2 Rapport om statleg målbruk 2001–2004
2.1 Målbruk i sentralt informasjonstilfang frå departementa
2.1.1 Proposisjonar og meldingar
Proposisjonar og meldingar til Stortinget svarar for ein stor del av det trykte informasjonstilfanget som departementa lagar. Dette har dei siste åra utgjort årleg nesten 13 000 trykksider, og for den fireårige rapporteringsperioden 2001–2004 er det tale om godt og vel 51 000 trykte sider med dokument som har gått frå regjeringa til Stortinget, jf. tabell 2.1 i vedlegg 2.
Tabellen viser at av alt dette var 17,3 pst. på nynorsk, altså nesten åtte prosentpoeng lågare enn det forskriftsfesta minstekravet. Dette er likevel ein auke på tre prosentpoeng frå perioden 1997–2000. Dessutan viser tabell 2.2 at det også var ei positiv utvikling gjennom den siste fireårsperioden, frå 14,0 pst. i 2001 til 19,0 i 2004. Denne utviklinga har halde fram i 2005. Pr. 9. desember låg den registrerte nynorskprosenten for stortingsdokument i 2005 på 21,8 pst., jf. tabell 2.2 høgre kolonne.
Som tabellane viser, er det likevel store variasjonar dei enkelte departementa imellom. Berre fire av dei etterlevde minstekravet på 25 pst. i perioden 2001–2004. Det var Utdannings- og forskingsdepartementet med 53,7 pst. nynorsk, Landbruks- og matdepartementet med 45,2 pst., Kultur- og kyrkjedepartementet med 34,2 pst. og Miljøverndepartementet med 32,1 pst. nynorsk.
Av dei andre departementa er det Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som følgjer nærast etter, begge med om lag 20 pst. nynorsk. Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har hatt minst 25 pst. nynorsk eitt enkelt år, men ingen av dei har stabilisert seg på eit nivå som tilfredsstiller lovkravet.
Tre av dei fire departementa som etterlevde kvotekravet på minst 25 pst. i den siste rapporteringsperioden, er dei einaste som har oppfylt denne kvoten også når vi ser dei siste ti-elleve åra under eitt, og dei har gjort det med god margin. Dette gjeld Landbruks- og matdepartementet med 52 pst., Utdannings- og forskingsdepartementet med 42 pst. og Kultur- og kyrkjedepartementet med 35 pst. nynorsk. Dette går fram av tabell 2.3.
Tabell 2.1 viser at det i den siste fireårsperioden er fem departementet som har skrive mindre enn 10 pst. nynorsk i stortingsdokumenta sine. Rekna frå botnen av lista gjeld dette Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Justis- og politidepartementet og Finansdepartementet. Som tilsynsorgan har Kultur- og kyrkjedepartementet no ein dialog med dei fleste av desse.
Såleis melde Justis- og politidepartementet i februar at dei hadde planlagt slik at dei såg ut til å koma ut med litt i overkant av 25 pst. nynorsk i 2005, og pr. 9. desember ligg dei på 24,3 pst. I januar slo Helse- og omsorgsdepartementet fast at ambisjonsnivået deira var å oppfylla minstekravet på 25 pst. nynorsk fullt ut, men dei er pr. 9. desember berre oppe i 13,1 pst. Endeleg har Forsvarsdepartementet i brev av 1. juli 2005 streka under at dei tek kravet til målbruk alvorleg, at dei arbeider vidare med tiltak, og at dei vil koma tilbake til desse så fort råd er. Dei hadde 24,8 pst. pr. 9. desember. Arbeids- og sosialdepartementet og Finansdepartementet derimot ligg framleis under 10 pst.
2.1.2 Andre dokumenttypar
Den dokumenterte framgangen for nynorsk i stortingsdokument i perioden 2001–2004 blir dessverre ikkje motsvara av ei tilsvarande utvikling innanfor anna slags informasjonstilfang som departementa lagar. Tvert imot er det her registrert ein tilbakegang samanlikna med perioden 1997–2000. Dette omfattar slikt som pressemeldingar, stillingsannonsar og andre kunngjeringar, rundskriv, brosjyrar, høyringsdokument, faste eller sporadiske publikasjonar osb.
Av registreringstekniske grunnar delar vi dette tilfanget i to grupper. For dokument over 10 sider reknar vi samla sidetal, på same måte som for stortingsdokument. For dokument under 10 sider reknar vi talet på dokument, men slik at dokument på meir enn 5 sider tel dobbelt.
På dette grunnlaget kjem vi ut med ein samla nynorskkvote i dokumentkategorien under 10 sider som varierte mellom 17 og 13 prosent i perioden 2001–2004. Det var dessutan ein negativ trend i løpet av perioden. Nedgangen er markert når vi samanliknar med den førre fireårsperioden. Da varierte prosenten nynorsk mellom 22 og 25. Dette går fram av tabell 2.4.
Tabell 2.5 viser at det har vore ei tilsvarande utvikling også for dokumentkategorien over 10 sider. Her var dessutan nivået lågare i utgangspunktet. Mens nynorskkvoten for dette tilfanget veksla mellom 10 og 14 pst. i åra 1997–2000, var det berre mellom 6 og 9 pst. nynorsk i perioden 2001–2004.
Det er noko usikkert i kva grad desse tala er uttrykk for ein faktisk nedgang i nynorskbruken samanlikna med tidlegare. At prosenttala har gått ned, kan i noka mon ha registrerings- og rapporteringstekniske årsaker. Mens stortingsdokument er ein avgrensa kategori der alt blir registrert sentralt og feilkjeldene såleis er reduserte til eit minimum, er alt det andre tilfanget ei heller brokut blanding av dokumenttypar og publiseringsmåtar som departementa registrerer kvar for seg.
Med dette som utgangspunkt kan ein ikkje utan vidare gå ut frå at alt relevant tilfang faktisk blir registrert. Det er nok ikkje like lett å få med absolutt alt relevant tilfang som å identifisera akkurat den meir avgrensa delen av dette som er laga på nynorsk. I den grad det skjer ei slik underrapportering av bokmålstilfang, vil den utrekna nynorskprosenten bli kunstig høg. Utan at vi har klare indikasjonar på det, kan det henda at noko av nedgangen i den registrerte nynorskprosenten skuldast at det er vorte mindre av slik underrapportering. Men i så fall har altså prosenten tidlegare vore kunstig høg, og det gjer i og for seg ikkje saka så mykje betre.
Uavhengig av dette går det fram av tabellane 2.4 og 2.5 at det også her er store skilnader departementa imellom. Når det gjeld tilfang over 10 sider, er det grunn til peika på at det her kan vera tale om svært få dokument frå det enkelte departementet kvart år. Dette gjer at det kan bli store variasjonar i nynorskprosenten frå år til år. Gjennomgåande er prosenttala likevel så låge at det er klart at ingen av departementa synest å ha gode nok rutinar på dette feltet. Over tid er det ingen av dei som på dette punktet oppfyller kravet om minst 25 pst. nynorsk.
Når det gjeld tilfang under 10 sider, er talgrunnlaget større og prosentane for kvart enkelt år meir å lita på. I den siste fireårsperioden er det berre Kultur- og kyrkjedepartementet og Olje- og energidepartementet som i gjennomsnitt har hatt tilnærma 25 pst. nynorsk. Kommunal- og regionaldepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Justis- og politidepartementet følgjer tett etter. I Samferdselsdepartementet har det vore ei positiv utvikling i perioden.
Finansdepartementet hadde tidlegare svært høg nynorskprosent i dokumentkategorien under 10 sider, men sidan 2002 har utviklinga vore negativ, og dei har no falle godt under minstekravet på 25 pst. Ei tilsvarande utvikling har det vore i Arbeids- og sosialdepartementet, til dels også i Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Barne- og familiedepartementet. Også i Nærings- og handelsdepartementet har nivået i løpet av perioden falle under 10 pst. Særleg dårleg stelt er det i Forsvarsdepartementet. Her har det nesten ikkje vore brukt nynorsk i det heile. Til dette kjem at Forsvarsdepartementet er registrert med 0 pst. nynorsk kvart einaste år i dokumentkategorien over 10 sider.
2.2 Målbruk i sentralt informasjonstilfang frå andre sentrale statsorgan
2.2.1 Rapportert tilfang frå kvart enkelt statsorgan
Sidan 1994 har Språkrådet innhenta årlege rapportar om målbruk frå sentrale statsorgan under departementsnivået. Tabell 2.6 og figur 2.1 viser samla nynorskprosent kvart enkelt år etter summering av tala i alle innkomne rapportar. Det går her fram at situasjonen lenge har vore nokså stabil, med i overkant av 20 pst. nynorsk i tilfang under 10 sider og i underkant av 15 pst. i tilfang over 10 sider. Tala for 2004 gir grunn til ekstra uro. Nynorskprosenten i tilfang over 10 sider har dette året falle til berre 9 pst., og dei to siste åra har det også vore ein nedgang for tilfang under 10 sider. Dette strekar under behovet for å skjerpa tilsynsarbeidet i tida framover.
Tala for samla nynorskprosent skjuler store variasjonar. Først må nemnast at dei omorganiseringane som har skjedd i staten, har ført til ein reduksjon i talet på sentrale statsorgan. Dette må ein ta omsyn til når ein frå det eine året til det andre samanliknar talet på organ som kjem over ei viss prosentgrense.
Framleis er det også ein del organ som ikkje fyller ut og sender inn dei årlege rapporteringsskjemaa til Språkrådet, slik det også vart peikt på i meldinga frå 2001. Tabell 2.7 viser at talet på statsorgan som har fått tilsendt rapportskjema, har gått ned frå 209 i 2001 til 160 i 2004. Talet på innkomne rapportar har i perioden gått ned frå 154 til 140. Dette inneber at ein god del organ har sendt inn rapport i tre av åra, nokre i to og nokre få berre for eitt år. Alle organ er likevel med i dei totaltala som blir presenterte i det følgjande, uavhengig av kor mange år dei har rapportert. Vel 90 organ har sendt inn rapport kvart år i fireårsperioden.
Tabell 2.7 og figur 2.2 viser utviklinga heilt frå 1994. Hovudtendensen er at talet på statsorgan med minst 25 pst. nynorsk auka fram til 2001. Frå 2002 har det derimot gått noko tilbake. For tilfang over 10 sider er det ein særleg markant nedgang i 2004. I toppåret 2001 var det 42 av 209 organ som kom over 25 pst. nynorsk i informasjonstilfang under 10 sider, mens 32 organ hadde over 25 pst. i materiale over 10 sider. I 2004 var dei tilsvarande tala 29 av 160 organ i tilfang under 10 sider og 15 av 160 i tilfang over 10 sider.
Tabell 2.8 viser nynorskprosent for heile rapporteringsperioden 2001–2004 i begge dokumentkategoriane spesifisert på kvart enkelt organ. Organa er oppførte alfabetisk, og det er også med ein kolonne som viser om dei har levert rapport alle fire åra eller ikkje. Åtte av dei i alt 166 oppførte organa har ikkje sendt inn ein einaste rapport. Om lag 40 av dei kjem ut med ein nynorskprosent på tilnærma 25 pst. eller meir i tilfang under 10 sider, mens det tilsvarande talet for tilfang over 10 sider er om lag 30 organ. Her må ein likevel vera merksam på at heller ikkje alle desse har levert rapport kvart år.
Tabell 2.9 viser at det berre var 13 organ som både leverte rapport alle åra, og som hadde tilnærma 25 pst. eller meir nynorsk i begge dokumentkategoriane. Dette var høgskolane i Sogn og Fjordane, Volda, Stord/Haugesund og Stavanger, dessutan Universitetet i Bergen og Kunsthøgskolen i Bergen. I tillegg omfattar lista Bunad- og folkedraktrådet, Eigarskapstilsynet, Riksteatret, Riksarkivet, Riksadvokaten, Arbeidsretten og Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring. I tillegg kjem Statens lånekasse for utdanning og Norsk kulturråd med nær opptil 25 pst. i kategorien under 10 sider og godt over 25 pst. for tilfang over 10 sider, dessutan Utdanningsdirektoratet med nær opptil 25 pst. i begge kategoriane. Riksutstillingar og særleg Lotteritilsynet må rosast for svært høg nynorskprosent, sjølv om det manglar ein innsend rapport eller to.
Ein nærmare gjennomgang av tabell 2.8 vil også visa at det er enkelte andre organ som utmerkjer seg positivt. Dersom vi legg særleg vekt på rapportert tilfang under 10 sider, der feilkjeldene truleg er minst, kan nemnast Fiskeridirektoratet, Brønnøysundregistra, Høgskolen i Telemark, Havforskingsinstituttet, Direktoratet for naturforvaltning og Høgskolen i Agder. Nokre institusjonar som ikkje har rapportert at dei har tilfang over ti sider, har over 25 pst. nynorsk i dokumentkategorien under 10 sider. Dette gjeld Regjeringsadvokaten, Høgsterett, Skipsregistra og Utrykkingspolitiet.
Poenget er ikkje å måla nynorskbruken nøyaktig på millimeteren, eller på prosentdesimalen. Det avgjerande er at statsorgan har faste rutinar som gjer at dei over tid kjem ut på plussida i høve til 25-prosentsgrensa når ein ser dei ulike målingane i samanheng. Det viser seg altså at det finst ein god del institusjonar som har orden på dette, men det er dessverre altfor få. Det er ingen grunn til at ikkje også dei andre skal få dette til. I kjølvatnet av denne meldinga må det vera ein føresetnad at alle institusjonar tek mållova på alvor, og at dei omgåande set i gang eit systematisk arbeid for å justera kursen.
Tabell 2.10 viser kva for institusjonar som har ein særleg stor jobb å gjera. Nokre av desse har ikkje sendt inn ein einaste rapport i perioden, mens alle dei andre kjem ut med mindre enn 10 pst. nynorsk i begge dokumentkategoriane.
Språkrådet sender frå tid til anna brev til departementet om statsorgan som det er særleg vanskeleg å koma i dialog med for å få til tilfredsstillande rapporterings- og vekslingsrutinar, og som år etter år – trass i purring og velvillig rettleiing frå Språkrådet – ikkje etterlever målbruksreglane. Departementet har tidlegare i år følgt opp fleire slike saker med direkte brev til vedkomande institusjonar. Dette gjeld m.a. Toll- og avgiftsdirektoratet, Statens jernbanetilsyn, Noregs geologiske undersøking og Læring for arbeidslivet (Vox). Det gjeld også universiteta i Oslo og Tromsø, Noregs musikkhøgskole og høgskolane i Akershus, Vestfold, Østfold, Hedmark, Lillehammer, Bodø, Narvik, Harstad, Tromsø og Finnmark.
Med utgangspunkt i det overordna forvaltnings- og tilsynsansvaret departementet har for mållova, har vi bedt institusjonane å setja i verk nødvendige tiltak for fullt ut å kunna etterleva målbruksreglane. Dei fekk ein frist på seg til å gjera greie for kva rutinar og tiltak dei hadde kome fram til, og korleis dei vil sjå til at dette fungerte over tid. Språkrådet er no i gang med å vurdera og følgja opp dei innkomne utgreiingane og skal seinare rapportera til departementet om dette.
2.2.2 Kartlegging av målbruk på nettsider
Kravet om veksling mellom målformene i sentralt informasjonstilfang gjeld uavhengig av i kva form materialet blir gjort tilgjengeleg, anten det skjer på den tradisjonelle måten, i papirform, eller i elektronisk form. Dei aller fleste statsorgan – om ikkje alle – har no eigne nettsider, og det tilfanget som blir lagt ut der, kjem sjølvsagt inn under vekslingsreglane. Ein har sett døme på at statsorgan har gløymt å rapportera slikt tilfang. Men stadig meir stoff blir no berre formidla på denne måten – over Internett, og det er derfor grunn til å leggja stadig større vekt på slik digital nettpublisering i tilsynsarbeidet.
I meldinga frå 2001 presiserte departementet at det her er viktig at ein ikkje berre vekslar mellom målformene i det redaksjonelle stoffet på nettsidene, men at også ein del av dei faste tekstane og menyane blir laga på nynorsk. Det er viktig at begge målformene er klart synlege på nettsidene. Ei løysing er å gje brukaren høve til å velja mellom nynorsk og bokmål som skjermmiljø, eit anna alternativ å ha menyar der noko er på bokmål og noko på nynorsk.
Språkrådet gjennomførte i august 2005 ei særskild kartlegging av fordelinga mellom nynorsk og bokmål på 173 statlege nettstader. Dette skjedde på den måten at det vart søkt i søkjemotoren Google etter ordpara «ikkje/ikke» og «frå/fra». Det har vist seg at dette er ein god metode til å skilja mellom stofftilfang på nynorsk og bokmål. Fordelen ved å gå fram på denne måten er at registreringa skjer maskinelt slik at ein i utgangspunktet får eit objektivt mål på språkfordelinga i det stoffet som på det aktuelle tidspunktet ligg ute på vedkomande nettstad. Likevel har også ein slik metode sine feilkjelder, og resultata må tolkast med ein viss slingsringsmonn. Kartlegginga er publisert i Nynorsk faktabok 2005, utgitt av Nynorsk kultursentrum. Her er det også gjort nærmare greie for feilkjeldene.
Det går fram av presentasjonen i Nynorsk faktabok 2005 at mindre enn tjue nettstader gav brukarane høve til å velja mellom nynorsk og bokmål, eller var i ferd med å utvikla slike løysingar. Berre 9 pst. av nettstadene hadde såleis nynorsk skjermmiljø, mens 24 pst. hadde innslag av nynorsk på førstesida. I det redaksjonelle stoffet viste kartlegginga at det var mindre enn 1 pst. nynorsk på heile 49 nettstader, dvs. på 28 pst. av nettstadene. Av desse var 16 heilt frie for nynorsk. Det var 52 nettstader – 30 pst. – som hadde meir enn 5 pst. av dokumenta på nynorsk; av desse låg 30 nettstader over 10 pst.
På svært mange av nettstadene synest nynorsken å vera nesten fråverande, og det er berre eit lite mindretal som oppfyller det forskriftsfesta kravet om minst 25 pst. av kvar målform. Nærmare bestemt var det tolv av nettstadene som kom ut med eit resultat som gjer at ein kan seia at dei oppfylte dei krav som følgjer av mållova. Dette gjaldt Høgskolen i Sogn og Fjordane, Bunad- og folkedraktrådet, Høgskolen i Volda, Noreg.no, Språkrådet, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Høgskolen Stord/Haugesund, Norsk lokalhistorisk institutt, Brønnøysundregistra, Utdanningsdirektoratet, Statens lånekasse for utdanning og Norsk kulturråd.
Tabellen viser at fleire av dei største publikumsretta nettstadene er mellom dei som har svært lite nynorsk. Det gjeld Aetat, Barneombodet, Den norske kyrkja, Likestillingsombodet, Posten Noreg, Samordna opptak, Skattedirektoratet, Kulturnett Noreg, Ung.no og Nasjonalbiblioteket. Jamvel om dei nøyaktige tala må takast med ei klype salt, dokumenterer kartlegginga at det i tida framover må gjerast ein særskild innsats for å leggja om nettstadene slik at dei blir i samsvar med krava i mållova. I brev til Noreg.no av 4. oktober 2005 har dessutan Språkrådet bedt om at det i kvalitetsvurderinga av nettstadene til sentrale statsorgan blir teke med eit kriterium for språkleg jamstilling.
2.2.3 Skjema
Statlege skjema av ulike slag kjem ikkje inn under den hovudregelen om veksling mellom målformene som gjeld for anna utoverretta informasjonstilfang. Som nemnt under kap. 1.2 skal skjema derimot liggja føre og vera tilgjengelege i begge målformer. Dette er fastsett i § 8 fjerde ledd i mållova. Skjema blir derfor ikkje tekne med når ein reknar ut den prosentvise totalfordelinga mellom nynorsk og bokmål. I staden blir dette tilfanget rapportert og registrert for seg.
I 2004 var det i alt 78 statsorgan som gav opplysningar om skjema i rapporten sin til Språkrådet. Av desse var det 13 som opplyste at dei ikkje hadde skjema.
Summen av rapporterte skjema var 2020, og av desse var det berre 840 som fant i begge målformer, dvs. 41,6 pst. Til samanlikning var det tilsvarande talet i 2000 50,5 pst. Altså har det også her vore ein viss tilbakegang når det gjeld å etterleva regelen i mållova. Av dei skjemaa som berre fanst på den eine målforma, var det i 2004 915 som berre var på bokmål, mens 265 berre var på nynorsk.
Statsorgan som merkjer seg negativt ut, er Vegdirektoratet (28 skjema, all berre på bokmål), Statens forureiningstilsyn (1 på begge målformer, 13 berre på bokmål), Mattilsynet (19 skjema på begge målformer, 171 berre på bokmål, 23 berre på nynorsk), Husbanken (13 på begge målformer, 36 berre på bokmål, 28 berre på nynorsk), Høgskolen i Stavanger (77 på begge målformer, 141 berre på bokmål), Toll- og avgiftsdirektoratet (45 på begge målformer, 55 berre på bokmål), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (28 på begge målformer, 32 berre på bokmål), Fiskeridirektoratet (30 på begge målformer, 20 berre på bokmål), Rikstrygdeverket (92 på begge målformer, 52 berre på bokmål), Skattedirektoratet (103 på begge målformer, 40 berre på bokmål).
Statistisk sentralbyrå kan på den andre sida trekkjast fram som eit føredøme. Dei har svært mange skjema og rapporterer at alle ligg føre på begge målformer, slik dei skal.