St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

4 Verksemda i Noregs Bank i 2000

4.1 Årsmeldinga for 2000

Årsmeldinga 2000 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 14. mars 2000. Etter § 28 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)» skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje det fram for Kongen og gjere det kjent for Stortinget. Etter § 5 i instruks skal Riksrevisjonen sende «et eksemplar av de i § 2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 siste ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter instruks fastsatt av Stortinget». Stortinget har fastsett ein slik instruks 10. april 1987 «for Riksrevisjonens kontroll vedrørende Norges Bank». Etter § 2 i denne instruksen «skal statsråden, snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:

  1. Bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  2. Hovedstyrets årsberetning

  3. Representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken

  4. Statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»

Dokumenta som er nemnde i instruksen § 2 nr. 1-3, blir sendt av departementet til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Tidlegare har departementet lagt til grunn at instruksen § 2 nr. 4 blir oppfylt ved at dei forholda som § 2 nr. 4 tek opp, blir omtala i samband med at den årlege Kredittmeldinga blir lagd fram om hausten. I brev til Finansdepartementet 15. mars 2001 ba Riksrevisjonen om at statsråden sin omtale som nemnd i instruksen § 2 nr. 4 skulle bli sendt til Riksrevisjonen ein månad etter at Noregs Bank sitt årsrekneskap er motteken i departementet. Brevet i frå Riksrevisjonen gjorde det nødvendig å gå nærare inn i kva som skal reknast som «statsrådens myndighetsutøvelse». Dette inneber kompliserte juridiske spørsmål, sidan statsråden i utgangspunktet har avgrensa tilgang til å utøve myndigheit overfor Noregs Bank. I sitt brev til Riksrevisjonen 7. september 2001 går Finansdepartementet gjennom dei ulike måtar «myndighetsutøvelse» kan tolkast på. Etter departementet sitt syn skal «myndighetsutøvelse» omfatte dei instrukser som Kongen i statsråd fastsett med heimel i sentralbanklova § 2 fjerde ledd. Departementet gav uttrykk for meir tvil om ei avgjerd om ikkje å instruere Noregs Bank skal reknast som «myndighetsutøvelse». Etter departementet sitt syn var det uansett nyttig at Riksrevisjonen mottek informasjon også i slike saker. Det blei lagd til grunn at statsråden sin omtale om myndighetsutøvelse mest praktisk kunne oppfyllast ved at Riksrevisjonen får gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i slike saker som nemnd ovanfor (saker om instruksjon og saker kor en unnlet å instruere).

4.1.1 Leiing og administrasjon

4.1.1.1 Hovudstyret

Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 21 møte i 2000. Boks 4.1 viser samansetjinga av hovudstyret i 2000.

Boks 4.1 Hovudstyret i Noregs Bank

Hovudstyret var i 2000 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar

Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar

Konsulent Esther Kostøl, 1998-2001 (nestleiar Eystein Gjelsvik)

Administrerande direktør Torgeir Høien, 1998-2001 (advokat Ingfrid O. Tveit)

Dagleg leiar Sylvi Røssland Sørfonn, 2000-2003 (revisor Tore Johansen)

Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, 1998-2001 (fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik)

Konsernsjef Trond R. Reinertsen, 2000-2003 (konsulent Kari Olrud Moen)

Representantar for dei tilsette:

Mekanikar Espen Halvorsen (fullmektig Marit Hoftvedt Moe)

Avdelingssjef Sonja Blichfeldt Myhre (fullmektig Arne Ege)

4.1.1.2 Representantskapet

Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar, jf. sentralbanklova § 7. Boks 4.2 viser samansetjinga av representantskapet i 2000.

Boks 4.2 Representantskapet i Noregs Bank

Representantskapet var i 2000 samansett slik (vararepresentantar i parentes):

Skolesjef Mary Kvidal, leiar, 1998-2001 (informasjonssjef Bjørnar Olsen)

Skipsreiar Jens Marcussen, nestleiar, 1998-2001 (avdelingsleiar Nils-Olav Skilbred)

Dagleg leiar Solveig Nordkvist Haugerud, 2000-2003 (kommunalråd Monica Mæland)

Varaordførar Terje Ohnstad, 2000-2003 (lærar Ragnhild Weiseth)

Sekretær Berit I. Hultmann, 1998-2001 (fagopplæringssjef Frode R. Svendsen)

Fylkeskultursjef Hanne Varhaug Søberg, 2000-2003 (avdelingsleiar Bjørn Arild Gram)

Ass. fylkeshelsesjef Veslemøy Rabe, 2000-2003 (student Camilla Bakken Øvald)

Husmor Reidun Romfo, 2000-2003 (ordførar Rigmor Aasrud Jahren)

Fylkesutdanningssjef Johan Solheim, 2000-2003 (salssjef Armand Bjørnholt)

Advokat Morten Steenstrup, 2000-2003 (direktør Søren Fredrik Voie)

Kontorleiar Aslaug Mildrid Sofie Eriksen, 1998-2001 (prosjektdirektør Odd Erik Hansgaard)

Cand.oecon Hans Hammond Rossbach, 1998-2001 (sikkerheitskonsulent Olav Pedersen)

Grosserar Hakon Lunde, 1998-2001 (distriktsbanksjef Dag Sandstå)

Rektor Per Aas, 1998-2001 (ordførar Trude Brosvik)

Konsulent Kåre Harila, 2000-2003 (fylkespolitikar Unni Hennum Lie)

4.1.1.3 Personalet

Som tabell 4.1 viser, hadde Noregs Bank ved utgangen av 2000 til saman 1086 heil- og deltidstilsette, noko som innebar ein samla nedgang på 68 i høve til 1999. Same året auka talet på tilsette i Noregs Bank Kapitalforvaltning med tolv, slik at denne verksemda, som forvaltar Statens petroleumsfond på vegner av Finansdepartementet, ved utgangen av 2000 hadde 91 tilsette. Då Den Kongelege Mynt (DKM) 1. januar 2001 blei skild frå Noregs Bank og etablert som eige aksjeselskap (DKM AS), gjekk talet på tilsette i Noregs Bank ned med ytterlegare 48.

Tabell 4.1 viser fordelinga av dei fast tilsette i banken på hovudkontoret og andre einingar.

Tabell 4.1 Fordeling av dei fast tilsette i Noregs Bank på hovudkontoret og i andre einingar1

19961997199819992000
Hovudkontoret599594629657643
Avdelingane utanfor Oslo424397375366337
Seteltrykkeriet og den Kongelege Mynt159151149131106
Sum1 1821 1421 1531 1541 086

1 Tala i tabell 4.1 er henta frå lønssystemet til Noregs Bank, og viser kor mange personar som var tilsette i Noregs Bank per 31. desember 2000. Tala er mellom anna påverka av talet på deltidstilsette, og av at det ofte går litt tid frå ein sluttar i ei stilling og til den neste tek til. Tala let seg derfor ikkje samanlikne direkte med den faktiske bruken av årsverksressursar gjennom året.

Kjelde: Kjelde: Noregs Bank

4.1.1.4 Bruken av ressursar i Noregs Bank

Noregs Bank har i brev 26. juni 2001 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken. Der står det mellom anna:

«Noregs Bank legg stor vekt på at verksemda i banken skal vere kostnadseffektiv. Alle delar av banken skal ha god evne til omstilling. Dei siste åra har særleg vore prega av arbeidet med å omstille setel- og myntområdet frå ein forvaltningsorganisasjon til ei verksemd som skal drivast på forretningsmessige vilkår.

Den Kongelege Mynt vart skilt ut som aksjeselskap - DKM AS - frå 1. januar 2001. Omlegginga har bakgrunn i at DKM gjennom dei siste åra har utvikla ei relativt omfattande næringsverksemd. Produksjon av norsk mynt for Noregs Bank er framleis ei hovudoppgåve, men verksemda produserer òg medaljar, minnemynt og liknande for den private marknaden. Det nye selskapet er heileigd av Noregs Bank med ein aksjekapital på 25 millionar kronar. Ved etableringa vart 48 medarbeidarar overførte frå Noregs Bank til det nye DKM AS. Produksjonsverksemda held elles fram i dei same bygningane på Kongsberg, og bygningane vart i juni 2001 selde til selskapet.

For den andre produksjonsverksemda, Noregs Banks Seteltrykkeri (NBS), har det vore stadig nedgang i verksemda. Produksjonen av frimerke er avvikla, og talet på tilsette vart i 2000 redusert frå rundt 80 til om lag 60 årsverk. Produksjonen av norske pass vert truleg lagd ned i 2002. Dette vil føre til ein ytterlegare reduksjon i talet på tilsette i seteltrykkeriet. På same måte som for DKM må òg NBS sin framtidige situasjon vurderast. Etter at hovudstyret drøfta saka 25. april 2001, er det lagt til grunn at verksemda i seteltrykkeriet vert avgrensa til produksjon av norske setlar, og at verksemda held fram som ei eining i Noregs Bank.

For å redusere kostnadene og få ei meir effektiv samla verksemd innanfor kontanthandsaminga har det vore naudsynt å redusere talet på distriktsavdelingar. Slik det vart gjort greie for i den førre kredittmeldinga, gav representantskapet i september 2000 si tilslutning til forslaget frå hovudstyret om å leggje ned avdelingane i Vardø, Hammerfest, Bodø, Ålesund og Fredrikstad, og i tillegg kassekontoret i Haugesund. Representantskapet la i vedtaket mellom anna til grunn at «avdelingene i Finnmark skal opprettholdes som sentralbankdrevne depot i egen regi ut fra regionalpolitiske vurderingar, inntil arbeidsoppgaver som beskrevet i hovedstyret sitt brev 30.08.00 er overført til Finnmark. (..) For at tjenestetilbudet til bank/post i Øst- og Vest-Finnmark samt Nordland skal vere tilfredsstillende, vil det i Vardø, Hammerfest og Bodø bli opprettet depoter i samarbeid med privat bank. Behandling av sedler og mynt fra de bankdrevne depotene i Finnmark og Nordland vil foregå i Tromsø avdeling.»

Distriktsavdelingane i Vardø og Hammerfest vart lagde ned i februar 2001. I samarbeid med Sparebanken Nord-Norge er det oppretta depot i dei to Finnmarks-byane. Noregs Bank held lokala, medan sparebanken nyttar eige personale til verksemda. I dei tidlegare lokala til Bodø avdeling vert det arbeidd med å etablere eit tredje depot i samarbeid med ein privat bank. For å dempe verknadene av at arbeidsplassar gjekk tapt, vart sentralbordet for Noregs Bank og nokre arkivfunksjonar flytte frå hovudkontoret i Oslo til Vardø våren 2001. Dette vil gje fem til sju arbeidsplassar i Vardø i tida framover. Også verksemda ved kassekontoret i Haugesund er lagd ned, og bygningen seld våren 2001. Avdelingskontora i Ålesund og Fredrikstad vert båe lagde ned 1. juli 2001, og representantskapet godkjende i juni 2001 at bygningane kan seljast.

Omstillingstiltak og avvikling av verksemda ved dei fem distriksavdelingane får konsekvensar for dei tilsette som vert råka. For å dempe desse verknadene har banken tatt i bruk ulike personalpolitiske tiltak. I 2000 fekk om lag hundre tilsette innvilga søknad om avgang ved bruk av slike personalpolitiske verkemiddel i omstillingshøve. Dette er hovudårsaka til at talet på tilsette i banken gjekk ned med 68 medarbeidarar frå 1154 ved utgangen av 1999 til 1086 ved utgangen av 2000. Den vesentlege reduksjonen som følgje av omstillingane vil likevel kome i 2001 og 2002.

Samstundes har det vore ein viss vekst i delar av verksemda: Ved inngangen til 2001 hadde Noregs Bank Kapitalforvaltning 91 tilsette, noko som er ein auke på 12 frå året før.

Dei attverande sju distriktsavdelingane vart i 2000 organiserte som ei eiga resultateining. Som Noregs Bank gjorde greie for i foreleggingsbrevet til Finansdepartementet 18. januar 2001, har det sidan hausten 2000 vore arbeidd med sikte på å organisere desse avdelingane i eit eige aksjeselskap saman med dei private bankane. Frå Noregs Bank si side har ein lagt særleg vekt på at eit slikt felles selskap med bankane vil kunne bidra til ei strukturrasjonalisering innanfor kontanthandsaminga, og at alternativet for sentralbanken elles ville vere å avvikle forretningsverksemda også ved desse distriktsavdelingane. Det har våren 2001 vore forhandla med ei rekkje bankar og samanslutningar av bankar, for å avklare grunnlaget for eit slikt felles selskap.

I møte 14. juni 2001 gav representantskapet i Noregs Bank, under visse føresetnader, si tilslutning til at Noregs Bank deltek i eit felles aksjeselskap saman med bankane. Under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett den 15. juni 2001 tok Stortinget Finansdepartementet si orientering om saka til orientering, og i brev til Noregs Bank 18. juni 2001 går det fram at Finansdepartementet ikkje har innvendingar i saka. Etter at også styringsorgana i dei deltakande bankane har fatta dei naudsynte vedtaka, vart det klart at ein kunne skipe selskapet som planlagt, og konstituerande generalforsamling vart halden 21. juni. Etableringa av AS Kontanthandtering inneber at dei resterande sju distriktsavdelingane i Noregs Bank vert avvikla frå og med 1. juli 2001, og at om lag 300 medarbeidarar i Noregs Bank frå same tidspunkt går over i det nystifta selskapet. Noregs Bank vil eige minst 33,5 prosent av aksjane. Aksjekapitalen er sett til 50 millionar kroner. Dei deltakande partane i tillegg til Noregs Bank vert Den norske Bank ASA, Gjensidige NOR Sparebank, Fokus Bank ASA, Sparebank 1-gruppen, Nordlandsbanken ASA og Terra-gruppen AS. Utferding av setlar og mynt er det framleis Noregs Bank som skal gjere, medan andre funksjonar, som forsyning, destruksjon, innløysing og innskot/mottak av betalingsmiddel, skal overførast til selskapet.

For ein vidare omtale av ressursbruken i Noregs Bank viser ein elles til banken si årsmelding for 2000.»

Departementet viser til dei omleggingane Noregs Bank har gjort for å sikre ei effektiv ressursutnytting. Ein er innforstått med at det kan vere naudsynt med ein auke i ressursbruken innanfor kapitalforvaltninga i Noregs Bank i samband med oppbygginga av petroleumsfondet.

4.1.2 Nærare om verksemda til Noregs Bank i 2000

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremme eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Det følgjande er ei kort framstilling av verksemda i 2000, som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

4.1.2.1 Pengepolitikken

Forskrifta om kursordninga for krona frå 6. mai 1994, som gjaldt i 2000, gav Noregs Bank i oppgåve å halde ein stabil kronekurs mot europeiske valutaer. Banken definerte europeiske valutaer som euro frå januar 1999.

Retningslinene for pengepolitikken blei endra ved forskrift av 29. mars 2001, jamfør St.meld. nr. 29 (2000-2001) «Retningslinjer for den økonomiske politikken». På bakgrunn av dei nye retningslinene skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i verdien av den norske krona, nasjonalt og i forhold til handelspartnarane våre. Samstundes skal pengepolitikken støtte opp om budsjettpolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. I den nye forskrifta om pengepolitikken heiter det vidare: «Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent.»

I Noregs Bank sitt brev til Finansdepartementet frå 27. mars 2001 står det mellom anna: «Norges Bank har på grunnlag av sitt nåværende mandat innrettet virkemidlene i pengepolitikken med sikte på å bringe pris- og kostnadsveksten ned mot den stigningen Den Europeiske Sentralbanken sikter mot.» Det heiter òg: «I lys av utviklingen de senere årene kan de nye retningslinjene gjøres gjeldende uten at det i seg selv vil føre til vesentlige endringer i hvordan pengepolitikken utøves.»

Hovudstyret i Noregs Bank har regelmessig drøftingar av pengepolitikken. Fram til juni 2000 blei pengepolitikken drøfta ein gong i månaden. Deretter har hovudstyret hatt rentemøte kvar sjette veke. Eventuelle vedtak om endringar i renta eller andre viktige omleggingar av bruken av verkemidla blir i normale høve fatta i desse møta.

Hovudstyret i Noregs Bank fastset rentesatsane på dagsinnskota og dagslåna som bankane har i Noregs Bank. Renta på dagsinnskot, foliorenta, er Noregs Bank si styringsrente. I normale høve ligg dei heilt kortsiktige rentene i pengemarknaden nære foliorenta. Rentene i penge- og kapitalmarknadene verkar på kronekursen, prisane på verdipapira, bustadprisane og på etterspurnaden etter lån og investeringar. Endringar i Noregs Bank si rente kan òg verke inn på forventningane om framtidig inflasjon og økonomisk utvikling. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonsforholda og på prisar og løner.

I årsmeldinga til Noregs Bank for 2000 skriv hovudstyret: «På bakgrunn av ny informasjon om den økonomiske utviklingen og endrede utsikter for pris- og kostnadsveksten, endret Norges Bank sitt syn på renteutviklingen i første kvartal 2000. I perioden 12. april til 20. september vedtok hovedstyret fire ganger å øke styringsrentene med til sammen 1,50 prosentpoeng, fordelt på to ganger 0,25 prosentpoeng og to ganger 0,50 prosentpoeng. Ved utgangen av året var foliorenten 7 prosent.» Kronekursen mot euro blei svekt frå 8,06 til 8,23 gjennom året. Noregs Bank har drøfta utøvinga av pengepolitikken nærare i årsmeldinga si for 2000. Her finn ein òg oversikt over brev og fråsegner frå Noregs Bank.

Noregs Bank vurderer i årsmeldinga for 2000 utøvinga av pengepolitikken og resultata som er nådd slik: «Gitt det beslutningsgrunnlaget banken rådet over i 1999, var det grunn til å tro at det ville bli en vekstpause i norsk økonomi, og at pris- og kostnadsveksten ville falle. I tillegg var det internasjonale finansmarkedet skjørt som følge av de mange finansielle krisene året før. Etter hvert som informasjonen om økt vekst i Norge og internasjonalt ble tilgjengelig, samtidig som pris- og kostnadsveksten ble høyere enn ventet, ble renten hevet. Dette så ved utgangen av 2000 ut til å ha bidratt til å stabilisere utviklingen i kronekursen, utsiktene for prisstigningen og veksten i den samlede etterspørselen i norsk økonomi.»

Noregs Bank intervenerte ikkje i valutamarknaden i 2000. I brevet til Finansdepartementet 17. desember 1999 om den økonomiske politikken i 2000 heiter det at «Norges Bank har dårlige erfaringer med omfattende kjøp eller salg i valutamarkedet for å påvirke kronekursen. Dersom sentralbanken er tungt inne med støttekjøp, har det lett for å oppstå en spillsituasjon der markedsaktørene oppfatter sentralbankens intervensjoner som en interessant profittmulighet». Banken kan likevel bruke intervensjonar i avgrensa omfang og har beredskap til å kunne intervenere i valuta- og pengemarknaden på kort varsel. Til dette formålet har banken likviditetsporteføljen (sjå punkt 4.1.2.5 Kapitalforvaltning), som i mesteparten av 2000 var på om lag 30-35 milliardar kroner. Dei andre valutareservane kan òg nyttast til intervensjonar om tilhøva i valutamarknaden skulle tilseie det. Ordninga med at Noregs Bank kjøper valuta på dagleg basis til oppbygging av Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond, blei ført vidare i 2001. I 2000 kjøpte Noregs Bank brutto utanlandsk valuta tilsvarande 52 900 millionar kroner. Ordninga med direkte overføringar til Noregs Bank av valutainntekter som staten tek imot gjennom statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), er òg ført vidare i 2001.

Likviditetspolitikken skal syte for at rentevedtaka i hovudstyret får breitt gjennomslag i dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Dette oppnår ein ved å bruke dei likviditetspolitiske verkemidla til Noregs Bank slik at den marginale dagsrenta i banksystemet blir lik renta på dagsinnskot i Noregs Bank (foliorenta). Foliorenta er dermed den pengepolitiske styringsrenta.

Dei viktigaste likviditetspolitiske instrumenta er fastrentelån (F-lån) som er pantesikra, og fastrenteinnskot (F-innskot). F-lån blir nytta for å tilføre likviditet til bankane, medan F-innskot blir nytta til å binde midlar i sentralbanken. F-lån og F-innskot har normalt ei løpetid på mellom ein og fem dagar og renta blir fastsett ved ordinær auksjon.

4.1.2.2 Betalingssystem og betalingsmiddel

Noregs Bank har oppgåver knytte til betalingssystema som heilskap. Noregs Bank står for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane og for pengeoppgjer i verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til statens økonomiforvaltning. Som setelbank står Noregs Bank for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.

Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan ha store samfunnsøkonomiske konsekvensar og kostnader. Noregs Bank har lagt særleg vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema. I 2000 sette Noregs Bank i verk ei undersøking av risikoen i dei ulike nettoavrekningane som blir gjorde opp i Noregs Bank. Undersøkinga viste at eksponeringane generelt er på eit nivå som deltakarane kan handtere. Det viste seg også at ein har fått redusert risikoen mykje ved hyppigare nettooppgjer og kontinuerleg oppgjer av einskilde transaksjonar i Noregs Bank sitt oppgjerssystem.

Noregs Bank fekk gjennom lov om betalingssystem mv. av 17. desember 1999 større fullmakter til å sikre at betalingssystema er organiserte slik at omsynet til finansiell stabilitet blir ivareteke. Denne lova blei sett i kraft 14. april 2000. Lova innfører konsesjonsplikt for etablering og drift av interbanksystem, som er system for avrekning, oppgjer eller overføring av pengar mellom kredittinstitusjonar. Noregs Bank er gitt konsesjons- og tilsynsansvar for interbanksystema. Interbanksystem som var i verksemd då lova blei sett i kraft, måtte søkje om godkjenning innan utgangen av 2000. Noregs Bank fekk i første omgang seks søknader. Den 14. mars 2001 vedtok Noregs Bank å godkjenne banknæringa sitt felles avrekningssystem (NICS) og avreknings- og oppgjerssystemet til Gjensidige NOR Sparebank. I konsesjonsbehandlinga er det teke omsyn til om systema oppfyller internasjonale tilrådingar. Noregs Bank skal føre tilsyn med dei godkjende systema. Fire mindre system fekk fritak frå konsesjonsplikta. I tillegg vedtok Noregs Bank 6. juni å gi konsesjon til Den norske Bank for etablering og drift av eit planlagt oppgjerssystem for mindre bankar.

Noregs Bank er oppgjersbank for pengetransaksjonar i samband med den såkalla NICS-masseavrekninga, der mellom anna giroar, betalingar med kort og sjekkar er med. Bankane har i 2000 endra rutinane sine for å redusere risikoen knytt til oppgjeret. Banken til betalingsmottakar godskriv ikkje lenger kunden sin konto før oppgjer er motteke frå banken til kunden som sende betalinga. Slik blir ein stor del av kredittrisikoen i samband med dette oppgjeret fjerna. For å unngå at mottakaren må vente lenge på godskrivinga, innførte Noregs Bank frå 26. juni 2000 derfor eit ekstra masseoppgjer på morgonen.

Noregs Bank deltek i samarbeidet mellom sentralbankane for å redusere risikoen knytt til betalingssystema. I 2000 gjekk dette arbeid særleg ut på å følgje utviklinga av eit nytt internasjonalt oppgjerssystem for valutatransaksjonar, Continuos Linked Settlement (CLS). Noregs Bank arbeider for at norske kroner skal bli omfatta av systemet og på det viset redusere den oppgjersrisikoen norske bankar tek i samband med valutahandel. Ei undersøking Noregs Bank gjennomførte i 2000, synte at norske bankar tek på seg store eksponeringar i samband med valutahandel, og at desse i nokre tilfelle samla utgjer meir enn tre gonger eigenkapitalen til dei involverte bankane.

For å effektivisere og tilpasse arbeidet i Noregs Bank med beredskap i finansiell sektor vedtok hovudstyret i oktober 2000 å etablere eit nytt beredskapsutval for finansiell infrastruktur (BFI). Vedtaket blei fatta i samråd med Finansdepartementet og sentrale aktørar i finansiell sektor. Beredskapsutvalet, som erstattar fleire andre beredskapsorgan i finansiell sektor, har to hovudoppgåver: (i) kome fram til og samordne tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan føre til stor uro i den finansielle infrastrukturen, og (ii) samordne nødvendige beredskapssaker innanfor finansiell sektor, mellom anna samordne utarbeiding og iverksetjing av varslingsplanar og beredskapstiltak ved tryggingspolitiske kriser og krig på grunnlag av sivilt beredskapssystem. Beredskapsutvalet har leiing og sekretariat i Noregs Bank og deltakarar frå mellom anna Kredittilsynet og sentrale aktørar i finansiell sektor.

Etter sentralbanklova har Noregs Bank ansvaret for utgiving og destruksjon av setlar og mynt. Noregs Bank arbeider for å effektivisere sentralbanken si rolle i forsyningssystemet for kontantar. Eit ledd i dette arbeidet er å skilje klarare mellom dei oppgåvene Noregs Bank er pålagd etter lova, og tenester som blir utførte for bankane. I 2000 blei det arbeidd vidare med å skilje ut kontanthandteringa i ei separat eining som driv etter forretningsmessige prinsipp. Eininga skal utføre sentralbankoppgåver på oppdrag frå Noregs Bank, og andre handteringstenester på oppdrag frå private bankar. Handteringstenestene blir prissette, og bankane ber dermed kostnadene som er knytte til oppdraga deira, noko som er med på å effektivisering av kontanthandteringa.

Sett i høve til verdien av privat konsum har det vore ein nedgang i setlar og mynt i omløp sidan 1995, og i 2000 var det i gjennomsnitt setlar og mynt for om lag 43,6 milliardar kroner i omløp. Forholdet mellom dei ulike valørane i setelomløpet har endra seg mykje. Det mest tydelege er nedgang for valøren 100 kroner og auke for valør av 200 kroner og 500 kroner. 1000-kronesetelen står framleis for den høgaste delen av setelomløpet rekna i verdi, endå om det har vore ein markert nedgang dei seinare åra. 20-kronemynten aukar framleis sin del av myntomløpet, og utgjorde 28 prosent av myntomløpet rekna i verdi ved utgangen av 2000.

4.1.2.3 Finansmarknaden og den finansielle strukturen

Noregs Bank har eit ansvar for å medverke til robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem, dvs. medverke til finansiell stabilitet. Skulle det oppstå ein situasjon der sjølve det finansielle systemet er truga, vil Noregs Bank, i samråd med andre styringsorgan det vedkjem, vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å sikre tilliten til det finansielle systemet.

Det førebyggjande arbeidet sentralbanken driv i tilknyting til finansiell stabilitet, er tredelt. For det første arbeider sentralbanken med å redusere risikoen i betalingssystema og gjere dei meir robuste. Vidare driv Noregs Bank overvaking av faktorar som kan ha noko å seie for finansiell stabilitet. I tillegg vurderer ein kva verknad pengepolitikken og resten av den økonomiske politikken har på den finansielle stabiliteten.

Sidan 1995 har Noregs Bank utarbeidd rapportar som gir ei samanfattande framstilling av situasjonen i finansiell sektor og utsiktene framover. Arbeidet omfattar både analysar av utviklinga i finansinstitusjonane, særleg bankane, og av samanhengen mellom makroøkonomiske utviklingstrekk og utviklinga i finansiell sektor. Analysar av den finansielle stillinga til hushald og føretak er viktige element i dette arbeidet. Overvakinga av internasjonale tilhøve blei trappa opp i 2000. Rapportane blir drøfta med Finansdepartementet og Kredittilsynet. Gjennom 2000 har ikkje Noregs Bank funne grunnlag for å gjere framlegg om at andre myndigheiter må setje i verk spesielle tiltak med sikte på å redusere faren for systemproblem.

Noregs Bank gir tilrådingar til Finansdepartementet og Kredittilsynet i samband med høyringar om lover, føresegner og anna regelverk for finansinstitusjonane og finansmarknadene. Som hovudregel ber dessutan Kredittilsynet Noregs Bank om å gi tilråding i saker som gjeld søknader frå dei enkelte finansinstitusjonane om nyetablering, oppkjøp, fusjon, o.a. I dei seinare åra har Noregs Bank i aukande grad konsentrert ressursinnsatsen om saker som har noko å seie for den finansielle stabiliteten. Dette inneber at sentralbanken i første rekkje uttalar seg om saker knytte til dei sentrale delane av regelverket og enkeltsaker som har tilknyting til dei største finansinstitusjonane. Ved vurdering av søknadene legg Noregs Bank særleg vekt på omsynet til konkurranse, soliditet og organisering. Dei viktigaste sakene som blei handsama i 2000, er omtalen i årsmeldinga frå sentralbanken, som følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank har følgt den ordninga som er etablert gjennom tidlegare år. Noregs Bank er representert med ein observatør i styret i Kredittilsynet. Det er nær og regelbunden kontakt mellom leiingane i dei to institusjonane, der mellom anna gjennomgang av den økonomiske situasjonen og utviklinga i finansinstitusjonane er faste tema. Dette samarbeidet er det gjort nærare greie for i punkt 4.1.2.6 «Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank».

4.1.2.4 Statistikkarbeid og kontrolloppgåver

Noregs Bank samarbeider nært med Kredittilsynet, Statistisk sentralbyrå og Verdipapirsentralen om datainnhenting og utarbeiding av statistikk for kreditt- og verdipapirmarknaden. Datamaterialet blir først og fremst nytta til Noregs Bank sitt arbeid med pengepolitikken og finansiell stabilitet. Noregs Bank står for arbeidet med å oppdatere og halde ved like den sentrale databasen for mellom anna bankstatistikk (FIKS-basen), som også blir nytta av Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå. Banken hentar inn, kontrollerer, legg til rette og publiserer den mest detaljerte statistikken for bankar, statlege låneinstitutt, finansieringsselskap, kredittføretak og verdipapirfond. Banken har starta eit arbeid med å betre og automatisere datainngangen frå rapportørane. Eit resultat av dette arbeidet er at ein no nyttar banken si heimeside på Internett som det viktigaste mediet for å gi finansføretaka informasjon som er relevant for rapporteringa.

Primærstatistikken for bankar og andre finansføretak er hovudgrunnlaget for dei månadlege indikatorane for kredittutviklinga (kredittindikatorane) og utviklinga i pengemengda, og for utarbeiding av kvartalsvise finansielle sektorbalansar. Noregs Bank hentar kvart kvartal inn renterapportar frå alle bankar, livsforsikringsselskap, kredittføretak og statlege låneinstitutt. Rapportane gir rente- og provisjonssatsar per utgangen av kvartalet for spesifiserte utlåns- og innskotsartar. Verdipapirsentralen (VPS) er ei svært viktig datakjelde for å kartleggje finansielle eigedelar og straumar mellom institusjonelle sektorar for dei finansobjekta som er registrerte der, dvs. børsnoterte aksjar, obligasjonar, sertifikat og grunnfondsbevis som er lagde ut i Noreg. Basert på slike oppgåver frå VPS kvart kvartal lagar Noregs Bank statistikkar over dei finansobjekta som er registrerte i VPS, fordelte på eigar- og utferdarsektorar og transaksjonar mellom sektorane.

Valutastatistikken gir hovudgrunnlaget for utanriksrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer kvar månad. Det meste av informasjonsgrunnlaget er faste rapportar om betalingar mellom Noreg og utlandet, samt behaldningar, dels frå norske bankar og dels frå føretak som har konto i utanlandske bankar eller oppgjersordning med utanlandske selskap. I mars 2000 blei Noregs Bank si forskrift om valutaregulering endra, og då blei det utvida høve til å gi fritak frå rapportplikt for konti i utanlandske bankar og for andre oppgjersordningar med utlendingar.

Hausten 1999 starta eit utgreiingsarbeid for å vurdere alternative framtidige rapportsystem for valutastatistikken. Endringane i valutastatistikksystemet kjem til å endre grunnlaget for Noregs Bank sitt samarbeid med kontrollinstitusjonane (Skatte- og tolletaten og Økokrim). Det detaljerte datagrunnlaget som desse etatane ønskjer tilgang til, fell bort. På bakgrunn av utgreiingsarbeidet starta banken ein dialog med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å endre arbeidsdelinga for innsamling av data til utanriksrekneskapen. Utfallet av desse diskusjonane er presentert i eit felles brev frå SSB og Noregs Bank til Finansdepartementet datert 17. januar 2001. Finansdepartementet har teke den nye arbeidsdelinga til etterretning i brev av 13. mars 2001. Det blir lagt opp til overgang til nytt system for innsamling av data til utanriksrekneskapen innan 2005. SSB har iverksett utgreiing av korleis ein vil henta inn opplysningar om føretaka sine økonomiske samkvem med utlandet (UT-prosjektet). Ein legg til grunn at det nye systemet vil bli basert på direkte rapportar frå føretaka. Noregs Bank vil også i framtida ha ansvaret for å hente inn data frå dei finansielle føretaka og medverkar i utgreiinga gjennom deltaking på fleire felt.

Statistikkrapporteringa frå Noregs Bank til internasjonale organisasjonar har auka dei siste åra, og det kjem stadig nye krav og ønske om meir data frå slike organisasjonar. Banken rapporterer til Bank for International Settlements (BIS), Den europeiske sentralbanken (ESB), Eurostat, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Noregs Bank tek del i fora der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer mellom anna i Eurostat sin Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne komiteen, der Noreg tek del i samsvar med EØS-avtalen. Noreg slutta seg til IMF sin standard for dataspreiing, SDDS, i 1996. Standarden stiller omfattande krav til statistikkproduksjonen i deltakarlanda når det gjeld dekning, kvalitet, frekvens, aktualitet og tilgang. I første halvår av 2000 begynte Noregs Bank å publisere meir detaljerte data om valutareservar og valutalikviditet på bakgrunn av nye SDDS-krav.

Noregs Bank sine faste oppgåver på valutaregulerings- og kontrollområdet gjeld blant anna samarbeidet med kontrollinstitusjonane (Skatte- og tolletaten og Økokrim) og arbeid i samband med oppfølging og kontroll knytt til EU-tiltak og sanksjonar som Dei sameinte nasjonane (FN) har vedteke mot andre land. Talet på førespurnader frå kontrollinstitusjonane var 966 i 2000 mot 928 i 1999. Med dette som utgangspunkt er det søkt på 1589 namngitte føretak eller privatpersonar.

Norske styresmakter har vedteke forskrifter som set i verk FN-sanksjonar om økonomisk boikott av land og/eller landområde. I samband med dette har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensorgan for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. I 2000 har Irak og Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) vore omfatta av FN-sanksjonar. Når det gjeld Libya, blei sanksjonane mellombels oppheva med verknad frå 5. april 1999. For FRJ sin del omfatta FN-sanksjonane i 2000 berre innskot eller tilsvarande plasseringar i Noreg gjort av offisielle jugoslaviske styresmakter eller av juridisk person som er ått eller kontrollert av FRJ. Desse sanksjonane blei oppheva med verknad frå 1. november 2000. Noregs Bank har i 2000 ikkje motteke søknader om overføring til Irak. Stortinget vedtok 25. juni 1999 lov om særlege tiltak mot FRJ. Med heimel i denne lova vedtok Regjeringa 6. august 1999 forskrift om gjennomføring av tiltaka. I samband med dette har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensorgan for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. Alle transaksjonar som det blir søkt om å få gjennomføre i tråd med unntaksreglane i forskrifta, må på førehand godkjennast av Noregs Bank. Det er i 2000 behandla 121 søknader om overføring av midlar til Den føderale republikken Jugoslavia.

4.1.2.5 Kapitalforvaltning

Noregs Bank Kapitalforvaltning (KAP) forvaltar Statens petroleumsfond med grunnlag i lov av 22. juni 1990 nr. 36. Marknadsverdien av fondet sin portefølje av utanlandske verdipapir var ved slutten av 1999 på 222,3 milliardar kroner. Til saman 150 milliardar kroner blei overførte frå Finansdepartementet i 2000. Avkastninga i norske kroner var på 6,5 prosent, og 31. desember 2000 var fondet sin marknadsverdi på 386,1 milliardar kroner.

Forvaltninga i 2000 var i tråd med forskrifta som blei fastsett av Finansdepartementet 3. oktober 1997, med heimel i § 7 i lov 22. juni 1990 nr. 36 «Om Statens petroleumsfond», og seinast endra 4. oktober 2000. Frå 1. januar 2000 blei sju nye land tekne med i investeringsuniverset for eigenkapitalinstrument. Av desse var seks land såkalla framveksande marknader. Frå 4. oktober 2000 blei Hellas teke med i investeringsuniverset for renteberande instrument. Finansdepartementet sin referanseportefølje for fondet inneheld 40 prosent eigenkapitalinstrument og 60 prosent renteberande instrument. Dei nye landa blei tekne med i referanseporteføljen frå 31. januar 2001.

Frå 31. januar 2001 er det oppretta eit eige miljøfond av aksjar. Marknadsverdien av fondet var ved starten på ein milliard kroner, som blir investert i dei bedriftene i referanseporteføljen som oppfyller bestemte krav til miljørapportering og miljøsertifisering, og i andre selskap med liten negativ innverknad på miljøet.

Avkastninga på Statens petroleumsfond var i 2000 0,2 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Over dei tre siste åra, fram til utgangen av år 2000, har Petroleumsfondet hatt ei nominell avkastning på 45 prosent rekna i norske kroner. Det er 1,8 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Forvaltninga av Statens petroleumsfond er omtala i statsrekneskapen og i ein eigen årsrapport for fondet.

KAP forvaltar tre delporteføljar av valutareservane. Det er immuniseringsporteføljen, petrobufferporteføljen og den langsiktige porteføljen. Marknadsoperasjonsavdelinga forvaltar den fjerde delporteføljen, likviditetsporteføljen.

Ved utgangen av året utgjorde immuniseringsporteføljen 7,5 milliardar kroner, petrobufferporteføljen 16,9 milliardar kroner og den langsiktige porteføljen 105,5 milliardar kroner. Likviditetsporteføljen - valuta selt på termin m.m. - utgjorde til saman 44,7 milliardar kroner. På same tid utgjorde samla valutareservar 174,5 milliardar kroner. Den langsiktige porteføljen blir forvalta med sikte på høgast mogleg avkastning. I 2000 var avkastninga på 12,4 prosent, som var 0,12 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen.

Noregs Bank Kapitalforvaltning (KAP) forvaltar Statens petroleumsforsikringsfond på oppdrag frå Olje- og energidepartementet. Marknadsverdien av fondet var ved utgangen av 2000 på 10,8 milliardar kroner. Fondet hadde i 2000 ei avkastning på 9,9 prosent, som var 0,15 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen.

Noregs Bank Kapitalforvaltning er ei eiga eining direkte under sentralbanksjefen. KAP har i 2000 stått for omtrent all forvaltning av renteinstrument i alle porteføljane, medan det meste av forvaltninga av eigenkapitalinstrument er utført av eksterne forvaltarar. Ved utgangen av året var det tre eksterne aksjeforvaltarar med indeksmandat, det vil seie at dei hadde som oppgåve å halde porteføljane nær opp til referanseporteføljen. Åtte aksjeforvaltarar hadde til saman ni aktive mandat, med større høve til å avvike frå referanseporteføljen for å oppnå høgare avkastning. Tre renteforvaltarar hadde aktive mandat for både Petroleumsfondet og den langsiktige porteføljen i valutareservane. To forvaltarar hadde mandat for taktisk aktiva-allokering i Petroleumsfondet.

Det er bygd opp kontrollapparat for verksemda både innanfor KAP og i andre delar av sentralbanken. Rekneskapen for alle fonda blir revidert av Noregs Banks Revisjon, for dei to eksterne fonda på vegner av Riksrevisjonen.

4.1.2.6 Samarbeid mellom Kredittilsynet og Noregs Bank

I 1992 kom Stortinget til at det skulle gjennomførast tiltak for å styrkje samarbeidet og koordineringa mellom Noregs Bank og Kredittilsynet (jf. Innst. S. nr. 246 (1991-92)) mellom anna for å sikre Kredittilsynet tilgang på naudsynt samfunnsøkonomisk kompetanse. Dette resulterte i at det blei utarbeidd ein rapport som blei send til Finansdepartementet 26. april 1993 med anbefaling om samarbeidsformer. Denne rapporten er følgd opp med oppdaterte framstillingar om samarbeidsformene mellom dei to institusjonane, sist i brev til Finansdepartementet 19. mars 2001. Omtalen under byggjer på dette brevet.

Formålet med samarbeidet har vore å utnytte spesialkompetansen i dei to institusjonane og unngå dobbeltarbeid som ikkje er naudsynt, samstundes med at dei to institusjonane får behalde dei sjølvstendige rollene og oppgåvene dei no har. Som eit ledd i det faste samarbeidet prøver ein så langt det er tenleg, å avgrense ressursbruken i dei to institusjonane til område der den eine institusjonen heilt klart har eit hovudansvar.

I samsvar med kredittilsynslova er Noregs Bank representert med ein observatør i styret i Kredittilsynet. Gjennom styredokumenta og møtedeltakinga får Noregs Bank brei innsikt i det jamlege arbeidet i Kredittilsynet, samstundes som observatøren kjem med synspunkt der sentralbanken har spesielle føresetnader for dette.

Det har sidan andre kvartal 1993 vore halde kvartalsvise møte mellom den øvste leiinga i Kredittilsynet og Noregs Bank. På desse møta er det orienteringar og diskusjonar om tema med interesse for begge institusjonane, ikkje minst knytt til arbeidet dei to institusjonane gjer med finansiell stabilitet, Noregs Banks «Inflasjonsrapport», deltaking i internasjonale forum og anna.

Det er kontaktmøte mellom leiinga i Finans- og forsikringsavdelinga i Kredittilsynet og Område II, Betalingssystem og finansmarknader i Noregs Bank kvar månad for mellom anna å diskutere utviklinga i finansføretaka. Kvart kvartal deltek i tillegg Marknadsavdelinga i Kredittilsynet på desse møta i samband med spørsmål knytte til verdipapir.

Det er etablert ei permanent gruppe for finansmarknaden med deltaking frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå. Gruppa behandlar spørsmål knytte til bankane og finansieringsføretaka si felles rapportering til desse institusjonane. Gruppa har møte etter behov, men vanlegvis minst ein gong kvart kvartal. Det er også nyleg etablert ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå, som skal sjå nærare på arbeidsdelinga mellom Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå når det gjeld finansiell statistikk i samband med forsikring, finansielle holdingføretak, verdipapirføretak, fondsforvaltningsføretak o.a.

Ei jamleg og brei informasjonsutveksling mellom dei to institusjonane er ein føresetnad for eit godt samarbeid. Som det går fram av framstillinga over, er det mykje informasjonsutveksling i dei faste møta mellom Kredittilsynet og Noregs Bank. Vidare blir det utveksla notat og rapportar både systematisk og etter behov. Noregs Bank blir også jamleg orientert om inspeksjonsverksemda som Kredittilsynet driv.

Kredittilsynet og Noregs Bank har samarbeidd om utvikling av regelverk på finans- og forsikringsområdet. Spesielt har arbeidsgrupper med deltaking frå begge institusjonar arbeidd med regelverk knytt til soliditeten i institusjonane. Døme på dette er to faste arbeidsgrupper som vurderer kapitaldekning for kredittrisiko og marknadsrisiko. Ei av desse gruppene har nyleg utarbeidd ei felles høyring til BIS og EU i samband med eit nytt regelverk på kapitaldekning. Gjennom slike felles arbeidsgrupper har ein kunna utnytte ekspertise i begge institusjonane på ein god måte.

Både Kredittilsynet og Noregs Bank har i dei seinare åra drive omfattande metodeutvikling og utgreiingsverksemd knytt til arbeidet med finansiell stabilitet, og har etablert eit nært samarbeid på området. Institusjonane har også samarbeidd om metodar og utgreiing på andre og liknande område. Eit døme på dette er institusjonane si utveksling av data i samband med Noregs Banks SEBRA-database, som inneheld årsrekneskap for alle norske aksjeselskap for perioden 1988-1999. Dette er ledd i eit arbeid med å betre overvakinga av kredittrisikoen i bankane. Det er òg nyleg etablert ei førebels arbeidsgruppe med personar frå dei to institusjonane som skal sjå på motpartseksponeringane til dei største norske bankane.

Også samarbeidet om felles kompetanseutvikling er utvikla vidare. Det blir utveksla invitasjonar til gjensidig deltaking på kurs arrangerte av institusjonane. Det er dessutan ei omfattande utveksling av interne og eksterne utgreiingar, rapportar og anna som ledd i felles kompetanseutvikling.

I dei seinare åra har Kredittilsynet og Noregs Bank i mindre grad sendt saker frå felles interesseområde til kvarandre til fråsegn. Noregs Bank har vedteke i større grad å leggje vekt på høyringar som er knytte opp mot dei største finansinstitusjonane, og som kan ha verknad for finansiell stabilitet. Noregs Bank har omtala dette i brev til Finansdepartementet av 12. november 1999.

Kredittilsynet og Noregs Bank har saman med Statistisk sentralbyrå eit utstrekt samarbeid om finansstatistikk, og har vidareutvikla samarbeidet om ein felles database. Noregs Bank har sidan 1996 hatt teknisk ansvar for databasen og er ansvarleg for innhenting og behandling av rekneskapsdata frå bankar og finansieringsføretak. Kredittilsynet er ansvarleg for utarbeiding og vedlikehald av regelverk på området. Kredittilsynet og Noregs Bank har dei siste åra utvikla eit samarbeid knytt til løpetidsrapportering i samband med likviditeten til bankane. I det komande året vil ein samarbeide om å utvikle rapportering for finanskonsern. Det er vidare oppretta ei arbeidsgruppe med deltaking frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå for å samordne finans- og valutastatistikk.

Samarbeidet om internasjonal verksemd er utvikla vidare dei siste åra. Begge institusjonane har omfattande kontaktar og hyppig møteverksemd internasjonalt, og utvekslar jamleg informasjon frå internasjonale møte av felles interesse. Kredittilsynet og Noregs Bank samarbeider også om fråsegner knytte til høyringar frå internasjonale organisasjonar når dei er av felles interesse.

Både Kredittilsynet og Noregs Bank har sidan 1995 utarbeidd rapportar om finansiell stabilitet som ledd i overvakinga av den finansielle sektoren. Rapportane blir laga to gonger i året, og blir behandla i møte med Finansdepartementet. I samband med dette arbeidet er det etablert eit nært samarbeid gjennom mellom anna utveksling av rapportar, drøfting av resultat og metodar, orientering om faste og planlagde prosjekt o.a.

Samarbeidet på området for betalingssystem har i lang tid vore avgrensa, men er blitt intensivert i samband med førebuing og oppfølging av lov om betalingssystem o.a. av 17. desember 1999. Partane har samtala om og avklart ansvars- og arbeidsdeling knytt til dei ulike systema som lova vedkjem.

Når ein skal føre tilsyn med finanskonsern som har stor verksemd på tvers av landegrenser, er det naudsynt med eit nært samarbeid og utveksling av informasjon mellom tilsynsmyndigheitene og sentralbankane i dei aktuelle landa. Dei nordiske tilsynsorgana (mellom anna Kredittilsynet) skreiv i 2000 under på ein samarbeidsavtale om tilsyn med Nordea. Vidare har dei nordiske sentralbankane nyleg utarbeidd ein rapport om kva rolle sentralbankane har i tilknyting til finanskonsern som driv verksemd i fleire nordiske land.

4.1.2.7 Internasjonalt samarbeid

Noregs Bank forvaltar Noregs rettar og oppfyller dei pliktene som følgjer av deltaking i Det internasjonale valutafondet (IMF). IMF har som si fremste oppgåve å arbeide for internasjonal monetær og finansiell stabilitet. Fondet gir råd til medlemslanda om den økonomiske politikken og gir mellombels finansiering når landa har problem med betalingsbalansen. IMF forsterka i 2000 arbeidet med gjeldslette for dei fattigaste utviklingslanda.

Jugoslavia blei i 2000 teke inn att som medlem av IMF. I samband med dette gav Noregs Bank eit «same dag»-lån som sette landet i stand til å betale restansane sine til IMF. Lånet blei gitt innanfor ramma av § 26 i sentralbanklova, der ein føresetnad er tilstrekkeleg tryggleik og godkjenning av Finansdepartementet. Verksemda i IMF er omtala i kapittel 9.

Bank for International Settlements, BIS, har til oppgåve å fremme samarbeidet mellom sentralbankar. Sentralbanksjefen deltek regelmessig på møte i BIS.

Den økonomiske utviklinga og pengepolitikken i EU gir viktige rammevilkår for norsk pengepolitikk. Noregs Bank har regelmessig kontakt med ESB og med sentralbankar i EU. Det føregår eit omfattande samarbeid med dei nordiske sentralbankane på ei rekkje felt.

4.1.2.8 Anna verksemd - Informasjonsverksemd

Etter avtale mellom Finansdepartementet og Noregs Bank yter banken tenester som rådgivar, tilretteleggjar og betalingsagent i samband med opptak og forvaltning av dei statslåna som blir omsette i den innanlandske marknaden. Frå andre halvår blei statssertifikat avløyste av statskassevekslar, det vil seie nullkupongpapir. Frå oktober blei statspapira auksjonerte over det elektroniske handelssystemet til Oslo Børs. I desember 2000 blei det kunngjort eit endra emisjonsopplegg for 2001, med auksjonskalender for eit heilt år om gongen. Vekslane blir for ein stor del rullerte på forfallstidspunkta, og staten låner meir i 3-4 månadersegmentet. Formålet med desse endringane er å få til betre tilpassing til etterspurnaden frå investorane og til svingingane i statens kontantbehaldning. Marknadspleia i andrehandsmarknaden blei ikkje endra i 2000.

Noregs Bank har ei plikt etter sentralbanklova § 3 til å informere allmenta om penge-, kreditt og valutatilhøva. I tillegg søkjer banken å oppnå breiast mogleg forståing for den pengepolitikken som blir ført, og for dei mekanismane som verkar til finansiell stabilitet, gjennom ei aktiv informasjonsverksemd. Noregs Bank legg stor vekt på å møte ei aukande interesse frå media og andre gjennom å vere open og pårekneleg.

Noregs Bank gir ut fleire publikasjonar i tillegg til årsmeldinga (Annual Report). Penger og Kreditt og den engelske versjonen Economic Bulletin er bankens kvartalsskrift. Det er laga ei eiga årsmelding for Statens petroleumsfond, og for dei tre første kvartala i året kom det kvartalsrapportar for denne verksemda. Det blei gitt ut fire inflasjonsrapportar i 2000, rapporten Finansiell stabilitet kom to gonger, og det kom ein årleg rapport om betalingsformidling. Av andre publikasjonar blei det gitt ut ei doktorgradsavhandling i bankens skriftserie, seksten arbeidsnotat om forskings- og utgreiingsprosjekt, fem gjenopptrykk av artiklar som medarbeidarar i banken har fått trykt i internasjonale fagtidsskrift, og femten rundskriv til finansinstitusjonar o.a. Finansstatistikk, som kom med atten nummer i 2000, blir frå 2001 berre publisert på internett, der det òg blir lagt ut mykje annan statistikk.

Pressekonferansar er innførte som ei fast ordning etter alle rentemøta i hovudstyret og ved offentleggjering av inflasjonsrapportane og rapportane om Statens petroleumsfond. Gjennom året blei det dessutan arrangert fire presseseminar om finansiell stabilitet, den internasjonale økonomiske utviklinga og forvaltninga av Statens petroleumsfond. Det blei sendt ut 48 pressemeldingar.

Bruken av internett utgjer ein stadig viktigare del av bankens informasjonsstrategi. Det er gjennomført ei omlegging av internettsidene med sikte på å gjere denne tenesta meir brukarvenleg og funksjonell. Frå og med andre halvår har pressekonferansane i samband med rentemøta og inflasjonsrapportane vore lydoverførte over Internett. Alle publikasjonane og dei fleste føredraga og debattinnlegga som er haldne av leiinga i Noregs Bank, blir også offentleggjorde på internettsidene til banken. Bruken av denne tenesta auka med 29 prosent når ein måler talet på treff per månad, frå 136 000 treff i 1999 til nesten 176 000 i slutten av 2000.

4.2 Rekneskap og budsjett for 2000

4.2.1 Balansen 31. desember 2000

Tabell 4.2 og 4.3 viser balanserekneskapen til Noregs Bank ved utgangen av 2000, samanlikna med tilsvarande tal for 1997, 1998 og 1999.

Tabell 4.2 Eigedelane til Noregs Bank 31. desember 2000. Millionar kroner

Eigedelar:1997199819992000
Internasjonale reservar171 368,1142 045,2167 218,8245 862,6
Av dette:
Gull283,6284,82 206,92 275,1
Spesielle trekkrettar i IMF2 545,43 147,03 279,32 713,3
Reserveposisjon i IMF7 161,99 243,76 836,85 166,0
Lån til IMF938,41 522,71 337,91 268,5
Plasseringar for Statens petroleumsfond113 313,0167 643,8222 277,7386 126,1
Andre fordringar på utlandet11 824,112 192,737 955,614 131,4
Norske statssertifikat1 963,21 716,71,591,72 776,3
Norske statsobligasjonar8 682,57 709,59 180,210 742,8
Innanlandske utlån7 982,119 774,226 141,021 733,5
Av dette:
Forretningsbankar6 251,57 435,219 573,018 721,0
Sparebankar1 270,84 712,76 001,52 437,1
Andre innanlandske fordringar685,7736,9847,92 182,4
Varige driftsmiddel2 148,32 064,32 010,11 939,0
Sum eigedelar317 967,0353 883,6467 223,0685 494,1

Kjelde: Kjelde: Noregs Bank

Tabell 4.3 Gjelda og eigenkapitalen til Noregs Bank 31. desember 2000. Millionar kroner

Gjeld og eigenkapital:1997199819992000
Diverse gjeld til utlandet12 724,013 325,538 925,074 998,1
Motverdien av spesielle trekkrettar1 656,01 795,31 846,41 934,2
Setlar og mynt i omløp46 014,446 070,248 020,146 951,6
Innanlandske innskot på foliokonti104 621,064 909,0103 831,5119 712,8
Av dette:
Statskassa84 387,451 193,267 685,896 082,5
Statens petroleumsfond113 313,0167 643,8222 277,7386 126,1
Innskot som gjeld skattefrie fondsavsetjingar10,19,96,20
Anna innanlandsk gjeld379,5771,221 219,910 953,5
Eigenkapital39 249,059 358,731 096,244 817,8
Av dette:
Kursreguleringsfond30 193,027 215,127 339,241 072,9
Overføringsfond7 056,330 227,600
Annan eigenkapital1 999,71 916,03 756,93 744,9
Sum gjeld og eigenkapital317 967,0353 883,6467 223,0685 494,1

4.2.1.1 Noregs Banks aktiva

Internasjonale reservar utgjer 245,9 milliardar kroner og inneheld frå og med 2000 mellom anna obligasjonar med gjenkjøpsavtalar. Gjenkjøpsavtalane må sjåast i samanheng med innlån frå utland, som medrekna pådregne renter utgjer 59,9 milliardar kroner.

Noregs Bank sine gullreservar er førte opp til verkeleg verdi under internasjonale reservar med 2 275,1 millionar kroner. Verkeleg verdi er vurdert til 20 prosent under marknadsprisen per 31.12.2000. Marknadsprisen per 31.12.2000 tilsvarar ein kilopris på 77 300 kroner, og verkeleg verdi er derfor verdisett til 61 800 kroner per kilo gull.

Amerikanske dollar utgjorde 21,9 prosent og euro 35,0 prosent av valutareservane ved utgangen av 2000, mot respektive 27,2 prosent og 33,5 prosent året før.

Posten andre fordringar på utlandet består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under gjeld til utlandet.

Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske statsobligasjonar. I 2000 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 3,5 milliardar kroner. Då Noregs Bank si behaldning av einskilde statssertifikat blei lita, etterteikna Noregs Bank statssertifikat for 1,0 milliard kroner.

Eigedomsmassen, maskinane og inventaret til Noregs Bank utgjer 1 939 millionar kroner per 31.12.2000.

4.2.1.2 Noregs Banks passiva

Setlar og mynt i omløp minka i 2000 med 1,1 milliardar kroner til 46,9 milliardar kroner, mot 48,0 milliardar kroner året før. Innskot frå statskassa auka i 2000 med 28,4 milliardar kroner til 96,1 milliardar kroner, mot 67,7 milliardar kroner året før. Eigenkapitalen auka med 13,7 milliardar kroner til 44,8 milliardar kroner, mot 31,1 milliardar kroner ved utgangen av 1999.

Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga blir handsama i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997. Fondet utgjorde 386,1 milliardar kroner per 31.12.2000.

4.2.2 Resultatrekneskapen for 2000

Tabell 4.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 1999 og 20001

Tal i heile tusen kroner19992000
Renteinntekter utland8 829 37311 663 079
Avkastning, plassering for Statens petroleumsfond30 295 48414 178 454
Rentekostnader utland759 2161 796 644
Renteinntekter innland1 152 3191 202 149
Rentekostnader innland32 856 67418 769 642
Netto renteinntekter utland og innland6 661 2866 477 396
Netto kursreguleringar(9 042 111)8 095 019
Netto renteinntekter og kursreguleringar(2 380 825)14 572 415
Driftsinntekter408 329585 111
Driftskostnader1 142 1691 435 948
Driftsresultat før tap på utlån(3 114 665)13 721 578
Avsetningar og tap på utlån/fordringar357(37)
Overskot før ekstraordinære postar(3 115 022)13 721 615
Overskot(3 115 022)13 721 615
Overføringar:
Overført frå kursreguleringsfondet00
Overført frå annan eigenkapital3 371 76380 197
Til disposisjon256 74113 801 812
Avsett til annan eigenkapital132 59368 118
Avsett til kursreguleringsfondet124 14813 733 694
Avsett til overføringsfondet00
Disponert i alt256 74113 801 812

1 Tal i parentes er negative tal

Noregs Bank hadde i 2000 eit overskot etter kursreguleringar på 13,7 milliardar kroner, mot eit underskot på 3,1 milliardar kroner året før. Dette har samanheng med endringar i prisar på norske og utanlandske verdipapir som medførte ein kursgevinst i 2000 på 2,1 milliardar kroner, mot eit tap i 1999 på 8,2 milliardar kroner. I tillegg har det vore kursgevinst på valuta i 2000 med i alt 6,0 milliardar kroner i 2000, mot eit tap i 1999 på 0,9 milliardar kroner.

Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 2000 12,9 milliardar kroner, mot 10,0 milliardar kroner i 1999. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 2000 på 1,2 milliardar kroner og viste dermed inga endring frå 1999. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 2000 var 11,7 milliardar kroner, mot 8,8 milliardar kroner året før.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 2000 på 850,8 millionar kroner, mot 733,8 millionar kroner i 1999. Personalkostnadene i 2000 utgjorde 685,6 millionar kroner, mot 513,9 millionar kroner ved utgangen av 1999. Auken kjem i hovudsak av auka omstillingskostnader.

4.2.2.1 Disponering av overskotet i 2000

Retningslinene for avsetjing og disponering av Noregs Banks overskot blei fastsette i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 21. desember 2000, og har denne ordlyden:

  1. Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 25 % av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av Hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.

  2. Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.

  3. Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.

  4. Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.»

Kursreguleringsfondet blei tilført 13 734 millionar kroner i 2000. Kursreguleringsfondet utgjer etter dette 41 072,9 millionar kroner ved utgangen av året. Kursreguleringsfondet har likevel ikkje nådd storleiken som følgjer av første punkt i retningslinene.

I samsvar med andre punkt i retningslinene blei det ikkje gjort avsetning til overføringsfondet.

I samsvar med tredje punkt i retningslinene blei det overført 10 685,1 millionar kroner til statskassa.

I samsvar med utsegn frå Finansdepartementet blei det overført netto 12 millionar kroner frå annan eigenkapital.

Til forsida