St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

1 Saker behandla av Finansdepartementet i 2000 etter finansieringsverksemdslova, forsikringsverksemdslova, banklovene og enkelte andre lover

Oversikta gir opplysning om søkjar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er stilt vilkår. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.

Forkortingar:

finl. - lov 10. juni 1988 nr. 40 «Om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner»

forsl. - lov 10. juni 1988 nr. 39 «Om forsikringsvirksomhet»

spbl. - lov 24. mai 1961 nr. 1 «Om sparebanker»

fbl. - lov 24. mai 1961 nr. 2 «Om forretningsbanker»

ktl. - lov 7. desember 1956 nr. 1 «Om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.v.» (kredittilsynslova)

vphl. - lov 19. juni 1997 nr. 79 «Om verdipapirhandel»

fvl. - lov 10. februar 1967 «Om behandlingsmåten i forvaltningssaker» (forvaltningslova)

asl. - lov 13. juni 1997 nr. 44 «Om aksjeselskaper» (aksjelova)

asal. - lov 13. juni 1997 nr. 45 «Om allmennaksjeselskaper» (allmennaksjelova)

rskl. - lov 17. juli 1998 nr. 56 «Om årsregnskap» (rekneskapslova)

Løyve til å drive bank og endring av vilkår

Kor mange: 2

29.9.2000-00/3158

Privatbanken ASA - Løyve til at Privatbanken ASA kan drive bankverksemd. Vilkår.

Heimel: fbl. § 8 (1), jf. kgl. res. 29.09.2000.

6.10.2000-00/1846

Jernbanepersonalets Interessekontor, Region Øst og Jernbanepersonalets Forsikring Gjensidig - Løyve til etablering av Jernbanepersonalets Sparebank og etablering av konserngruppa Jernbanepersonalets Bank og Forsikring, som består av Jernbanepersonalets Sparebank og Jernbanepersonalets Forsikring Gjensidig. Avslag på søknad om unntak frå reglane om samansetjinga til forstandarskapet. Vilkår.

Heimel: spbl. §§ 3 (1), finl. § 2a-3 (1), jf. kgl. res. 6.12.1991 nr. 78, finl. §§ 2a-6 (2) og 2a-7, spbl. § 8 (4), jf. (2).

Løyve til å drive forsikringsverksemd og endring av vilkår

Kor mange: 6

25.2.2000-99/5790

Kommunal Landspensjonskasse - Godkjenning av endring av vedtektene til KLP.

Heimel: forsl. § 3-2.

30.5.2000-99/2406

Oslo Pensjonskasse AS - Løyve til at «Oslo Pensjonskasse» kan drive verksemd innanfor livsforsikringsklasse I b og c og klasse V. Avslag på søknad om løyve til å drive forsikringsverksemd i klasse I a. Dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane slik at Oslo kommune kan eige 100 prosent av aksjane. Vilkår.

Heimel: forsl. § 2-1, jf. forskrift 18.09.1995 nr. 797, asl. § 1-3, forskrift 19.02.1993 nr. 177 § 4-8, jf. forskrift 27.11.1991 nr. 757 § 5-2 (3), finl. § 2-2 (2) nr. 9.

16.6.2000-00/1437

Bayerische Rückversicherung Norge AS - Løyve til at Bayerische Rückversicherung Norge AS kan drive direkte skadeforsikring og gjenforsikring i Noreg i alle forsikringsklassar. Løyve til at Rück Trasury & Management (Luxembourg) S.A. kan eige 100 prosent av aksjane i Bayerische Rückversicherung Norge AS. Vilkår.

Heimel: forsl. § 2-1 (1), § 2-2 (2) nr. 6.

30.6.2000-00/2335

Industriforsikring AS - Løyve til at Industriforsikring AS kan overta kundekredittforsikring som reassuranse.

Heimel: forsl. § 13-8 (1), jf. § 1-2 (3) 1. p.

9.10.2000-00/2830

Vesta Forsikring AS - Søknad om løyve til å drive livsforsikringsverksemd o.a.

Løyve til at Fondsforsikringsselskapet Vesta Link AS kan drive livsforsikringsverksemd, dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane og finanskonsernreglane slik at Vesta Forsikring AS kan eige 100 prosent av aksjane i Fondsforsikringsselskapet Vesta Link AS, godkjenning av endringar i organiseringa av Vesta-konsernet, samtykke i at Fondsforsikringsselskapet Vesta Link AS kan ha identisk kontrollkomité med Vesta Forsikring AS, Vesta Liv AS, Vesta Liv Holding AS, Vesta Garanti AS, Aktiv Forsikring AS, Dial Forsikring AS og Vesta Reinsurance Company Ltd. AS og løyve til at N.N. kan vere formann i styret i Fondforsikringsselskapet Vesta Link AS fram til 30. juni 2001. Vilkår.

Heimel: forsl. § 2-1, jf. kgl. res. 25.8.1989 nr. 825, forskrift 18.9.1995 nr. 797, finl. § 2-2 (2) nr. 11, jf. kgl. res. 15.6.1990 nr. 453, finl. §§ 2a-3 (2), 2a-7 (2) og 2a-11 (4), forsl. § 13-8 (3), jf. § 5-1 (1) og forsl. § 2-2 (1) nr. 4.

20.12.2000-00/4827

Garanti-Instituttet for Eksportkreditt AS - Søknad om løyve til etablering av kredittforsikringsselskap. Løyve til at Garanti-Instituttet for Eksportkreditt AS kan drive forsikringsverksemd innanfor klasse 14 (kreditt), klasse 15 (kausjon) og 16 (diverse økonomiske tap) frå 1. januar 2001. Unntak frå eigaravgrensingsreglane i finl. § 2-2 (1) og unntak frå kravet til kapitaldekning og solvensmargin i forsl. § 7-3 (1) og (5) i perioden frå verksemda startar 1. januar 2001 til den nødvendige kapitalen blir overført 2. januar 2001. Vilkår.

Heimel: forsl. § 2-1 (1) og (3), jf. forskrift 18.9.1995 nr. 797, finl. § 2-2 (2) nr. 11, jf. § 2-2 (1) og forsl. § 7-3 (3), jf. (1) og (5).

Løyve til å drive finansieringsverksemd og endring av vilkår

Kor mange: 2

26.6.2000-99/5454

NetCom GSM AS - Løyve til å drive finansieringsverksemd knytt til tenestene «salgsautomat» og «elektronisk parkeringløsning». Dispensasjon frå føresegnene i finansieringslova om verksemd knytte til dei nemnde tenestene. Vilkår.

Heimel: finl. 3-3, § 3-3 (4), jf. § 1-3 (2).

30.10.2000-00/2811

Easy Park ASA - Løyve til å drive finansieringsverksemd knytte til tenesta «elektronisk parkeringsløsning» slik ho er omtala i søknaden. Dispensasjon frå fråsegner i finansieringsverksemdslova om verksemd knytt til dei nemnde tenestene. Vilkår.

Heimel: finl. §§ 3-3 og 1-3 (2), jf. kgl. res. 10.6.1988 nr. 457.

Dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane

Kor mange: 4

9.3.2000-00/525

Gjensidige NOR - Løyve til å overdra 50 prosent av aksjane i Gjensidige NOR Fondforsikring frå Gjensidige NOR Spareforsikring til Sparebanken NOR og endring av organiseringa som følgje av overdraging etter finl. § 2a-7

Heimel: finl. § 2-2 (2) nr. 11, § 2a-7.

28.4.2000-99/4150

Eika Kort AS - Løyve til at Eika Kort AS kan ha ein eigardel på 35 prosent i Sparebank 1 Kredittkort AS. Vilkår.

Heimel: finl. § 2-2 (1).

28.4.2000-00/532

Sparebank1 Gruppen AS - Løyve til at SpareBank1 Gruppen AS kan eige 65 prosent av aksjane i SpareBank 1 Kredittkort AS.

Heimel: finl. § 2-2 (2) nr. 11 og § 2a-7 (2).

16.6.2000-99/1450

Eika-kort AS - Endring av vilkår nr. 2 i brev frå Finansdepartementet av 28.04.2000 slik at Eika-kort AS berre skal kunne finansierast av Eika-Gruppen AS. Godkjenning av endring i konsernet som følgje av at Eika-kort AS er direkte ått av Eika-Gruppen AS.

Heimel: finl. § 2a-7 (2), jf. kgl. res. 6.12.1991 nr. 782.

Fusjon mellom finansinstitusjonar

Kor mange: 1

24.8.2000-00/3036

Terra Skadeforsikring AS - Løyve til at Terra Skadeforsikring AS kan eige 100 prosent av aksjane i Nore og Uvdal Brannkasse AS. Dispensasjon slik at Terra Skadeforsikring AS kan eige alle aksjane i Nore og Uvdal Brannkasse AS til fusjonen er gjennomført. Løyve til fusjon mellom Terra Skadeforsikring AS og Nore og Uvdal Brannkasse AS.

Heimel: finl. § 2a-3 (2), forsvl. § 3-6 (2), finl. § 2-2 (2) nr. 11.

Vedtak i samband med finanskonsernreglane

Kor mange: 13

21.2.2000-99/3675

Den norske Bank - Løyve til å organisere utlånsverksemda i London gjennom avtale med dotterselskapet Den norske Finance Ltd. Vilkår.

Heimel: finl § 2a-3 (4) og § 2a-7 (2).

25.2.2000-99/4555

Skandia-konsernet og Vesta-konsernet - Godkjenning av søknad om fisjon og endring i konsernstrukturen i Vesta-konsernet. Løyve til at Skandia AFS Nordic Holding kan eige aksjane i Skandia LTS Norge Holding AS. Løyve til at Skandia Kapitalforvaltning Holding AB kan eige aksjane i Skandia Asset Management Norge Holding AS. Løyve til at SkandiaBanken AB kan eige aksjane i Vesta Finans Holding AS. Løyve til at If Skadeförsäkring kan eige aksjane i Vesta Reinsurance C ltd. Løyve til at Vesta Forsikring kan avhende porteføljen i divisjon Marine & Energy, mellom anna organisasjonen og retten til å fornye porteføljen, til If Skadeförsäkring AB. Godkjenning av endringar i organiseringa i Vesta-konsernet som følgjer av dei nemnde løyva, og ved avhending av aksjane til konsernet i Skandia Marine Insurance C ltd, Skandia Insurance Services ltd og SAFIR Reporting Systems AS.

Heimel: finl. § 2-2 (2) nr. 6, § 3-2 (3) b, § 3-6, § 2a-6 (2), § 2a-7.

23.3.2000-99/1142

Storebrand ASA - Omgjering av vedtak - fråfall av vilkår om stemmefleirtal ved eige av inntil 50 prosent av eigardelane i utanlandsk finansinstitusjon. Vilkår.

Heimel: finl. § 2a-3 (4).

6.4.2000-99/6322

Tryg-Baltica AS - Godkjenning av søknad frå Tryg Baltica AS om å eige aksjane i Vesta Forsikring AS og Skandia LTS Holding Norge AS o.a. Vilkår.

Heimel: finl. § 2-2 nr. 6 og forsl. § 3-6.

28.4.2000-00/532

SpareBank1 Gruppen AS - Godkjenning av søknad om endring i konsernstruktur.

Heimel: finl. § 2a-7 (2).

13.6.2000-00/594

Sparebank 1 Gruppen - Løyve til at Sparebank 1 Gruppen kan eige 100 prosent av aksjane i VÅR Gruppen ASA. Dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane slik at desse kan eige Sparebank 1 Gruppen:

Sparebanken Midt-Norge (13 %)

Sparebanken Nord-Norge (13 %)

Sparebanken Vest (13 %)

Sparebanken Rogaland (13 %)

Samarbeidende Sparebanker AS (13 %)

FöreningsSparbanken AB (publ) (25 %)

Landsorganisasjonen i Norge (LO)/forbund tilknytte LO (10 %).

Vilkår.

Heimel: finl. § 2a-3 (2), § 2-2 (2) nr. 11.

13.6.2000-99/4048

Gjensidige Skadeforsikring - Løyve til at Gjensidige Skadeforsikring kan eige 30 % av aksjane i Länsforsäkringar Miljö - forsäkringsaktiebolag.

Heimel: finl. § 2a-3 (4).

28.6.2000-99/5835

Storebrand ASA - Løyve til at Storebrand ASA kan eige meir enn 50 prosent av aksjane i Euroben Life and Pension Limited i Irland. Godkjenning av endringa i organiseringa i Storebrandkonsernet som følgje av løyvet. Vilkår.

Heimel: finl. § 2a-3 (4), finl § 2a-7 (2).

7.7.2000-00/1474

KLP Forsikring - Løyve til at KLP kan yte eit lån på inntil 500 millionar kroner til det nyoppretta dotterselskapet.

Heimel: finl. § 2a-8 (4), jf. kgl. res. 6. desember 1991 nr. 782.

7.7.2000-00/1474

KLP Forsikring- Godkjenning av søknad om endring av konsernet.

Heimel: finl. § 2a-7 (2), jf. kgl. res. 6. desember 1991 nr. 782.

30.8.2000-00/3258

Storebrand ASA - Løyve til at Finansbanken ASA kan eige 100 prosent av aksjane i Den Københavnske Bank A/S. Godkjenning av organiseringa av Storebrand-konsernet og Finansbanken som delkonsern som følgje av at Den Københavnske Bank A/S blir eit heilått dotterselskap av Finansbanken ASA.

Heimel: finl. § 2a-3 (4), jf. kgl. res. 6.12.1991 nr. 782 og finl. § 2a-6 andre ledd.

22.11.2000-99/6175 og 95/7954

Kommunal Landspensjonskasse - Klage over avslag på vedtak om konsernbidrag frå KLP Skadeforsikring AS. Omgjort.

Heimel: finl. § 2a-8 tredje ledd, jf. kredittilsynslova § 4 nr. 9.

19.12.2000-00/1654

Lindorff Holding ASA - Løyve til at Lindorff Holding ASA kan vere morselskap i finanskonsern og eige 100 prosent av aksjane i Lindorff Capital AS. Løyve til at Lindorff Capital AS kan drive finansieringsverksemd. Løyve til at Lindorf Capital AS fram til ordinær generalforsamling våren 2003 har eit representantskap på minimum seks medlemmer og godkjenning av konsernstruktur. Vilkår.

Heimel: finl. § 2a-3 (1), jf. kgl. res. 6.12.1991, § 2a-2 litra d, § 2a-3 (2), jf. kgl. res. 6.12.1991, § 3-3 (1), § 3-10 (1), jf. kgl. res. 15.6.1990, § 2a-6 (2), jf. kgl. res. 6.12.1991.

Samarbeidsavtalar mellom finansinstitusjonar

Kor mange: 1

7.1.2000-99/6259

Den Norske Bankforening - Overføring/vidareføring av tidlegare godkjenningar av Den norske Bankforening/samarbeidsavtalar til Bankforeningens servicekontor til Finansnæringens Hovedorganisasjon/Finansnæringens Servicekontor.

Heimel: finl. § 2-7.

Oppretting av filial og dotterselskap i utlandet

Kor mange: 1

7.7.2000-00/1474

KLP Forsikring - Løyve til at KLP opprettar eit dotterselskap i København som er ått 100 prosent av KLP Eiendom AS.

Heimel: finl. § 2a-3 (4), jf. kgl. res. 6. desember 1991 nr. 782.

Overdraging av verksemd

Kor mange: 2

12.12.2000-00/2055

Norsk Energiverk Forsikring AS - Løyve til å eige aksjar i Fender Forsikring ASA og etablering av mellombels konsernforhold. Vilkår.

Heimel: forsl. § 3-6 (2), finl. § 2a-3 (2), jf. kgl. res. 6.12.1991 nr. 782, § 2-2 (2) nr. 11, jf. kgl. res. 15.6.1990 nr. 453 og § 2a-6 (2), jf. kgl. res. 6.12.1991 nr. 782.

18.12.2000-00/897

Merita Nordbanken Abp - Løyve til at Merita Nordbanken Abp kan eige alle aksjar i Christiania Bank og Kredittkasse ASA. Vilkår.

Heimel: fbl. § 4 (3) og § 31, jf. finl. § 2-2 (2) nr. 6, jf. kgl. res. 15.6.1990, kgl. res. 22.9.1961 og kgl. res. 7.5.1999.

Avvikling av verksemd

Kor mange: 2

23.5.2000-00/1941

Stiftelsen UNI - Godkjenning av vedtak om å avvikle stiftelsen som ein stiftelse etter finansieringsverksemdslova. Vilkår.

Heimel: finl. § 2-24 (1) 2.p.

26.9.2000-00/2166

Stiftelsen Lokal Forsikring - Samtykke i avvikling av Stiftelsen Lokal Forsikring som stiftelse etter finansieringsverksemdslova. Vilkår.

Heimel: finl. § 2-24 (1) 2.p.

Kapitalutviding og opptak av ansvarleg lån

Kor mange: 1

17.2.2000-00/454

Statens Bankinvesteringsfond - Løyve til endring i vedtektene til Bankinvesteringsfondets slik at grunnkapitalen blir auka i samsvar med søknaden.

Heimel: lov om Statens Bankinvesteringsfond § 3 (3).

Unntak frå kapitaldekningskrav o.a.

Kor mange: 3

9.3.2000-99/39

Den norske Bank ASA - Løyve til bruk av fondsobligasjonar som kjernekapital. Vilkår.

Heimel: forskrift 1.6.1990 nr. 435 § 3 nr. 12, jf. finl. § 2-9 (2), § 3-17, fbl. § 21.

30.3.2000-00/1037

Sparebanken NOR - Løyve til bruk av fondsobligasjonar som kjernekapital. Vilkår.

Heimel: forskrift 1.6.1990 nr. 435 § 3 nr. 13, jf. finl. § 2-9 (2), § 3-17, spbl. § 25.

5.7.2000-99/4148

Gjensidige NOR Pensjonstjenester AS - Avslag på søknad om dispensasjon frå krav til ansvarleg kapital.

Heimel: forskrift 19. februar 1993 nr. 117 (pensjonskasseforskrifta) § 20, jf. § 8.

Vedtak i samband med styre, kontrollkomitear o.a.

Kor mange: 3

17.7.2000-98/2390

Norske Liv AS - Løyve til at fire av seks styremedlemmer i Norske Liv AS kan vere tilsette i Kredittkassen-konsernet, og at formann i styret kan veljast blant dette fleirtalet.

Heimel: forsl. § 13-8(3), jf. § 5-1 (1) 4. og 5. pkt, jf. kgl. res. 25. august 1989 nr. 825.

17.7.2000-98/6175

K-Fondsforsikring AS - Løyve til at tre av fem medlemmer kan vere tilsette i Kreditkassen-konsernet, og at formann i styret kan veljast blant dette fleirtalet.

Heimel: forsl. § 13-8 (3), jf. § 5-1 (1) 5.p.

22.11.2000-00/4177

Gjensidige Marine & Energy Insurance AS - Avslag på søknad om dispensasjon frå krav om at tilsette i eit forsikringsselskap skal vere representerte i styret i selskapet.

Heimel: forsl. § 5-1 (1), § 13-8 (3), jf. kgl. res. 25.8.1989 nr. 825.

Vedtak i samband med verdipapirhandel

Kor mange: 1

14.7.2000-98/3220

Norsk Oppgjørssentral ASA - Løyve til at Norsk Oppgjørssentral kan drive verksemd som oppgjerssentral. Verksemd som medfører risiko eller fare for interessekonfliktar som kan verke inn på evna til Norsk Oppgjørssentral ASA til å ivareta pliktene sine som oppgjerssentral, må drivast skilt frå den konsesjonspliktige verksemda.

Heimel: vphl. § 6-1 (1), jf. kgl. res. 10. juni 1997 nr. 614.

Vedtak i samband med eigedomsmekling

Kor mange: 1

27.10.2000-00/2814

Meglerne i Gågaten AS - Avslag på klage over Kredittilsynets vedtak om ilegging av dagmulkt for manglande oppfylling av rapporteringsplikta for føretak som driv eigedomsmekling.

Heimel: Eigedomsmeklingslova § 2-7 (1), jf. forskrift 20.5.1999 nr. 673, Kredittilsynslova § 10 (2).

Andre vedtak

Kor mange: 23

21.2.2000-99/6210

Privatperson - Avslag på søknad om registrering i Einingsregisteret.

Heimel: einingsregisterlova § 4 (1) c, forskrift 9.2.1996 nr. 114 § 8.

25.2.2000-99/4259

Privatperson - Avslag på klage over Noregs Bank sitt vedtak om deponering.

Heimel: deponeringslova § 1.

9.3.2000-99/6256

Norsk Luthersk Misjonssamband - Søknad om dispensasjon frå plikt til å levere rekneskap.

Heimel: rskl. § 1-2 (1) nr. 10

6.4.2000-99/4629

Hadeland Gjensidig Brannkasse - Løyve til at representantskap kan velje registrert revisor.

Heimel: forsl. § 13-8 (3), jf. § 6-2.

23.5.2000-00/1862

Privatperson - Avslag på klage over vedtak om tvangsmulkt ilagd på grunn av manglande statistikkrapportering.

Heimel: statistikklova § 2-3, jf. § 2-2 og kgl. res. 16. juni 1989 nr. 387.

15.6.2000-00/338

Privatperson - Avslag på klage over Noregs Bank sitt vedtak om at det ikkje skal leggjast til renter på det deponerte beløp i deponeringstida.

Heimel: deponeringslova § 2.

20.6.2000 - 99/4460

Skiforeningen - Avslag på søknad om avvikande rekneskapsår.

Heimel: rskl. § 1-7.

15.8.2000-00/1165

Advokatonline AS - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt vedtak om å registrere enkeltmannsføretaket N.N. Advokat i Einingsregisteret.

Heimel: einingsregisterlova § 1 (2), jf. § 17.

15.8.2000-00/890

Sameiet Gml. Drammensv. 35 - Avslag på klage over Einingsregisteret sitt pålegg om å gi opplysningar.

Heimel: einingsregisterlova §§ 5 og 6, § 2 b nr. 1, jf. folketrygdlova § 25-1.

15.8.2000-00/2106

Christiania Låsservice - Avslag på klage over registrering av Christiania Låsservice N.N. i Einingsregisteret.

Heimel: einingsregisterlova §§ 17, 1 (2), føretaksregisterlova § 5-1, firmalova §§ 3-2 og 5-1.

15.8.2000-00/2191

Odal Lydavis - Avslag på søknad om registrering i Einingsregisteret.

Heimel: einingsregisterlova §§ 19 (1).

15.8.2000-00/303

Boligsameiet Knausen - Avslag på klage over pålegg om å melde sameigarar til Einingsregisteret.

Heimel: einingsregisterlova § 16 (1).

15.8.2000-00/3096

African Musicians Union in Norway (AMUN) - Avslag på klage over vedtak om registrering av AMUN. Årsaka til klagen er usemje om kven som er styreleiar og styremedlemmer, og kven som har signatur i AMUN.

Heimel: einingsregisterlova § 1 (2).

15.8.2000-00/1910

Privatperson - Avslag på søknad om å registrere enkeltmannsføretak i Einingsregisteret fordi innehavaren er mindreårig og ikkje har høve til å drive eiga næringsverksemd, jf. verjemålslova § 2.

Heimel: einingsregisterlova § 19.

5.9.2000 - 94/4367

A. F. Klaveness & Co AS - Avslag på søknad om samtykke til å nytte sikkerheitstillegg og premiefondsmidlar som ansvarleg kapital i pensjonskassa til A.F. Klaveness & Co. AS.

Heimel: føretakspensjonslova § 10-4 (1) og (2), jf. forskrift 1.6.1990 nr. 435 (berekningsforskrifta).

5.9.2000-00/3675

Stiftelsen Steinerskolen Oslo Øst - Avslag på søknad om å følgje eit avvikande rekneskapsår.

Heimel: rskl. § 1-7 (1).

9.10.2000-00/3604

Finansnæringens Hovedorganisasjon - Godkjenning av samarbeidsavtale (avtale om etablering av eit felles EFTPOS-selskap, Bank-Axept) AS mellom finansinstitusjonar som ikkje inngår i same konsern.

Heimel: finl. § 2-7, jf. kgl. res. 10.6.1988 nr. 457.

9.10.2000-00/3604

Sparebankforeningen i Norge - Godkjenning av samarbeidsavtale (avtale om etablering av eit felles EFTPOS-selskap, Bank-Axept AS) mellom finansinstitusjonar som ikkje inngår i same konsern.

Heimel: finl. § 2-7, jf. kgl. res. 10.6.1988 nr. 457.

11.10.2000-00/894

Lovewell Blake for Seatrax UK Ltd. - Løyve til å oppbevare rekneskapsmateriale utanfor Noreg.

Heimel: rskl. § 9-1 (2), jf. forskrift 6.5.1999 nr. 544 § 6-3 (5).

2.11.2000-98/5913

Sparebankenes sikringsfond - Delvis godkjenning av søknad om vedtektsendringar.

Heimel: banksikringslova § 2-4 (3), jf. kgl. res. 6.12.1996.

2.11.2000-98/5913

Forretningsbankenes sikringsfond - Godkjenning av søknad om vedtektsendringar.

Heimel: banksikringslova § 2-4 (3), jf. kgl. res. 6.12.1996.

4.12.2000-00/2716

Thomassen Design - Avslag på klage over vedtak om avslag på søknad om fritak frå framtidige strukturundersøkingar. På det noverande tidspunktet er det ikkje fatta vedtak etter statistikklova § 2-2 om oppgåveplikt for klagar for undersøkingar som gjeld år 2000 eller seinare.

Heimel: statistikklova.

14.12.2000-00/5242

BDO International AS, på vegner av Link IT AS - Løyve til at Link IT AS får nytte avvikande rekneskapsår.

Heimel: rskl. § 1-7, jf. forskrift 19.7.1999 nr. 816 § 1.

Til forsida