St.meld. nr. 9 (1997-98)

Om verksemda til Statens Fiskarbank i rekneskapsåra 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

2 Verksemda i Statens Fiskarbank i rekneskapsåra 1995 og 1996

2.1 DEN ORDINÆRE UTLÅNSVERKSEMDA

Utlånsverksemda til Statens Fiskarbank er todelt: Fiskebåtfinansieringsordninga omfattar tilskot til kontraheringar, løyve til byggjelån, lån og eventuelle tilskot til nybygg og større ombyggingar, medan ordninga med lån til andre formål omfattar 1. og 2. prioritetslån til kjøp av brukte fartøy, mindre ombyggingar, fiskereiskap, servicetiltak for fiskeflåten m.m.

Statens Fiskarbank kunne i 1995 yte tilskot under ei kontraktsramme på 560 mill kroner, med ei tilhøyrande låneramme på 150 mill kroner til lån under ordninga for fiskebåtfinansiering, og 150 mill kroner til lån til andre formål. I 1996 kunne banken frå byrjinga av året yte kontraheringstilskot innanfor ei kontraktsramme på 560 mill kroner. Den tilhøyrande låneramma var på 150 mill kroner, og 150 mill kroner til lån til andre formål. SFB hadde fullmakt til å overføre midla mellom dei to delrammane for lån. Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1996 blei det vedteke å auke løyvinga til kontraheringstilskotet til 65 mill kroner. Det blei også vedteke å ikkje operere med ei eiga kontraktsramme i tillegg til løyvinga.

Under dei nemde rammene gav Fiskarbanken i 1995 og 1996 tilsegn om lån og tilskot med dei beløpa som framgår av tabellen nedanfor (tal i mill kr):

19951996
FormålRammeTilsegnRammeTilsegn
Kontraktssum560559857
Lån til fiskebåtfinansiering150166150165
Lån til andre formål150134150125

Fram til 1. juli 1995 hadde banken ei utlånsrente på 8 % på alle ordinære 1. og 2. prioritetslån. Frå 1. juli 1995 vart utlånsrenta for alle lån sett til 7,5 %, ei rente som vart justert vidare ned til 7 % frå 1. juli 1996.

Ressursutviklinga har vore positiv dei siste åra, og det kan derfor sporast ei ny optimisme i næringa. I retningslinjene for Fiskarbanken si verksemd for åra 1995 og 1996 var det likevel lagt vekt på behovet for ei nedbygging av flåten for å tilpasse kapasiteten til dei tilgjengelege ressursane. Sidan den gjennomsnittlege alderen i flåten er relativt høg og aukande, vart banken beden om å leggje auka vekt på å fremme investeringar til nybygging av fiskefartøy i 1996.

I 1995 og 1996 vart det frå departementet si side som vanleg lagt særlege retningslinjer for utskiftingstakta i den konsesjonsbelagte havfiskeflåten. Dette for å sikre betre kontroll med strukturen i næringa. For å oppnå betre kontroll med strukturutviklinga i fiskeflåten har Fiskeridepartementet frå 1988 gitt retningslinjer for tildeling og løyver på nyskaffing og utskifting av fartøy for torsketrål-, nordsjøtrål og ringnotflåten. Frå og med 1989 vart også reketrålarane pålagt ei tilsvarande ordning. Slike særskilde retningslinjer til Fiskeridirektoratet med nærmare presiseringar av korleis ein skal søkje å hindre fortsatt vekst i overkapasiteten gjennom betre kontroll med det totale nivået på investeringane i næringa, vart også gitt i begge dei omtalte rekneskapsåra. For å redusere kapasiteten innførte Fiskeridepartementet i 1996 einingskvotar i ringnot- og torsketrålflåten.

Det er registrert ein markert auke i interessa for nybygg og ombyggingar frå 1995 til 1996. Dette synast å ha samanheng med at torskekvotane igjen er oppe på eit meir normalt nivå, samtidig som sildefiskeria har teke seg kraftig opp. Følgjeleg er innteningsevna i flåten markant høgare enn ho har vore dei seinare åra.

Som det framgår av tabellen ovanfor har kontraktramma i 1995 og 1996 vore fullt utnytta. Dette trass i at dei vanskelege tidene i økonomien generelt har ført til at det er lite eigenkapital i næringa. Det har vore problematisk å få fullfinansiert prosjekta ettersom kapitalkostnadene lett overstig forventa inntening. Det er derfor gledeleg at situasjonen har endra seg i positiv retning i løpet av dei to åra denne meldinga omhandlar.

Hovedstyret bestemte i 1995 at 200 mill kroner av dei 560 mill kronene i kontraktsramma skulle leggjast ut til avdelingskontora til fordeling på nybygg under 30 meter og vesentlege ombyggingar. I tillegg skulle avdelingskontora rå over ein pott på 120 mill kroner under ordninga lån til andre formål. I 1996 disponerte avdelingskontora omlag 55 mill kroner, dvs 84 %, av løyvinga til ordninga med kontraheringstilskot til fordeling på nybygg under 30 meter og vesentlege ombyggingar, og 120 mill kroner av låneramma.

I retningslinjene frå Fiskeridepartementet vart det lagt til grunn at godt over halvparten av alle tilsegn skulle gå til den nordlegaste landsdelen. Banken sine rammer ved inngangen av kvart rekneskapsår blei delt etter ein nøkkel som skal sikre at desse intensjonane blei følgt opp. I 1995 lukkast banken med å oppfylle denne målsetjinga ved at 52 % av innvilgingane under kontraktsramma og 56 % av dei samla lånetilsegnane gjekk til Nord-Noreg. I 1996 oppfylte banken nesten denne målsetjinga ved at 42 % av innvilgingane under kontraktsramma og 59 % av dei samla lånetilsegna gjekk til Nord-Noreg. Årsaka til at målsetjinga ikkje blei oppfylt må sjåast i samanheng med tilsegnet om tilskot til eit stort nybygg fra Nord-Noreg fall bort seint på året.

I 1996 blei det i samband med Revidert nasjonalbudsjett løyvd 10 mill kroner til ei eiga ordning for Finnmark «Tilskot til kjøp og bygging og kjøp av større brukte fiskefartøy til Finnmark». For å styrkje leveransane frå den lokale flåten til fiskeindustrien i Finnmark, skal midlane nyttast til byggjing av heilårsdrivne fartøy frå 20 til 34 meter som kan drive torskefiske med konvensjonelle reiskapar. Det blei ikkje registert nokon søknader i 1996. Dette må sjåast i samanheng med at retningslinjene for ordninga blei endra til å gjelde for fartøy mellom 20 og34 meter for å medverka til ei omstrukturering av flåten til større fiskefartøy i Finnmark. Ubrukte midlar i 1996 er overført til same formål i 1997.

2.2 BANKREKNESKAPEN - VÅGNADSFONDET

Ved inngangen til 1995 var Vågnadsfondet positivt med drygt 17 mill kroner inneståande.

I 1995 hadde Statens Fiskarbank eit overskot på nærmare 13,6 mill. kroner før avsetningar og tap. Dei realiserte tapa i 1995 var i underkant av 20 mill kroner, medan tilgjengelege tapsmidlar var på 20 mill kroner. Resultatrekneskapen viste følgjeleg eit årsoverskot på omlag 14 mill kroner som vart plussa på Vågnadsfondet.

Dette førte til at Vågnadsfondet ved inngangen til 1996 var på i overkant av 31 mill kroner. Resultat før avsetjingar og tap i 1996 var på 6,5 mill kroner, medan dei realiserte tapa var på nærmare 12,4 mill kroner. Tilgjengelege tapsavsetjingar var på 5,2 mill kroner, så resultatrekneskapen for 1996 vart gjort opp med eit overskot på vel 9 mill kroner, som vart plussa på Vågnadsfondet. Vågnadsfondet ved utgangen av 1996 var på 40 mill kroner.

Når det elles gjeld Fiskarbanken si økonomiske stilling, viser ein til omtalen under kap 2414 i St prp nr 1 (1994-95) og (1995-96) for Fiskeridepartementet, og til St prp nr 1 Tillegg nr 5 (1996-97) Løyvingar ved integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, andre endringer under Fiskeridepartementet og ny rammeavtale med Redningsselskapet.

2.3 ADMINISTRERING AV STØTTEORDNINGAR

I samsvar med Fiskarbanklova er eit av formåla til Statens Fiskarbank å «gje lån, garanti, stønadslån og tilskot av pengar som Stortinget har sett til rådevelde og som banken vert pålagd å administrere». Administrering av ymse støtteordningar har tidvis kravt ein stor del av ressursbruken i Fiskarbanken, men omfanget av ordningane har minka dei seinare åra, i takt med den positive utviklinga i fiskerinæringa. Totalt stod 11 ulike særordningar under banken sin administrasjon i 1995 og 9 i 1996.

Fiskarbanken hadde i tillegg ansvaret for administreringa av dei særskilde tilskota til Finnmark.

Totalt handsama banken 173 søknader om ulike tilskot i 1995 og 199 søknader i 1996.

Dei bankmidla som ikkje vart nytta i 1995 er ført over til 1996.

2.4 ENDRINGAR I VEDTEKTENE FOR VERKSEMDA I STATENS FISKARBANK

Det er ikkje gjort endringar i vedtektene for verksemda i Statens Fiskarbank i 1995 og 1996.

Årsmeldingane og rekneskapane for verksemda i 1995 og 1996 er trykt som vedlegg til denne meldinga. Det blir vist til desse årsmeldingane når det gjeld statistiske opplysningar utover dei som er nemnde i meldinga. Det same gjeld nærmare opplysningar om dei ordningane Fiskarbanken er pålagt å administrere.

Fiskeridepartementet har ingen merknader til årsmeldingane og rekneskapane.

Til forsiden