1 Innleiing
Stortinget vedtok 7. juni 1985 at det skal fremmast toårige meldingar om verksemda til Statens Fiskarbank. Denne meldinga omhandlar verksemda i Fiskarbanken i åra 1995 og 1996.
Stortinget vedtok, i samsvar med Ot prp nr 15 (1996-97) Om lov om oppheving av lov av 28. april nr 22 om Statens Fiskarbank i november 1996 (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond) at Statens Fiskarbank (SFB) skulle integrerast i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) frå 1.1.1997. Målet med å integrere SFB i SND er å samordne bruken av verkemiddel i alle ledd av fiskerinæringa, og dessutan å gi flåten tilgang på dei same verkemiddlane som anna norsk næringsliv. Denne meldinga blir dermed den siste meldinga om verksemda i Fiskarbanken.