1 Innleiing
1.1 Bakgrunn og hovudbodskap
Bakgrunnen for denne meldinga er lovføresegna om at Kongen minst kvart fjerde år skal leggja fram ei stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste, jf. § 10 i lov av 11. april 1980 nr. 5. Den førre målbruksmeldinga vart fremja av regjeringa Bondevik II i desember 2001 og behandla i Stortinget 9. april 2002, jf. St.meld. nr. 9 (2001–2002) og Innst. S. nr. 109 (2001–2002).
Lov om målbruk i offentleg teneste, mållova, regulerer bruken av nynorsk og bokmål i staten. Lova har som hovudfunksjon å tryggja stillinga for nynorsk som offisielt skriftmål ved sida av bokmål. Indirekte har lova også ein vidare funksjon i å vera med på å sikra grunnlaget for nynorsk skriftkultur og for nynorskens posisjon i det norske språksamfunnet meir allment. Dette er dermed ei svært viktig kulturpolitisk lov.
I den politiske plattforma si har regjeringa peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det at vi har to norske skriftkulturar. Formelt er nynorsk og bokmål likestilte målformer, men reelt sett har nynorsk vanskelegare vilkår. Regjeringa vil derfor streka under at det frå det offentlege si side er særleg viktig å leggja til rette for at nynorsken skal kunna utvikla seg på ein god måte.
Slik tilrettelegging vil vera ein del av den offensive språkpolitikken som regjeringa meiner det er nødvendig å føra for å styrkja posisjonen for norsk språk generelt. Noreg er eit lite språkområde, og språket vårt er under eit konstant press utanfrå. Som den minst brukte av dei to målformene er nynorsk særleg utsett.
I viktige samfunnssektorar – ikkje minst i næringslivet, i reklame og teknologiutvikling, i dei riksdekkjande avisene – er nynorsk så godt som fråverande. Det er også ei utfordring at mange skuleelevar med nynorsk som opplæringsmål går over til bokmål som skriftspråk, anten seinare på utdanningsvegen eller når dei kjem over i aktivt yrkesliv.
Fullnøyande bruk av nynorsk i offentleg forvaltning representerer ei motvekt til dei delane av samfunnet der nynorsken i utgangspunktet er marginalisert. For at nynorsk skal vera godt synleg i det offentlege rommet, står dei kvantitative kvotekrava i mållova heilt sentralt. Særleg viktig i så måte er regelen om at sentrale statsorgan i allment informasjonstilfang skal veksla mellom nynorsk og bokmål slik at ingen av målformene over tid kjem ut med mindre enn 25 pst.
Denne kvantitative minstegrensa vart forskriftsfesta i 1988 og har resultert i at det i dag blir nytta langt meir nynorsk i staten enn før ein hadde ein slik klar regel å visa til. Men dessverre er det likevel enno på langt nær alle statsorgan som etterlever denne regelen. Mange stader vantar det mykje på at så er tilfelle. Dette er svært uheldig, og det kan ikkje halda fram på denne måten.
I meldinga frå 2001 la Bondevik-regjeringa opp til ein ny giv for nynorsk målbruk i staten, og dei skisserte tiltaka fekk full tilslutning frå alle stortingspartia utanom Framstegspartiet. I ettertid har dette ikkje vore følgt opp slik ein kunne venta, og gjennomgangen i denne meldinga viser at det har vore liten framgang i nynorskbruken den siste fireårsperioden. På fleire område har utviklinga gått i motsett lei.
Dette gjer det nødvendig å henta fram att det offensive tiltaksprogrammet som vart lagt fram i den førre meldinga, og leggja større innsats og meir ressursar i å følgja dette aktivt opp på gjennomføringssida.
Eit særleg viktig punkt i så måte er etableringa av ei konsulentteneste for offentleg språk som ein del av sekretariatet i Språkrådet. Dette vart foreslått i meldinga for fire år sidan, og Språkrådet har i haust tilsett ein språkrådgjevar til å leia det vidare arbeidet med å byggja opp denne tenesta. I budsjettframlegget for 2006 er det lagt inn midlar til to nye stillingar.
Ei statleg språkonsulentteneste skal arbeida for eit betre og meir forståeleg offentleg språk uavhengig av målform. Dette er viktig både i eit demokratiperspektiv og eit velferdsperspektiv. Det er likevel eit faktum at statstilsette flest treng mest hjelp og støtte når dei skriv nynorsk, og i første omgang skal språkkonsulentane prioritera arbeidet med å styrkja nynorsk målbruk i staten.
Det er likevel grenser for kva ei slik teneste kan utretta innanfor eit stort statleg forvaltningsapparat. Sjølve grunnlaget for at vi i det heile kan ha ei mållov med plikt for tilsette til å bruka både bokmål og nynorsk, er den skriftlege sidemålsopplæringa i skulen. Denne opplæringa må utviklast og styrkjast, ikkje reduserast.
Målbruksreglane er ein del av dei grunnleggjande saksbehandlingspliktene som kviler på kvart enkelt statsorgan. Det er ikkje høve til å sjå bort frå slike reglar eller over tid prioritera dei ned fordi andre omsyn kan kjennast meir presserande i det daglege. Dette har med overordna planlegging av verksemda å gjera og er til sjuande og sist eit klart leiaransvar. Lang erfaring viser at positiv haldning og aktiv oppfølging på leiarnivå er ein avgjerande føresetnad for suksess i arbeidet med språkleg jamstilling i staten.
Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke. Eventuelle problem i samband med dette må ein aktivt freista å finna formålstenlege løysingar på. Etter kvart som den statlege språkkonsulenttenesta blir bygd ut, vil ein frå sentralt hald yta hjelp og støtte så langt ressursane strekk til.
Eit strategisk viktig startpunkt for ei nødvendig intensivering av det statlege måljamstillingsarbeidet er å rydda opp på dei statlege heimesidene på Internett. Ei særskild kartlegging som vart gjennomført i august 2005, viste at det var svært lite nynorsk å finna på dei fleste av desse nettstadene, gjennomgåande langt under 25 pst.
Dette er bakgrunnen for at regjeringa i det politiske grunnlagsdokumentet sitt har funne det nødvendig å streka under at offentlege nettstader skal følgja mållova. Nettstaden eller heimesida er på mange måtar det andletet som institusjonane viser fram for omverda. Her er det derfor særleg om å gjera at den nynorske målforma er godt synleg. Dette må såleis bli ei prioritert oppgåve i den aller nærmaste tida.
Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande resultat, vil regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.
1.2 Nærmare om mållova og tilsynsfunksjonen
I tråd med framstillinga ovanfor vil rapporteringa og vurderingane i denne meldinga i all hovudsak bli avgrensa til kravet om minst 25 pst. av kvar målform i allment informasjonstilfang frå sentrale statsorgan. Mållova har likevel eit breiare sikte og eit vidare innhald enn dette.
Sjølve faneparagrafen i lova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Dei nærmare reglane gjeld likevel berre for statstenesta, ikkje i kommunar og fylkeskommunar. Lovreglane må sjåast i samanheng med utfyllande reglar fastsette i forskrift. Sjølve lova og den tilhøyrande forskrifta er trykt som vedlegg 1 til denne meldinga.
Det samla regelverket om målbruk i staten kan enkelt sorterast i to delar etter kva prinsipp reglane byggjer på.
Det eine prinsippet kjem til uttrykk ved at det er målforma til eit lågare statleg forvaltningsorgan, ein kommune, ein fylkeskommune eller ein privat part som eit statsorgan må retta seg etter i den skriftlege kommunikasjonen sin med desse. Tilsvarande må eit statsorgan i allment informasjonstilfang som i innhald eller med basis i tenestekrinsen til organet har særleg tilknyting til eit avgrensa geografisk område, retta seg etter den eventuelle fleirtalsmålforma som gjeld for dette området. Kva som ligg i omgrepet «fleirtalsmålform», går fram av § 7 i lova, mens omgrepet «tenestekrins» er definert i § 3 i forskrifta.
Det andre prinsippet går ut på at eit statsorgan som hovudregel skal veksla mellom målformene i allment informasjonstilfang som ikkje er knytt til eit geografisk avgrensa område med fleirtalsmålform, slik at det over tid blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom målformene. For statsorgan som dekkjer heile landet, skal det altså – for tilfang som ikkje gjeld eit geografisk avgrensa område – vera minst 25 pst. av begge målformene. Unntaket er at statlege skjema skal liggja føre og vera tilgjengelege i begge målformer, anten i form av parallellutgåver eller som tospråkleg enkeltutgåve.
Også allment informasjonstilfang kan eventuelt lagast i begge målformer dersom organet ønskjer det. Når ein skal rekna ut prosentfordelinga, vil slike parallelltekstar telja 50 pst. for kvar målform. Temaet i denne meldinga er altså kvotekravet om minst 25 pst. av kvar målform i allment informasjonstilfang, anten dette blir oppnådd etter hovudregelen om veksling eller ved å laga noko tilfang i begge målformer.
Dei aktuelle reglane er § 8 første ledd første og andre punktum i lova og § 6 første ledd i den tilhøyrande forskrifta. Reglane har denne ordlyden:
«Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer.»
«For tilfang etter § 8 første ledd i lova vil ei rimeleg kvantitativ fordeling seie at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 %.»
Vidare er det i § 4 i lova fastsett at tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytta bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta. I § 1 i forskrifta er det likevel fastsett at det er kvart statsorgan sjølv som har plikt til å syta for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. Her heiter det òg at kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.
I den nemnde paragrafen i forskrifta er det lagt til Kultur- og kyrkjedepartementet å føra tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste. Det materialet som ligg til grunn for denne meldinga, er framskaffa som eit ledd i dette tilsynsarbeidet. Den operative tilsynsfunksjonen for alle statsorgan under departementsnivået vart frå 1994 overført til Språkrådet. Dei statistiske oppgåvene for målbruken i alle desse statsorgana byggjer såleis på materiale som er innhenta frå Språkrådet. Kultur- og kyrkjedepartementet fører sjølv tilsyn med dei andre departementa.
I kapittel 2 nedanfor går vi igjennom dei viktigaste delane av målbruksstatistikken som er sett saman på grunnlag av det materiale Kultur- og kyrkjedepartementet og Språkrådet har innhenta sidan den førre meldinga. Tabellar og figurar er samla i eit eige vedlegg bak i meldinga, jf. vedlegg 2. I fleire av tabellane og figurane er det også teke med tilsvarande tal, dels frå den førre rapporteringsperioden 1997–2000, dels heilt tilbake til 1994.