6 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 2000
6.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond
Statens Banksikringsfond (SBF) blei skipa ved lov 15. mars 1991 nr. 2 «Om Statens Banksikringsfond». Fondet har til formål å støtte opp om soliditeten i norske bankar gjennom å yte lån på særskilde vilkår (støttelån) til Forretningsbankenes sikringsfond og Sparebankenes sikringsfond. I særlege høve kan fondet òg kjøpe aksjar, grunnfondsbevis eller andre eigenkapitalinstrument i norske bankar og stille eigenkapitalgarantiar overfor norske bankar.
Departementet vil, som varsla i Kredittmeldinga 1999, kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.
6.2 Organisasjon og leiing
Statens Banksikringsfond er organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet er eit styre som står for verksemda, og som forvaltar fondsmidlane. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Kongen kan i særskilde høve instruere styret i enkeltsaker. Denne retten er delegert til Finansdepartementet. Styret skal ha fått høve til å uttale seg skriftleg før departementet gjer vedtak om å instruere fondet. Departementet skal informere Stortinget om slikt vedtak.
Samansetjinga av styret for 2000 er vist i boks 6.1.
Boks 6.1 Styret i Statens Banksikringsfond i 2000
Professor Einar Hope, leiar
Justitiarius Rakel Surlien, nestleiar
Advokat Kristine Schei, styremedlem
Kredittilsynet og Noregs Bank peikar ut kvar sin representant som tek del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 2000 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet, og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank tek hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet er kontorsjef Harald Karlsen, som avløyste direktør Jon A. Solheim ved halvårsskiftet 2000. Det er gjort greie for arbeidsforma og saksbehandlinga til fondet i Kredittmeldinga for 1991 og 1992.
Årsmeldinga om verksemda til Statens Banksikringsfond i 2000 blei gitt av styret 20. mars 2001, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.
6.3 Rekneskapen for 2000
Statens Banksikringsfond hadde i 2000 eit overskot på 184,1 millionar kroner. Hovuddelen av inntektene var utbytet på aksjar i Den norske Bank, med 182 millionar kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter på til saman 5 millionar kroner.
Fondet hadde i 2000 kostnader på til saman 2,9 millionar kroner. Forvaltningshonorar til Statens Bankinvesteringsfond og kostnader knytte til eit planlagt aksjesal utgjer hovuddelen av kostnadene. Ved utgangen av 2000 hadde fondet 104 millionar aksjar i DnB som i rekneskapen var verdsette til 1 040 millionar kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 4 940 millionar kroner.
Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 2000 på 1 113,5 millionar kroner.
Dei likvide midlane til fondet er, med unntak av inneståande på driftskonto og mindre beløp knytte til fordringar, plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 66,4 millionar kroner ved utgangen av 2000. Fondet førte tilbake til staten 182 millionar kroner i 2000. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.
6.4 Verksemda i 2000
Verksemda i Statens Banksikringsfond (SBF) har gradvis blitt lågare dei siste åra. Fondet har i 2000 følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen (Nordea) og Fokus Bank ved å gå gjennom kvartalsrapportane frå bankane og også arbeidd med forhold knytte til avviklinga av Oslobanken.