St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (1997-98)

FOR BUDSJETTERMINEN 1998 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1998

Til innholdsfortegnelse

3 Støttetiltaka for 1997

For 1997 vart det løyvd 90 mill. kroner i støtte til fiskerinæringa. I tillegg vart det løyvd 5 mill. kroner til utviklingstiltak i fiskerinæringa. Avtaleramma vart fordelt slik:

AVTALERAMME 1997Mill. kroner
Føringstilskott m.m.35,0
Garantilott20,0
Driftstilskott lineegnesentralar12,5
Reservebeløp22,5
TOTALT90,0

Ved utgangen av 1996 stod det att i underkant av 58,7 mill. kroner som ikkje var utbetalt. Løyvingane for 1997 og det attståande beløpet var til saman i underkant av 148,7 mill. kroner, jf St prp nr 1 (1997-98) for budsjetterminen 1998 Fiskeridepartementet, kap. 1040, post 70.

Det var pr. 31. oktober 1997 utbetalt om lag 89,3 mill. kroner i 1997. Dette medfører at det står att om lag 59,3 mill. kroner. Det meste av dette beløpet er øyremerkt særskilde formål.