St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (1997-98)

FOR BUDSJETTERMINEN 1998 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1998

Til innholdsfortegnelse

1 Avtale av 4. november 1997 mellom Norges Fiskarlag og Planleggings- og samordningsdepartementet om støttetiltak til fiskerinæringa for 1998

Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St prp nr 1 Tillegg nr 2 (1997-98).

§ 1 Avtaleperioden

Denne avtalen gjeld i tida 1. januar - 31. desember 1998.

§ 2 Rett på tilskott

Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskott etter denne avtalen berre betalast ut til farty og for fangst levert frå farty som er registrerte i merkeregisteret for fiskefarty og der høvedsmann på fartyet er innført i fiskarmanntalet.

Farty/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskott etter same retningliner/praksis som tidlegare.

Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskott til personar som er knytt til drift av farty som har rett på tilskott.

§ 3 Strukturtiltak i fiskeflåten

Det vert sett av 25mill. kroner til tilskott til kondemnering i fiskeflåten.

Beløpet vert disponert av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

§ 4 Fiskeforsøk og rettleiingsteneste

Det vert sett av 5mill. kroner til fiskeforsøk og rettleiingsteneste.

Midlar som ikkje er disponerte 31. desember 1998, kan overførast til same føremål etter denne dato.

§ 5 Føringstilskott

Til føringstilskott vert det sett av 38mill. kroner. Midlane vert fordelt på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

Salslag som får tilskott skal leggje fram ei oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.

Vedtak om nærmare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikta, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.

Den del av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 1998, kan overførast til same formål etter denne dato.

§ 6 Garantilott

Det vert stilt til disposisjon 24mill. kroner, i tillegg til ca. 5 mill. kroner i udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Garantilotten gjeld 2. garantiperiode for 1997 med ein eigengaranti på 15 veker og 1. garantiperiode 1998 med ein eigengaranti på 14 veker. Vekesatsen er kr 1 900,-. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 8 Reservebeløp.

§ 7 Lineegnesentralar

Til tilskott til drift av lineegnesentralar vert det sett av 13mill. kroner. Tilskottet vert utbetalt med inntil kr 11,- pr. 100 anglar.

§ 8 Reservebeløp

Det vert sett av 10mill. kroner som reserve, i tillegg til udisponerte reservebeløp frå tidlegare år, jf. § 6. Av dette beløpet kan det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte.

Reserven vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap.

Unytta beløp frå §§ 6 - 7 vert tilført reserven.

Oslo, den 4. november 1997

For Planleggings- og samordningsdepartementet (med atterhald om Stortinget sitt samtykke)

Magnor Nerheim

For Norges Fiskarlag

Jan Skjærvø

PROTOKOLLAR:

  1. Partane viser til at fiskarane er ei utsett gruppe når det gjeld belastningar, skader og ulykker. Partane er på denne bakgrunn innstilte på å finansiere over reservebeløpet utgreiings- og oppfølgingsarbeid på dette området.

  2. Norges Fiskarlag viser til at fristen for å sluttføre forhandlingane har vore kortare i år enn i tidlegare år. Årsaka til dette er dei nye reglane for Stortinget si handsaming av Statsbudsjettet. Kvoteforhandlingane med Russland og EU var ikkje ferdige, jf omtale i St prp nr 1 Tillegg nr 2 (1997-98).

Fiskarlaget vil, dersom utviklinga tilseier det, ta opp situasjonen med staten for drøfting.