Del 4
Organisasjonsendring og oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget
14 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling
14.1 Organisering
Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Produktregisteret, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.
Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøforvaltninga, men organisasjonen til Statens kartverk har gjennomført ei stor omlegging som blir følgt opp i perioden, jf. St.meld. nr 30 (2002-2003) « Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping.
Statens forureiningstilsyn og Produktregisteret blir slått saman frå 01.01.08. Produktregisteret har som hovudoppgåve å samle inn informasjon om innhald av farlege kjemikaliar i kjemiske produkt. Ei samanslåing mellom registeret og Statens forureiningstilsyn er venta å gi betre og meir effektiv drift av registeret og medverke til auka effektivitet i kjemikalieforvaltninga.
Årsverksoversikt
Ei samla årsverksoversikt pr. 1. mars 2007, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 5.1 under kap. 5 Oversiktstabellar.
14.2 Oversikt over fornyingsarbeidet
Enklare regelverk
Miljøverndepartementet er i ferd med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt spesifikke bransje- og prosesskrav, og arbeidet er svært omfattande. Det er teke sikte på at høyring av føresegnene kan skje i løpet av hausten 2007.
Det vil bli lagt fram ein lovproposisjon om ny plandel av plan- og bygningslova med sikte på behandling i Stortinget i 2008. Forskrift om konsekvensutgreiingar knytt til planlegging etter plan- og bygningslova vart revidert i 2005. Departementet har utarbeidd ein rettleiar i nettversjon i 2006. Departementet har i samarbeid med Olje- og energidepartementet vedteke retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Retningslinjene inneheld samordning mellom regelverket etter plan- og bygningslova og energilova i vindkraftsaker.
Byggsøk Plan
Det er sett i gang ei driftsløysing for Byggsøk Plan i Statens Bygningstekniske etat, som legg til rette for elektronisk innsending av private planforslag til kommunane. Løysinga er under utprøving i kommunane, og blir no vidareutvikla. Samtidig blir det arbeidd vidare med å utvikle gode løysingar for å gi tilgang på digitale plandata og anna nødvendig temainformasjon.
Omstrukturering av Statens kartverk
Statens kartverk har hovudansvaret for å gjennomføre dei fleste tiltaka som vart lagt fram i St.meld. nr. 30 (2002-2003) « Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping. Statens kartverk har etablert ein felles nasjonal infrastruktur for geografisk informasjon i samarbeid med kommunar og statlege etatar. Gjennom avtale mellom Statens kartverk og den enkelte part blir data etablert til felles bruk på felles standard. Dette gir auka bruk av data, med auka samfunnsnytte for offentleg forvaltning. Samtidig oppfyller dette intensjonen om å leggje til rette offentleg informasjon for verdiskaping i privat sektor.
Statens kartverk har i 2007 etablert eit samla grep om eigedomsforvaltning, ved at heile registerføringa for eigedomsinformasjon, digitale eigedomskart, tinglysing og burettsdelar er lagt til Statens kartverk. Det er etablert eit servicesenter i Ullensvang i Hardanger, som spesielt skal ta seg av kundebehandlinga i forhold til tinglysinga og registeret for delar i burettar.
Statens kartverk har vore gjennom ei omstrukturering, med utsal av kommersielle tenester. Talet på tilsette er redusert med 150 innafor dei oppgåver som Statens kartverk hadde i 2003. Samtidig aukar talet på tilsette innan dei nye oppgåvene. Miljøverndepartementet vil, saman med Justisdepartementet, ta opp til vurdering Statens kartverks tilknytingsform, og sjå nærare på organisasjon, styring, lovansvar og økonomi. Statens kartverk vil halde fram arbeidet sitt med å leggje vekt på å ta i bruk ny teknologi for å auke samfunnsnytten av dei data som blir lagt til rette.
Miljøansvar i nyskaffingar og drift av offentlege verksemder
Hovudpunkta i Regjeringas handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Her går det fram at det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege nyskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. Handlingsplanen skal medverke til ein effektiv offentleg sektor og eit konkurransedyktig næringsliv. For å tydeleggjere ambisjonsnivået i statlege innkjøp, innfører Regjeringa ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp med konkrete krav til statlege verksemder innan prioriterte produktgrupper. Miljøpolitikken skal gjelde frå 1.1.2008 og integrerast i styringssystema til den enkelte verksemda. Regjeringa ser på bruk av miljøleiingssystem som eit viktig grep for å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp, og tiltak knytte til innkjøp som ein viktig del av ein heilskapleg miljøpolitikk for verksemda. Arbeidet med Grøn stat vil bli ført vidare og forsterka på nokre område. Det blir bl.a. innført ein eigen miljøpolitikk for statlege innkjøp. Sjå nærare omtale under resultatområde 7 underområde 3 Verkemiddel og prosessar.
Forenkling av rovviltforvaltninga
Frå 2005 er rovviltforvaltninga forenkla og effektivisert gjennom oppfølginga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 74 (2003-2004). All regional mynde er frå 1. april 2005 samla i åtte nye rovviltnemnder, mens tidlegare fylkesvise rovviltutval, jervenemnder og gaupenemnder er lagt ned. Det er vidare utarbeidd ei samordna forskrift om forvaltning av rovvilt. Dette forvaltningsområdet var tidlegare regulert i fleire ulike forskrifter.
Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast
Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innafor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal vere få, enkle og korte og skal fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Vilt- og innlandsfiskestyremaktene legg dette til grunn i den fortløpande revisjonen av forskriftene innafor dette feltet.
Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering på kulturminneområdet
Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering er sette i gang i kommunane Bergen, Stavanger og Kristiansand. Målet med forsøka er å prøve ut modellar som kan gi ei betre og meir effektiv kulturminneforvaltning. Forvaltningssystemet skal forenklast, ansvar skal gjerast tydeleg og det skal ytast betre service til brukarane. Frå 1. januar 2004 er det overført ansvar og oppgåvemynde frå fylkeskommunen og staten til dei tre utvalde forsøkskommunane på heile kulturminneområdet. Forsøket er no under evaluering.
14.3 Rapport om likestilling i miljøforvaltninga
Miljøforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.
Likestilling internt i Miljøverndepartementet
Fordeling kvinner og menn
Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 58 pst. kvinner og 42 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane er stort sett jamn, men innan enkelte fagområde er det overrepresentasjon av eitt av kjønna. Ei forklaring kan vere at enkelte fagområde tradisjonelt er kvinne- eller mannsdominerte.
Det er noko fleire menn i leiarstillingar i departementet. På toppleiarnivå (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre (43 pst.) kvinner og fire (57 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det 49 pst. kvinner og 51 pst. menn. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 48 pst. kvinner og 52 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 64 pst. kvinner og 36 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 87 pst. kvinner og 13 pst. menn.
Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamnare fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.
Rekruttering
Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2006 viste at av den totale søkjarmassen var 48 pst. kvinner og 52 pst. menn. Av kandidatane som vart kalla inn til intervju var 58 pst. kvinner og 42 pst. menn. Av desse vart 11 kvinner og 8 menn tilsette. Departementet tilsette 3 kvinner og 1 mann i eksternt utlyste leiarstillingar i 2006.
Lønn
Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. For høgtlønte rådgivarar og saksbehandlarnivå er gjennomsnittslønna noko høgare for menn enn for kvinner. Det er ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivå.
Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittleg årslønn som er noko høgare enn kvinnene. Differansen i lønn mellom kvinner og menn skuldast hovudsakleg at det er fleire kvinner enn menn i lågare lønte stillingar som på kontornivå, og at det er fleire menn i høgtlønte seniorrådgivarstillingar. Det vart i 2006 forhandla for 18 kvinner og 8 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 8 kvinner og 1 mann medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Ved dei lokale lønnsforhandlingane etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3 hausten 2006 fikk kvinner 50,9 pst. av forhandlingspotten.
Arbeidstid
79 pst. av dei som arbeider deltid er kvinner. Mange av desse har mellombels redusert fulltidsstillinga si. Overtidsbruken fordeler seg jamt mellom kvinner og menn.
Tiltak som er sette i verk
Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn. Rekruttering er eit viktig verkemiddel for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen, og tilbod om kompetanse og karriereutviklingstiltak. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal. I tillegg har vi oppmoda kvinner og menn til å søkje stillingar innafor fagområde der kjønnet deira er underrepresentert.
Det er sett i verk teamarbeid for dei tilsette i servicefunksjonane i departementet som alle er kvinner.
Planlagde tiltak
Vi vil vidareføre og utvikle dei tiltaka som er sette i verk og som er nemnde ovanfor.
Kjønnsfordeling i statlege råd og utval.
Naturforvaltningsområdet
Ved innføring av ny ordning med 8 regionale rovviltnemnder i 2005 vart det stilt krav frå Miljøverndepartementet om at alle nemndene skulle ha minimum 40 pst. kvinner. Dette er oppfylt. Ei kartlegging i 2005 viser likevel at kvinner deltek i mindre grad i andre statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet.
Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet, og det er i dag i lita grad lagt føringar for koordinering mellom kommunar og organisasjonar for å sikre likestillingsspørsmål. Dette er noko av årsaka til at det ikkje alltid er lett for Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen å følgje opp likestillingslova. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre. Det blir arbeidd for å leggje inn føringar i denne prosessen som sikrar oppfølging av likestillingslova. Departementet har teke dette opp i styringsdialogen med Direktoratet for naturforvaltning og med fylkesmennene. For å sikre at likestillingslovas krav til representasjon av kvinner i statlege råd og utval oppnemnd av ytre etatar og fylkesmenn blir oppfylt, vil kommunar og organisasjonar i framtida bli bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.
Forureiningsområdet
OECD har under utvikling eit prosjekt som skal analysere hushaldsåtferd i høve til miljøtiltak. Det skal bl.a. vurderast om sosiodemografiske ulikskapar kan forklare ulikskapar i åtferdsmønster relatert til bl.a. energibruk, avfall, transport og økologisk mat. Ulikskapar mellom kjønn er eit parameter som skal vurderast. Miljøverndepartementet skal medverke med finansiering av prosjektet slik at Noreg blir blant dei OECD-land som er med i denne studien.
Likestilling i Miljøverndepartementets underliggjande etatar
Miljøverndepartementets underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar.
Likestillingstiltak i Miljøverndepartementets underliggjande etatar
I tildelingsbrevet for 2007 påla departementet etatane å gjennomføre ei kartlegging av kjønnsrelevans og status for likestilling innafor eigne verksemdsområde innan 1. juni 2007. Dette er eit ledd i arbeidet med å etablere systematisk oppfølging av aktivitetsplikta etter likestillingslovas § 1 A. Kartlegginga tok føre seg vurdering av kjønnsrelevans, oppsummering av status og oversikt over planlagte tiltak. Departementet har òg følgt opp dette arbeidet på eit seminar med etatane.
Direktoratet for naturforvaltning
I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenns interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er godt ivareteke i dette arbeidet. Dette gir seg mellom anna utslag i at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.
Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei ti siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Norges jeger- og fiskerforbund auka frå tre til nærare ti prosent, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.
Dei fleste budsjettpostane som Direktoratet for naturforvaltning disponerer innafor sitt virkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.
Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål
Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå respektive fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan givast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.
Kap. 1427 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, post 74 Tilskot til friluftstiltak og 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd
Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.
Riksantikvaren
Innafor Riksantikvarens område er det aktuelt å trekkje frem at det deltek omtrent like mange kvinner som menn på samlingar i samband med arbeidet med verdiskapingsprogrammet og liknande for prosjektleiingane.
Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre ivareteke, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinners innsats og profesjonalisering innafor helse- og omsorgssektoren.
Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.
Norsk polarinstitutt
Norsk Polarinstitutt har fokus på å få ei mest mogleg lik samansetjing av tilsette kvinner og menn på alle område. Det er ei særleg målsetjing å auke kvinnedelen ved rekruttering av personell til utestasjonane. Som tiltak for å rekruttere begge kjønn er det alltid oppgitt både mannleg og kvinneleg kontaktperson i kunngjeringstekstar. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje dersom det finst mindre enn 40 pst. av det eine kjønnet i aktuell type stilling. Representantar frå begge kjønn deltek i heile utveljingsprosessen og det blir lagt vekt på at det under tilsetjingsintervjuet blir stilt relevante spørsmål vedrørande likestilling.
14.4 Oppfølging av IA-avtala
I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av IA-måla. I samsvar med den nye IA-avtala av 14. desember 2005 er det lagt vekt på behovet for konkrete mål som kan etterprøvast, førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av den enkelte etat og tilpassa lokale forhold. Det blir òg vurdert å fastsetje IA-mål for heile departementsområdet.
Resultatutvikling og tiltak
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2006 på 3,3 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed ned både i forhold til 2005 (3,5 pst.) og 2004 (3,7 pst.). Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i talla.
Verksemdene i miljøforvaltninga har satt i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjoneringsalder, er det sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel traineeordning, tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.
I tilknyting til målet om reduksjon i sjukefråværet har departementet i tildelingsbreva for 2007 bede etatane om ein halvårleg statusrapport om utviklinga i sjukefråværet, resultatoppnåing i forhold til etatens mål for redusert sjukefråvær og effekten av førebyggingstiltak som er sette i verk. Når det gjeld rekruttering av personar med redusert funksjonsevne er etatane pr. 31. desember 2007 bedne om å opplyse om rekrutteringspolitiske tiltak som er sette i verk for å integrere desse og innrapportere kor mange av etatens nytilsette i 2007 som tilhøyrer målgruppa. Etatane er òg bedne om å opplyse om tiltak som er sette i verk for at seniormedarbeidarar skal stå lengre i arbeid, og innrapportere reell pensjoneringsalder i 2007. Rapporteringa vil gi eit heilskapeleg bilete av resultatutvikling på IA-området og vere eit godt grunnlag for den vidare styringsdialogen.
15 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget
Miljøverndepartementet har ingen oppmodingsvedtak som er følgt opp i denne proposisjonen.