Del 3
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2008
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2008 er 824,7 mill. kroner. Dette er ei auke på om lag 70,8 mill. kroner, eller 9,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2007.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1400 | Miljøverndepartementet | 364 571 | 391 746 | 436 142 | 11,3 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 244 786 | 362 162 | 388 518 | 7,3 |
Sum kategori 12.10 | 609 357 | 753 908 | 824 660 | 9,4 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 165 602 | 169 370 | 172 813 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 56 477 | 60 557 | 75 457 |
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 32 000 | 33 216 | 38 544 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 37 889 | 38 757 | 38 757 |
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 7 000 | 7 000 | 7 000 |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast | 23 200 | 27 000 | 23 750 |
74 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2 200 | 2 200 | 3 700 |
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 4 405 | 8 000 | 21 000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast | 9 009 | 9 146 | 12 621 |
79 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3 501 | 3 500 | 3 500 |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 16 163 | 20 000 | 20 000 |
81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 7 125 | 13 000 | 19 000 |
Sum kap. 1400 | 364 571 | 391 746 | 436 142 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei forsvarleg verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. I perioden 1. mars 2001 – 1. mars 2007 er talet på årsverk i departementet redusert frå 256 til 217.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl.a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøarbeidet.
I 2008 er det foreslått ei totalløyving til tiltaka under posten på 172,8 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2007-budsjettet på om lag 3,4 mill. kroner eller 2 pst. Auken skuldast i hovudsak lønnskompensasjon.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
I 2008 er det foreslått ein auke til tiltaka under posten på 14,9 mill mill. kroner.
Løyvingane som er foreslått i 2008-budsjettet vil bl.a. bli nytta til å styrkje det vidare arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og rammedirektivet for vatn. Det er sett av betydelege midlar til oppfølging av klimameldinga for å styrkje arbeidet med klima og energisaker og til sektorvise klimahandlingsplanar. Innsatsen for kartlegging av miljøgifter er òg auka. Det er vidare sett av midlar til oppfølging av stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Det er òg avsett midlar til satsinga på framtidas byar, jf. omtale under kap. 1 i Innleiinga. I tillegg er det bl.a. løyvd midlar til nordområdestrategien og vidareføring av klimainformasjonskampanjen. Midlar til EU-programmet Reach og bevaring av villaksen og fjellreven er omdisponerte respektive til post 76 og kap 1427 post 21.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 7 Tverrgåande verkemidel og oppgåver.
Posten omfattar grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over Miljøverndepartementets budsjett. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område.
Løyvinga for 2008 er auka med 5,3 mill. kroner i forhold til 2007-budsjettet. Alle organisasjonane har fått priskompensasjon, og for fleire av dei større organisasjonane er det foreslått ei justering i nivået på støtte. For dei små fagspesifikke biologiske foreiningane er det gjennomført ei nivåheving.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 13.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Organisasjon | Rekneskap 2006 | Vedteke budsjett 2007 | Forslag 2008 |
Norges Naturvernforbund | 5 496 | 5 705 | 6 507 |
Framtiden i våre hender | 2 018 | 2 095 | 2 590 |
Den Norske Turistforening | 3 690 | 3 830 | 4 403 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 5 058 | 5 250 | 5 487 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 2 493 | 2 588 | 2 705 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1 523 | 1 580 | 1 751 |
Norges kulturvernforbund | 685 | 710 | 742 |
Fortidsminneforeningen | 3 226 | 3 350 | 3 651 |
Forbundet Kysten | 1 366 | 1 420 | 1 634 |
Norsk forening for fartøyvern | 1 249 | 1 295 | 1 503 |
Natur og Ungdom | 1 083 | 1 125 | 1 326 |
Norges Miljøvernforbund | 216 | 224 | 234 |
WWF-Norge | 578 | 600 | 1 527 |
Norsk forening mot Støy | 824 | 855 | 944 |
Norsk Vannforening | 234 | 243 | 304 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 723 | 750 | 889 |
Norsk Biologforening | 101 | 105 | 200 |
Norsk Zoologisk Forening | 67 | 70 | 200 |
Norsk Entomologisk Forening | 101 | 105 | 200 |
Norsk Botanisk Forening | 101 | 105 | 200 |
Foreningen Våre Rovdyr | 163 | 170 | 278 |
Norges Sopp- og nyttevekstforening | 64 | 66 | 200 |
Miljøagentene | 941 | 975 | 1 069 |
Sum | 32 000 | 33 216 | 38 544 |
Departementet tek atterhald og vurderer fortløpande, basert på innkomne søknader, om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FNs miljøprogram (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Miljøverndepartementets del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Kyotoprotokollen
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Agreement on Conservation of Albatrosses and Petrels (ACAP)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.
A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S
Mål:
Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø slik at selskapet kan løyse fellesoppgåver knytte til drifta av Polarmiljøsenteret på ein økonomisk og fagleg effektiv måte. Vidare skal selskapet ha som oppgåve å formidle informasjon om og profilering av Polarmiljøsenteret nasjonalt og internasjonalt.
Oppfølging og kontroll:
I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar om gjennomførte aktivitetar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved fagleg og generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementets direktorat deltek i selskapets styre.
B: Tilskot til FoU-verksemd
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.
Kriterium for måloppnåing:
Vi måler omfanget av og kvaliteten og relevansen i forskingsresultat framlagt i form av rapportar og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift.
Oppfølging og kontroll:
Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet FoU-prosjekt som er sette i verk og avslutta, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee. Vidare blir det motteke årsrapportar med omsyn til det vitskapelege samarbeidet i senteret og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved fagleg gjennomgang og generell formaliakontroll av dei innsende rapportane.
C: Tilskot til polarattraksjonen Polaria
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å sikre fornying av utstillingar.
Oppfølging og kontroll:
Rapport og revidert rekneskap blir innhenta frå Stiftelsen Polaria. Kontroll skjer ved generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap.
Evaluering av A og B:
Noregs Forskingsråd har gjennomført ei evaluering av Polarmiljøsenteret på oppdrag frå Miljøverndepartementet.
Eventuelle budsjettkonsekvensar av forslaga i evalueringsrapporten vil bli vurderte i tilknyting til utgreiinga av ny finansieringsstruktur for instituttsektoren.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot alle resultatområda til Miljøverndepartementet. Målet med løyvinga er å stimulere ei berekraftig utvikling.
Det er omdisponert 4 mill. kroner frå posten til nyoppretta kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp, post 21 Spesielle driftsutgifter jf. omtale under kap. 1447 i programkategori 12.40.
1) Øyremerkte tilskot
Mål
Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
I 2008 vil ordninga omfatte:
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal utvikle og formidle metodar, verktøy og informasjon som hjelper, motiverer og gjer det enklare for private og offentlege verksemder å bli meir miljøeffektive, og auke verdiskapinga med redusert ressursbruk og miljøbelastning. Tilskot til GRIP i 2008 vil hovudsakleg gå til program for miljøbevisste offentlege innkjøp, økoturisme og klimaløftets handlingsprogram for næringslivet.
Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd.
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.
Driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon).
Prosjekttilskot til LOOP, ein stiftelse som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.
Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på verksemdas resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
2) Til disposisjon for departementet
Det er sett av midlar til tilskot til miljøstiftelsen Bellona og Zero til arbeid med klima- og energitiltak. Det er òg sett av midlar som departementet vil disponere til prosjekt og tiltak som ligg innanfor målsetjingane til posten som til dømes Regnskapsfondet. Departementet vil følgje opp tilskot på bakgrunn av rapportar frå tilskotsmottakare.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Løyvinga er styrkt med 1,5 mill. kroner i 2008.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.
Stiftinga AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Løyvinga er auka med 13 mill. kroner i 2008. Auken skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen.
Mål
Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016. Hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.
Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet fylgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blå-grøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast og forståinga for historia skal styrkjast.
Kriterium for måloppnåing
Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane og føre fram til fysiske forbetringar innan program 2.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd årlege fagrapportar og rekneskapsrapportar etter avslutta prosjekt.
Evaluering
I oppstarten blir det utarbeidd ein statusrapport for programområdet. Arbeidet skal følgjast opp med midtvegs- og sluttrapport.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft og 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Posten er styrkt med ein auke i støtta til GRID Arendal med 0,5 mill. kroner, tilskot til European Environment Bureau med 0,2 mill. kroner og støtte til International childrens conference on the environment med 0,4 mill. kroner. Det er omdisponert 2,5 mill. kroner frå post 21 til støtte til EU-arbeidet REACH (kjemikaliar).
Mål
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget og grenseoverskridande luftforureiningar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle departementets tilskotsordningar.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.
Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. Departementet har fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er formålstenleg blir fremje forslag til løyving for Stortinget. Dette er gjort for at innfriinga av garantiar skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2008, jf. Forslag til vedtak III. Det var ingen tap på ordningane i 2006. Garantiansvaret for dei som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 14 mill. kroner pr. 31. desember 2005 til om lag 9 mill. kroner ved utgangen av 2006.
Tabell 13.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2006 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.06 | 4 387 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2007 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilseg ner i 2008 | 0 |
e) | Totalramme i 2008 | 4 387 |
Ordninga med garanti frå Innovasjon Noreg (tidligare SN) til private kredittinstitusjonar på vegne av staten er gått ut.
II Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1 000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2006 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.06 | 4 897 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2007 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2008 | 0 |
e) | Totalramme i 2008 | 4 897 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21
Posten gjeld resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Løyving skal nyttast som tilskot til modernisering av nikkelverket på Kola. Det er venta ein reduksjon i utslepp frå verket av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 pst. i forhold til utsleppet i 1999, når prosjektet er gjennomført. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.
Prosjektet går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny og ny smelteomn med gassreining og tilhøyrande svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane, som var planlagt til ca. 93,5 mill. USD, blir finansierte med tilskotet frå Noreg og eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, mens resten blir dekt av lån frå NIB (Den Nordiske Investeringsbanken) på 30 mill. USD og eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkjast av Norilsk Nikel.
Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift og knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Selskapet bedømmer no at verksemda i Nikel vil halde fram over ein lengre periode enn ein trudde tidlegare. Tidsperspektivet er sett ut frå venta tilgang til eksternt smeltemateriale og gjennom tilgangen til eigen malm. Malmførekomstane i området er gjennom djupare malmbryting betydelege, og er venta å kunne vare betydeleg lenger enn til 2015.
Ombygginga starta i 2002, ca. eit halvt år forseinka pga. at det tok lengre tid enn føresett å sluttføre avtalane om tilskot og lån. Ved to anledningar har prosjektet seinare blitt ytterlegare seinka i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling, som var innan utgangen av 2006. Første gong var i 2003/ 2004 då hovudgrunnen var vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Norilsk Nikel-konsernet har no bestemt å halde fram med bruk av den opphavlege nye teknologien. Vidare bestemte Norilsk Nikel-konsernet hausten 2003 for eiga rekning å byggje eit pilotanlegg med den nye smelteteknologien i Montchegorsk. Dette vil betre sikre at den nye smelteomnen i Nikel møter dei miljøkrava Noreg har sett. Dette er omtala i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Begge desse forholda, som hadde som formål å sikre at miljømåla skulle nåast, førte til forseinkingar på ca. 1,5 år med ferdigstilling ved utgangen av 2008.
I januar 2006 vart departementet orientert av NIB om ytterlegare forseinkingar av prosjektet med ca. 2 år, sjå òg informasjon gitt i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006. Denne forseinkinga skuldast tekniske feil i det nye briketteringsanlegget og tekniske problem i pilotprosjektet for utprøving av ny teknologi. Av brevet går det òg fram at Norilsk Nikel er heilt innstilt på å fullføre prosjektet og at NIB meiner det framleis er mogleg å nå dei miljømåla som er føresetnaden for den norske støtta.
Miljøverndepartementet har gjennomført ein juridisk gjennomgang av avtala mellom departementet og NIB som følgje av rapporteringa om ytterlegare to års forlenging av prosjektet for å sjå om forseinkinga er å sjå på som eit avtalebrot. Forseinkinga er sakleg grunngitt og strekkjer seg ikkje ut over avtaletida på 10 år, og den er derfor ikkje å sjå på som misleghald av avtala. Miljøverndepartementet har godkjent utsetjinga som inneber at miljømåla skal vere nådd i 2010, og har samtidig gjort NIB merksam på at ved ein eventuell ny søknad om utsetjing vil vurderinga kunne bli ei anna fordi avtala som er inngått berre gjeld i 10 år.
Forseinkingane med tilhøyrande forandringar i gjennomføringa av prosjektet, under dette bygginga av pilotanlegget, har ført til auka kostnader for prosjektet. Dei samla investeringane er no anslått til ca. 144 mill USD. Alle meirkostnadene blir dekte av konsernet.
I budsjettproposisjonen for 2007 vart det òg stilt i utsikt at Norilsk Nikel-konsernet ville ta ei avgjerd om gjennomføringa av investeringane i byen Nikel i løpet av hausten 2006. Då dette ikkje skjedde, gav Miljøverndepartementet NIB i oppdrag å vurdere når ei avgjerd må fattast for at moderniseringa skal kunne gjennomførast innafor avtaleperioden. I brev frå NIB datert 4. mai 2007 går det fram at bygging/modernisering av smelteverket i Nikel må starte opp i første kvartal 2008, dersom det skal vere mogleg å gjennomføre moderniseringa innafor avtaleperioden.
Det er òg teke andre initiativ for å få ei avklaring av planane til det russiske konsernet. Saka vart drøfta på møte i Miljøverndepartementet med representantar frå NIB og leiinga i Norilsk Nikel, og på politisk plan med guvernør Jevdokimov i Murmansk fylke under hans besøk i Oslo i april 2007. På møta forsikra Norilsk Nikel at konsernet står fast på å oppnå miljømåla som ligg i moderniseringsavtala, det vil seie 90 pst. reduksjon i utsleppa av SO2 og støv med tungmetall i forhold til 1999-nivå. Utsleppa av SO2 var ca. 150 000 tonn i 1999. Sidan 1999 er det gjennomført fleire mindre utbetringstiltak ved anlegga i Nikel og Zapoljarny, slik at utsleppa no er reduserte til i overkant av 100 000 tonn pr. år.
Briketteringsanlegget i Zapoljarny er vedteke bygt, og skal etter planen stå ferdig i 2009. Dette vil gi ein årleg reduksjon i SO2-utsleppa på nesten 50 000 tonn. Det betyr at om lag 40 pst. av den utsleppsreduksjonen for SO2 som avtala føreset vil bli oppfylt. Men for å få full miljøeffekt i neste ledd må desse brikettane nyttast i ein smelteomn med fungerande gassreinsing, og handtering av svovel f.eks. via ein svovelsyrefabrikk.
Leiinga i konsernet orienterte òg om dei utgreiingane som no går føre om framtidig lokalisering av smelteverket med tilhøyrande gassreinsing og handtering av svovel. Dei to alternativa som er til vurdering er bygging/modernisering av smelteverket i Nikel og bygging av nytt smelteverk i Montsjegorsk, lengre sør på Kola-halvøya. Konsernet utgreier òg ulike høve for alternativ verksemd i byen Nikel, dersom resultatet av den pågåande utgreiinga skulle bli flytting av nikkelsmeltinga til Montsjegorsk.
Sett frå et miljøsynspunkt framstår flytting av smelteverket til Montsjegorsk som eit godt alternativ, som vil oppfylle miljømåla. Etter NIBs og Miljøverndepartementets vurdering vil likevel ei flytting av smelteverket til Montsjegorsk liggje utanfor avtalenes geografiske verkeområde. Konsernet er derfor gjort kjent med at den norske økonomiske støtta er avgrensa til modernisering i Nikel, innafor den tidsperioden avtalen gjeld.
Miljøverndepartementet held seg fortløpande orientert om utviklinga av prosjektet.
Det er avsett 0,7 mill. kroner under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2008.
Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 83,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Midlane under posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving på 3,5 mill. kroner.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22
Midlane under posten er knytte til underområde kommunal og regional planlegging under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling
Posten er oppretta for å ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og Stortingets vedtak om ein handlingsplan for auka tilgjenge til transport, bygningar, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Planen er kalla Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne – plan for universell utforming innen viktige samfunnsområder (2005-2009), og oppfølginga av planen er koordinert av Miljøverndepartementet i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Midlane er knytte til sektorovergripande tiltak i handlingsplanen. Ettersom offentlege instansar har ansvaret for å resultatfølgje enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 22.
Mål
Formålet med ordninga er å støtte opp om mål, strategiar og prioriterte tiltak i handlingsplanen. Målgrupper er ulike forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga skal stimulere til nytenking i utforming av produkt og tenester, byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ved at mange aktørar medverkar, finn ein nye løysingar som vil gi meir effektiv nytte av offentlege ressursar. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.
Tildelingskriterium
Midlar skal dekkje sektorane sitt ansvar for auka tilgjenge og til verkemiddelområda og tiltaka i handlingsplanen. Tiltak som fremjar samarbeid over sektorgrenser, forvaltningsnivå og interesseområde blir prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar eller annan dokumentasjon på gjennomførte tiltak og rekneskap av tilskotsmottakar. Sektoranes sameinte innsats blir rapportert til Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma gjennom departementets ansvar for koordineringa av innsatsområdet.
Evaluering
Handlingsplanen for universell utforming skal evaluerast. Evalueringa vil rette seg mot verknader ved gjennomføringa av handlingsplanen innan ramma av styringsdokument og ordinære investerings- og tiltakspostar i statsbudsjettet.
Post 81 Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn, kan overførast, kan nyttast under post 22
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, under dette satsinga på framtidas byar, jf. omtale under kap. 1 i Innleiinga.
Midlane skal nyttast til å organisere læringsnettverk, og drive systematisk erfaringsformidling og støtte dei kommunane som ønskjer å vere pådrivarar for miljø og samfunnsutvikling. Kunnskap og erfaring frå lokalt miljøvernarbeid skal vidareutviklast og overførast til flest mogleg kommunar på ein systematisk måte. For at satsinga skal gi varig effekt, er programperioden 5 år (2005–2010).
Mål
Ved å synleggjere og styrkje kommunanes rolle som samfunnsutviklar, skal det oppnåast auka gjennomslagskraft for viktige miljøomsyn innan ei rekkje politikkområde i kommunane. Konkrete resultat skal oppnåast bl.a. innan arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, ressursforvaltning og biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, livskvalitet, folkehelse og friluftsliv. Nettverksgrupper av kommunar skal arbeide med konkrete tiltak innafor dei prioriterte miljøområda i mindre nettverk leia av KS, med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar. Deltakarane i nettverket er ein del av eit større nasjonalt nettverk med tett samarbeid mellom fagmiljø, organisasjonar og næringsliv nasjonalt og regionalt.
Kriterium for måloppnåing
Det skal leggjast vekt på eit målretta informasjonssystem og formidling av gode eksempel, slik at kommunane betre kan finne fram og ta initiativ til og gjennomføre miljøretta tiltak. Satsinga skal gi fornya lokal merksemd og kompetanse innan miljøområdet. Satsinga skal vidare leggje grunnlag for utvikling av indikatorar og tettare kommunikasjon mellom stat og kommune, bl.a. gjennom konsultasjonsordninga. Ved at mange aktørar medverkar blir det skapt nye løysingar som òg er venta å føre til meir effektiv ressursbruk knytt til tradisjonelle kontrolloppgåver.
Tildelingskriterium
Ein vesentlig del av midlane er knytt til å organisere læringsnettverk og drive erfaringsformidling. Desse midlane vil bli fordelte på bakgrunn av ei avtale mellom Miljøverndepartementet og KS. Det er føresetnaden at KS medverkar med betydeleg eigeninnsats og at kommunane går inn med eigne ressursar til prosjektansvarlege og tiltak. Ein del av midlane er knytte til statleg oppfølging av programmet, formidlingstiltak og støtte til pilotprosjekt med overføringsverdi.
Oppfølging og kontroll
Det skal utviklast indikatorar og leggjast til rette for målretta styring og oppfølging av tiltaka gjennom det ordinære plan- og styringssystemet. Det blir lagt opp til rapportering av oppnådde resultat innan dei prioriterte miljøområda bl.a. gjennom vidare utvikling av KOSTRA. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Årsrapport og rekneskapsoversikt vil bli utarbeidd.
Evaluering
Det skal setjast i gang ei følgjeevaluering av programmet. Erfaringane og resultata vil gå inn i det ordinære konsultasjonsarbeidet mellom staten og KS og i andre relevante samhandlingsfora. Erfaringane skal nyttast til å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel for ein miljøvennleg praksis lokalt.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Ymse inntekter | 4 754 | 300 | 313 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 854 | 850 | 887 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1 720 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 596 | ||
21 | Oppdragsinntekter | 1 635 | ||
Sum kap. 4400 | 9 559 | 1 150 | 1 200 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 887 000 kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 98 617 | 106 028 | 116 928 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 105 965 | 110 521 | |
51 | Forskingsprogram m.m. | 126 018 | 125 318 | 131 518 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 15 151 | 15 151 | 15 151 |
72 | Tilskot til Genøk – Senter for biosikkerhet , kan overførast | 4 700 | 9 400 | |
Sum kap. 1410 | 244 786 | 362 162 | 388 518 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda, unnateke underområde Kart og geodata under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling. Regjeringa legg vekt på å vidareføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2008 og fremjar forslag om å auke løyvingane til miljøovervaking med om lag 10,9 mill. kroner i 2008.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, bl.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, bl.a. utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Denne statistikken er bl.a. viktig for oppfølging av Regjeringas mål for miljøpolitikken og for arbeidet med å halde oversyn over miljøtilstanden. Dels erstattar miljøstatistikken anna overvaking og dels blir resultata nytta saman med data frå overvakinga. Miljøstatistikken må vere stabil og langsiktig og sjåast i samanheng med annan relevant statistikk og miljøvernforvaltning.
Utgiftene er i hovudsak kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Vi registrerer framleis eit stort tap av den viktige tareskogen langs kysten og gode overvakingsdata vil vere avgjerande for å kunne setje i verk tiltak. Regjeringa vil arbeide vidare for å avdekkje årsakene til at tareskogen forsvinn. Denne situasjonen har samtidig avdekt at vi har mangelfull kunnskap om årsakene til det som skjer, og innsatsen i kystovervakingsprogrammet vil derfor bli styrkt.
På andre område er overvakinga under utvikling for å kunne møte nye krav og ny kunnskap. Dette gjeld særleg innafor biologisk mangfald, nye miljøgifter og kulturminne. I 2008 er det lagt opp til å styrkje dette arbeidet, med spesiell vekt på etablering av ein naturindeks og å betre kunnskapen om truga og framande artar.
Posten dekkjer bl.a. overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP, arbeid for å sikre villreinen og auka overvaking av truga og sårbare arter, bl.a. tareskog.
I 2008 er det foreslått ei totalløyving til miljøovervaking og miljødata på om lag 117 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2007 på om lag 11 mill. kroner.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga i 2008 er auka med 4,6 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2007 for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga for sektoren.
Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til Bioforsk Jord og miljø. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd som gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 7.
Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Ordninga med delfinansiering av eigendelen når norske forskingsinstitutt får tildelt prosjekt frå EU, skal førast vidare. Forskingsrådet skal forvalte midlane som ei felles ordning, sjølv om løyvingane kjem frå ulike departement. Det skal nyttast opp til 3,5 mill. kroner av løyvinga på posten til denne ordninga i 2008.
Mål
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Bioforsk Jord og miljø (tidlegare Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk (no Bioforsk Jord og miljø) danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov. Forskingsrådet uførte ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta hausten 1999. Det vart bl.a. konkludert med at basisløyvinga har ein ikkje ubetydeleg innverknad på instituttas kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde.
Løyvinga i 2008 er auka med 6,2 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2007. Løyvinga skal nyttast til å styrkje forsking på klima, biomangfald, kulturminne, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og Barentshavet. Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei anna viktig satsing under posten. I tråd med Regjeringas målsetjing deltek norske fagmiljø tungt i dette internasjonale polarforskingssamarbeidet, og har fått ei førande rolle gjennom ei rekkje store prosjekt som no er starta opp på viktige miljøfaglege område. Norsk forskingsinfrastruktur på Svalbard og i Antarktis er òg eit viktig norsk bidrag i IPY-satsinga. Løyvinga på 2 mill. kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet skal medverke til å dekkje det norske sekretariatet som er etablert.
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioriterte. I 2007 vart 6 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementets budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Desse forskingsprogramma omfattar fleire fagområde, og Miljøverndepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda innan Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Post 72 Tilskot til Genøk – Senter for biosikkerhet
Mål
Posten er oppretta for å sikre ei heilskapleg tilskotsordning til GenØk – Senter for biosikkerhet. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om horisontal genoverføring og andre prosessar som kan innebere risikomoment for økologi og helse ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi. Løyvinga i 2008 er auka med 4,7 mill. kroner for å vidareføre oppbygginga av GenØk til eit nasjonalt kompetansesenter.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Sum kap. 4410 | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2008 på 866,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 72,3 mill. kroner, eller 9,1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2007. Største auken er til bruk, skjøtsel og forvaltning av verneområde inkludert verdsarvområde med 30,5 mill. kroner. Løyvingane til førebyggjande og konfliktdempande tiltak og utbetalingar av erstatning knytt til rovvilt aukar med 29 mill. kroner. Løyvinga til bevaring av villaksen er auka med 18,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2007. Tiltak, skjøtsel og forvaltning av friluftsområde får eit løft på 24,5 mill. kroner når ein held utanom eingongsløyving i 2007 på 25,3 mill. kroner finansiert ved inntekter frå sal av Huk-eigedommen på Bygdøy i Oslo.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 68 646 | 72 300 | 76 442 | 5,7 |
1426 | Statens naturoppsyn | 113 434 | 142 863 | 129 109 | -9,6 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 535 794 | 578 590 | 660 520 | 14,2 |
Sum kategori 12.20 | 717 874 | 793 753 | 866 071 | 9,1 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 26 712 | 25 700 | 27 842 |
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast | 5 260 | 4 500 | 4 000 |
70 | Tilskot til fiskeformål , kan overførast | 6 874 | 9 000 | 9 500 |
71 | Tilskot til viltformål , kan overførast | 29 800 | 33 100 | 35 100 |
Sum kap. 1425 | 68 646 | 72 300 | 76 442 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er retta mot resultatområde 1, først og fremst naturmangfalddelen, men har eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Samla sett er løyvingane auka med 4,1 mill. kroner i høve til 2008. Auken skuldast prisjustering av jeger- og fellingsavgiftene og bruk av oppspart kapital i fonda. Auken vil primært bli nytta innan viltforvaltning. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 4425 og inntektene til dei ulike fonda, viser vi til omtale under kap. 4425.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.
Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå og med 2008 vil søknader om tilskot til vilttiltak bli fremja i eit nettbasert søknadssenter i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Dette vil betre sikre lik behandling og utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. Frå 2009 vil dette omfatte fisketiltak.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmentas tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene, utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a. Utover dette dekkjer midlane utgifter til saksførebuing, forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425, og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Det sist nemnde er i samsvar med ein fleirårig praksis. Posten er foreslått auka med 2,1 mill. kroner til prosjekt, administrasjon og forsking. Auken har samanheng med auka inntekter som følgje av prisjusterte avgiftssatsar.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre ei berekraftig viltforvaltning i kommunane.
Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje dei administrative kostnadene sine til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Posten har i ein overgangsperiode tent til å stimulere og styrkje forvaltningstiltak i kommunar med særlege utfordringar i viltforvaltninga si. Posten blir trappa ned fram mot år 2010.
Posten dekkjer berre delar av dei kommunale utgiftene til tiltak, ettersom fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å sikre ei berekraftig viltforvaltning i kommunar med avgrensa inntekter frå fellingsavgifter.
Tildelingskriterium
Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane via eit sentralt nettbasert søknadssenter. Fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt prioriterte tiltak. Ved tildelinga legg ein serleg vekt på kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan givast tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavaranes driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av den mynde kommunane har etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Ein del av midlane på posten blir disponert til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester for alle kommunar i hjorteviltregisteret og hjortesenteret på Svanøy.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Det er venta at overgangen frå statleg til kommunalt ansvar for innkrevjing av fellingsavgifter for hjortevilt vil vere gjennomført i 2010, jf. omtala ovanfor. Kommunar med mindre inntektsgrunnlag frå hjortevilt må frå 2010 søkje på vanleg måte i konkurranse med andre søkjarar på midlar frå det sentrale Viltfondet.
I budsjettet for 2008 blir løyvinga foreslått redusert med 0,5 mill. kroner. Reduksjonen er med på å gjere mogleg ein auke i løyvinga under post 71 Tilskot til viltformål.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokalt og sentralt styrte tiltak.
I 2008 er posten foreslått auka med 0,5 mill. kroner grunna oppspart kapital i Statens fiskefond. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 4425 post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til at fiskeforvaltninga blir gjennomført på ein berekraftig måte og med medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Ein kan tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Ein kan gi tilskot til tiltak direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 29 800 | 7 750 | 7 750 |
71.2 | Villreintiltak | 2 850 | 3 350 | |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 16 500 | 17 500 | |
71.4 | Viltovervaking | 6 000 | 6 500 | |
Sum post 71 | 29 800 | 33 100 | 35 100 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Ein gjer framlegg om å auke posten med 2 mill. kroner i 2008 til styrkte villreintiltak, lokale vilttiltak og viltovervaking.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001, krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av om ordninga medverkar til at viltforvaltninga på regionalt og nasjonalt nivå blir gjennomført på ein berekraftig måte.
Tildelingskriterium
På bakgrunn av søknader via eit sentralt nettbasert søknadssenter tildeler fylkesmannen tilskot til tiltak innafor prioriterte satsingsområde som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tiltak som kan få tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan givast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Den skal dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetjing av bestandar, og hjorteviltdelen av programmet for vilthelseovervaking. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten er styrkt med 0,5 mill. kroner for å gjere forvaltninga av villreinen endå betre. Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. Oppfølginga av tilrådingar frå prosjektet Villrein og Samfunn er blitt ført vidare i 2007 bl.a. gjennom eit eige fornyingsprosjekt. Det er òg lagt til rette for administrative endringar og rasjonalisering av den offentlege forvaltningsstrukturen. Endringane vil bli sette i verk når nye villreinnemnder vert oppnemnte rundt årsskiftet 2007/2008.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Midlane skal nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver på vegner av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. I budsjetta for 2004-2007 har det vore ein jamn auke til dette arbeidet. I budsjettet for 2008 gjer Regjeringa framlegg om å fortsetje å styrkje lokale vilttiltak, blant anna arbeidet i organisasjonane. Underposten er av denne grunnen auka med 1 mill. kroner.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov. Resultat frå denne overvakinga har bl.a. stor betydning i samband med arbeidet rundt fugleinfluensaen. Underposten er foreslått auka med 0,5 mill. kroner.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
51 | Refusjon frå Viltfondet | 54 385 | 56 300 | 59 942 |
52 | Refusjon frå Statens fiskefond | 13 500 | 16 000 | 16 500 |
Sum kap. 4425 | 67 885 | 72 300 | 76 442 |
Hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet, basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond, er budsjettert under dette kapitelet.
Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak. Forslaget er basert på venta inntekter i fonda i 2008, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 51 Refusjon frå Viltfondet
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet blir budsjettert under denne posten. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond, kap. 3904 post 02 Oppdragsinntekter og andre inntekter jf. tabell nedanfor.
Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått auka med omlag 3,6 mill. kroner slik at omfanget av viltoppgåver under kap. 1425 postane 01 Driftsutgifter og 71 Tilskot til viltformål kan styrkjast i 2008. Dette blir gjort grunna prisjustering av avgiftene og ved særskilt bruk av kapitaliserte inntekter frå fondet som følgje av høgare inntekter enn budsjettert i 2006 og 2007.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.
Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2005. Ein gjer framlegg om å auke desse for 2008 slik at omfanget av viltforvaltninga ikkje vert redusert som følgje av den allmenne prisstigninga.
Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitt i tabell 13.3.
For oversikta si del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2008 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 13.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2008 (tal i heile kroner)
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2008 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 280 | 195 000 | 54 600 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 75 | 99 000 | 7 425 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 175 | 15 000 | 2 625 000 1 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 60 | 3 000 | 180 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 250 | 3 000 | 750 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 145 | 1 200 | 174 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 65 754 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 465 | 25 000 | 11 625 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 270 | 12 000 | 3 240 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 350 | 20 000 | 7 000 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 210 | 6 100 | 1 281 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 23 146 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2008, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2007. Talet er vurdert til ca. 15 000.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 13.4.
Tabell 13.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2008
(i 1000 kr): | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.06: | 5 635 |
Budsjettert innbetalt i 20071: | 62 912 |
Budsjettert refusjon i 2007 (utbetalingar frå fondet): | -64 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.07: | 4 547 |
Budsjettert innbetalt i 20082: | 66 954 |
Budsjettert refusjon i 2008 (utbetalingar frå fondet): | -67 642 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.08: | 3 859 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,6 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 1,2 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysund-registra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementets budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Nærings- og handelsdepartementet. I budsjettet for 2008 gjer ein framlegg om at 4,7 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysund-registra over kap. 3904. Planlagt bruk av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabell 13.5.
Tabell 13.5 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2008
Formål | (i 1000 kr) |
---|---|
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 1 000 |
Drift villreinnemndene (kap. 1425.01): | 2 615 |
Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv. (kap. 1425.01): | 17 227 |
Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61): | 4 000 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 750 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 3 350 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 17 500 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 500 |
Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 59 942 |
Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50): | 3 000 |
Drift av Jegerregisteret (kap 0904 jf. kap. 3904): | 4 700 |
Sum refusjon frå Viltfondet i 2008: | 67 642 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter.
Spesielt om lisensfelling av rovvilt
Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005 i tråd med ei ordning der lisensinnehavar søkjer individuelt til fylkesmannen om lisens. I 2006 vart ordninga endra, slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.
Post 52 Refusjon frå Statens fiskefond
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet er budsjettert under denne posten. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond, jf. tabell under.
Refusjonane frå Statens fiskefond til kap. 4425 post 52 er foreslått auka med 0,5 mill. kroner i høve til vedteke budsjett for 2007. Auken er grunna i bruk av oppspart kapital i fondet.
Nærare om Statens fiskefond
Mål
I lov om laksefisk og innlandsfisk o.a., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift skal betalast for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål. Vidare skal det ikkje betalast fiskaravgift for fritidsfiske etter anadrom laksefisk i sjøen.
Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at om lag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.
Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk vart i 2007 justert i samsvar med prisstiginga. For 2008 gjer Regjeringa ingen framlegg om endringar i avgifta.
Årsavgifta for enkeltpersonar for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag er 210 kroner, mens familieavgifta er 340 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år.
Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ein sats på 530 kroner, og satsen på 320 kroner vil gjelde for dei som har fiskestart etter 1. juli.
For fiske med kilenot og krokgarn vil Regjeringa utgreie omlegging til ei ordning basert på ei avgift pr. reiskap som kan gjelde frå og med 2009. Effektar og moglege konsekvensar av innføring av ei vekeavgift for stongfiske vil bli vurdert.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 13.6.
Tabell 13.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2008
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.06: | 3 791 |
Budsjettert innbetalt i 20071: | 16 444 |
Budsjettert refusjon i 2007 (utbetalingar frå fondet): | -17 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.07: | 3 235 |
Budsjettert innbetalt i 20081: | 16 300 |
Budsjettert refusjon i 2008 (utbetalingar frå fondet): | 17 500 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.08 | 2 035 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,15 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (jf. kap. 4425), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50 (jf. kap. 4410 post 50).
Planlagt bruk av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabell 13.7.
Tabell 13.7 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2008
Formål | (i 1000 kr) |
---|---|
Prosjekt, administrasjon mv. (kap.1425.01): | 7 000 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 9 500 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 16 500 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2008 | 17 500 |
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 70 760 | 71 854 | 78 352 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast | 8 261 | 9 391 | 13 891 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskapsområder , kan overførast | 20 219 | 47 423 | 18 671 |
32 | Skjergardsparkar o.a. , kan overførast | 14 194 | 14 195 | 18 195 |
Sum kap. 1426 | 113 434 | 142 863 | 129 109 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv og i noko grad resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn
Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996 for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane og førebyggje miljøkriminalitet, og skal føre kontroll med at regelverket i 7 ulike miljølover vert etterlevd. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling, og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.
Hovudoppgåvene er førebygging av miljøkriminalitet og kontroll med at miljølovene vert etterlevde, informasjon, rettleiing om regelverket og dei nasjonale miljøverdiane, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området.
Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både politiet, Kystvakta, Statskogs fjellteneste, fjelloppsynet i regi av fjellstyra og bygdeallmenningar. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse bl.a. gjennom miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.
Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som vart gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal for verksemda og står no fram som eit bortimot landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Miljøverndepartementet har utvikla ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn og gjeve klårare styringssignal.
Miljøverndepartementet legg vekt på Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat, men viser òg til at Statens naturoppsyn har tilsett naturvegleiarar ved dei to nye villreinsentra.
Direktoratet for naturforvaltning og Politidirektoratet har utvikla ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane. Både Miljøverndepartementet og Justis- og politidepartementet har sagt seg nøgde med dette arbeidet.
Miljøverndepartementet vil i samråd med Landbruks- og matdepartementet tydeleggjere samarbeidsbehov og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyras oppsynsordningar.
Miljøverndepartementet vil vurdere behovet for presiseringar i lovverket om oppsyn i samband med lovarbeidet som skal gjerast elles i oppfølginga av NOU 2004: 28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold. Behovet for endringar vil bli vurdert i det nye regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag, og i samband med andre lovendringar innan departementets ansvarsområde.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, bl.a til engasjement i den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning, og kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar. Utgifter knytte til oppdragsverksemda er førte under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter. Andre utgifter førte under driftsposten er knytte til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturrettleiing m.m. og utviklingskostnader.
Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av bl.a. nasjonalparkplanen når det gjeld oppsyn. Oppsynet er viktig, ikkje minst når det gjeld skjøtsel og kontroll med verna areal, og tilrettelegging, informasjon og rettleiing til dei som nyttar nasjonalparkane. Statens naturoppsyn dekkjer vidare drift av naturvegleiarstillingane ved dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein, jf. kap 1427 post 76.
Posten er auka med 2 mill. kroner til styrking av Statens naturoppsyns kapasitet på rovviltsida i beitesesongen for sau. Denne kapasiteten vart utover i 2007 styrkt gjennom ei omdisponering frå kap. 1427 post 73, jf. St.prp. nr 69 og Innst. S. nr 230 (2006-2007). Omdisponeringa er med dette gjort permanent.
Posten er ytterlegare styrkt til heilårsverknad av løns- og driftsutgifter knytt til naturvegleiarstillingane ved villreinsentra, til ei ny lokal oppsynsstilling i Trøndelag og til ei ny stilling i sentraladministrasjonen i Statens naturoppsyn. Det siste er naudsynt på bakgrunn av veksten i lokale stillingar dei siste åra, ikkje minst etter innlemminga av Statskog si fjellteneste i Finnmark med 14 årsverk i juni 2006.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane.
Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner til ovannemnde tiltak.
Post 31 Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde, kan overførast
Posten dekkjer feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak og skjøtsel for å ivareta biologisk mangfald mv. Det siste vil kunne gjelde dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Posten er redusert med 28,8 mill. kroner. 25,3 mill. kroner av dette gjeld eit eingongsbeløp for året 2007 som vart finansiert frå inntekter ved salet av bustaddelen til Huk-eigedommen på Bygdøy.
Det er vidare omdisponert 8 mill. kroner til ny post 31 Tiltak i friluftslivsområde under kap. 1427. Friluftslivsføremål vil derfor ikkje lengre bli dekte frå kap. 1426 post 31.
Det er lagt inn 4,5 mill. kroner til tiltak i freda naturområde og høgt prioriterte kulturlandskap.
Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast
Posten er primært retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert på statleg initiativ. Posten dekkjer dessutan statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta og oppsynsbåtar til Statens naturoppsyn.
Posten er auka med 4 mill. kroner til styrkt forvaltning og skjøtsel i friluftsområde og skjergardsparkar. Regjeringa foreslår ei bestillingsfullmakt under posten på 6,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI nr. 1. Dette skal gi dekning for bestilling av ny båt i Finnmark for kystoppsyn.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Ymse inntekter | 5 | 127 | 132 |
02 | Oppdragsinntekter | 3 000 | 2 129 | |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 44 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 59 | ||
30 | Sal av eiendommar | 25 252 | ||
Sum kap. 4426 | 108 | 28 379 | 2 261 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.
Post 02 Oppdragsinntekter
I samband med overføringa av Statskogs fjellteneste i Finnmark til Statens naturoppsyn, er det budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseigedommen. Løyvinga er redusert med 0,9 mill. kroner for 2008, grunna lågare inntekter enn venta i 2006. Det er von om at oppdragsmengda vil ta seg opp i 2008. Inntektene korresponderer med utgifter i samband med denne verksemda under kap. 1426 post 01 Driftsutgifter.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 84 159 | 82 982 | 87 117 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 68 183 | 72 979 | 112 442 |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast | 23 722 | 34 405 | 24 405 |
31 | Tiltak i friluftsområder , kan overførast | 27 500 | ||
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast | 19 651 | 19 450 | 19 450 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast | 43 220 | 18 668 | |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast | 6 824 | 5 100 | 10 100 |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast | 21 627 | 89 881 | 89 881 |
49 | Statlege tileigningar, kjøp av forsvaret sine eiendommar | 5 072 | ||
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål , kan overførast | 87 570 | 88 000 | 88 000 |
71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområder , kan overførast | 7 600 | ||
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt , overslagsløyving | 98 897 | 83 895 | 103 895 |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga , kan overførast | 37 159 | 44 000 | 51 000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast | 15 509 | 14 520 | 14 520 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 1 009 | 1 010 | 1 010 |
76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra , kan overførast | 4 500 | 5 000 | 6 000 |
77 | Tilskot til nasjonalparksenter , kan overførast | 12 692 | 12 700 | 10 600 |
78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast | 6 000 | 6 000 | 7 000 |
Sum kap. 1427 | 535 794 | 578 590 | 660 520 |
Midlane under kap. 1427 er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv og resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. I noko grad går midlane dessutan til resultatområda 2 Bevaring av kulturminne, 3 Reint hav og vatn og giftfritt samfunn, 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i Nord- og polarområde og 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling.
Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.
Direktoratet for naturforvaltning arbeider bl.a. med skogvern og nasjonalparkar, forvaltning av truga arter, lakseforvaltning, marin naturforvaltning, vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv. Dette arbeidet er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområdeomtala i del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på bevaring av villaksen
I budsjettet for 2008 vil det bli disponert om lag 121,5 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Dette er ein auke på 18,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Av budsjettet går 45 mill. kroner til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med om lag 6,7 mill. kroner til forsking om villaks.
kap. 1425 post 01 Driftsutgifter med om lag 7 mill. kroner til ulike bevaringstiltak.
kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med 9,5 mill. kroner til lokale og sentrale tiltak.
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 6,7 mill. kroner til lakseoppsyn.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med 51,8 mill. kroner til særskilte tiltak for villaksen, under dette 45 mill. kroner til tiltak mot Gyrodactylus salaris.
kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kroner til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med bevaring av villaksen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmennene (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Ei oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane går fram av tabell 13.8.
Tabell 13.8 Bestandssituasjonen for laks januar 2007, talet på elvar.
Kategori | Beskriving | Tal |
---|---|---|
1 | Tapt bestand | 45 |
2 | Truga bestand | 32 |
3a | Sårbar bestand nær tolegrensa | 30 |
3b | Sårbar bestand kan oppretthaldast ved tiltak | 19 |
4a | Redusert bestand ungfiskproduksjon | 63 |
4b | Redusert bestand berre vaksenfiskbestand | 2 |
5a | Moderat/lite påverka bestand, spesielt omsynskrevjande | 208 |
5b | Moderat/lite påverka bestand, ikkje spesielt omsynskrevjande | 38 |
X | Usikker kategoriplassering | 13 |
Totalt tal lakseelvar i Noreg | 450 |
Målet med naturvernområde og forvaltninga av desse
Soria Moria-erklæringa seier at «Regjeringen vil legge fram en handlingsplan for bærekraftig bruk og skjøtsel av nasjonalparkar og andre verneområder. Det påbegynte arbeidet med å utvikle nasjonalparkene som en ressurs for lokalsamfunnene og for lokal verdiskaping skal fortsette».
Regjeringa har fått innspel til ei slik plan frå ei arbeidsgruppe nedsett av Miljøvernministeren.
Regjeringa vil arbeide vidare med desse spørsmåla.
Hovudmålet med vern av norsk natur er framleis å sikre viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar for ettertida. I nokre verneområde, til dømes nokre nasjonalparkar, er også målet å sikre gode naturopplevingar for allmenta.
Regjeringa ønskjer, innanfor dei rammene desse måla sett, at verneområda skal kunne nyttast som ein ressurs for lokalsamfunna og som grunnlag for lokal verdiskaping. Det er ei stor utfordring å sikre ei forvaltning som er av ein slik kvalitet at desse ulike måla kan kombinerast. Den såkalla «fjellteksten» frå St.prp. nr. 65 (2002-2003) ligg framleis til grunn. For å betre grunnlaget for ei god forvaltning, vil regjeringa styrkje arbeidet med utarbeiding av forvaltningsplanar med 7 mill kroner. I tillegg får den nyoppretta lokale forvaltningsordninga i Reinheimen 2 mill. kroner. Forvaltningsplanar for verneområda skal konkretisere korleis verneforskrifta skal forståast, gi forvaltningsmål for området, gjere synleg behov for ulike tiltak, og gi påreknelege rammer for dei som skal drive ein aktivitet i verneområdet. Arbeidet skal komme både store og små verneområde til gode. Ikkje minst planar for Ramsarområda og verneområda i dei befolkningstette områda av landet må styrkast. Regjeringas mål er at forvaltningsplanar skal liggje føre så snart som råd etter vernevedtak, og seinast eit år etter vedtaket. Det er ein føresetnad at lokalsamfunn og eigarar vert godt involvert i arbeidet med forvaltningsplanane.
Regjeringa vil òg styrkje postane til tiltak i verneområda med til saman 9 mill. kroner.
Det er eit auka behov for tiltak i verneområda. Dette gjeld både økologisk skjøtsel, tilrettelegging og informasjon overfor allmenta. Forvaltningstiltak skal både kome naturen, allmenta og dei som ønskjer å drive ein næringsaktivitet i verneområda til gode. Både nasjonalparkane og ei rekkje av dei mindre verneområda med store biologiske verdiar har behov for tiltak.
Arbeidet med nasjonalparkar og andre store verneområde
Dette arbeidet har politisk forankring i St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Planen omfattar i dag 54 naturområde og skal vere sluttført innan 2010. Planen omfattar gjennomføring av vernevedtak og ei rekkje ulike tiltak knytte til forvaltning og oppsyn. Midlane til dei ulike prosessane og tiltaka er budsjetterte på ulike postar og kapitel, jf. oppsettet under.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på nasjonalparkar og andre store verneområde
I budsjettet for 2008 vil det bli disponert 94,5 mill. kroner til arbeidet med nasjonalparkane og andre store verneområde. Dette er ein auke på 27 mill. kroner frå 2007. Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 21 mill. kroner til oppsyn og forvaltning i nasjonalparkar, inkludert tenestekjøp frå Statskog fjelltenesta, bygdeallmenningar og lokale fjellstyre.
kap. 1426 post 30 Tiltak i nasjonalparkane med 13,9 mill. kroner.
kap. 1426 post 31 Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde med ca. 6 mill. kroner.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 25,3 mill. kroner. Det er bl.a. øyremerkt 2 mill. kroner til lokal forvaltning av Reinheimen nasjonalpark.
kap. 1427 post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, med 10,1 mill. kroner.
Kap. 1427 post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, med 7,6 mill. kroner.
kap. 1427 post 77 Tilskot til nasjonalparksenter med 10,6 mill. kroner.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med nasjonalparkplanen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmennene (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Ein gjer merksam på at midlar til tiltak i mindre verneområde ikkje er inkludert i oversikten ovanfor.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på rovvilt
I budsjettet for 2008 vil det bli disponert om lag 179,3 mill. kroner i samband med bevaring av dei fem store rovviltartene i Noreg (bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn) og minimering av konfliktar knytte til desse. Mesteparten av beløpet går til husdyreigarar i form av erstatningar for rovviltskade eller tilskot til førebyggjande tiltak mot slike. I høve til saldert budsjett for 2007 aukar løyvingane til rovvilt med 29,3 mill. kroner. Auken skyldas erstatningar, førebyggingstiltak og Statens naturoppsyns bistand til lokale fellingslag.
Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
Kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata til registrering og overvaking av bestandane av rovvilt med 9,7 mill. kroner.
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram med om lag 1,8 mill. kroner. Dette blir finansiert under forskingsprogrammet Miljø 2015.
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter under Statens naturoppsyn med om lag 11 mill. kroner, av dette 7 mill. kroner til rovviltkontaktane (dokumentasjon av rovviltskadar og førebyggjande arbeid i forhold til faunakriminalitet) og 4 mill. kroner til statleg fellingslag for rovvilt, under dette bistand til lokale fellingslag.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 1,9 mill. kroner til drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjersle til dei regionale rovviltnemndene.
kap. 1427 post 72 Erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt med 103,9 mill. kroner.
kap. 1427 post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga med 51 mill. kroner.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med rovviltforvaltninga i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmennene (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på bevaring av utvalde, truga arter
I 2008 vil Regjeringa føre vidare arbeidet med å utarbeide, setje i verk og følgje opp handlingsplanar for utvalde, truga arter. Ein vil prioritere aktivitetar/tiltak knytte til bevaring av dverggås.
I budsjettet for 2008 vil det bli disponert om lag 2 mill. kroner til arbeidet med bevaring av utvalde, truga arter over kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette er ein auke på 0,5 mill. kroner i høve til 2007.
I tillegg kjem den minimumsovervakinga av dverggås som blir driven ved hjelp av midlar frå Viltfondet.
Utanom dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med truga arter i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter) og i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på bevaring av fjellrev
I 2008 vil Regjeringa føre vidare arbeidet med fjellreven med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev. I budsjettet for 2008 vil det bli disponert 4,9 mill. kroner til formålet.
Løyvingane til arbeidet med fjellreven er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementets budsjett. I oppstillinga nedanfor er det gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til formålet.
Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med 4 mill. kroner til ulike faglege prosjekt for bevaring av fjellreven.
kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata med 0,9 mill. kroner til naudsynt overvaking av fjellrev.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med bevaring av fjellreven i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter) og i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på villrein
Villreinen er ei norsk ansvarsart. Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arta. Dette vil skje gjennom regionale planar, og villreinområde som er spesielt viktige for arta si framtid i Noreg skal ha status som nasjonale villreinområde. Arbeidet for å tryggje framtida for villreinen vil bli ført vidare i 2008.
Over kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata er det budsjettert med 1 mill. kroner til villreinen.
Utover dette driv Statens naturoppsyn i samarbeid med villreinutvala oppsyn med jaktutøvinga under villreinjakta og registreringar av korleis villreinen nyttar areala gjennom året til bruk i forvaltinga.
Det er sett av 3,4 mill. kroner til villreintiltak under kap. 1425 post 71 finansiert frå Viltfondet. Utover dette er det satt av om lag 8,2 mill. kroner til drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein under kap. 1426 post 01 og kap. 1427 post 76.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette. Den dekkjer òg ulike driftsutgifter i form av husleige, IT-utgifter, informasjon, innan- og utanlandsreiser og internasjonalt arbeid i Direktoratet for naturforvaltning. For ei utgreiing av kva slags føremål løyvinga dekkjer, viser vi til omtala under «Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet. Utover tekniske endringar grunna kompensasjon for lønnsoppgjeret 2007 og auke som følgje av prisjustering av motsvarande inntektsløyving, er posten styrkt med 2,5 mill. kroner. Styrkinga er gjort fordi direktoratet har fått ein betydeleg auke i oppgåvemengda dei siste åra.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427.
Løyvinga er auka med 39,5 mill. kroner. Av dette skuldast 10,2 mill. kroner budsjettekniske endringar. Frå kap. 1400 post 21 er flytta 8,5 mill. kroner til villaks og 1 mill. kroner til fjellrev. Midlane har i fleire år vore sett av til desse formåla over kap. 1400. Vidare er løyvinga auka med 0,7 mill. kroner i samband med prisjustering av utgifter knytte til inntektsløyvinga under kap. 4427 post 09.
Utover dette blir bevaringsarbeidet for villaksen styrka med 17,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Av dette går 14 mill. kr til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris som dermed får eit budsjett på om lag 45 mill. kroner i 2008.
Det er lagt inn ein styrking på 9 mill. kroner til vernearbeidet, blant anna 2 mill. kroner til lokal forvaltningsordning i Reinheimen.
Midlar til arbeidet med gjennomføring av Heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten er vidareført med 1 mill. kroner. Posten er i 2008 ytterligare styrka med 1,5 mill. kroner. Midlane skal nyttas til arbeidet med heilskapleg forvaltning av norske havområdar.
Mindre auker i budsjettet er lagt inn til tiltak som oppfølging av strategi mot framande og skadelege arter, arbeidet med marin naturforvaltning, sikring av utvalde truga arter på den norske raudlista, og utvikling av norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs Natura-program.
GMO-arbeidet får ei styrking ved at det er lagt inn 1 mill. kroner til ekspertbistand frå Vitenskapskomiteen for mattrygghet ved vurderingar av GMO-søknader, tilsyn etter genteknologilova og oppfølging av EØS-forpliktingar. Ein gjer òg merksam på at løyvinga til GenØk blir auka med 4,7 mill. kroner under kap. 1410 post 72 Tilskudd til GenØk – Senter for biosikkerhet.
Budsjettet til Trondheimskonferansen om biologisk mangfald er kutta med 2,3 mill. kroner ettersom denne blir gjennomført hausten 2007.
Direktoratet vil innafor budsjettet halde fram arbeidet knytt til bevaring av fjellreven, juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona, rovvilt (drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene) og gjennomføring av det statleg-kommunale kartleggingsarbeidet for biologisk mangfald.
Innafor vernearbeidet dekkjer posten konsekvensutgreiingar, tilsynsutval, og forsøk med lokalforvaltning i høve til nasjonalparkar og store verneområde. Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, verneplan for vassdrag og marin verneplan.
Elles blir utgifter til internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga og drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard dekte over posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.
Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.
Det vart overført 64,3 mill. kroner frå 2006- til 2007-budsjettet på posten. Det meste av beløpet er bunde opp i tilsegner gitt til kommunar og fylke, og ventar på å bli utbetalt når område er ferdig sikra. Departementet ventar at det i 2008 vil vere meir likvidar på posten enn naudsynt i høve til det ein ventar av utbetalingar. Ein gjer derfor framlegg om å omdisponere 10 mill. kroner av løyvinga til eit ekstra løft for opprustnings- og skjøtselstiltak ved allereie sikra område over kap. 1427 ny post 31 Tiltak i friluftslivsområde. Omdisponeringa sikrar at det går like mykje midlar som før til arbeid med friluftsområde, men med ei noko anna innretning i 2008.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 78,1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Post 31 Tiltak i friluftsområde, kan overførast
Posten er ny og retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Posten skal dekkje utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmentas friluftsinteresser i slike område. Det er eit stort etterslep når det gjeld slike tiltak på tidlegare sikra område, samtidig som det stadig blir sikra nye område. Det gjeld for eksempel nye skjergardsparkar og område som blir overtekne frå Forsvaret. Det er derfor naudsynt med eit ekstra løft i 2008.
I tillegg til ei teknisk overføring av midlar frå kap. 1426 post 31 og omdisponerte midlar frå kap. 1427 post 30, er posten styrkt med 9,5 mill. kroner. Av desse blir 3,5 mill. avsett til opparbeiding av friområdet ved Nedre Foss i Oslo, 1,5 mill. kroner til tiltak i ytre Oslofjord, 2 mill. kroner til skjergardsparken i Telemark og 1 mill. kroner til Vestkystparken (Rogaland/Hordaland).
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 30,3 mill. kroner i 2008, jf. forslag til vedtak VII.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast
Det blir ikkje foreslått løyving på posten i 2008. Løyvinga har gått med til å dekkje kostnader til allereie verna skog gjennom «den gamle barskogplanen». Denne barskogplanen vart vedteken i 1996 og hadde siste vernevedtak i 2002 i tråd med Stortingets behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000. Erstatningsbeløp gjenstår berre for nokre få område, og desse vil vere dekte av overførte beløp på posten.
Løyvinga til nytt skogvern er omtalte under kap. 1427 post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010.
Løyvinga er styrkt med 5 mill. kroner for å dekkje venta auke i erstatningane.
Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 74,4 mill. kroner i 2008, jf. forslag til vedtak VII.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på denne posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.
Det vil vere behov for ei tilsegnsfullmakt under posten på 71,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
I St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand vart det lagt fram ein strategi for auka skogvern. Viktige utfordringar i arbeidet med å vidareføre og auke skogvernet i 2008, blir å sikre god fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.
Løyvinga vil bl.a. bli brukt til frivillig vern. Samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig skogvern blir ført vidare i 2008. Det er i 2008 planlagt nye vernevedtak for prioriterte frivillig vern-område. Midlane vil òg dekkje gjennomføring av ei naturfagleg evaluering av arbeidet med frivillig skogvern, slik det er varsla i St. meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Midlane på posten dekkjer i tillegg utbetaling av erstatningar knytte til område som er verna etter 2004.
Arbeidet med systematiske naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar vil bli vidareført i 2008, og registreringane av verneverdig skog på statsgrunn vil bli ført vidare. Det vil i 2008 bli sett i gang og vidareført verneprosessar for verneverdige område på statsgrunn og i skog som er eigd av Opplysningsvesenets fond.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv og delar av resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra hatt eit nivå på om lag 3 000 lokale prosjekt og 24 elvekalkingsprosjekt.
Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra. Nedfallet av svovel og andre forsurande stoff er redusert med om lag 65 pst. sidan 1980, men enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd. Dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylte vil om lag 7 pst. av landet vere påverka i 2010, men etter dette og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen.
For 2008 blir det gjort framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til kalkingsprosjekt og tilknytte aktivitetar.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.
Tildelingskriterium
Det kan bli gitt tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2004-2010, og/elles fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer dessutan informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.
Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og biologisk mangfald er sikra gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.
Post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, kan overførast
Posten er ny og primært retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, men omfattar i tillegg resultatområde 2 Bevaring av kulturminne. Frå posten blir det gitt tilskot til arbeidet for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Vegaøyan vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart ført på lista i 2005.
Det er stort behov for forvaltningstiltak som kan oppretthalde dei verdiane som ligg til grunn for utpeikinga som verdsarvområde. Kommunane i dei to verdsarvområda har utarbeidd ein analyse og eit forslag til tiltaksplan med eit breitt spekter av tiltak for å ivareta kulturlandskapet. Bl.a. er gjengroing eit betydeleg problem. På Vega er dunværsdrifta ei spesiell utfordring. Tiltaksplanen vil danne grunnlag for vidare dialog med kommunane om val av tiltak for å oppretthalde kulturhistoriske og biologiske verdiar knytte til kulturlandskapet gjennom bl.a. skjøtsel av kulturlandskap og kulturmiljø knytt til bruken av områda.
Det er gjort framlegg om ei løyving på 7,6 mill. kroner. Av desse er 2,1 mill. kroner teknisk overført frå kap 1427 post 77, da denne posten tidlegare dekka utgiftene til verdsarvområda.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.
Tildelingskriterium
Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt , overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 98 897 | 54 983 | 74 983 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 28 912 | 28 912 | |
Sum post 72 | 98 897 | 83 895 | 103 895 |
Posten omfattar erstatningar for dokumenterte og udokumenterte tap av husdyr og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Posten er auka med heile 20 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Dette er gjort på bakgrunn av at erstatningsutbetalingane i 2006 auka betraktelig og oversteig løyvinga med 18 mill. kroner.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Ein viser til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Midlane er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv og omfattar førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Det er lagt inn ein auke i løyvinga på 9 mill. kroner på bakgrunn av at talet på søknader til slike tiltak er stadig aukande. Samtidig er det trekt ut 2 mill. kroner frå posten som oppfølging av endringa Stortinget vedtok i samband med RNB 2007, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr 230 (2006-2007). Då vart 2 mill. kroner omdisponerte frå kap. 1427 post 73 til kap. 1426 post 01 for å dekkje utgifter til styrking av Statens naturoppsyns kapasitet på rovviltsida i beitesesongen for sau.
Midlane på posten kan nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane medverke til å dempe konfliktar knytte til rovdyr i lokalsamfunn.
For 2008 vil det bli lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane gjennom iverksetjing av effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter eit eige regelverk. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanaliserte gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er i 2006 utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, mellom anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Midlane skal nyttast til arbeid med og konkrete tiltak til fremje av friluftslivet, med vekt på barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser. Posten skal dekkje drifta av dei regionale nettverka Forum for natur og friluftsliv (FNF).
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, sjå tabell 6.1.
Tildelingskriterium
Tiltaka vil i 2008 halde fram med å vere retta mot oppfølging av «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009» og rapporten «Friluftsliv for funksjonshemma».
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, men fleire arbeidsmål under resultatområde 5 er relevante.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimelig grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de La Chasse (CIC)
Verdas naturvernunion (Government Agency member) – The World Conservation Union (IUCN)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 76 Tilskot til informasjons- og kompetansesentra, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, og skal i hovudsak gå til drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein; eitt på Skinnarbu i Tinn kommune og eitt på Hjerkinn i Dovre kommune. Driftsutgifter knytte til dei statlege naturvegleiarstillingane ved sentra blir dekte over kap. 1426 post 01.
Ein viser elles til omtale under overskrifta «Samla framstilling av satsinga på villrein» i innleiinga til kap. 1427.
Under denne posten blir det òg gitt ei løyving på 1 mill. kroner til eit sjøfuglsenter på Værlandet i Sogn og Fjordane.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein. Informasjons- og kompetansesentras hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, dei livsvilkåra den har, krav til leveområde mv., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Midlane må sjåast i samanheng med midlar under kap. 1426 Statens naturoppsyn, post 01 Driftsutgifter til lønn og drift for statleg naturvegleiarpersonell som vil bli lokalisert til desse sentra.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for informasjons- og kompetansesentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 77 Tilskot til nasjonalparksentra, kan overførast
Frå denne posten blir det gitt tilskot til nasjonalparksentra. Midlar som tidligare låg inne til arbeidet med norske verdsarvområde, svarande til 2,1 mill. kroner, er flytta til ny post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, jf. omtale under denne.
Tilskotsordninga for nasjonalparksentra er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Løyvinga vil bli brukt til å sikre vidare utvikling og drift av desse. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VII.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar, jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane. Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Det vart i 2005 utarbeidd ein revidert strategi for statleg medverknad i nasjonalparksenter.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for nasjonalparksentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med «Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene» (Rapport 2005-1).
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gitt til forprosjektering og etableringskostnader ved nasjonalparksenter og tiltak innan informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved eksisterande senter, under dette driftstilskot.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Friluftsrådas Landsforbund (FL) er ein paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta i 1986, er i jamn vekst, og har i dag 19 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 170 kommunar med opp mot 2/3 av befolkninga i landet. Posten vert styrkt med 1 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i dei interkommunale friluftsråda.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir m.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i dei interkommunale friluftsrådas arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og tal på deltakarar i aktivitetsfremjande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegne av det offentlege.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg
I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005) at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje dokumenterte flyttekostnader for oppdrettsanlegga innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. anlegg, jf. forslag til vedtak VII. I samsvar med Stortingets vedtak vil ingen oppdrettsanlegg bli pålagt å flytte før 1. mars 2011. Vel nokon av oppdrettsanlegga å flytte i 2008, vil Regjeringa kome tilbake med forslag om bevilling til eventuell utbetaling i 2008.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Ymse inntekter | 5 463 | 7 274 | 7 587 |
09 | Internasjonale oppdrag | 4 762 | 3 800 | 4 763 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 9 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 799 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 568 | ||
40 | Inntekter frå sal av makeskifteareal | 100 | ||
54 | Gebyr | 2 489 | 2 900 | 2 900 |
90 | Sal av aksjar | 400 | ||
Sum kap. 4427 | 15 590 | 13 974 | 15 250 |
Post 01 Ymse inntekter
Hovuddelen av inntektene på denne posten består i refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratets utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis. På posten er det budsjettert med enkelte andre oppdragsinntekter, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Direktoratet for naturforvaltning, og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter.
Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt bl.a. miljødirektoratas avtale med Norad i samband med miljøretta bistand, samarbeid med institusjonar i utviklingsland og bilateralt miljøsamarbeid med Russland. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, og til utgifter i samband med merkjepliktig vilt.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr på 250 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ivareta informasjon om individa, og til å gjennomføre kostnadsfri ettermerking for allereie preparerte individ. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.
Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 2 Bruk og bevaring av kulturminne.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2008 på om lag 398,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 49,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2007, når vi korrigerer for den ettårige løyvinga til fondskapital i Kulturminnefondet på 200 mill. kroner. Satsinga på kulturminneområdet er i samsvar med intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner som legg vekt på å sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir aktivt i bruk. Satsinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø, og midlar til verdiskapingsprogrammet.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1429 | Riksantikvaren | 301 361 | 314 421 | 355 146 | 13,0 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 418 164 | 235 060 | 43 680 | -81,4 |
Sum kategori 12.30 | 719 525 | 549 481 | 398 826 | -27,4 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 85 311 | 86 009 | 92 634 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under postane 72 og 73 | 44 804 | 26 325 | 22 425 |
50 | Tilskot til Samisk kulturminnearbeid | 2 000 | 2 000 | 3 000 |
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 123 792 | 150 030 | 172 130 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 10 151 | 10 953 | 11 953 |
74 | Fartøyvern , kan overførast | 28 544 | 29 004 | 32 004 |
75 | Internasjonalt samarbeid , kan overførast | 949 | 1 100 | 1 100 |
77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 5 810 | 9 000 | 13 400 |
78 | Tilskudd til besltutningsgrunnlag for myndighetsutøvelse innen arkeologi , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 6 500 | ||
Sum kap. 1429 | 301 361 | 314 421 | 355 146 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel skal rettast mot nasjonalt viktige kulturminne. Verkemiddel skal vidare rettast mot eigarar av freda bygningar og anlegg og viktige satsingsområde som kystkultur og verdsarvområda. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal det medverkast til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor bl.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.
Post 01 Driftsutgifter
Posten er foreslått auka med 6,6 mill. kroner i 2008. Dei auka midlane skal bl.a. gå til høgt prioriterte tiltak for å sikre eigarane av freda kulturminne betre rammevilkår, og til å finansiere ei stilling som er overført frå Miljøverndepartementet til Riksantikvaren. Posten skal òg dekkje prosjektarbeidet med behandling av dei sektorvise landsvernplanane for Statens kulturhistoriske eigedommar. Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt/utgreiingar. Kostnader til drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga er òg dekt her. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.
Posten er auka med 2,6 mill. kroner til dekning av utgifter til kommunikasjonsprosjektet, og bl.a. kjøp av eksterne tenester for planlegging av kulturminneåret 2009. Det er overført 6,5 mill. kroner til post 78 (ny) til dekning av utgifter til tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. I tillegg dekkjer posten utvikling og drift av kulturminnedatabasen. Kulturminnedatabasen er avgjerande for å sikre god informasjon om kulturminneverdiar til bl.a. forvaltning, lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.
Post 50 Tilskot til Samisk kulturminnearbeid
Posten er auka med 1 mill. kroner i forhold til budsjett for 2007.
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
72.1 | Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak | 123 792 | 5 500 | 10 500 |
72.2 | Vern og sikring av freda bygningar og anlegg | 41 367 | 51 867 | |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 25 757 | 26 757 | |
72.4 | Kystkultur | 18 100 | 14 700 | |
72.5 | Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | 3 280 | 3 280 | |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 10 308 | 10 308 | |
72.7 | Fartøyvernsentra | 3 550 | 3 550 | |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 17 202 | 18 202 | |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 24 966 | 32 966 | |
Sum post 72 | 123 792 | 150 030 | 172 130 |
I medhald av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner skal rammevilkåra for dei private eigarane av freda kulturminne bli betre. Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 2 Bruk og bevaring av kulturminne. Posten blir nytta til tiltak knytte til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø, og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til vedlikehald og istandsetjing av kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.
Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller prioriterte program.
Ein stor del av løyvinga blir fordelt via fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydinga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga. Det skal leggjast stor vekt på at tilskota medverkar effektivt til progresjon i arbeidet med å sikre ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.
Riksantikvaren kan sjølv òg prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt fastsette av Regjeringa.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 35 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.
Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak
Staten skal dekkje ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak. Det er sett av 5 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2007. Målgruppa er private tiltakshavarar.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til særskilte tiltak for å verne dei.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelovas § 10 og utfyllande retningslinjer.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg
Staten skal dekkje ein større del av meirutgiftene i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. For å sikre kostnadseffektiv gjennomføring er det nødvendig å prioritere tiltaka.
Det er sett av 10,5 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2007. Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova ved å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar for fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og restaureringstiltak på freda bygningar og anlegg.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til å dekkje fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15 i kulturminnelova.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Den særlege satsinga på nasjonalt viktige og prioriterte kulturminne, som istandsetjing av stavkyrkjene og verdifull kyrkjekunst i desse, blir ført vidare som eit prioritert område. Underposten er auka med 1 mill. kroner i forhold til 2007 til å forsere arbeidet med Kaupanger stavkyrkje.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne frå middelalderen og nasjonalt viktige ruinar.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak på mellomalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, under dette tilskot til tiltak innafor eit fleirårig stavkyrkjeprogram for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand og til sikring og konservering av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene. Midlane dekkjer òg tilskot til tiltak innafor eit fleirårig ruinprogram for å sikre nasjonalt viktige ruinar, og tilskot til andre viktige sikrings- og restaureringstiltak.
Tilskota skal fordelast på grunnlag av same overordna strategi som omtalt under underpost 72.2.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur
I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive bustader og gode lokalsamfunn.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne langs kysten.
I startfasen er det er nødvendig å gjere ei prioritering av omfattande og samansette istandsetjingstiltak.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten. Det er overført 3,4 mill. kroner frå underpost kystkultur til kap. 1429 post 77 Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. Midlane skal gå til prosjektet « Den verdifulle kysten i Nordland», som var det første pilotprosjektet innafor verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø. Prosjektet har hittil vore finansiert med midlar frå underpost 72.4 Kystkultur.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell skal sikrast mellombels.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografisk dokumentasjon frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, Birkelunden i Oslo og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Tildelingskriterium
Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre arkeologiske kulturminne, under dette arkeologiske kulturminne under vatn. Midlane blir i hovudsak nytta til oppfølging av Bergkunstprosjektet og eit tiårig prosjekt for skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tilskot til prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.
Tilskot kan bl.a. givast til sikring, skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Fartøyvernsentra
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen dokk- og fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy. Tilskot skal medverke til at fartøyvernsentra òg kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande drift og oppgradering.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast som driftstilskot for å dekkje sentra sine utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.
Oppfølging og kontroll
Generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
I samarbeid med eigarane skal det utarbeidast strategiar for å fullføre arbeida med å setje i stand dei ti prioriterte tekniske og industrielle kulturminna.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei ti utvalte anlegga.
Underposten er auka med 1 mill. kroner i forhold til 2007 til istandsetjing og sikring av soppeanlegget ved Fetsund Lenser.
Mål
Tilskotsordninga skal i første rekkje medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande ti tekniske og industrielle anlegg som er valte ut for spesiell oppfølging:
Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum
Sjølingstad Uldvarefabrikk
Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk
Nes Jernverksmuseum
Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)
Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk
Spillum Dampsag & Høvleri
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter
Folldal gruver
Kistefos Museet
Tildelingskriterium
Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare blir det kontrollert at drifta ved anlegget går føre seg etter formålet. Dette skjer bl.a. ved at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 Verdsarvlista, nasjonale oppgåver
Dei norske verdsarvområda skal forvaltast på ein god måte og kulturminna skal vere formelt verna gjennom lovverket.
Underposten er auka med 8 mill. kroner i forhold til 2007 til istandsetjing og sikring av Bryggen i Bergen og til konkrete restaureringstiltak ved Røros kyrkje.
Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av verdsarvområda.
Arbeidet med å følgje opp Unescos retningslinjer for å ta vare på kultur- og naturarv i verda er eit høgt prioritert område.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand dei norske områda på Unescos liste over verdas kultur- og naturarv. Desse områda er: Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Hjemmeluft i Alta, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap. I tillegg inngår meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves meridian, som er det første teknisk-vitskapelege kulturminnet på verdsarvlista.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til tiltak for å sikre og setje dei norske områda i stand i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Tilskot kan òg givast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidreg til å avgrense slitasje.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bruk og bevaring av kulturminne. Det er sett av 1 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2007. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalte kulturminne og kulturmiljø.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Mål
Tilskotsordninga skal sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot brann og andre ulykker.
Tildelingskriterium
Midlane under posten blir nytta til tilskot til drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø, under dette Bergstaden Røros, og til førebyggjande brannsikring av utvalte tette trehusmiljø.
Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. På staden-kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bruk og bevaring av kulturminne.
Det er sett av 3 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2007. Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Fartøyvernet genererer viktige verdiar for eigarar, brukarar og lokalsamfunn langs kysten.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt som har potensial for stort lokalt engasjement, og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei god planlegging og prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.
Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 5 Internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av kulturminne i tre.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Det blir òg gitt tilskot til medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeid under den bilaterale miljøvernavtala.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21
Verdiskapingsprogrammet skal stimulere til at ressursane som ligg i kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.
Samarbeidet med Norsk kulturminnefond skal førast vidare. Det blir øyremerkt 10 mill. kroner frå kap. 1432 Norsk kulturminnefond post 50 til gjennomføring av programmet, som vil ha ei totalramme på 23,4 mill. kroner.
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 2 kulturminne og kulturmiljø.
Det er overført 3,4 mill kroner frå kap 1429 post 72.4 kystkultur til posten til prosjektet «Den verdifulle kysten i Nordland». Prosjektet var det første pilotprosjektet innafor verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø og var tidlegare finansiert med midlar frå underpost 72.4 Kystkultur.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill. kroner jf. forslag til vedtak VII.
Mål
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet skal stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Det skal utviklast modellar for samarbeid mellom eigarar, rettshavarar, næringslivet, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar. Det skal vidare utviklast kunnskap om korleis berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø fremjar næringsutvikling og styrkjer lokalsamfunn og regionar.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø og til kunnskapsoppbygging og formidling.
I den første fasen (2006-2009) kan det givast tilskot til dei pilotprosjekta som er valte ut innafor ulike geografiske område. Prosjekta kan vare i fire år. Ved tildeling av midlar skal det leggjast vekt på at prosjekta samla sett representerer kulturelt mangfald og geografisk spreiing. Prosjekta skal ha eit vesentleg potensial for verdiskaping – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig.
Det blir prioritert prosjekt som inngår i ein lokal eller regional strategi for verdiskaping og innovasjon, der ulike offentlege og private verkemiddel blir sett i samanheng. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi, slik at kunnskap om korleis kulturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte med prosjektas styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- og styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 78 Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi (NY)
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 2 Bruk og bevaring av kulturminne. Målgruppa er forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrifter.
Midlane er flytta frå post 21 spesielle driftsutgifter. Dei skal dekkje nødvendig fagleg assistanse i forvaltningssaker til fylkeskommunane og Sametinget, utgifter til utgraving og anna sikringsarbeid, og bistand i kulturminnekriminalitetssaker ved dei 5 arkeologiske landsdelsmusea og dei 5 sjøfartsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved dei 5 sjøfartsmusea. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg underlagsmateriale for Riksantikvarens forvaltningsoppgåver som blir utførde av NIKU.
Mål:
Tilskotsordninga skal medverke til ei god fagleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering om bruk av midlane.
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 2 488 | 3 392 | 3 538 |
09 | Internasjonale oppdrag | 3 030 | 1 253 | 1 307 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 445 | ||
Sum kap. 4429 | 5 963 | 4 645 | 4 845 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 18 164 | 35 060 | 43 680 |
90 | Fondskapital | 400 000 | 200 000 | |
Sum kap. 1432 | 418 164 | 235 060 | 43 680 |
Norsk kulturminnefond vart oppretta i 2002 med ein grunnkapital på 200 mill. kroner. Fondskapitalen er sidan auka til 1 mrd. kroner.
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Beløpet på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond. Midlane under post 50 blir stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til tilsette i sekretariatet og til administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.
For 2008 vil avkastninga utgjere om lag 43,7 mill. kroner. Samarbeidet innafor verdiskapingsprogrammet skal førast vidare. Det er øyremerkt 10 mill. kroner til formålet i 2008, jf. Kap. 1429 post 77.
Mål
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv si side, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast.
Kulturminnefondet skal ha auka fokus på å oppfylle føresegnene i vedtektene om freda kulturminne og kulturmiljø i 2008.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 90 Fondskapital
Fondskapitalen er på i alt 1 mrd. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastninga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. post 50.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
85 | Avkastning frå Norsk kulturminnefond | 35 060 | 43 680 | |
Sum kap. 4432 | 35 060 | 43 680 |
Post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond
Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.40 Forureining
Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, Resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft og Resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på omlag 625,5 mill. kroner i 2008. Dette er ein auke på 35,9 mill. kroner, eller 6,1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2007. Dette skuldast i hovudsak endringar i den regelstyrte bilvrakordninga.
Miljøverndepartementet vil ha sterkt fokus på kjemikaliepolitikken, med særleg fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene. Satsinga vart presentert i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. I meldinga er det presentert verkemiddel og tiltak for å stanse utslepp frå produkt, både under produksjon, bruk, og når dei blir avfall. Streng regulering av utslepp frå industri og prosessutslepp skal leggjast til grunn. Vidare vil Regjeringa styrkje kontroll og tilsyn og stimulere til ein aktiv innsats for internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir dessutan satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa vil òg føre vidare arbeidet med å stanse bruk av miljøgifter i produkt retta mot private forbrukarar. Det skal ryddast opp meir i forureina jord og sjøbotn. Det skal gjennomførast handlingsplanar for å rydde opp i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar, og i forureina sjøbotn.
Det er framleis nødvendig med fokus på avfallsfeltet for å nå dei nasjonale måla, og Regjeringa vil føre vidare arbeidet med avfall og gjenvinning utan særlege budsjettendringar. Ei rekkje sentrale verkemiddel er etablerte, fornya og justerte dei siste åra. Særlege utfordringar i tida framover er knytte til ytterlegare innsats overfor farleg avfall på avvegar, og å vurdere ytterlegare tilpassing av avfallspolitikken til klimapolitikken. Det skal vidare arbeidast for at produsentar og importørar får gode nok insentiv til å ta omsyn til produkta sine miljøeigenskapar i heile levetida, under dette i avhendingsfasen. Eksisterande verkemiddel i avfallspolitikken blir fortløpande evaluerte og eventuelt justerte slik at dei fungerer mest mogleg etter føremålet.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet-Lofoten og det faglege grunnlaget for heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet og Nordsjøen. Formålet med forvaltningsplanane er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.
Rammedirektivet for vatn vil effektivisere vassforvaltninga og medverke til å sikre miljøet i vassdraga og dei kystnære områda. Dette arbeidet vil gi ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn.
Regjeringa la fram St.meld. nr 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk 25. juni 2007. Der har regjeringa teke initiativ til ein meir offensiv klimapolitikk. Klimameldinga inneheld bl.a. langsiktige mål for klimapolitikken, sektorvise klimahandlingsplanar og sektorvise mål for dei sentrale utsleppssektorane i Noreg. Det blir lagt fram handlingsplanar for petroleum og energi, transport, industri, primærnæringar og avfall, for kommunalt klimaarbeid og for drifta av statleg sektor. Jf. nærare omtale under resultatområde 4. Regjeringa vil i 2008 føre vidare arbeidet med å overhalde Noregs forpliktingar i Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Den største utfordringa er å sikre at Noreg overheld forpliktinga om å redusere dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) til maksimalt 156.000 tonn innan 2010. Regjeringa vil òg føre vidare Noreg sin medverknad i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining.
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 645 413 | 571 928 | 619 490 | 8,3 |
1444 | Produktregisteret | 14 267 | 15 712 | -100,0 | |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 2 000 | 2 000 | 2 000 | 0,0 |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 4 000 | |||
Sum kategori 12.40 | 661 680 | 589 640 | 625 490 | 6,1 |
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 196 642 | 187 210 | 211 195 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 12 632 | 19 945 | 25 195 |
39 | Oppryddingstiltak , kan overførast | 87 540 | 87 080 | 112 780 |
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 140 420 | 51 900 | |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving | 162 249 | 171 793 | 216 320 |
76 | Refusjonsordningar , overslagsløyving | 45 930 | 54 000 | 54 000 |
Sum kap. 1441 | 645 413 | 571 928 | 619 490 |
Det er gjort framlegg om å slå saman Statens forureiningstilsyn og Produktregisteret frå 1. januar 2008. Produktregisteret er styresmaktenes sentrale register over kjemiske stoff og produkt som er omsette i Noreg, og opplysningane blir nytta i helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet (HMS).
Statens forureiningstilsyn skal setje i verk forureiningspolitikken og arbeide for å oppnå miljøforvaltningas miljømål. SFT skal medverke til å:
redusere klimagassutsleppa
redusere spreiing av helse- og miljøfarleg stoff
oppnå ei heilskapleg og økosystembasert hav- og vassforvaltning
auke gjenvinninga og redusere utsleppa frå avfall
redusere skadeverknadene av luftforureining og støy
sikre tilgang til oppdatert og påliteleg miljøinformasjon
Ein viser elles til omtale under del II Miljøforvaltningas resultatområde.
Statens forureiningstilsyn utøvar følgjande roller for å medverke til å nå miljømåla:
overvake og informere om miljøutviklinga
utøve mynde og føre tilsyn etter forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova
styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyns ansvarsområde
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøpolitiske mål
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og utviklingssamarbeidet på miljøområdet
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og andre driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn og tilsvarande utgifter tidlegare ført på kap. 1444 Produktregisteret. Utgiftene omfattar bl.a. husleige, reiser, internasjonalt arbeid, informasjon/formidling, kjøp av tenester, IKT-utgifter og drift av miljøinformasjonssystem (for eksempel Miljøstatus i Noreg, kvoteregisteret, Produktregisteret og miljøinformasjonsbanken).
Auken på posten skuldast i hovudsak at kap. 1444, post 01 Produktregisteret, er slått saman med Statens forureiningstilsyn. I tillegg er posten auka i samband med til flytting av Produktregisteret. Posten er dessutan auka med 3,7 mill. kroner til å styrkje SFTs arbeid med oppfølging av olje- og gassverksemda, og kompetanseoppbygging på energifeltet.
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 04 Gebyr, post 05 Leigeinntekter og post 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten er fordelt som følgjer:
Farleg avfall – (beredskap)
Posten dekkjer utgifter Statens forureiningstilsyn kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Innovasjon – miljøteknologi
Utvikling og innovasjon av miljøteknologi vil vere svært viktig. Det blir vidareført 3 mill. kroner til arbeidet med å auke kompetanse og stimulere til styrkt utvikling og bruk av miljøteknologi.
Lokalt klimaarbeid
Regjeringa har varsla at fagkompetansen i kommunane innan natur- og miljø skal gjenreisast, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). I Soria Moria-erklæringa er det vidare nedfelt at kommunanes rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast. For å styrkje kommunanes arbeid med miljø/samfunnsutvikling, samarbeider Miljøverndepartementet og Kommunanes Sentralforbund om eit femåring program om kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Klima og energi er eitt av dei tema som inngår i programmet. Det vil elles bli vurdert ytterlegare tiltak for i sterkare grad å involvere det lokale nivået i klimapolitikken. Det blir vidareført 1,5 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid.
Overvaking av norske havområde (SFT)
Det blir arbeidd med å utvikle overvakingssystem med fokus på vidareutvikling av dei føreslåtte forureiningsindikatorane. I 2007 vart det kartlagt tilførsler av olje og miljøfarlege stoff til alle forvaltningsområda.
Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Midlar til arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid og til særlege prosjekt som følgjer opp forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er ført vidare med 3,5 mill. kroner. Løyvinga skal bl.a. nyttast til oppfølging av EUs nye kjemikalieregelverk (REACH ) og styrking av internasjonal regulering av miljøgifter, t.d. kvikksølv. Kartlegging av miljøgifter er òg omfatta av posten. Dette arbeidet er ytterlegare styrkt med 2 mill. kroner.
NOx-avgift – kompensasjon
Posten vart i 2007 styrkt varig med 1,5 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til SFTs oppgåver i samband med etablering av ei NOx-avgift, bl.a. a ulike oppgåver i samband med etablering av utsleppsfaktorar og verifisering av utslepp.
Heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde
Midlar til arbeidet med gjennomføring av Heilskapleg forvaltningsplan Barentshavet-Lofoten er vidareført med 3 mill. kroner. Posten er i 2008 ytterlegare styrkt med 2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til arbeidet med heilskapleg forvaltning av norske havområde.
CO2 -handtering
Posten er styrkt med 0,5 mill. kroner til auka kapasitet og kunnskapsoppbygging om CO2-handtering.
Utsleppsrekneskap – luft
Posten er styrkt med 2,75 mill. kroner i samband med betring av utsleppsregnskap for enkelte utslepp til luft.
Tidsavgrensa oppdrag og utgreiingar (FoU)
I tillegg dekkjer posten utgreiingar og vurderingar knytte til etatanes saksområde. For 2008 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima (bl.a. rammedirektivet for vatn).
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til nytt resultatområde 3 Reint hav og vatn og giftfritt samfunn. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter. Posten dekkjer dessutan opprydding i Vansjø og eventuelle andre vassførekomstar med samansette miljøproblem. Løyvinga til arbeidet med opprydding i forureina grunn og sjøbotn er styrkt med 25,7 mill. kroner. Auka i løyvinga vil muliggjøre oppstart og vidare opprydding i blant anna Hammerfest, Harstad, Tromsø og Bergen. Det er også andre lokalitetar som er aktuelle kandidatar. Auka vil òg sikre at ein kan gå vidare med å undersøke og rydde forureina jord og barnehagar.
Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina grunn og sjøbotn, med fokus på oppfølging av handlingsplanane om opprydding i forureina sjøbotn og opprydding i forureina jord i barnehagar som vart lagt fram gjennom St.meld. nr. 14 (2006-2007). Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak:
Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Der det hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I tillegg kan posten nyttast til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging. Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 25 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet
Tilskotsordninga vart oppheva 1. januar 2007 som følgje av at det vart innført produsentansvar for køyretøy. Som følgje av etterslep i utbetalingane var det noko utbetaling i 2007, sjå omtale i St. prp. nr. 1 2006-2007). Det foreslåas ikkje bevilling på posten i 2008-budsjettet.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid
Vrakpantordninga rettar seg mot resultatområde 3, underområde 4 Miljøgifter og underområde 5 Avfall og gjenvinning. Dei siste åra har det vore innlevert omlag 110 000 bilvrak. Det er venta at innsamlingsnivået held seg stabilt i 2008, men at ein vil sjå ei auking i innleverte sterkt forureinande dieselkøyretøy. Posten er styrkt med 50 mill. kroner i samband med at vrakpanten for de meist forureinande dieselkøyretøya er auka til kr 5 000 kroner.
Mål
Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar frå 2007 har teke over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er no ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil regjeringa inntil anna vert vert avgjord vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.
Avgrensa til budsjettåret 2008 vert vrakpanten auka frå 1 500 kroner til 5 000 kroner for dei mest forureinande dieselkøyretøya. Tiltaket vert innretta mot eldre, tyngre dieselkøyretøy med høge utslepp. Tiltaket tek sikte på å framskunde utrangeringa av desse for redusere utslepp av NOx og partiklar. Tiltaket er ein del av satsinga på å redusere forureinga frå vegtrafikken, hvor det mellom anna no er innført ei ordning med lavere årsavgift for dieselkøyretøy med fabrikkmontert partikkelfilter og bensinbiler enn for dieselbiler uten fabrikkmontert partikkelfilter.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for handsaming. Ordinær vrakpant for 2008 vil vere på 1 500 kroner, medan den vil vere 5 000 kroner for dei sterkt forureinande dieselkøyretøya. For utbetaling av forhøyet vrakpant forutsettes det at det er betalt inn årsavgift for køyretøyet for 2007.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, eventuelt den forhøya vrakpanten, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 3, underområde 4 miljøgifter, resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning og resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.
Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert. Forslaget til løyving er ikkje endra frå 2007 til 2008.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2005 -2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994 og utvida i 2000 for å sikre høgare innsamlingsgrad.
Kriterium for måloppnåing
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2006 var total mengd innsamla spillolje på om lag 40 000 m3, av dette i overkant av 23 000 m3 med rett på refusjon Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2008. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer m.m.) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Statens forureiningstilsyn følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig, for å auke effekten av verkemidla.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2008.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003 å innføre ei avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) frå 1. januar 2003. Avgifta er retta mot import og produksjon av HFK og PFK, både som bulkvare og som delemne i produkt. Refusjonsordninga trådde i kraft 1. juli 2004. Den er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. HFK blir i første rekkje nytta i kjøle-, fryse- og varmepumpeanlegg, men blir òg brukt til brannslokking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon er venta å medverke til bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.
Kriterium for måloppnåing
Det er venta at kombinasjonen av avgift og refusjon vil gi ein vesentleg utsleppsreduksjon i 2010, i høve til kva utsleppet ville ha vore utan avgift og refusjon.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1 451 om særavgifter § 3-18-2.
Oppfølging og kontroll
Statens forureiningstilsyn fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
04 | Gebyr | 30 023 | 21 059 | 21 059 |
05 | Leigeinntekter | 1 403 | 983 | 300 |
08 | Inntekter frå sal av bilvrak | 62 815 | 34 254 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 5 385 | 4 988 | 5 202 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 2 713 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 876 | ||
Sum kap. 4441 | 103 215 | 61 284 | 26 561 |
Post 04 Gebyr
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar Statens forureiningstilsyns gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta). Forureiningsforskrifta er endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten. Det blir framleis arbeidd med å vurdere innteninga for Fylkesmannen.
Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.
Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 3, underområde 4 miljøgifter, blir òg førte under denne posten.
Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
I denne posten inngår Statens forureiningstilsyns inntekter frå gebyr betalt i medhald av forskrift om gebyr for deklarering av farleg avfall. Gebyret dekkjer Statens forureiningstilsyns utgifter til kjøp av tenester knytte til behandling og samanstilling av informasjon frå deklarering.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er redusert med 0,7 mill. kroner frå 2007 til 2008 på grunn av oppgraderingar og endring i bruk av konferansesenteret.
Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak
Ordninga med eit statleg biloppsamlingssystem vart oppheva 1. januar 2007 som følgje av at det vart innført produsentansvar for køyretøy, jf. kap. 1441, post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet. Dette inneber at inntektene frå sal av bilvrak i det statlege biloppsamlingssystemet fell bort. Som følgje av eit etterslep i avviklinga av systemet, var det likevel noko inntekt frå salet av bilvrak i 2007. Det foreslåas ikkje bevilling på posten i 2008-budsjettet.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med UD, Norad o.a., f.eks. til institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1444 Produktregisteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 14 267 | 15 712 | |
Sum kap. 1444 | 14 267 | 15 712 |
Produktregisteret er slått saman med Statens forureiningstilsyn frå 1. januar 2008. Budsjettet er flytta til kap. 1441, post 01. Det foreslåas ikkje bevilling på posten i 2008-budsjettet.
Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
Sum kap. 1445 | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø, og utfører viktig arbeid innafor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten medverkar til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Det skal dessutan arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Posten dekkjer vidare midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 4 000 | ||
Sum kap. 1447 | 4 000 |
Det vil bli etablert eit nytt direktorat under Fornyings- og administrasjonsdepartementet frå 1. januar 2008. Eitt av hovudarbeidsområda for direktoratet vil vere å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp og arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp blir minimert. Miljøbevisste offentlege nyskaffingar vil vere hovudarbeidsområdet til direktoratet innafor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Det vil vere heilt sentralt for direktoratet å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturlig del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd. Direktoratet vil få ansvaret for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar på dei områda som gjeld miljøomsyn.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten skal medverke til å dekkje lønn til faste stillingar og driftsutgifter for direktoratets arbeid med miljøbevisste offentlege nyskaffingar og miljøleiing. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og sikre at handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar blir gjennomført i praksis, under dette å fremje bruken av miljøleiingsystem i stat og kommune, og vidareføringa av Grøn stat. Kompetanseoppbygging er eit heilt sentralt element i handlingsplanen. Posten skal vidare dekkje drifts- og utgreiingsmidlar, informasjon, faglege råd til Miljøverndepartementet som grunnlag for politikkutforming, bistand til Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid på området og formidling relatert til miljøspørsmål. Direktoratet skal setje i verk regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege nyskaffingar og miljøleiingssystem.
Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
91 | Innbetaling av avdrag | 21 543 | 12 000 | |
Sum kap. 5322 | 21 543 | 12 000 |
Post 91 Innbetaling av avdrag
Det foreslåas ikkje bevilling på posten i 2008-budsjettet, då lånet vart innløyst av Innovasjon Noreg hausten 2007.
Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
80 | Renteinntekter | 3 615 | 2 900 | |
Sum kap. 5621 | 3 615 | 2 900 |
Post 80 Renteinntekter
Det foreslåas ikkje bevilling på posten i 2008-budsjettet, då lånet vart innløyst av Innovasjon Noreg hausten 2007.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og underområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Ei samanlikning med saldert budsjett 2007 viser ein auke på 14,2 mill. kroner, elles omlag 4 pst. i 2008. Auken skuldast i hovudsak priskompensasjon som er tildelt Statens kartverk.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 356 788 | 357 135 | 371 353 | 4,0 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 7 126 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 363 914 | 369 135 | 383 353 | 3,9 |
Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
21 | Betaling for statsoppdraget , kan overførast | 356 788 | 357 135 | 371 353 |
Sum kap. 1465 | 356 788 | 357 135 | 371 353 |
Kapitlet dekkjer etablering og drift av infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Statens kartverk vil første halvår 2008 ha dekt heile norskekysten med moderne elektroniske sjøkart. Fullføringa av dette arbeidet har hatt høgste prioritet for Statens kartverk dei tolv siste åra. Arbeidet vil no i større grad bli retta mot landkartlegging og eigedomsinformasjon, der behova for auka innsats er særleg stor.
Når lov om eigedomsregistrering trer i kraft vil Statens kartverk dessutan bli sentral matrikkelstyresmakt. For å ivareta denne oppgåva har Statens kartverk under utvikling eit dataregister, kalla matrikkelen. Saman med tinglysingsdata vil matrikkelen (eigedomsdata og -kart) gi høve til ein heilskapleg tilgang til eigedomsdata for Noreg.
Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementets styring med og kontroll av statsoppdraget.
Det er behov for ei fullmakt i 2008 på 90 mill. kroner for å kunne bestille kartleggingsarbeid i samarbeidet om Noreg digitalt, jf. forslag til vedtak VI nr. 2.
Departementet foreslår at inntil 5 mill. kroner kan omdisponerast mellom denne posten og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak IV.
Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
24 | Driftsresultat: | |||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 7 126 | 12 000 | 12 000 |
Sum kap. 2465 | 7 126 | 12 000 | 12 000 |
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 6, delen om kart og geodata.
Rolle og oppgåver for Statens kartverk
Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde. Verksemda skal konsentrerast om styresmaktoppgåver og tilrettelegging for heile den norske geodataverksemda. Satsinga på Noreg digitalt blir ført vidare. Her inngår produksjon, standardisering, forvaltning og drift av offentlege data. Statens kartverk har ansvar for å samordne standardar og regelverk med andre land.
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta (koordinatbestemt) informasjon. Geografiske data er venta å utgjere ei stadig viktigare informasjonskjelde innan nye område.
Statens kartverk skal delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Statens kartverk skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt gjennom Noreg digitalt. Fleire av Statens kartverks produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Viktige målsetjingar for Statens kartverk i 2008 vil vere:
setje i verk og forvalte ny lov om eigedomsregistrering
utvikle og setje i verk ny matrikkel i heile landet
vidareføre sjøkartlegginga
å etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg ein infrastruktur av stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som ein viktig og integrert del av Noreg digitalt
å medverke til samarbeid med andre offentlege maritime etatar på sjøtryggleiksområdet
å leie og koordinere ei internasjonal offisiell elektronisk kartteneste for å styrkje tryggleiken til sjøs bl.a. gjennom Primar Stavanger
leie arbeidet med å etablere og føre vidare forvaltningssamarbeidet Noreg digitalt med flest mogleg offentlege store dataeigarar og -brukarar
etablere standardar for det kartfaglege området, harmonisert mot andre fagområde
etablere ein funksjonell og påliteleg tinglysingsorganisasjon
utforme rammevilkåra for eit samla eigedomsinformasjonssystem med felles tilgang til Matrikkel, Grunnbok og planregister
utvikle vidare Cpos (posisjoneringsteneste med cm-grannsemd) til å dekkje dei tettast folkesette områda i landet.
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
24.1 | Driftsinntekter | -739 182 | -713 620 | -801 353 |
24.2 | Driftsutgifter , overslagsløyving | 694 515 | 702 395 | 789 912 |
24.3 | Avskrivinger | 10 054 | 9 174 | 9 482 |
24.4 | Renter av statens kapital | 2 234 | 2 051 | 1 959 |
24.5 | Til reguleringsfondet | 32 379 | ||
Sum post 24 | 0 | 0 | 0 |
Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsbudsjettet og statsrekneskapen blir rapporterte etter kontantprinsippet. Statens kartverks tilknytingsform vil bli sett i samanheng med budsjettprosessen for 2009, og sett i samanheng med at tinglysinga er overført frå domstolane til Statens kartverk. Driftsresultatet i budsjettet for 2008 er sett til kr. 0.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Statens kartverks bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 13.9 Statens kartverks driftsinntekter
(i mill. kr.) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2006 | Plan 2007 | Plan 2008 | |
Betaling for statsoppdraget | 357 | 357 | 371 |
Samfinansiering | 156 | 170 | 180 |
Tinglysingsprosjektet mm. | 135 | 120 | 170 |
Royalty av sal av kart og geografiske data og salsinntekter frå sjøkart | 60 | 75 | 80 |
Sum driftsinntekter | 708 | 722 | 801 |
Rekneskap 2006 er ført opp i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2007 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2006-2007).
Statens kartverks salsinntekter er i hovudsak knytte til selskapet PRIMAR Stavanger, som formidlar sjøkart i samarbeid med sjøkartverk i andre land, og royaltyavtale med statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon som formidlar Statens kartverks basisinformasjon i den kommersielle marknaden.
Behovet for relevante og riktige eigedomsopplysningar aukar innan fleire samfunnssektorar. Stortinget vedtok juni 2007 revidert lov om eigedomsregistrering, jf. Ot.prp. nr. 57 (2006-2007). Lova gir rom for ei framtidsretta forvaltning av eigedomsinformasjon.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre fortløpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Statens kartverks databasar og geografiske infrastruktur elles.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av statens kapital
Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 48 mill. kroner pr. 31. desember 2007.
Avskrivingane for Statens kartverk blir utrekna etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Det blir såleis ikkje berekna avskrivingar av kapitalgjenstandar som er skaffa i løpet av budsjettåret.
Avskrivingane skal baserast på historisk nyskaffingspris for kvar enkelt kapitalgjenstand. Dette prinsippet vart slått fast ved Stortingets vedtak av 11. juni 1990 på grunnlag av St.prp. nr. 87 (1989-90), jf. Innst. S. nr. 243 (1989-90).
Det skal nyttast eit lineært avskrivingsprinsipp. Avskrivingane på dei enkelte kapitalgjenstandane skal skje med like store beløp kvart år basert på ein fastsett avskrivingsperiode (dvs. venta levetid for vedkommande kapitalgjenstand).
Utrekning av renter av den faste kapitalen i Statens kartverk skal skje i samsvar med føresegner for forvaltningsbedriftene, vedtekne av Stortinget 9. juni 1982 på grunnlag av St.prp. nr. 115 (1981-82), jf. Innst. S. nr. 285 (1981-82).
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2006 var reguleringsfondet på 108,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000.
Statens kartverks produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon mv. Statens kartverk må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2 pst. av totalomsetnaden.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Tabell 13.10 Statens kartverks kapitalbalanse
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.05 | Rekneskap 31.12.06 | Venta 31.12.07 | Venta 31.12.08 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 46,0 | 43,0 | 48,2 | 50,7 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 46,0 | 43,0 | 48,2 | 50,7 |
Omløpsmidlar: | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 3,9 | 4,9 | 4,9 | 49 |
Kortsiktige fordringar | 163,6 | 198,4 | 198,4 | 198,4 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Kassebehaldning og innskot | 0,5 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 168,0 | 203,3 | 203,3 | 203,3 |
Sum eigedelar | 214,0 | 246,3 | 251,5 | 254,0 |
Tabell 13.11 Statens kartverks gjeld og eigenkapital1
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.05 | Rekneskap 31.12.06 | Venta 31.12.07 | Venta 31.12.08 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -48,8 | -40,5 | -40,5 | -40,5 |
Reguleringsfondet | 76,5 | 108,8 | 108,8 | 108,8 |
Sum eigenkapital | 27,7 | 68,3 | 68,3 | 68,3 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 46,0 | 43,0 | 48,2 | 50,7 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 46,0 | 43,0 | 48,2 | 50,7 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 227,3 | 262,1 | 262,1 | 262,1 |
Mellomverande med statskassen | -87,0 | -127,1 | -127,1 | -127,1 |
Sum kortsiktig gjeld | 140,3 | 135,0 | 135,0 | 135,0 |
Sum gjeld og eigenkapital | 214,0 | 246,3 | 251,5 | 254,0 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Statens kartverks bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Statens kartverk finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
Kap. 5465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
49 | Salg av anleggsmidler | 141 | ||
Sum kap. 5465 | 141 |
Post 49 Sal av anleggsmidlar
På posten er det ført tilfeldige inntekter for Statens kartverk, bl.a. inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av rekneskapstekniske grunnar skal bruttoførast.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje det forskings- og overvakingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene. Satsinga under det internasjonale polaråret (IPY 2007-2008) vil òg medverke til ny og betre kunnskap om polarområda.
Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 | Pst. endr. 07/08 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 178 207 | 164 576 | 169 422 | 2,9 |
1472 | Svalbard miløvernfond | 5 400 | 8 500 | 57,4 | |
Sum kategori 12.60 | 178 207 | 169 976 | 177 922 | 4,7 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter | 115 363 | 104 015 | 112 597 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 62 420 | 60 063 | 56 327 |
50 | Stipend | 424 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 178 207 | 164 576 | 169 422 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
ivareta forvaltningas kunnskapsbehov
fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet
fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis
utforske og overvake det marine miljøet i drivisen og den permanente issona i Barentshavet
leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Polarmiljøsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
drive utovervendt informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Auken i løyvinga for 2008 skuldast bl.a. at 3,1 mill. kroner er løyvd som ein start for ei samla flykartlegging av Svalbard. Vidare er det sett av 1 mill. kroner til oppfølging av nordområdestrategien. Midlane skal nyttast til oppbygging av kunnskap og spisskompetanse med omsyn til klima og is i Arktis.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde
Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 1 mill. kroner. Posten er i 2008 ytterlegare styrkt med 1,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Eit stabilt klima og rein luft, 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda og 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver. Nedgangen i løyvinga skuldast at dei pengane som Stortinget løyvde med ulike beløp over ein 6-årsperiode, er likt fordelte på alle 6 åra. Dette skuldast i hovudsak at Noreg no er representert heile året på forskingsstasjonen Troll. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten og Miljøprotokollen til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis vil no vere styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Statsbygg har no kostnadsberekna den nye kraftstasjonen på Troll til 29 mill. kroner.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Gjennomført feltarbeid i tilknyting til hovudfagsstudie eller doktorgrad.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 6 134 | 7 860 | 8 198 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 21 769 | 19 155 | 19 979 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 633 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 215 | ||
21 | (NY) Inntekter, Antarktis | 11 210 | 12 500 | 10 093 |
Sum kap. 4471 | 39 961 | 39 515 | 38 270 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld dekning av Norsk Polarinstitutts utgifter for drift av TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 2 200 | ||
70 | Tilskot , kan overførast, kan nyttast under post 01 | 5 400 | 6 300 | |
Sum kap. 1472 | 5 400 | 8 500 |
Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i statsbudsjettet for 2005.
Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit miljøgebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom eit gebyr for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tilskot til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane dessutan vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av miljøgebyret. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gjeve forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.
Gebyret for tilreisande til Svalbard tok til å gjelde frå 1. april 2007. Løyvinga av refusjonen frå fondet for 2007 er basert på at gebyret skulle gjelde frå 1. januar 2007. På grunn av denne utsetjinga av gebyrordninga reknar Miljøverndepartementet med at inntektene til fondet i 2007 vil bli om lag 4 mill. kroner. Ved første fulle driftsår i 2008 er inntektene til fondet rekna til 9,2 mill. kroner.
Tabell 13.12 Berekning av kapital i Svalbards Miljøvernfond i 2008
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 1.1.2007 | 73 |
Budsjettert innbetalt i 2007 | 4 000 |
Budsjetterte refusjonar i 2007 | 4 000 |
Budsjettert saldo pr. 1.1.2007 | 73 |
Budsjettert innbetalt i 2008 | 9 200 |
Budsjettert refusjonar i 2008 | 8 500 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.2008 | 773 |
Inntektene til fondet gir grunnlag for løyving over statsbudsjettets kap. 1472 til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten er knytt til resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda. Sysselmannen er sekretariat for Svalbards miljøvernfond, og midlar til forvaltninga av fondet og utgifter knytte til innkrevjing av miljøgebyr for reisande til Svalbard vil bli utbetalt her. I tillegg vil tildeling av midlar frå fondet til statlege verksemder bli ført under denne posten.
Post 70 Tilskot, kan overførast, kan nyttast under post 01
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 5, Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda.
Midlane til Svalbards miljøvernfond kan berre brukast til vern av naturmiljø og kulturminne på øygruppa. Fondets midlar skal fordelast av styret for fondet til tiltak på Svalbard i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og føremålet med fondet slik det er fastsett i vedtektene av 8. mars 2007. Dette omfattar m.a. undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking i samsvar med svalbardmiljølova og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Departementet gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 2,5 mill. kroner på denne posten, slik at styret for Svalbards miljøvernfond kan tildele midlar til prosjekt som går over fleire år, i takt med framdrifta i tiltaket.
Mål
Målet for fondet er å sikre at Svalbards særprega villmarksnatur og dei unike kulturminna blir tekne vare på som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Kap. 4472 Svalbard miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2006 | Saldert budsjett 2007 | Forslag 2008 |
50 | Refusjon frå fondet | 5 400 | 8 500 | |
Sum kap. 4472 | 5 400 | 8 500 |
Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene (bl.a. frå diverse avgifter) til Svalbards miljøvernfond. Refusjonane under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond.
Post 50 Refusjon frå fondet
Under denne posten blir budsjettert dei midlane som blir refunderte frå Svalbards miljøvernfond til statsbudsjettet. Miljøgebyr for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med refusjon av fondsmidlar som stammar frå sal av jakt- og fiskekort, sal av fallvilt m.m. Utgiftene blir budsjetterte over Miljøverndepartementets budsjett. Dei årlege refusjonane til statsbudsjettet skal normalt svare til fondets stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande beløp blir kapitaliserte i fondet.