2 Nærare om ALTENER
ALTENER har følgjande særskilde mål:
å medverka til å skapa dei naudsynte vilkåra for å gjennomføra ein handlingsplan for forny- bare energikjelder innanfor Fellesskapet, særleg dei rettslege, sosioøkonomiske og administrative vilkåra, mellom anna nye marknadsinstrument og marknadsmekanismar,
å stimulera til private og offentlege investeringar i produksjon og bruk av energi frå fornybare energikjelder.
Tanken med desse to målsetjingane er at EU skal nå måla sine om reduserte CO2-utslepp, verta mindre avhengig av importert energi, få til auka sysselsetjing og fremja lokal og regional utvikling. Middel for å nå desse måla er mellom anna utvikling av sektor - og marknadsstrategiar, forsøk for utvikling av nye fornybare energikjelder, tiltak for informasjon, utdanning og opplæring på dette feltet, i tillegg til overvakings- og evalueringstiltak. Vinklinga i programmet fell godt saman med den norske aktiviteten på området og vil vera eit godt tillegg til aktivitetane innan forsking og vårt arbeid for å fremja bruk av fornybare energikjelder.