4 Om forslag til støttetiltak for 1998
I år har fristen for å sluttføre forhandlingane vore kortare enn i tidlegare år. Årsaka til dette er dei nye reglane for Stortinget si handsaming av Statsbudsjettet. Kvoteforhandlingane med Russland og EU var ikkje ferdige, slik at kvotane på viktige kommersielle fiskeslag, som til dømes norsk-arktisk torsk og hyse, ikkje var kjende på det tidspunkt forhandlingane vart sluttførte.
I brev av 31. oktober la Norges Fiskarlag fram krav om støtte på 200 mill. kroner til fiskerinæringa for 1998. Fiskarlaget sitt krav om støtte for åra 1995, 1996 og 1997 var på 250 mill. kroner.
Fiskarlaget har vist til at dei heller ikkje for 1998 ber om inntekts- eller driftsstøtte til næringa og at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, ivareta sosiale omsyn og fiskarane sine krav om rammevilkår på line med anna næringsliv.
Fiskarlaget framhevar at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gjeve fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle desse målsetjingane. Laget viser vidare til at den generelle inntektsstøtta til næringa er avvikla, og at den såleis er subsidiefri. Dessutan gir Fiskarlaget uttrykk for at dei tiltaka dei ber om over ein fiskeriavtale er av særskild karakter og har mykje å seie for ein aktiv fiskeri- og distriktspolitikk.
På bakgrunn av dette krev Fiskarlaget midlar til langsiktige tiltak til flåten og har i denne samanheng fokusert på kva for rammevilkår fiskerinæringa har innan SND óg korleis fiskerinæringa kan gjere seg nytte av SND sine verkemiddel. Vidare krev Fiskarlaget midlar til dei same kortsiktige tiltaka som i inneverande år. Dette er mellom anna garantilott, føringstilskott, tilskott til drift av lineegnesentralar, selfangst og reservebeløp.
I forhandlingane om støtteavtale for 1998 kom ein inn på utsiktene for fangstkvantum, fiskeprisar og kostnadsutvikling. Partane har om lag same vurdering av overslag for fangstkvantum, prisar og marknadsutsikter. Båe partane ventar ei moderat kostnadsutvikling for neste år.
Den 3. november la staten fram eit tilbod på 50 mill. kroner.
Forhandlingane held fram til 4. november 1997. Partane kom då til semje om ei ramme på 115 mill. kroner i fiskeristøtte for 1998. Partane vart óg samde om den nærare fordeling på tiltak, mellom anna at 25 mill. kroner skal gå til tilskott til kondemnering. Avtalen er trykt som vedlegg til proposisjonen.