1 Avtale av 9. november 2000 mellom Norges Fiskarlag og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om støttetiltak for fiskerinæringa for 2001
Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001)
§ 1 Avtaleperioden
Denne avtala gjeld i tida 1. januar - 31. desember 2001.
§ 2 Rett på tilskot
Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskot etter denne avtala berre betalast ut til fartøy og for fangst levert frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for fiskefartøy og der høvedsmann på fartøyet er innført i fiskarmanntalet.
Fartøy/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskot etter same retningslinjer/praksis som tidlegare.
Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskot til personar som er knytte til drift av fartøy som har rett på tilskot.
§ 3 Strukturtiltak i fiskeflåten
Det vert sett av 30mill. kroner til tilskot til kondemnering i fiskeflåten mv. Beløpet vert disponert av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.
§ 4 Fiskeforsøk mv.
Det vert sett av 4mill. kroner til fiskeforsøk og rettleiingsteneste. Midlar som ikkje er disponerte 31. desember 2001, kan overførast til same formål etter denne datoen.
§ 5 Føringstilskot
Til føringstilskot vert det sett av 31mill. kroner. Midlane vert fordelte på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.
Salslag som får tilskot skal leggje fram ei oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.
Vedtak om nærmare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikta, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.
Den delen av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 2001, kan overførast til same formål etter denne datoen.
§ 6 Garantilott
Det vert stilt til disposisjon 15 mill. kroner, i tillegg til udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Vekesatsen er 2 200 kroner frå 1. garantiperiode 2001 og eigengarantiperioden er på 13 veker. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 8 Reservebeløp.
§ 7 Lineegnesentralar
Til tilskot til drift av lineegnesentralar vert det sett av 11mill. kroner. Tilskotet vert utbetalt med inntil 11 kroner per 100 anglar.
§ 8 Reservebeløp
Det vert sett av 29mill. kroner til reserve, i tillegg til udisponert reservebeløp frå 2000. Av dette beløpet skal det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte, både som driftsstøtte til selfangst komande sesong og andre tilskot for å kunne oppretthalde norsk selfangst.
Reserven vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap. Unytta beløp frå §§ 6 - 7 vert tilført reserven.
Oslo, den 9. november 2000
For Arbeids- og administrasjonsdepartementet | For Norges Fiskarlag |
(med atterhald om samtykke frå Stortinget) | |
Magnor Nerheim | Jan Skjærvø |
Protokoll
Partane viser til at det framleis er behov for å tilpasse kapasiteten i fiskeflåten til ressursgrunnlaget. Det er difor viktig å føre vidare arbeidet med kapasitetsreduserande tiltak. Partane vil samarbeide om å utforme tiltak med sikte på å redusere kapasiteten i fiskeflåten, og vil utgreie strukturordningar finansiert gjennom næringsfinansierte ordningar, ved bruk av offentlege midlar og kombinasjon av desse. Partane er opptekne av å få til gode prosessar og tiltak for å redusere kapasiteten innan kystflåten. Frå ramma avsett til kondemnering m.v. kan det settast av midlar til utgreiingar.