4 Nokre spørsmål i tilknyting til finansmarknaden
4.1 Eigaravgrensingsreglar i norske finansinstitusjonar
Finansdepartementet oppretta 23. november 2001 ei arbeidsgruppe under leiing av Erling Selvig for å greie ut om eigaravgrensing og eigarkontroll i finansinstitusjonar. Arbeidsgruppa foreslår i si utgreiing å endre føresegnene i finansieringsverksemdslova § 2-2 om eigaravgrensingar i finansinstitusjonar, der det heiter at ingen som hovudregel kan eige meir enn 10 prosent av ein finansinstitusjon. Utgreiinga er publisert som NOU 2002: 3 «Eierbegrensning og eierkontroll i finansinstitusjoner». Arbeidsgruppa foreslår nye lovreglar for eigarkontroll i finansinstitusjonar som i større grad enn gjeldande reglar tek utgangspunkt i ein meir skjønnsbasert modell, som også EØS-direktiva legg opp til.
Finansdepartementet sende utgreiinga på høyring 19. februar 2002 med høyringsfrist 21. mai 2002. Saka er for tida til behandling i Finansdepartementet.
4.2 Omdanning av sparebankar
4.2.1 Lovendring som opnar for omdanning av sparebankar
Finansdepartementet fremma i Ot.prp. nr. 59 (2001-2002) lovforslag som opnar for omdanning av sparebankar til aksje- eller allmennaksjeselskap. Fleirtalet i Finanskomiteen slutta seg med ei mindre endring til forslaget, jf. Innst. O. nr. 57 (2001-2002). Lovforslaget blei vedteke 11. juni 2002. Lovendringa blei sanksjonert 21. juni 2002 og sett i kraft same dag.
Bakgrunnen for forslaget var mellom anna eit forslag i NOU 1998: 14, der Banklovkommisjonen gjekk inn for ei lovendring som gir sparebankar høve til å omdanne seg til aksjeselskap. I april 2001 gjekk også eit fleirtal av medlemmene i Sparebankforeningen inn for at det skal vere høve til omdanning til «aksjesparebank» under visse føresetnader. Sparebankforeningen ønskte ein modell for omdanning av sparebankar som gav vern mot såkalla «uønsket oppkjøp», jf. St.meld. nr. 6 (2001-2002) Kredittmeldinga 2000 pkt. 2.2.5. Sparebankforeningen foreslo fleire reglar for å motverke eit slikt uønskt oppkjøp. For det første foreslo Sparebankforeningen at stiftelsen måtte eige meir enn 10 prosent av aksjane i den omdanna institusjonen for at banken skal kunne bruke omgrepet «spare» i firmaet sitt og vere tilknytt sikringsfondet til Sparebankane. Eit anna element i forslaget frå Sparebankforeningen med omsyn til «oppkjøpsvern» var at stiftelsen berre skulle kunne selje aksjar i sparebanken etter samtykke frå Kredittilsynet. Meir om bakgrunnen for lovforslaget står i Kredittmeldinga 2000 kap. 2.2.
I Kredittmeldinga 2000 varsla Finansdepartementet at det ville bli fremma eit lovforslag om omdanning av Sparebankar. I Innst. St. nr. 87 (2001-2002) slutta fleirtalet i finanskomiteen seg til Finansdepartementet sin konklusjon om at det burde gjerast ei generell lovendring som gjer det mogleg for sparebankar å omdanne seg til aksjeselskap.
Lova endrar «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansinstitusjoner og finansieringsvirksomhet», «lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker» og «lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker», og dessutan visse andre lover. Lovendringa inneber at sparebankar får høve til å omdanne seg til aksje- eller allmennaksjeselskap. Høve til omdanning er regulert etter mønster av reglane i «lov om finansieringsvirksomhet» kapittel 2 avsnitt III (§§ 2-18 til 2 - 24) om omdanning av gjensidige forsikringsselskap og kredittforeiningar til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Omdanning av sparebankar må skje etter den såkalla «stiftelsesmodellen», jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2-19 tredje ledd b). Det blir foreslått nærare reglar om organa i stiftelsen, under dette reglar om at stiftelsen skal ha generalforsamling og styre. Det blir lagt stor vekt på at stiftelsen skal vere heilt uavhengig av den omdanna sparebanken. Ingen av medlemmene i generalforsamlinga for stiftelsen skal derfor kunne ha tilknyting til den omdanna sparebanken som stiftelsen har eigardelar i. Vidare skal medlemmene i størst mogleg grad spegle kundestrukturen og andre interessegrupper kring den omdanna institusjonen. Tilsett eller tillitsvald i stiftelsen kan ikkje vere tilsett eller tillitsvald i den omdanna sparebanken eller anna selskap i finanskonsern som stiftelsen har eigarinteresser i. Eventuelle andre organisatoriske krav må vedtektsfestast i den omdanna sparebanken eller stiftelsen, under dette reglar om kompetansefordeling mellom generalforsamlinga og styret i stiftelsen.
Lovendringa inneber at stiftelsen si verksemd skal avgrensast til å forvalte eigarskapen i den omdanna sparebanken i tråd med gjeldande regler for omdanna gjensidige forsikringsselskap og kredittforeiningar. Etter desse reglane har stiftelsen høve til å kjøpe og selje aksjar i den omdanna sparebanken og til å forvalte ledig likviditet. Sal av aksjar i den omdanna sparebanken og det eventuelle morselskap skal vedtakast av generalforsamlinga med to tredels fleirtal. Stiftelsen skal ha høve til å skrive ut grunnfondsbevis og ta opp lån for å kjøpe aksjar i den omdanna sparebanken, og høve til å kjøpe aksjar og grunnfondsbevis i andre institusjonar, og dessutan forvalte likviditeten sin mellom anna ved bankinnskot og kjøp av statspapir.
Stiftelsen blir regulert av reglane om finansstiftelsar i «lov om finansieringsvirksomhet», kapittel 2 del III så lenge han eig 10 prosent eller meir av aksjane i den omdanna sparebanken. Reglar om avvikling og fusjon av stiftelsen som er oppstått ved omdanning av gjensidige forsikringsselskap og kredittforeiningar, gjeld for sparebankstiftelsar.
Den omdanna sparebanken skal framleis vere medlem av sikringsfondet til sparebankane, men dersom stiftelsen eig under 10 prosent, må banken bli medlem av sikringsfondet til forretningsbankane. 10 prosent-grensa skal vidare ha innverknad på høvet til å nytte ordet «sparebank» eller «spare» i firmaet. Den omdanna sparebanken har rett og plikt til å nytte slike ord i firmaet sitt så lenge stiftelsen eig 10 prosent eller meir av aksjane i banken.
Dei generelle eigar- og stemmerettsavgrensingane gjeld ikkje for stiftelsar som er oppretta ved omdanning av sparebankar, med omsyn til dei aksjane som stiftelsen eig i den omdanna sparebanken eller i morselskapet til sparebanken.
Lovendringa følgjer ikkje forslaget til Sparebankforeningen om at stiftelsen berre skal kunne selje aksjar i Sparebanken eller morselskapet til sparebanken etter samtykke frå Kredittilsynet. Ein viser til nærare omtale i Ot.prp. nr. 59 (2001-2002) punkt 3.3.
Vedtaket til Sparebankforeningen om ikkje å gå imot høvet til omdanning av sparebankar sette som vilkår at det blei sett i verk visse tiltak for å «styrke grunnfondsbevisets stilling», jf. også Kredittmeldinga 2000 punkt 2.2.5 og Ot.prp. nr. 59 (2001-2002) kap. 5. Sparebankforeningen foreslo fire konkrete tiltak for å «styrke grunnfondsbevisets stilling»:
Sparebankforeningen foreslo å fjerne utbytteskatten.
Det blei òg foreslått å likestille grunnfondsbevisbankane med små og mellomstore bedrifter på Oslo børs, og grunnfondsbevisa bør kunne likestillast med aksjar i indeksstrukturen på Oslo Børs. På dette grunnlaget bør grunnfondsbevisa ved formuesskattelikninga bli verdsette til 65 prosent av marknadsverdi, det same som for små og mellomstore bedrifter.
I dag følgjer det av sparebanklova § 8 at grunnfondsbeviseigarane vel inn 25 prosent av forstandarskapet. Sparebankforeningen foreslår å opne for at mellom 20 og 40 prosent av forstandarskapet i ein sparebank skal veljast av grunnfondsbeviseigarane. Forslaget er i tråd med Banklovkommisjonens forslag i NOU 1998:14 «Finansforetak mv.».-Endeleg blei det foreslått ei endring av grunnfondsbevisforskrifta slik at det blir tillate å avsetje til utjamningsfond og utdele utbytte av årsresultatet utover det som følgjer av grunnfondsbevisbrøken.
I Innst. S. Nr. 87 (2001-2002) uttalar finanskomiteen m.a.:
«Under høyringane om saka den 18. januar 2002 kom det, særleg frå Sparebankforeningen, fleire konkrete forslag om tiltak for å styrkja grunnfondsbevisa si stilling. Fleirtalet ser det som svært viktig at grunnfondsbevisa si stilling får ei reell styrking. Fleirtalet vil vidare understreka at det er viktig at arbeidet med dette går parallelt med omdanningssaka, slik at desse sakene kan sjåast i samanheng.
På denne bakgrunn er fleirtalet samd i departementet sin konklusjon om å leggja fram for Stortinget eit lovforslag om endring av finanslovgivinga som opnar for omdanning av sparebankar til aksjeselskap.»
Lovendringa gjennomfører fleire av desse forslaga. Det er vedteke at utbytteskatten skal fjernast frå og med inntektsåret 2002. Formuesskattereglane i skattelova § 4-12 sjette ledd blei endra slik at grunnfondsbevis blir verdsette til 65 prosent av kursverdien 1. januar i likningsåret, eller 65 prosent av pårekna salsverdi 1. januar i likningsåret dersom kursen ikkje er notert eller kjend. Dette gir skattemessig likestilling med aksjar i norske selskap som ikkje er noterte på hovudlista ved Oslo Børs. Vidare blir det opna for at grunnfondsbeviseigarane kan velje inntil 40 prosent av medlemmene i forstandarskapet til sparebanken. Spørsmålet om endring av grunnfondsbevisforskrifta er til vurdering i departementet.
4.2.2 Søknad frå Gjensidige NOR om endring av konsernstruktur
Gjensidige NOR søkte i brev 3. juni 2002 om å få endre konsernstruktur. Kredittilsynet gav si tilråding i saka ved brev 20. juni 2002. Ved vedtak 16. juli 2002 gav Finansdepartementet konsesjon til omstruktureringa på nærare vilkår.
Gjensidige NOR var før omdanninga organisert som konserngruppe etter «lov om finansieringsvirksomhet» § 2a-17 (tidlegare § 2a-16), sett saman av Gjensidige NOR Forsikring, Gjensidige NOR Spareforsikring og Gjensidige NOR Sparebank. Gjensidige NOR opplyser i søknaden:
«For å styrke konsernets konkurransekraft ønsker vi å videreutvikle konsernet som aksjekonsern. Bakgrunnen for dette er de erfaringer som er gjort med gjeldende konsernmodell ut fra muligheten til å skaffe nødvendig egenkapital.»
Gjensidige NOR søkjer mellom anna om grunnlegging av Gjensidige NOR ASA som morselskap i finanskonsern, jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2a-3 første ledd. Vidare søkjer Gjensidige NOR om omdanning av Gjensidige NOR Spareforsikring til allmennaksjeselskap etter kundemodellen, jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2-19 tredje ledd a) og omdanning av Gjensidige NOR Sparebank etter stiftelsesmodellen, jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2-19 tredje ledd b). Det blir søkt om at Gjensidige NOR ASA skal eige 100 prosent av aksjane i Gjensidige NOR Spareforsikring ASA og Gjensidige NOR Sparebank ASA. Aksjane i Gjensidige NOR ASA blir fordelte mellom livselskapet sine kundar og det gjensidige skadeforsikringsselskapet Gjensidige NOR Forsikring (som grunnfondsbeviseigarar i livselskapet), grunnfondsbeviseigarar i sparebanken og ein nyoppretta sparebankstiftelse, Stiftelsen Gjensidige NOR Sparebank, og dessutan visse andre som kjøper aksjar som blir selde ved kontantutløysing av visse mindre grupper. Fordelinga vil skje på bakgrunn av verdiforholdet mellom kundane og grunnfondsbeviseigarane i livselskapet, grunnfondsbeviseigarane og grunnfondskapitalen i sparebanken, og vidare på bakgrunn av verdiforholdet mellom livselskapet og sparebanken. Det blir søkt om å opprette ein strategisk samarbeidsavtale mellom morselskapet Gjensidige NOR ASA og det gjensidige skadeforsikringsselskapet Gjensidige NOR Forsikring, jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2-2 andre ledd nr. 10.
I brev 16. juli 2002 gav Finansdepartementet nødvendige løyve til omstruktureringa som er nemnd ovanfor. Det blei sett visse vilkår for konsesjonen. Løyvet krev mellom anna at Kredittilsynet godkjenner vedtektene til banken og organiseringa i finanskonsernet.
4.3 Kvitvasking og terrorfinansiering
4.3.1 Innleiing
Det norske kvitvaskingsregelverket som gjeld for finansinstitusjonar o.a., følgjer av «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» § 2-17 med tilhøyrande forskrifter. Regelverket er ei implementering av EØS-reglane som svarar til rådsdirektiv 91/308/EØF («det første hvitvaskingsdirektivet»). Finansieringsverksemdslova § 2-17 fastset plikter for finansinstitusjonane og deira tenestemenn som skal førebyggje at finansinstitusjonane blir misbrukte til kvitvasking av pengar og til finansiering av terrorisme.
I løpet av 2001 er det vedteke fleire endringar i dei internasjonale reglane for tiltak mot kvitvasking av pengar og terrorfinansiering. Nedanfor følgjer ein omtale av dei viktigaste endringane som er relevante for finansmarknaden.
4.3.2 Nytt kvitvaskingsdirektiv
Europaparlamentet og Rådet vedtok 4. desember 2001 europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/97/EC om endring av rådsdirektiv 91/308/EØF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet blir brukt til kvitvasking av pengar («det andre hvitvaskingsdirektiv»). Den vesentlegaste endringa i direktivet er at krinsen av juridiske og fysiske personar som er omfatta av pliktene etter kvitvaskingsdirektivet, blir utvida. Mellom anna får advokatar, eigedomsmeklarar, revisorar, skatterådgivarar og kasino plikt på seg til å undersøkje og rapportere mistenkjelege transaksjonar. Medlemsstatane i EU har etter direktivet frist til 15. juni 2003 til å gjennomføre endringsdirektivet i nasjonal rett. Noreg tek sikte på å gjennomføre det andre kvitvaskingsdirektivet i norsk rett innan same frist, jf. nedanfor.
4.3.3 FN-konvensjonar og resolusjonar om terrorfinansiering
FN vedtok 9. desember 1999 ein ny konvensjon om tiltak mot finansiering av terrorisme (terrorfinansieringskonvensjonen). Noreg underteikna 1. oktober 2001, jf. kgl. res. 28. september 2001. Terrorfinansieringskonvensjonen tek sikte på å førebyggje finansiering av terrorhandlingar. Konvensjonen pålegg partane mellom anna å gjere det straffbart å finansiere ei handling som blir ramma av nokon av dei ni globale avtalane om tiltak mot terrorisme som er tekne inn i vedlegget til konvensjonen. I tillegg forpliktar partane seg til å gjere det straffbart forsettleg å finansiere alle andre handlingar som har til formål å skulde død eller alvorleg lekamskrenking på sivile, når målet er å tvinge, truge eller presse ei regjering eller ein internasjonal organisasjon til å utføre eller avstå frå ei handling. Partane skal gjere tiltak for å identifisere og beslagleggje, eventuelt bandleggje, midlar som blir rekna for å vere avsette til å finansiere slike terrorhandlingar.
Åtaket mot USA 11. september 2001 var det alvorlegaste angrepet på ein stat og ei befolkning som nokon gong er gjennomført av terroristar. FNs tryggingsråd kom saman dagen etter åtaket og vedtok 12. september 2001 resolusjon 1368, som konstaterer at åtaket er ein trugsel mot internasjonal fred og tryggleik. Vidare vedtok Tryggingsrådet 28. september 2001 resolusjon 1373. Tiltaka i denne resolusjonen dreier seg særleg om å forhindre finansiering av terrorhandlingar. Tiltaka må sjåast i samanheng med terrorfinansieringskonvensjonen. Resolusjonane er folkerettsleg bindande.
Norske personar og føretak blir ikkje utan vidare bundne av vedtak i FNs organ. Føresegnene i resolusjonen må vere gjennomførte i norsk rett for å oppfylle krava etter FN-pakta. Dei nemnde internasjonale forpliktingane blei først gjennomførte i norsk rett ved mellombels «lov 5. oktober 2001 om forbod mot finansiering av terrorisme o.a.». Den mellombels lova blei deretter følgd opp med permanent lovgiving etter forslag i Ot. prp. nr. 61 (2001-2002) om «lov om endringer i straffeloven og straffeprosessloven o.a. (lovtiltak mot terrorisme - gjennomføring av FN-konvensjon 9. desember 1999 om tiltak mot finansiering av terrorisme og FNs tryggingsråds resolusjon 1373 28. september 2001)». Justiskomiteen behandla forslaget, jf. Innst. O. nr. 70 (2001-2002). Forslaget blei vedteke som endringslov 28. juni 2002 nr. 54, og sett i kraft frå same tid.
Lovendringa gjennomfører FN-konvensjonen 9. desember 1999 om tiltak mot finansiering av terrorisme (terrorfinansieringskonvensjonen) og FNs tryggingsråds resolusjon 1373 i norsk rett. Det er mellom anna vedteke eit nytt straffebod i straffelova § 147 a, som uttrykkeleg rettar seg mot terrorhandlingar. Etter endringa blir enkelte grove straffbare handlingar rekna som terrorhandlingar, dersom dei blir utførte med eit særleg forsett. Det er gjort straffbart å inngå forbund (avtale) om å utøve slike handlingar. Vidare er det vedteke eit nytt straffebod i straffelova § 147 b retta mot finansiering av terrorisme.
Meldeplikta som finansinstitusjonane o.a. har etter finansieringsverksemdslova § 2-17, blei samstundes utvida til å omfatte mistanke om straffbare handlingar som nemnde i straffelova § 147 a og § 147 b, dvs. terrorhandlingar og finansiering av slike handlingar. Det blir vist til nærare omtale av dette i Ot. prp. nr. 61 (2001-2002).
4.3.4 FATF - tilrådingar om kvitvasking og tilleggstilrådingar om terrorfinansiering
Financial Action Task Force on Money Laundering and Terrorist Financing (FATF) er eit internasjonalt forum som arbeider for å førebyggje og forhindre kvitvasking av pengar og terrorfinansiering. FATF blei oppretta av G7-landa i 1989, og Noreg slutta seg til FATF i 1991. Delegasjonen består av deltakarar frå Justisdepartementet, Finansdepartementet, ØKOKRIM og Kredittilsynet. FATF har utarbeidd 40 tilrådingar med tiltak mot kvitvasking av pengar. Tilrådingane er til dels i samsvar med direktiv 91/308/EØF om tiltak for å hindre at det finansielle systemet blir brukt til kvitvasking av pengar. For å følgje opp tilrådingane har FATF gjennomført evalueringar av regelverka til medlemsland, og tilrådingane er gjennomførte i norsk rett. Dei 40 FATF-tilrådingane er for tida under revisjon. FATF har utarbeidd eit konsultasjonsdokument som omtalar endringsbehovet og foreslår alternative endringar. Dei endringane som er foreslått, går i hovudtrekk ut på å forsterke krava til identifikasjon av kundar, å innføre tiltak for å gjere den internasjonale verdipapirmarknaden meir gjennomsiktig, og dessutan å utvide krinsen av juridiske og fysiske personar som blir omfatta av tilrådingane. Endringane vil truleg bli vedtekne av FATF våren 2003.
Etter terroråtaka i USA 11. september 2001 har FATF utvida arbeidet sitt til å omfatte tiltak mot finansiering av terrorisme. FATF vedtok på eit ekstraordinært plenarmøte i Washington 29.-30. oktober 2001 «FATF Special Recommendations on Terrorist Financing» (tilleggstilrådingar). Formålet med tilleggstilrådingane er å forhindre at terroristane og deira støttespelarar får tilgang til det internasjonale finansielle systemet. Dei spesielle tilrådingane er delvis gjennomførte i norsk rett. Dette gjeld mellom anna krav om gjennomføring av FNs terrorfinansieringskonvensjon og resolusjonane frå Tryggingsrådet.
4.3.5 Gjennomføring av internasjonale reglar og EØS-reglar i norsk rett
Finansdepartementet har sett ned ei intern arbeidsgruppe som skal utarbeide eit utkast til reglar som skal gjennomføre EØS-reglane som svarar til direktiv 2001/97/EF om førebyggjande tiltak mot kvitvasking av pengar (det andre kvitvaskingsdirektivet). Vidare skal gruppa vurdere forholdet mellom norsk rett og andre internasjonale reglar og tilrådingar på området, under dette dei spesielle FATF-tilrådingane. Det blir teke sikte på å sende eit forslag på høyring i løpet av hausten 2002.
4.4 Marknadsplassar for varederivat
Med børs meiner vi føretak som organiserer eller driv ein marknad for finansielle instrument der det blir lagt til rette for handel ved regelmessig og offentleg kursnotering og opptak av finansielle instrument til børsnotering. Med autorisert marknadsplass meiner vi føretak som organiserer eller driv ein marknad for finansielle instrument der det blir lagt til rette for handel ved regelmessig og offentleg kursnotering av finansielle instrument. «Lov 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m.» regulerer verksemd som børs eller autorisert marknadsplass. Formålet med børslova er å leggje til rette for effektive, velordna og tillitsvekkjande marknader for finansielle instrument. Lova opnar mellom anna for større konkurranse mellom marknadsplassane. Verksemd som børs eller autorisert marknadsplass kan berre drivast av føretak som har løyve til dette frå departementet, jf. børslova § 2-1. For nærare omtale av reglar for børser og andre marknadsplassar viser ein til NOU 1999: 3, Ot.prp. nr. 73 (1999-2000) «Om lov om børsvirksomhet m.m.» (børslova) og Innst. O. nr. 3 (1999-2000). Ein viser òg til omtale i Kredittmeldingane for 1998, 1999 og 2000.
På grunnlag av utviklinga i enkelte av vare- og tenestemarknadene har det oppstått eit aukande behov for tiltak som kan gi prisstabiliserande effekt for aktørane i desse marknadene. I fleire ulike varemarknader har behovet for prissikring og risikostyring drive fram ein finansiell marknad basert på den underliggjande varemarknaden. På denne bakgrunnen oppnemnde Regjeringa 25. september 1998 eit utval som skulle greie ut regulering av handel i varederivat. Utvalet gav si innstilling 28. september 1999, jf. NOU 1999: 29. Regjeringa følgde opp innstillinga i Ot.prp. nr. 53 (2000-2001). Forslaget blei behandla av Finanskomiteen i Innst. O. nr. 104 (2000-2001) og vedteke av Stortinget 7. juni 2001. Lovendringa innebar mellom anna at varederivat blei definerte som finansielle instrument, jf. verdipapirhandellova § 1-2 andre ledd nr. 8 og § 1-2 fjerde ledd. Dette medfører mellom anna at konsesjonsplikt for drift av børs eller autorisert marknadsplass gjeld for føretak som organiserer eller driv marknad for varederivat.
Departementet har i løpet av 2001 behandla tre søknader om etablering av marknadsplassar for omsetjing av varederivat. 5. mars 2002 gav Finansdepartementet Nord Pool ASA løyve til å drive børsverksemd, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 andre ledd. Løyvet blei avgrensa til børsverksemd for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande vare. Same dato gav Finansdepartementet International Maritime Exchange ASA løyve til å drive autorisert marknadsplass, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 første ledd. Dette løyvet blei avgrensa til verksemd som autorisert marknadsplass for varederivat med maritime fraktkontraktar som underliggjande vare. Vidare gav Finansdepartementet 31. mai 2002 M-Tre Kraft AS løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass, jf. børslova § 2-2 første ledd og § 1-3 første ledd. Løyvet gjeld verksemd som autorisert marknadsplass for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande vare. Det blei sett særlege vilkår for alle løyva.