3 Miljøprofilen i budsjettforslaget
Innleiing
Kommunal- og regionaldepartementet la hausten 2000 fram ein miljøhandlingsplan for perioden 2001-2004. I denne planen er det sett opp sektorvise mål, status og tiltak som skal medverke til at måla på dei nasjonale resultatområda som gjeld miljøet, blir nådde.
Budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet dekkjer fleire politikkområde, men det er i hovudsak for sektoren bustader, bumiljø og bygningssaker det er aktuelt å rapportere om miljøprofilen. Rapportering for denne sektoren følgjer nedanfor, saman med ein kort omtale av miljøsatsinga på områda samiske formål og regional- og distriktspolitikk.
Når det gjeld den kommunale sektoren, er det dei ulike fagdepartementa som har det miljøvernpolitiske oppfølgingsansvaret. For politikkområda innvandring og nasjonale minoritetar er det ingen aktuelle miljøvernsatsingar å rapportere om.
Rapporteringa nedanfor er knytt til dei åtte miljøvernpolitiske resultatområda og til departementet sin miljøhandlingsplan og oppfølginga av denne planen.
Programområde 14 Bustader, bumiljø og bygningssaker
Miljøutfordringane
Dei måla som er sette for miljøvernpolitikken, stiller bustad- og byggjesektoren overfor store utfordringar. Miljøkonsekvensane av verksemda i sektoren er store, og på ei rad område aukande.
Desse satsingsområda er sentrale for å møte miljøutfordringane i bustad- og byggjesektoren:
Ein må betre arealeffektiviteten og ta større omsyn til det biologisk mangfaldet.
Energibruken i bygningsmassen må reduserast.
Bruken av helse- og miljøfarlege stoff i byggjeverksemda må kartleggjast betre og reduserast.
Avfallsmengdene i samband med byggjeverksemd må reduserast. Gjenbruk og ombruk av byggjemateriale må aukast.
Det bør satsast på god kvalitet og god byggjeskikk.
Det bør leggjast til rette for og gjennomførast miljøvennleg forvaltning, drift og vedlikehald av bygningar.
Husbanken og Statens bygningstekniske etat er underliggjande etatar under Kommunal- og regionaldepartementet som administrerer verkemiddel som kan påverke miljøtilstanden i sektoren på ein positiv måte.
Husbanken sette i 2003 i gang eit prosjekt som tek sikte på kompetanseutvikling og strategiutvikling på områda miljø, energi og marknad, og har valt berekraftig ressursbruk som eitt av satsingsområda i arbeidet med å heve kvaliteten i husvære. Dei erfaringane Husbanken har frå arbeidet med bustadkvalitet, energi og miljø, viser tydeleg behovet for ei nyansert heilskapsforståing og auka vekt på langsiktige kost-/nyttevurderingar, der ei vurdering av livsløpskostnadene må stå sentralt. Husbanken vil også prioritere støtte til den planlegginga som legg premissane for meir berekraftige bustad- og bumiljøløysingar. Dette planleggingsarbeidet blir utført både i kommunane og av andre aktørar.
Statens bygningstekniske etat samarbeider nært med departementet om å utvikle det tekniske bygningsregelverket. Målet i miljøhandlingsplanen om i større grad å integrere miljøomsyn i dei sentrale verkemidla for bustad- og byggjesektoren harmoniserer godt med utviklinga i internasjonale krav og avtalar retta mot sektoren.
Både bustadmeldinga, som skal leggjast fram for Stortinget i 2003, og bygningslovutvalet, som blei sett ned i 2002, vil ta for seg miljøutfordringane.
Satsing i budsjetta for 2003 og 2004
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over den samla miljøvernpolitiske satsinga i budsjetta for 2003 og 2004 på området bustader, bumiljø og bygningssaker.
A = Utgifter som fullt ut blir nytta til miljøforbetringar.
B = Utgifter der miljøomsynet er avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført.
Tabell 3.1 Bevilgning til miljøtiltak på område 14 Bustader, bumiljø og bygningssaker.
(mill. kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
A | B | Sum | |||||
Kap./post | 2003 | 2004 | 2003 | 2004 | 2003 | 2004 | |
581/71 | Tilskot til bustadkvalitet | 15 | 7 | 25 | 16 | 40 | 23 |
581/75 | Tilskot til utbetring av husvære | 7 | 8 | 18 | 20 | 25 | 28 |
581/78 | Forsking og utgreiing | 8 | 8 | 8 | 8 | 16 | 16 |
587 | Natur- og miljøvennleg bygging | 1,5 | 2 | 4,5 | 4,5 | 6 | 6,5 |
Sum | 31,5 | 25 | 55,5 | 48,5 | 87 | 73,5 |
Reduksjonen i løyvingane til miljøtiltak frå 2003 til 2004 kjem av endringar i dei totale løyvingane på dei aktuelle postane i budsjettet, og kan derfor ikkje isolert sett tolkast som ei nedprioritering av den miljøvernpolitiske innsatsen.
Resultatområde 1 Vern og bruk av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv
Tabell 3.2 Indikatorar - Husbanken
2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|
Prosentdel HB-finansierte nye husvære med lånetillegg til gode uteområde | 30 pst. | 26 pst. | 29 pst. |
Prosentdel HB-finansierte husvære med lånetillegg til terreng med vegetasjon | 25 pst. | 20 pst. | 31 pst. |
Prosentdel HB-finansierte husvære med lånetillegg for trafikktryggleik | 31 pst. | 31 pst. | 39 pst. |
Aktivitetar og tiltak
Husbanken administrerer ordninga med tilskot til bustadkvalitet (kap 581, post 71). Ordninga blir mellom anna nytta til å påverke kommunar og andre aktørar til å leggje auka vekt på planleggingsfasen, slik at gode bumiljøkvalitetar kan innpassast i dei tidlege fasane av planleggingsprosessen, når høva til å påverke er størst. Av totalt 40 prosjektsøknader og prosjektskisser var det ca. 7 prosjekt som var relevante for resultatområda 1 og 2.
Husbanken har gitt støtte til vidareføring av byggjenæringa sitt informasjons- og utviklingsprogram (ØkoBygg-programmet) som mellom anna tek for seg omsynet til biologisk mangfald under arbeidet knytt til miljøskadelege byggjemateriale og byggavfall.
Hageselskapet, Byggforsk og Husbanken samarbeider om kurset "Gode buområde og godt bumiljø". Kurset er retta mot planleggjarar i offentleg eller privat teneste og tek for seg tema som har med klima, naturgrunnlag, utbygging, bumiljø osv. å gjere.
Overordna miljøkrav er gitt i Teknisk forskrift. Relevante miljøparametrar må definerast og vere ein del av den totale miljødokumentasjonen. Det er sett i gang arbeid med ein rettleiar til Teknisk forskrift som gjer greie for dei forholda som påverkar miljøprofilen til ein bygning. Rettleiaren skal ferdigstillast i 2003.
Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø
Aktivitetar og tiltak
Riksantikvaren, Norsk Form og Husbanken gjennomfører ein serie todagars kurs saman med fylkeskommunane i landet i perioden 2003-2005.
Høgskolen i Gjøvik og Husbanken har utvikla eit nettbasert fjernundervisningstilbod om estetikk, byggjeskikk og stadutforming, primært retta mot medarbeidarar i plan- og bygningsetatane i kommunane.
Husbanken arrangerer årlege fagdagar med fokus på ulike tema som har med byggjeskikk, bumiljø og bukvalitetar å gjere. Fagdagane er ein viktig møteplass for kommunar, planleggjarar, utbyggjarar, bustadprodusentar og utviklings- og forskingsmiljø, og speler ei viktig rolle i Husbanken sine regionar.
Husbanken deltek i programmet "Miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta" under Miljøverndepartementet.
Husbanken rettar søkjelyset på samiske buformer og tradisjonar som det er verdt å ta vare på, og som bør få konsekvensar for byggjeskikken i nord. Husbanken skal arrangere eit seminar om samisk buform og buskikk i Karasjok i mars 2004.
Husbanken deler årleg ut Statens byggjeskikkpris.
Statens bygningstekniske etat og Riksantikvaren har vurdert behovet for kompetanse i byggjenæringa i samband med arbeid knytt til verneverdige bygningar. Arbeidet blir vidareført og tilpassa ein sterkt forenkla godkjenningskatalog.
Statens bygningstekniske etat skal, på oppdrag av og i samarbeid med Miljøverndepartementet, utarbeide ein temarettleiar om "Grad av utnytting". Denne rettleiaren skal ta utgangspunkt i ein eksisterande rettleiar, gitt ut av Miljøverndepartementet. Eit delmål er å avklare forhold som påverkar den estetiske kvaliteten til byggverket, og klargjere korleis kvalitetsmåla skal dokumenterast i byggjesaka.
Resultatområde 4 Overgjødsling og oljeureining
Aktivitetar og tiltak
Statens bygningstekniske etat byggjer opp ei tilsynsordning for byggjevarer som mellom anna skal omfatte fast installerte oljetankar. Ordninga vil medverke til at grunnleggjande krav til mellom anna miljøomsyn blir oppfylte, og inneber også at oljetankar blir utforma slik at ein unngår lekkasje av olje til miljøet/grunnen.
Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikal
Tabell 3.3 Indikatorar - Husbanken
2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|
Prosentdel HB-finansierte nye husvære med lånetillegg til helse, miljø og tryggleik (HMS) | 61 pst. | 58 pst. | 32 pst. |
Aktivitetar og tiltak
Under ordninga med lånetillegg til HMS høyrer også tiltak for redusert energibruk og auka tryggleik. Husbanken har starta eit arbeid med å utvikle nye strategiar og handlingsplanar for innsats på innemiljøområdet.
Statens strålevern gjennomførte hausten og vinteren 2000/01 ei landsomfattande kartlegging av radonkonsentrasjonen i bustadhus. 29 000 bustadhus fordelte på 114 kommunar blei undersøkte. 2570 av dei kartlagde bustadhusa hadde ein radonkonsentrasjon som var høgre enn det tilrådde tiltaksnivået på 200 bequerel. På bakgrunn av dette set Husbanken no, i samarbeid med Statens strålevern, i verk ein landsomfattande kampanje for å få huseigarar til å gjennomføre tiltak for å redusere radonkonsentrasjonen.
Statens bygningstekniske etat (BE) er med i styringsgruppa for radonspørsmål, saman med Statens strålevern og Husbanken. Det er gjennomført sju kurs. Tilskot til reduksjon av radonnivået auka frå 2,2 mill. kr i 2001 til 4,2 mill. kr i 2002.
Husbanken ønskjer å stimulere til auka bruk av miljødeklarerte byggjeprodukt. Banken medverkar med tilskot til eit NBI-prosjekt, "OIKOS NOMOS", der eitt tema er bruk av miljødeklarasjonar.
Statens bygningstekniske etat (BE) sluttfører ein temarettleiar om byggjevarer, med vekt på korleis miljø- og branneigenskapar kan dokumenterast. Det blir gitt informasjon om etablerte merkeordningar for helse- og miljøfarlege kjemiske produkt, om miljøvaredeklarasjonsordningar, og om lista over stoff som miljøvernstyresmaktene ønskjer utfasa (OBS-lista).
Miljøvaredeklarasjonar for byggjevarer gir mellom anna informasjon om innhaldet av skadelege stoff. BE vil, gjennom temarettleiinga nemnd ovanfor og ved å gi økonomisk støtte til ein informasjonskampanje, medverke til å gjere miljøvaredeklarasjonsordninga betre kjend. Målet er å auke talet på miljøvaredeklarerte byggjeprodukt, slik at produktspekteret blir dreidd over mot produkt som er mindre miljøskadelege.
BE har gitt støtte til eit prosjekt som har som siktemål å harmonisere dei to største miljøvaredeklarasjonane i Noreg, ØKODEK frå NBI og Miljøvaredeklarasjonen frå NHO/STØ.
BE har innleidd eit samarbeid med Statens forureiningstilsyn der ein skal vurdere utvalde produktgrupper innanfor byggjevarer (tetteprodukt, taktekkingsprodukt og isolasjonsprodukt) med tanke på risiko for spreiing av kjemikal gjennom livsløpet. Faste, tilarbeidde produkt er per i dag ikkje omfatta av merkeplikt eller deklarasjonsplikt. Å hindre uønskt spreiing av kjemikal frå slike produkt er derfor eit viktig satsingsområde innanfor den produktorienterte miljøstrategien til ureiningsstyresmaktene. Ein vil fokusere på byggjevarer som fører til spreiing av kjemikal i bruksfasen.
Bromerte flammehemmarar har alvorlege helse- og miljøfarlege eigenskapar. Miljøvernstyresmaktene planlegg forbod mot bruk av dei mest urovekkjande stoffa frå 1.7.2004. Forbodet omfattar ikkje dei stoffa som blir nytta i bygningsmateriale, til dømes heksabromcyclododekan (HBCD). BE vil medverke med spreiing av informasjon slik at ein vel mindre skadelege alternativ. Det er vedteke ny forskrift som går ut på at byggavfall som inneheld HBCD, skal behandlast som farleg avfall. I tillegg til informasjonsarbeid bør det vurderast å stille krav om merking av aktuelle produkt.
BE deltek i ei arbeidsgruppe i EU-kommisjonen som ser på regulerte stoff i byggjevarer. Byggjevaredirektivet føreskriv bruk av byggjevarer som ikkje gir uakseptabelt høge emisjonar og lekkasjar av skadelege stoff.
Saman med andre fagmiljø tek BE sikte på å arrangere ein tverrfagleg konferanse om samanhengen mellom helseproblem som allergi, astma osv. og dårleg inneklima på grunn av fuktskadar i bygningar o.a.
BE vil evaluere opplæringsprogrammet "Hus og Helse" (1991-95), som var retta mot bransjen for å auke merksemda om konsekvensane av eit dårleg inneklima. Evalueringa har tre delmål:
innarbeide ny kunnskap og erfaring
medverke til å auke nytta av den omfattande satsinga som blei gjort
finne fram til betre metodar for å spreie informasjon til bransjen
Saman med Norske arkitekter for bærekraftig utvikling (NABU) og Bergen kommune vil BE i 2003 arrangere ein konferanse som har som mål å framskaffe kunnskap om rett val av materiale og løysingar som sikrar eit godt inneklima i skolar.
BE har delteke i arbeidet med å utvikle indikatorar knytte til bruk av helse- og miljøfarlege kjemikal i byggjesektoren.
Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning
Aktivitetar og tiltak
Nasjonal handlingsplan for byggje- og anleggsavfall (NHP) har vore støtta av Husbanken gjennom fleire år. Frå og med januar 2003 er arbeidet organisert som eit nettverk, og for 2003 sette NHP opp 17 prioriterte tiltak. 13 organisasjonar/etatar med tilknyting til byggjenæringa har forplikta seg til å arbeide aktivt saman for å nå dei måla NHP sette i 2001. Statens bygningstekniske etat (BE) vil følgje arbeidet og vurdere om det er behov for supplerande verkemiddel dersom det viser seg vanskeleg å nå måla.
Husbanken og BE har støtta fleire prosjekt der ein prøver ut gjenbruk av materiale i praksis, mellom andre Pilestredet Park i Oslo. Prosjekta blir evaluerte med omsyn til miljøeffektar, økonomi og tekniske forhold.
BE vil halde seg orientert om korleis krav om framlegging av avfallsplanar i samband med byggjeprosjekt påverkar avfallsproduksjonen og behandlingsformene, og vil vurdere om krav om avfallsplanar på sikt bør takast inn som ein del av byggjeregelverket. Berre nokre få kommunar har innført lokale forskrifter om opplysningar om avfall i byggjesaker.
BE deltek i komiteen Levetid for bygningar under Noregs byggstandardiseringsråd. I denne komiteen arbeider ein med standardar som vil tydeleggjere faktorar som påverkar levetida til bygningar, og vise samanhengen mellom auka levetid, reduserte årskostnader og miljøbelastningar. 3 av 8 delstandardar er no ferdigstilte og vedtekne. Ei forlenging av levetida til bygningar og installasjonar i bygningar vil effektivt redusere avfallsproduksjonen i byggjebransjen.
BE har fått utarbeidd ein rapport med forslag til fleire endringar av Teknisk forskrift som kan medverke til betre ressursutnytting, med hovudvekt på potensialet for reduksjon av avfallsmengda.
BE gjennomførte i samarbeid med NABU seminar og idédugnad om byggavfall i mars 2003.
Riksantikvaren skal, i samarbeid med BE, utarbeide ein temarettleiar om bevaring av eksisterande bygningar. Kunnskap om gode materialval og handverkstradisjonar blir teken inn. Siktemålet er auka levetid, noko som gir god ressursutnytting og redusert avfallsproduksjon, samtidig som ein tek vare på kulturminne.
Resultatområde 7 Klimaendring, luftureining og støy
Aktivitetar og tiltak
Talet på husbankfinansierte husvære med tilskot til tilstandsvurdering og heilskapleg planlegging i samband med bustad- og miljøfornying har lege stabilt på ca. 18 000 husvære i dei siste tre åra. Her er det også rekna med prosjekt som ser på energitiltak. Husbanken har innleidd samtalar med ENOVA, Byggforsk og NTNU/SINTEF for å sjå på nye strategiar for energitiltak i den eksisterande bustadmassen.
Husbanken vidarefører arbeidet med klimatilpassing av husvære og buområde. Samarbeidspartnarar har mellom andre vore NABU, Byggforsk, Høgskolen i Narvik og Tromsø kommune.
BE deltek i den nasjonale nettverksgruppa for det nordiske prosjektet om livssykluskostnader (LCC). Meir utbreidd bruk av dette verktøyet i prosjekteringsfasen kan setje fokus på driftskostnader i tillegg til investeringskostnader. Dette kan medverke til at det blir valt energieffektive løysingar, men også til at det blir valt byggjevarer med lang forventa levetid. BE vil vurdere om det er mogleg å integrere LCC-tankegangen i byggjeregelverket.
Husbanken deltek i prosjektet "IEA SHC Sustainable Solar Housing", som starta i 2000 og varer fram til mars 2005. Her deltek ca. 15 land, og Husbanken har prosjektleiinga for den norske deltakinga gjennom prosjektet "Kostnadseffektive lavenergiboliger". Eitt av måla for dette prosjektet er gjennombrot på marknaden for husvære med halvert energibehov. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og ENOVA.
Husbanken og SINTEF Bygg og miljø tok i april 2002 initiativ til å setje i gang eit prosjekt som skal utvikle forslag til energimerking av husvære, jf. det vedtekne EU-direktivet om energimerking. I tillegg til ENOVA og Husbanken er BE, SINTEF, Byggforsk, BNL, Boligprodusentenes forening, NBBL og NVEF og NELFO deltakarar i prosjektet. Husbanken og ENOVA har saman finansiert forprosjektet, som er avslutta og rapportert våren 2003. Ein drøftar no om ein skal vidareføre prosjektet, mellom anna med ei konkret utprøving av energimerking av nye husvære. Ein føreset eit vidare samarbeid med BE og andre hovudaktørar i bustad- og byggjesektoren.
SINTEF vil leggje fram underlag for forslag til nye energikrav i Teknisk forskrift (TEK) hausten 2003. Nytt energirammekrav vil omfatte alle energipostar i samband med drift av bygningar, og ein vil premiere miljøvennlege energikjelder. Nye energikrav vil vere ein føresetnad for implementering av det nye EU-direktivet. Direktivet blei vedteke i januar 2003, og fristen for implementering er sett til januar 2006. Det blir planlagt ein høyringsrunde i 2004, og revisjon av energikrav i TEK er planlagt gjennomført i 2005.
Energidirektivet inneheld også føresegner om energisertifikat for bygningar som blir selde eller leigde ut, og om inspeksjonsordning for varme- og kjøleanlegg. BE deltek i referansegruppa for utarbeiding av sertifikatordning for nye husvære.
BE medverkar økonomisk til gjennomføring av programmet "Klima 2000". Hovudmålet for programmet er å oppdatere prinsippløysingar for konstruksjonar som gjer at dei betre toler ytre klimapåkjenningar. Programmet skal også kartleggje moglege verknader av klimaendringar på området og korleis samfunnet best kan tilpasse seg endringane.
BE har utarbeidd ein rettleiar om montering og drift av fyringsanlegg for brensel av trepellets. Ein reknar med at publikasjonen vil medverke til redusert ureining frå fyringsanlegg og til auka bruk av fornybare energikjelder og avfallspellets.
Det er sett strenge krav til kor mykje nye eldstader kan sleppe ut av partiklar. Eldstadene må prøvast etter, og tilfredsstille, norske standardar. BE deltek i internasjonalt standardiseringsarbeid og prøver å få aksept for den norske prøvemetoden som ein europeisk standard.
Norske produsentar av isolasjonsskum, som blir nytta som isolasjonsmateriale i bygningar, har redusert forbruket av HKFK med over 90 pst. frå 2001 til 2002. Ureiningsstyresmaktene innfører forbod mot bruk av HKFK til skumplastproduksjon frå 1. januar 2004 for å motverke ein reduksjon av ozonlaget.
Resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda
Aktivitetar og tiltak
Husbanken deltek i
ei arbeidsgruppe knytt til nye EU-direktiv om energi
den internasjonale satsinga "Sustainable Construction"
prosjektet "IEA SHC Sustainable Solar Housing", som blei starta i 2000 og varer fram til mars 2005, jf. resultatområde 7
BE deltek i
internasjonalt standardiseringsarbeid på miljøområdet
arbeidsgrupper knytte til nye EU-direktiv
satsinga "Sustainable Construction"
Programkategori 13.40 Samiske formål
Kommunal- og regionaldepartementet har eit samordningsansvar for samepolitikken og politikken overfor nasjonale minoritetar. Departementet har få eigne verkemiddel på desse områda. Prinsippet om sektoransvar for departementa gjeld også her, slik at fagdepartementa har ansvaret for å følgje opp samepolitikken og politikken overfor nasjonale minoritetar innanfor sine sektorar, også når det gjeld miljøspørsmål.
Miljøpolitikk og samiske interesser og rettar er knytt til samiske utmarksnæringar som reindrift, laksefiske, kyst- og fjordfiske osv. I tillegg er det samiske perspektivet svært viktig når det gjeld bevaring av kulturlandskap og kulturminne.
I arbeidet med verneregime er det ei utfordring å integrere samiske interesser og rettar. Kulturlandskapet er i mange tilfelle blitt forma av den tradisjonelle måten samane har nytta naturen på. Ved utarbeiding av nye verneregime er det derfor viktig at denne tradisjonelle bruken blir teken vare på og vidareført. I utviklinga av verneregime legg regjeringa vekt på å ha ein god dialog med Sametinget og reindriftsnæringa for å sikre at det blir teke omsyn til samiske rettar og interesser, mellom anna i forhold til artikkel 8j i konvensjonen om biologisk mangfald.
Sametinget står sentralt i miljøarbeidet på det samepolitiske området. I si årsmelding for 2002 seier Sametinget at tinget ønskjer å delta på mest mogleg like vilkår med dei sentrale styresmaktene når det gjeld å oppnå ei meir miljøvennleg og berekraftig utvikling. Sametinget har eit samla og heilskapleg ansvar for samiske kulturminne i heile det samiske bruks- og busetjingsområdet i seks fylke. Miljø- og kulturminneavdelinga i Sametinget behandla i underkant av 2000 enkeltsaker i forhold til kulturminnelova og plan- og bygningslova i 2002. Sametinget er også representert i kulturlandskapsgrupper, arealplanforum og miljøforum i dei enkelte fylka. I samarbeidsavtalen med Troms fylkeskommune er kulturminneforvaltning og museumsspørsmål omtalt i eigne artiklar. Vidare meiner Sametinget at den samiske deltakinga i verneplanprosessane ikkje har vore god, og at det i fleire av verneforslaga ikkje er teke nok omsyn til samisk kultur og næringsverksemd. Sametinget har bede om større mynde og betre høve til å påverke verneplanprosessar, og ønskjer at dette kjem inn i lovverket.
Sametinget arbeider med fleire planar knytte til samiske kulturminne, mellom anna forvaltningsplan for Skoltebyen kulturmiljø. Sametinget overtok forvaltningsansvaret for det freda kulturminneområdet Ceavccageađgi/Mortensnes i Unjárga/Nesseby i 2001. Det blir utarbeidd ein forvaltningsplan for området, der ein kjem med forslag om korleis området best mogleg kan skjøttast og forvaltast i framtida. Utkast til rapporten "Vern og forvaltning av samiske byggverk" ligg no føre, og ein meiner at det finst ca. 1200 automatisk freda samiske byggverk i landet og ytterlegare ca. 870 som vil bli freda i dei neste 20 åra. Miljøverndepartementet løyvde i 2002 1,5 mill. kr til samiske kulturminneverntiltak, og Sametinget behandla 50 søknader om tilskot. Det er gitt støtte til tiltak som gjeld registrering, skjøtsel og dokumentasjon av samiske kulturminne, og til restaurering av samiske bygningar.
Programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikken
Innanfor departementet sitt ansvarsområde i regional- og distriktspolitikken er det gjennomført ei omfattande budsjettreform, med verknad frå budsjettåret 2003. Utgangspunktet for endringane er ønsket om desentralisering av ansvar og mynde til fylkeskommunane, og behovet for å kunne tilpasse verkemiddelbruken til regionale utfordringar. Reforma inneber at størstedelen av midlane over programkategorien blir overførte til fylkeskommunane, som etter samråd med den regionale partnarskapen tek nærmare strategiske avgjerder om bruken av midlane.
For å kunne styrkje fylkeskommunen som ein sterk regionalpolitisk aktør bør dialogen om viktige regionalpolitiske utfordringar, også på miljøfeltet, styrkjast mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter.
Grøn stat
Kommunal- og regionaldepartementet har gjennomført ei kartlegging av vesentlege miljøaspekt ved drifta av departementet med tanke på å setje opp mål og tiltak/handlingsplanar som bør gjennomførast som ledd i prosjektet Grøn stat, i departementet kalla Grønt KRD. Hovudmålet for Grønt KRD er at departementet skal drivast på ein mest mogleg miljøvennleg måte, av miljømedvitne medarbeidarar. Det er sett opp delmål og tiltak som gjeld innkjøp, transport, avfall, drift av bygning og energiforbruk og innarbeiding av miljøleiing i styringssystema.