Del 2
Nærmare om budsjettforslaget for 2004
Programområde 13 Administrasjon, innvandring, nasjonale minoritetar, samiske formål, regional- og distriktspolitikk og overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar
Samla utgifter under programområde 13
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
13.10 | Administrasjon o.a. | 209 693 | 238 357 | 216 950 | -9,0 |
13.20 | Innvandring | 4 728 422 | 4 626 154 | 5 864 236 | 26,8 |
13.21 | Nasjonale minoritetar | 2 700 | 2 805 | 2 900 | 3,4 |
13.40 | Samiske formål | 137 819 | 140 150 | 145 700 | 4,0 |
13.50 | Regional- og distriktspolitikk | 1 575 518 | 1 413 500 | 1 489 050 | 5,3 |
13.70 | Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar | 74 708 889 | 53 302 700 | 42 832 146 | -19,6 |
Sum område 13 | 81 363 041 | 59 723 666 | 50 550 982 | -15,4 |
Samla inntekter under programområde 13
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
13.10 | Administrasjon o.a. | 59 410 | 44 600 | 46 200 | 3,6 |
13.20 | Innvandring | 885 953 | 577 466 | 717 690 | 24,3 |
13.40 | Samiske formål | 7 119 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
13.50 | Regional- og distriktspolitikk | 175 446 | 90 000 | 90 000 | 0,0 |
13.70 | Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar | 64 601 | 53 471 | 28 000 | -47,6 |
Sum område 13 | 1 192 529 | 770 187 | 886 540 | 15,1 |
Programkategori 13.10 Administrasjon o.a.
Samla utgifter under programkategori 13.10
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
500 | Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 3500) | 194 007 | 197 357 | 199 800 | 1,2 |
502 | Valutgifter | 4 113 | 29 000 | 5 000 | -82,8 |
503 | Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap. 3503) | 11 573 | 12 000 | 12 150 | 1,3 |
Sum kategori 13.10 | 209 693 | 238 357 | 216 950 | -9,0 |
Samla inntekter under programkategori 13.10
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3500 | Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 500) | 5 679 | |||
3503 | Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap 503) | 47 | |||
5316 | Kommunalbanken AS | 24 484 | 13 800 | 13 800 | 0,0 |
5616 | Renter og utbytte i Kommunalbanken AS | 29 200 | 30 800 | 32 400 | 5,2 |
Sum kategori 13.10 | 59 410 | 44 600 | 46 200 | 3,6 |
Kap. 500 Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 3500)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 150 290 | 163 166 | 165 700 |
21 | Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag, kan overførast | 9 119 | 9 549 | 10 600 |
22 | KOSTRA-rapporteringssystem for kommunar og fylkeskommunar, kan overførast | 14 034 | 1 142 | |
45 | Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast | 4 264 | 5 481 | 5 500 |
50 | Forskingsprogram via Noregs forskingsråd | 16 300 | 18 019 | 18 000 |
Sum kap. 500 | 194 007 | 197 357 | 199 800 |
I høve til 2003 er desse tekniske endringane gjorde:
Post 1 er oppjustert med om lag 1,1 mill. kr, mot ei tilsvarande nedjustering av post 22. KOSTRA-prosjektet blei avslutta i 2002, og nødvendig løyving til drift er flytta til post 1. Post 1 er vidare oppjustert med 0,5 mill. kr, mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 258, post 21 i samband med at ansvaret for forvaltninga av norskopplæringa for vaksne innvandrarar blir overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet frå 1. januar 2004.
Kapitlet omfattar
lønn til tilsette og drift av departementet
forsking og utgreiing på dei felta der departementet har eit sektoransvar
kjøp av datautstyr og programvare som blir nytta til utviklinga av IKT-system i departementet
støtte frå departementet til forsking i regi av Noregs forskingsråd på dei felta der departementet har eit sektoransvar
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til lønn til tilsette og til drift av departementet.
Resultatrapport for 2002-2003
1. januar 2003 var 261 stillingar lønte over kap. 500, post 1 på budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet.
Per 1. januar 2003 var 61 pst. av dei tilsette kvinner. Dette er ein nedgang på 3 prosentpoeng i forhold til 2002. Det er eit fleirtal av kvinner i alle stillingskategoriar, bortsett frå på ekspedisjonssjefsnivå, der det er 14 pst. kvinner. Det er 52 pst. kvinner på avdelingsdirektørnivå og 67 pst. på underdirektørnivå. I perioden 2002-2003 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse meldingane og proposisjonane som er lagde fram for Stortinget:
St.meld. nr. 31 (2002-2003) Storbymeldingen
St.meld. nr. 13 (2002-2003) Om verksemda til Statens Husbank 2000-01
St.meld. nr. 10 (2002-2003) Om verksemda i Sametinget 2001
St.prp. nr. 66 (2002-2003) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2004 (kommuneproposisjonen)
St.prp. nr. 41 (2002-2003) Om tilleggsbevilgning til dekning av utgifter knyttet til økte strømpriser for bostøttemottakere
Ot.prp. nr. 105 (2002-2003) Om lov om endringar i kommuneloven m.m. (interkommunalt samarbeid)
Ot.prp. nr. 95 (2002-2003) Om lov om endringer i utlendingsloven (Dublin II-forordningen)
Ot.prp. nr. 70 (2002-2003) Om lov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (kommunal revisjon)
Ot.prp. nr. 49 (2002-2003) Om lov om endringer i utlendingsloven
Ot.prp. nr. 36 (2002-2003) Om lov om endring i lov 26. juni 1992 nr. 87 om forsøk i offentlig forvaltning
Ot.prp. nr. 34 (2002-2003) Om lov om endring i samelova m.m.
Ot.prp. nr. 30 (2002-2003) Om lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova) og lov om burettslag (burettslagslova)
Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonslova)
Ot.prp. nr. 26 (2002-2003) Om lov om lønnsnemndbehandling av arbeidstvistene mellom Norsk Helse- og Sosialforbund og Norsk Kommuneforbund på den ene siden og Servicebedriftenes Landsforening på den andre siden i forbindelse med tariffrevisjonen 2002
Ot.prp. nr. 19 (2002-2003) Om lov om endringer i utlendingsloven og i lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett (gebyr)
Ot.prp. nr. 10 (2002-2003) Om lov om lønnsnemndbehandling av arbeidstvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening i samband med tariffrevisjonen 2002
På det innvandringspolitiske området har departementet eit omfattande internasjonalt samarbeid med Schengen-/EU-landa. Det er mellom anna inngått ein ny avtale, Dublin II, i samband med tilbaketaking av asylsøkjarar. Noreg skal ha formannsvervet i Intergovernmental Counsultations (IGC) frå andre halvår 2003 og formannskapet i Nordisk Samrådsgruppe på Høgt Nivå (NSHF) frå same tidspunkt. I tillegg deltek departementet i ei rad andre multilaterale forum knytte til migrasjon. Det internasjonale samarbeidet er særs viktig på migrasjonsfeltet, ettersom Noreg i utforminga av sin politikk er avhengig av å ha kjennskap til utviklinga i andre land.
På det regionalpolitiske området har det vore eit omfattande internasjonalt samarbeid i perioden 2002-03. Dette gjeld både i Norden, i forhold til våre nærområde i Nordvest-Russland og Baltikum (Barentsprogrammet og Austersjøprogrammet) og i Europa gjennom vår deltaking i ni av EU sine grenseregionale, transnasjonale og interregionale program (Interreg). Departementet deltek gjennom ESPON i eit omfattande utgreiings- og forskingsprogram på det regionalpolitiske området. Samarbeidsprogrammet vil gje nyttig kunnskap og vere av verdi for Noreg som EØS-medlem. Departementet har også lagt ned store ressursar i oppfølginga av den europapolitiske plattforma til regjeringa, og i denne samanhengen leidd ei arbeidsgruppe for å greie ut regjeringa sin strategi på dette området i forhold til regionale og lokale styresmakter. Arbeidsgruppa er no vidareført i form av ei kontaktgruppe. Vidare har departementet delteke aktivt i arbeidet med utvidinga av EØS med 10 nye medlemsland, spesielt i forhandlingane om det økonomiske bidraget frå EFTA-sida.
Ved EU-delegasjonen i Brussel er det ei eiga stilling som ambassaderåd for regionale og kommunale saker. Ambassaderåden held norske styresmakter på sentralt og regionalt/lokalt nivå jamleg orienterte om utviklinga i EU og EØS innanfor desse områda, og hjelper styresmaktene i arbeidet med å få gjennomslag for norske interesser i EU- og EØS-relevante saker.
Det blei i 2000 etablert eit fast samarbeid mellom ministrar som er ansvarlege for samiske saker, og sametingspresidentane i Finland, Sverige og Noreg for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Kommunal- og regionaldepartementet har i 2003 sekretariatsansvaret for Nordisk embetsmannsorgan for samiske spørsmål, som tek seg av førebuing og oppfølging av saker til minister- og samepresidentmøta. Den nordiske ekspertgruppa som skal utarbeide utkast til ein nordisk samekonvensjon, begynte arbeidet sitt i januar 2003. Saman med Utanriksdepartementet deltek Kommunal- og regionaldepartementet også aktivt i forhandlingane om ei FN-fråsegn om rettane til urfolk.
Som fagdepartement for Habitat-spørsmål følgde departementet i samarbeid med Utanriksdepartementet opp norsk deltaking i FN sitt busetjingsprogram (UN Habitat) og leidde dei norske delegasjonane til det første fagforumet under Habitat, "World Urban Forum", i 2002 og til styremøte i Habitat i mai 2003.
Departementet følgjer aktivt med i utviklinga internasjonalt som har relevans for kommunesektoren, og deltek mellom anna i Europarådet og OECD og på årlege møte med våre nordiske kollegaer.
Departementet sin bruk av Internett som ein viktig informasjons- og formidlingskanal er aukande. Det blei i 2003 oppretta fleire nettportalar/temasider på departementet sine arbeidsområde. Døme på dette er internettside i samband med avviklinga av valet, internettside om kommunesamanslåing og interkommunalt samarbeid, temaside om modernisering i kommunesektoren og "konkurranseportalen", som skal vere eit hjelpemiddel for kommunane i samband med offentlege innkjøp.
Resultatmål for 2004
Kommunal- og regionaldepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken og for samordning av denne politikken når det gjeld innvandring, nasjonale minoritetar, samiske formål, regional- og distriktspolitikk, den statlege styringa av verksemda i kommunane og fylkeskommunane, bustad- og bumiljøtiltak og forvaltning av byggjetiltak.
Departementet har ansvar for verksemdsstyring av Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda, Senter mot etnisk diskriminering, Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene, Kompetansesenter for rettane til urfolk, Husbanken, Statens bygningstekniske etat og Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus. Arbeidsretten, Riksmeklingsmannen og Sametinget er òg knytt til departementet.
Departementet og verksemdene står framfor store oppgåver når det gjeld å følgje opp dei måla regjeringa og Stortinget har fastsett.
Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2004 mellom anna arbeide med desse prosjekta og større arbeida:
ny statsborgarlov
nye prosedyrar for behandling av asylsøknader innan 48 timar
omlegging av advokatordninga for asylsøkjarar
obligatorisk norskopplæring for nye innvandrarar
stortingsmelding om utfordringar i eit fleirkulturelt Noreg
ny lov mot etnisk diskriminering
endring av styringsforholdet mellom departementet, UDI og UNE
oppfølging av evalueringa av UNE
styrking av integreringsarbeidet, som kan innebere ei deling av UDI
stortingsmelding om verksemda i Sametinget
deltaking i nordisk samisk samarbeid gjennom embetsmannsorganet for samiske spørsmål
oppfølging av satsinga på samisk språk og informasjon; styrking av bruken av samisk i IT-samanheng i offentleg forvaltning
administrativ oppfølging av Finnmarkslova
oppfølging av arbeidet i distriktskommisjonen. Departementet er sekretariat for kommisjonen, som går igjennom heilskapen i den norske regional- og distriktspolitikken og arbeider med konkrete forslag til endringar i forhold til dagens politikk. Arbeidet er planlagt avslutta hausten 2004.
førebuing av stortingsmelding om regionalpolitikk, som etter planen skal leggjast fram våren 2005
omlegging av differensiert arbeidsgivaravgift, inkludert arbeidet med næringsretta utviklingstiltak og transportstøtteordning som kompensasjon for auka avgift
vidare oppfølging av ansvarsreforma, med utvikling av eit nytt opplegg for dialog med regionalt nivå
oppfølging av Effektutvalet. Effektutvalet undersøkjer den samla effekten av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel innanfor ulike politikkområde.
medverking til utvikling av den regionalpolitiske rolla til eit nytt verkemiddelapparat som vil bli oppretta frå 2004
oppfølging av ein heilskapleg innovasjonspolitikk
gjennomgang av statleg tilsyn med kommunesektoren
gjennomgang av dei juridiske rammevilkåra for interkommunalt samarbeid. Høyringsnotat er planlagt ferdigstilt i løpet av 2004, med etterfølgjande framlegging av lovproposisjon for Stortinget.
den planlagde gjennomgangen og revisjonen av enkelte delar av kommunelova, med sikte på å leggje fram ein proposisjon i 2005
utgreiing om det rettslege grunnlaget for lokale folkeavrøystingar
forsøk med einskapsfylke og kommunal oppgåvedifferensiering
konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren
ulike prosjekt knytte til modernisering i kommunane, mellom anna omstillingsprogram, friare brukarval og effektivitetsnettverk
gjeninnføring av kommunal selskapsskatt frå 1.1.2005
nytt inntektssystemutval blir sett ned hausten 2003 og skal levere si innstilling innan 1. juli 2005. Utvalet skal gå igjennom finansieringssystemet for kommunesektoren.
nytt utval for kommunal eigedomsforvaltning blir sett ned hausten 2003
leiing av den norske deltakinga på det andre fagforumet under Habitat - World Urban Forum. Departementet skal også hjelpe Utanriksdepartementet og Miljøverndepartementet med å følgje opp det norske formannskapet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), som i 2004 og 2005 skal behandle busetjingsspørsmål.
revisjon av bygningslovgivinga. Bygningslovutvalet arbeider med ein total revisjon av bygningsdelen av plan- og bygningslova. I mandatet for utvalet er forenkling og effektivisering særleg framheva, i tillegg til ei opprydding i strukturen i lova. Utvalet kjem med si første delutgreiing i oktober 2003. Denne delutgreiinga vil mellom anna innehalde forslag til lovregulering av instituttet utbyggingsavtalar. Den siste delinnstillinga frå lovutvalet kjem medio 2005. Ho vil innehalde forslag til andre endringar i bygningsdelen av lova.
Internasjonalt vil Kommunal- og regionaldepartementet delta i ei rad samarbeidsorgan innanfor dei politikkområda som ligg til departementet. Det blir årleg halde kontaktmøte mellom dei nordiske ministrane med ansvar for kommunesektoren, og i 2004 er Noreg vertskap for møtet.
Både det nordiske samarbeidet, nærområdesamarbeidet og Interreg-samarbeidet vil krevje ein stor innsats i 2004. Samarbeidet med dei nye EØS-landa vil få ein ny dimensjon ved at det økonomiske bidraget til finansiering av utvidinga også omfattar regionalpolitikk og grenseregionalt samarbeid.
Kontaktgruppa for regjeringa si europapolitiske plattform vil framleis måtte givast høg prioritet. Denne gruppa har mellom anna ansvaret for det politiske forumet som er vedteke etablert mellom Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet og regionale og lokale politiske styresmakter.
I Styringskomiteen for lokalt og regionalt demokrati under Europarådet vil ei hovudoppgåve vere å utarbeide forslag til eit legalt instrument for regionalt sjølvstyre. Forslaget skal leggjast fram på Europarådet sin kommunalministerkonferanse hausten 2004.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 1 skal dekkje kostnader til lønn og drift av departementet. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3500 post 1, jf. forslag til romartalsvedtak II. Det blir føreslått ei løyving på 165,7 mill. kr for 2004. Dette er ein liten auke i forhold til 2003. Auken kjem i hovudsak av at løyvinga på post 22 blir føreslått flytta til post 1, og av at departementet tek over ansvaret for norskopplæringa for vaksne innvandrarar frå Utdannings- og forskingsdepartementet, jf. kap. 521 post 61.
Post 21 Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag, kan overførast
Posten omfattar forskings- og utgreiingsverksemd på alle dei felta departementet har ansvar for. Hovudsiktemålet med FoU-arbeid utført for Kommunal- og regionaldepartementet er å få fram kunnskap på dei felta der departementet har eit sektoransvar. FoU-verksemda skal medverke til å skaffe fram kunnskap som kan gi eit best mogleg grunnlag for avgjerder på dei områda der departementet står ansvarleg for politikken. For 2002 og 2003 er løyvinga nytta på desse områda:
Tabell 3.1 Oversikt over bruken av løyvinga på kap. 500, post 21i 2002 og 2003
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | |
Prosjekt fordelte på forskingsområde: | ||
Bustadspørsmål | 3 707 | 2 550 |
Regionale spørsmål | 490 | 400 |
Kommunalforsking | 1 505 | 3 052 |
Samiske spørsmål | 782 | 1 120 |
Innvandrarspørsmål | 2 115 | 2 060 |
Diverse | 520 | 518 |
Sum post 21 Forsking og utgreiing | 9 119 | 9 700 1 |
1 Løyvinga for 2003 var på 9,5 mill. kr. Overførte midlar frå 2002 er tekne med i fordelinga.
Midlane blir fordelte ut frå ei heilskapleg samordning av forskings- og utgreiingsverksemda. Midlane blir nytta til å imøtekome behovet for kunnskap i departementet når det gjeld statistikk/data, analysar, forskingsprosjekt og forskingsformidling. Midlane blir også nytta til å dekkje utgifter til prosjekt og utviklingsarbeid i departementet. Forsking blir i tillegg finansiert over nokre av fagkapitla.
Budsjett for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 10,6 mill. kr for 2004.
Post 22 KOSTRA - rapporteringssystem for kommunar og fylkeskommunar, kan overførast
Posten har dekt utgiftene til KOSTRA-prosjektet, som no er avslutta. Alle kommunar og fylkeskommunar rapporterer no om økonomi og tenesteproduksjon etter KOSTRA-modellen. I 2003 blei det på denne posten løyvt om lag 1,1 mill. kr, mellom anna til departementet sin funksjon som koordinator på området kommunal statistikk. Desse midlane er frå 2004 lagde inn under kap. 500, post 1.
Post 45 Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast
Det blir føreslått ei løyving på posten på 5,5 mill. kr for 2004. Dette er om lag det same som for 2003. Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til investeringar på utstyrs- og systemsida innanfor IT-området, mellom anna til nødvendige nettverkstilpassingar i forhold til gradert informasjon.
Post 50 Forskingsprogram via Noregs forskingsråd
Støtte frå departementet til forsking i regi av Noregs forskingsråd skal i hovudsak medverke til å realisere overordna mål innanfor departementet sitt ansvarsfelt. Departementet sitt sektoransvar inneber mellom anna å leggje langsiktige strategiar for kunnskapsoppbygging på dei felta som høyrer inn under departementet.
Dei forskingsprogramma Kommunal- og regionaldepartementet er med å finansiere under denne posten, er: "Program for samisk forsking", "Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar" (IMER), "Regional utvikling", "Byutvikling - drivkrefter og planleggingsutfordringar", "Evaluering av plan- og bygningslova", "Bustad og levekår" og "Kommunelova". For 2003 blei det over denne posten løyvt 18 mill. kr til dei nemnde programma.
"Program for samisk forsking" er etablert for perioden 2001-2005. Målet med programmet er å rekruttere og stimulere til forsking som kan gi ny kunnskap og nye perspektiv, og å stimulere til tverrfagleg og fleir-institusjonelt samarbeid innanfor samisk forsking. Programmet skal ta hand om og få fram fagfelt, forskingsfelt og miljø som til dels har veikare forskingstradisjonar enn dei tradisjonelle og etablerte. Samtidig skal programmet medverke til å byggje opp eit kunnskapsgrunnlag som kan vere til nytte for samiske og norske avgjerdstakarar. Programmet er finansiert av Utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
Forskingssatsinga "Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar" (IMER) (2002-2004) omfattar 11 prosjekt som gjeld flyktningkvinner, transnasjonale familiar, det fleirkulturelle samfunnet og internasjonal migrasjon. Det er lagt vekt på eit kjønnsperspektiv. Målet er å vedlikehalde forskarkompetansen og byggje opp ny kunnskap om den internasjonale migrasjonen og kva følgjer han får for Noreg på dei omtalte områda. Satsinga blir finansiert av Utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
"Regional utvikling" (REGUT) er eit handlingsretta program som har som mål å få fram ny kunnskap om regionale utviklings- og omstillingsprosessar. I 2002 var 27 prosjekt i 13 forskingsmiljø i aktivitet. Programmet hadde også ei stor publiserings- og formidlingsverksemd i 2002. Dei tema-inndelte forskarnettverka, som har aktivisert forskarar frå eit breitt felt både nasjonalt og internasjonalt, blir vurderte som viktige arenaer for fagleg diskusjon, utvikling og formidling. Programmet blir finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet. Programmet blir avslutta i 2003.
"Byutvikling - drivkrefter og planleggingsutfordringar" skal auke den forskingsbaserte kunnskapen om urbane område. Det blir særleg gjort ved at ein fokuserer på samanhengen mellom teknologiske endringar, demografiske faktorar, næringsutvikling og sosiale og kulturelle endringsprosessar. Ein tek sikte på å identifisere dei viktigaste drivkreftene bak urbaniseringsprosessar og utviklinga i byane. Programmet tek utgangspunkt i dei norske storbyregionane - Osloregionen, Bergensregionen Stavanger/Sandnes-regionen og Trondheimsregionen - i tillegg til landsdelssentra Tromsø og Kristiansand. I 2002 var det eit høgt aktivitetsnivå. Mange prosjekt er komne langt. Programmet har vore til nytte i utforming av politikken og har gitt innspel til arbeidet med storbymeldinga frå regjeringa. Programmet er blitt støtta av Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet er etablert for perioden 2000-2004.
Evalueringsprosjektet for endringar i plan- og bygningslova blei sett i gang i 2000 etter initiativ frå departementet. Evalueringa omfattar verknaden av byggjesaksreforma som blei sett i verk frå 1.7.1997. Målet er å vurdere om byggjesaksreforma har hatt den tiltenkte verknaden. I 2002 var fem prosjekt i gang. Prosjekt innanfor tema byggskade og byggfeil, endra roller for BAE-næringa i byggjeprosessen, kommunal iverksetjing og kvalitet og estetikk, er avslutta. Det har også vore sett i gang arbeid i samband med tids- og ressursbruk i den kommunale plan- og byggjesaksbehandlinga. I tillegg er det sett i gang fire nye prosjekt som tek for seg nytte-/kostnadsanalysar, byggkvalitet, godkjenningsordninga og eingongsbyggherrar. Evalueringa er planlagt å vare fram til og med 2004.
Målet for programmet "Bustad og levekår" (1997-2002) var å skape betre vilkår for ei langsiktig bustadforsking. Programmet skulle mellom anna medverke til å auke forståinga for samanhengane mellom bustad, butilhøve og levekår, for korleis bustadmarknaden fungerer, og for effektar av offentlege inngrep. Det blei sett i gang 20 prosjekt. Det blei gitt tilskot til enkelte prosjekt også i 2003.
Programmet "Kommunelova" (1997-2002) skal kartleggje og analysere verknadene av kommunelova av 1993 for det kommunale og fylkeskommunale styringssystemet, for den statlege styringa og for innbyggjarane. Programmet gjennomførte i 2002 siste del av den ordinære driftsfasen og gjennomførte ei større avslutningsmarkering. Programmet har totalt finansiert 26 FoU-prosjekt. Programmet har i tillegg til midlar frå Noregs forskingsråd fått støtte frå Miljøverndepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Kommunenes Sentralforbund og Kommunal- og regionaldepartementet. Kommunal- og regionaldepartementet løyvde i 2003 midlar til avslutning av programmet og til førebuing av vidare forsking om kommunesektoren. Tre forskingsprosjekt blei sette i verk. 2003 er det siste året med aktivitet i dette programmet.
Budsjett for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 18 mill. kr i 2004 til program i regi av Noregs forskingsråd. Midlane vil bli brukte til vidareføring av programmet for samisk forsking, til vidareføring av den tematiske IMER-satsinga (2002-2004), til evaluering av plan- og bygningslova, til programmet for byutvikling og til igangsetjing av ei ny satsing innanfor Kommunal- og regionaldepartementet sitt sektoransvar. Departementet ser behov for forsking både på regionalpolitiske spørsmål, på spørsmål knytte til kommunesektoren og på enkelte tema knytte til levekårsforsking. Vi ønskjer ei strategisk satsing med fleirårig perspektiv. Organiseringa av den vidare programverksemda vil bli vurdert og konkretisert hausten 2003, med utgangspunkt i aktuelle behov og med sikte på ei felles, tverrgåande satsing.
Kap. 3500 Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 500)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Tilfeldige inntekter | 770 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 873 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 349 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 687 | ||
Sum kap. 3500 | 5 679 |
Det blir ikkje budsjettert med inntekter på desse postane.
Kap. 502 Valutgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 3 746 | 29 000 | 5 000 |
60 | Refusjon til kommunar | 367 | ||
Sum kap. 502 | 4 113 | 29 000 | 5 000 |
I 2004 er det ikkje val. Den føreslåtte løyvinga er derfor mykje lågare enn den tilsvarande løyvinga i budsjettet for 2003.
Post 1 Driftsutgifter
Denne posten omfattar dei direkte utgiftene staten har ved lokalval og ved val til Stortinget. Løyvinga skal dekkje etterslep av utgifter etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 (kr 300 000) og drift av partiregisteret i Brønnøysund (kr 350 000). Det er vidare sett av 2 mill. kr til vidareutvikling av valnattprosjektet, som er det systemet departementet har etablert for å samle inn, lage prognosar for og formidle valresultat. Som følgje av ny vallov må det lagast eit dataprogram for fordeling av utjamningsmandata ved stortingsval. Det er budsjettert med 1 mill. kr til dette. Det er sett av kr 500 000 til forsøksverksemd og evaluering av forsøk. Endeleg er det sett av kr 850 000 til andre utgifter, mellom anna til godtgjersle til klagenemnda for registrering av politiske parti og til kjøp av tenester frå eit fylkesmannsembete.
Rapport for 2002
Det blei ikkje avvikla val i 2002. Budsjettet gjekk i hovudsak til utvikling og drift av partiregisteret, til utvikling av valnattprosjektet, til konferansar om ny vallov og til distribusjon av valurner.
Kap. 503 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap. 3503)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 10 144 | 10 500 | 10 600 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 1 429 | 1 500 | 1 550 |
Sum kap. 503 | 11 573 | 12 000 | 12 150 |
Arbeidsretten
Arbeidsretten behandlar tvistar som dreier seg om tariffavtalar er gyldige, og om korleis dei skal tolkast. Arbeidsretten behandlar også visse tvistar som gjeld tolking av reglane i arbeidstvistlova og tenestetvistlova, tvistar om brot på tariffavtalar og tvistar om sanksjonar ved slike avtalebrot.
Arbeidsmengda til Arbeidsretten var stor også i 2002. Retten behandla noko færre saker i 2002 enn året før. Årsaka til det var den store saka om kommunale pensjonsordningar, ei sak som kravde store ressursar. Tilfanget av saker tyder på at arbeidsmengda vil vere omfattande også i 2004. Det blir stilt særlege krav til rask behandling av saker som kjem inn til Arbeidsretten, og det blir kravd høg kompetanse i retten. Behandlinga er underlagd dei krava som følgjer av lovgivinga om Arbeidsretten og dei tvistane som er lagde til retten.
Meklingsinstitusjonen
Meklingsinstitusjonen skal mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet. Dei fleste tariffavtalar gjeld for to år. Arbeidsmengda hos Riksmeklingsmannen varierer, med eit hardt arbeidspress i dei åra partane i arbeidslivet reviderer heile tariffavtalen, som i 2000, 2002 og 2004, og med færre arbeidsoppgåver i mellomåra, når partane berre forhandlar om lønnsjusteringar. Til dømes var det 125 meklingar i 2002, mot berre 26 i 2001.
Målsetjinga for meklingsinstitusjonen er å få partane forlikte, og syte for at partane kjem til mekling utan ventetid. Den varierande arbeidsmengda gjer at meklingsinstitusjonen treng fleksible ordningar når det gjeld bemanning.
Rikslønnsnemnda og Tariffnemnda
Rikslønnsnemnda behandlar interessetvistar som partane i arbeidslivet bringar inn til avgjerd, og tvistar som dei lovgivande styresmaktene vedtek skal løysast ved tvungen lønnsnemnd. Rikslønnsnemnda behandla 2 saker i 2002.
Tariffnemnda behandlar krav frå partane i arbeidslivet om at dei lønns- og arbeidsvilkåra som følgjer av ein tariffavtale, skal gjerast gjeldande også for utanlandske arbeidstakarar. Tariffnemnda hadde ingen saker til behandling i 2002.
Post 1 Driftsutgifter
Posten omfattar utgiftene til Arbeidsretten, meklingsinstitusjonen, Rikslønnsnemnda og Tariffnemnda. Det blir føreslått ei løyving på 10,6 mill. kr for 2004.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Saksmengda og utgiftene til institusjonane under kapitlet varierer, mellom anna etter korleis lønnsoppgjera går, om det er hovud- eller mellomoppgjer, og om oppgjera er samordna eller forbundsvise. Posten skal dekkje auka utgifter ved institusjonane under kapitlet, og løyvinga skal også gå til kompetanseoppbygging og utgreiingar på feltet kollektiv arbeidsrett. Utbetalingane kan skje seinare enn det som er lagt til grunn. Vi ber derfor om at posten får stikkordet "kan overførast".
Det blir føreslått å løyve 1,5 mill. kr for 2004.
Kap. 3503 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap. 503)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 47 | ||
Sum kap. 3503 | 47 |
Kommunalbanken AS
Kommunalbanken AS blei stifta 1. november 1999 som ei vidareføring av verksemda til statsbanken Noregs Kommunalbank. Selskapet skal gi lån til kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og andre selskap som utfører kommunale oppgåver. Låna skal givast mot kommunal eller statleg garanti, eller sikrast på annen måte. Selskapet er ått med 80 pst. av staten og 20 pst. av Kommunal Landspensjonskasse (KLP).
Kap. 5316 Kommunalbanken AS
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Garantiprovisjon | 24 484 | 13 800 | 13 800 |
Sum kap. 5316 | 24 484 | 13 800 | 13 800 |
Post 70 Garantiprovisjon
Kommunalbanken har sidan 1996 betalt garantiprovisjon til staten av banken sine innlån, knytt til at staten garanterte for dei låna banken tok opp. Ved omdanninga til aksjeselskap 1.11.1999 blei statsgarantien avvikla for nye innlån, men blei halden ved like for lån tekne opp før 1.11.1999.
Departementet gjer framlegg om ein sats på garantiprovisjonen på 0,1 pst., jf. utkast til romartalsvedtak. Garantiprovisjonen er rekna ut på grunnlag av statsgaranterte innlån i 2002. Ein reknar med at provisjonsinntekta blir på 13,8 mill. kr i 2004.
Kap. 5616 Renter og utbytte i Kommunalbanken AS
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
81 | Aksjeutbytte | 29 200 | 30 800 | 32 400 |
Sum kap. 5616 | 29 200 | 30 800 | 32 400 |
Post 81 Aksjeutbytte
I statsbudsjettet for 2001 blei desse krava til avkastning og denne utbyttepolitikken varsla:
Avkastningskravet for Kommunalbanken AS er 3 prosentpoeng over risikofri rente på 3-års statsobligasjonar etter skatt (nominelt) av verdijustert eigenkapital frå rekneskapsåret 2001.
Utbytte bør setjast til 5 pst. av verdijustert eigenkapital, maksimalt 75 pst. av årsresultatet etter skatt frå rekneskapsåret 2001. Prosentsatsen bør utgjere om lag halvparten av det normerte avkastningskravet, og kan justerast éin gong årleg dersom prosentsatsen i vesentleg grad avvik frå dette.
Utbyttepolitikken og avkastningskravet bør liggje fast over ein periode på 3-5 år. Oppnådd avkastning bør målast ved hjelp av eksterne verdivurderingar som blir henta inn med jamne mellomrom.
Aksjeutbyttet som Kommunalbanken AS skal betale til staten i 2004, blir fastsett på dette grunnlaget. Utbytte blir betalt etterskotsvis, det vil seie på basis av rekneskapen til banken for 2003. Det blir budsjettert med eit aksjeutbytte på 32,4 mill. kr i 2004.
Ved ein ny gjennomgang av avkastningskravet og utbyttepolitikken overfor Kommunalbanken ønskjer departementet å ta utgangspunkt i den såkalla kapitalverdimodellen. Det er gjort greie for denne modellen i St.prp. nr 1 (2001-2002) Gul bok (pkt. 7.7.1) Generelle virkemidler for eierstyring. Avkastningskravet er definert som den forventa avkastninga eigaren kunne ha oppnådd ved ei alternativ plassering med tilsvarande risiko. Kravet blir stilt i forhold til den avkastninga selskapet har etter skatt på eigenkapitalen. Dei nye retningslinjene vil ha verknad frå og med rekneskapsåret 2004.
Aksjeutbytte føreslår ein sett til ein gitt prosentdel av den verdijusterte eigenkapitalen, maksimalt 75 pst. av årsresultatet etter skatt, frå og med rekneskapsåret 2004. Prosentsatsen bør utgjere om lag halvparten av det normerte avkastningskravet.
Programkategori 13.20 Innvandring
Samla utgifter under programkategori 13.20
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
520 | Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3520) | 2 152 969 | 1 490 270 | 1 681 333 | 12,8 |
521 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 3521) | 2 484 486 | 3 020 914 | 4 069 903 | 34,7 |
522 | Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 3522) | 5 788 | 6 300 | 6 600 | 4,8 |
523 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 3523) | 3 408 | 3 800 | 4 600 | 21,1 |
524 | Utlendingsnemnda (jf. kap. 3524) | 81 771 | 104 870 | 101 800 | -2,9 |
Sum kategori 13.20 | 4 728 422 | 4 626 154 | 5 864 236 | 26,8 |
Samla inntekter under programkategori 13.20
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3520 | Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 520) | 771 470 | 504 676 | 654 090 | 29,6 |
3521 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 521) | 112 003 | 72 790 | 63 600 | -12,6 |
3522 | Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 522) | 114 | 0 | 0 | 0,0 |
3523 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 523) | 225 | 0 | 0 | 0,0 |
3524 | Utlendingsnemnda (jf. kap. 524) | 2 141 | 0 | 0 | 0,0 |
Sum kategori 13.20 | 885 953 | 577 466 | 717 690 | 24,3 |
Mål og utfordringar
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvar for innvandrings-, flyktning- og integreringspolitikken, utlendingslova, statsborgarlova og introduksjonslova.
Utlendingsdirektoratet (UDI) skal setje i verk flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikken på Kommunal- og regionaldepartementet sitt ansvarsområde. Direktoratet gir også faglege bidrag til utviklinga av tiltak og regelverk.
Utlendingsnemnda(UNE) er eit frittståande forvaltningsorgan som behandlar klager som gjeld vedtak i UDI etter utlendingslova. Også politiet, utanriksstasjonane og fylkesmennene har oppgåver som gjeld utlendings- og statsborgarspørsmål.
Departementet skal følgje opp det omfattande internasjonale samarbeidet på migrasjonsområdet, særleg i Norden, EU (inkludert Schengen), Europarådet og ulike FN-organ, i første rekkje Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR).
Senter mot etnisk diskriminering(SMED) er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Senteret har som hovudoppgåve å yte rettshjelp i saker om diskriminering på grunnlag av tru, hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav, og skal dokumentere og overvake slik diskriminering.
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene(KIM) er eit rådgivande organ som kan drøfte alle prinsipielle sider ved norsk flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikk. I tillegg er det eit forum for kontakt og dialog.
Regjeringa sin politikk på området innvandring, flyktningar og integrering har desse hovudmåla:
regulert innvandring
vern for flyktningar
like høve til deltaking
I tillegg kjem målet om at forvaltninga på området skal vere effektiv og brukarorientert.
Reguleringa av innvandringa skal vere i samsvar med internasjonale forpliktingar og behovet for rekruttering av utanlandsk arbeidskraft. Det skal òg leggjast til rette for kultur- og kunnskapsutveksling. Arbeidet med å lage meir liberale reglar for arbeidsinnvandring, også for ufaglærte arbeidstakarar, held fram. EØS-utvidinga i 2004 vil venteleg føre til auka innvandring som kan bli eit nyttig tilskot til norsk økonomi.
Tiltak mot organisert menneskesmugling og ulovleg innreise er ein nødvendig del av innvandringskontrollen. Asylsøkjarar som ikkje har behov for vern i Noreg, skal sendast ut så fort søknaden er vurdert. Tiltak mot kriminalitet blant asylsøkjarar er prioritert. Reglane for familiesamanføring vil etter planen bli stramma inn, mellom anna for å motarbeide tvangsekteskap.
I tråd med folkeretten gir Noreg vern for flyktningar og andre som av flyktningliknande grunnar står i fare for å misse livet eller bli utsette for umenneskeleg behandling. Det omfattar også personar som er forfølgde på grunn av kjønn eller seksuell legning. Oftast vil vi kunne hjelpe fleire flyktningar dersom dei kan få vern nær konfliktområda, men i somme tilfelle er det behov for vern i Noreg. Det gjeld både overføringsflyktningar, som blir valde ut i samarbeid med UNHCR, og ein del asylsøkjarar. For tida kjem det mange asylsøkjarar som ikkje treng vern. Regjeringa vil stramme inn politikken med sikte på å redusere denne tilstrøyminga.
Ein aktiv integreringspolitikk skal sikre at innvandrarar av begge kjønn får dei same høva til å delta i samfunns- og arbeidslivet som andre delar av befolkninga. I denne samanhengen er det viktig å auke takten i busetjinga i kommunane, samtidig som den nye introduksjonsordninga, som omfattar opplæring i norsk og samfunnskunnskap, blir sett i verk. Norskkunnskapar er ein føresetnad for deltaking i samfunnet. Regjeringa vil derfor gjere opplæring i norsk og samfunnskunnskap obligatorisk for vaksne innvandrarar.
Dialogverksemd og arbeidet mot rasisme og diskriminering skal halde fram og styrkjast. Det må utviklast ein tydeleg politikk for eit fleirkulturelt, fleirreligiøst Noreg. Vi skal byggje opp under fellesskap og samhald og samtidig gi rom for stor variasjon når det gjeld levevis. Regjeringa vil leggje fram sitt syn på dette i ei stortingsmelding. Foreldre og samfunnet møter særskilde utfordringar når det gjeld oppveksten til barn og unge med minoritetsbakgrunn. Dei erfaringane og synspunkta ungdommen har, må kome betre fram. Regjeringa vil derfor setje ned eit utval med minoritetsungdom som skal gi eit bilete av situasjonen.
For å kunne nå måla for innvandrings-, flyktning- og integreringspolitikken må utlendingsforvaltninga vere effektiv og brukarorientert. Regelverket må vere oppdatert og enkelt å praktisere. Ei effektiv forvaltning som behandlar saker raskt og korrekt, sikrar rettstryggleiken, gir søkjarar og publikum god service og skaper forståing for politikken. For å nå dei overordna måla må organiseringa og ansvarsdelinga mellom ulike delar av forvaltninga vere formålstenleg og kunne endrast når det er nødvendig. Etter regjeringa sitt syn bør styringsforholdet mellom departementet, UDI og UNE når det gjeld praktisering av utlendingslova, endrast. Høvet til politisk styring er i dag for avgrensa og skal bli noko større. Det vil også bli lagt fram forslag om organisatoriske endringar i utlendingsforvaltninga.
Regjeringa legg vekt på desse sakene:
Ny statsborgarlov
Nye prosedyrar for behandling av asylsøknader innan 48 timar
Omlegging av advokatordninga for asylsøkjarar
Obligatorisk norskopplæring for nye innvandrarar
Stortingsmelding om utfordringar i eit fleirkulturelt Noreg
Ny lov mot etnisk diskriminering
Endring av styringsforholdet mellom departementet, UDI og UNE
Oppfølging av evalueringa av UNE
Styrking av integreringsarbeidet, som kan innebere ei deling av UDI
Prioriteringar i budsjettet for 2004
For å styrkje innvandrarane sine føresetnader for å kunne delta aktivt i samfunnet, har departementet sendt på høyring eit forslag om å gjere opplæring i norsk og samfunnskunnskap obligatorisk, jf. delmål 6. I budsjettforslaget for 2004 er det derfor lagt inn midlar til å førebu innføring av obligatorisk norskopplæring for vaksne innvandrarar frå 1. januar 2005. Løyvinga skal gå til å utvikle eit nytt nasjonalt registreringssystem.
Regjeringa legg vekt på tiltak som kan redusere tilstrøyminga av asylsøkjarar som ikkje treng vern her i landet. Prognosen for 2003 er at det kjem 16 000 asylsøkjarar til Noreg. Det er venta at talet på søkjarar i 2004 kan bli redusert til 10 000. Regjeringa satsar mellom anna på å få til avtalar med fleire land om tilbaketaking av asylsøkjarar med avslag på søknaden, bilateralt samarbeid, informasjonstiltak og på å redusere ytingane til asylsøkjarar i mottak. Det er rekna med at slike tiltak, og dermed redusert tilstrøyming, vil gi mindre utgifter til drift av statlege mottak på om lag 300 mill. kr. I tillegg er det vedteke krav om at personar som har fått opphald på humanitært grunnlag, må kunne underhalde familiemedlemmer som kjem til landet gjennom familiesamanføring. Staten dekkjer derfor ikkje lenger reiseutgifter i samband med slik familiesamanføring.
Tabell 3.2 Sentrale føresetnader for budsjettet for 2004
Tal på personar | |
---|---|
Asylsøkjarar | 10 000 |
Overføringsflyktningar | 750 |
Familiemedlemmer til flyktningar (familiesamanføring) o.a. | 1 900 |
Personar i mottak, gjennomsnitt | 11 000 |
Busette (inkl. familiemedlemmer pga. familiesamanføring og overføringsflyktningar) | 6 900 |
Tilbakevende | 150 |
Uttransporterte frå mottak 1 | 4 700 |
1 I tillegg blir asylsøkjarar med avslag som ikkje bur i mottak, og andre utan lovleg opphald, sende ut. Midlar til dette ligg på budsjettet for Justisdepartementet.
Tala i tabellen er - med unntak av talet på overføringsflyktningar - prognosar, ikkje måltal. Prognosar som gjeld asylsøkjarar og innvandring, er usikre. Dei er avhengige av ei rad faktorar, m.a. kor mange personar som reiser frå mottaket på eiga hand. Talet på asylsøkjarar verkar inn på dei andre føresetnadene, både på Kommunal- og regionaldepartementet sitt ansvarsområde og på ansvarsområda til andre departement.
Mål for programkategori 13.20 Innvandring
Boks 3.1 Målstruktur
Hovudmål: | Delmål: |
---|---|
Regulert innvandring |
|
Vern for flyktningar |
|
Like høve til deltaking |
|
Effektiv og brukarorientert forvaltning |
|
Regulert innvandring
1. Effektiv behandling av søknader og målretta tiltak mot misbruk av reglane
Tilstandsvurdering
I 2002 gjorde UDI vedtak i nær 100 000 utlendingssaker. Av desse var 17 853 søknader om asyl. I tillegg kjem fleire tusen saker, i hovudsak visumsøknader, behandla ved utanriksstasjonane. Samla gjekk saksbehandlingstidene noko ned i 2002. I 2003 har behandlingstida gått opp for visse sakstypar. Årsaka er mellom anna innføringa av Datasystem for utlendings- og flyktningsaker (DUF), jf. delmål 10.
Saksbehandlinga i UDI og UNE er no spesialisert etter sakstype, og ikkje etter land/region. UDI har til dømes etablert eit eige kontor for visumsaker. Det er, med unntak for asylsaker, innført gebyr for alle som søkjer om arbeids- eller opphaldsløyve i medhald av utlendingslova, og for alle som søkjer om norsk statsborgarskap.
Mange som søkjer om opphald i Noreg, fyller ikkje vilkåra. Det gjeld særleg søknader om asyl. Regjeringa ser det som eit stort problem at asylsøkjarar som ikkje har behov for internasjonalt vern, kjem til Noreg og søkjer asyl her. Mange søkjarar har basert seg på feilaktig informasjon om sjansane til å få opphald i Noreg. Mange søkjarar kjem til Noreg ved hjelp av falske dokument og ulovlege grensepasseringar. Internasjonale kriminelle nettverk står ofte bak.
Eit tiltak for å redusere talet på asylsøkjarar utan behov for vern er å gi korrekt informasjon til utlendingar som vurderer å søkje asyl i Noreg. I 2002 og 2003 gav norske styresmakter slik informasjon i land der mange hadde reist til Noreg på sviktande grunnlag. Slike tiltak blei sette i verk i Bulgaria i 2001, i Ukraina og Russland i 2002 og i Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina i 2003. Dette har vist seg å gi resultat. Talet på asylsøkjarar frå land der norske styresmakter meiner at dei aller fleste har ugrunna søknader, er klart redusert og ligg midtvegs i 2003 på om lag 10 pst. av søkjarane, mot om lag 30 pst. på same tid i 2002.
85-90 pst. av dei som for tida søkjer asyl i Noreg, kan ikkje leggje fram dokumentasjon på identitet og nasjonalitet. Manglande dokumentasjon er ikkje det same som at asylsøkjaren er identitetslaus, men det vil i enkelte tilfelle føre til at det oppstår tvil om den identiteten søkjaren oppgir, er korrekt.
I tillegg er det misbruk av reisedokument blant personar som alt har fått opphaldsløyve her. Det skjer anten ved at dokument blir nytta i strid med føresetnaden, eller ved at reisedokument blir overlatne til andre, som kan bruke dei til å reise ulovleg inn i Noreg. Regjeringa har i St.prp. nr. 65 (2002-2003) s. 51-55, som svar på Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 257, gitt ei utgreiing om denne problematikken. Spørsmålet blir også omtalt i regjeringa sitt svar på Dok.nr. 8:58 (2002-2003).
Etter at Noreg kom med i Schengen-samarbeidet, er kontrollen med reisande som kjem frå land utanfor Schengen-området, blitt intensivert. Grensene mellom Schengen-land er opne, og det gjer at det er enkelt også for personar utan lovleg opphald å reise rundt i Schengen-området. Felles visumpolitikk, styrkt kontroll ved yttergrensene og tiltak mot organisert menneskesmugling og handel med kvinner er nokre av dei tiltaka ein nyttar for å redusere den ulovlege innvandringa.
Gjennom deltaking i Schengen-samarbeidet og anna internasjonalt samarbeid får Noreg informasjon om utviklingstrekk og praksis i andre land. Slik kan vi sikre at norske interesser blir tekne vare på. Samarbeidet inneber betre kunnskap om tiltak i andre land, gir høve til å samordne innsatsen, mellom anna mot menneskesmugling og ulovleg innvandring, og gir eit betre grunnlag for å lage prognosar.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å effektivisere saksbehandlinga, både når det gjeld asylsøknader og når det gjeld arbeids- og opphaldsløyve.
Regjeringa har allereie sett i verk tiltak for å effektivisere saksbehandlinga og unngå misbruk av asylinstituttet. Saksbehandlinga i asylsaker er differensiert, mellom anna med sikte på å behandle asylsøknader som styresmaktene meiner er ugrunna, så raskt som råd, jf. delmål 3. Det blir vurdert om det skal setjast i verk nye informasjonstiltak i land som det kjem mange asylsøkjarar utan behov for vern frå.
Frå februar 2003 har UDI innført alderstestar for dei søkjarane som kan sjå ut til å vere mykje eldre enn dei seier. Søkjaren skal samtykkje i alderstesten. Dersom søkjaren ikkje samtykkjer i ein test, kan det få følgjer for vurderinga av tiltrua i høve til søknaden om asyl. Om lag to tredelar av dei som er blitt testa, ser ut til å vere over 18 år.
Regjeringa vil også styrkje samarbeidet med opphavs- og transittland, både med sikte på å motverke ulovleg innvandring og for å sikre at desse landa tek imot eigne borgarar. Eit breitt internasjonalt samarbeid om asyl- og migrasjonsspørsmål, med fokus på utveksling av informasjon og erfaring og ei betre samordning av tiltak, vil bli ført vidare. Regjeringa vil òg ha fokus på problem knytte til menneskesmugling og menneskehandel som særleg rammar kvinner og barn.
Noreg vil utvikle samarbeidet med Schengen-/EU-landa vidare. Noreg blei i 2003 knytt til fingeravtrykksystemet i EU, EURODAC. Gjennom dette er kontrollen med ulovleg innvandring blitt meir effektiv, sjølv om full effekt først kan ventast om nokre år. Schengen-/EU-landa vurderer å etablere ein sentral database for visumsøkjarar som alle medlemslanda kan leggje inn og søkje informasjon i. Som Schengen-medlem vil Noreg kunne bli tilslutta databasen. Innanfor ramma av EU og Stabilitetspakta for Søraust-Europa medverkar mellom andre Noreg til å byggje opp ei fungerande utlendingsforvaltning og ein meir effektiv grensekontroll i fleire land.
Departementet vil gå igjennom praksis når det gjeld å utferde og trekkje tilbake reisedokument som er brukte i strid med vilkåra. Det vil bli vurdert kva konsekvensar slik verksemd skal få for vidare opphaldsløyve i Noreg, og kor mange gonger éin og same person skal kunne få nye reisedokument.
Kommunal- og regionaldepartementet arbeider med å sikre gode rutinar i utlendingsforvaltninga for å motverke at terrorisme og terroristar får fotfeste i landet. Departementet legg òg vekt på å sikre ei forsvarleg saksbehandling som tek omsyn både til nasjonal tryggleik og til grunnleggande prinsipp for rettstryggleik og menneskerettar.
Tilbodet om DNA-testing i saker om familiesamanføring blei i 2003 innført som ei permanent ordning. Ordninga, som blei innført som ei prøveordning i 1999, er blitt evaluert. Evalueringa viser at ukorrekte biologiske relasjonar er oppgitt i 24 pst. av sakene. Ein stor del av dei som fekk tilbodet, møtte ikkje fram til testing.
2. Aktiv tilrettelegging for at personar utan behov for vern returnerer på ein verdig måte
Tilstandsvurdering
Totalt fekk 9066 søkjarar avslag på asylsøknaden sin i 2002. Per 31.7.2003 var det 1900 personar i asylmottak som venta på å bli sende ut av landet.
Politiet har ansvar for å transportere ut utlendingar utan lovleg opphald som ikkje reiser frivillig. I 2002 blei 5970 personar sende ut, dei fleste asylsøkjarar med avslag. 1. halvår 2003 var talet 3250. I tillegg reiser ein del asylsøkjarar heim frivillig med hjelp frå International Organization for Migration, IOM. Per 31.7.2003 hadde i overkant av 800 personar reist heim på dette viset. Ansvaret for tiltak som medverkar til auka frivillig retur, ligg under Kommunal- og regionaldepartementet.
Departementet har også ansvaret for eit program for tilbakevending som gjeld generelt for alle personar med asyl eller opphald på humanitært grunnlag i Noreg. Målet med programmet er å gi flyktningar hjelp til varig tilbakevending og ein ny start i heimlandet. Ordninga omfattar ei individuell økonomisk støtte og dekking av reiseutgifter til heimlandet. I tillegg finst det ei tilskotsordning for tilbakevendingsprosjekt. Hovudsiktemålet med prosjekta er å stimulere til og førebu flyktningar på tilbakevending til heimlandet, jf. omtale i kap. 521, post 72 Tilbakevending for flyktningar.
Strategiar og tiltak
Regjeringa ønskjer at fleire asylsøkjarar skal reise heim av eige tiltak og utan politieskorte. Dette er ein meir verdig måte å vende tilbake på enn å reise under tvang. I tillegg er det ei rimelegare løysing.
Regjeringa ønskjer på eit tidlegare tidspunkt å informere asylsøkjarane om den reelle sjansen til å få bli i Noreg på bakgrunn av ein asylsøknad, og om kva som er konsekvensen dersom søknaden endar med eit avslag. I 2003 er det sett av 5,2 mill. kr til slikt informasjonsarbeid, og NOAS er ansvarleg for å formidle informasjonen. Dette er eit tiltak som regjeringa håper vil motivere fleire av dei som ikkje har behov for vern, til å reise heim på eige initiativ.
Kommunal- og regionaldepartementet arbeider også med å inngå tilbaketakingsavtalar med fleire land, slik at personar utan opphaldsløyve kan returnast til heimlandet på ein raskare og meir effektiv måte. Regjeringa vil vurdere ulike verkemiddel for å sikre at land som vi samarbeider med, tek tilbake eigne borgarar.
Det er nyleg sett i verk eit særskilt returprogram for irakarar som har fått avslag på asylsøknaden sin, jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003). Personar i denne gruppa får 10 000 kr i reisestøtte dersom dei melder si interesse for UDI innan 31.10.2003. Reisa kan skje seinare.
Vern for flyktningar
3. Differensiert behandling av asylsøkjarar innanfor ramma av internasjonale konvensjonar
Tilstandsvurdering
I 2002 søkte 17 500 personar asyl i Noreg. UDI gjorde i 2002 vedtak i 17 853 asylsaker. Av desse blei om lag 12 360 søknader realitetsbehandla i UDI. Om lag 3760 blei behandla etter Dublin-regelverket, og om lag 1730 asylsøkjarar forsvann eller trekte søknaden sin. I tillegg fekk 1355 overføringsflyktningar innreiseløyve i 2002.
Tabell 3.3 Resultat av vedtak gjorde i UDI i 2002
Tal på vedtak | Prosent | ||
---|---|---|---|
Løyve: | 3 290 | 26,6 | |
- asyl | 332 | 2,7 | |
- andre grunnar for vern (utlf. § 21.1) | 1 741 | 14,1 | |
- sterke menneskelege omsyn (utlf. § 21.2) | 1 217 | 9,8 | |
Avslag | 9 066 | 73,4 | |
Sum vedtak | 12 356 | 100 |
Dei fleste asylsakene er komplekse og krev grundige vurderingar. For å redusere talet på asylsøkjarar med ugrunna søknader har UDI innført forenkla saksbehandling for søkjarar frå visse land. Prinsippa for forsvarleg saksbehandling i forvaltningslova gjeld her som i andre asylsaker. Dersom søknaden ikkje er klart ugrunna, men meir komplisert enn ein først trudde, vil nødvendige undersøkingar bli gjennomførte. Avslagsprosenten etter behandling i UDI er framleis høg. Dei fleste fyller ikkje vilkåra for asyl eller vilkåra for opphald av andre grunnar.
Visse typar av asylsaker skal prioriterast. Det gjeld saker
der søkjaren er meld til politiet, sikta eller dømd for straffbart forhold i Noreg
der søkjaren tidlegare har fått avslag på asylsøknad i Noreg
Saker der asylsøkjaren er registrert med kriminelle forhold i Noreg eller i eit anna land, skal prioriterast i alle ledd. Dersom det ikkje er behov for vern, skal personen sendast ut av landet så raskt som råd. Sjølv om berre ein liten del av asylsøkjarane står bak kriminelle handlingar, er rask saksbehandling nødvendig.
Endringar i utlendingslova som gir politiet høve til å bruke utlendingsregisteret i samband med etterforsking av straffbare handlingar, er blitt sette i kraft. Stortinget har, i samsvar med forslag frå regjeringa, vedteke endringar i utlendingslova som vil gjere det mogleg for Noreg å godta ei avgjerd i eit anna Schengen-land om utsending av ein utlending.
Noreg har gjennom ein samarbeidsavtale knytt seg til Dublin-konvensjonen, som regulerer kva for ein stat det er som skal behandle ein søknad om asyl i Noreg, Island eller EU. Reglane har vist seg å ikkje vere effektive nok. Det er derfor laga ei ny EU-rettsakt som gjeld asylsøknader frå og med 1.9.2003. Det er vedteke endringar i utlendingslova slik at denne innskjerpinga også gjeld for Noreg, jf. Ot.prp. nr. 95 (2002-2003).
Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er under 18 år og utan foreldre eller andre med foreldreansvar i Noreg. Einslege mindreårige asylsøkjarar skal prioriterast i alle ledd. I 2002 kom det 894 asylsøkjarar som sa at dei var einslege mindreårige. For 2003 hadde det per 31.7. kome 464 einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Totalt sett har det i dei siste åra vore ein auke i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg.
Asylsøkjarar har i dag krav på å få dekt hjelp frå ein advokat, både i samband med framsetjing av ein søknad og i samband med ei eventuell klage på eit avslag. I januar i år reduserte Justisdepartementet timetalet som ein asylsøkjar kan få dekt advokathjelp for, frå 5 til 3 timar i førsteinstansen.
Det er i dei siste åra blitt retta søkjelys på det arbeidet asyladvokatane utfører, og på dei mange sakene somme av dei har i porteføljen. Som eit tiltak for å betre støtta til asylsøkjarane innførte regjeringa derfor i januar 2003 ei mellombels advokatvaktordning. Advokatordninga blei også evaluert av eit konsulentfirma.
Strategiar og tiltak
Sjølv om talet på asylsøkjarar med søknader som styresmaktene meiner er ugrunna, har gått ned, vil regjeringa føre vidare tiltak for å redusere talet på slike asylsøknader. Det vil bli etablert ein ny prosedyre for behandling av desse søknadene innan 48 timar. Prosedyren inneber at UDI innan 48 timar etter at politiet har registrert søkjaren, skal ha avgjort saka og teke stilling til eventuell søknad om utsett iverksetjing. Søkjaren vil bu i mottak fram til vedtak ligg føre, og politiet vil ha ansvaret fram til uttransportering. Rettstryggleiken blir sikra ved at søkjaren får den same informasjonen som andre søkjarar. Er UDI i tvil om utfallet av saka, blir saka behandla i den ordinære prosessen for behandling av asylsøknader. Regjeringa trur at ei slik ordning vil ha ein viktig signaleffekt overfor andre personar som ikkje treng vern i Noreg. For at ordninga skal få den ønskte verknaden, er det viktig at politiet kontinuerleg sender ut søkjarar som ikkje får opphald i landet.
Mange asylsøkjarar som får endeleg avslag, reiser ikkje frivillig ut av landet. Regjeringa vil føre vidare samarbeidet med andre land når det gjeld tiltak overfor dei landa som nektar å ta imot eigne borgarar som blir sende heim med tvang.
Kommunal- og regionaldepartementet vurderer i samråd med Justisdepartementet om advokatordninga skal leggjast om. Målet er å utnytte ressursane betre, samtidig som asylsøkjarane skal få den hjelpa dei treng.
Som ein del av innsatsen mot kriminalitet har regjeringa føreslått å senke den nedre strafferamma for utvising av utlendingar med arbeids- og opphaldsløyve i Noreg til fengsel i 6 månader.
4. Eit differensiert og forsvarleg tilbod til asylsøkjarar i mottak
Tilstandsvurdering
I dag blir det gitt tilbod om plass i asylmottak til alle asylsøkjarar, til personar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetjing i ein kommune, og til personar som har fått avslag på søknaden og ventar på klagesaksbehandling eller på å reise ut av landet, anten frivillig eller under tvang. Per 31.7.2003 var det 139 mottak med totalt 17 087 bebuarar. 67 pst. av bebuarane var menn og 33 pst. kvinner, medan einslege mindreårige utgjorde om lag 5 pst. Mottakssystemet blir også omtalt under kap. 520, post 21.
I samsvar med at saksbehandlinga i samband med asylsøknader skal vere differensiert alt etter om søknaden blir rekna for å vere ugrunna, godt grunngitt eller om det er behov for nærmare avklaring, skal også mottakssystemet vere differensiert, slik at dei ulike gruppene får ulike tilbod. Personar med endeleg avslag får redusert dei økonomiske ytingane i mottak og får slik sett eit noko enklare tilbod. Dette gjeld ikkje ytingane som går direkte til barn.
Det er i hovudsak to typar av mottak: transittmottak og ordinære mottak. 16 av dei ordinære mottaka har avdelingar for einslege mindreårige, og éi av desse avdelingane er berre for einslege mindreårige under 15 år. I tillegg finst det eit eige mottak for einslege mindreårige under 15 år.
Medan einslege mindreårige asylsøkjarar tidlegare kom inn under det ordinære transittsystemet, er det frå hausten 2002 etablert eit eige transittsystem for denne gruppa.
Per 31.7.2003 var det 9 transittmottak. Medan desse tidlegare berre stod for mottak av asylsøkjarane når dei kom til landet, og slusing av søkjarane ut til dei ordinære mottaka, har nokre av transittmottaka no fått utvida oppgåver knytte til asylsøkjarar med mest sannsynleg ugrunna søknader og til retur, det vere seg frivillig eller tvungen. Sjølv om tilbodet er forenkla, har alle desse mottaka barnebase, leikeareal ute og aktivitetar for barn.
I dei ordinære mottaka skal det vere eit differensiert tilbod tilpassa dei bebuarane som til kvar tid er på mottaket. Mottaka gir jamt over høg prioritet til kvinner og barn. 82 pst. av mottaka har kvinnegrupper, og 87 pst. har eigne fellesrom for kvinner. 89 pst. har innført særskilde tiltak for å hindre at kvinner blir utsette for uønskt merksemd frå menn. Kvinner er i stor grad sikra medverknad gjennom deltaking i bebuarråd. Frå 1.1.2003 blei det stilt krav om at mottaka skal ha rutinar for å handtere valdsbruk og overgrep retta mot kvinner. Per mai 2003 var ikkje måloppnåinga på dette området tilfredsstillande.
Frå 1.5.2003 er det oppretta eit mottak med såkalla forsterka avdeling. Mottaket skal ha fleire ressursar enn andre mottak for å kunne gi eit betre tilbod til personar med særlege psykososiale behov. Dette er ei oppfølging av Stortinget si behandling av St.meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg.
Regjeringa meiner at differensieringa av asylsøkjarar i grupper, saman med andre tiltak, har ført til at talet på asylsøkjarar med mest sannsynleg grunnlause søknader har gått ned. Differensieringa har samtidig medverka til ein auke i utgiftene per plass i mottak. I gjennomsnitt er prisen for plassar i transittsystemet høgre enn prisen for ordinære plassar. Årsaka er mellom anna at det er behov for vakthald, meir bemanning og helsetenester i denne typen mottak. Behovet for eit fleksibelt mottakssystem har gitt ein auke i talet på transittplassar. Det er også ein grunn til at utgiftene har auka.
I mange kommunar er det motstand mot oppretting av mottak. Spesielt har UDI opplevt problem knytte til oppretting av transittmottak og forsterka mottak. Det er fleire grunnar til dette. Ofte blir det peikt på frykt for auka kriminalitet. Det finst melderutinar mellom mottak, politiet og UDI slik at ein skal kunne ta hand om kriminelle asylsøkjarar på ein effektiv og sikker måte. Vakthald, inngjerding og nærmiljøpatruljar ved enkelte transittmottak er andre tiltak som skal førebyggje og redusere kriminalitet.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil vurdere fleire tiltak som gjeld mottak for å redusere tilstrøyminga av asylsøkjarar med ugrunna søknader. Tiltak med sikte på rask saksbehandling og redusert opphaldstid i mottak vil truleg redusere problemet med kriminalitet blant asylsøkjarar, jf. mellom anna 48-timarsprosedyren omtalt under delmål 3. For å motverke kriminalitet i mottak for asylsøkjarar vil UDI og Politidirektoratet syte for at samarbeidet mellom det einskilde mottaket og politiet lokalt blir styrkt.
Regjeringa vil framleis følgje med på utviklinga av eit differensiert mottakssystem.
NOAS og UDI har underteikna ein avtale om at NOAS skal gi asylsøkjarane i mottak informasjon. Informasjonen skal givast på eit tidleg tidspunkt og sikre at dei får einsarta og korrekte opplysningar om kva framtidsutsikter dei har i Noreg.
Regjeringa vil sikre at mottaka følgjer krava om å ha rutinar for å handtere valdsbruk og overgrep retta mot kvinner.
Like høve til deltaking
5. Rask og god busetjing, med introduksjonsprogram, i alle busetjingskommunar
Tilstandsvurdering
Målet er at alle flyktningar skal vere busette innan 6 månader etter at dei har fått opphald i Noreg, einslege mindreårige innan tre månader etter vedtak om opphald. Per 31.7.2003 var det busett 3629 flyktninger, av dei 124 einslege mindreårige. Personar som er busette frå mottak, har i gjennomsnitt venta i 5 månader på plass i ein kommune etter vedtak om opphald. 30 pst. av dei busette hadde venta i meir enn seks månader etter vedtak om opphald. Berre 14 av dei einslege mindreårige blei busette innan tre måneder etter vedtak om opphald. Hovudårsaka til lang ventetid er at kommunane, særleg i austlandsområdet, bruker lang tid på å skaffe husvære til einslege, jf. kap. 521, post 60.
Ei ny busetjingsordning blei innført i 2002, jf. omtale under kap. 521, post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging. I 2003 er det behov for å busetje om lag 6400 personar. Personar som har kome til landet i samband med familiesamanføring, kjem i tillegg. Kommunane har gjort vedtak som gjeld 5600 personar. Den nye busetjingsordninga har så langt ikkje ført til nokon auke i talet på flyktningar som faktisk blir busette i kommunane. Ho har heller ikkje ført til ein tilstrekkeleg auke i talet på busette i det sentrale austlandsområdet. Ein stor del av flyktningane har tilknyting til kommunar i austlandsområdet og bør få busetje seg der for å unngå ny flytting etter kort tid. Behovet for kommuneplassar i 2004 ser ut frå gjeldande prognose ut til å bli 5000. Behovet vil vere avhengig av kor mange som blir busette i 2003. Talet inkluderer både personar som blir busette frå mottak, og overføringsflyktningar. Personar som kjem til landet som følgje av familiesamanføring, kjem i tillegg. Ein reknar med at det vil vere 1900 personar. Gruppa familiesamanførte vil utgjere ein knapp tredel av alle busette i 2003, mot om lag halvparten i 2002. Behovet for plassar i kommunane er større enn tilgangen, særleg i austlandsområdet.
Busetjing av overføringsflyktningar byr på spesielle utfordringar. Overføringsflyktningar blir, i større grad enn tidlegare, busette i mindre sentrale kommunar med relativt stor arbeidsløyse og vekslande erfaring med flyktningarbeid.
Lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonslova) blei vedteken av Stortinget 12. juni 2003, jf. Ot.prp. nr. 28 (2002-2003). Lova gjeld frå 1. september 2003 som ei frivillig ordning for kommunane, og frå 1. september 2004 som ei obligatorisk ordning.
Nye innvandrarar har ofte behov for kvalifisering for å kome inn på arbeidsmarknaden. Det krev at utdannings- og arbeidsmarknadsstyresmaktene legg til rette for differensierte og individtilpassa kvalifiseringstilbod for både kvinner og menn, slik den nye introduksjonsordninga legg opp til.
I 2003 blei det over kap. 521, post 62 gitt midlar til innføring og vidareutvikling av introduksjonsprogram i 155 kommunar. Forskningsstiftelsen Fafo har evaluert dei 26 utviklingsprosjekta som har prøvd ut ei ordning med introduksjonsprogram. Evalueringa peiker mellom anna på at praksisplass, fadder på arbeidsplassen og guidar frå frivillige organisasjonar, saman med eit betre nettverk og betre norskkunnskapar, aukar sjansane for jobb.
UDI er ansvarleg for å følgje opp kommunar som innfører introduksjonsordninga for nye innvandrarar. I 2003 har UDI utvikla kursmateriell og gjennomført kurs for personar som skal arbeide med introduksjonsprogram lokalt.
Flyktningar kjem ofte til Noreg med utdanning og yrkeserfaring som er verdifull for norsk arbeids- og samfunnsliv, og som må utnyttast betre. I 2003 blei opplæringslova endra, slik at alle vaksne med rett til vidaregåande opplæring også fekk rett til å få vurdert realkompetansen og rett til kompetansebevis. Slik vil flyktningar med mangelfull dokumentasjon når det gjeld utdanning, lettare kunne få eit arbeid som er i samsvar med dei kvalifikasjonane dei har.
Strategiar og tiltak
Viktige omsyn i den nye busetjingsordninga er at flyktningar skal kunne bu nær familie og venner, at det lokalt må vere mogleg å byggje opp grupper av menneske frå same land, og at det finst høve for utdanning, kvalifisering og arbeid. Gjennom informasjon og tilrettelegging skal mottaka spele ei meir aktiv rolle i busetjinga. Prioriterte grupper i busetjingsarbeidet vil vere einslege mindreårige og personar som har venta lenge.
Kommunenes Sentralforbund (KS) vil gjennomføre møte med kommunar i område der dei fleste flyktningar ønskjer å busetje seg. Målet er å auke busetjinga i desse områda, og samtidig medverke til redusert flytting til andre kommunar (sekundærflytting). Samtidig kan busetjinga vurderast i ein regional samanheng, både når det gjeld arbeidsmarknaden og når det gjeld bustadmarknaden. Det er viktig at både menn og kvinner får informasjon om arbeidsmarknaden, slik at dei kan vurdere sjansane til å skaffe seg arbeid når dei vel bustadkommune. Busetjingsordninga skal evaluerast i 2004.
Regjeringa vil utvikle eit meir heilskapleg tilbod til einslege mindreårige både i mottaks- og busetjingsfasen. Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe har utarbeidd forslag til betre oppfølging av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Forslaga frå arbeidsgruppa blei sende på høyring i mai 2003. Departementet vil på bakgrunn av høyringsfråsegner vurdere vidare oppfølging av forslaga. For å sikre ei rask og godt førebudd busetjing av einslege mindreårige i kommunane har departementet i 2003 gitt støtte til sju kommunar som ønskjer å utvikle ein særskild kompetanse med tanke på utgreiing, busetjing og oppfølging av einslege mindreårige.
Frå 2003 skal overføringsflyktningar få betre informasjon om Noreg, og kommunane dei skal bu i, skal få betre informasjon om bakgrunnen til flyktningane. Dette skal skje gjennom eit opplegg som International Organization for Migration (IOM) har fått ansvaret for. I tillegg vil det behovet kommunane har for meir kunnskap om kvar enkelt flyktning, bli imøtekome gjennom betre samarbeid med UNHCR. Overføringsflyktningar med helseproblem bør busetjast der det er eit tilrettelagt helsetilbod.
For å auke kompetansen i kommunane vil UDI vil gi informasjon, råd og rettleiing om den nye introduksjonsordninga. I samarbeid med Nasjonalt Introduksjonsutval vil arbeidet med opplæring bli utvikla vidare i 2004. Regjeringa arbeider med oppfølging av evalueringa av utviklingsprosjekt som gjeld introduksjonsprogram. Det skjer mellom anna i samarbeid med KS, NHO og HSH og eit prosjekt som skal gi innvandrarar betre høve til praksis i arbeidslivet.
Erfaringar og kunnskap frå kommunale prosjekt blir overført til alle busetjingskommunar for å sikre at nyleg komne innvandrarar får eit likeverdig kvalifiseringstilbod, uavhengig av kvar dei bur. UDI er i ferd med å utvikle eit rapporteringssystem om gjennomføring av introduksjonsordninga i kommunane. Den første rapporten skal vere ferdig våren 2004.
6. Vidareutvikling av tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Tilstandsvurdering
Frå 1.1.2004 overtek Kommunal- og regionaldepartementet det økonomiske og aministrative ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Kap. 254, post 60 Tilskot til norskopplæring for innvandrarar blir overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet og blir kap. 521, post 61 Norskopplæring for vaksne innvandrarar. Utdannings- og forskingsdepartementet vil framleis ha det faglege og pedagogiske ansvaret for opplæringa, og dei to departementa vil arbeide tett saman om norskopplæringa.
Innvandrarar har i dag ingen lovheimla rett og inga plikt til norskopplæring, men kommunane har etter forskrift til vaksenopplæringslova ansvar for å tilby slik opplæring. Innvandrarar som har utdanning tilsvarande norsk grunnskole eller meir, kan få opptil 850 timar med norskopplæring, medan innvandrarar med liten eller ingen skolebakgrunn kan få opptil 3000 timar. Kommunane kan sjølve drive opplæringa, eller dei kan overlate drifta til andre.
Staten gir eit øyremerkt tilskot som skal medverke til at kommunane tilbyr norskopplæring. Målet med opplæringa er at innvandrarane skal få tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å kunne ta vidare utdanning og til å kunne delta i yrkes- og samfunnslivet. Dei statlege løyvingane til norskopplæring for vaksne innvandrarar auka frå om lag 250 mill. kr i 1997 til om lag 760 mill. kr i 2002. Løyvinga for 2003 etter revidert nasjonalbudsjett er på 891 mill. kr, medan budsjettframlegget for 2004 er på om lag 1 mrd. kr. Den sterke utgiftsveksten har si årsak i at timeramma for gratis norskopplæring til kvar enkelt deltakar blei auka i 1998, og at talet på deltakarar har auka kraftig, frå om lag 12 900 i 1998 til om lag 30 400 i 2002. Denne veksten skriv seg m.a. frå ein auke i talet på innvandrarar. Forsking viser også at norskopplæringa er prega av mykje fråvere, fråfall og avbrotne kursløp, noko som verkar inn på læringsutbyttet. Mange fell frå før dei når eit tilfredsstillande språkleg nivå. Manglande progresjon gjer norskopplæringa dyr og lite resultatorientert.
Strategiar og tiltak
Departementet har sendt på høyring eit forslag om å gjere opplæring i norsk og samfunnskunnskap obligatorisk. Regjeringa meiner at gjennomført obligatorisk opplæring bør vere eit vilkår for å få busetjingsløyve etter utlendingslova, og for å få norsk statsborgarskap.
Det skal framleis vere eit tilbod om norskopplæring utover det som følgjer av obligatorisk opplæring. Ordninga med at den enkelte får eit tilbod om norskopplæring opp til eit visst nivå, skal halde fram. I tråd med ønsket om å auke den økonomiske handlefridommen for kommunane gjer høyringsbrevet framlegg om at dei kommunale utgiftene til opplæringa i norsk og samfunnskunnskap frå 2005 blir finansierte via inntektssystemet til kommunane. For å sikre at tilbodet framleis blir gitt i kommunane, sjølv om midlane ikkje lenger er øyremerkte, gjer departementet framlegg om å lovfeste ei kommunal plikt til å tilby norskopplæring. Regjeringa tek sikte på å fremme ein odelstingsproposisjon om norskopplæringa våren 2004.
Gjennom elektronisk læring og annan bruk av IKT kan kommunane gjere opplæringa meir effektiv og meir målretta for kvar deltakar. Regjeringa har sett i gang eit forsøksprosjekt for bruk av IKT i norskopplæringa i ti kommunar. Vaksenopplæringsinstituttet (VOX) driv prosjektet. Tilskotsordninga er ei hindring for effektiv bruk av IKT i norskopplæringa. Prinsippet om tilskot per gjennomført lærar- og deltakartime legg ikkje til rette for andre former for opplæring, utanfor klasserommet. Ein overgang til finansiering via inntektssystemet til kommunane vil fjerne denne hindringa.
For 2004 gjer regjeringa framlegg om at tilskot til norskopplæring ikkje blir gitt for personar med arbeidsløyve på grunnlag av eit arbeidstilbod og deira familie når løyva er gitt etter 1.1.2003. Framlegget inneber at tilskot heller ikkje blir gitt til norskopplæring for nordiske borgarar og personar med EØS-/EFTA-løyve.
7. Mindre etnisk diskriminering og rasisme og eit tenestetilbod tilpassa den språklege, kulturelle og religiøse bakgrunnen til brukarane
Tilstandsvurdering
Rasisme og diskriminering fører til barrierar som hindrar deltaking på viktige samfunnsområde for personar med innvandrarbakgrunn. Det finst lite rettspraksis, og kriminalstatistikken på området er mangelfull. Det finst likevel annan dokumentasjon som gjer det mogleg å danne seg eit bilete av situasjonen når det gjeld etnisk diskriminering i Noreg.
Senter mot etnisk diskriminering (SMED) gir ut årlege rapportar som er baserte på dei sakene senteret har fått inn, jf. kap. 522. UDI lagar rapportar om arten og omfanget av rasisme og diskriminering på grunnlag av informasjon frå innvandrarar og tilsette i kommunane. Forsking og utgreiingar dokumenterer også at personar med innvandrarbakgrunn opplever diskriminering og andre former for utestenging i samfunnet. Dei nemnde rapportane gir uttrykk for at diskriminering særleg er eit problem i arbeidslivet, på bustadmarknaden og i forhold til visse typar av offentleg og privat tenesteyting. Diskriminering kan kome til uttrykk gjennom usakleg forskjellsbehandling, usynleggjering, tilbakehalding av informasjon og latterleggjering. Ofte er slik diskriminering vanskeleg å få bukt med.
Noreg leverte i februar 2002 sin 16. rapport til FNs rasediskrimineringskomité (CERD). I rapporten gjer regjeringa greie for arbeidet som blir gjort for å oppfylle dei krava konvensjonen set. Rapporten gir ein brei gjennomgang av arbeidet mot rasisme og diskriminering og dekkjer dei fleste av departementa sine fagområde. CERD eksaminerte rapporten frå Noreg i august 2003. I dei konkluderande observasjonane gir komiteen både positive tilbakemeldingar og tilrådingar om tiltak.
Arbeidet for å sikre kvinner med innvandrarbakgrunn like høve til deltaking er likestillingskamp i meir enn éin forstand. Mange kvinner opplever diskriminering både på grunn av kjønn, opphav og tru/livssyn. På liknande måte opplever også homofile med innvandrarbakgrunn ei form for dobbel diskriminering.
I fleire språk manglar ein kvalifiserte tolkar. Skjermtolking kan i mange tilfelle vere eit godt supplement for brukarane, men det tekniske utstyret er kostbart. Tolketenestene i politiet, rettsvesenet og andre offentlege etatar er ikkje alltid gode nok. For lite bruk av tolk og utstrekt bruk av ukvalifiserte tolkar kan vere ei av årsakene til at innvandrarar opplever diskriminering og anna forskjellsbehandling. Hausten 2002 blei det oppretta 10 nye studieplassar i tolkeutdanning ved Universitetet i Oslo.
Strategiar og tiltak
Rasisme og diskriminering kan best motarbeidast gjennom eit samarbeid mellom staten, kommunane og frivillige organisasjonar. Kampen mot rasisme og diskriminering må skje både gjennom eit effektivt lovverk og gjennom førebyggjande og holdningsskapande tiltak. Det er nødvendig å ha eit langsiktig perspektiv på tiltaka. Regjeringa vil leggje fram forslag om lov mot etnisk diskriminering i 2004.
Regjeringa la i 2002 fram Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006). Det er oppretta eit forum som skal overvake oppfølginga av handlingsplanen, med representantar frå departementa, Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene, Senter mot etnisk diskriminering og frivillige organisasjonar.
Arbeidet med å utvikle gode dokumentasjons- og registreringsmetodar har høg prioritet. Statistikken blir utvikla med sikte på å få fram kjønnsdimensjonen. Regjeringa legg vekt på det internasjonale arbeidet mot rasisme og diskriminering, mellom anna oppfølging av FN sin Verdskonferanse mot rasisme (2001) og FN-konvensjonen mot rasediskriminering.
Ein handlingsplan for å auke deltakinga i samfunnet for barn og unge med innvandrarbakgrunn blei lansert i 2002, og oppfølginga av planen er godt i gang.
Arbeidet med å kvalitetssikre tolkar som ikkje er statsautoriserte, skal vidareførast. Vidare held arbeidet med rekruttering av gode tolkar i offentleg sektor fram. Det vil bli utarbeidd retningslinjer for bruk av tolk i statlege mottak. Det vil bli etablert eit tolkeregister som skal føre til meir effektiv bruk av dei tolkane som finst, og gi brukarane betre oversikt over kompetansen til tolkane. I 2003 og 2004 vil fire utdanningsinstitusjonar gi kompetansegivande utdanningstilbod til ca. 250 personar innanfor tolkefeltet. Arbeidet med å gjere slike undervisningstilbod permanente skal vidareførast. Opplæringstiltak for brukarar av tolketenester skal utviklast vidare.
8. Dialog og samarbeid mellom styresmaktene og personar med innvandrarbakgrunn
Tilstandsvurdering
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktane (KIM) er eit sentralt forum for dialog mellom personar med innvandrarbakgrunn og styresmaktane. Lokale innvandrarorganisasjonar, landsdekkjande innvandrarorganisasjonar, regionale innvandrarråd og lokale kontaktutval har utvikla seg til viktige kontaktpunkt for styresmaktane i enkelte kommunar og fylkeskommunar. Ein rapport frå Universitetet i Bergen i 2002 viser at der slikt samarbeid fungerer, er det eit viktig verkemiddel for auka deltaking og for å sikre at dei tiltaka styresmaktane gjennomfører, er tilpassa dei behova innvandrarane har. Det er likevel ytterlegare behov for å utvikle og styrkje arenaer for samhandling og kontakt mellom ulike minoritetsmiljø og samfunnet elles.
Handlingsplanene mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap er følgde opp, og det er dialog mellom dei aktuelle miljøa og styresmaktene. Som eit ledd i oppfølginga av handlingsplanen mot tvangsekteskap har Husbanken fått i oppgåve å skaffe husvære til unge som er truga med tvangsekteskap.
Regjeringa vil leggje til rette for samarbeid og dialog. I samband med arbeidet med ei ny stortingsmelding har det vore fleire dialogmøte med ulike organisasjonar, ungdom med innvandrarbakgrunn, forskarar og representantar for kommune-Noreg. På møta er ulike problemstillingar og dilemma knytte til det fleirkulturelle Noreg blitt diskuterte. Regjeringa har også invitert alle interesserte til å medverke i arbeidet med meldinga og kome med innspel gjennom ei elektronisk postkasse på departementet si heimeside.
Innvandrarar deltek i liten grad i politikk og organisasjonsliv. Samanlikna med tal for alle røysteføre, er det låg valdeltaking blant utanlandske statsborgarar ved kommuneval, spesielt gjeld det statsborgarar frå ikkje-vestlege land. Norske borgarar med innvandrarbakgrunn har derimot ei valdeltaking som ligg noko nærmare talet for befolkninga sett under eitt. Kvinner har ei høgre valdeltaking enn menn i dei fleste nasjonalitetsgrupper. Ei undersøking som Makt- og demokratiutgreiinga har gjennomført, viser at personar med minoritetsbakgrunn nærmast er fråverande i den gruppa som blir rekna som samfunnseliten. Undersøkinga viser også at blant dei som har påverknadskraft internt i dei ulike innvandrarmiljøa, er det få kvinner. Vidare er utfordringane store når det gjeld å gi etniske minoritetar høve til å påverke samfunnsutviklinga. Det er likeins ei utfordring å få i stand ein god dialog mellom ungdom med minoritetsbakgrunn og styresmaktene, og å gi denne befolkningsgruppa reelle høve til å påverke sin eigen livssituasjon.
Strategiar og tiltak
For å styrkje Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (KIM) si rolle som dialogforum og rådgivande organ, blei utvalet omorganisert frå 1.1.2003 (jf. kap. 523 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene).
Det har vakse fram fleire organisasjonar av og med ungdom med innvandrarbakgrunn, og dialogen og samarbeidet mellom styresmaktene og desse organisasjonane skal utviklast. Nettverksarbeid blant lokale innvandrarorganisasjonar er også viktig, og det skal framleis oppmuntrast til samarbeid på tvers av etniske og nasjonale organisasjonar.
Dialog og samarbeid mellom styresmaktene og kvinneorganisasjonar vil bli utvikla vidare. Det skal leggjast betre til rette for at kvinner med innvandrarbakgrunn kan få nødvendig kunnskap om kva rettar og plikter dei har som samfunnsborgarar i Noreg.
Stortingsmeldinga om utfordringar i eit fleirkulturelt samfunn blir lagd fram i 2004.
Effektiv og brukarorientert forvaltning
9. Oppdatert regelverk på utlendingsområdet i samsvar med internasjonale forpliktingar og nasjonale utfordringar
Tilstandsvurdering
14.12.2001 blei det sett ned eit lovutval med mandat å gå igjennom den gjeldande utlendingslova og fremme forslag om ny lovgiving innan utgangen av 2003. Den gjeldande utlendingslova er ei fullmaktslov som gir rom for skjønn og ulike tolkingar. Etter ei lovendring 1.1.2001 kan departementet berre drive politisk styring gjennom ei endring av regelverket. Dette er ein tidkrevjande framgangsmåte i tilfelle der departementet ønskjer å reagere raskt.
Forslag til nye forskriftsreglar om kva vilkår som må vere oppfylte for at ein skal bli rekna som flyktning og dermed ha rett til asyl i Noreg, blei sendt på høyring i mai 2003. Det blei føreslått at ein i vurderinga av kven som er flyktning, også skal sjå til at kvinner og barn har like store sjansar som menn til å få flyktningstatus.
Innan mai 2004 skal EU-landa ha ein felles asyl- og innvandringspolitikk. Gjennom Schengen-samarbeidet tek Noreg del i utforminga av regelverket og politikken i EU på felt som gjeld grensekontroll, visumsamarbeid, retur og tiltak mot ulovleg innvandring, men står utanfor det meste av arbeidet med ein felles asyl- og flyktningpolitikk. Dei felles reglane og den felles politikken i EU på desse områda kan likevel få konsekvensar for Noreg.
Utvidinga av EU og EØS frå 1.5.2004 vil truleg føre til auka innvandring til Noreg av arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda.
Strategiar og tiltak
Etter at utlendingslovutvalet har levert si utgreiing, vil ho bli send på offentleg høyring.
EU arbeider med eit felles regelverk på område som familiesamanføring, status for tredjelandsborgarar, asylprosedyrar, mottak av asylsøkjarar og vilkår for å få asyl eller anna internasjonalt vern. Departementet vil følgje nøye med og vurdere eventuelle behov for tilpassing av det norske regelverket.
Regjeringa vil allereie før den nye utlendingslova kjem, leggje fram ei stortingsmelding om korleis regjeringa på ein meir effektiv måte kan styre praksisen utan å måtte gå inn i enkeltsaker, og om korleis ein kan sikre ein meir einsarta praksis på utlendingsfeltet. Nye forskrifter om vilkåra for å bli rekna som flyktning skal etter planen setjast i verk i 2004.
Regjeringa vil leggje til rette for at utvidinga av EØS og auka arbeidsinnvandring blir til størst mogleg nytte for norsk økonomi og samfunnsliv. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere utforminga og praktiseringa av reglane for EØS-løyve til arbeidstakarar og andre i samband med utvidinga.
Departementet vil leggje fram ein odelstingsproposisjon om ny lov om statsborgarskap i 2004.
10. Mål- og resultatstyring på grunnlag av god kunnskap
Tilstandsvurdering
I dei siste åra har Kommunal- og regionaldepartementet nytta uavhengige evalueringar for å få eit betre grunnlag for å drive god mål- og resultatstyring av verksemda på utlendingsfeltet. Dette har vist seg å vere viktige reiskapar i den organisatoriske utviklinga på feltet. Evaluering av utviklingsarbeid, til dømes i samband med innføring av introduksjonsordninga, gir dessutan viktige innspel til utforming av politikken og regelverket.
Evalueringa av UNE blei avslutta våren 2003. Rapporten frå evalueringa gir i hovudsak positiv omtale av UNE, men rapporten inneheld òg forslag som tek sikte på å få til ei enda betre klageordning.
Etter den uavhengige granskinga av verksemda til UDI i 2001 er det mellom anna gjort store organisatoriske endringar i måten UDI behandlar utlendingssaker på.
Det er innført eit nytt saksbehandlingssystem, som er eit felles verktøy for heile utlendingsforvaltninga. Datasystem for utlendings- og flyktningsaker (DUF) vil vere eit viktig verktøy for å betre kvaliteten i saksbehandlinga og betre datagrunnlaget. Heile systemet er planlagt levert innan utgangen av 2003, og arbeidet skal fullførast innanfor ramma av den eksisterande utviklingskontrakten.
Sjølve prosessen med innføring av DUF har i ein periode ført til færre vedtak i UDI og UNE. Hovudforklaringane er ustabilitet i systemet i startfasen, varierande responstider og nye arbeidsformer. DUF gir betre og meir statistikk enn tidlegare system, og gir betre kontroll og oversikt i saksbehandlinga. Registrering av meir informasjon i kvar sak krev ressursar, men betrar kvaliteten på dei vedtaka som blir gjorde.
Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom meir enn ti år for å utvikle statistikk om innvandring og innvandrarar har gitt eit godt grunnlag for statistikk på området. Det er framleis behov for utvikling av slik statistikk.
Strategiar og tiltak
Når det gjeld evalueringa av UNE, vil nokre av dei forslaga til forbetringar som krev lovendring, bli lagde fram gjennom ei stortingsmelding og ein lovproposisjon om praktisering av utlendingslova og politisk styring.
Det vil bli evaluert om gjennomgangen av UDI i 2001 er følgd opp på ein tilfredstillande måte.
DUF må, som alle større IT-system, heile tida utviklast vidare for å ta omsyn til nye behov hos brukarane. Utlendingsforvaltninga er eit område i stadig utvikling, og det er såleis viktig at systemet blir tilpassa endringar.
Forsking, utgreiing og forsøk som departementet finansierer, jf. kap. 521, post 71 Kunnskapsutvikling og kap. 500, post 21 Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag, er viktige tiltak for å betre kunnskapsgrunnlaget når politikken skal utformast. Samarbeidet med SSB om statistikk går vidare. Gjennomføring av ei ny undersøking om levekåra for innvandrarbefolkninga kjem til å stå sentralt. Dessutan blir det i 2004 fokusert på evaluering av endringar av regelverk og på forholdet mellom innvandringsregulering, utlendingskontroll og integreringspolitikk, eit felt som det manglar kunnskap på.
11. Open og velfungerande utlendingsforvaltning som publikum har tillit til
Tilstandsvurdering
Det er sidan 2002 sett i verk ei rad tiltak for å forbetre servicen overfor brukarane i forvaltninga. Arbeidet held fram i 2003.
UDI har sendt ut informasjon både på Internett og via andre kanalar. I tråd med servicestrategien for utlendingsforvaltninga er arbeidet konsentrert om tiltak retta mot primærbrukarane og hjelparane deira. Det er også utarbeidd informasjonsmateriell til utanriksstasjonar, politidistrikt og bibliotek. UDI har vidare inngått ein avtale med Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) for å forbetre informasjonen til asylsøkjarar i mottak. Informasjonen vil bli tilpassa ulike grupper og individ og skal omfatte opplysningar om prosessen, saksbehandlinga, rettar og plikter.
I utforminga av vedtak legg UNE stor vekt på å gjere samanhengane mellom sakene, regelverket og utfalla tydelege. På heimesida til UNE er mellom anna dei interne retningslinjene for saksbehandling publiserte, og her finst det òg ein anonymisert praksisbase med enkeltvedtak. Gjennom årboka til UNE er praksis og viktige dilemma på saksfeltet synleggjorde.
Strategiar og tiltak
UDI skal gjennomføre ei brukarundersøking i løpet av 2003 og 2004.
I den eksterne evalueringa av UNE, jf. delmål 10, var eitt av funna at saksbehandlinga i UNE gjennomgåande ser ut til å halde ein høg standard fagleg og etisk. For å byggje tillit over tid skal saksbehandlinga i UNE stadig ha fokus på tydelege vedtak og ei open linje i forhold til media og interessegrupper. Det skal vere ein forsvarleg balanse mellom grundig og effektiv saksbehandling.
Likestilling mellom kvinner og menn
Kommunal- og regionaldepartementet legg særleg vekt på desse tiltaka med sikte på å styrkje likestillinga mellom kvinner og menn på innvandringsfeltet:
Introduksjonsordninga for nye innvandrarar, som vil gjelde alle kommunar frå 1.9.2004, er lagt opp slik at kvinner skal kunne delta på like fot med menn.
Arbeidet med regelverk og praksis når det gjeld tiltak mot tvangsekteskap, blir vidareført.
Handlingsplan mot handel med kvinner og barn (2003-2005) blir følgd opp i samarbeid med andre departement, mellom andre Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Utanriksdepartementet og Sosialdepartementet.
Utlendingslovutvalet vil leggje vekt på kjønnsdimensjonen ved utforminga av forslag til ny utlendingslov. Spesielt vil utvalet sjå nærmare på kjønnsbasert forfølging og på handel med kvinner og barn.
Kommunal- og regionaldepartementet har gjort framlegg om endringar i reglane for saksbehandling i asylsaker. Det skal takast omsyn til at kvinner og menn kan oppleve flyktningsituasjonen ulikt.
Det er føreslått ei klargjering av kriteria for kven som er flyktning. Ved vurderinga av kven som skal reknast som flyktning, skal ein ta omsyn til alder og kjønn for å sikre at kvinner og barn har like stor sjanse som menn til å bli rekna som flyktning.
Det blir gitt eit differensiert tilbod tilpassa dei bebuarane som til kvar tid er på asylmottaka, sjå tilstandsvurderinga under delmål 4. Dette skal mellom anna sikre at det blir teke omsyn til dei ulike behova som menn og kvinner kan ha.
Kap. 520 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3520)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 418 290 | 372 980 | 441 833 |
21 | Spesielle driftsutgifter, statlege mottak | 1 658 154 | 1 051 220 | 1 167 500 |
22 | Spesielle driftsutgifter, tolketenester og omsetjing | 72 671 | 66 070 | 72 000 |
90 | Lån | 3 854 | ||
Sum kap. 5201 | 2 152 969 | 1 490 270 | 1 681 333 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 520, post 1 auka med 51,7 mill. kr til 424,68 mill. kr. Løyvinga på post 21 blei auka med 656,2 mill. kr til 1 707,42 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI). UDI har ansvar for mellom anna behandling av saker etter utlendingslova og for mottak, busetjing og oppfølging av introduksjonstiltak for innvandrarar, jf. omtale innleiingsvis. UDI skal også saman med andre verksemder medverke til at innvandrarar blir integrerte og deltek i samfunnslivet, og til at samfunnet blir prega av mangfald og fellesskap, jf. omtale ovanfor.
Rapport for 2002 og 2003
Til saman 17 500 personar søkte om asyl i 2002, ein auke på 2700 personar, eller 18 pst., frå året før. Dette er det høgste talet på asylsøkjarar som nokon gong er blitt registrert i Noreg på berre eitt år. I 2002 gjorde UDI nærmare 85 900 vedtak i førsteinstansen etter utlendings- og statsborgarlova. I same periode auka løyvinga med 21,1 pst.
2002 var prega av store omstillingsprosessar. Målet var å setje UDI i stand til å behandle alle saker og oppgåver innan akseptabel tid, og samtidig yte god service overfor brukarane. Andre mål var å skape ein fleksibel organisasjon og styrkje dei strategiske og administrative funksjonane. Det blei mellom anna oppretta ei ny avdeling for det strategiske arbeidet, med ei eiga eining for statistikk og analyse. Vidare har UDI styrkt controllerfunksjonane og er i ferd med å utarbeide eit nytt system for leiingsinformasjon. UDI oppretta hausten 2001 eit prosjekt i Opphaldsavdelinga for å behandle saker som hadde hopa seg opp i avdelinga over tid, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003) s. 65. På åtte månader, fram til 1.7.2002, behandla prosjektet 11 600 opphaldssaker. Som eit ledd i effektiviseringa av arbeidet er Opphaldsavdelinga no omorganisert etter sakstype.
Fram til 1.7.2002 tok ein også hand om 5000 intervjurestansar. Dette gjaldt asylsøkjarar som på grunn av kapasitetsproblem i utlendingsforvaltninga sommaren og hausten 2001 blei sende frå Oslo til mottak i andre delar av landet utan at dei hadde vore igjennom asylintervju. Intervjujobben blei derfor overført til UDI sine regionkontor. Arbeidet gjekk etter planen, og alle dei 5000 asylsøkjarane var intervjua innan fristen.
Omstillingane som er nemnde i teksten over, blir følgde opp i 2003 og vil setje UDI betre i stand til å styre si eiga verksemd. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) s. 66 blei det varsla at ferdigstilling og iverksetjing av Datasystem for utlendingsforvaltninga (DUF) ville krevje ressursar også i 2003, og at dei store omstillingane kunne innebere at organisasjonen fekk periodar med stagnasjon i utviklinga. Ein har no begynt å merke ein slik stagnasjon. UDI har no betre kontroll over korleis oppgåvene skal løysast, men har på nytt ein auke i saksbehandlingstidene. Ulike tiltak for å unngå ei opphoping av restansar blir vurderte.
I 1999 blei det gitt ei løyving på 20 mill. kr til innkjøp av DUF, i tillegg til ei omdisponering til dette formålet på 5 mill. kr frå drifta av UDI. I 2001 godkjende departementet at ein kunne overskride kap. 520, post 45 med 7 mill. kr og la dette beløpet gå til DUF, mot ei tilsvarande innsparing på driftsbudsjettet for UDI i 2002. Budsjettet for drift blei vidare auka med 11 mill. kr i saldert budsjett 2003. Auken gjekk til DUF, datasystemet Vision og arbeidet med ein overordna IT-strategi. Budsjettet blei vidare auka med 7,2 mill. kr i revidert nasjonalbudsjettet våren 2003. Formålet var å dekkje auka utgifter til IT-relaterte prosjekt, medrekna DUF.
UDI har i perioden frå 1998 til og med mai 2003 utgiftsført totalt 66,7 mill. kr til DUF. Dette inkluderer utgifter til bruk av eigne tilsette. Utgifter knytte til DUF utover det som er løyvt særskilt, er tekne innanfor løyvingane på driftsposten til UDI. Det står framleis att fleire leveransar i DUF-systemet.
DUF er det sentrale saksbehandlingssystemet i utlendingsforvaltninga og vil, som alle større IT-system, måtte utviklast. Utlendingsforvaltninga er eit område i stadig endring, og det er såleis viktig at systemet blir tilpassa endringar i behov. Som for alle større datasystem må ein derfor også her rekne med utgifter til forbetringar i tida framover. Til dømes kan endringar i lov og forskrifter føre til at det må gjerast endringar.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til drift av UDI på 441,8 mill. kr i 2004, av dette 20 mill. kr til å utvikle eit nytt nasjonalt registreringssystem i samband med innføring av obligatorisk norskopplæring for vaksne innvandrarar frå 1. januar 2005.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak
Løyvinga på posten skal dekkje staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar. For ein nærmare omtale av kva løyvinga på posten går til, sjå omtale av posten i St.prp. nr. 1 (2002-2003) s. 66.
Behovet for løyvingar er avhengig av kor mange personar det er som bur i mottak, som igjen er avhengig av kor mange personar det er som søkjer asyl, saksbehandlingstida i asylsaker, talet på løyve/avslag, busetjingstakten, effektueringa av avslag og kor mange personar som reiser frå mottak på eiga hand. Prognosane er usikre, og det kan bli behov for å endre løyvinga på posten i løpet av budsjettperioden.
Rapport for 2002 og 2003
Statlege mottak er lokaliserte over heile landet og blir drivne etter avtale med private driftsoperatørar, kommunar eller organisasjonar. Ser ein på utgiftene knytte til dei driftsavtalane UDI har med driftsoperatørar av statlege mottak, var gjennomsnittleg pris per bebuar per døgn i 1. halvår 2003 om lag 170 kr samla for ordinære plassar og plassar for einslege mindreårige, og om lag 330 kr for transittplassar. I desse utgiftene ligg i tillegg til kontraktfesta utgifter til driftsoperatørane, kompensasjon til vertskommunane for statlege mottak og utgifter til særskilde tiltak, som vakthald og tilrettelegging av husvære for personar med særskilde behov. Den største utgifta som ikkje ligg inne i prisen, er ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i den tida dei er i mottak.
For å imøtekome behovet for fleksibel mottakskapasitet, har avtalane UDI gjer med driftsoperatørar, i all hovudsak ei oppseiingstid på tre månader. Det er eit mål at minimum 90 pst. av dei ordinære, faste mottaksplassane skal vere i bruk til kvar tid. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting var per 1.8.2003 på 98,7 pst. Etter nærmare avtale med departementet kan målet fråvikast i periodar med rask opp- og nedbygging. Det nye, differensierte mottakssystemet er ikkje ferdig utvikla, sjå nærmare omtale under delmål 4. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting for dei faste transittplassane var per 1.8.2003 på 71,3 pst. Departementet har enno ikkje fastsett særskilde krav til ressursutnyttinga for transittmottak.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til drift av mottak på 1 167,5 mill. kr i 2004. Forslaget er basert på eit overslag over gjennomsnittleg belegg i mottak på i overkant av 11 000 personar, jf. også romartalsvedtaket om fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolketenester og omsetjing
Løyvinga på posten dekkjer utgiftene UDI har til tolking og omsetjing i samband med behandlinga av asylsaker.
UDI har ansvaret for å intervjue asylsøkjarar og nyttar derfor tolk i stort omfang. I tillegg til asylintervjuet har asylsøkjarar med visse unntak høve til å gi ei skriftleg forklaring, ei eigenerklæring om kvifor dei søkjer asyl, før intervjuet. Denne ordninga inneber utgifter til omsetjing. Løyvinga på posten skal også dekkje omsetjing av originaldokument som saksbehandlaren i UDI meiner må omsetjast til norsk. Det gjeld originaldokument som søkjaren, politiet eller andre relevante instansar legg ved i saka.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 72 mill. kr på posten for 2004.
Kap. 3520 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 520)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
2 | Gebyr nødvisum | 23 | 90 | 90 |
4 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 760 165 | 504 586 | 654 000 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 201 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 5 253 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 5 828 | ||
Sum kap. 35201 | 771 470 | 504 676 | 654 090 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 3520, post 4 auka med 383,3 mill. kr til 887,9 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 2 Gebyr for nødvisum
På bakgrunn av tidlegare erfaringstal føreslår regjeringa at det blir budsjettert med kr 90 000 i gebyrinntekter for utskriving av nødvisum.
Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Ein del av dei innanlandske utgiftene i samband med mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa føreslår at 654 mill. kr av utgiftene på kap. 520, post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp kan førast som inntekt på kap. 3520, post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter.
Kap. 521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 3521)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Integreringstilskot, kan overførast | 2 400 299 | 2 865 811 | 2 926 903 |
61 | Norskopplæring for vaksne innvandrarar1 | 1 001 500 | ||
62 | Kommunale tiltak for innvandrarar | 11 664 | 41 850 | 43 000 |
70 | Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging | 2 716 | 2 440 | 2 700 |
71 | Kunnskapsutvikling, kan overførast | 14 468 | 44 333 | 48 250 |
72 | Tilbakevending for flyktningar, kan overførast | 12 482 | 11 300 | 9 300 |
73 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd | 21 500 | 22 420 | 25 000 |
74 | Ordninga med statleg autorisasjon for tolkar o.a. | 1 500 | 1 560 | 1 600 |
75 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast | 19 857 | 31 200 | 11 650 |
Sum kap. 5212 | 2 484 486 | 3 020 914 | 4 069 903 |
1 Tekniske endringar frå 2003 til 2004: Post 61 er oppretta i samband med at ansvaret for forvaltninga av norskopplæringa for vaksne innvandrarar er overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet. Tilskotet blei tidlegare løyvt over kap. 254, post 60 under Utdannings- og forskingsdepartementet.
2 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 521, post 72 auka med 25 mill. kr til 36,8 mill. kr og løyvinga på post 75 auka med 9,2 mill. kr til 40,4 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Bakgrunn
Ein viktig intensjon med tilskotet er at ressursane skal nyttast best mogleg. Det gjer ein ved å samle det økonomiske og administrative ansvaret på kommunalt nivå, i tråd med prinsippet om kommunal handlefridom. Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei fire neste åra. Sidan utgiftene varierer frå kommune til kommune, vil enkelte kommunar få meir i tilskot enn det dei har av utgifter i samband med busetjing og integrering av flyktningar i perioden, medan andre kommunar vil få mindre.
I samband med introduksjonsordninga vedtok Stortinget den 16. juni 2003 (jf. Innst. O. nr. 103):
"Stortinget ber Regjeringen sørge for en fullfinansiering av introduksjonslovsreformen. Kostnadene innarbeides i statsbudsjettet for 2004 og påfølgende år."
Fram til 1.9.2004 er introduksjonsordninga frivillig. Den nye ordninga skal finansierast innanfor ramma av integreringstilskotet, kommunale tiltak for innvandrarar og tilskot til norskopplæring for vaksne innvandrarar. Det er ikkje mogleg på sikkert grunnlag no å fastsetje eventuelle meirutgifter for kommunane som følgje av innføring av introduksjonsordninga. Ein eventuell auke i kommunane sine utgifter vil bli kartlagd av Berekningsutvalet. Norskopplæring er eit av hovudelementa i introduksjonsprogrammet. Departementet legg til grunn at kommunane vil intensivere opplæringa som følgje av innføring av introduksjonsprogrammet. Utgifter til norskopplæringa blir dekte over løyvinga på post 61 Norskopplæring for vaksne innvandrarar. Vidare vil løyvinga over post 62 Kommunale tiltak for innvandrarar i all hovudsak bli gitt til tiltak som støttar opp om kommunale introduksjonsprogram i dei kommunane som no tek introduksjonsordninga i bruk.
Mål
Integreringstilskotet skal medverke til rask og god busetjing ved at flyktningane kan flytte ut frå mottak og busetje seg i ein kommune innan seks månader etter at det er gitt ordinært opphalds- og/eller arbeidsløyve, og ved at overføringsflyktningar blir busette innan seks månader etter at det er gitt innreiseløyve. Tilskotet skal medverke til rask busetjing av eldre og funksjonshemma flyktningar, og føre til at kommunane gjennomfører eit planmessig og godt busetjings- og integreringsarbeid.
Tildelingskriterium
Alle kommunar får tilskot etter same satsstruktur og nivå. For 2004 føreslår regjeringa at tilskotet for femårsperioden blir auka frå kr 376 000 til kr 393 000.
Ved busetjing av flyktningar som har fylt 60 år ved busetjinga, får kommunen eit ekstra eingongstilskot, og ved busetjing av flyktningar med kjende funksjonshemmingar, kan kommunen søkje om ekstra tilskot, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003), s. 68-69.
Skoletilskotet
For å dekkje den kommunale eigendelen i samband med særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for barn som er omfatta av integreringstilskotet, blir det også gitt tilskot til språkopplæring. For 2004 føreslår regjeringa at tilskotet blir auka frå kr 7 925 til kr 8 550 per barn per år.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Gjennom den kartlegginga Berekningsutvalet gjer av dei utgiftene kommunane har til busetjing og integrering av flyktningar, blir det kontrollert at det samla sett er eit rimeleg samsvar mellom forbruk og nivå på tilskotet for kommunesektoren, jf. kap. 521, post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging.
På grunnlag av kommunerapporteringa og statistikk over ventetid for busetjing, og på bakgrunn av kontakt med kommunane, vurderer UDI om kommunane arbeider planmessig med busetjings- og integreringsarbeidet.
Rapport for 2002 og 2003
Som i tidlegare år er det for få plassar i kommunane i forhold til behovet. Mangelen er størst på Sør- og Austlandet, og målet i den nye busetjingsordninga om auka busetjing i folketette område blir dermed ikkje nådd. For busetjing av overføringsflyktningar er resultata betre. Trass i dette har talet på busette i dei siste åra, når vi ser det over tid, vore større enn nokon gong før. Målet om busetjing innan seks månader etter positivt vedtak står ved lag også for 2004, trass i at UDI har avgrensa med verkemiddel for å nå målet, jf. delmål 5.
Dialog, informasjon og samarbeid med kommunane er sentrale verkemiddel som UDI nyttar for at flyktningane kan bli busette så raskt som råd. Det er likevel den enkelte kommunen som avgjer kor mange flyktningar, og kven, kommunen vil busetje.
Tabell 3.4 Tal på busette
Busetjingsår | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | Per 31.7.2003 |
---|---|---|---|---|---|
Tidlegare asylsøkjarar | 3 733 | 3 627 | 3 395 | 3 067 | 1 604 |
Overføringsflyktningar1 | 1 635 | 788 | 1 747 | 1 184 | 852 |
Familiesamanførte2 | 1 370 | 1 516 | 1 417 | 3 526 | 1 036 |
Einslege mindreårige asylsøkjarar3 | 406 | 340 | 364 | 124 | |
Busette totalt | 6 738 | 6 337 | 6 899 | 8 141 | 3 616 |
1 Tabellen viser kor mange personar som har kome til landet.
2 Som kommunane får integreringstilskot for. Søknad må vere innlevert i løpet av integreringstilskotsperioden til den ein søkjer familiesamanføring med.
3 For 1999 er ikkje einslege mindreårige skilt ut som eiga gruppe.
Kilde: Kjelde: Mottaks- og busetjingsstatistikk frå UDI
Flyktningane blei busette i 296 kommunar i 2002.
Tabell 3.5 Opphaldstid i mottak etter vedtak (i prosent)
Busette i kommunane etter vedtak | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | Per 31.7.2003 |
---|---|---|---|---|---|
Innan 6 månader | 68 | 48 | 37 | 60 | 54 |
Mellom 6 og 12 månader | 30 | 40 | 38 | 14 | 25 |
Meir enn 12 månader | 2 | 12 | 25 | 25 | 21 |
Kilde: Kjelde: Mottaks- og busetjingsstatistikk frå UDI
Målet for busetjing av einslege mindreårige er at dei skal vere busette innan tre månader etter at det er gitt opphaldsløyve. Berre ein tredel av dei einslege mindreårige blei i 1. halvår 2003 busette innan den oppsette tidsfristen. I tillegg er 26 personar direktebusette utan opphaldsløyve. Ei årsak til lang ventetid er at det tek tid å finne gode løysingar når det gjeld husvære og omsorg for einslege mindreårige. Kommunane har behov for rettleiing og overføring av kompetanse i arbeidet med einslege mindreårige. Utgifter til kommunale tiltak i samband med husvære til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar (heimla i barnevernlova § 4-4) over den eigendelen kommunane må betale, blir refunderte. Ordninga gjer at ein eventuell økonomisk risiko for kommunane blir redusert. Situasjonen må også sjåast i samanheng med særskilde tilskot frå Barne- og familiedepartementet til arbeid med einslege mindreårige i kommunane, jf. kap. 854, post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar.
Av 87 einslege mindreårige busette per 1.6.2003 kom om lag 25 pst. med følgjeperson. Om lag 40 pst. av desse var jenter. Av dei resterande, dei som kom utan følgjeperson, var om lag 25 pst. jenter.
Overføringsflyktningar
Innanfor ein periode på tre år blir det fastsett kor mange overføringsflyktningar Noreg samla skal ta imot for gjenbusetjing. Gjenbusetjing inneber å finne ei varig løysing for flyktningar som ikkje kan repatrierast eller bli verande i landet der dei oppheld seg. Uttak av overføringsflyktningar skjer normalt i samarbeid med UNHCR og i samsvar med dei kriteria departementet har fastsett. I perioden 1998-2000 var den samla kvoten på 4500 personar. I fjor vedtok Stortinget at kvoten for 2001-2003 skulle reduserast med 750 personar, slik at denne kvoten samla er på 3750 personar. Grunngivinga for reduksjonen var det høge talet på asylsøkjarar dei siste åra og vanskane med å busetje dei som har fått opphald i Noreg. På grunn av etterslep i uttaket vil Noreg likevel ta ut om lag 1150 flyktningar for gjenbusetjing i 2003.
Noreg vil halde fram det nære samarbeidet med UNHCR om bruken av kvoteplassane. Ved uttak skal det, som tidlegare, takast utgangspunkt i flyktningbakgrunnen til den enkelte, behovet for å bli busett i eit nytt land og utsiktene til å kunne delta og greie seg sjølv i det norske samfunnet. Det blir lagt opp til tett dialog med UNHCR om kven Noreg bør prioritere for gjenbusetjing. Utsette kvinner er blant dei som vil bli tekne ut, og det skal takast særlege omsyn i saker som inkluderer barn.
Regjeringa føreslår å vidareføre ordninga med ein fleksibel kvote for overføringsflyktningar innanfor ein periode på tre år. Fleksibiliteten inneber at ubrukte plassar kan overførast til det etterfølgjande året innanfor perioden. Regjeringa føreslår at den samla kvoten for perioden 2004-2006 blir sett til 2250, dvs. 750 per år i snitt.
Tabell 3.6 Talet på overføringsflyktningar som har kome til landet
År | Personar |
---|---|
1998 | 1 124 |
1999 | 1 480 |
2000 | 1 481 |
2001 | 1 269 |
2002 | 1 216 |
1. halvår 2003 | 852 |
Utgifter til ei stilling som gjenbusetjingsattaché, til informasjonsarbeid overfor overføringsflyktningar og kommunar og til eit eige prosjekt for mottak av flyktningar frå Liberia har vore finansierte gjennom alternativ bruk av kvoteplassar.
Regjeringa føreslår at midlar tilsvarande opptil 50 kvoteplassar framleis skal kunne brukast for å gjere arbeidet med gjenbusetjing meir effektivt, både i og utanfor Noreg.
Budsjettforslag for 2004
Tabell 3.7 Satsar for integreringstilskot
Busetjingsår | Satsar 2001 | Satsar 2002 | Satsar 2003 | Satsar 2004 |
---|---|---|---|---|
År 1 (2004) | 85 000 | 87 000 | 87 000 | 96 000 |
År 2 (2003) | 75 000 | 77 000 | 77 000 | 85 000 |
År 3 (2002) | 75 000 | 77 000 | 77 000 | 77 000 |
År 4 (2001) | 65 000 | 68 000 | 68 000 | 68 000 |
År 5 (2000) | 65 000 | 67 000 | 67 000 | 67 000 |
Sum | 365 000 | 376 000 | 376 000 | 393 000 |
For 2004 føreslår regjeringa ei løyving på 2 926,9 mill. kr, basert på at 6900 personar vil bli busette i 2004. Dette beløpet inkluderer 90 mill. kr til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for barn som er omfatta av integreringstilskotet.
Post 61 Norskopplæring for vaksne innvandrarar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at kommunane tilbyr vaksne innvandrarar norskopplæring som gir dei gode nok kunnskapar til å kunne ta vidare utdanning og til å kunne delta i yrkes- og samfunnslivet.
Rapport for 2002 og 2003
Tabell 3.8 Norsk med samfunnskunnskap for innvandrarar 1999-2002
Opplæring | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|
Undervisningstimar | 916 120 | 1 074 187 | 1 134 254 | 1 525 433 |
Deltakarar på teljingsdatoen 1 | 22 796 | 21 856 | 26 013 | 30 433 |
- av desse deltakarar i asylmottak | 7 848 | 6 151 | 7 165 | 7 826 |
1 Teljingsdatoen er endra frå 1.12. til 1.10. frå 2002.
Kilde: Kjelde: FRES/UFD (1999-2001), GSI/SSB (2002)
Tabell 3.9 Talet på deltakarar per 1.10.2002 fordelt på kvinner og menn
Kvinner | Menn | Sum | Pst. kvinner | Pst. menn | |
---|---|---|---|---|---|
A-løp | 8 573 | 8 135 | 16 708 | 51,3 | 48,7 |
B-løp | 7 287 | 6 436 | 13 723 | 53,1 | 46,9 |
Sum | 15 860 | 14 571 | 30 431 | 52,1 | 47,9 |
Kilde: Kjelde: GSI/SSB
Sidan timegrensa blei utvida i 1998, har deltakinga i opplæringa auka kvart år. Frå 2001 til 2002 auka talet på deltakarar med om lag 17 pst., medan talet på undervisningstimar auka med om lag 34 pst. I opplæringa som er lagd til rette for dei med lite grunnutdanning (B-løp), var det 13 723 deltakarar per 1.10.2002, om lag 2500 fleire enn året før. Ein sterkare vekst i talet på undervisningstimar enn veksten i deltakartalet, inneber at mange kommunar gir meir intensiv norskopplæring enn tidlegare (fleire undervisningstimar per veke). Vi ser òg at dei kommunane som har innført introduksjonsprogram, gir meir intensiv norskopplæring enn andre kommunar.
I 2002 var det ei svak overvekt av kvinner som tok del i norskopplæringa (52 pst.). Av kandidatane til Språkprøva var heile 65 pst. kvinner.
Budsjettforslag for 2004
Forvaltningsansvaret for norskopplæring for vaksne innvandrarar blir overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet frå 1.1.2004. Dei statlege løyvingane til norskopplæring for vaksne innvandrarar var på om lag 760 mill. kr i 2002. Løyvinga i 2003 er på 891 mill. kr. etter revidert nasjonalbudsjett.
Regjeringa føreslår at tilskotet til norskopplæring ikkje blir gitt for personar med arbeidsløyve på grunnlag av eit arbeidstilbod og deira familie når løyva er gitt etter 1.1.2003. Framlegget inneber at tilskot heller ikkje blir gitt til norskopplæring for nordiske borgarar og personar med EØS-/EFTA- løyve. Sjølv om statstilskotet blir avvikla, vil det bli gitt tilbod om norskopplæring mellom anna gjennom kommunane og vaksenopplæringsorganisasjonane mot eigenbetaling frå den enkelte innvandrar eller arbeidsgivaren til vedkomande. Framlegget vil kunne gi ein marknad for eit meir fleksibelt tilbod til desse gruppene. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1 001,5 mill. kr på posten for 2004.
Post 62 Kommunale tiltak for innvandrarar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Ordninga skal også medverke til å sikre at innvandrarar av begge kjønn blir stilte likt. Det blir gjort ved å stimulere til utprøving og oppstarting av nye tiltak som støttar opp om kommunale introduksjonsprogram for nyleg komne flyktningar og innvandrarar.
Alle kommunar kan søkje om midlar.
Dei 12 kommunane i landet med flest utanlandsfødde personar (med unntak av personar fødde i EØS-området, USA, Canada, Australia og New Zealand) som er fast busette i kommunen, medrekna barn av slike personar, kan også søkje om midlar som
stimulerer til tiltak som medverkar til at innvandrargrupper i større grad deltek i samfunnslivet, gjennom nettverksbygging, dialog og samhandling
støttar opp om den nye introduksjonsordninga
Tilskotet blir fordelt etter søknad til UDI.
Rapport for 2002 og 2003
Det blei i 2003 utbetalt 12,3 mill. kr til dei 12 kommunane med flest busette innvandrarar. Desse kommunane var Oslo, Bergen, Stavanger, Drammen, Trondheim, Bærum, Kristiansand, Skedsmo, Fredrikstad, Sandnes, Skien og Asker. Tilskota er fordelte i forhold til storleiken på innvandrarbefolkninga. Kommunane får ei øvre tilskotsramme og søkjer om prosjektmidlar innanfor denne ramma. Dette er ei ny ordning frå 2003, og ho gir kommunane betre høve til å planleggje innanfor ei ramme. Storleiken på tilskota varierte frå kr 221 000 til 7,4 mill. kr mellom dei ulike kommunane. Hovudmålgruppene er barn, unge og kvinner med innvandrarbakgrunn.
I 2003 er midlane i hovudsak fordelte på ulike kvalifiseringstiltak i samband med introduksjonsprogrammet for nyleg komne flyktningar. Det har også vore ei satsing på tiltak som kan førebyggje tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting, både ved at eksisterande prosjekt er blitt førte vidare, og gjennom oppstarting av nye. Tiltaka mot kjønnslemlesting er knytte opp mot det nasjonale prosjektet "Omsorg og kunnskap mot kvinneleg omskjering" i regi av Barne- og familiedepartementet. Når det gjeld barne- og ungdomstiltak, er hovudtyngda av tiltaka retta mot meistring i skolen, fritidsaktivitetar og betring av samarbeidet mellom barn, skole og heim.
I 2003 blei det løyvt 29,6 mill. kr i prosjektstøtte under post 62 Kommunale tiltak for innvandrarar, del 2 - introduksjonsprogram. Det blei utbetalt 29,3 mill. kr til prosjekt i 107 kommunar. 19 interkommunale prosjekt inkluderer ytterlegare 48 kommunar. I alt er det dermed gitt støtte til innføring eller vidareutvikling av introduksjonsprogram i 155 kommunar. 16 bydelar i Oslo fekk prosjektstøtte.
Midlane blei fordelte regionalt i samsvar med måltal for busetjing. Støttebeløpet varierte frå i underkant av kr 100 000 til kr 300 000. 4,2 mill. kr blei brukt til ti utviklingsprosjekt der støttebeløpet varierte mellom kr 300 000 og kr 500 000. Utviklingsprosjekta har fokus på utvikling av metodar i tiltaksarbeidet, spesielt i norskopplæringa, kombinert med utplassering på praksisplass, kompetanseheving i rettleiingsmetodikk og utvikling av modellar for eigenevaluering av introduksjonsordninga.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 43 mill. kr på posten for 2004. 13 mill. kr blir sett av til dei 12 kommunane i landet med flest busette innvandrarar. 30 mill. kr av løyvinga vil bli gitt til tiltak som støttar opp om kommunale introduksjonsprogram i dei kommunane som no tek introduksjonsordninga i bruk.
Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging
Løyvinga skal dekkje to formål. Den eine delen av løyvinga skal dekkje utgifter i samband med busetjingsordninga. Den andre delen av løyvinga skal gå til kartlegging av dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetjing og integrering i forhold til storleiken på integreringstilskotet, jf. kap. 521, post 60 Integreringstilskot. Regjeringa føreslår ei løyving på 2,7 mill. kr for 2004, av desse 1,3 mill. kr til den kartlegginga Berekningsutvalet gjer av kommunale utgifter til busetjing og integrering av flyktningar, og 1,4 mill. kr til det samla arbeidet Kommunenes Sentralforbund (KS) gjer på flyktningfeltet.
I tilegg blir det løyvd kr 250 000 til Nasjonalt utval for busetting over kap. 500, post 1 og kr 400 000 til Berekningsutvalet over kap. 520, post 1.
Post 71 Kunnskapsutvikling, kan overførast
Både Kommunal- og regionaldepartementet og UDI forvaltar midlar på denne posten. Kommunal- og regionaldepartementet har ei samordningsrolle, og mykje av kunnskapsutviklinga skjer i samarbeid med ansvarlege sektorstyresmakter. Nokre av prosjekta er fleirårige. Prosjekt som UDI administrerer, er i hovudsak evalueringar eller utviklingsprosjekt.
Mål
Formålet med løyvinga på posten er
å sikre eit godt kunnskapsunderlag for asyl-, innvandrings-, flyktning- og integreringspolitikken, som gjer greie for situasjonen både for kvinner og for menn
å medverke til ei nasjonal utvikling av kunnskap om internasjonal migrasjon og etniske relasjonar, og om gode måtar å utvikle eit fleirkulturelt samfunn på
å medverke til informasjon om og til spreiing av forskingsresultat
Rapport for 2002 og 2003
Evalueringar av Senter mot etnisk diskriminering, Utlendingsnemnda og advokatordninga for asylsøkjarar er avslutta. Rapportane "Grensegangen mellom asyl og opphold på humanitært grunnlag av beskyttelsesbehov" og "Kjønnsperspektiv i flyktningretten" viser at det blir argumentert på ulike måtar for opphaldsløyve i om lag like søknader om asyl i Noreg. Det blir tilrådd å innarbeide eit kjønnsperspektiv i norsk flyktningrett for å sikre lik behandling. Dei handlingsplanane regjeringa tidlegare har lagt fram, er følgde opp gjennom prosjekt for å forhindre tvangsekteskap, for å skaffe fram kunnskap om kvinneleg kjønnslemlesting og yte omsorg for kvinner utsette for kjønnslemlesting, og for å få fram kunnskap om handel med kvinner i Noreg. Desse prosjekta er no i gang. Styrking av minoritetsperspektivet i offentlege tenester er eit fleirårig utviklingsprosjekt under handlingsplanen mot etnisk diskriminering. Opplæringa skal gjere deltakarane meir medvitne og gi dei høve til å reflektere omkring eigen praksis. Dei skal også få ei styrkt kjensle av meistring og få utvikla evna til å sjå innvandrarar som ulike individ og ikkje som ei gruppe.
Fleire utviklingstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar (jf. kap. 520, post 21) gjeld i hovudsak utvikling og utprøving av nye metodar i det praktiske kartleggings- og oppfølgingsarbeidet. Det er gjennomført eit prosjekt som dreier seg om rekruttering av verjer og innhaldet i verjerolla.
Det fleirårige prosjektet som tok sikte på å utvikle ny teknologi i samband med tolking, blei avslutta i 2002. Skjermtolking blir vurdert som eit godt tillegg til frammøtetolking, og tolkefagleg som eit mykje betre alternativ enn telefontolking. I 2003 fekk Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark støtte frå Utlendingsdirektoratet til å opprette utdanningstilbod for til saman 250 tolkar. Tilbodet i Bergen blei sett i gang hausten 2003. Tilboda ved dei tre andre institusjonane blir sette i gang våren 2004. Arbeidet med å etablere eit nasjonalt tolkeregister er sett i gang.
Utprøving i kommunane i samband med innføring av introduksjonsordninga får midlar over kap. 521, post 62, jf. omtalen av denne posten. Evalueringar har gitt betre kunnskap om kvar flaskehalsane i arbeidet ligg, og på kva område det er behov for opplæring og kompetanseheving blant dei som skal ha ansvar på lokalt plan når introduksjonslova blir innført. Evalueringar viser at lønt, individtilpassa kvalifisering fører til at fleire kvinner deltek. I 2003 har representantar for 286 av 312 busetjingskommunar og tilsette i Aetat og i vaksenopplæring delteke i opplæringsprogrammet. Opplæringsprogrammet er eit viktig verktøy i arbeidet med å gjere kommunane i stand til å gi nyleg komne flyktningar og innvandrarar eit kvalitativt bra introduksjonstilbod.
Eit prosjekt som skal kartleggje språkkunnskapar hos fireåringar, og eit toårig prosjekt om IKT i norskopplæringa for vaksne vil bli førte vidare i 2004. Human Rights Service har fått midlar til eit eittårig prosjekt som skal gi informasjon om kvinner med innvandrarbakgrunn og innhente erfaringar på dette feltet.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 48,25 mill. kr på posten for 2004. Løyvinga skal gå til vidareføring av prosjekt som er i gang, evalueringar og nye prosjekt om asyl- og flyktningspørsmål, familie- og arbeidsinnvandring, integrering og diskriminering. I nye prosjekt skal kjønnsperspektivet kome fram. Ein stor del av løyvinga vil gå til undervisningsopplegg for tolkar og til etablering av eit nasjonalt tolkeregister. I budsjettframlegget er det som ein del av tiltaksplanen mot fattigdom sett av 3 mill. kr til tiltak for å styrkje den frivillige innsatsen overfor einslege mindreårige i kommunane.
Post 72 Tilbakevending for flyktningar, kan overførast
Målet med løyvinga er å leggje forholda til rette og motivere flyktningar til å vende tilbake når forholda i heimlandet gjer det mogleg. Posten dekkjer både individuell støtte og støtte til prosjekt som fremmar tilbakevending.
Program for individuell støtte ved tilbakevending
Personar som har fått asyl eller opphald på humanitært grunnlag, kan etter søknad få dekt reiseutgiftene og få kr 15 000 til hjelp for å starte på nytt i heimlandet.
Mål
Målet med den individuelle støtta er å gi flyktningar hjelp til varig tilbakevending og til å etablere seg på nytt i heimlandet.
Kriteria for tildeling
UDI behandlar søknadene. Alle som har fått asyl eller opphaldsløyve på humanitært grunnlag, og familiemedlemmer som er blitt samanførte med dei, kan få støtte. I utgangspunktet blir støtte berre gitt til tilbakevending til heimlandet, men unntaksvis er det gitt støtte til reise til eit anna land.
Tilbakevendingsstøtte får ingen følgjer for retten til vidare opphald i Noreg. Løyve til opphald og arbeid vil vere gyldig til løyvet går ut etter dei ordinære reglane. Eit busetjingsløyve er gyldig i to år etter utreise. Dersom søkjaren gjeninnvandrar til Noreg, skal støtta betalast tilbake etter nærmare fastsette reglar.
Rapport
Personar som har grunnlag for varig opphald i Noreg, har i liten grad valt å vende tilbake til heimlandet. I det siste året har mange færre enn tidlegare vendt tilbake under programmet, og vi er inne i ein periode med låg aktivitet når det gjeld tilbakevending. Det er først og fremst personar med tidsavgrensa vern som har nytta ordninga med tilbakevendingsstøtte, det vil seie personar frå Bosnia og Kosovo. Over 6000 personar frå Kosovo har motteke støtte, medan ca. 1800 av dei har nytta høvet til å kome tilbake til Noreg. Av desse har berre ca. 11 pst. betalt tilbake støtta per 1.7.2003. Årsaka til det er at dei gjeninnvandra personane for ein stor del er avhengige av sosialhjelp eller ytingar etter pengereglementet. Regelverket seier at krav om tilbakebetaling ikkje kan drivast inn frå personar i ein slik situasjon. Dei som har eiga inntekt, har ofte så låg inntekt at tilbakebetalinga må skje i avdrag. Dei aktuelle personane blir følgde opp i inntil fire år for å sikre tilbakebetaling. Om lag ein tredel av dei tilbakevende er kvinner.
Tabell 3.10 Tilbakevende i perioden frå 1998 til 1. halvår 2003
År | Talet på tilbakevende |
---|---|
1998 | 351 |
1999 | 3846 |
2000 | 1638 |
2001 | 1001 |
2002 | 87 |
1. halvår 2003 | 28 |
Kilde: Kjelde: Årsmeldingar frå UDI og TBV-statistikk
Som følgje av den nye situasjonen i Irak vedtok Stortinget i revidert nasjonalbudsjett å gi 25,5 mill. kr. over post 72 for å setje i verk tiltak for å stimulere til frivillig tilbakevending til Irak og til auka tilbakevendingsstøtte. Per 1.1.2003 budde det i overkant av 13 000 irakarar i Noreg.
Tilbakevendingsprosjekt
Mål
Prosjekta skal motivere og førebu flyktningar til å vende tilbake til heimlandet. Samtidig skal prosjekta gi alle som deltek i flyktningarbeid lokalt, kunnskapar som er nødvendige for å inkludere tilbakevendingsperspektivet i det ordinære arbeidet med flyktningar.
Kriterium for tildeling
Støtte kan givast til kommunar, andre offentlege etatar, mottak, frivillige organisasjonar og enkeltpersonar. Prosjekta skal ta omsyn til at kvinner og menn kan ha ulike behov, og skal vere innanfor desse kategoriane:
informasjon om tilhøva i heimlandet
opplæring og kvalifiseringstiltak
kompetanseutvikling retta mot oppbygging av heimlandet
forsoning og demokratibygging
utvikling av metodikk og kompetanse i lokalt tilbakevendingsarbeid
Rapport
Prosjektaktiviteten i 2003 har vore på om lag same nivå som i 2002. I 2003 har fleire prosjekt fokusert på tilbakevending til Afghanistan og Somalia. Eit viktig prosjekt er Information and Councelling on Repatriation (INCOR) i regi av Flyktningrådet, som sidan 1995 har hatt tilbod om informasjon og rådgiving i samband med tilbakevending. INCOR utvida i 2003 prosjektet til også å omfatte einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar.
Generelt har prosjektstøtteordninga ført til at ein har fått meir erfaring med tilbakevendingsspørsmål i ulike flyktningmiljø, kommunar, bedrifter og organisasjonar. Ordninga har ført til at fleire flyktningar har fått informasjon og rådgiving om tilhøva i heimlandet og om tilbakevending. Prosjekt med fokus på kvalifisering og oppbygging har ført til at flyktningar har fått relevant arbeid. Somme har delteke i verksemd for å byggje opp att heimlandet. Nokre av prosjekta er blitt delfinansierte av Utanriksdepartementet. Søknader som gjeld ungdom og kvinner, er blitt prioriterte, men få prosjekt har berre kvinner som målgruppe.
Evaluering
SINTEF/IFIM har evaluert bruken av midlane på posten. Målet med evalueringa var å sjå om dei verkemidla ein rår over, fungerer slik meininga var. Den endelege rapporten var ferdig i januar 2003. Rapporten konkluderer mellom anna med at ein må sjå arbeidet med tilbakevending i eit tidsperspektiv. Rapporten tilrår at den individuelle støtta bør differensierast og supplerast med meir varige ordningar. Vidare blir det tilrådd at retten til gjeninnvandring ikkje bør avskaffast, men at rutinane ved tilbakebetaling av støtte ved gjeninnvandring bør forbetrast. Tilbakevendingsprosjekt i Noreg må følgjast opp i heimlandet. Det bør vere ei betre koordinering mellom tiltak i Noreg, støtte til tilbakevending og bruken av bistandsmidlar.
På grunnlag av evalueringa vil departementet vurdere både den individuelle økonomiske støtta og tilskota til tilbakevendingsprosjekt. Mellom anna vil departementet vurdere om ein kan finne ei ny og betre ordning for tilbakebetaling av den individuelle støtta ved gjeninnvandring. Utfordringa framover vil også vere å få i stand meir målretta tilbakevendingstiltak for dei ulike gruppene. Ei anna utfordring gjeld spørsmålet om ein del av den individuelle støtta kan koplast til at dei som reiser frå Noreg, har ulike behov når dei kjem heim. Departementet vil også ta initiativ til ei drøfting av om samanhengen mellom tilbakevending frå Noreg og norsk bistandsverksemd kan bli betre.
Fleire land har i den siste tida hatt ei utvikling som kan tilseie auka tilbakevending. Dette gjeld til dømes Irak, Afghanistan og Somalia. På sikt kan det vere mogleg å gjennomføre ei større tilbakevending til desse områda, og situasjonen vil bli vurdert jamleg.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 9,3 mill. kr på posten for 2004.
Post 73 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Tilskotsordninga på post 73 er delt i 1) tilskot til drift av landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet som arbeider med saker av nasjonal karakter og har ei landsomfattande verksemd, 2) tilskot til drift av lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn og 3) innsats for særleg utsette innvandrargrupper.
Landsdekkjande organisasjonar
Mål
Målet med ordninga er å støtte landsdekkjande organisasjonar som medverkar til å gi alle, utan omsyn til kjønn, dei same sjansane og dei same rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og ta i bruk eigne ressursar. Støtte kan givast til drift av landsdekkjande organisasjonar som
er opptekne av å sikre rettane til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar i samfunnet
byggjer opp kunnskap om dei behova asylsøkjarar, flyktningar og personar med innvandrarbakgrunn har, for å sikre rettane deira i samfunnet
medverkar til å gi alle dei same sjansane, og som kjempar mot etnisk diskriminering og rasisme
fremmar og legg forholda til rette for kontakt, dialog og samarbeid mellom personar med innvandrarbakgrunn, befolkninga elles og/eller styresmaktene
Rapport for 2003
Desse ni organisasjonane fekk tildelt totalt 9,6 mill. kr i 2003: Antirasistisk Senter (ARS), Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO), Islamsk Kvinnegruppe i Norge (IKN), Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS), Organisasjonen mot Offentlig Diskriminering (OMOD), Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og SOS Rasisme. Organisasjonane medverkar mellom anna til eit større mangfald i den offentlege debatten og sikrar at ulike innvandrarmiljø blir høyrde.
Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til mangfald, dialog og samhandling
Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig fleirkulturell verksemd i form av aktivitetar i regi av ulike lokale aktørar, mellom andre innvandrarorganisasjonar. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane som forvaltarar av ordninga ut frå talet på utanlandsfødde personar som er fast busette i fylket og er fødde utanfor EØS-området, USA, Canada, Australia og New Zealand. Også barn av slike personar blir rekna med. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for utrekninga av tilskotet. 10 pst. av tilskotsramma går til fylkeskommunen som administrasjonstilskot.
Mål
Målet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til
å styrkje lokal organisering av innvandrarar
at innvandrarar får tilgang til fleire sosiale nettverk
å arbeide for felles interesser i forhold til styresmaktane
formidling av informasjon om det norske samfunnet og om minoritetane sine rettar og plikter
at innvandrargrupper tek vare på og vidareutviklar sin eigen kultur
Målet med tilskotet til frivillig fleirkulturell verksemd er
å medverke til kontakt, samhandling og nettverksbygging mellom personar med innvandrarbakgrunn og befolkninga elles
å fremme toleranse mellom ulike grupper av befolkninga og motverke rasisme og diskriminering
å rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn til frivillige organisasjonar og frivillig verksemd på tvers av befolkningsgrupper
Ordninga prioriterer også tiltak som kan førebyggje tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting og styrkje arbeidet blant barn og unge med innvandrarbakgrunn.
Rapport for 2003
For 2003 blei det fordelt 12,8 mill. kr til fylkeskommunane, som forvaltar ordninga. Av dette gjekk 1,3 mill. kr til fylkeskommunane som administrasjonstilskot. I 2003 gjekk 71 pst. av midlane til integreringsfremmande, holdningsskapande og antirasistiske tiltak, medan dei resterande 29 pst. gjekk til drift av organisasjonane.
56 pst. av aktørane som fekk tilskot gjennom ordninga, var lokale innvandrarorganisasjonar, medan 27 pst. var andre frivillige organisasjonar. I tillegg har offentlege verksemder, som skolar, fritidsklubbar og liknande, fått tilskot. Om lag 23 pst. av tiltaka har vore retta mot barn og unge, om lag 20 pst. mot fleirkulturelle grupper og om lag like stor prosent mot befolkninga generelt, medan innvandrarkvinner har utgjort vel 18 pst. av målgruppene. Andre målgrupper har vore menn med innvandrarbakgrunn og eldre innvandrarar.
Av 1158 tiltak dreidde om lag 30 pst. seg om informasjon, mellommenneskeleg toleranse og holdningsskapande og førebyggjande arbeid, mellom anna førebygging av tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting. Andre tiltak har dreidd seg om nettverksbygging og kulturtiltak. 17 pst. av tiltaka gjekk ut på å ta vare på nasjonal og kulturell eigenart. 8 pst. av tiltaka dreidde seg om idrett og 7 pst. om andre emne.
Tendensen til at grupperingar blant innvandrarar og frivillige organisasjonar/offentlege etatar søkjer saman på konkrete felt med tidsavgrensa prosjekt, er aukande. Dette gjeld særleg innanfor holdningsskapande og førebyggjande arbeid.
Innsats for særleg utsette innvandrargrupper
Innvandrarar er sterkt overrepresenterte blant personar med låge inntekter. Ifølgje NOU 2003:19 Makt og demokrati deltek store delar av innvandrarbefolkninga ikkje i det norske politiske systemet. Dei utgjer ei ny underklasse i yrke med låge lønner, eller dei er utanfor arbeidsmarknaden.
Som ein del av tiltaksplanen mot fattigdom vil regjeringa starte opp ei ny ordning retta mot grupper med særleg låg deltaking i samfunnet. Siktemålet er å kjempe mot fattigdomssymptoma gjennom sjølvorganisering. Ordninga vil bli målretta mot dei gruppene der behova er størst.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 25 mill. kr på posten for 2004. Av dette er 9,65 mill. kr sett av til landsdekkjande organisasjonar på innvandrarfeltet, 0,35 mill. kr sett av til ein landsomfattande nettverkskonferanse for innvandrarorganisasjonar, 13 mill. kr sett av til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig fleirkulturell verksemd i lokalsamfunn og 2 mill. kr sett av til styrking av arbeidet i forhold til innvandrargrupper med særlege behov.
Post 74 Ordninga med statleg autorisasjon for tolkar o.a.
Tolkeautorisasjonsordninga
Målet med løyvinga er å finansiere den statlege autorisasjonsordninga for tolkar. Tilgang på og bruk av godt kvalifiserte tolkar er avgjerande for å sikre at fagfolk og representantar for norske styresmakter og institusjonar skal kunne gi tilnærma det same tilbodet til innvandrarar som til befolkninga elles. I somme tilfelle kan det særskilt vere bruk for kvinneleg tolk.
Universitetet i Oslo er ansvarleg for å arrangere dei tolkeprøvene som dannar grunnlaget for autorisasjon, og får årlege løyvingar til dette formålet. Per juni 2003 hadde i alt 76 tolkar fått bevilling som statsautoriserte tolkar i språka albansk, arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, engelsk, finsk, fransk, kinesisk, persisk, polsk, russisk, somali, spansk, tyrkisk, urdu og vietnamesisk. Blant desse var det 60 pst. kvinner og 40 pst. menn. Autorisasjonsprøva er krevjande, og det er 80-85 pst. som stryk. Utdanningstilbodet er mangelfullt, men universitetet har sett i gang nettbasert undervisning og samlingar for dei som har meldt seg opp til prøva. Det er også laga øvingskassettar og rettleiingshefte i ein del språk.
Oppfølging av Nordisk Språkkonvensjon
Målet med løyvinga er å følgje opp forpliktingane Noreg har når det gjeld den nordiske språkkonvensjonen. Norsk-finsk info- og språksenter er eit kompetansesenter for tolke- og omsetjartenester mellom norsk og finsk, og er lagt til Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale, medan omsetjartenestene er landsdekkjande. Senteret driv også informasjonsverksemd.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,6 mill. kr på posten for 2004, av dette 1,5 mill. kr til tolkeautorisasjonsordninga og kr 100 000 til delvis dekking av utgiftene Finnmark fylkeskommune har i samband med drift av språksenteret.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga dekkjer transport for overføringsflyktningar, familiesamanførte og tilbakevende. IOM (International Organization for Migration) arrangerer reisene på førespurnad frå UDI. IOM tingar billettar og hjelper til med å skaffe nødvendige reisedokument. Dei hjelper også personar i eventuelle transittland og vurderer om det er nødvendig med eskorte til sjuke personar og små barn som reiser aleine. I perioden 1.1.-31.7.2003 er reiseutgiftene blitt dekte for 1846 personar.
Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga for 2004 også skal dekkje utgifter i samband med ein avtale med Norsk Folkehjelp om mottak av overføringsflyktningar, medan reiseutgifter for personar som blir familiesamanførte med herbuande med opphald på humanitært grunnlag, ikkje lenger blir dekte av staten.
Den ODA-godkjende delen inngår i refusjonsbeløpet under kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA), slik det er lagt opp til for andre utgifter i samband med flyktningar i Noreg. Desse midlane blir førte som inntekt på kap. 3521, post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på kap. 521, post 75 på 11,65 mill. kr for 2004.
Kap. 3521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 521)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Tilbakevending for flyktningar | 10 815 | 11 300 | 9 300 |
2 | Norskopplæring for vaksne innvandrarar1 | 11 016 | ||
3 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet | 39 200 | 30 496 | 11 205 |
4 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 61 988 | 30 994 | 32 079 |
Sum kap. 35212 | 112 003 | 72 790 | 63 600 |
1 Tekniske endringar frå 2003 til 2004: Post 2 er oppretta i samband med at ansvaret for forvaltninga av norskopplæringa for vaksne innvandrarar er overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet. Inntektene blei tidlegare førte på kap. 3254, post 4 under Utdannings- og forskingsdepartementet.
2 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 3521, post 1 auka med 25,5 mill. kr til 36,8 mill. kr og løyvinga på post 3 auka med 3,2 mill. kr til 39,7 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 1 Tilbakevending for flyktningar
Dei innanlandske utgiftene i samband med tilrettelegging for at dei som har fått vern i Noreg, skal kunne vende tilbake til heimlandet, kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa gjer framlegg om at 9,3 mill. kr av utgiftene i 2004 på kap. 521, post 72 Tilbakevending for flyktningar blir innrapportert som utviklingshjelp og ført som inntekt på kap. 3521, post 1.
Post 2 Norskopplæring for vaksne innvandrarar
Visse innanlandske utgifter i samband med mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Refusjon blir gitt for norskopplæring for personar som bur i mottak og har fått opphaldsløyve i Noreg, og som har vore i landet i mindre enn eitt år. Regjeringa gjer framlegg om at 11,02 mill. kr av utgiftene i 2004 på kap. 521, post 61 Norskopplæring for vaksne innvandrarar blir innrapportert som utviklingshjelp og ført som inntekt på kap. 3521, post 2.
Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet
Utgifter til transport av flyktningar til og frå Noreg kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa gjer framlegg om at 11,21 mill. kr av utgiftene i 2004 på kap. 521, post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet blir innrapportert som utviklingshjelp og ført som inntekt på kap. 3521, post 3.
Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Ein del av dei innanlandske utgiftene i samband med busetjing av overføringsflyktningar kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa gjer framlegg om at 32,08 mill. kr av utgiftene på kap. 521, post 60 Integreringstilskot blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp kan da førast som inntekt på kap. 3520, post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter.
Kap. 522 Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 3522)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 5 788 | 6 300 | 6 600 |
Sum kap. 522 | 5 788 | 6 300 | 6 600 |
Post 1 Driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til drift av Senter mot etnisk diskriminering (SMED). SMED blei oppretta i 1998 for ein prøveperiode som skulle vare fram til 31.12.2002. Det er vedteke (jf. Budsjett-innst. S. nr. 5 (2001-2002)) at senteret skal vidareføre verksemda i si noverande form fram til regjeringa legg fram forslag til lov mot etnisk diskriminering. Da vil ein ta endeleg stilling til korleis SMED skal vidareførast på permanent basis. Departementet vil vurdere å opprette eit felles handhevingsorgan for diskriminering på grunnlag av kjønn og etnisitet. SMED vil da kunne bli ein del av dette organet.
SMED blir leidd av eit styre med åtte medlemmer, og med to vararepresentantar. Formålet med opprettinga av SMED var å sikre at personar som blir utsette for diskriminering på grunnlag av tru/religion, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, eller som blir utsette for rasistiske utsegner, får eit vern. SMED har to hovudoppgåver:
Senteret skal vederlagsfritt yte rettshjelp til personar som blir utsette for etnisk diskriminering.
Senteret skal dokumentere og overvake situasjonen med omsyn til arten og omfanget av rasisme og diskriminering.
Evaluering
På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet er verksemda ved SMED blitt evaluert av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og Institutt for rettssosiologi ved Universitetet i Oslo (IRS). Evalueringsrapporten blei lagd fram sommaren 2003. Rapporten viser at SMED driv eit godt dokumentasjonsarbeid, mellom anna basert på det erfaringsgrunnlaget dei har etter fire års verksemd. Rettshjelpsarbeidet utgjer størstedelen av verksemda, og fungerer bra. SMED er også ein aktiv pådrivar og aktør i den offentlege debatten, og fungerer som ein sentral premissleverandør for styresmaktene i arbeidet mot rasisme og diskrimering.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 6,6 mill. kr til drift av Senter mot etnisk diskriminering i 2004, jf. òg romartalsvedtak II Meirinntektsfullmakter.
Kap. 3522 Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 522)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Ymse inntekter | 114 | ||
Sum kap. 3522 | 114 |
Det blir ikkje budsjettert med inntekter på dette kapitlet.
Kap. 523 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 3523)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 3 408 | 3 800 | 4 600 |
Sum kap. 523 | 3 408 | 3 800 | 4 600 |
Post 1 Driftsutgifter
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (KIM) blei oppretta i 1984. Utvalet er sett saman av 17 personar med bakgrunn frå innvandrarorganisasjonane og 18 personar med bakgrunn frå offentlege styresmakter og politiske parti. I tillegg har utvalet ein leiar.
Regjeringa peikte ut eit nytt kontaktutval for tre år, med start 1.1.2003. Det blei samtidig gjennomført ei ny organisering av utvalet. Omorganiseringa skjedde i tråd med konklusjonane i evalueringa av KIM, som blei gjennomført i 2001. Den nye organiseringa inneber at utvalet er delt i to forum: eit innvandrarforum og eit kontaktutval. Innvandrarforumet består av folk med innvandrarbakgrunn som er føreslåtte av organisasjonar over heile landet. Kontaktutvalet vil ha representantar for statlege og kommunale styresmakter og dei politiske partia, i tillegg til alle medlemmene i innvandrarforumet. UDI fekk i 2002 ansvar for sekretariatsfunksjonen til KIM.
Det blei ved oppnemninga av utvalet lagt vekt på å ha ein stor prosentdel kvinner og samtidig styrkje representasjonen av ungdom. Tre av medlemmene er under 25 år. I utvalet som heilskap (inkludert alle varamedlemmene) er det 46 pst. kvinner og 54 pst. menn.
Mål
KIM skal vere eit rådgivande organ overfor styresmaktene og ein arena for dialog mellom personar med bakgrunn i innvandrarorganisasjonar, offentleg forvaltning, kommunar og politiske parti. Det skal også vere ein kompetent høyringsinstans på område som har med flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål å gjere. KIM skal sjølv ta initiativ til å setje fokus på saker som innvandrarbefolkninga i Noreg er oppteken av, og det er ønskjeleg at KIM deltek aktivt i samfunnsdebatten om dei spørsmåla utvalet arbeider med.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kr til drift av Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene i 2004.
Kap. 3523 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 523)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 82 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 143 | ||
Sum kap. 3523 | 225 |
Det blir ikkje budsjettert med inntekter på dette kapitlet.
Kap. 524 Utlendingsnemnda (jf. kap. 3524)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 77 506 | 91 500 | 92 100 |
21 | Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling | 4 265 | 13 370 | 9 700 |
Sum kap. 5241 | 81 771 | 104 870 | 101 800 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003 og St.prp. nr. 75 (2002-2003) Enkelte endringer på statsbudsjettet for 2003 i forbindelse med trygdeoppgjøret mv., blei løyvinga på kap. 524, post 21 sett ned med 7,75 mill. kr til 5,62 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
UNE behandlar alle klager etter utlendingslova på vedtak som UDI gjer som førsteinstans. UNE behandlar også klager på vedtak i UDI om innmelding av utviste personar i Schengen informasjonssystem (SIS), jf. SIS-lova § 7 nr. 2. UNE fungerer som eit uavhengig organ når nemnda gjer vedtak i klagesaker.
Departementet kan ikkje instruere UNE om lovtolking, skjønnsutøving eller avgjerder i enkeltsaker, bortsett frå i saker som omfattar tryggleiken til riket eller utanrikspolitiske omsyn. Styringa med UNE si behandling av klagesaker skjer gjennom lover og forskrifter. Departementet kan instruere om korleis UNE skal prioritere saker, og om organisatoriske og administrative forhold. Måten UNE behandlar sakene på, er meir komplisert og krev fleire ressursar enn saksbehandlinga i eit vanleg forvaltningsorgan.
Verksemda til UNE blei evaluert i 2001 og 2002, og sluttrapporten blei offentleggjord i april 2003. Evalueringsrapporten gir i hovudsak positiv omtale av UNE, sjå delmål 10 og 11. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med den varsla stortingsmeldinga om styringsforhold.
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av UNE, men ikkje utgiftene til sjølve behandlinga av saker i nemndmøte.
Hovudmålet for UNE er rask og korrekt behandling av klagesaker etter utlendingslova. Rask saksbehandling, særleg i asylsaker, skal prioriterast. Målsetjinga har vore at UNE skal behandle klager i asylsaker med utsetjande verknad innan 16 veker. Per 1.7.2003 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i slike saker 20,2 veker. Berre 47 pst. av sakene blei behandla innan den tida ein hadde sett seg som mål.
Produksjonen i UNE har auka gradvis sidan nemnda blei oppretta i 2001, men gjekk ned i første halvår 2003. Hovudårsaka til dette var innføringa av DUF. Det blir samtidig meldt at DUF er ein god reiskap for nemndleiarane. Departementet vil saman med UNE sjå nærmare på årsakene til den reduserte produksjonen.
Talet på nye saker har også auka, og talet på ubehandla saker per 1.7.2003 var 5367. Av desse ubehandla sakene var 1909 klager i asylsaker, 1964 klager i andre saker, 1417 oppmodingar om omgjering og 77 rettssaker. Etter at problema i samband med innføringa av DUF er over, vonar ein at produksjonen skal auke att, og at dette etter kvart vil gi seg utslag i færre restansar og kortare saksbehandlingstid.
Å behandle klager i nemndmøte krev store ressursar. I saldert budsjett 2002 blei det gitt rom for at om lag halvparten av asylsakene kunne behandlast i nemndmøte. Erfaringane frå 2001 og frå første halvår 2002 viser at ca. 50 pst. av dei asylsakene UNE tek imot, er grunnlause saker som ikkje er gitt utsetjande verknad. Slike saker kan nesten utan unntak behandlast av sekretariatet. Den andre halvdelen er asylsaker der iverksetjing er utsett. Slike saker blir i hovudsak behandla av nemndleiaren eller i nemndmøte. I første halvår 2003 blei 12 pst. av desse sakene behandla i nemndmøte, og av desse 9 pst. med personleg frammøte og 3 pst. utan personleg frammøte. I 2002 blei ca. 10 pst. av dei andre sakene, saker som ikkje gjeld asyl, behandla i nemndmøte, og av desse ca. 25 pst. med personleg frammøte.
Det er usikkert kva måte sakene vil bli behandla på i framtida, mellom anna fordi behandlingsmåten er avhengig av kor mange grunnlause saker UNE tek imot. Endringar i søkjarmassen kan såleis gi utslag i budsjettet. Det er i denne samanhengen viktig å vere merksam på at måten sakene blir behandla på, følgjer av utlendingslova med forskrifter.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 92,1 mill. kr for 2004.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling
Løyvinga skal dekkje utgifter til behandling av saker i nemndmøte og er særleg avhengig av tilstrøyminga av asylsøkjarar, og av kor stor del av sakene det er som blir behandla i nemndmøte. Posten omfattar godtgjersle til nemndmedlemmer og tolkar og reise og opphald for nemndmedlemmer, søkjarar, tolkar og advokatar.
Frå 1.9.2002 blei talet på nemndmedlemmer redusert frå 500 til 150. Nemndmedlemmene får godtgjersle for kvart oppmøte. Det same gjeld tolkar og advokatar. I tillegg dekkjer posten reiseutgifter for søkjarar som bur i statlege mottak utanfor Oslo-området. Desse søkjarane overnattar i statlege mottak i Oslo-området. Løyvinga dekkjer også eventuelle utgifter for søkjarar som må ta med seg barn eller ektefelle.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 9,7 mill. kr for 2004.
Kap. 3524 Utlendingsnemnda (jf. kap. 524)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 398 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 743 | ||
Sum kap. 3524 | 2 141 |
Det blir ikkje budsjettert med inntekter på dette kapitlet.
Programkategori 13.21 Nasjonale minoritetar
Samla utgifter under programkategori 13.21
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
526 | Nasjonale minoritetar | 2 700 | 2 805 | 2 900 | 3,4 |
Sum kategori 13.21 | 2 700 | 2 805 | 2 900 | 3,4 |
Nasjonale minoritetar er etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til landet dei bur i. Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar 17. mars 1999, og har dermed forplikta seg til å leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, skal kunne delta i samfunnslivet på lik linje med andre, og ha høve til å uttrykkje, halde ved like og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur. Jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar blir rekna å oppfylle kriteria for å vere nasjonale minoritetar i Noreg 1. Med ratifiseringa av Den Europeiske pakta for vern av regions- eller minoritetsspråk 10. november 1993 har Noreg også teke på seg ei plikt til å setje i verk særskilde tiltak for å verne om og styrkje minoritetsspråka kvensk/finsk, romani og romanes. Hovudprinsippa for politikken overfor nasjonale minoritetar blei trekte opp i St.meld. nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Prinsippa i meldinga fikk brei tilslutning i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 145 (2000-2001). Noreg rapporterte hausten 2001 for første gong til Europarådet om korleis rammekonvensjonen blir følgd opp. Europarådet vedtok 8. april 2003 ein resolusjon om norsk politikk overfor nasjonale minoritetar, basert på ein fyldig rapport frå den rådgivande komiteen i Europarådet.
Regjeringa byggjer minoritetspolitikken sin på ikkje-diskrimineringsprinsippet og prinsippet om likebehandling. Dette inneber at staten er forplikta til å arbeide for å sikre at minoritetane blir likestilte med majoritetsbefolkninga, både formelt og reelt. Minoritetsgrupper kan stå i ei sårbar stilling i eit demokrati der det er lagt vekt på fleirtalsstyre. For å fremme reell likestilling kan det derfor vere nødvendig å gjennomføre særskilde tiltak for å styrkje stillinga til ei eller fleire minoritetsgrupper.
Ansvarsfordeling og samordning av politikken overfor nasjonale minoritetar
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for å samordne politikken overfor nasjonale minoritetar i Noreg. Prinsippet om sektoransvar for departementa gjeld framleis på alle fagområda, som kultur, utdanning og helse.
Tabell 3.11 Løyvingar til nasjonale minoritetar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Dep | Tiltak | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
KRD | Tilskot til nasjonale minoritetar | 2 700 | 2 805 | 2 900 |
KRD | Forskingsmidlar | 120 | 200 | 1 |
KKD | Den kvenske avisa Rujian Kaiku | 350 | 350 | 350 2 |
KKD | Glomdalsmuseet | 4 000 | 3 000 | 0 |
KKD | Kventunet, Porsanger | 1 000 | 4 000 | 2 300 |
UFD | Tilskot til opplæring i finsk i grunnskolen og den vidaregåande skolen | 7 079 | 7 341 | 8 300 |
Sum | 12 549 | 14 891 | 10 950 |
1 Vil bli avgjort ved intern budsjettfordeling i departementet.
2 I tillegg vil Kommunal- og regionaldepartementet løyve kr 150 000 til avisa over kap. 526 post 70.
Kultur- og kyrkjedepartementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kr i 2004 til bygging av Kventunet i Porsanger. Av budsjettmessige årsaker føreslår departementet at byggjestart for ny avdeling ved Glomdalsmuseet for dokumentasjon og formidling av historia til romanifolket, blir utsett til 2006. Dette vil ikkje få konsekvensar for omfanget og kvaliteten på prosjektet, sidan kostnadsramma vil bli justert i forhold til prisnivået i byggjeåret. Det blir også løyvt midlar til ein kvensk namnekonsulent (50 pst. stilling). Støtta til den kvenske avisa Ruijan Kaiku blir ført vidare på same nivå som i 2003, med kr 350 000.
Utdannings- og forskingsdepartementet har ei eiga tilskotsordning for finskundervisning i grunnopplæringa. Formålet med ordninga er å stimulere skoleeigarar til å gi elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk. Det er sett av om lag 8,3 mill. kr til dette formålet i 2004.
Barne- og familiedepartementet gir tilskot til tospråkleg assistanse til barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Tilskotsordninga gjeld også barn som tilhøyrer nasjonale minoritetar. Frå hausten 2004 vil tilskotsordninga bli endra for at ho skal bli meir fleksibel og målretta (sjå budsjettproposisjonen frå Barne- og familiedepartementet for nærmare omtale).
Mål for programkategori 13.21 Nasjonale minoritetar
Boks 3.2 Overordna mål og delmål
Overordna mål: | Delmål: |
---|---|
Nasjonale minoritetar skal kunne delta i samfunnslivet på lik linje med andre, og ha høve til å uttrykkje, halde ved like og utvikle sin eigen kulturelle identitet. |
|
Regjeringa vil vidareføre den politikken som går ut på å sikre eit kulturelt mangfald i Noreg. Det må arbeidast for å skape eit samfunn der alle har like høve og dei same rettane og pliktene til å delta i samfunnet og til å bruke sine eigne ressursar. Rasisme og diskriminering må aktivt motarbeidast, samtidig som personar som tilhøyrer minoritetar, skal ha rett til å utforme sin eigen identitet.
1. Vidareutvikle ein heilskapleg politikk
Tilstandsvurdering
Når politikken blir utforma, har styresmaktene i dei siste åra gradvis begynt å ta omsyn til dei spesielle behova dei nasjonale minoritetane har, til det som særpregar dei enkelte gruppene, og til skilnader innanfor dei enkelte gruppene. Eit tverrdepartementalt samordningsutval for nasjonale minoritetar blei etablert i januar 1999. Utvalet blir leidd av Kommunal- og regionaldepartementet.
I samsvar med ønske frå Kommunalkomiteen, mellom anna i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2002-2003), er departementet i samarbeid med samordningsutvalet for nasjonale minoritetar i ferd med å utvikle ein plan/ei oversikt over tiltaka overfor nasjonale minoritetar. Hovudpunkta i denne planen/oversikta følgjer av teksten under dei enkelte delmåla.
Den politikken Noreg fører overfor nasjonale minoritetar, har i sin heilskap vore granska av Europarådet, mellom anna basert på Kommunal- og regionaldepartementet si rapportering frå 2001. I den avsluttande resolusjonen frå Ministerrådet heiter det mellom anna:
Noreg har lagt meir vekt på vern av dei nasjonale minoritetane, men det er punkt som kan forbetrast innanfor både lovgiving og praksis. Veikskapar i lovgiving og praksis er nyleg retta opp, mellom anna når det gjeld etnisk diskriminering og bruk av personnamn.
Noreg har i dei siste åra betra politikken overfor kvenene. Det gjeld særleg innanfor utdanning, sjølv om det er visse problem, mellom anna lærarmangel. Stillinga til kvenene er derimot ikkje tilfredsstillande når det gjeld kringkasting og trykte medium. Det er behov for ei ytterlegare styrking av dei språklege rettane, til dømes når det gjeld stadnamn.
Politikken overfor rom og romani er til ein viss grad tilfredsstillande, men gruppene blir på enkelte felt diskriminerte. Det blir også uttrykt uro over at det ikkje er teke omsyn til tradisjonane og kulturane til desse minoritetane på ein gjennomført måte i relevante normer og forvaltningspraksis. Dette har ført til visse hindringar for desse gruppene, til dømes når det gjeld lik rett til utdanning og full deltaking i arbeidslivet.
Norske styresmakter bør vurdere å vidareutvikle samrådsstrukturane for representantar for nasjonale minoritetar - og å la strukturane omfatte også talmessig små minoritetar, som skogfinnane.
Strategiar og tiltak
Politikken overfor dei nasjonale minoritetane skal ha som siktemål å følgje opp eksisterande norsk lovgiving på området og dei internasjonale forpliktingane Noreg har. Fagdepartementa skal i sitt arbeid overfor nasjonale minoritetar følgje opp St.meld. nr. 15 (2000-2001) og vurdere merknadane frå Europarådet. Dette arbeidet blir koordinert av Kommunal- og regionaldepartementet. Elles er dialogen med gruppene eit viktig grunnlag for utviklinga av politikken.
2. Sikre ein aktiv dialog mellom dei nasjonale minoritetane og styresmaktene
Tilstandsvurdering
Dei nasjonale minoritetane har oppnådd å bli meir synlege i den offentlege debatten, og den kulturelle mobiliseringa i eigne rekkjer har auka. Støtte til organisasjonane har vore eit viktig verkemiddel i utviklinga av identitet og kultur. Det har også medverka til at organisasjonane er blitt styrkte i si rolle som samhandlingspartnarar i kontakten med styresmaktene. Det er etablert ein konstruktiv dialog mellom dei nasjonale minoritetane og styresmaktene, samtidig som begge partar har peikt på behovet for å vidareutvikle dialogen om politikken. Omsynet til ulike synspunkt i dei ulike gruppene, og også innanfor dei enkelte gruppene, er viktig i vidareutviklinga av dialogen.
Strategiar og tiltak
Regjeringa legg vekt på dialog mellom offentlege styresmakter og organisasjonane til dei nasjonale minoritetane når det gjeld utforming og prioritering av tiltak, og når det gjeld å utvikle ein heilskapleg politikk for nasjonale minoritetar. Tilskot til nasjonale minoritetar er med på å leggje forholda til rette for denne dialogen, jf. rapportering i samband med tilskotsordninga for nasjonale minoritetar, kap. 526, post 70.
I arbeidet med å betre dialogen blei det i 2003 oppretta eit kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og styresmaktene. Departementet vil også vidareføre dei bilaterale møta med dei ulike gruppene og organisasjonane. Informasjonsarbeidet overfor gruppene vil bli prioritert, ettersom dette er etterspurt frå minoritetane sjølve.
3. Sikre at nasjonale minoritetar får høve til å delta på alle samfunnsområde på lik linje med andre, og motverke etnisk diskriminering og rasisme
Tilstandsvurdering
Rapportar frå organisasjonane til dei nasjonale minoritetane og frå Senter mot etnisk diskriminering viser at diskriminering blir opplevd som eit problem for personar som høyrer til dei nasjonale minoritetane. Det gjeld både i kontakt med det offentlege og på det private området, til dømes på bustadmarknaden og på serverings- og overnattingsstader. Fleire organisasjonar har peikt på at det er eit behov for alternativ til dei erstatningsordningane som finst i dag. I denne samanhengen er det også uttrykt eit sterkt ønske om at det blir oppretta eit fond spesielt med tanke på romanifolket og dei overgrepa delar av denne gruppa har vore utsette for. Kommunalkomiteen ber i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2002-2003) regjeringa vurdere om dei gjeldande erstatningsordningane er dekkjande for det behovet samfunnet har for å rette opp moglege overgrep eller forsømingar som er gjorde. Komiteen ber vidare regjeringa greie ut om det er mogleg å innføre den svenske modellen for erstatning til tvangssteriliserte, og ber om at utgreiinga blir lagd fram for Stortinget så snart som mogleg. Ei gruppe under leiing av Kommunal- og regionaldepartementet leverte i september 2003 ein rapport om moglege erstatningsordningar for tvangssteriliserte romani. Representantar for romanifolket blei rådspurde i arbeidet. Rapporten vil bli sedd i samanheng med det arbeidet som blir gjort for å få ei samla vurdering av erstatningskrav frå ulike grupper.
Strategi og tiltak
Tiltak mot diskriminering og rasisme retta mot samar, nasjonale minoritetar og innvandringsgrupper blir av styresmaktene sedde i samanheng. Det er viktig å dokumentere diskriminering og rasisme og fjerne hindringar som gjer det vanskeleg for nasjonale minoritetar å delta på alle område i samfunnet.
Verksemda ved Senter mot etnisk diskriminering omfattar alle desse gruppene, og senteret legg vekt på kontakten med nasjonale minoritetar. For ytterlegare informasjon om senteret, sjå omtale under programkategori 13.20 Innvandring.
Tilskotsordninga under Kommunal- og regionaldepartementet kan mellom anna brukast til å dokumentere diskriminering, til holdningsskapande arbeid og til å formidle kunnskap om situasjonen til minoritetane, både forholda innanfor ein minoritet og forholdet til storsamfunnet generelt.
Med utgangspunkt i handlingsplanen mot rasisme vil Kommunal- og regionaldepartementet kome i dialog med minoritetsgruppene, Senter mot etnisk diskriminering og andre aktørar og vidareutvikle tiltak mot diskriminering. Erfaringane frå andre nordiske land skal brukast i strategien, spesielt vil dette bli gjort når det gjeld situasjonen til rom.
4. Ta vare på, vidareutvikle, dokumentere og formidle språk og kultur
Tilstandsvurdering
Med heimel i kommunelova § 3 nr. 3 vedtok regjeringa 6. juni 2003 å innføre tre likestilte namneformer for Porsanger kommune: Porsanger (norsk), Porsáŋgu (samisk) og Porsanki (kvensk/finsk). Vedtaket er gjort etter initiativ frå Porsanger kommune, og blir sett i kraft frå 1. januar 2004.
Synleggjering av kultur og historie medverkar også til at det blir spreidd kunnskap om situasjonen til minoritetane. Noverande jødiske institusjonar er det jødiske museet i Trondheim og Holocaustsenteret. Kvenkulturen blir formidla på Vadsø museum og ved Kventunet i Porsanger. Romanifolket sin kultur blir vist fram gjennom ei utstilling på Glomdalsmuseet på Elverum, medan dokumentasjon av skogfinsk kultur er å finne på Finnetunet, i samlingane på Gruetunet og på Glomdalsmuseet.
Strategiar og tiltak
Regjeringa ser på undervisning i finsk som eit viktig og sentralt tiltak. Undervisning i finsk er eit tilbod som blir gitt til elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen. I 2003 nytta 1048 elevar seg av tilbodet. Undervisnings- og forskingsdepartementet vil vurdere lærarsituasjonen, mellom anna på bakgrunn av merknaden frå Europarådet.
I oppfølginga av Europarådet sitt charter for minoritets- og regionsspråk har Europarådet bede Noreg avklare statusen for kvensk. Spørsmålet er om kvensk er å rekne som eit eige språk, eller om det framleis skal reknast som ein dialekt av finsk. For å få eit betre grunnlag for å ta ei avgjerd har Kultur- og kyrkjedepartementet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet finansiert ei utgreiing som tek for seg dette spørsmålet, og som også samanliknar kvensk med tornedalsfinsk/meän kieli. Departementa vil mellom anna på bakgrunn av rapporten om kvensk/finsk språk ta ei avgjerd om kvensk skal reknast som eit særskilt språk eller som ein finsk dialekt. Det vil i 2004 bli løyvt kr 500 000 til avisa Rujian Kaiku over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
Stortinget har bede Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet om ei vurdering av korleis staten kan medverke til å sikre vern og vidareutvikling av den skogfinske kulturarven, jf. Innst. S. nr. 145 (2000-2001) og Innst. S. nr. 46 (2000-2001). Dette blir vurdert i samband med den landsomfattande museumsreforma, jf. St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving. Det er ikkje klart korleis eit museum som sikrar den skogfinske kulturarven, skal vere organisert i forhold til denne prosessen.
I samband med det arbeidet Riksantikvaren gjer for å sikre dokumentasjon og vern av kulturminna til dei nasjonale minoritetane, vil det hausten 2003 bli halde dialogmøte med Riksantikvaren og dei ulike minoritetsgruppene.
5. Medverke til å utvide kunnskapsgrunnlaget for den politikken som blir ført overfor nasjonale minoritetar
Tilstandsvurdering
Det ligg per i dag ikkje føre noka samla offentleg utgreiing om dei nasjonale minoritetane som kunnskapsgrunnlag for utvikling av politikken overfor minoritetane. Dei tidlegare nemnde tilbakemeldingane frå Europarådet blir derfor viktige styringsinstrument. I Europarådet sine merknader til rammekonvensjonen og til språkcharteret, og i St.meld. nr. 15 (2000-2001), blir det peikt på behovet for meir systematisk forsking på fleire område, som minoritetsspråk, situasjonen til barn og unge og forholdet mellom menn og kvinner. Kommunal- og regionaldepartementet gav hausten 2003 kr 200 000 i støtte til prosjektet "Forprosjekt om romanikultur, språk og opprinnelse" i regi av Noregs forskingsråd.
Strategiar og tiltak
Kommunal- og regionaldepartementet ser samarbeidet med dei nasjonale minoritetane og med fagdepartementa som viktig i utviklinga av kunnskapsgrunnlaget. Desse tiltaka vil bli prioriterte i 2004:
leggje inn temamøte om kunnskapsutvikling i Kontaktutvalet og i Samordningsutvalet, m.a. som oppfølging av møtet med den rådgivande komiteen for rammekonvensjonen under Europarådet hausten 2003
vidareføre Noregs forskingsråd sitt prosjekt "Forprosjekt om romanikultur, språk og opprinnelse"
følgje opp forskingsprosjektet om statusen for kvensk språk
nordisk samarbeid
Kap. 526 Nasjonale minoritetar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskot til nasjonale minoritetar | 2 700 | 2 805 | 2 900 |
Sum kap. 526 | 2 700 | 2 805 | 2 900 |
Post 70 Tilskot til nasjonale minoritetar
Formålet med tilskotsordninga er å støtte frivillige organisasjonar og andre organisasjonar som har basis i ein nasjonal minoritet. Det blir gitt både grunnstøtte (organisasjonsstøtte) og prosjektstøtte over denne tilskotsposten. I 2003 er 1,6 mill. kr brukt til organisasjonsstøtte og 1,2 mill. kr til prosjektstøtte. Kommunal- og regionaldepartementet vil i løpet av 2003 starte arbeidet med å evaluere tilskotsordninga.
For å nå det overordna målet om å sikre rettane til dei nasjonale minoritetane vil regjeringa prioritere arbeidet med å leggje til rette for oppbygging og utvikling av organisasjonane til dei nasjonale minoritetane. På den måten vil gruppene bli betre i stand til sjølve å definere eigne behov og fremme eigne krav. Dette vil på lang sikt vere den beste strategien for å utvikle ein politikk overfor dei nasjonale minoritetane som oppfyller internasjonale forpliktingar og er i tråd med nasjonale mål.
Kommunal- og regionaldepartementet utarbeider kvart år eit rundskriv der målsetjingar og kriterium blir utdjupa. Departementet gjennomfører oppfølging og kontroll i samsvar med krava stilte i Økonomireglementet.
Rapport for 2002-2003
Grunnstøtte
Regjeringa har som mål å gi dei frivillige organisasjonane gode og stabile økonomiske vilkår. I arbeidet med å leggje til rette for oppbygging av organisasjonar tek Kommunal- og regionaldepartementet utgangspunkt i St.meld. nr. 27 (1996-97) Om statens forhold til frivillige organisasjoner. Der heiter det mellom anna at frivillige organisasjonar er viktige som demokratiske aktørar. Samtidig er det ein uttalt politikk å halde ved like og utvikle dialogen med organisasjonane til dei nasjonale minoritetane. Rettane til minoritetane er ein del av menneskerettane, som dannar eit grunnlag for regjeringa sin politikk. Desse rettane vil regjeringa sikre gjennom aktivt å medverke til å byggje opp dei frivillige organisasjonane til dei nasjonale minoritetane.
Tabell 3.12 Organisasjonar som fekk grunnstøtte (organisasjonsstøtte) for 2002 og 2003
(beløp i kr) | ||
---|---|---|
2002 | 2003 | |
Norske kveners forbund/Ruijan Kveeniliitto | 665 000 | 745 000 |
Romanifolkets landsforening (RLF) | 340 000 | 440 000 |
Landsorganisasjonen for romanifolket (LOR) | 200 000 | 150 000 |
Stiftelsen Roma | 75 000 | 50 000 |
Stiftelsen Romanifolket taterne | 150 000 | 150 000 |
Skogfinske interesser i Norge | 0 | 50 000 |
Sum | 1 430 000 | 1 585 000 |
Dei mosaiske trussamfunna i Oslo og Trondheim får støtte som religiøse trussamfunn over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet, kap. 310, post 70.
Prosjektstøtte
Det blei i 2003 gitt støtte til 17 prosjekt fordelte på dei fem nasjonale minoritetane. Rom fekk kr 160 000 til Oslo Internasjonale Sigøynerfestival. Jødane, ved Det Mosaiske Trossamfund, fekk kr 75 000 til utgreiing av eit jødisk museum og kr 55 000 til prosjektet "Rasisme - ei reise i tid", som har som formål å styrkje identiteten til jødisk ungdom.
Støtta til kvener gjekk for ein stor del til kulturformål, mellom anna blei det løyvt kr 200 000 som ein del av finansieringa av den første romanen skriven på kvensk. 2 I tillegg blei det løyvt kr 87 000 til Ruija forlag for utvikling av samarbeid over landegrensene.
Dronning Mauds Minne Lærerskole for førskolelærarar fekk kr 150 000 til eit forprosjekt om korleis ein skal få fram romani-kulturen i barnehagar og småskolen. Det blei også gitt to tilskot til treff for romanifolket (Romanifolkets landsforening og Landsorganisasjonen for romanifolket). Romanifolkets landsforening fekk også eit tilskot på kr 50 000 for å informere om eigen kultur.
Budsjettforslag for 2004
Kommunal- og regionaldepartementet føreslår at det blir sett av 2,9 mill. kr til post 70 Tilskot til nasjonale minoritetar for 2004.
Programkategori 13.40 Samiske formål
Samla utgifter under programkategori 13.40
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
540 | Sametinget (jf. kap. 3540) | 127 219 | 134 450 | 140 050 | 4,2 |
541 | Tilskot til samiske formål | 8 800 | 3 800 | 3 700 | -2,6 |
542 | Kompetansesenter for rettane til urfolk | 1 800 | 1 900 | 1 950 | 2,6 |
Sum kategori 13.40 | 137 819 | 140 150 | 145 700 | 4,0 |
Samla inntekter under programkategori 13.40
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3540 | Sametinget (jf. kap. 540) | 7 119 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
Sum kategori 13.40 | 7 119 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
Ansvarsfordeling og samordning i norsk samepolitikk
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for samordninga av den statlege samepolitikken i Noreg. Likevel har kvart departement, i samsvar med prinsippet om sektoransvar, ei plikt til å følgje opp samepolitikken innanfor sine sektorar.
Samordningsutvalet for samiske spørsmål utgjer eit viktig nettverk i samband med samepolitiske spørsmål på administrativt nivå. Kommunal- og regionaldepartementet har leiaransvaret og er sekretariat for utvalet.
Departementet tek sikte på å utarbeide ein rettleiar for behandling av samiske saker hausten 2003. Med utgangspunkt i det ansvaret Kommunal- og regionaldepartementet har for samordninga av samiske saker, vil rettleiaren vere eit hjelpemiddel for medarbeidarar på ulike nivå i forvaltninga i arbeidet med å identifisere og behandle saker som har med samiske forhold å gjere.
Ei heilskapleg framstilling av samepolitikken til regjeringa og løyvingar til samiske formål frå departementa blir gitt i publikasjonen "Bevilgninger til samiske formål 2004". Kommunal- og regionaldepartementet har det konstitusjonelle ansvaret når det gjeld bruk av budsjettmidlar løyvde over kap. 540 Sametinget. Når det gjeld løyvingar til Sametinget frå budsjetta for dei andre departementa, er det vedkomande fagstatsråd som har det konstitusjonelle ansvaret.
Sametinget
Sametinget har stor fridom som folkevalt organ. Det er ikkje eit underliggjande organ i forhold til regjeringa, og regjeringa er derfor ikkje ansvarleg for den politiske verksemda i Sametinget eller dei politiske vedtaka Sametinget gjer. Sametinget er forplikta til å følgje vanlege reglar når det gjeld forvaltninga, til dømes forvaltningslova og det økonomireglementet som gjeld i staten, jf. omtale under kap. 540. Rapportering til dei ulike departementa om bruk av budsjettmidlar skjer i årsmeldinga frå Sametinget.
Sametinget er tillagt mynde gjennom samelova, reindriftslova og opplæringslova. Stortinget og regjeringa har likevel det overordna ansvaret for utviklinga av samepolitikken.
Overordna mål i samepolitikken
Boks 3.3 Overordna mål og delmål
Overordna mål: | Delmål: |
---|---|
Leggje forholda til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle sitt eige språk, sin eigen kultur og sitt eige samfunnsliv |
|
1. Gi Sametinget auka mynde på fleire område
Regjeringa ønskjer å gi Sametinget større politisk innverknad i saker som er av spesiell interesse for den samiske befolkninga. Det er viktig at departementa og Sametinget har ein god dialog og gode nok rutinar når mynde og oppgåver blir overførte til Sametinget, og at det er ei felles forståing mellom partane om vilkåra for overføringane. Regjeringa arbeider også for å sikre ein god maktbalanse mellom det offentlege og sivile samiske samfunnet.
Tilstandsvurdering
Sametinget har sidan det blei etablert i 1989 fått overført ansvaret for ei rad oppgåver av særleg verdi for samisk kultur. Sametinget har forvaltningsansvaret for val til Sametinget og for oppnemning av representantar til ulike offentlege organ. Sametinget utøver mynde og har innverknad gjennom deltaking og representasjon i ei rad utval, styre og råd.
Sametinget er gitt unntak frå § 4 i løyvingsreglementet om bruttobudsjettering og får heile si løyving frå Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet over 50-postar. Sametinget er på denne måten gitt eit sjølvstendig ansvar og står fritt med omsyn til ressursdisponeringa. Regjeringa føreslår at det i 2004 blir løyv om lag 211 mill. kr frå desse departementa.
På bakgrunn av ny organisasjonsstruktur i Sametinget er § 3-12 i samelova blitt endra med verknad frå 1. januar 2003. Lovendringa inneber ei ny organisering av arbeidet for samisk språk ved at lova slår fast at det er Sametinget, ikkje Samisk språkråd, som har ansvaret for å leggje til rette for vern og vidare utvikling av samisk språk i Noreg.
Strategiar og tiltak
Det er viktig å styrkje den rolla Sametinget har som premissleverandør overfor regjeringa og som ansvarleg organ for utviklinga av det samiske samfunnet. Regjeringa vil mellom anna auke Sametinget sin innverknad når det gjeld forvaltninga av land og vatn i Finnmark, jf. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) og omtale under delmål 5. Regjeringa tek også sikte på å fremme forslag om å endre § 2-6 i samelova for å følgje opp forslag frå Sametinget om å samle føringa av samemanntalet. Sametinget vil, i samarbeid med Sentralkontoret for folkeregistrering, stå for innføringa i det sentrale folkeregisteret og syte for at kommunane får eit oppdatert og endeleg valmanntal til sametingsvalet. Overføring av mynde og ansvar til Sametinget blir vurdert jamleg.
For å sikre at Sametinget får reell innverknad og høve til å vere med og ta avgjerder, er det viktig å involvere Sametinget på eit tidleg stadium i prosessen i samband med lovarbeid og liknande. Korleis dette skal skje, vil bli nærmare utdjupa i rettleiaren for behandling av samiske saker, jf. omtale under avsnittet "Ansvarsfordeling og samordning i norsk samepolitikk".
2. Styrkje samiske næringar
Tilstandsvurdering
Tradisjonelle samiske næringar, som reindrift, fiske, duodji osv., held ved like og dannar grunnlaget for samisk kultur. Eit av trekka ved tradisjonell samisk næringsverksemd er variasjonar i ulike slags kombinasjonar av næringar.
I samisk og lokal samanheng gir reindrifta store ringverknader både økonomisk, sysselsetjingsmessig og kulturelt. Næringa står i dag overfor store utfordringar når det gjeld rovdyr, beitegrunnlag, arealinngrep og verdiskaping.
Strategiar og tiltak
Fiske er ein del av det materielle grunnlaget for samisk kultur. Regjeringa meiner derfor at dei rike fiskeressursane utgjer eit stort potensial for auka verdiskaping og sysselsetjing også i samiske område. For å styrkje det lulesamiske samfunnet har regjeringa gitt to oppdrettskonsesjonar for laks og aure lokaliserte til Musken i Tysfjord, jf. omtale under delmål 4.
Regjeringa arbeider med å redusere den byrda næringslivet har når det gjeld innrapporteringsplikter. Dette vil ha ein positiv innverknad på samisk næringsliv, som i stor grad består av enkeltmannsføretak og små bedrifter. Det er behov for å utvikle tiltak som fører til auka verdiskaping og gir eit meir variert næringsliv i samiske område. Rentenedgangen i den siste tida har gitt lågare kapitalkostnader. Dette er spesielt viktig for samisk næringsliv, som tradisjonelt har hatt lite eigenkapital. Regjeringa vil stimulere kapitaltilgangen for næringslivet i Indre Finnmark, mellom anna ved å støtte opp om arbeidet til Indre Finnmark investeringsselskap.
Den regionalpolitikken regjeringa fører for å sikre busetnaden og verdiskapinga i alle delar av landet, vil kome samiske næringar til gode. For å styrkje det regionale nivået vil regjeringa gjere det lettare å utvikle fylkeskommunen som regional utviklingsaktør, jf. kap 551 Regional utvikling og nyskaping. Det er ønskjeleg at fylkeskommunane involverer Sametinget og samiske næringsorganisasjonar i det regionale partnarskapet som omfattar fylke med samisk busetnad. For ein nærmare gjennomgang av regionalpolitikken, sjå programkategori 13.50.
Ein nødvendig føresetnad for utvikling av samisk kultur og språk er at det finst næringar som er berekraftige og tilpassingsdyktige. Regjeringa vil sikre det samiske næringslivet gjennom den generelle næringspolitikken, slik at ein kan planleggje etter gode og nøytrale rammevilkår. Samtidig er det ein føresetnad at Sametinget sjølv finn ut korleis dei verkemidla tinget rår over, skal nyttast.
Regjeringa har gjennomgått verkemiddelapparatet for næringslivet for å oppnå best mogleg utnytting og samordning av verkemidla. Det vil bli lagt opp til ei spissing av dei selektive verkemidla overfor næringslivet mot innovasjon og nyskaping, jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003). Dette vil få positive ringverknader også for næringslivet i samiske område.
Stabile rammevilkår for reindriftsnæringa er ein nødvendig føresetnad for å kunne skape tryggleik og gode vilkår for planlegging i næringa. Regjeringa har gått igjennom skatte- og avgiftsregimet for reindriftsnæringa med sikte på auka verdiskaping, og har innført eit skattefrådrag som er retta inn mot alle reindriftsutøvarar med inntekt frå reindrifta. Skatte- og avgiftslette, framfor subsidiar, vil vidare vere eit viktig bidrag til ein framtidig, heilskapleg reindriftspolitikk, der verdiskaping og lønnsemd står sentralt, jf. St.prp. nr. 63 (2002-2003).
3. Stimulere til aktiv bruk av samisk språk og synleggjering av samisk kultur
Tilstandsvurdering
Samisk og norsk er likeverdige språk, jf. samelova kap. 3. Innanfor forvaltningsområdet for samisk språk (kommunane Kåfjord, Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Porsanger og Tana) er samisk og norsk likestilte språk. Tysfjord kommune har søkt om å bli innlemma i det samiske forvaltningsområdet. Sametinget behandla saka i 2002 og har gitt si tilslutning til at kommunen kan kome inn under forvaltningsområdet. Regjeringa vil følgje opp vedtaket i 2003/2004.
Frå 1. januar 2004 har Finnmark fylke tospråkleg (norsk og samisk) fylkesnamn, jf. Ot.prp. nr. 111 (2001-2002). Frå same tidspunkt har Porsanger kommune trespråkleg kommunenamn (norsk, samisk og kvensk/finsk).
Sametinget forvaltar tilskot til samisk tolketeneste og tospråkleg forvaltning. Tilskotet skal dekkje dei utgiftene kommunane og fylkeskommunane har som følgje av tospråklegheit. I 2002 og 2003 styrkte regjeringa dette tilskotet med til saman 15,2 mill. kr. I 2004 vil Sametinget bli tildelt 7 mill. kr over kap. 571, post 64 Skjønnstilskot til tospråklegheitsarbeid i kommunar og fylkeskommunar. Med denne auken vil Sametinget forvalte om lag 42 mill. kr til språktiltak, jf. omtale under kap. 540, post 50.
Det er viktig at samisk språk blir nytta i offentleg samanheng. Kommunal- og regionaldepartementet opna dei samiskspråklege internettsidene på ODIN 6. februar 2003 - på samefolkets dag. ODIN på samisk skal vere den fremste kanalen for samiskspråkleg informasjon frå regjeringa og departementa. Sjå www.dep.no/krd/samisk.
Europarådet har peikt på at Noreg har eit særleg ansvar også for dei mindre samiske dialektane, som lulesamisk og sørsamisk. Regjeringa vil følgje opp dette. For å styrkje vernet om desse språka er det mellom anna utvikla IT-basert fjernundervisning i samisk språk for sørsamiske elevar. Kommunal- og regionaldepartementet gav i 2003 eit tilskot på kr 200 000 til eit lulesamisk avistilbod, NordSalten avis, jf. kap. 541, post 72.
Eit svært viktig tiltak for å sikre samisk språk er at språket kan brukast i datasamanheng. Regjeringa bestemte derfor i juni 2003 at statlege etatar skal vurdere eigne behov for støtte for samisk språk. Etatane bør leggje til rette for samisk språk etter kvart som programvarer/plattformer blir oppgraderte. For å gjere det enklare for offentlege verksemder å ta i bruk samisk, etablerte Kommunal- og regionaldepartementet hausten 2003 ein kompetansebase og ein eigen nettstad for samisk språk og IT - SamIT (Kompetanse i samisk språk og IT). Norsk Teknologisenter driv kompetansebasen på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Noreg har saman med Sverige og Finland støtta eit felles opplegg for datastandardisering av samisk språk. Ei arbeidsgruppe som er etablert under Nordisk embetsmannsorgan for samiske spørsmål, skal samordne desse problemstillingane på nordisk nivå.
Strategiar og tiltak
Fagdepartementa har ansvaret for å ta vare på samiske språk innanfor sine sektorar, i samarbeid med Sametinget. Kultur- og kyrkjedepartementet har eit generelt og overordna forvaltningsansvar for samiske språk gjennom forvaltninga av språkreglane i samelova. Kultur- og kyrkjedepartementet har også ansvaret for stadnamnlova og vil arbeide for å synleggjere samisk kultur og historie og samiske stadnamn.
Regjeringa ønskjer meir aktiv bruk av samisk, og vil leggje til rette for auka bruk av samisk i offentleg samanheng. Som døme på dette er samisk frå 2002 forhandlingsspråk ved reindriftsforhandlingane. Grunnleggjande statleg informasjon skal produserast også på samisk, og denne informasjonen skal vere allment tilgjengeleg. Regjeringa forventar at offentlege verksemder legg til rette for skriftleg kommunikasjon på samisk, at offentlege skjema ligg føre på samisk, og at samiske namn, stadnamn, adresser osv. blir registrerte korrekt. Dette har kvar enkelt etat ansvaret for.
Regjeringa vil i åra framover ha samisk språk og IT som eit av dei viktigaste satsingsfelta. Dette inneber mellom anna eit vidare samarbeid med Sametinget om oppfølginga av Sametingets eSápmi-plan og andre IT-spørsmål, vidare utvikling og drift av SamIT (kompetansebasen for samisk og IT), samarbeid på nordisk nivå og eventuell økonomisk støtte til prosjekt som kan medverke til at samisk språk blir eit levande språk også i IT-verda, jf. kap. 541, post 72.
4. Auke omfanget av samisk forsking og kunnskapsutvikling
Tilstandsvurdering
Forskinga skjer særleg ved Universitetet i Tromsø, Samisk høgskole og Nordisk samisk institutt. I dei seinare åra er den samiske forskinga blitt meir internasjonalt orientert. Også forskingsinstitusjonar i andre nordiske land utfører samisk forsking.
Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2001 løyvt midlar til Noregs forskingsråd sitt program for samisk forsking (2001-2005). Hovudmålet for programmet er å rekruttere forskarar og stimulere til forsking som kan gi ny forståing og nye perspektiv, medverke til å utvikle samisk som vitskapsspråk og stimulere til tverrfagleg og fleirinstitusjonelt samarbeid innanfor samisk forsking på nasjonalt, nordisk og internasjonalt nivå. Løyvinga frå Kommunal- og regionaldepartementet var i 2003 på 1,5 mill. kr. I prinsippet er Forskingsrådet også pliktig til å vurdere om samiske problemstillingar er relevante å forske på innanfor andre forskingsprogram.
Som ei følgje av sektorprinsippet har fleire departement og underliggjande etatar i gang FoU-arbeid om samiske forhold. Kommunal- og regionaldepartementet har løyvt midlar til Universitetet i Tromsø til ein levekårsstudie i Noreg. Studien er ein del av ei større levekårsundersøking blant urfolk i 11 arktiske regionar. Departementet har også gitt midlar til Nordlandsforsking for å få evaluert prosessar i samband med tildelinga av to oppdrettskonsesjonar for laks og aure lokaliserte til Musken i Tysfjord. Formålet med oppdrettskonsesjonane er å styrkje det lulesamiske samfunnet. Sametinget er tildelt midlar for å føre vidare prosjektet Samisk statistikk. Målsetjinga med prosjektet er å skaffe fram oppdatert og ny kunnskap om samiske forhold ved å leggje til rette for ei tenleg organisering av kvantitative data.
Forskingsprosjekta er finansierte over kap. 500, post 21 Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag og post 50 Forskingsprogram under Noregs forskingsråd i budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet.
Strategiar og tiltak
Samisk forsking skal få fram kunnskap og kompetanse som kan styrkje, ta vare på og utvikle det samiske samfunnet. Det er nødvendig at det heile tida skjer kvalitativt god og kritisk forsking med relevans for samiske samfunnsforhold, og at forskinga får fram eit kunnskapsgrunnlag for utvikling og utforming av den samepolitikken styresmaktene fører. Det er viktig å leggje til rette for etablering av ein samisk forskingsinfrastruktur og ei tenleg organisering av primær- og grunnlagsdata om samiske forhold, slik at data kan gjerast tilgjengelege både for generell samfunnsplanlegging og for forskingsformål.
Samisk forsking må bringe fram tradisjonell samisk forståing og terminologi om natur og økologi i samiske område, og kunnskap om bruksformer, sedvanar og andre kulturelle forhold. Slik kunnskap kan vere avgjerande føresetnader for å kunne ta vare på og utvikle språket, kulturen og næringstilpassingane. Forskinga bør også rettast inn mot ulike tema som gjeld forholdet mellom storsamfunnet og det samiske samfunnet, medverke til utvikling og bruk av det samiske språket, også i IT-samanheng, ta vare på kjønnsperspektivet og få fram kunnskap om situasjonen til samiske kvinner i samfunnet. For fleire tiltak som gjeld samisk forsking og utdanning, sjå St.meld. nr. 34 (2001-2002) frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
I det nordiske samarbeidet om samiske saker vil regjeringa ta initiativ til å førebu drøftingar om eit nærmare nordisk samarbeid om samisk forsking.
5. Sikre naturgrunnlaget for samiske næringar og samisk kultur
Tilstandsvurdering
Striden om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget avdekte at staten hadde eit behov for å avklare forholdet til samisk kultur og til samane si rettsstilling i Noreg. Som eit resultat av dette blei Samerettsutvalet oppnemnt i 1980.
Mandatet til utvalet var å greie ut, vurdere og eventuelt føreslå endringar i alle forhold som kunne ha innverknad på den rettslege og politiske stillinga til samane. Dette omfatta både spørsmål om rettar knytte til naturressursane og spørsmål om ein eigen paragraf i Grunnlova og etablering av eit eige representativt organ for samane.
Den første delinnstillinga frå Samerettsutvalet i 1984 førte til at Stortinget vedtok samelova og oppretta Sametinget. Det blei også teke inn ein § 110a i Grunnlova, som slo fast at "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv." I 1997 la Samerettsutvalet fram si andre delinnstilling, som omhandla naturgrunnlaget for samisk kultur, med særleg vekt på tilhøva i Finnmark.
Samerettsutvalet blei oppnemnt på nytt i juni 2001 for å vurdere bruk og forvaltning av grunn og naturgode i samiske bruksområde utanfor Finnmark fylke.
Strategiar og tiltak
Med utgangspunkt i den andre delinnstillinga frå Samerettsutvalet la regjeringa i april 2003 fram sitt forslag til "Lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark" (Finnmarkslova), jf. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003). Regjeringa har føreslått at det blir oppretta eit nytt og sjølvstendig organ (Finnmarkseigedommen) som får overført eigarråderetten over størsteparten av arealet i Finnmark fylke. Det blir også føreslått at eit styre skal leie Finnmarkseigedommen. Til dette styret skal Finnmark fylkesting og Sametinget oppnemne tre medlemmer kvar, medan staten skal oppnemne éin medlem som ikkje har stemmerett, og som i første rekkje skal vere eit bindeledd mellom Finnmarkseigedommen og sentrale styresmakter.
Sametinget får innverknad på arealforvaltninga ved at det får mynde til å gi retningslinjer for korleis ein skal vurdere verknaden for samisk kultur, reindrift, næringsutøving og samfunnsliv ved endra bruk av utmark. Alle offentlege styresmakter som behandlar saker om endra bruk av utmark i Finnmark, skal leggje desse retningslinjene til grunn.
I saker om endra bruk av utmark skal Finnmarkseigedommen vurdere kva verknader endringa vil få for samisk kultur, reindrift, næringsutøving og samfunnsliv. Ved vurderinga skal ein leggje retningslinjer trekte opp av Sametinget til grunn. I slike saker gjeld det også særskilde saksbehandlingsreglar som skal sikre at ein tek omsyn til dei samiske interessene. Lovforslaget er no til behandling i Stortinget.
For at det skal vere råd å sikre naturgrunnlaget for samisk kultur og samiske næringar på ein effektiv måte, er det viktig at det samiske perspektivet også kjem inn i dei generelle lovene som gjeld arealbruk.
I samband med forslaget til ny Finnmarkslov har regjeringa føreslått å endre den nogjeldande bergverkslova og innføre særskilde reglar for Finnmark for å sikre samiske interesser i samband med mineralaktivitet. Noreg har særskilde plikter overfor samane i mineralsaker etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, artikkel 15.
Bergverkslova byggjer i utgangspunktet på bergfridomsprinsippet om at alle har rett til å skjerpe (leite etter), mute (undersøkje nærmare) og få utmål på førekomstar av mutbare mineral på eigen grunn eller på grunn ått av andre, jf. bergverkslova § 2. Regjeringa sitt forslag til endringar inneber ei innskrenking av dette prinsippet ved at det blir gitt særskilde saksbehandlingsreglar for bergverkssaker i Finnmark. I tillegg til nye saksbehandlingsreglar blir det også føreslått at styresmaktene kan avslå søknader om mineralløyve på grunn av allmenne omsyn, og at samiske interesser skal bli tillagde vesentleg vekt i ei slik vurdering. Desse reglane vil bli ein del av den nye minerallova på eit seinare tidspunkt.
Ikkje-mutbare mineral er grunneigaren sin eigedom, og vil til kvar tid vere ått av grunneigaren. Etter forslaget til Finnmarkslov tyder dette at det i Finnmark er Finnmarkseigedommen som får rettane til eventuelle funn av ikkje-mutbare mineral på all grunn som Finnmarkseigedommen har eigedomsretten til.
Planlovutvalet leverte 13. mai 2003 si andre delutgreiing med forslag til revisjon av reglane i plan- og bygningslova. I denne utgreiinga er det mellom anna føreslått å ta inn "sikring av naturgrunnlaget for samisk kultur" i formålsparagrafen i lova. Det er også føreslått at Sametinget ved behandlinga av planar etter lova skal ha dei same rettane og pliktene som statlege organ. Forslaga frå Planlovutvalet er no ute på ei brei høyring.
6. Motverke negative holdningar, diskriminering og rasisme overfor samar
Tilstandsvurdering
Sjølv om fornorskingspolitikken i forhold til samane no er eit tilbakelagt stadium og målsetjinga er at norsk og samisk kultur skal vere likeverdige, er det ein del negative holdningar til samisk kultur som heng att frå fortida. Mange samar opplever framleis negative holdningar og intoleranse knytt til eigen identitet.
På oppdrag frå Sametinget, Statskonsult og Kommunal- og regionaldepartementet har Agenda gjennomført ei undersøking om holdningar til samiske spørsmål blant samar. Bakgrunnen for undersøkinga er at Statskonsult saman med Sametinget skal utarbeide ein langsiktig informasjonsstrategi for å auke registreringa i samemanntalet. Rapporten blei lagd fram i juli 2002. Ein konklusjon er at negative holdningar er til hinder for at samar registrerer seg i samemanntalet. Svært mange i undersøkinga opplyser at det å registrere seg i manntalet er nært knytt til utviklinga av ein samisk identitet og samisk tilhøyrsle. Fleire av dei som ikkje registrerer seg, oppgir fornorsking og ei kjensle av å vere mindreverdige som årsak. Undersøkinga dokumenterer at verknadene av fornorskingspolitikken framleis hindrar samar i å ta i bruk dei politiske rettane dei har.
Strategi og tiltak
Negative holdningar til det samiske kan dels kome av mangel på informasjon om samar og det samiske. Det er derfor ei stor utfordring å auke kunnskapen om samiske forhold, både i forvaltninga, i befolkninga generelt, og ikkje minst i utdanningssystemet.
Det har stor verdi at samiske barn og ungdommar blir sikra eit trygt identitetsgrunnlag, slik at den samiske kulturen og det samiske samfunnet kan utvikle seg vidare. Satsing på barn og ungdom vil vere eit prioritert område for regjeringa. Gjennom eit prosjekt med samiske vegvisarar vil regjeringa gi samisk ungdom i oppgåve å informere om samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Sametinget i perioden 2003-2005 setje i verk ein holdnings- og informasjonskampanje om samar og samiske forhold.
Regjeringa ønskjer å kartleggje eksisterande kunnskap og forsking om årsaker til negative holdningar til samar og det samiske, og om korleis slike holdningar kan motverkast. I den grad det er behov for det, ønskjer regjeringa å setje i gang vidare FoU-verksemd på området, jf. handlingsplanen mot rasisme og diskriminering som blei lagd fram i juli 2002.
Kompetansesenteret for rettane til urfolk i Kautokeino blei etablert hausten 2002 og offisielt opna 1. september 2003. Sentrale oppgåver for senteret er dokumentasjon, kunnskapsformidling og informasjon om rettane til samar og andre urfolk, jf. kap. 542, post 1.
Regjeringa vil halde fram med å gi ut eit eige informasjonsbrev om samepolitikken.
7. Styrkje nordisk og internasjonalt samarbeid om og mellom urfolk
Tilstandsvurdering
Det blei i 2000 etablert eit fast samarbeid mellom ministrar som er ansvarlege for samiske saker, og sametingspresidentane i Finland, Sverige og Noreg for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Samarbeidet har uformell, men nær tilknyting til Nordisk Ministerråd. Førebuing og oppfølging av saker er det Nordisk embetsmannsorgan for samiske spørsmål som tek seg av. Dette organet har også representasjon frå sametinga. Ansvaret for innkalling og leiing av møta går på omgang mellom dei tre landa. Noreg har ansvaret for sekretariatsfunksjonen i 2003. Sekretariatsfunksjonen blei overteken frå Finland, som overtok han frå Sverige i 2002. Kommunal- og regionaldepartementet er ansvarleg departementet i Noreg.
Sametinga i Finland, Sverige og Noreg har oppretta eit felles samarbeidsorgan, Samisk parlamentarisk råd. Rådet er eit institusjonalisert samarbeid mellom sametinga i saker som gjeld samar i fleire statar eller samane som eitt folk. Rådet er eit sentralt organ i det nye nordiske samarbeidet om samiske spørsmål, og sametinga tek sikte på at rådet skal spele ei aktiv rolle i det internasjonale arbeidet, mellom anna i arbeidet med FN-fråsegna om rettane til urfolk, i arbeidet med urfolksspørsmål i Barentssamarbeidet og i arbeidet overfor Arktisk råd. Sekretariatsfunksjonen følgjer det sametinget som har presidentvervet.
Strategiar og tiltak
Regjeringa føreslår å overføre kr 300 000 til Sametinget for å styrkje Sametinget sitt arbeid med Samisk parlamentarisk råd, jf. omtale under post 70 Tilskot til samiske formål.
Med utgangspunkt i rapporten "Behov og grunnlag for en nordisk samekonvensjon", vedtok ministrane og sametingspresidentane i november 2001 å opprette ei ekspertgruppe for å utarbeide utkast til ein nordisk samekonvensjon. Ekspertgruppa begynte arbeidet sitt i januar 2003 og består av to medlemmer frå kvart av landa, den eine av dei utpeikt av dei respektive sametinga. Siktemålet er at gruppa skal utarbeide eit utkast til samekonvensjon. Samisk parlamentarisk råd vil vere eit viktig organ i det nye nordiske samarbeidet framover, og vil også ha verdi i ein internasjonal samanheng. Det er derfor viktig at rådet har gode samarbeidsvilkår og får høve til å utvikle seg.
Noreg deltek aktivt i forhandlingane om ei FN-fråsegn om rettane til urfolk. Sametinget er representert i den norske forhandlingsdelegasjonen. Regjeringa freistar å medverke til at forhandlingane kan bli sluttførte innan utgangen av Det internasjonale urfolkstiåret (2004). Målsetjinga er at fråsegna skal medverke til å styrkje rettane til urfolk rundt om i verda. Regjeringa vil også støtte opp om det arbeidet som blir gjort av det permanente forumet for urfolk i FN.
Regjeringa vil i samsvar med St.meld. nr. 33 (2001-2002) og St.meld. nr. 34 (2001-2002) framheve områda forsking, språk, næringssamarbeid og IT-løysingar som viktige nordiske og internasjonale samarbeidsområde.
Budsjettforslag frå andre departement
Utdannings- og forskingsdepartementet har ansvaret for løyvingane til samisk høgskole og til samiske vidaregåande skolar, midlar til å dekkje dei utgiftene kommunane har i samband med bruken av to språk i grunnskolen, og midlar til særskilde utviklingstiltak i det samiske utdanningsområdet. Departementet føreslår ei rad tiltak for å styrkje samisk utdanning og forsking, jf. St.meld. nr. 34 (2001-2002). I samsvar med Stortinget si behandling av Innst. S. nr. 12 (2002-2003) vil Utdannings- og forskingsdepartementet følgje opp tiltak i meldinga i statsbudsjettet for 2004.
Helsedepartementet har i 2003 sett av 10,7 mill. kr til forsøks- og utviklingsarbeid med utgangspunkt i NOU 1995:6 "Plan for helse- og sosialtjenester til den samiske befolkning i Norge" og handlingsplanen "Mangfold og likeverd". Av desse midlane er 5,1 mill. kr overført til Sametinget. Dette beløpet går i hovudsak til forvaltning av prosjektmidlar og til finansiering av to saksbehandlarstillingar i Sametinget. Resten av midlane blir forvalta av Sosial- og helsedirektoratet, som også har ansvaret for å setje i verk tiltaka i planen. Departementet legg opp til ei vidareføring av gjennomføringa av handlingsplanen "Mangfold og likeverd" i 2004.
Barne- og familiedepartementet vil tildele midlar til Sametinget som Sametinget kan bruke til tilskot til samiske barnehagar og til informasjons-, rettleiings- og utviklingsarbeid. Særskilt tilskot til samiske barnehagar blei overført til Sametinget frå 1.1.2001. Regjeringa føreslår for 2004 å auke kap. 856, post 50 med 2 mill. kr til 10,7 mill. kr.
Over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementeter løyvinga til samiske kulturtiltak samla på éin post, og midlane blir overførte til Sametinget. Budsjettforslaget er på 31,7 mill. kr. Til vidare prosjektering av nytt austsamisk museum i Neiden (samisk tusenårsstad) er det føreslått 1,3 mill. kr. Prosjektet har ei kostnadsramme på 30 mill. kr, og museet skal etter planen stå ferdig i 2006. Løyvinga som går til Den norske kyrkja, skal også brukast til samisk kyrkjeliv. Driftsløyvinga som blir tildelt Kyrkjerådet, skal mellom anna finansiere verksemda til Samisk kyrkjeråd. Gjennom løyvinga til prestetenesta i kyrkja skal også det samiske folket sikrast kyrkjelege tenester. Det blir også ytt tilskot til Det Norske Bibelselskap for omsetjing av Det gamle testamentet til nordsamisk. Støtta til samiske aviser er for 2004 auka til 11,6 mill. kr.
Miljøverndepartementet vidarefører ordninga med tilskot til Sametinget sitt arbeid med samisk kulturminnevern, kap. 1429, post 50 Tilskot til samisk kulturminnevernarbeid. Midlane skal i hovudsak nyttast til vedlikehalds- og restaureringsarbeid. Det blir føreslått å setje av 2 mill. kr til formålet i 2004. Den treårige prøveordninga der Sametinget får mynde etter kulturminnelova, blir evaluert i 2003.
Under Landbruksdepartementet sitt ansvarsområde har reindriftsavtalen 2003-2004 ei ordinær ramme på 95 mill. kr, eksklusive midlar til tiltak mot radioaktivitet og verdien av skattefrådrag i reindrifta. Dette svarer til ein reduksjon på 5,9 mill. kr i forhold til noverande avtale. Frå reindriftsavtalen og jordbruksavtalen blir det overført totalt 4 mill. kr til samiske utviklingsfond. Over budsjettet til reindriftsforvaltninga er det sett av 35,7 mill. kr til driftsutgifter i forvaltninga. Reindriftsforvaltninga er tildelt ansvaret for koordinering og tilrettelegging for etablering av eit ressurssenter for reindrift. Det er sett av 2 mill. kr til etablering og drift av senteret i 2004.Vidare føreslår departementet ei løyving på 3,2 mill. kr til vedlikehald av konvensjonsgjerda og ei løyving på kr 659 000 til drift av fjellstovene i 2004. Det blir også føreslått å setje av 13,2 mill. kr til omstillingstiltak i Indre Finnmark. Dette svarer til ein auke på om lag 11 mill. kr. For å leggje til rette for ei frivillig avvikling og ein reduksjon i talet på rein i Vest-Finnmark reinbeiteområde blir dei eksisterande verkemidla gjennom reindriftsavtalen supplerte ved at det blir etablert ei bonusordning i samband med slakting av rein.
Utanriksdepartementet gir over kap. 116, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mellom anna støtte til "Urfolks deltakelse i Arktisk råd mv.". Løyvinga kan brukast til å dekkje deltaking for Samerådet og utanlandske urfolksorganisasjonar i samband med møta i Arktisk råd. Løyvinga har i perioden 2001-2003 vore på kr 400 000 per år. Det blir føreslått å halde dette nivået ved lag også for 2004. Over kap. 163, post 71 Humanitær bistand og menneskerettar tildelte departementet i 2002 og 2003 høvesvis kr 988 000 og 1,2 mill. kr til Kompetansesenteret for rettane til urfolk. Løyvinga på 1,2 mill. kr blir føreslått halden ved lag i 2004.
Justisdepartementet vil i 2004 vidareføre løyvinga til Rettshjelpskontoret for Indre Finnmark over kap. 470, post 72 Tilskot til spesielle rettshjelptiltak. Tilskotet for 2003 er på ca. 1,2 mill. kr. Departementet vil på same måten som i dei tidlegare åra setje av særskilde midlar til politidistrikt som har kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk. Midlane skal dekkje utgifter til det generelle meirarbeidet som bruk av to språk fører med seg for politiet, og utgifter til tiltak for å byggje opp kompetansen. Forskingsprosjektet "Samiske sedvaner og rettsoppfatninger" blei starta i 1997. Prosjektet er delt i to fasar. Resultatet av fase I av prosjektet, som er geografisk avgrensa til Finnmark fylke, er publisert som NOU 2001:34. Samerettsutvalet leier fase II av forskingsprosjektet "Samiske sedvaner og rettsoppfatninger" i området sør for Finnmark.
Nærings- og handelsdepartementet tek sikte på ei vidareføring av satsinga på samisk IT/ eSápmi, som går inn under kap. 914 Spesielle IT-tiltak, post 22 Samordning av IT-politikken. Departementet løyvde kr 240 000 til dette formålet i 2003.
Kap. 540 Sametinget (jf. kap. 3540 Sametinget)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Sametinget | 120 100 | 129 800 | 135 400 |
54 | Avkastning av Samefolkets fond | 7 119 | 4 650 | 4 650 |
Sum kap. 540 | 127 219 | 134 450 | 140 050 |
Rapportering frå Sametinget til regjeringa og Stortinget
Samelova § 1-3 slår fast at Sametinget si årsmelding skal sendast til kongen. Regjeringa legg fram ei årleg stortingsmelding om verksemda i Sametinget for Stortinget. Her blir det også gjort greie for samepolitikken. Denne meldinga er eit godt grunnlag for dialogen mellom Stortinget, Sametinget og regjeringa. Sametinget vedtok årsmeldinga si for 2002 i mai 2003. Stortingsmeldinga om verksemda i Sametinget i 2002 blir lagd fram i oktober 2003.
Som følgje av at Riksrevisjonen i 2001 gjekk igjennom forvaltninga av tilskotsordningane i Sametinget, etablerte Sametinget og Kommunal- og regionaldepartementet i 2003 ei arbeidsgruppe som fekk som mandat å lage retningslinjer for korleis Sametinget skal forvalte tilskotsmidlar løyvde av Stortinget. Hovudsiktemålet med arbeidet er å lage retningslinjer for tilskotsordningane som er i tråd med forslag til nye tilskotsreglar, slik dei er framstilte i utkast til nytt reglement for økonomistyring i staten, utarbeidd av Finansdepartementet. Arbeidet med å lage retningslinjer for tilskotsordningane i Sametinget er venta ferdig innan oktober 2003. Forslag til retningslinjer for tilskotsordningar vil bli behandla av Sametinget i plenum i november 2003, og skal mellom anna innehalde tildelingskriterium og reglar for oppfølging og kontroll. Riksrevisjonen vil få tilsendt alle nye retningslinjer når dei er vedtekne av Sametinget i plenum. Retningslinjene vil ta til å gjelde frå og med 1.1.2004.
Sametinget i plenum tildeler midlar frå ein del postar direkte til tilskotsmottakarar. Utover at midlane skal fordelast i tråd med formålet med budsjettposten, ønskjer Kommunal- og regionaldepartementet ikkje å påleggje Sametinget i plenum å følgje bestemte regler for sjølve tildelinga, til dømes reglar for kven som skal få midlar, og kor mykje dei skal få. Sametinget er eit folkevalt organ, og Sametinget i plenum står fritt til sjølv å tildele midlar ut frå eigne prioriteringar. Når det gjeld oppfølginga og forvaltninga av midlane fordelte av Sametinget i plenum, blir det gjennomført av administrasjonen i Sametinget. Rutinane for utbetaling, oppfølging og kontroll skal baserast på dei reglane som gjeld for tilskotsforvaltninga i staten. Departementet skal sjå til at Sametinget etablerer tenlege rutinar, i tråd med gjeldande regelverk. Tilskotsstyret i Sametinget og den dei har delegert tildelinga til, tildeler resten av midlane. I desse tilfella skal Sametinget utarbeide retningslinjer for tildeling i tråd med dei krava som gjeld for tilskotsforvaltning i staten.
Post 50 Sametinget
Rapport for 2002-2003
Driftsutgifter
Sidan etableringa i 1989 har talet på årsverk i Sametinget auka frå 13 årsverk til 100,4 årsverk per 1. mars 2003. Dette kjem som ei naturleg følgje av at Sametinget i dei siste åra har fått overført forvaltningsansvar for ei rad oppgåver og tilskotsordningar frå departementa, samtidig som tinget sjølv også har teke initiativ til å følgje opp saker som det oppfattar vedrører den samiske folkegruppa.
Sametinget forvalta om lag 211 mill. kr i 2003. Samla utgjorde utgiftene til drift av politisk og administrativ verksemd i Sametinget 77 mill. kr i 2002.
Likestilling
Sametinget har ei skeiv kjønnssamansetjing, og utviklinga viser ein negativ trend, med stadig færre kvinnelege representantar i Sametinget. Medan det etter valet i 1997 var 26 pst. kvinnelege representantar i Sametinget, er det for inneverande periode (2001-2005) berre 18 pst. Både Sametinget og dei sentrale styresmaktene innser at manglande kvinnerepresentasjon i Sametinget er problematisk i forhold til målsetjinga om at eit folkevalt organ bør reflektere samansetjinga av heile befolkninga.
Sametinget vedtok i september 2002 å gå inn for ei ordning med utjamningsmandat. Ein gjorde framlegg om å innføre fire utjamningsmandat reserverte for det underrepresenterte kjønnet, slik at det totalt blir 43 representantar i Sametinget. Stortinget har i Innst. S. nr. 110 (2002-2003) merka seg vedtaket i Sametinget, og har bede regjeringa vurdere om det vil vere mogleg å innføre ei slik ordning. Regjeringa er kjend med at Sametinget har vedteke å setje ned eit ekspertutval som skal vurdere alle sider av valordninga. Regjeringa meiner at det er nødvendig å vurdere ulike element i valordninga samla, og at det vil vere rett å vente med ei vurdering av om det skal innførast utjamningsmandat i Sametinget til utgreiinga frå ekspertutvalet blir lagd fram, og til Sametinget har kome med sine forslag.
Sametinget ser behovet for å føre vidare forsking om kjønn i det samiske samfunnet og i denne samanhengen vurdere både valreglane og Sametinget som politisk arena i eit likestillings- og kjønnsperspektiv.
Likestilling og oppfølging av kvinnepolitiske spørsmål står sentralt innanfor alle politikkområda til Sametinget, og er nedfelt i Sametingets plandokument. Sametinget tek sikte på at årsmeldinga for 2003 skal gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling, jf. likestillingslova § 1a.
Næringsformål
Eit av dei overordna måla for Sametinget når det gjeld næringsutvikling, er å skape sterke og levande samfunn med stabil busetnad og allsidig nærings-, kultur- og samfunnsliv. For Sametinget er det avgjerande at det blir utvikla forvaltningsmodellar der lokalbefolkninga kan dra nytte av dei fordelane dei har. Sametinget ønskjer at bruken av verkemidla skal medverke til at både kvinner og menn finn det attraktivt å bu og leve i dei samiske lokalsamfunna, samtidig som dei skal gjere det mogleg å drive næringskombinasjonar, småskaladrift og eineyrketilpassingar. Sametinget vil halde fram samarbeidet med andre finansieringsaktørar for å få til ei sterk og brei samordning av den regionale næringsutviklinga.
Samisk utviklingsfond
Samisk utviklingsfond har vore og er ein av dei mest sentrale aktørane i det samiske samfunnet på verkemiddelsida. Sametinget ser det som nødvendig å prioritere tildeling av næringsstøtte til kvinnelege etablerarar og næringsutøvarar. I primærnæringane er det få kvinner som står som eigar av verksemder, og det er færre kvinner enn menn som etablerer ny verksemd. Det trengst derfor eigne tiltak retta mot kvinner, både i primærnæringane og i næringslivet elles. I 2002 gav Sametinget tilsegner om næringsstøtte til kvinner på til saman 2,2 mill. kr, noko som utgjer 31 pst. av tilsegnsbeløpet gitt til enkeltpersonar. I 2001 blei 42 pst. av tilsegnsbeløpet gitt til kvinner.
Tabell 3.13 Tildeling frå Samisk utviklingsfond etter næring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
2001 | Pst. | 2002 | Pst. | |
Fiskeri | 3 750 | 20,1 | 3 640 | 20,1 |
Jordbruk | 3 250 | 17,4 | 3 140 | 17,3 |
Duodji - utviklingstiltak/investeringar | 2 380 | 12,7 | 2 270 | 12,5 |
Næringskombinasjonar | 4 750 | 25,4 | 4 640 | 25,6 |
Anna næringsliv | 4 550 | 24,4 | 4 440 | 24,5 |
Sum | 18 680 | 100 | 18 130 | 100 |
Tabell 3.14 Tilskot frå Samisk utviklingsfond fordelt etter kjønn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
2001 | Pst. | 2002 | Pst. | |
Kvinner | 3 824 | 42 | 2 234 | 31 |
Menn | 5 197 | 58 | 5 082 | 69 |
Sum | 9 021 | 100 | 7 316 | 100 |
Sametinget har eit særskilt ansvar for utviklinga av duodji (samisk kunsthandverk og husflid), og understrekar det store utviklingspotensialet duodji har som fag, kultur og næring. For å stimulere til næringsetablering har Sametinget utarbeidd eit femårig utviklingsprogram for duodji. Utviklingsprogrammet skal dokumentere den effekten næringa har når det gjeld verdiskaping og sysselsetjing i dei samiske områda, med særleg fokus på kvinnelege arbeidsplassar. Ulike instansar er inviterte til å delta i finansieringa av programmet. I 2003 har Sametinget sett av 3,4 mill. kr av Samisk utviklingsfond til duodji. Av dette er det sett av 1,2 mill. kr til utviklingstiltak/investeringar og 2,2 mill. kr til utviklingsprogrammet.
Målet med tilskot til næringskombinasjonar er mellom anna å sikre inntektsgrunnlaget for dei som driv med næringskombinasjonar. Sametinget har vedteke å trappe ned driftsstøtta og auke satsinga på utviklingstiltak. Nedtrappinga vil først skje frå 2004. Det blei i 2002 løyvt 7,4 mill. kr til næringskombinasjonsordninga. Av det samla støttebeløpet gjekk 25,4 pst. til kvinner i 2002. I 2001 var det 23,5 pst. kvinner blant dei som fekk støtte til å drive næringskombinasjonar.
Sametinget vurderer satsing på fiskeria som heilt avgjerande for at ein skal kunne ta vare på og utvikle samisk kultur, språk og næring i dei samiske kyst- og fjordområda. Det vil såleis vere nødvendig å sikre fiskeflåten, oppdrettsanlegg og eit nettverk av mottaksstasjonar som er lokalt tilpassa. I 2002 blei det løyvt 3,3 mill. kr. til tiltak i fiskeria.
Kulturformål
Kulturtiltak er viktige for utvikling av samisk språk, identitet og tilhøyrsle. For Sametinget er det såleis viktig å samordne den samiske kulturinnsatsen og leggje til rette for likeverdige tilbod og aktivitetar ut frå dei behova gruppene i dei ulike regionane har.
Tabell 3.15 Tildeling til kulturformål
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Formål | 2000 | 2001 | 2002 |
Samisk kulturfond | 9 479 | 9 475 | 9 000 |
Samisk forlag | 1 515 | 1 490 | 1 520 |
Samisk kulturhus | 3 938 | 3 998 | 4 613 |
Samiske kulturorganisasjonar | 1 022 | 1 072 | 1 093 |
Samiske festivalar | - | 700 | 1 128 |
Samisk idrett | 500 | 500 | 500 |
Samisk teater (Beaivváš Sámi Teáhter) | - | - | 10 700 |
Kunstnarstipend | - | - | 1 300 |
Sum | 16 454 | 17 235 | 29 854 |
Frå 2002 overtok Sametinget ansvaret for Beaivváš Sámi Teáhter, og i tillegg til 10,7 mill. kr som blei løyvt til dette teateret, løyvde Sametinget i 2002 kr 400 000 frå Samisk kulturfond til teaterformål. Det samiske teatret skal medverke til å styrkje samisk kultur og identitet. Teatret har ei viktig rolle som arena for formidling og oppleving av samiske kunst- og kulturinntrykk og for bruk av samisk språk.
Sametinget ser det som viktig at det samiske folket har eit reelt høve til å utøve samisk kultur. Samiske kultursenter er arenaer der den samiske kulturen kan utøvast. Desse sentra har ein positiv innverknad på utviklinga av samisk språk og kultur, og på sysselsetjinga og busetjinga i lokalmiljøet. Sametinget skal medverke til å sikre drift av dei eksisterande kulturinstitusjonane. I 2002 løyvde Sametinget 4,6 mill. kr til formålet.
Samisk kulturfond
Samisk kulturfond har som formål å fremme tiltak som støttar samisk kultur, og å stimulere til samiske kulturaktivitetar for den samiske befolkninga. I 2002 blei det sett av 9 mill. kr til fondet.
Tabell 3.16 Fordeling av midlar frå samisk kulturfond
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Formål | 2000 | 2001 | 2002 |
Litteratur | 2 100 | 2 100 | 2 000 |
Musikk | 595 | 1 000 | 1 000 |
Biletkunst/duodji | 1 105 | 1 000 | 875 |
Teaterformål | 480 | 400 | 400 |
Skape gode oppvekstvilkår for samiske barn | 2 690 | 2 475 | 2 475 |
Andre tiltak1 | 2 509 | 2 500 | 2 250 |
Sum | 9 479 | 9 475 | 9 000 |
1 Ulike prosjekt, diverse kulturarrangement, festivalar osv.
Ei viktig og grunnleggjande oppgåve for Sametinget er å skape gode oppvekstvilkår for samiske barn og ungdommar. I verkemiddelbruken har Sametinget prioritert denne målsetjinga gjennom tildeling av tilskot til ulike tiltak for, av og med barn og unge. I 2002 stilte Sametinget 2,5 mill. kr av midlane i Samisk kulturfond til disposisjon for slike tilskot. Det er ein mangel på samisk litteratur for barn og unge, og Sametinget ser derfor behovet for at samiskspråklege publikasjonar for barn og unge blir sikra ei fast støtteordning. Det blei i 2002 gitt prosjektilskot til utgiving av barne- og ungdomsmagasinet Leavedolgi og ungdomsmagasinet Š.
Samisk språk
Regjeringa løyvde i 2003 ytterlegare 5 mill. kr til arbeid med tospråklegheit i kommunar og fylkeskommunar. Sametinget har som hovudmål å ta vare på, utvikle og vitalisere samisk språk, og ser det som viktig å styrkje arbeidet med samisk språk i alle språkregionar.
Sametinget fordeler tospråklegheitstilskot til kommunar og fylkeskommunar i forvaltningsområdet for samisk språk. Tilskotet skal sikre, styrkje og fremme bruken av samisk språk i offentleg forvaltning. Kommunane har ansvar for at midlane blir brukte i samsvar med dei måla Sametinget har sett for tilskotsordninga. I 2002 fordelte Sametinget til saman 25 mill. kr i tospråklegheitstilskot. Den samla ramma for 2003 er på 28 mill. kr.
Samiske språksenter vil vere eitt av fleire tiltak for å gjennomføre målsetjingane til Sametinget. Språksentra er spesielt viktige i dei områda der samisk språk står svakt. I 2003 løyvde Sametinget 2,4 mill. kr til dei seks språksentra i Porsanger, Kåfjord, Tysfjord, Evenes, Nesseby og Tana. Grunntilskotet, som er på kr 400 000 årleg, skal sikre den nødvendige drifta. Språksentra må sjølve syte for å finansiere resten av verksemda.
Tabell 3.17 Fordeling av språkmidlar frå Sametinget i perioden 2001-2003
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Nemning | 2001 | 2002 | Revidert 2003 | +/- |
Tospråklegheitstilskot | 15 850 | 25 050 | 28 050 | 3 000 |
Språkprosjekt innanfor forvaltnings- området | - | - | 1 600 | 1 600 |
Språkprosjekt utanfor forvaltnings- området | 2 406 | 2 450 | 2 450 | 0 |
Språksenter | 1 600 | 2 000 | 2 400 | 400 |
Sum | 19 856 | 29 500 | 34 500 | 5 000 |
Samiske hovudorganisasjonar og politiske grupperingar i Sametinget
Samiske hovudorganisasjonar arbeider aktivt i forhold til heile breidda av det samiske samfunnslivet, og gjennom lokallaga sine er dei aktivt med på å fremme samisk identitet, språk og kultur. I 2002 fordelte Sametinget 2,5 mill. kr i støtte til samiske organisasjonar.
Sametinget fordeler tilskot til politiske grupperingar i Sametinget etter eigne retningslinjer. Formålet med tilskotsordninga er å betre arbeidsvilkåra for gruppene. I 2002 fordelte Sametinget 1,8 mill. kr til dei politiske gruppene i Sametinget.
Budsjettforslag for 2004
Kommunal- og regionaldepartementet føreslår ei løyving på 140,05 mill. kr for 2004, ein auke på 4,2 pst. Av dette er kr 621 000 kompensasjon for omlegginga av arbeidsgivaravgiftsordninga. For å styrkje Sametinget sitt arbeid med samisk parlamentarisk råd blir det føreslått å overføre kr 300 000 frå kap. 541, post 70 Tilskudd til samiske formål. Det vil i tillegg bli tildelt 7 mill. kr til Sametinget frå kap. 571, post 64 Skjønnstilskot. Midlane skal fordelast til tospråklegheitsarbeid i kommunar og fylkeskommunar i forvaltningsområdet for samisk språk og vil bli lagde inn i ramma til Sametinget frå 2005. Med denne tildelinga har regjeringa ytterlegare imøtekome dei behova som blei avdekte i rapporten "Utgifter knyttet til tospråklighet i kommuner og fylkeskommuner", som blei lagd fram i mai 2002.
Sametinget får årlege løyvingar frå Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Miljøverndepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruksdepartementet og Utanriksdepartementet. Forslaga til løyvingar frå desse departementa er i 2004 på om lag 227 mill. kr, ein auke på 7,6 pst.
Med atterhald for budsjettvedtaket i Stortinget, fordeler Sametinget løyvingane frå dei ulike departementa i plenumsmøtet sitt i november. Sametinget fordeler løyvingane etter eigne prioriteringar, men i tråd med dei føringane som er lagde frå Stortinget si side i budsjettvedtaket.
Post 54 Avkastning av Samefolkets fond
Under behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2000 vedtok Stortinget 16. juni 2000 å løyve 75 mill. kr til eit "Samefolkets fond". Om siktemålet med fondet uttalte fleirtalet i finanskomiteen at avkastninga av fondet skulle gå til ulike tiltak som ville styrkje samisk språk og kultur. I vedtaket frå Stortinget blir opprettinga av fondet omtalt som ei kollektiv erstatning for dei skadane og den uretten fornorskingspolitikken påførte det samiske folket. Avkastninga av fondet er ikkje ein del av rammeløyvinga til Sametinget.
Under plenum i mai 2002 behandla Sametinget utkast til vedtekter for fondet. Sametinget vedtok å ta imot Samefolkets fond som eit første ledd i forsoninga mellom staten og samane. Sametinget vil likevel ikkje bruke avkastninga av fondet før staten i samarbeid med Sametinget set i gang eit arbeid for å utvikle nye samarbeidsformer og tiltak overfor samane, og før regjeringa set i gang eit arbeid for å løyse sakene for dei som har måtta lide på grunn av mangelfull utdanning i samband med den andre verdskrigen. Regjeringa har no vedteke at det skal gjennomførast ei samla vurdering av korleis ein skal behandle krav om erstatning frå fleire grupper, slik at ein kan få ei heilskapleg og ryddig behandling av sakene. Dette vil få verknad for korleis krava frå dei som har måtta lide på grunn av mangelfull utdanning i samband med den andre verdskrigen, skal behandlast. Regjeringa vil leggje vekt på at ein ikkje taper av syne den spesielle bakgrunnen som ligg til grunn for dei ulike krava, jf. omtale under programkategori 13.21, delmål 3.
Kap. 3540 Sametinget (jf. kap. 540 Sametinget)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
51 | Avkastning av Samefolkets fond | 7 119 | 4 650 | 4 650 |
Sum kap. 3540 | 7 119 | 4 650 | 4 650 |
Kap. 541 Tilskot til samiske formål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskot til samiske formål | 6 300 | 1 300 | 1 100 |
72 | Samisk språk, informasjon o.a. | 2 500 | 2 500 | 2 600 |
Sum kap. 541 | 8 800 | 3 800 | 3 700 |
Post 70 Tilskot til samiske formål
Regjeringa føreslår at det for 2004 blir løyvt 1,1 mill. kr til disposisjon for departementet over denne posten. Formålet er å ta vare på, utvikle og fremme samisk identitet, kultur og samfunnsliv. Løyvinga er redusert samanlikna med 2003. Det blir føreslått overført kr 300 000 til kap. 540, post 50 Sametinget for å styrkje Sametinget sitt arbeid med Samisk parlamentarisk råd. Tilskotsordninga har tidlegare vore kunngjord årleg. Departementet finn ikkje at dette er tenleg med tanke på storleiken på posten. Frå 2004 initierer departementet tiltak og gjennomfører oppfølging og kontroll av tiltaka i samsvar med krava stilte i Økonomireglementet.
Det er i 2003 fordelt 1,3 mill. kr. Tiltak retta mot samiske barn og ungdommar er prioriterte. Det er mellom anna løyvt kr 30 000 til Artic Youth Camp 2003, som blei halden i Manndalen i juli 2003, kr 90 000 til ungdomsfestivalen Markomeannu i Evenes, kr 30 000 til "Tjaktjasijdda" - haustleir - for samiske barn og unge i regi av Samisk foreldrenettverk Tromsø, og kr 110 000 til utgiving av ein teikneserie på samisk.
Post 72 Samisk språk, informasjon o.a.
Regjeringa føreslår at det blir sett av 2,6 mill. kr til satsinga på samisk språk og informasjon i 2004. Siktemålet er å leggje til rette for auka bruk av samisk i det offentlege rommet, å auke mengda av offentleg informasjon gitt til samar på samisk, og å auke mengda av informasjon om samiske forhold overfor den norske befolkninga generelt. Eit sentralt mål er å gjere det mogleg å bruke samisk teiknsett i IT-samanheng, til dømes i offentlege register. Regjeringa har som mål at alle offentlege register skal kunne bruke samiske teikn, og at datautvekslinga mellom registra skal fungere. Kompetansebasen for samisk språk og IT blir finansiert over denne posten, jf. delmål 3. Regjeringa etablerte i 2003 eit samisk språkval på ODIN. Arbeidet med å vidareutvikle og forbetre sida vil halde fram kontinuerleg. Når det gjeld holdningar til samar og samiske forhold, sette Kommunal- og regionaldepartementet i 2003 av 1 mill. kr til eit samarbeidsprosjekt med Sametinget der eit av hovudmåla er å motverke negative holdningar til samar og samiske spørsmål. Eitt av siktemåla med prosjektet er også å få fleire til å registrere seg i samemanntalet. Kvinner og ungdom er dei fremste målgruppene for prosjektet. Prosjektet blir avslutta i 2005.
Regjeringa vil føre vidare satsinga på samisk språk og informasjon i 2004. Regjeringa legg i denne samanhengen vekt på eit godt samarbeid med Sametinget.
Kap. 542 Kompetansesenter for rettane til urfolk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 1 800 | 1 900 | 1 950 |
Sum kap. 542 | 1 800 | 1 900 | 1 950 |
Kompetansesenteret for rettane til urfolk blei formelt opna den 1. september 2003 i Kautokeino. Kompetansesenteret har som siktemål å auke kunnskapen om og forståinga for rettane til urfolk. Senteret vil også kunne peike på behov for ny forsking, men skal ikkje vere ein forskingsinstitusjon. Ei av dei største utfordringane for senteret vil bli å byggje opp ein institusjon med fagleg nettverk og tyngd i spørsmål som gjeld urfolk. Verkemidla må tilpassast dei ulike målgruppene senteret har. Framtida for senteret vil vere avhengig av at det blir utvikla velfungerande informasjonsstrategiar. Styret for senteret er oppnemnt av Sametinget og Kommunal- og regionaldepartementet i fellesskap, etter forslag frå mellom anna Sámi Instituhtta og Sámi Allaskuvla. Utanriksdepartementet medverkar til finansieringa med 1,2 mill. kr i 2004, det same beløpet som i 2003. Senteret har tre tilsette.
Prográmmakategoriija 13.40 Sámi ulbmilat
Golut buohkanassii prográmmakategoriijas 13.40
(1 000 ru) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Namahus | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 | Pst. 03/04 |
540 | Sámediggi (vrd. kap. 3540) | 127 219 | 134 450 | 140 050 | 4,2 |
541 | Doarjja sámi ulbmiliidda | 8 800 | 3 800 | 3 700 | -2,6 |
542 | Álgoálbmotvuoigatvuođaid gelbbolašvuođaguovddáš | 1 800 | 1 900 | 1 950 | 2,6 |
Oktiibuot kategoriijas 13.40 | 137 819 | 140 150 | 145 700 | 4,0 |
Boađut buohkanassii prográmmakategoriijas 13.40
(1 000 ru) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Namahus | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 | Pst. nuppástus 03/04 |
3540 | Sámediggi (vrd. kap. 540) | 7 119 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
Oktiibuot kategoriijas 13.40 | 7 119 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
Norgga sámepolitihka ovddasvástádusjuohkin ja oktiiordnen
Lea Gielda- ja guovludepartemeantta ovddasvástádus oktiiordnet Norgga stáhta sámepolitihka. Departemeanttaid suorgeovddasvástádusprinsihppa gusto buot fágasurggiide, ja departemeanttain lea ovddasvástádus sámepolitihka čuovvolit ieŽaset surggiid siskkobealde.
Sámi gaŽaldagaid oktiiordnenlávdegoddi lea sámepolitihkalaš gaŽaldagaid dehálaš fierpmádat hálddahusdásis. Gielda-ja guovludepartemeanttas lea jođihanovddasvástádus ja doaibmá lávdegotti čállingoddin.
Departemeanta áigu 2003 čavčča ráhkadahttit ofelačča sámi áššiid meannudeami várás. Dan geaŽil go Gielda- ja guovludepartemeanttas lea sámi áššiin oktiiordnenovddasvástádus, de galgá dát láidesteaddji leat mielbargiide juohke dásis veahkkin dovdát ja meannudit áššiid mat gusket sámi dilálašvuođaide.
Ráđđehusa sámepolitihkka ja juolludusat departemeanttain sámi ulbmiliidda čilgejuvvojit ollásit prentosis "Juolludeamit sámi ulbmiliida 2004:s". Gielda- ja guovludepartemeanttas lea vuođđolágalaš ovddasvástádus dain bušeahttaruđain mat juolluduvvojit kapihttalis 540 Sámediggi. Juolludusaid hárrái Sámediggái eará departemeanttain lea juohke departemeantta fágastáhtaráđis vuođđolágalaš ovddasvástádus.
Sámediggi
Sámedikkis lea stuorra friddjavuohta álbmotválljen orgánan. Dat ii leat Ráđđehusa vuollásaš orgána, ja danne ii leat Ráđđehusas ovddasvástádus mo Sámediggi doaibmá politihkalaččat ja makkár politihkalaš mearrádusaid dat dahká. Sámedikkis lea geatnegasvuohta čuovvut dábálaš njuolggadusaid mat gusket hálddahussii, ovdamearkan hálddahuslága ja stáhta ekonomiijanjuolggadusaid, vrd. kap. 540. Bušeahttaruđaid geavaheami čilgen iešguđet departemeanttaide čuoŽŽu Sámedikki jahkedieđáhusas.
Sámediggái lea fápmuduvvon váldi sámelága, boazodoallolága ja oahpahuslága vuođul. Stuorradikkis ja Ráđđehusas lea dattege bajimuš ovddasvástádus ovddidit sámepolitihka.
Sámepolitihka bajimuš juksanulbmil
Boks 3.4 Sámepolitihka bajimuš ulbmil ja oasseulbmilat
Bajimuš ulbmill: | Oasseulbmilat: |
---|---|
Láhčit dilálašvuođaid nu ahte sámi álbmotjoavku sáhttá váfistit ja ovddidit ieŽas giela, kultuvrra ja servodateallima |
|
1. Addit Sámediggái eambbo válddi eanet surggiin
Ráđđehus háliida addit Sámediggái eanet politihkalaš váikkuhanfámu áššiin main sámi álbmot erenoamáŽit berošta.. Lea dehálaš ahte departemeanta ja Sámediggi bures gulahallet ja ahte leat doarvái buorit rutiinnat go váldi ja doaimmat sirdojuvvojit Sámediggái, ja ahte guktot bealit áddejit sirdineavttuid ovtta láhkai. Ráđđehus bargá nu ahte geahččala sihkkarastit váldedássádaga gaskal sámi almmolaš ja sámi siviila servodaga.
Dili árvvoštallan
Sámediggái lea dan ásaheami rájes 1989:s addojuvvon ovddasvástádus áššiin mat leat erenoamáš mávssolaččat sámi kultuvrii. Sámedikkis lea ovddasvástádus hálddašit sámediggeválgga ja nammadit sierranas almmolaš orgánaide lahtuid. Sámedikkis lea váldi ja váikkuhanfápmu go dan ovddasteaddjit oassálastet máŋgga lávdegottis, stivrras ja ráđis.
Sámediggi beassá spiehkasit bruttobušeahttabidjama ruhtajuolludannjuolggadusaid §:s 4 ja oaŽŽu olles ieŽas ruhtajuolludeami Gielda- ja guovludepartemeantta, Mánáid- ja bearašdepartemeantta, Kultur- ja girkodepartemeantta, Oahpahus- ja dutkandepartemeantta ja Birasgáhttendepartemeantta 50-poasttaid bokte. Sámediggái addojuvvo dáinna lágiin vásedin iešheanalis ovddasvástádus ja luđolašvuohta resursahálddašeami dáfus. Ráđđehus evttoha ahte 2004:s juolluduvvo sullii 211 milj. ru departmeanttaid bokte.
Sámedikki ođđa organisašuvdnavuogádaga geaŽil rievdaduvvojedje sámelága § 3-12 ja biddjojedje fápmui ođđajagemánu 1. b. 2003. Láhkarievdadus mielddisbuktá ahte sámi giellabargu ferte organiserejuvvot ođđasit go lágas daddjo ahte Sámedikkis, ii ge sámi giellaráđis, lea ovddasvástádus gozihit sámegiela suodjaleami ja ovddideami Norggas.
Strategiijat ja doaibmabijut
Lea dehálaš nannet Sámedikki eaktudeaddji rolla Ráđđehusa guovdu ja sámi servodaga ovddideami ovddasvástideaddji orgánan. Ráđđehus áigu ee. addit Sámediggái eambbo váikkuhanfámu Finnmárkku eatnamiid ja čáziid hálddašeamis, vrd. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) ja čilgema 5. oasseulbmila vuolde. Ráđđehus maid áigu evttohit ahte sámelága § 2-6 nuppástuhttojit ja dainna lágiin čuovvolit Sámedikki evttohusa čohkket sámi jienastuslogu hálddašeami. Sámediggi háliida, ovttas Álbmotregistrerema guovddáškantuvrrain, čađahit čáliheami guovddáš álbmotregistarii ja gozihit ahte gielddat oŽŽot ođastuvvon ja gárvvistuvvon jienastuslogu sámediggeválgii. Ráđđehus árvvoštallá oktilaččat sirdit válddi ja ovddasvástádusa Sámediggái.
Vai Sámediggái galgá sihkkarastojuvvot duohta váikkuhan- ja mearridanvejolašvuohta, de lea dehálaš árra muttus jo bovdet Sámedikki ee. láhkabargoprosessii. Mo dát galgá čađahuvvot, čilgejuvvo lagabut sámi áššiid meannudeami láidesteaddjis, vrd. dainna mii čuoŽŽu bajilčállaga vuolde "Norgga sámepolitihka ovddasvástádusjuohkin ja oktiiordnen."
2. Nannet sámi ealáhusaid
Dili árvvoštallan
Árbevirolaš sámi ealáhusat nugo boazodoallu, guolásteapmi, duodji jna. bisuhit sámi kultuvrra ja leat dan vuođđun. Sámi árbevirolaš ealáhusaid okta dovdomearka lea máŋggabealat lotnolasealáhusaid heiveheamit.
Sámi ja báikkálaš oktavuođas dat váikkuha viidát sihke ekonomalaččat, bargosajiid dáfus ja kultuvrralaččat. Ealáhusas leat stuorra hástalusat boraspiriid, guohtuneatnamiid dili, eatnamiid gárŽŽideami ja árvobuvttadeami dáfus.
Strategiijat ja doaibmabijut
Guolásteapmi lea sámi kultuvrra vuođu dehálaš oassi. Ráđđehus oaivvilda ge ahte guolleriggodagat sáhttet dagahit eanet árvobuvttadeami ja addit eambbo bargosajiid maiddái sámi guovlluin. Nannen dihtii julevsámi servodaga lea Ráđđehus addán guokte luossa- ja dápmotbiebmankonsešuvnna Moskui Divttasvutnii, vrd. máinnašumiin 4. oasseulbmila vuolde.
Ráđđehus háliida geahpedit dan noađi maid sisadieđihangeatnegasvuohta dagaha ealáhussii. Dát dagašii buori sámi ealáhusaide, mat viehka muddui leat ovttaolbmofitnodagat ja smávva fitnodagat. Lea dárbu ovddidit doaibmabijuid mat dagahit stuorát árvobuvttadeami ja máŋggabealat ealáhuseallima sámi guovlluin. Maŋimuš áiggi reantonjiedjan geahpeda kapitálagoluid. Dát lea erenoamáš dehálaš sámi ealáhusaide, main dábálaččat lea unnán ieškapitála. Ráđđehus áigu váikkuhit ahte Sis-Finnmárkku ealáhuseallimii lassána kapitála, ee. Sis-Finnmárkku investerenselskáhpi doarjumiin.
Ráđđehusa regionálapolitihkka váfistan dihtii ássama ja árvobuvttadeami juohke sajis riikkas boahtá maid sámi ealáhusaide buorrin. Ráđđehus áigu dahkat álkibun viiddidit fylkkagieldda regionála ovddideaddjin vai regionála dássi nanosmuvvá, vrd. kap. 551 Guovlulaš ovddideapmi ja hutkan. Lea sávahahtti ahte fylkkagielda mieldásahttá Sámedikki ja sámi ealáhusorganisašuvnnaid regionála searvevuhtii dain fylkkain main sámit ásset. Guovlulaš politihkka gieđahallojuvvo dárkileappot prográmmakategoriijas 13.50.
Ceavzilis ja heivehannávccalaš ealáhusat leat sámi kultuvrra ja giela ovdáneami dárbbašlaš eaktun. Ráđđehus áigu oppalaš ealáhuspolitihkainis sihkkarastit ahte sámi ealáhusat oŽŽot buriid ja neutrála rámmaeavttuid maid vuođul buorebut sáhttet plánet. Seammás lea eaktun ahte Sámediggi gávnnaha mo áigu geavahit ieŽas váikkuhangaskaomiid.
Ráđđehus lea guorahallan váikkuhangaskaomiid vuogádaga vai buorebut lea vejolaš daid ávkin atnit ja oktiiordnet. Váikkuhangaskaomiid ealáhusaid várás galgá beaktileabbon dahkat vai šattašii ođasmahttin ja hutkan, vrd. St.prp. nr. 51 (2002-2003). Dát dagahivččii positiiva lasseváikkuhusaid ealáhusaide sámi guovlluin ge.
Bistevaš rámmaeavttut leat dárbbašlaš eaktun go áigu ovddidit oadjebas ja einnostuhtti diliid boazoealáhussii. Ráđđehus lea guorahallan boazoealáhusa vearro- ja divatnjuolggadusaid vai árvobuvttadeami sáhtášii lassánahttit, ja lea ásahan gessosa buot boazoeaiggádiidda geain lea sisaboahtu boazodoalus. Vearus -ja divadiin beassan subsidiaid addima sadjái veahkeha boahtteáiggi ja ollislaš boazodoallopolitihkkii mas árvobuvttadeapmi ja gánnáheapmi lea guovddáŽis, vrd. St.prp nr. 63 (2002-2003).
3. Arvvosmahttit olbmuid eambbo geavahit sámegiela ja čalmmustahttit sámi kultuvrra
Dili árvvoštallan
Sámegiella ja dárogiella leat ovttaárvosaš gielat, vrd. sámelága kap. 3. Sámegiela hálddášanguovllus (Gáivuona, Guovdageainnu, Kárášjoga, Unjárgga, Porsáŋggu ja Deanu gielddain) sámegiella ja dárogiela leat dásseárvosaš gielat. Divttasvuona suohkan lea ohcan beassat sámi hálddašanguvllu suohkanin. Sámediggi meannudii ášši 2002:s ja lea evttohan ahte Divttasvuona suohkan galgá šaddat sámegiela hálddašanguovllu suohkanin. Ráđđehus čuovvola ášši 2003/2004.
Ođđajagemánu 1. b. rájes 2004 lea Finnmárkku fylkkas guovttegielat (dárogiel ja sámegiel) fylkkanamma, vrd. Ot.prp. nr. 111 (2001-2002). Seamma áigemeari rájes lea Porsáŋggu gielddas golmmagielat namma (dárogiel, sámegiel ja kvena-/suomagiel).
Sámediggi hálddaša doarjjajuolludeami sámi dulkonbálvalussii ja guovttegielalaš hálddahussii. Doarjagat galget buhtadit daid goluid mat gielddain ja fylkkagielddain leat, guovttegielatvuođa geaŽil. 2002 ja 2003 lasihii Ráđđehus dán goarjaga 15,2 milj. ruvnnuin. 2004 oaŽŽu Sámediggi 7 milj. ru kap. 571, posattas 64 Árvvoštallandoarjja guovttegielalašvuođa bargguide gielddain ja fylkkagielddain. Dáinna lasihemiin beassá Sámediggi hálddašit 42 milj. ru gielladoaibmabijuide, vrd. máinnašemiin kap. 540, poasttas 50.
Lea dehálaš ahte sámegiella geavahuvvo almmolaš oktavuođain. Gielda- ja guovludepartemeanta rabai sámegielat interneahttasiidduid ODIN:s guovvamánu 6. b. 2003 - sámi álbmotbeaivvi. Sámegielat ODIN galgá leat deháleamos diehtojuohkinkanála mas juohká dieđuid Ráđđehusas ja departemeanttain sámegillii. Geahča www.dep.no/krd/samisk.
Eurohpáráđđi lea čujuhan ahte Norggas lea ovddasvástádus fuolahit sámegiela unnimus suopmaniid, dego julev- ja lullisámegiela. Ráđđehus áigu dán čuovvolit. Dáid gielaid nannen dihtii lea ee. ráhkaduvvon IT-heivehuvvon lullisámegiel gáiddusoahpahus lullisámi oahppiide. Gielda- ja guovludepartemeanta juolludii 2003 200 000 ruvdnosaš doarjaga julevsámi aviisafálaldahkii, NordSalten aviisii, vrd. kap. 541 poasta 72.
Lea hui dehálaš doaibmabidju fuolahit ahte sámegiela sáhttá geavahit dáhtaoktavuođas go áigu ceavzzihit sámegiela. Danne mearridii Ráđđehus geassemánus 2003 ahte stáhta etáhtat galget árvvoštallat ieŽaset sámegiel doarjjadárbbuid. Etáhtat berrejit dahket sámegiela geavaheami vejolaŽŽan dađistaga go prográmmagálvvut/dihtorvuogádagat ođastuvvojit. Vai almmolaš ásahusaide šattašii álkit geavahišgoahtit sámegiela, lea Gielda- ja guovludepartemeanta 2003 čavčča ásahan gelbbolašvuođabása ja sámegiela ja IT neahttasaji - SamIT (Sámegiela ja IT gelbbolašvuohta). Norsk Teknologisenter jođiha gelbbolašvuođabása Gielda- ja guovludepartemeantta ovddas.
Norga lea ovttas Ruoŧain ja Suomain dorjon oktasaš sámegiela dáhtastandariserenvuogádaga. Bargojoavku mii lea nammduvvon SámegaŽaldagaid davviriikkaid ámmátolbmoorgána vuollásaŽŽan, galgá čuolbmačilgehusaid oktiiordnet davviriikkalaš dásis.
Strategiijat ja doaibmabijut
Ovddasvástádus gozihit sámegiela dili iešguđetlágan surggiin lea fágadepartemeanttain ovttas Sámedikkiin. Kultur- ja girkodepartemeanttas lea oppalaš ja bajimuš ovddasvástádus hálddašit sámegiela go dat hálddaša sámi giellalága giellanjuolggadusaid. Kultur- ja girkodepartemeanttas lea maiddái ovddasvástádus báikenammalágas, ja áigu bargat dan ovdii ahte sámi kultuvra ja historjá ja sámi báikenamat bohtet oidnosii.
Ráđđehus háliida eambbo aktiivva sámegiela geavaheami, ja áigu láhčit dilálašvuođaid nu ahte sámegiella eambbo geavahuvvo almmolaččat. Ovdamearkka dihtii lea sámegiela 2002 geavahišgoahtán boazodoallošiehtadallamiid šiehtadallangiellan. Stáhtalaš vuođđodieđuid juohkin galgá leat sámegillii ge, ja dat galgá leat buohkaid olámuttus. Ráđđehus vuordá ahte almmolaš ásahusat ovddidit gulahallanvejolašvuođaid sámegillii, almmolaš skovit galget leat sámegillii, ja sámi namaid, báikenamaid, čujuhusaid jna. galgá sáhttit registreret riekta. Dát lea juohke etáhta ovddasvástádus.
Danin šaddá ain boahttevaš jagiid sámegiella ja IT leat okta Ráđđehusa deháleamos áŋgiruššansurggiin. Dát mielddisbuktá ee. ahte Ráđđehus joatká ieŽas ovttasbarggu Sámedikkiin ja čuovvola Sámedikki eSápmi-plána ja eará IT-gaŽaldagaid, ja dat maid mielddisbuktá SamIT (Sámegiela ja IT gelbbolašvuođabása) viidáset ovddideami ja doaimma, davviriikkalaš ovttasbarggu ja dakkár prošeavttaid vejolaš ruđalaš doarjuma, mat sáhttet váikkuhit ahte sámegiella šaddá ealli giellan IT-máilmmis ge, vrd. kap. 541 poastta 72.
4. Lassánahttit sámi dutkama ja diehto ovddideami
Dili árvvoštallan
Dutkan čađahuvvo erenoamáŽit Romssa universitehtas, Sámi allaskuvllas ja Davviriikkaid Sámi Instituhtas. Maŋimuš jagiid lea sámi dutkan šaddan eambbo riikkaidgaskasaŽŽan. Maddái eará davviriikkaid dutkanásahusain lea sámi dutkan.
Gielda- ja guovludepartemeanta lea 2001 rájes juolludan ruđaid Norgga dutkanráđi prográmmii sámi dutkama várás áigodahkii 2001-2005. Prográmma váldoulbmil lea skáhppot dutkiid ja movttiidahttit dakkár dutkamiid álggahit mat sáhttet addit ođđa áddejumi ja ođđa perspektiivvaid, ovddidit sámegiela dieđagiellan ja movttiidahttit fágaid rasttideaddji ja ásahusrájáid rasttideaddji dutkanovttasbarggu riikkalaš, davviriikkalaš ja riikkaidgaskasaš dásis. Gielda- ja guovludepartemeantta juolludus lei 2003:s 1,5 milj. ru. Prinsihpalaččat lea Dutkanráđi ovddasvástádus maiddái árvvoštallat gánnáha go sámi čuolbmačilgehusaid dutkkahit eará dutkanprográmmaid siskkobealde.
Suorgeprinsihpa geaŽil leat moanat departemeanttain ja vuolit etáhtain DjO-áŋgiruššan (Dutkan ja ovddidanbarggu áŋgiruššan) sámi dilálašvuođaid birra. Gielda- ja guovludepartemeanta lea juolludan Romssa Universitehtii ruđaid čađahit eallineavttuid guorahallama Norggas. Dát iskkadallan lea oassi stuorát álgoálbmogiid eallineavttuid guorahallamis gaskkal 11 árktalaš guovllu. Departemeanta lea maid juolludan ruđa Nordlandsforskningen:i Budeju Allaskuvllas árvvoštallan dihtii proseassaid mat gusket luosaid ja dápmohiid biebmanlobiid addimii Moskuj Divttasvutnii. Biebmanlobiid ulbmil lea nannet julevsámi servodaga. Sámediggi lea oŽŽon ruđaid joatkit Sámi statistihkka-nammasaš prošeavtta. Prošeavtta ulbmil lea háhkat ođastuvvon ja ođđa dieđuid sámi dilálašvuođaid birra ja geahččalit ordnet kvantitatiiva dieđuid ulmmálaččat.
Dutkanprošeavttat ruhtaduvvojit kap. 500, poasttas 21 Erenoamáš dutkan- ja guorahallandoaimmat ja poasttas 50 Norgga dutkanráđđi Gielda- ja guovludepartemeantta bušeahtas.
Strategiijat ja doaibmabijut
Sámi dutkan galgá skáhppot dieđuid ja ovddidit máhtolašvuođa mii sáhttá nannet, bisuhit ja ovddidit sámi servodaga. Lea dárbbašlaš ahte dađistaga čađahuvvo kvalitatiivvalaččat buorre ja kriitalaš dutkan mii guoská sámi servodatdilálašvuođaide ja mii ovdan buktá máhtolašvuođa man vuođul eiseválddit sáhttet ovddidit ja hábmet ieŽaset sámepolitihka. Lea dárbu láhčit dili nu ahte lea vejolaš ásahit sámi dutkaninfrastruktuvrra ja organiseret ulmmálaš primára dieđuid ja vuođđodieđuid sámi dilálašvuođaid birra, ja nu ahte dieđut leat olámuttus ja daid sáhttá ávkin atnit dábálaš servodatplánema ja dutkanulbmiliid oktavuođas.
Sámi dutkan galgá buktit ovdan sámi árbevirolaš áddejumi ja terminologiijaid sámi guovlluid luonddu ja ekologiija birra, geavahanvugiid birra, áigahaš álbmotdábiid birra ja eará kultuvrralaš eavttuid birra mat sáhttet leat mearrideaddji eavttut go áigu giela, kultuvrra ja ealáhusheivehemiid bisuhit ja ovddidit. Berre maiddái dutkat fáttáid mat gusket stuorraservodaga ja sámi servodaga gaskavuođaide, veahkehit sámegiela ovddideami ja geavaheami - maiddái IT-oktavuođas, gozihit sohkabealleperspektiivva ja háhkat eanet dieđuid sámi nissonolbmuid dilálašvuođaid birra servodagas. Eambbo sámi dutkan- ja oahpahusdoaibmabijuid birra gávnnat dáppe: St.meld. nr. 34 (2001-2002) Oahpahus- ja dutkandepartemeanttas.
Davviriikkaid sámi áššiide guoski ovttasbarggu olis háliida Ráđđehus álggahit ráđđádallamiid lagat davviriikkalaš sámi dutkama birra.
5. Sihkkarastit sámi kultuvrra ja sámi ealáhusaid luondduvuođu
Dili árvvoštallan
Áloheaju-Guovdageainnu-čázádaga buođđudeami riidu govččastahtii ahte stáhtas lei dárbu čielggadit ieŽas gaskavuođa sámi kultuvrii ja sámiid riektedillái Norggas. Okta boađus lei Sámi vuoigatvuođalávdegotti nammadeapmi 1980.
Lávdegotti bargomearrádus lei čielggadit, árvvoštallat ja vejolaččat evttohit nuppástusaid buot dilálašvuođain mat sáhtte váikkuhit sámiid rievttálaš ja politihkalaš dillái. Dása gulle luondduriggodagaide guoski gaŽaldagat, Vuođđolága sierra paragráfii guoski gaŽaldagat ja sierra sámi álbmotválljen orgána ásaheapmái guoski gaŽaldagat.
Sámi vuoigatvuođalávdegotti vuosttaš oassečielggadeami geigen 1984 dagahii ahte Stuorradiggi mearridii sámelága ja ásahii Sámedikki, ja ahte Vuođđoláhkii čállui § 110 a, mii deattastii ahte "Lea Stáhta eiseválddiid geatnegasvuohta láhčit diliid nu ahte sámi álbmot sáhttá bisuhit ja ovddidit gielas, kultuvrras ja servodateallimis". 1997 Sámi vuoigatvuođalávdegoddi geigii ieŽas nuppi oassečielggadeami, mii gieđahallá sámi kultuvrra luondduvuođu, mas Finnmárkku dilálašvuođat erenoamáŽit deattuhuvvojit.
Sámi vuoigatvuođalávdegoddi nammaduvvui fas geassemánus 2001 čielggadit eatnamiid ja luondduriggodagaid geavaheami ja hálddašeami sámi geavahanguovlluin Finnmárkku fylkka olggobealde.
Strategiijat ja doaibmabijut
Sámi vuoigatvuođalávdegotti nuppi oassečielggadeami vuođul almmuhii Ráđđehus cuoŋománus 2003 ieŽas láhkaevttohusa "Finnmárkku riektedillái ja eatnamiidda ja luondduriggodagaidhálddaš eapmai guoski láhka" (Finnmárkkuláhka), vrd. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003). Ráđđehus lea evttohan ahte ásahuvvo ođđa ja iešheanalaš orgána (Finnmárkkuopmodat) mii oaŽŽu eaiggáthálddašanrievtti Finmmárkku fylkka eanaš eanaviidodagain. Evttohuvvo maiddái ahte stivra galgá jođihit Finnmárkkuopmodaga. Dán stivrii galgá Finnmárkku fylka ja Sámediggi goabbá ge nammadit golbma miellahtu, ja stáhta galgá nammadit ovtta miellahtu geas ii leat jienastanvuoigatvuohta, ja gii vuosttaŽettiin galgá leat Finnmárkkuopmodaga ja guovddášeiseválddiid gaskalađas.
Sámediggi sáhttá váikkuhit areálahálddašeami dainna lágiin ahte oaŽŽu válddi mearridit njuolggadusaid mo galgá árvvoštallat dan váikkuhusa mii mehciid geavaheamis lea sámi kultuvrii, boazodollui, ealáhusaide ja servodateallimii. Buot almmolaš eiseválddit mat meannudit áššiid Finnmárkku mehciid earahuvvan geavaheami birra, galget dáid njuolggadusaid vuhtii váldit.
Mehciid rievdan geavaheapmái guoski áššiin galgá Finnmárkkuopmodat árvvoštallat mo rievdamat váikkuhit sámi kultuvrii, boazodollui, ealáhusaide ja servodateallimii. Árvvoštallamiid vuođđun galget Sámedikki ráhkadan njuolggadusat leat. Dákkár áššiin gustojit maid sierra áššemeannudannjuolggadusat mat galget dáhkidit ahte sámi beroštumit vuhtii váldojuvvojit. Stuorradiggi lea dál meannudeamen láhkaevttohusa.
Vai lea vejolaš sihkkarastit sámi kultuvrra ja sámi ealáhusaid luondduvuođu bevttolaččat, de lea dehálaš ahte eará lágain ge mat gusket areálageavaheapmái, lea sámi perspektiiva.
Ođđa Finnmárkkuláhkaevttohusa olis lea Ráđđehus evttohan rievdadit dálá báktelága ja mearridit sierra lágaid Finnmárkku várás sihkkarastin dihtii sámi beroštumiid mineráladoaimmaid oktavuođas. Norggas leat erenoamáš geatnegasvuođat sámiid hárrái minerálaáššiin ILO-konvenšuvnna nr. 169 álgoálbmogiid ja čeardaálbmogiid birra iešmearrideaddji stáhtain, artihkkala 15 vuođul.
Báktelága vuođđun lea bákteluđolašvuođaprinsihppa ahte buohkain lea lohpi ohcat, dutkat ja oaŽŽut mihtiduvvot eatnama gos leat ozolaš minerálat ieŽas eatnamis dahje eará olbmo eatnamis, vrd. báktelága § 2. Ráđđehusa rievdadansevttohus dagaha ahte dát prinsihppa gárŽŽiduvvo dainna lágiin ahte ráhkaduvvojit sierra áššemeannudannjuolggadusat ruvkedoaibmaáššiid várás Finnmárkkus. Áššemeannudannjuolggadusaid lassin evttohuvvo maiddái ahte eiseválddit galget sáhttit biehttalit addimis minerálalobiid almmolaš deasttaid geaŽil, ja ahte sámi beroštumit deattastuvvojit doarvai dákkár árvvoštallamis. Dát njuolggadusat galget šaddat ođđa minerálalága oassin maŋŋil.
Eahpeozolaš minerálat leat eanaeaiggáda opmodat, ja son eaiggáduššá daid álot. Finnmárkkuláhkaevttohusa vuođul orru leamen nu ahte Finnmárkkus oaŽŽu Finnmárkkuopmodat vuoigatvuođaid eahpeozolaš minerálaid vejolaš gávdnosiidda buot eatnamiin maidda Finnmárkkuopmodagas lea oamastanvuoigatvuohta.
Plánaláhkalávdegoddi geigii miessemánu 13. b. 2003 ieŽas nuppi oassečielggadeami mas evttoha rievdadit plána- ja huksenlága njuolggadusaid. Dán čielggadusas lea ee. evttohuvvon lasihit "sámi kultuvrra sihkkarastima" lága ulbmilparagráfii. Evttohuvvo maiddái ahte Sámedikkis galget leat seamma vuoigatvuođat ja geatnegasvuođat go stáhta orgánain go dat gieđahallá plánaid lága vuođul. Plánaláhkalávdegotti evttohusat leat dál viiddis gulaskuddamis.
6. Vuosttaldit sámiide čuohcci negatiiva miellaguottuid, vealaheami ja rasismma
Dili árvvoštallan
Vaikko eiseválddit dál leat guođđán dáruiduhttinpolitihka sámiid hárrái, ja háliidit ahte dáŽa ja sámi kultuvra galget leat ovttaárvosaččat, de leat ain ovddeŽis báhcán negatiiva miellaguottut sámi kultuvrra hárrái. Ollu sámit vásihit ain negatiiva miellaguottuid ja eahpetoleránssa ieŽaset idetitehta vuostá.
Agenda-nammasaš fitnodat lea Sámedikki, Statskonsult ja Gielda- ja guovludepartemeantta ovddas iskan sámiid gaskkas miellaguottuid sámi áššiide. Iskkadeami duogáš lea ahte Statskonsult Sámedikkiin ovttas áigu ráhkadit guhkesáigásaš diehtojuohkinstrategiija vai eanebut čálihivčče ieŽaset sámi jienastuslohkui. Raporta almmuhuvvui suoidnemánus 2002:s. Raportta okta jurddaboađus lea ahte negatiiva miellaguottut cagget sámiid čáliheames ieŽaset sámi jienastuslohkui. Hui olus čilgejit iskkadeamis ahte čáliheapmi jienastuslohkui čatnasa nannosit sámi identitehta ja gullevašvuođa ovddideapmái. Máŋggas geat eai čálit ieŽaset jienastuslohkui, namahit dáruiduhttima ja vuolitvuođadovddu sivvan dása. Iskadeapmi duođašta ahte ovdalaš áiggi dáruiduhttinpolitihka váikkuhusat vel otne ge hehttejit sámiid ávkin geavaheames ieŽaset politihkalaš vuoigatvuođaid.
Strategiijat ja doaibmabijut
Negatiiva miellaguottut sámiide sáhttet oassálagaid bohciidit váilevaš čuvgehusas sámiid birra. Danin lea stuorra hástalus lasihit diehtojuohkima ja čuvgehusa sámiid ja sámi áššiid birra sihke hálddahusas, álbmogis ja eanemusat oahpahusvuogádagas.
Lea hui mávssolaš ahte sámi mánáide ja nuoraide sihkkarastojuvvo oadjebas identitehtavuođđu, nu ahte sámi kultuvra ja sámi servodat sáhttá ovdánit. Ráđđehus vuoruha áŋgiruššat mánáid ja nuoraid ovddas. Sámi ofelastiid prošeavtta bokte áigu Ráđđehus addit sámi nuoraide doaibman čuvget sámi giela, kultuvrra ja servodateallima birra.
Gielda- ja guovludepartemeanta áigu ovttas Sámedikkiin áigodagas 2003-2005 vuolggahit miellaguoddováikkuhan- ja diehtojuohkinkampánnja sámiid ja sámi diliid birra.
Ráđđehus háliida kártet daid dieđuid ja daid dutkanbohtosiid mat odne leat gávdnamis ja mat čilgejit negatiiva miellaguottuid sámiide ja sámiid áššide, ja mo daid guottuid galggašii váikkuhit. Ráđđehus háliida dárbbu mielde álggahit OjD-doaimmaid dáid áššiid birra, vrd doaibmaplánain rasismma ja vealaheami vuostá mii almmuhuvvui suoidnemánus 2002:s.
Álgoálbmotvuoigatvuođaid gelbbolašvuođaguovddáš ásahuvvui Guovdageidnui čakčat 2002 ja rahppui almmolaččat čakčamánu 1. b. 2003. Dokumentašuvdna, dieđuid gaskkusteapmi ja diehtojuohkin sámiid birra ja eará álgoálbmogiid vuoigatvuođaid birra leat guovddáŽa guovdilis doaimmat, vrd. kap. 542, poasta 01.
Ráđđehusa diehtojuohkinreivve almmustahttin sámepolitihka birra joatkašuvvá.
7. Nannet davviriikkalaš ja riikkaidgaskasaš álgoálbmotovttasbarggu
Dili árvvoštallan
2000:s lea gaskal davviriikkaid sámi ministariid ja Suoma, Ruoŧa ja Norgga Sámedikkiid presideanttaid ásahuvvon fásta ovttasbargu mas jeavddalaččat galget dieđuid lonohallat ja juohkit ja buot riikkaid sámiide guoski sámi áššiid digaštallat ja meannudit. Ovttasbargu lea eahpeformálalaš, muhto lea lahka čadnojuvvon Davviriikkaid Ministtarráđđái. Davviriikkalaš sámi áššiid ámmátolbmuid orgána ráhkkanahttá ja čuovvola áššiid. Sámedikkit leat maiddái ovddastuvvon dán orgánas. Ovddasvástádus gohččut čoahkkimiidda ja daid jođihit lea riikkain vurrolagaid. 2003:s oaŽŽu Norga ovddasvástádusa doaimmahit čállingotti doaimmaid Suomas mii válddii dan ovddasvástádusa badjelasas Ruoŧas 2002:s. Norggas lea Gielda- ja guovludepartemeanta ovddasvástideaddji departemeanta.
Suoma, Ruoŧa ja Norgga Sámedikkit leat ásahan oktasaš ovttasbargoorgána, Sámi parlamentáralaš ráđi. Ráđđi lea Sámedikkiid ásahusdásat ovttasbargoorgána mii bargá áššiiguin mat gusket sámiide moatti riikkas dahje sámiide oktan álbmogin. Ráđđi lea davviriikkalaš sámeáššiid ovttasbarggu guovddáš orgána, ja Sámedikkit áigot geahččalit ráđđái oaččohit guovddáš rolla riikkaidgaskasaš barggus, ee. ON-barggus álgoálbmogiid vuoigatvuođaid julggaštusain, álgoálbmotáššiid Bárentsovttasbárggus ja Árktalaš ráđi bárggus. čállingoddedoaibma čuovvu dan Sámedikki mas lea presideantadoaibma.
Strategiijat ja doaibmabijut
Ráđđehus evttoha juolludit 300 000 ru Sámediggái nannen dihtii Sámedikki barggu Sámi parlamentáralaš ráđis, vrd. máinnašumiin Poasttas 70 Juolludeapmi sámi ulbmiliidda.Ministarat ja sámediggepresideanttat mearridedje skábmamánus 2001 ásahit áššedovdiid joavkku ráhkadan dihtii dávviriikkalaš sámekonvenšuvdnaevttohusa "Davviriikkalaš sámekonvenšuvnna dárbu ja vuođđu"-raportta vuođul. Áššedovdiid joavku álggahii ieŽas barggu ođđajagemánus 2003, ja das leat guokte láhtu juohke riikkas, ja nuppi lahtu galget Sámedikkit nammadit. Ulbmil lea ahte joavku galgá ráhkadit sámekonvenšuvdnaevttohusa. Sámi parlametáralaš ráđđi lea dehálaš orgána dávviriikkaid boahtteáiggi oktasašbarggus, ja dat šaddá mávssolaš riikkaidgaskasaš orgánan ge. Danne lea dehálaš ahte ráđis leat buorit ovttasbargoeavttut ja ovdánanvejolašvuođat.Norga oassálastá aktiivvalaččat šiehtadallamiin ON álgoálbmotvuoigatvuođaid julggaštusa birra. Sámediggi lea ovddastuvvon Norgga šiehtadallansáttagottis. Ráđđehus geahččala váikkuhit ahte šiehtadallamat sáhttet čađahuvvot Riikkaidgaskasaš álgoálbmotjagis (2004). Ulbmil lea ahte julggatšus galggašii nannet álgoálbmogiid vuoigatvuođaid miehtá máilmmi. Ráđđehus áigu maid doarjut dan barggu maid ON álgoálbmotforum dahká.Ráđđehus čujuha St.meld. nr. 33 (2001-2002) ja St.meld. nr. 34 (2001-2002) ja deattuha ahte dutkan, giella, eláhusovttasbargu ja IT-čovdosat galget leat dehálaš davviriikkalaš ja riikkaidgaskasaš ovttasbargosuorggit.
Eará departemeanttaid bušeahttaevttohusat
Oahahus- ja dutkandepartemeanttas lea ovddasvástádus juolludit ruđaid Sámi allaskuvlii ja sámi joatkkaskuvllaide, ruđaid gokčan dihtii gielddaid vuođđoskuvlla guovttegielatvuođa goluid ja ruđaid sámi oahpposuorggi sierra ovddidandoaibmabijuide. Departemeanta evttoha ollu doaibmabijuid nannen dihtii sámi oahpu ja dutkama, vrd. St.meld. nr. 34 (2001-2002). Dan vuođul mo Stuorradiggi gieđahallá Innst. S. nr. 12 (2002-2003) áigu Oahpahus- ja dutkandepartemeanta čuovvolit dieđáhusa doaibmabijuid 2004 stáhtabušeahtas.
Dearvvašvuođadepartemeanta lea 2003 várren 10,7milj. ru geahččaladdan- ja ovddidanbargui NAŠ 1995:6 "Dearvvašvuođa- ja sosialbálvalusaid plána sámi álbmoga várás Norggas" vuođul ja doaibmaplána "Mangfold og likeverd" (Máŋggabealatvuohta ja ovttaárvosašvuohta) vuođul. Dáin ruđain lea 5,1 milj. ru mannan Sámediggái. Dát ruđat mannet eanaš prošeaktaruđaid hálddašeapmái ja Sámedikki guovtti áššemeannudeaddjivirggi ruhtadeapmái. Daid ruđaid mat vel báhcet hálddaša Sosiala- ja dearvvašvuođadirektoráhta, mas maiddái lea ovddasvástádus plána doaibmabijuid johtui bidjat. Departemeanta áigu čuovvolit "Mangfold ja likeverd"-doaibmaplána 2004:s.
Mánáid- ja bearašdepartemeanta juolluda ruđaid Sámediggái maid Sámediggi sáhttá geavahit sámi mánáidgárddiide ja diehtojuohkin-, oaivadan- ja ovddidanbargui. Sierra juolludeapmi sámi mánáidgárddiide lea ortnet maid Sámediggi lea hálddašan ođđajagemánu 1. b. 2001 rájes. Ráđđehus evttoha 2004:s lasihit kap. 856, poastta 50 2 milj. ruvnnuin 10,7 milj. ruvdnun.
Kultur- ja girkodepartemeantta bušeahtas evttohuvvo ahte sámi kulturdoaibmabijut čohkkejuvvojit ovtta postii ja sirdojuvvojit Sámediggái. Bušeahttaevttohus lea 31,7 milj. ru. Ođđa Nuortasámi dávvirvuorkká viidáset prošekteremii Njávdámii (sámi jahkeduhátbáikái) lea várrejuvvojit 1,3 milj. ru. Prošeavtta gollorámma lea 30 milj. ru, ja musea galgá leat gárvvis 2006:s. Juolludeapmi Norgga girkui galgá maiddái geavahuvvot sámi girkoeallimii. Doaibmajuolludeapmi mii juolluduvvo Girkoráđđái, galgá ee. ruhtadit Sámi girkoráđi doaimma. Juolludeapmi girku báhppabálvalussii galgá maiddái vuhtiiváldit sámeálbmoga girkobálvalusa dárbbuid. Juolluduvvo maiddái ruhtadoarjja Norgga Biibbalselskáhppái mii lea jorgalahttimin Boares testameantta davvisámegillii. Doarjja sámi aviissaide 2004;s lea lassánan 11,6 milj.ru rádjai.
Birasgáhttendepartemeanta joatká juolludeami Sámediggái sámi kulturmuittuid suodjalanbargguide, kap. 1429, poasta 50 Ruhtadoarjja sámi kulturmuittuid suodjalanbargguide. Ruđat galget eanáš geavahuvvot bajásdoallan- ja divodanbargguide. Evttohuvvo ahte 2 milj. ru várrejuvvo ulbmilii 2004:s. Golmmajagi geahččalanortnet mas Sámediggi lei oŽŽon válddi kulturmuitolága vuođul, galgá árvvoštallot 2003:s.
Eanadoallodepartemeantta ovddasvástádusviidodagas lea 2003-2004 boazodoallošiehtadusa dábálaš rámma 95 milj. ru earret ruđaid doaibmabijuide radioaktiivavuođa vuostá ja earret ruđaid boazodoalu vearrogessosiid gokčamii. Dat dagaha 5,9 milj. ru geahpedeami otná šiehtadusa ektui. Boazodoallošiehtadusas ja eanandoallošiehtadusas lea juolluduvvon 4 milj. ru sámi ovddidanfondii. Boazodoallohálddáhusa bušeahtta badjel lea juolluduvvon 35,7 milj. ru hálddahusa doaibmagoluid ruhtadeapmái. Boazodoallohálddahus lea oŽŽon ovddasvástádusa oktiiordnet ja lágidit boazodoalu resursaguovddáŽa ásaheami. Lea 2004 juolluduvvon 2 milj. ru guovddáŽa ásaheapmái ja doaibmagoluid ruhtadeapmái. Muđui lea evttohuvvon 3,2 milj. ru rádjasoahpamušáiddiid (konvenšuvdnaáiddiid) čavddisin doallamii ja 659 000 ru duottarstobuid bajásdoallamii 2004. Evttohuvvo maiddái 13,2 milj. ru nuppástuhttindoaimmaide Sis-Finnmárkkus. Dát lea 11 milj. ru. lassáneapmi. Láhčin dihtii vejolašvuođa heaitit boazodoaluin ja geahpedit boazologu Oarje-Finnmárkku boazoguovllus, de dálá váikkuhangaskaomiid lassin boahtá bonusortnet bohccuid njuovvama oktavuođas.
Olgoriikadepartemeanta juolluda kap. 116, poasttas 70 Doarjja riikkaidgaskasaš organisašuvnnaide, ee. "Álgoálbmogiid oassálastimii Árktalaš ráđis jna.". Juolludeami sáhttet Sámiráđđi ja olgoriikka álgoálbmotorganisašuvnnat geavahit čoahkkimastimii Árktalaš ráđis. Juolludeapmi lea 2001-2003 leamaš 400 000 ru jahkái. Evttohuvvo doalahit dán dási 2004 ge. Kap. 163, poastta 71 bokte Humanitára veahkki ja olmmošvuoigatvuođat juolludii departemeanta 2002 ja 2003 988 000 ja 1,2 milj. ru Álgoálbmotvuoigatvuođaid gelbbolašvuođaguovddáŽii. Evttohuvvo doalahit 1,2 milj. ruvdnosaš juolludeami 2004:s.
Justisdepartemeanta áigu 2004:s ge juolludit ruđaid Sis-Finnmárkku Riekteveahkkekantuvrii kap. 470, poastta 72 bokte Doarjja erenoamáš riekteveahkkedoaimmaide. Doarjja 2003 lei 1,2 milj. ru. Departemeanta áigu nugo maŋimuš jagiid ge várret vásedin ruđaid politiijaguovlluide main leat gielddat sámegiela hálddašanguovllus. Ruđat galget geavahuvvot gokčat oppalaš lassebarggu goluid maid guovttegielatvuohta dagaha politiijaide, ja gokčat gelbbolašvuođa bajidandoaimmaid goluid. Dutkanprošeakta "Sámi áigahaš álbmotdábit ja riekteoainnut" álggahuvvui 1997:s. Prošeakta lea juhkkojuvvon guovtti muddui. 1. muttu bohtosat prošeavttas, mii lea geográfalaččat ráddjejuvvon Finnmárkku fylkii, leat almmustuvvan NAč 2001:34. Sámi vuoigatvuođalávdegoddi jođiha 2. muttu mii lea dutkanprošeakta "Sámi áigahaš álbmotdábit ja riekteoainnut" Finnmárkku fylkka lulábealde.
Eláhus- ja gávpedepartemeanta háliida joatkit sámi IT/eSápmi-áŋgiruššama, mii lea kap. 914 Erenoamáš IT-doaibmabijut, poastta 22:s IT-politihka oktiiordnen. Departemeanta juolludii 240 000 ru dása 2003.
Kap. 540 Sámediggi (vrd. kap. 3540 Sámediggi)
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Poasta | Poasta | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 |
50 | Sámediggi | 120 100 | 129 800 | 135 400 |
54 | Sámeálbmot foandda vuoitu | 7 119 | 4 650 | 4 650 |
Oktiibuot kap. 540 | 127 219 | 134 450 | 140 050 |
Sámedikki rapporteren Ráđđehussii ja Stuorradiggái
Sámelága § 1-3 nanne ahte Sámedikki jahkedieđáhus galgá sáddejuvvot Gonagassii. Ráđđehus ovdanbidjá dieđáhusa Stuorradiggái jahkásaččat, stuorradiggedieđáhusas Sámediggi doaimma birra. Das Ráđđehus čilge ieŽas sámepolitihka ge. Dát jahkásaš stuorradiggedieđáhus láhčá buorre vuođu Stuorradiggái, Sámediggái ja Ráđđehussii ráđđádallat sámepolitihka birra. Sámediggi dohkkehii ieŽas 2002-jahkedieđáhusa miessemánus 2003:s. Stuorradiggedieđáhus Sámedikki 2002 doaimma birra almmuhuvvo golggotmánus 2004.Maŋŋá go Riikarevišuvdna 2001 guorahalai Sámedikki dorjjaortnegiid hálddašeami, leat Sámediggi ja Gielda- ja guovludepartemeanta 2003 nammadan bargojoavkku man bargomearrádus lea ráhkadit njuolggadusaid dasa mo Sámediggi galgá hálddašit doarjjaruđaid maid Stuorradiggi lea juolludan. Dán barggu váldoulbmil lea ráhkadit doarjjaortnegiid njuolggadusaid mat sohpet ođđa evttohuvvon doarjjanjuolggadusaide, ja mat leat mielde evttohuvvon ođđa njuolggadusain stáhta ekonomiijastivrema várás, ja maid Finánsadepartemeanta lea ráhkadan. Njuolggadusaid ráhkadanbargu Sámedikki doarjjaortnegiid várás galgá leat gárvvis golggotmánus 2003. Doarjjaortnegiid njuolggadusevttohusa meannuda Sámediggi dievasčoahkkimisttis skábmamánus 2003, ja evttohus galgá ee. sisttisdoallat juolludaneavttuid ja čuovvoleami ja dárkkisteami njuolggadusaid. Riikarevišuvdna oaŽŽu buot ođđa njuolggadusaid go Sámediggi dievasčoahkkin lea daid mearridan. Njuolggadusat gustogohtet ođđajagemánu 1. b. rájes 2003.Sámedikki dievasčoahkkin juolluda ruđaid máŋgga poasttas njuolgga doarjjavuostáiváldiide. Gielda- ja guovludepartemeanta ii háliit geatnegahttit Sámedikki dievasčoahkkima čuovvut eará dihto juolludannjuolggadusaid go ahte ruđat galget juolluduvvot bušeahttapoastta ulbmila vuođul. Ovdamearkka dihtii oaŽŽu Sámedikki dievasčoahkkin ieš mearridit geasa ja man ollu dat juolluda. Sámediggi lea álbmotválljen orgána, ja Sámedikki dievasčoahkkin beassá juolludit ruđaid ieŽas vuoruheami mielde. Mii guoská Sámedikki dievasčoahkkimis juolluduvvon ruđaid čuovvoleapmái ja hálddašeapmái, de dán čađaha Sámedikki hálddahus. Doarjagiid máksin-, čuovvolan- ja dárkkistanrutiinnaid vuođđun galget leat njuolggadusat mat leat ráhkaduvvon stáhta doarjjahálddašeapmái. Departemeanta galgá gozihit ahte Sámediggi čađaha dohkálaš rutiinnaid, gustojeaddji njuolggadusaid vuođul. Sámedikki doarjjastivra ja dat geasa dat fápmuda juolludanválddi, juolluda báhcán ruđaid. Dáin dáhpáhusain galgá Sámediggi ráhkadit juolludannjuolggadusaid daid gáibádusaid vuođul mat gustojit stáhta doarjjahálddašeamis.
Poasta 50 Sámediggi
Raporta 2002-2003
Doaibmagolut
Sámedikki ásaheami rájes 1989 lea jahkebargguid lohku lassánan 13 jahkebarggus gitta 103,4 jahkebargui (pr miessemánu 1. b. 2003). Dát čuovvu lunddolaččat das go maŋemuš jagiid leat departemeanttat sirdán Sámediggái hálddašanovddasvástádusa ollu bargamušain ja doarjjaortnegiin, seammás go Sámediggi ieš ge lea váldán ovdan áššiid mat dan mielas gusket sámi álbmogii. Sámediggi hálddašii 2003 sullii 211 milj. ru. Sámedikki politihkalaš ja hálddahuslaš doaimma golut ledje oktiibuot 77 milj. ru 2002.
Ovttadássásašvuohta
Sámedikkis lea bonju sohkabeallejuohku, ja dilli orru vearráneamen, go válljejuvvojit dađistaga unnit nissonat Sámediggái. Maŋŋil 1977 válgga ledje 26 pst. nissonat Sámedikkis, ja dán áigodagas (2001-2005) leat dušše 18 pst. nissonáirasat. Sihke Sámediggi ja guovddáš eiseválddit dovddastit ahte váilevaš nissonovddasteapmi Sámedikkis lea váttisvuohta dan ulbmila ektui ahte álbmotválljen orgánas berre sohkabeliid ovddasteapmi leat dego muđui álbmogis.Sámediggi mearridii čakčamánus 2002 geahččalit ásahit ortnega dássenmandáhtaiguin. Evttohuvvui lasihit njeallje dássenmandáhta mat várrejuvvojit Sámedikki unnimusat ovddastuvvon sohkabeallái, nu ahte šaddet oktiibuot 43 áirasa Sámedikkis. Stuorradiggi lea ieŽas Innst. S. nr. 110 (2002-2003) merkon Sámedikki mearrádusa, ja lea gohččon Ráđđehusa árvvoštallat livččii go vejolaš čađahit dákkár ortnega. Ráđđehus diehtá ahte Sámediggi lea mearridan nammadit áššedovdi lávdegotti mii galgá guorahallat válgaortnega buot beliid. Ráđđehus oaivvilda ahte ferte guorahallat válgaortnega buot osiid oktan, ja ahte lea riekta vuordit lasiheames dássenmandáhtaid Sámediggái dasságo áššedovdi lávdegoddi čielggadus almmuhuvvo, ja dasságo Sámediggi lea buktán evttohusaidis. Sámediggi oaidná dárbbu joatkit dutkama sohkabeliid birra sámi servodagas ja dán oktavuođas oaidná dárbbu árvvoštallat sihke válganjuolggadusaid ja Sámedikki politihkalaš arenan ovttasdássásašvuođa -ja sohkabealleperspektiivvas. Sohkabeliid ovttasdássásašvuohta ja nissonpolitihkalaš gaŽaldagaid čuovvoleapmi leat guovdilis ulbmilat buot Sámedikki politihkkasurggiin, ja lea mielde Sámedikki plánadokumeanttain. Sámedikki ulbmil lea 2003 jahkedieđáhusas čilget sohkabeliid ovttadássásašvuođa duohta dili, vrd. ovttadássásašvuođalága § 1a.
Ealáhusulbmilat
Okta Sámedikki bajimuš ulbmiliin ealáhusovddideami dáfus lea ráhkadit nana ja ealli sámi servodagaid main lea bissovaš ássan ja máŋggbealat ealáhus-, kultur- ja servodateallin. Sámediggi atná mearrideaddjin ahte ráhkaduvvojit hálddašanmállet mat addet báikkálaš olbmuide vejolašvuođaid geavahit daid ovdamuniid mat sis leat. Sámediggi háliida ahte váikkuhangaskaomiid geavaheapmi galgá váikkuhit dasa ahte sihke nissonolbmot ja almmáiolbmot vásihit gánnáhahttin ássat ja eallit sámi báikkálaš servodagain seammás go galgá addit vejolašvuođaid válljet lotnolasealáhusaid, unnadoaimmatealáhusaid ja ovttaolbmofitnuid. Sámediggi háliida joatkit ieŽas ovttasbarggu eará ruhtadeaddjiiguin nu ahte sáhttá čavgadit ja viidát oktiiordnet guovlulaš ealáhusovddideami.
Sámi ovddidanfoanda
Sámi ovddidanfoanda lea leamaš okta deháleamos ealáhusváikkuheaddjiin sámi servodagas. Sámediggi oaivvilda ahte lea dárbu vuoruhit ealáhusdoarjaga ealáhusálggaheaddji nissoniidda ja ealáhusdoalli nissoniidda.Vuođđoealáhusain leat uhccán nissonat geat fitnodaga eaiggáduššet, ja leat uhcit nissonat go albmát geat álggahit ođđa fitnodaga. Danne galggašedje leat eanet doaibmabijut nissoniid várás, sihke vuođđoealáhusain ja ealáhuseallimis muđui. 2002 attii Sámediggi oktiibuot 2,2 milj. ru ealáhusdoarjjan nissoniidda, mii dahká 31 pst. buot juolludemiin ovttaskas olbmuide. 2001 oŽŽo nissonat 42 pst. juolluduvvon supmis.
Tabell 3.18 Juolludeamit Sámi ovddidanfoanddas ealáhusaid mielde
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Sámi ovddidanfoanda | 2001 | Pst. | 2002 | Pst. |
Guolásteapmi | 3 750 | 20,1 | 3 640 | 20,1 |
Eanadoallu | 3 250 | 17,4 | 3 140 | 17,3 |
Duodji - ovddidandoaimmat/ investeremat | 2 380 | 12,7 | 2 270 | 12,5 |
Lotnolasealáhusat | 4 750 | 25,4 | 4 640 | 25,6 |
Eará ealáhusat | 4 550 | 24,4 | 4 440 | 24,5 |
Oktiibuot | 18 680 | 100 | 18 130 | 100 |
Tabell 3.19 Sámi Ovddidanfoandda juolludemiid sohkabeali juohku
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Sámi ovddidanfoanda | 2001 | Pst. | 2002 | Pst. |
Nissonolbmot | 3 824 | 42 | 2 234 | 31 |
Almmáiolbmot | 5 197 | 58 | 5 082 | 69 |
Oktiibuot | 9 021 | 100 | 7 316 | 100 |
Sámedikkis lea erenoamáš ovddasvástádus ovddidit duoji (sámi dáiddaduoji ja duoji), ja deattasta man stuorra vejolašvuođat duojis leat ovdánit fágan, kultuvran ja ealáhussan. Arvvosmahttin dihtii olbmuid ođđa ealáhusaid álggahit lea Sámediggi ráhkadan viđajagi duodjeovddidanprográmma. Dát ovddidanprográmma galgá duođaštit man stuorra váikkuhus dán ealáhusas lea árvobuvttadeapmái ja ođđa bargosajiid ásaheapmái sámi guovlluin, erenoamáŽit bargosajiid ásaheapmái nissoniidda. Iešguđetlágan eiseválddit leat bovdejuvvon ruhtadit prográmma. Jahkái 2003 Sámediggi lea juolludan 3,4 milj. ru Sámi ovddidanfoandda ruđain duodjái. Dán supmis lea 1,2 milj. ru várrejuvvon ovddidandoaimmaide/investeremiidda ja 2,2 milj. ru ovddidanprográmmii.
Lotnolasealáhusaid ruhtadoarjagiid ulbmil lea leamaš bisuhit daid olbmuid bargosajiid ja dinestusa geat ellet lotnalasealáhusain. Sámediggi lea mearridan geahpedit doaibmadoarjaga ja eambbo vuoruhit ovddidandoaimmaid. Geahpedeapmi čađahuvvo easkka 2004. 2002 juolluduvvui 7,4 milj. ru lotnolasealáhusortnegii. Olles doarjjasupmis juolluduvvui 25,4 pst. nissoniidda 2002:s. 2001 ledje 23,5 pst. nissonat daid gaskkas geat oŽŽo doarjaga lotnolasealáhusaide.
Sámediggi atná guolásteami vuoruhusa áibbas mearrideaddji eaktun dasa ahte sámi kultuvra, giella ja ealáhusat galget ceavzit ja ovdánit sámi riddo- ja vuotnaguovlluin. Danne ferte sihkkarastit ahte leat guolástanfatnasat, guollebiepmahagat ja vuostáiváldinsajiid fierpmádat mat leat heivehuvvon báikkálaš diliide. 2002 juolluduvvui 3,3 milj. ru guolásteapmái.
Kulturulbmilat
Kulturdoaimmat leat dehálaččat sámi giela, identitehta ja gullevašvuođa ovddideamis. Sámediggái lea dehálaš oktiiordnet sámi kulturdoaibmabijuid ja láhčit ovttaárvosaš fálaldagaid ja doaimmaid daid dárbbuid vuođul mat joavkkuin iešguđet guovlluin leat.
Tabell 3.20 Juolludeamit kulturulbmiliidda
(1 000 ru) | |||
---|---|---|---|
Ulbmilat | 2000 | 2001 | 2002 |
Sámi kulturfoanda | 9479 | 9 475 | 9 000 |
Sámi kulturviesut | 3 938 | 3 998 | 4 613 |
Sámi kulturorganisašuvnnat | 1 022 | 1 072 | 1 093 |
Sámi girjelágádusat | 1 515 | 1 490 | 1 520 |
Sámi festiválat | - | 700 | 1 128 |
Sámi valaštallan | 500 | 500 | 500 |
Sámi teáhter (Beaivváš Sámi Teáhter) | - | - | 10 700 |
Dáiddastipeanddat | - | - | 1 300 |
Oktiibuot | 16 454 | 17 235 | 29 854 |
2002 válddii Sámediggi badjelasas ovddasvástádusa Beaivváš Sámi Teáhteris, ja dan 10,7 milj. ru lassin mii juolluduvvui dán teáhterii, juolludii vel Sámediggi 400 000 ru Sámi ovddidanfoanddas teáhterulbmiliidda. Sámi teáhter galgá nannet sámi kultuvrra ja identitehta. Teáhter lea dehálaš sadji mas sámi dáiddalaš ja kultuvrralaš ilbmadeamit dovddahuvvojit ja muosáhuvvojit ja mas sámegiella geavahuvvo.
Sámediggi atná dehálaŽŽan ahte sámi álbmot duođaid beassá kultuvrra doaimmahit. Sámi kulturguovddáŽat leat sajit main kultuvrra sáhttá doaimmahit. Dát guovddáŽat váikkuhit positiivvalaččat sámi giela ja kultuvrra ovdáneapmái ja lagašbirrasa bargosajiid ja ássama lassáneapmái. Sámediggi galgá váikkuhit dasa ahte dálá kulturásahusaid doaibma sihkkarastojuvvo. 2002 juolludii Sámediggi 4,6 milj. ru dán ulbmilii.
Sámi kulturfoanda
Sámi kulturfoandda ulbmil lea ovddidit doaibmabijuid sámi kultuvrra várás ja arvvosmahttit kulturdoaimmaid sámi álbmoga várás. 2002 várrejuvvui 9 milj. ru fondii.
Tabell 3.21 Sámi kulturfoandda ruđaid juogadeapmi
(1 000 ru) | |||
---|---|---|---|
Ulbmilat | 2000 | 2001 | 2002 |
Girjjálašvuohta | 2 100 | 2 100 | 2 000 |
Govvadáidda/duodji | 1 105 | 1 000 | 875 |
Musihkka | 595 | 1 000 | 1 000 |
Teáhterulbmilat | 480 | 400 | 400 |
Sámi mánáide láhčit buriid bajásšaddaneavttuid | 2 690 | 2 475 | 2 475 |
Eará doaibmabijut 1 | 2 509 | 2 500 | 2 250 |
Oktiibuot | 9 479 | 9 475 | 9 000 |
1 Sierranas prošeavttat, máŋggalágan kulturdoalut, festiválat jna.
Sámedikki dehálaš ja vuđolaš doaibma lea lágidit sámi mánáide ja nuoraide buriid bajásšaddaneavttuid. Dása lea Sámediggi váikkuhan dan láhkai ahte lea vuoruhan dán ulbmila go lea juolludan doarjagiid iešguđetlágan mánáid ja nuoraid doaimmaide. 2002 mearridii Sámediggi ahte 2,5 milj. ru Sámi kulturfoandda ruđain galge geavahuvvot dákkár juolludemiide. Lea menddo uhccán sámegiel girjjálašvuohta mánáide ja nuoraide, ja Sámediggi oaidná dárbbu ásahit bistevaš doarjjaortnega sámegielat prentosiid almmustahttimii mánáid ja nuoraid várás. 2002 juolluduvvui prošeaktaruhta ilbmadit mánáid- ja nuoraidmagasiinna Leavedolgi ja nuoraidmagasiinna Š.
Sámegiella
Ráđđehus juolludii 2003 Sámediggái vel 5 milj. ru gielddaid ja fylkkagielddaid guovttegielatvuođa bargui. Sámedikki váldoulbmil lea sealluhit, ovddidit ja ealáskahttit sámegiela, ja atná dehálaŽŽan nannet rahčamuša sámegielain buot giellaguovlluin.
Sámediggi juohká guovttegielatvuođadoarjagiid sámegiela hálddašanguovllu gielddaide ja fylkkagielddaide. Doarjagat galget nannet ja ovddidit sámegiela geavaheami almmolaš hálddahusas. Lea gielddaid ovddasvástádus ahte ruđat geavahuvvojit daid ulbmiliid vuođul mat Sámedikkis leat dáinna doarjjaortnegiin. 2002 juolludii Sámediggi 25 milj. ru guovttegielatvuođadoarjjan. 2003 rámmajuolludeapmi lea 28 milj. ru.
Sámi giellaguovddáŽat leat okta dan máŋgga doaibmabijus maid Sámediggi čađaha juksan dihtii ulbmiliiddis. Sámi giellaguovddáŽat leat erenoamáš dehálaččat dain guovlluin gos sámegiella lea heajumus dilis. 2003 juolludii Sámediggi 2,4 milj. ru guđa giellaguovddáŽii Porsáŋggus, Gáivuonas, Divttasvuonas, Evenáššis, Unjárggas ja Deanus. Vuođđodoarjja, mii lea 400 000 ru jahkásaččat, gokčá doaibmagoluid. GuovddáŽat fertejit ieŽa ruhtadit doaimma muđui.
Tabell 3.22 Guovttegielatvuođa doarjagiid juohkin Sámedikkis áigodagas 2001-2003
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Namahus | 2001 | 2002 | Revid. 2003 | +/- |
Guovttegielatvuođadoarjagat | 15 850 | 25 050 | 28 050 | 3 000 |
Giellaprošeavttat hálddašanguovllus | - | - | 1 600 | 1 600 |
Giellaprošeavttat hálddašanguovllu olggobealde | 2 406 | 2 450 | 2 450 | 0 |
GiellaguovddáŽat | 1 600 | 2 000 | 2 400 | 400 |
Oktiibuot | 19 856 | 29 500 | 34 500 | 5 000 |
Sámi váldoorganisašuvnnat ja Sámedikki politihkalaš joavkkut
Sámi váldoorganisašuvnnat barget aktiivvalaččat oppa sámi servodahkii buorrin, ja báikkálaš servviid bokte dat árjjalaččat ovddidit sámi identitehta, giela ja kultuvrra. 2002 Sámediggi juolludii 2,5 milj. ru doarjjan sámi organisašuvnnaide.
Sámediggi juohká doarjaga Sámedikki politihkalaš joavkkuide ieŽas njuolggadusaid mielde. Doarjjaortnega ulbmil lea buoridit joavkkuid bargoeavttuid. 2002 Sámediggi juogadii 1,8 milj. ru Sámedikki politihkalaš joavkkuide.
Bušeahttaevttohusat 2004
Gielda- ja guovludepartemeanta evttoha juolludit 140,05 milj. ru 2004, mii lea 4,2 pst. lassáneapmi. Dás lea 621 000 ru buhtadus go bargoaddidivatortnet lea nuppástahttojuvvon. Nannen dihtii Sámedikki barggu Sámi palamentáralaš ráđiin evttohuvvo sirdit 300 000 ru kap. 541, poasttas 70 Juolludeapmi sámi ulbmiliidda. Dasalassin juolluduvvo 7 milj. ru Sámediggái kap. 571 poasttas 64 Árvvoštallanjuolludeamit. Ruhtajuolludeamit galget juhkkojuvvot guovttegielalašvuođa bargguide gielddain ja fylkkagielddain ja biddjojit oassin Sámedikki rámmajuolludeapmái 2005 rájes. Dán juolludeami bokte háliida Ráđđehus bearrái geahččat daid dárbbuid mat bohtet ovdan raporttas "Lassegolut suohkaniid ja fylkkagielddaid guovttegielalašvuoda geaŽil"mii biddjui ovdan miessemánus 2002.
Sámediggi oaŽŽu jahkásaččat juolludemiid Mánáid- ja bearašdepartemeanttas, Dearvvašvuođadepartemeanttas, Kultur- ja girkodepartemeanttas, Birasgáhttendepartemeanttas, Oahpahus- ja dutkandepartemeanttas, Gielda- ja guovludepartemeanttas, Eanadoallodepartemeanttas ja Olgoriikadepartemeanttas. Dáid departemeanttaid evttohus lea sullii 227 milj. ru mii lea 7,6 pst. lassáneapmi.
Stuorradikki bušeahttamearrádusa várašemiin juolluda Sámediggi sierranas departemeanttaid juolludusaid ieŽas dievasčoahkkimis skábmamánus. Sámediggi juolluda ruđaid ieŽas vuoruheami mielde, muhto daid láidestusaid mielde mat leat Stuorradikki bušeahttamearrádusas.
Poasta 54 Sámeálbmoga foandda vuoitu
Stuorradiggi mearridii geassemánu 16. b. 2000 juolludit 75 milj. ru "Sámeálbmoga fondii" go gieđahalai jagi 2000 ođastuvvon nationálabušeahta. Foandda ulbmila birra celkkii finánsadoaibmagotti eanetlohku ahte foandda vuoitu (ruhtalaskan) galgá mannat iešguđetlágan doaibmabijuide mat nannejit sámi giela ja kultuvrra. Stuorradikki mearrádus máinnaša foandda ceggema oktasaš buhtadassan vahágiid ja vearrivuođaid ovddas maid dáruiduhttinpolitihkka lea dagahan sámi álbmogii. Foandda vuoitu ii leat oassi Sámedikki rámmajuolludeamis.
Sámediggi gieđahalai evttohuvvon foandanjuolggadusaid dievasčoahkkimisttis miessemánus 2002. Sámediggi mearridii váldit vuostá Sámeálbmoga foandda vuosttas soabatlávkin gaskal stáhta ja sámiid. Muhto Sámediggi ii áiggo geavahit foandda vuoittu ovdalgo stáhta ovttas Sámedikkiin álggaha barggu man áigumuš lea ovddidit ođđa ovttasbargovugiid ja doaibmabijuid sámiid várás, ja dainna eavttuin ahte Ráđđehus álggaha barggu man ulbmil lea čoavdit daid ášši geat leat gillán oahppaváilli nuppi máilmmesoađi geaŽil. Ráđđehus lea dál mearridan ahte galgá suokkardallojuvvot oppalaččat mo galgá gieđahallat máŋgga joavkku buhtadasgáibádusaid, nu ahte sáhttá áššiid gieđahallat ollislaččat ja čorgadit. Dát váikkuha dasa mo gáibádusat sis geat leat gillán oahppaváilli nuppi máilmmesoađi geaŽil, galget meannuduvvot. Ráđđehus deattasta ahte vuhtii váldojuvvo dat erenoamáš duogáš mii lea iešgudetlágan gáibádusaid vuođđu, vrd. mii lea máinnašuvvon prográmmakategoriijas 13.21, 3. oasseulbmilis.
Kap. 3540 Sámediggi (vrd. kap. 540 Sámediggi)
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Poasta | Namahus | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 |
51 | Sámeálbmoga foandda vuoitu | 7 119 | 4 650 | 4 650 |
Oktiibuot kap. 3540 | 7119 | 4 650 | 4 650 |
Kap. 541 Doarjja sámi ulbmiliidda
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Poasta | Namahus | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 |
70 | Doarjja sámi ulbmiliidda | 6 300 | 1 300 | 1 100 |
72 | Sámi giella, diehtojuohkin j.e. | 2 500 | 2 500 | 2 600 |
Oktiibuot kap. 541 | 8 800 | 3 800 | 3 700 |
Poasta 70 Doarjja sámi ulbmiliidda
Ráđđehus evttoha juolludit oktiibuot milj. ru 2004 dán poasttas departemeantta geavahussii. Ulbmilin lea seailluhit ja ovddidit sámi identitehta, kultuvrra ja servodateallima. Juolludus lea geahpeduvvon 2003 juolludusa ektui. Evttohuvvo sirdit 300 000 kapihttalii 540, postii 50 Sámediggi nannen dihtii Sámedikki barggu Sámi parlamentáralaš ráđiin. Doarjjaortnet lea ovdal almmuhuvvon juohke jagi. Departemeanta ii ane dán lunddolaŽŽan go jurddaša poastta sturrodaga. 2004 rájes departemeanta álggaha doaibmabijuid ja čuovvola ja dárkkista doaibmabijuid daid gáibádusaid vuođul mat leat Ekonomiijanjuolggadusain.
Lea juolluduvvon 1,3 milj. ru 2003:s. Nuoraid doaibmabijut leat vuoruhuvvon. Ee. lea juolluduvvon 30 000 ru Arctic Youth Camp:i 2003, mii dollui Olmmáivákkis suoidnemánus 2003, 90 000 ru Márkomeannu nuoraidfestiválii Evenáššis, 30 000 "Tjaktjasijdda"- čakčaleirii - maid Sámi váhnenfierpmádat Romssas lágidii, ja 110 000 ru sámielat govvaráiddu almmustahttimii.
Poasta 72 Sámi giella, diehtojuohkin, j.e.
Ráđđehus evttoha ahte juolluduvvo 2,6 milj. ru 2004:s sámi giela ja diehtojuohkima áŋgiruššamii. Ulbmil lea láhčit diliid nu ahte sámigiela geavaheapmi lassána almmolaš sajiin, ahte almmolaš dieđiheapmi sámiide sámegillii lassána ja ahte oppa Norgga álbmot buorebut čuvgejuvvo sámiid birra ja sámi diliid birra. Guovddáš ulbmil lea rahpat vejolašvuođa gevahit sámi čálamearkkaid IT-oktavuođas, omd. almmolaš registariin. Ráđđehusa ulbmil lea ahte buot almmolaš registarat galget sáhttit geavahit sámi čálamearkkaid, ja ahte dieđuid lonohallan gaskal dihtorregistariid galgá doaibmat. Sámegiela ja IT gelbbolašvuođabása ruhtaduvvo dán poastta bokte, vrd. 3. oasseulbmiliin. Ráđđehus ásahii 2003 sámi giellaválljen ODIN-interneahttasiidduin. Bargu jotkojuvvo dán siiddu dađis ovddidemiin ja buoridemiin. Mii guoská miellaguottuide sámiide ja sámi áššiide, várrii Gielda- ja guovludepartemeanta 2003 1 milj. ru ovttasbargui Sámedikkiin man okta váldoulbmiliin lei vuosttaldit negatiiva miellaguottuid sámiide ja sápmelašvuhtii. Okta ulbmiliin lea oaččohit eanebuid čálihit ieŽaset sámi jienastuslohkui. Nissonat ja nuorat leat prošeavtta deháleamos ulbmiljoavkkut. Prošeakta loahpahuvvo 2005.
Ráđđehus áigu joatkit sámi giela ja diehtojuohkima áŋgiruššamiin 2004:s. Ráđđehus atná dán oktavuođas lagaš ovttasbarggu Sámedikkiin dehálaŽŽan.
Kap. 542 Álgoálbmotvuoigatvuođaid gelbbolašvuođaguovddáš
(1 000 ru) | ||||
---|---|---|---|---|
Poasta | Namahus | Rehketdoallu 2002 | Salderej. bušeahtta 2003 | Evttohus 2004 |
1 | Doaibmagolut | 1 800 | 1 900 | 1 950 |
Oktiibuot kap. 542 | 1 800 | 1 900 | 1 950 |
Álgoálbmotvuoigatvuođaid gelbbolašvuođaguovddáš rahppui almmolaččat čakčamánu 1. b. Guovdageainnus. GuovddáŽa ulbmil lea lasihit álgoálbmotvuoigatvuođaide guoski máhtu ja áddejumi. Guovddáš galgá maid čujuhit dárbui čađahit ođđa dutkamiid, muhto ii galgga ieš leat dutkanásahus. Okta stuorámus hástalusain lea hukset ásahusa mas lea fágalaš fierpmádat ja deaddu álgoálbmotgaŽaldagain. Váikkuhangaskaoamit fertejit heivehuvvot ásahusa sierranas ulbmiljoavkkuide. GuovddáŽa boahtteáigi lea das gitta ahte ráhkaduvvojit bures doaibmi diehtojuohkinstrategiijat. Sámediggi ovttas Gielda- ja guovludepartemeanttain leat, ee. Sámi Instituhta ja Sámi Allaskuvlla evttohasaid vuođul, nammadan stivrra. Olgoriikadepartemeanta veahkeha 1,2 milj. ruvdnosaš ruhtademiin 2004, seamma supmiin go 2003. GuovddáŽis leat golbma bargi.
Programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk
Samla utgifter under programkategori 13.50
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
550 | Lokal næringsutvikling | 36 837 | 0 | 0 | 0,0 |
551 | Regional utvikling og nyskaping | 414 000 | 1 116 500 | 1 201 050 | 7,6 |
552 | Nasjonalt samarbeid for regional utvikling | 349 681 | 297 000 | 288 000 | -3,0 |
2425 | Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane | 775 000 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.50 | 1 575 518 | 1 413 500 | 1 489 050 | 5,3 |
Samla inntekter under programkategori 13.50
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
5327 | Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane o.a. | 175 446 | 90 000 | 90 000 | 0,0 |
Sum kategori 13.50 | 175 446 | 90 000 | 90 000 | 0,0 |
Budsjettforslag for 2004 - prioriteringar
Prioriteringane for 2004 er i samsvar med strategiane som blei lagde i kommunal- og regionalministeren si distrikts- og regionalpolitiske utgreiing for Stortinget i 2002. For 2004 vil regjeringa særleg leggje vekt på tiltak som stimulerer innovasjon og nyskaping.
Hovudutfordringane for arbeidet med politikkområdet i 2004 blir å etablere den nye transportstøtteordninga, arbeide med næringsretta utviklingsmidlar til område som har fått auka arbeidsgivaravgift, og følgje opp det nye verkemiddel-apparatet, heilskapleg innovasjonspolitikk, an-svarsreforma, fylkesforsøk og Distriktskommisjonen, i tillegg til å førebu stortingsmeldinga om regionalpolitikken i 2005.
Regjeringa føreslår ei løyving på 1 489,05 mill. kr for 2004. Dette er ein auke på 75,55 mill. kr, dvs. 5,3 pst., i forhold til saldert budsjett, og ein auke på 130,55 mill. kr, dvs. 10 pst., i forhold til revidert budsjett 2003. Regjeringa føreslår å opprette ein eigen post til næringsretta utviklingstiltak som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, med ei løyving på 150 mill. kr. Regjeringa føreslår i tillegg at departementet kan gi tilsegner om tilskot på ytterlegare 205 mill. kr til næringsretta utviklingstiltak og 200 mill. kr til transportstøtte. Desse tilskota vil først kome til utbetaling i 2005 eller seinare år.
Hovuddelen av løyvinga over programkategori 13.50 er desentralisert til fylkeskommunane frå og med 2003. 1,05 mrd. kr, dvs. 78,5 pst. av den ordinære løyvinga på området, er lagt på ein tilskotspost til fylkeskommunane for å fremme regional utvikling, tilpassa føresetnadene i regionane. Fordelinga av ramma mellom fylkeskommunane vil i 2004 i sterkare grad enn i 2003 bli basert på objektive kriterium.
Regjeringa meiner at dei auka avgiftsinntektene ved ei endring av dagens ordning skal tilbakeførast til dei områda som endringa får verknader for. Det inneber at den fordelen som ligg i dagens differensierte arbeidsgivaravgift, så langt råd er blir ført vidare. For 2004 føreslår regjeringa kompenserande ordningar som samla sett har ein provenyverknad tilsvarande dei auka avgiftsinntektene som følgjer av endringane i arbeidsgivaravgifta.
Regjeringa føreslår:
å vidareføre nullsatsen i Nord-Troms og Finnmark
å behalde dagens differensierte arbeidsgivaravgift for fiskeri og landbruk
å vidareføre differensiert arbeidsgivaravgift i sonene 2, 3 og 4, innanfor den frisummen som statsstøtteregelverket tillèt
ein overgangsperiode på tre år for sonene 3 og 4
full kompensasjon for offentleg sektor
å fjerne el-avgifta for all næringsverksemd i sonene 2-4
ei ordning for direkte transportstøtte
å setje av midlar til næringsretta utviklingstiltak til dei aktuelle regionane
Regjeringa vil frå og med 2004 gjennomføre nokre justeringar i den geografiske avgrensinga av direkte bedriftsstøtte. Slik støtte skal primært givast innanfor område A, B og C av verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla. Når det er ein del av større satsingar grunngitt i vedtekne regionale strategiar, kan det frå og med 2004 også givast støtte til bedrifter i andre delar av fylket innanfor ramma av bagatellmessig støtte.
SND har hatt større tap på den distriktsretta risikolåneordninga i 2002 og første halvår 2003 enn i tidlegare år. Tapa har i hovudsak samanheng med konjunkturane i norsk økonomi. SND har i ein gjennomgang av porteføljen avdekt at det er behov for ei tilleggsløyving for at tapsfonda skal spegle risikoen i porteføljen. Regjeringa vil kome tilbake til dette i nysalderinga av budsjettet for 2003.
Mål og strategiar i regional- og distriktspolitikken
Noreg er eit land med store variasjonar og rikt mangfald. Gjennom historia har vi utvikla ulike levesett, kulturar, dialektar, språk og kulturlandskap som representerer ein stor eigenverdi. Gjennom regional- og distriktspolitikken vil regjeringa ta vare på og vidareutvikle dette mangfaldet.
Vi må ha verksemd i alle delar av landet for å sikre den samla verdiskapinga i nasjonen. Råvareuttak og primærproduksjon i distrikta er grunnlag for mykje av verdiskapinga i landet, og der er potensial for mykje meir. Tru på eigne krefter er viktig for å utløyse nyskaping og vekstkraft. Regjeringa vil leggje til rette for ei effektiv utnytting av dei ressursane vi har i alle delar av landet, og vil støtte opp under den optimismen og trua på framtida som finst i store delar av distrikts-Noreg. Vi vil stimulere til omstilling, innovasjon og nyetablering, og vi vil medverke til at ungdom og kvinner i større grad får utnytta sine ressursar. Også innvandrarane skal kunne utnytte sitt potensial betre enn i dag.
Staten byggjer ikkje landet. Staten skal leggje til rette for at enkeltmenneske, verksemder og institusjonar kan verke og skape verdiar for seg sjølv og for samfunnet. Regjeringa set individet i sentrum. Dette gjeld også i distrikts- og regionalpolitikken. Kvar og ein av oss vel på sjølvstendig grunnlag kvar vi vil bu og arbeide. Regjeringa vil leggje til rette for at den enkelte har reell fridom til å busetje seg der ho eller han ønskjer.
Vi legg vekt på den retten den enkelte har til å ta avgjerder om det som påverkar eigen kvardag og eige liv. Politiske avgjerder skal takast så nær dei avgjerdene vedkjem, som mogleg. Derfor vil vi delegere meir mynde nedover i statsforvaltninga og desentralisere meir ansvar og fleire oppgåver til kommunesektoren.
Konkurranse nasjonalt er med på å stimulere til skaparvilje og verketrong hos den enkelte, og er samtidig ein føresetnad for at norske bedrifter skal ha konkurranseevne internasjonalt. Konkurranse verkar skjerpande og er ei viktig drivkraft for å få til utvikling og endring.
Gjennom ei sterkare målretting av verkemidla vil regjeringa kompensere for svikt i marknaden og medverke til at alle delar av landet kan få ei positiv utvikling og likeverdige vilkår for deltaking i konkurransen. Hovudansvaret for verdiskapinga i Noreg ligg likevel hos enkeltmennesket, i den enkelte bedrift og i den enkelte region.
Lokalsamfunn kan bli stilte overfor store ufordringar på grunn av svikt i næringsgrunnlaget og stor fråflytting. Innbyggjarane i desse lokalsamfunna skal da vere trygge på at fellesskapet stiller opp og medverkar aktivt i ein omstillingsperiode, fram til ein lokalt igjen kan ta hovudansvaret for eiga utvikling. Også stader med nedgang i folketalet skal vere trygge og gode samfunn å bu i. Uavhengig av kvar ein bur, skal den enkelte vere trygg på at han eller ho har tilgang til grunnleggjande offentlege tenester, som utdanning og helse- og omsorgstenester. Regjeringa vil sikre grunnlaget for likeverdige levekår, og da først og fremst gjennom det kommunale inntektssystemet.
For regjeringa er det eit mål å demme opp for ei utvikling der Osloregionen held fram med å vekse mykje raskare enn resten av landet. Vi vil medverke til å vidareutvikle vekstkraftige regionar i alle delar av landet og ta vare på hovudtrekka i busetnadsmønsteret, slik at vi framleis er i stand til å ta ut det verdiskapingspotensialet som finst. Når det gjeld busetnaden, er regjeringa sitt mål for dei neste tjue åra ei meir balansert utvikling, der alle landsdelar har vekst i folketalet. For distrikta vil det vere viktig å trekkje til seg unge i etableringsfasen. I denne gruppa er mobiliteten stor, og relativt mange er motiverte for å busetje seg utanfor dei større byane.
Regjeringa vil arbeide etter desse hovudstrategiane i regional- og distriktspolitikken:
etablere rammevilkår som er så gode at verksemder, kapital og arbeidskraft blir verande i Noreg, og at vi er attraktive for utanlandske investeringar
satse sterkare på regionar og senter som har vekstpotensial. Vi vil styrkje vekstkrafta der ho alt finst, og samtidig sikre grunnlaget for gode levekår i alle delar av landet.
prioritere verkemiddel som kan medverke til å styrkje evna til innovasjon og nyetablering i alle delar av landet, med vekt på å nå potensielle nyskaparar og entreprenørar
delegere og desentralisere meir ansvar og fleire oppgåver til regionalt og lokalt nivå
Tiltak og innsats under mange departement er viktige i regional- og distriktspolitikken. Regjeringa legg stor vekt på å samordne denne innsatsen, slik at tiltaka i sum utgjer ein heilskapleg og målretta politikk for regional utvikling. Dette er ikkje minst viktig i arbeidet med å finne gode alternativ til ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Strategiane og større, sentrale tema blir presenterte nærmare nedanfor, etter tilstandsvurderinga.
Kommunal- og regionaldepartementet forvaltar eigne regional- og distriktspolitiske verkemiddel under programkategori 13.50. Dei midlane som er sette av til dette, er eit supplement til dei ordinære sektorbudsjetta, og skal nyttast til tiltak som har ei særleg regional- og distriktspolitisk grunngiving. Målet med midlane under programkategori 13.50 er å medverke til regional utvikling ved å utløyse meir av det verdiskapingspotensialet som finst i regionane, og å skape meir attraktive regionale miljø og stader med gode bu- og leveforhold.
Tilstandsvurdering - utviklinga i folketalet, sysselsetjinga og næringsstrukturen
Årsakene til endringar i busetnaden og folketalet i ulike delar av landet er mange. Utviklinga i folketalet i eit område er avhengig av talet på kvinner i fødedyktig alder, av kor stor del av befolkninga som tilhøyrer ulike aldersgrupper og av forholdet mellom innflytting og utflytting. Faktorar som påverkar kvar enkeltpersonar og familiar vel å busetje seg, er mellom anna kva høve som finst til å ta utdanning og skaffe seg arbeid og inntekt, men også ønske om å bu på bestemte stader. Flytteundersøkingar viser at arbeidsløyse aleine sjeldan er ei direkte årsak til flytting, men tilgang på arbeidsplassar er likevel ein nødvendig føresetnad for busetjing og utvikling i folketalet på lengre sikt. Utviklinga i sysselsetjinga i eit område kan vi også sjå på som eit uttrykk for vekstkrafta i området. I tilstandsvurderinga legg vi derfor vekt på å vurdere utviklingstrekk på arbeidsmarknaden ut frå sysselsetjing, arbeidsløyse og næringsstruktur i ulike delar av landet. Utviklinga på arbeidsmarknaden dannar eit grunnlag for regional- og distriktspolitisk innsats. Vurderinga er knytt til landsdelar, til sentralitet og til ulike typar av bu- og arbeidsmarknadsregionar.
Utviklinga i folketalet
Landet sett under eitt har hatt ein vekst i folketalet på om lag 5 pst. i den siste åtteårsperioden, men veksten er ujamt fordelt mellom landsdelane, jf. tabell 3.23. Alle landsdelar utanom Nord-Noreg har hatt vekst i dei to siste fireårsperiodane. Den største veksten finn vi på Austlandet.
Tabell 3.23 Endring i folketalet i ulike landsdelar
Folketal | Vekst i periodane i prosent | ||||
---|---|---|---|---|---|
Landsdel | 1.1.1994 | 1.1.1998 | 1.1.2002 | 1994-1998 | 1998-2002 |
Austlandet | 2 094 407 | 2 158 419 | 2 236 222 | 3,1 | 3,6 |
Sørlandet | 247 725 | 253 705 | 260 796 | 2,4 | 2,8 |
Vestlandet | 1 118 032 | 1 142 926 | 1 170 763 | 2,2 | 2,4 |
Midt-Noreg | 383 147 | 385 962 | 393 780 | 0,7 | 2,0 |
Nord-Noreg | 466 898 | 464 447 | 462 908 | -0,5 | -0,3 |
Totalt | 4 310 209 | 4 405 459 | 4 524 469 | 2,2 | 2,7 |
Kilde: Kjelde: SSB og Pandagruppen
Dei fleste fylka har hatt ein auke i folketalet, men både Finnmark og Nordland hadde nedgang i heile åtteårsperioden, jf. vedlegg II. Oslo og Akershus hadde den sterkaste veksten i åtteårsperioden. Elles hadde fylka Hedmark, Oppland og Nord-Trøndelag ein nedgang i den første fireårsperioden, medan Sogn og Fjordane hadde ein nedgang i den siste perioden.
Fordelinga av veksten i folketal mellom sentrum og periferi er ujamn, jf. tabell 3.24. Kommunane i storbyregionane har hatt ein sterk vekst i folketalet i heile åtteårsperioden, og veksten har auka i den siste fireårsperioden. Den prosentvise veksten er nokså lik i dei ulike storbyregionane, jf. vedlegg II. Til samanlikning har kommunane i dei minst sentrale områda i sum ein nedgang i folketalet i begge fireårsperiodane. Nedgangen kom i periferikommunar i alle landsdelar, med unntak av periferikommunar på Sørlandet, som hadde ein vekst i den siste fireårsperioden. I mellomkategorien "byar og tettstader" er det ein liten vekst i heile perioden, med unntak av Midt-Noreg. Veksten var størst på Vestlandet og Austlandet.
Tabell 3.24 Endring i folketalet etter sentralitet
Folketal | Vekst i periodane i prosent | ||||
---|---|---|---|---|---|
Sentralitet1 | 1.1.1994 | 1.1.1998 | 1.1.2002 | 1994-1998 | 1998-2002 |
Storbyregionar | 2 228 210 | 2 319 311 | 2 423 351 | 4,1 | 4,5 |
By/tettstad | 1 432 119 | 1 448 738 | 1 473 384 | 1,2 | 1,7 |
Periferi | 649 880 | 637 410 | 627 734 | -1,9 | -1,5 |
Totalt | 4 310 209 | 4 405 459 | 4 524 469 | 2,2 | 2,7 |
1 "Storbyregionane" er regionane rundt Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø. "By/tettstad" er kommunar med mindre enn 60 min reisetid til nærmaste tettstad med meir enn 5000 innbyggjarar, medan "Periferi" er kommunar med meir enn 60 min reisetid til ein tettstad med meir enn 5000 innbyggjarar.
Kilde: Kjelde: SSB og Pandagruppen
Ser vi på utviklinga i folketalet i dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane 3 (BA-regionane) inndelte etter storleik, viser tabell 3.25 at dei største bu- og arbeidsmarknadsregionane veks sterkast. Sett i forhold til tabell 3.24, som viser folketal etter sentralitet, viser tabell 3.25 at veksten i dei mellomstore regionane er relativt sterk og aukande, særleg i regionane med mellom 50 000 og 100 000 innbyggjarar. Dei minste bu- og arbeidsmarknadsregionane har ein nedgang i folketalet.
Tabell 3.25 Folketalet i bu- og arbeidsmarknadsregionar, grupperte etter storleik
Storleik p BA-regionen i innbyggjartal | Folketalet i bu- og arbeidsmarknadsregionar | Vekst i prosent | Talet på BA- regionar i gruppa | |||
---|---|---|---|---|---|---|
1.1.1994 | 1.1.1998 | 1.1.2002 | 94-98 | 98-02 | ||
Større enn 100 000 | 2 295 783 | 2 386 658 | 2 489 424 | 4,0 | 4,3 | 9 |
50 000-100 000 | 615 100 | 627 870 | 644 950 | 2,1 | 2,7 | 9 |
20 000-50 000 | 585 387 | 588 510 | 595 250 | 0,5 | 1,1 | 19 |
5000-20 000 | 653 099 | 646 652 | 643 375 | -1,0 | -0,5 | 57 |
Mindre enn 5000 | 160 840 | 155 769 | 151 470 | -3,2 | -2,8 | 67 |
Totalt | 4 310 209 | 4 405 459 | 4 524 469 | 2,2 | 2,7 | 161 |
Kilde: Kjelde: SSB og Pandagruppen
Data frå SSB og Pandagruppen per 1.1.2002 viser at det ikkje er store skilnader i talet på kvinner i fødedyktig alder mellom lands-delane. Derimot er det er ein viss skilnad mellom perifere og sentrale kommunar. Det er relativt sett færre kvinner i fødedyktig alder i periferikommunar, spesielt på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg, enn i sentrale kommunar, med Tromsøregionen og Osloregionen på topp. Grunnlaget for vekst i folketalet knytt til fødselsraten er derfor størst i sentrale strøk av landet. Det låge talet på kvinner i fødedyktig alder i periferikommunar er ein viktig grunn til at ein har problem med å halde oppe folketalet i desse kommunane.
Utviklinga i sysselsetjinga
Det samla talet på arbeidstakarar i Noreg auka med 256 000 i perioden frå 4. kvartal 1993 til 4. kvartal 2001, jf. vedlegg II. Dette svarer til ein auke på 15,2 pst. Den største veksten kom i den første delen av perioden. Alle landsdelar utanom Nord-Noreg hadde vekst i talet på arbeidstakarar gjennom heile perioden. Nord-Noreg hadde vekst i sysselsetjinga i den første delen av perioden, men ein liten nedgang i den siste delen av perioden. Den største veksten i talet på arbeidstakarar finn vi på Austlandet og Sørlandet.
Også endringa i sysselsetjinga har ein sentrum-periferi-dimensjon. Figur 3.2, som gir ei oversikt over sysselsette i dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane i perioden 4. kv. 1993 - 4. kv. 2001, viser at regionar som er folkerike eller som ligg nær slike regionar, har hatt størst vekst i sysselsetjinga. Det ser vi særleg tydeleg rundt storbyane og på det sentrale Austlandet. Den sterkaste veksten i talet på arbeidstakarar har kome rundt Oslofjorden, og da særleg i Tønsberg, Moss og Askim/Eidsberg. Haugesund har også hatt ein sterk vekst i talet på sysselsette. Det same har Ålesund, som er det store positive unntaket på Nordvestlandet. Den prosentvise veksten i talet på arbeidstakarar er størst i arbeidsmarknadsregionane rundt dei største byane.
På den andre sida har små innlands- og kystkommunar og regionar på Nordvestlandet og i Nord-Noreg ein reduksjon i talet på arbeidstakarar. Det var størst prosentvis nedgang i talet på arbeidstakarar i regionane Røyrvik, Berlevåg, Vardø, Måsøy, Gamvik, Nordkapp, Hammerfest og Moskenes. Dette er relativt små regionar i distrikta som i hovudsak inneheld berre éin eller nokre få kommunar. Figur 3.2 viser at nesten alle dei bu- og arbeidsmarknadsregionane som hadde sterkast nedgang i talet på arbeidstakarar, ligg i Finnmark. Det er likevel ikkje nokon automatisk samanheng mellom storleiken på regionen og nedgangen i talet på arbeidstakarar. Også i fleire periferikommunar og i mange tettstadskommunar var det ein vekst i talet på arbeidstakarar i den siste åtteårsperioden, men veksten var vesentleg lågare enn i bykommunar og storbyregionar. Av dei til saman 161 bu- og arbeidsmarknadsregionane i landet hadde 110 regionar ein auke i talet på arbeidstakarar i perioden 1995-2001, medan 51 regionar hadde ein nedgang.
Vi kan sjå ein hovudtrend i retning av at ein stadig større del av aktiviteten i landet blir dreidd mot byområde i Sør-Noreg med over 75 000 innbyggjarar. For det første har alle arbeidsmarknadsregionar i Nordland, Troms og Finnmark ei svakare utvikling i talet på arbeidstakarar enn landsgjennomsnittet (+9,4 pst.) i perioden frå 4. kvartal 1996 til 4. kvartal 2001. For det andre har det vore størst vekst i talet på arbeidsplassar i regionar med byar og større tettstader i Sør-Noreg.
Oversikter over arbeidsløyse for 2002 (SSB/AAD) viser at det ikkje er store skilnader mellom landsdelane eller mellom storbyområde, byar og mindre sentrale (perifere) kommunar. Eit unntak er fiskeriavhengige kommunar i Nord-Noreg, som har opplevd ein relativt stor auke i arbeidsløysa også det siste året. Utanom dette var arbeidsløysa altså nokså lik i ulike delar av landet, medan auken i talet på arbeidstakarar var svært ulik i dei ulike landsdelane og kommunetypane. Dette tyder på at manglande etablering av nye arbeidsplassar gjennomgåande er eit større problem enn arbeidsløyse i område med svak vekst. Det er på Austlandet vi finn den sterkaste prosentvise veksten i talet på arbeidslause i det siste tiåret, men her var også utgangspunktet eit lågare nivå på arbeidsløysa enn i andre landsdelar, jf. vedlegg II.
Utviklinga i næringsstrukturen
Næringsstrukturen varierer mellom landsdelane og mellom sentrum og periferi, jf. vedlegg II. Sidan visse delar av næringslivet og arbeidsmarknaden er meir utsette for endringar enn andre, vil utfordringane på arbeidsmarknaden vere ulike i dei ulike delane av landet. I mindre sentrale strøk utgjer primærnæringane ein viktig del av arbeidsmarknaden, særleg på Austlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg. Tal frå SSB viser at delar av desse næringane har gått til dels sterkt tilbake i sysselsetjing i dei siste åra. Også i industri- og bergverksnæringar har sysselsetjinga gått noko tilbake. Industri og bergverk er særleg viktige næringar på Vestlandet og Sørlandet, både i byar og i mindre sentrale strøk, og i byar og tettstader på Austlandet. Også fleire stader i Nord-Noreg er dette viktige næringar. Kysten av Finnmark er blitt råka spesielt hardt av konkursar i fiskeindustrien i dei siste åra.
Osloregionen skil seg ut ved at forretningsmessig tenesteyting utgjer ein viktig del av arbeidsmarknaden. Dette er ei næring som har vore i sterk vekst, særleg i dei større byane. Utfordringa på mindre stader som er dominerte av næringar som må effektivisere, er å få etablert nye arbeidsplassar i vekstnæringar som også kan trekkje til seg utdanna arbeidskraft.
Offentleg verksemd er ein viktig del av arbeidsmarknaden i Noreg. I Nord-Noreg har godt over ein tredel av dei sysselsette arbeid i offentleg sektor. I andre landsdelar varierer den delen av dei sysselsette som arbeider i offentleg sektor, mellom ein firedel og ein tredel. Det er ein tendens til at offentleg sysselsette utgjer ein relativt mindre del av dei sysselsette i folketette område enn i meir perifere område og mindre kommunar. Når det gjeld statleg forvaltning, har Oslo den høgste prosentdelen sysselsette, med 12,5 pst. Deretter følgjer Troms med 10,0 pst. og Finnmark med 9,4 pst. (1. kvartal 2001) 4.
Oppsummering
Tabell 3.25 viser at dei minste bu- og arbeidsmarknadsregionane i hovudsak har ein nedgang eller ein svakare vekst i folketal og sysselsetjing enn større regionar. Særleg i Nord-Noreg finn vi mange område med svak eller negativ vekst i dei siste åra. Også ein del by- og tettstadsregionar opplever svak eller negativ vekst, særleg i Nord-Noreg og Midt-Noreg. Samtidig opplever storbyområda og regionar som ligg nær storbyane, ein sterk vekst. Dette gjeld i alle landsdelar.
I mange av dei mindre bu- og arbeidsmarknadsregionane som opplever svak eller negativ vekst, er primærnæringane, industri og offentleg sektor viktige for arbeidsmarknaden. Både næringslivet og offentleg sektor møter sterke krav til effektivitet. Konkurranseutsette verksemder innanfor fiskeri, havbruk og tradisjonell eksportindustri har hatt særlege utfordringar i dei siste åra. Det har vist seg vanskeleg å få etablert nye arbeidsplassar i desse regionane som kan vege opp for den reduksjonen som følgjer av effektiviseringa.
Område som opplever nedgang eller svak vekst i folketal og sysselsetjing, og som har ein utsett arbeidsmarknad, har eit særleg behov for ein ekstra regionalpolitisk innsats. Den regionalpolitiske innsatsen må tilpassast utfordringane i næringsstrukturen og arbeidsmarknaden i dei ulike områda, og støtte oppunder regionar og verksemder med vekstkraft. Eit fellestrekk vil likevel vere behovet for å møte utfordringane med aktiv innsats for å få til omstilling og nyskaping.
Nærmare om strategiane i regional- og distriktspolitikken
Betre rammevilkåra for auka verdiskaping
Gode rammevilkår for næringslivet er den viktigaste føresetnaden for å få fram lønnsame og konkurransedyktige verksemder som kan medverke til auka verdiskaping. Den globale konkurransen blir stadig sterkare. Det gjeld i særleg stor grad for næringslivet i distrikta.
Mykje av den tradisjonelle og nye eksportindustrien finst utanfor storbyområda. For desse viktige vekstnæringane er det avgjerande å unngå for sterk vekst i lønner og andre kostnader, og å halde kronekursen og rentenivået nede. Regjeringa har derfor gjennom ulike tiltak teke tak i utfordringa med å dempe veksten i kostnadsnivået i høve til andre land, mellom anna gjennom det inntektspolitiske samarbeidet med partane i arbeidslivet og ved å leggje fram stramme budsjett og redusere skattar og avgifter. Sidan statsbudsjettet for 2002 blei lagt fram, har Noregs Bank sett ned styringsrenta fleire gonger. Kronekursen er også monaleg svekt i forhold til viktige valutaer. Dette er med på å auke innteninga og styrkje konkurransekrafta i konkurranseutsette verksemder. Endringa i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vil i stor grad påverke rammevilkåra for mange verksemder. Regjeringa legg vekt på å etablere gode og treffsikre alternativ til dagens ordning, jf. nærmare omtale nedanfor.
Leggje til rette for utvikling av vekstkraftige regionar i alle delar av landet
I alle landsdelar finst det vekstkraftige regionar med sterke kompetanse- og næringsmiljø. Regjeringa vil leggje til rette for vidare utvikling av vekstkraftige regionar der sentra i regionane kan spele ei viktig rolle. I St.meld. nr. 31 (2002-2003) Storbymeldingen understrekar regjeringa den viktige rolla byane har som motor for regional utvikling. Vekstkrafta i byane skal medverke til å fremme verdiskaping, busetjing og vekstkraftige regionar over heile landet. Samferdselspolitikken medverkar til å binde kvar enkelt region betre saman, og til å utvide bu- og arbeidsmarknadsregionane. Gjennom utdanning og forsking vil regjeringa styrkje kompetansemiljøa. Regjeringa legg også vekt på å føre vidare ein offensiv statleg lokaliseringspolitikk. Lokaliseringspolitikken skal leggje særleg vekt på å forsterke dei kompetansemiljøa som allereie finst i regionane. Utflyttinga frå Oslo av statlege tilsyn, som omfattar om lag 900 arbeidsplassar, skal medverke til dette. Samtidig med at regjeringa legg vekt på å utvikle vekstkraftige regionar, vil ein ha merksemda retta mot småsamfunn med stor avstand til regionale senter og med problematisk næringsstruktur og nedgang i folketalet. I slike område er det spesielt viktig å sikre tilgang på grunnleggjande velferdstenester.
Konsentrere den næringsretta innsatsen meir mot innovasjon og nyskaping
Ein politikk for innovasjon er ein viktig del av regional- og distriktspolitikken. Evna til innovasjon i næringslivet er avhengig av gode samarbeidsprosessar i dei regionale næringsmiljøa og mellom næringslivet og offentlege aktørar. Auka vekt på innovasjon og nyskaping skal byggje opp under vekstkraftige regionar og senter i alle delar av landet. Dei selektive verkemidla overfor næringslivet skal spissast meir inn mot idé-, utviklings- og kommersialiseringsfasar i verksemder, og mot forsking, kompetanseheving og internasjonalisering i norsk næringsliv.
Regjeringa legg stor vekt på å samordne fleire politikkområde for å auke innsatsen med sikte på innovasjon og nyskaping. Regjeringa har derfor under utarbeiding ein plan for heilskapleg innovasjonspolitikk, jf. nærmare omtale nedanfor. Kunnskaps- og forskingsparkane skal utviklast vidare, slik at dei kan fungere som "nav" i større regionale verdiskapingsmiljø i samarbeid med verksemder, næringshagar og inkubatorar. Vidare er utvikling av Centers of Expertice sentralt. Regjeringa legg også vekt på å formidle kunnskap om det å etablere ei bedrift gjennom mellom anna satsinga på Ungt entreprenørskap, og på å synleggjere det lokale næringslivet i skolen.
Regjeringa legg hausten 2003 fram plan for heilskapleg innovasjonspolitikk. For nærmare omtale viser vi til St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet. Planen kan reknast som første trinn i regjeringa sitt arbeid med å utvikle og setje i verk ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Planen konsentrerer seg om desse områda:
generelle rammevilkår for næringslivet
kunnskap og kompetanse
forsking, utvikling og kommersialisering
entreprenørskap (oppstarting av ny verksemd)
fysisk og elektronisk infrastruktur
Fleire av dei prosessane regjeringa allereie har sett i gang, byggjer opp under fokuset og målsetjingane i planen. Dette gjeld mellom anna den gjennomførte omorganiseringa av Noregs forskingsråd og den nyleg vedtekne omorganiseringa av det næringsretta verkemiddelapparatet, jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv. Begge omorganiseringane legg opp til brei representasjon i regionane.
Utvikling av ein heilskapleg innovasjonspolitikk er krevjande, og er - også i internasjonal samanheng - eit nybrotsarbeid. Regjeringa vil leggje opp til auka samarbeid mellom offentlege styresmakter og private aktørar i den vidare utforminga av politikken på området.
Desentralisere verkemiddel til regionalt og lokalt nivå
Regional- og distriktspolitikken tek utgangspunkt i at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og har ulike rammevilkår. Dette krev kunnskap om regionale og lokale forhold når ein skal ta avgjerder om bruk av offentlege verkemiddel, og det er viktig at avgjerdene blir tekne så nær dei dei får verknader for, som råd. Frå og med 2003 blei hovuddelen av dei regional- og distriktspolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet desentraliserte til regionalt nivå gjennom den såkalla ansvarsreforma. Som regionale utviklingsaktørar skal fylkeskommunane forvalte verkemidla i forpliktande partnarskap med næringslivet, verkemiddelaktørar, private organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og kommunar. Sametinget skal vere representert i dei regionale partnarskapa der dette er formålstenleg.
Regjeringa vil vurdere å auke delegeringa til det regionale og lokale nivået innanfor ulike sektorar. Regjeringa har derfor sett i gang fleire forsøk for å prøve ut nye modellar for fordeling av ansvar og mynde, og for å leggje forholda til rette for eit best mogleg tenestetilbod for brukarane.
Frå 1. januar 2004 tek mellom anna Oppland fylkeskommune sikte på å setje i verk eit forsøk kalla "Fritt Fram". Forsøket gjeld forvaltning av statlege verkemiddel (utvalde verkemiddel innanfor arbeidsmarknadstiltak, næringsutvikling, miljø, landbruk og spelemidlar). Regjeringa ser på forsøket som ei naturleg oppfølging av ansvarsreforma, og som eit oppfølgingsforsøk i full skala av St.meld. nr 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå. Oppland fylkeskommune har fanga opp dei klare signala frå regjeringa om modernisering av offentleg sektor. Forsøket kan medverke til politisk vitalisering på både fylkesnivå og kommunenivå ved at lokale og regionale politikarar får høve til - og større ansvar for - å ta tak i viktige samfunnsutfordringar i sine område. Fleire forsøk med differensiert oppgåvefordeling vil bli starta opp: Fylkeskommunane Buskerud, Telemark og Vestfold (samferdsel og næringsutvikling) og Vestlandsrådet (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar) med oppgåver innanfor samferdsel. Regjeringa vil kome tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane som følgjer av forsøk med oppgåvedifferensiering og einskapsfylke, i ein eigen tilleggsproposisjon.
Endringar i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift
Innleiing
I mai 1999 slo EFTA-domstolen fast at den norske ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift innebar statsstøtte og måtte tilpassast reglane i EØS-avtalen. Ei revidert norsk ordning blei seinare i 1999 godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, etter ei fleksibel fortolking av ESA sine retningslinjer for transportstøtte og av samhandelskriteriet i artikkel 61 i EØS-avtalen. Det blei føresett at den norske ordninga skulle gjennomgåast på nytt innan utgangen av 2003.
I desember 2000 behandla EU-kommisjonen ei liknande svensk ordning med reduserte sosiale avgifter. Kommisjonen la til grunn ei meir ordrett tolking av dei gjeldande retningslinjene enn tidlegare, noko som førte til at Sverige ikkje fekk godkjent ordninga si.
I juni 2002 varsla ESA formelt Noreg om at dei ville gå igjennom den norske ordninga på nytt for å sikre lik handheving av reglane om statsstøtte innanfor EØS-området. ESA signaliserte at vurderinga ville bli gjennomført i lys av EU-kommisjonen sitt vedtak i den svenske saka.
I september 2002 blei Noreg beden om å melde frå til ESA om kva endringar ein ville gjere for å bringe ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift i samsvar med EØS-regelverket. Etter utgangen av 2003 ville ordninga innebere ulovleg statsstøtte.
I brev av 25. mars 2003 har Noreg søkt om (notifisert) ein overgangsperiode på tre år for sonene 3 og 4 og ei ordning med direkte transportstøtte, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2003. Vidare viste Noreg til at vi tok sikte på å vidareføre dagens differensiering for Nord-Troms og Finnmark og for fiskeri- og landbruksnæringa, og dessutan vidareføre differensieringa innanfor eit fribeløp etter reglane for bagatellmessig støtte.
16. juli 2003 opna ESA ei formell undersøking av den notifiserte overgangsordninga og transportstøtteordninga. Ein nærmare omtale av prosessen er gitt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Møreforsking Molde har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet laga ein rapport om dei regionale verknadene av at privat sektor får auka kostnader som følgje av at den differensierte arbeidsgivaravgifta må endrast etter krav frå ESA.
Rapporten har fokus på dei regionale verknadene av omlegginga dersom ein berre tek omsyn til bagatellmessig støtte og den notifiserte overgangsordninga. Rapporten viser at Nordland og Troms vil få den største kostnadsauken, fordi alle kommunane i dei to fylka, med unntak for 7 kommunar i Troms som tilhøyrer tiltakssona, ligg i avgiftssone 4, der auken vil bli høgst etter overgongsperioden.
Kva regionar som vil vere mest utsette, vil også variere etter lønnsnivået og lønnsemda i næringslivet. Større regionale sentre vil vere meir robuste enn små stader med meir einsidig næringsliv. Kostnadsauken vil bli størst for dei store føretaka. Av desse att er situasjonen mest alvorleg for dei verksemdene som ikkje kan velte kostnadsauken over i prisane. Regionar med større hjørnesteinsbedrifter i internasjonalt konkurranseutsette næringar vil derfor vere mest utsette.
Regjeringa er oppteken av å utvikle robuste og konkurransedyktige bedrifter og regionar. Rapporten frå Møreforsking vil, saman med annan dokumentasjon, vere eit utgangspunkt for regional fordeling av midlar som regjeringa føreslår å setje av til næringsretta utviklingstiltak, og for dialog med regionane og næringslivet om gode kompenserande tiltak i dei regionane det gjeld.
Forslag frå regjeringa til omlegging av ordninga
Regjeringa meiner at dei auka avgiftsinntektene ved ei endring av dagens ordning skal tilbakeførast til dei områda som endringane får verknader for. Det inneber at den fordelen som ligg i dagens differensierte arbeidsgivaravgift, så langt råd er blir ført vidare. Regjeringa ønskjer å utsetje den fulle effekten av auka avgift gjennom ei gradvis omlegging og har derfor søkt ESA om ei overgangsordning i sone 3 og 4.
Forslaget til kompenserande tiltak og vedtak om fastsetjing av avgifter til folketrygda er basert på at dei notifiserte ordningane for overgangsperiode og transportstøtte blir godkjende av ESA.
For 2004 føreslår regjeringa kompenserande ordningar som samla sett har ein provenyverknad tilsvarande dei auka avgiftsinntektene som følgjer av omlegginga av arbeidsgivaravgifta.
Dei samla forslaga frå regjeringa til omlegging av ordninga blir kort omtalte nedanfor. Ei oversikt over provenyverknader og budsjettforslag for 2004 finst også i vedlegg II. Transportstøtte og næringsretta utviklingstiltak er nærmare omtalt i postomtalen. Ein fullstendig omtale av omlegginga finst i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. I det same dokumentet finst det også ein omtale av andre alternative løysingar som regjeringa har vurdert.
Vidareføring av dagens ordning i Finnmark og Nord-Troms
I revidert nasjonalbudsjett 2003 varsla regjeringa at ein ville nytte artikkel 1(2) tredje ledd i Protokoll 3 til Overvakings- og domstolsavtalen (ODA-avtalen) som grunnlag for ei vidareføring av nullsatsen i tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark.
Bakgrunnen for dette er at situasjonen i tiltakssona er spesiell. Dei store avstandane, den svært låge folketettleiken, klimaet og omsynet til samisk busetnad er forhold som grunngir at omstenda i tiltakssona er uvanlege. Ein auke i ordinær arbeidsgivaravgiftssats frå 0 til 14,1 pst. ville vere dramatisk. Bedriftene i tiltakssona har i gjennomsnitt svært låge profittmarginar og vil derfor i liten grad vere i stand til å bere auka kostnader. Fråflyttingstala for Finnmark er i tillegg høge. Den 26. juni aksepterte EØS-/EFTA-landa Island og Liechtenstein at nullsatsen i Finnmark og Nord-Troms blir vidareført.
Vidareføring av dagens ordning for fiskeri og landbruk
Delar av verksemdene innanfor landbruks- og fiskerinæringane fell utanfor forbodet i EØS-avtalen mot statsstøtte og kan derfor behalde differensiert arbeidsgivaravgift. Regjeringa går inn for å vidareføre den differensierte arbeidsgivaravgifta etter dagens soner og satsar for desse næringane. Vidareføringa er avgrensa til dei føretaka som driv verksemd som fell inn under nærmare definerte næringsgrupper, og som knyter seg til produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen. Ei liste over aktuelle næringar finst i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Fribeløpsordninga - bagatellmessig støtte
I utforminga av ei alternativ ordning for privat næringsverksemd har regjeringa lagt vekt på at ein så langt råd er skal vidareføre den fordelen som ligg i dagens differensierte arbeidsgivaravgift. Reglane for statsstøtte tillèt at ein kan gi eit samla støttebeløp til eit føretak på opptil 100 000 euro over tre år utan godkjenning frå ESA. For privat næringsliv lokalisert i sonene 2, 3 og 4 blir det derfor lagt opp til ei ordning med differensiering av arbeidsgivaravgifta innanfor det fribeløpet som reglane for statsstøtte tillèt. I 2004 vil fribeløpet for differensiert arbeidsgivaravgift vere inntil 270 000 kroner per føretak. Dette inneber at arbeidsgivarar i sonene 2-4 framleis vil kunne betale dagens arbeidsgivaravgiftssats inntil differansen mellom det føretaket faktisk betaler i avgift, og det føretaket ville ha betalt i avgift ved ein sats på 14,1 pst., er lik fribeløpet. Innanfor eit fribeløp på 270 000 kroner vil føretaka i sone 2 betale dagens avgiftssats for lønnsutbetalingar på opptil ca. 7,7 mill. kr. I sone 3 vil føretaka betale dagens avgiftssats for lønnsutbetalingar på opptil ca. 3,5 mill. kr, og i sone 4 vil det gjelde for lønnsutbetalingar på opptil ca. 3 mill. kr. Ei slik ordning vil kunne kompensere føretak med opptil om lag 10 tilsette i sonene 3 og 4, og føretak med opptil om lag 20 tilsette i sone 2. ESA sine retningslinjer for bagatellmessig støtte tillèt likevel ikkje eit slikt fribeløp for transportsektoren.
Regjeringa legg opp til at fribeløpsordninga skal givast prioritet når summen av den støtta som er tillaten innanfor regelverket for bagatellmessig støtte, skal utmålast. Anna ikkje-notifisert støtte vil ikkje kunne givast til eit føretak dersom denne støtta kan føre til at grensene for bagatellmessig støtte blir overskridne. Til dømes kan dette gjelde utbetalingar frå kommunale næringsfond eller kraftfond, dersom midlane blir nytta til direkte bedriftsstøtte. Det samla omfanget av anna ikkje notifisert støtte er likevel lite samanlikna med det samla omfanget av fribeløpsordninga. Dersom slik støtte blir notifisert og godkjend etter unntaka som gjeld for statsstøtte i ESA sine retningslinjer, vil ho også kunne vidareførast. Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet vil i løpet av hausten vurdere om det er grunnlag for å notifisere støtteordningar som i dag er heimla i regelverket for bagatellmessig støtte.
Overgangsperiode
For å unngå at næringslivet i dei områda som omlegginga av arbeidsgivaravgift får verknader for, skal oppleve ein brå og sterk kostnadsauke, har regjeringa notifisert ein overgangsperiode for sonene 3 og 4 til ESA, jf. tabell 3.26. For sone 3 legg regjeringa opp til at satsen for arbeidsgivaravgifta blir auka med 1,9 prosentpoeng årleg, med unntak for 2007, da satsen blir auka med 2 prosentpoeng. For sone 4 blir det lagt opp til at satsen blir auka med 2,2 prosentpoeng årleg, med unntak for 2007, da satsen blir auka med 2,4 prosentpoeng. Overgangsordninga vil ha verknader for private og kommunale verksemder i sonene 3 og 4 som ikkje blir kompenserte fullt ut av fribeløpet. Det blir ikkje lagt opp til nokon overgangsperiode for statlege verksemder.
Tabell 3.26 Satsar for arbeidsgivaravgifta (i pst.) i sonene 3 og 4 i den notifiserte overgangsperioden
Sone | Gjeldande sats | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|---|---|
3 | 6,4 | 8,3 | 10,2 | 12,1 | 14,1 |
4 | 5,1 | 7,3 | 9,5 | 11,7 | 14,1 |
Kilde: Kjelde: Finansdepartementet
Kompensasjon av offentleg sektor
Kommunesektoren
Omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift fører isolert sett til auka utgifter for kommunesektoren. Regjeringa føreslår at kommunesektoren blir kompensert fullt ut for pårekna meirkostnader. Kompensasjonen vil bli gitt delvis gjennom ordninga med fribeløp og delvis gjennom auka skjønnstilskot. Kompensasjonen til kommunesektoren vil bli trappa opp parallelt med avgiftsauken i overgangsperioden.
For ein nærmare omtale av kompensasjon for kommunesektoren viser vi til programkategori 13.70 og til kommuneproposisjonen for 2004.
Statleg sektor
Regjeringa føreslår at også statlege verksemder blir kompenserte for auka utgifter i samband med omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Verknaden av ei slik omlegging er likevel relativt avgrensa, ettersom desse verksemdene som hovudregel nyttar den høgste avgiftssatsen i dag.
Verknadene for statlege verksemder er innarbeidde i budsjettforslaget for 2004, jf. nærmare omtale i dei enkelte fagproposisjonane. I budsjettforslaget er det også teke høgd for å kompensere enkelte andre budsjettpostar der tilskot frå staten i stor grad fullfinansierer verksemder utanfor staten. Desse verksemdene kan få problem med å halde aktivitetsnivået oppe dersom det ikkje blir kompensert for auka utgifter til arbeidsgivaravgift i 2004 og i opptrappingsperioden fram til 2007.
Regjeringa føreslår samtidig ei administrativ forenkling ved å gå over frå sentral utrekning av avgifta til lokal utrekning i den enkelte statlege verksemda, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Statsbudsjettet medregnet folketrygden.
Avvikling av el-avgifta
Regjeringa legg opp til å fjerne el-avgifta mellombels for all næringsverksemd frå 1. januar 2004. Dette kjem også næringslivet i dei områda som får auka arbeidsgivaravgift, til gode. Fjerninga av el-avgifta for all næringsaktivitet i første halvår 2004 og innføring av eit system som legg avgift på delar av forbruket frå 1. juli 2004, reknar ein med vil innebere ei avgiftslette til dei private verksemdene i sonene 2-4 med om lag 155 mill. kr påløpt og om lag 145 mill. kr bokført. Denne saka er nærare omtalt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Direkte transportstøtte
Regjeringa har notifisert ei direkte transportstøtteordning. Ordninga vil kompensere for ein del av dei meirkostnadene til transport som blir påførte bedrifter som ligg perifert, i forhold til bedrifter i meir sentrale område. For transport over 350 km til og frå og innanfor verkeområdet vil det kunne givast transportstøtte. For transport mellom 350 km og 700 km blir det lagt opp til eit støttenivå avhengig av lokaliseringa av føretaket. For transport utover 700 km blir støttenivået auka. For ein nærmare omtale av ordninga med direkte transportstøtte viser vi til postomtalen.
Næringsretta utviklingstiltak
Regjeringa føreslår å setje av midlar til næringsretta utviklingstiltak i dei regionane som er omfatta av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. Løyving av midlar vil skje etter at det er gjennomført ein prosess der fylkeskommunar, kommunar og næringsliv i dei områda som blir mest påverka, er med. Tiltak skal baserast på handlingsplanar utarbeidde i samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar og næringsliv, men Kommunal- og regionaldepartementet vil ha eit koordineringsansvar og skal sikre at det skjer ein god dialog mellom nasjonalt og regionalt nivå. Departementet vil i løpet av hausten avklare den konkrete dialogprosessen med regionane. For ein nærmare omtale av løyvinga viser vi til omtalen under kap. 551, post 61.
Styrking av innsatsen i tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark
Regjeringa legg denne hausten fram ei eiga stortingsmelding om tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms. Dette er ein stor region som er prega av små og spreidde senter, og som ikkje har større samanhengande arbeidsmarknader og vekstkraftige regionar. Regjeringa meiner at Finnmark og Nord-Troms står overfor varige ulemper knytte til avstand, klima, lågt folketal og små næringsmiljø. Utfordringane er derfor framleis store i tiltakssona, og regjeringa vil føre vidare den omfattande ekstraordinære innsatsen i området. Regjeringa vil i denne samanhengen særleg framheve vidareføringa av fritaket for arbeidsgivaravgift i tiltakssona som svært viktig. Dette er ei relativ styrking av innsatsen i tiltakssona sett i forhold til resten av landet, særlig innanfor arbeidsintensive næringar.
Effektutvalet og Distriktskommisjonen
Effektutvalet blei oppretta i 2001 med oppgåve å undersøkje den samla effekten av regional- og distriktspolitiske verkemiddel innanfor ulike politikkområde. Utvalet la fram ein delrapport i desember 2002 og skal leggje fram ein samla rapport i form av ein NOU ved årsskiftet 2003/2004.
Distriktskommisjonen blei sett ned av regjeringa vinteren 2003. Distriktskommisjonen skal sjå på heilskapen i regional- og distriktspolitikken og leggje fram konkrete forslag til endringar for å styrkje innretninga av verkemiddel i distrikts- og regionalpolitikken. Distriktskommisjonen skal mellom anna byggje på arbeidet til Effektutvalet. Kommisjonen skal leggje fram resultatet av arbeidet sitt i september 2004 i form av ein NOU.
Nytt næringsretta verkemiddelapparat
Regjeringa legg vekt på at brukarane skal stå i fokus for det næringsretta verkemiddelapparatet, og at verkemidla skal forvaltast så nær brukarane som råd. For å sikre ei mest mogleg heilskapleg, kompetent og nær forvaltning av verkemiddel retta mot næringsutvikling, blir Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Noregs Eksportråd (NE), Norsk Turistråd og SVO (Statens veiledningskontor for oppfinnere) slått saman til éin ny verkemiddelaktør frå 1. januar 2004 (jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv). Den nye verkemiddelaktøren skal fokusere på gründerar og småbedrifter med potensial for vekst, og på ulike regionale utfordringar. For å lykkast i dette arbeidet er det viktig å ha eit godt samarbeid med fylkeskommunane og andre regionale utviklingsaktørar.
Ny distriktsretta ordning
I statsbudsjettet for 2003 blei det løyvt 500 mill. kr i lånemidlar og 75 mill. kr i tapsfond over budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet til ei ny distriktsretta ordning under SND. Som del av behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2003 blei det gjort vedtak om å stille ytterlegare 400 mill. kr til disposisjon til ei såkornordning, med eit tilhøyrande tapsfond på 100 mill. kr. Nærings- og handelsdepartementet gjer i sitt budsjett for 2004 framlegg om å forsterke såkornarbeidet med 400 mill. kr, med eit tilhøyrande tapsfond på 100 mill. kr.
Departementa vil syte for ei effektiv koordinering av bruken av desse midlane i forhold til dei andre regional- og distriktspolitiske verkemidla over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Endringar under programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk
Det blir i statsbudsjettet for 2004 føreslått ein ny post 551.61 Næringsretta utviklingstiltak, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast og to nye tilsegnsfullmakter knytte til ytterlegare tilskot til næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. Sjå forslag til romartalsvedtak IV. Omtalen av departementet sine fond er plassert under kap. 5327, post 50.
Kap. 550 Lokal næringsutvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Tilskot til utkantkommunar, kan overførast | 16 837 | ||
63 | Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift | 20 000 | ||
Sum kap. 550 | 36 837 |
Frå og med 2003 er løyvinga på området samla under kap. 551 Regional utvikling og nyskaping og kap. 552 Nasjonalt samarbeid for regional utvikling.
Post 60 Tilskot til utkantkommunar, kan overførast
Utkantkommuneprosjektet blei avslutta i 2001. 2003 er siste året med utbetalingar over posten.
Post 63 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift
Rapport for 2002
Frå 1. januar 2000 fikk 39 kommunar lågare og 14 kommunar auka sats for arbeidsgivaravgift. Målet med posten har vore å kompensere dei 14 aktuelle kommunane for meirkostnader som næringslivet er blitt påført som følgje av auka sats for arbeidsgivaravgift. Det er løyvt 50 mill. kr for 2000, 154 mill. kr for 2001, 20 mill. kr for 2002 og 20 mill. kr for 2003, då som skjønnsmidlar til fylkeskommunane over kap. 551, post 60, til saman 244 mill. kr.
Midlane har i hovudsak vore forvalta av kvar enkelt kommune. I 2002 blei om lag 42 pst. av midlane nytta til infrastrukturtiltak. Midlar nytta til kompetanseheving utgjer om lag 21 pst., medan regionale utviklingstiltak utgjer 37 pst. Varierande rapportering gjer at tala er noko usikre.
Departementet vurderer det slik at dei løyvde midlane har gitt grunnlag for mange tiltak og prosjekt i dei aktuelle kommunane. Ein del av midlane er sette av lokalt til planlagde samferdselstiltak, men er enno ikkje utbetalte.
Løyvinga har også dekt utgifter til overvaking av utviklinga i kommunane. Den siste rapporten frå NIBR om overvakinga av kommunane fangar opp utviklinga fram til desember 2002 for ei rad indikatorar. Hovudinntrykket frå overvakinga er at det er vanskeleg å peike på klare skilnader i utviklinga i dei 14 kommunane sett i forhold til kommunar som dei kan samanliknast med.
Posten går ut frå og med 2003. Midlar som er løyvde til formålet for 2003, er desentraliserte til dei respektive fylkeskommunane, jf. omtale av kap. 551, post 60 og St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Kap. 551 Regional utvikling og nyskaping
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
51 | Tilrettelegging for næringsutvikling, fond, kan nyttast under kap. 2425, post 50 | 232 000 | ||
55 | Etablerarstipend, fond | 115 000 | ||
57 | Tilskot til Interreg, inkl. pilotprosjekt, fond | 67 000 | ||
60 | Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling | 1 116 500 | 1 051 050 | |
61 | Næringsretta utviklingstiltak, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast | 150 000 | ||
Sum kap. 5511 | 414 000 | 1 116 500 | 1 201 050 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003 og St. prp. nr. 75 (2002-2003) Enkelte endringer på statsbudsjettet for 2003 i forbindelse med trygdeoppgjøret, blei løyvinga på kap. 551, post 60 sett ned med 50 mill. kr til 1 066,5 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Mål
Hovudformålet med midlane under kapitlet er å medverke til og leggje til rette for regional utvikling og nyskaping, tilpassa føresetnadene i regionane. Midlane skal medverke til realisering av regionale mål for utvikling i alle delar av landet og til særskild næringsretta innsats og transportstøtte til område som får auka arbeidsgivaravgift frå og med 2004.
Post 51 Tilrettelegging for næringsutvikling, fond, kan nyttast under kap. 2425, post 50
Rapport for 2002
Målet med kap. 551, post 51 har vore å realisere kommunale og fylkeskommunale tiltak som legg til rette for næringsutvikling i distrikta, tilpassa dei føresetnadene som finst i regionane, og gjerne basert på samarbeid mellom fleire partar. Posten er også nytta til å finansiere regionale samarbeidsprosjekt i dei fire nordlegaste fylka i regi av Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (LU).
Løyvinga for 2002 var på 232 mill. kr. I tillegg blei det overført 32,9 mill. kr frå kap. 2425, post 50, jf. stikkordfullmakt. Til saman blei dermed ramma for 2002 på 264,946 mill. kr. Størstedelen av ramma blei delegert til fylkeskommunane og LU. Fordelinga var slik:
Fylkeskommunane forvalta 179,3 mill. kr (inkludert overført ramme frå kap. 2425, post 50 og 2,4 mill. kr til nasjonalt program for stadutvikling) for å leggje til rette for næringsverksemd gjennom tiltak i fylkeskommunar og kommunar.
LU forvalta 24 mill. kr for gjennomføring av program for tilrettelegging av næringsverksemd i ein tidleg fase.
Departementet forvalta 61,6 mill. kr til store og kostnadskrevjande fysiske infrastrukturtiltak og eigne utgreiings- og utviklingstiltak.
Midlane har betra dei lokale rammevilkåra for næringslivet gjennom investeringar i infrastruktur og utviklingsprosjekt. Det blei gitt støtte til tiltak for næringsutvikling gjennom investeringar i fysisk infrastruktur, spreiing av kunnskap og større samarbeids- og tiltaksprosjekt. I tillegg blei løyvinga nytta til ulike utgreiings- og utviklingsprosjekt sette i gang av departementet og fylkeskommunane. Av den totale ramma gjekk 3,4 pst. av midlane til kvinneretta prosjekt og 6 pst. til arbeid retta inn mot ungdom. Dei tilsvarande tala for 2001 var 2,7 pst. og 4,2 pst.
Ca. 120 mill. kr blei gitt til finansiering av fysisk infrastruktur. Sentrale prosjekt her var utbetring eller utviding av kaianlegg for å kunne ta imot nye typar av fartøy, investeringar i veg-, vass- og avløpsanlegg i tilknyting til kommunale næringsareal (ca. 43,6 mill. kr), sentrums- og stadutviklingstiltak (ca. 36,8 mill. kr) og bygging av nye vassverk (ca. 19,6 mill. kr). Til andre tilretteleggjande tiltak, inkludert investerings-, utviklings- og opplæringsprosjekt innanfor IKT, blei det tildelt ca. 20 mill. kr.
Ca. 116,1 mill. kr blei gitt til prosjekt som gjeld oppbygging av kunnskap, læring og profilering. Det blei gitt støtte til samarbeidsprosjekt mellom næringslivet og høgskolar, vidaregåande skolar og forskingsinstitusjonar, til prosjekt retta inn mot kulturtiltak som grunnlag for næringsutvikling, til vidareføring av den særskilde satsinga på kvinner (5,5 pst.) og ungdom (8,6 pst.) i distrikta, og til andre former for tiltak og program som er med på å leggje til rette for sysselsetjing og næringsutvikling.
Utkantkommuneprosjektet blei avslutta i 2001, men blei ført vidare i ei eiga småsamfunnssatsing i 2002. I hovudsak er denne satsinga delegert til fylkeskommunane. Av den sentrale løyvinga blei det i 2002 løyvt om lag 4 mill. kr til småsamfunnssatsinga. Frå sentralt hald er det blitt fokusert på overføring av erfaringar og nettverkssamlingar for å byggje opp den regionale kompetansen på område som har med småsamfunnssatsing å gjere. Gjennom evalueringa av utkantkommunesatsinga kom det òg fram nyttige erfaringar som det er viktig å spreie vidare til andre område. Kommunal- og regionaldepartementet har også arbeidd med å opprette kontakt med andre departement som er relevante i satsinga overfor småsamfunn. Det blei løyvt 7,4 mill. kr til Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (MERKUR).
24 mill. kr blei tildelt Landsdelsutvalet (LU), som er det regionale fellesorganet for fylkeskommunane Finnmark, Troms, Nordland og Nord-Trøndelag. Løyvinga skulle medverke til å vidareutvikle næringslivet gjennom kompetansehevande tiltak som særleg tok utgangspunkt i dei spesielle behova og føresetnadene ein hadde i landsdelen. Løyvinga skulle nyttast til å finansiere utviklingstiltak i ein tidleg fase, tiltak som sikta mot nyskaping og omstilling i næringslivet i landsdelen, relatert til bedriftsgrupperingar på tvers av fylkesgrensene. LU arbeider aktivt og fleksibelt innanfor fireårige program og årsplanar. Midlane gjekk i hovudsak til
fiskeri- og havbruksprogrammet (6,1 mill. kr)
industriprogrammet (5,8 mill. kr)
reiselivsprogrammet (5,9 mill. kr)
Programma er omtalte i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Der det har vore naturleg, har prosjekt og nettverk vore knytte opp mot Interreg IIIB-programmet, der LU er norsk undersekretariat for programmet "Nordleg Periferi".
Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark (1993-2000) er evaluert. Programmet skulle leggje til rette for utvikling av alternativt arbeid i kommunar som var sterkt påverka av omlegginga i reindriftsnæringa, og omfatta Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Porságu/Porsanger og Deatnu/Tana. I same periode har Landsbruksdepartementet løyvd midlar til omstillingslønn til dei som gjekk ut av næringa. Evalueringa trekkjer fram at ein er blitt meir oppteken av næringsutvikling i regionen. Det er blitt betre samarbeid mellom kommunane, og det er etablert felles utviklings- og investeringsselskap. Ungdomssatsinga, medrekna Ungdomsservicekontora, oppfattar partane som eit positivt tiltak. Utdanningsnivået i området har auka i omstillingsperioden. Det kjem truleg også av etableringa av høgskolen og dei ulike skolereformene. Det har i første rekkje vore kvinner som har teke høgre utdanning, og denne tendensen er blitt forsterka i perioden. Det er vanskeleg å isolere kva som er effektar av sjølve omstillingsprogrammet, og kva som ville skjedd i alle høve.
Støtte frå kommunane sitt omstillingsfond (næringsfond) har gitt i gjennomsnitt 38 nyetableringar per år. Nyetableringane har vore små, i snitt 2 arbeidsplassar per bedrift, og har stort sett omfatta verksemd retta inn mot den lokale marknaden (handel og service), handverk/duodji og turisme. Det har vore ein mindre reduksjon i reindriftsnæringa enn føresett i rammeplanen for omlegging innanfor næringa. Samla sett kunne ein ha forventa meir att for desse pengane.
Post 55 Etablerarstipend, fond
Rapport for 2002
Etablerarstipendet har vore ei ordning for bedriftsetablerarar i alle delar av landet, men med særleg vekt på etablerarar i distrikts-Noreg. Formålet har vore å stimulere til auka etableringsverksemd for å skape fleire varige og lønnsame arbeidsplassar.
Det blei i 2002 løyvt 115 mill. kr, av dette 111 mill. kr til SND og 4 mill. kr til departementet. Av løyvinga til SND gjekk 0,5 mill. kr til Svalbard, 7 mill. kr til nettverkskreditt og 19 mill. kr til inkubatorstipend.
Rapporteringa viser at det i 2002 blei løyvt 756 stipend. 65 pst. av midlane blei nytta til ordinære etablerarstipend, 11 pst. blei gitt som stipend til ungdom i aldersgruppa 18-29 år, 7 pst. blei brukt til nettverkskreditt, og 17 pst. gjekk til inkubatorstipend. 42 pst. av dei ordinære etablerarstipenda gjekk til kvinner.
41 pst. av ramma på 111 mill. kr blei løyvt til etablerarar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet (sone A, B, C og D). 51 pst. blei brukt utanfor verkeområdet, og 6 pst. gjekk til soneovergripande prosjekt. 15 pst. av midlane som var sette av til inkubatorstipend, blei brukte i verkeområde C, medan resten blei gitt utanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
13 pst. av SND si ramme blei nytta til oppfølgings- og opplæringsformål.
Departementet si sentrale ramme på 4 mill. kr blei i hovudsak nytta til ulike utviklings- og informasjonstiltak knytte til arbeidet med etablering.
Post 57 Tilskot til Interreg, inkludert pilotprosjekt, fond
Formålet med løyvinga har vore å gi norske regionar høve til å delta i Interreg, EU sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram. Målet er å fremme regional utvikling gjennom sosialt og økonomisk samarbeid over landegrensene. Fylkeskommunen speler ei sentral rolle når det gjeld å forankre internasjonalt samarbeid lokalt og regionalt.
Den noverande Interreg-perioden varer ut 2006. Noreg deltek i tre grenseregionale program (Interreg IIIA), tre transnasjonale program (Interreg IIIB), det interregionale Interreg IIIC-programmet og Espon.
Rapport for 2002
Stortinget løyvde i 2002 67 mill. kr over denne posten. Midlane blei nytta til norsk deltaking i programma. Dette inkluderer drift av programma, utgreiingar og deltaking i styringsorgan.
Ein del program blei godkjende så seint at dei først kom i operativ drift i 2002. Det er gjennomgåande svært stor interesse for programma. I samband med deltakinga i Interreg har ein frå norsk side lagt ned mykje arbeid for å bli akseptert som likeverdig partnar. Dette har Noreg fått aksept for, mellom anna som følgje av at vi går inn med nasjonale midlar i programma.
Det er gjennomført evalueringar av den norske deltakinga i dei grenseregionale programma i førre programperiode. Resultata frå to av evalueringane ligg no føre. Evalueringane peiker på at programma har skapt nye kontaktar og nettverk som varer, og at innretninga av aktiviteten har vore god dersom ein tek utgangspunkt i målsetjingane for programma. Det blir vidare peikt på at aktiviteten ikkje ville blitt gjennomført i same form utan Interreg-finansiering, dvs. at addisjonaliteten er god, og at prosjekteigarane er fornøgde med deltakinga i Interreg. Det blir likevel peikt på at Interreg har ein komplisert og krevjande struktur, og at ein i varierande grad har greidd å oppfylle ambisjonane når det gjeld sysselsetjing.
Posten går ut frå og med 2003. Midlar til norsk deltaking i Interreg IIIB og IIIC og Espon blir no løyvde over kap. 552, post 72. Midlar til norsk finansiering av Interreg IIIA er desentraliserte til dei deltakande fylkeskommunane over kap. 551, post 60, med unntak av Sametinget si deltaking i IIIA, som blir finansiert over kap 552, post 72.
Post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling
Posten er ny frå 2003. Omlegginga er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Mål
Posten har som hovudmål å medverke til og leggje til rette for regional utvikling, tilpassa føresetnadene i regionane. Midlane skal medverke til å realisere regionale mål for utvikling, særleg på områda kompetanseheving, omstilling, entreprenørskap og nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet, og skal leggje forholda til rette for dette. Midlane skal gjere det mogleg å vidareutvikle regionale fordelar ved å utløyse det verdiskapingspotensialet som finst i regionen. Som regionale utviklingsaktørar skal fylkeskommunane forvalte verkemidla i forpliktande partnarskap med næringslivet, verkemiddelaktørar, private organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og kommunar. Sametinget skal vere representert i dei regionale partnarskapa der dette er formålstenleg.
Eit viktig prinsipp i ansvarsreforma er at avgjerder skal takast så nær dei det gjeld, som mogleg. Ein konsekvens av dette er at fylkeskommunane gjennom fylkesplanen sjølve skal fastsetje eigne mål, strategiar og resultatkrav for bruk av midlane. Desse skal vere i samsvar med hovudmålet for posten og vere ein del av handlingsprogrammet i fylkesplanen. Fylkeskommunane må arbeide tett opp mot regional partnarskap i utforminga av system for mål- og resultatstyring.
Tildelingskriterium
Rammene til fylka vil bli fastsette etter både objektive og skjønnsmessige kriterium:
Objektive kriterium: Folketalet innanfor dei enkelte sonene av det distriktspolitiske verkeområdet, med vekting av sonene etter distriktspolitisk prioritet. Alle fylkeskommunar er garanterte eit minstebeløp. Samla sett vil dette gi ein klar distriktsprofil.
Skjønnsmessige kriterium: Fleire fylke har før ansvarsreforma fått spesielle øyremerkte tilskot direkte frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tråd med utfasing av forpliktingar vil dei objektive kriteria bli nytta ved ein aukande del av tildelingane. I 2003 blei ei rad formål omfatta av skjønnsvurderingar. Det blir i 2004 spesielt teke omsyn til område med særskilde utfordringar når det gjeld omstilling, til det grenseregionale samarbeidet med EU gjennom Interreg, og til støtte til programverksemda til Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (LU). Fylka er inviterte til dialog om omstillingsutfordringar som kan gi grunnlag for skjønnsfordeling. Desse formåla er tekne ut av dei skjønnsmessige kriteria: Større næringsretta, fysiske tilretteleggingsprosjekt, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift frå 2000 og oppfølging av Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, som dreier seg om spesielle utfordringar knytte til levekår i Indre Finnmark.
Avgrensing i bruk av midlar til regional utvikling
Det er gjort greie for avgrensinga i bruken av midlar til regional utvikling i St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Kommunal- og regionaldepartementet, og i tilsegnsbrev og regelverk for posten. Regjeringa vil frå og med 2004 gjennomføre nokre justeringar i den geografiske avgrensinga for direkte bedriftsstøtte. Direkte bedriftsstøtte skal primært givast innanfor områda A, B og C av verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla. Slik støtte må nyttast i tråd med regelverket for statsstøtte i EØS-avtalen. Når det er ein del av større satsingar grunngitt i vedtekne regionale strategiar, t.d. utvikling av vekstkraftige regionar, kan det også givast støtte til bedrifter i andre delar av fylket innanfor ramma av bagatellmessig støtte.
Direkte støtte i form av etablerarstipend og omstillingsmidlar kan nyttast i alle delar av landet. Kommunale næringsfond i sone A-D av verkeområdet kan givast støtte.
Ny verkemiddelaktør si rolle på regionalt nivå
Det er naturleg at den nye verkemiddelaktøren går inn i og tek over SND si gamle rolle på det regionale nivået. SND har i dag ei todelt rolle: Den eine rolla er å vere aktiv samarbeidspartnar og premissleverandør i den regionale partnarskapen. Den andre rolla er å vere operatør for dei bedriftsretta verkemidla.
Fylkeskommunane blir stilte fritt når det gjeld å velje operatørar for sine ordningar. Dette krev eit klart skilje mellom rollene som tingar og operatør, og fylkeskommunane skal ikkje sjølve kunne vere operatør for direkte bedriftsretta verkemiddel.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga og kontrollen er ikkje endra frå 2003. Dette er det gjort nærmare greie for i St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Kommunal- og regionaldepartementet. Hovudpunktet er at fylkeskommunane sjølve skal utarbeide eit system for mål- og resultatstyring, med mellom anna indikatorar og resultatkrav som samsvarer med måla for regional utvikling i fylkesplanen. Utgangspunktet for arbeidet i fylka er fylkesplanane, som er godkjende ved kongeleg resolusjon. Budsjettproposisjonen og tildelingsbrev inneheld derfor ikkje oppfølgingskriterium som kan etterprøvast. Departementet skal sjå til at fylkesplanane og handlingsplanane knytte til fylkesplanane inneheld eit system for oppfølging som er i tråd med hovudsiktemålet med tilskotsmidlane. Fylkeskommunane skal i årlege rapportar, første gongen våren 2004, synleggjere korleis oppnådde resultat står i forhold til dei fastlagde resultatkrava. Departementet vil med nokre års mellomrom evaluere bruken av midlane. Evalueringane vil gi svar på om dei overordna måla for politikkområdet er nådde.
Tilskot utan tilbakebetaling - rundsumtilskot
Midlane til fylkeskommunane blir gitt som tilskot utan tilbakebetaling. Det inneber at unytta midlar kan omdisponerast til andre tiltak innanfor det same formålet, uavhengig av kva år tilsegna er gitt.
Fylkeskommunane får fullmakt til å fastsetje i kva år tilsegn skal givast og kor lenge ei tilsegn skal gjelde, til å behandle søknader om forlenging av tilsegner og til å løyve unytta midlar til nye tiltak i tråd med dei måla Stortinget har sett for løyvinga.
Rapport for 1. halvår 2003
Fylkeskommunane er bedne om å gi ei tilbakemelding om korleis ansvarsreforma er motteken, gi ei vurdering av korleis partnarskapsarbeidet fungerer, og omtale endringar i arbeidsformer og koplinga mellom plan og verkemiddel. Fylkeskommunane er også bedne om å gi ei oversikt over korleis rammene er disponerte på ulike satsingsområde og forvaltningsaktørar.
Reaksjonar på reforma: Fylkeskommunane er i stor grad samde om at ansvarsreforma er ei positiv endring. Større fridom og auka fleksibilitet når det gjeld å fordele rammer i tråd med eigne strategiar, har i mange fylke ført til auka engasjement i partnarskapsarbeidet. Fylkeskommunane opplever stor tilgang på gode utviklingsprosjekt, og at dei økonomiske verkemidla ikkje strekk til i forhold til idear og ambisjonar i partnarskapen.
Vurdering av partnarskapsarbeidet og endringar i arbeidsformer: Organiseringa av partnarskapsarbeidet og samansetjinga av aktørar varierer mellom fylka. Fylka har i fleire år arbeidd med å få til gode prosessar i partnarskapsarbeidet. Om reforma har ført til endringar i arbeidsformene eller ikkje, er i nokon grad avhengig av storleiken på den tildelte ramma. Fylke som tek imot relativt store rammer, melder om ein del endringar i arbeidsformer, og da med auka involvering i prosessane. Dei fylka som tek imot relativt små rammer, melder om at reforma i liten grad har ført til endringar på dette området. Der ein melder om endringar, blir det mellom anna meldt om auka deltaking frå det politiske nivået i utvikling og oppfølging av fylkesplanar.
Koplingar mellom plan og verkemiddel: Tilbakemeldingane er stort sett positive med omsyn til at færre føringar og auka fleksibilitet gir eit betre grunnlag for kopling mellom plan og verkemiddel. Ei sterkare kopling er ikkje framtredande no i det første året av ansvarsreforma. Satsingar som er i gang, og forpliktingar som ein har teke på seg, gjer at det vil ta nokre år før handlingsrommet kan nyttast fullt ut. Dei fylka som har dei minste rammene, opplever mindre effektar av omlegginga enn større distriktsfylke.
Fylka har også rapportert om fordeling av rammene i 2003, jf. tabell 3.27. Tala så langt viser at SND er tildelt om lag 604 mill. kr (tilskot, risikolån, etablerarstipend og regional finansiering av program), noko som er ein nedgang frå om lag 745 mill. kr i 2002, da totalramma var noko høgre. Kommunale næringsfond er prioriterte med 68 mill. kr, mot inga løyving i 2002. Løyvingane til omstilling og til Interreg IIIA er noko auka, medan løyvingane til LU (Landsdelsutvalet) og til kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i 14 kommunar er noko redusert.
Tabell 3.27 Fylka si fordeling av rammene på ulike verkemiddelaktørar og satsingsområde i 2003
(i 1000 kr) | ||
---|---|---|
Sum 2003 | Pst. | |
SND | 604 370 | 56 |
Fylkeskommunane (RUP, tilrettelegging) | 251 700 | 23 |
Omstilling | 73 350 | 7 |
Kommunale næringsfond | 67 750 | 6 |
Interreg IIIA | 45 460 | 4 |
LU | 19 700 | 2 |
Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i 14 kommunar | 16 530 | 2 |
Totalt1 | 1 078 860 | 100 |
1 Ein del fylke har oppgitt tal før revidert nasjonalbudsjett, andre fylke har presentert tal der reduksjonen er innarbeidd.
Budsjettforslag for 2004
For 2004 føreslår regjeringa ei løyving på 1 051,05 mill. kr over kap. 551, post 60. Løyvinga blir gitt som tilskot utan tilbakebetaling. Midlane blir desentraliserte til fylkeskommunane som regionale folkevalde organ. Tiltak som får støtte over posten, må vere i tråd med mål og strategiar i fylkesplanen og handlingsprogrammet i fylkesplanen. Innanfor måla i regional- og distriktspolitikken og for løyvinga under dette kapitlet, og innanfor gjeldande retningslinjer, står fylkeskommunane elles svært fritt til å prioritere ulike program og tiltak. Fylkeskommunane skal, i samarbeid med regional partnarskap, fordele midlane på ulike formål og verkemiddelaktørar og fastsetje resultatkrav.
Post 61 Næringsretta utviklingstiltak, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast
Posten er ny frå 2004. Omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta frå og med 2004 er omtalt i programkategoriomtalen under "Nærmare om strategiane i regional- og distriktspolitikken". Ein fullstendig omtale er gitt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Mål
Målet med midlane er å få til ein særskild næringsretta innsats i område som får auka arbeidsgivaravgift frå og med 2004. Innsatsen skal medverke til å fremme målet om å sikre busetnad i alle delar av landet og ta ut det verdiskapingspotensialet som finst der. Midlane skal gå til tiltak som kan gi varige, positive effektar for næringslivet og regionane.
Strategiar
For å nå målet om å utløyse potensialet i ulike område, må tiltak ta utgangspunkt i dei spesielle utfordringane og ressursane som finst i kvar region. Det vil derfor bli lagt opp til ein aktiv dialog med regionane for å få fram kva som er dei beste og mest treffsikre strategiane og tiltaka.
Innretting av den særskilde innsatsen i kvart fylke vil bli utforma i samarbeid med fylkeskommunane og dei regionale partnarskapa. Næringslivet skal ha ein sentral plass i dette samarbeidet. Det blir lagt til grunn at midlane kan nyttast innanfor ulike sektorar og område, til dømes samferdsel, digital infrastruktur, FoU og nyskaping, kompetanseheving, samarbeid mellom skole og næringsliv, næringsretta program i regi av verkemiddelapparatet, eller andre tiltak som kan gjere næringslivet meir konkurransedyktig og lønnsamt. Midlane kan ikkje nyttast til finansiering av investeringar i, eller til ordinær drift av, fylkeskommunale eller kommunale tenester eller kommunal tenesteproduksjon. Departementet vil i samband med den vidare prosessen vurdere om det er behov for eigne retningslinjer som avgrensar bruken av midlane.
Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane tek på seg ei koordinerande rolle i dette arbeidet, og at regionane sjølve kjem opp med planar og prosjekt som dei vil prioritere. Det er ein føresetnad at næringslivet og kommunane deltek og sluttar seg til forslaga. Bruken av midlane må skje innanfor dei rammene som er sette i regelverket om offentleg støtte etter EØS-avtalen.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak i dei områda som får auka arbeidsgivaravgift frå og med 2004. Kostnadsauken i kvart område vil vere utgangspunkt for den geografiske fordelinga av midlane. Forvaltning av midlane kan bli lagt til fylkeskommunar, kommunar, verkemiddelapparatet, Kommunal- og regionaldepartementet eller andre departement, avhengig av kva typar av tiltak som blir prioriterte i kvar region. Departementet vil avklare fordeling og nærmare tildelingskriterium for midlane. Ramma kan også nyttast til å finansiere utgreiings- og evalueringsoppgåver innanfor formålet med posten.
Oppfølging og kontroll
Posten er ny frå 2004. I løpet av første halvår 2004 skal fylkeskommunane, saman med kommunane og næringslivet, lage handlingsplanar for bruken av midlane i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet. Handlingsplanane må ta utgangspunkt i måla for posten. Det vil derfor ikkje bli utarbeidd nærmare, spesifiserte nasjonale mål- og resultatkrav for denne budsjettposten. Tildeling av midlar vil først skje når handlingsplanane frå regionane er ferdige og departementet har gjennomført ein dialog med regionane og fylkeskommunane om føreslåtte planar og tiltak. Departementet vil sjå til at dei som skal forvalte midlane, utarbeider nærmare resultatmål i tråd med dei måla og strategiane som er sette. Budsjettproposisjonen inneheld derfor ikkje operative og konkrete delmål som kan etterprøvast. I revidert budsjett for 2004 vil det bli gitt ei førebels rapportering av prosessen med utarbeiding av handlingsplanar. I budsjettproposisjonen for 2005 vil fordeling av løyvde midlar og tilsegn for 2004 bli omtalt. Dei som forvaltar midlane, skal rapportere om faktisk og planlagd bruk av midlane, første gongen i 2005.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa føreslår ei løyving på 150 mill. kr til næringsretta tiltak i dei regionane som får auka arbeidsgivaravgift i 2004, på ein ny post 61 Næringsretta utviklingstiltak, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. Midlane vil bli gitt som tilskot uten tilbakebetaling. Tiltaka vil kunne strekke seg over fleire år. Det blir føreslått at posten får stikkordet kan overførast.
Kommunal- og regionaldepartementet kan gi tilsegn om ytterlegare 205 mill. kr til formålet, jf. forslag til romartalsvedtak IV om tilsegnsfullmakt, slik at departementet til saman kan disponere 355 mill. kr til slike tiltak i 2004. Dette er ein del av kompensasjonen for auka arbeidsgivaravgift.
Transportstøtte
Regjeringa har notifisert ei direkte transportstøtteordning. Siktemålet med transportstøtta er å stimulere til økonomisk vekst i næringssvake område ved å redusere dei konkurransemessige ulempene som lange transportavstandar, vanskelege transportforhold og spreidd busetnad i enkelte distrikt gir. Ordninga vil kompensere for ein del av meirkostnadene til transport som blir påførte bedrifter som ligg perifert i forhold til meir sentrale område. For transport av varer utover 350 km til og frå verkeområdet for transportstøtte vil det etter forslaget kunne givast støtte. Det same gjeld for transport over 350 km innanfor verkeområdet. For transport mellom 350 km og 700 km blir det lagt opp til eit støttenivå avhengig av kvar føretaket er lokalisert. For transport utover 700 km er støttenivået høgre.
Innretning av ordninga
Transportkostnader som kan utløyse støtte:
inntransportering av varer/produkt til verksemder som er lokaliserte i verkeområdet for transportstøtte, og der varene/produkta skal tilarbeidast
uttransportering av varer/produkt frå bedrifter lokaliserte i verkeområdet for transportstøtte
den same typen transportar som er nemnde ovanfor, men som skjer innanfor verkeområdet, under føresetnad av at kriteriet om minste transportavstand er oppfylt
Det kan givast støtte til transport på veg, bane og sjø. Ordninga skal ikkje vere eksportstøtte. Ved eksport kan transportstøtte berre givast som kompensasjon for ekstra transportkostnader som ei bedrift har fram til grensa eller nærmaste eksporthamn. Transportkostnader må reknast ut frå den mest økonomiske transportmåten og den kortaste vegen mellom produksjonsstaden eller tilarbeidingsstaden og varemottakaren. Ein kan berre gi støtte til transport der transportstrekninga er 350 km eller lengre (sjå tabellen).
Næringsavgrensing
Transportstøtte kan ikkje tildelast verksemder i sektorar som er omfatta av sektorreglar gitt i ESA sitt vedtak av 22. september 1999 (228/99 COL) og i forskrift frå Finansdepartementet av 29.12.1999 med heimel i Stortingsvedtak av 26.11.1999 Om fastsetjing av avgifter m.v. til folketrygda for 2000 § 4 andre ledd. Ein kan heller ikkje gi transportstøtte til bedrifter i fiskeri- og landbrukssektoren som blir omfatta av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift.
Grad av kompensasjon - soner og støttesatsar i verkeområdet
Støtta må berre tene som kompensasjon for ekstra transportkostnader. Utmålinga av støtte vil ta utgangspunkt i ein delvis refusjon av ekstra transportkostnader for bedriftene i verkeområdet. Tiltakssona vil ikkje bli omfatta av verkeområdet for transportstøtte, ettersom ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vil bli vidareført i denne sona. Regjeringa har notifisert eit eige verkeområde for transportstøtte. Godkjenning frå ESA ligg enno ikkje føre. Desse kommunane er notifiserte i to soner:
Sone 1:
Troms, med kommunane Harstad, Tromsø, Kvæfjord, Skånland, Bjarkøy, Ibestad, Gratangen, Lavangen, Bardu, Salangen, Målselv, Sørreisa, Dyrøy, Tranøy, Torsken, Berg, Lenvik og Balsfjord
Heile Nordland
Nord-Trøndelag, med kommunane Leka, Nærøy, Vikna, Flatanger, Fosnes, Overhalla, Høylandet, Grong, Namsos, Namsskogan, Røyrvik, Lierne, Snåsa, Inderøy, Namdalseid, Verran, Mosvik, Verdal, Leksvik, Meråker og Steinkjer
Sone 2:
Sør-Trøndelag, med kommunane Hemne, Snillfjord, Hitra, Frøya, Ørland, Agdenes, Rissa, Bjugn, Åfjord, Roan, Osen, Oppdal, Rennebu, Meldal, Røros, Holtålen, Midtre Gauldal, Selbu og Tydal
Møre og Romsdal, med kommunane Kristiansund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Norddal, Stranda, Stordal, Rauma, Nesset, Midsund, Sandøy, Aukra, Eide, Averøy, Frei, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Rindal, Aure, Halsa, Tustna og Smøla
Sogn og Fjordane, med kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.
Departementet har sett i gang ei transportkostnadsundersøking for å vurdere om det er råd å inkludere nokre kommunar i nordlege delar av Hedmark og Oppland i verkeområdet for transportstøtte.
Dei aktuelle kommunane vil bli notifiserte til ESA dersom undersøkinga stadfestar at dei har ekstra transportkostnader og elles oppfyller vilkåra i regelverket for statsstøtte.
Tabell 3.28 Støttesatsar
Transportavstand i kilometer | Sone 1 | Sone 2 |
---|---|---|
350-700 | 30 pst. | 20 pst. |
701- | 40 pst. | 30 pst. |
Iverksetjing og rapportering
Det er førebels ikkje teke stilling til korleis ordninga skal forvaltast. Dette vil departementet avklare i samband med fastsetjing av det konkrete regelverket.
Transportstøtta skal som hovudregel ikkje overstige den avgiftsauken føretaka får som følgje av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Ordninga vil bli fastlagd i komande forskrifter og kjem i tillegg til den eksisterande transportstøtteordninga enkelte fylkeskommunar har i dag. Dersom det blir oppdaga at det er gitt urettmessig støtte, vil departementet krevje at ulovleg motteken støtte blir tilbakebetalt.
Overslag over omfanget av ordninga
Ordninga er basert på rettar, og førebels overslag viser at ordninga vil få eit omfang på ca. 200 mill. kroner. Ordninga er fastsett i forslag til romartalsvedtak IV. Ordninga får ingen budsjettmessige konsekvensar i 2004, ettersom utbetaling av transportstøtte først vil skje i 2005.
Kap. 552 Nasjonalt samarbeid for regional utvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Kunnskapsutvikling, informasjon o.a., kan overførast | 7 091 | 10 000 | 9 000 |
53 | Program for kompetanseutvikling, fond | 54 000 | ||
54 | Program for vassforsyning, fond | 20 000 | ||
56 | Omstilling og nyskaping, fond | 72 000 | ||
70 | SIVA - utviklingsarbeid, inkubatorprogram o.a. | 34 000 | ||
71 | Næringshagar | 30 000 | ||
72 | Nasjonale tiltak for regional utvikling, kan overførast | 287 000 | 279 000 | |
90 | SIVA - innskotskapital, kan overførast | 132 590 | ||
Sum kap. 5521 | 349 681 | 297 000 | 288 000 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 552, post 72 sett ned med 5 mill. kr til 282 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Mål
Målet med løyvinga er å fremme regional verdiskaping og utvikling gjennom satsingar som best kan gjennomførast nasjonalt. Midlane skal nyttast på område der det er tenleg med nasjonal koordinering, og der det er kostnadseffektivt å tilby nasjonale fellesløysingar. Midlane kan nyttast på område der det trengst nasjonal/internasjonal spisskompetanse. I tillegg kan midlane nyttast til utgreiingar, forsøk og pilotprosjekt i samband med innsats som kan medverke til regional utvikling. Midlane kan også nyttast til internasjonalt regionalpolitisk samarbeid og til tiltak som legg til rette for lokal utvikling, så framt tiltaka er av verdi også på nasjonalt plan.
Innsatsen skal særleg medverke til auka innovasjon og høgre kompetansenivå i regionalt næringsliv. Forsking og erfaringar viser at samarbeid og samspel mellom ulike aktørar blir stadig viktigare for å fremme nytenking og innovasjon. Primært skal samarbeidet skje på regionalt nivå, men når det gjeld spesielle utfordringar, kan det vere tenleg med samspel mellom regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Dette vil også gjelde for andre politikkområde og andre aktørar enn dei som tradisjonelt er ansvarlege for næringsutvikling.
Midlane skal også medverke til systematisk kunnskapsutvikling, utveksling av erfaringar og læring om regionale utviklingsprosessar. Tiltaka retta mot å fremme regional verdiskaping skal ha eit tydeleg fokus på å styrkje infrastrukturen i næringslivet, skape gode miljø for verdiskaping og auke innovasjonstakten i bedrifter og bedriftsmiljø. Tiltaka skal vere forankra i dei behova næringslivet har, og skal basere seg på samspel mellom private og offentlege aktørar.
Post 21 Kunnskapsutvikling, informasjon o.a., kan overførast
Mål
Målet med posten er
å få fram ny kunnskap som grunnlag for nasjonal politikkutvikling
å spreie kunnskap, medverke til kompetanseoppbygging og gjennomføre informasjonstiltak overfor verkemiddelaktørar og viktige målgrupper
Tildelingskriterium
Midlane vil bli forvalta på sentralt nivå. Dei vil bli nytta til å dekkje behovet i departementet for kunnskap når det gjeld statistikk/data, analysar og kunnskapsoversikter, forskingsprosjekt, utgreiingar, evalueringar o.a., og til nokre informasjonstiltak når det gjeld regional- og distriktspolitikken. Midlane vil også bli nytta til prosjekt- og utviklingsarbeid i regi av departementet.
Rapport for 2002
I 2002 blei midlane mellom anna nytta til analysar og forsking for Effektutvalet. Midlane blei vidare nytta til utgreiing og statistikk i samband med forhandlingane med ESA om differensiert arbeidsgivaravgift.
I tillegg blei midlane nytta mellom anna til "cluster-analysar" i regi av EPRC i Glasgow, til rapportering om småsamfunnssatsinga, til utgreiingsarbeid for storbymeldinga og til eit pilotprosjekt om integrering av kjønns- og livsfaseperspektiv i regionalt utviklingsarbeid. Det blei også nytta midlar til spreiing av kunnskap gjennom tidsskrifta Profilen og PLAN, og til Sekretariatet for etter- og vidareutdanning for samfunnsplanlegging. Utgifter til prosjekt- og utviklingsarbeid i departementet er dels kopla til mellombels prosjektstillingar, dels til ekstern hjelp.
Rapport for første halvår 2003
Også i 2003 er ein god del av ramma blitt nytta til utgreiingar og til drift av Effektutvalet. Midlar under denne posten er også nytta til arbeidet i Distriktskommisjonen.
For å utøve støttespelarfunksjonen og styrkje fylkeskommunen i rolla som leiande utviklingsaktør har departementet i 2003 gitt støtte til utvikling av eit statistikksystem for planlegging og analyse (Norges-Panda). Departementet har store forventningar til at systemet blir nytta av fylkeskommunane.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa føreslår å løyve 9 mill. kr over kap. 552, post 21 for 2004.
Post 53 Program for kompetanseutvikling, fond
Rapport for 2002
Formålet med løyvinga har vore å leggje til rette for innovasjon, nyskaping og kommersialisering av forskingsresultat, mellom anna gjennom auka næringsretting av FoU- og kompetansemiljø, og til å etablere nettverk mellom desse miljøa og små og mellomstore bedrifter (SMB) i distrikta.
For 2002 løyvde Stortinget 54 mill. kr over denne posten. Ved bruken av midlane blei det mellom anna lagt vekt på å styrkje samspelet og samarbeidet mellom ulike aktørar. Ein stor del av midlane gjekk til idéskaping, innovasjon og nyskaping i SMB.
Program forvalta av Noregs forskingsråd: Dette gjeld program for forskingsbasert nyskaping (FORNY), program for mobilisering for FoU-relatert innovasjon (MOBI) og programmet Verdiskaping 2010. Generelt nådde programma, med god margin, dei måla som var sette for 2002. Innanfor MOBI deltok det 915 bedrifter i 2002, og 73 FoU-miljø var involverte. Under FORNY-programmet blei det i 2002 kommersialisert 40 idear, og det var aktivitet innanfor programmet i 15 fylke. Under programmet Verdiskaping 2010 var det ved utgangen av 2002 etablert i alt åtte regionale hovudprosjekt og ti bedriftsnettverk. Rundt rekna 250 bedrifter deltok i 2002. Det er etablert eit eige doktorgradsprogram.
Etter departementet si vurdering var det god aktivitet i dei programma som blei finansierte over denne posten i 2002. Programma har gjennomgåande nådd dei resultatmåla som var sette, og det blir utvikla fleire interessante og lovande arbeidsmetodar og konsept for regional utvikling.
Andre utviklingstiltak: Det er mellom anna løyvt midlar til satsing på entreprenørskap gjennom foreininga Ungt entreprenørskap, og til drift av Barentssekretariatet. Det er også løyvt midlar til ulike pilotsatsingar og utgreiingar.
Frå 2003 er posten lagd inn i post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling.
Post 54 Program for vassforsyning, fond
Rapport for 2002
Formålet med programmet har vore å betre vasskvaliteten gjennom utbetringstiltak på eksisterande anlegg og leidningsnett. Det blei i 2002 løyvt 20 mill. kr til vassforsyningsanlegg i samband med nødvendige tiltak for å betre kvaliteten.
I alt ni prosjekt fekk tilsegn om støtte, medan 21 prosjekt fekk avslag. I 2001 var dei tilsvarande tala 13 og 11, men da var dei økonomiske rammene noko større. Det blei gitt tilskot til prosjekt der nødvendig utbetring førte til store kostnader per abonnent. Det blei gitt støtte for tiltak til utbetring av vassverk som totalt forsyner ca. 22 500 personar. Desse vassverka har også ei rad nærings- og reiselivsbedrifter innanfor forsyningsområdet. Med dei opplysningane ein hadde ved oppstarten av det femårige vassprogrammet, blei investeringsbehovet vurdert til 3,5 mrd. kr. Ei oppjustert vurdering i 1998 tilsa at behovet var det doble. I programperioden 1995-2002 blei det gitt støtte på 482,9 mill. kr til om lag 380 vassverk. Dette har gitt betre vassforsyning til ca. 1,4 mill. personar. Totale investeringar for dei tiltaka som det er gitt tilskot til, er på om lag 2,1 mrd. kr. I tillegg har det vore investert 1,3 mrd. kr i vassverk som har fått avslag på søknad om tilskot.
Post 56 Omstilling og nyskaping
Rapport for 2002
Løyvinga til omstilling har vore eit ekstraordinært verkemiddel overfor kommunar og regionar med einsidig næringsgrunnlag, og som har stått overfor særleg store omstillingsoppgåver. Målet har vore å medverke til å styrkje næringsgrunnlaget og verdiskapinga gjennom nyetablering og vidareutvikling av lønnsame arbeidsplassar.
For 2002 løyvde Stortinget 72 mill. kr over kap. 552, post 56. I 2002 hadde fire større regionar og 14 enkeltkommunar nyskapings- og omstillingsstatus. Dei større regionale prosjekta var "Morgenlandet", som omfattar alle kommunane i Hedmark og Oppland, OPPDRIFT (kommunane Risør, Tvedestrand, Kragerø og Nome), Solørfondet (kommunane Våler, Åsnes og Grue), HALD AS (kommunane Alstahaug, Herøy, Leirfjord og Dønna) og Glåmdalsregionen (kommunane Våler, Åsnes, Grue, Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog og Kongsvinger).
To nye kommunar fekk omstillingsstatus i 2002: Hasvik og Kautokeino (begge i Finnmark). Departementet har i tillegg hatt til vurdering fleire oppmodingar og søknader frå kommunar og regionar utan at det har vore grunnlag for å gi kommunane eller regionane omstillingsstatus.
Den omfattande strukturendringa som skal gjennomførast i Forsvaret, vil i åra framover skape store utfordringar når det gjeld omstilling i mange område. Omlegging av Forsvaret i perioden 2002-2005 vil føre til at mange arbeidsplassar fell bort. I 2002 blei det over budsjettet for Forsvarsdepartementet (kap. 1795, post 60) sett av 40 mill. kr til gjennomføring og oppfølging av omstillingsarbeidet i desse kommunane og regionane. I 2002 fekk 23 kommunar og ein region i 11 fylke tildelt midlar. I dette opplegget har fylkeskommunane fått ei sentral rolle. Kommunal- og regionaldepartementet har, i samråd med Forsvarsdepartementet, delegert fullmakt til fylkeskommunane til å behandle og avgjere søknader frå kommunane om hjelp i samband med omstilling. Dette er i samsvar med målet om å styrkje fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar.
I 2003 blei det løyvt 40,5 mill. kr til vidareføring av omstillingsarbeidet i kommunar og regionar der omleggingar i Forsvaret får konsekvensar for sysselsetjinga.
Post 70 SIVA - utviklingsarbeid, inkubatorprogram o.a.
Rapport for 2002
Selskapet for industrivekst SF (SIVA) skal arbeide for å auke verdiskapinga og sysselsetjinga i distrikta. SIVA si rolle har tradisjonelt vore av tilretteleggjande karakter, gjennom utvikling og utleige av eigedommar for næringsformål. Selskapet har i dei seinare åra utvida den tilretteleggjande rolla ved å engasjere seg i forskings- og kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar.
Regjeringa førte hausten 2001 eigarskapen for SIVA over frå Kommunal- og regionaldepartementet til Nærings- og handelsdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002), Tillegg nr. 4. Samtidig blei det slått fast at hovudoppgåvene til SIVA framleis skal liggje i distrikta, og at selskapet skal ha ein klar distriktspolitisk profil. Ansvaret for dei programretta budsjettmidlane skulle framleis liggje i Kommunal- og regionaldepartementet. Det har vore to siktemål med løyvinga over kap. 552, post 70:
finansiere utviklingsaktivitet med sikte på auka innovasjon ved å utvikle nettverk og infrastruktur for overføring av kunnskap og kapital mellom dei nasjonale og regionale innovasjons- og kunnskapsmiljøa, investorar og bedrifter i distrikta
finansiere utviklingsaktivitetar o.a. som kan medverke til høg utleigegrad og motverke tap på SIVA sine investeringar
Utviklingstilskotet: Tilskotet skal nyttast til å finansiere dei tiltaka SIVA set i verk som utviklingsaktør. Ein stor del av innsatsen har vore retta mot å utvikle dei regionale innovasjonsmiljøa gjennom engasjement i mellom anna forskings- og kunnskapsparkar, regionale utviklingsselskap og ulike regionale nettverk og samarbeidsprosjekt. Av tilskotet på 13 mill. kr i 2002 nytta SIVA 2,1 mill. kr til innskotskapital i ulike kunnskapsparkar og utviklingsselskap, 1,7 mill. kr blei nytta til å styrkje fellesfunksjonar, miljø og nettverk i samband med SIVA sine industriparkar og andre lokaliseringar i distrikta, medan 6,2 mill. kr blei nytta til deltaking i regionalt baserte samarbeidsprosjekt med fylkeskommunar og kommunar, SND, Forskingsrådet og andre aktørar som kan medverke til regional innovasjonsaktivitet.
Program for inkubatorverksemd: Programmet skal medverke til å gi nye, kunnskapsbaserte bedrifter tilbod om fagleg rådgiving, kompetansenettverk og husleige/servicefunksjonar til ein kostnad tilpassa den økonomiske evna til bedriftene. Ulike innovasjonsmiljø kan få støtte til etablering og drift av ein inkubator i opptil fem år. SIVA vil dekkje delar av kostnadene. Støtta skal nyttast til frikjøp av areal, leiar- og servicefunksjonar, rådgiving og nettverk. Målet har vore å etablere 8-10 inkubatorar årleg over ein periode på tre år. Det skal leggjast særleg vekt på utvikling av inkubatorar i det distriktspolitiske verkeområdet, og det skal utviklast eit opplegg som sikrar klare distriktspolitiske effektar ved investeringar utanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Vi viser til omtale av programmet i St.prp. nr. 1 (1999-2000).
Det blei løyvt 34 mill. kr over post 70 for 2002. Av den samla løyvinga var 20,5 mill. kr sett av til gjennomføring av programmet for utvikling, etablering og drift av inkubatorar. Ved utgangen av 2002 var det gjort avtale med 15 vertskapsmiljø om utvikling av inkubatorar, medan tre inkubatorar var på forprosjektstadiet. Av dei 15 vertskapsmiljøa er berre to lokaliserte i det distriktspolitiske verkeområdet. Inkubatorprogrammet har isolert sett ikkje nådd målet om etablering av 25-30 inkubatorar eller om etablering av inkubatorar i det distriktspolitiske verkeområdet. Departementet har oppmoda SIVA om å auke innsatsen for å betre samspelet mellom dei etablerte inkubatorane og distriktsbaserte næringsmiljø, for på denne måten å utvikle eit landsdekkjande tilbod av inkubatortenester. Sidan programmet blei sett i gang i 2000, er det etablert eller teke inn 216 bedrifter i inkubatorane. Av desse blei 92 bedrifter tekne inn i 2002. Nokre har også flytta ut, slik at det per 31.12.2002 var 144 bedrifter med til saman 372 tilsette lokaliserte i inkubatorane.
Frå 2003 er post 70 SIVA - utviklingsarbeid, inkubatorar o.a. lagd inn i post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling.
Post 71 Næringshagar
Rapport for 2002
Siktemålet med løyvinga er å stimulere til utvikling av nye arbeidsplassar i distrikta innanfor kunnskapsintensive næringar. Det blir gjort ved å tilby infrastruktur og utviklingsmiljø til personar med høg kompetanse. Utvikling og etablering av næringshagane skjer i regi av SIVA, i nært samarbeid med lokale og regionale aktørar.
Det blei løyvt 30 mill. kr over post 71 i 2002. Av desse midlane blei 28,9 mill. kr nytta i 2002. Målet ved oppstartinga av programmet i 1999 var å etablere 30 næringshagar. Ved utgangen av 2002 var det etablert 29 næringshageselskap. SIVA gjekk i 2002 inn med innskotskapital i fire nye næringshagar, og deltok i kapitalauke ved tre eksisterande næringshagar. I tillegg var SIVA inne i fire forprosjekt. Av dei 29 næringshagane som var etablerte ved utgangen av 2002, var 25 lokaliserte innanfor det geografiske verkeområdet for bedriftsretta verkemiddel. I desse næringshagane var det lokalisert til saman 387 bedrifter med ca. 866 sysselsette. Ca. 49 pst. av bedriftene høyrer heime i kategorien "Forretningsmessig tenesteyting" og 8 pst. i kategorien "Databehandlingsverksemd", medan 5 pst. av bedriftene har med undervisning å gjere. Det var etter måten mange kvinner i næringshagane. I 2002 var 38,5 pst. av dei sysselsette kvinner.
Frå 2003 er post 71 Næringshagar lagd inn i post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling.
Post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling, kan overførast
Mål
Målet med løyvinga er å fremme regional næringsutvikling og verdiskaping. Dette skal skje ved å stimulere til omstilling, innovasjon og nyetablering, og ved å medverke til at ungdom og kvinner i større grad får utnytta sine ressursar. Potensielle nyetablerarar og entreprenørar er hovudmålgruppa for innsatsen. Arbeidet vil skje i samarbeid mellom regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Midlane skal nyttast på område der det er tenleg med nasjonal koordinering, og der det er kostnadseffektivt å tilby nasjonale fellesløysingar. Innsatsen skal mellom anna gjennom utprøving av nye tiltak rettast mot kritiske faktorar i den regionale utviklinga. Ein ønskjer å vinne erfaringar som kan kome nasjonale og regionale aktørar til gode i framtidig verksemd. Dette er ein del av arbeidet med utvikling av vekstkraftige område og regionsenter. Det vil bli satsa sterkare på regionar og senter med vekstpotensial.
Innsatsen har desse delmåla:
Ein vil medverke til å auke innovasjonsevna hos gründerar og bedrifter og talet på realiserte forretningsidear, nyetableringar og knoppskytingar. Ein vesentleg del av innsatsen vil skje gjennom programsatsingar i regi av nasjonale verkemiddelaktørar.
Ein vil medverke til å skape ein kultur for entreprenørskap for å auke etableringstakta i lokalt og regionalt næringsliv.
Ein vil medverke til deltaking i internasjonalt regionalpolitisk samarbeid som fremmar utvikling av kunnskap, utveksling av erfaringar, nettverksbygging og samarbeid over grensene med sikte på å løyse felles utfordringar.
Ein vil medverke til å spreie kunnskap om gode nasjonale og internasjonale erfaringar ved å systematisere og formidle informasjon om god praksis, utgreiingar, pilotprogram og program av eksperimentell karakter.
Kriterium for tildeling
I hovudsak vil løyvinga gå til programsatsingar og utviklingstiltak i regi av den nye verkemiddeleininga som blir oppretta frå 1.1.2004, Selskapet for industrivekst (SIVA), Noregs forskingsråd og andre nasjonale og internasjonale aktørar. Andre satsingar vil skje i regi av departementet. Departementet fordeler midlane mellom aktuelle verkemiddelaktørar på bakgrunn av framlagde planar. Departementet vil, på bakgrunn av presentasjonen av programma, prioritere tildeling av midlar ut frå siktemålet med løyvinga og omsynet til ei effektiv og tenleg forvaltning. Dei fleste program går over fleire år. Kvar enkelt verkemiddelaktør har avgjerdsrett når det gjeld å tildele midlar til enkeltprosjekt, eventuelt via programstyret. Brukarane skal utgjere hovudtyngda i programstyra. Løyvinga kan også nyttast til større nasjonale satsingar for regional utvikling som blir sette i gang av departementet. Det blir lagt vekt på samspel mellom offentlege og private aktørar både på nasjonalt og på regionalt nivå.
Midlane skal primært nyttast innanfor det geografiske området for dei distriktspolitiske verkemidla. Unntak frå dette må grunngivast særskilt og sjåast i samanheng med målet om å utvikle vekstkraftige regionar. Dersom midlar blir nytta utanfor det distriktspolitiske verkeområdet, må det vere sannsynleg at dette vil gi positive regionale effektar. På programnivå kan det bli stilt krav om dokumentasjon av slike effektar. Midlar til Interreg kan nyttast innanfor heile det aktuelle programområdet.
Oppfølging og kontroll
Aktørane utarbeider sjølve programskildringar og resultatmål, som blir godkjende av departementet i tilsegnsbrev til aktørane. Alle forvaltarane av tilskot skal rapportere om oppnådde resultat for programma. Departementet vil i den årlege budsjettproposisjonen informere Stortinget om aktivitet, måloppnåing osv. i samband med programma.
Ein del effektar vil ofte kunne målast først fleire år etter at innsatsen eller tiltaket er sett i verk. I tillegg til å gi ei årleg rapportering om aktivitet og resultat, skal programma ha fokus på resultat knytte til prosessar, aktivitetar/formål og etablering av nye relasjonar/nettverk også av meir kvalitativ karakter. Effekten må derfor vurderast over tid. Effektane av tiltaka/satsingane vil bli vurderte gjennom periodiske evalueringar, og det vil bli gitt rapportar til Stortinget på ein tenleg måte. Vidare vil tiltak for læring og utveksling av erfaringar vere ein viktig del av oppfølginga. Departementet vil ta initiativ til ein strategisk analyse av dei programsatsingane som er finansierte over kap. 552, og vil evaluere satsinga på næringshagane.
Tilskot utan tilbakebetaling - rundsumtilskot
Midlane til den nye verkemiddeleininga, Noregs forskingsråd og SIVA blir gitt som tilskot utan tilbakebetaling. Det inneber at unytta midlar kan omdisponerast til andre tiltak innanfor det same formålet, uavhengig av kva år tilsegna er gitt. Verkemiddelaktørane får fullmakt til å fastsetje i kva år tilskot til eit prosjekt skal givast, og for kor lang tid eit tilskot skal gjelde. Verkemiddelaktørane skal behandle søknader om forlenging av tilskot og løyve resterande midlar til nye tiltak i tråd med dei måla Stortinget har sett for løyvinga. Midlar som ikkje blir nytta, kan omdisponerast til andre tiltak innanfor det same formålet.
Rapport for første halvår 2003
For 2003 er det løyvt 119 mill. kr til SND, 53 mill. kr til SIVA og 44 mill. kr til Noregs forskingsråd over denne posten. Løyvingane skal i hovudsak finansiere ulike programsatsingar for å fremme mellom anna innovasjon, kompetanseheving, nettverksbygging og spreiing av teknologi (t.d. FORNY, inkubatorar, inkubatorstipend, næringshagar, Mobilisering for FoU-relatert innovasjon og NT-programmet).
Midlar frå posten er elles nytta til norsk deltaking i ulike Interreg-program og til å dekkje kostnader i samband med nasjonale satsingar og prosjekt som departementet har sett i gang. Det er mellom anna løyvt 2 mill. kr til eit nasjonalt program for utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta. Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (MERKUR) er for 2003 tildelt til saman 7 mill. kr til kompetanseoppbyggjande tiltak i utkantbutikkar over heile landet. Siktemålet er å betre lønnsemda i butikkane. På bakgrunn av Stortinget si behandling av St.prp. nr. 65 (2002-2003) og Innst. S. nr. 260 den 20. juni 2003 blei det dessutan løyvt 5 mill. kr til eit eige utviklingsprogram for daglegvarebutikkar i utkantstrøk. Tanken er at desse midlane skal sikre betre lønnsemd for dei mest marginale butikkane, slik at ein kan halde oppe eit viktig tenestetilbod i små lokalsamfunn. Desse midlane blir forvalta av MERKUR.
Det blei også løyvt 400 000 kr til Ålesund Kunnskapspark for å leggje grunnlaget for eit Center of Expertice i Ålesund, med særskild vekt på den maritime næringsklynga. Senteret skal utvikle det regionale innovasjonssystemet, med vekt på kompetanseutvikling, knoppskyting av nye bedrifter, kommersialisering av forskingsresultat og etablering av nye bedrifter og næringar.
Budsjettforslag for 2004
For budsjettåret 2004 blir det føreslått ei løyving på 279 mill. kr over kap. 552, post 72. Løyvinga vil bli nytta til å vidareføre, tilpasse eller setje i verk nye programsatsingar, tiltak og forsøk i regi av departementet eller verkemiddelapparatet. For å støtte opp om ei innovativ næringsutvikling kan lokale/regionale tiltak av spesiell nasjonal interesse (pilotprosjekt og liknande) finansierast over posten. Det blir lagt vekt på å utvikle kunnskapsgrunnlaget innanfor formåla med posten. Det vil også bli sett av midlar til næringsutviklingstiltak på Svalbard.
Gjennom verkemiddelapparatet vil særleg innsatsen retta mot nyskaping og innovasjon bli styrkt. Dette gjeld ulike forsøk og utviklingsoppgåver av nasjonal interesse, til dømes entreprenørskapsarbeid, inkubatorstipend, Centers of Expertice og næringshagesatsing. Den nye verkemiddeleininga skal også forvalte eit skjønnsmessig fastsett årleg beløp i samband med arbeid med omstillingsområde og fungere som eit nasjonalt kompetansesenter for omstilling.
Norsk deltaking i Interreg IIIB og Interreg IIIC, og Sametinget si deltaking i dei grenseregionale Interreg-programma, blir finansiert over denne posten. Det vil òg bli sett av midlar til å finansiere utgreiingar og evalueringar knytte til Interreg, og til informasjons- og opplysningstiltak. Midlane kan nyttast til drift av programma, inkludert deltaking i ulike styringsorgan.
Det vil bli gitt rom for å følgje opp fleirårige prosjekt som det er løyvt midlar til i tidlegare år. Dette gjeld til dømes småsamfunnssatsinga, Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (MERKUR), Centers of Expertice og Nasjonalt program for stadutvikling.
Det er over kap. 552, post 72 også sett av midlar til å dekkje kostnader i samband med forsøk og prosjekt som departementet sjølv set i gang. Spreiing av kunnskap frå prosjekta vil kome dei nasjonale og regionale aktørane til gode.
Midlane til desse formåla vil på bakgrunn av dette ikkje bli utlyste.
Kap. 2425 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Bedrifts- og næringsutvikling i distrikta, fond, kan nyttast under kap. 551 post 51 | 773 500 | ||
74 | Dekning av tap på risikolån og garantiar | 1 500 | ||
Sum kap. 2425 | 775 000 |
Post 50 Bedrifts- og næringsutvikling i distrikta, fond
Rapport for 2002
Løyvinga over post 50 Bedrifts- og næringsutvikling i distrikta var i 2002 på 773,5 mill. kr. 32,9 mill. kr blei overført frå posten til kap. 551, post 51 Tilrettelegging for næringsutvikling. Inkludert innbetalingar av vilkårsbundne tilskot frå tidlegare år på 3,6 mill. kr, blei totalramma 744,2 mill. kr. Av dette disponerte SND sentralt 351 mill. kr, fylkeskommunane 390,5 mill. kr og Kommunal- og regionaldepartementet 2,7 mill. kr.
Det blei i 2002 gitt tilsegner om distriktsretta risikolån på 506,6 mill. kr (117,3 mill. kr sett av til tapsfond) og tilsegner om distriktsutviklingstilskot på 624,2 mill. kr. Løyvinga er nytta fullt ut.
Departementet reduserte talet på øyremerkingar og føringar i budsjettet for 2002 i forhold til tidlegare år. Tanken var å gi SND større fleksibilitet med omsyn til kor stor del av løyvinga som skulle gå til distriktsutviklingstilskot, tapsfond for distriktsretta risikolån og program. Departementet sette som krav at SND i større grad skulle bruke lån som verkemiddel, medan tilskot skulle reserverast til nyskapingsprosjekt med høg risiko. Låneramma for distriktsretta risikolån var i 2002 større enn ho har vore i noko enkeltår sidan før 1995. Ca. 17 pst. av kap. 2425 blei sett av til tapsfond for nye risikolån.
Distriktsutviklingstilskot og distriktsretta risikolån kan nyttast innanfor områda A, B og C av det distriktspolitiske verkeområdet. Område A er høgst prioritert. Som figur 3.3 viser, har prosentdelen som går til soneoverskridande prosjekt, auka i dei siste åra. Det er eit resultat av auka satsing på bygging av nettverk. Den delen av distriktsutviklingstilskota og dei distriktsretta risikolåna som går til verkeområda A og B, gjekk ned i 2002 i forhold til i 2001, medan den delen som går til verkeområde C, auka. Nedgangen kjem av at investeringane i marin sektor i områda A og B har falle kraftig på grunn av krisa i fiskerisektoren.
Tabell 3.29 Fordeling av distriktsutviklingstilskot og distriktsretta risikolån på fylke
Mill. kr totalt | Kr pr. innbyggjar | ||||
---|---|---|---|---|---|
Fylke | Folketal pr. 1.1.2002 | Distrikts-utviklings- tilskot | Risikolån | Distrikts-utviklings- tilskot | Risikolån |
Østfold | 252 746 | 2,8 | 0,0 | 11 | 0 |
Akershus | 477 325 | 0,0 | 0,0 | 0 | 0 |
Oslo | 512 589 | 0,0 | 0,0 | 0 | 0 |
Hedmark | 187 965 | 32,0 | 12,2 | 170 | 65 |
Oppland | 183 235 | 27,9 | 11,9 | 152 | 65 |
Buskerud | 239 793 | 10,0 | 5,8 | 42 | 24 |
Vestfold | 216 456 | 0,0 | 0,0 | 0 | 0 |
Telemark | 165 710 | 19,4 | 35,1 | 117 | 212 |
Aust-Agder | 102 945 | 4,6 | 0,2 | 45 | 1 |
Vest-Agder | 157 851 | 2,3 | 0,0 | 14 | 0 |
Rogaland | 381 375 | 19,1 | 5,8 | 50 | 15 |
Hordaland | 438 253 | 29,0 | 17,4 | 66 | 40 |
Sogn og Fjordane | 107 280 | 30,3 | 36,7 | 282 | 342 |
Møre og Romsdal | 243 855 | 29,3 | 36,5 | 120 | 150 |
Sør-Trøndelag | 266 323 | 28,2 | 39,7 | 106 | 149 |
Nord-Trøndelag | 127 457 | 37,8 | 25,9 | 296 | 203 |
Nordland | 237 503 | 95,1 | 177,1 | 401 | 746 |
Troms | 151 673 | 61,9 | 61,6 | 408 | 406 |
Finnmark | 73 732 | 49,8 | 37,8 | 676 | 512 |
Svalbard | 0,0 | 0,0 | |||
Uspesifisert | 144,8 | 3,0 | |||
Sum | 4 524 066 | 624,2 | 506,6 |
Tabell 3.29 viser fordelinga av distriktsretta risikolån og distriktsutviklingstilskot mellom fylka. Rammene for fylka blei fastsette etter kor stor prosent av folketalet som budde innanfor sone A, B og C, vekta slik at ein person i sone A tel meir enn ein person i sone B, som igjen tel meir enn ein person i sone C. Den sentrale ramma for SND blir ikkje fordelt etter geografisk område, men etter kvar dei kostnadskrevjande sakene er lokaliserte. Det gjer at det geografiske nedslagsfeltet for den samla løyvinga vil variere ein del frå år til år. Dei tre nordlegaste fylka har fått mest tilskot og lån, både totalt (kronebeløp) og per innbyggjar.
I St.prp. nr. 1 (2001-2002) blei det lagt særleg vekt på å vri bruken av midlane ytterlegare over på tiltak som medverkar til innovasjon og kompetanseutvikling i næringslivet i distrikta. Ein ville på denne måten stimulere til etablering av nye, innovative bedrifter i distrikta.
Figur 3.4 viser at i 2002 gjekk 73 pst. av løyvingane til distriktsretta risikolån til innovasjon. Dette er ein liten nedgang i forhold til 2001 (75 pst.). 65 pst. av løyvingane til distriktsutviklingstilskotet gjekk i 2002 til innovasjon. Dette er ein nedgang i forhold til 2000 (73 pst.) og 2001 (68 pst.). Nedgangen i den delen av distriktsutviklingstilskotet som går til innovasjon, skriv seg frå at ein relativt stor del har gått til kompetansehevande program. Dette vil ha stor verdi for innovasjonsevna i bedriftene på eit seinare tidspunkt.
Figur 3.5 viser at prosentdelen brukt til kompetanseheving har auka. I 2002 blei 18 pst. av risikolåna gitt til kompetansehevande tiltak, medan 60 pst. av distriktsutviklingstilskotet (bedriftsutviklingstilskot og investeringstilskot) gjekk til slike tiltak. Dette er ein stor auke i forhold til tidlegare år. Vridinga er eit resultat av ei medviten prioritering av "mjuke" investeringar og ei dreiing bort frå fysiske investeringar. I 2002 gjekk 75 pst. av distriktsutviklingstilskotet til "mjuke" investeringar (dvs. bedriftsutviklingstilskot), mot 52 pst. i 2001. Auken i løyvingane til soneovergripande tiltak er ei følgje av dette.
Det var for 2002 lagt til grunn at tiltak retta mot å auke tilbodet om arbeidsplassar for kvinner og ungdom skulle prioriterast. Dei bedriftsretta verkemidla blir i større grad enn før nytta til å finansiere kvinneretta tiltak. Om lag 215 mill. kr blei i 2002 gitt til tiltak definerte som kvinneretta. Dette svarer til 21 pst. av risikolåna og 17 pst. av distriktsutviklingstilskota. Det er ein auke frå 2001, da 197 mill. kr blei brukt til kvinneretta tiltak. Av 2002-tilsegnene gjekk 20 pst. av risikolåna og 21 pst. av distriktsutviklingstilskota til bedrifter som har minst 50 pst. kvinnelege tilsette. Programmet "Kvinner i fokus" nytta 9,9 mill. kr av løyvinga. Fleire hundre personar har delteke i styrekurs, mentorprogrammet og fyrtårnprogrammet.
Det største enkeltprosjektet i SND si satsing på ungdom er "Alkymisten" (Sogn og Fjordane). SND har også finansiert prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap og andre organisasjonar. Tiltaket "Entreprenørskapspilotane" blei sett i gang hausten 2002 i Nordland, Sør-Trøndelag, Agder, Hedmark og Hordaland/Rogaland. Pilotane skal stimulere til fleire nyetableringar og medverke til å styrkje den faglege oppfølginga av etablerarane.
For 2002 øyremerkte departementet 24 mill. kr til Nyskapings- og teknologiutviklingsprogrammet for Nord-Noreg (NT-programmet). SND prioriterte også å føre programma FORNY, BIT, FRAM, Arena og NUMARIO vidare i 2002.
NT-programmet skal medverke til auka nyskaping i eksisterande og nye teknologibedrifter i Nord-Noreg. Ved utgangen av 2002 var 39 prosjekt avslutta. Hovudtyngda av prosjekta har utspring i nye eller etablerte verksemder.
BIT-programmet skal medverke til meir effektiv elektronisk forretningsdrift i ulike bransjar og verdikjeder, og medverke til meir effektiv bruk av IT. Rapporteringa viser at dei bedriftene som deltek, oppnår betre resultat enn gjennomsnittet for dei respektive bransjane.
FRAM er eit program for strategi- og leiingsutvikling i små og mellomstore bedrifter. 294 bedrifter deltok i programmet i 2002. 73 pst. av bedriftene ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. 88 pst. av dei bedriftene som deltok, forbetra lønnsemda med 5 pst. av omsetninga i forhold til året før dei starta med FRAM.
Programmet "Arena - Innovasjon i nettverk" skal medverke til å auke verdiskapinga i regionale næringsmiljø ved å styrkje samspelet mellom næringsaktørar, kunnskapsaktørar og det offentlege. Arena blei sett i gang i mai 2002.
NUMARIO er eit program for å fremme lønnsam næringsutvikling innanfor oppdrett av kveite, skjel og steinbit. 2002 var det siste året for programmet. Sluttrapporteringa viser at totalt 66 bedrifter har fått løyving til ulike prosjekt. Konklusjonen er at det tek svært lang tid å utvikle ein ny art fram til kommersiell produksjon, og vidare at det har vore vanskeleg å få aktørar innanfor oppdrett til å satse på nye artar.
Post 74 Dekning av tap på risikolån og garantiar
Frå og med 2002 blei tapsfond for alle årgangar av distriktsretta risikolån slått saman. Etter dette dekkjer ikkje staten lenger automatisk tap på over 10 pst. av det avsette tapsfondet for enkeltårgangar. Dette gir SND eit større ansvar for sjølv å vurdere tapspotensialet i porteføljen.
SND har hatt større tap på alle utlånsordningane sine i 2002 og første halvår 2003 enn i tidlegare år. Tapa har i hovudsak samanheng med konjunkturane i norsk økonomi. SND har ved ein gjennomgang av porteføljen avdekt at det er behov for ei tilleggsløyving for at tapsfonda skal spegle risikoen i porteføljen. Regjeringa vil kome tilbake til spørsmålet om tilleggsløyving til tapsfond for å dekkje påførte og framtidige tap under låne- og garantiordningane til SND. Dette vil bli gjort i samband med nysalderinga av 2003-budsjettet.
I samarbeid med aktuelle departement går no SND igjennom risikostyringa for å unngå å kome i ein liknande situasjon att. Eit element i gjennomgangen er den nye situasjonen frå og med 2003, når SND får tildelingar til tapsfond for distriktsretta risikolån via fylkeskommunane i staden for direkte frå Kommunal- og regionaldepartementet.
For nærmare omtale viser vi til St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet.
Rapport for 2002
Det blei for 2002 løyvt 1,5 mill. kr over kap. 2425, post 74, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst. S. nr. 255 (2001-2002). Løyvinga dekkjer tap på lån og garantiar gitt i 1995 som overstig det opphavlege tapsfondet.
Kap. 5327 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Tilbakeføring av tilskot | 152 828 | 70 000 | 70 000 |
51 | Tilbakeføring av tapsfond | 22 618 | 20 000 | 20 000 |
Sum kap. 5327 | 175 446 | 90 000 | 90 000 |
Post 50 Tilbakeføring av tilskot og post 51 Tilbakeføring av tapsfond
Løyvingar til tilskot og tapsfond i det distriktspolitiske verkeområdet blei fram til og med 2002 overførte til eigne fondskonti i Noregs Bank og samtidig utgiftsførte i statsrekneskapen.
Dei midlane som blir førte tilbake til statskassa i 2004, stammer frå tilsegner som blei gitt i 2000, og som ikkje, eller berre delvis, har kome til utbetaling. Tidlegare erfaringar viser at det er vanskeleg å vurdere kor mykje som vil bli tilbakeført, og at det vil variere frå år til år. Det blir føreslått å løyve 70 mill. kr på post 50 Tilbakeføring av tilskot og 20 mill. kr på post 51 Tilbakeføring av tapsfond.
Frå og med 2003 er budsjettstrukturen lagd om. Rammene over 13.50 blir ikkje lenger løyvde over ein 50-post med fondsordning, men over ein 60-post og ein 70-post som tilskot utan avrekning/tilbakebetaling. Dette vil føre til at postane for tilbakeføring av tilskot og tapsfond vil bli reduserte i åra framover og etter kvart falle bort.
Tabell 3.30 Oversikt over fondsbehaldningar per 31.12.2001 og 31.12.2002
(i mill.kr) | |||
---|---|---|---|
Fonds-nummer | Nemning | 31.12.2001 | 31.12.2002 |
64.05.01 | Fond for regional utvikling (t.o.m. 2000) | 58,5 | 0 |
64.05.02 | Fond for SND og fylkeskommunane (t.o.m. 2000) | 4,7 | 0 |
64.05.03 | Fond for regional næringsutvikling i fylke og kommunar (t.o.m. 2000) | 342,6 | 0 |
64.05.07 | Fond for regional utvikling (f.o.m. 2001) | 65,2 | 133,8 |
64.05.08 | Fond for SND og fylkeskommunane (f.o.m. 2001) | 3,5 | 38,4 |
64.05.09 | Fond for regional næringsutvikling i fylke og kommunar (f.o.m. 2001) | 428,7 | 625,1 |
Fondsbehaldninga blei i 2002 samla på tre konti.
Programkategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar
Samla utgifter under programkategori 13.70
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
571 | Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571) | 38 900 908 | 39 077 700 | 30 986 000 | -20,7 |
572 | Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572) | 14 238 450 | 14 225 000 | 11 468 000 | -19,4 |
573 | Kompensasjon til fylkeskommunar ved statleg overtaking av ansvaret for spesialisthelsetenesta | 21 569 531 | 0 | 0 | 0,0 |
574 | Økonomisk oppgjer ved endringar i ansvaret for barnevern, familievern og rusomsorg | 0 | 0 | 378 146 | 0,0 |
Sum kategori 13.70 | 74 708 889 | 53 302 700 | 42 832 146 | -19,6 |
Samla inntekter under programkategori 13.70
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3571 | Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 571) | 64 601 | 46 371 | 28 000 | -39,6 |
3572 | Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 572) | 0 | 7 100 | 0 | -100,0 |
Sum kategori 13.70 | 64 601 | 53 471 | 28 000 | -47,6 |
Innleiing
Regjeringa har som prinsipp at rammefinansiering skal vere hovudfinansieringsmodellen for kommunesektoren. Rammetilskot og skatteinntekter utgjer i 2004 til saman om lag 69 pst. av inntektene til kommunesektoren. Desse inntektene er frie inntekter, det vil seie inntekter som kommunane og fylkeskommunane kan disponere fritt utan andre bindingar frå staten si side enn det som følgjer av lover og forskrifter. Gjennom rammefinansiering legg regjeringa til rette for prioriteringseffektivitet og kostnadseffektivitet.
Inntektssystemet er eit system for fordeling av statlege rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar. Det overordna formålet med inntektssystemet er å sikre utjamning av dei økonomiske føresetnadene for eit likeverdig kommunalt og fylkeskommunalt tenestetilbod. Ulik standard i det kommunale tenestetilbodet kan dels kome av skilnader i økonomiske ressursar, dels av skilnader i utgiftsbehov. Gjennom inntektsutjamninga i inntektssystemet blir skilnadene i skatteinntekter delvis utjamna, og gjennom utgiftsutjamninga får kommunar og fylkeskommunar full kompensasjon for ufrivillige kostnader i tenesteproduksjonen.
Utgiftsutjamninga blir rekna ut på grunnlag av ein kostnadsnøkkel som inneheld 19 ulike kriterium for kommunane og 14 ulike kriterium for fylkeskommunane. Kostnadsnøkkelen for utgiftsutjamninga er basert på at utjamninga skal omfatte ufrivillige forhold som har dokumentert innverknad på utgiftene til kommunane og fylkeskommunane. Med ufrivillige forhold er det her meint forhold som den enkelte kommune og fylkeskommune ikkje kan påverke, til dømes alderssamansetjinga i befolkninga. Utgiftsutjamninga omfattar helse- og sosialsektoren, grunnskolesektoren, administrasjon, miljø og landbruk for kommunane, og vidaregåande opplæring, samferdselssektoren og tannhelsetenesta for fylkeskommunane. Ein felles kostnadsnøkkel for kommunane og ein felles kostnadsnøkkel for fylkeskommunane er bygd opp ved at ein vektar kostnadsnøklane på dei enkelte sektorane og områda.
Rammetilskotet blir utbetalt gjennom ti årlege terminbeløp. Det inntektsutjamnande tilskotet skal fordelast over sju av dei ti terminbeløpa. Rammetilskotet skal førast i kommunale rekneskapar og budsjett på funksjon 840.
Innbyggjartilskotet, inkludert utgiftsutjamninga og inntektsutjamninga, blir basert på folketalet per 1. januar i budsjettåret. I Beregningsteknisk dokumentasjon til St.prp. nr. 1 (2003-2004) frå Kommunal- og regionaldepartementet ("Grønt hefte") blir det presentert berre eit førebels innbyggjartilskot med utgiftsutjamning for kvar enkelt fylkeskommune og kommune. Årsaka til dette er at folketalet per 1.1.2004 ikkje er kjent når proposisjonen blir lagd fram. Endeleg innbyggjartilskot med utgiftsutjamning til kvar enkelt kommune og fylkeskommune vil bli publisert i ein revidert Beregningsteknisk dokumentasjon i juni månad 2004.
Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av inntektssystemet for kommunane. I undersøkinga har Riksrevisjonen mellom anna sett på inntektsfordelinga mellom kommunane, utgiftsutjamninga og det ordinære skjønnstilskotet. Riksrevisjonen sende våren 2003 Dok. nr. 3:8 (2002-2003) Riksrevisjonens undersøkelse av inntektssystemet for kommunene til Stortinget. Det er lagt opp til at dokumentet skal behandlast hausten 2003.
Regjeringa har no sett ned eit nytt inntektssystemutval. Utvalet er gitt eit breitt mandat, og er bede om å gå igjennom fordelingsmekanismane i inntektssystemet, både inntekts- og utgiftsutjamninga, på eit fagleg grunnlag. Utvalet er bede om å levere innstillinga si innan 1. juli 2005. Eventuelle endringar som følgje av arbeidet i utvalet kan derfor tidlegast setjast i verk frå 1.1.2007. For nærmare omtale av mandatet til utvalet viser vi til St.meld. nr. 6 (2003-2004).
Endringar i inntekts- og finansieringssystemet
Større endringar f.o.m. 2004
Omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift
Ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift må etter krav frå overvakingsorganet i EFTA, ESA, leggjast om frå og med 2004, slik at utforminga av arbeidsgivaravgifta i Noreg blir tilpassa dei retningslinjene ESA har for statsstøtte. Regjeringa la i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)) til grunn at kommunesektoren skal få full kompensasjon for meirutgiftene som følgjer av omlegginga av ordninga. Kommunesektoren vil få full kompensasjon for auka lønnsutgifter og for auka behov for tilskot til privat sektor 5. Kompensasjonen vil dels bli gitt gjennom ordninga med bagatellmessig støtte, dels gjennom auka skjønnstilskot. Til saman vil kommunesektoren få 963 mill. kr i kompensasjon i 2004. Forslaget om kompensasjon er basert på at den notifiserte overgangsordninga, som er nærmare omtalt under programkategori 13.50, blir godteken av ESA. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til endringar i kompensasjonsordninga dersom ESA gjer eit vedtak som ikkje er i samsvar med den notifiserte ordninga.
Departementet føreslo i kommuneproposisjonen for 2004 at kommunesektoren samla sett skulle kompenserast for meirutgiftene gjennom ein auke av Nord-Noreg-tilskotet og skjønnstilskotet. Ved behandlinga av kommuneproposisjonen vedtok Stortinget at alle kommunane og fylkeskommunane skulle kompenserast gjennom ein auke av skjønnstilskotet. Skjønnstilskotet er derfor isolert sett auka med 286 mill. kr i forhold til forslaget i kommuneproposisjonen.
I kommuneproposisjonen for 2004 la regjeringa opp til at kommunesektoren skulle ta imot heile kompensasjonen gjennom ein auke av dei frie inntektene. Regjeringa legg no til grunn at kommunane, til liks med private føretak, skal bli omfatta av ordninga med bagatellmessig støtte. Den bagatellmessige støtta vil i 2004 utgjere 270 000 kr for kvar kommune og fylkeskommune. Til saman vil kompensasjonen gjennom bagatellmessig støtte utgjere 67 mill. kr. 6
I kommuneproposisjonen for 2004 la departementet fram overslag som viste at fylkeskommunane ville få om lag 144 mill. kr i auka utgifter som følgje av omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Departementet har no nedjustert dette overslaget med om lag 9 mill. kr. Nedjusteringa har samanheng med at departementet har korrigert grunnlagstala for at fylkeskommunane misser ansvaret sitt innanfor barnevern og familievern og på rusområdet frå og med 2004. 7
For ein nærmare omtale av omlegginga av ordninga viser vi til kapittel 8 i kommuneproposisjonen for 2004.
Nøytral meirverdiavgift for kommunesektoren
I 2004 blir det innført ei ordning med generell kompensasjon for meirverdiavgift for kommunar, fylkeskommunar og visse private verksemder som utfører lovpålagde kommunale oppgåver. Departementet reknar med at kommunesektoren vil få om lag 7,36 mrd. kr i reduserte utgifter som følgje av innføringa av ordninga. Kommunesektoren vil i 2004 få ein reduksjon i rammetilskotet som svarer til reduksjonen i utgiftene. På kort sikt vil uttrekket bli fordelt mellom kommunane og fylkeskommunane etter historiske data, på lang sikt vil uttrekket bli fordelt etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.
Endringar i oppgåver innanfor barnevern og familievern og på rusområdet
Som følgje av at fylkeskommunen misser ansvaret for barnevern og familievern og for behandling og omsorg for rusmisbrukarar f.o.m. 2004, blir dei frie inntektene til fylkeskommunane reduserte med om lag 3,7 mrd. kr i 2004 (2003-kroner). Det samla uttrekket for fylkeskommunane og fordelinga av uttrekket mellom fylkeskommunane er noko endra i forhold til det som blei lagt til grunn i kommuneproposisjonen for 2004. Endringane er nærmare omtalte i kap. 2 i denne proposisjonen.
Den kortsiktige fordelinga av uttrekket på 3,7 mrd. kr vil bli fordelt mellom fylkeskommunane etter rekneskapstal. Den langsiktige fordelinga vil bli basert på objektive kriterium. Overgangen frå fordeling av uttrekket etter rekneskapstal til fordeling av uttrekket etter objektive kriterium fører til ei omfordeling av inntekter mellom fylkeskommunane. Som følgje av endringane i oppgåver blir kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane endra i 2004. For nærmare omtale av endringane i kostnadsnøkkelen viser vi til kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)).
I kommuneproposisjonen for 2004 la departementet til grunn at heile det langsiktige uttrekket ville kome på rammetilskotet. Departementet legg no til grunn at uttrekket vil bli fordelt på skatteinntekter og rammetilskot. Denne justeringa fører berre til mindre endringar i tala for den enkelte fylkeskommunen. For nærmare omtale viser vi til Beregningsteknisk dokumentasjon.
Ny delkostnadsnøkkel for sosialhjelp for kommunane
I kommuneproposisjonen for 2004 føreslo departementet at det frå og med 2004 blir innført ein ny delkostnadsnøkkel for sosiale tenester, for betre å fange opp variasjonar i utgiftsbehovet i kommunane knytt til rusomsorg og psykiatri. Ved behandlinga av kommuneproposisjonen bad Stortinget om at regjeringa hausten 2003 måtte fremme ei eiga sak for Stortinget om endringa. Departementet har i St.meld. nr. 6 (2003-2004) Ny kostnadsnøkkel for sosiale tjenester i inntektssystemet for kommunene gjort greie for departementet sitt arbeid med utgiftsbehovet i kommunane knytt til rusomsorg og psykiatri. Departementet tilrår i denne meldinga at den delkostnadsnøkkelen for sosiale tenester som blei føreslått i kommuneproposisjonen, blir innført frå og med 2004. For nærmare omtale viser vi til St.meld. nr. 6 (2003-2004) og kap. 9 i kommuneproposisjonen for 2004.
Ny delkostnadsnøkkel for miljø og landbruk for kommunane
I kommuneproposisjonen for 2004 føreslo departementet at det frå og med 2004 blir innført ein ny delkostnadsnøkkel for miljø og landbruk. Ved behandlinga av proposisjonen slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet. For ein nærmare omtale av den nye delkostnadsnøkkelen viser vi til kap. 11 i kommuneproposisjonen for 2004.
Endringar i inntektssystemet for kommunane som blei påbegynt i 2002
I perioden 2002-2006 skal det gradvis gjennomførast fire endringar i inntektssystemet for kommunane:
Det ekstraordinære skjønnet skal avviklast.
Nye busetnadskriterium skal innførast i kostnadsnøkkelen.
Den delen av inntekta som kjem frå skatt, skal trappast opp.
Inntektsutjamninga skal aukast.
Dei fire endringane i inntektssystemet blei påbegynt i 2002 og får sterkare effekt for kvart år fram mot 2006. For nærmare omtale av endringane viser vi til St.prp. nr. 82 (2000-2001).
Kompensasjon til kommunane i 2004
Dei fire endringane som blei påbegynt i 2002, og innføringa av nye delkostnadsnøklar for sosiale tenester og for miljø og landbruk i 2004, fører samla sett til ei stor omfordeling av inntekter mellom kommunane. Kommunane som samla sett taper mykje på desse endringane, og som har skatteinntekter på under 110 pst. av landsgjennomsnittet, vil i 2004 få kompensert tap utover 200 kr per innbyggjar gjennom skjønnstilskotet.
Endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane som blei påbegynt i 2002
I 2002 overtok staten ansvaret for dei fylkeskommunale sjukehusa. Som følgje av sjukehusreforma blei dei frie inntektene til fylkeskommunane redusert med om lag 25,1 mrd. kr i 2002 (2001-kroner). Den kortsiktige fordelinga av uttrekket mellom fylkeskommunane var basert på rekneskapstal. Den langsiktige fordelinga vil vere basert på objektive kriterium. Overgangen frå fordeling av uttrekket etter rekneskapstal til fordeling av uttrekket etter objektive kriterium fører til ei omfordeling av inntekter mellom fylkeskommunane. For ein nærmare omtale av sjukehusuttrekket viser vi til omtale under programkategori 13.70 i budsjettproposisjonen frå Kommunal- og regionaldepartementet for 2002 (St.prp. nr. 1 (2001-2002)).
I perioden 2002-2006 skal det gjennomførast to endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane:
Det ekstraordinære skjønnet skal avviklast.
Den delen av inntekta som kjem frå skatt, skal trappast opp.
Dei to endringane i inntektssystemet blei påbegynt i 2002 og får sterkare effekt for kvart år fram mot 2006. For nærmare omtale av endringane viser vi til kap. 2 i kommuneproposisjonen for 2002 (St.prp. nr. 82 (2000-2001)).
Kompensasjon til fylkeskommunane i 2004
Sjukehusreforma, endringane i inntektssystemet som blei påbegynt i 2002, og endringane i oppgåver innanfor barnevern og familievern og på rusområdet i 2004, fører samla sett til ei etter måten stor omfordeling av inntekter mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunane som samla sett taper mykje på desse endringane, vil i 2004 få kompensert tap utover 200 kr per innbyggjar gjennom skjønnstilskotet.
Om dei enkelte tilskota som blir fordelte gjennom inntektssystemet
Det samla rammetilskotet til kommunane for 2004 blir løyvt over fire ulike postar under kap. 571 i statsbudsjettet:
post 60 Innbyggjartilskot
post 62 Nord-Noreg-tilskot
post 63 Regionaltilskot
post 64 Skjønnstilskot
Post 65 Hovudstadstilskot og post 67 Storbytilskot fell bort som postar frå 2004. Hovudstadstilskotet til Oslo kommune og storbytilskotet har vore grunngitt med at Oslo og dei andre storbyane har eit høgt utgiftsbehov knytt til rusomsorg og psykisk helsevern. Frå og med 2004 blir det, jf. omtale i kapittel 9 i St.prp. nr. 66 (2002-2003) og i St.meld. nr. 6 (2003-2004), innført eit eige kriterium i kostnadsnøkkelen for kommunane som fangar opp variasjonar i utgiftsbehov i kommunane knytt til rusomsorg og psykisk helsevern. Hovudstadstilskotet til Oslo kommune og storbytilskotet fell derfor bort som postar frå 2004. Gjennom overgangsordninga i inntektssystemet vil tilskota bli gradvis avvikla over ein femårsperiode.
I 2000 blei det sett i gang eit fireårig forsøk med tildeling av øyremerkte tilskot som rammetilskot i 20 kommunar. Forsøket blir avvikla frå og med 2004. Post 68 Forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskot fell derfor bort som post i budsjettet for 2004.
Det samla rammetilskotet til fylkeskommunane for 2004 blir løyvt over fire ulike postar under kap. 572 i statsbudsjettet:
post 60 Innbyggjartilskot
post 62 Nord-Noreg-tilskot
post 64 Skjønnstilskot
post 65 Hovudstadstilskot
Post 60 Innbyggjartilskot
Det blir løyvt eit innbyggjartilskot til kommunane og eit tilsvarande til fylkeskommunane. Storleiken på innbyggjartilskotet blir fastsett ut frå differansen mellom dei samla rammeoverføringane og summen av postane 62-65. Det inntektsutjamnande tilskotet er sidan innføringa av løpande inntektsutjamning i 2000 blitt ført i post 60, saman med utgiftsutjamninga. Inndelingstilskotet har sidan 2002 også gått inn under innbyggjartilskotet til kommunane.
Innbyggjartilskotet blir i utgangspunktet rekna ut som eit likt beløp i kroner per innbyggjar til alle kommunar og fylkeskommunar. Deretter blir tilskotet justert for kvar enkelt kommune og fylkeskommune etter desse faktorane:
omfordeling gjennom utgiftsutjamninga basert på kostnadsnøkkelen for kommunane og kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane
omfordeling gjennom korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skolar
omfordeling av skatteinntekter gjennom inntektsutjamninga
omfordeling gjennom overgangsordninga for regelendringar, oppgåveendringar, innlemming av øyremerkte tilskot o.a.
omfordeling gjennom innlemming av øyremerkte tilskot o.a. som ikkje er omfatta av overgangsordninga
omfordeling på grunn av inndelingstilskotet
forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering
I utgiftsutjamninga i inntektssystemet for kommunesektoren er det ei eiga korreksjonsordning for elevar i statlege og private skolar (punkt 2). Ordninga tek omsyn til at talet på elevar som går i private og statlege skolar, varierer mellom kommunane og mellom fylkeskommunane. Korreksjonsordninga fungerer slik at (fylkes)kommunar som har relativt mange elevar i private og statlege skolar, får eit trekk gjennom utgiftsutjamninga gjennom satsar som blir fastsette årleg. Motsett får (fylkes)kommunar som har relativt få elevar i statlege og private skolar, eit tillegg. Dei fastsette satsane ligg i dag vesentleg lågare enn nivået på tilskotssatsane til private skolar. Satsane var uendra i perioden 1994-2002. I statsbudsjettet for 2003 blei satsane auka med mellom 4 000 kr og 7 000 kr, og i statsbudsjettet for 2004 føreslår departementet ein ytterlegare auke av satsane på mellom 4 000 kr og 7 000 kr. Trekksatsane ligg da framleis under gjennomsnittskostnaden per elev på landsbasis. Trekksatsane bør liggje under gjennomsnittskostnaden, ettersom marginalkostnaden knytt til éin ny elev oftast vil vere lågare enn gjennomsnittskostnaden. For nærmare omtale viser vi til Beregningsteknisk dokumentasjon.
Kostnadsnøkkelen for kommunane
Kostnadsnøkkelen for kommunane blir endra frå og med 2004. Endringa har for det første samanheng med at delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp blir endra, mellom anna ved at det blir innført eit urbanitetskriterium (basert på folketal) i nøkkelen. Endringa har for det andre samanheng med at det blir innført ein ny delkostnadsnøkkel for miljø og landbruk.
Variasjonar i utgiftsbehovet i kommunane knytt til rusomsorg og psykisk helsevern har til no ikkje vore godt nok fanga opp gjennom kriteria i kostnadsnøkkelen, noko som truleg først og fremst har ramma dei største byane. I kommuneproposisjonen for 2004 (kapittel 9) føreslo regjeringa å endre delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp, slik at ein betre kunne fange opp variasjonar i utgiftsbehovet i kommunane knytt til rusomsorg og psykiatri. Vidare føreslo departementet at sosialhjelpsnøkkelen skulle tilleggjast større vekt i den totale kostnadsnøkkelen for helse- og sosialtenesta. I samband med behandlinga av forslaget frå regjeringa til ny delkostnadsnøkkel for sosiale tenester vedtok Stortinget:
"Stortinget ber regjeringen høsten 2003 fremme en egen sak for Stortinget vedrørende endringer i kostnadsnøkkelen for kommunesektoren. Saka fremmes parallelt med framleggelsen av statsbudsjettet for 2004."
Departementet har i St.meld. nr. 6 (2003-2004) gjort nærmare greie for endringa i delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.
Departementet føreslo i kommuneproposisjonen for 2004 å innføre ein eigen delkostnadsnøkkel for miljø og landbruk i kostnadsnøkkelen. Departementet føreslo at miljøvernmidlane dels skulle fordelast gjennom basiskriteriet, dels etter innbyggjartalet. Vidare føreslo departementet at landbruksmidlane skulle fordelast gjennom eit eige landbrukskriterium. Ved behandlinga av kommuneproposisjonen slutta eit fleirtal i kommunalkomiteen seg til forslaget frå departementet.
Tabell 3.31 viser kostnadsnøkkelen for kommunane i 2004. For ein nærmare omtale av endringane i kostnadsnøkkelen for kommunane viser vi til kapittel 9 og 11 i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)) og til St.meld. nr. 6 (2003-2004).
Tabell 3.31 Kostnadsnøkkel for kommunane
Kriterium | Vekt |
---|---|
Basistillegg | 0,025 |
Innbyggjarar 0-5 år | 0,023 |
Innbyggjarar 6-15 år | 0,305 |
Innbyggjarar 16-66 år | 0,122 |
Innbyggjarar 67-69 år | 0,086 |
Innbyggjarar 80-89 år | 0,134 |
Innbyggjarar 90 år og over | 0,050 |
Skilde og separerte 16-59 år | 0,039 |
Arbeidslause 16-59 år | 0,011 |
Dødelegheit | 0,026 |
Ikkje-gifte 67 år og over | 0,025 |
Innvandrarar | 0,005 |
Utrekna reisetid | 0,015 |
Reiseavstand innanfor sone | 0,010 |
Reiseavstand til nærmaste nabokrins | 0,011 |
Psykisk utviklingshemma 16 år og over | 0,062 |
Psykisk utviklingshemma under 16 år | 0,004 |
Urbanitetskriterium | 0,042 |
Landbrukskriterium | 0,005 |
Sum | 1,000 |
Kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane blir endra frå og med 2004. Endringa har samanheng med at fylkeskommunen misser ansvaret for barnevern og familievern og for behandling og omsorg for rusmisbrukarar frå og med 2004. Kostnadsnøkkelen blir endra slik at han blir tilpassa den oppgåvestrukturen fylkeskommunane får frå 2004. For nærmare omtale av endringa i kostnadsnøkkelen viser vi til omtale i kapittel 11 i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)). Tabell 3.32 viser kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane i 2004.
Tabell 3.32 Kostnadsnøkkel for fylkeskommunane
Kriterium | Vekt |
---|---|
Innbyggjarar 0-15 år | 0,064 |
Innbyggjarar 16-18 år | 0,526 |
Innbyggjarar 19-34 år | 0,027 |
Innbyggjarar 35-66 år | 0,035 |
Innbyggjarar 67-74 år | 0,008 |
Innbyggjarar 75 år og over | 0,009 |
Rutenett til sjøs | 0,032 |
Innbyggjarar spreitt busette | 0,022 |
Areal | 0,007 |
Storbyfaktor | 0,016 |
Befolkning på øyar | 0,009 |
Vedlikehaldskostnader (veg) | 0,064 |
Reinvesteringskostnader (veg) | 0,032 |
Søkjarar yrkesfag | 0,149 |
Sum | 1,000 |
Inntektsutjamning
Inntektsutjamninga skal jamne ut skilnader i skatteinntekter mellom dei ulike kommunane og skilnader i skatteinntekter mellom dei ulike fylkeskommunane. I 2000 blei det innført løpande inntektsutjamning. Løpande inntektsutjamning inneber at det inntektsutjamnande tilskotet til kvar enkelt (fylkes)kommune blir rekna ut sju gonger i året, når tala for skatteinngangen ligg føre. Utrekninga av inntektsutjamninga er dokumentert på Kommunal- og regionaldepartementet sine internettsider for løpande inntektsutjamning: http://odin.dep.no/krd/norsk/prosjekt/liu.
Inntektsutjamninga for kommunane vil i 2004 vere basert på at kommunar med skatteinntekter på under 110 pst. av landsgjennomsnittet får kompensert 90 pst. av differansen mellom eigen skatt og referansenivået på 110 pst. Ved behandlinga av kommuneøkonomiproposisjonen for 2001 vedtok Stortinget at inntektsutjamninga for kommunane skulle aukast ved at trekknivået for skatterike kommunar gradvis skulle reduserast frå 140 til 130 pst. I 2004 vil trekknivået for skatterike kommunar bli redusert frå 136 til 134 pst. Det vil seie at kommunar som har skatteinntekter på over 134 pst. av gjennomsnittet, får trekt inn 50 pst. av differansen mellom eigen skatt og trekknivået på 134 pst.
Inntektsutjamninga for fylkeskommunane vil i 2004 vere basert på at fylkeskommunar med skatteinntekter på under 120 pst. av landsgjennomsnittet får kompensert 90 pst. av differansen mellom eigen skatt og referansenivået på 120 pst. Det finst inga trekkordning for fylkeskommunar med høge skatteinntekter.
Inndelingstilskotet
Inndelingstilskotet er ein del av post 60 til kommunane. Inndelingstilskot blir gitt til kommunar som sluttar seg saman. Tilskotet skal sikre at kommunar som sluttar seg saman, ikkje skal få reduserte statlege overføringar som følgje av kommunesamanslutninga. Inndelingstilskotet består av det basistilskot som gjekk til kommunane før samanslutninga og eventuelle regionaltilskot som kommunane tok imot før samanslutninga. Tilskotet blir frose reelt på det nivået det har det året kommunane gjennomfører samanslutninga. Kommunar som sluttar seg saman, vil ta imot fullt inndelingstilskot i ti år. Tilskotet blir deretter trappa gradvis ned over fem år. I 2004 er det berre Re kommune som vil ta imot inndelingstilskot.
Post 62 Nord-Noreg-tilskot
Som eit ledd i regional- og distriktspolitikken ønskjer regjeringa at kommunar og fylkeskommunar i Nord-Noreg skal sikrast høve til å gi eit betre tenestetilbod enn kommunar og fylkeskommunar elles i landet. Kommunar og fylkeskommunar i Nord-Noreg får derfor eit eige tilskot. Tilskotet skal også medverke til at vi får ei høg kommunal sysselsetjing i eit område med eit konjunkturavhengig næringsliv. Tilskotet blir utbetalt som ein lik sats per innbyggjar for alle kommunane innanfor kvart fylke, og som ein sats for kvar fylkeskommune. Departementet tilrår at satsane for Nord-Noreg-tilskotet for 2004 blir oppjusterte i takt med prisstiginga.
Post 63 Regionaltilskot
Regionaltilskotet er på same måten som Nord-Noreg-tilskotet grunngitt ut frå regionalpolitiske omsyn. Regionaltilskotet har til no vore utforma slik at det berre er kommunar som har færre enn 3000 innbyggjarar, og som har skatteinntekter på under 110 pst. av landsgjennomsnittet, som får tildelt tilskot. Storleiken på regionaltilskotet blir gradert etter det geografiske verkeområdet for distriktspolitiske verkemiddel (A-D). Område A har høgst prioritet ved bruk av distriktspolitiske verkemiddel, område D lågast prioritet. Regionaltilskotet blir gitt som ein sats per kommune.
Tabell 3.33 Nord-Noreg-tilskot til kommunar og fylkeskommunar
Kr per innbyggjar | |
---|---|
Kommunar: Nordland | 1 273 |
Troms | 2 442 |
Finnmark | 5 968 |
Fylkeskommunar: Nordland | 799 |
Troms | 911 |
Finnmark | 1 245 |
I kommuneproposisjonen for 2004 føreslo departementet at også kommunar som har mellom 3000 og 3200 innbyggjarar, skal kunne ta imot regionaltilskot frå og med 2004. Departementet føreslo at kommunar med mellom 3000 og 3049 innbyggjarar skulle få 80 prosent av den aktuelle satsen, at kommunar med mellom 3050 og 3099 innbyggjarar skulle få 60 prosent av den aktuelle satsen, at kommunar med mellom 3100 og 3149 innbyggjarar skulle få 40 prosent av den aktuelle satsen, og at kommunar med mellom 3150 og 3199 innbyggjarar skulle få 20 prosent av den aktuelle satsen. Det blei lagt til grunn at den nye modellen for regionaltilskotet skulle vere provenynøytral. Den nye trappetrinnsmodellen erstattar overgangsordninga som blei innført i 2003. Ved behandlinga av kommuneproposisjonen i Stortinget slutta eit fleirtal seg til forslaget frå departementet.
Satsane for regionaltilskotet er i utgangspunktet nominelt uendra frå 2003 til 2004, men som følgje av innføringa av den nye trappetrinnsmodellen går satsane noko ned frå 2003 til 2004. Etter den nye modellen er det fleire kommunar som vil ta imot regionaltilskot, og kostnadene må dekkjast inn av kommunar som allereie i dag tek imot regionaltilskot. Dette fører til ein mindre reduksjon i satsane for regionaltilskotet frå 2003 til 2004.
Tabell 3.34 Gradering av regionaltilskot etter prioriteringsområde for distriktspolitiske verkemiddel
(i 1000 kr) | ||
---|---|---|
Beløp per kommune | ||
Område | 2003 | 2004 |
Prioriteringsområde A | 8 332 | 8 070 |
Prioriteringsområde B, C, D | 3 610 | 3 348 |
Utanfor distriktspolitisk verkeområde | 3 610 | 3 348 |
Post 64 Skjønnstilskot
Kommunal- og regionaldepartementet fordeler årleg ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjønn. Fordelinga etter skjønn må sjåast i samanheng med fordelinga etter objektive kriterium i den faste delen av inntektssystemet. Samla skjønnsramme til kommunane og fylkeskommunane for 2004 blei av Stortinget fastsett til 3 958 mill. kr ved behandlinga av kommuneproposisjonen for 2004. 8 Av dette blei 3 225 mill. kr sette av til det ordinære skjønnet. Det ekstraordinære skjønnet vil utgjere 733 mill. kr i 2004.
Den ordinære skjønnsramma for kommunane er sett til 2 155,1 mill. kr for 2004. Ved fastsetjinga av skjønnsramma for 2004 er det teke utgangspunkt i ei nominell vidareføring av skjønnsramma for 2003. I tillegg er det mellom anna lagt inn ein auke knytt til
kompensasjon til kommunar som taper på omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå og med 2004
kompensasjon til kommunar som samla sett taper vesentleg på dei fire endringane som blei påbegynt i 2002, og på innføringa av nye delkostnadsnøklar for sosiale tenester og for miljø og landbruk i 2004
Innanfor skjønnsramma til kommunane er det sett av 7 mill. kr til styrking av tospråklegheitsarbeidet i samiske kommunar. Sametinget får fullmakt til å disponere midlane.
Prosjektskjønnet er auka med 16 mill. kr, og om lag 9 mill. kr av midlane er sette av til det arbeidet fylkesmennene utfører for å følgje opp initiativet frå regjeringa med sikte på modernisering i kommunalforvaltninga.
Frå 2000 er det gitt kompensasjon til kommunar med særleg ressurskrevjande brukarar over skjønnstilskotet i rammetilskotet. Frå og med 2004 blir det innført ei ny toppfinansieringsordning for særleg ressurskrevjande brukarar over budsjettet for Sosialdepartementet. I 2003 utgjer kompensasjonen til ressurskrevjande brukarar 650 mill. kr. Dette beløpet vil i 2004 bli overført til den nye toppfinansieringsordninga på budsjettet for Sosialdepartementet. Skjønnstilskotet til kommunane blir derfor isolert sett redusert med 650 mill. kr. For nærmare omtale av endringa viser vi til kap. 2 i denne proposisjonen og til omtale i budsjettproposisjonen frå Sosialdepartementet.
Den ordinære skjønnsramma til fylkeskommunane er på 1 070 mill. kr for 2004. Skjønnsramma er i utgangspunktet vidareført på same nominelle nivå som i 2003. Det er i tillegg lagt inn kompensasjon til fylkeskommunar som taper vesentleg på omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå 2004, og kompensasjon til fylkeskommunar som samla sett taper på sjukehusreforma, endringane i inntektssystemet som blei påbegynt i 2002, og endringane i oppgåver innanfor barnevern og familievern og på rusområdet i 2004.
Det ekstraordinære skjønnstilskotet
Det ekstraordinære skjønnstilskotet er ein kompensasjon til kommunar og fylkeskommunar som tapte på omlegginga av inntektssystemet i 1997, og som ikkje har fått dette tapet dekt gjennom regionaltilskot. Det ekstraordinære skjønnet blir avvikla i perioden 2002-2006. Det ekstraordinære skjønnstilskotet til kommunar og fylkeskommunar blei redusert med 1/5 i 2003, og vil bli redusert med ytterlegare 1/5 i 2004.
Tabell 3.35 Skjønnstilskot
(mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Ordinært skjønnstilskot | Ekstraordinært skjønnstilskot | Sum | |
Kommunar | 2 155,1 | 595,3 | 2 750,4 |
Fylkeskommunar | 1 070,4 | 137,2 | 1 207,6 |
Post 65 Hovudstadstilskot
I 1999 blei det innført eit eige hovudstadstilskot i inntektssystemet. Grunngivinga for hovudstadstilskotet var at Oslo har spesielle oppgåver som hovudstad. Desse oppgåvene blei tidlegare finansierte av selskapsskatten. Oslo har motteke eitt hovudstadstilskot som kommune og eitt hovudstadstilskot som fylkeskommune.
Hovudstadstilskotet til Oslo kommune er mellom anna grunngitt med at Oslo har eit høgt utgiftsbehov knytt til rusomsorg og psykisk helsevern. Frå og med 2004 blir det innført eit eige kriterium i kostnadsnøkkelen for kommunane som fangar opp variasjonar i utgiftsbehovet i kommunane knytt til rusomsorg og psykisk helsevern. Hovudstadstilskotet til Oslo kommune blir derfor avvikla som eigen post på statsbudsjettet frå og med 2004. Tilskotet vil bli avvikla gradvis gjennom overgangsordninga i inntektssystemet.
Frå og med 2004 skal staten overta det ansvaret fylkeskommunane i dag har for barnevernet. Oslo sitt ansvar for barnevernet skal likevel vidareførast, jf. omtale i kapittel 12 i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)). Den delen av dei frie inntektene til fylkeskommunen som kan tilskrivast barnevern, blir lagde inn i hovudstadstilskotet til Oslo fylkeskommune frå og med 2004. Hovudstadstilskotet til Oslo fylkeskommune aukar som følgje av dette isolert sett med 344 mill. kr (2003-kr). Departementet føreslår at storleiken på hovudstadstilskotet til Oslo fylkeskommune for 2004 blir oppjustert i takt med prisstiginga. Oslo vil da ta imot om lag 427 mill. kr i hovudstadstilskot i 2004.
Post 68 Forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskot
Forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskot tok til frå budsjettåret 2000 og skal avviklast etter budsjettåret 2003. Frå 1. januar 2004 vil forsøkskommunane derfor få dei tilskota som har inngått i forsøket, utbetalte som ordinære øyremerkte tilskot.
Eit viktig siktemål med forsøket var å sjå om innlemming av øyremerkte tilskot i rammetilskotet til kommunane hadde nokon effekt på det lokale demokratiet, på målrettinga av tenester og på effektiviteten i tenesteproduksjonen.
Desse kommunane var med i forsøket: Stavanger, Nesset, Flakstad, Norddal, Namdalseid, Søgne, Randaberg, Orkdal, Alta, Nord-Aurdal, Hurdal, Etne, Meldal, Nordreisa, Nore og Uvdal, Råde, Frogn, Nord-Odal, Tønsberg og Lillehammer.
Evalueringa av forsøket blir gjennomført av Telemarksforsking og blir finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet. Data frå desse samanlikningskommunane vil bli brukte i evalueringa av forsøket: Trondheim, Smøla, Moskenes, Luster, Mosvik, Lillesand, Klepp, Skaun, Hammerfest, Trysil, Trøgstad, Ølen, Vågå, Lyngen, Hjartdal, Sande, Ås, Eidskog, Borre og Hamar. Evalueringa skal vere sluttført 1. januar 2005.
Kap. 571 Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Kunnskapsutvikling og drift av inntektssystemet | 3 974 | 5 195 | 6 700 |
60 | Innbyggjartilskot | 33 059 072 | 33 173 823 | 26 564 225 |
62 | Nord-Noreg-tilskot | 1 080 987 | 1 077 719 | 1 112 156 |
63 | Regionaltilskot | 575 118 | 582 838 | 552 511 |
64 | Skjønnstilskot, kan nyttast under kap. 572, post 64 | 3 214 800 | 3 069 700 | 2 750 408 |
65 | Hovudstadstilskot | 152 609 | 152 609 | |
67 | Storbytilskot | 70 000 | ||
68 | Forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskot | 748 812 | 945 816 | |
90 | Forskot på rammetilskot | 65 536 | ||
Sum kap. 5711 | 38 900 908 | 39 077 700 | 30 986 000 |
1 Etter saldert budsjett 2003 er løyvinga på kap. 571, post 60 auka med 9,9 mill. kr, post 64 auka med 100 mill. kr og post 68 auka med 0,5 mill. kr.
Postane 60-68
For omtale av postane 60-68 viser vi til omtalen av programkategorien ovanfor.
Post 21 Kunnskapsutvikling og drift av inntektssystemet
I 2002 blei det oppretta ein eigen post knytt til kunnskapsutvikling og drift av inntektssystemet. For 2004 føreslår departementet ei løyving på 6,7 mill. kr over denne posten, ein auke på 1,5 mill. kr i forhold til i 2003. Auken kjem av at det blir lagt opp til at det nye inntektssystemutvalet som regjeringa no har sett ned, skal finansierast over post 21. Kjøp av data og ulike tenester knytte til drift av inntektssystemet blir også finansiert over denne posten.
Andre midlar vil bli brukte til å initiere forsking og kunnskapsinnhenting innanfor heile det kommunaløkonomiske området. Gjennom Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) blir det rapportert om hovudtrekk i økonomi og tenesteyting i kommunesektoren. TBU vil i 2004, som i 2003, bli finansiert over post 21.
Post 90 Forskot på rammetilskot til kommunar
I forslag til romartalsvedtak III blir det bede om samtykke frå Stortinget til å utbetale opptil 150 mill. kr i 2004 som forskot på rammetilskot til kommunar for 2005.
Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 571)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
90 | Tilbakeføring av forskot | 64 601 | 46 371 | 28 000 |
Sum kap. 35711 | 64 601 | 46 371 | 28 000 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 3571, post 90 auka med 19,2 mill. kr til 65,5 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 90 Tilbakeføring av forskot
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2002-2003) fekk Kommunal- og regionaldepartementet fullmakt til å gi opptil 150 mill. kr i forskot på rammetilskot for 2004 til kommunar i statsbudsjettet for 2003. Departementet reknar med at det i 2003 vil bli utbetalt om lag 28 mill. kr i forskot på rammetilskot. Utbetalte forskot vil bli tilbakebetalte i 2004. 20 mill. kr vil bli tilbakebetalt ved at det blir gjort eit trekk i landsramma, medan 8 mill. kr vil bli tilbakebetalt ved at enkelte kommunar som fekk ekstra rammetilskot i 2003, får eit trekk i rammetilskotet i 2004.
Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Innbyggjartilskot | 12 529 160 | 12 567 542 | 9 413 605 |
62 | Nord-Noreg-tilskot | 407 656 | 406 524 | 419 545 |
64 | Skjønnstilskot, kan nyttast under kap. 571, post 64 | 1 224 900 | 1 181 300 | 1 207 592 |
65 | Hovudstadstilskot | 69 634 | 69 634 | 427 258 |
90 | Forskot på rammetilskot | 7 100 | ||
Sum kap. 5721 | 14 238 450 | 14 225 000 | 11 468 000 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 572, post 60 sett ned med 4,2 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Postane 60-65
For omtale av postane 60-65 viser vi til omtalen av programkategorien.
Post 90 Forskot på rammetilskot til fylkeskommunar
I forslag til romartalsvedtak III blir Stortinget bede om å samtykkje i at det kan utbetalast opptil 50 mill. kr i 2004 som forskot på rammetilskot til fylkeskommunar for 2005.
Kap. 3572 Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 572)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
90 | Tilbakeføring av forskot | 0 | 7 100 | 0 |
Sum kap. 3572 | 0 | 7 100 | 0 |
Post 90 Tilbakeføring av forskot
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2002-2003) fekk Kommunal- og regionaldepartementet fullmakt til å gi opptil 50 mill. kr i forskot på rammetilskot for 2004 til fylkeskommunar i statsbudsjettet for 2003. Departementet reknar ikkje med at det i 2003 vil bli utbetalt forskot på rammetilskot for 2004.
Samla vekst i rammeoverføringar til kommunesektoren
Tabell 3.36 Tilskot gjennom inntektssystemet for 2003 og 2004
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Overslag for rekneskap for 2003 | Korrigert 2003 | Forslag 2004 | Faktisk vekst 03-04 | Korrigert vekst 03-04 | |
Innbyggjartilskot | 33 183 723 | 26 935 639 | 26 564 225 | -19,95 | -1,38 |
Nord-Noreg-tilskot | 1 077 719 | 1 077 719 | 1 112 156 | 3,20 | 3,20 |
Regionaltilskot | 582 838 | 582 838 | 552 511 | -5,20 | -5,20 |
Skjønnstilskot | 3 169 700 | 3 159 824 | 2 750 408 | -13,23 | -12,96 |
Hovudstadstilskot | 152 609 | 152 609 | 0 | ||
Storbytilskot | 70 000 | 70 000 | 0 | ||
Forsøk med rammefinansiering | 946 316 | 0 | 0 | ||
Sum kommunar | 39 182 905 | 31 978 629 | 30 979 300 | -20,94 | -3,12 |
Innbyggjartilskot | 12 563 342 | 9 291 434 | 9 413 605 | -25,07 | 1,31 |
Nord-Noreg-tilskot | 406 524 | 406 524 | 419 545 | 3,20 | 3,20 |
Skjønnstilskot | 1 181 300 | 1 308 629 | 1 207 592 | 2,23 | -7,72 |
Hovudstadstilskot | 69 634 | 413 809 | 427 258 | 513,58 | 3,25 |
Sum fylkeskommunar | 14 220 800 | 11 420 396 | 11 468 000 | -19,36 | 0,42 |
Sum kommunesektoren | 53 403 705 | 43 399 025 | 42 447 300 | -20,52 | -2,19 |
Tabell 3.36 viser tilskot gjennom inntektssystemet i 2003 før og etter korreksjonar for endringar i oppgåver og reglar, og før og etter innlemmingar av øyremerkte tilskot. Tala i tabellen er i nominelle kroner. Tabellen viser også forslaget frå regjeringa til løyving for 2004 fordelt på dei ulike postane i rammetilskotet. Kolonne 2 viser overslag over tildeling for 2003 til kommunar og fylkeskommunar. Kolonne 3 viser den same tildelinga korrigert for endringar i oppgåver o.a. Siktemålet med å korrigere for endringar i oppgåver er å gjere talstorleikane for dei to åra samanliknbare. Dei endringane i oppgåver som det er korrigert for, er nærmare omtalte nedanfor. Kolonne 4 viser forslaget frå regjeringa til løyving for 2004.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 62 (1999-2000) Om kommuneøkonomien 2001 mv. slutta eit fleirtal i Kommunalkomiteen seg til forslaget frå regjeringa om gradvis å trappe opp den prosentdelen skattane utgjer av inntektene i kommunesektoren, frå om lag 44 til 50 pst. Den delen skatten utgjer av inntektene i kommunesektoren i 2003, er i Nasjonalbudsjettet sett til knapt 48 pst. Regjeringa føreslår at den prosentdelen som skattane utgjer, blir trappa opp til knapt 49 pst. i 2004. Målsetjinga om at ein større del av dei totale inntektene til kommunesektoren skal kome frå skatt, fører til at rammetilskotet til kommunesektoren blir redusert i 2004.
Endringar i oppgåvefordeling mellom ulike forvaltningsnivå, regelendringar, innlemming av øyremerkte tilskot o.a.
I budsjettet for 2004 vil det, som i tidlegare år, bli gjort ei rad korrigeringar i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane på grunn av endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, regelendringar, innlemmingar av øyremerkte tilskot o.a. Nokre av endringane vil bli omfatta av overgangsordninga i inntektssystemet, medan andre vil bli lagde rett inn i eller trekte rett ut av rammetilskotet etter kostnadsnøkkelen. For nærmare omtale av korleis beløp vil bli lagde inn eller trekte ut, viser vi til Beregningsteknisk dokumentasjon til St.prp. nr. 1 (2003-2004) frå Kommunal- og regionaldepartementet ("Grønt hefte").
Korreksjonar i rammetilskotet til kommunane
Rammetilskotet til kommunane vil for 2004 bli korrigert for 23 endringar. Dei endringane rammetilskotet vil bli korrigert for i 2004, er oppgitt i 2003-kroner:
Det øyremerkte tilskotet til skolefritidsordninga og tilskotet til private skolefritidsordningar (kap. 221, post 63) blei innlemma i inntektssystemet 1. august 2003, med 5/12 effekt. I 2004 vil ytterlegare 171 mill. kr bli overført frå det øyremerkte tilskotet til rammetilskotet til kommunane (7/12 effekt).
Det øyremerkte tilskotet til institusjonar (kap. 221, post 61) blir innlemma i inntektssystemet i 2004. Rammetilskotet aukar dermed med 35 mill. kr.
Det øyremerkte tilskotet til leirskolar (kap. 221, post 66) blir delvis innlemma i inntektssystemet i 2004. Den delen av det øyremerkte tilskotet som skal erstatte eigendelar ved opphald i leirskolar, blir innlemma i rammetilskotet, medan den delen av tilskotet som dekkjer lærarlønn ved leirskolar, framleis vil vere eit øyremerkt tilskot under Utdannings- og forskingsdepartementet. Totalt blir 62,5 mill. kr innlemma i rammetilskotet til kommunane.
Det øyremerkte tilskotet til musikk- og kulturskolar (kap. 221, post 67) blir innlemma i inntektssystemet i 2004. Rammetilskotet til kommunane aukar som følgje av dette isolert sett med 96,5 mill. kr. Det øyremerkte tilskotet til musikk- og kulturskolar er til no blitt utbetalt etterskotsvis, slik at løyvinga for 2003 dekkjer tilskot for hausten 2002 (5/12) og våren 2003 (7/12). For å unngå at kommunane blir belasta med eit etterslep i overgangen mellom øyremerkt finansiering og rammefinansiering, vil etterbetaling for hausten 2003 skje over ein øyremerkt post.
Det øyremerkte tilskotet til styrking av kommunal/fylkeskommunal PP-teneste med 300 fagårsverk blir innlemma i inntektssystemet i 2004 som føresett (kap. 243, post 60). Midlane blir innlemma i samsvar med det arbeidsgivaransvaret kommunane og fylkeskommunane har i samband med desse stillingane. Rammetilskotet til kommunane blir dermed auka med 120 mill. kr.
Det øyremerkte tilskotet til lokalt miljøvern (kap. 1400, post 60) blir innlemma i inntektssystemet i 2004. Rammetilskotet til kommunane aukar dermed med 2 mill. kr.
Det øyremerkte tilskotet til kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald (kap. 1410, post 60) blir innlemma i inntektssystemet i 2004. Rammetilskotet til kommunane aukar dermed med 3,7 mill. kr.
Det øyremerkte tilskotet til heilskapleg vassforvaltning (kap. 1441, post 65) blir innlemma i inntektssystemet i 2004. Rammetilskotet til kommunane aukar dermed med 4 mill. kr.
Som følgje av at talet på elevar i private og statlege skolar aukar, blir rammetilskotet til kommunane redusert med 37 mill. kr.
I 2003 har kommunane fått kompensasjon over rammetilskotet på grunn av at pensjonspremiane for lærarar i grunnskulen har stige frå 8,0 til 13 pst. Av auken er 2 prosenteiningar eingongspremie for 2003. I 2004 vil den delen av kompensasjonen som er knytt til eingongspremien i 2003, bli trekt ut av rammetilskotet til kommunane. Rammetilskotet til kommunane blir derfor redusert med 465 mill. kr.
Som ein del av skolepakke II fekk alle lærarar og skoleleiarar eitt lønnstrinn 1. januar 2002 og ytterlegare to lønnstrinn 1. august 2002. Utdannings- og forskingdepartementet har på bakgrunn av nye data frå hausten 2002 laga nye overslag over dei økonomiske verknadene av avtalen. Ein har kome fram til at kommunane får ei meirutgift på 93 mill. kr. Rammetilskotet til kommunane aukar i 2004 i samsvar med meirutgiftene.
Tilskotet til seniortiltak blei innlemma i rammetilskotet i 2003. Kostnadene knytte til seniortiltaka er no kalkulerte til 65 mill. kr meir enn det som blei lagt til grunn i 2003. I 2004 aukar derfor rammetilskotet til kommunane med 65 mill. kr.
Som følgje av at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift blir lagd om frå og med 2004, vil kommunane få om lag 800 mill. kr i meirutgifter i 2004. Kommunane blir kompenserte for meirutgiftene gjennom bagatellmessig støtte og ein auke av rammetilskotet. Kompensasjonen gjennom rammetilskotet utgjer 740 mill. kr i 2004.
Det ansvaret fylkeskommunane no har for spesialiserte helsetenester til rusmiddelmisbrukarar, blir overført til dei regionale helseføretaka frå og med 2004 (Rusreform I). Kommunale eigendelar fell bort for institusjonar som blir omfatta av Rusreform I. Kommunane får reduserte utgifter når eigendelane fell bort, og rammetilskotet til kommunane blir derfor redusert med 159 mill. kr.
Som følgje av endringane i momskompensasjonsordninga får kommunane om lag 5,9 mrd. kr i reduserte utgifter i 2004. Rammetilskotet blir derfor redusert med 5,9 mrd. kr.
Som følgje av at kommunane sitt ansvar for mattilsynet blir overført til staten frå og med 2004, blir rammetilskotet til kommunane redusert med om lag 185 mill. kr.
Under føresetnad av at Stortinget gir si tilslutning til Ot.prp. nr. 66 (2002-2003) Om lov om endringer i spesialisthelsetjenesten, overtek kommunane finansieringsansvaret for transport av helsepersonell i kommunehelsetenesta frå og med 2004. Kommunane vil også få ansvaret for å dekkje reiseutgifter for helsepersonell utanfor kommunehelsetenesta, så framt behandlinga blir dekt etter folketrygdlova kapittel 5. Rammetilskotet til kommunane aukar som følgje av dette med 292 mill. kr i 2004. Finansieringa av transport av helsepersonell m.m. er til no blitt utbetalt etterskotsvis, slik at løyvinga for 2003 dekkjer tilskot for hausten 2002 og våren 2003. For å unngå at kommunane blir belasta med eit etterslep i overgangen mellom øyremerkt finansiering og rammefinansiering, vil etterbetaling for hausten 2003 skje over ein øyremerkt post på budsjettet for Helsedepartementet.
I Ot.prp. nr. 70 (2002-2003) Om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (kommunal revisjon) er det mellom anna føreslått at staten heilt skal overta oppgåvene med kontroll og revisjon av skatteoppkrevjingsfunksjonen til kommunane, medrekna revisjon av skatterekneskapen. Det er lagt til grunn at ansvaret blir overført til staten frå 1. juli 2004. Ressursbruken i kommunane til desse oppgåvene er sett til 35 mill. kr per år. Det blir trekt ut om lag 17 mill. kr av inntektsramma for kommunane i 2004, medan resten blir trekt ut i budsjettet for 2005. Uttrekket av inntektene til kommunane i 2004 blir gjort under føresetnad av at Stortinget gir si tilslutning til forslaget i Ot.prp. nr. 70.
Båtsfjord kommune har fått godkjent forsøk med kommunal overtaking av vidaregåande skole frå fylkeskommunen i ein forsøksperioden på fire år, med oppstartsdato 1. august 2003. Som følgje av dette er rammetilskotet til kommunen auka med 4,2 mill. kr i inneverande år. I 2004 vil rammetilskotet til kommunen bli ytterlegare auka med 5,9 mill. kr.
Frå 1. januar blir det lagt opp til at all produksjonsverksemd skal fritakast for el-avgift i påvente av eit system som legg avgift på delar av forbruket, og som kan godtakast av ESA. Endringa i el-avgifta vil også bli gjennomført for offentleg sektor, og det inneber reduserte utgifter. Reduksjonen i utgiftene blir motsvarte av ein tilsvarande reduksjon i inntektene til kommunesektoren. Rammetilskotet til kommunane blir derfor redusert med 325 mill. kr i 2004.
Frå 2000 er det gitt kompensasjon til kommunar med særleg ressurskrevjande brukarar over skjønnstilskotet i rammetilskotet. Frå og med 2004 blir det innført ei ny toppfinansieringsordning for særleg ressurskrevjande brukarar over budsjettet for Sosialdepartementet. I 2003 utgjer kompensasjonen til ressurskrevjande brukarar 650 mill. kr. Dette beløpet vil i 2004 bli overført til den nye toppfinansieringsordninga på budsjettet for Sosialdepartementet. Rammetilskotet til kommunane blir derfor redusert med 650 mill. kr.
I 2003 har kommunane fått ei løyving på 100 mill. kr til å dekkje meirutgifter som følgje av høge straumprisar. Løyvinga er ei eingongsløyving i 2003, og blir derfor ikkje vidareført i 2004.
Kommunane sin bruk av frie inntekter til kommunale og private barnehagar i 2003 er rekna ut til å bli på 4,48 mrd. kr. I det økonomiske opplegget for 2004 er dei totale frie inntektene til kommunane prisomrekna med 3,25 pst., og dette inkluderer det bidraget kommunane gir til barnehagar. Stortinget sitt vedtak om finansiering av barnehagar inneber mellom anna at ein ikkje forventar at kommunane sine bidrag til barnehagar i 2004 skal aukast i forhold til det kommunane bruker i 2003. På bakgrunn av dette blir prisomrekninga knytt til barnehagar, kalkulert til 140 mill. kr, trekt ut av rammetilskotet for 2004.
Korreksjonar i rammetilskotet til fylkeskommunane
Rammetilskotet til fylkeskommunane vil i 2004 bli korrigert for desse endringane (tala er oppgitt i 2003-kr):
Som følgje av endring i finansieringa av teknisk fagskoleutdanning frå og med 1.8.2003 skal dei midlane som fylkeskommunane i dag bruker på fagskoleutdanninga, trekkjast ut av rammetilskotet. 5/12 blei trekte ut i 2003. Dei resterande 7/12 blir trekte ut i 2004. Dette fører til ein ytterlegare reduksjon i rammetilskotet til fylkeskommunane på 155 mill. kr.
Som følgje av at talet på elevar i statlege og private skolar aukar, blir rammetilskotet til fylkeskommunane redusert med 14,5 mill. kr.
I 2003 har fylkeskommunane fått kompensasjon over rammetilskotet på grunn av at pensjonspremiane for lærarar i den vidaregåande skolen har stige frå 8,5 til 14 pst. Av auken er 2 prosenteiningar eingongspremie for 2003. I 2004 vil den delen av kompensasjonen som er knytt til eingongspremien i 2003, bli trekt ut av rammetilskotet til fylkeskommunane. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir dermed redusert med 184 mill. kr.
Som ein del av skolepakke II fekk alle lærarar og skoleleiarar eitt lønnstrinn 1. januar 2002 og ytterlegare to lønnstrinn 1. august 2002. Utdannings- og forskingsdepartementet har på bakgrunn av nye data frå hausten 2002 laga nye overslag over dei økonomiske verknadene av avtalen. Ein har kome fram til at fylkeskommunane får ei meirutgift på 40 mill. kr. Rammetilskotet til fylkeskommunane aukar i 2004 i samsvar med meirutgiftene.
Tilskotet til seniortiltak blei innlemma i rammetilskotet i 2003. Kostnadene knytte til seniortiltaka er no kalkulerte til 35 mill. kr meir enn det som blei lagt til grunn i 2003. I 2004 aukar derfor rammetilskotet til fylkeskommunane med 35 mill. kr.
Som følgje av at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift blir lagd om frå og med 2004, vil fylkeskommunane få om lag 131 mill. kr i meirutgifter. Fylkeskommunane vil bli kompenserte for meirutgiftene gjennom bagatellmessig støtte og gjennom ein auke av rammetilskotet. Kompensasjonen gjennom rammetilskotet utgjer 127 mill. kr i 2004.
Som følgje av at staten overtek fylkeskommunane sitt ansvar innanfor barnevern og familievern, og som følgje av endringar i ansvaret når det gjeld behandling og omsorg for rusmisbrukarar, blir dei frie inntektene til fylkeskommunane isolert sett reduserte med om lag 3,67 mrd. kr i 2004.
Frå og med 2004 overtek staten det ansvaret fylkeskommunane i dag har for barnevernet (jf. punkt 7). Oslo fylkeskommune sitt ansvar for barnevern skal likevel vidareførast, jf. omtale i kapittel 12 i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)). Oslo fylkeskommune skal derfor behalde den delen av dei frie inntektene som kan tilskrivast barnevern. Rammetilskotet til Oslo (fylkeskommunedelen) aukar isolert sett som følgje av dette med 344 mill. kr.
Som følgje av endringane i momskompensasjonsordninga frå og med 2004 får fylkeskommunane om lag 1,26 mrd. kr i reduserte utgifter. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert i samsvar med dei reduserte utgiftene.
Frå og med 1. august 2004 blir ansvaret for den framtidige kollektivtransporten mellom Notodden og Porsgrunn overført frå staten til Telemark fylkeskommune. Rammetilskotet til fylkeskommunane aukar som følgje av dette med 5 mill. kr i 2004.
Det øyremerkte tilskotet til styrking av kommunal/fylkeskommunal PP-teneste med 300 fagårsverk blir innlemma i inntektssystemet i 2004 som føresett (kap. 243, post 60). Midlane blir innlemma i samsvar med det arbeidsgivaransvaret kommunane og fylkeskommunane har i samband med desse stillingane. Rammetilskotet til fylkeskommunane aukar dermed med 15 mill. kr.
Båtsfjord kommune har fått godkjent forsøk med kommunal overtaking av vidaregåande skole frå Finnmark fylkeskommune i ein forsøksperioden på fire år, med oppstartsdato 1. august 2003. Som følgje av dette er rammetilskotet til fylkeskommunen redusert med 4,2 mill. kr i inneverande år. I 2004 vil rammetilskotet til fylkeskommunen bli ytterlegare redusert med 5,9 mill. kr.
Frå 1. januar blir det lagt opp til at all produksjonsverksemd blir friteken for el-avgift i påvente av eit system som legg avgift på delar av forbruket, og som kan godtakast av ESA. Endringa i el-avgifta vil også bli gjennomført for offentleg sektor, og det inneber reduserte utgifter. Reduksjonen i utgiftene blir motsvarte av ein tilsvarande reduksjon i inntektene til kommunesektoren. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir derfor redusert med 81 mill. kr i 2004.
Kap. 573 Kompensasjon til fylkeskommunar ved statleg overtaking av ansvaret for spesialisthelsetenesta
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Tilskot til sletting av gjeld o.a. | 18 272 000 | ||
61 | Tilskot til feriepengar/styrking av likviditet | 2 295 000 | ||
62 | Tilskot til utstyr | 1 002 531 | ||
Sum kap. 573 | 21 569 531 |
Løyvingane over kap. 573 var eingongsløyvingar i 2002 knytte til det økonomiske oppgjeret mellom staten og fylkeskommunane i samband med at staten overtok spesialisthelsetenesta.
I 2002 blei det gitt tilskot til fylkeskommunane for å setje dei i stand til å slette lånegjeld knytt til spesialisthelsetenesta. Tilskotet var knytt til lånegjeld på eigedommar der det var oppnådd semje mellom staten og fylkeskommunane om overføring. For eigedommar der det ikkje blei oppnådd semje om overføring, blei det oppretta ei særskild tvistenemnd. Nemnda skal etter planen avslutte si behandling primo 2004. Fylkeskommunane skal setjast i stand til å slette lånegjeld på eigedommar som nemnda finn skal overførast til staten ved helseføretaka. Departementet vil i 2004 kome tilbake med forslag til løyving når resultatet av behandlinga i nemnda ligg føre.
Kap. 574 Økonomisk oppgjer ved endringar i ansvaret for barnevern, familievern og rusomsorg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Tilskot til sletting av gjeld | 180 250 | ||
61 | Tilskot til feriepengar | 116 531 | ||
62 | Tilskot til pensjonsutgifter | 81 365 | ||
Sum kap. 574 | 378 146 |
Kapitlet er nytt i 2004. Ved behandlinga av Innst. O. nr. 64 (2002-2003) slutta Stortinget seg til at ansvaret for det fylkeskommunale barne- og familievernet blir overført til staten. Ved behandlinga av Innst. O. nr. 51 (2002-2003) slutta Stortinget seg til at ansvaret for dei spesialiserte helsetenestene innanfor rusområdet blir overførte til dei statlege helseføretaka. Når det gjeld ansvaret for dei spesialiserte sosialtenestene på rusområdet, legg ein opp til at det blir bestemt i 2003 kvar ansvaret for oppgåva skal liggje.
Det økonomiske oppgjeret med fylkeskommunane i samband med reforma er behandla i kommuneproposisjonen for 2004 (St.prp. nr. 66 (2002-2003)). Stortinget gjorde ved behandlinga av kommuneproposisjonen for 2004 dette vedtaket:
"Stortinget ber Regjeringa, i tilknytning til overføring av ansvaret for rusområdet, familievern og barnevern, gjennomføre separate forhandlinger med den enkelte fylkeskommune før uttrekksmodellen iverksettes."
Oppfølging av dette vedtaket er nærmare omtalt i pkt. 2.7.3 i denne proposisjonen.
Ved spesialisthelsetenestereforma blei fylkeskommunane tilførte midlar for å slette gjeld knytt til dei eigedommane, bygningane og anlegga som blei overtekne av dei statlege helseføretaka. Tilsvarande skal fylkeskommunane no tilførast midlar for å kunne slette gjeld på bygningar, anlegg og eigedommar knytte til barne- og familievernet og dei spesialiserte helsetenestene på rusområdet.
Ved spesialisthelsetenestereforma blei fylkeskommunane tilførte midlar gjennom ei eingongsløyving som tok sikte på å styrkje likviditeten til fylkeskommunane. Løyvinga hadde bakgrunn i ei endring av rekneskapsprinsippet for føring av feriepengar i 1992. Tilsvarande skal fylkeskommunane no få tilført midlar for feriepengar knytte til reformområda.
Nye reglar for rekneskapsføring av pensjon i fylkeskommunane inneber utsett resultatføring av delar av pensjonsutgiftene i 2002 (premieavviket). Dette inneber ei forplikting som fylkeskommunane må dekkje inn over 15 år frå 2003. Denne forpliktinga må staten overta frå og med 2004 gjennom ei eingongsløyving til fylkeskommunane.
Samla blir det føreslått å løyve om lag 378 mill. kr på kap. 574 til fylkeskommunane i samband med endringar i ansvaret for barnevern, familievern og rusomsorg.
Post 60 Tilskot til sletting av gjeld
I kommuneproposisjonen for 2004 er det gjort nærmare greie for gjeldsoppgjeret knytt til barnevern, familievern og rusområdet. All dokumentert gjeld knytt til desse områda skal kunne slettast. Det er ikkje gjort korreksjonar i forhold til kommuneproposisjonen for 2004. Det blir ikkje opna for at letten i gjeldssituasjonen kan nyttast til å styrkje arbeidskapitalen.
Tal innhenta frå fylkeskommunane viser at samla restlånegjeld knytt til reformområda var 180 mill. kr per 31. desember 2002, ikkje medrekna Oslo kommune, jf. tabell 3.37. Eventuelle endringar i gjeldsoppgjeret som følgje av låneopptak til investeringar i 2003, og som følgje av gjeldsoppgjeret for Oslo kommune, vil departementet kome tilbake til i 2004.
Post 61 Tilskot til feriepengar
I kommuneproposisjonen for 2004 er det gjort greie for tilskot til feriepengar som følgje av endra rekneskapsprinsipp i 1992. Departementet har gjort overslag som viser at feriepengekravet er på om lag 117 mill. 2003-kr, jf. tabell 3.37. I forhold til kommuneproposisjonen for 2004 er dette ein auke på om lag 4 mill. kr. Heile auken er knytt til Oslo kommune og kjem av at ein ved utrekningane i samband med kommuneproposisjonen for 2004 la til grunn at dei spesialiserte sosialtenestene på rusområdet blei liggjande i Oslo kommune etter 2004.
Post 62 Tilskot til pensjonsutgifter
I kommuneproposisjonen for 2004 er det gjort greie for tilskot til dekning av premieavviket i 2002 som følgje av nye reglar for føring av pensjonsutgifter innførte i 2002. Departementet har kalkulert premieavviket til 81,4 mill. 2003-kr, jf. tabell 3.37. I forhold til kommuneproposisjonen for 2004 er dette ein auke på 1,365 mill. kr. Heile auken er knytt til Oslo kommune og kjem av at ein ved utrekningane i samband med kommuneproposisjonen for 2004 la til grunn at dei spesialiserte sosialtenestene på rusområdet blei liggjande i Oslo kommune etter 2004.
Tabell 3.37 Tilskot til sletting av gjeld, kompensasjon for feriepengar og tilskot til dekning av premieavvik
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Gjeld | Feriepengar | Premieavvik | |
Østfold | 15 776 | 8 573 | 6 299 |
Akershus | 18 513 | 10 008 | 7 353 |
Oslo | - | 14 124 | 6 126 |
Hedmark | 23 800 | 3 231 | 2 374 |
Oppland | 0 | 3 723 | 2 735 |
Buskerud | 5 459 | 6 361 | 4 673 |
Vestfold | 10 562 | 7 360 | 5 407 |
Telemark | 2 925 | 6 739 | 4 951 |
Aust-Agder | 11 288 | 3 114 | 2 288 |
Vest-Agder | 5 732 | 5 263 | 3 867 |
Rogaland | 12 034 | 7 646 | 5 618 |
Hordaland | 12 464 | 11 870 | 8 721 |
Sogn og Fjordane | 4 357 | 2 299 | 1 689 |
Møre og Romsdal | 19 063 | 5 072 | 3 727 |
Sør-Trøndelag | 1 473 | 5 990 | 4 401 |
Nord-Trøndelag | 4 832 | 2 299 | 1 689 |
Nordland | 22 771 | 5 612 | 4 123 |
Troms | 5 075 | 4 999 | 3 672 |
Finnmark | 4 126 | 2 248 | 1 652 |
Sum | 180 250 | 116 531 | 81 365 |
Programområde 14 Bustader, bumiljø og bygningssaker
Samla utgifter under programområde 14
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
14.10 | Bustader og bumiljø | 18 608 271 | 19 147 750 | 19 827 700 | 3,6 |
14.20 | Bygningssaker | 32 674 | 34 700 | 37 000 | 6,6 |
Sum område 14 | 18 640 945 | 19 182 450 | 19 864 700 | 3,6 |
Samla inntekter under programområde 14
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
14.10 | Bustader og bumiljø | 12 553 091 | 14 053 026 | 13 931 550 | -0,9 |
14.20 | Bygningssaker | 13 528 | 12 700 | 13 200 | 3,9 |
Sum område 14 | 12 566 619 | 14 065 726 | 13 944 750 | -0,9 |
Under programområde 14 blir regjeringa sin politikk for bustad- og bygningssektoren presentert. Programkategori 14.10 Bustader og bumiljø er i hovudsak knytt til verksemda til Husbanken. Programkategori 14.20 Bygningssaker omtaler i hovudsak verksemda til Statens bygningstekniske etat.
Mål for programområde 14 Bustader, bumiljø og bygningssaker
Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken i desember 2003. I meldinga vil måla for bustadpolitikken bli gjennomgått. Den noverande målstrukturen er slik:
Boks 3.5 Overordna mål og delmål
Overordna mål: | Delmål: |
---|---|
Bustadpolitiske mål: | |
Alle skal kunne disponere eit godt husvære i eit godt bumiljø. | God bustaddekning og ein bustad- og byggjemarknad som fungerer godt God fordeling av husvære Gode husvære, god byggkvalitet og eit godt bumiljø Trygge butilhøve Ei funksjonell og rettferdig organisering av eige- og leigeforhold |
Bygningspolitiske mål: | |
Bygningar og anlegg skal ha god kvalitet. | Bygningar og anlegg skal ta omsyn til helse, miljø og tryggleik, ha god tilkomst og ei estetisk utforming. God og effektiv byggjesaksprosess God og effektiv tilrettelegging av tomter God kompetanse hos aktørane i byggje- og anleggsverksemd Berekraftig byutvikling |
Dei bustadpolitiske og bygningspolitiske delmåla søkjer ein å nå gjennom bruk av økonomiske og juridiske verkemiddel, og gjennom rettleiing og informasjon. Dei økonomiske verkemidla blir i all hovudsak forvalta av Husbanken. Statens bygningstekniske etat forvaltar det bygningstekniske regelverket og godkjenningsordninga for ansvarlege i byggjeprosessen.
Programkategori 14.10 Bustader og bumiljø
Samla utgifter under programkategori 14.10
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
580 | Bustønad | 1 788 793 | 1 932 800 | 2 109 000 | 9,1 |
581 | Bustad- og bumiljøtiltak | 975 706 | 837 700 | 833 600 | -0,5 |
582 | Skoleanlegg | 36 448 | 192 000 | 222 000 | 15,6 |
585 | Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 3585) | 3 984 | 4 650 | 4 700 | 1,1 |
586 | Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar | 2 583 287 | 3 210 300 | 3 397 400 | 5,8 |
2412 | Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 5312 og 5615) | 13 220 053 | 12 970 300 | 13 261 000 | 2,2 |
Sum kategori 14.10 | 18 608 271 | 19 147 750 | 19 827 700 | 3,6 |
Samla inntekter under programkategori 14.10
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
5312 | Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 2412) | 6 675 820 | 6 711 826 | 8 899 350 | 32,6 |
5615 | Renter frå Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 2412) | 5 877 161 | 7 341 000 | 5 032 000 | -31,5 |
3585 | Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 585) | 110 | 200 | 200 | 0,0 |
Sum kategori 14.10 | 12 553 091 | 14 053 026 | 13 931 550 | -0,9 |
Under kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak forvaltar Kommunal- og regionaldepartementet post 60 Handlingsprogram for Oslo indre aust og ein ny post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling som erstattar post 73 Tilskot til opplysning, informasjon o.a. Husbanken forvaltar alle andre budsjettpostar som blir omtalte i programkategorien, med unntak av kap. 585 Husleigetvistutvalet i Oslo.
Budsjettforslag for 2004 - prioriteringar
I budsjettet for 2004 har regjeringa lagt desse hovudprioriteringane til grunn:
Hovudmålet til regjeringa er at alle skal kunne bu godt og trygt. Regjeringa sin politikk har medverka til ei sterk senking av rentenivået, noko som reduserer bukostnadene for folk og gjer det lettare for ungdom å etablere seg på bustadmarknaden.
Ein del personar vil falle utanfor den ordinære bustadmarknaden utan støtte frå det offentlege. Somme grupper har mellombels utfordringar på bustadmarknaden, medan andre har meir permanente utfordringar. Regjeringa ønskjer å målrette dei bustadpolitiske verkemidla mot desse gruppene.
Regjeringa ønskjer ei vidare satsing på bustønaden som eit sentralt verkemiddel i bustadpolitikken. Bustønaden er eit svært målretta verkemiddel for å hjelpe personar og familiar med å kunne behalde eller skaffe seg eit høveleg husvære.
Etter regjeringa sitt syn må også tilskotsmidlane på bustadområdet rettast inn mot dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden. Derfor prioriterer regjeringa kampen for å hjelpe bustadlause, busetjing av innvandrarar og flyktningar og hjelp til funksjonshemma innanfor desse midlane.
Regjeringa ønskjer å prioritere ungdom i etableringsfasen innanfor Husbanken si låneramme. Derfor blei startlånet etablert frå og med 2003. Det har fram til no vore ein stor suksess, og regjeringa vil byggje vidare på denne låneordninga. Husbanken si låneramme er godt tilpassa etterspørselen og behova på bustadmarknaden. Ved behandling av søknader om oppføringslån skal Husbanken prioritere bygging av nøkterne husvære med god kvalitet, og med godt tilgjenge og gode miljøstandardar. Regjeringa ønskjer å styrkje Husbanken si rolle som kompetansesenter for bustadpolitikk i enda større grad, særleg overfor kommunane.
For regjeringa er det eit hovudmål å sikre ein velfungerande bustadmarknad. Det er derfor føreslått ei rad endringar og forenklingar i plan- og bygningslova. Dette vil medverke til ein betre balanse mellom tilbod og etterspørsel på bustadmarknaden. Regjeringa har også sett ned eit eige bygningslovutval som skal kome med forslag til fleire forenklingar i bygningslovgivinga.
Regjeringa ønskjer auka fokus på byggjekostnader. I dei siste åra har byggjebransjen hatt ei mykje dårlegare produktivitetsutvikling enn andre bransjar, noko som er med på å gjere husværa dyrare. Regjeringa meiner at det er store gevinstar å hente om ein får betre prosessar og innfører ny teknologi i byggjebransjen. Ulike aktørar i byggjebransjen er derfor inviterte til eit samarbeid for å redusere byggjekostnadane, noko som vil vere viktig for å kunne byggje gode husvære til ein overkomeleg pris.
Status
Etter fleire år med oppsving i bustadbygginga blei det sett i gang bygging av noko færre nye husvære i 2002 enn i tidlegare år. Det blei totalt sett i gang bygging av om lag 23 000 nye husvære. Dette er 9 pst. færre enn i 2001. Nedgangen i bustadbygginga er i tråd med ei meir langsiktig utvikling på bustadmarknaden, som mellom anna kjem av ein nedgang i den delen av befolkninga som er i etableringsfasen. Husbanken har relativt sett medverka til finansiering av fleire nye husvære i dei to siste åra enn i dei to føregåande åra, heile 50-60 pst. av alle igangsette husvære.
I bustadpolitikken har regjeringa særleg prioritert tiltak for vanskelegstilte, mellom anna gjennom bustønaden, der det er gjennomført fleire forbetringar i 2002 og 2003. I 2002 blei buutgiftstaket heva i dei fire største byane, og dette kom alle husstandstypar til gode. Sjablonen for lys og varme, som går til eldre, uførepensjonistar og etterlatnepensjonistar, blei heva med 17 pst. i 2002 og med ytterlegare 10 pst. i 2003. I 2003 er finansieringskravet for barnefamiliar i eigarhusvære avvikla. Kvadratmetergrensa for barnefamiliar i kommunale utleigehusvære i storbyane er også fjerna. Dette er gjort for at det skal vere enklare å finne rimelege husvære til barnefamiliar, og for at familiar ikkje skal måtte flytte til eit større husvære for å oppfylle vilkåra for å få bustønad.
Innanfor ordninga med bustadtilskot har talet på husvære til bustadlause og flyktningar, som følje av regjeringa si prioritering av dei mest vanskelegstilte, hatt eit stort oppsving. Etterspørselen etter det nye startlånet som blei innført i 2003, har vore stor. Kommunane hadde ved utgangen av 1. halvår teke opp lån for om lag 3,3 mrd. kr. Lånet blir vidaretildelt frå kommunane til husstandar som har problem med å etablere seg på bustadmarknaden. Lånet har erstatta dei tidlegare ordningane med kjøpslån og etableringslån.
Lån til barnehagar er ei anna ordning som har vore prioritert i 2003. Det blei i 1. halvår 2003 gitt lån til over 3300 barnehageplassar, mot 2500 i same tidsrom i 2002.
Handlingsplanen for eldreomsorga blir avslutta i 2003. I 2002 blei måltalet på 10 200 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i handlingsplanen for eldreomsorga nådd med god margin. Også måltalet i opptrappingsplanen for psykisk helse på 900 omsorgsbustader blei nådd.
Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken i desember 2003.
Våren 2003 la regjeringa fram St.meld. nr. 31 (2002-2003) Storbymeldingen - Om utvikling av storbypolitikk. I meldinga blei det teikna eit breitt bilete av norske storbyregionar og trekt opp perspektiv for ein langsiktig storbypolitikk. Storbyane er ein viktig vekstfaktor i forhold til områda rundt. Det er derfor viktig å sjå storbyane si rolle både i eit nasjonalt og i eit regionalt perspektiv. Meldinga tek også opp dei spesielle problema storbyane har, særleg dei sosiale utfordringane.
Ot.prp. nr. 30 (2002-2003) Om lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova) og lov om burettslag (burettslagslova) blei vedteken i Stortinget sommaren 2003. I den nye burettslagslova får andelseigarane i burettslag eit betre rettsvern ved kjøp av husvære. Dessutan skal no andelane registrerast i grunnboka. Andelseigarane vil også stå friare ved at uoppseielege avtalar om forretningsførsel kan seiast opp. Ein diskrimineringsparagraf vil bli lagt inn i alle bustadlovene.
Ei viktig prioritering i bygningspolitikken har vore det statlege prosjektet for utvikling av eit internettbasert system for elektronisk byggjesaksbehandling (ByggSøk). Prosjektet blei i samsvar med planen sett i drift i juli 2003. På same tid blei det innført nye reglar om tidsfristar, og det blir også innført forenklingar. Desse tiltaka skal medverke til enklare og raskare saksbehandling.
Eit bygningslovlovutval som skal stå for ein større gjennomgang av bygningslovgivinga med sikte på å forenkle reglane, er sett ned. Utvalet har eit breitt mandat, og målet er at effektive prosessar skal gi grunnlag for lågare kostnadar og motivere til oppstarting av nye tiltak. Første delinnstilling blei levert til kommunal- og regionalministeren hausten 2003.
Kap. 2412 Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 5312 og 5615)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 255 024 | 262 300 | 273 000 |
45 | Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast | 4 054 | 5 000 | 5 000 |
72 | Rentestøtte | 53 557 | 32 000 | 29 000 |
90 | Lån til Husbanken, overslagsløyving | 12 907 418 | 12 671 000 | 12 954 000 |
Sum kap. 24121 | 13 220 053 | 12 970 300 | 13 261 000 |
1 Vesentlege endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 2412, post 72 sett ned med 2 mill. kr til 30 mill. kr og post 90 auka med 959 mill. kr til 13,63 mrd. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Husbanken er det viktigaste verktøyet regjeringa har for å nå dei bustadpolitiske måla. Husbanken skal gjennomføre den statlege bustad- og bygningspolitikken målretta og effektivt, og fremme bygging av husvære med nøktern standard og god kvalitet. Omsynet til god økologisk og økonomisk ressursbruk og til god byggjeskikk skal sikrast ved at ein påverkar nybygging, og gjennom fornying av eksisterande bustadhus.
Husbanken gir lån og tilskot til bustadbygging, bustadfornying, bustadetablering, omsorgsbustader, barnehagar o.a. Delar av låne- og tilskotsordningane - som startlån, personretta utbetringslån og bustadtilskot - er behovsprøvde og skal gjere det lettare å etablere seg for unge og vanskelegstilte. Desse midlane blir retta inn mot husstandar som har vanskar med å skaffe seg eit godt og nøkternt husvære til ein akseptabel kostnad. Husvære for bustadlause og flyktningar er høgst prioritert.
Husbanken forvaltar den statlege bustønadsordninga og har tilskotsordningar som skal stimulere til bygging av omsorgsbustader for personar med psykiske lidingar.
Husbanken har verkemiddel som skal betre kvaliteten på husvære og bumiljø i eksisterande buområde, særleg i byar og tettbygde strøk. Husbanken har i tillegg ansvar for det statlege byggjeskikkarbeidet. Husbanken skal gjere kommunane, byggjebransjen og andre meir medvitne om god byggjeskikk og auke kompetansen på området. Det skal mellom anna gjerast gjennom undervisningsopplegg, kursverksemd, fagdagar, formidling av informasjon og arkitektkonkurransar.
I 2002 blei det etablert ei rentekompensasjonsordning for å stimulere kommunane til ei ekstra satsing for å ruste opp skoleanlegg. Husbanken administrerer utbetalingane til kommunane.
Resultatrapport for 2002-2003
Tabell 3.38 Verksemda i Husbanken i perioden 1999-2002 og i 1. halvår 2003
Ordning | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
---|---|---|---|---|---|
Lån: | |||||
Oppføringslån, talet på ordinære bustader med tilsegn | 8 530 | 9 989 | 11 307 | 10 379 | 5 734 |
Oppføringslån, gjennomsnittleg storleik i kvm | 110 | 104 | 94 | 89 | 87 |
Alle igangsette bustader, gjennomsnittleg storleik i kvm1 | 124 | 124 | 118 | 115 | - |
Omsorgsbustader/sjukeheimsplassar, bueiningar med tilsegn | 1 402 | 313 | 93 | 57 | 0 |
Oppføringslån, talet på bustader med tilsegn om lånetillegg | 6 714 | 8 162 | 8 332 | 8 160 | 4 725 |
Startlån2 | 2 117 | ||||
Etableringslån, talet på saker med tilsegn | 8 115 | 8 157 | 11 324 | 9 731 | - |
Kjøpslån, talet på bustader med tilsegn | 2 288 | 2 165 | 4 207 | 2 901 | - |
Utbetringslån, talet på bustader med tilsegn | 9 999 | 15 014 | 10 651 | 8 369 | 8 806 |
Tilskot: | |||||
Omsorgsbustader/sjukeheimsplassar, bueiningar med tilsegn | 6 285 | 6 235 | 7 437 | 11 602 | 1 092 |
Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader med tilsegn | 4 454 | 4 874 | 4 846 | 4 101 | 65 |
Tilskot til etablering, utbetring og utleigebustader, talet på bustader med tilsegn3 | 2 355 | 2 289 | 2 595 | 2 470 | 775 |
Av dette tilskot til utleigebustader | 910 | 901 | 1 045 | 1 302 | 577 |
Tilskot til tilpassing av husvære, talet på saker med tilsegn frå kommunane4 | 6 510 | 5 362 | 5 157 | 4 521 | - |
Bustønad, talet på hushald som får stønad5 | 97 342 | 99 924 | 102 896 | 101 691 | 108 531 |
1 Talet for 1. halvår 2003 ligg ikkje føre.
2 Utbetalte startlån i 1. halvår, basert på rapportering frå 237 kommunar per 31. juli, inkl. Oslo, Bergen og Stavanger.
3 Inkl. bustader med tilsegn frå kommunane.
4 Blir rapportert éin gong i året.
5 Hushald som fekk stønad i 1. termin i perioden 1999-2003. Gjeld ikkje klagebehandling, etterbetaling og overgangsordning.
Etter tre år med ein markert oppsving i bustadbygginga blei det sett i gang bygging av noko færre nye bustader i 2002. Denne utviklinga fekk vi trass i sterk inntektsvekst for hushalda og ein relativt god ordresituasjon for bustadbyggjarane. På den andre sida er truleg dei økonomisk usikre tidene med på å dempe etterspørselen etter bustader og byggjeaktiviteten. Det er likevel venta at rentefallet vil kunne styrkje etterspørselen etter bustader i tida framover.
Det blei totalt sett i gang bygging av om lag 23 000 nye bustader i 2002. Dette er om lag 2300 eller 9 pst. færre enn året før. Samanlikna med nivået i 1990-åra er likevel aktiviteten i nybygginga framleis høg, også samanlikna med nabolanda våre, til dømes Sverige.
At bustadbygginga no går noko ned, er i tråd med ei meir langsiktig utvikling på bustadmarknaden. Etter kvart blir det sett i gang bygging av noko færre omsorgsbustader. Vi får også ein nedgang i den delen av befolkninga som er i etableringsfasen, og behovet for ny bustadbygging vil dermed bli redusert. Nye utrekningar som byggjer på folke- og bustadteljinga i 2001, tyder på at underskotet av bustader er lågare enn ein tidlegare rekna med. Regjeringa legg til grunn at igangsetjingstala for nye bustader gradvis kjem til å minke ned mot 20 000 bustader i 2006.
Husbanken sin medverknad til finansiering av nye bustader har relativt sett vore noko større i dei to siste åra enn i dei to føregåande åra. Om vi tek utgangspunkt i eit overslag for nye omsorgsbustader på drygt 2700 einingar i 2002, har Husbanken vore med på å finansiere rundt rekna 13 000 nye bustader eller nesten 60 pst. av alle igangsette bustader siste året. For dei ordinære bustadene var drygt 50 pst. av dei igangsette bustadene finansierte av Husbanken.
Gjennomsnittsarealet for alle igangsette bustader har gått litt ned i dei siste to åra (jf. tabell 3.38 Verksemda i Husbanken i perioden 1999-2002 og i 1. halvår 2003), men nedgangen i arealet for bustadene med oppføringslån frå Husbanken er klart større. Dette er i tråd med regjeringa sitt ønske om at Husbanken i større grad skal finansiere mindre og relativt rimelege husvære i dei største byane og pressområda, slik at ein kan redusere regional ubalanse på bustadmarknaden.
For å følgje opp prioriteringane frå regjeringa har Husbanken med verknad frå 2003 endra opplegget for utmåling av oppføringslån slik at dei største husværa i nokon grad fell utanfor. Små og rimelege husvære med gode kvalitetar skal framleis få ei gunstig finansiering.
Husbanken har innført eit nytt lånetillegg for visse distrikt der privatbankane tradisjonelt har vore tilbakehaldne med finansiering. Det nye lånetillegget skal motverke eventuelle uheldige konsekvensar av omlegginga av låneutmålinga.
Sjølv om den nye låneutmålinga vil innebere at husbankfinansieringa blir redusert reint kvantitativt, er det framleis viktig å ikkje svekkje dei kvalitative sidene ved husbankfinansierte bustader. Lånetillegget for livsløpsstandard er derfor auka.
I det siste året med kjøpslån blei etterspørselen redusert med vel 20 pst. samanlikna med toppåret 2001. På den andre sida er det stor kommunal interesse for den nye ordninga med startlån, som regjeringa innførte frå 2003. Startlånet erstattar kjøpslån og etableringslån. Opptaket av etableringslån var i 2002 på i underkant av 2,7 mrd. kr, medan kommunane til samanlikning hadde søkt om startlån for 3,2 mrd. kr allereie ved inngangen til 2003. Å få kommunane til å bruke meir etableringslån har vore eit sentralt bustadpolitisk satsingsområde i dei siste åra. Til saman mellom 10 000 og 11 000 husstandar har fått lån gjennom kommunane i kvart av dei siste to åra. At det i to av tre husstandar som får etableringslån, er personar under 35 år, tyder på at dette verkemiddelet har vore treffsikkert. Nærmare 60 kommunar som ikkje nytta seg av ordninga med etableringslån i 2002, har i 2003 sendt inn søknad om startlånmidlar. I 2002 gav Husbanken utbetringslån berre på sosialt grunnlag til prioriterte grupper.
Handlingsplanen for eldreomsorga (jf. St.meld. nr. 50 (1996-97)) blir avslutta i 2003. Det blei i 2002 gitt oppstartingstilskot til over 11 600 bueiningar, og det var godt over måltalet. Dei siste tilsegnene under eldreplanen kan Husbanken gi i 2003, og det dreier seg om i alt 3000 sjukeheimsplassar. Husbanken skal også gi tilskot til 900 bueiningar som er knytte til opptrappingsplanen for psykisk helse (jf. St.prp. nr. 63 (1997-98)). Denne planen varer fram til 2006.
Ei av dei viktigaste bustadpolitiske oppgåvene for Husbanken er å finansiere høvelege husvære til bustadlause og andre vanskelegstilte husstandar. Regjeringa har gitt desse gruppene hovudprioritet innanfor dei bustadpolitiske verkemidla. Sentralt i denne samanhengen står bruken av bustadtilskot. Det har årleg vore gitt slikt tilskot til mellom 2300 og 2600 husvære. I lys av målet i regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom blei det i 2002 gitt fleire tilskot til utleigehusvære for flyktningar og bustadlause. Talet på utleigebustader til flyktningar er nær fordobla. I 2002 gav Husbanken tilskot til om lag 200 utleigebustader for bustadlause. Dersom ein skal skaffe husvære til denne gruppa, lyt ein bruke ei finansiering der bustadtilskot utgjer ein stor prosentdel. Det gjennomsnittlege tilskotsbeløpet i 2002 var da også klart høgst for bustadlause - over kr 400 000 per bustad.
Talet på mottakarar av bustønad har stige jamt. Bustønaden er etter regjeringa sitt syn eit svært målretta verkemiddel i bustadpolitikken. Det er stadig gjort forbetringar i bustønadsordninga; ein har mellom anna sløyfa finansieringskrav i private utleigebustader for barnefamiliar (2000) og heva buutgiftstaket (2001). For dei fire største byane er buutgiftstaket heva enda meir (2002), og denne auken kom alle husstandstypar til del. Sjablonen for lys og varme, som veg relativt tungt når ein reknar ut bustønaden til gruppa eldre, uførepensjonistar og etterlatnepensjonistar, blei i 2002 heva med 17 pst. Alderspensjonistane var den gruppa som i 2002 hadde den sterkaste veksten i buutgiftene, men som samtidig hadde den lågaste inntektsauken. Både låge inntekter og høge buutgifter resulterer i auka bustønad.
I 2003 blei finansieringskravet for barnefamiliar i eigarhusvære avvikla. Sjablonen for lys og varme blei oppjustert med ytterlegare 10 pst. Kvadratmetergrensa for barnefamiliar i kommunale utleigehusvære i storbyane er også fjerna. Dette er eit tiltak som skal gjere det enklare å finne rimelege husvære til barnefamiliar og hindre at familiar må flytte til eit større husvære for å oppfylle vilkåra for å få bustønad. I samband med behandlinga av St.prp. nr. 41 (2002-2003) vedtok Stortinget å løyve kr 2 500 som eit eingongsbeløp til alle bustønadsmottakarar som kompensasjon for auka straumprisar. Stortinget vedtok også at alle i bustønadsordninga skulle få tillegget for lys og varme for 1. termin 2003, og at inntektsgrensene for barnefamiliar skulle hevast med kr 30 000.
Den offentlege bustadpolitikken blir i aukande grad utøvd av kommunane. Husbanken tek mål av seg til å vere ein tilretteleggjar og rettleiar for kommunane i bustadpolitikken. Ei sterkare regionalisering og desentralisering av apparatet til Husbanken, som banken har hatt særleg fokus på både i 2002 og i 2003, er med på å gjere samarbeidet med kommunane betre.
Gjennom programmet "Open Husbank" ønskjer banken å utvikle ein enklare og meir tilgjengeleg Husbank, samstundes som ein vil vere eit kompetansesenter på bustadområdet.
Rentenivået i Husbanken
Det generelle rentenivået fall gjennom siste delen av 2002, og denne tendensen heldt fram gjennom første delen av 2003. Den stramme finanspolitikken som regjeringa har ført, har medverka til ein reduksjon i styringsrenta i Noregs Bank på 4 prosentpoeng til no i år, og dette har kome huseigarar, og ikkje minst førstegongsetablerarar, til gode. Marknadsrenta på bustadlån, målt etter gjennomsnittet i eit utval av privatbankane, ligg hausten 2003 lågare enn den flytande renta i Husbanken. Dette heng saman med måten den flytande husbankrenta blir fastsett på; endringar i den flytande renta i Husbanken skjer tre månader på etterskot i forhold til rentemarknaden elles. Men dei fleste av kundane i Husbanken vel å nytte tilbodet om fast rente. Figuren under viser utviklinga i bustadrentene i perioden 1998-2003.
Låneramme for Husbanken i 2004
Regjeringa føreslår ei låneramme på 13,5 mrd. kr i 2004. Dette er ei låneramme som er godt tilpassa etterspørselen på bustadmarknaden. Regjeringa vil følgje vidare opp Stortinget sitt vedtak om å gi lån til etablering av sjukeheimsplassar, eldrebustader og rehabiliteringsplassar i sørlege land. 0,5 mrd. kr av låneramma vil bli øyremerkt til formålet. Husbanken skal supplere andre delar av kredittmarknaden og gi lån til formål som er samfunnsøkonomisk og fordelingspolitisk ønskjelege. Regjeringa vil derfor føre vidare dei prioriteringane som blei skisserte i 2003-budsjettet, med satsing på startlån til unge og vanskelegstilte for at dei skal kunne etablere seg i eige husvære, og med målretting av Husbanken sine generelle låneordningar til oppføring og utbetring av husvære inn mot prosjekt med livsløpstandard og gode miljøkvalitetar. Finansiering av nye barnehageplassar vil også i 2004 ha høg prioritet.
Tabell 3.39 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for lån
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2000 | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
---|---|---|---|---|
Medverke til å dekkje behovet for nye, gode og nøkterne husvære: | ||||
Talet på nye bustader med innvilga1 oppføringslån i Husbanken | 9 898 | 11 307 | 10 379 | 5 734 |
Medverke til at målet om barnehagedekning blir oppfylt: | ||||
Talet på barnehageplassar med innvilga lån i Husbanken | 1 739 | 2 285 | 4 325 | 3 329 |
Stimulere til at nye bustader som blir bygde, har spesielle, ønskte tilleggskvalitetar2: | ||||
Prosentdel bustader med gode uteareal | 31 pst. | 26 pst. | 39 pst. | 40 pst. |
Prosentdel bustader med premiering for helse, miljø og tryggleik | 62 pst. | 58 pst. | 32 pst. | 66 pst. |
Prosentdel bustader med livsløpsstandard | 49 pst. | 39 pst. | 39 pst. | 37 pst. |
Prosentdel bustader med heis i låghus | 9 pst. | 10 pst. | 13 pst. | 11 pst. |
Stimulere til god og nøktern utbetring av bustader: | ||||
Bustader med innvilga utbetringslån totalt | 15 014 | 10 651 | 8 369 | 8 806 |
Bustader med innvilga lån til fornying i tett busetnad | 13 170 | 8 438 | 6 820 | 6 322 |
Bustader med innvilga lån til utbetring til ENØK-formål | 849 | 698 | 377 | 1 182 |
Bustader med kulturhistorisk og antikvarisk verdi | 86 | 124 | 12 | 167 |
Medverke til at prioriterte målgrupper på bustadmarknaden kan få dekt behovet for gode og høvelege husvære: | ||||
Talet på bustader med innvilga lån til nybygging eller kjøp3 | 12 063 | 15 514 | 13 280 | 7 851 |
Fordeling etter utvalde (vanskelegstilte) brukargrupper4 | ||||
| 360 | 325 | 243 | 27 |
| 128 | 228 | 309 | 84 |
| - | - | 103 | 66 |
| 1 407 | 3 561 | 2 503 | 590 |
Talet på bustader med spesielle tilleggskvalitetar for funksjonshemma5 | 8 441 | 7 762 | 8 724 | 2 591 |
Talet på bustader med innvilga lån slik at ulike brukargrupper kan bli buande der, etter utvalde (vanskelegstilte) brukargrupper6 | 909 | 1 391 | 1 160 | 1 135 |
| 102 | 162 | 123 | 31 |
| 481 | 349 | 380 | 125 |
| 326 | 880 | 657 | 979 |
1 Bustader med lånetilsegn eller prosjektgodkjenning.
2 Prosentdelane er rekna av bustader som fekk oppføringslån. Prosentdelane vil kunne bli talde dobbelt, ettersom éin og same bustad kan få fleire lånetillegg.
3 Bustader med oppføringslån/kjøpslån (2000-2002) og oppføringslån/startlån (2003).
4 Startlån er ikkje fordelte på brukargrupper.
5 Bustader med oppføringslån, inkl. omsorgsbustader med livsløpsstandard.
6 Omfattar personretta utbetringslån.
Post 1 Driftsutgifter og post 45 Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast
I 2003 blei det utført om lag 350 årsverk i Husbanken. Husbanken har regionkontor i Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Arendal og Oslo. Dei sentrale planleggings-, koordinerings- og støttefunksjonane er lokaliserte saman med regionkontoret i Oslo.
Det blei i 2003 gjennomført ei omfattande regionalisering ved at oppgåver og ansvar blei delegert til regionkontora. Husbanken vil i denne samanhengen arbeide vidare med oppbygginga av regionkontoret i Arendal i 2004.
Bustønaden er ei av dei oppgåvene som no er regionaliserte. Husbanken har dessutan overteke driftsansvaret for utbetaling av bustønaden. Dette skal medverke til ei betre koordinering av ordningane og på sikt gi auka effektivitet og spare ressursar.
Husbanken er no inne i ein sterk omstillingsprosess, som omfattar regionalisering og endring av arbeidsområdet og kundebehandlinga. Tidlegare gav Husbanken i stor grad enkeltlån og tilskot til personkundar, men skal frå 2003 i sterkare grad påverke og rettleie kommunane i arbeidet med startlån og i bustadsosialt arbeid.
"Open Husbank" er eit program for å utvikle ein enklare og meir tilgjengeleg Husbank og ein Husbank som skal vere eit kompetansesenter på bustadområdet. I 2002 blei mellom annan nettbanken introdusert som ein del av programmet. Arbeidet med "Open Husbank" skal halde fram i 2003 og 2004.
Husbanken har halde fram med energiøkonomisering i både den eksterne og den interne verksemda. Prosjektet "Ein grøn Husbank" blei sett i gang i 2003 og skal syte for at einingane i Husbanken driv mest mogleg miljøvennleg når det gjeld energibruk, papirbruk, søppelhandtering, transport og innkjøp.
Husbanken overtok frå 1. oktober 2003 den rådgivande funksjonen overfor Utdannings- og forskingsdepartementet som Rådgivande organ for studentbustadbygging (ROS) tidligare hadde (jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) frå Utdannings- og forskingsdepartementet, kap. 270, post 75 Tilskot til bygging av studentbustader). Husbanken overtek forvaltningsansvaret for tilskotet til bygging av studentbustader frå 1.1.2004.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 273 mill. kr til driftsbudsjettet for Husbanken for 2004. Dette er ein auke på 10,7 mill. kr samanlikna med saldert budsjett 2003.
Regjeringa gjer òg framlegg om ei løyving på 5 mill. kr til kap. 2412, post 45.
Post 70 Tilskot til Husbankens risikofond
Rapport for 2002 og 2003
Misleghald av lån viste ein liten nedgang i 2002. Ved utgangen av året utgjorde dei misleghaldne låna 1,7 mrd. kr eller 1,66 pst. av dei samla utlåna frå Husbanken. Talet på krav om tvangssal og talet på gjennomførte tvangssal steig med 3-4 pst. samanlikna med 2001.
Ved utgangen av 2002 hadde Husbanken bokført eit samla bruttotap på 15,4 mill. kr, mot 17,8 mill. kr året før. Tapa er fordelte med 13,5 mill. kr på personlege låntakarar og 1,9 mill. kr på ikkje-personlege låntakarar. Tilbakeføringar av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar utgjorde 3,9 mill. kr i 2002. Nettotapet for Husbanken utgjorde dermed 11,5 mill. kr, og det er ein nedgang på 6,5 pst. samanlikna med året før.
Husbankens risikofond utgjorde i underkant av 146 mill. kr ved inngangen til 2003 og inkluderer driftsoverskotet frå SIFBO (Selskapet for innvandrer- og flyktningsboliger). Driftsoverskotet blir ikkje teke med i halvårstala. Ved utgangen av 1. halvår 2003 var det i alt bokført 8,8 mill. kr i brutto tap på utlån. Tilbakeføringar på tidlegare tap utgjorde 4,6 mill. kr. Dermed er risikofondet blitt redusert med om lag 4,2 mill. kr og utgjorde 141,6 mill. kr ved utgangen av 1. halvår. Husbanken reknar med at tapa vil auka noko i 2003 og 2004 som følgje av ei endra samansetjing av utlånsporteføljen. Den økonomiske situasjonen i stiftelsar som har teke imot utleigelån, tilseier òg at det kan bli behov for å gjennomføre nye tiltak, og i ein del tilfelle også å realisere tap. Som eit maksimumsnivå kan dei samla brutto tapa i 2003 kome opp i 55 mill. kr, fordelte med 30 mill. kr på personlege låntakarar og 25 mill. kr på lån til stiftelsar o.a. På grunn av den gunstige renteutviklinga vil tapa mest sannsynleg ikkje bli fullt så høge. I første halvår 2003 bokførte Husbanken eit tap på 1,5 mill. kr på lån til stiftelsar o.a. I tillegg er det registrert ytterlegare to tapssaker med til saman 10,8 mill. kr i tap. Desse vil bli bokførte i 2. halvår.
Regjeringa føreslår inga løyving til Husbankens risikofond. Det er lagt til grunn eit bruttotap på om lag 65 mill. kr. Nettotapet vil bli på om lag 52 mill. kr som følgje av ei viss tilbakeføring av tidlegare tapsføringar. Husbankens risikofond vil ved utgang av 2004 vere på om lag 47 mill. kr.
Post 72 Rentestøtte
Generell rentestøtte blei avvikla i 1996 i samband med innføring av utlånsrente som følgjer rentenivået på lånemarknaden. Denne posten omfattar lån til utleigeformål som er gitt med 10 års rente- og avdragsfritak i perioden 1988-1993, og eldre særvilkårslån som har ein rentesats på eitt prosentpoeng under gjeldande rente. Ei renteendring vil slå ut i endra rentestøtte når det gjeld dei rentefrie utleigelåna. Forseinkingsrenter kjem til fråtrekk i rentestøtta.
I 2002 utgjorde rentestøtta 53,6 mill. kr. Per 1. halvår 2003 var det postert 22,8 mill. kr på posten.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 29 mill. kr til rentestøtte for 2004.
Post 90 Lån til Husbanken, overslagsløyving
Posten viser Husbanken sitt brutto finansieringsbehov i samband med utlånsverksemda, det vil seie utbetalingar av nye lån og rentestøtte. Utbetalingane av nye lån for 2002 kom på 12,9 mrd. kr. Dette er ein auke på 1,6 mrd. kr frå 2001, og auken kjem på grunn av ei auka låneramme i dei siste åra og ein auke i omfanget av kundar som nyttar lånetilsegn gitt av Husbanken.
I første halvår 2003 blei det utbetalt 5,3 mrd. kr.
Regjeringa gjer framlegg om ei låneramme på 13,5 mrd. kr i 2004. 0,5 mrd. kr av låneramma er øyremerkt oppfølginga av vedtaket i Stortinget om å gi lån til omsorgsbustader, sjukeheimar og rehabiliteringsplassar i sørlege land.
Utbetalingar av nye lån for 2004 er budsjettert til 12 954 mill. kr.
Kap. 5312 Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 2412)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Gebyr o.a. | 31 290 | 32 826 | 31 350 |
4 | Tilkjende sakskostnader | 137 | ||
9 | Sal av datatenester | 1 540 | ||
10 | Husleige, tenestebustader | 58 | ||
11 | Tilfeldige inntekter | 20 403 | ||
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 33 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 675 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 96 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 825 | ||
90 | Avdrag | 6 617 763 | 6 679 000 | 8 868 000 |
Sum kap. 53121 | 6 675 820 | 6 711 826 | 8 899 350 |
1 Endring som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 5312, post 90 auka med 396 mill. kr til 7,075 mrd. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 1 Gebyr o.a.
Frå 2003 er post 4 Tilkjende sakskostnader, post 9 Sal av datatenester og post 10 Husleige, tenestebustader lagde inn under kap. 5312, post 1 Gebyr o.a.
Takstarbeidet blir avvikla i si noverande form. Omlegginga av gebyrpraksisen vil gi ein høgre grad av bustadpolitisk måloppnåing ved at Husbanken kan prioritere planleggings- og oppfølgingsarbeid i prosjekt framfor å utføre rutinekontroll når prosjekta er ferdige. Til erstatning for takstarbeidet vil det bli sett i verk ei ordning med stikkprøvekontrollar. Til å dekkje kostnader ved dette arbeidet og til etablering av låneforhold gjer regjeringa framlegg om eit etableringsgebyr for alle nye lån på kr 600. Den noverande ordninga er at takstgebyret går til fråtrekk ved utbetaling av lånet. Husbanken tek i dag eit takstgebyr på kr 1 200 for enkeltbustader. Gjeldande praksis når det gjeld forvaltningsgebyret for terminvarsla er også vurdert, og regjeringa gjer framlegg om eit gebyr per betalingstermin på kr 30. Den noverande ordninga er at Husbanken tek kr 144 per år uavhengig av om kunden vel to eller 12 terminar per år. Dei sistnemnde endringane vil gi budsjettkonsekvensar som omtrent kompenserer for bortfall av takstgebyr, så framt talet på innbetalingar av terminbeløp og utbetalingar av lån blir om lag som i 2002. Dei føreslåtte endringane vil bringe gebyrpraksisen meir i samsvar med det som gjeld i kredittvesenet elles.
Når det gjeld sal av datatenester, blir samarbeidet med SND avvikla i 2004. Dette inneber ein reduksjon i gebyrinntektene på 1,5 mill. kr. Det blir føreslått ei løyving på 31,35 mill. kr for 2004.
Post 11 Tilfeldige inntekter
På denne posten blir tilfeldige inntekter som forseinkingsrenter, tilbakebetalte tilskot og andre tilfeldige inntekter inntektsførte.
Post 90 Avdrag
Posten omfattar mottekne avdrag, tap og rentestøtte, noko som følgjer av prinsippet om bruttobudsjettering.
Posten blir budsjettert med 8 868 mill. kr i 2004. Ein reknar med at ordinære innbetalingar blir på 3 774 mill. kr, at det blir bruttotap på 65 mill. kr, og at rentestøtta blir på 29 mill. kr. Dei ekstraordinære innbetalingane er sette til 5 000 mill. kr.
Kap. 5615 Renter frå Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 2412)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Renter | 5 877 161 | 7 341 000 | 5 032 000 |
Sum kap. 56151 | 5 877 161 | 7 341 000 | 5 032 000 |
1 Endring som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 5615, post 80 sett ned med 992 mill. kr til 6,349 mrd. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 80 Renter
Posten omfattar mottekne renter frå kundane og rentestøtte. Posten blir budsjettert med 5 032 mill. kr for 2004.
Kap. 580 Bustønad
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Bustønad, overslagsløyving | 1 788 793 | 1 932 800 | 2 109 000 |
Sum kap. 5801 | 1 788 793 | 1 932 800 | 2 109 000 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 41 (2002-2003) Om tilleggsbevilgning til dekning av utgifter knyttet til økte strømpriser for bostøttemottakere, blei post 70 Bustønad auka med 151,1 mill. kr til 2 084,3 mill. kr. I tillegg blei det løyvd 265 mill. kr på ein ny post 71 Tilskot til dekning av utgifter knytta til auka straumprisar.
Mål
Bustønadsordninga skal medverke til å nå hovudmåla om trygge husvære og ei god fordeling av husvære. Bustønaden skal medverke til at alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar, barnefamiliar og andre husstandar med svak økonomi skal kunne skaffe seg eit høveleg og nøkternt eigar- eller leigehusvære og ha høve til å bli buande der. Vidare skal bustønaden jamne ut skilnader i levekår mellom ulike pensjonistgrupper som følgje av ulike buutgifter. Regjeringa har i dei siste åra styrkt bustønaden monaleg.
Tildeling
Regelverket for bustønadsordninga er innretta slik at husstandane med dei lågaste inntektene og høgste buutgiftene får mest i stønad. For å få bustønad blir det stilt krav både til husværet og til husstanden. Forholdet mellom dei samla inntektene til husstanden og buutgiftene avgjer om det blir gitt bustønad, og eventuelt kor stort beløp som blir tildelt.
Bustønaden blir utbetalt etterskotsvis i byrjinga av januar, mai og september. Utbetalinga i januar er basert på regelverket som gjeld for året før.
Avgrensingar som gjeld husstanden
For at ein skal kunne få bustønad, må det i husstanden anten vere barn under 18 år, personar over 65 år eller personar som har motteke trygd eller pensjon gjennom folketrygda. I tillegg vil husstandar som tek imot visse trygder, nærmare spesifiserte i regelverket, og langvarig sosialhjelp, ha rett til bustønad.
Avgrensingar når det gjeld husværet
For alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med inntekt under minstepensjon tillagt 30 pst. blir det ikkje stilt krav til husværet. For alle andre grupper må husværet ha kjøkken, bad og opphaldsrom. Det blir også stilt krav om at husværet må vere på minst 40 kvm. Kravet er no oppheva for barnefamiliar i kommunale utleigebustader i storbyane. Det blir også godteke mindre areal for bukollektiv, men ein får ikkje bustønad til hyblar, hospits o.l. Kravet sikrar at husstandar med låge inntekter også skal kunne bu i eit godt og nøkternt husvære. I tillegg må husværet ha lån frå Husbanken eller SND (tidlegare Landbruksbanken). For husvære i burettslag eller for husvære der kommunen eller ein kommunal stiftelse står som utleigar, blir det ikkje stilt krav til finansieringa. For målgruppa barnefamiliar o.fl. som bur i eit leigd eller ått husvære, og for omsorgsbustader som har fått oppstartingstilskot frå Husbanken, blir det ikkje stilt krav med omsyn til finansieringskjelda for husværet. I tillegg blir dei som er leigetakarar i husvære som tidlegare var omfatta av husleigereguleringslova kap. II, omfatta av bustønadsordninga.
Utrekning av bustønad
Det blir godkjent buutgifter opp til eit øvre nivå (buutgiftstaket). Bustønaden utgjer 70 pst. av skilnaden mellom godkjende buutgifter og det som blir rekna som ei rimeleg buutgift (eigendel innanfor buutgiftstaket) for husstanden. Utgifter som blir tekne med ved utrekninga av bustønaden, er husleige, renter og avdrag på bustadlån, driftsutgifter (forsikring og utvendig vedlikehald), festeavgift, eigedomsskatt og kommunale avgifter. Som ei særordning har alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med inntekt under minstepensjon tillagt 30 pst. sidan 1997 fått dekt utgifter til lys og varme etter ein fastsett sjablon.
Kommunal- og regionaldepartementet vedtek satsane i regelverket for tildeling av bustønad.
Oppfølging og kontroll
Boks 3.6 Oversikt over resultatmål og oppfølgingskriterium for kap. 580, post 70 Bustønad
Desse oppfølgingskriteria skal leggjast til grunn når ein skal vurdere effekten og måloppnåinga når det gjeld bustønaden:
Bustønaden skal medverke til at husstandar med alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar som har under eller lik minstepensjon + 30 pst., får kompensert for høge buutgifter i forhold til inntekta:
talet på husstandar som får tildelt bustønad
gjennomsnittleg brutto buutgift i prosent av inntekta, før og etter tildelt bustønad, for stønadsmottakarane
Bustønaden skal medverke til at andre husstandar med låge inntekter skal kunne ha eit høgre bustadkonsum enn det inntekta skulle tilseie (innanfor ramma av eit godt, høveleg og nøkternt husvære):
talet på husstandar som får tildelt bustønad, fordelt etter målgruppe
I tillegg til oppfølgingskriteria nemnde ovanfor vil ein frå 2003 rapportere ut frå desse oppfølgingskriteria:
talet på nye stønadsmottakarar
talet på stønadsmottakarar som går ut av ordninga, fordelt på årsak
talet på stønadsmottakarar som har buutgifter over buutgiftstaket
talet på stønadsmottakarar som prosentdel av talet på potensielle mottakarar med rettkomne krav på stønad
Rapport for 2002-2003
Eldre-, uføre- og etterlatnepensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 pst. fekk justert sjablonen for lys og varme med 10 pst. frå 2003. Det blei løyvt ei ekstrautbetaling som kompensasjon for auka straumutgifter til alle dei som fekk bustønad 3. termin 2002. Beløpet var på kr 2 500 per husstand. I tillegg fekk barnefamiliar o.fl. lagt til grunn sjablonen for lys og varme ved utrekning av buutgiftene for 1. termin 2003. Dette kan delvis forklare den høge utbetalinga av bustønad i 1. termin 2003, jf. tabell 3.43.
Det blei totalt utbetalt 1 756 mill. kr i bustønad i 2002. Fordelt på mottakargrupper tok gruppa eldre og uføre imot om lag 1 246 mill. kr, medan barnefamiliar o.fl. tok imot om lag 510 mill. kr. Ved hovudkøyringa for 1. termin 2003 var det totalt 108 531 husstandar som fekk tildelt bustønad. Stønadsmottakarane i 1. termin 2003 fekk lagt til grunn ei gjennomsnittleg årsinntekt på om lag kr 98 500 før skatt. Gjennomsnittleg godkjende buutgifter på årsbasis var på om lag kr 54 500. Den gjennomsnittlege buutgiftsbelastninga for mottakarar av bustønad var såleis på om lag 55 pst. av inntekta. Bustønaden har medverka til at dei gjennomsnittlege buutgiftene for mottakarane er blitt reduserte til 36 pst. av inntekta. Høge buutgifter blir definert som meir enn 25 pst. av dei totale forbruksutgiftene.
1. termin 2003 var det 108 531 mottakarar av bustønad, og av desse var det om lag 12 000 nye søkjarar som ikkje hadde motteke bustønad i 3. termin 2002.
Om lag 7500 husstandar som fekk bustønad i 3. termin 2002, fall ut av ordninga i 1. termin 2003, jf. tabell 3.40 Avslag fordelt på avslagsgrunnar i 1. termin 2003. Dei fleste som får avslag, fell ut av ordninga fordi inntekta er for høg i forhold til buutgiftene.
Tabell 3.40 Avslag fordelt på avslagsgrunnar i 1. termin 2003
Forholdet buutgifter/inntekt | 5 896 |
Bustadkravet ikkje oppfylt | 611 |
Ingen husstandsmedlemmer med rett til stønad | 610 |
Husstanden ikkje registrert i folkeregisteret per situasjonsdato | 197 |
Andre årsaker | 160 |
Avslag totalt | 7 474 |
Tabell 3.41 Del av bustønadsmottakarane som har totale buutgifter høgre enn godkjende buutgifter
Husstandstypar | ||||
---|---|---|---|---|
År | Pensjonistar med inntekt < MP + 30 pst. | Barnefamiliar o.fl. | Andre husstandar | I alt |
2001 | 16 | 10 | 39 | 23 |
2002 | 20 | 13 | 43 | 30 |
2003 | 26 | 17 | 51 | 35 |
I tabell 3.41 Del av bustønadsmottakarane som har totale buutgifter høgre enn godkjende buutgifter, er det ei oversikt over prosentdelen husstandar som har høgre totale buutgifter enn den øvre grensa for kva som blir godkjent og lagt til grunn av buutgifter ved utrekning av bustønaden. Prosentdelen aukar i perioden for alle dei tre gruppene, og auken er størst i gruppa barnefamiliar o.fl.
Kor stor del som får bustønad i forhold til talet på potensielle mottakarar, kan ikkje lesast ut frå offisiell statistikk. Husbanken har på grunnlag av Rapport 20 2002 frå SSB, "Økonomi og levekår for ulike grupper trygdemottakere, 2001", og ein rapport frå Husbanken, "Bostøtte - Fremskrivninger og strategier for innfasing av allmen ordning, 2003", rekna ut prosentdelen for dei viktigaste gruppene som kjem inn under bustønadsordninga. Tala i tabell 3.42 Overslag over bustønadsmottakarar i prosent av befolkningsgruppa er usikre overslag.
Tabell 3.42 Overslag over bustønadsmottakarar i prosent av befolkningsgruppa for dei viktigaste gruppene som kjem inn under bustønadsordninga
Befolkningsgruppe | Alle | Med låg inntekt | Bustønads- mottakarar | Prosentdel |
---|---|---|---|---|
Alderspensjonistar: | ||||
Par | 173 900 | 16 400 | ||
Einslege | 302 300 | 272 800 | ||
Sum | 476 200 | 289 200 | 47 000 | 16 pst. |
Uføre- og etterlatnepensjonistar: | ||||
Par | 167 000 | 6 000 | ||
Einslege | 144 100 | 82 900 | ||
Sum | 311 100 | 88 900 | 34 650 | 39 pst. |
Einslege forsørgjarar og barnefamiliar, sum | 110 000 | 27 500 | 22 100 | 80 pst. |
Det er ein svært låg prosentdel av alderspensjonistane som tek imot bustønad om vi ser det i forhold til talet på alderspensjonistar som har svært låg inntekt. Men svært mange av desse har låge buutgifter, og somme får ikkje bustønad fordi dei ikkje oppfyller dei krava som er sette til husværet.
Mottakarane av bustønad er ei låginntektsgruppe med relativt høge buutgifter, og effekten av ordninga er i samsvar med formålet. Gjennom bustønaden får målgruppa for ordninga større økonomiske ressursar til å betale buutgiftene enn det eigne inntekter skulle tilseie. På den måten får dei betre sjanse til å skaffe seg eller bli buande i eit høveleg og nøkternt husvære. Verknaden av dette er at mottakarane kan ha eit større bustadkonsum enn dei elles ville hatt. For husstandar som opplever ein nedgang i inntektene eller ein auke i buutgiftene, vil bustønaden fungere som eit tryggingsnett. I forhold til dei gruppene som har rett til bustønad etter dagens regelverk, er ordninga rimeleg treffsikker.
1. termin 2003 fekk totalt 108 531 husstandar tilkjent bustønad. Husstandar med kvinnelege mottakarar utgjorde 76 pst. av husstandane, og husstandar med mannlege mottakarar utgjorde 24 pst. Det var til saman 85 794 kvinner og 32 052 menn i dei husstandane som tok imot bustønad i 1. termin 2003.
Tabell 3.43 Hovudtal for utbetaling av bustønad i 1. termin i perioden 2001-20031
2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|
Talet på hushald totalt som fekk bustønad | 102 896 | 101 691 | 108 531 |
| 28 527 | 29 179 | 31 064 |
| 3 287 | 3 373 | 3 590 |
| 48 507 | 46 166 | 46 995 |
| 1 385 | 1 343 | 1 402 |
| 14 516 | 14 481 | 16 722 |
| 4 261 | 4 465 | 5 480 |
| 2 413 | 2 684 | 3 278 |
Gjennomsnittleg husstandsinntekt per månad | 7 661 | 7 895 | 8 209 |
Gjennomsnittleg buutgift per månad over buutgiftstaket | 3 795 | 4 105 | 4 539 |
Gjennomsnittleg bustønad per månad | 1 398 | 1 373 | 1 604 |
Totale buutgifter i prosent av inntekta før tildeling av bustønad | 50 | 52 | 55 |
Totale buutgifter i prosent av inntekta etter tildeling av bustønad | 31 | 35 | 36 |
Utbetalt i 1. termin totalt (mill. kr) | 575 | 559 | 675 |
1 Gjeld berre hovudkøyringa, ikkje klagebehandling, etterbetaling og overgangsordning.
I tabell 3.43 Hovudtal for utbetaling av bustønad i 1. termin i perioden 2001-2003 er det ei oversikt over samansetjinga og endringa i samansetjinga av mottakarane av bustønad. Den største relative endringa finn vi blant einslege forsørgjarar og barnefamiliar frå 2002 til 2003. Denne endringa kjem i hovudsak av ei oppmjuking av regelverket for denne gruppa: avvikling av finansieringskravet for eigarhusvære og avvikling av 40 kvm-avgrensinga for kommunale husvære i dei fire største byane.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa ønskjer å styrkje bustønadsordninga, mellom anna som ein del av tiltaksplanen for å motverke fattigdom. Regjeringa ønskjer òg ei ytterlegare målretting av ordninga for betre å nå dei som treng det. Sidan bustønadsordninga blei etablert i 1973, er ordninga blitt gradvis utvida for å innlemme fleire grupper med låg inntekt i ordninga. Regjeringa føreslår å fjerne arealkravet på 40 kvm for barnefamiliar o.fl. i kommunalt disponerte bustader. Tiltaket vil kunne gjere det lettare for kommunar å finne rimelege husvære til desse familiane, og barnefamiliar o.fl. med låg inntekt som bur i små husvære, vil no ikkje falle utanfor bustønadsordninga.
I dag blir likningsdata frå to år tilbake brukt ved behandling av søknadene. Søkjarar som har hatt stor inntektsnedgang, kan søkje om å få lagt inntekta for perioden til grunn. Mottakaren har i dag ikkje plikt til å melde frå om stor inntektsauke i høve til likningsopplysningane. Regjeringa føreslår å innføre plikt til å melde frå om inntektsauke på over 10 000 kr i året. Departementet vil arbeide vidare med å få lagt nyare inntektsgrunnlag til grunn for behandling av søknadene.
I dag er dei grensene for godkjende buutgifter som blir lagde til grunn for storbyane, låge i forhold til gjennomsnittleg buutgift desse stadane. Regjeringa føreslår derfor å heve grensene for buutgifter (buutgiftstaket) som kan leggjast til grunn, med 10 000 kr i Oslo og 5 000 kr i Bergen, Trondheim og Stavanger.
Dei andre satsane i regelverket vil bli justerte i tråd med buutgifts- og inntektsutviklinga for bustønadsmottakarane. Parametrar som kan endrast, er rimeleg buutgift, buutgiftstak, dekningsprosent og inntektsgrensene.
I samband med behandlinga av St.prp. nr. 41 (2002-2003) Om tilleggsbevilgning til dekning av utgifter knyttet til økte strømpriser for bostøttemottakere, vedtok Stortinget ein del endringar i bustønadsordninga. Stortinget vedtok å løyve ein eingongssum på 2 500 kroner til alle bustønadsmottakarane som kompensasjon for auka straumprisar, og vedtok at alle i bustønadsordninga skulle få tildelt tillegget for lys og varme for første termin i 2003. Stortinget vedtok i tillegg å auke inntektsgrensa for barnefamiliar med 30 000 kroner. Tiltaka blei gjennomførte for å kompensere bustønadsmottakarane for dei høge straumprisane vinteren 2002/2003. Straumprisane har gått kraftig ned sidan i vinter, og marknaden forventar eit lågare prisnivå vinteren 2003/2004. På bakgrunn av dette vil regjeringa reversere dei ekstraordinære tiltaka som blei vedtekne i samband med St.prp. nr. 41. Regjeringa føreslår å reversere vedtaket om å heve inntektsgrensene for barnefamiliar med 30 000 kr.
På bakgrunn av dette føreslår regjeringa ei samla løyving på 2 109 mill. kr til bustønad i 2004.
Månadleg utbetaling av bustønad
I St.prp. nr. 65 (2002-2003) orienterte regjeringa Stortinget om den planlagde innføringa av månadlege utbetalingar av bustønaden frå september 2003, og at det blei lagt opp til ei overgangsordning for å lette overgangen for kvar enkelt mottakar. Ved behandlinga av forslaget vedtok Stortinget (jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003)):
"Stortinget ber Regjeringen utsette innføring av månedlig bostøtte, og fremme forskjellige modeller for slik innføring i forbindelse med statsbudsjettet for 2004."
Regjeringa har vurdert tre modellar for innføring av månadlege utbetalingar av bustønaden, jf. boks 3.7-3.9. Budsjettkonsekvensane under dei ulike alternativa er knytte til ulike alternative framskundingar av utbetalingane i høve til i dag.
Boks 3.7 Modell 1 - Månadlege vedtak
Struktur:
Månadlege vedtak og utbetalingar. Situasjonsdato den 1. i kvar månad. Utbetaling den 30. i kvar månad.
Kostnad:
År 1: Om lag 700 mill. kr i auka bustønad. Administrative meirkostnader på om lag 3,8 mill. kr.
Årleg kostnad etter år 1: Ingen ekstra kostnader over bustønadsposten i forhold til dagens nivå. Administrative meirkostnadar på 2,6 mill. kr, som blir dekte innanfor administrasjonsbudsjettet til Husbanken.
I dag blir bustønaden utbetalt tre gonger i året: innan 10. mai, 10. september og 10. januar, i praksis ein av dei tre første yrkedagane i månaden. Ved månadlege vedtak og utbetalingar vil mottakarane til dømes få utbetaling for perioden september-desember i september, oktober, november og desember i staden for 10. januar. Tiltaket vil korte ned saksbehandlingstida i kommunane og Husbanken frå 3 månader til 1 månad. Situasjonsdato er første dag i terminen. Det er bustad- og husstandsopplysningar per denne datoen som blir lagde til grunn.
Ved månadleg utbetaling éin, to eller tre månader seinare enn opplegget skissert over, vil kostnadene på bustønadsposten vere på 525 mill. kr, 350 mill. kr og 175 mill. kr.
Det er også mogleg å ta overgangen over fleire år, slik at kostnaden til dømes vil vere på 175 mill. kr i fire år.
Administrative meirkostnader vil vere ein eingongskostnad det første året på om lag 1,2 mill. kr til informasjon og programendringar i datasystemet som følgje av overgang til månadlege utbetalingar. I tillegg vil Husbanken få ein meirkostnad på om lag 2,6 mill. kr årleg i administrasjonskostnader som følgje av fleire utbetalingar i året enn tidlegare. Ei omlegging til månadlege bustønadsvedtak med kortare saksbehandlingsfristar vil føre til meir saksbehandling i kommunane og knappare fristar. Administrasjonskostnadene og IT-utviklingskostnadene vil truleg auke.
Boks 3.8 Modell 2 - Tertiale vedtak
Struktur:
Tertiale vedtak og månadlege utbetalingar. Situasjonsdato 1. januar, 1. mai og 1. september. Første månadlege utbetaling om lag éin månad etter situasjonsdato, t.d. innan 10. februar, 10. juni og 10. oktober.
Kostnad:
År 1: Om lag 525 mill. kr i auka bustønad. Administrative meirkostnader på om lag 2,6 mill. kr.
Årleg kostnad etter år 1: Ingen ekstra kostnader over bustønadsposten i forhold til dagens nivå. Administrative meirkostnadar på 2,6 mill. kr, som blir dekte innanfor administrasjonsbudsjettet til Husbanken.
Bustønaden blir utbetalt kvar månad med første utbetaling om lag éin månad etter situasjonsdato. Tertiale vedtak, som i dag, blir lagde til grunn i denne modellen. Det vil ikkje føre til auka kostnader og meir saksbehandling for kommunane.
Ved månadleg utbetaling éin eller to månader seinare enn opplegget over, vil kostnadene på bustønadsposten vere på 350 mill. kr og 175 mill. kr. Første utbetaling vil då kome om lag to eller tre månader etter situasjonsdatoen. Det er også mogleg å ta overgangen over fleire år, slik at kostnaden for eksempel vil vere 175 mill. kr i tre år.
Boks 3.9 Modell 3 - Tertiale vedtak - ingen budsjettkonsekvensar
Struktur:
Tertiale vedtak og månadlege utbetalingar. Situasjonsdato 1. januar, 1. mai og 1. september. Første utbetaling om lag fire månader etter situasjonsdato, t.d. innan 10. mai, 10. september og 10. januar.
Kostnad:
År 1: Ingen ekstra kostnader over bustønadsposten. Administrative meirkostnader på om lag 2,6 mill. kr.
Årleg kostnad etter år 1: Ingen ekstra kostnader over bustønadsposten i forhold til dagens nivå. Administrative meirkostnadar på 2,6 mill. kr, som blir dekte innanfor administrasjonsbudsjettet til Husbanken.
Bustønaden blir utbetalt kvar månad, med første utbetaling om lag fire månader etter situasjonsdatoen. Tertiale vedtak, som i dag, blir lagde til grunn i denne modellen.
Modellen er identisk med den regjeringa gjekk inn for i revidert nasjonalbudsjett 2003.
For å redusere likviditetsproblema for bustønadsmottakarane går departementet inn for at 3/4 av terminbeløpet blir utbetalt ved den første utbetalinga, at det ikkje blir ubetaling i dei to neste månadene, og at 1/4 av terminbeløpet blir utbetalt den siste månaden, og at det deretter blir utbetalt 2/4 første månaden, 1/4 andre månaden og 1/4 tredje månaden. Etter dette får mottakarane utbetalt 1/4 kvar månad.
Regjeringa føreslår å innføre månadlege utbetalingar etter modell 3, jf. boks 3.9. Dersom Stortinget sluttar seg til denne modellen, vil det bli sendt informasjon til alle mottakarar av bustønad og til alle kommunar om dei endringane som blir gjorde.
Tabell 3.44 Oversikt over ulike modellar for månadleg utbetaling av bustønad
Modell 1 | Modell 2 | Modell 3 | |
---|---|---|---|
Struktur: | |||
Vedtak | Månadleg | Tertial | Tertial |
Situasjonsdato | Den 1. i kvar månad | Som i dag | Som i dag |
Utbetaling | Den 30. i kvar månad; utbetaling i overgangsåret kan skje 4, 3, 2 eller 1 månad tidlegare enn under dagens utbetalingsmønster. | Kvar månad; utbetaling i overgangsåret kan skje 3, 2 eller 1 månad tidlegare enn under dagens utbetalingsmønster. | Kvar månad; for perioden september-desember utbetaling i januar, februar, mars og april året etter. |
Kostnader: | |||
Kostnader år 1 - auka løyving til bustønad | 700 mill. kr (525 mill. kr 350 mill. kr 175 mill. kr) | 525 mill. kr (350 mill. kr 175 mill. kr) | Ingen |
Kostnader etter år 1 over bustønads-posten | Dersom overgangen blir teken over 4 år: 175 mill. kr i år 2, 3 og 4. | Dersom overgangen blir teken over 3 år: 175 mill. kr. i år 2 og 3. | Ingen |
Adm. kostnader for Husbanken | 3,8 mill. kr | 2,6 mill. kr | 2,6 mill. kr |
Adm. kostnader i etterfølgjande år | 2,6 mill. kr | 2,6 mill. kr | 2,6 mill. kr |
Kostnader for andre | Adm./IT-relaterte kostnader i kommunane | Ingen | Ingen |
Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Kunnskapsutvikling og -formidling | 3 700 | ||
60 | Handlingsprogram for Oslo indre aust | 51 800 | 50 000 | 50 000 |
71 | Tilskot til bustadkvalitet, kan overførast | 91 588 | 74 000 | 41 900 |
73 | Tilskot til opplysning, informasjon o.a. | 12 621 | 2 200 | 0 |
75 | Tilskot til etablering, utbetring og utleigebustader, kan overførast1 | 777 815 | 665 000 | 702 000 |
78 | Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk, kan overførast | 37 803 | 36 100 | 36 000 |
79 | Tilskot til radonførebyggjande tiltak i bustadhus, kan overførast | 4 079 | 10 400 | |
Sum kap. 581 | 975 706 | 837 700 | 833 600 |
1 I talet for 2002 er det medrekna ei tilleggsløyving på 75 mill. kr som var eit øyremerkt tilskot til flyktningar.
For omtale av budsjetteringssystemet for kap. 581, post 71 og post 75, og kap. 586, post 60 sjå boks 3.6 s. 177 i St.prp. nr. 1 (2001-2002) frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling
Posten er ny i 2004. Denne posten blir føreslått i staden for kap. 581, post 73 og er budsjetteknisk meir tenleg for formålet.
Mål
Midlane vil bli nytta i departementet til forsking, utgreiingar og spreiing av kunnskap som er vesentleg for å utvikle bustad- og bygningspolitikken vidare, og for å auke kunnskapen blant dei sentrale aktørane i sektoren.
Budsjett for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 3,7 mill. kr i 2004. Det vil bli lagt vekt på oppfølging av stortingsmeldinga om bustadpolitikken, som skal leggjast fram i 2003, både når det gjeld informasjon om framlegg i meldinga, og når det gjeld utgreiingar i samband med vidare utvikling som blir omtalt i meldinga. Oppfølging av samarbeidet med bransjen om byggjekostnader, endringane i bygningslova av 1.7.2003 og delutgreiinga som kjem frå Bygningslovutvalet, vil også vere prioriterte oppgåver.
Aktuelle prosjekt er mellom anna:
ulike informasjonstiltak
vidare utvikling av bustad- og byggjestatistikk i Statistisk Sentralbyrå, mellom anna om leigeprisar
innhenting av kunnskap, utgreiingar og spreiing av informasjon i samband med partnarsamarbeid med BAE-næringa om byggjekostnader
utvikling av miljøindikatorar for bustad- og byggjesektoren
utgreiingar som grunnlag for revisjon av departementet sin miljøhandlingsplan, og informasjonstiltak i samband med ny plan
Post 60 Handlingsprogram for Oslo indre aust
Regjeringa samarbeider med Oslo kommune om Handlingsprogram for Oslo indre aust (bydelane Grünerløkka-Sofienberg, Sagene-Torshov og Gamle Oslo). Handlingsprogrammet byggjer på ei samarbeidsplattform frå 1997. Plattforma trekkjer opp ein brei strategi når det gjeld tiltak mot dårlege levekår (forbetring av oppvekstvilkår, skole og språkopplæring, tiltak mot sosiale problem og arbeidsløyse, forbetring av bymiljø og buforhold). Dei tre bydelane har hatt og har mange innbyggjarar med dårlege levekår, slik det mellom anna kjem til uttrykk i målingar med SSB sin levekårsindeks. Ulikskap i levekår i storbyane (og forholda i Oslo indre aust spesielt) er drøfta i St.meld. nr. 31 (2002-2003) Storbymeldingen. Programmet har hatt ei årleg ramme på 100 mill. kr (103,4 mill. kr i 2001), og departementet har løyvt halvparten som tilskot til Oslo kommune. Tiltak for å nå måla i handlingsprogrammet blir sette ut i livet gjennom prosjekt som kommunen (tre bydelar, skoleetaten o.fl.) står for. Kommunal- og regionalministeren har årlege kontaktmøte med byrådet om hovudlinjer, strategi og evaluering av handlingsprogrammet. Sektoren skole og oppvekst har hatt særleg høg prioritet i dei årlege handlingsprogramma. Saman med representantar frå ulike kommunale instansar er Kommunal- og regionaldepartementet og andre departement (Miljøverndepartementet, Barne- og familiedepartementet, Sosialdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet) representerte i ei styringsgruppe for handlingsprogrammet. Styringsgruppa har ansvar for å følgje opp kontaktmøta, mål og resultat. Det er frå 2003 formulert nye hovudmål og utarbeidd nye rutinar for rekneskaps- og resultatrapportering, og det er laga ein plan for langsiktig evaluering. Det er også utvikla eit system for informasjon om handlingsprogrammet på Internett som supplerer den ordinære resultatrapporteringa (sjå www.oslo.kommune.no/indreoslo/). Handlingsplanen har no desse hovudmåla:
Oppvekstforholda i Oslo indre aust skal betrast.
Buforholda i Oslo indre aust skal betrast.
Risikofaktorar for sjukdom skal reduserast, og tilbodet til busette med psykiske problem og problem med rusbruk styrkjast.
Tilbodet til personar som er i ein særleg vanskeleg situasjon på arbeidsmarknaden skal betrast.
Felles byrom, fellesareal og bymiljøet skal rustast opp og gjerast tryggare, og miljøvennleg transport og lokal aktivitet skal stimulerast.
Programmet går no inn i dei siste åra av satsingsperioden, og det er vedteke å vidareføre hovudprioriteringane, sikre god avvikling av prosjekt og leggje auka vekt på investeringar i dei siste åra.
Rapport for 2002-2003
Prosjektkatalogen for handlingsprogrammet viser at det var aktivitet i 201 prosjekt i 2002.
Nokre døme på aktivitetar:
Tiltaka i grunnskolen omfattar mellom anna fagleg styrking og pedagogisk bruk av IKT, auka bemanning og reduksjon i betalinga for opphald i skolefritidsordninga. Fleire av skolane har arbeidd med å styrkje biblioteket som læringsarena og møteplass for foreldre og aktørar/grupper i nærmiljøet. I dei vidaregåande skolane har ein vidareført ei rad tiltak for å forbetre læringsmiljøet. Fleire av tiltaka for å betre oppvekstforholda for barn er retta inn mot framandspråklege barn og foreldra deira. Mellom anna har mødrer som tek norskopplæring, fått tilbod om gratis tilsyn med barna medan undervisninga går føre seg.
Bydelen Grünerløkka-Sofienberg har drive aktiv buoppfølging av sosialklientar og redusert bruken av hospits/døgnovernattingsinstitusjonar til ein firedel frå 2001 til 2002.
Trikkestallen på Torshov er no ombygd og teken i bruk som kulturbygg og aktivitetshus for ungdomstiltak, i eit samarbeid mellom bydelen, dokketeateret til Oslo nye Teater og det kommunale eigedomselskapet Kontorbedriften Oslo KF. Handlingsprogrammet har dermed skaffa lokale til lokale kulturhus i alle dei tre bydelane (Trikkestallen, Kulturkirken Jacob og Grønland kulturstasjon med Internasjonalt kultursenter og museum).
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om å føre vidare samarbeidet og prinsippa for handlingsprogrammet i 2004 med ei løyving på 50 mill. kr.
Tabell 3.45 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for Handlingsprogram for Oslo indre aust
Resultat 2002 | ||
---|---|---|
Resultatmål og kriterium for oppfølging | Talet på prosjekt | Mill. kr |
Overordna målsetjing: Betre levekåra i bydelane Sagene-Torshov, Grünerløkka-Sofienberg og Gamle Oslo | ||
Mål 1: Å betre oppvekstforholda i Oslo indre aust | ||
Prosjekt som har fått tilskot | 1521 | 50,8 |
Mål 2: Å betre buforholda i Oslo indre aust | ||
Prosjekt som har fått tilskot | 11 | 12,4 |
Mål 3: Å redusere risikofaktorar for sjukdom og styrkje tilbodet til busette personar med psykiske problem og problem med rusbruk | ||
Prosjekt som har fått tilskot | 14 | 11,4 |
Mål 4: Å betre tilbodet til personar med ein særleg vanskeleg situasjon på arbeidsmarknaden | ||
Prosjekt som har fått tilskot | 7 | 10,8 |
Mål 5: Å ruste opp og gjere tryggare felles byrom, fellesareal og bymiljøet, og stimulere til miljøvennleg transport og lokal aktivitet | ||
Prosjekt som har fått tilskot | 17 | 40,12 |
Administrasjon og forsking | 1,9 | |
Koordinering og informasjon | 0,7 | |
Sum | 201 | 128,1 |
1 Inkluderer alle prosjekt i skolen
2 Inkluderer tidlegare avsette midlar til "Trikkestallen", som er ført under dette målet
Post 71 Tilskot til bustadkvalitet, kan overførast
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å nå målet om gode bustader og eit godt bumiljø. Ordninga skal stimulere til god utforming av omgivnadene og god byggjeskikk, gode buforhold og levekår, berekraftig ressursbruk og tilgjenge for alle i bygningar og bumiljø.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gitt til tiltak i både nye og eksisterande buområde i byar og tettstader. Husbanken skal prioritere tilskot der ein så tidleg som mogleg kan påverke planar og prosjekt. Tilgjenge for alle og berekraftig ressursbruk er kvalitetar som i særleg grad skal fremmast gjennom tiltaka. Tilskot til å gjennomføre ordinære utbyggingsprosjekt skal berre givast når formålet er å oppnå betre tilgjenge. Tiltak i område med opphoping av levekårsproblem skal prioriterast, primært gjennom tilskot til byfornyingstiltak. Tilskot til byfornyingstiltak kan bli gitt til Oslo, Bergen og Trondheim kommune.
Kontroll og oppfølging
Sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Rapport for 2002-2003
I 2002 blei det gitt tilsegner for om lag 37 mill. kr på området fornying og fortetting, og dette var 11,5 mill. kr mindre enn året før. Desse tilskota er i første rekkje retta mot bymessige område, og dei kan brukast til ulike fornyingstiltak.
Vidare blei det gitt 19 mill. kr i tilskot på området helse, miljø og tryggleik. Dette var 2 mill. kr mindre enn i 2001. Tilskotet er blant anna gitt til tiltak som skal medverke til å redusere energibruken i husvære og redusere problem med dårleg innemiljø som kan framkalle helseplager.
I 2002 blei det brukt 10 mill. kr til tiltak knytte til livsløpsstandard og betre tilgjenge, om lag det same som i 2001.
Bustadhus og bustadområde som er særskilt godt utforma, kan få tilskot for god byggjeskikk. I alt 7,5 mill. kr blei gitt som tilskot til dette formålet i 2002.
I 2002 blei det gitt tilskot til områdetiltak på til saman 9,6 mill. kr, fordelt på 36 prosjekt. Fleire prosjekt gjaldt (tett)stadutvikling, men det var òg prosjekt knytte til miljø og energi, friluftsområde i nærmiljøet, byggjeskikk og estetikk som fekk tilskot.
Tilskot frå Husbanken til tilstandsvurdering av burettslag og sameige skal medverke til at store utbetringsarbeid blir utførte i tide, og at bustad- og bumiljøtiltak også blir baserte på ei samla vurdering av økonomi, miljø og teknisk tilstand. Tilskota blir gitt til burettslag og sameige med fleire enn 10 bueiningar. Tilskota går til vurdering av bygningar og fellesanlegg, og ordninga gjeld for heile landet. I 2002 blei drygt 6 mill. kr brukt til dette formålet, mot 7,5 mill. kr i 2001.
I tabell 3.46 er det lista opp kva resultatmål og oppfølgingskriterium som er lagde til grunn for vurdering av effekten og måloppnåinga når det gjeld tilskot til bustadkvalitet i 2001-2002 og i første halvår 2003.
Tabell 3.46 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat når det gjeld tilskot til bustadkvalitet
Resultat | |||
---|---|---|---|
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
Samla tilskot til bustadkvalitet og byfornying, talet på husvære med tilskot | 22 874 | 17 437 | 10 033 |
Stimulere til gode, rimelege og heilskaplege løysingar ved fornyings- og fortettingsprosjekt i byar og tettbygde strøk: | |||
Talet på prosjekt som har fått tilskot til fornying/fortetting | 52 | 9 | - |
Talet på husvære som har fått tilskot til fornying/fortetting | 1 196 | 436 | - |
Talet på prosjekt som har fått tilskot til byfornying | 13 | 4 | - |
Talet på prosjekt med godkjent tilskot til områdeutvikling | 36 | 22 | |
Stimulere til god kvalitet i husvære og buområde: | |||
Talet på prosjekt som har fått tilskot for godt tilgjenge | 68 | 54 | 2 |
Talet på husvære som har fått tilskot for godt tilgjenge | 981 | 989 | 8 |
Talet på prosjekt som har fått tilskot for god byggjeskikk | 31 | 27 | 2 |
Talet på husvære som har fått tilskot for god byggjeskikk | 571 | 745 | 15 |
Talet på prosjekt som har fått tilskot for å fremme helse, miljø og tryggleik | 740 | 521 | 25 |
Talet på husvære som har fått tilskot for å fremme helse, miljø og tryggleik | 2 075 | 1 869 | 32 |
Stimulere til god tilstandsvurdering av bustadbygg og bumiljø: | |||
Talet på prosjekt som har fått tilskot til tilstandsvurdering | 205 | 146 | 99 |
Talet på husvære som er omfatta av tilskot gitt til tilstandsvurdering | 18 502 | 13 398 | 9 978 |
Totalt blei det gitt tilsegner om tilskot for snautt 88 mill. kr i 2002, og dette var 2,7 mill. kr meir enn året før. Det blei gitt snautt 82 mill. kr til bustadkvalitet og drygt 6 mill. kr til tilstandsvurdering. I første halvår 2003 er det gitt tilsegner for 8,4 mill. kr til desse formåla.
Våren 2003 blei det fastsett ny forskrift for tilskotsordninga. Tilskota skal rettast meir mot støtte til medverknad i tidlege fasar av planlegginga, i staden for direkte støtte til utbygging. I dei tidlege fasane blir viktige premissar for sluttresultatet lagde, og ein reknar med at høvet til å formidle kunnskap og til å påverke prosjekta er størst i desse fasane. Fokus skal dessutan vere på dei prosjekta der ein oppnår mest, og ein har derfor gått bort frå ordninga med automatisk tilskot til utbygging av bustader med visse kvalitetar.
I 2002 blei det gjennomført ei utprøving av tilskot til områdeutvikling. Gjennom slike tilskot blir planleggingsfasen sett i fokus, og ulike kvalitetar kan bli sedde i samanheng i tidlege fasar. Utprøvinga har gitt interessante erfaringar og har medverka til at ein har fått lagt forholda til rette for gode samarbeidsprosessar mellom kommunar og utbyggjarar. Ei vidare satsing på tilskot for å stimulere til områdeutvikling, inkludert tilstandsvurdering, er derfor prioritert i 2003.
Det har også vore avvikla fleire konkurransar der gode og rimelege husvære, mellom anna til ungdom, har vore eit tema. Konkurransane har ført til fleire prosjekt med nye bustadtypar til akseptable kostnader.
På bakgrunn av omlegginga vil resultata for 2002 og 2003 ikkje kunne samanliknast med resultata frå tidlegare år. I 2003 vil også ein del midlar bli brukte til formål knytte til den tidlegare ordninga, på bakgrunn av prosjekt godkjende i 2002. Det tek tid å etablere nye ordningar, så resultatet av omlegginga vil først bli synleg i andre halvår 2003.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei tilsegnsramme på 21,4 mill. kr. Regjeringa føreslår ei løyving på 41,9 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på 20,1 mill. kr.
Post 73 Tilskot til opplysning, informasjon o.a.
Mål
Formålet med ordninga er å auke kunnskapen om dei ulike verkemidla som finst i bustad- og byggjesektoren, gi betre innsikt i bustad- og bygningspolitiske problemstillingar og medverke til å gi aktørane i sektoren eit betre grunnlag for å ta avgjerdar.
Tildelingskriterium
Tilskot kan nyttast til informasjonstiltak om dei politiske måla, innsatsområda og verkemidla. Mottakarane av tilskot kan vere offentlege og private aktørar i bustad- og byggjesektoren og forskings- og utgreiingsmiljø. Tilskotsordninga blir forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet.
Rapport for 2002-2003
I 2002 fekk 23 prosjekt støtte over post 73. Størstedelen av løyvinga blei nytta til avslutninga av ØkoBygg-programmet, som er byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa sitt program for ei meir berekraftig utvikling, og til ByggSøk, som går ut på å utvikle standardar for elektronisk kommunikasjon og elektronisk behandling av plansaker og byggjesøknader. I 2003 blei heile løyvinga på posten nytta til ByggSøk-prosjektet, som gjekk over i driftsfasen 1. juli 2003.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om å avvikle budsjettposten frå 2004. Nokre av formåla for tilskotsordninga blir førte vidare under den nyoppretta budsjettposten Kunnskapsutvikling og -formidling, jf. kap 581, post 21.
Post 75 Tilskot til etablering, utbetring og utleigebustader, kan overførast
Mål
Tilskot til etablering, utbetring og utleigebustader skal medverke til at grupper med svak økonomi skal kunne disponere nøkterne og høvelege husvære. Regjeringa ønskjer å styrkje desse tilskota i 2004, mellom anna som ein del av regjeringa sin plan for å motverke fattigdom.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til enkeltpersonar for etablering i eige husvære, til utbetring av husvære og til utleigebustader. Tilskot til etablering og utbetring (personretta tilskot) blir formidla av kommunane og gitt etter streng behovsprøving, der det er den samla situasjonen og økonomien til husstanden som blir lagd til grunn. Tilskot til utleigebustader (bustadretta tilskot) blir tildelt av Husbanken til kommunar, stiftelsar og liknande som etablerer utleigebustader for den same målgruppa. Husbanken gir også tilskot til prosjektering av bustader for husstandar med spesielle bustadbehov, særleg funksjonshemma og eldre.
Kontroll og oppfølging
Vedtak i kommunane om tilskot eller avslag på søknader om tilskot til etablering skal rapporterast jamleg og elektronisk til Husbanken. Når det gjeld tilskot til utbetring, skal det rapporterast éin gong i året.
Rapport for 2002-2003
I 2002 var tilsegnsramma for tilskota på 732 mill. kr, medrekna ei tilleggsløyving på 75 mill. kr, som var eit øyremerkt tilskot til flyktningar. Av dette blei 303 mill. kr fordelt til kommunane for vidare tildeling. Av overføringane til kommunane gjaldt 207 mill. kr tilskot til etablering og 96 mill. kr tilskot til utbetring av husvære. Husbanken beheldt 429 mill. kr sjølv til utleigebustader og til tilskot til prosjektering.
Personretta tilskot til etablering blei gitt til 1168 husstandar, dvs. 25 pst. færre enn i 2001 (jf. tabell 3.47). Det var særleg gruppene ungdom og funksjonshemma som fekk færre tilsegner. Talet på tilsegner til desse gruppene gjekk ned med mellom 40 og 45 pst. I hovudsak har dette samanheng med at kommunane gav 20 pst. færre tilskot enn året før. Den samla ramma til kommunane var nominelt uendra frå 2001 til 2002, men tilskota som blei gitt, var høgre. I ein rapport som evaluerer tiltaka sette i verk av Husbanken for å syte for husvære til funksjonshemma (Nordlandsforsking - rapport nr. 19:2002), er det vurdert kva nytteverdi tilskota har hatt, og kva endringar dei har ført til. For mange funksjonshemma er det blitt forbetringar på ei rad område. Det som ser ut til å vere mest positivt, er at mange opplever å ha eit "fullverdig husvære". At ein er betre i stand til å greie seg sjølv, blir òg trekt fram. På den andre sida viser rapporten at ein del funksjonshemma meiner at den økonomiske situasjonen har forverra seg.
Tabell 3.47 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for personretta tilskot til etablering
Resultat | ||
---|---|---|
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2001 | 2002 |
Medverke til at vanskelegstilte utan økonomiske midlar kan etablere seg i eige husvære1 | ||
Talet på innvilga tilskot til etablering, fordelt etter brukargrupper: | ||
Totalt | 1 550 | 1 168 |
Ungdom | 403 | 225 |
Flyktningar | 28 | 35 |
Sosialt vanskelegstilte | 760 | 650 |
Psykisk utviklingshemma | 13 | 14 |
Personar med psykiske lidingar | 84 | 80 |
Funksjonshemma | 238 | 147 |
Bustadlause | 0 | 13 |
Eldre | 24 | 4 |
1 Tal for 1. halvår 2003 er ikkje tekne med. Årsaka er at kommunane får tilskotsmidlar til vidaretildeling eit godt stykke ut i 1. halvår. Mesteparten av aktiviteten går derfor føre seg i 2. halvår. Tala for 1. halvår gir dermed ikkje noko grunnlag for å lage prognose for heile året.
Bustadretta tilskot blei i 2002 gitt til 25 pst. fleire utleigebustader enn i året før (jf. tabell 3.48). Kommunane viste auka interesse for å kjøpe og byggje kommunale utleigehusvære. I tråd med dei prioriteringane som gjeld for det bustadretta tilskotet, går no tilskotsmidlane i hovudsak til husvære for flyktningar, sosialt vanskelegstilte og bustadlause. Talet på husvære for flyktningar som fikk tilsegn, blei fordobla frå 2001 til 2002.
Tabell 3.48 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for bustadretta tilskot, kap. 581, post 75
Resultat | |||
---|---|---|---|
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
Auke talet på utleigehusvære med lågt utgiftsnivå | |||
Talet på utleigehusvære som er omfatta av innvilga tilskot, fordelt etter brukargruppe: | |||
Totalt | 1 045 | 1 302 | 577 |
Ungdom | 233 | 35 | 18 |
Flyktningar | 277 | 530 | 177 |
Sosialt vanskelegstilte | 398 | 453 | 232 |
Psykisk utviklingshemma | 26 | 28 | 26 |
Personar med psykiske lidingar | 42 | 16 | 19 |
Funksjonshemma | 57 | 39 | 10 |
Eldre | 0 | 3 | - |
Bustadlause | 7 | 198 | 95 |
Andre | 5 | 0 | - |
Personretta tilskot til utbetring av husvære skal medverke til at eldre og funksjonshemma kan få eit husvære som er tilpassa rørslevanskar og andre funksjonshemmingar. Kommunane fekk tildelt 5 mill. kr mindre til dette formålet frå Husbanken i 2002 enn året før. Totalt gav kommunane tilskot til godt og vel 4500 husstandar i 2002, mot omlag 5200 husstandar i 2001. Gjennomsnittleg tilskotsbeløp, som i 2002 utgjorde kr 18 250, var noko høgre enn året før (kr 15 800). Kommunane har i nokon grad prioritert funksjonshemma og andre vanskelegstilte føre gruppa eldre. Nordlandsforsking si evaluering av Husbanken sine tiltak for funksjonshemma (NF-rapport nr. 19:2002) konkluderer mellom anna med at tilskot har vore heilt nødvendig for dei fleste for å få realisert eit utbetrings-/tilpassingsprosjekt. Det har særleg vore prosjekt knytte til bad, dusj og toalett som har fått tilskot.
367 husstandar fekk tilskot frå Husbanken til prosjektering i 2002, om lag like mange som i 2001. Om lag 80 pst. av tilskota blei både i 2001 og i 2002 gitt til prosjektering av utbetring av husvære.
Kommunane kan setje av midlar frå dei personretta tilskotsmidlane dei får tildelt, til å dekkje tap på etableringslån som er gitt etter 1996 og på startlån. Det blei sett av drygt 50 mill. kr til dette i 2002, og fonda utgjorde i overkant av 235 mill. kr ved utgangen av året. Dei bokførte tapa var på 6,8 mill. kr i 2002, mot 4,2 mill. kr i 2001. Kommunar som har opparbeidd seg store fond, blir oppfordra av Husbanken til å nytte ein del av fondet til tildeling av bustadtilskot.
For 2003 er tilsegnsramma for bustadtilskot på 670 mill. kr. Av dette har Husbanken sett av om lag 349 mill. kr til kommunal vidaretildeling, medan Husbanken beheld om lag 321 mill. kr. Talet på husstandar som har fått tilsegn om tilskot til etablering, gjekk ned i 1. halvår 2003 samanlikna med 1. halvår 2002. Det same gjeld for tilskot til utleigebustader. Årsaka er ein lågare søknadsinngang i 1. halvår 2003 enn i 1. halvår 2002.
Talet på tilskot til utbetring i 1. halvår 2003 ligg enno ikkje føre, ettersom kommunane berre rapporterer éin gong i året.
I januar 2003 blei forskrifta for bustadtilskotet endra slik at bindingstida for tilskot til utleigebustader blei auka frå 10 til 20 år.
Budsjettforslag for 2004
Bustadtilskot er ei viktig ordning for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden og stimulere det bustadsosiale engasjementet i kommunane. For å følje opp regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom blir det føreslått ein auke av tilsegnsramma for bustadtilskotet på 42,7 mill. kr til 712,7 mill. kr.
Innanfor tilsegnsramma vil bustadprosjekt for bustadlause, flyktningar og andre særleg vanskelegstilte bli prioriterte. Også utleigehusvære med tilknytte tenester som blir etablerte som oppfølging av bustadsosiale handlingsplanar i kommunane, vil bli prioriterte.
Til dekning av tilsegner gitt i 2002, 2003 og 2004 blir det føreslått ei løyving på 702 mill. kr. I tillegg blir det føreslått ei tilsegnsfullmakt på 211 mill. kr.
Post 78 Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk, kan overførast
Mål
Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk skal medverke til at måla om gode husvære, god byggjeskikk og eit godt bumiljø blir nådde. Tilskotet skal stimulere til utvikling av kommunal bustadpolitikk og lokale bustadsosiale handlingsplanar for etablering. Tilskotet skal medverke til at kunnskap om universell utforming blir spreidd, stimulere til at det blir teke miljøomsyn i bustad- og byggjesektoren, og stimulere til samarbeid mellom ulike sektorar og nivå med sikte på å jamne ut skilnader i levekår. Tilskotet skal også medverke til auka kunnskap om kva eit godt bumiljø, god bukvalitet og god byggjeskikk inneber.
Tildelingskriterium
Tilskotet skal gå til tiltak som gir auka kompetanse, større kunnskap og eit betre plangrunnlag for arbeidet med bustadspørsmål, spesielt retta mot det ansvaret kommunane har for vanskelegstilte grupper. Tiltak for å utvikle kommunale strategiar og lokale handlingsplanar for etablering av husvære blir prioriterte. Tilskot til utvikling av god byggjeskikk og til utviklingsarbeid for ein miljøvennleg byggjesektor er også høgt prioriterte. Vidare skal utvikling og spreiing av kompetanse og kunnskap om forhold på bustad- og byggjemarknaden stimulerast. Tilskotet skal i tillegg gå til å støtte organisasjonar som arbeider for å sikre funksjonshemma gode buforhold.
Kontroll og oppfølging
Sjå omtale i St.prp. nr 1 (2002-2003).
Resultatrapport for 2002-2003
Avgrensa midlar og stor etterspørsel gjer det nødvendig å utarbeide kriterium for prioritering ved tildeling av tilskot. Husbanken legg vekt på nyutvikling av kunnskap med stor overføringsverdi på bustadmarknaden, på ein heilskapleg innfallsvinkel som kjem til syne i mål og organisering, og på god formidlingsstrategi. Husbanken har også lagt vekt på eigeninnsatsen til søkjarane, og har prioritert samarbeidsprosjekt.
Totalt blei det i 2002 gitt 31 mill. kr i tilskot til 137 ulike prosjekt, mot 29 mill. kr til 144 prosjekt i 2001. Det blei i 2002 gitt tilskot til 67 prosjekt (76 prosjekt i 2001) innanfor innsatsområdet "kommunal bustadpolitikk og bustadplanlegging". Å få utvikla bustadsosiale handlingsplanar er framleis eit prioritert innsatsområde. I alt hadde 169 kommunar påbegynt arbeidet med bustadsosiale handlingsplanar per 31.12.2002. Av desse hadde 86 kommunar ferdig utarbeidde planar.
I 2002 blei det gitt tilskot til 34 prosjekt (37 prosjekt i 2001) innanfor innsatsområdet "utvikling av kunnskap og kompetanse knytt til bustad- og bumiljøspørsmål". Husbanken har vore med på å støtte ei rad prosjekt som rettar søkjelyset på utviklingsarbeid for å skape ein miljøvennleg bustad- og byggjesektor, på utvikling av kunnskap om god bukvalitet og byggjeskikk, og på utvikling av kunnskap om god tilkomst for alle. Dette gjeld mellom anna større prosjekt som "Klima 2000 - klimatilpassing av bygningskonstruksjonar" og "Urbane bustadkulturar - i lys av ressursbruk og miljøåtferd", som har som mål å få til ei innsparing i energi- og arealbruk i urbane buformer.
I 2002 blei det gitt tilskot til 36 prosjekt (31 prosjekt i 2001) innanfor innsatsområdet "informasjons- og formidlingsarbeid". Organisasjonane til dei funksjonshemma har på lik linje med det som har vore tilfellet i tidlegare år, fått tilskot til informasjon og rådgiving om bustadspørsmål. Organisasjonane har vore aktivt med på innsatsen retta mot utdanningsinstitusjonane, og har gitt ut informasjonsbrosjyrar retta mot medlemmene. Eit døme er prosjektet "Bruksanvisning og dokumentasjon", der målet er å etablere ei felles bransjenorm for dokumentasjon og bruksrettleiing for nye husvære.
"Bostedsløshetsprosjektet" (2001-2004), som Sosialdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har initiert, er administrativt knytt til Husbanken. Prosjektet skal utvikle buløysingar og tenester for bustadlause. Det blei i 2001 etablert eit nasjonalt prosjekt og kommuneprosjekt i dei fem største byane. Kommunane Tromsø og Drammen og organisasjonane Kirkens Bymisjon, Kirkens Sosialtjeneste og Frelsesarmeen er seinare blitt med i prosjektet. 27 ulike tiltak er planlagde eller sette i gang i dei ulike byane. Frå Sosialdepartementet er det for 2003 løyvt 10,5 mill. kr over kap. 621, post 63 til utvikling av modellar og metodar i kommunane. Kostnadene til lokal og nasjonal prosjektleiing blir dekte av Husbanken over denne posten. I tillegg blir dei finansieringsordningane Husbanken har for etablering av butilbod, nytta.
Tabell 3.49 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for kap. 581, post 78
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
2002 | 1. halvår 2003 | |||
Resultatmål og oppfølgingskriterium | Prosjekt | Beløp | Prosjekt | Beløp |
Medverke til å utvikle kommunale strategiar og lokale handlingsplanar for etablering av husvære | ||||
Talet på prosjekt og beløp gitt i tilskot | 67 | 15 926 | 33 | 8 096 |
Medverke til å utvikle kunnskap/kompetanse knytt til bustad- og bumiljøspørsmål | ||||
Talet på prosjekt og beløp gitt i tilskot | 34 | 6 465 | 13 | 2 597 |
Medverke til spreiing av informasjon og formidling av kunnskap og kompetanse | ||||
Talet på prosjekt og beløp gitt i tilskot | 36 | 8 608 | 18 | 6 773 |
Totalt | 137 | 30 999 | 64 | 17 466 |
Søkjartype: | ||||
Kommunar | 60 | 6 956 | 32 | 7 423 |
Bustadsamvirket | 7 | 2 840 | 2 | 450 |
Forskingsinstitusjonar | 15 | 3 456 | 10 | 2 782 |
Universitet og høgskular | 5 | 565 | 0 | 0 |
Organisasjonar | 20 | 6 385 | 11 | 5 840 |
Andre | 30 | 10 797 | 9 | 971 |
Arbeidet med å systematisere erfaringane i dei deltakande kommunane blei intensivert i 2002 og våren 2003. Ein førebels presentasjon av desse resultata vil bli lagd fram i Bustadmeldinga, som regjeringa legg fram hausten 2003.
I St.meld. nr. 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom blei det sett fokus på oppfølgingstenester i husvære. Prosjektkommunane blei inviterte til å søkje om midlar til oppfølgingstenester. 19 mill. kr blei løyvt til dette formålet. Oslo kommune fekk også tildelt 5 mill. kr til oppfølging av tiltak i handlingsplanen "Alternativer til de åpne rusmiljøene i Oslo sentrum". Desse midlane blir administrerte av Sosial- og helsedirektoratet.
Kommunal- og regionaldepartementet har også i samarbeid med Sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet utarbeidd eit rundskriv om bustadsosialt arbeid (U-10/2002). Formålet med rundskrivet er å styrkje samarbeidet lokalt, slik at talet på utkastingar går ned og utkastingar blir førebygde, og slik at den generelle busituasjonen til vanskelegstilte blir betra. "Bostedsløshetsprosjektet" går ut i 2004, men i den varsla bustadmeldinga vil regjeringa kome tilbake til korleis ein skal hjelpe bustadlause.
Boks 3.10 Tiltak i "Prosjekt Bostedsløse"
I dei sju prosjektkommunane har kommunane og dei frivillige organisasjonane etablert, eller er i ferd med å etablere, 27 ulike tiltak. Tiltaka har eit breitt og varierande innhald. Enkelte av tiltaka er konkrete bustadprosjekt, medan andre tiltak omfattar utvikling av system for bustad- og oppfølgingstenester for ulike grupper blant bustadlause. Vi kan mellom anna trekkje fram bydel St.Hanshaugen-Ullevål i Oslo kommune. Her prøver ein ut ei heilskapleg tiltakskjede for bustadlause i bydelen. Tiltakskjeda er bygd opp av ei bueining for utgreiing (Fredensborgveien bosenter), hybelhus med bemanning, to kollektiv med tettare oppfølging og ordinære kommunale og private utleigehusvære. Tilrettelegging av butilbodet skjer ut frå behov hos den enkelte og ut frå kva han/ho er i stand til å greie. Utfordringa for bydelen er å disponere tilstrekkeleg med ordinære husvære, slik at det blir flyt i kjeda. Bydelen melder at dei ikkje lenger nyttar hospits i det bustadsosiale arbeidet.
Drammen kommune har starta opp eit ambulerande buoppfølgingsteam. Teamet, med fem fagpersonar, skal følgje opp 50 husstandar i dei ordinære kommunale utleigehusværa. Kommunen melder at dei har behov for fleire ordinære husvære integrerte i bustadmassen. Kommunen er i ferd med å utarbeide ein bustadsosial handlingsplan og vil her greie ut behovet for utleigehusvære.
Dei fleste tiltaka, med unntak av tiltaka i Oslo, rettar seg mot rusmiddelmisbrukarar som er utan husvære, eller som er i ferd med å misse husværet sitt. Personar med psykiske lidingar er også ei målgruppe i enkelte av tiltaka. Oslo kommune har oppretta eigne tiltak retta mot husstandar med minoritetsbakgrunn. Formålet er å hindre at dei hamnar på hospits. Eitt av tiltaka er retta mot bustadlaus minoritetsungdom, og det andre gjeld store barnefamiliar med minoritetsbakgrunn.
Eit par av kommunane har sett fokus på spesifikke behov blant kvinner som er bustadlause. Stavanger kommune har oppretta eit tiltak for kvinner som er bustadlause, "Kvinnebo". Tiltaket er oppretta i samarbeid med Kirkens Bymisjon. Kvinner er meir utsette for valdsbruk enn menn, og treng ofte eit eige opplegg for oppfølging.
Tiltaka er kjenneteikna ved at det er utstrekt kontakt mellom ulike delar av tenesteapparatet for å drifte og følgje opp tiltaka. Ei mengd organisasjonar er trekte med som samarbeidspartnarar i tiltaka.
Budsjettforslag for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 36 mill. kr i 2004. Det er ikkje lagt opp til endra hovudprofil når det gjeld bruken av midlane.
Tilskot skal som før særleg bli gitt til prosjekt der formålet er å få fram ny og formidle eksisterande kunnskap som er relevant for aktørane på bustad- og byggjemarknaden. Fullføring av "Bostedsløshetsprosjektet" blir prioritert. I bustadmeldinga skal det leggjast fram ein nasjonal strategi for å førebyggje og hindre at menneske blir bustadlause.
Post 79 Tilskot til radonførebyggjande tiltak i bustadhus
Mål
Tilskotet skal stimulere til tiltak for å redusere radonnivået i eksisterande husvære, jf. oppfølginga av Nasjonal kreftplan.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til bygningstekniske tiltak når det er påvist ein radonkonsentrasjon i innelufta i husværet høgre enn 200Bq/m3. Tilskotet kan givast til enkeltpersonar, burettslag, selskap, stiftelsar og liknande, jf. St.prp. nr. 161 (1997-1998) Nasjonal kreftplan og Innst. S. nr. 226 (1997-1998).
Rapport for 2002-2003
Interessa for ordninga var i 2002 klart større enn året før, og har auka i 2003 etter ein kampanje gjennomført av Husbanken og Statens Strålevern våren 2003. Det blei gitt tilskot for drygt 4 mill. kr til 246 husvære i 2002, og for 2003 er det per 1. september registrert søknader for 251 tiltak på til saman 7,5 mill. kr. I tillegg er det løyvt 2,5 mill. kr til Statens strålevern til å måle radonnivået i om lag 10 000 husvære i 50 kommunar, og 0,1 mill. kr til ei spørjeundersøking om mellom anna kjennskapen til ordninga. Undersøkinga viste at ordninga var lite kjend, og dei som kjende til ho, syntest det blei for dyrt å gjennomføre tiltaka. Det har også vore vanskeleg å få fatt i personar/firma som kan stå for prosjekteringsarbeid. Husbanken endra derfor retningslinjene for tilskotsordninga frå midten av 2002. Tiltaksgrensa blei sett ned til det halve og tilskotsutmålinga auka til 75 pst., og det øvre tilskotsbeløpet blei heva til det doble (kr 40 000).
Tabell 3.50 Resultatmål og oppfølgingskriterium for kap. 581, post 79
Resultat | |||
---|---|---|---|
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
Stimulere til reduksjon av radonnivået i eksisterande husvære | |||
Talet på husvære med innvilga tilskot til reduksjon av radonnivået | 141 | 243 | 175 |
Budsjettforslag for 2004
Kreftplanen blir avslutta i 2003. Det blir derfor ikkje føreslått løyving over denne posten i 2004.
Strålevernet vil i 2004 prioritere arbeidet med å redusere nivåa av radon i norske hus ved å gi råd og rettleiing til kommunane i deira oppfølging av tiltak i eksisterande bustadhus.
Kap. 582 Skoleanlegg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Rentekompensasjon, kan overførast | 36 448 | 192 000 | 222 000 |
Sum kap. 5821 | 36 448 | 192 000 | 222 000 |
1 Endring som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 582, post 60 auka med 39 mill. kr til 231 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Post 60 Rentekompensasjon, kan overførast
Mål
Av omsyn til elevane og dei tilsette er regjeringa oppteken av å sikre god kvalitet på skolebygga. Rentekompensasjonen skal stimulere kommunane til å byggje nye skoleanlegg og til å rehabilitere, ruste opp og utvikle dei eksisterande skoleanlegga der det trengst. Målet med ordninga er å sikre at alle elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får gode læringstilhøve. Kommunane har vist stor interesse for ordninga etter at ho blei sett i verk i 2002.
Tildelingskriterium
Ordninga skal setje kommunane i stand til ta opp lån på i alt 15 mrd. kr over ein periode på til saman 8 år ved at staten dekkjer rentekostnadene. Utrekninga av renteutgiftene tek utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid med flytande rente i Husbanken. Kvar kommune og fylkeskommune har fått ei eiga investeringsramme, basert på objektive kriterium. Dei som tek del i ordninga, står fritt til å velje låneinstitusjon. Dei kan også finansiere opprustinga eller nybygginga av skolen utan å ta opp lån. Ordninga med rentekompensasjon gjeld for prosjekt som er ferdigstilte etter 1. januar 2002. Husbanken forvaltar ordninga.
Rapport for 2002-2003
Den første utbetalinga under denne ordninga skjedde i desember 2002. Det blei da utbetalt 36,4 mill. kr av ei løyving på 70 mill. kr. Mindreutbetalinga kom av at søknadene kom inn seint på året. Investeringsramma for 2002 på 2 mrd. kr blei nytta fullt ut. Den ubrukte delen av løyvinga blei overført til 2003.
Den samla investeringsramma for 2003 er på 3 mrd. kr, med ei løyving på 231 mill. kr. Utbetalinga av rentekompensasjon for 2003 skjer i desember 2003. For 2003 dekkjer staten renter på ei akkumulert investeringsramme for 2002 og 2003 på til saman 5 mrd. kr.
Per medio august 2003 er det godkjent løyving til prosjekt innanfor ei ramme på 2,2 mrd. kr av investeringsramma på 3 mrd. kr. Alt peiker i retning av at investeringsramma for 2003 blir brukt fullt ut. Frå oppstartinga av ordninga i 2002 og fram til medio august 2003 har i alt 294 kommunar/fylkeskommunar sendt inn søknader. Totalt har Husbanken registrert 835 prosjekt innanfor det ytre taket for ordninga på 15 mrd. kr. Talet omfattar både prosjekt som er realiserte, og planar som ligg eit par år fram i tid. Kommunane har ulik praksis når det gjeld innsending av søknader; somme søkjer før oppstarting av arbeid, medan andre ventar til prosjekta er fullførte. Talet representerer derfor aktivitet fordelt over noko tid. Breiband inngår i 231 av dei registrerte prosjekta. Frå januar 2003 begynte ein med registrering av dei prosjekta der funksjonshemma sine behov blir tilgodesedde. Fram til august 2003 er det rapportert at dette gjeld i 190 av prosjekta.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa foreslår ei løyving på 222 mill. kr og ei ny investeringsramme i 2004 på 2 mrd. kr. Løyvinga dekkjer heilårseffekten av investeringsrammene frå 2002 og 2003 på i alt 5 mrd. kr, og halvårseffekten av den nye investeringsramma for 2004 på 2 mrd. kr.
Kap. 585 Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 3585)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 3 984 | 4 650 | 4 700 |
Sum kap. 585 | 3 984 | 4 650 | 4 700 |
Da Stortinget behandla Ot.prp. nr. 82 (1997-98) Om lov om husleigeavtaler, bad dei regjeringa om å etablere eit alternativt tvisteløysingsorgan for å behandle tvistar om husleigeforhold som gjeld leige av husvære etter ny og gammal husleigelov, jf. Innst. O. nr. 43 (1998-99). Husleigetvistutvalet blei oppretta 1. mars 2001 for ein prøveperiode på tre år. Utvalet er meint å vere eit alternativ til domstolane, og kan avgjere alle typar av tvistar om leige av husvære i Oslo. Heimel for oppretting av prøveordning med husleigetvistutval er gitt i husleigelova av 26. mars 1999 § 12-5. Departementet har i forskrift av 28. september 2000 gitt nærmare reglar om verkeområde og saksbehandling med vidare. Frå 1. april 2003 er verkeområdet til Husleigetvistutvalet utvida til også å gjelde Akershus fylke. I 2003 fekk utvalet løyvt ekstra midlar for å marknadsføre tilbodet overfor leigetakarar og utleigarar, og i 1. halvår 2003 blei det gjennomført ein marknadsføringskampanje i Oslo og Akershus. I 2001 hadde utvalet til saman 53 saker til behandling, i 2002 91 saker. I 2002 blei 63 saker avslutta med forlik, 21 blei avgjorde og 7 saker blei avviste eller trekte tilbake. Gjennomsnittleg tid for saksbehandling var 7 veker for saker med forlik og 3 1/2 månad for saker som blei avgjorde. I dei første månadene av 2003 kom det inn 85 saker. Per 1. september 2003 er 38 saker avslutta med forlik og 13 saker avgjorde.
Ordninga er evaluert av eit eksternt organ, som konkluderer med at utvalet har fungert som eit godt alternativ til domstolar og forliksråd. Brukarane har gitt Husleigetvistutvalet eit svært godt skussmål, meklinga blir godt gjennomført, og partane er nøgde med resultatet. Saksbehandlingstida er monaleg kortare enn i forliksråd og tingrett. På grunn av det låge talet på saker som til no har kome inn, er det likevel for tidleg å avgjere om ordninga skal gjerast permanent. For å få betre tid til sjå korleis utviklinga blir, mellom anna verknaden av dei marknadsføringstiltaka som er gjennomførte, er det vedteke å forlengje prøveperioden til 31.12.2005.
Budsjettforslag for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 4,7 mill. kr for 2004.
Kap. 3585 Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 585)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Gebyr | 110 | 200 | 200 |
Sum kap. 3585 | 110 | 200 | 200 |
Post 1 Gebyr
Det blir kravd to gonger rettsgebyret for behandling av sak for utvalet, for tida kr 1 400. Ein føreslår budsjettert med gebyrinntekter på kr 200 000 i 2004. Det svarer til om lag 150 saker.
Kap. 586 Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Oppstartingstilskot, kan overførast | 1 608 334 | 1 943 900 | 2 114 000 |
63 | Tilskot til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag | 974 953 | 1 266 400 | 1 283 400 |
Sum kap. 5861 | 2 583 287 | 3 210 300 | 3 397 400 |
1 Endringar som ikkje går fram av tabellen: Da Stortinget behandla St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2003, blei løyvinga på kap. 586, post 60 sett ned med 76,2 mill. kr til 1 867,7 mill. kr og post 63 auka med 39,2 mill. kr til 1 305,6 mill. kr, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
Mål
Tilskota skal stimulere kommunane til å auke tilbodet av sjukeheimsplassar og husvære lagde til rette for heildøgns pleie og omsorg (omsorgsbustader). Tilskota skal setje kommunane i stand til å byggje, kjøpe eller utbetre sjukeheimar og omsorgsbustader ut frå lokale behov til dei som har behov for det på grunn av alder, funksjonshemming, funksjonssvekking eller sjukdom.
Post 60 Oppstartingstilskot, kan overførast
Tildelingskriterium
Tilskotet blir gitt på grunnlag av investeringar knytte til bygging, kjøp og utbetring av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar under handlingsplanen for eldreomsorga og opptrappingsplanen for psykisk helse. Tilskotet går til kommunane uavhengig av om det er kommunen sjølv eller andre aktørar som skal eige og forvalte bustadene/plassane. Kommunane kan tildele tilskotet vidare til andre eigarar av omsorgsbustader og sjukeheimar. Det er ein føresetnad for å få tilskot at kommunen har organisert eit heildøgns pleie- og omsorgstilbod. Prosjekta skal vere innarbeidde i den fireårige økonomiplanen, og kommunen skal disponere bustadene og plassane i minimum 20 år.
Tabell 3.51 Handlingsplan for eldreomsorga - måltal per år og samla for perioden 1998-2003
År | St.meld. 50 (1996-97) 1 | St.prp. nr. 1 (2000-2001) 2 St.prp. nr. 82 (2000-2001) 3 | St.prp. nr. 1 (2001-2002) 4 | St.meld. nr. 31 (2001-2002) 5 Innst. S. nr. 263 (2001-2002) 6 | Sum per år |
---|---|---|---|---|---|
1998 | 5 800 | 5 800 | |||
1999 | 5 800 | 5 800 | |||
2000 | 5 800 | 5 800 | |||
2001 | 5 800 | 2 000 | 7 800 | ||
2002 | 1 200 | 3 000 | 4 000 | 2 000 | 10 200 |
2003 | 3 000 | 3 000 | |||
Sum | 24 400 | 5 000 | 4 000 | 5 000 | 38 400 |
1 Eldreplanen skal avsluttast innan 2002 med i alt 24 400 bueiningar.
2 Utviding med 5000 einingar i 2002.
3 2000 einingar frå ramma for 2002 blir overførte til 2001.
4 Utviding med 4000 einingar.
5 Utviding med 2000 einingar.
6 Utviding med 3000 einingar.
Oppfølging og kontroll
Tilskota blir utbetalte når bustadene/sjukeheimsplassane er ferdigstilte og innflytta. Sjå òg omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Resultatrapport for 2002-2003
Tabell 3.52 viser resultatmåla og oppfølgingskriteria som er lagde til grunn for vurdering av effekten av oppstartingstilskotet.
Tabell 3.52 Resultatmål, oppfølgingskriterium og resultat for oppstartingstilskotet
Resultatmål og oppfølgingskriterium | 2001 | 2002 | 1. halvår 2003 |
---|---|---|---|
Stimulere til nybygging og utbetring av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar med god kvalitet: | |||
Talet på nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar som fekk tilsegn | 6 294 | 10 065 | 773 |
Talet på utbetra omsorgsbustader og sjukeheimsplassar som fekk tilsegn1 | 1 143 | 1 537 | 319 |
Prosentdelen nye sjukeheimsplassar med tilsegn som oppfyller den storleiken på privatarealet som Husbanken tilrår | 97,2 pst. | 96,5 pst. | 100 pst. |
Prosentdelen utbetra sjukeheimsplassar med tilsegn som oppfyller den storleiken på privatarealet som Husbanken tilrår1 | 93,8 pst. | 87,1 pst. | 90,4 pst. |
1 Kjøpte omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er medrekna.
Husbanken kan i 2003 gi tilsegner om oppstartingstilskot til 3000 bueiningar, og etter dette vil handlingsplanen for eldreomsorga bli avslutta. Det totale måltalet for handlingsplanen for eldreomsorga er 38 400 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Fram til årsskiftet 2002/2003 var 37 175 bueiningar blitt godkjende for tilskot.
I 2003 kan Husbanken gi tilskot til 900 omsorgsbustader under opptrappingsplanen for psykisk helse, det same som i 2002. Opptrappingsplanen for psykisk helse skal avsluttast i 2006.
Det totale måltalet for 2001 var 8240 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, medan det blei gitt tilsegn om tilskot til drygt 7400 bueiningar. Når måltalet ikkje blei nådd, var det fordi talet på sjukeheimsplassar var høgre enn føresett i budsjetteringa. Sjukeheimsplassane belastar tilskotsramma meir enn omsorgsbustadene. I 2001 var tilskotssatsane for omsorgsbustader kr 175 000, medan dei for sjukeheimsplassar var kr 375 000.
Oppstartingstilskotet skulle i 2002 gå til nybygging eller utbetring av 11 100 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar med godkjend kvalitet. Av omsorgsbustadene skulle 900 vere knytte til handlingsplanen for psykisk helse. I 2002 blei det gitt tilskot til i alt 11 602 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Av desse var 10 723 bueiningar knytte til eldreplanen, og 879 bustader blei godkjende innanfor opptrappingsplanen for psykisk helse. Målet i eldreplanen blei dermed nådd med klar margin, medan det mangla berre 21 bustader på at måltalet i opptrappingsplanen for psykisk helse blei nådd.
Trass i at tilskotsramma ikkje blei nytta fullt ut i 2002, blir talet på bueiningar som fekk tilsegn frå Husbanken, høgre enn måltalet i eldreplanen. Årsaka er ein lågare prosentdel sjukeheimsplassar - som er dei bueiningane som får høgst tilskot - enn det var rekna med i statsbudsjettet. I 2002 var tilskotssatsen kr 181 300 for omsorgsbustader og kr 388 500 for sjukeheimsplassar. Desse satsane er prisjusterte til høvesvis kr 188 000 og kr 403 000 i 2003.
Ved utgangen av første halvår 2003 var det gitt tilsegn om oppstartingstilskot til 1092 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Av dei kom 114 omsorgsbustader inn under opptrappingsplanen for psykisk helse.
Budsjettforslag for 2004
Handlingsplan for eldreomsorga vil bli avslutta etter 2003, og det står da berre att utbetalingar av gitte tilsegner.
Det blir gitt tilsegn til 913 omsorgsbustader under opptrappingsplanen for psykisk helse i 2004. Med desse tilsegnene vil måltalet i planen på 3400 einingar vere nådd.
I tråd med at øyremerkte tilskot til kommunane blir prisjusterte, føreslår ein at også satsane for oppstartingstilskotet blir prisjusterte. Tilskotssatsen for omsorgsbustader blir auka frå kr 188 000 til kr 194 600 per bustad. Taket for kostnader som kommunane får dekt over post 60 og post 63, blir auka tilsvarande frå kr 753 000 per bustad til kr 759 600.
Regjeringa gjer framlegg om ei tilsegnsramme på post 60 på 177,7 mill. kr knytt til opptrappingsplanen for psykisk helse.
Regjeringa føreslår ei løyving på 2 114 mill. kr, som dekkjer tilsegner gitt i 2001, 2002, 2003 og 2004. Av løyvinga er 173 mill. kr knytt til psykiatriplanen og 1 941 mill. kr til eldreplanen. I tillegg føreslår regjeringa ei tilsegnsfullmakt på 1 512,7 mill. kr.
Post 63 Tilskot til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga omfattar alle sjukeheimsplassar og omsorgsbustader der det er gitt tilsegn om oppstartingstilskot etter 1. januar 1997, og skal sjablonmessig dekkje utgifter til renter og avdrag som kjem på frå og med 1. januar 1998. Alle som får oppstartingstilskotet, får også tilskot til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag på lån. Maksimalt grunnlag for utrekning av kompensasjonstilskotet utgjer kr 455 000 per sjukeheimsplass og kr 565 000 per omsorgsbustad.
Rapport for 2002-2003
I 2002 blei det utbetalt drygt 975 mill. kr i kompensasjonstilskot. Ved utgangen av året var snautt 22 000 bueiningar inne i ordninga. Dei fordeler seg på 14 300 omsorgsbustader og 7700 sjukeheimsplassar.
Løyvinga for 2003 på post 63 var på 1 266,4 mill. kr. I tillegg blei det løyvt 67,1 mill. kr over kap. 571, post 68 Forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskot. Tilskotet blir i hovudsak utbetalt i desember. Forsøket med rammefinansiering blir avvikla, og frå 2004 blir heile løyvingsbehovet dekt over denne budsjettposten.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1 283,3 mill. kr. Av løyvinga går 66,8 mill. kr til opptrappingsplanen for psykisk helse og 1 216,5 mill. kr til eldreplanen. Det er lagt til grunn ei rente på 3,7 pst.
Programkategori 14.20 Bygningssaker
Samla utgifter under programkategori 14.20
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
587 | Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 3587) | 32 674 | 34 700 | 37 000 | 6,6 |
Sum kategori 14.20 | 32 674 | 34 700 | 37 000 | 6,6 |
Samla inntekter under programkategori 14.20
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3587 | Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 587) | 13 528 | 12 700 | 13 200 | 3,9 |
Sum kategori 14.20 | 13 528 | 12 700 | 13 200 | 3,9 |
Programkategori 14.20 gjeld dei postane i budsjettet som har med Statens bygningstekniske etat å gjere. Vi viser til omtale av målsetjingar under programområde 14.
Prioriteringar i 2004
Viktige arbeidsoppgåver innanfor området bygningspolitikk i 2004 vil vere
å arbeide for auka kvalitet i byggverk, med omsyn til estetikk, helse, miljø, tilgjenge, bruk og tryggleik
å medverke til utvikling og effektiv implementering av internasjonalt regelverk og internasjonale standardar
å få byggjereglane effektivt og smidig implementerte, særleg med omsyn til endringane av 1.7.2003 (om tidsfristar osv.)
å drive og vidareutvikle ByggSøk, systemet for elektronisk behandling av byggjesaker
å følgje opp arbeidsgruppa som skal sjå på byggjekostnader og effektivitet i byggjebransjen
Status
Den eksisterande bygningsmassen i landet var ved utgangen av 2002 på ca. 325 mill. kvm. (bruttoareal), fordelt på 3,6 millionar bygningar. 210 mill. kvm. var bustadbygg og 115 mill. kvm. yrkesbygg. Det blei i 2002 starta bygging av ca. 6,7 mill. kvm. bruksareal, fordelt på 3,7 mill. kvm. næring/fritidsbygg og 3 mill. kvm. bustadbygg. Dette utgjer ein årleg tilvekst av nybygg på om lag 2 pst. av den totale bygningsmassen. Nybyggverksemda har vist ein svak nedgang sidan toppåret 2001.
For å stimulere til auka byggjeaktivitet ser regjeringa på korleis ein kan redusere byggjekostnadene. I den samanhengen er det starta opp eit samarbeidsprosjekt med bransjen, der hovudmålet er rimelegare husvære.
Saksbehandlingstida for byggjesakar i kommunane går ned også i 2003, slik tendensen var i 2002. Det statlege prosjektet for utvikling av eit internettbasert system for elektronisk byggjesaksbehandling (ByggSøk) blei i samsvar med planen sett i drift i juli 2003, og på same tid blei det innført nye reglar om tidsfristar og forenklingar. Desse tiltaka skal medverke til enklare og raskare saksbehandling.
Bruken av utbyggingsavtalar har vore eit omstridt tema, spesielt i samband med rammevilkår for byggjeverksemda. For å klargjere bruken har Kommunal- og regionaldepartementet kome med eit rundskriv om dei juridiske rammene for slike avtalar. Samtidig har Bygningslovutvalet og Planlovutvalet utforma forslag om lovreguleringar på området.
Bygningslovutvalet skal stå for ein større gjennomgang av bygningslovgivinga med sikte på å forenkle reglane. Utvalet har eit breitt mandat, og målsetjinga er at effektive prosessar skal gi grunnlag for lågare kostnader og motivere til oppstarting av nye tiltak. Første delinnstilling blei levert til kommunal- og regionalministeren hausten 2003.
Bustad- og byggjesektoren veg tungt i miljøsamanheng og må medverke til å utvikle eit meir berekraftig samfunn. Det er til no ikkje lagt tilstrekkeleg vekt på miljøvennleg bruk av ressursar og på estetiske omsyn i utforminga av bygningar og anlegg. Det er framleis for låg kvalitet og for dårleg tilkomst i mange bygningar, og arealet i byar og tettstader er for dårleg utnytta.
Kap. 587 Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 3587)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
1 | Driftsutgifter | 32 674 | 34 700 | 37 000 |
Sum kap. 587 | 32 674 | 34 700 | 37 000 |
Statens bygningstekniske etat er Kommunal- og regionaldepartementet sin utøvande faginstans på det bygningstekniske området. Etaten står til teneste for departementet med faglege råd og utgreiingar. Statens bygningstekniske etat (BE) skal ha god kunnskap om korleis regelverket fungerer innanfor sitt fagområde, og vere eit bindeledd til relevante fagstyresmakter. BE skal ha god kjennskap til byggjeverksemda, og har eit særskilt ansvar for ordninga med sentral godkjenning av føretak med ansvarsrett.
Post 1 Driftsutgifter
Rapport for 2002-2003
Informasjon og implementering. Gjennom informasjonstiltak har etaten påverka byggjebransjen i retning av fleksibel og fornuftig bruk av funksjonelle reglar i forskriftene, slik at bransjen kan levere trygge og gode byggverk. Heile regelverket og informasjon om regelverket er tilgjengeleg på Internett, saman med kontinuerleg oppdaterte data om sentralt godkjende føretak. Systemet for saksbehandling av sentrale godkjenningar er lagt ope ut på Internett og gir innsyn i status i saksbehandlinga også for søkjarane. Blankettar og regelverk for byggjesaker er tilgjengelege på Internett. Statens bygningstekniske etat sine internettsider hadde om lag 10 000 ulike brukarar i veka. Etaten og departementet reiste rundt i heile landet i juni og informerte kommunane om dei nye byggjereglane av 1.7.2003. Den vanlege verksemda på informasjonsområdet er ført vidare med meldingar, temarettleiingar, eige tidsskrift, undervisning og ein årskonferanse for kommunane.
Godkjenning av føretak for ansvarsrett. Den sentrale godkjenningsordninga er forenkla, godkjenningskatalogen fall bort frå september 2003, og talet på godkjenningsområde er redusert frå 548 til 30. I 2002 godkjende Statens bygningstekniske etat 1489 føretak, og har totalt godkjent 13 000 føretak per september 2003. Saksbehandlingstida for nye godkjenningar er i snitt tre dagar. Som ledd i forenkling og forbetring av byggjesaksprosessen blei Godkjenningsnemnda lagd ned frå januar 2002. Oppfølginga av sentralt godkjende føretak er utvikla vidare i 2003, mellom anna med tilsyn.
Byggjesaker. Statens bygningstekniske etat har arbeidd med implementering og vidareutvikling av forskrifta om saksbehandling og kontroll og har hatt eit godt samarbeid med andre instansar, noko som har ført til at fagleg utfyllande materiale er gjort tilgjengeleg for brukarane av regelverket, mellom anna over Internett.
ByggSøk. Ei vesentleg oppgåve for etaten er å leggje til rette for elektronisk søknads- og byggjesaksbehandling, tilpassa brukarane sine behov, gjennom prosjektet ByggSøk. ByggSøk har brei deltaking frå staten, kommunane og byggjenæringa, og følgde planane for framdrift og budsjett. Ei operativ løysing for byggjesaker blei sett i drift i juli 2003. Allereie i 2002, før systemet var i ordinær drift, var søkjesystemet for elektronisk byggjesaksbehandling brukt i 1 pst. av byggjesakene.
Miljø. Omsynet til miljøet, slik det er gjort greie for i departementet sin miljøhandlingsplan, er følgt opp gjennom prosjekt for framtidige endringar i byggjereglane og i rettleiingsstoffet. Det er sett i gang eit arbeid med ein ny generasjon energikrav, der det blir lagt vekt på omsynet til miljøet. For meir informasjon, sjå vedlegget om departementet sin miljøprofil.
Universell utforming. Etaten legg mykje arbeid i å rettleie om universell utforming. Dette fører til rasjonelle løysingar som byggjer opp om samfunnsmessige kvalitetar, til nytte både for menneske med funksjonshemmingar og for andre med særskilde behov.
Trygge byggverk. Reglane for tryggleik, mellom anna mot brann, samanstyrting og heimeulykker, er utvikla vidare og informert om gjennom ny rettleiing til den tekniske føresegna. Faktiske hendingar blir undersøkte for å sikre at reglane er gode nok, og at praktiseringa av reglane er god nok.
Resultatmål 2004
Innanfor dei ulike delmåla i bygningspolitikken skal Statens bygningstekniske etat
føre vidare ordninga med sentral godkjenning av føretak med ansvar for oppgåver i byggjeverksemda, med fokus på verknaden av endringane i 2003 og oppfølging av dei godkjende føretaka. Det skal også leggjast til rette for betre kontrollrutinar i samband med prosjektering og utføring av byggverk i byggjebransjen.
halde god kontakt med kommunane, mellom anna om praktisering av lokal godkjenning, det tekniske regelverket og reglane for saksbehandling, og hjelpe kommunane i gang med eit effektiv tilsyn i byggjesaker
syte for drift, oppdatering og vidareutvikling av elektronisk søknads- og byggjesaksbehandling tilpassa Internett. Utviklingsprosjektet ByggSøk skal førast vidare med tanke på elektronisk behandling av plansaker.
syte for god og enkel tilgang til informasjon om regelverket, som grunnlag for fleksibel og fornuftig bruk av funksjonelle reglar i føresegnene
føre tilsyn med at reglane om dokumentasjon av eigenskapar for byggjevarer og -produkt blir etterlevde, og gi informasjon og rettleiing til produsentane for å hjelpe næringa til å styrkje konkurranseevna
engasjere seg i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid og følgje opp implementeringa av internasjonale reglar i norsk regelverk. Det skal utarbeidast grunnlag for standardar, godkjenningar og harmoniserte tekniske krav etter dei felles europeiske reglane på byggområdet, med spesiell vekt på nordisk koordinering.
gi informasjon og rettleiing om kvalitet og tryggleik i bygg og støtte opp om regjeringa si satsing på universell utforming
føre vidare det arbeidet som er sett i gang med ein ny generasjon energikrav, der det blir lagt vekt på omsynet til miljøet. Kompetansen på fagfeltet miljø må utviklast vidare, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid og samarbeid med sentrale aktørar i privat og offentleg sektor.
Budsjettforslag for 2004
Det blir føreslått ei løyving på 37 mill. kr, der 13,2 mill. kr er knytt til drift av ordninga med sentral godkjenning. Ordninga med sentral godkjenning skal vere sjølvfinansierande, jf. kap. 3587, post 4 Gebyr, godkjenningsordning for føretak for ansvarsrett. Driftsbudsjettet for etaten er føreslått styrkt med 2,3 mill. kr i 2004 for at etaten aktivt skal kunne følgje opp det arbeidet departementet driv for å dempe veksten i byggjekostnadene og betre effektiviteten i byggebransjen, og for å medverke til at fleire internasjonale standardar blir omsette til norsk.
Kap. 3587 Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 587)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
4 | Gebyr, godkjenningsordning for føretak for ansvarsrett | 12 695 | 12 700 | 13 200 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 674 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 159 | ||
Sum kap. 3587 | 13 528 | 12 700 | 13 200 |
Post 4 Gebyr, godkjenningsordning for føretak for ansvarsrett
Gebyra dekkjer alle utgiftene til drift av ordninga. Ei eventuell meir- eller mindreinntekt skal det kompenserast for gjennom tiltak på utgiftssida, slik at utgifter og inntekter i samband med ordninga balanserer best mogleg.
Budsjettforslag for 2004
I 2004 er det budsjettert med 13,2 mill. kr i inntekter frå gebyr. Alle desse inntektene kjem frå ordninga med sentral godkjenning av føretak. Dette svarer til det totale kostnadsnivået for ordninga. Vi viser dessutan til omtale under kap. 587, post 1 Driftsutgifter.
Fotnoter
Sametinget ønskjer ikkje at samane skal vere omfatta av rammekonvensjonen, men vil i staden støtte seg til ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk.
Jf. St.meld. nr. 48 (2003-2004) Kulturpolitikk fram mot 2014, kapittel 13.10.
Inndelinga i bu- og arbeidsmarknadsregionar er utført av Dag Juvkam, NIBR, jf. Inndeling i bo- og arbeidsmarkedsregioner, NIBR-rapport 2002:20. Inndelinga er basert på pendlings- og avstandsdata. I inndelinga er 65 mindre kommunar definerte som eigne bu- og arbeidsmarknadsregionar på grunn av lite pendling og stor avstand til nabokommunar. På den andre enden av skalaen finn vi fire regionar som inneheld 10 kommunar eller meir. Dette er dei storbyområda som utgjer Oslo-regionen, Stavanger/Sandnes-regionen, Bergensregionen og Trondheimsregionen.
Kjelde: SSB, Samfunnsspeilet 2003
Kommunane får kompensasjon for auka behov for tilskot til private barnehagar, private pleie- og omsorgsinstitusjonar og dei kyrkjelege fellesråda. Fylkeskommunane får kompensasjon for auka behov for tilskot til bilruter, fylkesvegferjer, båtruter, sporvegar og forstadsbaner.
Nedjusteringa av kompensasjonen gjennom dei frie inntektene blir gjord på innbyggjartilskotet og ikkje på skjønnstilskotet, noko som isolert sett fører til ei styrking av reservepotten til skjønnsmidlane.
Kompensasjonen gjennom dei frie inntektene er derfor isolert sett redusert med 9 mill. kr i forhold til det som blei lagt til grunn i kommuneproposisjonen. Reduksjonen i kompensasjonen gjennom dei frie inntektene blir gjord på innbyggjartilskotet og ikkje på skjønnstilskotet, noko som isolert sett fører til ei styrking av reservepotten til skjønnsmidlane.
Omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift fører isolert sett til auka utgifter for kommunesektoren. Regjeringa la i kommuneproposisjonen opp til at kommunesektoren skulle kompenserast for meirutgiftene gjennom ein tilsvarande auke av Nord-Noreg-tilskotet og skjønnstilskotet. Ved behandlinga av kommuneproposisjonen gjekk eit fleirtal inn for at alle kommunar og fylkeskommunar skulle kompenserast for meirutgiftene gjennom ein tilsvarande auke av skjønnstilskotet. Stortinget vedtok i den samanhengen ei samla skjønnsramme på 3 958 mill. kr, dvs. 286 mill. kr meir enn forslaget frå regjeringa.