2 Fråsegn frå finansminister Bosse Ringholm på vegner av dei nordiske landa i IMF og Verdsbanken og dei baltiske landa i IMF i den felles årlege diskusjonen under årsmøta til IMF og Verdsbanken, 26. - 28. september 2000
Innleiing
Herr President, eg er æra over å tale til dei felles årsmøta i 2000 på vegner av den nordisk-baltiske valkrinsen i IMF og dei nordiske medlemmene i Verdsbanken. La meg byrje med å takke dei tsjekkiske styresmaktene for at dei er vertskap for årsmøta i denne vakre og historiske byen.
Dei noverande utsiktene for verdsøkonomien er gunstige. Sterkare innføring av sunn politikk i mange land rundt i verda, så vel som framgangen ein har oppnådd i arbeidet for å ta opp svake punkt i den internasjonale finansielle arkitekturen, har gjort oss betre førebudd på å takle finansielle, makroøkonomiske og strukturelle trugsmål på eit tidleg tidspunkt. Til tross for denne oppmuntrande framgangen, må vi fortsette arbeidet slik at vi sikrar stabilitet over tid. Medan ein har gjort viktige framsteg i kampen mot fattigdom og i arbeidet for å fremme den sosiale agendaen for dei fattige i verda, har talet på menneske som lever i fattigdom auka. Verdsbanken og IMF har ei enorm oppgåve framfor seg når dei skal takle fattigdom og sosiale spørsmål, og eg ønskjer den fornya vektlegginga av desse spørsmåla velkomen.
Otta som manifesterer seg i gatene, er ei utfordring for oss som medlemmer av Bretton Woods-institusjonane og andre multilaterale institusjonar. For å møte denne utfordringa, må vi delta i ein konstruktiv, klar og balansert debatt. Vi må bli flinkare til å forklare veljarane våre kva for ei viktig rolle institusjonane speler i å hjelpe land som prøver å utnytte dei sjansane og unngå dei farane globaliseringa inneber. Vi må leggje vekt på påverknaden bidraga frå Verdsbanken og IMF har når det gjeld låneopptak frå private selskap for å fremme produktive investeringar og for å gjere land med låge eller middels inntekter mindre sårbare overfor finansielle kriser. Bretton Woods-institusjonane gir òg viktige bidrag til implementeringa av strategier for reduksjon av fattigdom som landa lagar sjølve og til å hjelpe land å bli betre integrerte i verdsøkonomien.
HIPC-initiativet er eit godt eksempel på korleis Bretton Woods-institusjonane har tatt leiinga i å takle eit vanskeleg spørsmål på ein måte som hjelper til å redusere fattigdomen. Dei landa i valkrinsen min som er med, har nettopp teke ei avgjerd om å gi eit ytterlegare bidrag til HIPC-fondet på meir enn 100 millionar USD dei neste to åra. Dei nordiske landa har så langt båre sin rettferdige byrde, og vi ventar at alle G7-landa skal gjere det same.
Vi støttar etableringa av ein formalisert prosess for etterfylling av HIPC-fondet. Truverdet vårt står på spel. Bidraget vi nyleg gav til fondet til Verdsbanken blei utløyst av avtalen ein kom fram til på u-hjelpsmøtet i Lisboa om at ein prosess for etterfylling snart Bskulle vere på plass. Vi ber Verdsbanken sørgje for at ein slik mekanisme blir etablert.
Herr President, eg er overtydd om at globaliseringa av kapitalmarknadene gir store moglegheiter for vekst og utvikling for både fattige og rike land. Likevel må tilpassinga skje på ein forsiktig måte og i riktig rekkefølgje for at vi skal kunne hauste fordelane av den globaliserte verda vi lever i i dag. Bretton Woods-institusjonene må endre seg slik at reiskapane dei har for å fremme stabilitet og hindre store kriser blir spissa.
Reform av Bretton Woods-institusjonane
Eg vil derfor fokusere på to særskilde område når det gjeld reformar av IMF og Verdsbanken: den auka rolla for standardar og involvering av privat sektor.
Utviklinga av internasjonalt aksepterte og godt utarbeidde standardar og kodar er ein opplagt og viktig oppgåve for IMF. Dei bør ha ei stadig viktigare rolle i politikkråda og lånearrangementa til IMF. Både IMF og Verdsbanken bør, innanfor mandata sine, fortsetje å arbeide for at medlemslanda skal innføre standardar ein har blitt einige om, slik som ILOs sentrale arbeidsstandardar (Core Labour Standards).
Ein må òg setje i verk passande tiltak for å hindre misbruk av det internasjonale finansielle systemet. Slike tiltak bør vere eit viktig element i arbeidet til dei internasjonale finansielle institusjonane. Der det er mogleg, bør IMF inkludere eit eige avsnitt om markedsintegritet og korrupsjon i overvakings- og programrapportane sine. Avsnittet bør òg ta opp kampen mot kvitvasking av pengar basert på informasjon og vurderingar nasjonale styresmakter og relevante organisasjonar som Financial Action Task Force on Money Laundering og OECD legg fram. Styret kunne bli spurt om å vurdere moglegheitene for ei slik involvering.
Finanskrisene i 1997 og 1998 leidde til eit velkome fokus frå Verdsbanken på strukturelle spørsmål i finanssektoren på nasjonalt nivå. Vi vil spesielt støtte den felles tilnærminga frå Verdsbanken og IMF for å løyse problem i fleire land gjennom Financial Sector Assessment Programme.
IMF har ansvar for handtering av kriser og overvaking. Verdsbanken leider arbeidet med å gi råd om strukturreformer, inkludert spørsmål om godt styresett, i finanssektoren. Det vil bidra til å gjere land mindre sårbare overfor kriser.
Fattigdomsfokuset til Verdsbanken inneheld òg eit ansvar for å hjelpe land med å dempe effektane av ei finanskrise. Valkrinsen min ønskjer velkomen at Verdsbanken fokuserer på sosialt vern i den samanhengen. Den set òg pris på IMFs arbeid for å redusere dei sosiale kostnadene ved finanskriser.
Det er avgjerande å involvere privat sektor i førebygging og handtering av internasjonale finanskriser. Passande deltaking frå privat sektor har blitt dess meir viktig ettersom sektoren har ei dominerande rolle i globale finansielle operasjonar. Vidare kan utilstrekkeleg deltaking frå privat sektor over tid leie til ein reduksjon i offentleg finansiering, inklusive frå IMF. Involvering av privat sektor burde faktisk vere eit fast innslag i alle programma til IMF, men slik at detaljane blir fastlagde i kvart einskild tilfelle.
Mot denne bakgrunnen er det viktig å fortsetje å utforske alle moglegheitene for å sikre konstruktive bidrag frå privat sektor. Ein mogleg framgangsmåte kunne vere å etablere juridiske retningsliner for velordna ordningar for frysing av gjeldsbetaling, inklusive avvegingar om ei mogleg rolle for IMF.
La meg no gå over til den framtidige rolla og dei framtidige verkemidla til Verdsbanken. Den fallande trenden i utlån frå Verdsbanken reiser spørsmål om låneinstrumenta er relevante. Ein bør ikkje neglisjere konsekvensane av dette for den finansielle styrken til Verdsbanken og for evna hans til å finansiere ei rekkje viktige initiativ.
Verdsbanken må undersøkje korleis han kan bli flinkare til å hjelpe mellominntektsland som ofte har alvorlege problem med ulikskap og fattigdom. Vi ønskjer å sjå fleksible instrumentar med ein pris og innretting som møter behova desse landa har. Vi er ivrige etter å sjå ei fornya og djupare forplikting til å fremme utvikling av privat sektor, spesielt i overgangsøkonomiane. IFC har ei særskild rolle å spele for å skaffe eigenkapitalfinansiering og fremme utanlandske private kapitalstraumer.
Ein må òg vurdere rolla Verdsbanken spelar og instrumenta han brukar i dei fattigaste landa. Lån via internasjonal u-hjelp har minka, og vi når ikkje målet om at 50 pst. skal gå til Afrika. Regional integrasjon og framveksande regionale marknader er skjøre, og det er nødvendig med støtte.
Mot denne bakgrunnen er diskusjonen som er i gang om Verdsbankens framtidige rolle og strategiske retning avgjerande, og vi ser fram til nyskapande forslag frå leiinga som ein basis for det neste møtet i Utviklingskomiteen.
Transparens
Eit anna sentralt spørsmål når det gjeld måten det internasjonale monetære og finansielle systemet fungerer på, er kor transparente eller gjennomsiktige organisasjonar og system er. Eg ønskjer velkomen dei imponerande skritta framover både Bretton Woods-institusjonane og medlemslanda har teke dei siste åra, til dømes ved å offentleggjere evalueringane IMF gir av individuelle økonomiar, styringsstrategien til Verdsbanken og Verdsbanksinstituttets arbeid med korrupsjon i enkeltland. Desse tiltaka er viktige for å lette deltaking frå den private sektoren og for å gjere innhaldet i økonomiske reformprogram allment kjent.
Eit aspekt ved transparens - eller mangel på transparens - er dei siste tilfella av misrapportering til IMF. Desse tilfella peikar på behovet for å fortsette arbeidet for å sikre ressursane til IMF. Det bør vere eit krav for å få finansiell støtte frå organisasjonen at finansielle årsmeldingar, reviderte av uavhengige revisorar i tråd med internasjonalt aksepterte standardar, blir publiserte.
Verdsbanken harforbetra seg
Eg vil vende tilbake til spørsmålet om reformar i Verdsbanken og seie at han har erkjend visse punkter der han har kome til kort og har arbeidd hardt for å overvinne dei. Valkrinsen min er ein sterk tilhengjar av det nye fokuset på fattigdomsreduksjon og partnerskap gjennom prinsippa i Comprehensive Development Framework og Poverty Reduction Strategy Papers.
Vi støttar spesielt tanken om at landa sjølve må kjenne eigarskap til utviklingsprosessen, samspelet mellom økonomiske, strukturelle og sosiale dimensjonar ved utvikling, og den auka vektlegginga av donorsamarbeid. Vi har nå ei breiare forståing av kva fattigdom er, noko som blir reflektert i The Voices of the Poor og World Development Report for 2000. I kampen mot fattigdom, må vi vere merksame på at nødvendige reformar kan truge eksisterande maktstrukturar. Verdsbanken må halde fram med arbeidet mot korrupsjon og ikkje-transparente styresett ettersom dei skader arbeidet for reduksjon av fattigdommen.
Framleis har ikkje Verdsbanken klart å ta skikkeleg omsyn til kjønnsspørsmål i operasjonane sine. Godt politikkutviklings- og intellektuelt arbeid er ikkje blitt følgd opp på det operasjonelle nivået. Ein må styrkje innsatsen for å få til ei slik oppfølging. Vi veit at kjønnsperspektivet gjer utviklingsarbeidet vårt meir effektivt og gjer at vi når dei mest sårbare av dei sårbare. Dei nordiske landa ser fram til den komande diskusjonen om ein ny kjønnsstrategi i Verdsbankgruppa. Ein World Development Report som tek opp kjønnsspørsmålet burde for lengst ha vore utarbeidd.
HIV/aidsepidemien drep fleire menneske enn konfliktar og truger med å utrydde ein heil generasjon i fleire afrikanske land. Det vi har oppnådd innan utvikling og fattigdomsreduksjon dei siste tiåra er i fare både i Afrika og Asia. Situasjonen krev umiddelbar handling frå Verdsbanken. The Global Alliance for Vaccines and Immunisation (GAVI) er eit eksempel på eit nyttig initiativ som dannar ein brei allianse mellom multilaterale institusjonar, regjeringar og den private sektoren. Men andre tiltak trengst for å halde framdrifta frå Vårmøta oppe. Konfliktar i dei fattigaste landa har viska ut utvikling gjennom mange år. Spørsmålet om passande Verdsbankinstrument og eit globalt partnerskap for å takle alle dei nemnde spørsmåla må tas opp i den komande etterfyllinga av u-hjelp.
Revisjonen av kvotesystemet
Avslutningsvis vil eg seie nokre få ord om revisjonen av kvotesystemet i IMF. Ein ny kvoteformel må gi ei fordeling av kvotar som er truverdig og akseptabel for alle medlemmene. Formelen bør helst innehalde berre økonomiske variable som det er brei oppslutning om og som har ei tett tilknyting til måla og arbeidet til IMF. Kvoten eit land har i IMF bør bli styrt av evna landet har til å bidra til IMFs ressursar, så vel som av faktorar som heng saman med behovet landet kan ha for å låne i IMF.
Konklusjon
Herr President, Bretton Woods-institusjonane har ei avgjerande rolle å spele i å styre globaliseringa slik at ho gir fordelar til alle land og alle menneske. Verdsbanken og IMF har innsett at dei må gjere reformar. Arbeid gjenstår, og vi ser fram til å arbeide saman for å sikre global makroøkonomiske og finansiell stabilitet og for å hjelpe dei fattige i innsatsen deira for å hauste fordeler av globaliseringa.
Takk skal dykk ha.