1 Innleiing
Støtteramma for fiskerinæringa for 2000 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 8. desember 1999, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000) og Budsjett-innst. S nr. 8 (1999-2000). Avtaleramma var på 110 mill. kroner.
Norges Fiskarlag ba i brev av 26. oktober 2000 om forhandlingar om ei fiskeriavtale for 2001. Kravet frå Fiskarlaget var 240 mill. kroner. Etter forhandlingar kom partane til semje den 9. november 2000 om ei ramme på 120 mill. kroner, som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.
I denne proposisjonen vert det også gjort framlegg om ei oppjustering av posten for oppdragsinntekter under Havforskingsinstituttet, kapitlet 4020 Havforskingsinstituttet, og ei rammeoverføring av midlar til radiodekning i Barentshavet frå kapitlet 1064 Havnetenesta til kapitlet 336 Informasjonsberedskap - Norsk rikskringkasting.
Det visast vidare til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001) der forslaget om satsen for produktavgift for 2001 vert foreslått sett ned til 3,8 pst.