St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2001 og endring av kapitla 336, 1064 og 4020

Til innhaldsliste

3 Støttetiltaka for 2000

For 2000 vart det løyvd 110 mill. kroner i støtte til fiskerinæringa. Avtaleramma vart fordelt slik:

Avtaleramme 2000Mill. kroner
Strukturtiltak i fiskeflåten30
Føringstilskot30
Garantilott41)
Driftstilskot lineegnesentralar13
Fiskeforsøk og rettleiing5
Auka verdiskaping frå biprodukt4
Reservebeløp24
Totalt110

1) I tillegg vart det overført om lag 16 mill. kroner frå 1999.

Ved utgangen av 1999 stod det att om lag 82 mill. kroner som vart overført til 2000. Disponibelt beløp i 2000 er om lag 192 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) for Fiskeridepartementet, kap. 1040 post 70 Tilskot til støtte av fiskeria mm. Av det disponible beløpet gjeld 59 mill. kroner tilskot til kondemnering.

Det var per 30. september 2000 utbetalt 107,6 mill. kroner over kap. 1040 post 70, slik at det på dette tidspunktet stod att om lag 84,5 mill. kroner. Det meste av restbeløpet er disponert.