8 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 2001
8.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond
Statens Banksikringsfond blei skipa ved «lov 15. mars 1991 nr. 2 om Statens Banksikringsfond». Fondet har til formål å støtte opp om soliditeten i norske bankar gjennom å yte lån på særskilde vilkår (støttelån) til Forretningsbankenes sikringsfond og Sparebankenes sikringsfond. I særlege høve kan fondet òg kjøpe aksjar, grunnfondsbevis eller andre eigenkapitalinstrument i norske bankar og stille eigenkapitalgarantiar overfor norske bankar.
8.2 Organisasjon og leiing
Statens Banksikringsfond er organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet er eit styre som står for verksemda, og som forvaltar fondsmidlane. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Kongen kan i særskilde høve instruere styret i enkeltsaker. Denne retten er delegert til Finansdepartementet. Styret skal ha fått høve til å uttale seg skriftleg før departementet gjer vedtak om å instruere fondet. Departementet skal informere Stortinget om slikt vedtak.
Samansetjinga av styret for 2001 er vist i boks 8.1.
Boks 8.1 Styret i Statens Banksikringsfond i 2001
Professor Einar Hope, leiar
Director of Independant Judicial Commission Rakel Surlien, nestleiar
Advokat Kristine Schei, styremedlem
Kredittilsynet og Noregs Bank peikar ut kvar sin representant som tek del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 2001 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet, og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank tek hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet er assisterande direktør Ole J. Oldertrøen, som avløyste kontorsjef Harald Karlsen i desember 2001.
8.3 Verksemda i 2001
Sidan 1995 har aksjane til Banksikringsfondet vore forvalta av Statens Bankinvesteringsfond med grunnlag i ein avtale av 12. januar 1995. Aksjane som Banksikringsfondet hadde i Den norske Bank, blei selde i 2001. Kursen per aksje blei 41,50 kroner, som gav brutto salsinntekter på 4 316 millionar kroner. Etter at bokført verdi på 1040 millionar kroner og utgiftene i samband med salet er drege ifrå, blei gevinsten på 3185,8 millionar kroner. Etter dette salet eig ikkje Banksikringsfondet lenger aksjar i norske bankar, og Bankinvesteringsfondet sa opp forvaltningsavtala 23. august 2001.
Verksemda i Statens Banksikringsfond har gradvis blitt lågare dei siste åra. Fondet har i 2001 følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen (Nordea) og Fokus Bank ved å gå gjennom kvartalsrapportane frå bankane.
Etter at Stortinget våren 2002 vedtok å oppheve lova om Statens Banksikringsfond, jf. Innst. O. nr 35 (2001-2002), arbeider ein med å avvikle verksemda i Banksikringsfondet i løpet av hausten 2002.
Årsmeldinga om verksemda til Statens Banksikringsfond i 2001 blei gitt av styret 4. april 2002, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.
8.4 Rekneskapen for 2001
Statens Banksikringsfond hadde i 2001 inntekter på 3407,8 millionar kroner. Hovuddelen av inntektene, 3 276 millionar kroner, skriv seg frå aksjesalet i Den norske Bank. Fondet hadde dessutan renteinntekter på 131,8 millionar kroner.
Fondet hadde i 2001 kostnader på til saman 90,9 millionar kroner. Av dette relaterer 90,2 millionar kroner seg til kostnader ved salet av aksjar i Den norske Bank.
Samla sett fekk Banksikringsfondet eit overskot på 3316,9 millionar kroner i 2001.
Dei likvide midlane til fondet er, med unntak av inneståande på driftskonto og mindre beløp knytte til fordringar, plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 80,0 millionar kroner ved utgangen av 2001. Fondet førte tilbake til staten 4 350 millionar kroner i 2001. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.