forsvarsplanlegginga i NATO vart gjennomført i tråd med Ministerial Guidance. Dette dokumentet, som vert oppdatert annakvart år, vart godkjent på forsvarsministermøtet i desember. Dokumentet målber dei overordna politiske retningslinene for forsvarsplanlegginga på nivået under det strategiske konseptet og gjeld for den neste 6-årsperioden.
Forsvarsministrane godkjende våren 2000 styrkemål for perioden 2001-2006. Medlemslanda vert kvart år vurderte opp mot desse styrkemåla. Gjennomgangen vart oppsummert i General Report for 2000. Denne rapporten inneber samstundes ei godkjenning av dei såkalla landkapitla, som er ei evaluering av korleis det einskilde landet gjennomfører styrkemåla sine. Hovudkonklusjonane i General Report er at styrkemåla i grove trekk kan seiast å vere oppfylte, slik at alliansen vil vere i stand til å løyse dei ulike typane militære oppgåver gjennom planperioden. Samstundes kjem det til uttrykk stor uro over særleg dei europeiske allierte si manglande oppfylling av viktige styrkemål, spesielt sett i høve til behovet for modernisering på ei rekkje område. Dette kan få alvorlege følgjer for alliansen si evne til å løyse oppgåvene i framtida.
På NATO-toppmøtet i 1999 vart det oppretta ei eiga styringsgruppe ( High Level Steering Group - HLSG) som skulle koordinere gjennomføringa av DCI. Gruppa vart etablert med eit mandat for 24 månader og skulle sikre at initiativet fekk naudsynt merksemd i startfasen. HLSG vert leidd av visegeneralsekretæren i NATO og er sett saman av nasjonale representantar frå forsvars- og utanriksdepartementa i medlemslanda. HLSG rapporterer til Det nordatlantiske rådet (NAC). Både NATO-organa og medlemslanda deltek i det konkrete arbeidet med å setje DCI ut i livet. Målsetjinga er at DCI skal innarbeidast i forsvarsplanlegginga og prosjekta i alliansen. Dette vil mellom anna verte gjort i dei organa som er oppretta for å handtere det løpande forsvarssamarbeidet i alliansen. For framleis å halde fokus på utviklinga av DCI vart det i 2000 vedteke å forlenge mandatet for HLSG fram til neste toppmøte i 2002.
DCI vil påverke utviklinga av det norske forsvaret, og er ein grunnleggjande føresetnad for den omstillinga forsvaret skal gjennomføre i samband med langtidsproposisjonen som vert lagd fram i vårsesjonen 2001. Initiativet medfører utfordringar med omsyn til ressursar, men det vil samstundes vere ein viktig katalysator for naudsynt modernisering og endring. DCI er difor viktig for den vidare utviklinga av det norske forsvaret.
5.2 Kjernefysisk planlegging
Den kjernefysiske planlegginga går føre seg i Nuclear Planning Group (NPG). I denne gruppa drøfta forsvarsministrane ulike sider ved kjernevåpna si rolle for NATO, mellom anna kjernefysisk rustningskontroll. Alle NATO-landa, bortsett frå Frankrike, tek del i NPG-samarbeidet. Det løpande arbeidet som skjer mellom dei halvårlege ministermøta, vert handsama av ei stabsgruppe under NPG.
I 2000 har verksemda i NPG særleg omhandla oppfølging av Washington-erklæringa frå april 1999, med særleg vekt på auka innsats for tiltak som vil styrkje forholdet til Russland og tilliten i forholdet. Samstundes har NPG handsama andre utfordringar knytte til kjernefysisk rustingskontroll og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Difor vart slutterklæringa frå tilsynsmøtet for ikkje-spreiingsavtalen ( Non Proliferation Treaty - NPT) motteken som eit svært positivt bidrag på dette området.
5.3 Alliert øvings- og treningsverksemd
Forsvaret si øvingsverksemd skal bidra til å setje freds- og krigsorganisasjonen i stand til å løyse dei oppdraga han kan bli stilt overfor i fred, krise og krig. Øvingsverksemda skal betre det norske forsvaret si evne til styrkeoppbygging og til å motta allierte forsterkingar. Samstundes må øvingskonseptet sjåast i samanheng med ambisjonen om å styrkje evna til å operere saman med allierte styrkar i internasjonale operasjonar, slik at NATO får auka slagkraft og fleksibilitet. Fleirnasjonale øvingar og treningsaktivitetar som spesielt omfattar innsats- og reaksjonsstyrkar, fremjar dette målet.
Ambisjonsnivået for øvingsaktiviteten i 2000 var om lag den same som i 1999. Noreg var ikkje vertskap for noka større NATO-øving i 2000. Den høgst prioriterte øvinga for forsvaret var Joint Winter, som vart gjennomført for første gong i 2000. Telemarkbataljonen deltok i Adventure Exchange i Hellas i 2000, etter å ha vore deployert til Kosovo. Dette er ei såkalla kombinert feltøving for IRF (land), det vil seie at ho involverer både fysiske styrkar og administrative prosedyrar. Også avdelingar frå luft- og sjøforsvaret deltok i øvingar for å tilfredsstille NATO-krava til reaksjonsstyrkane.
Som følgje av utviklinga i NATO og arbeidet for trygging og stabilitet innanfor det euroatlantiske området, er øvingar i krisehandtering og praktisk militært samarbeid prioriterte, også mellom partnarlanda. Det vert difor gjennomført øvingar i regi av PfP. Noreg prioriterer i denne samanhengen øvingar i nærområda våre. I 2000 deltok forsvaret i øvingane Nordic Peace, Baltic Link og Cooperative Banners. Denne øvingstypen har eit militæroperativt tilsnitt, samstundes som sivile aktørar deltek.
Stramme øvingsbudsjett i NATO-landa har ført til at øvingane blir færre og av mindre omfang. I tillegg er øvingssyklusane i NATO endra, noko som vil innebere at det vil gå relativt lang tid mellom kvar gong Noreg vil vere vertskap for større NATO-øvingar.
Eit viktig supplement, om enn ikkje noka erstatning for øvingar, er alliert trening. Omfanget av alliert trening i 2000 var noko redusert samanlikna med 1999. Årsaka til dette var først og fremst at all vintertrening i Noreg med dei britiske Royal Marines vart kansellert. Samanlikna med dei siste åra er omfanget av alliert trening i dag meir enn halvert. Det er ei klar utfordring å leggje til rette for konkurransedyktig øvings- og treningsaktivitet i Noreg, med vekt på deltaking frå våre viktigaste allierte. Tilrettelegginga for øvingsaktiviteten i Noreg må ikkje minst sjåast i samanheng med at Noreg vil bli meir avhengig av allierte forsterkningar i mange krisesituasjonar. Både øvingar og trening, spesielt i nord, er gunstig for å førebu dei allierte styrkane på klimaet vårt, ikkje berre med tanke på forsterkingar til Noreg, men også med omsyn til innsats andre stader med krevjande klimatiske og/eller topografiske tilhøve.
For å halde oppe deltakinga på øvingar og trening, er fleire leirar øyremerkte for alliert trening. Desse leirane har kapasitet til å ta i mot allierte styrkar av bataljonsstorleik, noko som er vesentleg når det gjeld behova til våre viktigaste allierte. Dei andre leirane i forsvaret vert også nytta i samband med allierte øvingar og trening.
5.4 Dei fellesfinansierte ressursprogramma
NATO-rådet godkjende i desember 2000 årsrapporten for arbeidet med dei felles ressursprogramma i NATO. Rapporten gjev ei oversikt over hovudutfordringane som knyter seg til ressursbehova på drifts- og investeringssida, militærbudsjettet og investeringsprogrammet for tryggleik. På driftssida er rammene for budsjettet pressa, og behovet for driftsmidlar er aukande. Dette er ei følgje av bruken NATO gjer av felles ressursar i dei militære operasjonane som går føre seg og vert drifta av fredshovudkvartera og dei felles luftforsvarssystema i NATO. På investeringssida er det aukande bruk av midlar, og ein ventar at bidraga frå nasjonane vert fullt utnytta i 2001. Med bakgrunn i dei omfattande investeringsprosjekta som er planlagde innanfor programmet, har NATO-rådet godkjent ein moderat auke av budsjettaket for 2001. Auken har ikkje særlege konsekvensar for det norske bidraget til programma.
5.5 Forsvarsmateriellsamarbeidet
Det er brei semje om at alliansen sine behov skal stå i sentrum for forsvarsmateriellsamarbeidet i NATO. Samarbeidet skal primært medverke til å oppfylle behov som er felles for fleire land og som best kan løysast i eit samarbeid. Individuelle nasjonale ønske kjem dermed meir i bakgrunnen enn før.
DCI er ei viktig rettesnor for materiellsamarbeidet i NATO, som organisatorisk går føre seg under Conference of National Armaments Directors (CNAD). CNAD har hovudansvaret for ei rekkje DCI-tiltak og er ein viktig bidragsytar i fleire andre.
I 2000 vart det sett i verk nye prosedyrar for samordning og informasjonsutveksling. Prosedyrane skal leggje til rette for etablering av samarbeidsprosjekt tidlegare i prosessen. Industrien vil også bli trekt inn tidlegare og i større utstrekning enn i dag. Samspelet med andre fagområde i NATO, som styrkeplanlegging og ressurssamarbeid, vil verte justert for å fremje ei heilskapleg tilnærming og integrerte løysingar.
Arbeidet med å skaffe alliansen ein flyboren kapasitet for bakkeovervaking heldt fram i 2000. CNAD har gjeve viktig assistanse i samband med utgreiinga av ein alliert forsvarskapasitet mot langtrekkande ballistiske rakettar og missil i framtida.