4 Europeisk tryggings- og forsvarspolitikk
EU har sidan det fransk-britiske toppmøtet i St. Malo i desember 1998 gjeve høg prioritet til arbeidet med å etablere ein felles tryggings- og forsvarspolitikk ( European Security and Defence Policy - ESDP), mellom anna opprettinga av separate institusjonelle ordningar for dette formålet. Fleire leiande EU-land ser det som heilt naudsynt å «komplettere» Unionen på denne måten. Prosessen vart ført viktige skritt framover i løpet av 2000. Gjennom vedtaka på EU-toppmøta i Feira i Portugal i juni og Nice i Frankrike i desember, og gjennom konferansen om militære evner i Brussel i november, viste Unionen vilje og evne til å ta dei grep som er naudsynte for å byggje opp ei europeisk evne til krisehandtering. Dei politiske og militære organa som no vert etablerte, vil gje EU-landa nye mogelegheiter for eit styrkt samarbeid og for å gjennomføre felles feltoperasjonar. EU skal etablere ein militær styrke på minst 60.000 personar med tilhørande luft- og sjøstridskrefter innan 2003. Målsetjinga er at styrken skal vere operativ innan 60 dagar for ein periode på eitt år. I tillegg skal det arbeidast med å utvikle evne til krisehandtering med sivile middel, inkludert utplassering av sivilt politi. Det er oppretta ein overordna tryggingspolitisk komité ( Political and Security Committee - PSC), ein europeisk militærstab og ein europeisk militærkomité. Med dette ser ein at EU utviklar ein konsultasjons- og samarbeidsstruktur etter same modell som NATO. Faren for dobbeltarbeid, manglande koordinering og auka konkurranse er til stades.
Det er heva over tvil at denne utviklinga påverkar dei tryggingspolitiske rammetilhøva på ein grunnleggjande måte. Tilhøvet mellom NATO og EU står sjølvsagt sentralt. For land som Noreg, som framleis ligg i ein strategisk viktig posisjon, står utanfor EU og er avhengige av NATO og eit amerikansk nærvær i Europa og som ser det i si overordna interesse å ta aktivt del i arbeidet for eit sikrare og meir stabilt Europa, er utfordringane særleg store. For Noreg vert dei overordna måla å sikra at ESDP bidreg til auka tryggleik i Europa, å unngå duplisering og ikkje å svekkje NATO sine kjernefunksjonar eller dei transatlantiske banda.
4.1 Vedtaka frå NATO-toppmøtet i Washington i 1999
NATO-toppmøtet i Washington i 1999 gav eit klart politisk mandat til å utvikle vidare dei vedtaka som vart fatta av utanriksministrane i NATO i Berlin i 1996 om å styrkje den europeiske pilaren i alliansen. Washington-kommunikeet viser til dei praktiske tiltaka som vart initierte i Berlin om at Vestunionen (VEU) skulle kunne leie operasjonar med tilgang til NATO-ressursar, tufta på prinsippet om at NATO-ressursane skulle vere «delelege men ikkje skilde».
Eit viktig element i Washington-kommunikeet er omsynet til den raske politiske utviklinga innanfor EU. Satsinga på å byggje ut ein eigen europeisk tryggings- og forsvarspolitikk (ESDP) inneber at det politiske fokuset for alliansen sitt arbeid med ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet ( European Security and Defence Identity - ESDI) må dreiast frå samarbeid med Vestunionen (VEU) til eit direkte samarbeid med EU.
Washington-kommunikeet konstaterer at EU-vedtaket om å styrkje tryggings- og forsvarspolitikken, slik det er stadfesta i Amsterdam-traktaten, er ein prosess som har konsekvenser for alle allierte og for NATO. Det er særs viktig at ein styrkt tryggings- og forsvarspolitisk dimensjon i EU også bidreg til å styrkje alliansen. Frå første stund har difor ESDI/ESDP-agendaen for dei allierte vore knytt til spørsmålet om, og vilkåra for, ei sjølvstendig rolle for EU i å leie krisehandteringsoperasjonar, med eller utan NATO-ressursar.
Det har vore brei semje mellom både dei NATO-allierte og medlemslanda i EU om at utviklinga av ESDP ikkje må røre ved NATO si primære rolle som kollektiv forsvarsorganisasjon. Eit anna grunnleggjande prinsipp er at EU ikkje får høve til å ta avgjerder om å setje i verk krisehandteringsoperasjonar på eiga hand anna enn i situasjonar der alliansen i seg sjølv ikkje ønskjer å engasjere seg. EU-intensjonen om å styrkje sine militære evner vert ønskt velkommen under føresetnad av at dei ressursar og strukturar som er tilgjengelege innanfor alliansen, ikkje vert dupliserte unaudsynt. Og endeleg er det slått fast at dei seks europeiske allierte som ikkje er medlemmer av EU (Noreg, Island, Tyrkia, Polen, Ungarn og Den tsjekkiske republikken), må sikrast rett til deltaking i alle fasar i EU-leidde operasjonar.
På bakgrunn av desse prinsippa er det slått fast at EU og NATO må utvikle ordningar for effektive konsultasjonar og samarbeid, basert på fullt innsyn og med utgangspunkt i dei eksisterande samarbeidsordningane med VEU. Med dette som utgangspunkt har alliansen sagt seg klar til å definere samarbeidsordningar for å gje EU tilgang til å nytte alliansen sine kollektive ressursar og evner.
4.2 Spørsmålet om EU-tilgang til dei kollektive ressursane og planleggingsapparatet i NATO
Den kanskje viktigaste delen av oppfølginga av toppmøtevedtaka innanfor alliansen har vore drøftingar av konkrete ordningar for at EU skal kunne nytte alliansen sine kollektive ressursar og evner under EU-leidde krisehandteringsoperasjonar (den såkalla Berlin+-agendaen). Meir konkret skal det utmeislast eit tilbod til EU om bruk av alliert operativ planlegging, allierte kommandostrukturar og kollektive ressursar som EU ikkje sjølve har eller vil skaffe seg på eiga hand. Allierte kollektive ressursar skal identifiserast på førehand for mogeleg EU-bruk, SHAPE skal kunne utføre planlegging på oppdrag frå EU og ulike kommandoalternativ for EU-leidde operasjonar skal identifiserast. Det inneber m.a. at rolla til NATOs nestkommanderande i Europa (DeputySACEUR) skal endrast, slik at han skal kunne ta ansvar for EU-leidde operasjonar. Sist, men ikkje minst, skal NATO sine styrkeplanleggingsprosedyrar leggjast om slik at dei kan famne dei nye EU-målsetjingane om ei autonom europeisk krisehandteringsevne. Intensjonen er at EU skal ha «sikra tilgang» til slike NATO-ressursar utan krav om godkjenning frå NATO-rådet frå gong til gong. Dette er presisert slik at det må vere nokså sikkert at ressursar vert tilgjengelege for EU i ein aktuell situasjon, og at det i røynda berre er ekstraordinære forhold i høve til det kollektive forsvaret (art. 5) som vil kunne forhindre ei frigjeving av ressursane.
Drøftingane har i løpet av 2000 som i året før vore haldne på eit nokså generelt plan, fordi ei nærare spesifisering av tilbodet til EU i høg grad vil rette seg etter kva EU sjølv ønskjer. Eit tilbod om bruk av allianseressursane kan ikkje definerast nærare utan i nært samarbeid med EU. Ingenting er så langt vedteke i alliansen utanom prinsippavgjerda om at EU skal få nytte alliansen sine ressursar i moglege EU-leidde krisehandteringsoperasjonar. Det har òg vore ei viktig føring for debatten at ingenting skal vedtakast før heile «pakka» av løysingar er på plass, og at denne pakkeløysinga samstundes skal vere godteken av alle dei allierte. Denne siste premissen er ikkje minst relevant for spørsmålet om adekvat deltaking for dei europeiske allierte utanfor EU i dei nye EU-strukturane.
Harmonisering mellom NATO og EU på forsvarsplanleggingsområdet har òg stått i fokus i 2000. Det er ei brei erkjenning av at EU- og NATO-landa i framtida berre vil ha ein styrkestruktur, og at dei to organisasjonane på forsvarsplanleggingssida difor må arbeide for å vere best mogeleg samstemte og samordna. Det er brei aksept for at forsvarsplanleggingsapparatet i NATO kan leggjast til grunn for eit harmonisert planleggingssystem mellom NATO og EU.
Som det er indikert ovanfor, har det likevel vore meiningsskilnader om føresetnadene for og det meir detaljerte innhaldet i det samarbeidet som vert utvikla mellom EU og NATO. Når det gjeld forsvarsplanlegginga, har Frankrike ønskt ein relativt større autonomi for EU i forhold til NATO enn det dei fleste andre allierte har gått inn for. Tyrkia koplar på si side eigen medverknad i den tryggings- og forsvarspolitiske strukturen i EU til kva tilbod NATO som organisasjon kan tenkjast å tilby EU, både når det gjeld militære kapasitetar og planleggingsapparat. Før EU har komme Tyrkia i møte på dette området, er Tyrkia ikkje klar til å gje EU automatisk tilgang til NATO-evnene. Desse forholda har vore med på å prege diskusjonen i alliansen i løpet av hausten 2000 og forhindra konsensus om eit omfattande pakketilbod frå NATO til EU.
Noreg har ei grunnleggjande positiv innstilling til ESDP. Etter norsk syn vil ESDP innebere at den samla euroatlantiske evna til krisehandtering vert styrkt. Dermed kjem europearane USA i møte i spørsmålet om endra byrdefordeling når det gjeld tryggleiken i Europa. Dette sikrar etter norsk syn dei transatlantiske banda som framleis må vere berebjelken i den europeiske tryggleiken. Det sikrar òg eit vidare amerikansk engasjement i Europa og i NATO.
På norsk side har ein difor streka under at tilbodet frå alliansen til EU må utformast så generøst som mogeleg. Dermed unngår ein også at EU byggjer opp parallelle militære strukturar utanfor NATO. Våre allierte og jamvel dei fire alliansefrie EU-landa (Sverige, Finland, Irland og Austerrike) har langt på veg dei same synspunkta. Vidare har ein frå norsk side teke til orde for at nye samarbeidsordningar så langt det er mogeleg bør baserast på det etablerte samarbeidet med VEU, og styrkjast der dette er mogeleg. Det vert streka under at det berre finst eitt sett av nasjonale styrkar, og den kollektive planlegginga og koordineringa må difor takast vare på slik at ressursane blir nytta på ein måte som dekkjer dei aktuelle behova. Ein ønskjer frå norsk side at den militære planlegginga i alliansen og den som vert brukt i partnarskapssamarbeidet (PARP), jamvel skal nyttast for EU-formål, slik det har vore organisert mellom VEU og NATO. Ei slik ordning ville etter norsk syn gje eit heilskapleg system for europeisk forsvarsplanlegging.
Det har vore ein viktig premiss for Noreg at alliansen for å gje eit slikt tilbod til EU, føreset at dei seks europeiske allierte utanfor EU kan delta fullt ut og på like vilkår som EU-landa i planlegging og gjennomføring av EU-operasjonar der dei yter bidrag, og at denne gruppa land vert sikra gode deltakarordningar i den nye institusjonelle strukturen i EU. Også her har Noreg fått stønad frå ei rekkje andre allierte, jamvel innanfor EU.
4.3 Sambandet mellom NATO og EU
Under den franske EU-formannskapen vart kontaktane mellom NATO og EU trappa opp. Det vart i andre halvdel av 2000 halde to felles rådsmøte mellom NATO-rådet (NAC) og den tryggingspolitiske komiteen i EU (PSC). NATO-rådet har kvar veke fått orienteringar på generelt nivå om arbeidet innan EU. Den høge representanten for EU i utanriks- og tryggingspolitikken, Javier Solana, har hatt uformelle møte med generalsekretæren i NATO, Lord Robertson, kvar veke. Det vart òg halde ein felles uformell middag for alle EU- og NATO-utanriksministrane i desember etter invitasjon frå den franske EU-formannskapen.
Etter semje mellom NATO og EU vart det sommaren 2000 bestemt å etablere fire ad- hoc-arbeidsgrupper med deltaking frå dei to organisasjonane for å greie ut ein tryggingsavtale, permanente politiske konsultasjonsordningar, samarbeid om militære evner og om styrkeplanlegging. På bakgrunn av meiningsskilnader om føresetnadene for og innhaldet i det samarbeidet som skal utviklast mellom NATO og EU, har progresjonen innanfor dei fire arbeidsgruppene i løpet av hausten vore avgrensa. Ein førebels tryggingsavtale mellom dei to organisasjonane er likevel etablert.
Det vart òg på mellombels basis etablert eit samarbeid mellom NATO-ekspertar og ekspertgruppa i EU for å utvikle ein katalog over styrkar som trengst til EU-leidde operasjonar innan krisehandtering. Dette samarbeidet vart avslutta med gjennomføringa av styrkemålskonferansen i november. Ei vidareføring av samarbeidet mellom NATO- og EU-ekspertane vil bli drøfta nærare med sikte på å etablere permanente strukturar i forsvarsplanlegginga.
4.4 Utanriks- og forsvarsministermøta i desember 2000
Spørsmålet om sikra tilgang for EU til den operative planlegginga i alliansen vart ei hovudsak under forsvars- og utanriksministermøtet i NATO i desember. Det lykkast ikkje å oppnå semje i dette spørsmålet. Årsaka til det var i første rekkje tyrkisk misnøye med dei ordningane for tredjelandsdeltaking som vart vedtekne i Nice. Tyrkia sitt syn er at deira tryggingsinteresser ikkje er godt nok varetekne i EU-opplegget. På grunnlag av samarbeidsordningane i VEU ønskjer Tyrkia framleis fullt innsyn og full deltaking, både i vedtaksprosessane og i planlegging og utføring av autonome EU-leidde operasjonar i det geografiske nærområdet til Tyrkia. Tyrkia kunne difor ikkje slutte seg til fleirtalet i denne saka.
Om det ikkje lykkast å nå ei positiv avklaring i dette spørsmålet, var det semje om at EU-vedtaket i Nice om berre eitt felles rådsmøte mellom NAC og PSC var for snevert. Utanriksministrane vedtok difor at ein måtte ha minst tre felles rådsmøte i kvar EU-formannskapsperiode. På bakgrunn av EU-vedtaket i Nice og kommunikeet frå utanriksministermøtet i NATO vart det vedteke å etablere permanente samarbeidsordningar mellom EU og NATO gjennom ei brevveksling. Denne brevvekslinga er den første formaliserte avtalen om samarbeid mellom dei to organisasjonane, og representerer såleis eit velkomme skritt vidare på ESDI-agendaen.
4.5 Deltaking i ESDP for dei europeiske allierte utanfor EU
Noreg har i NATO og overfor EU-medlemslanda arbeidd aktivt for at dei seks allierte ikkje-EU-landa skal få gode deltakarordningar i dei nye EU-strukturane. Noreg har gjort det klart at ein godtek vedtaksautonomien til EU. Det inneber at alle formelle vedtak berre kan fattast av medlemslanda i EU. Men samtidig er det streka under at dei tredjeland som har sagt seg villige til å stille ressursar til disposisjon for EU-operasjonar, òg må gjevast høve til å delta i alle fasar av førebuingane til krisehandtering, inkludert generisk og operativ planlegging, øvingar og gjennomgang av styrkebidraga, og at det må etablerast gode politiske og militære kontaktordningar.
Det vert frå norsk side argumentert med at slik tett tilknyting er naudsynt frå ein praktisk synsvinkel, både for å sikre at dei bidrag vi yter til ESDP er relevante og for at norske myndigheiter skal kunne ta raske avgjerder om deltaking i EU-operasjonar. I denne samanhengen er det særs viktig at Noreg har teke del i planlegginga av dei operasjonane der norske styrkar skal vere med. Det er òg streka under at eit viktig vilkår for effektiv krisehandtering er at deltakarane har eit sams utgangspunkt og ein sams analyse av utfordringane. Dette krev at konsultasjonane mellom EU og tredjelanda har eit breitt utgangspunkt og omfattar både konkrete militære førebuingar og drøfting av dei mest aktuelle områda for slike operasjonar. Frå norsk side vert det òg argumentert med at vi ved å ta del i prosessen i EU på førehand vert betre i stand til å ta del i den debatten som vil gå føre seg i NATO om støtte til EU. Frå norsk side har ein i dette arbeidet hatt nær kontakt med andre allierte, også dei andre europeiske allierte som ikkje er medlemmer av EU.
Rammene for samarbeidet mellom EU og tredjeland vart førebels skisserte på toppmøtet til EU i Feira i juni 2000 og endeleg vedtekne på EU-toppmøtet i Nice i desember. I tråd med konklusjonane frå Nice inneber dette at det er lagt opp til to fellesmøte under kvar EU-formannskap mellom tryggingspolitisk komité i EU og dei seks europeiske allierte ikkje-EU-medlemmene, og mellom PSC og søkjarlanda og dei seks allierte. Det skal haldast eitt ministermøte under kvar formannskap i dei same formata. Det er vedteke at desse landa kan utnemne eigne ambassadørar for å følgje arbeidet i PSC. Vidare er det vedteke liknande ordningar for samarbeidet på militært plan, mellom anna med militærkomiteen i EU. Det vert òg opna for samarbeid mellom nasjonale militære ekspertar og militærstaben i EU. Ein vil òg kunne ha eigne kontaktarrangement (liaison-arrangement) på militært nivå. Spørsmålet om det meir konkrete innhaldet i dei ulike møteformata er ikkje nærare avklara enno.
Dei politiske og militære konsultasjonane vil verte trappa opp i ein krisesituasjon. Ordningane er enno ikkje fastlagde i detalj, men det er vedteke å opprette ein eigen bidragsytarkomité ( Committee of contributors ) for EU-land og tredjeland som skal delta i ein EU-operasjon. Denne skal følgje den daglege utviklinga i operasjonane, fungere som rådgjevande og konsultativt organ og førebu dei formelle vedtaka som skal fattast i EU sine eigne organ, framfor alt PSC. PSC vil ha den overordna politiske kontrollen med operasjonane. Det er såleis gjennom denne komiteen at tredjelanda kan påverke utforminga av dei EU-leidde operasjonane.
Regjeringa sitt syn er at deltakarordningane som vart vedtekne i Nice for dei europeiske allierte ikkje-EU - medlemmene, er eit godt utgangspunkt for eit nært samarbeid med EU om krisehandtering, i fredstid som i krisesituasjonar. Det vil likevel vere opp til EU og den sitjande formannskapen å sikre at konsultasjonane og det praktiske samarbeidet får den substansen som trengst.
Regjeringa har ved ei rekkje høve signalisert vilje til å bidra til EU-styrkemåla for ein krisehandteringsstyrke. Som eit ledd i førebuingane til styrkekonferansen i EU i november vart ein norsk styrke innmeld i EU-strukturen. Dei innmelde norske bidraga er Forsvarets planlagde innsatsstyrke for internasjonale operasjonar, som også vil vere aktuell for NATO-, FN- eller OSSE-leidde oppdrag. Planen har vore at så mange som om lag 1500 personar i denne styrken skal kunne haldast i teneste i lengre tid. For å støtte denne prosessen er det frå EU-hald teke sikte på at den vidare utviklinga og forvaltinga av styrkestrukturen skal kunne skje mellom anna i dei fora som alt er etablerte mellom NATO og EU. Kor mykje substans det vil bli lagt i EU-samarbeidet med tredjeland med tanke på oppfylling av EU-styrkemåla, vart likevel ikkje avklara i løpet av 2000.
På Nice-møtet vart det også streka under at den militære krisehandteringa måtte supplerast med ein tilsvarande sivil kapasitet. Det vart vedteke måltal for deltaking med sivilt politi. Den påtroppande svenske EU-formannskapen gjorde det klart at sivil krisehandtering ville bli prioritert. Frå norsk side har ein òg streka under viljen til å delta i EU-arbeidet med å byggje opp ein kapasitet for krisehandtering med alle sivile ressursar som står til disposisjon i Noreg. Ein har samstundes sagt at det er naturleg med kontakt- og konsultasjonsordningar på sivil side tilsvarande dei ein har fått på militær side. For å leggje betre til rette for dette vart det på norsk initiativ etablert eit praktisk samarbeid om sivil krisehandtering mellom dei nordiske landa og Tyskland. Målet med dette er å knyte kontakt mellom personar og organ som er direkte involverte i opplæring, å sørgje for overføring av kompetanse mellom dei deltakande landa, å utvikle felles opplæringsordningar der det er mogeleg og å ha felles gjennomgang av erfaringar. Det skal ikkje etablerast formelle styringsstrukturar.
4.6 VEU
Ministermøtet i Luxembourg i november 1999 opna for ei direkte overføring av VEU sine oppgåver og ressursar til EU. Arbeidet i 2000 var prega av at organisasjonen er inne i ein omstillings- og nedbyggingsfase. Møteverksemda under den franske formannskapen hausten 2000 var mindre enn før. Dei fullverdige medlemmene behandla institusjonelle spørsmål aleine, og konsultasjonane med dei assosierte landa var avgrensa. Det vart berre i liten grad teke omsyn til interessene til andre enn dei ti faste medlemslanda.
Ministermøtet i Marseille i november 2000 vedtok formelt at dei operative oppgåvene skulle overførast til EU i løpet av 2001. Militærstaben skal leggjast ned og funksjonane overførast til dei nye militære EU-strukturane når desse er operative. Satellittsenteret i Torrejon i Spania og Instituttet for tryggingsstudiar i Paris skal gjerast om til EU-organ. På same måten vil dialogen med tredjeland og konsultasjonsmekanismen med NATO verte ført vidare innanfor EU-rammene. Transatlantisk forum vert lagt ned som sjølvstendig organ, men aktivitetar retta mot eit nordamerikansk publikum vil bli utvikla av Institutt for tryggingsstudiar. Dei løpande operasjonane i WEUDAM (mineryddingsaksjonen i Kroatia) og MAPE (det multinasjonale politielementet i Albania) vil bli førte vidare i regi av VEU til mandata går ut i 2001 og funksjonen vert overført til EU. Ein reknar no med at utanriks- og forsvarsministermøtet i VEU i november 2000 i Marseille var det siste i sitt slag.
EU har så langt ikkje ønskt å overta den gjensidige tryggingsgarantien som er nedfelt artikkel V i traktaten. Eit rest-VEU ( residual WEU) må difor behaldast inntil vidare for å vareta det rådet som traktaten krev. Vidare skal det europeiske forsvarsmateriellsamarbeidet i WEAG/WEAO framleis vere forankra i VEU. Organisasjonen sine arkiv skal gjennomgåast med sikte på å frigje dokument til forskingsformål.
Parlamentarikarforsamlinga blir inntil vidare halden oppe i si noverande form. Marseilles-erklæringa streka under forsamlinga sine viktige bidrag til strategisk tenking om europeiske tryggings- og forsvarspolitiske spørsmål. Førebels finst det ingen strukturar i EU som kan sikre parlamentarisk innsyn i den felles forsvars- og tryggingspolitikken (ESDP) til unionen.
Frå norsk side har vi støtta overføringa av funksjonar til EU, men på same tid teke til orde for at dei nye ESDP-samarbeidsordningane så langt råd er bør leggje det etablerte samarbeidet med VEU til grunn. Etter norsk syn har organisasjonen lagt grunnlaget for dei nye europeiske strukturane som no tek form. Erfaringane frå m.a. fellesøvinga mellom VEU og NATO (CMX/CRISEX 2000) i februar 2000, det normative arbeidet (VEU-acquis) og ein inkluderande arbeidskultur bør etter norsk meining takast vare på i oppfølginga. Desse synspunkta har berre i liten grad funne støtte blant dei fullverdige VEU-medlemmene.
Frå ein praktisk synsvinkel har ein frå norsk side arbeidd aktivt for å vidareføre norsk deltaking i VEU-aktivitetar som no vert overførte til EU og som Noreg er med på å finansiere. Dette gjeld i særleg grad satellittsenteret i Torrejon, tryggingsinstituttet i Paris og politioperasjonen i Albania. Noreg har også argumentert sterkt for å vidareføre parlamentarikarforsamlinga i VEU. Ei overføring av denne funksjonen til dømes til EU-parlamentet ville resultere i at dei assosierte landa, deriblant Noreg, ville bli utestengde frå dei parlamentariske drøftingane. Ein ser difor positivt på at det er vedteke å vidareføre parlamentarikarforsamlinga.
Den første felles NATO-VEU-øvinga, CMX/CRISEX, vart halden i februar 2000. Intensjonen med øvinga var å teste samarbeidsregimet som er utvikla mellom dei to organisasjonane når det gjeld utlån av NATO-ressursar til ein VEU-fredsoperasjon. Øvinga avdekte ei rekkje forhold som også har relevans for samarbeidet som vert utvikla mellom NATO og EU. Dette gjeld mellom anna spørsmålet om kor spesifisert ein rammeavtale for utlån av NATO-ressursar skal vere, og spørsmålet om kva rolle DSACEUR skal kunne få i samband med ein europeisk leidd operasjon.
Den vesteuropeiske gruppa for materiellsamarbeid ( Western European Armaments Group - WEAG) arbeidde vidare for å styrkje stillinga til europeisk forsvarsindustri og å støtte det europeiske forsvarssamarbeidet. Etter norsk initiativ blei WEAG utvida med seks nye medlemmer (Sverige, Finland, Austerrike, Polen, Tsjekkia og Ungarn) i 2000. Frå norsk side er dette grunngjeve med ønsket om å styrkje fundamentet for eit materiellsamarbeid i Europa. Det blir ei særskild utfordring å bidra til at denne forma for samarbeid får fotfeste som sentralt materiellorgan i Europa, særleg fordi det førebels ikkje finst tilsvarande strukturar innanfor EU. Eit sentralt tiltak vil vere å arbeide for å opprette eit felles europeisk innkjøpsorgan.