1 Omtale av tiltak innanfor den breie distriktspolitikken
1.1 Innleiing
Vedlegget har som siktemål å følgje over tid statleg innsats og statlege tiltak som er viktige med tanke på å nå regional- og distriktspolitiske mål. Utvalet av tiltak og ordningar er gjort ut frå skjønn, basert på ei kartlegging av relevante statlege tiltak.
Vedlegget gir ei oversikt over tiltak som i hovudsak er knytte til det distriktspolitiske området for økonomiske verkemiddel. Vedlegget gir også ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld i Finnmark og Nord-Troms.
Ei rad former for statleg innsats som dekkjer heile landet, er også viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgre utdanning, FoU, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Denne typen ordningar er likevel ikkje tekne med i oversikta, ettersom det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
Dei økonomiske distriktspolitiske ordningane under programområde 13.50 Regional- og distriktspolitikk i budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet er heller ikkje tekne med i vedlegget. Desse ordningane er presenterte i hovudteksten i denne proposisjonen.
Dei tiltaka som er med i oversikta, er delte i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har distriktspolitiske omsyn som grunngiving, eller som favoriserer distriktsområde utover kompensasjon for å oppnå like tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal utjamne og kompensere for å oppnå like resultat mellom grupper og område, eller som er lokaliserte til distriktsområde på grunn av gitte forhold og er særleg viktige for næringsutvikling, sysselsetjing, lokal økonomi eller busetnad. Under kategori B er berre tiltak med løyvingar på over 10 mill. kr tekne med.
1.2 Spesielle tiltak for Nord-Troms og Finnmark
Tabell 1.1 viser ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for Nord-Troms og Finnmark. Dei viktigaste ordningane i oversikta er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. To andre store ordningar er lette i nedbetaling av studielån og tillegg i barnetrygda. Den mest omfattande ordninga i Nord-Troms og Finnmark er fritaket for arbeidsgivaravgift, men dette kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.2.1.
I tillegg er det etablert særordningar for Nord-Noreg på fleire politikkområde. Dette kjem i tillegg til dei ordningane som er presenterte i tabell 1.1 (sjå tabell 1.2.2). Innanfor fleire sektorar er dessutan Nord-Noreg gitt spesiell prioritet ved disponeringa av ordinære verkemiddel. Landsdelen er også prioritert ved bruken av dei distriktspolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet.
Tabell 1.1 Spesielle tiltak for Nord-Troms og Finnmark
(i 1000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på vanleg inntekt | FIN | A | inntektstap | 265 000 | 285 000 | 321 000 |
Særskilt frådrag i vanleg inntekt | FIN | A | inntektstap | 245 000 | 232 000 | 229 000 | |
Inga el-avgift på forbruk i Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 190 000 | 160 000 | 165 000 | |
Lågare toppskatt for Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 40 000 | 45 000 | 48 000 | |
Inga investeringsavgift for bygg og anlegg i Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 10 - 20 000 | 0 | 0 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 0 | 3 000 | 3 000 | |
Næringspolitikk | Reindriftsforvaltning - omstillingstiltak i Indre Finnmark | LD | B | 1147/71 | 2 050 | 2 145 | 13 222 |
Utdanning og forsking | Ettergiving av lån til utdanning | UFD | A | 2410/73 | 75 000 | 75 000 | 75 000 |
Oppvekst og omsorg | Særskilt tillegg til barnetrygda | BFD | A | 0845/70 | 87 660 | 88 126 | 88 000 |
Lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms | BFD | A | 856/60 | 2 100 | 1 500 | 1 500 | |
Levekår, miljøvern og offentlege tenester | Rettshjelpskontor i Indre Finnmark | JD | A | 470/72 | 1 198 | 1 245 | 1 290 |
Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark | KD | A | 335/77 | 1 530 | 1 530 | 1 560 |
1.3 Økonomisk politikk
Omlegginga i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå og med 2004 fører til at omfanget av ordninga blir vesentleg redusert. Samtidig er det lagt opp til full kompensasjon gjennom andre ordningar, og til overgangsordning for 2004, 2005 og 2006. Nedanfor presenterer vi ei tabelloversikt over omlegginga og forslag til kompenserande tiltak. Innhaldet i omlegginga og dei kompenserande tiltaka blir presenterte i si fulle breidd i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Omlegginga er også omtalt under programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk tidlegare i denne budsjettproposisjonen.
Tabell 1.2 Differensiert arbeidsgivaravgift og tiltak ved omlegginga i 20041
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Differensiert arbeidsgivaravgift t.o.m. 2003 | FIN | A | inntektstap | 7 820 000 | 8 420 000 | |
Behalde differensiert arbeidsgivaravgift i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | 1 520 000 | |||
Behalde differensiert arbeidsgivaravgift for landbruk og fiskeri | FIN | A | 300 000 | |||
Overgangsperiode over tre år i privat sektor i sone 3 og 4 (full sats blir innført i 2007) | FIN | A | 1 000 000 | |||
Bagatellmessig støtte i sone 2-4 (ekskl. landbruk og fiskeri) | FIN | A | 2 330 000 | |||
Overgangsperiode over tre år i offentleg sektor (full sats blir innført i 2007) | FIN | A | 1 250 000 | |||
Kompensasjon til offentleg sektor | KRD | A | 1 440 000 | |||
Omlegging av el-avgifta i sone 2-4 | FIN | A | 155 000 | |||
Næringsretta tiltak i regionane - kompensasjon for arbeidsgivaravgift | KRD | A | 355 000 2 | |||
Transportstøtte | KRD | A | 200 0003 |
1 Tabellen viser inntektstap og utgifter som ein reknar med blir opparbeidde i 2004. Delar av inntektstapa og utgiftene vil først bli bokførte i statsrekneskapen i 2005.
2 Av dei 355 mill. kronene til næringsretta tiltak i regionane vil 205 mill. kroner kome til utbetaling først i 2005, men det kan bli gitt tilsegn om midlar i 2004.
3 Innføringa av ei ordning med transportstøtte er vurdert til å utgjere ein kostnad på om lag 200 mill. kr i 2004. Tilskot vil bli utbetalt årleg og på etterskot. Utgiftene for 2004 vil derfor først bli bokførte i statsrekneskapen for 2005.
Tabell 1.2.2 viser fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og Nord-Noreg-tilskotet og regionaltilskotet i kommuneøkonomien. Regionaltilskotet gjeld berre for kommunar med færre enn 3000 innbyggjarar.
Tabell 1.3 Fritak for meirverdiavgift på straum i Nord-Noreg og Nord-Noreg-tilskotet og regionaltilskotet
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 600 000 | 600 000 | 600 000 |
Rammetilskot til kommunane - regionaltilskotet | KRD | A | 571/63 | 575 118 | 582 838 | 552 511 |
Rammetilskot til kommunane/ fylkeskommunane i Nord-Noreg | KRD | A | 571/62, 572/62 | 1 488 643 | 1 484 243 | 1 531 701 |
Rammetilskot til kommunane/ fylkeskommunane - skjønnstilskot1 | KRD | B | 571/64, 572/64 | 4 439 700 | 4 278 000 | 3 958 000 |
1 Inkludert kompensasjon for auke i arbeidsgivaravgifta, jf. også tabell 1.2.1.
1.4 Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.3 viser ei rad tilskotsordningar til landbruket. I tillegg er støtte til skipsbygging teken med, ettersom fleire store skipsverft er lokaliserte i distrikta. Også viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er tekne med.
Landbruk er tradisjonelt ei av de viktigaste næringane i distrikta. Storleiken på tilskota til landbruket blir det forhandla om i dei årlege jordbruksoppgjera. Ein del tilskot innanfor landbruket har ei distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskot for mjølk og distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær, veksthusgrønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A. Generelle næringspolitiske ordningar, som låneordningar under SND, tapsfond og tilskot, er ikkje med i tabellen over næringspolitikk, for dette er landsdekkjande ordningar som ofte blir nytta i sentrale strøk.
Tabell 1.4 Næringspolitikk
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Pristilskot mjølk | LD | A | 1150/73 | 504 216 | 451 500 | 454 200 |
Distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær, veksthusgrønsaker og poteter | LD | A | 1150/73 | 44 876 | 54 770 | 50 000 |
Pristilskot kjøt | LD | A | 1150/73 | 896 570 | 720 800 | 611 000 |
Distriktstilskot egg | LD | A | 1150/73 | 4 058 | 4 800 | 4 500 |
Driftstilskot mjølkeproduksjon | LD | B | 1150/74 | 1 306 160 | 1 243 500 | 1 201 000 |
Tilskot til husdyr | LD | B | 1150/74 | 2 251 016 | 2 271 025 | 2 286 025 |
Tilskot til norsk ull | LD | B | 1150/73 | 176 604 | 165 696 | 163 200 |
Tilskot til avløysing for ferie og fritid | LD | B | 1150/78 | 1 365 476 | 989 819 | 1 054 819 |
Tilskot til areal og kulturlandskap | LD | B | 1150/74 | 3 036 451 | 2 991 959 | 3 033 059 |
Frakttilskot | LD | B | 1150/73 | 230 739 | 237 300 | 228 300 |
Reindriftsavtalen | LD | B | 1151 | 106 500 | 100 900 | 95 000 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 0 | 6 000 | 6 000 |
Miljøtiltak | LD | B | 1150/50 | 142 000 | 139 000 | 135 000 |
Tilskot til inseminering (veterinærreiser) + avlsorganisasjonar | LD | B | 1150/77 | 62 154 | 82 860 | 81 860 |
Tilskot til pelsdyrfôrlag | LD | B | 1150/77 | 30 084 | 33 200 | 27 200 |
Tilskot til småfe og fjørfe | LD | B | 1150/50 | 36 200 | 0 | 1 |
Tilskot til dyrking av fôr i fjellet | LD | B | 1150/74 | 10 500 | 0 | 0 |
Andre arealbaserte tilskotsordningar | LD | B | 1150/74 | 222 460 | 237 901 | 218 9012 |
Bygdeutvikling | LD | B | 1150/50 | 553 000 | 325 000 | 325 000 |
Rentestøtte (ny f.o.m. 2003) | LD | B | 1150/50 | 12 500 | 36 700 | |
Tilskot til skogsbilvegar | LD | B | 1150/50 | 62 197 | 50 000 | 45 000 |
Tilskot til skogbruksplanlegging | LD | B | 1150/50 | 41 599 | 40 000 | 25 000 |
Føringstilskot | FID | A | 1040/70 | 26 377 | 33 000 | 3 |
Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar | NHD | B | 0939/50 | 1 500 000 | 0 | 04 |
Overføring til fond for ei avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar | NHD | B | 0939/51 | 300 000 5 | 0 | |
Distriktsmilliarden (såkornordningar og tapsfond)7 | NHD | A | 2420/56 2420/96 2421/51 2421/91 | 0 0 0 0 | 175 000 900 000 0 0 | 0 0 100 000 400 000 |
Tilskot til fiskerihamneanlegg | FID | B | 1062/60 | 25 153 | 38 000 | 27 400 |
Fiskerihamneanlegg | FID | B | 1062/30 | 164 300 | 121 938 | 104 518 |
Strukturtiltak i fiskeflåten | FID | B | 1040/70 | 5 317 | 0 | 0 |
Tilskot til fornying og tilpassing av kapasitet i fiskeflåten | FID | B | 2415/72 | 12 386 | 0 | 0 |
Nyskaping, omstilling og tilpassing av kapasitet i fiskerinæringa | FID | B | 2415/72 | 30 000 | 0 | |
Tilskot til strukturtiltak for tilpassing av kapasitet i fiskeflåten | FID | B | 1040/71 | 35 726 | 77 000 | |
Sentralar for lineegning | FID | B | 1040/70 | 12 109 | 11 500 | - 3 |
Garantilott | FID | B | 1040/70 | 8 900 | 9 000 | - 3 |
Marint innovasjonsprogram | FID | B | 2415/75 | 9 712 6 | 20 000 | 10 000 |
1 Tilskotsordninga er delt opp og plassert under andre postar, m.a. kap./post 1150/77 Avlsorganisasjonar.
2 Inkluderer "Tilskot til dyrking av fôr i fjellet", som i 2002 blei ført separat.
3 Den årlege fiskeriavtalen blir fremma i eigen proposisjon etter eventuelle forhandlingar mellom staten og Noregs Fiskarlag. Forslag til midlar over kap. 1040 Til gjennomføring av Fiskeriavtalen er derfor ikkje tekne med i St.prp. nr. 1.
4 Ordninga blei avvikla for kontraktar frå og med 1. januar 2001, i tråd med EØS-regelverket. Utbetalingane skjer når fartøya blir leverte, og vil vere avslutta innan utgangen av 2004.
5 Ved vedtak 27. mars 2003 løyvde Stortinget 300 mill. kr for ei avgrensa støtte til skipskontraktar inngått før 31.3.2004, jf. St.prp. nr. 47 (2002-2003) og Innst. S. nr. 163 (2002-2003).
6 I 2002 stod dette tiltaket under kap. 24, post 74 Tilskot til næringsutvikling i marin sektor.
7 Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, distriktrettet ordning og kap. 2421 Såkornkapitalfond.
1.5 Infrastruktur
Tabell 1.4 omfattar fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgjer av ulemper knytte til avstand. To døme er "godtgjersle for innanlandske flyruter - kjøp av flyrutetenester" og "kjøp av posttenester som er bedriftsøkonomisk ulønnsame". "Tilskot til utjamning av overføringstariff" skal redusere overføringstariffen for sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnett i område av landet med høge overføringskostnader. Dette medverkar til å redusere ulempene knytte til avstand for dei som bur i distrikta. "Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift" skal nyttast til vegtiltak som skal medverke til å redusere transportkostnadene for næringslivet i dei områda som fekk auka arbeidsgivaravgift frå og med 2000.
Tabell 1.4 inneheld ikkje oversikt over midlar til vegutbygging eller rassikringstiltak. Dette er tiltak som blir rekna som svært viktige for distrikta, men ei oversikt er berre interessant i eit distriktspolitisk perspektiv dersom midlane er fordelte på fylke og regionar.
Tabell 1.5 Infrastruktur
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift | SD | A | 1320/33 | 59 487 | 121 800 | 54 000 |
Godtgjersle for innanlandske flyruter - kjøp av flyrutetenester | SD | B | 1310/70 | 397 111 | 401 100 | 420 500 |
Kjøp av posttenester som er bedriftsøkonomisk ulønnsame | SD | B | 1370/70 | 372 000 | 305 000 | 316 000 |
Kjøp av persontransporttenester - region- og lokaltog, utanfor sentrale strøk 1 | SD | B | 1351/70 | 307 000 | 435 000 | 408 0002 |
Legging av fast dekke på riksvegar | SD | B | 1320/32 | 135 000 | 170 000 | 0 |
Tilskot til utjamning av overføringstariff | OED | B | 1820/73 | 10 000 | 20 000 | 20 000 |
1 Staten kjøper personstransporttenester for til saman 1 366 mill. kr i 2003.
2 Endeleg fordeling mellom toggrupper blir fastlagd i forhandlingar med NSB om kjøp av tenester.
1.6 Helse, oppvekst, omsorg og utdanning
Viktige tiltak under denne overskrifta er tilskot som skal medverke til å betre stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. I tillegg blir det gitt eigne tilskot til apotek i utkantkommunar for å sikre tilgang på medisinar.
Det overordna helsepolitiske målet er at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til sjukehusa og gjennom kommuneøkonomisystemet.
Tabell 1.6 Helse, oppvekst og omsorg
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Tilskot til apotek | HD | B | 0751/70 | 12 500 | 12 800 | 14 500 |
Utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta og i allmennlegetenesta | HD | B | 0724/21 1 | 29 800 | 34 800 | 32 000 |
Av dette allmennlegetenesta | HD | B | 0724/21 | 18 900 | 18 900 | 13 100 |
Av dette tannhelsetenesta | HD | B | 0724/21 2 | 10 900 | 15 900 | 18 900 |
Fraktrefusjonsordning for lækjemiddel | HD | B | 0751/70 | 45 600 | 25 000 3 | 23 320 |
Tilskot til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg | UFD | A | 221/01/60 | 28 028 | 16 862 4 | 0 |
1 Midlane til utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta og allmennlegetenesta blei frå budsjettet for 2003 samla på kap./post 700/21. Frå 2004 er midlane samla på 724/21. Rekneskap for 2002 refererer til gammal kap./post 701/20 og 705/60, medan tala for 2003 gjeld 705/21.
2 Midlar til utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta blei i 2002 gitt over kap./post 701/21.
3 Midlane til fraktrefusjonsordninga for lækjemiddel blei redusert i 2003 i samband med innføringa av botnfrådrag for apoteka.
4 Verkemiddelordninga har vore retta mot skolar i Nord-Noreg med særleg mangel på kvalifiserte lærarar. Den siste verkemiddelperioden gjekk ut 31. juli 2003. Ordninga er ikkje føreslått vidareført i budsjettet for 2004.
1.7 Levekår, offentlege tenester og miljøvern
Ordningane som er viste i tabell 1.7, er i hovudsak knytte til kulturtilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet, men gjeld også offentlege tenester som arbeidsmarknadstiltak, ungdomstiltak og miljøverntiltak. "Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk" skal medverke til å halde oppe talet på norske sjøfolk på norske skip, og gå til utdanning for sjømannsstanden. Tilskotet medverkar spesielt til å halde oppe sysselsetjinga i kystdistrikta.
Generelle landsdekkjande ordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tekne med i denne oversikta.
Tabell 1.7 Levekår, offentlege tenester og miljøvern
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2002 | Budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Styrking av oppvekstmiljøet | BFD | A/B | 0857/72 | 5 860 | 5 165 | 5 165 |
Landsdelsmusikarar i Nord-Noreg | KKD | A | 323/74 | 12 624 | 13 116 | 13 588 |
Vestnorsk filmsenter | KKD | A | 334/71 | 3 360 | 3 400 | 3 400 |
Nordnorsk filmsenter | KKD | A | 334/72 | 6 166 | 5 783 | 5 783 |
Tilskotsordning for museum | KKD | B | 328/60 | 145 160 | 146 946 | 1 |
Tilskotsordning for museum | KKD | B | 328/70 | 151 914 | ||
Lokale og regionale kulturbygg | KKD | B | 320/60 | 42 390 | 8 000 | 0 2 |
Rikskonsertane | KKD | B | 323/01 | 100 136 | 104 568 | 106 153 |
Musikk- og scenekunstformål - region- og landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar | KKD | B | 323/71, 323/72, 324/71 | 287 708 | 316 924 | 328 333 |
Biletkunst- og museumsformål - knutepunktinstitusjonar | KKD | B | 332/72, 328/72 | 47 195 | 43 053 | 44 602 |
Erstatningstiltak og førebyggjande tiltak mot rovvilt | MD | B | 1427/72,73 | 108 475 | 118 365 | 118 474 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | MD | B | 1427/70 | 98 726 | 98 200 | 83 200 |
1 Tilskotsordning for museum er frå 2004 overført til ein 70-post, frå 328/60 til 328/70.
2 Tilskotsordninga er avvikla, jf. omtale i St.prp. nr. 66 (2002-2003) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren (kommuneproposisjonen).