Del 1
Innleiing
1 Hovudutfordringane og Regjeringas svar
Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken, både nasjonalt og internasjonalt. Vern om miljøet er eit grunnleggjande vilkår for ei berekraftig utvikling og krev innsats på brei front. Ressursane på jorda er ikkje endelause. Dei rikaste av verdas befolkning belastar miljøet og ressursane så sterkt at andre ikkje får rom for velstandsvekst utan at tolegrensene blir sprengde. På fleire område er desse grensene allereie overskridne. Dessutan rammar miljøøydeleggingar ofte hardast dei som har minst høve til å tilpasse seg store endringar.
Miljøpolitikken skal byggje på «føre var-prinsippet», som seier at tvil skal komme naturen til gode, på prinsippet om at forureinar skal betale, og prinsippet om bruk av beste tilgjengelege teknologi.
For at framtidas generasjonar skal ha tilgang til eit godt miljø og mangfaldig natur, må miljøomsyn gripe inn i alt vi gjer. Omsynet til miljøet pregar derfor ikkje berre Miljøverndepartementets budsjett, men heile statsbudsjettet. Det er eit viktig prinsipp at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å tufte verksemda si på miljøomsyn. Dette prinsippet kjem blant anna til syne i stortingsmeldingane om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Siste RM vart lagt fram i mai 2007 (St.meld. nr. 26 (2006-2007)). Miljøsatsingar på budsjetta til andre departement er omtalt i kapittel 3.
God miljøpolitikk krev innsats frå staten, kommunane, bedriftene, borgarane og organisasjonane. Regjeringa legg stor vekt på innsatsen til dei frivillige organisasjonane og vil gjere sitt til at miljø blir sett tydelegare på den lokalpolitiske dagsordenen. Regjeringa vil stimulere til at norsk industri skal bli leiande innafor miljøforbetringar og utvikling av miljøvennleg teknologi. Det skal bli enklare for forbrukarane å vere miljøvennlege i kvardagen. Det offentlege skal gå føre som ansvarleg forbrukar og etterspørje miljøvennlege varer og tenester. Skatte- og avgiftssystemet skal oppmuntre til miljøvennleg handling.
Dei største miljøutfordringane i vår tid er globale. Nord- og polarområda er særskilt sårbare og er ein viktig indikator for verdas miljøtilstand. Noreg har derfor ei særleg oppgåve som global miljøforvaltar på Svalbard og i polarområda, og ved å vera ein pådrivar i det internasjonale miljøsamarbeidet og arbeide for forpliktande internasjonale miljøavtaler. Det blir lagt vekt på å byggje eit breitt samarbeid på miljøområdet med store og viktige utviklingsland. Regjeringa følgjer opp handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid, og Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. Handelsavtalar vil òg vera eit viktig verkemiddel for å fremja miljøvennleg produksjon og forbruk og lette tilgangen til miljøteknologi. Aktiv påverknad av EUs miljøpolitikk er viktig for utforminga av norsk miljøpolitikk. FNs miljøprogram UNEP må på sikt bli ein særorganisasjon for miljø.
Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Rask reduksjon i naturmangfaldet på jorda. Stadig veksande bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Dette er dei tre største miljøtruslane verda står overfor i dag. Kampen mot desse truslane må prege alt frå Regjeringas internasjonale arbeid til kvar enkelt borgar sine daglege handlingar.
2 Hovudprioriteringane i Miljøverndepartementets budsjett for 2008
Klimapolitikken er det området innafor miljøpolitikken som vil bli høgast prioritert av Regjeringa og Miljøverndepartementet i åra framover. I tråd med sektoransvarsprinsippet går dei største løyvingane til ulike klimarelaterte tiltak over andre departements budsjett.
Miljøverndepartementets budsjett for 2008 er på 3 276,3 mill. kroner. Budsjettet for 2008 aukar med vel 250 mill. kroner, eller vel 8 pst., når det på vanleg måte er korrigert for den eittårige auken i 2007 på 200 mill. kroner til fondskapital i Kulturminnefondet. Miljøforsking blir foreslått auka med 15,5 mill. kroner og overvaking med 10,9 mill. kroner. Løyvinga til bruk, forvaltning og skjøtsel av verneområde og friluftsområde blir foreslått auka med 45 mill. kroner. Innsatsen til kulturminnevern blir foreslått styrkt i 2008, dels gjennom auka løyvingar og dels gjennom auka avkastning på kapitalen i Kulturminnefondet. Det blir foreslått ein auke på 49,3 mill. kroner til tiltak for kulturminne og kulturmiljø. Løyvinga til fjerning av miljøgifter og opprydding i sjøbotn i fjordar og hamner blir foreslått auka med 25,7 mill. kroner.
I klimameldinga frå mai 2007 la Regjeringa fram forslag til Noregs internasjonale pliktingar, samt mål og handlingsplanar for nasjonale utslippsreduksjonar. Oppfølginga av meldinga kjem klart til syne gjennom auka løyvingar på fleire departement sine budsjett. Miljøverndepartementet har ei koordinerande rolle i klimasatsinga. Auken til klimatiltak på Miljøverndepartementets budsjett er på om lag 10,7 mill. kroner. Dette går bl.a. til sektorvise klimahandlingsplanar, internasjonale klimaforhandlingar, drift og utvikling av klimakampanjen og til den nasjonale klimarekneskapen. Reduserte utslepp av klimagassar vil òg vere eit viktig tema i satsinga på «Framtidas byar».
Miljøpolitikken må byggje på god og oppdatert kunnskap. Regjeringa aukar derfor løyvingane til miljøforsking med 15,5 mill. kroner og til miljøovervaking med 10,9 mill. kroner. Dette vil styrkje arbeid som dekkjer alle resultatområda, mellom anna arbeidet med utvikling av ein naturindeks, betre oversyn over truga og framande artar i Noreg, utvida overvaking av kulturminne, betre kontroll med miljøgifter og betre kunnskap om det sårbare miljøet i nordområda. Noreg har eit særskilt ansvar for forsking på og overvaking av klimaprosessane i nord, og for forvaltning av store område i Arktis. Regjeringa styrkjer satsinga i nordområda ytterlegare på miljøområdet.
Regjeringa legg i budsjettet stor vekt på å bevare det norske naturmangfaldet, mellom anna ved å halde oppe innsatsen for vern av nye område. Innsatsen til skjøtsel og forvaltning av allereie verna område har hatt eit stort etterslep. Derfor aukar løyvinga til bruk, forvaltning og skjøtsel av verneområde med i alt 25 mill. kroner. Dette går til konkrete tiltak i felt, utarbeiding av forvaltningsplanar, forsøk med lokal forvaltning av verneområde og noko styrkt oppsyn. I tillegg aukar løyvinga til tiltak for bevaring av det kulturhistoriske landskapet og biologisk mangfald knytt til dette, bl.a. i verdsarvsområda Vega og Vestnorsk fjordlandskap, med 5,5 mill. kroner. Det er foreslått ei løyving på 1 mill. kroner i tilskot til etablering av eit informasjonssenter for sjøfuglvern på Værlandet i Sogn og Fjordane.
Ved å føre vidare løyvinga til nytt skogvern, held Regjeringa oppe tempoet i skogvernet, med stor vekt på frivillig vern. Når Regjeringa har teke stilling til verneomfanget for Trillemarka-Rollagsfjell, vil ein leggje eit forslag om finansiering fram for Stortinget.
Innsatsen for bevaring av det biologiske mangfaldet blir òg styrkt på andre måtar. Som ledd i auken i løyvinga til miljøovervaking og miljødata, går 3,2 mill. kroner til å auke kunnskapen om det biologiske mangfaldet. Løyvinga til GenØk – Senter for biosikkerhet aukar med 4,7 mill. kroner, det er ei dobling. Samstundes aukar fagsakløyvinga under Direktoratet for naturforvaltning med 1 mill. kroner til innleigd eksperthjelp og tilsyn i saker som vedrører genmodifiserte organismar. Dette vil styrkje forskinga og kapasiteten for bistand til norske styresmakter på miljø- og helsekonsekvensar av genmodifiserte organismar.
Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på villaksen. Løyvinga til tiltak mot Gyrodactylus salaris er ledd i ein langsiktig forsterka innsats mot parasitten. I 2008 vil ein fullføre behandlinga av Steinkjervassdraget og starte behandlinga av Vefsna. Den såkalla kombinasjonsmetoden, der sur aluminiumsblanding med supplement av rotenon fjernar parasitten, har vore nytta dei siste åra med godt resultat. Men kostnadene er større. Løyvinga til kalking og lokale fiskeformål blir ført vidare på det same nivået som i 2007.
Noreg har som einaste landet i Europa med villreinstammer i høgfjellet eit særleg ansvar. Midlane til villreintiltak er noko auka. Samstundes er budsjettet til dei to villreinsentra i Tinn og Dovre kommunar styrkt for heilårleg drift. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2007 vart det løyvt 9,5 mill. kroner til kjøp av Hjerkinnhus for tilrettelegging av senteret på Dovrefjell. Arbeidet med å sikre villreinens leveområde gjennom regionale planar held fram.
I arbeidet med å bevare dei fire store rovdyra legg Regjeringa stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Slike tiltak medverkar til å gi rovdyrpolitikken lokal forankring. Regjeringa styrkjer innsatsen på dette feltet med 9 mill. kroner. Posten for erstatningar etter rovviltskade aukar med 20 mill. kroner på grunn av auka tap i 2006.
Det er oppretta ein eigen budsjettpost for tiltak i friluftsområde. Posten inneheld midlar til opparbeiding, drift og skjøtsel. Innsatsen till dette føremålet er reelt auka med 24,5 mill. kroner når ein ser bort frå eingongsløyving i 2007 på 25,5 mill. kroner frå inntekter ved sal av bustaden på Huk-eigedommen. Av auken går mellom anna 3,5 mill. kroner til tiltak langs Akerselva, 1,5 mill. til Ytre Oslofjord, 2 mill. kroner til skjergardsparken i Telemark og 1 mill. kroner til Vestkystparken Rogaland-Hordaland. I tillegg blir løyvinga til Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd auka med 1 mill. kroner.
Miljøverndepartementet og andre departement samarbeider med Oslo kommune om utvikling av grønstruktur og kulturmiljø i Groruddalen. Regjeringa aukar løyvinga til programmet Alna, grønstruktur og kulturmiljø med 13 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett.
Regjeringa vil invitere til eit samarbeid med dei største byane for å utvikle framtidas byar, med hovudvekt på å redusere klimautsleppa i byane. Det vil bli sett av 11,7 mill. kroner til dette føremålet.
Den lokale miljøkompetansen skal styrkjast gjennom nettverkslæring i programmet «Livskraftige kommunar». Lokalt miljøarbeid skal utviklast vidare som ledd i kommunanes rolle som samfunnsutviklar, organisasjon og tenesteprodusent. Satsinga blir ført vidare på same nivå som tidlegare.
Løyvinga til universell utforming og tilgjenge for alle blir ført vidare på same nivå som i 2007. Midlane skal nyttast til å utvikle nye løysingar innanfor prioriterte samfunnsområde, kompetanseoppbygging hos offentlege og private aktørar og til lokale tiltak.
Ressursane til kulturminnevernet aukar i 2008, dels gjennom auka løyvingar og dels gjennom auka avkastning på kapitalen i Kulturminnefondet. Kulturminnefondet er nå på ein milliard kroner. Avkastninga frå fondet aukar med om lag 8,6 mill. kroner i 2008, til 43,7 mill. kroner. Desse midlane vil òg utløyse privat innsats i konkrete prosjekt som får støtte.
Utover dette aukar løyvinga til kulturminneforvaltning med 40,7 mill. kroner. Løyvinga til arkeologiske undersøkingar/utgravingar i samband med gjennomføring av mindre private tiltak går opp med 5 mill. kroner, nær ei dobling. Løyvinga til vern og sikring av freda bygningar og anlegg aukar med 10,5 mill. kroner. Løyvinga til vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen aukar med 1 mill. kroner. Brannsikring aukar med 1 mill. kroner. Fartøyvernet får 3 mill. kroner meir enn i 2007. Tilskotet til samisk kulturminnearbeid aukar med 1 mill. kroner. Løyvinga til verdiskapingsprogrammet aukar med 1 mill. kroner.
I alt sju norske område og objekt står no på Verdsarvslista til UNESCO. Noreg har eit særskilt ansvar for å forvalte desse verdiane. Løyvinga aukar med 8 mill. kroner i 2008, fordelt med 5 mill. kroner til Bryggen i Bergen og 3 mill. kroner til Røros kyrkje. I tillegg er det oppretta ein ny post for forvaltningstiltak i verdsarvområde, og det er avsett 5,5 mill. kroner til dette.
Regjeringa aukar innsatsen for å redusere utsleppa av partiklar og nitrogenoksid frå vegtrafikken. I 2008 vil det bli utbetalt forhøgd vrakpant på eldre, forureinande dieselkjøretøy, slik at panten blir på 5000 kroner. Ordninga er avgrensa til eitt år, og skal motivere eigarane til å ta slike bilar ut av bruk. Det blir løyvt 50 mill. kroner til dette tiltaket på Miljøverndepartementets budsjett.
Stortingsmeldinga om kjemikaliar vart lagt fram i desember 2006 og er eit grunnlag for sterkare satsing. Arbeidet med forureina sjøbotn og forureina jord held fram med høg prioritet. Pålegg vil bli retta mot den ansvarlege forureinaren så langt råd er, men tiltaksbehovet frå statleg side vil likevel vere stort. I 2008 er fokus framleis på oppfølging av dei to handlingsplanane som vart lagt fram hausten 2006 – den eine for arbeidet med forureina jord i barnehagar og leikeplassar og den andre for arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn. Løyvinga til opprydding i forureina grunn og sjøbotn aukar med 25,7 mill. kroner.
Regjeringa styrkjer arbeidet med ei heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av hav og vassførekomstane. Midlane til heilskapeleg forvaltning av norske havområde, inkludert forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten, aukar med i alt 10 mill. kroner på Miljøverndepartementets budsjett. Midlar til oppfølginga er òg lagt inn på budsjetta til andre departement. Løyvinga til oppfølging av EUs rammedirektiv for vatn aukar med 1,9 mill. kroner.
Regjeringa legg stor vekt på det folkelege miljøengasjementet. Klimakampanjen blir som nemnt ført vidare og styrkt, og Regjeringa aukar løyvingane til miljøvernorganisasjonane med 5,3 mill. kroner.
Miljøverndepartementets budsjett finansierer mange av dei mest sentrale verkemidla og tiltaka i miljøpolitikken. I tråd med prinsippet om sektoransvar er det som nemnt likevel slik at mykje av aktiviteten skjer i regi av andre departement. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. Betydelege løyvingar ligg på Olje- og energidepartementets og på Samferdsledepartementets budsjett. Løyvinga til kvotehandel ligg på Finansdepartementets budsjett. CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Regjeringa held fram med gjennomgangen av skatte- og avgiftssystemet, med det for auge å stimulere til meir miljøvennleg åtferd. Ei omlegging av bilavgiftene er ein viktig del av dette.
3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område
At Regjeringa vil gjere Noreg til eit føregangsland i miljøpolitikken krev at miljøomsyn blir ein sentral del av utviklinga i alle samfunnssektorar. I statsbudsjettet for 2008 satsar Regjeringa difor breitt på miljøtiltak. Regjeringa si miljøsatsing kjem til uttrykk på dei fleste av departementa sine budsjett. Dei samla miljøpolitiske løyvingane er berekna til å auke frå 22,4 mrd. kroner i 2007 til 24,6 mrd. kroner i 2008.
Blant dei tiltaka som blir prioritert i 2008 er:
energiomlegging og energieffektivisering
CO2-handsaming på Kårstø og Mongstad
miljøretta utviklingssamarbeid, med fokus på klimatiltak
jernbaneinvesteringar
betre oljevernberedskap
tiltak for NOx-reduksjonar i fiskeflåten
kjøp av klimagasskvotar
Dei fleste samfunnsaktivitetar kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Difor har alle sektorar eit ansvar for å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet. Det må takast omsyn til miljøet både i økonomisk politikk og i politikken for dei einskilde sektorane. Samstundes må ulike tiltak og verkemiddel samordnast og tilpassast til kvarandre. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innretter samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi bruker samfunnet sine ressursar.
Tabellen nedanfor viser departementsvis fordeling av utgifter til miljøtiltak i statsbudsjettet for 2008. Miljøtiltak er her definert og avgrensa på følgjande måte:
utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller
miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller
utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)
Oversikter over budsjettløyvingar til miljøføremål vil innehalde ein god del skjøn. Mange tiltak kan begrunnast på fleire måter og skal medverke til å nå ulike mål. Dette kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa kan òg medføre at tala ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tala må difor tolkast med varsemd.
Olje- og energidepartementet brukar 1 849,5 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2008. Dette er ein stor auke i høve til budsjettet for 2007. Om lag halvparten av denne løyvinga, eller 935 mill. kroner går til tiltak for handsaming av CO2 på Kårstø og Mongstad. 67 mill. kroner går til miljørelevant forsking i regi av Noregs forskingsråd. Energieffektivisering og satsing på fornybar energi er høgt prioritert. For å realisere høge ambisjonar legg regjeringa opp til ein sterk auke i dei økonomiske rammene til tiltak på dette feltet. Til energiomlegging, fornybar energibruk og energieffektivisering blir det difor løyvd 690,5 mill. kroner i 2008, mot 46,5 mill. kroner i inneverande år. Denne satsinga vil i stor grad skje gjennom Enova.
Samferdsledepartementet legg opp til å nytte 8 281 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2008, mot 7 800 mill. kroner i 2007. I 2008 vil Regjeringa føre vidare satsinga på jernbane og annan kollektivtransport. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli brukt 5 802 mill. kroner. Tiltaka skal m.a. auke kapasiteten og gi rom for å overføre meir gods- og persontransport til jernbane. Arbeidet med nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika på Drammenbanen blir ført vidare, med sikte på fullføring i 2011. Prosjektet nye Lysaker stasjon vil ha god framdrift i 2008. Den nye Ganddal godsterminal ved Sandnes blir tatt i bruk i ved årsskiftet 2007-2008. Den viktige Alnabru godsterminal i Oslo blir oppgradert for å kunne avvikle meir trafikk. Arbeidet med den 10 km lange Bybanen frå Bergen sentrum til Nesttun startar for fullt i haust. Bybanen blir finansiert gjennom ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar og bompenger og skal etter planen opnast i 2010. Løyvinga til statleg kjøp av persontransporttenester med tog går opp frå 1 599 mill. kroner i 2007 til 1 658 mill. kroner i 2008. Det særskilte tilskotet til kollektivtrafikken i dei større byane, (blant anna beløningsordninga) blir foreslått auka til 233,8 mill. kroner.
På Fiskeri- og kystdepartementetsitt budsjett går knapt 800 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2008. Dette er ein vekst på om lag 80 mill. kroner i høve til 2007. Det blir fremja forslag om å auke løyvinga til oljevern med 25 mill. kroner. Midla vil bli brukt til fornying av utstyr på dei statlege depota. Løyvinga til MAREANO blir foreslått styrkt med 9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Tilskotet til NOx-reduserande tiltak i fiskeflåten aukar med 25 mill. kroner. Arbeidet knytt til rømt oppdrettsfisk er høgt prioritert, med sikte på at slik røming skal haldast på eit absolutt minimum. Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid med oppdrettsnæringa føre vidare arbeidet for å redusere bruken av kjemikaliar og kopar i oppdrett. Innsatsen for å komme det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket i Barentshavet til livs vil halde fram, også i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar. Løvyinga til dette arbeidet blir foreslått auka med 10 mill. kroner.
På Utanriksdepartementetsitt budsjett er det på usikkert grunnlag berekna at om lag 3 017 mill. kroner går til miljøtiltak i 2008, mot om lag 2 529 mill. kroner i 2007. Regjeringa sitt mål er at Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klima- og miljøarbeidet og bli leiande innanfor miljøretta utviklingssamarbeid. Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. I 2008 vil det bli satsa på arktisk økosystembasert havmiljøforvaltning, tilpassing til klimaendringar og vidare innhenting av kunnskap om klimaendringar i Arktis. Overvaking og felles tiltak mot større regionale forureiningskilder, særleg i Russland, vil bli prioritert. Vi vil føre vidare samarbeidet med Russland om atomtryggleik til dei viktigaste oppgåvene er løyst. Regjeringa styrka innsatsen for miljø og bærekraftig utvikling med 350 mill. kroner i 2007. I 2008 legg regjeringa opp til å auke denne satsinga ytterlegare med 475 mill. kroner, av dette eit ekstra krafttak på klimafeltet med 400 mill. kroner. Innsatsen på dei øvrige temaområda i Handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid får ein auke på 75 mill. kroner.
På Forsvarsdepartementet sitt budsjett er det berekna at vel 861 mill. kroner går til miljøtiltak i 2007, mot om lag 816 mill. kroner i 2007. Kystvakten sine oppgaver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer størstedelen av miljøinnsatsen her, og aukar frå 490 mill. kroner i 2007 til 503 mill. kroner i 2008. Til oppryddinga i det snart nedlagde Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell blir det løyvd 30 mill. kroner i 2008, mot 21 mill. kroner i 2007. Oppryddingsarbeidet starta i 2006 og vil pågå i 15 år. Når arbeidet er fullført vil eit meir enn 160 km2 stort høgfjellsområde bli ført tilbake til tilnærma opphaveleg tilstand. Opprydding, støyisolering og energieffektivisering ved militærleirar og flystasjonar er andre viktige miljøtiltak i forsvaret.
Landbruks- og matdepartementet aukar den budsjettvise miljøinnsatsen frå 4 509 mill. kroner i 2007 til 4 690 mill. kroner i 2008. Den langt største delen av desse løyvingane (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Areal- og kulturlandskapstilskotet utgjer her den største einskildposten. I 2008 vil departementet starte opp arbeidet med ein meir samla satsing på resultatkontroll og resultatrapportering frå skogbruket sitt miljøarbeid. Over jordbruksavtalen har departementet etablert eit utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket. Auka produksjon av biogass frå husdyrgjødsel i samarbeid med avfallssektoren vil vere ein viktig del av denne satsinga. Ein vil og satse på produksjon av syntetisk biodiesel og etanol frå skogsvirke.
På Kommunal- og regionaldepartementetsitt budsjett går 83 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak, i hovudsak til bustad, bustadmiljø og bygg. På bustad- og bygningsområdet blir det satsa på redusert energibehov og meir miljøvennlege byggjematerialar. I arbeidet for meir miljøvennleg energibruk i bygningar spelar Husbanken ei viktig rolle, mellom anna med si satsing på lågenergibustader. For tida er meir enn 10 000 bustader med halvert energibruk under bygging eller planlegging.
I tillegg har departementet lansert programmet Grøne energikommunar, i samarbeid med Miljøverndepartemenet, Olje- og energidepartementet og Kommunenes sentralforbund. Kommunal- og regionaldepartementet løyver totalt 30 mill. kroner til programmet i åra 2007–2010, av dette om lag 8 mill. kroner i 2008. Dei 22 deltakande kommunane skal særleg arbeide for energieffektivisering, fornybar energi og reduserte klimagassutslepp.
Kjøp av klimagasskvotar
Som ein følgje av Kyotoprotokollen har den norske staten forplikta seg til ei maksimal mengd av klimagassar som kan sleppast ut i perioden 2008-2012. Dette medfører at Noreg må kjøpe ei monaleg mengd kvotar under Kyoto-mekanismane for å oppfylle protokollen. For 2008 blir det føreslått ei løyving på 505 mill. kroner til kjøp av klimakvotar og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utslippskvotar utover denne løyvinga for inntil 3 600 mill. kroner. Til kjøp av klimakvotar for statsansatte sine internasjonale tjenestereiser med fly, blir det føreslått 10 mill. kroner og ein fullmakt på inntil 12,5 mill. kroner til å inngå avtaler utover denne løyvinga. Finansdepartementet skal ha ansvaret for sal av klimakvotar.
Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2008 (i mill. kroner)
Departement | 20071 | Forslag 2008 |
---|---|---|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet2 | – | – |
Barne- og likestillingsdepartementet | 4,2 | 4,3 |
Finansdepartementet3 | 8,3 | 9,8 |
Fiskeri- og kystdepartementet | 720,4 | 799,7 |
Forsvarsdepartementet | 816,4 | 861,9 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 103,0 | 103,0 |
Justisdepartementet | 81,4 | 82,7 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 83,0 | 83,0 |
Kunnskapsdepartementet | 571,3 | 543,7 |
Kultur- og kyrkjedepartementet | 714,7 | 784,8 |
Landbruks- og matdepartementet | 4 509,0 | 4 690,0 |
Miljøverndepartementet4 | 3 016,0 | 3 090,6 |
Fornyings- og administrasjonsdepartementet56 | 172,3 | 166,9 |
Nærings- og handelsdepartementet | 272,0 | 260,4 |
Olje- og energidepartementet | 988,3 | 1 849,5 |
Samferdsledepartementet | 7 800,0 | 8 281,0 |
Utanriksdepartementet7 | 2 529,5 | 3 017,4 |
Sum alle departementa | 22 389,8 | 24 628,1 |
1 Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2007 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan det vere visse avvik mellom desse tala.
2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.
3 I FIN sitt budsjettal for 2007 er no løyvinga til kjøp av klimakvotar tatt ut.
4 Miljøverndepartementets budsjettal omfattar her berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje formål i tillegg til dei miljøfaglege.
5 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.
6 Denne posten omfattar òg utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling. Desse utgiftene er for 2008 berekna til 155 mill. kroner.
7 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementet sin definisjon.
Miljøtiltak på andre departement sine budsjett er nærare omtalt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Her finn ein òg ei omtale av:
utfordringar knytt til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde
mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane
oppnådde resultat i 2006
ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2008.
Miljøpolitikk handlar likevel ikkje berre om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a. For nærare omtale av skatter og avgifter blir det vist til St.meld. nr. 1 (2007-2008) Nasjonalbudsjettet 2008.
Regjeringa sine overordna miljøpolitiske mål er vist i kapitla 6-14. Departementa sitt miljøpolitiske arbeid er i hovudsak omtalt i budsjettproposisjonane og i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM) jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Store miljøpolitiske satsingar blir lagt fram i eigne stortingsmeldingar.
4 Oppsummering av status på dei enkelte resultatområda
Del II gir utfyllande omtale av det enkelte resultatområdet med konkrete mål, status og verkemiddel.
4.1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv
Mangfaldet av liv i naturen er grunnlaget for eksistensen vår og avgjerande for verdiskaping, velferd og livskvalitet. Dei siste 50 åra har menneska endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode i vår historie. FN-utgreiinga Millennium Ecosystem Assessment viser at millionar av menneske kan bli alvorleg truga av utviklinga dei kommande åra. Utgreiinga dokumenterer mellom anna at 60 pst. av dei verdiane og tenestene som økosystema gir er svekka eller systema blir ikkje brukte på ein berekraftig måte. Alt i dag har dette store konsekvensar for kva val vi har og vil få. Tapet av biologisk mangfald skuldast særleg tap av nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting.
Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Dette målet deler vi med alle dei andre europeiske landa. På globalt nivå er målet å redusere betydeleg tapet av biologisk mangfald innan 2010.
Vern av naturområde
I overkant av 14,3 pst. av fastlandsarealet i Noreg er no verna etter naturvernlova. Vern av naturområde er eit viktig verkemiddel for å stanse tapet av biologisk mangfald og sikre verdiar som er viktige for vidare utvikling, mellom anna i distrikts-Noreg. Viktige tiltak er gjennomføringa av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, auka skogvern, gjennomføringa av nasjonalparkplanen og marin verneplan, og auka fokus på arbeid for å sikre naturverdiane i verneområda. Dette er i tråd med det internasjonale arbeidet for å bevare biologisk mangfald. Under konvensjonen om biologisk mangfald har ein vedteke at det innan 2010 skal etablerast eit nettverk av terrestriske verneområde. I arbeidet med verneplanar vil ein leggje vekt på å sikre arter i eit endra klima.
I løpet av hausten 2007 og i 2008 er 8 nye område i nasjonalparkplanen planlagt verna eller utvida. Då vil 45 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen vere gjennomførte. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar, blant anna i høve til samarbeid med Sametinget.
Oppsyn og forvaltning av verneområda
Natur- og bruksverdiane i dei verna områda er under press. Ei viktig utfordring er derfor å betre forvaltninga i verneområda, slik at desse verdiane kan haldast oppe. Statens naturoppsyn er no til stades i mange av dei store verneområda i Sør-Noreg og i Finnmark fylke. Nokre av dei nye parkane og store verneområda har likevel ikkje tilstrekkeleg oppsyn. Samla er det loggført 5840 besøk av SNO i 1244 verneområde, dvs. i 62 pst. av dei verneområda som SNO har ansvaret for. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde gir nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast på best mogleg måte innafor det enkelte verneområde. Av totalt 29 nasjonalparkar har 5 i dag godkjende forvaltningsplanar. Om lag 500 av dei mindre verneområda manglar òg forvaltnings- og skjøtselsplanar, og fleire eksisterande forvaltningsplanar treng revisjon. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for 20 store verneområde. SNO gjennomførte i 2006 og 2007 fleire store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre verneområde. Regjeringa vil halde fram med opptrapping av arbeidet med forvaltningsplanar og skjøtselstiltak. Pr. juli 2007 er det autorisert 14 nasjonalparksenter. Dermed er den opphavlege nasjonale nasjonalparksenterplanen gjennomført.
Naturmangfald utanom verneområda
Hovuddelen av det biologiske mangfaldet finst og vil alltid finnast utanom dei verna områda. Det er derfor viktig at omsynet til bevaring av biologisk mangfald ligg til grunn for all verksemd og planlegging.
Endringane i kulturlandskapet har vore store dei seinare tiåra. Særleg er gjengroing i utmark no svært tydeleg, med fare for tap både av store landskapsverdiar og av arter som er knytte til slike kulturlandskap. Det er eit aukande behov for å oppretthalde drift og skjøtsel blant anna i dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren la i 2007 fram ein rapport om Utvalgte kulturlandskap i jordbruketsom vil leggje grunnlaget for vidare arbeid med å ta vare på kulturlandskapet.
Forskrift om rammer for vassforvaltninga, som implementerer EUs vassrammedirektiv, trådde i kraft frå 1. januar 2007. Denne forskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane, og skal sikre vern og berekraftig bruk av desse blant anna gjennom utvikling av forvaltningsplanar og tiltaksplanar. I oppfølginga av forskrifta er 9 fylkesmannsembete utpeikte som regionale vassregionstyresmakter.
Omfanget av motorferdsel i utmark har auka dei siste åra, og kan truge både naturmangfald og friluftsliv. Prosjektet «Motorferdsel og samfunn» er no avslutta. På dette grunnlaget er det utarbeidd eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag som vart sendt på høyring sommaren 2007. Etter høyringa skal DN leggje fram tilråding. Miljøverndepartementet tek sikte på at eit forslag kan fremjast for Stortinget i 2008.
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga artar er det mogleg for styresmaktene å få eit bilete av utviklinga i det biologiske mangfaldet og om verkemidla fungerar slik dei skal. Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald gir viktige bidrag til å betre kunnskapsgrunnlaget. I tillegg er det sett i gang arbeid for å vurdere korleis ein kan utvikle betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur, blant anna utgreiingsarbeid for å etablere ein naturindeks for Noreg.
Skogvern
Pr. september 2007 er i overkant av 1 000 km2 produktiv skog verna i Noreg. Dette utgjer om lag 1,4 pst. av skogarealet i landet. Det er ei viktig utfordring å auke dette arealet.
Hausten 2007 er det planlagt vernevedtak for ei rekkje frivillig vern-område og vern av skog på statsgrunn. Når Regjeringa har teke stilling til verneomfang for Trillemarka-Rollagsfjell, vil ein leggje forslag om finansiering fram for Stortinget. I 2008 vil det bli gjennomført frivillig skogvern på areal eigd av Statskog og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar), og registreringar i prioriterte skogtypar.
Bevaring av truga og sårbare arter
Tiltak for å stabilisere og hindre utdøying av truga og sårbare arter er særs viktig i arbeidet for å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010.
Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er her eit viktig tiltak. Framover er det viktig å få kvalitetssikra og supplert data frå denne kartlegginga, og gjennomføre neste fase med bl.a. kartlegging i sjø. Kartlegginga i kommunane er supplert med ei felles tverrsektoriell satsing frå seks departement på spesielle område der kommunane berre delvis har dekt kunnskapsbehovet. Sjøfuglprogrammet SEAPOP og det marine kartleggingsprogrammet MAREANO, som er samarbeidsprosjekt mellom fleire departement, er viktige blant anna når det gjeld å gi kunnskap i forhold til oppdateringen av forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2010.
Den nasjonale raudlista er eit viktig verkemiddel både for å vite kva arter som treng ekstra vern, og for å kunne måle i kva grad vi er på rett veg for å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. I desember 2006 la artsdatabanken fram ei revidert raudliste. Det er utarbeidd og sett i verk oppfølging av handlingsplanar for fleire truga arter. Direktoratet for naturforvaltning har òg under arbeid handlingsplanar for dverggås, åkerrikse og stor salamander. Fleire sjøfuglbestandar langs norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskap som grunnlag for å setje inn tiltak å sikre dei truga sjøfuglbestandane.
Tareskogen langs store deler av norskekysten er framleis i tilbakegang. I nord vert den nedbeita av kråkebollar, mens den på Sør- og Vestlandet døyr på grunn av klimaendringar, overgjødsling og nedslamming.
Sikring av leveområde for villreinen har stått sentralt ved opprettinga av fleire av våre store verneområde. Dette er likevel ikkje nok til å sikre store nok område for villreinen, og Miljøverndepartementet har derfor bede aktuelle fylkeskommunar om å utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villrein. Det er òg vedteke at 10 villreinområde skal ha status som nasjonale villreinområde.
Rovvilt
Sist vinter vart det registrert ei yngling av ulv i Noreg av totalt 16 ynglingar i Skandinavia. For bjørn tyder registreringar på ein viss vekst i bestanden, men det er langt igjen til bestandsmålet er nådd. For jerv viser førebelse bestandsregistreringar 53 ynglingar i Noreg i 2007. Det vart gjennomført hiuttak av tispe og/eller kvalpar ved 11 av dei 53 ynglingane. Vinteren 2007 vart det registrert 74 familiegrupper av gaupe, og det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar av gaupe er nådd. Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere på omlag dette nivået. Dei regionale rovviltnemndene (ei for kvar rovviltregion) har hovudansvaret for forvaltninga av ulv, bjørn, jerv og gaupe innafor sin region. Det er fastsett nasjonale bestandsmål for alle rovviltarter i kvar enkelt rovviltregion. Regjeringa legg stor vekt på førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga.
Vilt- og fiskeforvaltning
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter blitt betre. Lakseoppsynet er òg styrkt gjennom organisatoriske endringar og effektivisering.
Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet. Situasjonen for villaksen syner at det er behov for innstrammingar i laksefisket. Direktoratet for naturforvaltning er no i gang med å utarbeide forslag til reguleringar for perioden 2008-1012 i samarbeid med ulike interessegrupper.
Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) og Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga skal gi dei viktigaste laksebestandane betre vern, og består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar. Stortinget vedtok samstundes eit oppdatert verneregime for dei nasjonale laksevassdraga og laksefjordane.
Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt i 2007 etter ekstraløyving på 20 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. I 2007 er hovudfokus retta mot gjennomføring av utryddingstiltak i Steinkjervassdraga og to mindre vassdrag i Vefsn-regionen. Planlegging med sikte på nedkjemping i heile Vefsn-regionen er i gang, og arbeidet i denne regionen vil halde fram i 2008. Det går i dag føre seg kalking i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i regi av frivillige organisasjonar har halde fram på høgt nivå. Kalkingsaktiviteten blir halden oppe på noverande nivå i 2008.
Framande arter og genmodifiserte organismar
Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande organismar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til område der dei ikkje høyrer heime. Dei ti mest relevante departementa la i mai 2007 fram ein Tverrsektoriell nasjonal strategi med tiltak mot framande arter. Samstundes la Artsdatabanken fram Norsk Svarteliste 2007med risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artane som til no er registrerte i Noreg. Denne lista vil bli eit viktig verktøy for å prioritere tiltak mot framande arter. Det regjeringsoppnemnde Lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk for å regulere introduksjonar av framande arter som ein del av ein ny naturmangfaldlov.
Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. Det er stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. For å medverke til å sikre betre kunnskap om miljøkonsekvensar av GMO, blant anna som grunnlag for å halde fram med vår GMO-politikk og vurdere eit stadig aukande tal på komplekse GMO-søknader på ein best mogleg måte, er midlane til GenØK – Senter for biotsikkerhet auka. EU har no vedteke nye reglar om GMO som har nærma seg dei norske i vesentleg grad.
Friluftsliv
Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsel i utmark, men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Det er viktig å sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Miljøverndepartementet la i 2007 fram eit nytt rundskriv om friluftslova der ein tek for seg fleire høgsterettsdomar som gjeld tilhøva for ferdsel i strandsona. I Friluftslovas 50-årsjubileum, som vart markert over heile landet våren 2007, var det òg spesielt fokus på allemannsretten. Regjeringa vil leggje fram ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Marka).
Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette er ei utfordring, både i eit miljø- og eit helseperspektiv, og gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for det motivasjonsarbeidet som skjer både i regi av frivillige organisasjonar og ulike statlige etatar.
Det er sikra meir enn 2 000 område til friluftsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, blant anna ved overtaking av forsvarseigedommar. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. I tillegg til sikring og tilrettelegging av særskilte friluftsområde vil det òg bli lagt vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Det er òg viktig å sikre overordna og samanhengande grønstruktur i byar og tettstader. Samarbeidet med byane Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim vil halde fram i 2008.
For å skape tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har fylkesmennene i samarbeid med friluftsråd og kommunar utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftsområda i kvart fylke. I tillegg er det utarbeidd heilskapelege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken.
4.2 Bevaring og bruk av kulturminne
Kulturminne og kulturmiljø representerer store verdiar både for den enkelte og for samfunnet. Kulturminnelova og internasjonale konvensjonar føreset at særs viktige kulturminne blir tekne vare på. Kulturminne og kulturmiljø blir i for lita grad brukt som ressursar i samfunnsutviklinga. Viktige kulturhistoriske verdiar er i ferd med å gå tapt for alltid. Regjeringa vil fremje ein politikk som sikrar at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø gir grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Undersøkingar viser at vedlikehaldsetterslepet på dei freda bygningane aukar, og mange vil gå tapt dersom det ikkje blir sett inn tiltak. Riksantikvarens behovsanalyse viser at det er nødvendig med ei betydeleg styrking av dei statlege tilskotsmidlane for å sikre eit forsvarlig vedlikehald og at lova blir etterlevd. I åra 2000-2006 var tap og skade på automatisk freda kulturminne gjennomsnittleg 1,2 pst. årleg. Det er eit viktig mål for Regjeringa å redusere tapet av kulturminne.
Freding av kulturminne og kulturmiljø/bevaringsarbeid i kommunar og statlege sektorar
Statens viktigaste verkemiddel er freding etter kulturminnelova og tilskotsordningar for å sikre fagleg forsvarleg istandsetjing, vedlikehald og sikring av freda kulturminne.
Kulturminne og kulturmiljø er utsette for forfall, skadar og øydeleggingar. For å motverke dette skal det gjennomførast 10 bevaringsprogram for freda og fredingsverdige kulturminne. Programma vil omfatte ein gjennomgang av kulturminnas tilstand og av aktuelle tiltak for å sikre, setje i stand og vedlikehalde dei.
Riksantikvaren har sett i gang ein særskilt innsats for å sluttføre pågåande vedtaksfredingar, og gjennomgå eksisterande fredingar. Erfaringane frå dette arbeidet vil vere ein viktig del av grunnlaget for ein overordna strategi for nye fredingar framover.
Det er gjennomført ei evaluering av dei fire eldste norske verdsarvområda, og ein rapport om tilstanden er oversend UNESCO. Anbefalingane i rapporten blir følgde opp bl.a. gjennom langsiktige planar for istandsetjing av Røros og Bryggen i Bergen.
Det er viktig at kommunane og alle samfunnssektorar tek ansvar for verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Mange kommunar har vedteke planar med særskilt fokus på kulturminne og kulturmiljø, og talet på reguleringar til spesialområde bevaring syner ein liten årleg auke. Staten og dei enkelte etatane utarbeider landsverneplanar. Det er utarbeidd ferdige landsverneplanar for 8 sektorar, og det er 14 planar under arbeid. Det er etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminne og kulturmiljø. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og å påverke utforminga av eksisterande og nye verkemiddel.
Arkeologiske kulturminne
Mange arkeologiske kulturminne er truga av forvitring, erosjon og fysiske inngrep. Den statlege innsatsen vil prioritere arkeologiske kulturminne som har stor nasjonal betydning og arkeologiske kulturminne der det lokale engasjementet er stort og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.
Arbeidet med ein overordna strategi for forvaltninga av automatisk freda kulturminne og for kulturminne under vatn er påbegynt. 300 av dei mest utsette bergkunstlokalitetane i Noreg er sikra og vil bli følgt opp med planbasert skjøtsel. Det er sett i gang eit 10-årig prosjekt for bevaring av særleg prioriterte ruinar frå mellomalderen. Fylkeskommunane og Sametinget er bedne om å utarbeide langtidsplanar for skjøtsel og vedlikehald av arkeologiske kulturminne. Det er utarbeidd nye retningslinjer for auka statleg finansiering av utgifter til arkeologisk arbeid ved gjennomføring av mindre private tiltak. Dette arbeidet vil bli følgt opp med utarbeiding av utfyllande saksbehandlingsreglar.
Kystkultur og fartøyvern
Nærare 80 pst. av landets befolkning bur langs kysten. Kystens ressursar gir framleis grunnlaget for vesentlege delar av verdiskapinga og kunnskaps- og teknologiutviklinga her i landet. Kystsona er under eit stort og konstant endringspress. Det medfører spesielle utfordringar og moglegheiter i forvaltninga av kystens kulturminne. Dette omfattar òg fartøy og infrastruktur knytt til sjøfartsverksemda.
Riksantikvaren har intensivert arbeidet med kystkulturen. I samarbeid med Kystdirektoratet, Fiskeridirektoratet og ABM-Utvikling er det utarbeidd felles handlingsplan for arbeidet med kystkultur for 2007-2010. Målet er å koordinere verkemiddel for å sikre heilskapleg forvaltning og formidling av kystkulturen. Som ledd i oppfølginga av Soria Moria-erklæringas mål om auka satsing på fartøyvern er det starta eit arbeid med ein ny verneplan for fartøy. Dei to første fredingsvedtaka for fartøy er gjennomførte.
Internasjonalt arbeid
Noreg har ratifisert seks konvensjonar på kulturminnefeltet. I tillegg er kulturminne eit viktig samarbeidsområde i forhold til dei nye medlemslanda i EU, i miljøsamarbeidet med Russland og i samarbeidet med utviklingsland (Utanriksdepartementets kultur- og idrettsstrategi og miljøstrategien).
Riksantikvaren bistår dei nye medlemslanda i EU med å få opp prosjekt innafor EØS-midlane og fungerer som fagleg rådgivar for Utanriksdepartementet i oppfølginga av ordninga. I samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet og underliggjande etatar vart det i 2007 arrangert ein partnarskapskonferanse i Polen og i Tsjekkia med formål å medverke til gode prosjekt med norske partnarar. Dette arbeidet gav gode resultat i 2007 og vil bli vidareført i 2008.
Noreg har aktivt medverka gjennom medlemskap i UNESCOs verdsarvkomité til oppfølginga av UNESCOs globale strategi. Som ledd i dette har Noreg finansiert eit prosjekt for å styrkje arbeidet med afrikansk naturarv, med mål å medverke til naturarvnominasjonar til verdsarvlista frå afrikanske land.
Register/databasar
Informasjon er sentralt, og omfattar bl.a. kunnskap om kvar kulturminna finst og opplæring av dei som forvaltar kulturminne. Kulturminnedatabasen Askeladden blir utvikla vidare, og har no nær 2 700 registrerte brukarar. Modulen som omfattar opplysningar om tilstand på freda bygningar er sett i drift for kulturminneforvaltninga.
Verdiskapingsprogrammet
Regjeringa har starta eit verdiskapingsprogram for å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø i høgare grad blir tekne i bruk som ressursar for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Elleve pilotprosjekt er sette i gang. Første fase av verdiskapingsprogrammet vil gå ut i 2010.
Riksantikvaren formidlar fortløpande eksempel og erfaringar frå programmet. Programmet blir følgjeevaluert og ei midtvegsevaluering i 2008 vil summere opp den kunnskapen om kulturarv og verdiskaping som programmet har generert så langt.
Kulturminnefondet
Kulturminnefondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensial for verdiskaping basert på kulturarven. Fondet er òg ein viktig aktør i forhold til verdiskapingsprogrammet.
4.3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn
Heilskapeleg hav- og vassforvaltning
Omfanget av aktivitetar som påverkar havmiljøet og vassførekomstane aukar sterkt. Aktiviteten skjer ofte utan tilstrekkeleg kunnskap om samanhengen mellom belastningane og effektane på økosystema. Samtidig får vi stadig ny kunnskap om kor sårbare våre kyst-, hav- og vassmiljø er. Det er nødvendig å sjå dei ulike belastningane på økosystema i samanheng for å kunne sikre at den samla miljøbelastninga ikkje blir større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet blir haldne ved lag. Regjeringa fastsette derfor i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstandnye nasjonale resultatmål for arbeidet med heilskapeleg hav- og vassforvaltning. I tråd med dette er det no føreslått nye arbeidsmål og indikatorar for dette arbeidet.
Heilskapeleg havforvaltning
Det er regjeringa sitt mål at det innan 2015 skal utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde. St.meld. nr. 8 (2005 – 2006) Heilskapeleg forvaltning av det marine miljø i Lofoten og havområda utanfor Lofoten, som vart presentert våren 2006, inneheld den første regionale forvaltningsplanen for eit norsk havområde. Arbeidet med å gjennomføre denne forvaltningsplanen er i gang. Hausten 2006 vart det oppretta tre tverrsektorielle, rådgivande grupper som skal medverke til å sikre den faglege gjennomføringa av forvaltningsplanen. Våren 2007 vart det halde eit første møte i ei referansegruppe beståande av berørte interessegrupper, bl.a. næringslivsinteresser, frivillige organisasjonar og samiske interesser.
I gjennomføringa av planen vil Regjeringa føre vidare arbeidet med kartlegging av havbotn og sjøfugl i havområdet. Arbeidet blir prioritert i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten fram mot 2010 i samband med den varsla oppdateringa av planen. Regjeringa vil òg prioritere oppbygging av kunnskap om havområdet gjennom samordna overvakingssystem, forsking på langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.
Arbeidet med å utforme ein tilsvarande forvaltningsplan for Norskehavet er sett i gang. Regjeringa tek sikte på å presentere denne i ei stortingsmelding i 2009. Innan 2015 ønskjer Regjeringa å utarbeide ein forvaltningsplan også for Nordsjøen.
Heilskapeleg vassforvaltning
Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg, økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – i tråd med EUs rammedirektiv for vatn. Forskrift om rammer for vassforvaltninga implementerer EUs vassrammedirektiv i norsk rett. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Vassforvaltningsforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Forskrifta vil vere det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassmiljøforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert.
Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar. Vassrammedirektivet tvingar med dette fram ei systematisk og samordna vassforvaltning i det einskilde landet og på tvers av landegrensene i Europa.
Miljøverndepartementet er ansvarleg for at forskrifta blir gjennomført i Noreg. Forvaltningsplanar for om lag 20 pst. av Noregs vassførekomstar skal vere ferdige i 2009, og innan 2015 skal det liggje føre forvaltningsplanar for alle vassførekomstane. Overvaking av vassførekomstane er ein viktig føresetnad for å gjennomføre forskrifta, og denne skal gi viktig informasjon om naturtilstanden og samtidig syne om tiltak som blir sette i verk gir ønskt miljøforbetring. Dette vil gi grunnlag for eventuelle nye tiltak når forvaltningsplanane skal rullerast og fornyast kvart 6. år.
Ni fylkesmannsembete er peika ut som vassregionstyresmakter. Dei skal i samarbeid med relevante sektorar syte for utarbeiding av forvaltningsplanane. Arbeidet i vassregionane er basert på fleire faglege rettleiarar utarbeidde av sentrale fagstyresmakter. Arbeidet er organisert i eigne vassregionutval, og lokalt i arbeidsutval for dei enkelte vassførekomstane. Direktivet og forskrifta føreset brei medverking, der alle statlege styresmakter regionalt og lokalt, fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar er med i arbeidet.
Det er gjennomført ei grovkarakterisering av tilstanden i vassførekomstane, og det blir no arbeidd vidare med ei meir detaljert karakterisering, overvakingsprogram og konkretisering av tiltak for miljøforbetring.
Overgjødsling og nedslamming
Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. Dei utsleppsreduksjonane som har vore gjennomførte har ikkje vore nok for å løyse miljøproblema knytte til overgjødsling. Oppfølging av den nye vassforvaltningsforskrifta blir viktig i det vidare arbeidet med å redusere overgjødslingsproblema. Resultatmåla for overgjødsling vart derfor endra i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, og byggjer på målsetjinga i vassforvaltningsforskrifta. Dei nye måla er uttrykk for ein meir heilskapleg og systematisk politikk, med fokus på tilstanden i vassførekomstane.
I ferskvatn er det særleg problem knytte til overgjødsling i område med stor folketettleik eller i landbruksintensive område. I marine område er det særleg lokale fjordområde langs Skagerrakkysten og fjordområda på strekninga Lindesnes – Stad som er utsette for overgjødsling og nedslamming, grunna utslepp frå kommunalt avløp, industri, landbruksavrenning og/eller fiskeoppdrett. Overgjødsling og nedslamming er, kombinert med klimaendringar, truleg ei av hovudårsakene til den omfattande nedgangen i førekomst av sukkertare langs kysten av Sør-Noreg. Sukkertareprosjektet la dette året fram ei analyse av klima- og miljøovervakingsdata. Den syner at langtransporterte næringsstoff i dag utgjer ein mindre del av utsleppa enn tidlegare. Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for naturforvaltning ser no grundig på alle nasjonale kjelder i samråd med sektorane med tanke på å finne effektive tiltak.
Det har komme nye krav innanfor vass- og avløpssektoren. Utsleppa frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med det nye avløpsregelverket i forureiningsforskrifta, som vart fastsett i desember 2005. Det nye regelverket samlar, forenklar og standardiserer det statlege regelverket for avløp. På enkelte område blir òg utsleppskrava skjerpa, og kommunane er gitt auka mynde.
Oljeforureining
Oljeforureining skuldast både akutte (ulovlege og ukontrollerte) utslepp og operasjonelle utslepp frå offshoreinstallasjonar, skip og landbaserte kjelder.
Petroleumsindustriens nullutsleppsmål blir vurdert som nådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på substitusjon (utskifting av kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ) for å sikre at også resterande miljøfarlege stoff blir fasa ut. Målet for naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn er ikkje nådd i same grad som for tilsette kjemikaliar. Produsert vatn inneheld restar av olje og kjemiske stoff, både kjemikaliar tilsette i prosessen og naturleg førekommande kjemiske stoff.
Ulovlege utslepp frå skip utgjer ei stor utfordring. Samarbeidet mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av ulovlege utslepp frå skip.
Alle hamner er pålagt å syte for etablering og drift av mottaksordningar for handtering av avfall og lasterestar frå skip som anløper hamna. Ei spørjeundersøking frå januar 2007 viser at dei fleste offentlege hamnene har utarbeidd avfallsplan og har mottak som fungerer tilfredsstillande, men at det likevel er fleire hamner som framleis ikkje følgjer krava i forskrifta.
Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatn-konvensjonen). Regjeringa vil derfor arbeide med ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn.
Miljøgifter
Spreiing av miljøgifter frå produkt, industri, transport og avfallsbehandling fører til ei gradvis forureining av jord, luft og vatn. Stadig fleire kjemikaliar inngår i stadig fleire produkt og produksjonsprosessar, utan at vi kjenner til kva følgjer bruken kan få. Samtidig viser kartleggingar i miljøet at miljøgifter blir funne igjen over stadig større delar av kloden – og i for høge konsentrasjonar – i menneske, planter og dyr. Regjeringa har styrkt innsatsen mot bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Den auka innsatsen vart presentert i St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Meldinga inneheldt òg to handlingsplanar, den eine for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar, den andre for opprydding i forureina sjøbotn.
Det overordna målet i kjemikaliepolitikken er å unngå helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Over tid skal konsentrasjonen av dei farlegaste stoffa bringast ned mot naturlege bakgrunnsverdiar. Dette skal sikrast både ved å hindre nye utslepp og å hindre at gamle forureiningar skader helse og miljø. Det er sett konkret mål om vesentleg å redusere eller stanse utsleppa av prioriterte miljøgifter innan 2005 eller 2010. Alle utslepp av miljøgifter skal vere stansa innan 2020. Innføring av det nye europeiske kjemikalieregelverket REACH vil vere høgt prioritert. Det vil òg vere aktuelt med fleire forbod mot miljøgifter i produkt. Utslepp av prioriterte miljøgifter frå produksjonsprosessar skal utan tungtvegande grunnar ikkje førekomme etter 2008. Kartlegging av miljøgifter i naturen og i produkt vil framleis bli prioritert.
Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal få meir informasjon om helse- og miljøfarlege kjemikaliar og kunne ta miljøvennlege val. Dette vil redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Trusselen frå miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar er global. Dårleg kontroll med bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i utviklingsland fører til lokale skadar på helse og miljø. Samtidig blir miljøgifter transporterte langt frå kjeldene, og nordområda er ein «utslagsvask» for utslepp som skjer andre stader i verda. Internasjonalt arbeid er derfor heilt naudsynt for å redusere utsleppa i norsk natur og nå 2020-målet. Regjeringa vil arbeide aktivt for å styrkje kjemikalieforvaltninga i EU og vere pådrivar for å styrkje internasjonale avtaler om miljøgifter både regionalt og globalt, og gi bistand til utviklingsland for å stanse utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Samtidig legg Regjeringa vekt på å sikre eit høgt vernenivå nasjonalt og å vere i forkant av den internasjonale utviklinga.
Mange stader på land og i sjøen ligg det miljøgifter som stammar frå gamle industriutslepp, avfallsfyllingar og liknande. Slike forureiningar trugar både miljøet og menneske si helse. Miljøgiftene blir tekne opp i planter og dyr og kan ende i våre eigne matfat. Grunnlaget for verdiskaping blir redusert i dei aktuelle områda og forureiningane fører òg til auka kostnader ved utbygging.
Miljøproblema er løyste på så godt som alle dei om lag 100 verste lokalitetane med forureina jord, slik at forureininga på desse ikkje lenger utgjer fare for helse og miljø. Vidare er miljøtilstanden undersøkt og eventuelt behov for oppryddingstiltak er ferdig klarlagt på om lag 500 utpeikte lokalitetar.
Per 15. april 2007 er det 353 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare og der det ut frå risikovurdering er behov for vidare tiltak. Arbeidet med å få stansa eller redusert vesentleg spreiing av miljøgifter frå forureina grunn på land blir vidareført i 2008. Hausten 2006 la Miljøverndepartementet fram ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Det er utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 prioriterte område med forureina sjøbotn. Desse er utgangspunkt for ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, som Miljøverndepartementet la fram gjennom stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
For arbeidet med opprydding på land og i sjøbotn vil staten framleis medverke med betydelege midlar til opprydding der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og naudsynt overvaking på feltet.
Avfall og gjenvinning
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og miljø, samtidig som ressursane i avfallet skal utnyttast. Miljøforvaltinga skal medverke til rammevilkår som fører til at minst 75 pst. av den genererte avfallsmengda går til gjenvinning innan 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst. Dermed vil miljøbelastningane bli reduserte, samtidig som avfallet kan utnyttast som ressurs. Det har vore ei svært positiv utvikling på avfallsfeltet dei siste åra. I dag blir opp mot 70 pst. av avfallet anten gjenvunne som material eller utnytta til energi, mens utsleppa frå avfall er betydeleg reduserte.
Miljøforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfallsmengdene, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Vi har òg viktige utfordringar når det gjeld farleg avfall. 875 000 tonn farleg avfall vart levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk i 2005, ein auke på 2 pst. frå året før. Resterande mengd på om lag 64 000 tonn, 16 000 tonn mindre enn året før, vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktenes kontroll.
Framleis blir det deponert om lag 1 million tonn nedbryteleg avfall, som skaper store utslepp av klimagassen metan. Regjeringa vil innføre eit forbod mot deponering av alt biologisk nedbryteleg avfall frå 1. juli 2009. Eit forslag til forbod vart sendt på høyring sommaren 2007.
Byggavfall utgjer i mengd ein av dei største avfallsstraumane og består av ei rekkje ulike typar avfall. Avfallsplanar er vurderte å ha positive effektar med omsyn til å styre slikt avfall vekk frå deponi og hindre ulovleg disponering. Ein tek sikte på å innføre nye nasjonale reglar frå 1. januar 2008 for å sikre at byggavfall får ei forsvarleg behandling ut frå miljøomsyn.
Dagens statlege tilskot til oppsamlingssystemet for bilar vart avvikla samstundes med innføring av produsentansvaret for bilar frå 1. januar 2007. Regjeringa vil inntil anna vert avgjord føre vidare dagens statlege avgifts- og panteordning. Årleg har det vorte innlevert om lag 110 000 bilvrak. Dette gjev ei innsamlingsgrad på om lag 95 pst. Miljøstyresmaktene ser det som svært viktig at bransjeorganiserte system medverkar til ei minst like høg innsamlingsgrad, og til ei miljømessig forsvarleg behandling og utnytting av dei kasserte køyretøya. Vrakpanten vert, avgrensa til budsjettåret 2008, auka frå 1 500 kroner til 5 000 kroner for dei mest forureinande dieselkøyretøya. Tiltaket er eit ledd i satsinga for mindre forureining frå vegtrafikken, der eit anna nytt tiltak også er ei auka årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter. Sjå elles omtale av den statlege avgifts- og panteordninga under kap. 1441 post 75 Utbetaling av pant for bilvrak.
4.4 Eit stabilt klima og rein luft
Klimaendringar
Klimaproblemet er den største miljøutfordringa verda står overfor i dag. Sidan industrialiseringa tok til har konsentrasjonen av CO2, som er den viktigaste klimagassen i atmosfæren, auka med nær 40 pst. FNs klimapanel (IPCC) skreiv allereie i 2001 at mesteparten av oppvarminga vi har observert dei siste femti åra er menneskeskapt. Verknadene framover kan bli drastiske. Nedsmelting av is på Grønland og i Antarktis kan, saman med temperaturauke og utviding i havmassane, føre til ei betydeleg heving av havflata og strandlinjene. Regionale og lokale klimaendringar kan bli store og etter måten raske, men er vanskelege å føreseie.
Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som hindrar farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Regjeringa har vedteke ei konkretisering av det strategiske målet. Denne seier at den globale temperaturauken må haldast under 2°C. Dette vil krevje store reduksjonar i klimagassutsleppa. Kyotoprotokollen er eit steg på vegen mot det langsiktige målet, men må forsterkast av eit meir globalt klimaregime med sterkare reduksjonar etter 2012.
I 2005 var dei samla norske klimagassutsleppa på 54 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå/Statens forureiningstilsyn viser at dei samla norske klimagassutsleppa var på 53,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2006, men utsleppa i Noreg er venta å auke i åra framover. Regjeringa har vedteke etter Kyotoprotokollen at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 prosentpoeng under 1990-nivå. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak. I tillegg skal Noreg fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990, og ta ansvaret for å redusere dei globale utsleppa tilsvarande 100 pst. av Noregs utslepp i 2050. I St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk foreslår Regjeringa ei rekkje tiltak for å nå desse måla innanfor dei viktigaste samfunnssektorane med klimagassutslepp i Noreg.
Klimakvotelova trådde i kraft 1. januar 2005 og knyter kvoteplikt til om lag 50 norske industribedrifter for perioden 2005–2007. Kvotesystemet blir utvida frå 2008, og vil omfatte bl.a. petroleumsverksemda på norsk sokkel i tillegg til landbasert industri og energianlegg over 20 MW. Over 40 pst. av dei norske klimagassutsleppa vil vere kvotepliktige. Kvotesystemet vil saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel medverke til å redusere utslepp av klimagassar på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Regjeringa arbeider no saman med Island, Liechtenstein og EU-kommisjonen med å innlemme EUs kvotedirektiv i EØS-avtala. Dette inneber at bedrifter i det norske systemet vil kunne handle kvotar med bedrifter i Europa.
Regjeringa har i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk foreslått sektorvise klimahandlingsplanar og sektorvise mål for dei sentrale utsleppssektorane i Noreg. Det vil bli lagt fram handlingsplanar for petroleum og energi, transport, industri, primærnæringar og avfall, for kommunalt klimaarbeid og for drifta av statleg sektor. Hovudformålet med dei sektorvise klimahandlingsplanane er å identifisere dei verkemiddel som gir kostnadseffektive utsleppsreduksjonar for den enkelte sektoren som med dagens verkemiddelbruk ikkje blir gjennomført.
Nedbryting av ozonlaget
Trusselen mot ozonlaget er ikkje borte, men Montrealprotokollen har effektivt redusert bruken og utsleppa av KFK og andre ozonreduserande stoff frå dei rike industrilanda. Ei hovudutfordring internasjonalt er å gjere utviklingslanda i stand til å oppfylle forpliktingane sine under protokollen.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff. Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll med at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøtilstanden.
Langtransporterte luftforureiningar
Internasjonale avtaler og nedlegging av forureinande industri i Europa har redusert forsuringsproblema i Noreg. Tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på 42 pst. av arealet vårt i 1980 og 23 pst. i 2000, jf. ny kunnskap presentert i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil tolegrensene venteleg vere overskridne på om lag 11 pst. av Noregs areal i 2010. Noreg var og er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining.
Gøteborgprotokollen krev at dei norske svovelutsleppa må ned 10 pst. frå 2005 til 2010. Regjeringa legg opp til at dette kravet skal oppfyllast gjennom nye utsleppskrav til industrien, jf. intensjonsavtala med Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining).
NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen inneber ein reduksjon i dei norske utsleppa på 21 pst. frå 2005 til 2010, og krev betydelege nye tiltak. I tråd med Stortingets vedtak, sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. Avgiftssatsen er 15 kr/kg NOx for 2007. Regjeringa foreslår ingen endring i avgifta utover prisjusteringa for 2008. Næringsorganisasjonar som representerer dei avgiftspliktige verksemdene har teke initiativ til å forhandle ei miljøavtale med staten om konkrete, tidfesta utsleppsreduksjonar. Verksemder som sluttar seg til ei slik avtale kan få mellombels fritak frå avgiftsplikta, jf. Stortingets avgiftsvedtak. Miljøverndepartementet er no i dialog med organisasjonane om ei mogleg miljøavtale. SFT arbeider med å fastsetje nye krav etter forureiningslova til utsleppa til luft frå stasjonære kjelder på land og offshore, i tråd med IPPC-direktivet.
VOC-forpliktinga i Gøteborgprotokollen tilsvarar ein utsleppsreduksjon på 12 pst. frå 2005 til 2010. Dette vil venteleg bli oppfylt gjennom dei krava som er sette til utslepp frå lasting og lagring av råolje på sokkelen og implementering av EU-direktiv, blant anna om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel og VOC i måling og lakk. Utsleppa av ammoniakk var i 2005 på same nivå som den norske forpliktinga etter Gøteborgprotokollen, og er venta å endre seg lite fram mot 2010. Noreg overheld i 2006 begge utsleppsforpliktingane i VOC-protokollen av 1991.
Tilførslene av sur nedbør frå Europa er sterkt reduserte dei siste åra, men i dei forsuringsskadde områda i Noreg vil det på grunn av berggrunnsforhold og tidlegare skadar framleis ta lang tid før reduksjonar i tilførsler gir betre vasskvalitet. Kalking er eit langsiktig avbøtande tiltak som opprettheld det biologiske mangfaldet i forsura vassdrag, og har blant anna ført til at laksebestanden er bygd opp att i mange forsuringsskadde vassdrag. Det føregår no kalking i 24 laksevassdrag og i om lag 3 000 lokale prosjekt, hovudsakeleg i Sør-Noreg.
Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet vil legge grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. Regjeringa arbeider innafor FN sin sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå sjøfarten.
Lokal luftkvalitet
Den lokale luftkvaliteten i Noreg er jamt over god. Men i nokre byar og tettstader kan lokal luftforureining i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Svevestøvkonsentrasjonane overskrid det nasjonale resultatmålet i fleire norske byområde. Overskridingane skjer i hovudsak langs dei mest trafikkerte vegane. Sjølv om svevestøvnivåa vil bli reduserte fram mot 2010, vil det likevel vere vanskeleg å nå målet som gjeld for 2010 utan nye tiltak eller auka styrke på eksisterande tiltak.
Konsentrasjonane av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla i 2010.
Vegtrafikk er den største kjelda til lokal luftforureining. Utsleppa frå kvart køyretøy minkar merkbart som følgje av strengare krav internasjonalt og i Noreg, men aukande trafikkmengd motverkar effekten slik at nettoreduksjonane ikkje blir så store. Utsleppa av nitrogenoksid frå vegtrafikken gjekk ned med 44 pst. frå 1990 til 2005. Mens utsleppa av svevestøv frå vegtrafikk gjekk ned med 52 pst. Fyring med ved er òg ei vesentleg kjelde til svevestøvforureininga, særleg på kalde dagar. Utsleppa frå vedfyring er reduserte med om lag 9 pst. frå 1990 til 2005.
Forureiningsforskrifta gjer kommunane til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Det blir arbeidd med oppfølging for å sikre etterleving av forskrifta. Nasjonale verkemiddel er òg knytte til kvaliteten på drivstoff. Noreg implementerer blant anna EU-direktiv på dette området. Regjeringa vil vurdere nye kjelderetta tiltak, blant anna er det no under fastsetjing nye krav til svovelinnhald i anleggsdiesel. Regjeringa vil òg vurdere ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå vedfyring og samferdslesektoren. For 2008 er vrakpanten auka for eldre, forureinande dieselkøyretøy, og det er innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter.
Støy
Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy over 50 dB ved bustaden sin. Rundt ein halv million personar er sterkt eller mykje plaga av støyen. Støy frå samferdsel utgjer opp mot 90 pst. av den kartlagde støyplaga, og vegtrafikken åleine for nærare 80 pst. I perioden 1999-2006 vart det målt ein auke av den samla støyplaga på omkring 3 pst., i hovudsak på grunn av veksande vegtrafikk og auka busetjing i trafikkerte område.
Etter ei evaluering av dei tidlegare måla for reduksjon av støy, vart det presentert nye mål i St. meld nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, som er justerte etter kva som er fornuftig ut frå miljø- og samfunnsomsyn. Samtidig presenterte Regjeringa ein handlingsplan mot støy for perioden 2007-2011. Denne legg føringa for støyarbeidet dei næraste åra.
4.5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda
Stadig fleire avgjerder som er viktige for den norske miljøtilstanden og den norske miljøpolitikken blir tekne utanfor landets grenser. Samtidig er dei alvorlegaste miljøutfordringane globale, og for å løyse dei er det naudsynt å styrkje det forpliktande internasjonale samarbeidet både i og utanfor organisasjonar som har miljø som hovudoppgåve. Det er viktig å sjå dei internasjonale utfordringane samla fordi dei heng saman innbyrdes. Omsynet til å oppfylle og vidareutvikle internasjonale plikter i miljøavtaler har høg prioritet. Dette gjeld særleg innafor klima, biologisk mangfald og miljøgifter, og det vil vere eit viktig samarbeidsområde både i internasjonale organisasjonar og i høve til samarbeidslanda våre.
Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet
EU er vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet. Om lag 80 pst. av EUs miljølovgiving blir gjeldande i Noreg gjennom EØS-avtala. I 2007 er òg ei rekkje nye rettsakter på miljøområdet innlemma i EØS-avtala. Regjeringa legg stor vekt på å kunne påverke regelverk og gjere norsk syn gjeldande tidleg på område som er særs viktige for Noreg. Miljøforvaltninga vurderer fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, sjølv om feltet ikkje er omfatta av EØS-avtala.
Miljø og kulturarv er dei viktigaste satsingsområda i vårt bilaterale og regionale miljøsamarbeid gjennom EØS-finansieringsordningane. Miljøverndepartementet legg vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa og vil medverke til auka bilateral kontakt mellom nasjonale og lokale styresmakter, frivillige organisasjonar og andre aktørar i Noreg og dei nye EU-landa. Direktorata har ei viktig rolle både som prosjektpartnarar og kontaktpunkt for førespurnader om samarbeid på miljø- og kulturarvområde.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig, blant anna i arbeidet med å påverke internasjonale regelverk på sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar. I 2007 er dette gitt spesielt fokus, i tillegg til Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet.
Klima, energi, industri og luftforureining har vore hovudtema for Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) i perioden 2005-2007. Det har gitt høve til auka merksemd omkring utfordringa om å få til ei meir berekraftig energi- og industriutvikling på eit globalt nivå. CSD har òg medverka til eit felles faktagrunnlag om verdas energisituasjon. Noreg var sterk pådrivar i forhandlingane under CSDs 15. sesjon i 2007 for auka tilgang til rein energi i utviklingsland og behovet for ein ambisiøs klimaavtale etter 2012. Landa klarte likevel ikkje å bli samde om eit sluttdokument frå sesjonen. For 2008-2009 vil hovudtema for CSD vere forvaltning av landområde, forørkning, tørke, jordbruk og Afrika. Frå norsk side vil det bli lagt vekt på å bruke CSD til å vise at det er mogeleg både å fremje vekst og motverke fattigdom utan å ofre miljøet. Ei langsiktig positiv utvikling krev at miljøet blir teke vare på.
OECD har vedteke ein miljøstrategi for perioden 2000-2010 med målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. OECD er i ferd med å lage ein ny Environmental Outlook 2030 som skal leggjast fram i 2008. OECD har særleg gjort relevant arbeid om kostnadene ved ikkje å ta miljøomsyn og om bruk av indikatorar for å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjersler. Dette er viktig arbeid for Noreg. Eit møte mellom miljø- og utviklingsministrane i 2006 blir følgt opp gjennom at Noreg deltek i arbeidsgrupper for klima- og konsekvensvurderingar.
Noreg legg vekt på å styrkje UNEP for på sikt å kunne oppgradere UNEP til ein særorganisasjon under FN og styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid. Miljøverndepartementet vil òg prioritere å oppretthalde ei aktiv rolle i arbeidet med god organisering av miljøomsyna på globalt nivå, særlig innan FN-reform. Noreg har vore involvert i arbeidet med UNEPS store 5-årige rapport Global Environment Outlook (GEO-4). Rapporten vart lansert i september 2007.
Det globale miljøfondet (GEF) er den sentrale finansieringsmekanismen for dei globale miljøkonvensjonane. Det vil vere viktig å arbeide for ei styrking og vidareutvikling av GEF som støttar opp under målsetjingane i miljøkonvensjonane på ein god måte.
Regjeringa vil arbeide for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. Regjeringa arbeider derfor for å få ein god miljøprofil i den pågåande forhandlingsrunden i WTO og arbeider med å vidareutvikle frihandelsavtalene sine til å bli positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk, under dette kommande avtale med Kina. Det er samtidig viktig å sikre at regelverksutvikling ikkje avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel i praksis.
Noreg legg vekt på å trekkje nasjonalt og internasjonalt næringsliv sterkare med for å løyse globale miljøproblem. Regjeringa ønskjer å styrkje det internasjonale og nasjonale arbeidet med å fremje meir samfunns- og miljøansvar i næringslivet, særleg for selskap som opererer i land eller regionar der regelverk ikkje finst eller svakt utforma.
Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betyding for miljøet
Verksemda i multilaterale organisasjonar som ikkje har miljø som hovudfokus, f. eks. Verdsbanken, United Nations Development Programme (UNDP), Food and Agriculture Organisation (FAO) m.fl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden og dermed også for måloppnåing under miljøkonvensjonane. FAO-avtala for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk vil f.eks. vere eit viktig bidrag til bevaring og berekraftig bruk av desse ressursane i tråd med Biodiversitetskonvensjonen (CBD). Svalbards globale frøbank opnar i 2008 og vil gi sikker bevaring av landbruksfrø frå heile verda for lang tid framover og støtte opp om målsetjingane både i CBD og FAO-avtala.
Geografisk retta miljøsamarbeid
Noreg har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina og Indonesia. Eit nærare samarbeid med India og Brasil er under utvikling. Desse landa har alle stor betydning for utviklinga av global miljøtilstand, og samarbeidsavtalene blir nytta til politisk og strategisk dialog i tillegg til gjennomføringa av konkrete miljøtiltak. Dialog og samarbeid om klimaspørsmål er særs høgt prioritert. Noreg støttar òg fleire miljøprosjekt i dei tidlegare sovjetrepublikkane og på Balkan.
Regjeringas mål er at Noreg skal bli leiande på miljøretta bistand. God miljøforvaltning er avgjerande for å løyse fattigdoms- og utviklingsproblema verda står overfor. Styrking av samarbeidslandas kapasitet til å ta vare på både langsiktige omsyn til miljøet og dei internasjonale forpliktingane dei har er òg ei sentral målsetjing i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde; berekraftig forvaltning av biologisk mangfald og naturressursar, forvaltning av vassressursar, vatn og sanitær og klimaendringar, tilgang til rein energi og miljøgifter. I mange utviklingsland er det store utfordringar knytte til forvaltninga av petroleumsressursar. Regjeringas program Olje for Utvikling, skal medverke til god ressursforvaltning innafor petroleumssektoren, ei finansforvaltning og eit styresett som medverkar til brei utvikling og til å ta miljøomsyn.
Miljøsamarbeid i nord- og polarområda
Noreg skal vere eit føregangsland på miljøområdet i nord. Regjeringa legg vekt på at det blir stilt strenge miljøkrav til all verksemd og set rammer som sikrar at dei unike natur- og kulturmiljøa i regionen blir tekne vare på for framtidige generasjonar.
Barentsregionen og den arktiske regionen
Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd, og overtok formannskapet etter Russland i oktober 2006. Samarbeid om oppdatering av konsekvensane og utfordringane ved venta klimaendringar i Arktis, jf. ACIA-rapporten, og ei felles tilnærming til ei heilskapeleg økosystembasert ressursforvaltning står sentralt i det norske formannskapet. Forvaltningsplanen for Barentshavet er brukt som eit døme i denne samanhengen. Noreg spelar ei viktig rolle i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP), og deltek i samarbeidsprosjekt i forhold til Arktis og Russland.
Barentsrådets miljøarbeidsgruppe er eit viktig organ for miljøvernsamarbeid i Barentsregionen. Noreg overtek leiinga av miljøarbeidsgruppa etter Russland hausten 2007. Arbeid med reduksjon av utslepp av miljøgifter og klimagassar frå dei store forureiningskjeldene i Nordvest-Russland (hot-spots) og bevaring av biologisk mangfald i regionen vil ha prioritet.
Det bilaterale arbeidet i regi av den norskrussiske miljøvernkommisjonen er ein sentral del av samarbeidet i Barentsregionen og den arktiske regionen. Havmiljøsamarbeidet er spesielt høgt prioritert, med ei eiga havmiljøgruppe som skal medverke til auka samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Det er oppnådd semje om å utarbeide ein felles norskrussisk miljøstatusrapport for hele Barentshavet, som eit grunnlag for vidare samarbeid. Miljøovervaking og miljødatasamarbeid, kartlegging av sårbare arter og miljøregulering av petroleumsverksemd står òg sentralt i havmiljøsamarbeidet.
Vern og forvaltning av biologisk mangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining, reinare produksjon, grensenært samarbeid i kulturminnevern og forvaltning av verneområde på arktiske øygrupper er dei andre hovudsatsingsområda for det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland.
Norilsk Nikel-konsernet arbeider vidare med moderniseringsprosjektet. Konsernet har bekrefta at briketteringsanlegg for nikkelmalm blir bygd i Zapoljarny, og det skal etter planen stå ferdig i 2009. Framtidig lokalisering av smelteverket er derimot ikkje avgjort. Selskapet er gjort kjent med at den norske økonomiske støtta gjeld modernisering av smelteverket i Nikel, innafor det tidsrommet avtalene gjeld, dvs. ut 2010.
Svalbard
Norske styresmaktar har som mål at Svalbard skal bevarast som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda.
Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur og marine naturverdiar skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad, og eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet.
Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda, og nye sjøområde er inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa. Til saman er ca. 65 pst. av landområda og 84 pst. av territorialfarvatna verna.
Ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga er no gjennom vernetiltak restituerte eller i vekst. Det blir no utarbeidd nye reglar for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye, som frå tidlegare er kraftig nedfiska i fleire av vassdraga.
Ferdsel frå turistar og fastbuande har auka dei siste åra. Cruiseturismen har i aukande grad teke i bruk fjerntliggjande område nord og aust på Svalbard. I 2007 vart det innført krav til drivstoffkvalitet og avgrensingar i talet på passasjerar for skip innafor dei store naturreservata aust på Svalbard. Styresmaktene arbeider no med forslag til nye avgrensingar for kor turistar kan gå i land innafor naturreservata i aust.
Miljøet på Svalbard blir òg påverka av endringar i klima og langtransportert forureining. Det er venta at temperaturane i Arktis stig dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Temperaturane på Svalbard har stige markert dei siste ti åra, og både havisen og breane trekk seg raskt attende. Dersom klimaendringane held fram som no, kan konsekvensane for miljøet bli alvorlege, særleg for arter knytte til havisen, som sel og isbjørn.
Det har vore ein markant reduksjon i tilførsel av særleg svovelsambindingar til Svalbard dei siste åra. Tilførsler av «gamle» miljøgifter som PCB og DDT synest òg å vere noko reduserte dei siste åra. Nivå av PCB i isbjørn, sel og polarmåke ved Svalbard er likevel framleis blant dei høgaste i Arktis. Vidare viser målingar at førekomsten av kvikksølv i planter og dyr aukar i Arktis. Det er òg registrert fleire «nye» miljøgifter, for eksempel bromerte flammehemmarar, i Arktis.
Kunnskap frå Svalbard-området er viktig for det norske arbeidet med å styrkje dei internasjonale avtalane som gjeld klima og langtransportert forureining. Norske styresmakter vil derfor utvikle Svalbard vidare som ein plattform for internasjonal miljø- og klimaforsking, og sikre Svalbards kvalitetar som eit urørt referanseområde for slik forsking.
Det er oppretta eit miljøvernfond for Svalbard som skal tildele midlar til miljøvernprosjekt etter søknad. Miljøgebyr for reisande til Svalbard, som vart innført i april 2007, er hovudinntektskjelda til fondet, som vil vere fullt operativt i 2008.
Radioaktiv forureining
Konsentrasjon av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite blir redusert svært langsamt. Sjølv over 20 år etter Tsjernobyl-ulykka blir det gjennomført årlege tiltak i Noreg for å redusere innhaldet i kjøtt og mjølk frå utmarksbeitande dyr.
Noreg har dei siste åra vektlagt samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt slik at risikoen blir så liten som råd er. Det er viktig å bidra til kompetanseoverføring som set Russland i stand til sjølv å handtere utfordringane på grunnlag av best tilgjengeleg kunnskap og teknologi. Noreg arbeider for brei internasjonal deltaking i dette arbeidet, og for å spreie kunnskap om problema og løysingar.
Fram til 2003 vart det registrert ein nedgang i konsentrasjon av technetium-99 i blæretang og sjøvatn langs norskekysten samanlikna med dei høgaste konsentrasjonane som blei målte i 1999-2001. Utsleppa av technetium-99 frå Sellafield vart betydelig reduserte i 2004. Som ein følgje av dette er det venta ytterlegare nedgang i konsentrasjonane av tecknetium-99 langs norskekysten i åra som kjem. Norske styremaktar arbeider no for at britane stansar reprosesseringsanlegget THORP for godt, slik at risikoen for at større, akutte utslepp av radioaktive stoff frå Sellafieldanlegget som påverkar norske område òg blir redusert.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. Det er òg etablert eit samarbeid med Russland om overvaking av radioaktiv forureining i Barentshavet og Karahavet, slik at norske styresmakter no får informasjon om tilstanden også i russisk sone.
4.6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.
Kommuneplanar og kommunal arealplanlegging
Behovet for samla styring og samordning i kommuneplanar aukar i takt med auka delegering av oppgåver til kommunane. Det er blant anna naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld miljø- og samfunnsplanlegging, og departementet deltek i eit samarbeid med KS om læring og oppfølging av kommunane blant anna gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Tal på blant anna reguleringsplanar og kommuneplanar viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommuneplanlegging både for arealbruken og den langsiktige samfunnsutviklinga.
Helsestyresmaktene og Miljøverndepartementet har sett i gang eit utprøvingsopplegg i eit utval kommunar for korleis plan- og bygningslova og planleggingsverktøyet kan takast i bruk for å forankre og styrkje folkehelsearbeidet.
Viktige konfliktspørsmål knytte til arealbruken kjem ofte opp i kommuneplanens arealdel. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner gjeld naturvern-, friluftsliv- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster, strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. I reguleringsplanane er i tillegg forureining/støy og transport viktige tema. Dei fleste motsegnene som blir fremja blir løyste lokalt. Talet på saker Miljøverndepartementet handsamar er nokså stabilt frå år til år. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St. meld. nr. 21 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Det er blant anna viktig å ha ei samordna arealforvaltning som tek vare på natur- og kulturmiljø, landskap og kvalitetar i miljø med busetnad. Kommunane har òg ansvaret får å sikre samordning av areal- og transportpolitikken slik at ein legg til rette for miljøvenlege transportmønster. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutvikling og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Landskapsverdiane skal få auka fokus, og leveområda for villrein skal sikrast. Regjeringa legg stor vekt på at strandsona skal bevarast som verdifullt natur- og friluftsområde med god tilgang for allmenta.
Regjeringa ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til blant anna bruk og utnytting av fjellområda våre og samordninga med verneplanar og utviklinga i strandsona. Når det gjeld dispensasjonar i strandsona, både i og utafor byggjeområde, syner rapporteringa at det i 2006 vart gitt ca. 790 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø – mot ca. 1000 i 2005. Tala syner behov for auka fokus på nedbygging av strandsona, særleg i område med stort byggjepress og viktige natur- og friluftsområde langs sjøen. Utbygging i strandsona bør i større grad avklarast gjennom kommune- og reguleringsplanar. Det blir arbeidd med nye reglar for dispensasjonar i strandsona i samband med ny plan- og bygningslov.
Byar og tettstader
I arbeidet med betre miljø i byar og tettstader er det lagt vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid mellom departement, kommunar, lokalt næringsliv og befolkninga. I 2007 vil 12 byar som har vore pilotprosjekt oppsummere sine erfaringar og resultat. Innsatsen i program for Alna og grønstruktur i Groruddalen aukar i 2007. Dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen. Bymiljøprisen, som vart delt ut første gongen i 2002, vil bli ført vidare som eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk. I 2007 er tema for prisen «handel og sentrumsutvikling – utan handel dør sentrum», og prisen er tildelt Asker kommune for arbeidet med å styrkje Asker sentrum som handelsstad.
Regjeringa vil invitere til eit samarbeid med dei største byane for å utvikle framtidas byar. I neste års budsjett vil det bli sett av 11,7 mill. kroner til dette føremålet. Føremålet med samarbeidet er først og fremst å redusere klimautsleppa i byane, som særleg kjem frå vegtransport, oppvarming og avfallsbehandling. Dette vil vere eit godt bidrag til den nasjonale klimapolitikken.
Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vart avslutta i 2005. Innsatsen vil bli ført vidare gjennom formidling av erfaringane og bruk av nettverk frå dette programmet.
Regionale planar
Ei rekkje verne- og utviklingsoppgåver må løysast i samarbeid med kommunane. Miljøverndepartementet vil stimulere til at det bli utarbeidd regionale planar bl.a. for nasjonale villreinområde, jf. St. meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. I samarbeid med Olje- og energidepartementet vil Miljøverndepartementet stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft- og småkraftverk.
Revisjon av plan- og bygningslova
Miljøverndepartementet vil leggje fram ein odelstingsproposisjon for ny plan- og bygningslov for Stortinget i 2007. Arbeidet med proposisjonen byggjer på planlovutvalets forslag og innspel i høyringa.
Universell utforming
Universell utforming av transport, bygg, uteområde, IKT mv. skal sikre tilgjenge for alle menneske i ulike situasjonar og fasar i livet. Innafor regional planlegging førebur Miljøverndepartementet rikspolitiske retningslinjer for dette arbeidet, og omsynet til universell utforming skal styrkjast i samband med revisjon av plandelen i plan- og bygningslova. Pilotkommunar i fleire fylke utviklar universell utforming som kommunal strategi. Dei arbeider bl.a. med by- og tettstadsutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar, friluftsliv og kulturminne. Kommunane og fylkeskommunane skal rapportere på universell utforming gjennom KOSTRA frå 2007.
Kart og geodata
Det er ei overordna målsetjing at landet skal ha ein tenleg infrastruktur for sjø- og landområde med tilgjengeleg geografisk informasjon. Innafor arealpolitikken er det sentralt å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, er eit viktig grunnlag for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata.
Bruk og tilgjenge, Noreg digitalt
Geodata er eit verkemiddel for at kommunar og forvaltning skal oppnå effektiviseringsgevinstar og betre resultat. Det er derfor viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg medverkar aktivt til den internasjonale standardiseringa, og fleire norske løysingar blir brukte som modell. Statens kartverk har ei viktig og sentral rolle i dette arbeidet.
Noreg digitalt er eit samarbeid mellom kommunar og statlege etatar, i tillegg til tele- og energiselskap med leveringsplikt, om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. Samarbeidet om Noreg digitalt gjer at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata kan inngå i ein felles geografisk infrastruktur. Retningslinjene for samarbeidet vart streka opp i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping som departementet har vidareført. Samarbeidet har vorte særs viktig for offentleg innsamling, utveksling og bruk av geodata. I 2007 har dei fleste kommunane og fylkeskommunane, og dei fleste statlege etatar med mykje bruk av geodata, slutta seg til samarbeidet. Over 550 ulike partar er med i samarbeidet. Det er eit mål at alle kommunane og alle statlege etatar som har behov for geodata tek del i Noreg digitalt.
Satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming)
All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset ein korrekt kartreferanse. Til no har ikkje grunnlaget vore så nøyaktig og påliteleg som dei nye satellittbaserte løysingane krev. Arbeidet til Statens kartverk kan grovt delast i fire delar: Vitskaplege målingar for overvaking av klima og andre globale endringar, ei nasjonal overvakingsteneste for høg grannsemd ved bruk av internasjonale satellittsystem, nytt landsnett for bruk av satellittdata saman med kart, og nytt høgdegrunnlag. Statens kartverk sluttfører målearbeidet for nytt landsnett i 2007. Mange kommunar har sjølve noko arbeid å gjere før dei kan ta grunnlaget i bruk i eigne kart. Til no har 177 kommunar teke grunnlaget i bruk. Høgdemåling i Noreg er framleis basert på grunnlag frå 1950-talet. Statens kartverk arbeider med sikte på at nytt høgdegrunnlag tilpassa bruk av satellitteknologi kan vere på plass innan 2009.
Infrastruktur av nasjonale geografiske databasar, eigedomsdata, trykte og digitale kart
Etableringa med landsdekkjande geodata er eit omfattande arbeid. I 2008 vil heile kysten bli dekt med elektroniske sjøkart tilpassa satellittbasert navigasjon. Dette er eit resultat av fleire års forsert sjøkartlegging, og er eit stort framsteg for norsk skipsfart. Det er no mogleg å vri innsatsen meir over på andre viktige oppgåver i Statens kartverk som har vore nedprioritert under forseringsprogrammet. Regjeringa vil særleg prioritere arbeidet med det offisielle eigedomsregisteret, Matrikkelen, og iverksetjinga av ny lov om eigedomsregistrering. Ei viktig oppgåve for Statens kartverk vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.
Det er ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2007 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Det er samtidig ei stor utfordring å halde dei områda som er dekte oppdaterte med nye data. Arbeidet med landkartlegginga vil få auka fokus.
Frå 2008 vil Statens kartverk vere tinglysingsstyresmakt for heile landet. Arbeidet med tinglysinga i Kartverket sorterer under Justisdepartementet. Miljøverndepartementet og Justisdepartementet samarbeider om framtidig løysing for styringa av tinglysinga. Denne vil bli presentert for Stortinget i 2009-budsjettet
4.7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver
Det er ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga å innrette verksemda slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel. Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av best tilgjengelege kunnskap.
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-6, og innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga på alle dei andre områda.
Styring og administrasjon
Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument og eit heilskapeleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå og alle formål. Departementet arbeider med å innarbeide risikoanalyse som eit nytt element i mål- og resultatstyringssystemet, og første steg i integreringa starta i 2007. Oppfølging og tiltak for ytterligare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er følgt opp i 2007.
Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling og fornyingsarbeid og krav til vidareutvikling av sentrale personalpolitiske område som inkluderande arbeidsliv, mobilitet, rekruttering, likestilling og medbestemming. Grøn stat er følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennomført ISO 14001-sertifisering. Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverk og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for leiinga i departementet og etatane. Departementet deltek òg på eksterne øvingar som omfattar våre ansvarsområde. Informasjonsberedskapen er systematisk gjennomgått for å styrkje evna til å handtere kriser.
I tildelingsbrevet for 2007 har departementet følgt opp initiativet frå FAD og bede etatane gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som òg skal gjerast allment tilgjengelige.
Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens oppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Samla sett er innsats i miljøavdelingane ved fylkesmannsembeta retta mot dei fleste av resultatområda under Miljøverndepartementet. Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Lokalt miljøarbeid er omtalt under resultatområde 6.
Sektorovergripande arbeid
Departementet har ansvar for å slå fast mål for god naturtilstand og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av naturtilstanden. Kunnskap blir henta inn gjennom miljøovervaking og rapportering som skjer i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen. Ein har òg ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata, og det er lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøpolitikk. Departementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre ein målretta kunnskapsproduksjon, og legg stor vekt på ei god formidling av nye resultat.
Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, som blir lagt fram annakvart år. Ei ny melding vart lagt fram våren 2007.
Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet «Nettverk for miljølære». Læremiddelet tar for seg natur- og miljøvern og berekraftig utvikling og set det i samanheng med læreplanverket. «Nettverk for miljølære» er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling.
Departementet vil styrkje kommunikasjonen om miljøspørsmål med fleire målgruppar, slik at dei ulike sektorane i samfunnet blir motiverte til å ta miljøomsyn. Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, men ein legg òg stor vekt på å spreie kunnskap om miljø og leggje til rette for tilgjenge til miljøinformasjon gjennom ei rekkje ulike tiltak. Internett er òg ein viktig kanal for informasjonsformidling. Store mengder informasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøforvaltninga.
For å bidra til å sikre at miljøinformasjonslova blir overhalden vart det oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd frå 1. januar 2004. Lova er evaluert, jf. St.melding nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Det er eit mål å kople økonomisk vekst og miljøbelastningar frå kvarandre. Auke i forbruket set eit stort press på naturressursane. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk. Noreg følgjer opp denne internasjonale prosessen, og deltek aktivt i EU og i nordisk samarbeid for å styrkje dette arbeidet.
Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og gjere det enklare å vere miljøvenleg i kvardagen. Regjeringa vil styrkje miljøinformasjonsarbeidet og gjere miljømerka betre kjende i det offentlege.
Offentleg sektor bør gå føre i arbeidet med å fremje berekraftige produksjons- og forbruksmønster gjennom miljøomsyn i eiga drift og ved nyskaffingar. Innkjøp i offentleg sektor var på 275 mrd. kroner i 2005, og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar, med konkrete tiltak for å fremje etterspørsel etter miljøvennlege varer og tenester som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar.
Prosjektet Grøn stat har hatt som målsetjing å innføre eit enkelt miljøleiingssystem i statlege verksemder innan utgangen av 2005. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med miljøleiingssystem i staten og vil forsterke dette på nokre område, blant anna ved å innføre miljøpolitikk for statlege innkjøp. Verksemder med betydeleg miljøbelastning vil bli bedne om å innføre tredjepart sertifiserte system.
4.8 Miljøverndepartementets budsjett fordelt på resultatområde
Tabell 4.1 viser planlagt disponering av Miljøverndepartementets budsjett innafor det enkelte resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellen inneheld planlagt disponering av budsjettet for 2008. Budsjettet for 2008 aukar med 250,4 mill. kroner, eller 8,3 pst., når det på vanleg måte er korrigert for den eittårige auken i 2007 på 200 mill. kroner til fondskapital i Kulturminnefondet.
Ein nærare omtale av satsingane i budsjettet er gitt i kapittel 2.
Tabell 4.1 Miljøverndepartementets budsjett for 2008 fordelt på resultatområde
(i 1000 kr) | |
---|---|
Resultatområde | Budsjett 2008 |
1. Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv | 855 166 |
2. Bevaring og bruk av kulturminner | 348 582 |
3. Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn | 565 152 |
4. Eit stabilt klima og rein luft | 174 059 |
5. Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda | 210 804 |
6. Planlegging for ei berekraftig utvikling | 428 803 |
7. Tverrgåande verkemiddel og oppgåver | 693 756 |
Sum | 3 276 322 |
5 Oversiktstabellar
5.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 3 276,3 mill. kroner.
5.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1400 | Miljøverndepartementet | 364 571 | 391 746 | 436 142 | 11,3 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 244 786 | 362 162 | 388 518 | 7,3 |
Sum kategori 12.10 | 609 357 | 753 908 | 824 660 | 9,4 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 68 646 | 72 300 | 76 442 | 5,7 |
1426 | Statens naturoppsyn | 113 434 | 142 863 | 129 109 | -9,6 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 535 794 | 578 590 | 660 520 | 14,2 |
Sum kategori 12.20 | 717 874 | 793 753 | 866 071 | 9,1 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1429 | Riksantikvaren | 301 361 | 314 421 | 355 146 | 13,0 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 418 164 | 235 060 | 43 680 | -81,4 |
Sum kategori 12.30 | 719 525 | 549 481 | 398 826 | -27,4 |
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 645 413 | 571 928 | 619 490 | 8,3 |
1444 | Produktregisteret | 14 267 | 15 712 | -100,0 | |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 2 000 | 2 000 | 2 000 | 0,0 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 4 000 | |||
Sum kategori 12.40 | 661 680 | 589 640 | 625 490 | 6,1 |
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 356 788 | 357 135 | 371 353 | 4,0 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 7 126 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 363 914 | 369 135 | 383 353 | 3,9 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 178 207 | 164 576 | 169 422 | 2,9 |
1472 | Svalbard miløvernfond | 5 400 | 8 500 | 57,4 | |
Sum kategori 12.60 | 178 207 | 169 976 | 177 922 | 4,7 |
5.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
4400 | Miljøverndepartementet | 9 559 | 1 150 | 1 200 | 4,3 |
4410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 4 000 | 4 000 | 4 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.10 | 13 559 | 5 150 | 5 200 | 1,0 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
4425 | Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond | 67 885 | 72 300 | 76 442 | 5,7 |
4426 | Statens naturoppsyn | 108 | 28 379 | 2 261 | -92,0 |
4427 | Direktoratet for naturforvaltning | 15 590 | 13 974 | 15 250 | 9,1 |
Sum kategori 12.20 | 83 583 | 114 653 | 93 953 | -18,1 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
4429 | Riksantikvaren | 5 963 | 4 645 | 4 845 | 4,3 |
4432 | Norsk kulturminnefond | 35 060 | 43 680 | 24,6 | |
Sum kategori 12.30 | 5 963 | 39 705 | 48 525 | 22,2 |
Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
4441 | Statens forureiningstilsyn | 103 215 | 61 284 | 26 561 | -56,7 |
4444 | Produktregisteret | 354 | |||
5322 | Statens miljøfond, avdrag | 21 543 | 12 000 | -100,0 | |
5621 | Statens miljøfond, renteinntekter | 3 615 | 2 900 | -100,0 | |
Sum kategori 12.40 | 128 727 | 76 184 | 26 561 | -65,1 |
Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
5465 | Statens kartverk | 141 | |||
Sum kategori 12.50 | 141 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 39 961 | 39 515 | 38 270 | -3,2 |
4472 | Svalbard miljøvernfond | 5 400 | 8 500 | 57,4 | |
Sum kategori 12.60 | 39 961 | 44 915 | 46 770 | 4,1 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
01-01 | Driftsutgifter | 758 816 | 742 852 | 784 750 | 5,6 |
11-23 | Varer og tenester | 701 921 | 705 032 | 786 127 | 11,5 |
30-49 | Nybygg, anlegg m.v. | 257 456 | 337 593 | 346 873 | 2,7 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 151 606 | 273 841 | 294 217 | 7,4 |
60-69 | Overføringar til kommunar | 5 260 | 4 500 | 4 000 | -11,1 |
70-89 | Overføringar til private | 975 498 | 962 075 | 1 060 355 | 10,2 |
90-99 | Utlån, avdrag m.v. | 400 000 | 200 000 | -100,0 | |
Sum under departementet | 3 250 557 | 3 225 893 | 3 276 322 | 1,6 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
01-29 | Sal av varer og tenester m.v. | 171 761 | 120 795 | 85 487 | -29,2 |
50-91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 99 932 | 134 560 | 135 522 | 0,7 |
Sum under departementet | 271 693 | 255 355 | 221 009 | -13,5 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2007 og tidlegare år, må posten tilføyast stikkordet «kan overførast».
Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane, utanom postgruppe 30–49:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2007 | Forslag 2008 |
1400 | 72 | Miljøverntiltak i nordområda | 300 | 7 000 |
1400 | 73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk | 27 750 | |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 3 700 | |
1400 | 75 | Miljøvennleg byutvikling | 2 225 | 21 000 |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 59 | 12 621 |
1400 | 78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola | 109 000 | |
1400 | 80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle | 5 698 | 20 000 |
1400 | 81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn | 5 089 | 19 000 |
1425 | 61 | Tilskot til kommunale vilttiltak | 874 | 4 000 |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 346 | 9 500 |
1425 | 71 | Tilskot til viltformål | 4 520 | 35 100 |
1426 | 30 | Tiltak i nasjonalparkane | 359 | 13 891 |
1426 | 31 | Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde | 1 766 | 18 671 |
1426 | 32 | Skjergardsparkar mv. | 346 | 18 195 |
1427 | 30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde | 64 289 | 24 405 |
1427 | 31 | Tiltak i friluftslivsområde | 27 500 | |
1427 | 32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar | 3 | 19 450 |
1427 | 33 | Statlege tileigningar, barskogvern | 40 760 | 0 |
1427 | 34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar | 7 287 | 10 100 |
1427 | 35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern | 54 818 | 89 881 |
1427 | 70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | 1 077 | 88 000 |
1427 | 71 | Forvaltningstiltak til verdsarvområde | 7 600 | |
1427 | 73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | 3 970 | 51 000 |
1427 | 74 | Tilskot til friluftslivstiltak | 17 | 14 520 |
1427 | 76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra | 0 | 6 000 |
1427 | 77 | Tilskot til nasjonalparksentra | 28 | 10 600 |
1427 | 78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd | 7 000 | |
1429 | 72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø | 6 258 | 172 130 |
1429 | 73 | Brannsikring og beredskapstiltak | 16 | 11 953 |
1429 | 74 | Fartøyvern | 1 493 | 32 004 |
1429 | 75 | Internasjonalt samarbeid | 151 | 1 100 |
1429 | 77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet | 29 | 13 400 |
1429 | 78 | Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi | 6 500 | |
1441 | 39 | Oppryddingstiltak | 18 858 | 112 780 |
1465 | 21 | Betaling for statsoppdraget | 0 | 371 353 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 323 | 56 327 |
1472 | 70 | Tilskot | 6 300 |
Tabell 5.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2007 under Miljøverndepartementet
Kapittel | Nemning | Tal årsverk |
---|---|---|
1400 | Miljøverndepartementet | 217 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 216 |
1429 | Riksantikvaren | 130 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 245 |
1444 | Produktregisteret | 22 |
2465 | Statens kartverk | 683 |
1471 | Norsk polarinstitutt | 113 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 2 |
Sum | 1628 |