1 Samandrag
Støtteramma for fiskerinæringa for 1997 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 18. desember 1996, jf St prp nr 1 Tillegg nr 6, og Budsjett-innst S nr 8 Tillegg nr 1, båe for 1996-97. Avtaleramma var på 90 mill. kroner og i tillegg vart det løyvd 5 mill. kroner til utviklingstiltak i fiskerinæringa.
Norges Fiskarlag la i brev av 31. oktober 1997 fram eit krav om støtte for 1998 på 200 mill. kroner.
Etter forhandlingar kom partane til semje den 4. november om ei ramme på 115 mill. kroner i fiskeristøtte for 1998 som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.
Dette må sjåast i samanheng med forslaget i St prp nr 1 Tillegg nr 3 om løyving av 75 mill. kroner til tilskott til kontrahering.