6 Verksemda i Noregs Bank i 2001
6.1 Årsmeldinga for 2001
Årsmeldinga 2001 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 20. mars 2001. Etter § 28 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)» skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje det fram for Kongen og gjere det kjent for Stortinget. Etter § 5 i instruks skal Riksrevisjonen sende «et eksemplar av de i § 2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 siste ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter instruks fastsatt av Stortinget». Stortinget har fastsett ein slik instruks 10. april 1987 «for Riksrevisjonens kontroll vedrørende Norges Bank». Etter § 2 i denne instruksen «skal statsråden, snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:
Bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning
Hovedstyrets årsberetning
Representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken
Statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»
Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 2 nr. 1-3, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Tidlegare har departementet lagt til grunn at instruksen § 2 nr. 4 blir oppfylt ved at dei forholda som § 2 nr. 4 tek opp, blir omtala i samband med at den årlege Kredittmeldinga blir lagd fram om hausten. I brev til Finansdepartementet 15. mars 2001 bad Riksrevisjonen om at statsråden sin omtale som er nemnd i instruksen § 2 nr. 4, skulle bli send til Riksrevisjonen ein månad etter at årsrekneskapen frå Noregs Bank er motteken i departementet. Brevet frå Riksrevisjonen gjorde det nødvendig å gå nærare inn i kva som skal reknast som «statsrådens myndighetsutøvelse». Dette inneber kompliserte juridiske spørsmål, sidan statsråden i utgangspunktet har avgrensa tilgang til å utøve myndigheit overfor Noregs Bank. I brev til Riksrevisjonen 7. september 2001 går Finansdepartementet gjennom dei ulike måtar «myndighetsutøvelse» kan tolkast på. Etter departementet sitt syn skal «myndighetsutøvelse» omfatte dei instruksar som Kongen i statsråd fastset med heimel i sentralbanklova § 2 fjerde ledd. Departementet gav uttrykk for meir tvil om ei avgjerd om ikkje å instruere Noregs Bank skal reknast som «myndighetsutøvelse». Etter departementet sitt syn var det likevel nyttig at Riksrevisjonen mottek informasjon også i slike saker. Det blei lagt til grunn at statsråden sin omtale om myndigheitsutøving mest praktisk kunne oppfyllast ved at Riksrevisjonen får gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i slike saker som er nemnde ovanfor (saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere).
I Finansdepartementet sitt brev til Riksrevisjonen 21. juni 2002 heiter det:
«Norges Bank ble ikke instruert med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd i år 2001. I år 2001 forela Norges Bank en sak for departementet etter bestemmelsen i sentralbankloven § 2 annet ledd.»
Kopi av departementet sitt svarbrev 18. juni 2001 til Noregs Bank i saka som blei lagd fram for departementet, blei lagd ved brev av 21. juni 2002 frå Finansdepartementet til Riksrevisjonen.
6.1.1 Leiing og administrasjon
6.1.1.1 Hovudstyret
Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 17 møte i 2001. Boks 6.1 viser samansetjinga av hovudstyret i 2001.
Boks 6.1 Hovudstyret i Noregs Bank
Hovudstyret var i 2001 samansett slik (vararepresentantar i parentes):Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiarVisesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiarKonsulent Esther Kostøl, 1998-2001 (nestleiar Eystein Gjelsvik)Administrerande direktør Torgeir Høien, 1998-2001 (advokat Ingfrid O. Tveit)Dagleg leiar Sylvi Røssland Sørfonn, 2000-2003 (revisor Tore Johansen)Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, 1998-2001 (fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik)Konsernsjef Trond R. Reinertsen, 2000-2003 (konsulent Kari Olrud Moen1)Representantar for dei tilsette:Sonja Blichfeldt Myhre (Einar Alnes)Jan Erik Martinsen (Sven Odd Rotbæk)
1 Kari Olrud Moen gjekk ut av hovudstyret då ho blei statssekretær i Finansdepartementet.
6.1.1.2 Representantskapet
Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar for to år, jf. sentralbanklova § 7. Boks 6.2 viser samansetjinga av representantskapet i 2001.
Boks 6.2 Representantskapet i Noregs Bank
Representantskapet var i 2001 samansett slik (vararepresentantar i parentes):Skolesjef Mary Kvidal, leiar, 1998-2001 (informasjonssjef Bjørnar Olsen)Skipsreiar Jens Marcussen, nestleiar, 1998-2001 (avdelingsleiar Nils-Olav Skilbred)
Dagleg leiar Solveig Nordkvist Haugerud, 2000-2003 (kommunalråd Monica Mæland)
Varaordførar Terje Ohnstad, 2000-2003 (lærar Ragnhild Weiseth)
Sekretær Berit I. Hultmann, 1998-2001 (fagopplæringssjef Frode R. Svendsen)
Fylkeskultursjef Hanne Varhaug Søberg, 2000-2003 (avdelingsleiar Bjørn Arild Gram)
Ass. fylkeshelsesjef Veslemøy Rabe, 2000-2003 (student Camilla Bakken Øvald)
Husmor Reidun Romflo1, 2000-2003 (ordførar Rigmor Aasrud Jahren)
Fylkesutdanningssjef Johan Solheim, 2000-2003 (salssjef Armand Bjørnholt2)
Advokat Morten Steenstrup, 2000-2003 (direktør Søren Fredrik Voie3)
Kontorleiar Aslaug Mildrid Sofie Eriksen, 1998-2001 (prosjektdirektør Odd Erik Hansgaard)
Cand.oecon Hans Hammond Rossbach, 1998-2001 (sikkerheitskonsulent Olav Pedersen)
Grosserar Hakon Lunde, 1998-2001 (distriktsbanksjef Dag Sandstå)
Rektor Per Aas, 1998-2001 (ordførar Trude Brosvik)
Konsulent Kåre Harila, 2000-2003 (fylkespolitikar Unni Hennum Lie)
1 Romflo: Melding om dødsfall i juni 2001. Vararepresentant Aasrud Jahren fungerte som medlem til 17. desember 2001 då Tom Thoresen blei vald som nytt medlem.
2 Bjørnholt: Melding om dødsfall i februar 2001. Jan Elvheim vald som ny vararepresentant for Solheim 3. mai 2001.
3 Voie: Vald som stortingsrepresentant frå 1. oktober 2001, og funksjonen som vararepresentant til representantskapet opphøyrde frå same dato. Liv Stave blei vald som ny vararepresentant for Steenstrup 17. desember 2001.
6.1.1.3 Personalet
Tabell 6.1 viser fordelinga av dei fast tilsette i banken på hovudkontoret og andre einingar. Noregs Bank hadde ved utgangen av 2001 til saman 662 heil- og deltidstilsette, noko som innebar ein samla nedgang på 424 i høve til 2000. Same året auka talet på tilsette i Noregs Bank Kapitalforvaltning med fjorten, slik at denne verksemda, som forvaltar Statens petroleumsfond på vegner av Finansdepartementet, ved utgangen av 2001 hadde 105 tilsette. Då Den Kongelege Mynt 1. januar 2001 blei skild frå Noregs Bank og etablert som eige aksjeselskap (DKM AS) og selskapet Norsk Kontantservice AS (NOKAS) blei skipa 1. juli. 2001, gjekk talet på tilsette i Noregs Bank ned med 384 stillingar.
Tabell 6.1 : Fordeling av dei fast tilsette i Noregs Bank på hovudkontoret og i andre einingar1)
1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
Hovudkontoret | 594 | 629 | 657 | 643 | 608 |
Avdelingane utanfor Oslo | 397 | 375 | 366 | 337 | 0 |
Seteltrykkeriet og Den Kongelege Mynt | 151 | 149 | 131 | 106 | |
Seteltrykkeriet | 54 | ||||
Sum | 1 142 | 1 153 | 1 154 | 1 086 | 662 |
1) Tala i tabell 6.1 viser kor mange personar som var tilsette i Noregs Bank per 31. desember 2001. Tala er mellom anna påverka av talet på deltidstilsette, og av at det ofte går litt tid frå ein sluttar i ei stilling og til den neste tek til. Tala let seg derfor ikkje samanlikne direkte med den faktiske bruken av årsverksressursar gjennom året. Den Kongelege Mynt blei frå 1. januar 2001 skipa som aksjeselskap slik at talet på tilsette for 2001 berre gjeld seteltrykkeriet.
Kjelde: Kjelde: Noregs Bank
6.1.1.4 Bruken av ressursar i Noregs Bank
Noregs Bank har i brev 19. juni 2002 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken. Der står det mellom anna:
«Store delar av banken blei omorganisert i 2001 med sikte på ein meir effektiv ressursbruk og ein auka konsentrasjon om kjerneoppgåvene pengepolitikk, finansiell stabilitet og kapitalforvaltning.
Den Kongelige Mynt AS (DKM AS) blei skipa 1. januar 2001 med ein aksjekapital på 25 millionar kroner. Noregs Bank eig 100 prosent av aksjane. Ved etableringa blei 48 medarbeidarar overførte frå Noregs Bank til det nye selskapet. Produksjonsverksemda held elles fram i dei same bygningane på Kongsberg, og bygningane blei i juni 2001 selde til selskapet. Hovudmotivet for å skipe selskapet var å skape ei så effektiv verksemd som mogleg. I tillegg gav utskiljinga DKM AS framleis høve til å produsere eit breiare produktspekter, slik at investeringar, kompetanse og kapasitet kan nyttast betre og meir effektivt. Myntproduksjonen rundt om i Europa blir no omstrukturert mellom anna som ei følgje av innføringa av euro frå nyttår 2002. Ein forventar at marknaden for sirkulasjonsmynt vil bli meir ustabil og konkurransen vil bli hard. Dette talar for at Noregs Bank som eigar bør vurdere DKM AS si strategiske stilling. Som det er gjort nærare greie for i brev til Finansdepartementet 8. april 2002, har hovudstyret kome til at banken bør opne for å finne andre eigarar til selskapet.
Selskapet Norsk Kontantservice AS (NOKAS) blei skipa 1. juli 2001 med ein aksjekapital på 50 millionar kroner. Noregs Bank eig 33,5 prosent. Dei andre eigarane er Den norske Bank, Gjensidige NOR, Fokus Bank, Nordlandsbanken, Sparebank1-gruppen og Terragruppen. Selskapet står for ein stor del av kontanthandteringa i Noreg og utfører på oppdrag for Noregs Bank delar av banken sine lovpålagde oppgåver på kontantområdet.
I samband med etableringa av NOKAS blei dei attverande avdelingane lagde ned som distriktseiningar under Noregs Bank, og representantskapet gav i 2001 si tilslutning til at eigedomane kunne seljast. I ein overgangsperiode har dei fleste lokala til dei tidlegare avdelingane vore leigde ut til NOKAS si verksemd, men per juni 2002 er dei fleste av eigedomane selde: Hausten 2001 og vinteren 2002 blei eigedomane i Haugesund, Fredrikstad og Ålesund selde, og i juni 2002 blei eigedomane i Bodø, Kristiansand, Larvik, Lillehammer, Tromsø, Trondheim og Vardø selde. I alt summerer salsinntektene seg til om lag 132 millionar kroner. Bankens eigedomar i Bergen, Hammerfest og Stavanger er enno ikkje selde.
For Noregs Banks Seteltrykkeri (NBS), har det vore ein stadig nedgang i verksemda. Talet på tilsette blei redusert frå 59 til 54 i 2001. Produksjonen av norske pass for Politidirektoratet blir fasa ut i løpet av 2003, noko som vil føre til ein ytterlegare reduksjon i talet på tilsette. På same måte som for DKM AS må òg NBS sin framtidige situasjon vurderast i tida framover.
Ved utgangen av 2001 var det 662 fast tilsette og engasjerte i Noregs Bank, mot 1086 ved utgangen av 2000. Utskiljinga av kontanthandteringa og myntproduksjonen står aleine for ein reduksjon på 384 stillingar. Samstundes har det vore ein ytterlegare vekst i talet på tilsette i kapitalforvaltninga. Ved inngangen til 2002 hadde Noregs Bank Kapitalforvaltning 105 tilsette, ein auke på 14 frå året før. Den resterande brutto nedgangen i talet på tilsette har funne stad ved seteltrykkeriet og i andre funksjonar ved hovudkontoret.
Omstillingstiltak og avvikling av verksemda ved distriktsavdelingane får konsekvensar for dei tilsette som blir råka. For å dempe verknadene har banken tatt i bruk ulike personalpolitiske tiltak, så som utdaningspermisjon, førtidspensjon og venteløn. I 2000 fekk om lag hundre tilsette innvilga søknad om avgang ved bruk av personalpolitiske verkemiddel i omstillingshøve, og i 2001 fekk ytterlegare åtti medarbeidarar godkjent slike søknader.
For ein vidare omtale av ressursbruken i Noregs Bank viser ein elles til banken si årsmelding for 2001.»
Departementet viser til dei omleggingane Noregs Bank har gjort for å sikre ei effektiv ressursutnytting. Ein er innforstått med at det kan vere naudsynt med ein auke i ressursbruken innanfor kapitalforvaltninga i Noregs Bank i samband med oppbygginga av Statens petroleumsfond.
6.1.2 Nærare om verksemda til Noregs Bank i 2001
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremme eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Det følgjande er ei framstilling av verksemda i 2001 som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.
6.1.2.1 Pengepolitikken
Retningslinjene for pengepolitikken blei endra ved forskrift av 29. mars 2001, jamfør St.meld. nr. 29 (2000-2001) «Retningslinjer for den økonomiske politikken». Stortinget slutta seg til desse. I § 1 i forskrifta heiter det mellom anna:
«Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutvikling. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting. [ . . .] Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.»
Vidare heiter det i St.meld. nr. 29 (2000-2001):
«Norges Banks rentesetting skal være framoverskuende og ta tilbørlig hensyn til usikkerhet knyttet til makroøkonomiske anslag og vurderinger. Den skal ta hensyn til at det kan ta tid før politikkendringer får effekt, og den bør se bort fra forstyrrelser av midlertidig karakter som ikke vurderes å påvirke den underliggende pris- og kostnadsveksten.»
Retningslinjene for pengepolitikken av 29. mars 2001 inneber at pengepolitikken har fått ei klar rolle i å stabilisere den økonomiske utviklinga. Låg og stabil inflasjon er viktig for å sikre stabilitet i produksjon og sysselsetting og vil også medverke til stabilitet i valutakursen over tid.
Hovudstyret i Noregs Bank drøftar pengepolitikken kvar sjette veke. Eventuelle vedtak om endringar i renta eller andre viktige omleggingar i bruken av verkemidla blir normalt fatta i desse møta.
Hovudstyret i Noregs Bank fastset rentesatsane på dagsinnskota og dagslåna som bankane har i Noregs Bank. I tillegg kan banken intervenere i valutamarknaden. Renta på dagsinnskot (foliorenta) er Noregs Bank si styringsrente. I normale høve ligg dei kortsiktige rentene i pengemarknaden nær foliorenta. Rentene i penge- og kapitalmarknadene verkar inn på kronekursen, prisane på verdipapira, bustadprisane og på etterspurnaden etter lån og investeringar. Endringar i Noregs Bank si rente kan òg verke inn på forventningane om framtidig inflasjon og økonomisk utvikling. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspørsels- og produksjonsforholda og på prisar og løner. Lågare rente vil auke etterspørselen og inflasjonen. Høgare rente verkar motsett.
Noregs Bank skriv i årsmeldinga for 2001:
«Norges Banks styringsrenter blir satt ut fra en samlet vurdering av utsiktene for inflasjonen. Siden en renteendring ikke virker umiddelbart på inflasjonen, må Norges Bank se framover i rentesettingen. Bankens analyser tyder på at en vesentlig del av virkningene av en renteendring vil komme innen to år. To år er derfor et rimelig tidsperspektiv for å nå målet om 21/2 prosent inflasjon. Det vil si at rentene fastsettes med sikte på at inflasjonen skal være 21/2 prosent om to år.»
Vidare heiter det:
«I enkelte situasjoner, dersom uventede hendelser har ført til for høy inflasjon, kan det være riktig å legge til grunn et lengre tidsperspektiv enn to år for å unngå unødige realøkonomiske kostnader. En forutsetning for å kunne velge et lengre tidsperspektiv, er at Norges Bank kan bygge på at det er stor tillit hos aktørene i det økonomiske livet til at inflasjonen over tid vil være lav og stabil. Etter hvert som det blir vunnet erfaring med at renten settes etter et inflasjonsmål, vil det trolig bli større mulighet for å legge vekt på hensynet til stabilitet i realøkonomien.
Når Norges Bank kommer til at renten bør endres, vil banken oftest gå gradvis fram. Det skyldes at det normalt er usikkerhet om hva situasjonen er i økonomien, hvilke andre forstyrrelser økonomien kan bli utsatt for, og hvor raskt en renteendring påvirker prisstigningen. Men Norges Bank vil ikke alltid gå gradvis fram. Det vil være riktig å endre renten raskt og markert hvis for eksempel sterk uro i finansmarkedene eller et forhandlingsdrevet kostnadssjokk tyder på at tilliten til pengepolitikken står i fare.»
Hovudstyret i Noregs Bank hadde ni rentemøte i 2001. Styringsrenta blei halden uendra på 7 prosent fram til 12. desember, då hovudstyret sette ned foliorenta med 1/2 prosentpoeng. Samtidig uttala banken at det med ei rente på 6,5 prosent framleis var meir sannsynleg at inflasjonen på to års sikt ville bli lågare enn 21/2 prosent enn at han ville bli høgare. Sjå årsmeldinga frå Noregs Bank for 2001 for ei skildring av korleis banken vurderer marknadsutsiktene o.a. som låg til grunn for rentevedtaka. Kursen på norske kroner målt mot euro blei styrkt frå 8,31 til 7,97 gjennom året.
Noregs Bank har drøfta utøvinga av pengepolitikken og resultata som er nådde, nærare i årsmeldinga for 2001. Her skriv banken mellom anna:
«Norges Bank legger til grunn at pengepolitikken virker med et tidsetterslep. Inflasjonen som kan observeres på et bestemt tidspunkt, er blant annet et resultat av den styringsrenten som ble satt ett til to år tidligere. Siden det tar tid før pengepolitikken virker på inflasjonen, ser Norges Bank fremover i rentesettingen. Innretningen av pengepolitikken i 2001 kan derfor best vurderes i forhold til den faktiske utviklingen i inflasjonen i årene fremover. Inntil videre må pengepolitikken som ble ført i 2001 ses i lys av utsiktene for inflasjonen i årene fremover.
Vidare heiter det:
«Statistisk sentralbyrå har siden 10. oktober 2001 publisert tall for konsumprisveksten justert for avgiftsendringer og uten energivarer (KPIJAE). Dette målet for inflasjonen er etter Norges Banks syn et utgangspunkt for å vurdere pengepolitikken i ettertid. Tolvmånedersveksten i KPIJAE viste en nokså stabil utvikling gjennom 2001 etter en klar økning i 2000 [ . . .]. I gjennomsnitt økte konsumprisene justert for avgiftsendringer og uten energivarer med 2,6 prosent fra 2000 til 2001.»
Fram til dei nye retningslinjene for pengepolitikken blei vedtekne 29. mars 2001, var pengepolitikken retta inn mot stabilitet i kroneverdien overfor europeiske valutaer. I årsmeldinga for 2001 skriv banken:
«For å oppnå kursstabilitet mot euro ble virkemidlene rettet inn slik at pris- og kostnadsstigningen skulle komme ned mot det Den europeiske sentralbanken (ESB) sikter mot. [ . . .] De nye retningslinjene for pengepolitikken, som ble innført 29. mars, kunne gjøres gjeldende uten at det i seg selv førte til vesentlige endringer i hvordan pengepolitikken utøves.»
Ulike institusjonars prognosar for inflasjonen (Consensus Forecasts) tyder på at det er tillit til pengepolitikken. Prisauken på lang sikt blir der venta å vere lik inflasjonsmålet på 2,5 prosent.
Utviklinga i langsiktige renter kan òg gi informasjon om aktørane sine inflasjonsforventningar. Ut frå observerte renter med ulik løpetid kan ein rekne ut implisitte terminrenter, som kan uttrykkje forventningane i marknaden om framtidige kortsiktige renter. Dette kan brukast til å utleie eit mål for prisforventningane i Noreg samanlikna med andre land. I Noregs Bank si årsmelding heiter det:
«Differansen mellom terminrentene i Norge og Tyskland på lang sikt bør for eksempel gjenspeile den forventede forskjellen i inflasjonen mellom Norge og Tyskland på lang sikt. Hvis de norske terminrentene ligger langt over de tyske, kan det tyde på at aktørene venter at forskjellen i inflasjonen vil være større over tid enn det som følger av målene for pengepolitikken i Norge og euroområdet. Imidlertid må en i slike sammenlikninger ta høyde for en viss usikkerhet knyttet til beregningsmetoden for terminrenter og tolke resultatene med forsiktighet. I løpet av våren og sommeren 2001 økte den norske langsiktige terminrenten markert. Dette slo ut i en tilsvarende økning i differansen mot Tyskland. Økningen bør ses i lys av innføringen av inflasjonsmålet på 21/2 prosent 29. mars. Inflasjonsmålet er noe høyere enn eurolandenes definisjon av prisstabilitet. De nye retningslinjene for pengepolitikken bidro trolig til å øke inflasjonsforventningene i Norge, både absolutt og relativt til i Tyskland. [ . . . . . .] Differansen mellom norske og tyske langsiktige terminrenter har ligget i området 1-11/4 prosentpoeng etter økningen gjennom våren og sommeren 2001. Etter Norges Banks vurdering kan differansen forklares med at inflasjonsmålet i Norge er høyere enn eurolandenes definisjon av prisstabilitet, samt likviditets- og risikopremier på plasseringer i Norge. Terminrentene synes dermed å være i samsvar med informasjonen fra Consensus Forecasts om forventningene om den fremtidige prisstigningen.»
Likviditetspolitikken skal ifølgje Noregs Bank syte for at rentevedtaka i hovudstyret får breitt gjennomslag i dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Dette oppnår banken ved å bruke dei likviditetspolitiske verkemidla til Noregs Bank slik at den marginale dagsrenta i banksystemet blir lik renta på dagsinnskot i Noregs Bank (foliorenta).
Dei viktigaste likviditetspolitiske instrumenta er fastrentelån (F-lån) som er pantesikra, og fastrenteinnskot (F-innskot). F-lån blir nytta for å tilføre likviditet til bankane, medan F-innskot blir nytta til å binde midlar i sentralbanken. F-lån og F-innskot har normalt ei løpetid på mellom ein og fem dagar, og renta blir fastsett ved ordinær auksjon.
I årsmeldinga for 2001 skriv banken:
«Norges Bank vil normalt ikke kjøpe og selge valuta med sikte på å påvirke kronekursen. Slike intervensjoner kan imidlertid være aktuelt dersom kronekursen kommer vesentlig utenfor det banken vurderer som rimelig ut fra fundamentale forhold, og kursutviklingen samtidig svekker utsiktene til å nå inflasjonsmålet. Det kan også være aktuelt med intervensjoner ved store kortsiktige svingninger i kronekursen når likviditeten i valutamarkedet er sterkt redusert. Norges Bank ønsker ikke å opptre på en måte som kan fremkalle spillsituasjoner med aktører i valutamarkedet, der et kurspress forsterkes. Valutaintervensjoner, enten det er kjøp eller salg av valuta, er ikke egnet som virkemiddel til å påvirke kronekursen over lengre tid. Banken vil gjøre rede for eventuelle intervensjoner og bakgrunnen.»
Noregs Bank har beredskap for å kunne intervenere i valutamarknaden på kort varsel. Til dette formålet har banken likviditetsporteføljen (sjå punkt 6.1.2.2 Kapitalforvaltning), som ved utgangen av 2001 var på 36,7 milliardar kroner. Dei andre valutareservane kan òg nyttast til intervensjonar om tilhøva i valutamarknaden skulle tilseie det. Noregs Bank intervenerte ikkje i valutamarknaden i 2001.
Ordninga med at Noregs Bank kjøper valuta på dagleg basis til oppbygging av Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond, blei ført vidare. I 2001 kjøpte Noregs Bank brutto utanlandsk valuta tilsvarande 120,3 milliardar kroner. Ordninga med direkte overføringar til Noregs Bank av valutainntekter som staten tek imot gjennom statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), er òg ført vidare. I 2001 motsvarte desse overføringane frå SDØE 121,7 milliardar kroner.
6.1.2.2 Kapitalforvaltning
Ved utløpet av 2001 forvalta Noregs Bank nær 800 milliardar kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene. Hovuddelen av dette var Statens petroleumsfond, som blir forvalta på vegner av Finansdepartementet, og banken sine internasjonale reservar. I tillegg forvaltar banken Statens petroleumsforsikringsfond på vegner av Olje- og energidepartementet.
Noregs Bank forvaltar Statens petroleumsfond med grunnlag i lov av 22. juni 1990 nr. 36. Marknadsverdien av fondet sin portefølje av utanlandske verdipapir var ved starten av 2001 på 386,1 milliardar kroner. Til saman 251 milliardar kroner blei overførte frå Finansdepartementet i løpet av året. Avkastninga i norske kroner var negativ med minus 5,3 prosent, og 31. desember 2001 var fondet sin marknadsverdi på 613,3 milliardar kroner.
Forvaltninga i 2001 var i tråd med forskrifta som blei fastsett av Finansdepartementet 3. oktober 1997, med heimel i § 7 i «lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond», og seinast endra 16. januar 2002. Finansdepartementet sin referanseportefølje for fondet inneheld 40 prosent eigenkapitalinstrument og 60 prosent renteberande instrument. Frå 31. januar 2001 blei seks nye land tekne med i referanseporteføljen for eigenkapitalinstrument. Av desse var fem land såkalla framveksande marknader. Frå same dagen blei Hellas teke med i referanseporteføljen for renteberande instrument.
Til og med 2001 har rentereferansen berre innehalde statsobligasjonar. Med verknad frå 28. februar 2002 blir også andre obligasjonar tekne med i referanseporteføljen.
Frå 31. januar 2001 blei det oppretta eit eige miljøfond av aksjar. Marknadsverdien av fondet var ved starten på ein milliard kroner. Ein ny milliard blei overført til Miljøfondet 31. januar 2002. Miljøfondet blir investert i bedrifter som oppfyller bestemte krav til miljørapportering og miljøsertifisering, og i andre selskap med liten negativ innverknad på miljøet.
Avkastninga på Statens petroleumsfond, medrekna Miljøfondet, var i 2001 0,13 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Over dei fire siste åra, fram til utgangen av år 2001, har Petroleumsfondet hatt ei nominell avkastning på 38 prosent rekna i norske kroner. Det er 1,8 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Forvaltninga av Statens petroleumsfond er omtala i statsrekneskapen og i ei eiga årsmelding for fondet.
Noregs Banks internasjonale reservar er sette saman av valutareservane, gull og fordringar på det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane består av fire delporteføljar. Desse er likviditetsporteføljen, den langsiktige porteføljen, immuniseringsporteføljen og petrobufferporteføljen. Ved utgangen av året utgjorde likviditetsporteføljen 36,7 milliardar kroner, den langsiktige porteføljen 106,4 milliardar kroner, immuniseringsporteføljen 6,7 milliardar kroner og petrobufferporteføljen 7,9 milliardar kroner. Både den langsiktige porteføljen og likviditetsporteføljen blir forvalta med sikte på høgast mogleg avkastning innanfor dei rammer for risiko som er spesifiserte i hovudstyret sine retningslinjer. Hovudstyret bestemte i 2000 at delar av den langsiktige porteføljen skal plasserast i aksjar. Overgangen frå 0 til 20 prosent aksjedel skjedde i første halvår 2001. Det er sett ei grense for høgaste eigardel i eitt einskilt selskap på 0,5 prosent, og det skal ikkje utøvast eigarrettar som er knytte til aksjane, med mindre det er nødvendig for å tryggje dei finansielle interessene ved valutareservane. I 2001 var avkastninga på den langsiktige porteføljen negativ med - 0,3 prosent, som var 0,15 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Avkastninga på likviditetsporteføljen var 2,9 prosent, som var 0,18 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen.
Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var ved utgangen av 2001 på 11,2 milliardar kroner. Fondet hadde i 2001 ei avkastning på 2,2 prosent, som var 0,19 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen.
Likviditetsporteføljen blir forvalta av Noregs Bank Pengepolitikk (PPO) ved Marknadsoperasjonsavdelinga. Dei andre porteføljane/fonda blir forvalta av Noregs Bank Kapitalforvaltning (KAP), som på linje med PPO er eit eige område i Noregs Bank.
Eksterne forvaltarar hadde ved utgangen av året ansvaret for om lag 20 prosent av Petroleumsfondet. To eksterne aksjeforvaltarar hadde indeksmandat, medan 16 aksjeforvaltarar hadde til saman 20 aktive mandat, med større høve til å avvike frå referanseporteføljen for å oppnå høgare avkastning. Fire renteforvaltarar hadde aktive mandat for Petroleumsfondet. Tre av dei hadde òg mandat for den langsiktige porteføljen i valutareservane. To forvaltarar hadde mandat for taktisk aktiva-allokering i Petroleumsfondet.
Det er bygd opp kontrollapparat for verksemda både innanfor KAP og PPO, og i andre delar av sentralbanken. Rekneskapen for alle fonda blir revidert av Noregs Banks Revisjon, for dei to eksterne fonda på vegner av Riksrevisjonen.
6.1.2.3 Finansiell stabilitet - overvaking av finansmarknadene
Noregs Bank har eit ansvar for å medverke til robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem, dvs. medverke til finansiell stabilitet. Skulle det oppstå ein situasjon der sjølve det finansielle systemet er truga, vil Noregs Bank, i samråd med andre styringsorgan det vedkjem, vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å sikre tilliten til det finansielle systemet.
Dei førebyggjande oppgåvene Noregs Bank har på dette feltet, er å:
verke til å avgrense risikoen i avreknings- og oppgjerssystema for å hindre at likviditets- og soliditetssvikt forplantar seg mellom deltakarane
overvake finansnæringa for å avdekkje utviklingstrekk som kan føre til svekt inntening og auka tap i finansnæringa, og dermed truge stabiliteten i finansiell sektor
vurdere korleis pengepolitikken og den økonomiske politikken elles påverkar stabiliteten i finansiell sektor og vice versa.
Rapporten Finansiell stabilitet blir utgitt av Noregs Bank to gonger pr. år. Formålet med rapporten er å gi ei samanfattande vurdering av situasjonen i og utsiktene for finansiell sektor, med spesiell vekt på bankane og deira evne til å møte moglege større vanskar i økonomien. Rapporten blir drøfta med Finansdepartementet og Kredittilsynet. Rapporten skal òg verke til dialog med finansnæringa om forhold som kan skape ubalansar i det finansielle systemet.
Rapporten inneheld dels analysar av samanhengen mellom makroøkonomiske utviklingstrekk og utviklinga i finansiell sektor, dels Noregs Bank si vurdering av utsiktene for finansiell stabilitet.
Dei nasjonale finansmarknadene er blitt meir integrerte i kvarandre, og ein får stadig nye døme på kor raskt uro spreier seg mellom land. Terrorangrepet mot USA 11. september 2001 ramma sentrale aktørar i finansiell sektor i mange land. Fleire marknadsplassar blei stengde i kortare periodar. Ei rekkje sentralbankar tilførte ekstraordinær likviditet for å verke til at marknadene skulle fungere best mogleg. Dei norske marknadene fungerte tilfredsstillande i den aktuelle situasjonen, og det var ikkje behov for slik tilførsel frå Noregs Bank.
Gjennom 2001 har Noregs Bank heller ikkje funne grunnlag for å gjere framlegg om at andre styresmakter må setje i verk spesielle tiltak med sikte på å redusere faren for systemproblem.
Noregs Bank gir tilrådingar til Finansdepartementet og Kredittilsynet i samband med høyringar om lover, føresegner og anna regelverk for finansinstitusjonane og finansmarknadene. Som hovudregel ber dessutan Kredittilsynet Noregs Bank om å gi tilråding i saker som gjeld søknader frå dei enkelte finansinstitusjonane om nyetablering, oppkjøp, fusjon, o.a. I dei seinare åra har Noregs Bank i aukande grad konsentrert ressursinnsatsen om saker som har noko å seie for den finansielle stabiliteten. Dette inneber at sentralbanken i første rekkje uttalar seg om saker som er knytte til dei sentrale delane av regelverket, og enkeltsaker som har tilknyting til dei største finansinstitusjonane. Ved vurdering av søknadene legg Noregs Bank særleg vekt på omsynet til konkurranse, soliditet og organisering. Dei viktigaste sakene som blei handsama i 2001, er nemnde i årsmeldinga frå sentralbanken, som følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank har følgt den ordninga som er etablert gjennom tidlegare år. Noregs Bank er representert med ein observatør i styret i Kredittilsynet. Det er nær og regelbunden kontakt mellom leiingane i dei to institusjonane, der mellom anna gjennomgang av den økonomiske situasjonen og utviklinga i finansinstitusjonane er faste tema. Det er orientert nærare om samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank i Kredittmeldinga 2000 (punkt 4.1.2.6).
6.1.2.4 Betalingssystem og betalingsmiddel
Noregs Bank har eit overordna ansvar for risikoen og effektiviteten i betalingssystema. Noregs Bank syter for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane og for pengeoppgjer i verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til statens økonomiforvaltning. Som setelbank har Noregs Bank ansvar for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.
«Lov om betalingssystem m.v.» av 17. desember 1999 nr. 95 blei sett i kraft 14. april 2000. Lova krev at det må søkjast om konsesjon for etablering eller drift av interbanksystem (system for avrekning, oppgjer eller overføring mellom kredittinstitusjonar), og gir Noregs Bank konsesjons- og tilsynsansvar med slike system. I første halvår av 2001 gav Noregs Bank fire mindre system fritak frå kravet om konsesjon, medan tre større system fekk konsesjon for drift eller etablering av interbanksystem. Dette gjeld systema til Norwegian Interbank Clearing (NICS), Den Norske Bank (DnB) og Gjensidige Nor Sparebank (GNS).
Etter at betalingssystemlova tredde i kraft og det blei gjort endringar i dei eksisterande systema for at dei skulle tilfredsstille krava til konsesjon, er den legale risikoen i det norske betalingssystemet svært avgrensa. Analysar Noregs Bank har gjort, viser òg at kreditt- og likviditetsrisikoen samla sett er relativt avgrensa etter at Noregs Bank og bankane gjennom fleire år har samarbeidd om risikoreduserande tiltak i det norske betalingssystemet. I tida framover blir det hovudsakleg lagt vekt på risikoen knytt til det at norske bankar tek del i internasjonal valutahandel (valutaoppgjersrisiko) og operasjonell risiko. Etableringa av ein internasjonal fleirvaluta oppgjersbank, CLS Bank, som dei største bankane eig, vil redusere oppgjersrisikoen i samband med slike handlar kraftig. Fleire driftsavbrot i driftssentralane til bankane har vist at det kan vere ei vesentleg operasjonell sårbarheit. Driftsstansen i EDB Fellesdata i august 2001 råka òg avrekningssystemet i Gjensidige NOR Sparebank og dermed ei rekkje små og mellomstore bankar. Systema er sjølve ansvarlege for at rutinar, reserveløysingar, kompetanse og beredskap er utforma slik at dei på ein god måte kan handtere den operasjonelle risikoen. Noregs Bank vurderer heile tida behovet for tiltak for system som ikkje har naudsynt vektlegging av den operasjonelle risikoen, så som klargjering av avtalar, opplegg for beredskap og hyppigare rapportering. Noregs Bank har òg eit nært samarbeid med Kredittilsynet i oppfølginga av operasjonell risiko.
Kredittrisiko ved innanlandsk betalingsformidling oppstår dersom bankane godskriv kundane sine før dei sjølve har motteke oppgjer frå banken som sende betalinga. Noregs Bank har dei siste åra vore oppteken av å redusere slik risiko, og banknæringa har følgt opp dette med å gjennomføre fleire tiltak for å redusere risikoen. Eit viktig ledd i dette arbeidet var at banknæringa i februar i år la om meldingsrutinane for meldingar som blir sende på SWIFT-format. Dette inneber at bankane ikkje vil få melding om ei betaling før ho er gjord opp i oppgjersbanken. Ettersom dei fleste store betalingar blir sende på SWIFT-formatet, innebar denne omlegginga ein sterk reduksjon i risikoen knytt til innanlandsk betalingsformidling.
Noregs Bank samarbeider med dei andre sentralbankane for å redusere risikoen i betalingssystema. I 2001 var dette arbeidet i hovudsak knytt til utviklinga av eit nytt internasjonalt system for valutahandlar, Continuous Linked Settlement (CLS), som sikrar at overlevering av kjøpt og seld valuta skjer samstundes. Noregs Bank har arbeidd for at den norske krona skal bli omfatta av dette systemet, og i oktober 2001 kunngjorde CLS at dei skandinaviske valutaene var eigna for inkludering i CLS. CLS vil innebere ei tettare kopling mellom oppgjerssystema i landa som deltek. Dette fører til at problem knytte til likviditet eller operativ stabilitet lettare kan spreie seg frå land til land. Saman med banknæringa og dei andre skandinaviske sentralbankane har Noregs Bank arbeidd for å finne løysingar som sikrar tilstrekkeleg likviditet til oppgjera.
For å fremje ein meir effektiv bruk av oppgjerstenester innførte Noregs Bank prisar for bruk av slike tenester frå 1. juli 2001. Prisstrukturen er tredelt og består av ei tilknytingsavgift for nye deltakarar, årsavgift for kontohald og deltaking i nettooppgjera (infrastrukturavgift) og transaksjonsprisar. Frå 1. januar 2002 blei det innført rabattar for høge transaksjonsvolum. Med dette opplegget for prising er Noregs Bank på linje med andre sentralbankar når det gjeld prisstruktur og prisnivå.
I 2001 sette Noregs Bank i verk eit større arbeid for å modernisere Noregs Banks Oppgjerssystem (NBO). Moderniseringa skjer på bakgrunn av eit oversyn over kva som er Noregs Bank sine sentrale oppgåver i betalingssystemet. Desse er knytte til i) rolla som konsesjons- og tilsynsstyresmakt for interbanksystem, ii) dei pengepolitiske koplingane til oppgjerssystemet, iii) å tilby bankane oppgjer i eit risikofritt betalingsmiddel, dvs. krav på Noregs Bank, og iv) å sikre at det er nok likviditet i interbankmarknaden, slik at avrekning og oppgjer ikkje stansar opp. Desse oppgåvene kan løysast utan at Noregs Bank i utstrekt grad deltek i drifta og utviklinga av oppgjerssystemet. Noregs Bank og banknæringa vurderer derfor grunnlaget for andre løysingar for oppgåvefordelinga enn den vi har i dag. Ein slik gjennomgang kan avdekkje samordningsgevinstar og dermed gjere det mogleg å redusere dei samla kostnadene knytte til avrekning og oppgjer.
Noregs Bank etablerte i 2000 eit nytt beredskapsutval for finansiell infrastruktur (BFI). Beredskapsutvalet, som erstattar fleire andre beredskapsorgan i finansiell sektor, har to hovudoppgåver: (i) Kome fram til og samordne tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan føre til stor uro i den finansielle infrastrukturen, og (ii) samordne naudsynte beredskapssaker innanfor finansiell sektor, mellom anna samordne utarbeiding og iverksetjing av varslingsplanar og beredskapstiltak ved tryggingspolitiske kriser og krig på grunnlag av sivilt beredskapssystem. Beredskapsutvalet har leiing og sekretariat i Noregs Bank og deltakarar frå mellom anna Kredittilsynet og sentrale aktørar i finansiell sektor.
I 2001 har BFI blant anna etablert ein arbeidsrutine for å varsle og informere medlemmene om faktiske og moglege problemsituasjonar i finansiell infrastruktur. BFI har hatt ein koordinerande funksjon i handsaminga av enkelte problem som har oppstått i finansiell sektor, og utvalet har vore med i fleire beredskapsøvingar i finansiell sektor. BFI har òg hatt ei koordinerande rolle overfor finansiell sektor etter terrorangrepa i USA i september 2001.
I Norden har fleire finansinstitusjonar dei seinare åra bygd ut tenesteytinga over grensene, etablert filialar i andre nordiske land og gjennomført oppkjøp og danna finanskonsern som har avdelingar i fleire land. For at sentralbankane i denne situasjonen skal kunne ta vare på oppgåva med å medverke til finansiell stabilitet på ein formålstenleg måte, er det utvikla eit nærare samarbeid mellom sentralbankane og tilsynsorgana i dei nordiske landa, mellom anna for å ta vare på beredskapsmessige behov.
Noregs Bank har gjennom ei årrekkje gitt ut «Årsrapporten om betalingsformidling». Rapporten gir ei oversikt over bruken av dei ulike betalingsinstrumenta og prisane for bruken av betalingstenester. Han har blitt ein sentral referanse for andre styresmakter, for aktørane i marknaden og for forbrukarane, og rapporten er hovudgrunnlaget for overvakinga av effektiviteten i betalingssystemet. Ein kan til dømes merke seg at ein sterk auke i bruken av betalingskort og betaling av giro over Internett har ført til at meir enn 80 prosent av alle ikkje-kontante betalingar no blir gjorde elektronisk.
Etter sentralbanklova har Noregs Bank ansvaret for å gi ut og destruere setlar og mynt. Noregs Bank arbeider for å effektivisere sentralbanken si rolle i forsyningssystemet for kontantar. Eit ledd i dette arbeidet er å skilje klarare mellom dei tenestene Noregs Bank må få utført i samband med det lovpålagde utgivaransvaret, og tenester som blir utførte for bankane. I 2001 etablerte Noregs Bank saman med fleire bankar eit aksjeselskap som skal utføre sentralbankoppgåver på oppdrag frå Noregs Bank, og andre handteringstenester på oppdrag frå private bankar. I samband med dette blei Noregs Banks distriktsavdelingar avvikla, og handteringsverksemda ved åtte avdelingar gjekk inn i det nye selskapet, NOKAS (Norsk Kontantservice AS). Noregs Bank kjøper sentralbanktenester frå NOKAS, mellom anna depottenester i Bodø, og har i tillegg etablert depot i Vardø og Hammerfest i samarbeid med Sparebanken Nord-Norge.
Sett i høve til verdien av hushaldskonsumet har det dei siste 20 åra vore ein nedgang i setlar og mynt i omløp. Den nominelle verdien av setlar og mynt i omløp har likevel meir enn dobla seg desse åra. I 2001 var det i gjennomsnitt setlar og mynt for om lag 42,9 milliardar kroner i omløp, noko som utgjer ein nedgang på om lag 0,6 milliardar kroner frå året før. Forholdet mellom dei ulike valørane i setelomløpet har endra seg mykje. Det mest tydelege er nedgang for valøren 100 kroner og auke for valør av 200 kroner og 500 kroner. 1000-kronesetelen står framleis for den høgaste delen av setelomløpet rekna i verdi, endå om det har vore ein markert nedgang dei seinare åra. 20-kronemynten aukar framleis sin del av myntomløpet, og utgjorde 32,8 prosent av myntomløpet rekna i verdi ved utgangen av 2001.
6.1.2.5 Statistikkarbeid og kontrolloppgåver
Noregs Bank sin statistikkproduksjon for penge-, kreditt- og valutamarknadene blei i 2001 ført vidare stort sett etter same mønster som året før. Noregs Bank har i 2001 arbeidd med å forbetre og automatisere innhenting av data. Frå og med 2001 publiserer Noregs Bank statistikk berre på banken sine internettsider.
Noregs Bank samarbeider med Kredittilsynet, Statistisk sentralbyrå og Verdipapirsentralen (VPS) om datainnhenting og utarbeiding av statistikk for kreditt- og verdipapirmarknaden. Datamaterialet blir brukt til offisiell statistikk, til analysar av utviklinga på kreditt- og verdipapirmarknadene og til arbeidet med finansiell stabilitet.
Primærstatistikken for bankar og andre finansføretak er det viktigaste grunnlaget for å utarbeide månadlege indikatorar over kredittutviklinga (kredittindikatorane) og utviklinga i pengemengda, og dessutan kvartalsvise finansielle sektorbalansar. I løpet av 2001 blei kredittindikatoren K3 lagd om til månadleg publisering.
I 2001 la Noregs Bank om rutinane for korleis bankane rapporterer inn rentesatsane sine, og endra artsinndelinga av innskotsrentene. Samtidig blei rapportane lagde om slik at dei viser rentesatsar på utlån til og innskot frå dei enkelte sektorane innanfor publikumssektoren. Sektorfordelte data vil bli publiserte i 2002.
Noregs Bank sin databank for kvartalsvise finansielle sektorbalansar (Findatr) blir nytta i modellarbeid, i pengepolitiske analysar og i arbeidet med finansiell stabilitet. Statistikkproduktet «Husholdningenes finansregnskap», som er basert på Findatr, viser m.a. utviklinga i fordringar og gjeld for hushaldningane.
Statistikken over betalingar mellom Noreg og utlandet gir hovudgrunnlaget for utanriksrekneskapen som Statistisk sentralbyrå publiserer kvar månad. Det meste av informasjonsgrunnlaget er faste rapportar om betalingar mellom Noreg og utlandet, og dessutan behaldningar, dels frå norske bankar og dels frå føretak som har konto i utanlandske bankar eller oppgjersordning med utanlandske selskap.
I 2000 hadde banken eit utgreiingsarbeid der alternative rapportsystem blei vurderte. I første kvartal 2001 blei banken og Statistisk sentralbyrå (SSB) samde om å endre den framtidige arbeidsdelinga for innsamling av data til utanriksrekneskapen. I det framtidige systemet skal Noregs Bank ha ansvaret for å henta inn opplysningar frå finansiell sektor (og verdipapirmarknaden, men ikkje forsikring). SSB skal ha ansvaret for dei andre sektorane. Det blir lagt opp til overgang til nytt system for innsamling av data til utanriksrekneskapen i januar 2005. Noregs Bank arbeider med beredskapsplanar i fall overgangen må skje før 2005.
Endringane i dette statistikksystemet kjem til å endre grunnlaget for Noregs Bank sitt samarbeid med skatteetaten, tolletaten og ØKOKRIM. Det detaljerte datagrunnlaget som desse etatane ønskjer tilgang til, fell bort. Noregs Bank tek del i arbeidet med å finne andre løysingar som dekkjer informasjonsbehova til kontrollinstitusjonane.
Rapportering av statistikk til internasjonale organisasjonar har auka dei siste åra, og det kjem stadig nye krav og ønske om meir data frå slike organisasjonar. Banken rapporterer til BIS, ESB, Eurostat, IMF og OECD. Noregs Bank tek del i forum der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer mellom anna i Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne, der deltaking frå Noreg har bakgrunn i EØS-avtalen. Noreg slutta seg til IMF sin dataspreiingsstandard, SDDS, i 1996. Standarden stiller omfattande krav til deltakarlanda sin statistikkproduksjon når det gjeld dekning, metodar, kvalitet, hyppigheit, aktualitet og brukartilgang. Ved utgangen av 2001 oppfylte Noreg desse krava.
I 2001 blei det ikkje gjort endringar i Noregs Banks forskrift om valutaregulering av 27. juni 1990. Noregs Bank sine faste oppgåver på valutaregulerings- og kontrollområdet gjeld, i tillegg til samarbeidet med kontrollinstitusjonane, arbeid i samband med oppfølging og kontroll knytt til EU-tiltak og sanksjonar som Dei sameinte nasjonane (FN) har vedteke mot andre land. Talet på førespurnader frå kontrollinstitusjonane var 728 i 2001, mot 966 i 2000. Med dette som utgangspunkt er det søkt på 1082 namngitte føretak eller privatpersonar.
Norske styresmakter har vedteke forskrifter som set i verk FN-sanksjonar om økonomisk boikott av land og/eller landområde. I samband med dette har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensorgan for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. I 2001 har Irak vore omfatta av FN-sanksjonar. Det er i 2001 ikkje handsama søknader om overføring til Irak, og det er heller ikkje avdekt brot på sanksjonane.
Stortinget vedtok 25. juni 1999 lov om særlege tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ). Med heimel i denne lova vedtok regjeringa 6. august 1999 forskrift om gjennomføring av tiltaka. I samband med dette har Finansdepartementet delegert oppgåva som kontroll- og lisensorgan for finansielle transaksjonar til Noregs Bank. Alle transaksjonar nokon måtte ønskje å gjennomføre i tråd med unntaksreglane i forskrifta, må på førehand godkjennast av Noregs Bank. Det er i 2001 behandla 821 søknader om overføring av midlar til FRJ. Ein søknad er avslått i samsvar med regelverket, resten er godkjende. Forskrifta om desse såkalla EU-tiltaka har ikkje vore endra i 2001.
Tryggingsrådet i FN vedtok 28. september 2001 resolusjon nr. 1373 med ei rekkje tiltak retta mot finansiering av terrorhandlingar. Regjeringa vedtok 5. oktober 2001 ei provisorisk lovføresegn som innfører pålegga i resolusjonen i norsk rett. Resolusjonen krev mellom anna at medlemsstatane skal forby finansiering av terrorhandlingar, og dei blir pålagde å fryse midlar som ein mistenkjer er knytte til slike formål. Noregs Bank er ikkje pålagd nokon konkrete oppgåver i denne samanhengen, men kontrollorgana bruker det høvet dei har, til å be om søk i banken sitt statistikksystem også til dette formålet.
6.1.2.6 Internasjonalt samarbeid
Noregs Bank forvaltar dei finansielle rettane landet har, og oppfyller dei plikter som følgjer av at Noreg er med i Det internasjonale valutafondet (IMF). Banken er også sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Dette er ei oppgåve banken utfører på vegner av Finansdepartementet. Verksemda til IMF er nærare omtala i kapittel 11 i meldinga.
Bank for International Settlements, BIS, har til oppgåve å fremme samarbeidet mellom sentralbankar. Sentralbanksjefen deltek regelmessig på møte i BIS.
Noregs Bank har regelmessig kontakt med Den europeiske sentralbanken og med andre sentralbankar i EU. Det går føre seg eit omfattande samarbeid med dei nordiske sentralbankane på ei rekkje felt.
6.1.2.7 Anna verksemd - Informasjonsverksemd
Etter avtale mellom Finansdepartementet og Noregs Bank yter banken tenester som rådgivar, tilretteleggjar og betalingsagent i samband med opptak og forvaltning av dei statslåna som blir omsette i den innanlandske marknaden. Statens emisjonsplanar for korte og lange papir i 2001 blei publisert i ein årleg auksjonskalender. Emisjonsfrekvensen for statskassevekslar blei auka i 2001, sjå Kredittmeldinga 2000. Marknadspleia i andrehandsmarknaden blei ikkje endra i 2001.
Noregs Bank har ei plikt etter sentralbanklova § 3 til å informere allmenta om penge-, kreditt- og valutatilhøva. I tillegg søkjer banken å oppnå breiast mogleg forståing for den pengepolitikken som blir ført, og for dei mekanismane som verkar til finansiell stabilitet, gjennom ei aktiv informasjonsverksemd. Noregs Bank legg stor vekt på å møte ei aukande interesse frå media og andre gjennom å vere open og pårekneleg.
Noregs Bank gir ut ei rekkje faste publikasjonar: årsmeldinga, inflasjonsrapportane, rapportane om finansiell stabilitet, ein årleg rapport om betalingsformidling, års- og kvartalsrapportane til Statens petroleumsfond og kvartalsskriftet Penger og Kreditt med den engelske versjonen Economic Bulletin. Av andre publikasjonar blei det gitt ut ti arbeidsnotat («Working Papers») om forskings- og utgreiingsprosjekt, fire gjenopptrykk av artiklar som medarbeidarar i banken har fått trykt i internasjonale forskingstidsskrift, og ti rundskriv.
Det blir halde pressekonferansar etter alle rentemøta i hovudstyret og ved offentleggjering av dei faste rapportane. Alle pressekonferansane som er haldne, er direkte lydoverførte over Internett, der dei òg kan spelast av etterpå. Det var 18 pressekonferansar i 2001. Det blei sendt ut 46 pressemeldingar.
Foredrag og avisinnlegg av leiinga i Noregs Bank blir òg offentleggjorde på internettsidene til banken. Det var 22 slike offentleggjeringar i 2001.
Bruken av Internett utgjer ein stadig viktigare del av bankens informasjonsstrategi. Statistikk over bruken viser at 195 000 ulike bedrifter eller privatpersonar frå inn- og utland i 2001 var inne på sidene ein eller fleire gonger, og at det i snitt var 58 000 «treff» per månad.
6.2 Rekneskap og budsjett for 2001
6.2.1 Balansen 31. desember 2001
Tabell 6.2 og 6.3 viser balanserekneskapen til Noregs Bank ved utgangen av 2001, samanlikna med tilsvarande tal for 1998, 1999 og 2000.
Tabell 6.2 Eignelutene til Noregs Bank 31. desember 2001. Millionar kroner
Eigneluter: | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
Internasjonale reservar | 142 045,2 | 167 218,8 | 245 862,6 | 211 537,3 |
Av dette: | ||||
Gull | 284,8 | 2 206,9 | 2 275,1 | 2 346,1 |
Spesielle trekkrettar i IMF | 3 147,0 | 3 279,3 | 2 713,3 | 3 191,7 |
Reserveposisjon i IMF | 9 243,7 | 6 836,8 | 5 166,0 | 6 532,8 |
Lån til IMF | 1 522,7 | 1 337,9 | 1 268,5 | 1 164,9 |
Plasseringar for Statens petroleumsfond | 167 643,8 | 222 277,7 | 386 126,1 | 613 317,5 |
Andre fordringar på utlandet | 12 192,7 | 37 955,6 | 14 131,4 | 12 407,6 |
Norske statssertifikat | 1 716,7 | 1 591,7 | 2 776,3 | 2 450,6 |
Norske statsobligasjonar | 7 709,5 | 9 180,2 | 10 742,8 | 9 072,7 |
Innanlandske utlån | 19 774,2 | 26 141,0 | 21 733,5 | 15 743,0 |
Av dette: | ||||
Forretningsbankar | 7 435,2 | 19 573,0 | 18 721,0 | 10 010,0 |
Sparebankar | 4 712,7 | 6 001,5 | 2 437,1 | 5 130,0 |
Andre innanlandske fordringar | 736,9 | 847,9 | 2 182,4 | 1 142,2 |
Varige driftsmiddel | 2 064,3 | 2 010,1 | 1 938,9 | 1 832,1 |
Sum eigneluter | 353 883,6 | 467 223,0 | 685 494,1 | 867 503,0 |
Tabell 6.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 2000. Millionar kroner
Gjeld og eigenkapital: | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
Diverse gjeld til utlandet | 13 325,5 | 38 925,0 | 74 998,1 | 56 211,3 |
Motverdien av spes.trekkrettar | 1 795,3 | 1 846,4 | 1 934,2 | 1 898,4 |
Setlar og mynt i omløp | 46 070,2 | 48 020,1 | 46 951,6 | 46 633,2 |
Innanlandske innskot på foliok. | 232 552,7 | 326 109,2 | 505 838,9 | 719 980,3 |
Av dette: | ||||
Statskassa | 51 193,2 | 67 685,8 | 96 082,5 | 83 502,6 |
Statens petroleumsfond | 167 643,8 | 222 277,7 | 386 126,1 | 613 317,5 |
Innskot som gjeld skattefrie fondsavsetjingar | 9,9 | 6,2 | 0,0 | 0,0 |
Anna innanlandsk gjeld | 771,2 | 21 219,9 | 10 953,5 | 2 696,1 |
Eigenkapital | 59 358,7 | 31 096,2 | 44 817,8 | 40 083,7 |
Av dette: | ||||
Kursreguleringsfond | 27 215,1 | 27 339,2 | 41 072,9 | 36 347,2 |
Overføringsfond | 30 227,6 | 0 | 0 | 0 |
Annan eigenkapital | 1 916,0 | 3 756,9 | 3 744,9 | 3 736,6 |
Sum gjeld og eigenkapital | 353 883,6 | 467 223,0 | 685 494,1 | 867 503,0 |
6.2.1.1 Noregs Banks aktiva
Internasjonale reservar utgjer 211,5 milliardar kroner og inneheld frå og med 2000 mellom anna obligasjonar med gjenkjøpsavtalar. Gjenkjøpsavtalane må sjåast i samanheng med innlån frå utlandet, som medrekna pådregne renter utgjer 42,9 milliardar kroner.
Gullreservane til Noregs Bank er førte opp under internasjonale reservar med 2,3 milliardar kroner. Verkeleg verdi er vurdert til 20 prosent under marknadsprisen pr. 31. desember 2001, som følgje av at gull blir handla i ein mindre likvid marknad. Marknadsprisen pr. 31. desember 2001 tilsvarar ein kilopris på 79734 kroner, og verkeleg verdi er derfor verdisett til 63787 kroner pr. kilo gull.
Amerikanske dollar utgjorde 24,4 prosent og euro 44,6 prosent av valutareservane ved utgangen av 2001, mot respektive 21,9 prosent og 45,5 prosent året før.
Posten andre fordringar på utlandet består mellom anna av den delen av Noregs kvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under gjeld til utlandet.
Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske statsobligasjonar. I 2001 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 4,2 milliardar kroner. Då Noregs Bank si behaldning av einskilde statssertifikat blei lita, etterteikna Noregs Bank statssertifikat for 4,5 milliardar kroner. Noregs Bank sin eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer 1,8 milliardar kroner pr. 31. desember 2001.
6.2.1.2 Noregs Banks passiva
Setlar og mynt i omløp minka i 2001 med 0,3 milliardar kroner til 46,6 milliardar kroner, mot 46,9 milliardar kroner året før. Innskot frå statskassa minka i 2001 med 12,6 milliardar kroner til 83,5 milliardar kroner, mot 96,1 milliardar kroner året før. Eigenkapitalen minka med 4,7 milliardar kroner til 40,1 milliardar kroner, mot 44,8 milliardar kroner ved utgangen av 2000.
Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens eige namn i aktiva som er denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga blir behandla i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 3. oktober 1997. Fondet utgjorde 613,3 milliardar kroner pr. 31. desember 2001.
6.2.2 Resultatrekneskapen for 2001
Tabell 6.4 viser Noregs Banks resultatrekneskap for 2001.
Tabell 6.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 2000 og 20011
Tal i heile tusen kroner | 2000 | 2001 |
Renteinntekter utland | 11 663 079 | 11 403 952 |
Avkastning, plass. for Statens petro.fond | 14 178 454 | (23 955 688) |
Rentekostnader utland | 1 796 644 | 2 467 220 |
Renteinntekter innland | 1 202 149 | 1 694 705 |
Rentekostnader innland | 18 769 642 | (17 924 182) |
Netto renteinntekter utland og innland | 6 477 396 | 4 599 931 |
Netto kursreguleringar | 8 095 019 | (8 562 882) |
Netto renteinnt., dividende og kursreg. | 14 572 415 | (3 826 572) |
Driftsinntekter | 585 111 | 554 281 |
Driftskostnader | 1 435 948 | 1 461 710 |
Driftsresultat før tap på utlån | 13 721 578 | (4 734 001) |
Inngått/(tap) på utlån/fordringar | (37) | 70 |
Overskot/(Underskot) | 13 721 615 | (4 734 071) |
Overføringar: | ||
Overført frå kursreguleringsfondet | 0 | 4 725 769 |
Overført frå overføringsfondet | 0 | 0 |
Overført frå annan eigenkapital | 80 197 | 79 417 |
Til disposisjon | 13 801 812 | 71 115 |
Til statskassa frå overføringsfondet | ||
Avsett til annan eigenkapital | 68 118 | 71 115 |
Avsett til kursreguleringsfondet | 13 733 694 | 0 |
Avsett til overføringsfondet | 0 | 0 |
Disponert i alt | 13 801 812 | 71 115 |
1 Tal i parentes er negative tal.
Noregs Bank hadde i 2001 eit underskot etter kursreguleringar på 4,7 milliardar kroner, mot eit overskot på 13,7 milliardar kroner året før. Dette har samanheng med endringar i prisar på norske og utanlandske verdipapir som medførte eit kurstap i 2001 på 3,7 milliardar kroner, mot ein gevinst i 2000 på 2,1 milliardar kroner. I tillegg har det vore kurstap på valuta i 2001 med i alt 4,9 milliardar kroner, mot ein gevinst i 2000 på 6,0 milliardar kroner.
Samla renteinntekter for Noregs Bank i 2001 var 13,1 milliardar kroner, mot 12,9 milliardar kroner i 2000. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 2001 på 1,7 milliardar kroner, mot 1,2 milliardar kroner i 2000. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 2001 var 11,4 milliardar kroner, mot 11,7 milliardar kroner året før.
Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 2001 på 907,4 millionar kroner, mot 850,8 millionar kroner i 2000. Personalkostnadene i 2001 utgjorde 604,9 millionar kroner, mot 685,6 millionar kroner ved utgangen av 2000. Nedgangen kjem i hovudsak av at handsaminga av mynt og setlar er skild ut som eige selskap frå 1. juli 2001.
6.2.2.1 Disponering av resultatet i 2001
Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks resultat blei fastsett i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 21. desember 2000, og har følgjande ordlyd:
Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 25 % av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko. Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.
Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.
Fra overføringsfondet overføres hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør.
Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.»
I samsvar med punkt 4 i retningslinjene blir underskotet frå i år dekt ved overføring frå kursreguleringsfondet. Kursreguleringsfondet utgjer etter dette 36 347,2 millionar kroner ved utgangen av året. Kursreguleringsfondet har ikkje nådd storleiken som følgjer av første punkt i retningslinjene.
I samsvar med andre punkt i retningslinjene blir det ikkje gjort avsetning til overføringsfondet.
I samsvar med tredje punkt i retningslinjene blei det overført 8 857,3 millionar kroner til statskassa.
I samsvar med utsegn frå Finansdepartementet blir det overført netto 8,3 millionar kroner frå annan eigenkapital.