St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETtÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementets ­resultatområde

6 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv (resultatområde 1)

Resultatområde 1 Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv omfattar dei to tidlegare resultatområda «Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald» og «Friluftsliv». Dei nasjonale måla er dei same som tidlegare. Arbeidsmåla er vidareutvikla, både som ei følgje av at resultatområdet no er delt inn i underområde og fordi det har vore behov for oppdatering. Nokre av dei gamle arbeidsmåla er strokne, nokre er justerte og nokre arbeidsmål er heilt nye. Det blir ikkje rapportert på dei arbeidsmåla som er heilt nye i denne budsjettproposisjonen.

Resultatområdet omfattar bevaring av naturens mangfald og friluftsliv. Friluftsliv er eit felles gode som det er viktig å sikre som kjelde til auka trivsel, betre folkehelse, forståing av naturverdiar og berekraftig utvikling. Bevaring av naturens biologiske mangfald skjer gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av klimaendringar og forureining som blir dekte av resultatområde 3 og 4. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av biologisk mangfald.

Resultatområdet er delt opp i følgjande underområde:

1.1 Berekraftig bruk og vern av leveområde

1.2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar

1.3 Framande arter og genmodifiserte organismar

1.4 Friluftsliv

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og status­beskriving

Resultatområde 1 – underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde

Avgrensing og definisjon av underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde

Underområdet omfattar sikring av leveområde og naturtypar slik at det biologiske mangfaldet får utvikle seg vidare og slik at viktige økosystemtenester ikkje blir ytterlegare forringa. Nedbygging, bruk og bruksendring (inkludert opphøyrt bruk) av areal er rekna som den viktigaste trusselen mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Summen av mange tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlege følgjer for den evna arter og bestandar har til å overleve, og for økosystemas produksjonsevne. Dei mest verdifulle og sårbare naturområda treng særskild omsut gjennom vern. I område utanfor verneområda er det viktig å redusere negativ påverknad på naturens mangfald så mykje som mogleg for å sikre at vi òg i framtida kan hauste av naturen og nyte godt av tenester som økosystema leverer. Det er derfor ei klar kopling mellom innsatsen for å ta vare på leveområde for det biologiske mangfaldet og den nasjonale arealpolitikken som er omtalt i resultatområde 6.

Tabell 6.1 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.1

Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1.1.1 Implementere arbeids­program om områdevern frå ­Konvensjonen om biologisk mangfald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.1.1.2 Leie og samordne det ­norske arbeidet under Konven­sjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2008.

Talet på vedtekne fylkesvise ­verneplanar.

1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) ­Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).

Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske ­regionar.

Areal produktiv skog som er ­vedteke verna etter 2002.

1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verne område innan 2010.

Sum verna areal fordelt på natur geografiske regionar.

Talet på nye verneområde som er vedtekne.

1.1.1.6 Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda gjennom nasjonal marin verneplan innan 2012.

Del av representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine vernaområda i kvar biogeografiske region.

1.1.1.7 Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne, mellom anna ved å utvikle til­fredstillande skjøtsels- og oppsynsordningar.

Del av verneområde som har tilfredsstillande forvaltningsplan.

Del av verneområde med tilfreds stillande skjøtsel.

Del av verneområde som har tilfredsstillande oppsyn/tilsyn.

Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur og verne om det biologiske mangfaldet. Av dei 18 500 artene som vart vurderte i arbeidet med den norske raudlista i 2006 vart 3799 arter (21 pst.) plasserte på raudlista. Omlag 48 pst. av desse er knytte til skog, 35 pst. til kulturlandskap, 13 pst. til våtmark, 12 pst. til hav/strand/kyst, 9 pst. til ferskvassmiljø, 5 pst. til fjell/arktisk natur og 5 pst. til marint miljø. Vern av eit representativt utval område etter naturvernlova er viktig for å sikre framtida for artene.

Pr. 1. januar 2007 er 14,3 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova.

Tabell 6.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova pr. 1. januar 2007

Tal

Areal km2 (inkl. ferskvatn)1

pst. av Noregs landareal2

Nasjonalparkar

29

26 756

8.3

Landskapsvernområde

174

15 093

4.7

Naturreservat

1 790

4 193

1.3

Naturminne

1033

2

0.0

Andre fredingsområde4

118

126

0.0

Sum

2 214

46 1705

14.3

1  Frå og med 1. januar 2004 er arealtala baserte på ein digital arealanalyse mellom verneområda og kartgrunnlaget N50. Dette gir meir nøyaktige arealtal.

2  Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).

3  99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne.

4  Gjeld plante-, fugle- og dyrefredingsområde med biotopvern. Artsfreding utan biotopvern er innført på enkelte andre lokalitetar.

5  I tillegg kjem 12 område på om lag 300 km2 som er verna etter viltlova § 7.

Arbeidsmål 1.1.1.1 Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mangfald ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010

Arbeidsprogrammets overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale nettverk av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for landlege (terrestre) område og innan 2012 for marine område. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde skal skje med full og effektiv deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn. På siste partsmøte under Konvensjonen om biologisk mangfald i Brasil i mars 2006 var det stort fokus på implementering av dette programmet. I februar 2008 blir det halde eit nytt arbeidsgruppemøte om verneprogrammet der progresjon i implementeringa skal drøftast.

Tiltak som står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern er i hovudsak knytte til gjennomføring av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, auka skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, marin verneplan, sikring av naturverdiane i verneområda og evaluering av gjennomført vern av ulike naturtypar. I arbeidet med verneplanane vil det òg bli teke omsyn til klimaendringar. Det vil bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som inneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.

Grunnlagsmaterialet for evaluering av gjennomført vern av ulike naturtypar vil i hovudsak bli ferdigstilt i løpet av 2007. Evalueringa vil omfatte alt vern. Sjølve analysearbeidet vil starte opp i 2008.

Oppfølginga av områdevernet og gjennomføring av nytt vern er omtalt under arbeidsmåla 1.1.1.4 – 1.1.1.7. Arbeidet under CBD med å etablere eit nettverk av marine verneområde er omtalt under arbeidsmål 1.1.1.6.

Internasjonale plikter i andre konvensjonar er òg sentrale for å følgje opp arbeidsprogrammet under CBD, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR). Direktoratet for naturforvaltning står sentralt i dette arbeidet i Noreg.

Ein tek sikte på å utvikle norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs NATURA 2000 i høve til etablering av område og rapportering via det europeiske miljøbyrået (EEA). Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. I 2007 ferdigstilte Direktoratet for naturforvaltning eit pilotprosjekt på dette (DN-rapport 2007-1) som skal danne det faglege grunnlaget for ein fase 2 i 2008 der Noreg skal melde inn område.

Innan den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien (PEBLDS) under «Miljø for Europa»-prosessen går det føre eit arbeid for å etablere eit paneuropeisk økologisk nettverk av verneområde.

Arbeidsmål 1.1.1.2 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på ulike naturtypar

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Hausten 2006 vedtok FNs generalforsamling å etablere 2010-målet for biologisk mangfald som eit mellommål for FNs Tusenårsmål nummer 7 om berekraft. Dette viser den nære samanhengen mellom biologisk mangfald og kamp mot fattigdom. Dette er òg vektlagt i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingsbistand. Det er viktig at verdiane frå det biologiske mangfaldet og økologiske tenester blir gjort synlege på alle nivå. Arbeidet med å betre konvensjonens kunnskapsgrunnlag står derfor sentralt.

I samband med markeringa av den internasjonale dagen for biologisk mangfald i mai 2007 medverka Noreg til at det vart utvikla nyttig informasjonsmateriell om samanhengane mellom klimaendringar og biologisk mangfald.

Noreg vil medverke aktivt i arbeidet med å utvikle nye globale mål for konvensjonen i perioden fram mot 2010. Ved å arrangere internasjonale Trondheimskonferansar om biologisk mangfald medverkar Noreg til konstruktive samarbeidsarenaer for internasjonale forhandlingar.

Arbeidsmål 1.1.1.3 Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2008

I 2007 er det fatta vernevedtak for verneplan for rik lauvskog i Finnmark. I løpet av hausten 2007 og 2008 er det planlagt vernevedtak for Smøla (Møre og Romsdal), Vikanbukta (Nord-Trøndelag), verneplan for Oslofjorden (delplanar for Buskerud, Østfold, Oslo/Akershus og ein samordna sjøfugldelplan for alle fylka kring Oslofjorden), verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal, verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane og verneplan for myr i Finnmark. Verneplan for rik lauvskog i Troms blir gjennomført som frivillig skogvern, og er planlagt vedteken i 2009. I løpet av 2008 vil ein, med unntak av verneplan for rik lauvskog i Troms, ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.

Arbeidsmål 1.1.1.4 Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004)

Det er verna i overkant av 1 000 km2 produktiv skog i Noreg pr. september 2007, tilsvarande ca. 1,4 pst. av skogarealet i landet.

Hausten 2007 er det planlagt vernevedtak for ei rekkje frivillig vern-område, blant anna kystgranskog. Dette er ein skogtype som Noreg har internasjonalt ansvar for. Det er òg planlagt vernevedtak for område på statsgrunn. Når Regjeringa har teke stilling til verneomfang for Trillemarka-Rollagsfjell, vil ein leggje forslag om finansiering fram for Stortinget.

Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre kvalitet i vernearbeidet. I dette arbeidet blir dialog og samhandling med skogeigarar og andre partar vektlagt. For 2008 er følgjande prioritert:

  • Frivillig skogvern: Vernevedtak for eit stort tal område, og oppstart av arbeid med nye område.

  • Skogvern på statsgrunn: Vernevedtak for område blant anna i Trøndelag, og oppstart av verneprosessar for attverande, registrerte verneverdige skogområde på statsgrunn.

  • Vernevedtak for skogareal eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).

  • Systematiske, naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytt til dette.

Arbeidsmål 1.1.1.5 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010

Pr. 1. september 2007 er 37 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I løpet av hausten 2007 og i 2008 er følgjande område planlagd verna: Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, Hyllingsdalen, Sylane, Sjunken/Misten, Sølen, Lomsdal/Visten og Sørdalen/Isdalen. Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre samiske interesser på best mogleg måte i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.

Pr. 1. juli 2007 er det autorisert 14 nasjonalparksenter.

Arbeidsmål 1.1.1.6 Etablere eit representativt nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012

Noreg har slutta seg til målet om å ha på plass eit representativt og økologisk samanhengjande nettverk av marine verneområde innan 2012. I OSPAR har vi tilslutta oss at eit slikt nettverk skal vere på plass innan 2010. Eit første representativt nettverk av marine område verna etter naturvernlova og marine område varig verna på annan måte skal etter planen vere etablert i 2009. Nettverket skal deretter supplerast etter behov for å sikre eit representativt, økologisk samanhengjande nettverk for alle dei norske kyst- og havområda innan 2012.

Første fase av marin verneplan er basert på ­tilråding frå eit nasjonalt, tverrsektorielt råd­givande utval om område og restriksjonsnivå. Tilrådinga, som vart lagt fram i 2004, anbefaler 36 område innan seks ulike kategoriar av marin natur inkludert i planen. Planen skal, i tillegg til å sikre det biologiske mangfaldet, òg sikre eit representativt utval av mest mogleg urørt marin natur til bruk som samanliknings­område (referanseområde) for forsking og over­vaking.

Det formelle verneplanarbeidet startar i 2007. Forslaget skal deretter konsekvensutgreiast og sendast på felles lokal og sentral høyring i 2008, med sikte på vernevedtak i 2009.

I fase to skal det eksisterande nettverket av verneområde etter naturvernlova og område som er verna på annan måte supplerast etter behov basert på ny kunnskap, nasjonale mål og internasjonale prosessar og avtaler.

Arbeidsmål 1.1.1.7 Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne, mellom anna ved å utvikle tilfredstillande skjøtsels- og oppsynsordningar

Statens naturoppsyns (SNO) oppgåver omfattar kontrollverksemd, informasjon, fysisk tilrettelegging, registreringsarbeid og skjøtsel. Statens naturoppsyn hadde i 2006 oppsynsansvar i 2009 verneområde, under dette alle nasjonalparkane. Samla er det loggført 5840 besøk i 1244 verneområde i 2006, dvs. i 62 pst. av dei verneområda som SNO har ansvaret for. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar.

I høve til 2005 vart det i 2006 registrert ein betydeleg auke (48 %) i brot på regelverket i verneområde.

Det er gjennomført fleire store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre naturområde, blant anna eit fugletårn for rullestolbrukarar i Fjærland i Sogn og Fjordane. I 2006 gjennomførte SNO 104 større eller mindre skjøtselstiltak i 80 verneområde. Det vart i 2006 organisert 54 ulike aksjonar der ein rydda for søppel i verneområde. Vedlikehald av grensemerke og informasjonsskilt er ei kontinuerleg oppgåve, og i 2006 vart det sett opp i alt 960 grensemerke og små og store informasjonsskilt i verneområda. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmennene og kommunane. Det er eit stort etterslep i arbeidet med oppsyns- og skjøtselstiltak. Nokre av dei nye nasjonalparkane og store verneområda har ikkje tilstrekkeleg oppsyn. Innsatsen i oppsyn og skjøtselstiltak har auka dei siste åra, særleg når det gjeld oppsynsstillingar. Regjeringa held fram i 2008 med opptrapping av arbeidet med forvaltningsplanar og skjøtselstiltak.

Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområde. Det er behov for forvaltningsplanar i alle dei 29 nasjonalparkane, i ei rekkje landskapsvernområde og i om lag 500 av dei mindre verneområda. Berre 5 av nasjonalparkane har i dag godkjende forvaltningsplanar. I tillegg kjem at mange eksisterande forvaltningsplanar må reviderast. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for 20 store verneområde.

Noreg har òg store utfordringar i høve til pliktene i Ramsarkonvensjonen, ikkje minst knytt til dei 37 norske våtmarkssystema (32 på fastlandet og 5 på Svalbard) som er med på lista over verdas viktigaste våtmarksområde. Ut frå konvensjonen skal desse områda ha godkjende forvaltningsplanar. Pr. i dag er det godkjend planar for heile eller delar av 7 av dei 32 ramsarområda på fastlandet. Det blir arbeidd med, eller er tildelt midlar til, 6 nye planar. 2 gamle planar er under revisjon.

Styrkt forvaltning og utviding av nettverket av Ramsarområde og andre verna våtmarker i Noreg er behandla i utgreiinga «Den Norske Våtmarksarven» – tiltaksplan 2007-2010 (jf. DN utgreiing nr. 2007-1).

Det er utarbeidd ein strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde som er retningsgivande for gjennomføring av tiltak i dei mest skjøtselskrevande verneområda.

Noreg manglar eit landsdekkjande system for overvaking av verneområde. Eit opplegg for overvaking av verneområde er under utarbeiding i Direktoratet for naturforvaltning. Dette arbeidet vil bli vidareført i 2008.

I dag har om lag 50 kommunar ansvar for forvaltning av naturreservat, naturminne og/eller landskapsvernområde. I tillegg er det som eit prøveprosjekt delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre større verneområde i nasjonalparkplanen, mellom anna Reinheimen nasjonalpark som er delegert gjeldande frå 1. oktober 2007. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde. I 2008 vil ordningane med forvaltningsmynde for verneområde bli evaluerte.

Tabell 6.3 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.2

Areal utanfor verneområda skal forvaltast slik at viktige økologiske funksjonar og tenester blir haldne ved lag i så stor grad som mogleg; i truga naturtypar skal ein unngå inngrep.

1.1.2.1 Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar gjennom rådgiving, samordning og opp­følging av sektorane.

Talet på truga, sårbare og omsyns krevjande naturtypar som er blitt kartlagde.

Omfang av naturtypar som er dokumentert skadde eller øyde lagde.

1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald.

Overvakingsparameter under forskrift om rammer for vassforvaltninga (EUs rammedirektiv for vatn).

1.1.2.3 Sikre at attverande natur område med urørt preg blir tekne vare på.

Areal av inngrepsfrie naturom råde.

1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging slik at det innan 2010 ligg føre ei landsdekkjande, kartfesta oversikt over alle førekomstar av dei utvalde naturtypane, og kvalitetssikre data frå tidlegare kartlegging.

Talet på kommunar som er ferdig kartlagde innafor dei ulike naturtypane.

Talet på kvalitetssikra datasett.

1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald (jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005).

Mengda av kvalitetssikra data i høve til det talfesta målet om lokalitetsopplysingar i naturbasen.

1.1.2.6 Utvikle måleverktøy for biologisk mangfald, herunder naturindeks, og bidra til at informasjon om norsk biologisk mangfald kan samanliknast med andre land. (Nytt)

Talet på datasett som kan samanliknast.

1.1.2.7 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, bl.a. ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Talet på dispensasjonar som er gitt.

Talet på personar som er melde for brot på motorferdslelova.

Omfanget av førebygging av ulovleg motorferdsel.

Arbeidsmål 1.1.2.1 Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar gjennom rådgiving, samordning og oppfølging av sektorane

Alle sektorar har ansvar for at tiltak og aktivitetar på eige område ikkje gir unødige miljøbelastningar. Hovuddelen av det biologiske mangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar i tillegg til miljøforvaltninga. Bygging av fritidsbustader, motorferdsel i utmark, og utbygging av arealkrevjande energi- og transportanlegg er i dag nokre av dei viktigaste grunnane til nedbygging, bruksendring og oppsplitting av viktige areal for det biologiske mangfaldet på land. Summen av mange, tilsynelatande ubetydelege, inngrep kan få alvorlige følgjer for arter og bestandar og deira høve til å overleve, og for produksjonsevna i økosystema. Bevaring av biologisk mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane, innanfor rammer av ei aktiv arealplanlegging lokalt og regionalt. Miljøverndepartementet har ei viktig rolle i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald.

Det er sett i gang arbeid for å bevare utvalte naturtypar. Store delar av stortareskogen i nord og sukkertareskogen i sør har forsvunne. Stortaren blir beita ned av kråkebollar, men årsakene bak den dramatiske situasjonen er framleis ukjende. For sukkertare ser det ut til at høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar er viktige årsaksforklaringar. Mykje tyder på at dei langtransporterte tilførslene har gått ned dei 10 siste åra. Lokale tilførsler vil bli grundig vurderte i 2008 bl.a. som grunnlag for å utarbeide tiltaksanalysar.

I St. meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vart det varsla at truga og sårbare naturtypar skulle inkluderast i arbeidet med revisjon av raudlista i 2006 og 2010. Det har vist seg at det er nødvendig å utvikle ein fagleg omforeina klassifikasjon av norske naturtypar før ei «raudliste» for naturtypar kan etablerast. Artsdatabanken er i gang med prosjektet Ny norsk naturtypeinndeling, og vil i løpet av 2007 presentere ei fagleg omforeina norsk naturtypeinndeling. Parallelt med sluttføringa av dette arbeidet vil Artsdatabanken utarbeide eit forslag til kriterium for bruk ved vurdering av kor truga naturtypar er.

Det er viktig å utvikle verktøy og verkemiddel som synleggjer og integrerer omsynet til truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar i kommunanes ordinære plan- og styringssystem. Aktiviteten for å styrkje det lokale miljøarbeidet gjennom samarbeid med kommunesektoren (KS) vil her vere viktig.

Arbeidsmål 1.1.2.2 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald

Forskrift om rammer for vassforvaltninga implementerer EUs vassrammedirektiv i norsk rett. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Vassforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Forskrifta vil vere det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert. Ein viser til nærare omtale under resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning.

Gjennom konsesjonssystemet arbeider styresmaktene både sentralt og regionalt for at biologisk mangfald blir teke omsyn til i ulike former for bruk av vassressursane. Dette gjeld òg ved revisjon av eldre konsesjonar.

Regjeringa vil at det skal utarbeidast fylkesvise planar for små vasskraftverk. Planane skal sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Olje- og energidepartementet har i samråd med Miljøverndepartementet utarbeidd Retningslinjer for små vasskraftverk som gir ei oppskrift for korleis fylkeskommunane kan kartleggje og systematisere dei ulike områda ut frå kor verdifulle dei er med omsyn til viktige miljø- og friluftsverdiar.

Det er planlagt ei omlegging av Samla plan for vassdrag slik at dette blir eit meir føremålstenleg verktøy for den framtidige utnyttinga av vassressursane. Omlegginga vil bli sett i samanheng med gjennomføringa av vassforskrifta.

Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksenog ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar.

Arbeidsmål 1.1.2.3 Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på

Dei siste hundre åra er dei villmarksprega områda i Noreg reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. I Sør-Noreg er talet 5 pst. Status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn ein kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) vart sist oppdatert i januar 2003, og ajourførte kart og statistikk vart lagt ut på nettet i 2004 (www.dirnat.no/inon). Denne oversikta blir ajourført med 5 års mellomrom, og viser bl.a. utviklinga for desse områda og kva for sektorar som er ansvarlege for bortfall av område. I perioden 1998-2003 stod vegbygging i landbruket for over 80 pst. av bortfallet av inngrepsfri natur. Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har sett i gang arbeid for å gå gjennom regelverket med sikte på å hindre at tilskot til vegbygging skal gi tap av inngrepsfri natur. Bl.a. vil datakvaliteten for skogsvegar og INON bli vurdert, saman med skogbrukets behov for vegbygging og konsekvensar og moglegheiter med sikte på endring i regelverket for tilskot i 2007.

I løpet av 2007 startar arbeidet med ei ny periodisk oppdatering av INON-databasen, med sikte på innhenting av nye datasett i 2008.

Arbeidsmål 1.1.2.4 Gjennomføre kartlegging slik at det innan 2010 ligg føre ei landsdekkjande, kartfesta oversikt over alle førekomstar av dei utvalde naturtypane, og kvalitetssikre data frå tidlegare kartlegging

Om lag 90 pst. av kommunane har no gjennomført ei første gongs kartlegging av område på land med stor verdi for biologisk mangfald. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå 216 kommunar i Naturbasen. Det ligg pr. 1. mai 2007 inne data frå 75 000 lokalitetar spreidde over heile landet i Naturbasen. Av dette er om lag 2/3 artsdata og 1/3 er naturtypedata. Dei fleste artsdata stammar frå viltkartlegginga. I kartlegginga er areal som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda.

Kvaliteten på data frå den kommunale kartlegginga er svært variabel. Ei viktig oppgåve i tida framover er derfor å kvalitetssikre og supplere data frå den kommunale kartlegginga.

Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på viktige naturtypar og lokalitetar for raudlistearter. Dette arbeidet inngår no i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Arbeidsmål 1.1.2.5 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er etablert. Programmet er styrt og finansiert av eit utval samansett av 7 departement. Nasjonalt program skal medverke til å dekkje forvaltningas behov for kartlegging og overvaking der desse ikkje er dekte gjennom sektorvise tiltak, og syte for at kartbasert kunnskap om biologisk mangfald blir gjort tilgjengeleg. Programmet initierer kartleggings- og overvakingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i sjø ut til grunnlinja. Programmet er inne i sin andre programperiode som går ut i 2010. I denne perioden vil hovudfokus vere retta mot naturtypar, truga og sårbare arter og framande arter i norsk natur.

Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om biologisk mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga.

Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktene eit bilete av utviklinga i det biologiske mangfaldet, om verkemidla fungerer etter formålet og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Regjeringa er i gang med å vurdere korleis ein kan utvikle endå betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur, og det er sett i gang utgreiingsarbeid om metode for å etablere ein naturindeks for Noreg, jf. nytt arbeidsmål 1.1.2.6 i tabell 6.1. Ein første versjon av naturindeks basert på dagens datagrunnlag vil bli presentert i 2008.

Kartlegging, overvaking og prosessorienterte studiar av sjøfugl skjer gjennom sjøfuglprogrammet SEAPOP, som vart starta av Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet i 2005. Ein viser til nærare omtale under arbeidsmål 1.2.2.1.

MAREANO er eit tverrsektorielt program finansiert over Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementets budsjett. Gjennom MAREANO er det utført kartlegging og grunnleggjande studiar av havbotnens fysiske, biologiske og kjemiske miljø i norske sjøområde. Fram mot 2010 skal områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten prioriterast. Data blir systematiserte i ein marin internettbasert arealdatabase. MAREANO vil gi viktig informasjon om førekomst av sårbare og omsynskrevjande marine naturtypar til bruk i arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar for havområda, marin verneplan og vurderingar i høve til bruk og vern mv.

1.1.2.9 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, mellom anna ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område

Det totale talet på snøskutarar var 53 599 pr. 31. desember 2003. Pr. 31. desember 2006 hadde talet stige til 58 327. Det har vore ein jamn auke i talet på snøskutarar i fleire år. Talet på barmarkkøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 18 039 pr. 31. desember 2006 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2006 vart det behandla 12 574 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 11 554 (92 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. Ca. 11 000 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2006, dvs. at det var ca. 22 500 aktive dispensasjonar i 2006. Når det gjeld barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1062 søknader i 2006. Det er god grunn til å gi bar­marks­køyringa større merksemd framover. Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2006 vart totalt 260 tilfelle av ulovleg motorferdsel melde til politiet, etter kontrollar av SNO (inkl. Fjelltenesta i Nord-Noreg). Av desse var det 83 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. Kontrollen med barmarkskøyring skal styrkjast i samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.

Forsøksordninga med planstyrt forvaltning av motorferdsel er blitt evaluert av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Denne evalueringa var ein del av grunnlaget for prosjektet Motorferdsel og samfunn som hadde som formål å etablere eit best mogeleg kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag for utforming av strategiar, regelverk og verkemiddel for regulering av motorferdsel i utmark, med vekt på avveging mellom nytte- og verneverdiar. På dette grunnlaget har Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd eit forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag som vart sendt på høyring sommaren 2007. Etter høyringa skal DN leggje fram tilråding. Miljøverndepartementet tek sikte på at eit forslag til nytt regelverk kan fremjast for Stortinget i 2008.

Tabell 6.4 Mål- og indikatortabell for underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde. Nasjonalt resultatmål 3.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.1.3

Kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, opplevingsverdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag.

1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.

Tilstand og utvikling for dei ­nasjonalt prioriterte kultur­landskapa.

Arbeidsmål 1.1.3.1 Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag

Endringane i jordbrukets kulturlandskap dei seinare tiåra er store. Særleg er gjengroinga i utmark no svært tydeleg, både i fjellet, på kysten og i låglandet. Kulturlandskap med større areal av ulike typar seminaturlege naturtypar minkar. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Som ledd i landbruks- og miljøvernstyresmaktenes arbeid med å operasjonalisere målet om at «Spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått særskilt forvaltning innan 2010», har Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren i 2007 lagt fram ein rapport om Utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Direktorata har mellom anna utarbeidd kriterium for å velje ut spesielt verdifulle kulturlandskap i landbruket, som grunnlag for fylkesvis gjennomgang og utpeiking av slike område. Viktige verkemiddel i arbeidet med å ta vare på jordbrukets kulturlandskap og det biologiske mangfaldet i dette landskapet, er supplerande kartlegging av biologisk mangfald og betre overvaking. Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er elles integrert i andre resultatmål og oppgåver.

Resultatområde 1 – underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar

Avgrensing og definisjon av underområde

Underområdet omfattar arbeidet med sikre levedyktige bestandar av dei artene som høyrer naturleg heime i norsk natur. Ein god variasjon i arve­materiale i levande organismar, med eit samleord kalla «genressursar», er naudsynt for at arter skal kunne tilpasse seg endra miljøforhold, til eksempel klimaendringar. Genressursane er òg eit viktig grunnlag for bio- og genteknologi og oppdretts­næringa. Underområde 2 har særleg fokus på berekraftig hausting og tiltak for å ta vare på truga og sårbare arter. Dei truga og sårbare artene har så dårleg bestandsstatus at det er naudsynt med tiltak i høve til kvar enkelt art. Det er nær kopling mellom innsatsen for å ta vare på enkeltarter og arbeidet med å sikre leveområde for det biologiske mangfaldet under underområde 1.

Tabell 6.5 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og ­genressursar. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.2.1

Hausting og anna bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.

Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting.

Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/bestandsplan.

Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga.

1.2.1.2 Medverke til at all ut­nytting av levande ressursar og genressursar skjer i tråd med føre var-prinsippet og ei økosystem­basert tilnærming gjennom råd­giving og oppfølging av sektorane.

Del av bestandar eller arter som er overutnytta eller truga av overutnytting.

Del av bestander eller arter som har forvaltningsmål og -strategiar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.2.1.1 Sikre at nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. For anadrom laksefisk skal hausting i størst mogleg grad baserast på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar

Innanfor viltforvaltninga er hjorteviltregisteret eit viktig hjelpemiddel for dei som skal ta avgjerder. Gjennom nasjonalt overvakingsprogram for hjortevilt og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane. Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har saman utarbeidd eit rammeverk for helseovervaking av viltbestandar. Behovet for helseovervaking av viltbestanden er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg, saman med auka utbreiing av flått og hjortelusfluge.

Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2003 vart det innført eit nytt reguleringsregime som skal gjelde for fem år. Ein arbeider no med å førebu nye reguleringar for perioden 2008-2012.

Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida.

Tabell 6.6 Mål- og indikatortabell for underområde 2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og ­genressursar. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.2.2

Halde oppe eller byggje opp att truga arter til livskraftige nivå.

1.2.2.1 Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom handlingsplanar og samarbeid med andre involverte partar.

Talet på raudlistearter totalt og endringar i raudlistekategori for raudlistearter i ulike naturtypar.

Del av truga arter, med utarbeidd handlingsplan.

Inngrep i villreinområde.

1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.

Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på hekkingar av kongeørn siste år.

Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltart.

1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.

Talet på vaksne individ og ynglingar av fjellrev.

1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane.

Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag.

1.2.2.5 Utvikle oppsynsordningar som sikrar at arter blir tekne vare på.

Del truga og sårbare arter som er dekte av oppsyn.

1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

Arbeidsmål 1.2.2.1 Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom handlingsplanar og samarbeid med andre involverte partar

Artsdatabanken la i desember 2006 fram ei ny offisiell raudliste for Noreg, inkludert Svalbard. Norsk raudliste 2006 inneheld totalt 3 886 arter. Av desse er 84 utdøydde frå norsk natur etter år 1800. I kategorien kritisk truga er det 285 norske arter. Kategorien sterkt truga inneheld 764 arter, og i kategorien sårbar er det 939 arter. Ulike typar arealendring/arealbruk er eit trugsmål mot 85 pst. av raudlisteartene. Høgast førekomst av raudlistearter er det i skog med 1 827 arter (48 pst. av raudlisteartene) og i jordbrukslandskap med 1 330 arter (35 pst.).

Det blir no utarbeidd og sett i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter. Handlingsplanar for damfrosk, elvemusling og orkideen raud skogfrue vart utarbeidd i 2006. Direktoratet for naturforvaltning har under arbeid handlingsplanar for dverggås, åkerrikse og stor salamander. I tillegg til at dverggås er klassifisert som kritisk truga på raudlista, har Noreg eit spesielt ansvar for å medverke til å ta vare på den fennoskandiske restbestanden av arten. Ein prioriterer derfor tiltak knytte til dverggås. For fjellrev vart det utarbeidd ein handlingsplan i 2003. Ein viser til eiga omtale av arbeidet med denne arten.

Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire ­sjøfuglbestandar langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som kritisk truga på raudlista. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innafor petroleums­verksemda. Programmet er i 2007 enno ikkje sett i verk i full nasjonal skala. Gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet er det sett i gang fleire ­tiltak, så som påbodne skipsleier og rammer for petroleumsverksemda, bl.a. av omsyn til sjøfugl.

Villreinen er ei norsk ansvarsart og skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arten. Sikring av villreinen sine leveområde har stått sentralt ved opprettinga av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde. Slikt vern dekkjer berre delar av villreinen sine leveområde og må utfyllast av planar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har avgjort at 10 villreinområde skal ha status som nasjonale villreinområde. Departementet har i 2007 bede fylkeskommunane utarbeide fylkesdelplanar for fjellområde som er spesielt viktige for villrein. Det er i 2007 løyvd midlar til to informasjons- og kompetansesenter for villrein; sjå omtale i avsnittet om samla framstilling av satsinga på villrein under kap. 1427.

Edelkrepsen er klassifisert som sterkt truga i den norske raudlista. Det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebe­standar. Etter påvising av krepsepest i Glomma i 2005 vart det sett i verk tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdommen. I juni 2007 melde Mat­tilsynet at det no ikkje finst krepsepest i Haldenvassdraget, men dette kan tyde på at også edelkrepsen er borte. Påvising av krepsepest på ­introdusert signalkreps i Dammane i Brevik ­hausten 2006 er følgd opp med ein utryddings­aksjon.

Ein del truga arter er freda etter naturvernlova mot innsamling og anna direkte skade. Fredinga omfattar førekomstar av arten i heile landet, men ikkje leveområdet til artene. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand har regjeringa signalisert at ein i løpet av 2008 vil utarbeide ein plan for vern av leveområde for arter som er freda etter naturvernlova.

Det blir òg viktig å sikre leveområde for dei truga artene gjennom kommunal planlegging. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere verknader av ulike tiltak på truga og sårbare arter, og sjå til at dei negative konsekvensane blir minst moglege.

For dei store rovviltartene og villaks viser ein til eigne omtaler.

Arbeidsmål 1.2.2.2 Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn

Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer at det vinteren 2006-2007 (oktober – februar) vart registrert ei yngling av ulv i Noreg (i Kynna), av totalt 16 ynglingar i Skandinavia. Det nasjonale målet er sett til tre årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde for ynglande ulv i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Grensebestandar kjem i tillegg. To av ynglingane i dei sytten familiegruppene i Skandinavia vart registrerte i grenseområde mot Sverige. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Sommaren 2007 vart det dokumentert (DNA-analyse) innvandring av eitt dyr frå Finland/Russland. Det gjenstår å sjå om dette individet vil formere seg. Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. Totalt vart det påvist tre binner med årsungar i 2006. To av binnene med årsungar er påviste i Pasvik (region 8), mens ei binne med årsungar er påvist i Lierne/Snåsa (region 6). Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn betra ved hjelp av innsamling av ekskrement og hår for DNA-analyse. Innsamlinga vart gjennomført blant anna ved hjelp av lokale elgjegerar frå Trøndelag og nordover i 2006, og blir gjennomført i Sør-Noreg i løpet av hausten 2007.

For jerv viser førebelse bestandsregistreringar (pr. 3. september 2007) 53 ynglingar i Noreg i 2007. Det nasjonale målet er sett til 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt vart det våren 2007 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Uttak av tispe og/eller kvalpar vart gjennomført ved 11 av dei 53 registrerte ynglingane. For gaupe vart det vinteren 2007 registrert 74 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.

Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere stabil på omlag dette nivået. Frå 2006 har kongeørn inngått i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt.

Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv innafor sin region. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar, som skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er fullført i 7 av dei 8 regionane.

Arbeidsmål 1.2.2.3 Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå

Fjellreven er på raudlista klassifisert som kritisk trugai Noreg utanom Svalbard. I Noreg utanom Svalbard er det om lag 50 vaksne fjellrevar att. Regjeringa har ført vidare arbeidet med å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I 2007 vart det sett av om lag 4,9 mill. kroner til formålet, det same som i 2006. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev (Direktoratet for naturforvaltning, 2003).

Arbeidet omfattar eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varanger-halvøya, kartlegging av raudrevbestanden i Børgefjell og eit prosjekt med avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, og det er oppretta ein nasjonal database som inneheld detaljert omtale av nesten alle kjende fjellrevhi i Noreg.

Arbeidsmål 1.2.2.4 Sikre dei ville laksebestandane

Laksefisket omkring tusenårsskiftet var totalt sett betre enn på mange år, som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Sesongane 2005 og 2006 gir likevel inntrykk av at den positive utviklinga har stansa. Dei førebelse inntrykka frå fiskesesongen 2007 forsterkar dette biletet ytterlegare. Omlag ein tredel av bestandane er framleis truga eller sårbare, mens 45 bestandar har gått tapt.

Stortingsvedtaket om nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart gjort for å gi dei viktigaste laksebestandane i Noreg eit betre vern (Innst. S. nr. 134 (2002-2003)). Ferdigstillinga av denne ordninga, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder, vart vedteke av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er eit hovudtiltak for å sikre villaksen, og ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar. Stortinget vedtok samtidig eit oppdatert verneregime for dei nasjonale laksevassdraga og laksefjordane, og at den tidlegare vedtekne nasjonale laksefjorden Tanafjorden skal vere fri for oppdrett med laksefisk. Verneregima skal nedfellast i forskrifter og arbeidet med dette er i gang. Laksebestandane som er omfatta av ordninga vil få særskilt vern mot inngrep og aktivitetar i vassdraga og i dei nærliggjande fjord- og kystområda. Bestandane skal òg prioriterast i andre offentlege tiltak for villaksen. I samband med Stortingsvedtaket om dei første nasjonale laksevassdraga og laksefjordane i 2003 vart det stilt krav om at ordninga skal evaluerast. Dette skal gjerast seinast ti år etter at ordninga vart ferdigstilt, og skjer gjennom eit eige evaluerings- og overvakingsprogram. Programmet starta i 2005. Stortinget gav ved behandlinga av St.prp. nr. 32 (2006-2007) òg brei tilslutning til dei andre tiltaka i Regjeringas opplegg for ei styrkt satsing på betre vern av villaksen.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktoren som har størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og har sidan blitt spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. I dag er 15 vassdrag friskmelde etter behandling, 9 vassdrag er behandla, men ikkje friskmelde, 10 vassdrag er behandla, men gjeninfiserte og 12 infiserte vassdrag er ikkje behandla. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris er å utrydde parasitten i infiserte vassdrag der dette er realistisk, og i tillegg minimalisere risikoen for vidare spreiing. Målet skal nåast gjennom systematisk arbeid i 8 avgrensa smitteregionar og 3 risikoregionar. Ein har dei seinaste åra nytta sur aluminiumsblanding som hovudkjemikalie med supplement av rotenon der dette er naudsynt. Denne såkalla kombinasjonsmetoden er meir skånsam for både botndyr og fisk, og metoden er derfor langt mindre problematisk enn bruk av berre rotenon i forhold til vedteken kjemikaliepolitikk. Kostnadene er likevel større.

Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt i 2007 blant anna gjennom tilleggsløyving i St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, jf. Innst. S. nr. 230 (2006-2007). I 2006 vart det gjennomført ei smittereduserande behandling i Steinkjervassdraga og utarbeidd utkast til behandlingsplan for Vefsn-regionen. I 2007 er hovudfokus retta mot gjennomføring av utryddingstiltak i Steinkjervassdraga, og i to mindre vassdrag i Vefsn-regionen. Planlegging med sikte på nedkjemping i heile Vefsn-regionen er i gang, og arbeidet i denne regionen vil halde fram i 2008. Vidareutvikling av metodikk for behandling vil òg bli prioritert i 2008. I 2008 skal det vidare gjennomførast ei avsluttande fullskala behandling i Steinkjervassdraga. I Romsdalsregionen vil planleggingsarbeidet bli ført vidare med sikte på å setje i gang konkrete utryddingstiltak så snart som mogleg.

Det går i dag føre seg kalking i 22 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i innlandsvassdrag, som for ein stor del går i regi av frivillige organisasjonar, har halde fram på høgt nivå. Kalking har ført til at laksebestandane er bygde opp att i mange forsuringsskadde elvar, og har ført til ein stor auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Kalkingsaktiviteten skal haldast oppe på noverande nivå også i åra som kjem.

Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til faren i vassdraga er over. Ni av dei 29 laksestammene som er blitt tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine; sju er tekne ut av genbanken, mens to er tekne vare på som sikringsstamme. I tillegg er 12 stammer under tilbakeføring i dag, mens sju ventar på å bli tilbakeførte når Gyrodactylus salaris er utrydda i elvane deira.

Reguleringane i laksefisket blir fastsette kvart 4. år og er eit viktig verkemeddel i lakseforvaltninga. Situasjonen for villaksen syner at det er behov for betydelige innstrammingar i laksefisket, og Direktoratet for naturforvaltning er no i gang med å utarbeide forslag til reguleringar for perioden 2008-1012. Dette arbeidet blir gjennomført med stor grad av medverknad frå dei ulike interessegruppene. Målet er å komme fram til eit reguleringsregime som er godt tilpassa situasjonen for villaksen, samtidig som dei samla konsekvensane for villaksinteressene blir akseptable.

Arbeidsmål 1.2.2.5 Utvikle oppsynsordningar som sikrar at arter blir tekne vare på

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter blitt stadig betre. Statens naturoppsyn har òg styrkt lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske blir styrkt. Ulovleg laksefiske var òg i 2006 den mest omfattande typen lovbrot som SNO var involvert i, med i alt 322 meldingar til politiet og 279 åtvaringar. Dette er ein nedgang på 23,5 pst. i forhold til året før. Det er registrert betring i nokre distrikt der det tidlegare var betydeleg ulovleg fiske.

Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet, slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda. Innsatsen i høve til sjøfugljaktoppsyn og målretta tilsyn med dei freda områda for sjøfugl er auka dei siste åra. Det er ein auke i talet på meldingar til politiet og åtvaringar for brot på viltlova i forhold til 2005.

Statens naturoppsyn har i 2006 og 2007 prioritert høgt å førebyggje og avdekkje ulovleg felling av rovvilt, og har eit aktivt samarbeid med politiet i konkrete saker. Det er etablert tett samarbeid med politiet og Økokrim om særskilde oppsyns- og kontrolltiltak i forvaltningssona for ulv. Det blir òg gjennomført rutinevise kontrolltiltak med felte rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakt på desse artene.

Arbeidsmål 1.2.2.6 Leie og samordne det norske arbeidet under Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar som er relevante for å ta vare på arter og genressursar

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologisk mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar.

Noreg arbeider for å utvikle ein legalt bindande protokoll under biomangfaldkonvensjonen med fokus på utvikling av ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av CBD, blant anna gjennom Trondheimskonferansane om biologisk mangfald som Noreg har arrangert saman med FN. Regjeringa vil halde ein ny Trondheimskonferanse om biologisk mangfald hausten 2007, knytt til målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010 og med fokus på kor viktig biologisk mangfald er for fattigdomsreduksjon og oppfølging av FNs tusenårsmål. Konferansen vil gi faglege bidrag til møtet mellom partslanda i Tyskland i 2008, og vil gi deltakarane nyttig kunnskap og inspirasjon for vidare arbeid i heimlanda deira.

Resultatområde 1 – underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar

Avgrensing og definisjon av underområde

Underområdet omfattar arbeidet for å hindre spreiing av framande, skadelege organismar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Saman med endringar i arealbruk og klimaendringar er spreiinga av framande artar den største trusselen mot biologisk mangfald. Underområdet omfattar òg arbeidet med å sikre at bruk av genmodifiserte organismar (GMO) ikkje gjer skade på miljø og helse.

Tabell 6.7 Mål- og indikatortabell for underområde 3 Framande arter og genmodifiserte organismar. ­Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.3.1

Menneskeskapt spreiing av ­organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema, skal ikkje skade eller avgrense økosystemas funksjon.

1.3.1.1 Førebyggje utilsikta ­introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid.

Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet.

1.3.1.2 Medverke til sektor­departementa sitt arbeid med framande arter gjennom opp­følging av den tverrsektorielle strategien mot framande arter.

Talet på framande arter det er sett i gang tiltak mot.

Talet på departement som har gjennomført risikovurdering for spreiing av framande arter.

1.3.1.3 Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

1.3.1.4 Leie og samordne det ­norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald.

Kvalitativ vurdering.

1.3.1.5 Ivareta prinsippa for GMO-regulering i norsk lov og Cartagena-protokollen i høve til arbeidet i andre internasjonale fora (WTO, FAO/Codex, IPPC m.fl.)

Kvalitativ vurdering.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.3.1.1 Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og utilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid

Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande organismar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til nye område der dei ikkje høyrer heime. Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar i dag ein av dei ­største truslane mot mangfaldet i naturen. FN-konvensjonen om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å ­hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.

Framande organismar kan ha effektar som grip over mange sektorar. Dei ti mest relevante departementa la i mai 2007 fram ein Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter. Strategien inneheld felles mål, prinsipp og retningslinjer for behandling av framande arter, saman med ei rekkje felles og sektorspesifikke tiltak. Artsdatabanken la samtidig fram Norsk svarteliste 2007 som inneheld risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artene som så langt er registrerte i Noreg. Denne svartelista vil bli eit viktig verktøy for styresmaktenes prioriteringar av tiltak mot etablerte, skadelege framande arter.

Miljøverndepartementet vil, i tråd med det hovudansvar det har for heilskapen i regjeringas miljøpolitikk, vere pådrivar og koordinator i oppfølginga av den nasjonale strategien mot framande skadelege arter, jf. nytt arbeidsmål 1.2.1.2 i tabell 6.3 . I 2008 skal departementa blant anna gjennomføre ei vurdering av risiko for spreiing av framande arter i forhold til aktivitetar under eigen sektor. Det er òg viktig å avklare roller og ansvar for ulike aktivitetar og arter mellom departementa. Vidare skal det lagast handlingsplanar og setjast i gang tiltak mot utvalde framande skadelege arter innafor dei ulike sektoranes ansvarsområde. For å styrkje samarbeidet mellom sektorane i høve til framande arter skal det haldast jamleg kontakt for kompetansebygging og informasjonsutveksling.

Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk på dette området som del av ei ny naturmangfaldlov.

Noreg har i 2007 blitt part i den internasjonale konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn i skip og sediment. Konvensjonen vil tre i kraft eitt år etter at minst 30 land som representerer minst 30 pst. av verdsflåten har blitt partar til konvensjonen. Ei ny lov om skipstryggleik (lov 16. februar 2007 nr. 9) trådde i kraft 1. juli 2007. Lova inneheld heimel for forskrift med krav om tiltak for å redusere risiko for introduksjon og spreiing av framande arter frå skipsballastvatn og sediment. Ei slik forskrift er no under utarbeiding.

Arbeidsmål 1.3.1.3 Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning, av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse

Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2006 vart genmodifisert soya, mais, bomull, raps, squash og papaya dyrka på 102 millionar hektar fordelt på 22 land. Meir enn ein tredel blir dyrka i utviklingsland. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land.

Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal på komplekse GMO-søknader best mogleg, er det naudsynt å medverke til å sikre forskning på miljøkonsekvensar av GMO og bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. For å oppnå dette er det bl.a. viktig å auke og samordne midlane til GenØk – Senter for biosikkerhet, og å medverke til at miljørisikovurderingane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik kan halde eit fagleg høgt nivå.

EU har vedteke nye reglar om utsetjing i miljøet av GMO, bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. EU-reglane har nærma seg dei norske i vesentleg grad. Regjeringa forhandlar med EU om å innlemme desse reglane i EØS-avtala med ei vidareføring av EØS-tilpassinga vi har i dag. Tilpassinga gir oss rett til å forby GMO som EU godkjenner, dersom vi meiner det er nødvendig ut frå genteknologilova.

Arbeidsmål 1.3.1.4 Leie og samordne det norske arbeidet med GMO under Konvensjonen om biologisk mangfald)

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse.

Protokollen trådde i kraft 11. september 2003. Noreg ratifiserte protokollen 10. mai 2001. Under forhandlingane om protokollen vart ein ikkje samde om reglar for ansvar og erstatning, og opna derfor for seinare forhandlingar om dette. Desse forhandlingane er no i gang. Genteknologilova si føresegn om erstatningsansvar ligg til grunn for Noregs posisjonar i forhandlingane.

Noreg arrangerte i juni 2007 ein «verkstad» saman med Canada for risikovurdering av nye typar GMO. Genmodifiserte tre, planter som produserer medisinske protein, genmodifisert fisk og virus er under utforsking og utprøving, og den informasjonen vi har og dei framgangsmåtane vi nyttar for risikovurdering av GMO på marknaden i dag er ikkje tilstrekkeleg for slike nye typar av GMO. Anbefalingane frå «verkstaden» vil bli lagt fram for partsmøtet under Cartagena-protokollen neste år.

FAO/Codex, Det internasjonale kontor for epizootier (OIE) og Den internasjonale konvensjon for plantevern (IPPC ) set standardar og lagar retningslinjer for handelshindrande tiltak av omsyn til folke-, dyre- og plantehelse. Under FAO/Codex blir det no bl.a. arbeidd med retningslinjer for risikovurdering av mat som er basert på genmodifisert fisk. Miljøverndepartementet bistår helsestyresmaktene for å sikre at prinsippa for GMO-regulering og risikovurdering i norsk lov og Cartagena-protokollen blir tekne vare på i dette arbeidet.

Resultatområde 1 – underområde 4 Friluftsliv

Avgrensing og definisjon av underområde 4

Arbeidet på friluftslivsområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Nokre av dei større fjell- og skogsområda, strandsona langs sjø og vassdrag og naturen i og ved byar og tettstader er dei som er mest pressa av bl.a. utbyggingar, andre tekniske inngrep og motorisert ferdsle. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 2 og 6. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 5.

Nasjonale resultatmål, miljøforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 6.8 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 1.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.1

Friluftsliv basert på allemanns­retten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga.

1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i sam­arbeid med relevante partar, under dette frivillige organisa­sjonar.

Statistikk om folks deltaking i fri luftsliv, under dette:

- Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader.

- Bruk av nærområde i byar og tettstader.

Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

Statusbeskriving

Stortinget behandla våren 2002 St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak i friluftslivet. Hovudarbeidet innan friluftsliv vil framleis vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga.

Verkemiddel skal setjast inn der vi ser at allemannsretten er under press. Det vil derfor vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona framover. Miljøverndepartementet la i 2007 fram eit nytt rundskriv om friluftslova (T-3/07) der ein særleg tek for seg fleire høgsterettsdommar som gjeld tilhøva kring ferdsel i strandsona.

Regjeringa vil leggje fram forslag om ei eiga lov om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Marka).

Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for motivasjonsarbeidet. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på nye målgrupper, under dette etniske minoritetar og funksjonshemma.

Arbeidsmål 1.4.1.1 Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar

Arbeidet med å følgje opp og utvikle vidare dei gode røynslene frå tiltak retta mot barn og unge vil fortsette. Regjeringa vil medverke til at organisasjonane kan ha eit høgt aktivitetsnivå i 2008 òg. Statistisk sentralbyrås siste levekårsundersøking syner relativt stabil og høg oppslutning om dei mest sentrale friluftslivsaktivitetane. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøver friluftsliv auka med 9 prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette er gledeleg, og viser at ein har lukkast med dei tiltaka som har vore sette inn.

Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret skjuler likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Tal frå 2004 viser at sviktande oppslutning blant ungdommen om dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane no ser ut til å vere ei vedvarande utvikling. Dette vil kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24) om nokre tiår. Dette blir ytterlegare forsterka av tal som viser at veksten i friluftslivsdeltakinga blant vaksne allereie ser ut til å ha stoppa opp etter ein lang vekstperiode. Både av miljø- og folkehelseomsyn er det derfor naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot ungdommen (16-24 år).

Tabell 6.9 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 2.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.2

Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

1.4.2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år.

Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i ­friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

Talet på medlemmer i ungdoms organisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv (som f.eks. speidarforeiningar og DNTs ungdomsgrupper).

Arbeidsmål 1.4.2.1 Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

I 2007 vart Friluftslovas 50-årsjubileum markert over heile landet. Spesielt vart det sett fokus på allemannsretten og kva den har hatt å seie for det generelle utøvinga av friluftsliv.

Gjennomtenkt satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn no tek del i friluftslivsaktivitetar. Bak denne satsinga står bl.a. helse-, idretts- og miljøstyresmaktene og friluftsorganisasjonane. Fleire av friluftslivsorganisasjonane har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H.

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at friluftslivsdeltakinga blant dei aller yngste (6-15 år) ligg på eit svært høgt nivå og heller har gått opp enn ned sidan 1997. Men det er viktig å vere klar over at tala frå SSBs barneundersøkingar (6-15 år) i 1997 og 2004 er langt meir usikre enn tala frå hovudundersøkingane (16-79 år) frå dei same åra.

Forum for friluftsliv i skulen er etablert og kan medverke til at friluftsliv i større grad blir nytta som pedagogisk og helsefremjande verkemiddel i skulen. Departementet har starta eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet for å fremje friluftsliv og fysisk aktivitet blant barn i fritid og skule.

For ungdomsgruppa (16-24 år) har det vore ein nedgang i oppslutninga om friluftslivsaktivitetar heilt sidan 1970. Dette kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre fritidsaktivitetar som til dømes fjernsyn og data. Det er dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane som har hatt nedgang. Meir moderne friluftslivsaktivitetar er i vekst. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane.

For skiturar er det til dømes ein samla nedgang i oppslutninga på 38 prosentpoeng mellom 1970 og 2004, og 6 prosentpoeng av nedgangen kjem frå tida etter 1997. Dette medfører at berre 44 pst. av norsk ungdom går på skiturar. Sportsfiske blant ungdom viser ein liknande negativ tendens.

Fotturane har ein liten nedgang på 5 prosentpoeng mellom 1970 og 2004. Men mykje tyder på at oppslutninga om fotturar òg er på veg ned ettersom oppslutninga har falle frå 83 pst. til 79 pst. mellom 1997 og 2004.

Ei rekkje nye og spesialiserte aktivitetar som terrengsykling, skisegling og elvepadling har fått auka oppslutning. Bruk av alpinanlegg har auka frå ei oppslutning på 14 pst. i 1970 til 50 pst. i 2004. Samtidig har frikøyring i fjellet auka frå ingenting til 14 pst.

I Miljøverndepartementets samarbeid med dei andre departementa til fremje av friluftsliv og fysisk aktivitet er det eit særskilt fokus på ungdomsgruppa.

Tabell 6.10 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 3.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.3

Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Talet på nye område pr. år.

1.4.3.2 Alle statleg sikra friluftslivs område (inkl. skjergards­parkar) og markaområde i alle større kommunar, skal inngå i ­forvalt ningsplanar.

Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg.

1.4.3.3 Viltressursar og fiske­ressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag og jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og ­småviltjakt.

Arbeidsmål 1.4.3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde

Det er sikra meir enn 2 000 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, bl.a. ved overtaking av forsvarseigedommar. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. I tillegg til å auke innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde, vil det òg bli lagt vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Dette gjeld særleg dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for.

Sidan 2005 har Direktoratet for naturforvaltning kvart år vurdert Forsvarets eigedomsportefølje for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige, med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser. Gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 og 2006 vart det stilt ekstra midlar til disposisjon for statleg kjøp av eit utval forsvarseigedommar. I 2007 vart 18 nye eigedommar vurderte som viktige for friluftslivet. Direktoratet vil også framover følgje avhendingsprosessen tett og vil medverke til å sikre ytterlegare eigedommar. Etter nye rutinar for offentleg avklaring kan dette gjerast gjennom kjøp av heile eigedommar, gjennom kjøp av delar av eigedommar og gjennom klausuleringar formulerte i kjøpekontrakten. Eit eksempel på klausulering kan vere at ein privat kjøpar forpliktar seg til å la kommunen leggje ein kyststi over eigedommen.

Samarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning om sikring og tilrettelegging av friluftsområde vil halde fram. Samarbeidet med Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim kommunar for å sikre viktig grønstruktur vil bli ført vidare i 2008. Det kan òg vere aktuelt å gå inn i slikt samarbeid med andre større byar og tettstader.

Strandsonearbeidet vart i 2006 følgt opp med 2,5 mill. kroner til kystsonenettverk og juridisk bistand til kommunane. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk bistand. Satsinga vil bli ført vidare i 2008, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget, bl.a. gjennom innsats for kartlegging av friluftslivsverdiar i kystkommunane.

Arbeidsmål 1.4.3.2 Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal inngå i forvaltningsplanar

For å skape tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har fylkesmennene i samarbeid med friluftsråd og kommunar utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. I tillegg er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.

Kysten byr på gode høve til naturopplevingar og friluftsliv. Kystlandskapet har særpreg og det er mange kulturhistoriske spor som er svært attraktive for friluftslivet. Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men her som i innlandet er det likevel fotturar som er den vanlegaste aktiviteten.

Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.

Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.

Status for bygging i strandsona er omtalt under resultatområde 6.

Arbeidsmål 1.4.3.3 Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.

For å auke tilgjenget til innlandsfisk har det sidan 2002 berre vore fiskeavgift for fiske etter anadrom laksefisk. I 2005 vart det òg mogleg å betale fiskeavgift for familiar. Dette for å stimulere foreldre med barn mellom 16 og 18 til å delta på laksefiske.

Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Delen kvinner aukar mest og utgjer snart 6 pst. av jegerane. Talet på dei som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 190 000 norske og 2 000 utanlandske jegerar. I jegerregisteret er det no registrert over 400 000 personar.

Tabell 6.11 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Friluftsliv. Nasjonalt resultatmål 4.

Nasjonalt resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

Nasjonalt resultatmål 1.4.4

Ved bustader, skular og barne­hagar skal det vere god adgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til omkringliggjande naturområde.

1.4.3.4 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og ­barnehagar i eit utval byar og ­tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grøn­struktur.

Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og til­knyting til grønstruktur innan 500 meter.

Arbeidsmål 1.4.4.1 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur

Stortingsmeldinga om friluftsliv foreslår at kartlegging av grønstrukturen blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Statistisk sentralbyrå har utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget til slike nære, grøne lunger. Resultat frå dette arbeidet underbyggjer at dette målet er naudsynt. Tilgangen til slike areal er god på landsbasis, men tilgangen til nærturterreng minkar ved aukande storleik på tettstaden.

Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

Verkemiddel

Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2008. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøforvaltninga innan underområde 1, 2 og 3. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova er det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar og arter på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje er omfatta av vern.

Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn. Evalueringa av Statens naturoppsyn våren 2005 peiker på nye tiltak for å styrkje og utvikle organisasjonen vidare. Som eit ledd i gjennomføringa av finnmarkslova vart 14 stillingar i Statskog Fjelltenesta i Finnmark overførte til SNO 1. juni 2006.

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Her òg er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departementet.

I utgreiing NOU 2004:28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (naturmangfaldlova) fremja Biomangfaldlovutvalet forslag til endringar i erstatningsordninga ved vern etter naturvernlova. Miljøverndepartementet har i brev av 19. desember 2006 bestemt at grunneigarar og rettshavarar som har fått område verna som nasjonalpark eller landskapsvernområde, og der den ordinære fristen for å krevje erstatning ikkje gjekk ut 1. januar 2002, skal få utsetjing av fristen til 31. desember 2008, jf. naturvernlova 20b.

Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med biologisk mangfald, med konvensjonen om biologisk mangfald som den mest sentrale av desse. Det er no stort fokus på oppfølging av konvensjonen for å nå 2010-målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Konkretisering av nødvendige tiltak og rapportering er derfor prioritert. Biologisk mangfald er eit prioritert tema i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Gjennom arbeidet i PEBLDS og EEA er det ei regional tilnærming til dette arbeidet som Noreg òg vil prioritere. Resultatområde 5 gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar biologisk mangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland og miljøretta bistand.

Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning.

Statlege midlar er med på å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde, jf. underområde 4 Friluftsliv. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

I tillegg er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova viktige juridiske verkemiddel i arbeidet med friluftsliv. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over dei oppgåvene kommunane har når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.

I samarbeid med kommunane medverkar staten til finansiering av driftsordningar for skjergardsparkane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske tilskot til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.

Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforeining, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld blant anna til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane er knytta til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar sitt arbeid med tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

Informasjon/kommunikasjon er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde. Prinsippa for universell utforming er lagt til grunn for styresmaktenes arbeid med friluftsliv.

7 Resultatområde 2 Bevaring og bruk av kulturminne

Resultatområde 2: Bevaring og bruk av kulturminne erstattar tidlegare resultatområde 3: Kulturminne og kulturmiljø.

Det er utarbeidd nye arbeidsmål for området og nye resultatindikatorar.

Statusbeskriving på det nye resultatområdet er utforma i forhold til nasjonale resultatmål og arbeidsmål slik dei er formulerte i Miljøverndepartementets St.prp. nr. 1 for 2006-2007.

Resultatområdet omfattar følgjande område:

2.1 Arkeologiske og marinarkeologiske kulturminne

2.2 Bygningar og anlegg

2.3 Kulturmiljø

2.4 Fartøy

Definisjon og avgrensing

Arkeologiske kulturminne er dei fysiske spora etter menneskeleg aktivitet som finst i og under mark­overflata. Alle typar kulturminne eldre enn frå år 1536 er automatisk freda etter kulturminnelova. For samiske kulturminne er grensa for automatisk freding sett til 100 år.

Marinarkeologiske kulturminne er alle kulturminne som ligg under vatn, både i havet, i vassdrag og i innsjøar. Slike kulturminne eldre enn frå år 1536 er automatisk freda. Skip og gjenstandar som kan ha vore om bord i desse, og som er eldre enn 100 år, er forvalta som freda.

Noreg har i alt rundt 3,5 millionar bygningar, og av desse er ca. 4 500 bygningar freda etter kulturminnelova. I tillegg er byggverk som er stadfest å vere oppført i perioden 1537–1649 automatisk freda. Det er anslått at dette vil omfatte ca. 2 000 byggverk.

Kulturmiljø omfattar område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Omgrepet omfattar alle typar landskap frå ekstensivt utnytta landskap, som reindriftsområda til samane og seterområde i høgfjellet, til sentrale bylandskap.

Riksantikvarens arbeid med fartøyvern gjeld dekte fartøy i flytande tilstand. Ca. 190 fartøy har ei eller anna form for avtale om vern. 86 fartøy har status som verneverdige skip i skipsregistret, og to er freda etter kulturminnelova.

Dei fleste kulturhistorisk viktige fartøya er eigde av privatpersonar, stiftelsar eller museum.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.

Riksantikvarens arbeid med å setje i stand freda og fredingsverdige kulturminne, vil bli gjennomført i ti bevaringsprogram. Programma vil omfatte gjennomgang av tilstanden til kulturminna, status og tiltak for sikring, istandsetjing og vedlikehald. I tillegg skal arbeidet med verdiskapingsprogrammet førast vidare. Verdiskapingsprogrammet skal leggje til rette for at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk som ressursar i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Programma skal leggje auka vekt på den innverknad kulturarven har i lokalsamfunna og i regionane og skal gi tydelege resultat i 2009 som skal vere kulturminneår.

Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 1

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av verne­verdige kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimaliserast og skal innan år 2020 ikkje overstige 0,5 prosent årleg.

1.1. Føre ei tydeleg og føre­seieleg forvaltning av arkeo­logiske kulturminne.

Det er utarbeidd ein strategi og klare faglege føringar for å sikre arkeo­logiske ­kulturminne i langsiktig ­perspektiv.

Talet på nye registreringar.

Del kommunar som er à jour med registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden.

1.2. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Periodevis tap og skade, og årsaks­forhold i utvalte lokalitetar over og under vatn.

Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar.

Vurdering av antikvariske og miljø­messige konsekvensar av økonomiske, juridiske og andre viktige vilkår for forvaltning av bygningar og anlegg.

Talet på freda bygningar og anlegg og tette trehusmiljø som går tapt i brann.

Oppdatert oversikt over verneverdige fartøy innanfor alle kategoriar.

1.3. Medverke til aktiv bruk og bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap som grunnlag for økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping.

Betre og meir dokumentert kunnskap om samanhengane mellom verdi­skaping og ­kulturminne, kulturmiljø og  landskap.

1.4. Medverke til at kommunal sektor og andre samfunnssektorar tek meir ansvar for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på reguleringsplanar for bevaring.

Talet på kommunar og arealbrukande sektorar som nyttar Askeladden.

Utviklingsarbeid med kommunane som er sett i verk.

Tilstand og utvikling i jordbrukslandskapet ifølgje overvakingsprogrammet 3Q.

Sektorsamarbeid bl.a. innanfor kyst­kultur som er sett i verk.

Planlagde tiltak i samband med kulturminneåret 2009.

1.5. Halde oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse med tilfredsstillande forvaltning.

Talet på identifiserte kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Talet på område med tilfredsstillande forvaltningsplanar og verkemiddel.

Kvalitativ vurdering av utviklinga for kulturmiljø og landskap.

1.6. Leggje til rette for at kulturminnefondet er ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og eit viktig verkemiddel i verdiskaping med grunnlag i kulturminne.

Talet på prosjekt som har fått tilskot over kulturminnefondet innan prioriterte satsingsområde.

Statusbeskriving

Denne rapporten viser til arbeidsmåla som gjaldt for 2007.

Arbeidsmål 1.1. Gi private eigarar og lokal og regional forvaltning god tilgang til kunnskap om kulturminna

Kulturminnedatabasen Askeladden, som inneheld opplysningar om freda kulturminne, blir utvikla vidare, bl.a. med sikte på å kunne følgje utviklinga av tilstanden til kulturminna. Basen har no over 2 700 registrerte brukarar, blant dei over 930 frå 315 kommunar. Blant statlege sektorstyresmakter er det ca. 220 brukarar, bl.a. på samferdsels- og landbrukssektoren.

192 kommunar har kartfesta data for meir enn 90 pst. av sine registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden. 184 kommunar har 50-90 pst. av slike kulturminne i Askeladden.

Registrering av mellomalderkyrkjegardar blir gjennomført av NIKU, og i løpet av 2007 vil 6 fylke vere avslutta. Registreringa av dei samiske kyrkjegardane er avslutta.

Som ledd i prosjektet Nasjonale interesser i byar, lagar Riksantikvaren vidare ein database for dei viktigaste byområda av nasjonal interesse. Arbeidet går etter planen, og resultatet skal liggje føre innan utgangen av 2008.

Verdiskapingsprogrammet er i gang med 11 pilotprosjekt som går ut 2010. Programmet har dessutan gitt støtte til tre andre prosjekt. Riks­antikvaren formidlar fortløpande eksempel og erfaringar frå programmet. Programmet er følgjeevaluert, og midtvegsevalueringa i 2008 vil ­summere opp den kunnskapen om kulturarv og verdiskaping som programmet har generert så langt.

Kommunane nyttar plan- og bygningslovas verkemiddel for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Mange kommunar vedtek plan med spesiell fokus på kulturminne og kulturmiljø. I 2006 er det rapportert 115, i 2005 118.

I 2006 vart det rapportert 1 639 planar med område regulert for spesialområde formål bevaring, kulturminne, ein auke på 221 planar i forhold til 2005. Arealet var 35 7090 daa, med ein tilgang på 3 699 daa.

Det er utarbeidd ferdige landsverneplanar for åtte sektorar.

Arbeidsmål 1.2. Stimulere kommunal sektor og andre samfunnsektorar til å ta ansvar for kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren driv utviklingssamarbeid med kommunar og forskingsmiljø for å byggje opp og teste betre analyse- og kommunikasjonsverktøy til bruk i lokale plan- og utviklingsprosessar (DIVE-analyse). Ein oppdatert vegleiar basert på erfaringar frå ulike kommunar vil liggje føre i første kvartal 2008.

Riksantikvaren medverkar inn i Miljøverndepartementets og KS’ program for livskraftige kommunar, der svært mange kommunar har valt å inngå i nettverk med kulturminne og kulturmiljø som tema. Viktig i Riksantikvarens arbeid her er erfaringane frå dei ulike samarbeidsprosjekta Riksantikvaren gjennomførte i over 50 kommunar i 2001-2006 for å få fram gode eksempel på lokalt kulturminnearbeid. Samanfatning av resultat og anbefalingar skal formidlast i løpet av 2007. Dette vil elles vere eit nyttig grunnlag for Riksantikvarens bidrag til kulturminneåret 2009.

Riksantikvaren legg stor vekt på arbeidet med å integrere omsynet til kulturminne og kulturmiljø i den sektorovergripande miljøpolitikken, og det blir jamleg halde direktørmøte med viktige sektorar.

Blant anna har Riksantikvaren fortløpande samarbeid med Statens landbruksforvaltning om utvikling og oppfølging av verkemiddel i landbruket med betydning for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Å ta vare på landbrukets kulturarv i samband med nedlegging eller omlegging av drift er særleg utfordrande. Sentrale verkemiddel er dei lokale SMIL-midlane og regionale miljøprogram. Saman med Direktoratet for naturforvaltning utviklar dei to etatane, på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, eit opplegg for «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket», der område med store kulturhistoriske og biologiske verdiar skal sikrast god forvaltning gjennom framhalden drift. Vidare blir det arbeidd med tiltaksplan knytt til store nye driftsbygningar og tilpassing til kulturmiljø og landskap. Andre tema er kart og miljødata, jordbruksstatistikk og overvaking av jordbrukslandskapet.

Riksantikvarens samarbeid med energisektoren er omfattande, og særlege viktige område er vindkraft, småkraft og fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar. Riksantikvaren har medverka til utarbeidinga av vegleiar om småkraftutbygging. Den felles arbeidsgruppa for kulturminneforvaltninga og energisektoren om fornying og revisjon av vassdragskonsesjonar er følgt opp av Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet. Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg og  Veileder for utarbeidelse av regionale planer for vindkraft, og tematiske konfliktvurderingar, er framleis under arbeid. Vidare medverkar RA til det energisektorstyrte prosjektet om utvikling av metode for visuelle verknader av vindkraft. Måla for bevaring av kulturminne og måla for vindkraftutbygging er ikkje nødvendigvis samanfallande.

Riksantikvaren har dei siste åra intensivert samarbeidet med Kystdirektoratet, Fiskeridirektoratet og ABM-utvikling om kystkultur. På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Kultur- og kirkedepartementet har dei fire direktorata utarbeidd felles handlingsplan for arbeidet med kystkultur for 2007-2010. Målet er å koordinere verkemiddel for å sikre ei heilskapleg forvaltning og formidling av kystkulturen, både faste kulturminne og immaterielle kulturminneverdiar. Viktige element er handverkskompetanse, mattradisjonar, kunnskap om bruk av kystens naturressursar, kunnskap om sjøverts ferdsel og navigasjon. Eit mål er at den historiske kystkulturen skal takast i bruk som ein ressurs i nærings- og samfunnsutviklinga, noe som krev samarbeid med fiskeri- og kystnæringar og styresmakter med utviklingsinteresser i kystsona.

Eit sentralt punkt i handlingsplanen er Fortellinger om Kystnorge, eit heilskapleg prosjekt for formidling av utvalte kulturhistoriske epokar i kysthistoria, f.eks. pomorhandelen, hansatida mv. Målet er å synleggjere kulturhistoria langs kysten, mobilisere engasjement for å sikre kystens kulturarv som ein ressurs for lokalsamfunn og regionar, for næringsetablering, og for marknadsføring av produkt og av Noreg som reisemål.

Riksantikvaren, Kystdirektoratet, Fiskeridirektoratet og ABM-utvikling har dessutan sidan 2003 arrangert nasjonale kystkulturseminar for å stimulere til prosjekt og utviklingsarbeid over fag- og sektorgrenser med grunnlag i den historiske kystkulturen.

I det pågåande arbeidet for ny kyrkjeliturgi samarbeider Riksantikvaren med Nemnd for gudstenesteliv for å klargjere kva slag høve til og grenser for endring som ligg i dei historisk verdifulle kyrkjeromma. Nye statlege støtteordningar til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjer krev vidare meir rådgiving frå Riksantikvaren. Riksantikvaren er òg sterkt inne i arbeidet med å gjere kyrkjene meir tilgjengelege for alle.

Arbeidet med landsverneplanar har no komme i gang i dei fleste sektorane. 14 planar er under arbeid. Riksantikvaren deltek i referansegruppa for prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar og følgjer opp den enkelte landsverneplan. Når arbeidet med landsverneplanane blir sett i gang, blir Riksantikvaren dessutan rådgivar for alle tiltak på dei kulturhistorisk viktige anlegga. Tre landsverneplanar er planlagt ferdigstilte i 2007 og fem i 2009. Deretter blir det gjennomført forskriftsfredingar og oppfølging av nødvendige tiltak på eigedommane. Dette gjeld i tillegg dei åtte landsverneplanane som allereie er ferdig utarbeidde.

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar blir avslutta i 2008. Då vil prosjektets oppgåver blir overførte til Riksantikvaren.

Arbeidsmål 1.3. Stimulere eigarar og lokale, regionale og statlege aktørar til å bruke kulturminne og kulturmiljø aktivt i utviklinga av levande lokalsamfunn

Riksantikvaren driv aktiv formidling og opplæring til lokale og regionale aktørar i samarbeid med fylkeskommunane, Husbanken og Norsk Form. Regionale kurs/konferansar har vore arrangerte med god deltaking over heile landet, og fleire fylke har teke opp att arrangementa med nokre års mellomrom. I 2007 blir det arrangert tre konferansar.

Indikatoren for talet på kommunar som nyttar kulturarven som grunnlag for metodisk stadsutvikling kan ikkje avlesast direkte. Riksantikvaren får likevel ein indikasjon ut frå talet på kommunar som har eigen plan for kulturminne, då dette er eit nødvendig utgangspunkt for ei slik metodisk stadsutvikling, jf. tal under arbeidsmål 1.1.

Arbeidsmål 1.4. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av kulturminne og kulturmiljø

Det er gjennomført kontrollregistreringar av 2 504 SEFRAK-bygningar i fire kommunar i 2000 og på nytt i 2005. Resultatet viser gjennomsnittleg årleg tap på 0,7 pst. Det er store variasjonar i tala. For eksempel har Kautokeino kommune eit årleg tap på 1,8 pst.

Det er vidare gjort tapsanalysar for SEFRAK-registrerte bygningar i GAB-registeret. Desse tala reflekterer i hovudsak rivemeldingar og tek ikkje med tap grunna forfall, brann og ulovleg fjerning. Tala er altså ikkje absolutte, men indikerer aktivitet i bygningssektoren som medfører riving av eldre bygningar. I 2002 var det årlege tapet nede på 0,3 pst., men i 2006 vart 0,8 pst. av SEFRAK-bygningane rivne. Det er store regionale forskjellar. Lågast er Oslo, der 0,3 pst. av bygningane vart rivne, mens Sogn og Fjordane er høgast med 2 pst.

Kontrollregistreringane kan tyde på at bygningar først og fremst forfell som følgje av at dei ikkje lenger har ei funksjonell betydning. Resultat viser at hustypar som er i aktiv bruk har ein lågare prosentdel av tap, men samtidig blir det gjort omfattande ytre, bygningsmessige endringar på desse.

Våren 2007 var 44 pst. av dei 2 665 freda bygningane i privat eige lagt inn i tilstandsbasen.

Ved kontroll av 739 arkeologiske kulturminne i tre kommunar i 2006 er det registrert eit tap av fem i løpet av seks år. Tap som følgje av lovlege tiltak og dispensasjon er ikkje rekna inn. Alle tap gjeld for Nord-Aurdal kommune, fire av dei var allereie sterk skadde ved førstegangsregistreringa. Talmaterialet gir eit årleg tap på 0,6 pst.

Fornminne går tapt som følgje av brot på kulturminnelova. Dette kan f.eks. skje ved at et fornminne er «i vegen for noko», og blir fjerna utan at det er søkt om dispensasjon frå styresmaktene i forhold til kulturminnelova. Tapa kan elles skuldast at det var ukjent at det fanst eit arkeologisk kulturminne på staden.

Same undersøking har òg kartlagt skade. Årleg blir 0,7 pst. av fortidsminna utsette for nye skadar. Skadedelen er lågare enn ved kontrollregistreringa i fjor, men vi ser ein tendens til at allereie sterkt skadde fornminne er meir utsette for ytterlegare skade, og for tap. Det er elles bekymringsfullt at stadig fleire kjente fornminne ikkje kan finnast igjen. Årsaka kan vere gjengroing, eller tidlegare unøyaktig avmerking. Det er fare for at desse kulturminna går tapt på sikt.

Overvakingsprogrammet 3Q er drive av Norsk institutt for skog og landskap og gir kunnskap om endringar i jordbrukslandskapet, med hovudvekt på arealstruktur. I 2007 kom den første rapporten om tilstand og endringar for temaet kulturminne og kulturmiljø.

Arbeidsmål 1.5. Leggje til rette for at kulturminnefondet skal vere ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og at grunnkapitalen i fondet aukar

Grunnkapitalen til Norsk kulturminnefond vart auka til i alt 1 mrd. kroner i 2007. I 2006 vart det behandla totalt 289 søknader og 14,4 mill. kroner vart løyvde til 92 prosjekt. Norsk kulturminnefond er ei vesentleg finansieringskjelde i verdiskapingsprogrammet. Fondet har pr. 13.06.07 medverka med 3,4 mill. kroner fordelt på 20 søknader innafor verdiskapingsprogrammet.

Tabell 7.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 2

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

2. Freda og fredingsverdige ­kulturminne og kulturmiljø skal vere sikra og ha ordinært ved­likehaldsnivå i 2020

2.1. Sikre og formidle kunnskapsverdiar i bergkunst og andre arkeologiske kulturminne over og under vatn.

Talet på lokalitetar der det er sett i gang tiltak for å betre bevaringsforholda for kulturlag.

Delen av registrerte arkeologiske kulturminne utan nye skadar.

Talet på arkeologiske kulturminne der skjøtsel og tilgjengetiltak er gjennomført i løpet av året.

Delen freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå.

2.2. Gi gode og føreseielege rammevilkår for private eigarar av freda bygningar og anlegg og freda og verneverdige fartøy.

Talet på fredingssaker som er sette i gang før 1. januar 2005 og som er ferdig behandla.

Talet på fredingsvedtak frå før 1979 som er vurderte mot innhald og omfang.

Talet på samiske kulturminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Oppdatert analyse av tilstand og tilskotsbehov for freda og verneverdige fartøy.

Tilgang til nettbasert kunnskapsportal for tradisjonsbaserte handsverksfag.

2.3. Syte for nødvendig progresjon i arbeidet med å sikre og setje i stand utvalte grupper ­bygningar og anlegg.

Talet på stavkyrkjer som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på teknisk-industrielle kulturminne som er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet ruiner som er sikra og til­rettelagt.

2.4. Halde fortløpande oversikt over endringar i freda kulturmiljø.

Periodevis kartlegging av vesentlege endringar i freda kulturmiljø.

2.5. Forvalte dei norske verdsarvstadene i tråd med internasjonale forpliktingar.

Norske verdsarvstader med optimal tilstand, legalt vern og sam­arbeidsforhold.

Arbeidsmål 2.1. Gi gode og føreseielege rammevilkår for eigarar av freda bygningar og anlegg, og for andre særleg verdifulle kulturminne og kulturmiljø

Stortingsmeldinga om kulturminnevern er følgt opp med eit eige prosjekt for å gjennomgå alle fredingsvedtak fatta før 1979. Prosjektet er no i gang i ti fylke. Fem vil bli ferdige i løpet av 2007. Erfaringane er svært positive, både fordi dette gir ein god dialog med eigarane, og eit godt forvaltningsgrunnlag for regionalforvaltninga. Prosjektet er omfattande og vil gå fram til 2012.

Av dei tilstandsregistrerte freda bygningane er 37 pst. på ordinært vedlikehaldsnivå. For 39 pst. av bygningane er det naudsynt med moderate utbetringar, og 24 pst. treng store utbetringar.

Arbeidsmål 2.2.Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne og gi gode rammevilkår for eigarar

Ein viktig føresetnad for ei tydeleg og føreseieleg forvaltning er klare reglar og retningslinjer. Dette gjeld overordna faglege føringar for avgjersler og vilkår som blir sett i dispensasjonssaker, men òg rutinar for saksbehandling.

Arbeidet med ein overordna strategi for forvaltninga av automatisk freda kulturminne og kulturminne under vatn er påbegynt. Målet er eit strategidokument. Ein slik strategi føreset innhenting av grunnlagsdata. Eksempel på dette er faglege program, det vil seie oversyn over data og kunnskapsnivå og viktige problemstillingar og satsingsområde, ved dei arkeologiske musea og sjøfartsmusea. Fagleg program blir vidare utarbeidd for kulturminne i vassdrag som grunnlagsmateriale i saker som gjeld fornying og revisjon av konsesjon for vassdrag. Programma er under utarbeiding, men arbeidet vil gå over fleire år på grunn av ressurssituasjonen for musea. Data frå miljøovervaking av kulturminne og annan forvaltningsretta kunnskap om kulturminne er elles relevant i arbeidet med eit strategidokument (jf. arbeidsmål 1.1 og 1.4).

Utarbeiding av einsarta budsjettmalar og budsjetteringsrutinar for arkeologiske utgravingar blir avslutta innan utgangen av 2007. Arbeidet er utført i samråd med musea og NIKU.

Første utgåve av Riksantikvarens arbeid med retningslinjer for saksbehandlarar i fylkeskommunane er ferdig og ligg på Riksantikvaren sine nettsider. Dokumentet skal supplerast og oppdaterast.

Dei arkeologiske landsdelsmusea vart i 2006 bedne om å utarbeide oversyn over skadde, automatisk freda kulturminne som treng sikring. Oversyna er baserte på rapportering frå fylkeskommunane og Sametinget. Det synest allereie klart at behovet for sikring er større enn kva ein har trudd tidlegare.

Rundskriv T-02/2007 om kompensasjon for utgifter til arkeologisk arbeid som følgjer av mindre, private tiltak, låg føre 1. mars 2007. Det er auke i talet på søknader om støtte, men det tek noko tid før ordninga blir ordentleg kjend.

Arbeidsmål 2.3.Følgje opp Noregs plikter i forhold til UNESCOs verdsarvkonvensjon for dei norske verdesarvområda

Arbeidet med å utvide grensene for verdsarvområdet på Røros er ei prioritert oppgåve for 2007.

Anbefalingane i rapportane om tilstanden til verdsarvområda blir følgt opp. Riksantikvaren prioriterer tilskot til istandsetjingsarbeid over post 72.9. Fylkeskommunane følgjer opp forvaltningsplanar når det gjeld å ta vare på kulturminneverdiane i landskapet. Det er løyvt midlar til istandsetjing innanfor Vestnorsk Fjordlandskap. Verdiskapingsprosjektet i Nordland har Vega som eitt av innsatsområda. Fleire istandsetjingsarbeid er sette i verk for å styrkje ærfuglnæringa og reiselivet, og auka kunnskapen og medvitet om byggjeskikk. Dei langsiktige istandsetjingsarbeida på Røros og på Bryggen i Bergen blir førte vidare.

Tabell 7.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 nasjonale mål 3

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa skal betrast, og eit representativt utval kulturminne skal vere freda innan 2020.

3.1. Utarbeide overordna ­fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020.

3.2. Oppdatere overordna strategi for fartøyvern.

Auke i talet på fredingar innanfor svakt representerte hovudgrupper.

Talet på landsverneplanar med gjennomført forskriftsfreding.

Auka tal freda og bevaringsverdige fartøy innanfor svakt representerte kategoriar.

Arbeidsmål 3.1.Utarbeide ein overordna ­fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020

Erfaringa frå arbeidet med gjennomgang av eksisterande fredingsvedtak og sluttføring av pågåande fredingssaker vil vere eit viktig grunnlag for å utarbeide ein overordna fredingsstrategi.

Forskriftsfreding av statleg eigedom vil gi større geografisk, tidsmessig og funksjonell breidde i dei vedtaksfreda kulturminna.

Det er 141 fredingssaker under arbeid, og dei aller fleste av desse er sette i gang av fylkeskommunane. Desse sakene er prioritert gjennomførte innanfor prosjektet for gjennomgang av vedtaksfreda bygningar.

I 2006 vart det freda 313 kulturminne, der 202 inngår i kulturmiljøfredinga på Birkelunden og 74 i fredinga av Karljohansvern orlogsstasjon i Horten. Begge fredingane medverkar til eit meir representativt utval av freda kulturminne. I 2006 vart elles dei to første fredingane av båtar gjennomførte.

Riksantikvarens prosjekt Minoritetanes kulturminne har halde fram i heile 2006. Kulturminne knytte til dei nasjonale minoritetane og til andre minoritetar er sterkt underrepresenterte på fredingslista. I samarbeid med minoritetsgruppene har Riksantikvaren teke initiativ til å få registrert kulturminne for å få laga verneplanar. Føremålet er å sikre eit utval for varig vern. Arbeidet med minoritetanes kulturminne bør inngå som ein naturleg del av kulturminneforvaltningas arbeid elles. Riksantikvaren har derfor satsa på kompetanseutvikling og opplæring både av eigne medarbeidarar og av regionalforvaltninga.

Verkemiddel

Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvarens budsjettramme, jf. kap. 1429 og budsjettramma som omfattar avkastninga frå kulturminnefondet, jf. kap. 1432. Dei økonomiske verkemidla innan Riksantikvarens budsjett skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna: freda hus og anlegg frå mellomalderen og nyare tid, fartøy og verdsarv. Samtidig skal brannsikring og sikring og skjøtsel av arkeologiske kulturminne prioriterast. Tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak for å sikre og setje i stand kulturminna. Det er kulturminne med private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar. Prinsippa for universell utforming skal vurderast i forhold til relevante tilskot og i utviklingsarbeidet på resultatområdet.

Det kan gi både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig meirverdi å ta vare på kulturarven. Stader med godt bevarte kulturmiljø har dessutan konkurransefortrinn med omsyn til anna næringsverksemd og busetnad.

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet er eit verkemiddel for å medverke til at kulturarven blir nytta aktivt som ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal gi resultat i form av verdiskaping i lokalsamfunn og næringsliv, istandsetjing og tilrettelegging av kulturminne for bruk, saman med utvikling og spreiing av kunnskap om bruk av kulturarven som ressurs. Kystens kulturminne, kulturmiljø og landskap vil bli prioriterte i den første fasen av programmet.

Riksantikvarens økonomiske tilskotsmidlar er i hovudsak retta mot eigarane av freda kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet har i tillegg ei viktig rolle gjennom aktivitet og økonomiske verkemiddel i høve til eigarar av verneverdige kulturminne. Fondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensial for verdiskaping. Styret for kulturminnefondet gjer vedtak om tildeling av midlar innafor ramma av gjeldande vedtekter og føresegner. Ein viktig ambisjon med fondet er at det skal utløyse midlar frå andre aktørar til istandsetjing av kulturminne. Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. Samtidig er lokal deltaking eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 2.

Forvaltninga av det store mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skjer i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar.

Ulike sektorar har stor innverknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er derfor etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og påverke utforming av eksisterande og nye verkemiddel.

Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø er grunnleggjande for ei god forvaltning og for å skape forståing for vernearbeidet. Viktige verkemiddel i denne samanhengen er bl.a. praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar, undervisningstilbod i kulturminneforvaltning, rettleiing for statlege eigarar og kommunesektoren, og regelmessig informasjon til eigarar og allmenta.

Systematisk miljøovervaking og forskingsbasert kunnskap er nødvendig for å ivareta internasjonale forpliktingar og nå nasjonale resultatmål. Både oppdragsforsking og forsking i regi av Noregs forskingsråd, forvaltningsmusea og Norsk institutt for kulturminneforsking gir den offentlege kulturminneforvaltninga viktig kunnskap som medverkar til fagleg utvikling og betre grunnlag for strategiske val.

Internasjonalt samarbeid om å bevare kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norskrussisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innafor UNESCO. Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation) skal støtte gjennomføringa av UNESCOs verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972, og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt.

8 Resultatområde 3 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

3.1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning

3.2 Overgjødsling og nedslamming

3.3 Oljeforureining

3.4 Miljøgifter

3.5 Avfall og gjenvinning

Strategisk mål

Underområde Heilskapleg hav- og vassforvaltning, Overgjødsling og nedslamming, Oljeforureining

Det skal sikrast ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av våre hav- og kystområde og ferskvassførekomstar. Den samla miljøpåverknaden skal ikkje vere større enn at økosystemas struktur, funksjonsmåte og produktivitet oppretthaldast og det biologiske mangfaldet bevarast. Det skal vidare sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Underområde Miljøgifter

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar, skadar på økosystem eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Underområde Avfall og gjenvinning

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.

Resultatområde 3 – underområde 1 Heilskapleg hav- og vassforvaltning

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 1, omfattar arbeidet med heilskapleg, økosystembasert hav- og vassforvaltning. Ferskvatn og marine område skal sjåast i samanheng. Forvaltninga skal baserast på forvaltnings- og tiltaksplanar som omfattar alle sektorar (heilskapleg) og alle element i økosystemet (økosystembasert). Resultatområde 3 omfattar vidare relevant internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av blant anna Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Det skal utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde innan 2015.

1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunn­laget for utarbeiding, gjennom­føring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet innan 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten.

Ha lagt fram ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet i tråd med arbeidsmålet.

Ha lagt fram ein heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen i tråd med arbeidsmålet.

Ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten i tråd med arbeidsmålet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie og koordinere forvaltningsplanarbeidet, og sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Sikre utarbeiding av heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet innan 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 ha oppdatert forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten

Gjennom behandlinga av St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav (havmiljømeldinga) vart det gitt tilslutning til at det skulle utarbeidast heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte og produktivitet i økosystema. Planane skal vidare klargjere dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd i havområda.

Det vart i St.meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand foreslått nasjonale resultatmål for heilskapleg hav- og vassforvaltning, for å sikre at det blir utarbeidd heilskaplege, økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde innan 2015. Det er miljøforvaltningas ansvar å leie og koordinere arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar, inkludert å sikre det nødvendige miljøfaglege grunnlaget for utarbeiding, gjennomføring og oppdatering av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde. Det skal utarbeidast heilskaplege forvaltningsplanar for Norskehavet innan 2009 og Nordsjøen innan 2015, og i løpet av 2010 skal forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten vere oppdatert (sjå arbeidsmål 1.1).

St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan) vart lagt fram våren 2006. Dette er den første heilskaplege forvaltingsplanen for eit norsk havområde. Arbeidet med å gjennomføre forvaltningsplanen er i gang. Det vart i oktober 2006 oppretta tre rådgivande grupper for overvaking, miljørisiko og fagleg forum som skal bidra til å sikre den faglege gjennomføringa av forvaltningsplanen. Dei tre rådgivande gruppene leverte våren 2007 dei første årlege statusrapportane sine. I juni 2007 vart dette arbeidet presentert og diskutert i ei referansegruppe beståande av berørte interessegrupper, under dette næringslivsinteresser, frivillige organisasjonar og samiske interesser. Arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget er i gang, under dette kartlegging av havbotnen, sjøfugl og geologi i Nordland VII, Troms II og Eggakanten. Det er lagt opp til at forvaltningsplan Barentshavet skal oppdaterast første gongen i 2010, mens det er teke sikte på å oppdatere heile planen i 2020.

Forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten har gitt ein modell for arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Arbeid er no starta med det faglege grunnlaget for ein plan for Norskehavet. Regjeringa tek sikte på å presentere denne i ei stortingsmelding i 2009.

Økosystema i Nordsjøen er i aukande grad utsette for belastningar bl.a. som følgje av miljøgifter, næringssalt og partiklar, effektar av botntråling og overfiske. Saman med auke i havtemperaturen fører dette til endringar i økosystema. Sukkertaredød og endringar i fiskebestandane er uttrykk for dette. Auka kunnskap er derfor nødvendig. Regjeringa ønskjer at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å etablere ei heilskapleg, integrert og internasjonalt basert forvaltning av Nordsjøen. Eit slikt arbeid må ta utgangspunkt i samarbeid mellom Nordsjølanda.

Ei økosystembasert tilnærming er lagt til grunn i EU-kommisjonens forslag til ein europeisk marin strategi, med forslag til direktiv om ei ramme for fellesskapets aktivitet innan havmiljøpolitikk (havstrategidirektivet). Direktivet vil leggje forholda til rette for at andre europeiske land medverkar til ein plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen.

OSPAR-konvensjonen om bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren er basert på integrert, økosystembasert forvaltning. OSPAR vil stå sentralt i gjennomføringa av EUs marine strategi i det nordaustlege Atlanterhavet og vil i tillegg vere den sentrale mekanismen for utvikling av ein regional plan for heilskapleg forvaltning av Nordsjøen. Miljøverndepartementet vil arbeide for at denne planen blir integrert med det arbeidet som blir gjort for å etablere forvaltningsplanar for ferskvatn og kyst i Nordsjølanda.

Tabell 8.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

2 Det skal i samsvar med vassforvaltningsforskrifta utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar med tiltaksprogram for alle ferskvass- og kystområde, med utgangspunkt i vassregionane, innan 2015.

2.1 Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set.

Fortløpande vurdering av framdrift og resultat.

Del av vassområda der det er sett i verk heilskapeleg overvakingsprogram

Del av alle vassområde som er karakteriserte innan utgangen av 2015

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set

Forskrift om rammer for vassforvaltninga implementerer EUs vassrammedirektiv i norsk rett. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Vassforskrifta gir rammer for fastsetjing av miljømål for vassførekomstane og skal sikre best mogleg vern og berekraftig bruk av desse. Forskrifta vil vere det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassmiljøforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert.

Måla skal nåast gjennom regionale forvaltningsplanar og program for tiltak der alle ansvarlege styresmakter og sektorar medverkar. Vassrammedirektivet tvingar med dette fram ei systematisk og samordna vassforvaltning i det einskilde landet og på tvers av landegrensene i Europa.

Miljøverndepartementet er ansvarleg for at forskrifta blir gjennomført i Noreg. Forvaltningsplanar for om lag 20 pst. av Noregs vassførekomstar skal vere ferdige i 2009, og innan 2015 skal det liggje føre forvaltningsplanar for alle vassførekomstane. Sentrale fagstyresmakter skal utarbeide eit norsk klassifiseringssystem, som seinare skal samordnast med heile EØS-området. Styrkt overvaking av vassførekomstane er ein viktig føresetnad for å gjennomføre forskrifta. Overvakinga skal gi viktig informasjon om naturtilstanden og samtidig syne om tiltak som blir sette i verk gir ønskt miljøforbetring. Dette vil gi grunnlag for eventuelle nye tiltak når forvaltningsplanane skal rullerast og fornyast kvart 6. år.

Ni fylkesmannsembete er peika ut som vassregionstyresmakter. Dei skal i samarbeid med relevante sektorar syte for utarbeiding av forvaltningsplanane. Arbeidet i vassregionane er basert på fleire faglege rettleiarar utarbeidde av sentrale fagstyresmakter. Arbeidet er organisert i eigne vassregionutval, og lokalt i arbeidsutval for dei enkelte vassførekomstane. Direktivet og forskrifta føreset brei medverking, der alle statlege styresmakter regionalt og lokalt, fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar er med i arbeidet.

Det er gjennomført ei grovkarakterisering av tilstanden i vassførekomstane, og det blir no arbeid vidare med ei meir detaljert karakterisering, overvaking og konkretisering av tiltak for miljøforbetring. Ein viser òg til omtale under resultatområde 1, arbeidsmål 1.1.2.2 på underområde 1 Berekraftig bruk og vern av leveområde.

Tabell 8.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 1 Hav- og vassforvaltning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3. Det skal i samsvar med vassforvaltningsforskrifta utarbeidast heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar med tiltaksprogram for minst eitt vassområde i kvar vassregion innan 2009.

3.1 Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set.

Fortløpande vurdering av framdrift og resultat

Del av vassområda som er omfatta av dei første forvaltningsplanane, der det er sett i verk heilskapeleg overvakingsprogram i 2009

Del av vassområda som er omfatta av dei første forvaltningsplanane, som er karakteriserte innan utgangen av 2007

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Samordne og avklare faglege rammer for vassregionane for å sikre grunnlaget for utarbeiding av forvaltningsplanar og tiltaksprogram innan tidsfristane som vassforskrifta set

Ein viser til statusomtala under arbeidsmål 2.1.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 1 Heilskapleg økosystembasert hav- og vassforvaltning er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410, 1427, 1445 og 1471 budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2008. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er i hovudsak budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Heilskaplege forvaltningsplanar for havområda

Nasjonalt skal det utarbeidast forvaltningsplanar for alle havområde, og arbeidet skal koordinerast med internasjonale avtaler, som EUs rammedirektiv for vatn og EUs marine strategi, og arbeidet med ei norsk russisk samla miljøvurdering for Barentshavet.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med gjennomføringa av St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan). For å sikre gjennomføringa av forvaltningsplanen i tråd med formålet vil Regjeringa føre vidare arbeidet med kartlegging av havbotnen (MAREANO) og kartlegging av sjøfugl (SEAPOP). Kartlegginga skal prioriterast i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten frem mot år 2010 når forvaltningsplanen skal oppdaterast. Regjeringa vil dessutan føre vidare anna kunnskapsoppbygging om havområdet, under dette vidareutvikling av det samordna overvakingssystemet, vidare oppbygging av miljøprøvedatabanken, kartlegging av tilførsler og nivå av forureining i havområdet og forsking på konsekvensar av langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet.

Regjeringa vil halde fram med utarbeiding av ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet som det er teke sikte på å fremje for Stortinget i 2009.

Regjeringa ønskjer vidare at Noreg gjennom det internasjonale samarbeidet i OSPAR og andre organisasjonar skal vere pådrivar for at det blir etablert ein felles, regional forvaltningsplan for Nordsjøen. EUs rammedirektiv for vatn, EUs marine strategi og det kommande direktivet for hav vil danne grunnlaget for dette arbeidet. I dette arbeidet vil det bli lagt vekt på å integrere planarbeidet for vassførekomstane på land.

Rammedirektivet for vatn

Vassforskrifta som trådde i kraft 1. januar 2007 er det viktigaste verkemiddelet for å sikre ei heilskapeleg forvaltning av vassdrag og dei kystnære områda. I tråd med forskrifta skal det blant anna innan 2009 utarbeidast forvaltningsplanar og tiltaksprogram for 20 pst av vassførekomstane, og innan 2015 skal det liggje føre planar og tiltak for alle vassførekomstane. For 2008 er arbeidet med gjennomføringa av vassforskrifta styrkt.

Resultatområde 3 – underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 2, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av næringssalt (nitrogen og fosfor) og partiklar til ferskvatn og marine område.

Tabell 8.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvassførekomstar og marine område som er prega av overgjødsling eller nedslamming, skal reduserast til eit nivå som sikrar god økologisk tilstand for vassførekomstane innan 2021 i tråd med kravane i vassforvaltningsforskrifta.

1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forureiningsforskrifta og bidra til å nå vassforvaltningsforskriftas mål om god tilstand.

Den delen av befolkninga som er knytt til avløpsanlegg som oppfyller reinsekrava i forureiningsforskrifta.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta

Målet inneber at utsleppa frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med det nye avløpsregelverket i forureiningsforskrifta del 4 som vart fastsett i desember 2005. Regelverket har som formål å verne miljøet mot uheldige verknader av utslepp av avløpsvatn. Det nye regelverket samlar, forenklar og standardiserer det statlege regelverket på avløpsområdet. På enkelte område er også utsleppskrava blitt strengare, og kommunane blir gitt auka mynde. Bl.a. har kommunane fått nye verkemiddel til å regulere innhaldet i avløpsvatnet som blir sleppt ut på det kommunale avløpsnettet. Det nye avløpsregelverket er omfattande og trådde i hovudsak i kraft 1. januar 2007. For at kommunane skal få tilstrekkeleg tid til å setje seg inn i regelverket og gjere nødvendige førebuingar, vil dei nye krava til reinsing av avløpsvatn tre i kraft frå 31. desember 2008. Kvart enkelt avløpsanlegg rapporterer årleg kor mykje dei reinsar, og det blir arbeidd med å leggje til rette rapporteringssystemet Forureining slik at nøkkeltal for kor mange av dei aktuelle anlegga som oppfyller krava til primær-, sekundær-, eller tertiærreinsing blir tilgjengelege i 2009.

Tabell 8.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3: underområde 2 Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

2. Ingen vassførekomstar skal forringast (nedklassifiserast) som følgje av auka tilførsler av næringssalt eller partiklar i tråd med kravane i vassforvaltningsforskrifta.

2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt frå avløp.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Sikre at utsleppa frå avløp til vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar ikkje aukar.

Dei to nye nasjonale resultatmåla for overgjødsling og nedslamming, som vart presenterte i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, byggjer på målsetjingane i den nye vassforvaltningsforskrifta, som gjennomfører EUs rammedirektiv for vatn. Måla fokuserer på tilstanden i økosystemet (tilstandsmål), og er uttrykk for ein meir heilskapleg og systematisk politikk på overgjødslingsområdet. Måla krev gjennomføring av ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av fosfor og nitrogen til ferskvatn og marine område. Partiklar er òg inkludert i dei nye måla, då tilførsler av partiklar kan vere eit meir omfattande problem enn ein tidlegare har trudd.

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.

I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er eutrofipåverka. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte med respektive 64 og 42 pst. i perioden 1985-2005 er mange lokale fjordarmar framleis påverka, i tillegg til bortfallet av sukkertare langs Skagerrakkysten. Årsaka til eutrofiproblema er truleg at tilførselsreduksjonane i ein del område ikkje har vore tilstrekkelege, og auka avrenning frå land på grunn av milde vintrar og auka nedbør i delar av landet. Modellutrekningar viser at langtransporterte tilførsler av næringssalt har gått ned etter 1995, basert på at tilførslene av nitrogen og fosfor frå dei kontinentale elvane har gått ned. Eutrofiering førekjem dessutan i mindre omfang i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg. Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs den norske Skagerrakkysten. Det er anslått at omlag 90 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå dette området og at omlag 50 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.

Årsaka til at sukkertaren har blitt borte, ser ut til å skuldast ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar, lite vind og bølgjer, og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr. Bortfallet av sukkertare kan få konsekvensar for det biologiske mangfaldet og grunnlaget for bl.a. kystfiske og kystsamfunn, og føre til lægre kvalitet på fritidsaktivitetar og rekreasjon. Statens forureiningstilsyn samarbeider med Direktoratet for naturforvaltning for å kartleggje omfanget, årsakene og kjeldene til tareskogdøden, slik at ein kan vurdere nødvendige tiltak. Direktorat frå fleire sektorar vil samarbeide om tiltaksanalysar for å finne dei mest effektive tiltaka.

For ytterlegare omtale av status på overgjødslingsområdet, viser ein til St. meld. nr. 26 (2006-2007) om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 2 Overgjødsling og nedslamming er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410 og 1445 budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2008. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde . Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskriftsføresegner, er kommunane gitt høve til å dekkje kostnadene sine på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og vurderer behov for eventuelle endringar. Krav til utslepp av avløpsvatn er samla i forureiningsforskriftas del. IV, som gjennomfører eit forenkla søknadssystem for utsleppsløyve basert på standardkrav. Mynde etter dette kapittelet er delt mellom fylkesmannen og kommunen ut frå storleiken på den aktuelle tettstaden.

Kommunanes høve til å fastsetje minimumsgebyr for vatn og avløp fell bort frå 1. januar 2008. Minimumsgebyr inneber at kommunane set eit minstegebyr som abonnentane må betale uavhengig av forbruk. Men lågt forbruk beror på skjønn, og det har vore ulik praktisering av regelverket. Mange har òg vore opptekne av å få meir forbruksavhengige gebyr, blant anna av omsyn til einslege med lite vassforbruk. Dette er noko av bakgrunnen for at høvet til å fastsetje minimumsgebyr no fell bort.

Innan fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve, i medhald av forureiningslova. Statens forureiningstilsyn er konsesjonsstyresmakt for desse utsleppsløyva.

I tillegg vil Regjeringa føre vidare arbeidet med å utforme nasjonale verkemiddel og tiltak for å redusere belastninga på sukkertaren langs kysten.

Resultatområde 3 – underområde 3 Oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 3, omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av olje og andre miljøskadelege stoff til ferskvatn og marine område, inkludert kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining.

Tabell 8.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre helse- eller miljøskade, eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøskadelege stoff over tid.

1.1 Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemda.

1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip stansast eller minimerast.

Talet på mottaksordningar for avfall frå skip.

Talet på og mengd oppdaga akutte og ulovlege utslepp av olje frå skip.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp)

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn endå strengare krav enn for sokkelen elles. I dette området er det sett krav om at det ikkje skal vere utslepp til sjø av borekaks og produsert vatn ved normal drift, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar, men ikkje for naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Mange av felta hadde implementert tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn innan utgangen av 2005. Enkelte av dei planlagde tiltaka har kravd lengre tid å gjennomføre. Endeleg måloppnåing for eksisterande felt vil av den grunnen ikkje kunne vurderast før i 2008-2009. Regjeringa vil derfor i 2009 vurdere måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka kontinuerleg sidan 1997. I perioden 2000 til 2005 auka vassproduksjonen med 27 pst. frå 116,1 mill. m3 til 147,3 mill. m3. I 2006 var det likevel ein liten reduksjon til 144,3 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2011 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir anten pumpa tilbake i reservoaret, eller reinsa og sleppt ut. I 2006 vart det i alt sleppt ut 2 437 tonn olje til sjø saman med det produserte vatnet. Dette er ein reduksjon samanlikna med utsleppa i dei føregåande åra og er på nivå med utsleppet i 1999. Nedgangen i 2006 skuldast i hovudsak reduksjon i konsentrasjonen av olje i produsert vatn. Sidan 1994 har den gjennomsnittlege oljekonsentrasjonen (dispergert olje) i produsert vatn gått gradvis ned frå 25 mg/l til 16,9 mg/l.

Vi viser til St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for nærare omtale av måloppnåing og nye tiltak for å nå nullutsleppsmålet.

Arbeidsmål 1.2. Sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip blir stansa eller minimert

Det tidlegare arbeidsmålet om at Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante styresmakterer omarbeidd for å synleggjere dei utfordringane som skipsfarten står overfor i dag. Det nye arbeidsmålet skal derfor sjå til at operasjonelle, akutte og ulovlege utslepp av olje, miljøfarlege stoff, avfall og framande organismar til sjø frå skip blir stansa eller minimert (jf. arbeidsmål 1.2.).

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens regelverket som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip vil tre i kraft i juli 2008. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Regjeringa vil arbeide med ei forskrift om handtering av ballastvatn.

Noreg arbeider for at IMO skal forby bruk av tungolje som drivstoff på skip. Dette forslaget vil redusere risikoen for ulykkesutslepp frå skip, generere mindre oljehaldig avfall frå skip og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten.

Forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip gjennomfører EUs direktiv (direktiv 2000/59/EF) om mottaksanlegg i hamner for avfall og lasterestar frå skip i norsk rett. Forskrifta pålegg alle hamner å syte for etablering og drift av mottaksordningar for handtering av avfall og lasterestar frå skip som trafikkerer hamna. Vidare skal hamneansvarleg utarbeide ein plan for avfallshandtering som skal sendast Fylkesmannen. Kostnadane skal dekkjast inn ved innkrevjing av avfallsgebyr frå skip som trafikkerer hamna uansett om dei leverer avfall eller ikkje («no special fee»).

Forureiningsskrifta kapittel 20 omfattar alle norske hamner, totalt ca. 7 000 hamner av ulik storleik og art. Ei spørjeundersøking om oppfølginga av forskrifta vart ferdigstilt i januar 2007 og omfatta 200 av dei 456 større hamnene. 121 hamner svarte på undersøkinga. Resultata viser at dei fleste offentlege hamnene har utarbeidd avfallsplan og har mottak som fungerer tilfredsstillande, og til ei viss grad har dei etablert gebyrordninga « no special fee». Det er likevel mange hamner som framleis ikkje følgjer krava i forskrifta. Dette skuldast delvis at forskrifta ser ut til å vere dårleg kjent, og i tillegg at særleg dei mindre hamnene oppfattar plikta om å utarbeide avfallsplan som tung. Miljøstyresmaktene vil derfor styrkje tilsynsaktiviteten på dette området.

For å få eit føremålstenleg nivå på rapporteringa på dette området, vil kartlegginga i framtidige budsjettproposisjonar bli avgrensa til 456 større hamner som er oppførte på relevante hamnelister. Av desse er 53 offentlege trafikkhamner, og 403 er andre offentlege og private hamner.

Det er dei akutte og ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.

Gjennom Kystverkets system for overvaking vart det identifisert ca. 90 ulovlege utslepp frå skip i 2006, mot 100 i 2005. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 75 m (64 tonn) olje i 2006, mot 27 m (23 tonn) i 2005 og 363 m (309 tonn) i 2004. Dei høge tala for 2004 skuldast i stor grad utslepp i samband med forliset av lasteskipet Rocknes i Vatlestraumen utanfor Bergen i januar 2004.

Talet på akutte kjemikalieutslepp frå skip i 2006 var 3 og mengd utsleppte kjemikaliar var 20 m3.

Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.

Tabell 8.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 3 Oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

2.Risikoen for helse- eller miljø­skade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Dette skal òg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining.

2.1 Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innanfor dei rammene som styresmaktene har sett, bl.a. gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2006 var det i alt 122 akutte utslepp av olje på til saman ca. 122 m3 (104 tonn) frå offshoreverksemda på norsk sokkel. Dette utgjer om lag 4,2 pst. av utsleppet av olje. Dei siste åra har dette variert betydeleg. Tala viser at sidan år 2000 har prosentdelen variert mellom 1,1 og 28,4 pst.

På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 34 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2006 vart det registert 95 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd som til saman utgjorde 655 m. Dette er ein betydelig auke samanlikna med utsleppa i 2005. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert industriverksemd varierer likevel sterkt mellom dei ulike åra og er sterkt påverka av enkelthendingar.

Akutte utslepp frå skip er omtalt under arbeidsmål 1.2

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 3 Oljeforureining er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men i tillegg inneheld kap. 1400, 1410,, 1445 og budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2008. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Petroleumsindustriens nullutsleppsmål

Nullutsleppsmålet blir vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det skal likevel framleis vere sterkt fokus på substitusjon (utskifting av kjemikaliar med mindre miljøfarlege alternativ). Regjeringa tek sikte på i 2009 å vurdere måloppnåing og behovet for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Utslepp til sjø frå skipsfarten

Noreg vil føre vidare arbeidet innanfor FNs sjøfartskonvensjon (IMO) for å medverke til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonar og syte for god handheving. Regjeringa arbeider med ei forskrift om handtering av ballastvann.

Kravstilling til beredskap

Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet.

Resultatområde 3 – underområde 4 Miljøgifter

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk, utslepp og spreiing av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid. Det gjeld bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og nokre andre kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft. 

Miljøstyresmaktene har ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøstyresmaktene ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktenes ansvar. Miljøstyresmaktenes ansvar er vidare avgrensa i forhold til nokre bruksområde for kjemikaliane og i forhold til enkelte eigenskapar ved dei. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøstyresmaktenes ansvarsområde.

Tabell 8.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål:

Miljøforvaltningas arbeidsmål:

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar:

1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. Prioritetslista og kriteria i tabell 8.9 ) skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2005 og 2010.

1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa.

Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Sjå til at utslepp av prioriterte miljøgifter blir reduserte eller stansa

Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista stansast innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010 i forhold til nivået i 1995.

Tabell 8.9 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)

Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005:

Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010:

Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under:

- Klorparafinar, kortkjeda

- PCB

- Pentaklorfenol

- Nonylfenol og nonylfenoletosilat

- Oktylfenol og oktylfenoletoksilat

- Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTDMAC)

- Arsen

- Bromerte flammehemmarar

- 1,2 Dikloretan (EDC)

- Dietylheksylftalat (DEHP)

- Dioksin og furan

- Heksaklorbenzen

- Høgklorerte mellomkjeda parafinar

- Klorerte alkyl benzen (KAB)

- Muskxylen

- Tetrakloreten (PER)

- Triklorbenzen

- Trikloreten (TRI)

- PAH

- PFOS-relaterte sambindingar

- Tributyltinnsambindingar

- Trifenyltinnsambindingar

- Bly

- Kadmium

- Koppar

- Kvikksølv

- Krom

- Perfluorinert oktansyre (PFOA)

- 2,4,6 tri-tert-butylfenol

- Dodecylfenol m. isomerer

- Bisfenol A

- decametylcyklopentasiloxan (D5)

1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som

a) har alvorlege langtidsverknader for helse, eller

b) er svært giftige i miljøet.

2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organismar (utan krav til kjende giftverknader)

3. Stoff som blir funne att i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som gir tilsvarande grunn til bekymring.

4. Andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring, slik som hormonforstyrrande stoff og tungmetall.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Dette gjeld dessutan for stoffa med mål om stans i utsleppa innan 2005, og tabellen viser førebelse resultat for desse.

Tabell 8.10 Stoff der utslepp av enkelte miljøgifter skal stansast innan 2005. Førebels resultat for utsleppsreduksjonar og prognose for 2005.

Utslepp 1995 (tonn)

Utslepp 2005 (tonn)

Utsleppsred. 1995-2005 (%)

Miljøgift

Kortkjeda klorparafinar

1,1

0

100

Nonyl/oktylfenol og etoksilata deira

169

9,5

94

Pentaklorfenol

Ca. 10

0

100

Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHDTMAC) (1995-data erstatta med 1998-data)

8

1

89

PCB *(ståande masse)

384*

155*

60*

All ny bruk av PCB har vore forboden sidan 1980. Ein handlingsplan for å redusere utslepp av PCB vart lagt fram i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Sett i internasjonal samanheng har Noreg komme langt i dette arbeidet, men vedvarande innsats er nødvendig.

Frå 1980 til 2005 er ca. 86 pst. av den PCB som fanst i ståande masse teken ut av bruk. For eksempel vart 400 tonn PCB i transformatorar og store kondensatorar fasa ut i 1994.

PCB-haldige isolerglasruter og PCB-kondensatorar i lysarmatur er blant dei største attverande kjeldene til PCB-forureining. For å auke innsamlinga og sikre forsvarleg behandling ut frå miljøomsyn, vart det forskriftsfesta ei utfasingsfrist for PCB-kondensatorar i lysarmatur i 2000. I 2004 vart det innført ei plikt for importørar og produsentar av isolerglasruter til å delta i eit retursystem for PCB-haldige isolerglasruter. Forskrifta syter for at alle som har avfall kan levere kasserte PCB-haldige isolerglasruter til forsvarleg behandling til ein pris som ikkje overstig kva det kostar å levere inn isolerglasruter utan PCB til vanleg mottak. Statens forureiningstilsyn følgjer opp utskiftingskrava og krava til handtering av PCB-haldig avfall med kontroll for å sjå til at regelverket er etterlevt.

Kopar er ei miljøgift som kan utgjere ein alvorlig lokal miljørisiko i vatn, og Regjeringa legg derfor stor vekt på å få redusert dei lokale utsleppa. Utslepp av kopar er likevel ein mindre trussel mot helse og miljø nasjonalt og internasjonalt enn utslepp av dei andre prioriterte miljøgiftene. Regjeringa vil derfor vurdere nærare målsetjingane og verkemidla for utslepp av kopar

Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, og for dei aller fleste stoffa sin del er det venta utsleppsreduksjonar i tråd med målet. Det er likevel naudsynt med framhalden innsats for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010. Dette er eit første steg mot målet om å stanse utsleppa innan 2020, sjå resultatmål 3.4.2. Måloppnåing for alle prioriterte miljøgifter er presentert i Stortingsmelding nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid.

Tabell 8.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan ein generasjon (dvs. innan 2020).

2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige for helse og miljø, og/eller som er vanskelege eller svært vanskelege å bryte ned i naturen og som hopar seg opp i næringskjedene, (jf. kriteria i tabell 1). Miljøgifter som hopar seg opp i miljøet og næringskjedene medfører ei gradvis forgifting av jord, luft, vatn, menneske og dyr. Det må arbeidast kontinuerleg med å identifisere slike stoff både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Generasjonsmålet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR-konvensjonen. Innan OSPAR er rundt 55 stoff eller stoffgrupper prioriterte for tiltak. Eit liknande mål er dessutan blitt vedteke i EUs rammedirektiv for vatn. ECE-protokollane om organiske miljøgifter og tungmetall under langtransportkonvensjonen (LRTAP) trådde i kraft i 2003. Dei globale avtalene Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar trådde i kraft i 2004. Avtalene styrkjer den internasjonale reguleringa av miljøgifter, og det blir arbeidd med å få inn strengare krav og inkludere fleire stoff i avtalane. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale avtaler og plikter medverkar til at vi kjem nærare generasjonsmålet.

Tabell 8.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3. Nasjonalt resultatmål

Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar årsaker skade på helse og miljø skal minimerast.

3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø.

Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Arbeide for å minimere risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar fører til skade på helse og miljø

Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljø­skade.

Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlege kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko. Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Produktregisteret har lagt til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar.

Basert på omsetningstal kombinert med eit sett korreksjonsfaktorar som seier noko om korleis kjemikaliane vert brukte og kva eigenskapar dei har, er det utvikla ein risikoindikator for helse- og miljøfarlege stoff, der indikatoren i 2002 er sett lik 1. Figur 8.1 viser utviklinga i denne risikoindikatoren for helsefarlege (CMR-klassifiserte, kronisk giftige og allergiframkallande stoff) og miljøfarlege stoff i perioden 2002 – 2005. Årleg evaluering og betring av berekningsmodellen vil bli gjennomført.

Figur 8.1 Risikoindikatorar: Potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege
 stoff. 2002-2005, der 2002=1.

Figur 8.1 Risikoindikatorar: Potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2005, der 2002=1.

Kjelde: SSB

Tabell 8.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

4. Spreiing av miljøgifter1 frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining2.

1 Miljøgifter er definert som kjemikaliar omfatta av resultatmål 1 og 2.

2 Lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med ­spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 4.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av miljøgifter frå forureina grunn og arbeide for å redusere risiko frå spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljøproblema er løyste på dei om lag 100 verste lokalitetane på landsbasis, slik at forureininga på desse ikkje utgjer fare for helse eller miljø. Den einaste gjenståande lokaliteten er Raufoss Næringspark der dei alvorlegaste forureiningane etter planen skal vere rydda opp i løpet av 2007 og der all historisk grunnforureining er planlagt rydda opp i løpet av 2008. Vidare er miljøtilstanden undersøkt og eventuelt behov for oppryddingstiltak ferdig kartlagt på om lag 500 utpeikte lokalitetar. På om lag 130 av desse lokalitetane viste undersøkingane at det er behov for opprydningstiltak.

For det vidare arbeidet med forureina grunn er det lagt til grunn at spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Med spreiing er her meint både avrenning til omkringliggande område og eksponering av menneske, dyr og planter som oppheld seg på forureina grunn. Det vil særleg bli prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn (sjå arbeidsmål 5.1.). Det er dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn. Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar vart fremma hausten 2006.

Pr. 15. april 2007 er det 353 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar vil gå ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.

Tabell 8.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 4 Miljøgifter

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

5. Sediment (botnmassar i vatn) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

5.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment.

Nøkkeltala på feltet er til vurdering1.

1 Nøkkeltal for forureina sediment er til vurdering. Det blir arbeidd med å få fram eit sett med nøkkeltal som er eigna til å ­følgje status og utviklinga på feltet. Arbeidet er bl.a. avhengig av eit betre datagrunnlag. Nye nøkkeltal vil bli lagt fram ­seinare i ei stortingsmelding eller -proposisjon.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 5.1. Syte for gjennomføring av tiltak for opprydding av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i forureina sediment

I St. meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det presentert tre hovudløp i arbeidet med opprydding i forureina sediment: Gjennomføre tiltak i høgrisikoområde og hamner med spreiingsfare, utarbeide fylkesvise tiltaksplanar for større fjord- og kystområde med forureina sjøbotn, og skaffe auka kunnskap gjennom bl.a. pilotprosjekt og oppretting av eit nasjonalt råd for sedimentsaker. Alle element i dei tre løpa er følgde opp gjennom regjeringas handlingsplan for forureina sjøbotn. Det er gjennomført og avslutta fem pilotprosjekt. Opp­rydd­ing er starta opp i Hammerfest, Kristiansand, Sandefjord, Trondheim og Oslo. Nasjonalt råd for forureina sediment vart oppretta for å samanstille kunnskap og gi råd om gjennomføring av prosjekt. Arbeidet til nasjonalt råd for forureina sediment vart avslutta 30. juni 2006.

Verkemiddel

Resultatområde 3, underområde 4 helse- og miljøfarlege kjemikaliar er i hovudsak planlagt finansiert over Statens forureiningstilsyns budsjett kap. 1441 og kapitla 1400, 1410 og 1444. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for oppgåver under resultatområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.

Regjeringa fremja hausten 2006 ei stortingsmelding om arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, St. meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Regjeringa har der lagt frem eit omfattande og detaljert oversyn over aktuelle verkemiddel for å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar og stanse utsleppa av miljøgifter, og rydde opp i forureina grunn og sjøbotn.

I dette inngår verkemiddel og tiltak for å stanse utslepp frå produkt, både under produksjon, bruk og når dei blir avfall. Streng regulering av utslepp frå industri og prosessutslepp skal leggjast til grunn. Verkemiddelbruken i kjemikaliepolitikken har som føremål å redusere risiko frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar generelt, mens det for miljøgiftene er lagt til grunn at alle utslepp skal stansast innan 2020, i tillegg til at utsleppa skal reduserast vesentleg allereie innan 2010.

Innsatsen vil omfatte ei styrkt regulering av helse- og miljøfarlege kjemikaliar både internasjonalt og nasjonalt. Regjeringa vil bl.a. syte for at norsk forvaltning skal kunne medverke aktivt til at det nye kjemikalieregelverket i EU (REACH) sikrar godt vern av helse og miljø og styrkje internasjonalt kjemikaliearbeid. Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Innsatsen under det nye kjemikalieregelverket (REACH) vil bli følgt opp løypande når det blir ein del av EØS-avtala.

Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar, PCB, PFOS, kvikksølv og prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Regjeringa vil arbeide for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Produktregisteret skal halde fram sitt arbeid for å betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta. Regjeringa vil òg auke kontroll og tilsyn med regelverket for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Regjeringa la elles fram ein handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid. Handlingsplanen byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.

Regjeringa legg opp til at nødvendige tiltak i dei større hamnene skal vere gjennomførte innan 10 år, jf. St.meld. nr. 12 (2001–2002) Rent og rikt hav. Regjeringa legg opp til at oppryddingstiltak i forureina sjøbotn i småbåthamner som hovudregel skal samordnast med anna opprydding av sjøbotn som blir utført i nærområdet der småbåthamna ligg. Regjeringa legg vidare opp til at det i løpet av 2007 skal setjast i gang undersøkingar av sjøbotn utanfor aktive og nedlagte skipsverft slik at forureiningstilstanden i sjøbotnen for dei høgast prioriterte områda skal vere undersøkt og eventuelle behov for tiltak vere avklart innan 2010.

I november 2006 la Miljøverndepartementet fram ein handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Handlingsplanen inneber i første omgang at grunnen i alle barnehagar i dei ti største byane og på fem store industristader skal undersøkjast innan utgangen av 2008 og at dei barnehagane der det blir avdekt uakseptabel forureining skal ryddast opp innan sommaren 2010.

Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. Det vil likevel vere behov for bidrag frå det offentlige til dekning av kostnader knytte til undersøkingar og opprydning i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene. Det er løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementets budsjett, sjå postomtalen til kap. 1441 post 39 Oppryddingstiltak.

Resultatområde 3 –underområde 5 Avfall og gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Resultatområde 3, underområde 5 omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.m. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

Det er utarbeidd nye arbeidsmål på underområde 5, men dette inneber ingen realitetsendringar. Vidare er det utarbeidd eit nytt tillegg til det nasjonale resultatområdet for farleg avfall (sjå under omtala av verkemiddel).

Tabell 8.15 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål:

Miljøforvaltningas arbeidsmål:

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar:

1 Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentlig lågare enn den økonomiske veksten.

1.1. Stimulere til at avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten1.

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Stimulere til at avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten

Miljøforvaltningas arbeid for avfallsminimering skjer gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.

Miljøforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfallsmengdene, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Regjeringa arbeider vidare for kvalitativ avfallsreduksjon, som først og fremst knyter seg til arbeidet med å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i produkt, og dermed også avfall (jf. resultatområde 3, underområde 4).

I perioden 1995-2005 auka den totale avfallsmengda med om lag 31 pst., mens BNP i same periode auka med 33 pst. (SSB 2005). Fram til rundt 2003 hadde dei totale avfallsmengdene ein vekst i tråd med det nasjonale målet til miljøstyresmaktene om at avfallsmengdene ikkje skal auke meir enn BNP. Hushaldsavfallet har auka meir enn BNP heile perioden. Dette er ikkje i tråd med det nasjonale målet. Etter 2003 har i tillegg næringsavfallet auka raskare enn økonomien. Auken kan skuldast høg aktivitet i store delar av næringslivet, men òg endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken.

Tabell 8.16 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 underområde 5 avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

2. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå.

2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla1.

Delen av avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale gjenvinningsmåla

Miljøforvaltninga skal medverke til å oppfylle gjenvinningsmåla gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.

Strenge krav til handtering av avfall og avgift på sluttbehandling av avfall medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfalls­typar legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling og energiutnytting. Totalt 7,7 mill. tonn avfall vart handtert på godkjend vis i 2005. Gjenvinningsdelen for vanleg avfall var 69 pst., mens 31 pst. gjekk til sluttbehandling (SSB 2005). Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd svært gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. Innsamling av EE-avfall har hatt ein stor auke etter at retursystemet kom på plass i 1999. I 2006 vart det samla inn om lag 133 000 tonn EE-avfall i Noreg. Dette svarer til rundt 28 kg EE-avfall pr. person. Høg levestandard, rask teknologisk utvikling og kortare levetid på produkt gjer at denne avfallstypen aukar opptil tre gonger så raskt som anna avfall. I 2005 oppnådde retursystema for emballasjeavfall ein samla gjenvinningsdel på 86 pst. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, til dømes er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast på over 95 pst.

Tabell 8.17 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde avfall og gjenvinning

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Resultatindikatorar

3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg av fall.

Mengd farleg avfall med ukjend disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Sjå til at det finst rammevilkår for å oppfylle dei nasjonale måla for farleg avfall

Miljøforvaltningas arbeid på dette området skjer gjennom forvaltning av forureiningslova og avfallsforskriftas kapittel 11 om farleg av fall.

Det fortløpande arbeidet i miljøforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. I tillegg medverkar særskilte returordningar til høge tal for gjenvinning, for eksempel for EE-avfall.

875 000 tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2005, ein auke på 2 pst. frå året før. I tillegg vart om lag 64 000 tonn handtert på ukjent vis, og delar av dette hamna i verste fall i naturen (SSB 2005), ein auke på 4 pst. sidan 1999. Auken frå 1999 skuldast at nye avfallstypar vart rekna som farlege frå 1. januar 2003. Held vi desse avfallstypane utanom, syner utviklinga i staden ein nedgang på 22 pst. Nedgangen skuldast først og fremst at innsamlinga av oljehaldig vatn auka kraftig frå 2004 til 2005.

Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen. Tala frå SSB tyder på at ein betydeleg del av mengda som er inkludert i kategorien ukjent handtering faktisk har gått til godkjent handtering og dermed er inkludert i dei 875 000 tonna til godkjent handtering.

Oljehaldig avfall utgjorde hovuddelen av mengda farleg avfall til ukjent handtering i 2005, slik situasjonen har vore sidan 1999. Mengda har likevel avteke med 33 pst. sidan 2004, til 35 000 tonn i 2005. Norske anlegg behandla 809 000 av dei 875 000 tonna, medan 66 000 tonn vart eksporterte til utlandet.

86 pst. av alt farleg avfall til godkjend hand­tering gjekk i 2005 til spesialdeponi eller andre former for sluttbehandling. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge sluttbehandlingsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).

Resultatområde 3, underområde 5 Avfall og gjenvinning finansierast over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking og 1429 Riksantikvaren. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 3, underområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Årleg oppstår om lag 4 mill. tonn nedbryteleg avfall. Av dette blir 1 mill. tonn deponert. Deponering av slikt avfall medfører danning av klimagassen metan, og utgjer meir enn 2 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg. Regjeringa varsla i St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk at den vil innføre eit forbod mot deponering av alt biologisk nedbryteleg avfall frå 1. juli 2009. Tiltaket vil i hovudsak bety redusert klimagassutslepp og samtidig auka utnytting av avfall til material- og energiformål. I tillegg oppnår ein redusert utslepp av miljø- og helseskadelege kjemikaliar gjennom sigevatn frå deponia. For å unngå utilsikta konsekvensar av deponiforbodet, blir det teke sikte på å innføre ein heimel for å gi unntak frå forbodet etter særskilt vurdering, der det bl.a. blir lagt vekt på omsyn til miljøet og distrikta. Eit forslag til forbod mot deponering av biologisk nedbryteleg avfall vart sendt på høyring frå Statens forureiningstilsyn 5. juli i år.

Byggjeavfall utgjer i mengd ein av dei største avfallsstraumane og består av ei rekkje ulike typar avfall. Vurderinga er at avfallsplanar har positive effektar med omsyn til å styre slikt avfall vekk frå deponi og hindre ulovleg disponering. Ein tek sikte på å innføre nye krav om obligatoriske avfallsplanar i byggjesaker frå 1. januar 2008. Dette vil ha positive effektar for arbeidet med farleg avfall, blant anna PCB, ved at farleg avfall i bygningsmassen blir kartlagt og levert til godkjent mottak.

Dagens statlege tilskot til oppsamlingssystemet for bilar vart avvikla samstundes med innføring av produsentansvaret for bilar frå 1. januar 2007. Regjeringa vil inntil anna vert avgjord føre vidare dagens statlege avgifts- og panteordning. Årleg har det vert innlevert om lag 110 000 bilvrak. Dette gjev ei innsamlingsgrad på om lag 95 pst. Miljøstyresmaktene ser det som svært viktig at bransje­organiserte system medverkar til ei minst like høg innsamlingsgrad, og til ei ut frå miljøomsyn forsvarleg behandling og utnytting av dei kasserte køyretøya. Vrakpanten vert, avgrensa til budsjettåret 2008, auka frå 1 500 kroner til 5 000 kroner for dei mest forureinande dieselkøyretøya. Tiltaket er eit ledd i satsinga for mindre forureining frå vegtrafikken, der eit anna nytt tiltak også er ei auka årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter. Sjå elles omtale av den statlege avgifts- og panteordninga under kap. 1441 post 75 Utbetaling av pant for bilvrak.

Miljøavgifta på drikkevareemballasje skal prise kostnader ved at drikkevareemballasje hamnar som søppel i naturen. Miljøavgifta blir differensiert etter emballasjens innhald og art. Miljøavgifta er gradert etter mengda som blir returnert, slik at emballasje som inngår i godkjende retursystem får redusert avgiftssats.Ved ein returdel på 95 pst. fell miljøavgifta bort. Den gir derfor sterke insentiv til effektive retursystem. Returdelen for drikkekartongar, unnateke skulemjølk, var om lag 64 pst. i 2005, mens emballasje på skulemjølk oppnådde ein returdel på 88 pst.

Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441 post 76. For nærare omtale av avgifta sjå St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte, avgifts- og tollvedtak. Styresmaktene vurderer å foreslå ei produsentansvarsordning for spillolje, som erstatning for dagens særavgift og tilhøyrande refusjonsordning. Formålet med produsentansvar vil vere å auke innsamlingsgraden for brukt smøreolje og leggje til rette for at spillolje i så stor grad som mogleg blir gjenvunnen eller utnytta til energiformål. Det vil bli lagt vekt på at ei eventuell ny ordning på dette området vil bli utforma i samråd med dei berørte aktørane i næringslivet.

Avgift på forbrenning av avfall vart 1. juli 2004 omgjort til ei avgift basert på utslepp av miljøskadelege stoff til luft. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall individuelt for alle anlegg, samtidig som den legg betre til rette for ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon, jf. både energi- og klimapolitikken. Etter at utsleppsavgifta vart innført, har det vore stilt spørsmål ved enkelte av avgiftssatsane, bl.a. avgiftssatsen på utslepp av krom. Avgiftssatsane skal i prinsippet tilsvare dei miljøskadane som utsleppa medfører. Utrekningar av miljøskadar er usikre og verdsetjinga av skadane kan dessutan endrast over tid. På denne bakgrunnen er dei einskilde avgiftssatsane vurderte på nytt. Det vart med verknad frå 2007 gjort ei endring i satsane for utslepp av krom og klimagassen CO2. For utslepp av andre stoff vart det gjort ei rein prisjustering.

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. For å redusere risiko for helse og miljø frå farleg avfall har Regjeringa gjort ei tilføying til det nasjonale resultatmålet for farleg avfall om at generinga av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 3, underområde 4, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn har gjennomført ein strategi for å auke innsamling av farleg avfall i perioden 2004–2006. Målet med strategien var både å auke innsamlinga av farleg avfall og å redusere mengda farleg avfall som oppstår. Strategien vil bli revidert i 2007, og ført vidare i perioden 2008–2010 med fokus på fleire kategoriar farleg avfall og nye verkemiddel. Det vil bl.a. bli utgreidd korleis informasjon om kva som er farleg avfall kan bli gjort betre tilgjengeleg for brukar/forbrukar.

9 Resultatområde 4 Eit stabilt klima og rein luft

Resultatområde 4: Eit stabilt klima og rein luft består av tidlegare resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Det nye resultatområdet består av fem underområde:

4.1. Klimaendringar

4.2. Nedbryting av ozonlaget

4.3. Langtransporterte luftforureiningar

4.4. Lokal luftkvalitet

4.5. Støy

Statusomtala på det nye resultatområdet er utforma i forhold til nasjonale resultatmål og arbeidsmål slik dei er formulerte i Miljøverndepartementets St.prp. nr. 1 for 2006-2007.

Det er utarbeidd nye nasjonale mål (jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007)) og nye arbeidsmål, jf. tabell 9.1. Arbeidsmål 1.2 blir ført vidare frå fjordårets budsjett. Dei nye arbeidsmåla er omtalt nærare under statusomtala på underområde 1 Klimaendringar.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen. Den globale temperaturen skal ikkje auke meir enn 2ºC.

Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innafor kritiske belastningsgrenser (tolegrensene i naturen), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.

Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Resultatområde 4 – underområde 1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 1 klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 prosent under 1990-nivå.

2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 prosent av Noregs utslepp i 1990.

3. Noreg skal vere karbonnøytralt i 2050.

1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.

1.2 Medverke til å avgrense og redusere utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 13–16 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007.

3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2050, bl.a. ved å utarbeide ein investeringsstrategi for kvotekjøp og ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppssamfunn.

3.2. I løpet av 2008 etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette å fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Nasjonal utsleppsutvikling. Avsette midlar til finansiering av kvotar ut over initiell utsleppskvote.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Kyotoprotokollen trådde i kraft 16. februar 2005 etter at Russland hadde gjennomført den avgjerande ratifiseringa. Noreg ratifiserte Protokollen i 2002. Dei siste par åra har arbeidet internasjonalt bl.a. vore knytt til å oppfylle forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har bl.a. fokusert på operasjonalisering av Den grøne utviklingsmekanismen (CDM).

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. i arbeidet med å utvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen vidare til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa vil leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.

Noreg har ei folkerettsleg forplikting under Kyotoprotokollen som inneber at Noregs gjennomsnittlege årlege utslepp i perioden 2008–2012 ikkje skal vere høgare enn ein prosent over 1990-nivået. Kyotoprotokollen opnar for at partane, som supplement til nasjonale tiltak, kan bruke Kyoto-mekanismane til å oppfylle utsleppsforpliktinga. Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa vil skjerpe Noregs Kyoto-forplikting. Regjeringas nye mål inneber at Noregs utslepp, når det er teke omsyn til bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen, i gjennomsnitt i perioden 2008–2012 skal vere ni prosent lågare enn dei var i 1990. Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, Jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk.

Arbeidsmål 1.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil auke tilgangen på energi gjennom å satse på nye miljøvennlege energiformer.

Regjeringas mål er at eksisterande og nye verkemiddel i petroleums- og energisektoren utløyser ein reduksjon i klimagassutsleppa med 3–5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i denne sektoren i forhold til den referansebana som er lagt til grunn i Statens forureiningstilsyns tiltaksanalyse. For å nå dette målet har regjeringa bl.a. foreslått å auke kapitalen i gassteknologifondet, auke kapitalen i grunnfondet for energieffektivisering og fornybar energi med inntil 10 mrd. kroner innan 2012, og etablere ei ny støtteordning for konvertering av oljekjelar til fornybar varme i regi av Enova. I tillegg blir det vurdert å innføre forbod mot å erstatte gamle oljekjelar med nye i eksisterande bygningar. Regjeringa har vidare foreslått å innføre forbod med heimel i plan- og bygningslova mot installering av oljekjel i nye bygningar. Lova skal etter planen tre i kraft 1. januar 2009.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

I 2005 var dei samla norske klimagassutsleppa på 54 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå/Statens forureiningstilsyn viser at dei samla norske klimagassutsleppa var på 53,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2006, men utsleppa i Noreg er venta å auke i åra framover. Som svar på denne utfordringa har regjeringa teke initiativ til ein meir offensiv klimapolitikk. Som EU har vi vedteke ei langsiktig målsetjing om at klimaendringane må avgrensast slik at den globale middeltemperaturen ikkje aukar meir enn 2 °C. Regjeringas klimapolitikk vil gi resultat både i forhold til utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen og i eit meir langsiktig perspektiv.

Klimakvotelova trådde i kraft 1. januar 2005 og knyter kvoteplikt til om lag 50 norske industribedrifter for perioden 2005–2007. Endringar i lova trådde i kraft 1. juli 2007, og inneber at kvotesystemet blir utvida, og vil omfatte bl.a. petroleumsverksemda på norsk sokkel i tillegg til landbasert industri og energianlegg over 20 MW. Over 40 pst. av dei norske klimagassutsleppa vil vere kvotepliktige. Kvotesystemet vil saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel medverke til å redusere utslepp av klimagassar på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Regjeringa arbeider no saman med Island, Lichtenstein og EU-kommisjonen med å innlemme EUs kvotedirektiv i EØS-avtala. Dette inneber at bedrifter i det norske systemet vil kunne handle kvotar med bedrifter i Europa.

Regjeringa har ein tredelt strategi for å nå målsetjingane i klimapolitikken. Ei betre internasjonal klimaavtale er det første og viktigaste elementet i klimapolitikken. Det andre elementet er at Noreg må medverke til utsleppsreduksjonar i utviklingsland og raskt veksande økonomiar som Kina, India mfl. Det tredje elementet er at innsatsen for reduksjon av utslepp i Noreg må intensiverast.

Det er i dag ikkje mogleg å ha sikker kunnskap om den utsleppsreduserande effekten av eksisterande og nye tiltak dei neste 10-15 åra. Det er heller ikkje mogleg no å ha kunnskap om alle utsleppsreduserande tiltak som vil bli gjennomførte i Noreg fram mot 2020. Dette vil bl.a. avhenge av den teknologiske utviklinga og utviklinga i karbonprisen. Dessutan vil særleg utviklinga på norsk sokkel ha innverknad på utsleppsnivået i Noreg i 2020. I nasjonalbudsjettet for 2007 vart utsleppa av klimagassar i 2020 på usikkert grunnlag utrekna til om lag 59 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Erfaringsvis vil ei slik referansebane kunne endrast over tid. Basert på Statens forureiningstilsyn si tiltaksanalyse, dei sektorvise klimahandlingsplanane og eksisterande verkemiddel, meiner regjeringa at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utsleppa i Noreg med 13-16 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

Dette inneber i tilfelle at om lag halvparten og opp mot to tredelar av Noregs totale utsleppsreduksjon blir teken nasjonalt. Det er lagt til grunn at ei ny internasjonal klimaavtale gjer det naudsynt med ein revisjon av nasjonale mål og verkemiddel. Dersom uviklinga går i retning av at måla ikkje blir realiserte, vil regjeringa vurdere ytterlegare tiltak.

Klimameldinga foreslår ei rekkje tiltak for å nå desse måla innanfor dei viktigaste samfunnssektorane med klimagassutslepp i Noreg.

I 2006 la Noreg fram ein såkalla initiell rapport før FNs klimakonvensjon. Denne inneheld tal over utslepp som skal vere grunnlag for å rekne ut den konkrete kvoten vi er tildelt under Kyotoprotokollen. SFT har utarbeidd desse tala, og samarbeider spesielt med Statistisk Sentralbyrå og Norsk institutt for skog og landskap (tidlegare Norsk institutt for jord- og skogkartlegging) om dette.

Den initielle rapporten beskriv vidare eit nasjonalt system som sikrar at utslepp og opptak av klimagassar er berekna, rapporterte og arkiverte i medhald av Kyotoprotokollens regelverk. Det norske systemet byggjer på dagens samarbeid mellom bl.a. SFT, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for skog og landskap. På bakgrunn av dette er SFT peikt ut som nasjonal eining med overordna ansvar for rekneskapen og rapporteringa.

Hovudtyngda av arbeidet knytt til utsleppsrekneskapen er finansiert av SFT, SSB og Norsk institutt for skog og landskap gjennom løyvingar over statsbudsjettet til dei respektive institusjonane.

For å utvikle og drifte ein rekneskap som tilfredsstiller Kyotoprotokollens reglar for kartlegging og rapportering av klimagassar frå skog og andre areal (LULUCF), må Norsk institutt for skog og landskaps Landsskogstaksering utvidast og supplerast med meir datamateriale. Dette inneber bl.a. etablering av fleire prøveflater og fleire analysar på eksisterande prøveflater.

Nye arbeidsmål

Regjeringa har styrkt klimapolitikken. Miljøforvaltninga har i tråd med dette utvikla følgjande nye arbeidsmål:

Nytt Arbeidsmål 1.1. Sjå til at Noreg overoppfyller utsleppsforpliktinga si i 2012 i tråd med målsetjinga, og at Kyotoforpliktinga blir innfridd ved hjelp av betydelege nasjonale utsleppsreduksjonar.

For nærare omtale, sjå statusbeskrivinga av fjorårets arbeidsmål 1.1.

Nytt Arbeidsmål 2.1. Sjå til at utsleppa i Noreg ikkje overstig 35 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, inkludert kvotekjøp og opptak i skog, og medverke til at nasjonale utslepp i 2020 er 13–16 mill. tonn lågare enn referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007.

For nærare omtale, sjå statusbeskrivinga av fjorårets arbeidsmål 2.1.

Nytt Arbeidsmål 3.1. Medverke til at Noreg er karbonnøytralt i 2050. bl.a. ved å utarbeide ein strategi for korleis Noreg på sikt skal bli eit lågutsleppsamfunn.

Målet om karbonnøytralitet i 2050 inneber at Noreg tek ansvar for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 100 prosent av eigne utslepp innan 2050. Utsleppa frå norsk territorium vil då vere nøytraliserte av reduksjonar Noreg betaler i andre land, gjennom kjøp av kvotar eller andre tilsvarande mekanismar som er tilgjengelege på det tidspunktet.

I tråd med anbefalingane frå Lågutsleppsutvalet vil regjeringa at Noreg skal ta sin del av reduksjonane som blir kravde for å bringe dei globale utsleppa ned på eit nivå som gjer at vi unngår dei verste konsekvensane av klimaendringane. Noreg må på sikt bli eit lågutsleppsamfunn. Verkemiddel for å utløyse tiltak og kostnader knytte til å ta verkemidla i bruk bør utgreiast nærare.

Nytt Arbeidsmål 3.2. I løpet av 2008 etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette å fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Regjeringa har i St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk foreslått sektorvise klimahandlingsplanar og sektorvise mål for dei sentrale utslippssektorane i Noreg. Det blir lagt fram handlingsplanar for petroleum og energi, transport, industri, primærnæringar og avfall og for kommunalt klimaarbeid og drifta av statleg sektor. Hovudformålet med dei sektorvise klimahandlingsplanane er å identifisere dei verkemidla som gir kostnadseffektive utsleppsreduksjonar for den enkelte sektor som med dagens verkemiddelbruk ikkje blir gjennomført. Det er dette som er utgangspunktet for måla som er fastsette for sektorane.

Regjeringa vil leggje opp til kontrollstasjonar og vidareutvikling av nasjonal verkemiddelbruk kvart femte år. Som eit ledd i vurderingane som skal gjerast ved desse gjennomgangane, vil regjeringa innhente uavhengige faglege vurderingar av norsk klimapolitikk frå institusjonar og/eller personar med brei erfaring og kunnskap i utforming og gjennomføring av klimapolitikk. Analysane skal vurdere klimamåla og måloppnåing. Analysane bør dessutan sjå på bruk av verkemiddel, kva slag tiltak som blir utløyste og kostnader. Regjeringa foreslår at det midtvegs i den første Kyoto-perioden (2010) blir lagt fram for Stortinget ei vurdering av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel. Dessutan vil regjeringa sikre at vurderingar av konsekvensar for klima får ein større plass i førebuinga av saker. Dette må sjåast i samanheng med at Regjeringa ønskjer større merksemd på den verknaden politikktiltaka har på berekraftig utvikling generelt. Regjeringa vil vidare rapportere om utsleppsutvikling og gjennomføring av klimapolitikken i samband med dei ordinære budsjettframlegga, bl.a. i oppfølginga av berekraftstrategien.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 4, underområdet 1 Klimaendringar, blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta, som vart innført i 1991, vil saman med det nasjonale kvotesystemet dekkje over 70 pst. av utsleppa frå Noreg. Ein viser til Finansdepartementets avgiftsproposisjon for eit nærare oversyn over satsane for CO2-avgifta. Regjeringa foreslår økt CO2-avgift for innanriks luftfart og enkelte justeringar i CO2-avgifta som følgje av et nytt kvotesystem frå 2008, jf. St. prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

1. januar 2005 oppretta Noreg og EU klimakvotesystem. Det reviderte kvotesystemet vil tre i kraft frå 2008. Regjeringa arbeider nå saman med Island, Lichtenstein og EU-kommisjonen med å innlemme EUs kvotedirektiv i EØS-avtala. Frå EUs side har dette vore ein føresetnad for å kople saman det norske kvotesystemet med kvotesystemet i EU. Regjeringa arbeider for at det skal bli mogleg å kople saman kvotesystema så snart som råd. Dette krev ei avgjerd i EØS-komiteen. Miljøverndepartementet vurderer vidare kvoteplikt for den delen av industrien som ikkje er omfatta av obligatorisk kvoteplikt etter EUs kvotedirektiv, bl.a. kunstgjødsel, aluminium, ferrolegeringar, kjemisk og annan metallurgisk industri.

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Auka bruk av biodrivstoff til erstatning for fossilt drivstoff vil redusere utsleppa av klimagassar. CO2-utsleppa frå forbrenning av biodrivstoff inngår i naturen sitt eige krinsløp gjennom opptak i nye planter, og gir dermed ikkje netto CO2-utslepp. Det er derfor viktig å auke bruken av biodrivstoff i Noreg.

Regjeringa sender no på høyring forslag til forskriftsendringar som stiller krav om at minimum 2 volumprosent av årleg omsett volum drivstoff til vegtrafikk skal bestå av biodrivstoff frå og med 2008, stigande til 5 volumprosent frå og med 2009. Regjeringa vil i tillegg arbeide vidare med ei nasjonal målsetjing om 7 volumprosent biodrivstoff frå 2010. Regjeringa vil dessutan, i samarbeid med aktørane, ta initiativ til ein strategi for auka FoU på andregenerasjons biodrivstoff, under dette vurdere støtteordningar til demonstrasjonsanlegg. Høvet for eit nordisk og internasjonalt samarbeid skal vurderast. Regjeringa vil samarbeide med bl.a. EU, internasjonale organ og drivstoffbransjen for å få på plass ordningar for å fremje berekraftig produksjon og import av biodrivstoff. Sjå nærare omtale om strategien for auka bruk av biodrivstoff i Revidert nasjonalbudsjett 2007 (St.meld. nr. 2 (2006-2007)) og i klimameldinga (St.meld. nr. 34 (2006-2007)).

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa foreslår derfor å auke grunnavgifta på fyringsolje opp til same nivå som el-avgifta, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Regjeringa vil auke tilgangen på energi gjennom å satse på nye miljøvennlege energiformer. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og spelar gjennom tilskotsordningane sine ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Regjeringa vil styrkje satsinga på fornybar energi. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider med nye energikrav til bygningar. Eit framlegg som vart sendt på høyring i mai 2006 inneber om lag 30 pst. skjerping av energikravet i høve til dagens nivå.

Eit anna viktig område for Regjeringa er utvikling av teknologi som reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. 1. juli 2004 vart gassteknologifondet oppretta. Fondet blir forvalta av Gassnova som koordinerer statleg satsing og støtte til utvikling av miljøvennlege, framtidsretta og kostnadseffektive gasskraftteknologiar. Gassnova skal gi støtte til prosjekt som i utvikling ligg mellom forsking og kommersielle anlegg, t.d. pilot- og demonstrasjonsanlegg.

Regjeringa uttalte i Soria Moria-erklæringa at den ville syte for at arbeidet med å etablere eit fullskala anlegg for CO2-fjerning på Kårstø startar, og at den ville medverke økonomisk til dette. Målet var at CO2 frå Kårstø-anlegget skulle fjernast innan 2009. I desember 2006 la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram ein rapport som konkluderte med at det ikkje ville vere mogleg å realisere eit fullskala fangstanlegg på Kårstø før tidlegast 2011/2012. Etablering av CO2-handtering på Kårstø har høg prioritet, og regjeringa arbeider for å få etablert eit fullskala anlegg så snart som mogleg. Ein viser elles til nærare utgreiing om verkemiddel knytte til energi og CO2-handtering i St.prp. nr. 1 (2007-2008) frå Olje- og energidepartementet.

Plan- og bygningslova er eit av dei viktigaste eksisterande verkemidla i kommunesektoren. Regjeringa legg til grunn at dette verkemidlet vil medverke til å utløyse utsleppsreduksjonar gjennom kommunalt klimaarbeid. Regjeringa viser til at mange av dei relevante verkemidla for kommunesektoren er omfatta av verkemiddel for bl.a. energisektoren og transportsektoren. Regjeringa har i tillegg foreslått at det blir utvikla eit program for Framtidas byar. Dei største byane er inviterte til samarbeidet for å avklare tiltak som kan gjennomførast, effekten på klimagassutsleppa og kostnadene for ulike partar, og kva partane kan medverke med. Miljøverndepartementet koordinerer programarbeidet. I tillegg vil regjeringa vurdere rikspolitiske retningslinjer for kommunalt klimaarbeid. På bakgrunn av dette er det regjeringas mål at kommunale verkemiddel i større grad enn i dag skal medverke til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg.

Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Det vart innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK 1. januar 2003. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta vart supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Refusjonsordninga trådde i kraft frå 1. juli 2004. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.

Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt få betydning langt ut over Noregs grenser. Klimautfordringa er så kompleks at det trengst ny kunnskap på mange område. Vi bør dessutan ha kunnskapsberedskap for problem og løysingar som vi ikkje har oversyn over i dag. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjersler om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innanfor større samarbeidsarenaer.

Forsking på klimasystemet og klimaendringar står sentralt for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for prognosar av framtidige klimaendringar og effektar av desse. Men klimarelevant forsking omfattar langt meir: Forsking og utvikling av klimavennleg teknologi, særlig relatert til fornybar energi og energieffektivisering, samfunnsmessig forsking knytt til verkemiddel og tiltak, og forsking på kor sårbart samfunnet er for klimaendringar og behov for tilpassing til dei, er alle eksempel på felt av vesentleg betydning for å sikre ein kunnskapsbasert klimapolitikk. Dette inkluderer forsking på utviklingstrendar i samfunnet med omsyn til bl.a. befolkning, teknologisk nivå og ressursforbruk og korleis desse trendane fører til endring i utslepp av klimagassar. Det er dessutan viktig å få kunnskap om kva slag politikk som kan gi optimale løysingar for å møte dei klimaendringane som uansett vil komme. Vidare er det behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i utviklingsland.

For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles. Regjeringa understrekar at styrkt formidling av informasjon på klimaområdet vil vere ei sentral oppgåve framover, og at alle FoU-miljø som arbeider med klimarelevant forsking bør leggje vekt på formidling av resultat.

Forsking om klima, miljø og energi går på tvers av fag-, sektor- og departementsgrenser. Eit synleg løft på dette området er derfor eit utprega fellesprosjekt for heile regjeringa. Kunnskapsdepartementet, gjennom sitt koordineringsansvar for forskingspolitikken, og Miljøverndepartementet, gjen­nom sitt koordineringsansvar for miljøsaker, har eit felles ansvar for å realisere ei samla satsing på klimarelevant forsking.

På oppmodning frå Miljøverndepartementet oppnemnde Noregs forskingsråd eit utval i 2005 (klimaforskingsutvalet) som fekk i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for norsk klimaforsking. Klimaforskingsutvalet la fram sin handlingsplan i august 2006. Handlingsplanen inkluderer bl.a. utvalets anbefalingar om faglege og budsjettvise satsingar, og anbefalingar om at ein arbeider koordinert, langsiktig og føreseieleg i klimaforskinga.

Regjeringa vil sjå den nasjonale handlingsplanen i samanheng med oppfølginga av måla i Klimameldinga. I tillegg til den konkrete satsinga på klimaforsking vil ei brei satsing på bl.a. forskarrekruttering og utstyr og infrastruktur ved universiteta og høgskulane medverke til å styrkje den klimarelevante forskinga i Noreg.

Regjeringa vil vurdere å etablere eit forum for strategisk samarbeid for klima- og miljøforsking, og vil involvere aktørar innan klima- og miljøforsking, der både forskingsmiljø, miljøorganisasjonar, offentlege etatar og næringsliv samarbeider.

Tilpassing til klimaendringar

Klimaendringar vil venteleg medføre stadig større konsekvensar for store delar av samfunnsstrukturane våre. Eit arbeid med å tilpasse seg klimaendringane for å minimere konsekvensane for menneske og miljø, må skje parallelt med tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Drivhuseffekten er likevel eit faktum, noko som skuldast alle klimagassutsleppa som allereie har funne stad sidan industrialiseringa starta på 1700-talet. Klimaendringane vil påverke nær sagt alle samfunnssektorar, på både nasjonalt og lokalt nivå. Arbeidet med å tilpasse seg klimaendringane er derfor eit tverrfagleg forvaltningsområde.

Regjeringa har etablert ein organisatorisk struktur for å samordne og føre vidare det tverrsektorielle arbeidet med klimatilpassingar i Noreg. Miljøverndepartementet leier ei koordineringsgruppe med representantar frå ulike departement. Sekretariatsfunksjonen i arbeidet er lagt til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Koordineringsgruppa skal med hjelp frå sekretariatet utarbeide ein strategi for det framtidige arbeidet med klimatilpassingar i Noreg. Strategien skal gi utrykk for fokus- og satsingsområde, og mål i klimatilpassingsarbeidet. Som eit ledd i arbeidet med strategien er det sentralt for gruppa å framskaffe ei oversikt over eksisterande kunnskap og avdekkje framtidig kunnskapsbehov om klimaendringar. Vidare skal gruppa bl.a. kartleggje Noregs sårbarheit og tilpassing til klimaendringar. Ein første strategi skal presenterast i første del av 2008.

Resultatområde 4 – underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Tabell 9.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Status i det internasjonale arbeidet:

- talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen

- landa si oppfølging av forpliktingane sine.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeide med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Internasjonalt er ei av hovudutfordringane å leggje forholda til rette for at utviklingslanda kan bli i stand til å oppfylle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna hovudutfordring internasjonalt er å utvikle vidare regelverket for å sikre at mål og forpliktingar i protokollen blir effektivt oppfylte.

191 land (av totalt 196 land) har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.

Tabell 9.3 

Talet på land som har ratifisert

Wienkonvensjonen (1988)

191

Montrealprotokollen (1988)

191

London-endring (1992)

185

København-endring (1994)

177

Montreal-endring (1999)

154

Peking-endring (2002)

126

I 2005 hadde dei 191 landa som har ratifisert Montrealprotokollen oppnådd 95 pst. reduksjon i forbruk av ozonreduserande stoff, samanlikna med baseline. Det gjenstår å fase ut 87 000 tonn (målt i ozonreduserande effekt, ODP), av dette 11 000 i i-land og 76 000 i u-land.

Vidare oppfyller over 90 pst. av landa forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit non-compliance-regime, som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart overhalde forpliktingane sine igjen.

Tabell 9.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 2 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

2. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

2.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetra klormetan, metylkloroform og HBFK.

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

3. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2010.1

3.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

4. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995 og vere fasa ut innan 2005.

4.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozon forordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

1 Målet er skjerpa som følgje av at Noreg har gjennomført EUs forordning av 2000 om stoff som bryt ned ozonlaget.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 2.1 Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetra klormetan, metylkloroform og HBFK.

Arbeidsmål 3.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Arbeidsmål 4.1 Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EUs delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.

Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserande stoff både under Montrealprotokollen og EU-forordninga. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, teraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen. Noreg oppfyller elles målet om utfasing av metylbromid innan 2005. Det er unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt før eksport. I 2006 vart det ikkje importert noko til dette formålet. Det vart importert 319 tonn HKFK i 2006, og dette er innafor utfasingsplanen.

Noreg har i mange år vore i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i bruken av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2005.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 4, underområde 2 nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har vore styringseffektiv. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.

Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik det er lagt opp til under Montrealprotokollen.

Resultatområde 4 – underområde 3 Langtransporterte luftforureiningar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.

Tabell 9.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­­ resultatindikatorar

1. Etablering av internasjonale avtaler som gir reduksjonar i utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturens tålegrense), og slik at menneskeleg helse og miljøet ikkje tek skade.

1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.

Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til å utvikle fagleg grunnlag for og ta initiativ til utvikling av nye internasjonale avtaler som gir utsleppsreduksjonar i samsvar med det nasjonale målet.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Det vart i 1999 vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining (LRTAP-konvensjonen). Trettiein statar har underteikna protokollen, mens 23 partar har ratifisert den pr. 11. september 2007. Protokollen trådde i kraft 17. mai 2005.

Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. I 1980 var tolegrensene for forsuring av overflatevatn overskridne på 42 pst. av Noregs areal, jf. ny kunnskap presentert i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne delen var redusert til om lag 23 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel er det venta at tolegrensene vil vere overskridne på om lag 11 pst. av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft bl.a. skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige tolegrensene i naturen for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. Ved revisjon av Gøteborgprotokollen er det elles aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem.

Arbeidet med den faglege vurderinga som skal danne grunnlag for ein mogleg revisjon av Gøteborgprotokollen går føre no, og vurderinga skal leggjast fram for styringsorganet for LRTAP-konvensjonen i desember 2007. Styringsorganet vil då ta stilling til om det skal startast forhandlingar med sikte på revisjon av protokollen. Norske fagmiljø og miljøforvaltninga deltek aktivt i dette arbeidet.

Tabell 9.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar: Utslepp av svoveldioksid (SO2)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindika torar

2. Dei årlege utsleppa av svovel­dioksid (SO2) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010.

2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1  Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av svoveldioksid i samsvar med det nasjonale målet.

Det er ifølgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 25 400 tonn i 2010. Utsleppa var 24 000 tonn i 2005. Dette er ein reduksjon på 4 pst. frå 2004. Noreg overheld den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med om lag 8 pst. i høve til 2005.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Norsk Industri, tidlegare Prosessindustriens Landsforeining (PIL), inngått ein intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått, forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok dessutan på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med Norsk Industri vil sikre at Noreg innfrir kravet i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2.

Tabell 9.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av nitrogenoksid (NOx)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1987 (dvs. 218 000 tonn).

3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av nitrogenoksid i samsvar med det nasjonale målet.

Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOx kan ventast reduserte til om lag 193 000 tonn i 2010, når ein ser bort frå effekten av NOx-avgifta som vart innført frå 1. januar 2007. Førebelse tal presentert av Statistisk sentralbyrå i mai 2007 syner at utsleppa av NOx var på 194 500 tonn i 2006. Dette er ein reduksjon på 2 400 tonn frå 2005 og ligg 23 300 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å innfri kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOx med 20 pst. i høve til 2006.

Utsleppa av NOx er i dag regulerte på ulike måtar. Det blir stilt krav til utslepp frå industri og energiproduksjon gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOx. Denne ordninga vart i 2006 utvida til å omfatte køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare.

I tråd med Stortingets vedtak sette regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. Avgifta omfattar skip, fly og dieseldreven jernbanetrafikk med framdriftsmaskineri med samla installert effekt på meir enn 750 kW, motorar, kjelar og turbinar i energianlegg med samla innfyrt effekt på meir enn 10 MW, og faklar. Den er anslått å dekkje om lag 55 pst. av dei norsk NOx-utsleppa. Avgifta er for 2007 sett til 15 kr/kg NOx som blir sleppt ut. Det er vedteke betydelege økonomiske kompensasjonar for enkelte aktuelle næringar. Stortinget vedtok vidare at utslippskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan gis mellombels fritak for avgift.

Tabell 9.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av nitrogenoksid (NOx)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal maksimalt vere 195 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1988 (dvs. 252 000 tonn). Dei årlege utsleppa av VOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal ikkje overstige 70 prosent av nivået i 1989 (dvs. 191 000 tonn).

4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar i samsvar med det nasjonale målet.

Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 32 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2006 vart utsleppa reduserte med 50 pst. I 2006 var utsleppa av VOC 196 000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 svarar til eit årleg utslepp på maksimalt 252 000 tonn. Dette inneber at Noreg også i 2006 overheld denne forpliktinga. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi innfrir også dette kravet i 2006. Noreg var i 2006 nær ved å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen om å redusere dei samla årlege utsleppa av VOC til maksimalt 195 000 tonn innan 2010.

For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utslepp av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i maling og lakk. Desse krava er venteleg tilstrekkelege til at Noreg oppfyller VOC-krava både i VOC-protokollen av 1991 og i Gøteborgprotokollen også i åra framover.

Tabell 9.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 3 langtransporterte luftforureiningar Utslepp av ammoniakk (NH3)1

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010.

5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av ­verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

1 Resultatmålet reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen.

Arbeidsmål 5.1. I samarbeid med aktuelle sektordepartement sjå til at Noreg reduserer dei årlege utsleppa av ammoniakk i samsvar med det nasjonale målet.

Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 11 pst. i perioden 1990-2006. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Knapt 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk om lag på same nivå som i 2006.

Landbruks- og matdepartementet har innarbeidd Gøteborgprotokollens krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav. Nyare utsleppskrav til køyretøy er utforma slik at ammoniakkutsleppa ikkje er venta å auke. Det er venta at dei samla norske utsleppa av ammoniakk vil endre seg lite fram mot 2010 og 2020 utan nye tiltak.

Verkemiddel

Finansiering av arbeidet under resultatområde 4, underområde 3 langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441. Kostnadar til kalking blir dekte under kap. 1427.

Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementets program Naturens tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøforvaltninga medverkar vidare til å finansiere dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.

Som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noregs plikter når det gjeld utsleppsreduksjonar analyserer miljøforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.

I tråd med Stortingets vedtak, sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på 15 kr/kg utslepp av NOx. Regjeringa foreslår ingen endring i avgiften utover prisjustering for 2008. Næringsorganisasjonar som representerer dei avgiftspliktige verksemdene har teke initiativ til å forhandle ei miljøavtale med staten om konkrete, tidfesta utsleppsreduksjonar. Verksemder som sluttar seg til ei slik avtale kan få mellombels fritak for avgift. Miljøverndepartementet er no i dialog med organisasjonane om ei mogleg miljøavtale. Statens forureiningstilsyn arbeider med å fastsetje nye krav etter forureiningslova til utsleppa til luft frå stasjonære kjelder på land og offshore, i tråd med IPPC-direktivet.

Statens forureiningstilsyn har fått nye oppgåver med å utvikle betre utsleppsfaktorar og medverke i arbeidet med verifikasjon og kontrollar av utslepp. Det er sett av ekstra løyvingar til dette arbeidet.

Regjeringa held fram med den miljøvennlege omlegginga av bilavgiftene. Årsavgifta blir endra frå 2008 slik at dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter får høgare årsavgift enn andre køyretøy. Desse køyretøya har òg generelt høgare NOx-utslepp. Omlegginga er nærare omtalt i St.prp 1 (2007-2008) for Finansdepartementet. Det blir innført høgare vrakpant på dei eldste og mest forureinande dieselkøyretøya, som skal gjelde for 2008 (sjå omtale under resultatområde 3, underområde 5). Vektårsavgifta, som gjeld for køyretøy med tillaten totalvekt over 7,5 tonn, er allereie i dag differensiert blant anna etter Euro-krav.

Som det går fram av statusbeskrivinga har ein i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde dei internasjonale forpliktingane for SO2, NOx, VOC og ammoniakk. Ein vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og fortløpande vurdere om det er behov for endringar i verkemidla eller om det er behov for nye verkemiddel.

Regjeringa arbeider innanfor IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Noreg har her teke initiativ til å revidere MARPOL Anneks VI som vart vedteken i 1997 og stiller krav til utslepp til luft frå skip. Gjennomgangen gjeld krav til utslepp av SO2, NOx, VOC og partiklar. Det ligg føre fleire endringsforslag i revisjonsprosessen. Det mest langtrekkjande er eit forslag om at skipsfarten på sikt skal gå over frå tungolje til lettare destillat med eit svovelinnhald på 0,50 pst. Noreg har utrykt støtte til forslaget fordi det vil løyse svært mange av forureiningsproblema i skipsfarten, både til luft og sjø. Utslepp av svovel blir redusert med 60–80 pst. og NOx-utsleppa med 10–15 pst. som følgje av overgangen til destillatoljer. I tillegg fører redusert svovelinnhald til betydelege reduksjonar i partikkelutslepp. Det går dessutan i retning av å oppnå trinnvise reduksjonar i NOx-utsleppa frå nye skip frå 2011 og 2015/16. Noreg går i tillegg inn for å oppgradere krava til eksisterande skip.

Resultatområde 4 underområde 4 Lokal luftkvalitet

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar i tillegg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Tabell 9.10 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

1. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 g/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år.

1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 1.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Generelt er den lokale luftkvaliteten i Noreg god, men i nokre større byar og tettstader kan lokale luftforureiningar i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som gjeld frå 2005 er overskride i fleire byområde i Noreg. Det vart registrert overskridingar i bl.a. Oslo, Bergen, Trondheim, Drammen, Tromsø, Grenland, Lillehammer og Rana. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål. Overskridingane skjer i hovudsak i område langs dei mest trafikkerte vegane. Nivåa for svevestøv vil bli reduserte fram mot 2010, men det vil bli vanskelig å nå det nasjonale målet for svevestøv for 2010 utan ytterlegare tiltak eller ein auke i styrken av eksisterande tiltak. Dei fleste som blir utsette for overskridingar av det nasjonale målet for 2010 vil vere busette i sentrumsnære byområde og langs dei mest trafikkerte hovudvegane. Utrekningar viser at i 2005 vart rundt 230 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv. Utsleppet av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder (inkludert offshore) er redusert med 19 pst. mellom 1990 og 2005.

Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureining (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring gjekk ned med 9 pst. frå 1990 til 2005 fordi stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar. Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.

Også vegtrafikken er ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte med 44 pst. frå 1990 til 2005.

Tabell 9.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

2. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 g/m3 meir enn 8 timar pr. år.

2.l. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 2.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjonar i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Utsleppa av NOx (NO2 og NO) frå vegtrafikk er redusert med 52 pst. frå 1990 til 2005 som følgje av innførte avgasskrav, men effekten har vore størst for NO. NO2-konsentrasjonane har vore stabile eller aukande dei seinare åra.

Tabell 9.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

3. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svoveldioksid (SO2) skal ikkje overskride 90 g/m3.

3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Utslepp av SO2 frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoff­kvalitetar.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 3.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Konsentrasjonane av svoveldioksid er generelt låge, og målet for svoveldioksid er i stor grad vurdert til å vere nådd i Noreg. Årstalet i målet (var 2005) er teke ut, men målet blir vidareført.

Tabell 9.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 4 lokal luftkvalitet

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

4. Årsmiddelkonsentrasjonen av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 g/m3 som bybakgrunnsverdi.

4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Statusbeskriving:

Arbeidsmål 4.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.

Konsentrasjonen av benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor det nasjonale målet som gjeld frå 2010.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-responssamanhengar. Budsjettmidlane blir dessutan nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemidlet på området lokal luftkvalitet. I føresegna er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta set grenseverdiar for konsentrasjonane av ei rekkje stoff og set krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna følgjer det dessutan ein rettleiar. Det går føre eit oppfølgingsarbeid for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Eit nytt EU-direktiv om tungmetall og PAH er gjennomført i forureiningsforskrifta og trådde i kraft 1. juli 2007. EU ferdigstiller no ei samanslåing av ei rekkje luftkvalitetsdirektiv og skal i tillegg fastsetje ny regulering av svevestøv storleik PM2.5. Det er venta at direktivet skal gjennomførast nasjonalt i 2008.

Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. I 2005 vart det innført eit avgiftsinsentiv basert på svovelinnhaldet i drivstoff. Formålet var å få til ein rask overgang til svovelfritt drivstoff. Reduksjon av svovelinnhaldet medverkar til å betre luftkvaliteten og sikre full utnytting av ny og meir miljøvennleg teknologi. Avgiftsinsentivet har vist seg svært effektivt då drivstoff til veggåande køyretøy i hovudsak no er svovelfritt. Det er no under fastsetjing nye krav til svovelinnhald i anleggsdiesel.

Utslepp frå transport og vedfyring står for ein stor del av kjeldene til lokal luftforureining. Ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå samferdselssektoren og vedfyring er under utgreiing. Det er for 2008 sett ein høgare vrakpant på totalt kr 5 000 for dei eldste og mest forureinande dieselkøyretøya (sjå omtale under resultatområde 3, underområde 5). Disse køyretøya har jamnt over høgare utslepp av partiklar og NOx. Det er òg innført høgare årsavgift for dieselkøyretøy utan fabrikkmontert partikkelfilter (sjå nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Finansdepartementet). Det er behov for å intensivere arbeidet med luftforureining og å setje i verk meir omfattande tiltak. Det er vidare behov for å sjå meir samla på ulike tiltak og verkemiddel som påverkar luftforureininga. Det vil i samarbeid med aktuelle styresmakter bli utarbeidd ein handlingsplan for å betre den lokale luftkvaliteten, der det bl.a. vil bli identifisert nye og/eller styrkt eksisterande tiltak og verkemiddel.

Dessutan har Fylkesmannen ansvar for oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7.

Resultatområde 4 – underområde 5 Støy

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Vidare står arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) sentralt som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Tabell 9.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

1. Støyplaga skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i forhold til 19991.

1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

1 Berekna utan befolkningsvekst.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.

Støy er blant dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy over 50 db ved bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt ein halv million personar er sterkt eller mykje plaga. Ifølgje dei nyaste støytala frå mars 2007 utgjer støy frå samferdsel til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst., og tog og fly medverkar med rundt 4 pst. kvar. Til trass for at tala viser at det i perioden 1999-2006 har vore ein nedgang i støyplaga frå luftfarten på 26 pst. og frå jernbane på 33 pst., har det vore ein samla auke i støyplaga på ca. 3 pst. i same tidsperiode. Auken i støyplage skuldast i hovudsak auka vegtrafikk, men auka busetnad i trafikkerte område har òg medverka. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

Regjeringa lanserte i mai 2007 ein handlingsplan mot støy for perioden 2007–2011. Denne er første fase på vegen for å nå dei nasjonale måla og vil leggje føring for arbeidet dei næraste åra. Handlingsplanen tek opp dei viktigaste støykjeldene, og det er presentert tiltak for å redusere støyen frå desse. I denne perioden vil mykje av satsinga vere konsentrert om FoU-arbeid og utvikling av verkemidel.

Miljøstyresmaktene har eit koordinerings- og pådrivaransvar på støyfeltet, og følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene vil i tillegg engasjere seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på å få strengare støykrav til køyretøy og bildekk, og få utvikla støysvake vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt. Industri- og næringsstøy utgjer ca. 7 pst. av samla støyplage. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og byggje- og anleggsverksemd utgjer òg til saman rundt 7 pst. av samla støyplage.

Tabell 9.15 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 underområde 5 Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas ­resultatindikatorar

2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 prosent innan 2020 i forhold til 20051.

2.1. Utarbeide regelverk som medverkar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.

Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

1 Det nasjonale målet om reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, tek utgangspunkt i overordna berekningar av talet på støyutsette bustader der utrekningane er gjort med skjematisk fasadedemping utan omsyn til ventilar i fasade.

Arbeidsmål 2.1. Utarbeide regelverk som bidrar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.

Same omsyn som for arbeidsmål 1.1. ligg føre også for arbeidet med innandørs støynivå. I dag er det ca. 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Tiltak vil bli fortløpande vurderte på grunnlag av statistiske tilbakemeldingar om utvikling på området, under dette strengare forskriftskrav og fokus på samarbeidsområde. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova frå 42 dB med stengde ventilar, til 42 dB med opne ventilar. Frist for gjennomføring er 1. januar 2020 og har ein venta kostnad på 1,4 mrd. kroner.

Verkemiddel

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar blir nytta for å utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare nyttast til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning, og til EU-arbeid og internasjonale prosessar.

Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet.

Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring kjeldene. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.

Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er bud­sjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

10 Resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda

Det er endringar i arbeidsmål for 2008. På grunn av annan inndeling i underområde under resultatområde 5 (tidlegare resultatområde 8) er måla òg flytta til andre underområde i budsjettet. Vi har valt å rapportere på status der arbeidsmåla er plasserte i budsjettproposisjonen for 2008. Verkemiddelomtala er plassert etter kvart underområde.

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

5.1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

5.2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under desse WTO og EFTA

5.3 Geografisk retta miljøsamarbeid

5.4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Strategiske mål

Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken, og spele ei aktiv og konstruktiv rolle for å løyse globale og regionale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land. Dette inneber å utvikle og gjennomføre ein ambisiøs og målretta miljøpolitikk både internasjonalt og nasjonalt. Noreg vil vidare leggje stor vekt på å medverke til at internasjonale rammevilkår på andre område enn miljø sikrar ei miljøvennleg utvikling på globalt, regionalt og nasjonalt nivå. Norsk innsats skal betre miljøsituasjonen og sikre ei meir berekraftig utvikling i nærområdet vårt og i utviklingslanda.

Noreg skal betre miljøsituasjonen og sikre ei berekraftig utvikling i dei norske polarområda og medverke til å styrkje miljøvernet i Antarktis og Arktis elles og i Noregs nordlege nærområde. Svalbard skal framstå som eit av dei best forvalta villmarksområda i verda. Noreg skal arbeide for at dei nordlege havområda skal halde fram med å vere blant av dei reinaste i verda, og medverke til at det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Noreg skal bidra til å redusere utslepp og risiko for utslepp av miljøgifter, radioaktive stoff og anna forureining som kan føre til skade på norsk miljø.

Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeidet med å fremje miljø­politiske prioriteringar og målsettinger innafor dei internasjonale organisasjonane på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP) og samarbeid på miljøområdet innan EU/EØS, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Nordisk Ministerråd (NMR). Underområdet omfattar vidare arbeid med den globale miljøfasiliteten (GEF), FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CDS) og EØS-midlane.

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i inter­nasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Arbeide for at politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i høge miljøkrav og ei berekraftig utvikling.

1.1. Medverke til utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, som klima/energi, kjemikaliar, EUs marine strategi og luftforureining.

Tydelege norske posisjonar fremja i ulike kanalar inn mot EUs avgjerdssprosessar.

1.2. Sikre at relevante EU- rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Ingen rettsakter på ESAs resultattavle.

Avhaldne referansegruppemøte.

1.3. Medverke til auka samarbeid med dei nye medlemslanda i EU på miljø- og kulturarvområdet i samband med EØS-midlane.

Auka bilateral kontakt med nasjonale og lokale styresmakter i dei nye medlemslanda.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, som klima/energi, kjemikaliar, EUs marine strategi og luftforureining.

Miljøforvaltninga arbeider breitt for tidleg å gjere norsk syn gjeldande på område som er særs viktige for Noreg. Noreg deltek aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å medverke til utforminga av nye rettsreglar som blir utarbeidde, utviklar innspel og har uformell kontakt med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss (klimaområdet, kjemikaliepolitikken, EUs marine strategi og luftforureiningsområdet). Det er lagt stor vekt på god dokumentasjon av norske posisjonar og effektiv formidling av desse. Det er lagt større vekt enn før på konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og på bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker. I arbeidet med å påverke EUs regelverksutvikling er det nordiske samarbeidet sentralt.

Dei fleste direktiva gjeld forureiningsområdet. Vidare vurderer miljøforvaltninga fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, sjølv om feltet ikkje er omfatta av EØS-avtala.

Arbeidsmål 1.2. Sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Fleire rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2007. Det er i denne samanhengen lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable. Noreg hadde i juli 2007 ingen miljøsaker på ESAs resultattavle.

Miljøforvaltninga har system for tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon til allmenta på Internett og har teke initiativ for å fremje debatt om EUs betydning for norsk miljøpolitikk. Det blir jamleg halde møte i EU/EØS-referansegruppa med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.

Arbeidsmål 1.3. Medverke til auka samarbeid med dei nye medlemslanda i EU på miljø- og kulturarvområdet i samband med EØS-midlane.

Miljø og kulturarv er blant dei viktigaste satsingsområda under EØS-midlane. Midlane medverkar til gjennomføring av EUs regelverk og auka kontakt mellom Noreg og dei nye EU-landa. Norske miljøstyresmakter har dialog med styresmakter i mottakarlanda. Fleire prosjekt er etablerte med norske partnarar, der både styresmakter, organisasjonar og forskingsinstitusjonar deltek. Konferansar og prosjektutviklingsseminar innan kulturarv, forureining, biologisk mangfald og frivillig miljøengasjement har medverka til auka samhandling.

Arbeidet med EØS-midlane i Romania og Bulgaria er starta opp.

Tabell 10.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

2. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet blir utvikla til effektiv reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk.

2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.

Handlingsprogrammet blir gjennomført som planlagt.

2.2. Medverke til at OECD utarbeider fagleg og politisk relevante analysar og retningslinjer til støtte for miljø og berekraftig utvikling i og utanfor OECD-området.

OECDs analysar/tilrådingar er nytta i aktuelle prosessar.

2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) blir utvikla vidare som møteplass for berekraftdebatt og katalysator for handling internasjonalt.

2007-2009: CSDs medverknad til å belyse tema arealforvaltning, tørke, Afrika, jordbruk, rural utvikling og forørkning.

2.4. Halde fram arbeidet med å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, bl.a. ved å arbeide for styrkt vitskapskapasitet i UNEP.

Styrking av UNEPs finansielle grunnlag og rolle i å setje den globale miljøpolitiske dagsordenen.

Klargjering av UNEPs rolle i forhold til utviklingsaktørane.

2.5. Medverke til at miljø kjem institusjonelt styrkt ut av FNs reformprosessar.

Utvikling av konsultasjonsprosess under FNs generalforsamling om det internasjonale miljøstyresettet.

2.6. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.

GEFs prioriteringar og strategi.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.

Departementet har medverka til oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2005-2008, som er miljøsektorens oppfølging av den nordiske strategien for berekraftig utvikling.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til at OECD utarbeider fagleg og politisk relevante analysar og retningslinjer til støtte for miljø og berekraftig utvikling i og utanfor OECD-området.

Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.

OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for perioden 2000-2010 som gir målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. OECD er i ferd med å lage ein ny OECD Environmental Outlook 2030 som skal leggjast fram i 2008. OECD har særleg gjort relevant arbeid om forholdet mellom miljø og økonomisk vekst og bruk av indikatorar for å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjersler. Eit møte mellom miljø og utviklingsministerane i 2006 blir fulgt opp ved at Noreg deltek i to av arbeidsgruppene: klima i utvik­lingspolitikken og strategiske miljøkonsekvensvurderingar.

Arbeidsmål 2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) blir utvikla vidare som møteplass for berekraftdebatt og katalysator for handling internasjonalt.

I perioden 2005-2007 var klima, energi, industri og luftforureining hovudtema for CSD. Dette har gitt høve til auka arbeid med og merksemd omkring den sentrale utfordringa det er å få til ei energi- og industriutvikling som er mest mogleg berekraftig på globalt nivå. CSD har òg medverka til eit felles faktagrunnlag om verdas energisituasjon. Noreg var sterk pådrivar i forhandlingane under CSDs 15. sesjon i 2007 med vekt på auka tilgang til rein energi i utviklingsland og behovet for ei ambisiøs klimaavtale etter 2012. Landa klarte likevel ikkje å bli samde om eit sluttdokument frå sesjonen.

Arbeidsmål 2.4. Halde fram arbeidet for å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, bl.a. ved å arbeide for styrkt vitskapskapasitet i UNEP.

FNs miljøvernprogram, UNEP, har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid, og ønskjer at UNEP på sikt skal omdannast til ein særorganisasjon under FN.

Miljøverndepartementet har vore involvert i arbeidet med UNEPs store 5-årlege rapport, Global Environment Outlook (GEO-4). Rapporten vart lansert i september 2007 og er ein gjennomgang av status med omsyn til den globale berekraftige utviklinga, 20 år etter Brundtland-kommisjonens rapport Vår felles framtid. Tromsø var utpeikt av UNEP til hovudarena for den internasjonale markeringa av Verdas miljødag 5. juni 2007. Tema var snø og issmelting og dei globale og regionale konsekvensane for klima og andre miljøtilhøve, inklusive spreiing av miljøgifter i dei polare områda.

Arbeidsmål 2.5. Medverke til at miljø kjem institusjonelt styrkt ut av FNs reformprosessar.

Nytt arbeidsmål frå 2008.

Arbeidsmål 2.6. Skape gode ordningar for finansiering av globale miljøtiltak.

Nytt arbeidsmål frå 2008.

Verkemiddel

Resultatområde 5 – underområde 1 Samarbeid i internasjonale organisasjonar på miljøområdet, bl.a. EUs miljøsamarbeid og UNEP, blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400. EØS-midlane og reisestøtte for representantar frå utviklingsland for å delta på viktige miljømøte blir betalt av Utanriks­departementet.

På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan, i tillegg til kontaktar med Europaparlamentet. I politisk kontakt med ulike EU-organ fremjar Noreg innspel på dei mest prioriterte miljøspørsmåla, for tida klima/energi, EUs marine strategi, luftforureining og kjemikaliar.

Noreg deltek desutan i EU-møte på departementsrådsnivå, driv aktiv nettverksbygging på embetsmannsnivå og deltek i meir enn 50 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EUs miljøpolitikk. Samla sett er dette eit omfattande arbeid.

Noreg yter store ressursar gjennom EØS-midlane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet og tek vare på kulturarven er prioriterte område. Miljøverndepartementet legg vekt på politisk dialog med dei nye EU-landa og vil medverke til auka bilateral kontakt mellom nasjonale og lokale styresmakter, frivillige organisasjonar og andre aktørar i Noreg og dei nye EU-landa. Direktorata har ei viktig rolle både som prosjektpartnarar og kontaktpunkt for førespurnader om samarbeid på miljø- og kulturarvområdet. Miljøverndepartementet samarbeider elles med Utanriksdepartementet, Helsingforskomiteen (nasjonal koordinator for frivillige organisasjonar), Forskingsrådet, Kommunanes Sentralforbund og andre norske aktørar.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg aleine.

Arbeidet i OECD med forholdet mellom miljø og økonomisk vekst er viktig for Noreg. OECDs Environmental Outlook 2030 vil leggje eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet, bl.a. med omsyn til integrering av miljø i utviklingspolitikken og i handelssamanheng.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEPs rolle som sentral FN-autoritet på området. Deltaking i UNEPs Governing Council og norsk miljøråd i Nairobi er òg viktige verkemiddel.

Regjeringa vil halde fram å arbeide for eit meir handlingsretta CSD (Kommisjonen for berekraftig utvikling) der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunnet samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling, FNs tusenårsmål og målsetjingane frå toppmøtet i Johannesburg.

Arbeidet med effektive program for gjennomføring av dei globale miljøavtalene gjennom GEF krev tett koordinering mellom Miljøverndepartementet som konvensjonsansvarleg og Utanriksdepartementet som ansvarleg for finansieringsordninga. Fondets arbeid må sikre gjensidig støtte mellom konvensjonane og følgje omforeina reglar, men må òg sjåast i forhold til måla Noreg ønskjer å nå i dei ulike konvensjonsforhandlingane.

Noreg samarbeider nært med likesinna land, i først rekkje EU-land og Sveits om politikk, program og prosjekt.

Erfaringane frå ordninga for fordeling av midlar ut frå landas potensiale og styreform skal evaluerast og drøftast. Det vil vere særlig viktig at effektiviseringa ikkje hindrar allsidig miljøinnsats. Ei hovudoppgåve vidare vil òg vere å mobilisere midlar frå andre kjelder for å støtte opp om konvensjonanes formål.

Arbeidet med reorganisering og meir effektiv behandling av prosjekt medfører spesielle utfordringar for – og stiller spesielle krav til – FNs miljøprogram. Dette vil Miljøverndepartementet følgje nøye med på.

Resultatområde 5 – underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeid for å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar i høve til internasjonale organisasjonar og prosessar som kan ha stor betydning for miljøtilstand og verkemiddel innanfor miljøpolitikken. Dette gjeld særleg Verdas handelsorganisasjon (WTO), Noregs handels- og investeringsavtaler, arbeid med miljø- og samfunnsansvaret i bedrifter, EU/EØS’ indre marknad, FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO).

Tabell 10.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

3. Arbeide for at utviklinga av regelverket i WTO, EU/EØS’ indre marknad, EFTAs tredjelandsavtaler og Noregs bilaterale handelsavtaler gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremjar nødvendige omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

3.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innafor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.

Miljøomsyn integrert i handels­avtaler.

3.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade.

Ikkje redusert handlingsrom for miljøpolitikken.

Framhald av likeverd mellom miljøavtalene og WTO- regelverket.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 3.1. Handelspolitikken skal utviklast vidare innanfor ei ramme som fremjar miljø og berekraftig utvikling.

Vidareutvikling av handelspolitikken vil påverke både miljøtilstanden og rommet for miljøpolitikk og -verkemiddel. Regjeringa vil arbeide for å fremje eit nasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast avgjerande vekt. Regjeringa arbeider for ein god miljøprofil under den pågåande forhandlingsrunden i WTO. Handel og miljø er blant forhandlingstema der det bl.a. blir forhandla om reduksjon av handelsbarrierar for miljøvarer. Det norske synet er at liberalisering må medverke til reell miljøgevinst i alle land, og Noreg har vore med å fremje ei vareliste som skal nyte godt av tollreduksjonar, i tråd med dette synet. Miljø er òg eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde. Noreg har f. eks. arbeidd aktivt for å utvikle eit regelverk for fiskerisubsidiar som kan medverke til å hindre overkapasitet i den globale fiskeflåten og med det redusere overfiske. Noreg ser det vidare som viktig å støtte krav frå utviklingsland om obligatorisk opphavsdeklarering i samband med patentsøknader på genressursområdet, og har fremja forslag i WTO om å endre TRIPS-avtala på dette punktet. Forslaget har det siste året vekt betydeleg interesse, også frå fleire utviklingsland. Noreg ønskjer vidare å utvikle sine frihandelsavtaler til å vere positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk i tråd med målsetjingane for handelsområdet i Soria Moria-erklæringa. Noreg planlegg å inngå frihandelsavtaler med bl.a. Kina og India. I lys av deira raske økonomiske vekst og globale miljøinnverknad har det vore viktig å arbeide for å få tilslutning til positive miljøelement. Regjeringa har vidare som målsetjing å styrkje arbeidet med å fremje miljø- og samfunnsansvar i næringslivet. Departementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet arrangert ein internasjonal konferanse om miljø- og samfunnsansvar i bedrifter, og det er etablert ein nettportal for næringsliv og miljøansvar.

Arbeidsmål 3.2. Hindre at regelverket i WTO, Noregs handelsavtaler og EU/EØS’ indre marknad reduserer handlingsrommet nasjonalt og internasjonalt for å avbøte og førebyggje miljøskade.

Forholdet mellom WTO-regelverket og handelstiltak i miljøavtalene er eit forhandlingstema innan handel og miljø i WTO. Regjeringa arbeider for at dei to avtaleverka skal sikrast likeverd og verke gjensidig støttande. Det har vidare vore arbeidd aktivt for å sikre at det nasjonale handlingsrommet for verkemiddel i miljøpolitikken ikkje blir svekt bl.a. i samband med forhandlingar i WTO om nytt regelverk på tenesteområdet og for handelshindringar anna enn toll. Det er framleis usikkert om ein klarer å fullføre forhandlingane innanfor denne fastsette timeplanen.

På same måte som i WTO-forhandlingane representerer bilaterale og regionale handelsavtaler utfordringar på miljøområdet. I samband med Noregs forhandlingar om handelsavtaler med andre land, f.eks. pågåande forhandlingar mellom EFTA og Peru, Colombia og Golfstatane (GCC), har det vore viktig å sikre at avtala ikkje forpliktar Noreg på måtar som gir mindre rom for nasjonale miljøtiltak og verkemiddel. Departementet har vidare medverka aktivt inn i nasjonal prosess for utarbeiding av ein modellavtale for bilaterale avtaler om investeringsvern.

Tabell 10.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

4. Arbeide for at relevante organisasjonar og prosessar som bl.a. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) meir systematisk fremjar omsynet til miljø og ei berekraftig utvikling.

4.1. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, UNDP, Verdsbanken, WIPO m.fl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressursar i FAO og utvikling av føresegner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO.

FAO: landbrukets genressursar blir betre tekne vare på.

WIPO: mindre konfliktar om patent på genressursar.

UNDP/Verdsbanken: bruk av miljøkonsekvens-vurderingar og spesifikke miljøprogram.

Arbeidsmål 4.1. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, UNDP, Verdsbanken, WIPO mfl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressursar i FAO og utvikling av føresegner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO.

Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Departementet ser det som viktig å arbeide for at det er samanheng mellom arbeidet i dei multilaterale organisasjonane og prioriteringane i miljøkonvensjonane. I WIPOs Komité for immaterialrett og genressursar, tradisjonell kunnskap og folklore (ICG) har Noreg fremja forslag om styrkt vern av tradisjonell kunnskap knytt til biodiversitet. Førebels har ein ikkje oppnådd semje, men mandatet for arbeidet blir truleg forlenga for ein ny toårsperiode. Under arbeidet med FAO-traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk er fokuset no på gjennomføring av avtala som sikrar at desse genressursane i størst mogleg grad blir tekne vare på for framtida. Utanriksdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet samarbeider om å etablere eit globalt lager på Svalbard for å sikre landbruksfrø som er viktige for verdas matforsyning. Lageret skal etter planen opnast tidleg i 2008. Noreg medverkar til fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norskfinske fondet for miljøvennleg og sosialt berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet arbeider saman med Utanriksdepartementet i fleire prosessar om FN-reform og å sikre at verksemda i FNs utviklingsprogram, UNDP, og andre utviklingsaktørar byggjer opp under miljømåla og medverkar til å tryggje livsgrunnlag.

Verkemiddel

Resultatområde 5 underområda 2 Andre avtaler, organisasjonar o.a. som har stor betydning for miljø, under dette WTO og EFTA blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400.

Departementet vil framleis, gjennom nært samarbeid med Utanriksdepartementet, delta i WTOs forhandlingsmøte og gjennom alliansebygging med andre land arbeide for løysingar som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøpolitikken, sidestillinga mellom miljøavtalene og WTO-regelverket og reell miljøvinst i arbeidet med å identifisere «miljøvarer». Ved utforming av norske posisjonar under EFTAs frihandelsavtaler vil det, i nært samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og andre aktuelle departement, framleis bli arbeidd for å sikre rom for nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken og at avtalene medverkar til berekraftig utvikling i tråd med målsetjingane for handelsområdet i Soria Moria-erklæringa.

Departementet vil, i samarbeid med Utanriksdepartementet, arbeide for å fremje miljø og samfunnsansvar i næringslivet ved bruk av dialogforum, arbeidsgrupper og internettinformasjon retta mot næringslivet. Noreg vil delta i internasjonale initiativ for samfunnsansvar, som FNs Global Compact og OECD, og vil utvikle desse slik at næringslivet kan konkretisere og rapportere betre på samfunnsansvar. Ein vil òg søkje å innlemme miljø og samfunnsansvar i samband med handelsavtalene. Regjeringa vil fremje internasjonalt anerkjente prinsipp for ansvarlege investeringar også i næringslivet ved auka bruk og framheving av FNs prinsipp for ansvarlege investeringar.

Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Regjeringa vil arbeide for styrkt miljøintegrasjon i desse organisasjonane gjennom styrande organ og andre former for samarbeid. Både eigne miljøsatsingar og gjennomføring av strategiske miljøkonsekvensvurderingar av ordinær verksemd vil vere viktige tiltak. Den viktigaste utfordringa framover for FAO-avtala for plantegenetiske ressursar vil vere å sikre at det multilaterale systemet for tilgang til plantegenetiske ressursar og utbyttedeling fungerer på best mogleg måte. I denne samanhengen er det viktig å samarbeide med sentrale land om å utvikle reglar for finansiering som i størst mogleg grad medverkar til dette. I WIPO vil Noreg arbeide for ein betre Nord-Sør-dialog slik at det i neste mandatperiode blir mogleg å einast om samlande løysingar innanfor området knytt til patentering av genressursar og tradisjonell kunnskap.

Resultatområde 5 – underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar miljøsamarbeid med land som i stor grad påverkar miljøet og som har betydning for utvikling og gjennomføring av dei globale miljøkonvensjonane. Underområdet omfattar vidare miljøfaglege vurderingar og bidrag til iverksetjing av regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid, programmet Olje for Utvikling og norsk innsats i Miljø for Europa-prosessen.

Tabell 10.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

5. Arbeide for at utviklingsarbeid styrkjer samarbeidslandas miljøforvaltning, betrar miljøtilstanden deira og førebyggjer globale miljøproblem.

5.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane. Særskilt vekt på utvikling av miljøavtalene med Kina, Sør-Afrika og Indonesia.

Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til samarbeidslanda med vekt på kompetansebygging i miljøforvaltninga og relevante sektorinstitusjonar og til oppfølging av konvensjonane på miljøområdet ved bruk av både multilaterale og bilaterale kanalar.

5.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.

Miljøforvaltninga medverkar til å realisere handlingsplan for miljøretta utviklingsarbeidet.

Miljøforvaltninga følgjer opp ansvaret for miljøomsyn i programmet Olje for utvikling.

5.3. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Oppfølging av ministererklæringa frå Miljø for Europa-ministermøtet i Beograd (oktober 2007) i det norske samarbeidet med EECCA-landa.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 5.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane. Særskilt vekt på utvikling av miljøavtalene med Kina, Sør-Afrika og Indonesia.

Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Indonesia og India (under norskindisk kommisjon). Eit samarbeid med Brasil er under utvikling. Desse landa har alle stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid. Kapasitetsbygging i miljøforvaltninga og integrasjon av omsynet til miljø i sektorane medverkar til gjennomgåande tema i miljøsamarbeidet med desse landa. Kapasitetsbygging i miljøforvaltninga er òg del av utviklingssamarbeidet med hovudsamarbeidslanda Zambia og Tanzania.

Arbeidsmål 5.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.

Miljøverndepartementet samarbeider med Utanriksdepartementet om å setje i verk Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde: biologisk mangfald og naturressursforvaltning, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi, og miljøgifter. Planen peiker på kompetansebygging og utvikling av miljøstyresett og systematisk bruk av miljøkonsekvensanalysar som verkemiddel for sektorintegrering av miljø i samarbeidslanda. I mange utviklingsland er det store utfordringar knytt til forvaltninga av petroleumsressursar. Regjeringas program Olje for Utvikling skal medverke til god ressursforvaltning innafor petroleumssektoren, ei finansforvaltning og eit styresett som medverkar til brei utvikling og til å ta vare på miljøomsyn. Ti land er i dag prioriterte frå norsk side og Miljøverndepartementet har ansvar for det faglege innhaldet innafor sine fagområde, og for å gjere tilgjengeleg og kvalitetssikre den faglege ekspertisen som blir nytta.

Arbeidsmål 5.3. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs økonomiske kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Miljøverndepartementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet følgt opp arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa bl.a. ved å støtte styrking av miljøinstitusjonar, tiltak for å verne biologisk mangfald, betre drikkevatn og redusere forureining. På Balkan har ein sett i gang fleire prosjekt på området avfall og avløpsvatn.

Verkemiddel

Resultatområde 5 underområde 3 Geografisk retta miljøsamarbeid er finansiert over kap. 1400. Det bilaterale samarbeidet blir i hovudsak finansiert av Utanriksdepartementet.

Ei god forvaltning av miljøet i utviklingsland vil førebyggje og avgrense naturkatastrofar, miljøskadar og konfliktar som rammar dei fattigaste hardast. Å støtte landa i å utvikle nasjonal miljøpolitikk og å gjennomføre internasjonale forpliktingar er sentralt for Noreg. Iverksetjing av regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid er eit viktig bidrag frå norsk side. Miljøverndepartementet vil byggje på det potensial konvensjonane har som reiskap for å redusere fattigdom og medverke til utvikling. Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til institusjonsoppbygging og oppfølging av konvensjonane på miljøområdet i samarbeidsland gjennom multilaterale og bilaterale kanalar. Miljøforvaltninga har eit fagleg ansvar for å sikre omsynet til miljø i Regjeringas program Olje for Utvikling, blant anna ved å gjere tilgjengleg og kvalitetssikre fagleg ekspertise. Miljøverndepartementet nyttar landsavtalene med Kina, Indonesia og Sør-Afrika til å fremje politisk dialog om globale miljøutfordringar og framdrift, forhandlingar og gjennomføring av dei internasjonale miljøavtalene. Det er lagt vekt på kimaspørsmål. Mål for prosjektsamarbeidet under avtala er utvikling av miljøforvaltninga og miljøinstitusjonar generelt, og å auke folkeleg miljøengasjement. I Indonesia samarbeider ein om å kjempe imot ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer og å kartleggje klimagassutslepp som følgje av avskoging. Under miljøsamarbeidet med Kina er klima, opplæring i industrikontroll, reduksjon av miljøgifter, integrasjon av miljø i sektorane og samarbeid med næringslivet vektlagt. Den norske støtta til Sør-Afrika innan reduksjon av forureining, vern av biologisk mangfald og godt styresett, vil medverke til å oppfylle mål i Miljø- og turistdepartementets strategi.

Ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltninga i landa på Balkan og dei såkalla EECCA-landa (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia) er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar i denne regionen. Noreg vil delta i vidare utvikling av det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på Miljø for Europa-prosessen og miljøsamarbeidet i EECCA og følgje opp ministererklæringa frå Miljø og Europa-ministermøtet i Beograd hausten 2007. Noreg vil her òg leggje vekt på kapasitetsbygging i miljøforvaltninga og medverke til å gjennomføre tiltak for å betre miljøsituasjonen i nokre utvalte land.

Resultatområde 5 – underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Definisjon og avgrensing

Underområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg miljøfagleg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og samarbeidet under Antarktistraktaten. Underområdet omfattar i tillegg arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.

Tabell 10.6 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

6. Samarbeidet i Noregs nærområde, i den arktiske regionen og i Antarktis skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg.

6.1. Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.

Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd på områda klima, miljøgifter og biologisk mangfald.

6.2. Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.

Resultatet av miljøkrav og retningslinjer for norske aktivitetar i Antarktis.

Deltaking i arbeidsgrupper og andre samarbeidsfora under traktaten.

6.3. Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå hot-spots i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.

Talet på hot-spots der det er satt i gang tiltak.

Talet på område der det er samarbeid om bevaring av biodiversitet.

6.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.

Gjennomslag for miljøomsyn i oppfølginga av strategien.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 6.1. Medverke til heilskapleg forvaltning av naturressursane og til å redusere miljøgift- og klimaverknadene gjennom samarbeidet i Arktisk Råd.

Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd, og har formannskapet i perioden oktober 2006 til oktober 2008. Noreg, Danmark og Sverige har etter tur ansvaret for formannskapet i Arktisk Råd frå 2006 til 2012 og har blitt samde om å etablere eit sekretariat for rådet for denne perioden. Sekretariatet vart oppretta i 2007 og er plassert ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Det første møtet i Arktisk Råd under det norske formannskapet vart halde i Tromsø i 2007. Oppfølginga av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda er to av hovudprioriteringane under det norske formannskapet, og konkretisering av dette arbeidet gjennom ulike prosjekt sto sentralt på møtet i Tromsø. Det norske klimaforslaget om havisens tilbaketrekning, smeltinga av Grønlandsisen og reduksjonen av permafrost/snødekke vart svært godt motteke. Det vart òg tilslutning til norske forslag som gjaldt samarbeid om tilpassing til klimaendringar. Noreg finansierer framleis storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i overvakingsprosjekta under programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under ACAP (Arctic Contaminants Action Plan) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt i Russland under Arktisk Råds program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlege Russland (ECORA). Hovudfinansieringa kjem her frå Den globale miljøfasiliteten (GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og nokre andre arktiske land.

Arbeidsmål 6.2. Sikre dei unike natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og ta vare på kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten.

Noreg har gjennom deltaking i ATCM (Antarctic Treaty Consultative Meeting) og CEP (Committee for Environmental Protection) medverka aktivt til å utvikle omfattande reglar for vern av miljøet på dette kontinentet. Av dei nærare 200 anbefalingane som er utarbeidde, er størsteparten retta mot menneskeleg verksemd med spesiell vekt på miljø. Antarktis er i dag eit kontinent vigd til fred og vitskap, og verna som naturarv. Det relativt urørte natur- og kulturmiljøet i Antarktis er likevel under stadig større press frå interne og eksterne påverknadsfaktorar. Det er auka omfang av infrastruktur for forsking, auka ferdselspress, innvandring av framande dyre- og plantearter, hausting/fangst, klimaendringar, forureining og ozonnedbryting. Spesielt klimaendringar og turisme er hovudsaker for samarbeidet under Antarktistraktaten.

Arbeidsmål 6.3. Medverke til tiltak som reduserer utslepp frå hot-spots i Russland og til å bevare biodiversiteten i området gjennom formannskapet i Barentsrådets miljøgruppe.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer det bilateralet samarbeidet under miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentsrådet. Barents­rådets miljøarbeidsgruppe i samarbeid med NEFCO arbeidde med å setje i gang forprosjekt til å rydde opp i dei 42 største forureiningskjeldene i Barentsregionen, dei såkalla hot-spots. Vidare er det etablert eit russisk-nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av habitat og biologisk mangfald i Barentsregionen (Habitatvernforum). Hausten 2008 overtek Noreg leiinga av Barentsrådets miljøarbeidsgruppe etter Russland. I den 2-årige perioden Noreg leier dette samarbeidet, vil arbeidet med tiltak som reduserer utslepp av miljøgifter og klimagassar frå hot-spots i Russland, arbeid for å bevare biomangfald i regionen og ei vidareføring av arbeidet med reinare produksjon/berekraftig produksjon ha prioritet.

Arbeidsmål 6.4. Ivareta miljø i oppfølginga av nordområdestrategien.

Regjeringas nordområdestrategi legg bl.a. opp til at Noreg skal vere den fremste forvaltaren av miljøet og naturressursane i Nordområda. Miljøverndepartementet vil delta aktivt i oppfølginga av nordområdestrategien og leggje særleg vekt på heilskapleg forvaltning og strenge krav til aktivitetar som påverkar miljøet. Miljøverndepartementet vil òg medverke til å styrkje internasjonalt samarbeid for å redusere menneskeskapte klimaendringar og redusere belastninga frå langtransporterte miljøgifter.

Tabell 10.7 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

7. Miljøvernsamarbeid med Russland skal medverke til redusert forureining i nærområda, betre løysing av felles miljøoppgåver, kompetanseutvikling i miljøforvaltning og næringsliv og til å fremje russisk deltaking i internasjonalt miljøvernsamarbeid, konvensjonar og avtaler.

7.1. Medverke til at moderniseringa av nikkelverka på Kola fører til at miljømåla blir nådde.

Reduksjon i utslepp frå nikkelverka samanlikna med utsleppa i 1999.

7.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.

Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon.

Russisk forvaltnings tilrettelegging for meir berekraftig produksjon og forbruk.

7.3. Styrkje det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervakning, vern av naturtypar og kulturminne.

Resultat av samarbeid om forvaltning av verneområde og arter, samarbeid om miljøovervaking og vern av kulturminne.

Status for etablering av nasjonalparken på Frants Josefland og innhald i reglar for drifta. Etablering eller utvikling av verneområde.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1. Medverke til at moderniseringa av nikkelverket på Kola fører til at miljømåla blir nådde.

Moderniseringsprosjektet for nikkelverket, som består av eit nytt briketteringsanlegg i Zapoljarny og modernisering/ nytt smelteverk med tilhøyrande gassreinsing og svovelsyrefabrikk i Nikel, kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka i forhold til ferdigstilling som tidlegare var planlagt innan utgangen av 2006. Brikkeringsanlegget i Zapoljarny er vedteke bygt og skal etter planen stå ferdig i 2009. Leiinga i konsernet har til no ikkje teke endeleg stilling til framtidig lokalisering av smelteverket med tilhøyrande gassreinsing og handtering av svovel. Dei to alternativa som er under vurdering er bygging/modernisering av smelteverket i Nikel og bygging av nytt smelteverk i Montsjegorsk, lengre sør på Kola-halvøya. Frå eit miljøsynspunkt verkar flytting av smelteverket til Montsjegorsk som eit godt alternativ, som vil oppfylle miljømåla. Etter Nordisk Investeringsbanks og Miljøverndepartementets vurdering vil likevel ei flytting av smelteverket til Montsjegorsk liggje utanfor avtalene om norsk støtte. Konsernet er derfor gjort kjent med at den norske økonomiske støtta er avgrensa til modernisering i Nikel, innafor den tidsperioden som avtalene gjeld, som er til 2010.

Miljøverndepartementet held seg fortløpande orientert om utviklinga av prosjektet.

Arbeidsmål 7.2. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk industri og næringsliv.

Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Nordens nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, bl.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi og innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta. Arbeidet held fram i 2008.

Programmet for reinare produksjon og industriell miljøeffektivitet har som formål å introdusere metodar for miljø- og energieffektivitet i russiske industribedrifter i regionane Arkhangelsk, Murmansk, Karelen og Komi. Dei fleste store industrikombinata i disse regionane har delteke i programmet. I 2006 har det vore lagt vekt på å få med bedrifter på AMAP/NEFCOs hot-spot-liste i programmet. Det har òg vore gjennomført basisprogram i alle regionane og lagt til rette for å inkludere kommunale bedrifter i programmet. Ei rekkje bedrifter som har gjennomført programmet har dokumentert potensiale for betydelege miljø- og økonomiske gevinstar. Programmet held fram i 2008 med vekt på bedrifter på hot-spot-lista, bedrifter som påverkar havmiljøet i nord og kommunale bedrifter. Det blir òg arbeidd med å forankre programmet i undervisningssystemet i regionen.

Arbeidsmål 7.3. Styrkje det grensenære samarbeidet om forvaltning av arter, miljøovervakning, vern av naturtypar og kulturminne.

I det grensenære samarbeidet er Pasvikprogrammet no fullført. Det er bl.a. utarbeidd ein oppdatert miljøstatus for nedslagsfeltet for forureininga frå nikkelverket, og det er fremja eit forslag om eit felles langsiktig miljøovervakingssystem som eit samarbeid mellom Noreg, Finland og Russland. Resultata av miljøundersøkinga vil bli presenterte for lokalbefolkninga, og det vil bli foreslått tilleggsundersøkingar av miljøtilstanden i området på grunnlag av miljøstatusrapporten. Samarbeid med Russland om overvaking og varsling av luftforureining skal styrkjast. Samarbeidet om ein felles norsk-russisk-finsk vennskapspark i Pasvik-Inari er starta opp med formål å utvikle samarbeid mellom samanhengande verna område i tre land. Viktige samarbeidsområde er artsforvaltning, forsking, miljøundervisning og økoturisme. Bioforsk Svanhovd har mellom anna vidareført det naturfaglege samarbeidet, gjesteforskarordninga og fenologisamarbeidet med russiske institusjonar og skular. Det er òg gitt ut eit temahefte om miljø- og petroleumsutvinning i Barentshavet. Kulturminnesamarbeidet med Russland feira 10-årsjubileum. Dette vart markert med eit seminar i Kenozero nasjonalpark der samarbeidet vart oppsummert. Forutan synlege resultat som restaurerte bygningar, mølle og damanlegg har samarbeidet gitt verdifull erfaringsutveksling mellom norske og russiske ekspertar og handverkarar, og det er bygd opp lokal restaureringskompetanse. Russisk side medverkar no med størstedelen av finansieringa av restaurering i Kenozero.

På området bevaring av habitat og biologisk mangfald, er det mellom anna starta eit samarbeid om forvaltning av Yugyd Va nasjonalpark i Komi, og om metodar for bevaring av kulturlandskapet i Kenozero nasjonalpark. Det er starta opp prosjekt for kartlegging og bevaring av utrydningstruga arter der Noreg og Russland har felles ansvar, mellom anna ismåke og dverggås. Det er òg starta eit samarbeid om forvaltning av arktiske verneoppdrag. Bakgrunnen for samarbeidet er Russlands planer om å opprette ein nasjonalpark på Franz Josefland og deira interesse for norske erfaringar med forvaltning av verneområde på Svalbard.

Det grensenære samarbeidet i Pasvikområdet, kulturminnesamarbeid, samarbeid om bevaring av biologisk mangfald og om forvaltning av arktiske verneområde blir ført vidare i 2008.

Tabell 10.8 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale målMiljøforvaltningas arbeidsmålMiljøforvaltningas resultatindikator

8. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att.

8.1. Etablere grunnlag og verktøy for samarbeid om framtidig forvaltning av Barentshavet.

Godkjent rapport om miljøstatus.

Grad av felles problemforståing og felles forvaltningsprinsipp når det gjeld miljøutfordringane i Barentshavet.

Krav til regulering og forureiningskontroll for å verne havmiljøet i Barentshavet.

Status for samarbeidet om miljøovervaking og etablering av felles miljødataportal.

Russisk tilslutning til OSPAR- standardar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 8.1. Etablere grunnlag og verktøy for samarbeid om framtidig forvaltning av Barentshavet.

Framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar, m.a. produksjon og transport av olje og gass, vil vere viktig for Barentshavet. Den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet inneheld bl.a. tiltak for å sikre låg risiko for akutt oljeforureining. Det er viktig å styrkje samarbeidet med Russland for å sikre ei god oppfølging av forvaltningsplanen.

Havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen skal medverke til auka samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Miljøovervaking og miljødatasamarbeid, vern og forvaltning av biologisk mangfald og regulering og forureiningskontroll står sentralt i samarbeidet, m.a. ein felles norskrussisk miljødataportal for Barentshavet og Kvitsjøen. Forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet er oversett til russisk og presentert for russiske styresmakter og fagfolk. Eit arbeidsprogram for samarbeidet i 2007-2008 er vedteke av Den norskrussiske miljøvernkommisjonen. Det er det semje om å utarbeide ein felles norsk­russisk statusrapport for miljøtilstand og biologiske ressursar i heile Barentshavet. Arbeidet skal vere ferdig i 2009. Eit viktig mål for havmiljøsamarbeidet er å arbeide for streng miljøregulering av alle aktivitetar som påverkar miljøet i Barentshavet. Vi skal styrkje samarbeidet om kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling og arbeide for å fremje bruk av miljøvennlege produksjonsprosessar i all petroleumsverksemd i området. Dette skal oppnåast gjennom samanlikning av norske og russiske normer og regelverk på miljøområdet og gjennom praktisk tilnærming til miljøregulering og kontroll av verksemd i Barentshavet.

Harmonisering av overvakingsmetodikk er høgt prioritert og går føre bl.a. ved hjelp av felles norskrussisk miljøovervakingstokt. Her blir utført både prøvetaking og laboratorieanalysar i samsvar med OSPARs retningslinjer for overvaking av miljøgifter (JEMP), som eit ledd i å introdusere OSPARs metodikk for russiske fagmiljø og styresmakter.

Den russiske sida har òg vist interesse for å etablere eit grunnlag for økosystembasert miljøovervaking i Barentshavet. Dette vil bli diskutert som ei oppfølging av arbeidet med å lage ein felles miljøstatusrapport.

Tabell 10.9 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

9. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte.

Omfanget av område med vernestatus.

9.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard og sikre at påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard blir halde på eit lågt nivå.

Bestandsstatus for utvalde arter.

Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

Mengde, gjenvinningsgrad og system for handtering av avfall.

Lokale utslepp til luft og vatn frå verksemd på Svalbard.

Status på kvalitet på arealplanarbeidet i busetnadene.

9.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbard miljøvernfond.

Talet på og effekten av gjennomførte tiltak og prosjekt med støtte frå fondet.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Svalbard har ein unik villmarksnatur og eit dyre- og planteliv som er svært rikt i arktisk samanheng. Med unntak av busetnadene og deira nærområde, har øygruppa totalt sett framleis preg av å vere eit stort, samanhengande villmarksområde.

Noreg har som mål at Svalbard skal framstå som eit av verdas best forvalta villmarksområde, og det er eit mål for miljøvernpolitikken at omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal søkjast oppretthalde, og at ein skal søkje å unngå at samanhengande villmarksområde blir delte opp ved gjennomgåande naturinngrep. Viktige tiltak i den samanhengen er å utarbeide nye verne- og forvaltningsplanar, og å styrkje kunnskapane om og overvakinga av miljøet på Svalbard. Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda på øygruppa. I tillegg er nye sjøområde inkluderte i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa frå fire til tolv nautiske mil. Til saman er ca. 65 pst av landområda på Svalbard og 84 pst av territorialfarvatnet verna.

Vidare er det starta eit arbeid med sikte på tiltak for vern av verneverdige fossil.

Arbeidsmål 9.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard og sikre at påverknad av miljøet frå lokal verksemd og busetnad på Svalbard blir halde på eit lågt nivå.

Det er mistanke om dramatiske endringar i bestandane av ismåke. Bestanden på Svalbard og i Russland vart kartlagt i 2006-2007 og er anslått til 3 500 hekkande par. Dette er ein tredel av kva bestanden var i 1995. Egg frå ismåke i Russland viser høge nivå av særleg PCB og DDT.

Kvalross har vore freda i 50 år og er ein raudlisteart. Bestanden er framleis liten, men synest å auke. Bestandsteljing av kvalross held fram i 2007.

Målingar ved Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund sidan 2000 viser at førekomsten av kvikksølv i planter og dyr aukar i Arktis. I Arktis er det på våren heilt spesielle forhold i atmosfæren som fører til at reaktivt kvikksølv blir tilgjengeleg for biologisk materiale gjennom opptak i næringskjedene. Det er påvist kvikksølv i bl.a. sel, kval og fisk.

Fra Canada blir det rapportert om ein nedgåande trend for PCB i luft. Tilsvarande kan ikkje bekreftast frå Svalbard der PCB-konsentrasjonane er høgst av alle PCB-målingar frå arktiske målestasjonar. Konsentrasjonar funne i polarmåke på Bjørnøya og polarrev og isbjørn frå Svalbard har eit nivå som kan ventast å ha effektar på reproduksjon og immunforsvar. Ein kontinuerleg tilførsel av lågkonsentrerte DDT-sambindingar frå nye kjelder frå Asia og Afrika fører likevel til opphoping i den arktiske næringskjeda. Det er funne høge konsentrasjonar i isbjørn og polarmåke frå Svalbard og Bjørnøya. Det har vore ein markant reduksjon i tilførsel av særleg svovelsambindingar til Svalbard dei siste åra. Det er grunn til å tru at tolegrensa no blir overskriden på mindre enn 5 pst. av Svalbards isfrie landareal.

Det er registrert fleire «nye» miljøgifter i Arktis. Ein ny studie viser at død og døyande arktisk sjøfugl på Bjørnøya har svært høge nivå av bl.a. bromerte flammehemmarar. Det er òg funne låge konsentrasjonar av flammehemmarar i sjøfuglegg frå Nord-Noreg og Bjørnøya.

Sysselmannen har gjennomført det årlege strandryddingstoktet, og mange tonn med søppel er rydda frå Svalbards strender. Aksjonen må halde fram då det kvart år driv betydelege mengder søppel i land på Svalbard.

Arbeidsmål 9.3. Sikre effektiv utnytting av midlane i Svalbards miljøvernfond.

Svalbards miljøvernfond vart først operativt i 2007 og dette er derfor eit nytt arbeidsmål frå 2008.

Tabell 10.10 Tabell Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale målMiljøforvaltningas arbeidsmålMiljøforvaltningas resultatindikator

10. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg.

10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Skade og slitasje på utvalde kulturminne og kulturmiljø.

Gjennomsnittleg årleg tap av registerte kulturminne i pst.

Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlings planen for Jan Mayen.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.

I 2007 er det i tillegg utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010.

Det er òg etablert eit spesielt system for overvaking av nedbrytninga av arkeologiske kulturminne.

Svalbard representerer natur- og kulturverdiar som Noreg har eit særskilt ansvar for å sikre, og UNESCO har signalisert tydeleg interesse for arktisk natur. Miljøvernministeren har derfor teke initiativ til å føre Svalbard opp på Noregs tentative verdsarvliste.

Tabell 10.11 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

11. Transport og ferdsel på ­Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve ­naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett til gjengelege frå ­busetnadene.

11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Volum og fordeling av motorisert ferdsel på Svalbard.

Tilgang på og forvaltning av ­snøskuterfrie område.

Tal og geografisk spreiing av ilandstigingar frå cruiseskip ­utanfor planområda.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Den langsiktige trenden synest å vere at talet på besøkande/turistar til Svalbard har stabilisert seg eller berre aukar svakt. Samtidig synest trenden å vere færre oversjøiske cruisefartøy, men at storleiken på skipa aukar. I 2006 kom ca. 26 900 turistar og kurs/konferansedeltakarar med fly til Svalbard, ein liten auke sidan 2005, då talet var 23 900. I tillegg er cruisetrafikken betydeleg. I 2006 kom det 28 787 turistar med oversjøiske cruisefartøy til Svalbard, mens talet i 2005 var 29 224.

Tilrådingane frå den interdepartementale arbeidsgruppa som har vurdert behovet for tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg er blitt følgt opp. Regjeringa vedtok 1. juni å forby tungolje for skip som seglar innanfor dei to store naturreservata på austsida av Svalbard. Regjeringa vedtok òg at det ikkje kan vere meir enn maksimalt 200 passasjerar om bord på skip som seglar innanfor desse naturreservata. Skipsfarten på austsida av Svalbard består hovudsakeleg av cruisetrafikk og fiskefartøy. Cruisetrafikken i desse områda har auka betydeleg dei seinare åra. Samtidig skaper drivis, kulde og vintermørke saman med ureine farvatn og mangel på moderne sjøkart spesielle utfordringar for navigasjonen. Grensa på 200 passasjerar er sett for å hindre at dei store cruiseskipa som i dag ferdast på vestkysten av Svalbard tek i bruk farvatna på austsida. Dette vil medverke til å avgrense talet på ilandstigingar og førebyggje auka slitasje og forstyrring av dyrelivet innanfor naturreservata på austsida av Svalbard. Styresmaktene arbeider no med forslag til endringar av verneforskrifta for Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard naturreservat.

Tabell 10.12 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

12. Samarbeid med russiske ­styresmakter skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og ­sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

12.1. Arbeide for å hindre gjen­opning av THORP og arbeide for ei framtidig nedlegging av gjenvinningsindustrien ved Sellafield.

Møte med britiske styresmakter, tilsyns-styresmakter og eigar av anlegga.

Gjennomført miljøkonsekvens­utgreiing.

12.2. Redusere risikoen for radioaktiv forureining av miljøet frå utanlandske kjelder og aktivitetar i Noregs nærområde.

Gjennomførte miljøkonsekvens­utgreiingar.

Gjennomførte tryggingstiltak.

Atomtryggleiks- og avfalls­situasjonen i Noregs nærområde.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1. Arbeide for å hindre gjenopning av THORP og arbeide for ei framtidig nedlegging av gjenvinningsindustrien ved Sellafield.

Reprosesseringsanlegget THORP ved Sellafield har vore stengt sidan april 2005, då det vart oppdaga ein større lekkasje ved anlegget. På grunn av tryggleikssituasjonen ved anlegget går Noreg i mot gjenopning, og har teke dette opp med britiske styresmakter fleire gonger. Noreg har òg eit nært samarbeid med Irland, Island og Austerrike og miljøvernministrane har underteikna ei felles ministererklæring med ei klar oppmoding til britiske styremakter om ikkje å gjenopne anlegget. Det er òg nær kontakt mellom dei norske og britiske strålevernstyresmaktene.

Noreg har òg sendt ein appell til Sverige der ein vonar at Sverige vel ei anna løysing. Miljøvernministeren har elles oppmoda sin svenske kollega om at Sverige ikkje skal sende avfall til Sellafield for reprosessering.

Ein vil i 2008 gjennomføre ei vurdering av moglege konsekvensar for Noreg i tilfelle ei alvorlig atomhending ved Sellafield.

Arbeidsmål 12.2. Redusere risikoen for radioaktiv forureining av miljøet frå utanlandske kjelder og aktivitetar i Noregs nærområde.

Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. Noreg arbeider for breiast mogleg internasjonal deltaking i dette arbeidet. I tillegg ønskjer Noreg at den russiske opinionen engasjerer seg i miljøforholda og problema, og gir støtte til NGOar.

Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg. Kriseutvalets langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen blir gjennomført som planlagt, og det blir arbeidd for at departementet og dei underliggjande etatane er godt egna til å redusere miljøkonsekvensane så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

Tabell 10.13 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polar­områda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

13. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

13.1. Arbeide for reduksjon av utsleppa av produsert vatn og for forsvarleg deponering av radioaktivt avfall frå petroleumsindustrien.

Samla utslepp av produsert vatn frå petroleumsindustrien.

Konsesjonsvilkår for deponi i Gulen. Samla mengd avfall på mellombels lager.

13.2. Kartleggje utslepp av radioaktivt materiale frå norske kjelder og delta i konsesjonsbehandlinga av norske nukleære anlegg og andre kjelder.

Samla utslepp av radioaktivt materiale frå norske kjelder.

Miljøresultat av konsesjonsbehandlinga.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon i utsleppa av produsert vatn og for forsvarleg deponering av radioaktivt avfall frå petroleumsindustrien.

Utsleppa av naturlig førekommande radioaktive stoff oppløyst i produsert vatn frå norsk sokkel vart nyleg kartlagde. Utsleppa er lågare enn tidlegare overslag i EU-rapporten frå MARINA II-studien, men representerer likevel ei betydeleg kjelde i det marine miljø. Utslepp av produsert vatn må reduserast for å oppfylle OSPAR-strategien for radioaktivitet. Saman med bl.a. Storbritannia og Nederland har Noreg frå 2005 rapportert utslepp frå denne sektoren til OSPAR.

Statens strålevern arbeider no med forslag til endringar i strålevernforskrifta for å betre handteringa av stråling til det ytre miljøet. Ein vonar å få miljødelen av strålevernforskrifta betre harmonisert med resten av forureiningsregelverket.

Eit deponi for endelig forvaring av lågradioaktivt avfall frå industrien vart opna i september 2007 i Sløvåg i Gulen kommune. Lågradioaktivt avfall som no er mellombels lagra skal etter kvart flyttast over til dette deponiet.

Arbeidsmål 13.2. Kartleggje utslepp av radioaktivt materiale frå norske kjelder og delta i konsesjons­behandlinga av norske nukleære anlegg og andre kjelder.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder. Landbaserte kjelder har liten innverknad når det gjeld nasjonale utslepp.

Miljøverndepartementet vil delta i den felles departementale konsesjonsbehandlinga av IFEs nukleære anlegg når innstillinga frå Statens strålevern kjem i 2008.

Tabell 10.14 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 underområde 4 Miljøsamarbeid i nord- og polarområda

Nasjonale mål

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

14. Tiltak skal gjennomførast der historisk forureining er identifisert, slik at inga folkegruppe blir utsett for større stråledosegrenser enn tilrådd som følgje av konsum av naturprodukt eller ved opphald i friområde.

14.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.

Oversikt over stader med historisk avfall frå gruveverksemd. Samla mengde avfall og avrenning frå slike stader.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 14.1. Identifisere radioaktivt avfall frå historisk gruveverksemd og vurdere ulike tiltaksstrategiar som kan sikre avfallet slik at det ikkje påverkar naturmiljøet.

Miljøverndepartementet har finansiert prosjekt for å kartleggje og sikre oppkonsentrert radioaktivt materiale frå tidligare gruveverksemd i Noreg. Spesielt ved Søve gruver i Nome kommune er det etterlate slagg med eit oppkonsentrert innhald av uran/radium og thorium. Ein vonar å kartleggje omfanget av forureininga og vurdere ulike strategiar for å sikre at den ikkje spreier seg vidare i miljøet. Prosjektet vil halde fram i 2008 og ein vil etter kvart sjå nærare på anna tidlegare gruveverksemd òg.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 5, underområde 4 miljøsamarbeid i nord og polarområda, er dekt over Norsk Polarinstitutts budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472 – Svalbards miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2008, bl.a. blir det gitt tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). Radioaktiv forureining er i hovudsak dekt over kap. 1410 og dekkjer bl.a. vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram.

Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCOs miljøutviklingsfond, til prosjekt under Arktisk råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Årleg løyving til NEFCOs grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet (73 pst.) og Utanriksdepartementet (27 pst.). Noreg har stilt til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kroner til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande, minst tilsvarande beløp i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Norilsk Nikkel-konsernet har til no ikkje teke stilling til om moderniseringsprosjektet blir gjennomført i samsvar med dei avtalene som er inngått med Noreg. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet dersom prosjektet blir gjennomført i tråd med dei avtaler Noreg kan gi økonomisk støtte.

Miljøvernavtala og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet er leia av ein norskrussisk miljøvernkommisjon på politisk nivå. På det 12. møtet i miljøvernkommisjonen hausten 2006 vart det underskrive eit arbeidsprogram for 2007-2008. Programmet omfattar samarbeidsområda vern av havmiljø, forvaltning av biodiversitet i Barentsregionen, reduksjon av forureining og programmet reinare produksjon, grensenært samarbeid, kulturminnevern og den russisk, arktiske nasjonalparken, og undersøkingar av radioaktiv forureining som blir finansiert over UDs atomhandlingsplan. Havmiljøgruppa under miljøvernkommisjonen blir eit viktig verkemiddel for samarbeidet om miljøutviklinga i Barentshavet saman med oppfølginga av St.meld. nr. 8. (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, som Regjeringa vedtok i mars 2006. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i Svalbardmiljølova § 98. Fondet er avgiftsfinansiert, og er sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard, gebyr for jakt- og fiskekort m.m., verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Midlane kan berre brukast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. I mars 2007 vart det oppretta eit styre for fondet som skal tildele midlar til prosjekt etter søknad. Søknadsprosessen og tildeling av midlar skal skje i samsvar med forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond fastsett av Miljøverndepartementet 30. april 2007. Sekretariatet er lagt til sysselmannen. Miljøgebyr for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, og då miljøgebyrforskrifta først tok til å gjelde 1. april 2007 vil fondet først i 2008 ha full inntening og vere fullt operativt.

Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom bl.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.

Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.

Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.

Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringas miljøpolitikk for Svalbard.

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet (no Helse- og omsorgsdepartementet) ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Avtala vart fornya hausten 2005. Ved ein kongeleg resolusjon hausten 2006 overtok Miljøverndepartementet mynde etter Strålevernlova og strålevernforskrifta på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Avtala og myndeoverføringa sikrar at Miljøverndepartementets noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover, bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.

Miljøforvaltninga i Antarktis er blitt styrkt ved at det er blitt fastsett eit vedlegg til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis og Miljøverndepartementet arbeider no med å implementere desse reglane ved å endre forskrift om vern av miljøet i Antarktis frå 1995. Det er i Antarktistraktatsamarbeidet auka fokus på den veksande cruiseturismen, og på det 30. konsultative møtet til Antarktistraktaten i 2007 vedtok traktatpartane ein resolusjon som tilrår at partane rår i frå eller nektar å godkjenne søknader frå turoperatørar om å setje i land passasjerar frå skip med meir enn 500 passasjerar. Resolusjonen inneheld òg eit punkt som ber partane oppmode til eller krevje at turoperatørane koordinerer seg i mellom slik at det berre er eit cruiseskip på same ilandstigingsplass på same tid. Vidare skal partane oppmode til eller krevje at turoperatørane avgrensar talet på passasjerar som er på land til same tid til 100 eller færre, og at det skal være minimum 1 guide pr. 20 passasjerar mens passasjerane er i land.

11 Resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling

Ein føresetnad for berekraftig samfunnsutvikling er samordning på tvers av sektorinteresser og forvaltningsnivå. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for å oppnå slik samordning.

Resultatområdet består av tidlegare resultatområde 9 Regional planlegging og resultatområde 10 Kart og geodata. I tillegg er omtala av det regionale og lokale miljøarbeidet, arbeidsmål 4 under tidlegare resultatområde 11, lagt inn under det nye resultatområde 6.

Det er utarbeidd fleire nye nasjonale resultatmål på området og det er, ulikt frå på tidlegare resultatområde 9 og 10, formulert arbeidsmål under det enkelte resultatmål.

Statusomtala på det nye resultatområde 6 er utforma i forhold til dei nasjonale resultatmåla på tidlegare resultatområde 9 og 10, slik dei er formulerte i St.prp. nr 1 for budsjettåret 2007.

Det nye resultatområdet består av dei tre underområda:

6.1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

6.2 Kommunal og regional planlegging

6.3 Kart og geodata

Strategiske mål

Den kommunale og regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innafor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei open haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur med tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar. Denne målsetjinga gjeld både for norske sjø- og landområde. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold. Innafor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget.

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arealpolitikk og samfunnsutvikling knytt til planlegging etter plan- og bygningslova, lokalt miljøarbeid, regional og kommunal planlegging og kart og geodata. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova.

Underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

Planlegging etter plan- og bygningslova skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk, økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Miljøverndepartementet har som oppgåve å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring. Dette arbeidet skal skje i nært samarbeid med andre departement. Området omfattar òg arbeidet med å styrkje miljøkompetansen og forankringa av det lokale miljøarbeidet i kommunane. Arbeidet med styrking av miljøpolitikken i kommunane er særleg knytt opp mot kommunane si rolle som samfunnsutviklarar.

Underområde 2 Kommunal og regional planlegging

Planlegginga er sektorovergripande, og er viktig for gjennomføring av mål bl.a. innafor resultatområda 1 Naturens mangfald og friluftsliv, 2 Bevaring og bruk av kulturminne og 4 Eit stabilt klima og rein luft. Planlegginga skal sikre ei berekraftig forvaltning av landets samla arealressursar, skape gode fysiske miljø og sikre verdiskaping i lokalsamfunna. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

Underområde 3 Kart og geodata

Området omfattar etablering og drift av stadfesta basisinformasjon knytt til kart og geodata. Det dekkjer utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innafor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Området inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.

Resultatområde 6 – underområde 1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 1 arealpolitikk og samfunnsutvikling

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

1. Heilskapleg planlegging og arealforvaltning skal bidra til berekraftig lokal og regional utvikling og sikre landskaps-, natur- og kulturverdiar.

1.1 Fremje auka bruk av plan- og bygningslova (pbl) som verkemiddel for redusert utslepp av ­klimagassar og tilpassing til ­klimakonsekvensar blant anna knytt til areal- og transporttiltak.

Talet på planar i kommunar og fylke med særleg fokus på ­klimautfordringar.

Talet på kommunar og fylke med sårbarheits- og risikoanalysar av klimakonsekvensar.

Utslepp av klimagassar frå ­transport og oppvarming i ­kommunar og fylke.

Tettstadareal totalt og pr. inn­byggjar.

Talet på regionar med samordna areal- og transportplanar.

1.2 Stimulere til heilskaplege og langsiktige vindkraftutbyggingar gjennom regional planlegging.

Talet på regionale planar for vindkraft.

1.3 Fremje auka fokus på miljø, livskvalitet og helse i byar og tettstader knytt til byomforming, sentrumsutvikling, grønstruktur og bymarker, busetjing og næringsliv. Koordinere programmet for Groruddalen og samarbeidsprosjektet Framtidas byar – klima- og miljøvennlege byar.

Sykkel- og gangvegar i tettstader pr. 10 000 innbyggjarar.

Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

Omfang og aktivitet i nettverk for stadutvikling

Formidling gjennom nettportal for stadutvikling.

Delen av gjennomførte tiltak på kvart programområde i Groruddalen.

1.4 Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig by- og tettstadstruktur.

Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde.

Delen av barn som har kortare enn 500 m til skule og barnehage.

1.5 Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging ved å setje i verk og følgje opp RPR for universell utforming, og koordinere handlingsplanen for auka tilgjenge for alle.

Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for ­universell utforming.

Del av tiltak som er gjennomførte i handlingsplanen.

1.6 Bidra til bevaring og styrking av miljøkvalitetar i landskapet gjennom å rettleie kommunane og å følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen.

Oppfølgingstiltak og prosjekt i kommunar, fylke og internasjonalt.

Oppfølging av DN og RA sin felles strategi for arbeidet med landskap.

1.7 Fremje berekraftig utvikling og arealbruk utanfor byar og tettstader gjennom kommunale og regionale planar med langsiktige rammer for natur- og kulturverdiar, verdifulle landbruksområde, verdiskaping og stadutvikling.

Talet på fjell- og utmarksregionar med fylkesdelplan.

Delen av regionale partnarskap, regionalparkar, verdiskapingsprogram mv. som er forankra i kommunale og regionale planar.

Areal dyrka og dyrkbar mark omdisponert og regulert etter pbl til andre føremål enn jordbruk.

1.8 Sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planprosessar og etablering av nasjonale villreinområde og europeiske villreinregionar, og stimulere til berekraftig bruk av reindriftas areal.

Talet på vedtekne regionale planar som omfattar villreinfjella.

Talet på bygningar og bygging i og innan 4 km frå villreinområde.

Talet på bygningar og bygging i reinbeiteområde.

1.9 Sikre betre og meir miljøbasert utbygging av fritidsbustader, der omsynet til landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk blir vektlagt.

Talet på fritidsbustader i snaufjell, i strandsona, i og i nærleiken av villreinområde

Bygging av nye fritidsbustader innanfor eller i tilknyting til eksisterande fritidshusområde.

1.10 Sikre god oppfølging av nasjonal strandsonepolitikk ved å oppfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til streng praksis ved behandling av dispensasjonar og planar i strandsona langs sjø og vassdrag.

Delen av kystsona omfatta av fylkesdelplan med føringar for arealpolitikken i kystsona.

Talet på gitte og delen av dispensasjonar for nybygg i strandsona langs sjø og vassdrag.

Talet på nybygg i strandsona i og utanfor by- og tettstadområde.

Delen av kystlinja og vassdragslinja som ligg nærare enn 100 m frå bygningar.

1.11 Sikre ei heilskapleg forvaltning av vassdragslandskap, blant anna i høve til nedbygging, og ­stimulere til regional planavklaring av små vasskraftverk, der omsynet til naturmangfald, friluftsliv og landskap blir vektlagt.

Talet på regionale planar som omfattar små vasskraftverk.

2. Lokalt miljøarbeid skal styrkjast og utviklast som del av kommunane si rolle som samfunnsutviklar, organisasjon og tenesteprodusent.

2.1 Sikre tydelege rammevilkår og effektive verkemiddel for miljøarbeidet i kommunane, og bidra til at relevante satsingar i andre departement byggjer opp om programmet livskraftige kommunar.

Erfaringar frå programmet Livskraftige kommunar, knytt til statlege rammevilkår for lokalt miljøarbeid.

Gjennomførte samarbeidstiltak og bruk av programmet.

2.2 Auke miljøkompetansen m.a. gjennom nettverksarbeid i programmet Livskraftige kommunar, og sikre at erfaringane blir formidla og lagt varig til grunn i dei kommunale planleggings- og styringssystema.

Talet på nettverk og deltakande kommunar i programmet Livskraftige kommunar.

Deltaking frå nasjonale og regionale kompetansemiljø og organisasjonar.

Formidling gjennom programmet sin nettstad og møter/konferansar.

Framdrift i arbeidet med utvikling av indikatorar knytte til programmet.

Resultatområde 6 – underområde 2 Kommunal og regional planlegging

Tabell 11.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 2 kommunal og regional ­planlegging

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

3. Kommunal planlegging skal samordne fysisk, økonomisk, sosial, estetisk og kulturell utvikling, sikre god arealforvaltning og tryggje berekraftig utvikling.

3.1 Sikre at alle kommunar har samfunns- og arealdel av kommuneplan med tilfredsstillande kvalitet, at planane blir reviderte i tråd med krava i plan- og bygningslova og at kommunane følgjer opp nasjonalt prioriterte område i kommuneplanlegginga.

Talet på kommunar med samfunns- og arealdel i kommuneplan.

Alder på kommuneplanens arealdel.

Alder på kommuneplanens samfunnsdel.

Talet på kommunar med gjeldande plan innafor prioriterte område, m.a. universell utforming, biologisk mangfald, friluftsliv eller kulturminne.

Omfang av dispensasjonar som blir gitt innafor dei prioriterte ­arealpolitiske områda

3.2 Sikre at kommunane utarbeider og behandlar reguleringsplanar og detaljplanar effektivt og med god kvalitet.

Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar, av dette private framlegg.

Tidsbruk i plansaker.

Talet på kommunar som har teke i bruk Byggsøk plan ved innsending av private planar.

Brutto driftsutgifter til fysisk planlegging og tilrettelegging i kommunane.

4. Den regionale planlegginga skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene.

4.1 Sikre at alle fylkeskommunar har ei rullerande fylkesplanlegging og at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i regionale planar, jf. underområde arealpolitikk.

Talet på godkjende planar.

Ressursinnsats til regional planlegging.

Talet på fylkeskommunar med gjeldande fylkesplan eller fylkesdelplan med fokus på universell utforming, klima, kulturminne og kulturmiljø.

4.2 Leggje til rette for at hovudtrekka i arealbruk og forvaltning av naturressursar blir tekne opp i samordna planar på tvers av kommunegrensene.

Talet på regionar med planar som gir retningslinjer for arealbruk og naturressursar.

5. Planlegging etter plan- og bygningslova skal skje innafor rammene av nasjonal politikk, og vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå.

5.1 Sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter.

Omfang av formidling og rettleiing.

Talet på og typar formelle motsegner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving.

Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjente planar.

5.2 Syte for oppdatert lov- og forskriftsverk, og bidra til god planpraksis i kommunar og fylkeskommunar m.a. gjennom aktive kompetansenettverk for kommunal og regional planlegging.

Status på oppdatering av lov- og forskriftsverk.

Omfang og aktivitet i nettverka.

5.3 Utarbeide og revidere Rikspolitiske føresegner (RPB) og Rikspolitiske retningsliner (RPR) for prioriterte politikkområde.

Utarbeiding og revisjon av RPR og RPB.

Evaluering av gjeldande RPR.

5.4 I samarbeid med HOD følgje opp Helse i Plan og bruk av RPR som verktøy i planforankring av folkehelse og trygge lokalsamfunn.

Talet på kommunar med fokus på folkehelse i kommuneplanen.

6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.

6.1 Utarbeide vegleiing for utgreiingar i planar etter pbl.

Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set.

Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar.

Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar i planar.

Resultatområde 6 – underområde 3 Kart og geodata

Tabell 11.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6 underområde 3 Kart og geodata

Nasjonale resultatmål

Arbeidsmål

Resultatindikatorar

7. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming)

7.1 Etablere god infrastruktur for mottak av satellittdata.

7.2 Leggje til rette for overgang til EUREF (europeisk felles datum).

Tal på kommunar med ferdig målt landsnett.

Landsdekkjande høgdegrunnlag tilpassa europeisk samarbeid og framdrift på området.

8. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar

8.1 Syte for at alle offentlege etatar deltek i samarbeidet Noreg digitalt.

Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda.

8.2 Bidra til å synleggjere at geodata skapar god synergi saman med andre data.

Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt.

9. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar

9.1 Etablere system for ajourhald som fangar opp endringar i arealbruk.

Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50000.

9.2 Bidra til at geodata blir gjort tilgjengeleg innan nye område.

Delen av autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total.

10. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå

10.1 Bidra til at geodata blir etablert på standardisert form.

Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar.

10.2 Syte for effektiv formidling av geodata til brukarane.

Databruken innan samarbeidet Noreg digitalt.

11. Landet skal ha ei samla informasjonskjelde for eigedomsdata som kan dekkje behova i offentleg og privat sektor

11.1 Etablere Statens kartverk som statleg matrikkelstyresmakt, og syte for at matrikkelen blir etablert og halden à jour i alle kommunar.

Tal på kommunar som tek i bruk nytt matrikkelsystem.

Statusbeskriving for underområde 1. Arealpolitikk og samfunnsutvikling og 2. Kommunal og regional planlegging (tidlegare resultatområde 9)

Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. I takt med auka delegering av oppgåver til kommunane, aukar behovet for samla styring og samordning i kommuneplanen. Det er f.eks. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.

Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane, m.a. gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, jf. resultatmål 2.

Som ledd i oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge (folkehelsemeldinga) er det etablert eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedirektoratet om eit utprøvingsopplegg i eit utval av kommunar om korleis plan- og bygningslova og planleggingsverktøyet kan takast i bruk for å forankre og styrkje folkehelsearbeidet. Frå 2007 deltek Justisdepartementet i samarbeidet om bruk av plan i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Eit viktig element i satsinga er koplinga til Regjeringas satsing på partnarskap for folkehelse. Ein eksempeldatabase er under etablering og evaluering er sett i gang. Samarbeidet blir ført vidare under den noverande regjeringa og er organisert som eit prosjekt med forankring i Sosial- og helsedirektoratet. I utprøvingsarbeidet er det etablert eit samarbeid med 8 fylke og 30 kommunar om forankring av folkehelsetiltak i kommuneplanen, og det er etablert samarbeidsfora mellom fylkeskommunar og fylkesmenn for oppbygging av regional kompetanse. Det er i tillegg etablert eit konkret samarbeid med 3 høgskular for å styrkje plan- og prosesskompetansen i helsesektoren.

Miljøverndepartementet koordinerer Handlingsplanen for auka tilgjenge gjennom universell utforming som gjeld i perioden 2005-2008. Handlingsplanen inneheld 97 tiltak på samfunnsområda transport, bygg/uteområde, IKT mv. 15 departement har ansvar for eitt eller fleire av tiltaka. Ved utgangen av 2006 var omlag 30 pst. av desse utførte. Berre to av tiltaka var ikkje sette i gang. Mange av tiltaka går over mange år og omfattar fleire delprosjekt. 44 nye tiltak er komne til sidan starten i 2005. Av desse er 13 utførte. I 2006 starta eit omfattande arbeid med å greie ut universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgjevnader og produkt. Om lag 200 mill. kroner på ulike kapittel og postar var øyremerkte tiltak for universell utforming/auka tilgjenge i 2006, av dette 20 mill. kroner på Miljøverndepartementets kapittel 1400 post 80.

Miljøverndepartementet følgjer opp ei rekkje tiltak i Handlingsplanen som gjeld planlegging. Departementet førebur rikspolitiske retningslinjer for universell utforming, og styrkt omsyn til universell utforming i samband med kommande revisjon av plandelen i plan- og bygningslova. Pilotkommunar i fleire fylke utviklar universell utforming som kommunal strategi. Dei arbeider bl.a. med by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar, friluftsliv og kulturminne. Kommunane rapporterar på universell utforming gjennom KOSTRA. I 2006 hadde 29 kommunar gjeldande plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming, dvs. 7 – 8 pst. av alle kommunar. Dei fleste planane er frå 2005 – 2006.

Dei fleste kommunane har vedteke kommuneplan med arealdel og samfunnsdel, og mange kommunar reviderer planen jamleg i tråd med føresetnadene i plan- og bygningslova. I mange kommunar vel ein å fokusere på einskilde tema eller geografiske område gjennom utarbeiding av kommunedelplanar. Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging ifølgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar eller bebyggelsesplanar. På dette området legg ein bl.a. vekt på å ta i bruk elektroniske verktøy, med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. For nærare omtale sjå resultatmål 5.

Kommunane vedtok i følgje tal frå Kostra ca. 2450 reguleringsplanar og bebyggelsesplanar i 2006. Av desse var ca. 1850 eller 75 pst. fremja som private planforslag. I alt vart det vedteke 159 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 111 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar i 2006. 367 kommunar gir opp i Kostra at dei har ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel. 171 kommunar eller om lag 40 pst. har plan vedteken i år 2003 eller seinare. Det er 388 kommunar som har rapportert å ha vedteke arealdel til kommuneplanen. Av desse er 215 planar vedtekne i eller etter 2003. Tala viser at mange kommunar har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga. Men det er framleis ein del kommunar som ikkje har kommuneplan, eller relativt gamle planar. Dette gjeld i hovudsak kommunar med lite utbygging, og ein del byområde med eldre plangrunnlag. Halvparten av kommunane utan vedteken kommuneplan med samfunns- og arealdel ligg i dei fire nordlegaste fylka.

Resultatmål 2. Kommunal arealplanlegging skal skje innafor rammene av nasjonal politikk.

For å sikre nasjonale og viktige regionale interesser har statlege fagstyresmakter og fylkeskommunen rett til å fremje motsegn mot kommunale planar. I slike tilfelle kan ikkje kommunen sluttbehandle planen utan at planen blir endra, eller at ein gjennom dialog kjem fram til ei akseptabel løysing. I dei fleste tilfella skjer ei slik avklaring lokalt. Dersom dette ikkje er tilfelle, skal saka avgjerast i Miljøverndepartementet.

F.o.m. 2004 rapporterer kommunane alle planar med motsegn i KOSTRA. Av i alt 278 kommuneplanar og kommunedelplanar for areal som vart sende på høyring i 2006, vart det fremja motsegn mot 117 planar, eller ca. 42 pst. av planane. Av i alt ca. 2700 regulerings- og bebyggelsesplanar vart det fremja motsegn mot ca. 500 planar, eller 18 pst. Tala viser at arealplanlegging etter plan- og bygningslova er ein særs viktig samordningsarena for berekraftig arealpolitikk. Det høge talet på kommuneplanar med motsegn viser at det er mange ulike statlege og regionale interesser kommunane må ta omsyn til i planlegginga si. Hovudspørsmåla skal vere avklart i kommuneplanen, derfor er delen regulerings- og bebyggelsesplanar med motsegn vesentleg lågare. Dette er i tråd med regjeringas mål om å styrkje kommuneplanen som arena for langsiktig og heilskapleg arealavklaring i kommunane. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner mot kommuneplanane er strandsone, biologisk mangfald, villrein, kulturminne, friluftslivs- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster (bl.a. areal- og transportspørsmål), reindrift og jordvern. Dei same tema går igjen i reguleringsplanane, men her er òg forureining/støy, grøntområde og transportspørsmål viktige tema.

Talet på motsegnssaker som Miljøverndepartementet avgjer er nokså stabilt frå år til år. I 2006 fatta departementet vedtak i 37 slike saker, eller i underkant av 2 pst. av talet på vedtekne planar i kommunane. Dei fleste motsegnene som blir fremja, blir altså løyste lokalt gjennom planprosessen, med aktiv medverknad frå fylkeskommunen, fylkesmannen og statlege sektororgan. Motsegnssystemet ser ut til å sikre nasjonale og viktige regionale interesser, samtidig som prinsippet om kommunal avgjerdsmynde er sikra.

I saker der kommunale vedtak blir overprøvde er det viktig å understreke den klare føresetnaden at fylkeskommunens eller statens standpunkt skal ha forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Desse kjem m.a. til uttrykk i St.meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, der det mellom anna er gitt arealpolitiske føringar for:

  • Tilrettelegging for redusert utslipp av klimagassar gjennom arealpolitikken, både nasjonalt og lokalt

  • Reduksjon av den trusselen klimaendringane utgjer mot liv, helse og materielle verdiar, og mot samfunnviktige funksjonar og infrastruktur, gjennom arealplanlegginga

  • Betre transportpolitikk i byområda, der reduserte klimagassutslepp, betre bymiljø og helse og auka tilgjenge for alle skal stå sentralt

  • Utvikling av byar og tettstader, slik at miljø, livskvalitet og helse blir fremja gjennom god stadsutforming og bustadkvalitet, tilgjengelege uteareal med høg kvalitet og samanhengande grønstrukturar med godt samband til omkringliggjande naturområde

  • Styrking og bevaring av miljøkvalitetar i landskapet gjennom auka kunnskap om verdiar og bevisst planlegging og arealpolitikk

  • Halvering i årleg omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010

  • Forvaltning av fjellområda som landskap der kultur- og naturressursar, næringsutnytting og friluftsliv er sikra og gjensidig utfyller kvarandre

  • Sikring av villreinens leveområde gjennom betre kunnskapsgrunnlag og varige grenser mot utbygging i regionale og kommunale planar

  • Sikring og avklaring av reindriftas arealgrunnlag i forhold til andre bruks- og verneinteresser, gjennom kommunale og regionale planprosessar

  • Lokalisering og utforming av fritidsbustader med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk

  • Bevaring av strandsona som eit natur- og friluftsområde tilgjengeleg for alle

  • Forvaltning av vassdraga gjennom ein heilskapleg arealpolitikk, som sikrar vassdragslandskap, vassdragsbelte og vassressursar

Gjennom departementets avgjerder i motsegnssakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål. Departementet driv ei aktiv formidling av nasjonale føringar for arealpolitikken mot kommunane, fylkeskommunane og statlege regionale styresmakter, bl.a. gjennom ulike nettverk og samlingar. Fylkeskommunane og fylkesmennene utgjer viktige kompetansemiljø som kommunane nyttar i sine planleggingsoppgåver.

Fjell- og utmarksområda er ein stor ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. Auka næringsbruk gir behov for langsiktig og samordna arealplanlegging, som trekkjer grensene for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. Dette krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid. Miljøverndepartementet ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde, og på den naudsynte samordninga mellom verneplanar og planlegging etter plan- og bygningslova. Arbeidet med regionale planprosessar for fjellområda med villrein er starta.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som trådde i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Konvensjonen gir utfordringar knytte til auka medvit om omgivnadene, og kva landskapet har å seie for folk si fysiske og mentale helse. Miljøverndepartementet har ansvar for oppfølging av konvensjonen. Departementet samarbeider tett med Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren og andre sentrale statsorgan, m.a. om korleis konvensjonen kan setjast i verk gjennom regional og kommunal planlegging. Det er òg eit utstrekt nordisk samarbeid om oppfølging av konvensjonen, bl.a. støtta av Nordisk Ministerråd.

Utviklinga av byggjeverksemda i 100-meterbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. I St.meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand blir kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene utfordra til ein streng praksis ved behandling av plan- og dispensasjonssaker i 100-meterbeltet langs sjøen. Delen bygningspåverka kystlinje i 100-meterbeltet auka med ca. 1,6 pst. frå 1985 til 2007, tilsvarande ca. 1300 km. Delen er større langs kysten frå Østfold til og med Hordaland (54 pst.) enn i resten av landet (32 pst.).

Rapporteringa av dispensasjonar i strandsona skjer i KOSTRA. Denne rapporteringa gjeld alle typar dispensasjonar for nybygg i strandsona, både i og utanfor byggjeområde. I 2006 vart det gitt ca. 790 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø, mot ca. 1000 i 2005. Det er framleis behov for sterkt fokus på nedbygging av strandsona. Det blir arbeidd med nye reglar for dispensasjonar i strandsona i samband med ny plan- og bygningslov. Det er behov for strengare praksis for nybygging i område med stort byggepress, f.eks. i sentrale område nær byar og tettstader. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) er det foreslått at Miljøverndepartementet skal påverke kommunane til å ta opp forelda kommuneplanar og reguleringsplanar i strandsona til revisjon, og statlege og regionale styresmakter blir bedne om å medverke aktivt til sikring av nasjonale interesser i strandsona. Tiltak for ein offensiv strandsonepolitikk er òg omtalt under resultatområde 1 Naturens mangfald og friluftsliv.

Hovudlinjene i St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder er vidareført av dagens regjering. Meldinga har bl.a. lagt vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid med byane, næringslivet og frivillige organisasjonar. Pilotprosjekt er gjennomførte i 12 byar på dei fire tema miljøsoner, sentrumsutvikling, byomforming og miljøvennleg transport i næringslivet. Pilotarbeidet vart avslutta med ein stor bykonferanse i Oslo i juni 2007. Det er utvikla nye og gode løysingar på m.a. gjennomføring av byomforming, ulike modellar for drift og utvikling av sentrum og for miljøvennlege reiser. Dette er løysingar som kan vere eksempel for andre. Det er særleg lagt vekt på at kommunane må ha ei aktiv rolle i byutviklinga, og at samarbeidet mellom dei ulike aktørane må organiserast i faste former. Det er laga rapportar frå dei ulike tema og pilotarbeidet er samanstilt i ein hovudrapport. Nokre byar arbeider særskilt etter prinsippa for universell utforming med fokus på auka tilgjenge innafor avgrensa soner i sentrum nær knutepunkt. Miljøverndepartementet koordinerer statens innsats for å betre miljøet i Groruddalen i Oslo, som er blant pilotområda. I samarbeid med fleire departement og Oslo kommune skal det gjennomførast program på fire område: Miljøvennleg transport, Alnaelva, grønstruktur, idrett og kulturmiljø, Bustad-, by- og tettstadutvikling og Oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. Som ein del av innsatsen for friluftsliv og naturmiljø i Oslo-området vil Miljøverndepartementet utarbeide ei eiga lov for vern av Oslo-marka, jf. resultatområde 1.

Miljøverndepartementet har etablert ein eigen bymiljøpris som går til byar og tettstader som har gjort ein særskilt innsats for å betre bymiljøet. Den årlege prisen vart første gong delt ut i 2002. I 2007 var temaet «utan handel dør sentrum» og Asker kommune fekk prisen. Prisen blir nytta aktivt i formidlinga av god by- og tettstadsutvikling.

Etter at programmet attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vart avslutta ved årsskiftet 2005/2006, er det lagt stor vekt på å formidla erfaringar og resultat frå arbeidet, bl.a. vart det laga ein film som vart send til alle kommunane. Departementet arrangerte ein landskonferanse om stadutvikling i januar 2007. Det er òg etablert eit samarbeidsforum mellom Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Husbanken, Riksantikvaren, Vegdirektoratet og Norsk Form om regionale stadutviklingskonferansar. I tillegg er det ønskeleg at forumet skal medverke til å samordne nasjonale aktivitetar og verkemiddel innan feltet. Det er oppretta eigne nettsider om barn og unge sine interesser i planlegginga. Nettsidene gir informasjon om lovgrunnlag, planfaglege spørsmål, rettleiarar og kontaktpersonar i fylka og på statleg nivå.

Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunanes fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument, og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. I tidsrommet 1.1.2006 – 30.06.2007 vart det godkjent fem fylkesplanar og tre fylkesdelplanar. Fylkeskommunane skal frå 2007 følgje opp prinsippet om universell utforming gjennom fylkesplanlegginga og KOSTRA.

Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Dei tre fylkesdelplanane som vart godkjende i perioden, handlar om spørsmål knytte til kultur, sivilt beredskap og universell utforming. Det er fleire døme på at kommunane i samarbeid utarbeider planar for bruk og vern av areal- og naturressursar. Miljøverndepartementet ser at ei rekkje verne- og utviklingstema med fordel kan løysast i samarbeid mellom kommunane, og ønskjer å stimulere til slikt interkommunalt samarbeid. Slike planar kan bl.a. vere aktuelle i fjellområda og i randsonene til større verneområde etter naturvernlova. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 26 (2006-2007) er det sett i gang arbeid med regional planavklaring for 9 nasjonale villreinområde, der bruks- og verneinteressene blir avklart samla.

Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Miljøverndepartementet legg vekt på ein aktiv dialog med fylkesnivået. Gjennom årlege tildelingsbrev til fylkesmennene blir det bl.a. teke standpunkt til kva prioriteringar som skal leggjast til grunn for verksemda i fylket. Departementet organiserer fleire nettverk og samlingar for fylkeskommunane og fylkesmennene knytt til kommunal og regional planlegging og samordning. I dei fleste fylka blir det halde regionale samlingar for kommunane i regi av fylkeskommunen og fylkesmannen, og departementet deltek aktivt i dette arbeidet. Det er ei viktig oppgåve for fylkesnivået å gi naudsynt bistand til kommunane, slik at ein i samarbeid kan oppnå effektive og målretta løysingar på aktuelle arealspørsmål og miljøutfordringar.

Miljøverndepartementet arbeider med ein odelstingsproposisjon for ein ny plandel av plan- og bygningslova som kan behandlast i Stortinget i 2008. Arbeidet med proposisjonen byggjer på planlovutvalets forslag og innspel i høyringa.

Ein føresetnad for å lage gode planar er tilgang på relevant og oppdatert informasjon. Miljøverndepartementet har saman med Kommunal- og regionaldepartementet gitt Statens bygningstekniske etat prosjektleiinga i Byggsøk-prosjektet for å skape elektroniske løysingar som kan effektivisere plan- og byggjesaksbehandlinga.

Resultatmål 6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.

I 2005 vart det vedteke ny forskrift om konsekvensutgreiingar (KU). Ei viktig endring frå tidlegare forskrift er at det nå er krav om KU for oversiktsplanar etter plan- og bygningslova når desse gir retningslinjer for utbygging, og at det for alle KU-planar òg skal lagas eit formelt planprogram. Det er utarbeidd ein rettleiar til den reviderte forskrifta om konsekvensutgreiingar. Rettleiaren vart tilgjengeleg på nett i mai 2006. I løpet av 2006 har departementet òg delteke på regionale samlingar om den nye forskrifta i dei aller fleste fylka. Miljøverndepartementet gjennomførte i 2006 òg ei erfaringsevaluering etter at ny forskrift om konsekvensutgreiingar hadde vore verksam i eitt år. Gjennom ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet har Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) funne at planleggjarane i kommunane synest forskrifta representerer ei klar betring av den kommunale oversiktsplanlegginga, og at dei òg ser på integreringa av plan- og KU-prosessane som ei betydeleg nyvinning. Kommunane trur likevel at omfanget av utgreiingsarbeidet knytt til planprosessane vil auke og at planarbeidet derfor vil ta noko meir tid. Eit fleirtal av kommunane som har svart meiner likevel ikkje at dette medfører at oppstart av kommunale planprosessar blir utsett eller stoppar opp.

Kommunane meiner samtidig at det er behov for ytterlegare vegleiing til forskrifta. Departementet har derfor sett i gang eit arbeid med ein eigen vegleiar om utgreiing av miljøtema i oversiktsplanar etter plan- og bygningslova. Det blir òg arbeidd med ein vegleiar knytt til kriteria som skal leggjast til grunn for å avklare om ein plan eller eit tiltak kan ha vesentlege konsekvensar for miljø og samfunn og dermed skal konsekvensutgreiast. For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft fastsette departementet i samarbeid med Olje- og energidepartementet (OED) i juni 2007 retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg med tilhøyrande vegleiar for utarbeiding av regionale planar. Departementet har òg samarbeidd med OED om utarbeiding av retningslinjer for små vasskraftverk. Departementet samarbeider med OED om tiltak for å stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft- og små vasskraftverk.

Statusbeskriving for arbeidsmål 4 tidlegare, resultatområde 11. St.prp. nr. 1 (2006–2007)

Arbeidet med styrking av lokalt miljø er særleg knytt til samarbeidsavtala mellom Miljøverndepartementet og KS om programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Programmet er eit tilbod til kommunane om læring og erfaringsutveksling på miljøområdet gjennom nettverkssamarbeid med andre kommunar. I løpet av programperioden 2006 – 2010 skal det etablerast og drivast kommunenettverk for miljø- og samfunnsutvikling med deltaking frå inntil 200 kommunar.

Nettverkas formål er:

  • Å utvikle ein offensiv politikk for miljø- og samfunnsutvikling i deltakarkommunane, i nært samarbeid med innbyggjarar, frivillige organisasjonar, næringsliv, regionale og statlege styresmakter

  • Å styrkje kommunane sin kompetanse innan miljø- og samfunnsutvikling

  • Å utvikle og ta i bruk verktøy og arbeidsformer som støttar det lokale arbeidet for miljø- og samfunnsutvikling

  • Å framskaffe nasjonale indikasjonar for den utviklinga som skjer i kommunane med omsyn til miljø- og samfunnsutvikling

  • Å gi grunnlag for å vidareutvikle statlege rammevilkår og verkemiddel for det lokale arbeidet knytt til miljø- og samfunnsutvikling.

Avtalen er inne i sitt andre virkeår. 128 kommunar har vedteke å delta i programmet. 40 kommunar er venta å gjere vedtak i nær framtid, og ytterlegare 32 kommunar er aktuelle søkjarar i løpet av året. Ein del kommunar har valt å vente med å behandle sak om deltaking til etter kommunevalet hausten 2007.

Det er stor interesse for miljø og samfunnsutvikling i kommunane. Særleg har fokuset på miljø blitt sterkare det siste året. 20 kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling er etablerte. 14 nettverk er under etablering. Fleire kommunar deltek i to nettverk, nokre få deltek i tre nettverk.

Det er stor breidde i kommunane sitt temaval. Dei 20 nettverka som er etablerte arbeider med minst to av seks tema, fordelt slik:

  • 10 nettverk arbeider med klima og energi

  • 10 nettverk arbeider med viktige arealpolitiske omsyn

  • 16 nettverk arbeider med livskvalitet, friluftsliv og folkehelse

  • 2 nettverk arbeider med internasjonalt miljøsamarbeid

  • 6 nettverk arbeider med framtidsretta produksjon og forbruk/miljøbasert næringsutvikling

  • 9 nettverk arbeider med kulturarven som grunnlag for nærings- og samfunnsutvikling

Det er etablert god kontakt med miljødirektorata. Programmet tek sikte på å inngå ei samarbeidsavtale med Stiftelsen Idébanken, Stiftelsen Miljøfyrtårn, Grønn Hverdag og GRIP. I tillegg er det inngått samarbeid med andre nasjonale ressursmiljø i enkelte nettverk. Innanfor programmet er det òg etablert eit fagleg nettverk for dei største bykommunane.

Det er ei utfordring å sikre fokus på miljø og samfunnsutvikling i den ordinære verksemda til kommunane, ut over dei konkrete utviklingsprosjekta i programmet. I denne samanhengen vil ekstern følgjeevaluering bli nytta til fortløpande dokumentasjon og innspel til arbeidet undervegs. Miljøverndepartementet er oppteke av å spisse og tydeleggjere miljøprofilen slik at programmet leverer konkrete resultat på prioriterte område, som klima/energi.

Miljøverndepartementet har sett av midlar for å styrkje fylkesmennenes deltaking i programmet. Det er lagt vekt på god samordning mellom miljøarbeidet og det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.

Hovudmålet om deltaking frå inntil 200 kommunar i kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling i løpet av programperioden er venta å bli nådd. Målet for 2007 om 150 kommunar i aktiv nettverksdeltaking vil òg venteleg bli nådd.

Grøne energikommunar er etablert som ei tilleggsavtale til Livskraftige kommunar ut programperioden med finansiering frå Kommunal- og regionaldepartementet. Målet med Grøne energikommunar er å få kommunane til å satse på energieffektivisering, fornybar energi, som bioenergi, og å få ned klimagassutsleppa i sine kommunar. Det er valt ut kommunar som har nytte og interesse av å danne nettverk og løfte klima og energi til strategisk nivå i kommunane. Erfaringane frå nettverka skal vere til inspirasjon og ei kjelde til læring for kommunar over heile landet, bl.a. gjennom læringsnettverka i Livskraftige kommunar. Totalt 22 kommunar er valt ut. Kommunane skal knytast saman i fem nettverk.

Statusbeskriving for underområde 3. Kart og geodata (tidlegare resultatområde 10)

Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellittbasert stadfesting.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Statens kartverk sluttfører målearbeidet i 2007, og vil leggje til rette for bruken av dei nye data i 2008. I mange kommunar må likevel kommunane sjølve gjere noko arbeid før dei kan ta grunnlaget i bruk. 177 kommunar har innført EUREF89, noko som dekker 77 % av befolkninga. Mange av dei andre kommunane førebur innføring. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 1950-talet blir no oppdatert med nye målingar, tilpassa bruk av satellitteknologi, og skal vere etablert seinast innan 2009. Statens kartverk vil framleis ta ansvar for å utarbeide tenester som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir større grannsemd ved bruk av satellittdata. Talet på brukarar av denne tenesta er nærare 300 og er venta å auke etter som nye nettverk blir utbygde. Så langt er det nesten samanhengande dekning i område med busetnad frå svenskegrensa til Trondheim, og store delar av Troms.

Verksemda ved Statens kartverks målestasjon i Ny-Ålesund er trappa opp, men den vil vere noko redusert også i 2008.

Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Noreg digitalt er eit samarbeid om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. I 2007 har opp mot 40 statlege etatar og dei fleste kommunar og fylkeskommunar gjort klart at dei vil bli part i Noreg digitalt. Det endelege målet er at alle kommunane tek del i Noreg digitalt.

Etablering av Noreg digitalt med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Produksjon og tilrettelegging av temadata har verksemdene sjølve ansvar for. Progresjonen i etablering av dei enkelte temadata vil avhenge av kapasiteten i desse verksemdene. Produksjon av grunnkartdata vil bli koordinert av Statens kartverk, med økonomisk bidrag frå samarbeidspartane i Noreg digitalt. Sjølv om alle sluttar opp om samarbeidet, er det ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2007 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data.

Statens kartverk er registerførar for hinder som kan vere farlege for luftfarten, jf. forskrift av 14. april 2003, heimla i luftfartslova. Statens kartverk arbeider for å få med flest mogleg data frå eigarane av slike hinder. Målet er dekning av alle betydelege hinder innan utgangen av 2007, og at ein frå 2008 går inn i ein vedlikehaldsfase der den enkelte eigar av luftfartshinder rapporterer nye hinder inn til registeret etter reglane i luftfartslova.

Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourføringa av denne typen kart har vore 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000, vart lansert i 2001. I 2005 starta produksjonen av dei første N50-kombikarta med land- og sjøinformasjon i same kart. Det blir no ajourført mellom 60 og 100 kartblad kvart år av N50 av totalt ca 700, noko som gjer at ajourføringsgraden vil auke sterkt.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned skipsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Statens kartverk vil i 2007 måle gjenståande område i delar av Lofoten og Vesterålen og vidare nordover. Førstegongs kartlegging med elektroniske sjøkart vil vere fullført første halvår 2008, slik at det vil vere samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten. Alle viktige farleier er no dekte med kart for sikker ferdsel, men arbeidet med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget vil halde fram i dei område der karta er baserte på data som av eldre dato.

Dei siste åra er det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er noko over 50 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar. I hovudsak er dette området djupare enn 20 m. I åra som kjem vil innsatsen bli konsentrert i prioriterte, grunnare område. Dette fører til at det ikkje kan målast like store areal kvart år, då det tek lengre tid å måle i grunne område. Dei viktigaste sjøområda blir målte først. Det må no òg takast omsyn til at nye areal blir gjort tilgjengelege som følgje av auka issmelting.

Statens kartverk skal føre vidare arbeidet med gjennomføring av det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet Mareano, som vart starta i 2005. Det vil bli fokusert på kartlegging av havbotnen og tilrettelegging av data for ulik bruk, bl.a. til forvaltning av biologisk mangfald.

Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Det er særs viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Statens kartverk har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre planmessig bruk av slike standardar.

Innafor samarbeidet Noreg digitalt vil partane få tilgang til data som er tilrettelagt ved bruk av slike standardar. Ved konvertering av sjøkartdata vil data for kysten og dei kystnære områda bli lagt til rette for bruk saman med kartdata for landområda. Etter konvertering vil sjødata vere tilpassa standardane for bruk på land. Formidling av data til aktørar utanfor samarbeidet Noreg digitalt skjer gjennom statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon. Data er lagt til rette etter dei same standardane også for denne formidlingstenesta. Partane i Noreg digitalt tek no i aukande grad i bruk data til mange føremål.

For sjøkartlegging finst det eigne standardar. Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste, PRIMAR Stavanger, for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Sjøkartverket leverer i dag sjøkartdata frå meir enn 30 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Over 2000 brukarar nyttar kartdata formidla gjennom PRIMAR Stavanger i tillegg til lostenesta i Noreg. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i samarbeidet for å kunne gi eit samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta er dekte ved brukarbetaling. Det er starta eit samarbeid med dei involverte nasjonane om korleis framtidige inntekter frå samarbeidet skal nyttast når inntektene overstig kostnadene til drift og vedlikehald av data, royalty til dataeigarar og kostnader til formidling.

Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innafor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har spesialkompetanse på det enkelte fagfeltet. Data for tilgjenge blir no utvikla som nytt fagtema til bruk i planlegging og forvaltning. Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i den felles geografiske infrastrukturen. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med slike temadata i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom ei integrering med basis geodata i Noreg digitalt. I 2008 skal det leggast særleg vekt på å få fram ein god struktur for plandata. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet Noreg digitalt, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.

Resultatmål 5. Landet skal ha ei samla informasjonskjelde for eigedomsdata som kan betene offentleg og privat sektor.

Revidert lov om eigedomsregistrering vart vedteken i juni 2007. Lova er sanksjonert og kommunane skal sjølve utføre eigedomsmålingar, som i dag. Lova vil tre i kraft i 2008, samtidig med endeleg iverksetjing av matrikkelen og med nødvendige forskrifter. Statens kartverk vil halde fram med å byggje opp kapasitet og kompetanse for å ivareta rolla si som sentral matrikkelstyresmakt etter lova. Ei viktig oppgåve vil vere å yte fagleg støtte til kommunane.

Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element: grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommunen. I GAB og elektronisk grunnbok finn ein komplett oppgåve over eigedommane i Noreg. Ca. 89 pst. av eigedommane er etablerte med eigedomsgrenser i DEK, og det er samsvar mellom GAB og DEK. I løpet av 2008 skal registerdata frå GAB og kartdata frå DEK konverast til det nyutvikla registeret Matrikkelen i alle kommunar. Matrikkelen skal driftast av Statens kartverk, og vil erstatte GAB og DEK. Registeret skal spele saman med andre register, bl.a. elektronisk grunnbok.Informasjon om universell utforming og tilgjenge til bygningar vil vere ein viktig dimensjon ved den vidare utviklinga av matrikkelen.

I løpet av 2007 skal all tinglysing vere overført til Statens kartverk frå domstolane. Justisdepartementet er ansvarleg departement for tinglysinga. I Ullensvang har Statens kartverk etablert eit elektronisk register for delar i burettar og eit senter for tinglysingsspørsmål. Registeret for burettar skal finansierast av brukarane, og omfattar så langt om lag 320 000 burettar. Kommunal- og regionaldepartementet er ansvarleg departement for dette registeret.

Verkemiddelomtale

Finansieringa av resultatområdet er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 6. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet. Rikspolitiske retningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.

For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut rettleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane (f.eks. Husbanken og Bygningsteknisk etat). Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats.

Kap. 1400 post 80 – Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle – vart oppretta i 2005 i samband med oppfølging av Handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming. Ordninga skal medverke til nyskaping og til samarbeid om gode løysingar på tvers av sektorar og på alle nivå og er, saman med plan- og bygningslova, eit viktig verkemiddel for å innarbeide universell utforming som strategi for auka tilgjenge.

Kap. 1400 Post 81 – Tilskot til lokalt miljø og berekraftige lokalsamfunn – vart oppretta i 2006 og skal bl.a. støtte opp under programmet Livskraftige kommunar.

Underområde Kart og geodata er planlagt finansiert med 383 mill. kroner i 2008, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Statens kartverks drift som blir finansierte over resultatområde 7. Kapitla 1400, 1425, 1427, 1429 og 1441 er òg med på å finansiere resultatområdet. Kapittel 412 over Justisdepartementets budsjett dekkjer Statens kartverks kostnader til tinglysingsprosjektet.

Statens kartverk utfører i all hovudsak Miljøverndepartementets oppgåver innan resultatområdet. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til GAB-registrering og teknisk kartlegging som er nødvendig for planlegging og saksbehandling etter Plan- og bygningslova. Statens kartverk har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar til sjøs og til lands, og å halde offisielle register oppdaterte. Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane.

Data forvalta av samarbeidet Noreg digitalt er omsette i den kommersielle marknaden. Partane i Noreg digitalt må tilpasse seg det prisregime for denne typen informasjon som Noreg til ei kvar tid er bunde av gjennom EØS-regelverket.

Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementets og NORADs fagsenter for miljøutvikling, og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt i fleire land. I 2005 vart det oppretta eit internasjonalt senter for eigedomsrett og -utvikling ved Statens kartverk. Senteret er oppretta for å samle og styrkje kompetansen på dette området. NORAD, Utanriksdepartementet og ambassadane får rådgiving i sitt internasjonale engasjement innan formalisering av rett til fast eigedom gjennom senteret.

Noreg skal dei næraste åra medverke med betydelege midlar (EØS-finansieringsordningane) til utviklinga av samfunna i dei nye EU-medlemslanda. I samarbeid med nokre av mottakarlanda for desse midlane skal Statens kartverk prøve å få realisert prosjekt som overfører norsk kart- og geodatakompetanse.

EU har i 2007 vedteke eit miljødirektiv om kart og geodata, kalla INSPIRE. Det er starta eit arbeid med korleis direktivet skal implementerast i norsk rett.

12 Resultatområde 7 Tverrgåande verkemiddel og oppgåver

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av alle resultatområda i miljøforvaltninga. Resultatområdet har dermed ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av resultatområda 1-6. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innafor alle dei andre resultatområda. Enkelte arbeidsmål er justerte eller endra i 2008-budsjettet, jf. tabellane under. Statusbeskrivinga nedanfor er innretta mot arbeidsmåla for 2007. Verkemidla er omtalte samla. Mål og statusbeskriving av Lokalt miljø er flytta til resultatområde 6.

Resultatområdet er frå og med 2008-budsjettet delt inn i følgjande underområde

7. 1. Styring og administrasjon

7. 2. Sektorovergripande arbeid

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 5.

Strategiske mål

Miljøforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøpolitikken blir nådde. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

Miljøomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet. Kunnskap, informasjon og kommunikasjon skal medverke til å styrkje forståinga av miljøspørsmåla og til at avgjerder som påverkar miljøet blir tekne på grunnlag av best tilgjengelege kunnskap.

Resultatområde 7 – underområde 1 Styring og administrasjon

Definisjon og avgrensing

Oppgåvene under dette underområdet er knytte til:

Styring, leiing og organisering av miljøforvaltninga, budsjettarbeid, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innafor personale, økonomi, IKT, beredskap, miljøleiing internt og forvaltningsoppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 1 Styring og administrasjon

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Styringa av miljøforvaltninga skal klargjere dei politiske prioriteringane, følgje opp arbeidet med å gjennomføre politikken og vere effektiv.

Gjennomført evaluering av budsjettprosessen.

Gjennomført evaluering av styringsdialogen.

2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna mål og retningslinjer for statsforvaltninga.

Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon.

Utviklinga innafor IKT har gode nytteuttak av investeringar som er gjort, og det er tilrettelagt for effektiv datautveksling mellom fagsystem.

Oppdatert internt regelverk.

Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innafor regjeringas arbeid med for­nying.

Gjennomført interne tiltak i tråd med prosjektplan for Grøn stat i Miljøverndepartementet.

3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltningas evne til å handtere kriser.

Oppdatert og ferdigstilt planverk for beredskapen i miljøforvaltninga.

4. Bidra til å sikre rammevilkår og verkemiddel for miljøarbeidet hos fylkesmannen.

Måloppnåing i fylkesmannens miljøarbeid.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøforvaltninga.

Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette òg departementets arbeid med etatsstyring. Departementet arbeider med å innarbeide risikoanalyse som eit nytt element i mål- og resultatstyringssystemet, og første steg i integreringa starta i 2007. Oppfølging og tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøforvaltninga er følgt opp i 2007.

Miljøverndepartementet samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om det internettbaserte læremiddelet Nettverk for miljølære. Læremiddelet tek for seg natur- og miljøvern og berekraftig utvikling og set det i samanheng med læreplanverket. Nettverk for miljø­lære er ein del av den norske oppfølginga av FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling.

Arbeidsmål 2. Sikre at internadministrasjonen av miljøforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med regjeringas fornyingsarbeid.

Miljøverndepartementet vil ha fokus på individuell karriere- og kompetanseutvikling. Det blir arbeidd kontinuerleg med vidareutvikling av sentrale personalpolitiske område, under dette inkluderande arbeidsliv, mobilitet, rekruttering, likestilling og medbestemming. Departementet har bl.a. gjennomført arbeidsmiljøundersøking og 360 graders leiarevaluering. Undersøkingane blir følgde opp med bl.a. utvikling av leiing, styrking av den systematiske oppfølginga av medarbeidarane og tilrettelegging for læring og kunnskapsover­føring. Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Internadministrative system i miljøforvaltninga skal fornyast og utviklast der gevinstane ved å gjere dette er store. Strategi for IKT i heile miljøforvaltninga er fornya. Strategien har fokus på informasjonsutveksling med sluttbrukarane og andre delar av statsforvaltninga. Oppfølging av strategien er eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar.

Arbeidet med Grøn stat er følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennomført ISO 14001-sertifisering. Departementet gjennomfører årleg ein internrevisjon av systemet. I tillegg blir ISO-systemet kontrollert av eit eksternt føretak. Arbeidet med Grøn stat forpliktar medarbeidarane til å delta, bl.a. gjennom innspel om ulike forslag til tiltak og utbetringar. Samtidig gjer verktøya for verksemdsplanlegging at ein sikrar eit system for oppfølging av og måling av effektane av tiltaka over tid. Tiltaksplanen for Grøn stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi.

Arbeidsmål 3. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøforvaltnings evne til å handtere kriser.

Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom årlege revisjonar av planverk og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for leiinga i departementet og etatane. I tillegg deltek departementet på eksterne øvingar som omfattar våre ansvarsområde. Informasjonsberedskapen er systematisk gjennomgått for å styrkje miljøforvaltningas evne til å handtere kriser.

Arbeidsmål 4. Sikre rammevilkår og verkemiddel som varig styrkjer det regionale og lokale miljøarbeidet

Vi gjer merksam på at statusbeskriving av det lokale miljøarbeidet er flytta til resultatområde 6.

Den statlige regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøområdet. Fylkesmannens arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøavdelinganes innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, 3 Reint hav og vatn og giftfritt samfunn, 4. Eit stabilt klima og rein luft og 6. Planlegging for ei berekraftig utvikling. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter under resultatområde 6 Planlegging for ei berekraftig utvikling, under dette kart og geodata. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er knytte til:

  • Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med gjeldande framdriftsplanar for nasjonalparkplanen og marin verneplan, sluttføring av dei fylkesvise verneplanane og vidareføring av arbeidet med nytt skogvern, under dette vern av skog på statsgrunn.

  • Forvaltning av verneområda, under dette utarbeiding av forvaltningsplanar for dei mest brukte nasjonalparkane.

  • Oppfølging av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Fylkesmennenes arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.

  • Rovviltforvaltninga, der arbeidet skal førast vidare i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Regionale rovviltnemnder har eit hovudansvar. Fylkesmennene skal fatte enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen har vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.

  • Nedkjemping av framande arter, der Fylkesmannen skal medverke til samordning av tiltak på regionalt nivå og gi råd til kommunane på dette temaet. Fylkesmennene kan òg ta initiativ til handlingsplanar og tiltak på regionalt nivå.

  • Vassforvaltning der 9 fylkesmannsembete i vassforskrifta er peikte ut som vassregionstyresmakter (jf. EUs vassrammedirektiv). Desse fylkesmannsembeta skal i eigen vassregion i samarbeid med relevante sektorar og dei andre fylkesmannsembeta syte for utarbeiding av forvaltningsplanar i medhald av krav i forskrifta.

  • Friluftsliv, der det skal leggjast til rette for friluftsliv og at allmenta skal sikrast tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde, særleg i strandsona.

  • Samordning og styrking av kunnskap, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Fylkesmannen har ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av aktivitetar under «Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald». Fylkesmannen er òg viktig i samband med innhenting og kvalitetssikring av data frå kommunane, og i arbeidet for å få til ei felles geodataforvaltning og kompetanseheving i bruken av geografisk informasjon.

  • Delta i landsomfattande aksjonar, og følgje opp industriverksemder innan sitt myndeområde. Dette inngår som eit ledd i regjeringas styrking av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall.

  • Som regionalt ansvarleg styresmakt for gjennomføring av EUs rammedirektiv for vatn, m.a. vidareføre karakteriseringa av vassførekomstane og starte arbeidet med tiltaksprogram og forvaltningsplan for utvalte delar av vassregionen. Dei fylkesmennene som er vassregionstyresmakt, skal opprette og leie eit representativt samansett vassregionutval knytt til dette arbeidet.

  • Følgje opp og setje i verk tiltaksplanar for forureina sediment, og føre vidare arbeidet med grunnforureining, m.a. i forhold til nedlagte avfallsdeponi. Dette er eit ledd i regjeringas arbeid med å sikre at forureina sediment ikkje fører til alvorlege forureiningsproblem.

  • Ansvar for regional stats deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.

  • Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis ha skarpt fokus på innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Vidare skal fylkesmannen formidle kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.

  • Fylkesmannen skal i sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnytte skjønnsmidlane strategisk.

Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.

Resultatområde 7 – underområde 2 Sektorovergripande arbeid

Definisjon og avgrensing

Miljøovervaking og miljøforsking er sentrale verkemiddel for innhenting, utvikling og formidling av kunnskap om alle sider av miljøet. Miljøovervakinga omfattar regelmessig og langsiktig innhenting av kunnskap om miljøtilstanden og om situasjonar der årsaka til potensielle miljøproblem er kjende. Miljøovervakinga vil samstundes bidra til ny kunnskap om miljøet. Miljøforskinga er meir langsiktig og skal få fram ny kunnskap som er viktig for miljøpolitikken. I tillegg vil utgreiingar gi viktig kunnskap om særlege problemstillingar som det er viktig å få ­supplerande kunnskap om, både for forsking og overvaking. Formidling av kunnskapen som kjem frå overvaking og forsking ligg òg under dette resultatområdet, men må sjåast i samanheng med anna formidling av informasjon om miljøspørsmål.

Underområdet omhandlar òg ei rekkje ulike verkemiddel i arbeidet med å integrere og forankre miljøomsyn i alle delar av samfunnet på ein effektiv måte. Dette gjeld:

  • Samarbeid med andre departement, f. eks. når det gjeld kunnskap om miljø, arbeid med Stortingsmelding om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, miljøprofilen i statsbudsjettet, nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling (NA21) og skatte- og avgiftspolitikken.

  • Arbeid med formidling, informasjon og kommunikasjon om miljøspørsmål på ulike nivå og med ei rekkje ulike målgrupper. Pressearbeid og kampanjar er ein viktig del i dette arbeidet.

  • Andre sentrale verkemiddel som er dekte av dette underområdet er arbeidet for å fremje miljøeffektiv produksjon og forbruk og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, utvikle Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi, arbeide med auka miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar og etablere ein sterkare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål, og å gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvar­dagen.

Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde 2 Sektorovergripande arbeid

Miljøforvaltningas arbeidsmål

Miljøforvaltningas resultatindikatorar

1. Syte for at forsking og overvaking gir tilstrekkeleg og god kunnskap om miljøspørsmål.

Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

2. Arbeide for at miljøomsyn skal integrerast i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement.

Gjennomført eit godt samarbeid med andre sektorar om kunnskapsinnhenting på miljøområdet.

Ha oppdatert kunnskap om mål og utfordringar i andre departement.

Vidareutvikle Stortingsmelding om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar.

Integrert miljøpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa. Medverke til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning.

Fortløpande formidling av Regjeringas miljøpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Teke i bruk eigne arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt.

Legge til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon.

Inkludert standardar for tilgjenge (WAI-standard) i IKT-investeringar.

Auke tal nettsider med talefunksjon

Auka talet på offentlege nyskaffingar som er miljøvennlege.

Talet på statlege verksemder som har innført miljøleiingssystem (Grøn stat).

Talet på statlege verksemder med betydelege miljøbelastningar som er tredjepartsertifisert.

Talet på statlege verksemder som har innført ein eigen miljøpolitikk for innkjøp av prioriterte produktgrupper omfatta av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøforvaltninga.

Miljøverndepartementet har ansvar for å slå fast mål for ein god naturtilstand og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av naturtilstanden. Kunnskapen om naturtilstanden og forhold som påverkar den blir henta inn gjennom miljøovervaking og rapportering som skjer i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen.

Miljøforvaltninga har ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av regjeringas samla miljøpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Rapporteringa gir viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innafor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljø­informasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata og vil gjere det enklare å finne fram til og vurdere data som er samla inn med sikte på gjenbruk. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategien til miljøforvaltninga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltningas eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 7. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 2. Sikre at miljøomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

  • Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Meldinga blir lagt fram annakvart år, siste gongen våren 2007.

  • Alle aktørar har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem. Styresmaktene har ansvar for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken gjennom føremålstenlege verkemiddel og tiltak. Alt miljøarbeid skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.

  • Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett- og RM-prosessane.

I tildelingsbrevet frå 2007 har departementet følgt opp initiativet frå FAD og bede etatene gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som òg skal gjerast allment tilgjengelege. Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT, og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.

Berekraftig produksjon og forbruk

Det er eit mål at auka økonomisk vekst ikkje samtidig fører til auka miljøbelastning. Forbruket av varer og tenester har auka jamt i industrilanda i mange år og aukar raskt i mange overgangsøkonomiar og utviklingsland. Følgjene er eit stort press på naturressursane. Ein svært stor del av miljøfølgjene av forbruk i Noreg gjeld råvarer og produkt som er framstilte i andre land. Tiltak for meir miljøvennleg råvareuttak, produksjon og betre produktdesign må derfor treffast både i u-land og i i-land. Dette kan dels påverkast ved at importørar, profesjonelle kjøparar og forbrukarar stiller krav, dels gjennom arbeidet med miljøavtaler og i internasjonale organisasjonar. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk (Marrakech-prosessen).

Noreg spelar ei aktiv rolle i FN-samanheng og samarbeider nært med EU i Marrakech-prosessen. Vidare deltek vi i EUs ekspertgrupper og følgjer EUs utarbeiding av ein samla handlingsplan for økonomi, miljø og samfunnsutvikling. Vi følgjer òg opp den nordiske miljøhandlingsplanen 2005-2008 på dette feltet. Måla våre er bl.a. å fremje miljøeffektiv produksjon og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, å nytte miljømerking, grønare leveransekjeder og miljøbevisste innkjøp til å fremje tiltak til beste for miljø og sosiale forhold i utviklingsland. Det er lagt vekt på forbrukarane sin rett til kunnskap om varer og tenester for å kunne fatte forbruksval som står i forhold til interessene og overtydinga deira.

Miljøteknologi – miljø som vekstnæring

Utvikling av miljøteknologi vil vere svært viktig for å få til ei fråkopling mellom økonomisk vekst og miljøbelastning. Utvikling av miljøteknologi vil gi gevinstar for miljøet, og kan føre til økonomisk vekst og sysselsetjing i Noreg. Miljøteknologi blir fremja blant anna gjennom dei generelle miljøpolitiske verkemidla, og gjennom forsking og næringspolitikken.

I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er skissert tiltak som kan medverke til å utvikle Noreg som eit føregangsland for miljøteknologi. Det går blant anna frem av meldinga at arbeidet med å fremme miljøteknologi skal utviklast vidare. Dette vil blant anna bli omtalt i den kommande stortingsmeldinga om innovasjon. Miljøteknologi er òg eit prioritert område innafor det nye investeringsfondets ramme på to milliardar kroner. Regjeringa viser òg til omtalen av arbeidet for å utvikle teknologi som kan redusere utsleppa av klimagassar frå gasskraftverk, bl.a. samarbeidet mellom staten og Statoil om å etablere verdas største fullskala CO2-renseanlegg ved kraftvarmeanlegget på Mongstad.

Regjeringa vil i 2008 føre vidare samarbeidet i tilknyting til EUs handlingsplan for miljøteknologi og samarbeider òg nært med andre nordiske land gjennom Nordisk ministerråd.

Miljøansvar i anskaffingar og drift av offentlege verksemder

Innkjøp i offentleg sektor var på 275 mrd. kroner i 2005, og utgjer eit betydeleg potensial for reduserte miljøbelastningar.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar med konkrete tiltak for å fremje etterspørsel etter miljøvennlege varer og tenester som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar. Planen gjeld for 2007 – 2010. Hovudpunkta i handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar er nærare omtalt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Det går fram av desse dokumenta at det er eit mål at miljøbelastninga knytt til offentlege anskaffingar skal minimerast. I arbeidet med miljøomsyn i offentlege innkjøp skal tiltak knytte til klima- og energi, helse og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald prioriterast. Avfallsførebygging og effektiv ressursutnytting er ein del av dette. Når det gjeld etiske/sosiale omsyn viser ein til BLDs St. prp. nr. 1 (2007-2008), kap. 865, der dette er nærare omtalt.

Det vil bli oppretta eit nytt direktorat underlagt FAD. Direktoratet skal vere støtteapparat for ein betre fungerande offentleg sektor, medverke i ei aktiv personal- og kompetanseutvikling, gjennomføre ein framtidsretta og kostnadseffektiv IT-politikk i staten og leggje til rette for samfunnstenelege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp. Direktoratet vil få ansvaret for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar som omfattar miljøomsyn. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og å sikre at tiltaka i handlingsplanen blir gjennomførte i praksis. Dette vil bl.a. omfatte:

  • Leggje til rette og gjennomføre ein egen miljøpolitikk for statlege innkjøp

  • Fremje bruk av miljøleiingssystem i stat og kommune, under dette vidareføringa av «Grøn stat»

  • Leggje til rette for auka kompetanse, vegleiing og verktøy for offentlege innkjøparar

  • Leggje til rette for betre data, indikatorar og rapportering av miljøeffektar av offentlege innkjøparar gjennom vegleiing og statusundersøk­ingar

  • Bistå MD i det internasjonale arbeidet på området

  • Direktoratet skal setje i verk regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege anskaffingar og miljøleiingssystem.

Vi viser her òg til omtale av det nye direktoratet i St.prp. nr. 1 for FAD kap 1521. Miljøverndepartementet vil bidra med stillingar og utgreiingsmidlar til direktoratet over kap. 1447 post 21 Miljøomsyn i offentlege verksemder.

Miljøverndepartementet sette i 2005 ned eit breitt samansett rådgivande panel for miljøbevisste offentlege innkjøp. Panelet gir regjeringa fortløpande råd på området, og har vore ein viktig bidragsytar ved utarbeiding av handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Noreg deltek òg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å fremje miljøbevisste offentlege anskaffingar, bl.a. i NMR, EU og FNs arbeidsgruppe for berekraftige offentlege innkjøp under Marrakech-prosessen for berekraftig produksjon og forbruk.

Berekraftig forbruk

Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål og gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen. Regjeringa ser på dei frivillige, offisielle miljømerkeordningane som viktige for å gi forbrukarane høve til å velje dei mest miljøvennlege produkta i eit vogge til grav-perspektiv.

Regjeringa vil på dette området:

  • Arbeide for at fleire produktgrupper som medfører stor miljøbelastning blir merkte slik at forbrukarane får høve til å gjere miljøriktige val.

  • Ta initiativ overfor miljømerket Svanen for å fremje dette. Det er viktig at fleire kjenner til miljømerka, kva dei står for og kva produktområde dei dekkjer.

  • Medverke til å få utarbeidd indikatorar og pedagogiske hjelpemidel som kan få fram den komplekse samanhengen mellom forbruk og miljø i globalt perspektiv.

  • For å belyse og følgje med utviklinga av miljø- og ressursbelastninga knytt til forbruk i Noreg skal det utviklast statistikk, analysar og indikatorar for dei forbrukargruppene som i globalt perspektiv er mest miljøbelastande.

Støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk blir bl.a. gitt over kap. 1400 post 73, programkategori 12.10.

Arbeidsmål 3. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Departementet vil styrkje kommunikasjonen om miljøspørsmål med fleire målgrupper, slik at dei ulike sektorane i samfunnet blir motiverte til å ta miljøomsyn. Pressa og frivillige organisasjonar er særleg viktige målgrupper for Miljøverndepartementet, men ein legg òg stor vekt på å spreie kunnskap om miljø og leggje til rette for tilgjenge til miljøinformasjon gjennom ei rekkje ulike tiltak.

Informasjon om saker i departementet blir spreidd på ulike måtar, slik at så mange som mogleg får vite om dei. Pressmeldingar blir sende ut til organisasjonar og mediebedrifter. Det blir utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrift. Journalistar blir òg fora med bakgrunnsstoff og får tilbod om intervju med den politiske leiinga. Det blir arrangert pressereiser ved viktige hendingar. Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.

Som eit ledd i arbeidet med å auke forståinga og engasjementet for klimautfordringane har Miljøverndepartementet sett i gang klimakampanjen Klimaløftet. Kampanjen vender seg til folk flest, bedrifter og kommunar, og er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og ei rekkje organisasjonar og bedrifter. Det blir lagt vekt på å kommunisere løysingar og gi praktisk råd til handling. Eit breitt sett av tiltak er sett i gang, som f. eks. nettstad, spesialforedrag på internett for ungdom og fotokonkurranse.

I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet.

Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementets nettsider www.planlegging.no og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss. Departementet er i gang med ein gjennomgang av den samla informasjonsstrategien knytt til området regional og kommunal planlegging.

Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på miljøforvaltningas internettsider. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departementets nettsider på ODIN. Nettstaden www.universell-utforming.miljo­.no som er knytt til regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.

Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.

Miljøinformasjonslova

Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøpolitikken. For ytterlegare å styrkje retten til miljøinformasjon vart det vedteke ei samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004.

Ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004, Klagenemnda for miljøinformasjon, behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Loven er evaluert, jf. St. melding nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 693,8 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for 2008. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-6, og blir finansiert av alle delar av miljøforvaltninga, jr. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432, 1441, 1465 og 1471.

I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannens miljøavdelingar finansierte over kap. 1510, Fylkesmannsembeta, jf. St prp nr. 1 (2007-2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Tilskot til dei frivillige miljøorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. Tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt og tiltak som stimulerer til ei berekraftig utvikling er òg sentralt, jf. kap. 1400, post 73. For år 2008 er det totalt avsett 116,9 mill. kroner til miljøovervaking over Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1410, post 21.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljø­verndepartementets mål.

Til forsida