6 Endringar under kapitla 336, 1064 og 4020
Havforskingsinstituttet sine oppdragsutgifter og -inntekter vert posterte over utgiftskapitla 1020 og 1021 og inntektskapitla 4020 og 4021. Begge utgiftskapitla har meirinntektsfullmakt gitt av Stortinget gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1, som gir heimel til å overskride utgiftsløyvinga mot tilsvarande meirinntekter på tilhøyrande inntektskapittel. Havforskingsinstituttet følgjer kontantprinsippet for alle utbetalingar, herunder utgifter i samband med oppdrag for eksterne oppdragsgivarar. Ved årsskiftet 2000/2001 vil Havforskingsinstituttet ha kontraktfesta, fakturerte, men ikkje innbetalte oppdragsinntekter. Tilhøyrande utgifter vil derimot vere posterte i 2000.
Som følgje av dette er det nødvendig med ei tilleggsløyving på 9 mill. kroner i 2000 på kap. 1020 post 01, som vil bli lagt fram for Stortinget i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2000. Forslag om tilsvarande inntektsauke i 2001 vert fremma i denne tilleggsproposisjonen.
Hausten 2000 er utbygginga av sendaranlegg for radiodekning i Barentshavet fullført ved at det er sett opp ei radiomast på Ingøy i Finnmark. Investeringskostnadene er dekt av Norkring A/S, under føresetnad av at avskrivingane blir dekt ved årleg leige i 12 år. I statsbudsjettet for 2000 er leigekostnadene (for siste kvartal 2000) delt mellom Norsk rikskringkasting (NRK) og Fiskeridepartementet. Det vert nå foreslått at Kulturdepartementet som ansvarleg for NRK tek over ansvaret for løyvinga. Det vert foreslått ført over 1,8 mill. kroner frå kapittel 1064 Havnetenesta, post 30 Fiskerihavneanlegg til ein nyoppretta post under kap. 336 Informasjonsberedskap - Norsk rikskringkasting, post 72 (Ny) Radiodekning Barentshavet.