4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei økonomiske konsekvensane av denne meldinga avgrensar seg til vidare oppbygging av den statlege språkkonsulenttenesta. I meldinga frå 2001 heitte det at dette tiltaket førebels var kostnadsrekna til 3 mill. kroner. Til no er dette berre følgt opp eit stykke på veg. Medrekna det som er omtalt i St.prp. nr. 1 for 2005–2006, er det alt i alt lagt inn vel 1 mill. kroner til dette formålet. Dette inngår i driftsløyvinga til Språkrådet under kap. 326 post 01.
Det er elles føresetnaden at det oppryddingsarbeidet som må gjerast i åra framover, skal gjennomførast innanfor etablerte budsjettmessige og organisatoriske rammer. Det er delvis tale om å følgja opp og gjennomføra lov- og forskriftsreglar som har vore gjeldande i fleire tiår. Når det gjeld det konkrete kravet om minst 25 pst. av kvar målform, har dette vore gjeldande sidan 1988.
Poenget med dei konkrete tiltaka og det oppryddingsarbeidet som det er gjort greie for ovanfor, er å få innarbeidd automatiske og løpande rutinar i alle statsorgan og å leggja til rette for rapportering i ordna former. Dette vil i seg sjølv vera administrativt rasjonelt for kvart enkelt statsorgan, og det vil letta tilsynsarbeidet både i Språkrådet og i departementet. På denne måten vil det også kunne frigjerast administrative ressursar som i sin tur kan setjast inn i tilsynsarbeidet.